2 Europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endring av direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og direktiv 2002/47/EF om avtaler om finansiell sikkerhetsstillelse, med omsyn til samankopla system og gjeldsfordringar
EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 95,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,
med tilvising til fråsegna frå Den europeiske sentralbanken1,
med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet2,
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten3, og
ut frå desse synsmåtane:
Ved europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF4 vart det innført ei ordning der endeleg oppgjer for overføringsordrar og avrekning i tillegg til fullbyrding av trygd vert sikra med omsyn til både innanlandske og utanlandske deltakarar i betalingssystem og oppgjerssystem for verdipapir.
I vurderingsrapporten frå Kommisjonen av 7. april 2006 om direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer vart det slått fast at direktiv 98/26/EF generelt sett verkar godt. I rapporten vart det streka under at visse vesentlege endringar kan vere på veg innanfor betalingssystem og oppgjerssystem for verdipapir og det vart òg slått fast at det er naudsynt å gjere direktiv 98/26/EF klarare og enklare.
Den viktigaste endringa er likevel det aukande talet på koplingar mellom system som på tida då utkastet til direktiv 98/26/EF vart utarbeidd, nesten utelukkande vart drivne på eit nasjonalt og uavhengig plan. Denne endringa er eit av resultata av europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/39/EF av 21. april 2004 om markeder for finansielle instrumenter5, og dei europeiske åtferdsreglane for avrekning og oppgjer. Med sikte på tilpassing til denne utviklinga bør omgrepet samverkande system og ansvaret til dei systemansvarlege gjerast klarare.
Ved europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/47/EF6 vart det skapt ei rettsleg ramme i Fellesskapet for bruk av finansiell trygdgjeving på tvers av landegrensene og dermed vart dei fleste formelle krava som tidlegare galdt for avtaler om finansiell trygdgjeving, oppheva.
Den europeiske sentralbanken har vedteke å godkjenne bruken av gjeldsfordringar som trygd i kredittransaksjonar i eurosystemet frå 1. januar 2007. For å få størst mogleg økonomisk verknad av bruken av gjeldsfordringar, rådde Den europeiske sentralbanken til ei utviding av verkeområdet til direktiv 2002/47/EF. Vurderingsrapporten frå Kommisjonen av 20. desember 2006 om direktivet om avtaler om finansiell trygdgjeving (2002/47/EF) tok opp dette spørsmålet og slutta seg til fråsegna frå Den europeiske sentralbanken. Bruken av gjeldsfordringar vil auke omfanget av tilgjengeleg trygd. Dessutan vil ytterlegare harmonisering på området betalingssystem og oppgjerssystem for verdipapir medverke til like konkurransevilkår for kredittinstitusjonane i alle medlemsstatane. Dersom bruken av gjeldsfordringar som trygd vert gjort enda lettare, vil også forbrukarar og debitorar tene på dette ettersom bruken av gjeldsfordringar som trygd til slutt vil føre til meir konkurranse og meir tilgjengeleg kreditt.
For å lette bruken av gjeldsfordringar er det viktig å oppheve eller forby administrative reglar som meldings- og registreringsplikt, som vil gjere det praktisk umogleg å overdra gjeldsfordringar. For ikkje å bringe trygdehavarane i ein vanskeleg situasjon bør likeins debitorar på gyldig måte kunne gje avkall på motrekningsretten sin overfor kreditorar. Med den same grunngjevinga bør det òg vere mogleg for debitor å gje avkall på bankløyndomsreglar fordi det elles kan vere vanskeleg for trygdehavaren å få tilstrekkelege opplysningar til å gjere ei korrekt vurdering av verdien til dei underliggjande gjeldsfordringane. Desse føresegnene rører ikkje ved europaparlaments- og rådsdirektiv 2008/48/EF av 23. april 2008 om kredittavtaler for forbrukere7.
Medlemsstatane har ikkje nytta høvet i artikkel 4 nr. 3 i direktiv 2002/47/EF til ikkje å godkjenne trygdehavaren sin rett til tileigning. Den føresegna bør difor opphevast.
Direktiv 98/26/EF og 2002/47/EF bør difor òg opphevast.
I samsvar med nr. 34 i den tverrinstitusjonelle avtala om betre regelverksutforming8 vert medlemsstatane oppmoda til, både for sitt eige føremål og i interessa til Fellesskapet, å utarbeide og offentleggjere eigne tabellar, som i størst mogleg grad viser samanhengen mellom dette direktivet og innarbeidingstiltaka.
VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:
Artikkel 1
Endringar av direktiv 98/26/EF
I direktiv 98/26/EF vert det gjort følgjande endringar:
Synsmåte 8 vert oppheva.
Følgjande synsmåte vert sett inn:
«14a) Nasjonale rette styresmakter eller tilsynsstyresmakter bør sikre at dei ansvarlege for dei systema som utgjer dei samverkande systema, så langt råd er vortne samde om felles reglar for tidspunktet for innføring i dei samverkande systema. Nasjonale rette styresmakter eller tilsynsstyresmakter bør sikre at reglane for tidspunktet for innføring i eit samverkande system vert samordna så langt det er mogleg og naudsynt for å unngå rettsleg uvisse ved feil i eit deltakande system.»
Følgjande synsmåte vert sett inn:
«22a)Med omsyn til samverkande system kan mangel på samordning om kva reglar som gjeld på tidspunktet for innføring og det ugjenkallelege aspektet, utsetje deltakarar i eit system eller til og med den systemansvarlege sjølv, for ringverknader av ein feil i eit anna system. For å unngå systemrisiko er det ønskjeleg å fastsetje at den systemansvarlege i samverkande system samordnar reglane for tidspunktet for innføring og det ugjenkallelege aspektet i dei systema som dei driv.»
I artikkel 1 vert det gjort følgjande endringar:
i bokstav a), vert ordet «ecu» bytt ut med ordet «euro»,
i bokstav c) vert andre strekpunktet bytt ut med følgjande:
«– transaksjonar som sentralbankane i medlemsstatane eller Den europeiske sentralbanken utfører i eigenskap av å vere sentralbankar.»
I artikkel 2 vert det gjort følgjande endringar:
i bokstav a) vert det gjort følgjande endringar:
første strekpunktet vert bytt ut med følgjande:
«– mellom tre eller fleire deltakarar, ikkje medrekna den systemansvarlege, eit eventuelt oppgjersføretak, ein eventuell sentral motpart, ein eventuell avrekningssentral eller ein eventuell indirekte deltakar, som har felles reglar og standardiserte framgangsmåtar for avrekning, gjennom ein sentral motpart eller ikkje, eller utføring av overføringsordrar mellom deltakarane,»
følgjande ledd vert sett inn:
«Ei ordning som er innført mellom samverkande system utgjer ikkje eit system.»
i bokstav b) vert første og andre strekpunktet bytt ut med følgjande:
«– ein kredittinstitusjon slik det er definert i artikkel 4 nr. 1 i europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/48/EF av 14. juni 2006 om adgang til å starte og utøve virksomhet som kredittinstitusjon (omarbeiding)(*), medrekna dei institusjonane som er oppførde i artikkel 2 i det nemnde direktivet,
– eit verdipapirføretak som definert i artikkel 4 nr. 1 punkt 1) i europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/39/EF av 21. april 2004 om markeder for finansielle instrumenter(**), bortsett frå dei institusjonane som er oppførde i artikkel 2 nr. 1 i det nemnde direktivet,
(*) TEU L 177 av 30.6.2006, s. 1.
(**) TEU L 145 av 30.4.2004, s. 1.»
i bokstav f) vert det gjort følgjande endringar:
første leddet vert bytt ut med følgjande:
«f) «deltakar» ein institusjon, ein sentral motpart, eit oppgjersføretak, ein avrekningssentral eller ein systemansvarleg.»
tredje leddet vert bytt ut med følgjande:
«For føremåla med dette direktivet kan ein medlemsstat avgjere at ein indirekte deltakar kan reknast som deltakar dersom systemrisikoen rettferdiggjer det. Når ein indirekte deltakar vert rekna som deltakar på grunn av systemrisiko, avgrensar ikkje det ansvaret til den deltakaren som den indirekte deltakaren nyttar til sending av overføringsordrar gjennom systemet.»
bokstav g) skal lyde:
«g) «indirekte deltakar» ein institusjon, ein sentral motpart, eit oppgjersføretak, ein avrekningssentral eller ein systemansvarleg som har gjort ei avtale med ein institusjon som tek del i eit system som utfører overføringsordrar, som gjer det mogleg for den indirekte deltakaren å sende overføringsordrar gjennom systemet dersom den systemansvarlege kjenner den indirekte deltakaren.»
bokstav h) skal lyde:
«h) «verdipapir» alle dei instrumenta som er nemnde i del C i vedlegg I til direktiv 2004/39/EF,»
i bokstav i) vert første strekpunktet bytt ut med:
«– ein instruks frå ein deltakar om å stille ein pengesum til rådvelde for ein mottakar ved å gjere ei postering på kontoen til ein kredittinstitusjon, ein sentralbank, ein sentral motpart eller eit oppgjersføretak, eller ein instruks som inneber overtaking eller oppfylling av ein betalingsskyldnad slik det er definert i reglane for systemet, eller»
bokstav l) skal lyde:
«l) «oppgjerskonto» ein konto hjå ein sentralbank, eit oppgjersføretak eller ein sentral motpart som vert nytta til plassering av midlar eller verdipapir, og til oppgjer av transaksjonar mellom deltakarane i eit system,»
bokstav m) skal lyde:
«m) «trygd» alle omsetjelege eigedelar, medrekna, utan avgrensingar, finansiell trygdgjeving som nemnd i artikkel 1 nr. 4 bokstav a) i europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/47/EF av 6. juni 2002 om avtaler om finansiell sikkerhetsstillelse(**), som vert stilte til rådvelde som pant (medrekna pengar som vert stilte til rådvelde som pant), som attkjøpsavtale eller som ein liknande avtale eller på annan måte, for å tryggje rettane og skyldnadene som kan følgje i samband med eit system, eller som vert stilte til rådvelde for sentralbankane i medlemsstatane eller for Den europeiske sentralbanken,
(*) TEF L 168 av 27.6.2002, s. 43.»
ny bokstav n)-p) skal lyde:
«n) «bankdag» oppgjer som vert gjennomført både dag og natt og som omfattar alle hendingar i løpet av verksemdssyklusen til eit system,
o) «samverkande system» to eller fleire system der dei systemansvarlege har gjort ei avtale med kvarandre om utføring av overføringsordrar på tvers av systema,
p) «systemansvarleg» den eininga eller dei einingane som har det rettslege ansvaret for drifta av eit system. Ein systemansvarleg kan òg verke som oppgjersføretak, sentral motpart eller avrekningssentral.»
I artikkel 3 vert det gjort følgjande endringar:
nr. 1 vert bytt ut med følgjande:
«1. Overføringsordrar og avrekning skal ha rettsverknad og vere bindande for tredjemann, òg i tilfelle der det er innleidd insolvenshandsaming mot ein deltakar, på det vilkåret at overføringsordrane vart lagde inn i systemet før ei insolvenshandsaming slik det er definert i artikkel 6 nr. 1, vart innleidd. Dette skal òg gjelde i tilfelle der det er innleidd insolvenshandsaming mot ein deltakar (i det aktuelle systemet eller i eit samverkande system) eller mot den systemansvarlege for eit samverkande system som ikkje er ein deltakar.
Dersom overføringsordrane vert lagde inn i systemet etter at det vart innleidd insolvenshandsaming, og dei vert utførde innanfor den vyrkedagen slik det er definert i reglane for systemet, som denne handsaminga vert innleidd, skal dei berre ha rettsverknad eller vere bindande for tredjemann dersom den systemansvarlege kan prove at han på tidspunktet då desse overføringsordrane vart ugjenkallelege, verken hadde kjennskap til eller burde ha hatt kjennskap til at det var innleidd insolvenshandsaming.»
nytt fjerde ledd skal lyde:
«4. Med omsyn til samverkande system skal kvart system fastsetje i sine eigne reglar tidspunktet for innføring i systemet sitt på ein slik måte at det så langt råd vert sikra at reglane for alle aktuelle samverkande system vert samordna for dette føremålet. Med mindre det er uttrykkjeleg fastsett i reglane for alle dei systema som inngår i det samverkande systemet, skal reglane til eitt system for tidspunktet for når ein overføringsordre er gått inn, ikkje verte påverka av reglane til andre system som det samverkar med.»
Artikkel 4 skal lyde:
«Artikkel 4
Medlemsstatane kan fastsetje at innleiing av insolvenshandsaming mot ein deltakar eller ein systemansvarleg for eit samverkande system ikkje skal vere til hinder for at midlar eller verdipapir som er disponible på oppgjerskontoen til deltakaren, kan nyttast til å innfri skyldnadene hans i systemet eller i eit samverkande system den vyrkjedagen som insolvenshandsaminga vert innleidd. Medlemsstatane kan òg fastsetje at ein kredittfasilitet som ein slik deltakar har fått tildelt innanfor systemet, mot ei disponibel og reell trygd vert nytta til å innfri dei skyldnadene som deltakaren har i systemet eller i eit samverkande system.»
I artikkel 5 skal nytt ledd lyde:
«Med omsyn til samverkande system skal kvart system fastsetje i sine eigne reglar tidspunktet for når ein overføringsordre vert ugjenkalleleg på ein slik måte at det så langt råd vert sikra at reglane for alle aktuelle samverkande system vert samordna for dette føremålet. Med mindre det er uttrykkjeleg fastsett i reglane for alle dei systema som inngår i det samverkande systemet, skal reglane til eitt system for tidspunktet for når ein overføringsordre vert ugjenkalleleg, ikkje verte påverka av reglane til andre system som det samverkar med.»
Artikkel 7 skal lyde:
«Artikkel 7
Ei insolvenshandsaming skal ikkje ha tilbakeverkande kraft på dei rettane og skyldnadene som ein deltakar har som følgje av eller i samband med deltaking i eit system før tidspunktet for innleiing av insolvenshandsaminga slik det er definert i artikkel 6 nr. 1. Dette skal mellom anna gjelde med omsyn til rettane og skyldnadene til ein deltakar i eit samverkande system, eller til ein systemansvarleg for eit samverkande system som ikkje er ein deltakar.»
Artikkel 9 skal lyde:
«Artikkel 9
1. Dei rettane til trygd som ein systemansvarleg eller ein deltakar har fått tildelt innan ramma av eit system eller eit samverkande system, og dei rettane til trygd som sentralbankane i medlemsstatane eller Den europeiske sentralbanken har fått tildelt, skal ikkje påverkast av insolvenshandsaming mot:
deltakaren (i det aktuelle systemet eller i eit samverkande system),
den systemansvarlege for eit samverkande system som ikkje er deltakar,
ein motpart til sentralbankane i medlemsstatane eller for Den europeiske sentralbanken, eller
tredjemann som stilte trygda.
Slik trygd kan verte realisert for å stette desse rettane.
2. Dersom verdipapir, medrekna rettar til verdipapir, vert stilte som trygd for deltakarar, systemansvarlege eller sentralbankar i medlemsstatane eller for Den europeiske sentralbanken slik det er nemnt i nr. 1, og retten deira til desse verdipapira eller den retten som ein eventuell fullmektig, agent eller tredjemann har som handlar på deira vegner, er oppført i samsvar med lovgjevinga i eit register, på ein konto eller i ein verdipapirsentral i ein medlemsstat, skal dei rettane som desse einingane har som trygdinnehavararar med omsyn til desse verdipapira, vere underlagde lovgjevinga i denne medlemsstaten.»
Artikkel 10 skal lyde:
«Artikkel 10
1. Medlemsstatane skal avgjere kva system og høvesvise systemansvarlege som skal omfattast i verkeområdet til dette direktivet, og melde frå til Kommisjonen om dette og om kva styresmakter som dei har oppnemnt i samsvar med artikkel 6 nr. 2.
Den systemansvarlege skal opplyse den medlemsstaten som har lovgjevinga som han er underlagd, om kven som er deltakarar i systemet, medrekna eventuelle indirekte deltakarar, og om eventuelle endringar med omsyn til desse.
I tillegg til dei opplysningane som er nemnde i andre leddet, kan medlemsstatane krevje at system som høyrer inn under deira jurisdiksjon, skal underleggjast krav om tilsyn eller godkjenning.
Alle som har ei rettkomen interesse, kan krevje opplysningar av ein institusjon om kva system han tek del i, og om kva hovudreglar som gjeld for verkemåten til desse systema.
2. Eit system som vert rekna som system før dei nasjonale føresegnene som gjennomfører europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endring av direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og direktiv 2002/47/EF om avtaler om finansiell sikkerhetsstillelse, med omsyn til samankopla system og gjeldsfordringar(**), tek til å gjelde, skal framleis reknast som system for føremåla med dette direktivet.
Ein overføringsordre som vert lagd inn i systemet før dei nasjonale føresegnene som gjennomfører direktiv 2009/44/EF tek til å gjelde, men som vert utførd etter dette tidspunktet, skal reknast som ein overføringsordre for føremåla med dette direktivet.
(*) TEU L 146 av 10.6.2009, s. 37.»
Artikkel 2
Endringar av direktiv 2002/47/EF
I direktiv 2002/47/EF vert det gjort følgjande endringar:
Synsmåte 9 skal lyde:
«9) For å begrense administrasjonsbyrden for parter som anvender finansiell sikkerhet innenfor dette direktivs virkeområde, bør det eneste gyldighetskravet som nasjonal lovgivning stiller med hensyn til finansiell sikkerhet, være at sikkerhetshaveren eller en person som opptrer på sikkerhetshaverens vegne, kontrollerer den finansielle sikkerheten uten at metoder for sikkerhetsstillelse der sikkerhetsstilleren også har rett til å bytte ut sikkerheten eller trekke tilbake overskytende sikkerhet, utelukkes. Dette direktiv bør ikke hindre medlemsstatene i å kreve at en gjeldsfordring overdras ved oppføring i en liste over fordringer.»
Synsmåte 20 skal lyde:
«20) Dette direktiv berører ikke anvendelsen eller virkningen av avtalevilkårene for finansielle instrumenter eller gjeldsfordringer som stilles som finansiell sikkerhet, for eksempel rettigheter, plikter eller andre forhold i utstedelsesvilkårene for slike instrumenter og eventuelle andre rettigheter og plikter og andre forhold som gjelder mellom utstedere og innehavere av slike instrumenter eller mellom debitor og kreditor for slike gjeldsfordringer.»
Synsmåte 23 skal lyde:
«23) Dette direktiv berører ikke medlemsstatenes rett til å innføre regler for å sikre effektive avtaler om finansiell sikkerhetsstillelse overfor tredjemann med hensyn til gjeldsfordringer.»
I artikkel 1 vert det gjort følgjande endringar:
nr. 2 bokstav b) skal lyde:
«b) en sentralbank, Den europeiske sentralbank, Den internasjonale oppgjørsbank, en multilateral utviklingsbank som definert i vedlegg VI, del 1, avsnitt 4 i europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/48/EF av 14. juni 2006 om adgang til å starte og utøve virksomhet som kredittinstitusjon (omarbeiding)(*), Det internasjonale valutafond og Den europeiske investeringsbank,
(*) EUT L 177 av 30.6.2006, s. 1.»
i nr. 2 bokstav c), skal punkt i)-iv) lyde:
«i) en kredittinstitusjon som definert i artikkel 4 nr. 1 i direktiv 2006/48/EF, herunder institusjonene oppført i artikkel 2 i nevnte direktiv,
ii) et verdipapirforetak som definert i artikkel 4 nr. 1 punkt 1) i europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/39/EF av 21. april 2004 om markeder for finansielle instrumenter(*),
iii) en finansinstitusjon som definert i artikkel 4 nr. 5 i direktiv 2006/48/EF,
iv) et forsikringsforetak som definert i artikkel 1 bokstav a) i rådsdirektiv 92/49/EØF av 18. juni 1992 om samordning av lover og forskrifter om direkte forsikring med unntak av livsforsikring (tredje direktiv om annen forsikring enn livsforsikring)(**) og et forsikringsforetak som definert i artikkel 1 nr. 1) bokstav a) i europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/83/EF av 5. november 2002 om livsforsikring(***),
(*) EUT L 145 av 30.4.2004, s. 1.
(**) EFT L 228 av 11.8.1992, s. 1.
(***) EFT L 345 av 19.12.2002, s. 1.»
nr. 4 bokstav a) skal lyde:
«a) Den finansielle sikkerhet som stilles, skal bestå av kontantinnskudd, finansielle instrumenter eller gjeldsfordringer,»
i nr. 4 skal ny bokstav c) lyde:
«c) Medlemsstatene kan utelukke fra dette direktivs virkeområde gjeldsfordringer der debitor er en forbruker som definert i artikkel 3 bokstav a) i europaparlaments- og rådsdirektiv 2008/48/EF av 23. april 2008 om kredittavtaler for forbrukere(*), eller en svært liten eller liten bedrift som definert i artikkel 1 og artikkel 2 nr. 2) og 3) i vedlegget til kommisjonsrekommandasjon 2003/361/EF av 6. mai 2003 om definisjonen av svært små, små og mellomstore bedrifter(**), med mindre disse gjeldsfordringenes sikkerhetshaver eller sikkerhetsstiller er en av institusjonene nevnt i artikkel 1 nr. 2 bokstav b) i dette direktiv.
(*) EUT L 133 av 22.5.2008, s. 66.
(**) EUT L 124 av 20.5.2003, s. 36.»
i nr. 5 vert det gjort følgjande endringar:
i andre leddet vert følgjande punktum lagt til:
«Med hensyn til gjeldsfordringer er oppføring i en liste over fordringer som sendes skriftlig eller i en juridisk sidestilt form til sikkerhetshaveren, tilstrekkelig for å identifisere gjeldsfordringen og dokumentere at fordringen er stilt som finansiell sikkerhet mellom partene.»
følgjande ledd vert lagd til etter andre leddet:
«Uten at det berører annet ledd, kan medlemsstatene fastsette at oppføring i en liste over fordringer som sendes skriftlig eller i en juridisk sidestilt form til sikkerhetshaveren, også er tilstrekkelig for å identifisere gjeldsfordringen og dokumentere at fordringen er stilt som finansiell sikkerhet overfor debitor eller tredjemann.»
I artikkel 2 vert det gjort følgjande endringar:
i nr. 1 vert det gjort følgjande endringar:
bokstav b) og c) skal lyde:
«b) «avtale om finansiell sikkerhetsstillelse i form av overdragelse av eiendomsrett», en avtale, herunder gjenkjøpsavtaler, der en sikkerhetsstiller overdrar full eiendomsrett eller full tilgang til den finansielle sikkerheten til en sikkerhetshaver med det formål å sikre eller på annen måte dekke innfrielsen av relevante finansielle forpliktelser,
c) «avtale om finansiell sikkerhetsstillelse i form av pantsetting», en avtale der en sikkerhetsstiller stiller finansiell sikkerhet som pant til eller til fordel for en sikkerhetshaver, og der sikkerhetsstilleren beholder full eller kvalifisert eiendomsrett til eller full tilgang til den finansielle sikkerheten når panteretten er etablert,»
ny bokstav o) skal lyde:
«o) «gjeldsfordringer», pengefordringer på grunnlag av en avtale der en kredittinstitusjon som definert i artikkel 4 nr. 1 i direktiv 2006/48/EF, herunder de institusjonene som er oppført i artikkel 2 i nevnte direktiv, yter kreditt i form av lån.»
i nr. 2 vert andre punktumet bytt ut med følgjande:
«En eventuell rett for sikkerhetsstilleren til å bytte ut eller trekke tilbake overskytende finansiell sikkerhet eller med hensyn til gjeldsfordringer, rett til inntil videre å motta provenyet av disse, berører ikke det forhold at den finansielle sikkerheten anses som stilt overfor sikkerhetshaveren som nevnt i dette direktiv.»
I artikkel 3 vert det gjort følgjande endringar:
i nr. 1 vert følgjande ledd sette inn:
«Uten at det berører artikkel 1 nr. 5, skal medlemsstatene i forbindelse med at gjeldsfordringer stilles som finansiell sikkerhet, ikke gjøre inngåelse, gyldighet, sikring mot tredjemann, prioritet, fullbyrdelse eller lovlighet som bevismateriale, betinget av at det utføres en formell handling som registrering eller underretning til debitoren for den gjeldsfordringen som er stilt som sikkerhet. Medlemsstatene kan likevel kreve at det utføres en formell handling som registrering eller underretning med henblikk på sikring mot tredjemann, prioritet, fullbyrdelse eller lovlighet som bevismateriale overfor debitor eller tredjemann.
Kommisjonen skal innen 30. juni 2014 underrette Europaparlamentet og Rådet om bestemmelsen i dette nr. fremdeles er relevant.»
Nytt nr. 3 skal lyde:
«3. Uten at det berører rådsdirektiv 93/13/EØF av 5. april 1993 om urimelige vilkår i forbrukeravtaler(*) og nasjonale bestemmelser om urimelige avtalevilkår, skal medlemsstatene sikre at debitorer skriftlig eller i juridisk sidestilt form, på gyldig måte kan gi avkall på:
)sin motregningsrett overfor gjeldsfordringens kreditorer og overfor personer som kreditor har overdratt, pantsatt eller på annen måte overført gjeldsfordringen til som sikkerhet, og
)sine rettigheter som følger av bankhemmelighetsregler som ellers ville hindret eller begrenset den muligheten gjeldsfordringens kreditor har til å gi opplysninger om gjeldsfordringen eller debitoren med sikte på bruk av gjeldsfordringen som sikkerhet.
(*) EFT L 95 av 21.4.1993, s. 29.»
I artikkel 4 vert det gjort følgjande endringar:
i nr. 1 skal ny bokstav c) lyde:
«c) gjeldsfordring ved salg eller tilegnelse eller ved motregning av verdien mot, og bruk av denne verdien til å innfri, relevante finansielle forpliktelser.»
i nr. 2 skal bokstav b) lyde:
«b) partene har avtalt verdifastsettelsen av de finansielle instrumentene og gjeldsfordringene i avtalen om finansiell sikkerhetsstillelse i form av pantsetting.»
nr. 3 vert oppheva.
I artikkel 5 skal nytt nr. 6 lyde:
«6. Denne artikkel får ikke anvendelse på gjeldsfordringer.»
Etter artikkel 9 vert ny artikkel 9a sett inn:
«Artikkel 9a
Direktiv 2008/48/EF
Bestemmelsene i dette direktiv berører ikke direktiv 2008/48/EF.»
Artikkel 3
Innarbeiding i nasjonal lovgjeving
Medlemsstatane skal innan 30. desember 2010 vedta og kunngjere dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.
Dei skal setje i verk desse føresegnene frå 30. juni 2011.
Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.
Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei viktigaste internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.
Artikkel 4
Iverksetjing
Dette direktivet tek til å gjelde 20. dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.
Artikkel 5
Adressatar
Dette direktivet er retta til medlemsstatane.
Utferda i Strasbourg, 6. mai 2009.
For Europaparlamentet | For Rådet |
H.-G. PÖTTERING | J. KOHOUT |
President | Formann |
Fotnotar
TEU C 216 av 23.8.2008, s. 1.
Fråsegn gjeven 3. desember 1990 (enno ikkje offentleggjord i TEU)
Europaparlamentsfråsegn av 18. desember 2008 (enno ikkje offentleggjord i TEU) og rådsavgjerd av 27. april 2009.
TEF L 166 av 11.6.1998, s. 45.
TEU L 145 av 30.4.2004, s. 1.
TEF L 168 av 27.6.2002, s. 43.
TEU L 133 av 22.5.2008, s. 66.
TEU C 321 av 31.12.2003, s. 1.