4 Ekstern kvalitetssikring
Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med Finansdepartementet sine retningsliner for store, statlege investeringar. Ekstern kvalitetssikrar har vore engasjert i fleire omgangar, og deira tilrådingar er spilt inn i dei løpande forhandlingane med BSH. Forsvaret har i tillegg nytta eit anerkjend advokatfirma som juridisk rådgjevar i forhandlingane.
Forsvarsdepartementet vil i gjennomføringsoppdraget til Forsvaret følgje opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd.