2 Endringsforslag
Kap. 800 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgifter i departementet.
BLD føreslår å flytte 500 000 kroner for å dekkje meirbehovet på kap. 823, post 01, jf. omtale under denne posten.
BLD føreslår å redusere kap. 800, post 01 med 0,5 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 158 540 |
Løyving 2013 | 158 708 |
Forslag til tilleggsløyving | -500 |
Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift i IMDi.
BLD føreslår å flytte 200 000 kroner for å dekkje meirbehovet på kap. 823, post 01, jf. omtale under denne posten.
BLD føreslår å redusere kap. 820, post 01 med 0,2 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 196 345 |
Løyving 2013 | 181 049 |
Forslag til tilleggsløyving | -200 |
Kap. 821, post 60 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Integreringstilskotet skal gi ei rimeleg dekking av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid.
Det er anslått at behovet i 2013 går ned med 23,8 mill. kroner samanlikna med Prop. 149 S (2012–2013). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot for år 1 for 2012, ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot for år 2-5 og ein reduksjon i talet på barn som utløyser skoletilskot.
BLD føreslår å redusere kap. 821, post 60 med 23,8 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 4 571 799 |
Løyving 2013 | 5 024 400 |
Forslag til tilleggsløyving | -23 839 |
Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Kommunar som busett einslege, mindreårige flyktningar får utbetalt eit særskilt tilskot. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.
Behovet i 2013 blir anslått å gå ned med 17,5 mill. kroner samanlikna med Prop. 149 S (2012–2013). Årsaka til endringa er ein reduksjon i talet på einslege mindreårige som utløyser tilskot.
BLD føreslår å redusere kap. 821, post 61 med 17,5 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 344 014 |
Løyving 2013 | 358 152 |
Forslag til tilleggsløyving | -17 483 |
Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Behovet på posten blir anslått å gå ned med 3,7 mill. kroner frå Prop. 149 S (2012–2013). Årsaka til endringa er ein reduksjon i talet på overføringsflyktningar som blir busett i 2013 med 50 personar.
BLD føreslår å redusere kap. 3821, post 01 med 3,7 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 102 928 |
Løyving 2013 | 89 860 |
Forslag til tilleggsløyving | -3 695 |
Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Behovet på posten blir anslått å gå ned med 650 000 kroner frå Prop. 149 S (2012–2013). Årsaka til endringa er ein reduksjon i talet einslege mindreårige som blir busett i 2013 med ti personar.
BLD føreslår å redusere kap. 3821, post 02 med 0,7 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 29 342 |
Løyving 2013 | 31 551 |
Forslag til tilleggsløyving | -650 |
Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Behovet i 2013 blir anslått å auke med 20,4 mill. kroner samanlikna med Prop. 149 S (2012–2013). Hovudårsaka til endringa er ein auke i utgiftene til norskopplæring i mottak som følgje av ein auke i talet på asylsøkjarar. I tillegg er det ein auke i talet på personar som får opphaldsløyve, noko som gir auke i talet på personar som utløyser tilskot for år 1.
BLD føreslår å auke kap. 822, post 60 med 20,4 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 1 628 848 |
Løyving 2013 | 1 733 179 |
Forslag til tilleggsløyving | 20 375 |
Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Behovet på posten blir anslått å auke med 11,9 mill. kroner frå Prop. 149 S (2012–2013). Årsaka til endringa er ein auke i talet på asylsøkjarar.
BLD føreslår å auke kap. 3822, post 01 med 11,9 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 97 132 |
Løyving 2013 | 125 592 |
Forslag til tilleggsløyving | 11 882 |
Kap. 823 Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene.
Det er eit meirbehov på 700 000 kroner på posten. BLD føreslår å dekkje meirbehovet ved å flytte 500 000 kroner frå kap. 800, post 01 og 200 000 kroner frå kap. 820, post 01.
BLD foreslår å auke kap. 823, post 01 med 0,7 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 6 647 |
Løyving 2013 | 6 691 |
Forslag til tilleggsløyving | 700 |
Kap. 840 Krisetiltak
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Utgiftene til tilskot til incest- og valdtektssenter i 2013 er anslått til 76,6 mill. kroner, som er 4,4 mill. kroner meir enn løyvinga. Meirbehovet skuldast auka aktivitet ved incest- og valdtektssentra samanlikna med det som blei lagt til grunn ved fasetting av løyvinga for 2013.
BLD føreslår å auke kap. 840, post 61 med 4,4 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 69 585 |
Løyving 2013 | 72 240 |
Forslag til tilleggsløyving | 4 400 |
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling av meklingsgodtgjersle er 1,7 mill. kroner lågare enn løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 841, post 21 med 1,7 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 11 297 |
Løyving 2013 | 12 332 |
Forslag til tilleggsløyving | -1 700 |
Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til kontantstøtte i 2013 er anslått til 1 230 mill. kroner, som er 30 mill. kroner høgare enn løyvinga i Prop. 149 S (2012–2013).
Meirbehovet kjem av at ein forventar fleire barn med kontantstøtte gjennomsnittleg kvar månad enn tidlegare føresett. Auken har vore særleg stor frå mai månad, og særleg for den eldste aldersgruppa, barn 19-23 månader.
BLD føreslår å auke kap. 844, post 70 med 30 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 1 264 615 |
Løyving 2013 | 1 200 000 |
Forslag til tilleggsløyving | 30 000 |
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til barnetrygd i 2013 er anslått til 15 130 mill. kroner, som er 90 mill. kroner høgare enn løyvinga i Prop. 149 S (2012–2013).
Anslåtte meirutgifter kjem av auka anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar, som følgje av etterbetalingar (restansenedbygging) og omlegging av rekneskapsrutinar i Arbeids- og velferdsetaten.
BLD føreslår å auke kap. 845, post 70 med 90 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 15 059 116 |
Løyving 2013 | 15 040 000 |
Forslag til tilleggsløyving | 90 000 |
Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50
BLD føreslår å sette ned løyvinga på posten med 277 000 kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 846, post 70.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 23 230 |
Løyving 2013 | 31 618 |
Forslag til tilleggsløyving | -277 |
Post 70 Tilskot
Det er eit meirbehov på 277 000 kroner på posten knytt til tilskot i samband med Stemmerettsjubileet 2013. BLD føreslår å auke løyvinga for kap. 846, post 70 mot tilsvarande reduksjon under post 21.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 17 209 |
Løyving 2013 | 20 980 |
Forslag til tilleggsløyving | 277 |
Kap. 852 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Nye prognosar viser at det vil komme om lag 180 adoptivbarn frå andre land til Noreg i 2013. Dette er ein lågare prognose enn i saldert budsjett 2013.
BLD føreslår å redusere kap. 852, post 70 med 7,7 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 11 494 |
Løyving 2013 | 15 865 |
Forslag til tilleggsløyving | -7 700 |
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Posten skal dekkje utgifter til ulike førebyggande tiltak og kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet. Det er eit meirbehov på 1,9 mill. kroner på posten som blir føreslått dekka inn ved å flytte 1,9 mill. kroner frå kap. 854, post 50.
BLD føreslår å auke kap. 854, post 21 med 1,9 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 62 802 |
Løyving 2013 | 69 956 |
Forslag til tilleggsløyving | 1 900 |
Post 50 Forsking og utvikling
Posten blir mellom anna nytta til forsking på barne- og ungdomsfeltet.
Bufdir er tildelt 3 mill. kroner til mentorordninga Nattergalen på posten. Basert på tidlegare erfaringar går 10 prosent av løyvinga til mentorordninga til å dekkje driftsutgifter og prosjektleiing knytt til gjennomføringa av prosjektet. Det blir føreslått å flytte 0,3 mill. kroner til kap. 858, post 01 for å gjere postbruken korrekt.
Det er vidare eit mindrebehov på 1,9 mill. kroner på posten som følgje av nedjustering av tiltak. Desse blir føreslått flytta til kap. 854, post 21.
BLD føreslår å redusere kap. 854, post 50 med 2,2 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 5 155 |
Løyving 2013 | 24 948 |
Forslag til tilleggsløyving | -2 200 |
Post 61 Utvikling i kommunane
Posten dekkjer tilskot til prosjekt og program i regi av kommunar og fylkeskommunar. Det er eit mindrebehov på posten på 0,5 mill. kroner. Beløpet blir føreslått flytta til kap. 854, post 71.
BLD føreslår å redusere kap. 854, post 61 med 0,5 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 0 |
Løyving 2013 | 26 446 |
Forslag til tilleggsløyving | -500 |
Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som blir busette i kommunane.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette, kor stor del av alle einslege, mindreårige som treng tiltak i barnevernet, og kor store utgiftane for kvart tiltak er.
Grunna ei auke i talet på busette einslege mindreårige flyktningar er behovet på posten høgare enn tidlegare føresett.
BLD føreslår å auke kap. 854, post 65 med 55 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 1 070 052 |
Løyving 2013 | 1 177 000 |
Forslag til tilleggsløyving | 55 000 |
Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21
Løyvinga på posten går hovudsakleg til to tilskotsordningar: Tilskudd til organisasjoner i barne- og ungdomsvernet og Tilskudd til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Det er eit meirbehov på 500 000 kroner på posten som blir føreslått dekka inn ved å flytte 500 000 kroner frå kap. 854, post 61 til kap. 854, post 71.
BLD føreslår å auke kap. 854, post 71 med 0,5 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 24 821 |
Løyving 2013 | 31 555 |
Forslag til tilleggsløyving | 500 |
Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01
Det statlege barnevernet fekk i Prop. 149 S (2012–2013) ei tilleggsløyving på 174 mill. kroner for å kompensere for aktivitetsvekst i 2012 og 2013.
Det er eit større behov for kjøp av private institusjons- og fosterheimsplassar enn det som blei lagt til grunn i Prop. 149 S (2012–2013). Auka kjøp av private barneverntenester skuldast mellom anna ein større nedgang i bruken av statlege institusjonsplassar enn tidlegare lagt til grunn, og utfordringar med å rekruttere tilstrekkeleg med kommunale fosterheimar. BLD føreslår å flytte 25 mill. kroner frå kap. 856, post 01 til posten.
BLD føreslår å auke kap. 855, post 22 med 25 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 1 712 669 |
Løyving 2013 | 1 666 047 |
Forslag til tilleggsløyving | 25 000 |
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til drift av omsorgssentera for einslege, mindreårige asylsøkjarar og eventuelt kjøp av plassar i private tiltak, og til arbeidet med busetjing av einslege, mindreårige flyktningar under 15 år med vedtak om opphald.
Bufetat har klart å tilpasse kapasiteten i omsorgssentera i tråd med reduksjonen i talet på barn. Etaten har dermed redusert utgiftene til drift av sentera. BLD føreslår å flytte 25 mill. kroner til kap. 855, post 22 frå posten.
BLD føreslår å redusere kap. 856, post 01 med 25 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 256 516 |
Løyving 2013 | 199 591 |
Forslag til tilleggsløyving | -25 000 |
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgiftar til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
I følgje dei seinaste prognosane vil det i gjennomsnitt vere 60 barn i omsorgssentera i 2013. Dette er ti færre enn føresett i saldert budsjett 2013. BLD føreslår derfor å redusere kap. 3856, post 04 med 15 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 101 010 |
Løyving 2013 | 104 874 |
Forslag til tilleggsløyving | -15 000 |
Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Midlane på posten blir mellom anna nytta til konferansar, informasjonsmateriale, utgreiingar, forsking, statistikk og andre tiltak som inngår i arbeidet med å betre oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Nokre av tiltaka på posten har eit mindreforbruk som samla utgjer 0,8 mill. kroner i 2013. Midla blir føreslått flytta til kap. 857, post 79.
BLD føreslår å redusere kap. 857, post 21 med 0,8 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 7 427 |
Løyving 2013 | 7 556 |
Forslag til tilleggsløyving | -800 |
Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid mv., kan overførast
Hovuddelen av posten blir nytta til Noreg sitt bidrag til deltaking i EU-programmet Aktiv Ungdom, og til delar av kostnadene som er knytt til deltaking i EU-programma Sikrare Internett og DAPHNE III, som alle varer fram til 31. desember 2013. Grunna kursendring er kontingentforpliktingane høgare enn først lagt til grunn.
BLD føreslår å auke kap. 857, post 79 med 3,4 mill. kroner for å dekke auka utgifter knytt til deltaking i desse EU-programma.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 34 793 |
Løyving 2013 | 34 499 |
Forslag til tilleggsløyving | 3 390 |
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01
BLD føreslår at midlar til administrasjon av Nattergalen, tilsvarande 0,3 mill. kroner, blir flytta til kap. 858, post 01, jf. omtale under kap. 854, post 50.
BLD føreslår at kap. 858, post 01 blir auka med 0,3 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 226 726 |
Løyving 2013 | 226 306 |
Forslag til tilleggsløyving | 300 |
Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskasser
Posten dekkjer utbetaling til pensjonskassar der tilsette i Bufetat var medlemmar før staten tok over det fylkeskommunale barne- og familievernet i 2004.
Tildelinga dekkjer utgifter til ordinær reguleringspremie og eingangspremiar for tidlegpensjon. I tillegg skal det reknast arbeidsgjevaravgift av premiebeløpa. Reguleringspremiane er i hovudsak basert på utvikling i grunnbeløpet i folketrygda, og blir kravd inn i etterkant av lønns- og trygdeoppgjeret. Utgiftene på posten blir anslått til 53,1 mill. kroner i 2013.
BLD føreslår å auke kap. 858, post 22 med 21 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 50 329 |
Løyving 2013 | 32 059 |
Forslag til tilleggsløyving | 21 000 |
Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga på posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og informasjonstiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet. For å dekkje meirutgifter under kap. 867, post 01, føreslår departementet å redusere løyvinga på posten.
BLD føreslår å redusere kap. 865, post 21 med 1,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 867, post 01.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 9 389 |
Løyving 2013 | 6 571 |
Forslag til tilleggsløyving | -1 200 |
Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet
Post 01 Driftsutgifter
Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet har i 2013 eit meirbehov på 1,2 mill. kroner som følgje av flytting til nye lokale og auka driftskostnader. Departementet føreslår å dekkje dette meirbehovet gjennom å redusere løyvinga på kap. 865, post 21 med 1,2 mill. kroner.
BLD føreslår å auke kap. 867, post 01 med 1,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 865, post 21.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 7 939 |
Løyving 2013 | 8 265 |
Forslag til tilleggsløyving | 1 200 |
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2013 er anslått til 16 430 mill. kroner, som er 455 mill. kroner lågare enn løyvinga. Mindrebehovet kjem hovudsakeleg av eit lågare anslag på talet på barn i aktuell alder, enn det som blei lagt til grunn ved fastsetting av løyvinga.
BLD føreslår å redusere kap. 2530, post 70 med 455 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 15 580 788 |
Løyving 2013 | 16 885 000 |
Forslag til tilleggsløyving | -455 000 |
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til eingongsstønad i 2013 er anslått å bli 350 mill. kroner, som er 8 mill. kroner lågare enn løyvinga. Dette skuldast lågare anslag på talet på fødslar i 2013.
BLD føreslår å redusere kap. 2530, post 71 med 8 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 352 311 |
Løyving 2013 | 358 000 |
Forslag til tilleggsløyving | -8 000 |
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar i 2013 er rekna ut til å bli 430 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga.
BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530, post 72 med 15 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 408 874 |
Løyving 2013 | 415 000 |
Forslag til tilleggsløyving | 15 000 |
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2013 er rekna ut til å bli 70 mill. kroner, som er 15 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett.
Den årlege nedgangen i talet på familiar med foreldrepengar ved adopsjon held fram i 2013. Nytt utgiftsanslag byggjer på ein reduksjon i familietalet på 25 prosent frå 2012 til 2013.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530, post 73 med 15 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2012 | 88 510 |
Løyving 2013 | 85 000 |
Forslag til tilleggsløyving | -15 000 |