2 Behov for løyvingar
Etter forurensningsloven er det forureinar som er ansvarleg for kostnadene knytt til avgrensing og opprensking etter oljesøl. Det vil derfor bli kravd refusjon for dei samla kostnadene ved oljevernaksjonen overfor ansvarleg forureinar. Etter føresegnene i sjøloven kan likevel ansvaret avgrensast. Kystverket sine førebelse utrekningar viser at ansvarsavgrensingsbeløpet for ”Godafoss” er om lag 430 mill. kroner.
Statsbudsjettet kapittel 1062 post 21 Spesielle driftsutgifter skal dekkje utgifter til mindre aksjonar knytt til akutt forureining. Løyvinga er i saldert budsjett 2011 sett til 194,35 mill. kroner. Av dette er 4,35 mill. kroner øyremerka mindre aksjonar gjennom budsjettåret. Dei attverande 190 mill. kronene er øyremerka spesifikke formål; 50 mill. kroner knytt til vidare utgreiingar og kvalitetssikring av handteringa av vraket etter ubåten ”U-864”, 110 mill. kroner til fjerninga av vraket ”Murmansk” og 30 mill. kroner til oppfølging av Kystverket sin vrakrapport frå 2006.
Dei årlege budsjetta tek ikkje høgde for kostnader til større oljevernaksjonar som den som vi har hatt i Hvaler. Grunnstøytinga har som nemnt ført til at det var behov for å setje i gang strakstiltak for å redusere skadeomfanget. Fiskeri- og kystdepartementet er i eige romartalsvedtak gitt fullmakt til å overskride løyvinga under kapittel 1062 post 21 med inntil 15 mill. kroner dersom det er nødvendig å setje i verk tiltak mot akutt forureining utan opphald, og før Kongen kan gi sitt samtykke. Behov for straks å setje i verk skadereduserande tiltak medførte at departementet delegerte denne fullmakta til Kystverket 18. februar 2011.
Etter bevilgningsreglementet § 11 andre ledd kan Kongen i statsråd samtykkje i at ein drar på seg utgifter utan løyvingsmessig dekning for høgre beløp enn 5 mill. kroner dersom det er uomgjengeleg nødvendig å dra på seg utgifter før Stortinget kan gi tilleggsløyving. Det skal fremmast forslag om løyving for Stortinget så snart som mogleg når Kongen si ekstraordinære fullmakt til overskridingssamtykke blir nytta. Inntil Stortinget har vedteke forslaget om tilleggsløyving, må utgiftene avgrensast til det som er strengt nødvendig.
I kongeleg resolusjon av 25. februar 2011 fekk Fiskeri- og kystdepartementet fullmakt til å overskride løyvinga for 2011 under kapittel 1062 post 21 med inntil 110 mill. kroner. Det vart lagt til grunn at Kystverket dermed fekk dei nødvendige midlane til å dekkje aksjonskostnadene fram til det var mogleg å få ei oversikt over omfanget av aksjonen. Det vart vidare lagt til grunn at når ei slik vurdering låg føre skulle saka fremmast for Stortinget.
Det er framleis knytt stor usikkerheit til omfanget av aksjonen. Det heng særleg saman med isforholda i området. Isen har enno ikkje gått frå alle områda som er ramma av utsleppa. Kystverket vil derfor først seinare utpå våren ha full oversikt over kvar det må setjast i gang strandaksjon. Det har til no vore lett å fjerne oljen frå underlaget der han har kome på land. Kulde og konsistensen til oljen (tungolje) har gjort at han kan plukkast rett opp frå underlaget. Dei største påslaga er gjort på Sandøy i Nøtterøy-skjergarden, på Ryvingen fyr i Vest-Agder pluss eit flak ved stasjonen til Havforskingsinstituttet i Flødevigen i Arendal. Kystverket sin prognose for faktiske kostnader til aksjonen per midten av mars 2011 ligg rundt 77 mill. kroner.
Totalt var per 28. mars registrert om lag 100 påslag, og ingen av større omfang. Samla er mindre enn ein kilometer strandlinje registrert forureina. Østfold er lite ramma. Oljen følgde straumen og gjekk over mot Vestfold. Noko vart igjen i Nøtterøy-skjergarden, resten dreiv nedover mot Svenner, Jomfruland og traff land nokre stader i Agder-fylka. Det sørlegaste registrerte oljepåslaget er ved Lindesnes.
IUA-ar som dette vedkjem (Østfold, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, Midt-Agder og Vest-Agder) har hatt mannskap ute og sett i verk ulike tiltak etter kvart som meldingar har påvist behov for dette. Ein prioriterer nå grovreinsking, noko som inneber å fjerne så mykje som råd er medan oljen er kald og tjuktflytande. Prioriterte område er sjøfuglreservat og andre viktige verneområde for fugl. Deretter tek ein viktige badeplassar og friluftsområde.
Det ligg ikkje føre nokon endeleg oversikt over kor mykje olje som lak ut. Det er ikkje mogleg i dag å få ei oversikt over kor mykje olje det er i ulike iskonsentrasjonar. Vidare må ein rekne ut vassinnhaldet i den oppsamla oljen. Ut frå førebelse tal legg Kystverket til grunn at ei betydeleg mengd av det som lak ut er teken opp frå sjøen og samla opp av IUA-ane langs dei ramma kyststrekningane, så langt.
Basert på siste prognose frå midten av mars 2011 står det att rundt 33 mill. kroner av overskridingsfullmakta på 110 mill. kroner gitt i kongeleg resolusjon av 25. februar 2011. Basert på Kystverket si nåverande vurdering av situasjonen ser det ut til at midlane som er igjen er tilstrekkelege for å sluttføre operasjonen. Isforholda og kva dei har å seie for moglege oljepåslag seinare i vår er framleis uavklart, og det er derfor usikkert om det kan bli behov for fleire midlar. Dersom det seinare skulle vise seg å bli behov for ytterlegare løyvingar til aksjonen vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med dette på eigna måte.
Med bakgrunn i dette vert det foreslått å auke kap. 1062 post 21 med 110 mill. kroner i 2011 knytt til dekning av utgifter til aksjonen etter Godafoss-grunnstøytinga.