Prop. 1 S (2018–2019)

FOR BUDSJETTÅRET 2019 — Utgiftskapittel: 800–873, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovedprioriteringar – Innsats for utsette barn og familiar

Gir vi barn ein god oppvekst, har dei gode føresetnader for å vekse opp til å bli sjølvstendige menneske, få seg ei utdanning, ein jobb, skape ein heim for seg og sine og bidra til eit berekraftig velferdssamfunn. Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samstundes er det familiar som lever i vedvarande låginntekt og som dermed får avgrensa høve til fullverdig deltaking i samfunnet. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal ha moglegheit til å delta i sosiale fellesskap på linje med andre. Andre barn lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira. Desse skal få naudsynt hjelp og omsorg. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge når foreldra av ulike årsaker ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Regjeringa ønskjer òg eit tryggare Noreg og styrkjer innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare.

Familien er eit sterkt og grunnleggjande sosialt fellesskap som skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barn og unge. Barn og familiar er ulike og dei har ulike behov. Regjeringa arbeider for ein politikk der familiane får fridom til å leve sine eigne liv og organisere kvardagen slik dei sjølve ønskjer. Ein god politikk for familiane legg grunnlaget for livskvalitet, og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar. Samstundes skal familiepolitikken leggje til rette for likestilling mellom foreldra både i heimen og i arbeidslivet. Fars deltaking i ulike omsorgsoppgåver er viktig for barns utvikling. Utviding av mødre- og fedrekvota frå 10 til 15 veker ved uttak av foreldrepengar vart sett i kraft 1. juli 2018. Dette gir lik tredeling ved 100 pst. uttak. Tredelinga varetek valfridom, samstundes som ho gjer sitt til at fedrar får meir tid med barna sine.

For å skape eit berekraftig velferdssamfunn er det viktig at alle kan bidra til fellesskapet gjennom arbeid. Regjeringa har sett i gang ein inkluderingsdugnad for å få fleire av dei som står utanfor arbeidslivet i ordinær jobb. Likestilling, ikkje minst i arbeidslivet, er ein føresetnad for å føre vidare det høge velferdsnivået vi har i Noreg, og for å utvikle samfunnet vidare. Regjeringa vil rette ein innsats mot kjønnstradisjonelle utdanningsval. Dei medverkar til å oppretthalde ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, med forskjellar i lønn, arbeidstid og arbeidsbelasting.

Regjeringa vil at enkeltmennesket skal få vere seg sjølv og leve livet som ein vil. Det er framleis barrierar mot samfunnsdeltaking for LHBTIQ-personar. Regjeringa vil halde fram med å arbeide for at alle skal ha like rettar og moglegheiter uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisitet, religion og livssyn, alder og seksuell orientering.

Regjeringa vil at kvar einskild skal ha fridom til å avgjere korleis dei skal leve livet sitt og følgjer opp Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). Regjeringa er òg i gang med eit integreringsløft og vil leggje fram ein strategi som skal gi tydeleg retning for arbeidet framover, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet. Målet er at innvandrarar skal vere ein del av store og små fellesskap i det norske samfunnet. Ein del av dette er å få fleire innvandrarkvinner i arbeid. Tiltak for foreldrestøtte, betre kompetanse i tenestene og betring av innvandrarbefolkninga si tillit til barnevernet er blant dei sentrale innsatsområda for BLD.

1.1 Barnefattigdom

Regjeringa har som mål å vidareføre eit samfunn med små forskjellar. Regjeringa vil arbeide for å auke den sosiale mobiliteten gjennom å inkludere fleire i arbeidslivet og redusere risikoen for at levekårsutfordringar går i arv.

Talet på barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt har auka frå 67 300 barn i 2006 til 101 300 barn i 2016. Det er naudsynt med ein brei og samordna innsats for å motverke at barn veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Låginntekt heng til stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdspolitikken står difor sentralt i innsatsen.

Mange barn vert ramma av fattigdom og utenforskap, utan moglegheit til å skape seg sitt eige, gode liv. Fattigdom påverkar helse, utdanningsmoglegheiter og sosiale nettverk. Nokre barn og unge opplever at viktige hendingar i oppveksten kostar så mykje at dei held seg utanfor. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal ha moglegheiter og fridom til å skape si eiga framtid. Dei skal få god omsorg, bu trygt, delta i fritidsaktivitetar og kjenne seg verdifulle i samfunnet.

For å leggje til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, er innsatsen rundt utsette familiar styrkt. Denne regjeringas viktigaste tiltak mot barnefattigdom har vore:

  • Nasjonal strategi mot barnefattigdom (2015–2017), den første i Noreg.

  • Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, er auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014 til om lag 270 mill. kroner i 2018.

  • Fritidserklæringa, eit samarbeid mellom regjeringa, frivillige organisasjonar og KS. Målet er at alle barn, uavhengig av økonomien til foreldra, skal få delta i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre.

  • Rimelegare barnehageplass for familiar med låg inntekt, og ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehagen for alle barn i familiar med låg inntekt frå barna er tre år, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Prøveprosjekt med gratis deltidsplass i SFO (Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim), og forsøk med gratis barnehage og SFO for barn frå familiar med låg inntekt og/eller barn med minoritetsspråkleg bakgrunn, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Ungdom i familiar med låg inntekt får meir i skulestipend, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Over 1 milliard kroner meir til helsestasjons- og skulehelsetenesta, sjå omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Styrkt bustøtte for barnefamiliar og andre store husstandar, sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  • Styrkt områdesatsing i enkelte område i dei store byane med særskilde levekårsutfordringar, sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Hovedprioriteringar i 2019

Regjeringa vil styrkje innsatsen retta mot barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt med ytterlegare 181 mill. kroner i 2019. Barn frå familiar med låg inntekt skal ha moglegheit til å delta i sosiale fellesskap på linje med andre. Ungdom som slit, skal få hjelp til skule eller arbeid. Det er òg lagt vekt på betre buforhold og trygge oppvekstmiljø. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka:

  • 20 mill. kroner til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom. Losane følgjer opp unge med vanskar knytt til dømes til omsorgssituasjonen i heimen, svakt sosialt nettverk og helseproblem, og kor det er risiko for at dei avbryt utdanninga.

  • 10 mill. kroner til eit pilotprosjekt for å dekkje individuelle utgifter ved deltaking i organiserte fritidsaktivitetar for barn frå låginntektsfamilier.

  • 5 mill. kroner til ferietiltak for barn frå låginntektsfamiliar.

  • 46 mill. kroner til gratis kjernetid i barnehage for to-åringar frå familiar med låg inntekt, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • 60 mill. kroner til å styrkje bustøtteordninga for barnefamiliar og andre store husstandar, sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Om lag 40 mill. kroner til å styrkje Områdesatsing i utvalde byer, sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Satsinga omfattar òg rekrutteringstiltak til barnehage i utsette byområde.

1.2 Vald og overgrep

Barn og ungdom skal ha trygge og gode liv. Dei skal ikkje oppleve vald og overgrep. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. For å beskytte barn, er det mange som har ein viktig rolle. Foreldre, barnehagar, skular, barnevern, helse- og omsorgstenester, politi, frivillige organisasjonar og fleire, må alle bidra.

Regjeringa sitt arbeid mot vald og overgrep er forankra i Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017). Arbeidet har høg prioritet. Den samla satsinga frå saldert budsjett for 2017 på om lag 530 mill. kroner til tiltak i opptrappingsplanen blei vidareført i 2018. I tillegg blei innsatsen styrkt med ytterlegare 295 mill. kroner i 2018, slik at den samla satsinga for 2018 er på om lag 825 mill. kroner. Av dei 88 tiltaka («regjeringa vil»-punkt) i opptrappingsplanen, er 16 allereie gjennomført, 49 er byrja, 17 er av løpande karakter og seks står att å starte opp. Dei viktigaste tiltaka i planperioden har vore:

  • Ny strategi for foreldrestøtte (2018–2021), den første i Noreg.

  • Nytt verktøy for å samtale med barn om vald og overgrep. Målet er at dei som arbeider med barn klarer å avdekkje vald tidlegare.

  • Nye retningslinjer om vald og overgrep mot barn og unge med nedsett funksjonsevne.

  • Nytt opplæringsprogram til bruk i barnehagar og skular om mobbing, vald og digitale krenkingar.

  • Informasjonskampanjar for å førebyggje vald og overgrep.

  • Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane er styrkt.

  • Familievernet sitt tilbod til familiar som lever med vald er styrkt.

  • Eit familiemandat til Alternativ til Vold (ATV) og etablering av nye ATV-kontor.

  • Etterforsking av vald og overgrep mot barn er styrkt, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Auka kapasitet og kompetanse i Statens barnehus, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Arbeidet mot internettrelaterte overgrep mot barn er styrkt, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Behandlingstilbod og tiltak som ivaretek utsette barn og overgriparar er styrkt.

  • Auka satsing på utvikling av kunnskap og kompetanse i helsetenestene.

  • Tydeleggjering av ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep i helselovene.

  • Arbeidet mot mobbing og digitale krenkinger er styrkt, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Hovedprioriteringar i 2019

Regjeringa vil følgje opp Opptrappingsplanen mot vold og overgrep ved å vidareføre det viktige arbeidet som er i gang og setje i verk ei rekkje nye tiltak. God førebyggjing er avgjerande fordi det kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Tenestene treng meir kompetanse til å avdekkje vald og overgrep mot barn. God hjelp og behandling til rett tid kan motverke dei alvorlege konsekvensane av vald og overgrep. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • Følgje opp strategi for foreldrestøtte – Trygge foreldre – trygge barn som blei lagt fram i juni 2018.

  • 22 mill. kroner til å styrkje det foreldrestøttande arbeidet på familieområdet.

  • 5 mill. kroner til å implementere og vidareutvikle støtteverktøy som gjer det lettare for tilsette i barnehagar, skular og andre tenester å oppdage og følgje opp utsette barn og unge.

  • Utvikle ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep.

  • 19 mill. kroner til å styrkje behandlingstilbodet for personar dømt for seksuelle overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • 4 mill. kroner til å styrkje arbeidet med å førebyggje vald og overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.

  • 17 mill. kroner til å styrkje arbeidet mot mobbing, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Utvikle familieverntenesta sitt tilbod til familiar med høgt konfliktnivå.

  • Arbeide for at fleire barn skal bli høyrde i samband med mekling.

1.3 Barnevernet

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp og omsorg til barn som har det vanskeleg og som lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge når foreldra ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Barnet sitt beste er det grunnleggjande omsynet for arbeidet i barnevernet.

Utsette barn og familiar skal få hjelp der dei bur. Barnevernet skal bli betre på å kome tidleg inn med hjelp til barn som lever med omsorgssvikt. Regjeringa ønskjer at flest mogleg barn skal vekse opp saman med foreldra sine. Samstundes er det viktig å ha tilstrekkeleg mange gode og stabile fosterheimar, tilpassa dei barna som ikkje kan bu hos foreldra sine og har behov for ein trygg heim.

Tilsette i barnevernet gjer ein uvurderleg innsats for å gi barn og familiane deira ein betre kvardag. Det er likevel behov for auka kompetanse i det kommunale barnevernet. Dei tilsette skal kjenne seg trygge på jobb og vite at dei har nok kunnskap til å gjere dei riktige vurderingane. Derfor har regjeringa sett i verk eit historisk kompetanseløft i barnevernet, som særleg omfattar ein auke i tilbodet om etter- og vidareutdanning for tilsette. Tilsette i barnevernet skal få styrkt kunnskapen sin om utgreiingsarbeid og hjelpetiltak til barn og familier.

Barn som får hjelp frå barnevernet skal få god hjelp tilpassa behovet til det einskilde barnet, uavhengig av kven som driftar tilbodet. Regjeringa vil leggje til rette for eit mangfald av aktørar i barnevernet for å få tilbod med høg kvalitet. Vi har derfor starta ein gjennomgang av rammevilkåra for private aktørar i barnevernet, mellom anna for å vurdere behovet for betre styring av innhaldet i tilbodet til barn i barnevernet. Regjeringa har òg sett ned eit offentleg utval som skal sjå generelt på bruken av private aktørar på velferdsområda.

Dei viktigaste tiltaka på barnevernsområdet i regjeringsperioden 2014–2018 har vore:

  • Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

  • Ei barnevernsreform, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Innst. 354 L (2016–2017).

  • Betre rettstryggleik for barn og foreldre gjennom Prop. 169 L (2017–2018) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre), jf. Innst. 151 L (2017–2018).

  • Kompetanseløft i det kommunale barnevernet, mellom anna gjennom kompetansestrategien (2018–2024) for det kommunale barnevernet som blei lagt fram hausten 2017.

  • Betre samarbeid mellom barnevernet og helsetenestene. Det blir mellom anna oppretta to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som treng langvarig omsorg utanfor heimen og som treng psykisk helsehjelp.

Hovedprioriteringar i 2019

Regjeringa er i gang med barnevernsreforma. Større kommunalt ansvar for barnevernet skal bidra til at kommunane i større grad prioriterer førebyggjande hjelp og tenester som er betre tilpassa den einskilde. Regjeringa gjennomfører også eit kvalitets- og kompetanseløft for barnevernet. Betre kompetanse og digitale løysingar legg grunnlaget for ei vellukka reform. Regjeringa startar i 2019 arbeidet med eit digitalt løft for det kommunale barnevernet. Regjeringa ønskjer òg å styrkje barn og unge sin rett til å medverke og rettstryggleiken til barn og foreldre. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • 30 mill. kroner til å starte arbeidet med eit digitalt løft for det kommunale barnevernet. Gjennom det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern skal det bli utvikla nye digitale løysingar for å auke effektiviteten og kvaliteten i sakshandsaminga i barnevernet.

  • Eit storstilt kompetanseløft for å auke kvaliteten i dei kommunale tenestene. Regjeringa sin kompetansestrategi for det kommunale barnevernet blir derfor ført vidare i 2019.

  • 10 mill. kroner til ei særleg satsing på barnevernet sitt arbeid med unge kriminelle, for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og lokalt politi i Oslo og auke bruken av tiltak mot unge med alvorlege åtferdsvanskar.

  • Styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet. Regjeringa tek sikte på å sende forslag til ny barnevernslov på høyring i 2019.

  • Leggje til rette for eit mangfald av aktørar i barnevernet, for å få tilbod med høg kvalitet. Det er starta ein gjennomgang av rammevilkåra for ideelle og kommersielle aktørar i barnevernet.

1.4 Likestilling

Noreg er eit av verdas mest likestilte land, men det er framleis naudsynt med innsats på ei rekkje samfunnsområde. Likestilling, ikkje minst i arbeidslivet, er ein føresetnad for å føre vidare det høge velferdsnivået vi har i Noreg, og for å utvikle samfunnet vidare.

For regjeringa dreier reell likestilling og likeverd seg om at ein ikkje berre skal ha formelle rettar, men også reelle moglegheiter. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering blir skapt gjennom positive og stimulerande verkemiddel og gjennom betre diskrimineringsvern. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle.

Regjeringa har med Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn gitt eit langsiktig perspektiv for likestillingsarbeidet. Meldinga løftar fram utfordringar knytte til likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, helse og næringsliv, entreprenørskap og vald og overgrep. I meldinga blir strategiar og verkemiddel som skal medverke til eit meir likestilt samfunn, presenterte.

I dag blir omgrepet «likestilling» nytta i vidare forstand enn likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion. Det er framleis behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane til LHBTIQ-personar og motverke diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Regjeringa vil òg halde fram arbeidet mot diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne. Hausten 2018 vil regjeringa leggje fram ein strategi for betre samordning og gjennomføring av regjeringas mål.

Dei viktigaste tiltaka på likestilling og ikkje-diskrimineringsområdet i regjeringsperioden 2014–2018 har vore:

  • Ny felles likestillings- og diskrimineringslov.

  • Nytt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet.

  • Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn.

  • Handlingsplan for universell utforming (2015–2019).

  • Handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020).

  • Strategi mot hatefulle ytringar (2016–2020).

Hovedprioriteringar i 2019

BLD tek i samarbeid med KD, ASD og NFD fleire initiativ i 2019 for eit meir likestilt arbeidsliv. Arbeidet startar med likestilling i barnehagen og skulen. Det trengs fleire kvinnelege leiarar og rollemodellar i næringslivet, og ikkje minst må menn oppfordrast til å ta likestillingskampen. Som del av arbeidet med integrering, er det òg lagt vekt på at fleire innvandrarkvinner må i arbeid. #MeToo-kampanjen har vist at vi ikkje er komen langt nok i arbeidet mot seksuell trakassering. Regjeringa arbeider derfor mellom anna med eit lågterskeltilbod mot seksuell trakassering.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • 2 mill. kroner til tiltak for å motverke kjønnsdelte utdanningsval. BLD og KD vil prioritere rekruttering av menn til grunnskole- og barnehagelærerutdanninga og til utdanninger innanfor helse- og omsorgssektoren. Sjå òg Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Auke tilskotet til prosjektet Jenter og teknologi i regi av NHO med 1 mill. kroner, til samla 3,5 mill. kroner i 2019.

  • 2 mill. kroner til tiltak som kan bidra til å auke delen kvinnelege toppleiarar i næringslivet. Sjå òg Prop. 1 S for Nærings- og fiskeridepartementet.

  • Følgje opp høyringane om lågterskeltilbod for handsaming av saker om seksuell trakassering og styrking av aktivitets- og rapporteringspliktene.

  • Ein meir målretta innsats på integreringsfeltet. Regjeringa føreslår til saman 50 mill. kroner for å styrkje Jobbsjansen. Jobbsjansen del A for innvandrarkvinnar vert styrkt med 15 mill. kroner, noko som skal medverke til at innvandrarkvinner som står langt frå arbeidslivet, kjem i arbeid. Sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

1.5 Forbrukaranes stilling

Regjeringa meiner at gode forbrukarrettar er avgjerande for ein tillitsbasert marknadsøkonomi. Ikkje minst er dette viktig i den digitale økonomien. Nesten grenselaus tilgang til informasjon og handel gjennom digitale medium gir forbrukarane nye moglegheiter, men òg ufordringar. Forbrukarrettane er mellom anna utfordra av nye former for marknadsføring og handel med personopplysingar. Det er avgjerande å få marknadsaktørane til å respektere at reglane som elles vernar forbrukarane og varetek rettane deira òg gjeld i den digitale økonomien. Barn og unge er særleg sårbare i denne utviklinga. Samstundes som dei er aktive brukarar av sosiale medium, er dei ofte i mindre grad enn vaksne i stand til å forstå ulike former for påverknad og marknadsføring. Bruk av sosiale medium verkar òg å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress.

Regjeringa vil arbeide for at forbrukarane kan vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde. Forbrukarane skal vere beskytta mot svindel og ulovleg marknadsføring. Det gjeld òg i samband med kjøp og sal på nett. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i regjeringsperioden 2014–2018 har vore:

  • Tvisteløysingstilbodet til Forbrukarrådet er utvida og profesjonalisert.

  • Forbrukarombodet er omgjort til eit tilsyn, Forbrukartilsynet, med vedtakskompetanse.

  • Det er etablert ei konsesjonsordning for gjeldsinformasjonsføretak.

  • Det er utarbeidd og gjennomført ein strategi med tiltak for å forbetre forbrukarane sin digitale kvardag.

  • Det er etablert ein straumprisportal og Finansportalen er vidareutvikla med nye modular.

Hovedprioriteringar i 2019

Den teknologiske utviklinga fører til stadig nye endringar innanfor dei fleste samfunnsområde og i kvardagen til forbrukarane. Regjeringa vil møte desse endringane og andre utviklingstrekk med ein aktiv forbrukarpolitikk. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2019:

  • Auke løyvinga til Forbrukartilsynet med 6 mill. kroner for å styrkje arbeidet med tilsyn og rettleiing på digitalområdet.

  • Leggje fram ei melding for Stortinget om forbrukarpolitikken, der det vil bli lagt særleg vekt forbrukaranes digitale kvardag. Forbrukaranes stilling i bustadmarknaden og finansmarknaden er òg blant emna som vil bli drøfta.

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

Administrasjon

800

Barne- og likestillingsdepartementet

157 884

160 834

160 854

0,0

Sum kategori 11.00157 884160 834160 8540,0

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

203 999

222 329

233 876

5,2

841

Samliv og konfliktløysing

31 410

33 474

35 410

5,8

842

Familievern

531 951

573 789

582 551

1,5

843

Adopsjonsstønad

12 015

12 172

12 525

2,9

844

Kontantstøtte

1 648 760

1 752 180

1 800 890

2,8

845

Barnetrygd

15 032 020

15 070 000

14 830 000

-1,6

846

Familie- og oppveksttiltak

524 828

590 684

660 032

11,7

847

EUs ungdomsprogram

8 950

8 236

8 431

2,4

848

Barneombodet

20 922

21 461

21 968

2,4

Sum kategori 11.1018 014 85518 284 32518 185 683-0,5

Barnevernet

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

219 832

225 888

230 440

2,0

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 729 983

1 025 124

1 089 598

6,3

855

Statleg forvalting av barnevernet

6 586 553

6 752 462

6 910 253

2,3

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

459 547

213 801

141 429

-33,9

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

275 267

271 888

295 632

8,7

Sum kategori 11.209 271 1828 489 1638 667 3522,1

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

157 778

160 271

155 094

-3,2

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

10 058

10 330

10 630

2,9

865

Forbrukarpolitiske tiltak

17 184

19 175

19 671

2,6

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

12 475

13 520

14 122

4,5

868

Forbrukartilsynet

27 044

27 171

33 485

23,2

Sum kategori 11.30224 539230 467233 0021,1

Likestilling og ikkje-diskriminering

870

Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda

6 168

18 598

19 006

2,2

871

Likestilling og ikkje-diskriminering

46 592

56 248

57 099

1,5

872

Nedsett funksjonsevne

243 768

268 015

275 712

2,9

873

Likestillings- og diskrimineringsombodet

55 107

42 821

43 843

2,4

Sum kategori 11.40

351 635

385 682

395 660

2,6

Sum programområde 1128 020 09527 550 47127 642 5510,3

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

19 660 498

21 234 000

20 378 000

-4,0

Sum kategori 28.50

19 660 498

21 234 000

20 378 000

-4,0

Sum programområde 28

19 660 498

21 234 000

20 378 000

-4,0

Sum utgifter

47 680 593

48 784 471

48 020 551

-1,6

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

Administrasjon

3800

Barne- og likestillingsdepartementet

234

Sum kategori 11.00234

Familie og oppvekst

3842

Familievern

255

715

736

2,9

3847

EUs ungdomsprogram

3 551

2 364

2 364

0,0

Sum kategori 11.103 8063 0793 1000,7

Barnevernet

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

369

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 396 243

1 491 567

1 457 236

-2,3

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

118 728

138 536

110 127

-20,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

1 747

470

484

3,0

Sum kategori 11.201 517 0871 630 5731 567 847-3,8

Forbrukarpolitikk

3868

Forbrukartilsynet

16

Sum kategori 11.3016

Likestilling og ikkje-diskriminering

3871

Likestilling og ikkje-diskriminering

2 965

Sum kategori 11.40

2 965

Sum programområde 11

1 524 108

1 633 652

1 570 947

-3,8

Sum inntekter

1 524 108

1 633 652

1 570 947

-3,8

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2017

Saldert budsjett 2018

Forslag 2019

Pst. endr. 18/19

01-23

Drift

7 886 146

7 831 407

7 955 089

1,6

30-49

Nybygg og anlegg

6 763

25 500

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

244 827

233 869

229 448

-1,9

60-69

Overføringar til kommunar

2 264 757

1 703 755

1 813 661

6,5

70-98

Overføringar til private

37 278 100

39 015 440

37 996 853

-2,6

Sum under departementet

47 680 593

48 784 471

48 020 551

-1,6

2.2 Postar med stikkordet «kan overførast»

Barne- og likestillingsdepartementet føreslår å knyte stikkordet «kan overførast» til desse postane utanom postgruppe 30–49.

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2018

Forslag 2019

840

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn

420

31 090

846

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

946

36 560

846

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv.

124

11 432

847

01

Driftsutgifter

516

8 431

854

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet

4

113 765

855

21

Spesielle driftsutgifter

3 101

24 121

865

21

Spesielle driftsutgifter

1 991

2 244

865

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk

3 930

6 312

871

21

Spesielle driftsutgifter

3 398

13 868

872

71

Universell utforming og auka tilgjenge

29 097

2.3 Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Barne- og likestillingsdepartementet i 2019 kan:

overskride løyvinga under

mot tilsvarande meirinntekt under

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 847 post 01

kap. 3847 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 01

Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga, og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01 for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.

Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter er tekne med i berekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.

3 Oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Barne- og likestillingsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingsesjonen 2017–2018 og alle vedtak frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje blei avslutta i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018) eller eventuelt i samband med handsaminga av meldinga til Stortinget om oppmodings- og utgreiingsvedtak.

I kolonne 4 i tabell 3.1 står det om departementet vurderer at rapporteringa om oppmodingsvedtaket er avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen for neste år. Rapporteringa på vedtak som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, til dømes ein proposisjon, ei melding, ei utgreiing eller liknande, vil normalt vere avslutta fyrst når saka er lagd fram for Stortinget.

Sjølv om tabellen viser at rapporteringa er avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan til dømes gjelde vedtak med ei oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella vere orientert om den vidare oppfølginga på vanleg måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2012–2013

106

visjon om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025

Ja

2014–2016

16

nytt felles anbod for faste barnevernsplassar

Nei

2015–2016

740

bruk av tvang i barnevernet

Ja

2015–2016

741

barn som har utført eller vore utsette for overgrep, og barn med traume

Nei

2015–2016

744

best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn

Nei

2015–2016

745

pålagde barnevernstiltak under svangerskap

Nei

2015–2016

811

innsynsrett i barnevernssaker

Nei

2015–2016

832

levekårskartlegging av fleirlingfamiliar, einslege med fleire barn i småbarnsalder, familiar med barn som har alvorleg sjukdom eller funksjonsnedsetjing, familiar som har alvorleg sjukdom hos foreldra, og andre med spesielle omsorgsbehov

Ja

2015–2016

890

lov om openheit om produksjonsstader og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukarar og organisasjonar

Nei

2016–2017

488

rutinar som sikrar informasjon om foreldreansvar

Nei

2016–2017

490

omfanget av saker der far er ukjend

Nei

2016–2017

491

evaluere felles foreldreansvar

Nei

2016–2017

494

gjennomgå dommar i foreldretvistar

Ja

2016–2017

596

rettleiing om korleis tilsette i kommunar kan avdekkje og følgje opp vald i nære relasjonar

Ja

2016–2017

597

lovfeste at barnevern og politi skal samarbeide betre

Nei

2016–2017

602

opptrappinga av familievernkontora

Ja

2016–2017

603

styrkje familievernkontora

Ja

2016–2017

604

leggje til rette for rettleiing for foreldre

Ja

2016–2017

606

politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Nei

2016–2017

607

ordning for å sertifisere alle offentleg tilsette som er i kontakt med barn

Nei

2016–2017

611

tilsette med minoritetsbakgrunn og auka kompetanse på minoritetskulturar i barnevernet

Ja

2016–2017

618

at alle ATV-kontor får eit familiemandat

Nei

2016–2017

626

rapportere i dei årlege budsjettproposisjonane om alle tiltak vedtekne i opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Ja

2016–2017

627

rapport om dei økonomiske behova knytte til arbeidet mot vald og overgrep

Ja

2016–2017

628

økonomisk forplikting og øyremerking knytte til tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Ja

2016–2017

682

offentleg utval som ser på kva likestillingsutfordringar barn møter på ulike arenaer

Ja

2016–2017

683

evaluere foreldrepermisjonsordninga

Ja

2016–2017

779

årleg rapportering om barnevernet til kommunestyret

Nei

2016–2017

780

spesialiserte hjelpetiltak

Ja

2016–2017

781

vurdere korleis tilsette i barnevernet kan sikrast mot vald og truslar

Ja

2016–2017

783

reglar for anbod i barnevernet

Ja

2016–2017

786

ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Nei

2016–2017

789

sakshandsamingstida ved utanlandsadopsjon

Nei

2016–2017

790

oppfølging av adopterte og familiane deira

Nei

2016–2017

791

kartleggje behovet for oppfølging etter adopsjon

Ja

2016–2017

875

lågterskeltilbod for handheving av forbodet mot seksuell trakassering

Nei

2016–2017

932

oppfølging av mindreårige offer for menneskehandel

Ja

2016–2017

1119

vidareføre aktivitets- og rapporteringsplikta

Nei

2017–2018

4

14 veker fedrekvote

Ja

2017–2018

169

verknader av forenklinga i foreldrepengeperioden

Nei

2017–2018

181

lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår for barnevernsaktørar

Nei

2017–2018

200

offentleg utval etikkinformasjon

Ja

2017–2018

207

likestillingssentera

Ja

2017–2018

443

innhenting av kunnskap om kontantstøttemottakarar

Ja

2017–2018

526

betalingsansvaret for utgifter til tolk og sakkunnige oppnemnt av nemnda

Nei

2017–2018

599

rettleiings- og hjelpetilbod seksuell trakassering

Nei

2017–2018

602

lågterskeltilbod seksuell trakassering

Nei

2017–2018

649

handlingsplan mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering

Nei

2017–2018

742

lovbestemt nedre aldersgrense for å få anerkjent ekteskap som er inngått i utlandet, inkludert ei 18-årsgrense

Ja

2017–2018

760

likestillingseffektar av den økonomiske politikken

Nei

2017–2018

762

avtalar med ideelle tilbydarar av institusjonsplassar

Nei

2017–2018

847

angrerett pakkereiser

Nei

2017–2018

848

reisegaranti transportdel pakkereise

Nei

2017–2018

850

tilsyn usunn reklame

Nei

2017–2018

852

god marknadsføringsskikk og usunt skjønnheitsideal

Nei

2017–2018

853

god marknadsføringsskikk overfor barn

Nei

2017–2018

893

strategi for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne

Ja

2017–2018

894

tiltak i melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma

Nei

2017–2018

895

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma

Nei

2017–2018

896

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – rett til arbeid

Nei

2017–2018

897

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – rett til helsetenester

Nei

2017–2018

899

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – verjemålslova

Nei

2017–2018

900

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – universell utforming skulebygg

Nei

2017–2018

901

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – kjøpe og eige bustad

Nei

2017–2018

902

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – likeverdige tenester

Nei

2017–2018

903

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – koordinering av tenester

Nei

2017–2018

904

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne

Nei

2017–2018

905

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – fritidsaktivitetar og livssyn

Nei

2017–2018

906

melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – skulefritidsordning

Nei

Visjon om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025

Vedtak nr. 106, 5. desember 2012

«Stortinget ber regjeringen legge fram forslag om en fremdriftsplan for å nå den vedtatte visjonen om et universelt samfunn frem mot 2025.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2012–2013), og har bakgrunn i visjonen om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025 frå Handlingsplanen for universell utforming og økt tilgjengelighet (2009–2013).

Regjeringa la 29. januar 2016 fram Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019). Planen har hovudvekt på IKT og velferdsteknologi, og i tillegg tiltak for universell utforming på områda bygningar, uteområde, transport og produktdesign. Tiltaka i handlingsplanen er i hovudsak i rute. Oppdaterte statusrapportar ligg ute på nettsidene til Bufdir.

Siste år for handlingsplanen er 2019. Når det gjeld vidare arbeid med universell utforming, har Bufdir gjennomført utgreiingar i samarbeid med eksterne konsulentar, organisasjonar og fagmiljø for å finne handlingsrommet for å utvikle eit universelt utforma samfunn og gjere framlegg om metodar og strategiar for å nå dit. Arbeidet viser at det ikkje er praktisk mogleg å nå visjonen om Noreg som universelt utforma samfunn på alle område innan 2025. Representantar frå interesseorganisasjonane er samde i dette. I staden for ein framdriftsplan med 2025 som generell målsetjing, vil regjeringa arbeide systematisk og målretta for eit universelt utforma samfunn innanfor dei områda der utfordringane er størst.

Bufdir har i samarbeid med fagmiljø og interesseorganisasjonar utvikla ein plan (eit vegkart) for universell utforming av skulebygg. Vegkartet tilrår ein metode som byggjer på kartlegging av problem, kostnadsvurdering og gjennomføring av rehabilitering i drifts- og vedlikehaldsprogrammet til kommunane. Dette er ein metode som fleire fylke og kommunar har nytta med godt resultat. Metoden kan overførast til andre sektorar.

Dei ansvarlege sektordepartementa utarbeider strategiar for eit universelt utforma samfunn i samarbeid med BLD. På transportområdet blir strategiarbeidet følgt opp gjennom Nasjonal transportplan. Det skal gjennomførast samfunnsøkonomiske analysar av tiltak, og samfunnsøkonomisk lønnsemd vil bli vektlagd i strategiarbeidet. Tiltak med økonomiske konsekvensar vil bli vurderte i samband med dei årlege statsbudsjettframlegga. BLD reknar vedtaket som følgt opp gjennom dette arbeidet.

Nytt felles anbod for faste barnevernsplassar

Vedtak nr. 16, 13. november 2014

«Stortinget ber regjeringen, når nytt felles anbud på kjøp av faste barnevernsplasser blir utlyst, å legge til grunn at kontraktene gjøres langsiktige/løpende, med jevnlig kontraktsoppfølging og gjensidig oppsigelsesmulighet som ivaretar barnas behov for langsiktighet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8:85 (2013–2014) om eit representantforslag om ideelle organisasjonar og skjerma anbod, jf. Innst. 31 S (2014–2015).

Dagens kontraktar varer til 2020. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna måte.

Bruk av tvang i barnevernet

Vedtak nr. 740, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå bruken av tvang når det gjelder barn innenfor barnevernet og fosterhjemsomsorgen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg. Fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Bufdir skal i 2019–2020 gå gjennom og stille saman kunnskap og gi tilrådingar på området. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Barn som har utført eller vore utsette for overgrep, og barn med traume

Vedtak nr. 741, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen sikre at barn som har begått overgrep, barn med traumer eller barn som har vært utsatt for overgrep, følges opp.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg. Fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Opptrappingsplanen mot vald og overgrep inneheld fleire tiltak som skal styrkje helsetenestetilbodet til barn og unge som er utsette for vald eller overgrep. Mellom anna skal ein greie ut forløp for valdsutsette og for valdsutøvarar. I tillegg har dei regionale helseføretaka etablert eit nasjonalt klinisk nettverk for behandling av barn og unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd. Dei regionale helseføretaka har fått i oppdrag å styrkje kompetansen og etablere behandlingstilbod i alle helseregionar for barn og unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd. Det blei løyvd 5 mill. kroner til dette arbeidet i 2017, og midlane er vidareførte i 2018 og i budsjettframlegget for 2019. Dei ordinære barneavdelingane i sjukehusa behandlar barn som er utsette for vald og overgrep. Dei regionale helseføretaka har i oppdragsdokumenta for 2015 og 2016 fått i oppdrag å styrkje den sosialpediatriske kompetansen og sørgje for at alle barn som vert avhøyrde i Statens barnehus, får tilbod om ei medisinsk undersøking. Dei regionale helseføretaka har i 2017 utarbeidd planar for å auke kapasiteten og kompetansen innanfor sosialpediatri, og dette arbeidet vert følgt opp i helseføretaka.

Driftstilskotet til Alternativ til Vold (ATV) blei auka med 10 mill. kroner både i 2017 og i 2018. Styrkinga skal mellom anna gå til å gi behandlingstilbod til barn som er utsette for vald i familien. I tillegg fører regjeringa vidare det øyremerkte driftstilskotet til Stine Sofie Senteret, som er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Departementet vil orientere Stortinget om det vidare arbeidet på området i samband med rapporteringa om opptrappingsplanen mot vald og overgrep.

Best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn

Vedtak nr. 744, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen se på tiltak som kan gjøres for hvordan adopterte barn kan få best mulig oppfølging for å sikre en god oppvekst.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg. Fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 (2015–2016).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaka om adopsjon i samanheng. Dette gjeld vedtak nr. 744 av 31. mai 2016 og vedtak nr. 789–791 av 7. juni 2017.

Bufdir har fått i oppdrag av departementet å vurdere forslag til tiltak. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna måte.

Pålagde barnevernstiltak under svangerskap

Vedtak nr. 745, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere om også pålagte tiltak kan settes inn uten samtykke under svangerskap for å sørge for tidlig hjelp og forebygge omsorgssvikt for nyfødte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg. Fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) slutta Stortinget seg til forslaget om å gi kommunen plikt til å gi opplysningar til barnevernet når gravide rusmiddelavhengige blir haldne tilbake i rusinstitusjon, jf. Innst. 354 L (2016–2017). I proposisjonen skriv departementet at det kan vere behov for ytterlegare utgreiing av ansvar og oppgåver barnevernet har i tilknyting til vern av det ufødde livet.

Departementet har utarbeidd mandat for ei utgreiing som skal identifisere risikogrupper og vurdere kva slags tiltak barnevernet skal kunne setje i verk overfor gravide. Departementet vil orientere Stortinget om vidare oppfølging av vedtaket på eigna måte.

Innsynsrett i barnevernssaker

Vedtak nr. 811, 8. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med gjennomgangen av barnevernloven vurdere begrensninger i, eller utsettelse av, pårørendes innsynsrett i journal og partenes innsynsrett i dokumenter i barnevernssaker når det er til barnets beste.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8: 52 S (2015–2016) om eit representantforslag om tiltak for å hindre at teieplikt og regelverk står i vegen for eit godt tilbod til valds- og overgrepsutsette barn, jf. Innst. 337 (2015–2016).

Stortinget vedtok 16. juni 2017 ei endring i pasient- og brukarrettslova § 3-4 om informasjon når pasienten eller brukaren er under 18 år. Informasjon skal ikkje bli gitt til foreldre eller andre som har foreldreansvaret, dersom tungtvegande omsyn til pasienten eller brukaren taler mot det. Endringa tok til å gjelde 1. januar 2018. Med endringa blei det innført ytterlegare eit unntak frå hovudregelen om at både pasient og brukar og foreldre eller andre med foreldreansvaret skal informerast når pasienten eller brukaren er under 16 år. I tillegg følgjer det frå tidlegare av same føresegn at informasjon heller ikkje skal bli gitt til foreldra eller andre som har foreldreansvaret, når ein pasient eller brukar mellom 12 og 16 år, av årsaker som bør respekterast, ikkje ønskjer det. Av § 5-1 i lova, om rett til innsyn i journal, følgjer det vidare at når foreldre eller andre med foreldreansvaret ikkje skal få informasjon, skal dei heller ikkje få innsyn i denne informasjonen i journal. I lys av dette ser Helse- og omsorgsdepartementet inntil vidare ikkje behov for å vurdere ytterlegare innskrenkingar i retten dei pårørande har til innsyn i journal, ut ifrå det beste for barnet. Når det gjeld retten pårørande har til innsyn i journal, reknar departementet med dette oppmodingsvedtaket for utkvittert.

NOU 2016: 16 om ny barnevernslov inneheld eit forslag til ein ny regel om retten til dokumentinnsyn i barnevernssaker. Den vidare oppfølginga av oppmodingsvedtaket må sjåast i samanheng med vurderinga av forslaget frå barnevernslovutvalet. Departementet arbeider med eit høyringsnotat om forslag til ny barnevernslov og planlegg å sende det på høyring i 2019. Departementet vil komme tilbake til oppfølginga av vedtaket i den samanhengen.

Levekårskartlegging av fleirlingfamiliar mv.

Vedtak nr. 832, 9. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen iverksette en levekårskartlegging om flerlingfamilier, enslige med flere barn i småbarnsalder, familier med barn som har alvorlig sykdom eller funksjonsnedsettelser, familier som har alvorlig sykdom hos foreldrene, og andre med spesielle omsorgsbehov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag om nye tiltak for å sikre hjelp og støtte til familiar med fleirlingar, jf. Dok. 8: 39 S (2015–2016) og Innst. 368 S (2015–2016).

Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjennomført ei kartlegging av levekåra innanfor rammene av statistikken direktoratet har tilgjengeleg, og har publisert funna sine i NAV-notat nr. 4-2017, NAV-notat nr. 5-2017 og NAV-notat nr. 6-2017. Departementet vurderer at notata til Arbeids- og velferdsdirektoratet ikkje gir grunnlag for å setje i verk nye tiltak. I tillegg har Stortinget vedteke regjeringa sine lovendringsforslag om å gi 17/21 veker ekstra foreldrepengar til tvillingforeldre og 46/56 veker ekstra til foreldre som får tre eller fleire barn, jf. Prop. 74 L (2017–2018) og Innst. 340 L (2017–2018). Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Lov om openheit om produksjonsstader og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukarar og organisasjonar

Vedtak nr. 890, 13. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere å fremme forslag til lov om åpenhet om produksjonssteder og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukere og organisasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er eit representantforslag om lov om etikkinformasjon, jf. Dok. 8: 58 S (2015–2016) og Innst. 384 S (2015–2016).

BLD sette i juni 2018 ned eit ekspertutval med brei representasjon som skal greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Utvalet skal levere utgreiinga si til departementet i løpet av 2019. Stortinget vil på eigna måte bli orientert om framdrifta i saka. Sjå òg omtale nedanfor av oppmodingsvedtak nr. 200 av 12. desember 2017.

Rutinar som sikrar informasjon om foreldreansvar

Vedtak nr. 488, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen etablere rutiner som sikrer at vordende foreldre som ikke bor sammen når de får barn, får god informasjon om hvilke rettigheter og plikter de har som foreldre, inkludert informasjon om mulighetene for å melde fra dersom man ikke ønsker felles foreldreansvar.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Vedtaket er knytt til lovendringa om felles foreldreansvar for alle, òg for foreldre som ikkje bur saman når eit barn blir fødd. Ettersom denne lovendringa er knytt til prosjektet for modernisering av Folkeregisteret, og dermed vil bli sett i kraft noko fram i tid, må oppmodingsvedtaket bli følgt opp i samband med iverksetjinga av lovendringa det heng saman med.

Omfanget av saker der far er ukjend

Vedtak nr. 490, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det finnes statistikk over omfanget av fødsler der far oppgis som ukjent, og utviklingen av dette etter lovendringen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Statistikken skal vise ei utvikling etter ei lovendring som vil bli sett i kraft noko fram i tid. Vedtaket blir derfor følgt opp på eit seinare tidspunkt, sjå omtale under vedtak nr. 488 av 7. mars 2017.

Evaluere felles foreldreansvar

Vedtak nr. 491, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Sjå nærare omtale under vedtak nr. 488 av 7. mars 2017. Evalueringa skal skje etter at lovendringa har verka i tre år, og vil derfor ikkje kunne gjennomførast før tre år etter iverksetjinga.

Gjennomgå dommar i foreldretvistar

Vedtak nr. 494, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen initiere en gjennomgang av dommer avsagt i barnefordelingssaker, for å finne svar på i hvilken grad fedre ikke når frem i rettssystemet og om det er grunn til å senke terskelen for å sende foreldre tilbake til mekling.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Departementet har i tilskotsbrevet til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) for 2018 bede NKVTS om å «arbeide med og initiere nye prosjekter under prosjektparaplyen ‘Foreldretvister og barns rettigheter’». Forskinga skal mellom anna omfatte utfall i foreldretvistar for lagmannsretten, saker med valds- og overgrepsproblematikk og samvær med tilsyn og høyring av barn.

Bufdir fekk vidare i 2018 i oppdrag å samarbeide med Domstolsadministrasjonen om å utvikle og leggje til rette for betre samhandling mellom familieverntenesta og domstolane i saker med høgt konfliktnivå, mellom anna å identifisere saker som bør sendast tilbake frå domstolen til mekling. Målet er at fleire foreldre inngår avtaler til beste for barnet, og at fleira saker med høgt konfliktnivå kan løysast utan handsaming av domstolane.

Bufdir og Domstoladministrasjonen har satt ned ei arbeidsgruppe med representantar for ulike aktørar for å kartleggje og foreslå tiltak som kan fremje og styrkje samhandling mellom domstolane og familieverntenesta på foreldretvistområdet. Det er utvikla arbeidsflyt mellom familievernet og tingretten på tre sentrale område: sending tilbake til mekling, tvangsfullbyrding og støtta tilsyn.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp gjennom dette arbeidet og vil orientere Stortinget om resultata på eigna måte.

Rettleiing om korleis tilsette i kommunar kan avdekkje og følgje opp vald i nære relasjonar

Vedtak nr. 596, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med KS utarbeide veiledere om hvordan ansatte i kommuner kan avdekke og følge opp vold i nære relasjoner.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Fleire rettleiingar knytte til arbeidet med å førebyggje vald og overgrep i kommunane er nyleg reviderte eller under revidering. Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har revidert ei rettleiing som skal hjelpe kommunane med å utarbeide handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Bufdir reviderer Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåndtering. Mistanke om ansattes seksuelle overgrep mot barn. Bufdir har utarbeidd retningslinjer som omtaler sårbarheita til barn og unge med nedsett funksjonsevne og andre utsette barn. Bufdir har vidare utarbeidd ei rettleiing for kvalitet og innhald i krisesentertilbodet. KS har delteke i arbeidet med fleire av rettleiarane.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp. Bufdir har også i 2018, i samarbeid med KS, fått i oppdrag å vurdere behovet for ytterlegare rettleiingar eller andre pedagogiske verktøy om korleis tilsette i kommunar kan avdekkje og følgje opp vald i nære relasjonar.

Lovfeste at barnevern og politi skal samarbeide betre

Vedtak nr. 597, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan det kan lovfestes at barnevern og politi skal samarbeide bedre, og hvilket ansvar og hvilke rutiner barnevernet skal følge ved mistanke om vold og overgrep.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Bufdir har fått i oppdrag å utarbeide retningslinjer om ansvaret barnevernet har for barn som gjer kriminelle handlingar. Direktoratet tek sikte på å ferdigstille retningslinjene i fyrste del av 2019. Saman med Politidirektoratet held Bufdir fram med å utarbeide retningslinjer for samarbeidet mellom politi og barnevern når det er mistanke om vald og seksuelle overgrep. Direktorata sende i 2018 på høyring Nasjonale retningslinjer for samarbeid mellom politiet og barneverntjenesten ved mistanke om vold og seksuelle overgrep i nære relasjoner.

Oppfølginga av vedtaket må vidare sjåast i samanheng med departementet sitt arbeid med ny barnevernslov. Departementet planlegg å sende eit forslag til ny barnevernslov på høyring i 2019 og vil komme tilbake til oppfølginga av vedtaket i den samanhengen.

Opptrappinga av familievernkontora

Vedtak nr. 602, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen fortsette opptrappingen av familievernkontorene slik at det sikres egne ansatte som arbeider med voldsarbeid på alle familievernkontor, og at arbeidet med familier med voldsutfordringer ikke går på bekostning av familievernets kjerneoppgaver.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

I 2017-budsjettet blei familieverntenesta styrkt med 38 mill. kroner. Satsinga har mellom anna gått til å styrkje kompetansen på vald og overgrep for dei som jobbar i familieverntenesta. Bufdir og dei einskilde familievernkontora skal samarbeide med ATV for å styrkje kompetansen og behandlingskapasiteten på området. Det er utvikla eit lokalt samarbeid mellom ATV og familieverntenesta over heile landet. Familievernkontora blei ytterlegare styrkt med 32,5 mill. kroner i 2018. Midlane har mellom anna gått til arbeid med førebygging og arbeid med valdssaker. Satsingane er vidareførte i i budsjettframlegget for 2019. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare satsinga på valdsarbeidet i familievernet på ordinær måte i Prop. 1 S.

Styrkje familievernkontora

Vedtak nr. 603, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen styrke familievernkontorenes allmenne arbeid med forebygging av vold for å avdekke risikofamilier og gi foreldrene verktøy til å håndtere vanskelige følelser og eventuelt disposisjon for utøvelse av vold.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Familievernkontora blei styrkte med 32,5 mill. kroner i 2018. Midlane har mellom anna gått til familievernkontora sitt allmenne arbeid med førebygging av vald for å avdekkje risikofamiliar og gi foreldra verktøy til å handtere vanskelege kjensler og eventuelt disposisjon for utøving av vald. Satsinga er føreslått vidareført i 2019-budsjettet. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Leggje til rette for rettleiing for foreldre

Vedtak nr. 604, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at foreldre får tilbud om foreldreveiledning gjennom helsestasjon, barnevern, familievern eller andre ideelle aktører.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

Regjeringa la fram ein nasjonal strategi for foreldrestøtte i juni 2018. Strategien inneheld tiltak som skal førebyggje at barn veks opp med mangelfull eller skadeleg omsorg. Målet er at alle foreldre skal vite kvar dei kan få hjelp og støtte når dei møter på utfordringar, jf. omtale om strategien under programkategori 11.10. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Vedtak nr. 606, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for å kreve politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikke faller inn under særlovgivningen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

Departementet gav Bufdir i oppdrag å vurdere behovet for å krevje politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, og som det i dag ikkje finst heimel for å krevje politiattest frå i spesiallovgivinga eller i politiregisterforskrifta. Departementet har motteke utgreiinga frå direktoratet og vil vurdere ho i samband med politikkutforminga på området. Departementet vil komme attende til Stortinget om vidare oppfølging av vedtaket.

Ordning for å sertifisere alle offentleg tilsette som er i kontakt med barn

Vedtak nr. 607, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede en sertifiseringsordning som alle offentlig ansatte som er i kontakt med barn, må gjennomføre. Ordningen skal sikre at alle har kompetanse om vold og overgrep, den bør være enkel og praktisk å gjennomføre, og det bør stilles krav om fornyelse f.eks. hvert andre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017). Vedtaket vil bli sett i samanheng med arbeidet med å lage ein nasjonal kompetansestrategi om vald og overgrep. Departementet vil komme attende til Stortinget om vidare oppfølging av vedtaket

Tilsette med minoritetsbakgrunn og auka kompetanse på minoritetskulturar i barnevernet

Vedtak nr. 611, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen bidra til at det er flere med minoritetsbakgrunn og økt kompetanse på minoritetskulturer i barnevernet.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Bufdir har utarbeidd Handlingsplan for å bedre tillit mellom etniske minoritetsmiljøer og barnevernet 2016–2021. Det er det siste året gjennomført fleire forskingsprosjekt om barn med minoritetsbakgrunn i barnevernet. Forskinga underbyggjer behovet for å styrkje kompetansen i tenestene. Regjeringa la hausten 2017 fram ein fleirårig kompetansestrategi for det kommunale barnevernet. Auka kompetanse vil saman med tiltak for å styrkje tilliten til barnevernet gjere barnevernet til ein meir attraktiv arbeidsplass også for medarbeidarar med minoritetsbakgrunn. Bufetat har som personalpolitisk mål å rekruttere tilsette med fleirkulturell bakgrunn. Bufetat oppmodar derfor alle, uavhengig av nasjonal eller etnisk bakgrunn, om å søkje ledige stillingar.

Departementet vil i 2019 utvide kompetansetilbodet til det kommunale barnevernet med eit eige opplæringstilbod om barnevernet sitt arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Opplæringa skal vere for heile barnevernstenester. Innhaldet skal omfatte vurdering av omsorg hos foreldre med ulik sosial, kulturell eller erfaringsmessig bakgrunn, og omhandle problemstillingar om kulturforståing, bruk av tolk, negativ sosial kontroll og vald. Opplæringa bør byggje på erfaringar frå dei tilsette og arbeidskvardagen i tenestene. Tilbodet skal komme på plass i løpet av 2019.

Departementet vil vidare få på plass ei ny praksisretta vidareutdanning på 30 studiepoeng. Denne skal gi tilsette betre moglegheit til fagleg fordjuping i arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Studiet skal erstatte den eksisterande vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv, som var på 15 studiepoeng.

Bufdir har òg vurdert tiltak som kan bidra til å auke den spesifikke kompetansen om samiske barn og familiar i barnevernet. Departementet følgjer opp desse vurderingane i dialog med Sametinget.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

At alle ATV-kontor får eit familiemandat

Vedtak nr. 618, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at alle ATV-kontor får et familiemandat i løpet av planperioden.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Driftstilskotet til Alternativ til Vold (ATV) blei auka med 10 mill. kroner både i 2017 og i 2018. Midlane skal mellom anna gå til utvida mandat ved fleire ATV-kontor, slik at fleire kontor òg kan gi tilbod til både vaksne valdsutsette og barn som er utsette for vald. BLD gav i tilskotsbrev til ATV for 2018 føringar om at ATV skal yte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira.

ATV skal i 2019 arbeide vidare for å utvikle det eksisterande tilbodet sitt gjennom eit familiemandat, slik at dei skal kunne gi meir heilskapleg behandling av valdsutøvarar og familiane deira. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare satsinga på eit familiemandat i alle ATV-kontor.

Rapportere i dei årlege budsjettproposisjonane om alle tiltak vedtekne i opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Vedtak nr. 626, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre at det rapporteres i de årlige budsjettproposisjonene i løpet av planperioden på måloppnåelse på alle tiltak vedtatt i opptrappingsplanen mot vold og overgrep.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) blei vedteken av Stortinget 25. april 2017. 2017 er fyrste året i planperioden. Det blir rapportert om dei ulike tiltaka i dei årlege budsjettproposisjonane til departementa som er ansvarlege for tiltaka i planen frå Prop. 1 S for 2019, sjå omtale under programkategori 11.10. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Rapport om dei økonomiske behova knytte til arbeidet mot vald og overgrep

Vedtak nr. 627, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en rapport på lik linje som da opptrappingsplanen for psykisk helse ble utarbeidet, og som skal være grunnlag for vurdering av de økonomiske behovene knyttet til bekjempelse av vold og overgrep i planperioden.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Barne- og likestillingsdepartementet har, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Finansdepartementet, utarbeidd ein rapport om kostnader knytte til tiltak i opptrappingsplanen og oppmodingsvedtak som blei gjorde under handsaminga av planen i Stortinget. Rapporten er publisert på nettsida til Barne- og likestillingsdepartementet.

Rapporten vil vere eit sentralt grunnlag for å vurdere dei økonomiske behova knytte til tiltak mot vald og overgrep i perioden som står att av opptrappingsplanen. Regjeringa vil i dei årlege budsjettforslaga vurdere innfasing og prioritering av einskildtiltak i planen. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Økonomisk forplikting og øyremerking knytte til tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep

Vedtak nr. 628, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen i forslag til statsbudsjett for 2018 komme med forslag til økonomiske forpliktelser og øremerking for planperioden knyttet til tiltakene i opptrappingsplanen mot vold og overgrep.»

Sjå nærare omtale under vedtak nr. 627 av 25. april 2017. Vedtaket vil bli følgt opp i dei årlege budsjettframlegga.

Offentleg utval som ser på kva likestillingsutfordringar barn møter på ulike arenaer

Vedtak nr. 682, 23. mai 2017

«Stortinget ber regjeringen nedsette et norsk offentlig utvalg som ser på hvilke likestillingsutfordringer barn møter på ulike arenaer.»

Vedtaket blei gjort i samband med eit representantforslag om nye tiltak for å fremje likestilling, jf. Dok. 8: 62 S (2016–2017) og Innst. 277 S (2017–2018).

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval for å greie ut likestillingsutfordringar barn og unge møter på viktige arenaer. Utvalet skal òg føreslå tiltak som kan bidra til auka likestilling for den einskilde og for samfunnet. Etter planen skal utvalet levere utgreiinga si hausten 2019. BLD reknar vedtaket som følgt opp gjennom dette arbeidet.

Evaluere foreldrepermisjonsordninga

Vedtak nr. 683, 23. mai 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en evaluering av foreldrepermisjonsordningen for å avdekke i hvilken grad dagens ordning fremmer likestilling og sikrer likestilt foreldreskap.»

Vedtaket blei gjort i samband med eit representantforslag om nye tiltak for å fremje likestilling, jf. Dok. 8: 62 S (2016–2017) og Innst. 277 S (2017–2018). Departementet har gitt Institutt for samfunnsforsking i oppdrag å greie ut foreldrepengeordninga for å avdekkje korleis dagens ordning fremjar likestilling og sikrar likestilt foreldreskap. Oppdraget skal bli avslutta i oktober 2018. Departementet reknar vedtaket som følgt opp, og Stortinget vil bli orientert om resultata frå evalueringa på eigna måte.

Årleg rapportering om barnevernet til kommunestyret

Vedtak 779, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen innføre krav om årlig rapportering om barnevernet til kommunestyret.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform), jf. Innst. 354 L (2016–2017).

Departementet planlegg å sende forslag til ny barnevernslov på høyring i 2019. I høyringsforslaget vil regjeringa føreslå krav om årleg rapportering om barnevernet til kommunestyret. Bufdir har i tillegg fått i oppgåve å greie ut det faglege grunnlaget for ei årleg tilstandsrapportering til kommunestyret om barnevernet, og sørgje for at viktig informasjon er lett tilgjengeleg. Bufdir lanserte i desember 2017 ein nettbasert kommunemonitor som mellom anna gir kommunane informasjon om kvalitet, bemanning og ressursar i barnevernstenestene. Utviklinga av ei løysing for automatisk uttrekk av data frå sakshandsamingssystemet til barnevernstenesta inngår også i prosjektet DigiBarnevern. Den nye løysinga for digital rapportering vil leggje til rette for betre og meir oppdatert rapportering om kvaliteten og tilstanden i barnevernet i den einskilde kommunen.

Spesialiserte hjelpetiltak

Vedtak nr. 780, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere og gjennomgå de ulike programmene og sikre at barn og unge gis en betydelig rolle i denne evalueringen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform), jf. Innst. 354 L (2016–2017), der Stortinget slutta seg til at Bufetat framleis skal ha eit tilbod om spesialiserte hjelpetiltak der dette kan hindre plassering utanfor heimen.

Departementet har bede Bufdir om å følgje opp vedtaket. Direktoratet vil setje i gang ei evaluering i løpet av hausten 2018 ved mellom anna å systematisere forskingskunnskap om tiltaka som Bufetat i dag tilbyr: Multisystemisk terapi (MST), Parent Management Training Oregon (PMTO), Funksjonell familieterapi (FFT) og familieråd. Vidare vil det vere dialog med mellom anna ungdommar som har eller har hatt desse tiltaka, dei som arbeider i tiltaka, og dei som har utvikla tiltaka i Noreg. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Vurdere korleis tilsette i barnevernet kan sikrast mot vald og truslar

Vedtak nr. 781, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan barnevernsansatte kan sikres mot vold og trusler.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform), jf. Innst. 354 L (2016–2017).

Tilsette i barnevernet er blant yrkesgruppene som er særleg utsette for hets, vald og truslar om vald. Slike ytringar blir sette fram i sosiale medium og på anna vis. Dette rammar tilsette i kommunalt barnevern og i barnevernsinstitusjonar. Også fosterforeldre, som ikkje er tilsette, men oppdragstakarar i barnevernet, kan bli utsette for dette. Bufdir har, i samarbeid med KS, vurdert tiltak som kan gi tilsette og oppdragstakarar betre vern mot hets, vald og truslar. Arbeidet har resultert i ei fagleg rettleiing med råd om handtering av slike saker. Regjeringsstrategien mot hatefulle ytringar (2016–2020) har òg tiltak mot vald og truslar mot tilsette i arbeidslivet. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Reglar for anbod i barnevernet

Vedtak nr. 783, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå reglene for anbud i barnevernet, herunder legge fram retningslinjer for kvalitetssikring og kontroll.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform), jf. Innst. 354 L (2016–2017). Bufdir har skildra rammene for anskaffingane til Bufetat, inkludert korleis Bufdir/Bufetat har etablert internkontroll på området, og korleis Bufdir/Bufetat syter for etterleving. Bufdir har sytt for at det har blitt utarbeidd rutinar og malar for kjøp av tenester som bidreg til kvalitetssikring og kontroll.

Anboda til Bufetat følgjer regelverket for anskaffingar der dette gjeld. Det er òg slik at det ofte er føremålstenleg å nytte konkurransar der regelverket ikkje gjeld. Departementet viser til at delar av tenestekjøpa til barnevernet fell utanfor anskaffingsregelverket, jf. anskaffingsforskrifta § 2-4 h. Overvakingsorganet til EFTA (ESA) har slått fast at staten sine kjøp av plassar i barnevernsinstitusjonar er omfatta av unntaket om offentleg myndigheitsutøving i EØS-avtalen. Dette er grunna på at institusjonane har heimel til å utøve tvang mot bebuarane. Delar av tenestekjøpa til barnevernet fell derfor utanfor anskaffingsregelverket.

På grunn av kompleksiteten i kjøpa har Bufetat etablert ei eining for inntaksstøtte, som har ei sentral rolle som spesialist på rammeavtalar og på rutinar og malar for einskilde kjøp. I konkurransen om dei noverande rammeavtalane for institusjonsplassar var det sett nokre absolutte krav til kvalitet som vilkår for å delta. I tillegg blei barnevern- og sosialfagleg kompetanse hos miljøpersonell vektlagd ved tildeling av kontrakt. Departementet viser også til at både kommunane og Bufetat skal ha internkontroll for å sjå til at oppgåvene blir utførte i samsvar med krav som er fastsette i lov og i medhald av lov.

Departementet har vurdert at det ikkje er behov for ytterlegare retningslinjer og kontroll, og reknar vedtaket som følgt opp.

Ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Vedtak nr. 786, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere ordningen med nasjonal gjeldsinformasjon og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette senest to år etter at valgte system er opprettet.»

Forbruksforskingsinstituttet SIFO har fått i oppdrag å gjennomføre evalueringa. Som ledd i evalueringa er SIFO i gang med å kartleggje kredittmarknaden før etableringa av gjeldsinformasjonsføretak. Etter at gjeldsinformasjonsføretak er etablerte og effekten av dette på kredittmarknaden er evaluert, vil departementet orientere Stortinget på eigna måte.

Sakshandsamingstida ved utanlandsadopsjon

Vedtak nr. 789, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at saksbehandlingen når det gjelder utenlandsadopsjon, ikke overskrider 30 dager.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon, jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Ut ifrå sakshandsaminga og omtalen i Innst 359 L (2016–2017) har departementet forstått vedtaket slik at det gjeld tida frå Bufdir tek imot ei sak som skal handsamast i det faglege utvalet for adopsjonssaker, til det er avgjort om adopsjonsprosessen kan halde fram. I november 2017 bad departementet Bufdir om å følgje opp vedtaket og gjennomføre det så snart som råd. Bufdir har i årsrapporten for 2017 opplyst at tida det tek å handsame sakene for det faglege utvalet for adopsjonssaker ligg innanfor 30 dagar. Departementet vil òg sjå vedtaket i samanheng med den politiske plattforma til regjeringa om å gjere adopsjonsprosessar raskare og enklare. Departementet vil halde Stortinget orientert om den vidare utviklinga i sakshandsaminga på eigna måte.

Oppfølging av adopterte og familiane deira

Vedtak nr. 790, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for oppfølging av adopterte og familiene i tråd med Haagkonvensjonen artikkel 9, der en modell som den danske kan vurderes som ett alternativ, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon, jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaka om adopsjon i samanheng. Dette gjeld vedtak nr. 744 av 31. mai 2016 og vedtak nr. 789–791 av 7. juni 2017. Bufdir har fått i oppdrag av departementet å vurdere forslag til tiltak. Folkehelseinstituttet har vidare fått i oppdrag å kartleggje behovet for oppfølging av adopterte og adoptivfamiliar, sjå oppmodingsvedtak nr. 791 nedanfor. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga på eigna måte.

Kartleggje behovet for oppfølging etter adopsjon

Vedtak nr. 791, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen kartlegge behovet for oppfølging etter adopsjon.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon, jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Bufdir har gitt Folkehelseinstituttet i oppdrag å kartleggje behovet for oppfølging av adopterte og adoptivfamiliar. Rapporten skal vere ferdig i 2020. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Lågterskeltilbod for handheving av forbodet mot seksuell trakassering

Vedtak nr. 875, 12. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede et lavterskeltilbud for håndhevelse av forbudet mot seksuell trakassering.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av Prop. 80 L (2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven), jf. Innst. 388 L (2016–2017).

BLD har hatt på høyring eit forslag til eit lågterskeltilbod for handsaming av saker om seksuell trakassering. Departementet arbeider vidare med å følgje opp forslaget etter høyringa og vil komme attende til Stortinget om vidare oppfølging av vedtaket.

Oppfølging av mindreårige offer for menneskehandel

Vedtak nr. 932, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen opprette en sentral enhet med ansvar for oppfølging av mindreårige ofre for menneskehandel og veiledning til lokale barnevernskontor i saker hvor menneskehandel mistenkes.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok 8:100 S (2016–2017) Representantforslag om styrket innsats mot at barn utnyttes i menneskehandel, jf. Innst 397 (2016–2017).

Som ei følgje av budsjettforliket for 2018 mellom regjeringspartia, Venstre og Kristeleg Folkeparti, blei det gitt ei løyving på 5 mill. kroner over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet til rettleiing og oppfølging i arbeidet med mindreårige offer. Dette skal bidra til god oppfølging av barna, betre samarbeid mellom ulike instansar og gi betre rettleiing til lokalt barnevern og andre relevante etatar som mistenkjer menneskehandel, eller som har barn som er offer for menneskehandel i sin kommune. Regjeringa føreslår at løyvinga for 2019 blir overført til Barne- og likestillingsdepartementet. Bufdir får ansvar for å opprette ein funksjon for oppfølging og rettleiing av barnevernet og andre relevante etatar.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Vidareføre aktivitets- og rapporteringsplikta

Vedtak nr. 1119, 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen bevare aktivitets- og redegjørelsesplikten, samt styrke den ved å følge opp Skjeie-utvalgets anbefalinger til endringer, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en sak om dette.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av Prop. 81 L (2016–2017) Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven), jf. Innst. 401 S (2016–2017).

BLD har hatt på høyring eit forslag om å styrkje aktivitets- og rapporteringspliktene. Departementet arbeider vidare med å følgje opp forslaget etter høyringa og vil komme attende til Stortinget om vidare oppfølging av vedtaket.

14 veker fedrekvote

Vedtak nr. 4, 11. oktober 2017

«Stortinget ber regjeringen legge frem en sak om å øke fedrekvoten i foreldrepermisjonen til 14 uker, for å gi barn og fedre tid sammen og bidra til likestilling i arbeidslivet.»

Vedtaket blei gjort i samband med trontalen i oktober 2017. Regjeringa fremja Prop. 74 L (2017–2018) Endringer i folketrygdloven og kontantstøtteloven (innfasing av tredeling av foreldrepenger mv.) for Stortinget 10. april 2018, med forslag om å utvide mødrekvota og fedrekvota frå 10 til 15 veker. Forslaget blei vedteke 11. juni 2018 og vart sett i kraft 1. juli 2018. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Verknader av forenklinga i foreldrepengeperioden

Vedtak nr. 169, 11. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen i løpet av en toårsperiode fra ikrafttredelse, orientere Stortinget om negative virkninger av forenklingen i foreldrepengeordningen.»

Vedtaket blei gjort i samband med Prop. 168 L (2016–2017) Endringer i folketrygdloven (forenklinger i foreldrepengeordningen), jf. Innst. 58 L (2017–2018). Nokre av lovendringane vart sett i kraft 1. januar 2018, men dei fleste endringane skal etter planen ta til å gjelde frå 1. januar 2019. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga på eigna måte.

Lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår for barnevernsaktørar

Vedtak nr. 181, 12. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at aktører som mottar offentlige tilskudd for drift av barnevernstjenester, har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår på linje med det som gjelder i offentlige virksomheter.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dokument 8:19 S (2017–2018) Representantforslag om å sikre et trygt og stabilt barnevern uten profitt, jf. Innst. 43 S (2017–2018).

Departementet har sett i gang ei ekstern utgreiing som skal sjå på lønns-, arbeids- og pensjonsvilkåra i offentlege og private barnevernsverksemder. Fafo skal gjere utgreiinga, og planen er at rapporten skal vere ferdig tidleg i 2019. Denne problemstillinga blir òg vurdert av det offentlege utvalet som skal kartleggje pengestraumar i offentlege finansierte velferdstenestar, jf. oppmodingsvedtak nr. 182 av 12. desember 2017. Fafo sin rapport og vurderingane frå utvalet vil inngå i BLD sin vidare oppfølging av vedtaket. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølging av vedtaket på eigna måte.

Offentleg utval etikkinformasjon

Vedtak nr. 200, 12. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen om å nedsette et utvalg med bred representasjon som skal utrede en eventuell lov om etikkinformasjon, dens virkeområde, hva loven skal omfatte og hvem den skal gjelde for. Utvalget bør i tillegg vurdere hvordan en lov om etikkinformasjon kan sikre forbrukernes og organisasjoners rett til informasjon ut over lover og andre verktøy som finnes i dag.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 14 S (2017–2018).

BLD sette i juni 2018 ned eit ekspertutval med brei representasjon som skal greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Utvalet skal levere utgreiinga si til departementet i 2019. BLD reknar vedtaket som følgt opp gjennom nedsetjinga av utvalet. Sjå òg omtale av oppmodingsvedtak nr. 890 av 13. juni 2016.

Likestillingssentera

Vedtak nr. 207, 12. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen ta et initiativ overfor fagmiljøene utenfor forvaltningen for å vurdere om disse kan innlemmes i samme struktur som de øvrige likestillingssentrene.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av BLDs Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 14 S (2017–2018).

BLD føreslår i 2019-budsjettet å samle tilskotet til Likestillingssenteret, KUN – senter for kunnskap og likestilling, Reform – ressurssenter for menn og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder på kap. 871, post 73. Likestillingssentera har fått høve til å komme med innspel til endringane. BLD reknar vedtaket som følgt opp gjennom denne endringa.

Innhenting av kunnskap om kontantstøttemottakarar

Vedtak nr. 443, 1. februar 2018

«Stortinget ber regjeringen innhente kunnskap om hvem kontantstøttemottakerne er, med særlig vekt på yrkesstatus, utdanningsbakgrunn, årsaker til at man benytter seg av ordningen, samt levekår generelt for denne gruppen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8: 43 S (2017–2018) Representantforslag om endringer av botidskrav for rett til kontantstøtte, jf. Innst. 97 S (2017–2018).

SSB har fått i oppdrag å gjennomføre eit analyseprosjekt om kontantstøtte der ein mellom anna kartlegg ulike kjenneteikn ved kontantstøttemottakarane. Prosjektutforminga skjer i ein dialog mellom SSB, Bufdir og BLD. Ein legg vekt på å få innhenta kunnskap i tråd med vedtaket over. Departementet reknar vedtaket som følgt opp og vil orientere Stortinget om resultata frå arbeidet på eigna måte.

Betalingsansvaret for utgifter til tolk og sakkunnige oppnemnt av fylkesnemda

Vedtak nr. 526, 6. mars 2018

«Stortinget ber regjeringen se nærmere på innretningen av kommunenes betalingsansvar, og vurdere om det fortsatt skal være kommunenes ansvar å dekke utgifter til tolk og sakkyndige som oppnevnes av fylkesnemndene, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre), jf. Innst. 151 L (2017–2018).

Ein vil sjå oppfølginga av vedtaket i samanheng med departementet sitt arbeid med ny barnevernslov. Departementet planlegg å sende eit forslag til ny barnevernslov på høyring i 2019.

Rettleiings- og hjelpetilbod seksuell trakassering

Vedtak nr. 599, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen finne en hensiktsmessig måte å styrke veilednings- og hjelpetilbudet til personer som utsettes for seksuell trakassering, som ivaretas av Likestillings- og diskrimineringsombudet.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av eit representantforslag om kampen mot seksuell trakassering, jf. Dok. 8: 71 S (2017–2018) og Innst. 75 S (2017–2018).

BLD har hatt på høyring eit forslag til eit lågterskeltilbod for handsaming av saker om seksuell trakassering. Departementet arbeider vidare med å følgje opp forslaget etter høyringa og vil komme attende til Stortinget om vidare oppfølging av vedtaket.

Lågterskeltilbod seksuell trakassering

Vedtak nr. 602, 12. april 2018

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med sak i forbindelse med statsbudsjettet 2020 om å innføre et lavterskeltilbud for håndhevelse av saker om seksuell trakassering, samt gi Diskrimineringsnemnda myndighet til å gi oppreising og erstatning i slike saker innenfor diskrimineringslovens område, tilsvarende diskriminering på grunn av etnisitet, kjønn og funksjonshemming.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av eit representantforslag om kampen mot seksuell trakassering, jf. Dok. 8: 71 S (2017–2018) og Innst. 75 S (2017–2018).

BLD har hatt på høyring eit forslag til eit lågterskeltilbod for handsaming av saker om seksuell trakassering. Departementet arbeider vidare med å følgje opp forslaget etter høyringa og vil komme attende til Stortinget om vidare oppfølging av vedtaket.

Handlingsplan mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering

Vedtak nr. 649, 24. april 2018

«Stortinget ber regjeringen utarbeide og iverksette en ny nasjonal handlingsplan mot rasisme og etnisk og religiøs diskriminering.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av eit representantforslag om å utarbeide og setje i verk ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering, jf. Dok. 8: 117 S (2017–2018) og Innst. 210 S (2017–2018). Departementet tek sikte på å leggje fram handlingsplanen hausten 2019.

Lovbestemt nedre aldersgrense for å få anerkjent ekteskap som er inngått i utlandet, inkludert ei 18-årsgrense

Vedtak nr. 742, 22. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede en lovbestemt nedre aldersgrense for å anerkjenne ekteskap inngått i utlandet, herunder en 18-årsgrense.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 49 L (2017–2018), jf. Innst. 267 L (2017–2018).

Departementet følgjer opp vedtaket i samband med utgreiinga av reglane om godkjenning av utanlandske ekteskap. Utgreiinga gjeld særleg tilfelle der éin eller begge partar er mindreårige på tidspunktet for vigselen og tilfelle der eit tidlegare ekteskap består (bigami). Eventuelle forslag til endringar i desse reglane vil bli sende på høyring. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Likestillingseffektar av den økonomiske politikken

Vedtak nr. 760, 28. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå likestillingseffektene av den økonomiske politikken og fremme forslag som bidrar til å redusere de økonomiske forskjellene mellom kvinner og menn.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med at barne- og likestillingsministeren orienterte om statusen for arbeidet med å fremje likestilling og mangfald i alle sektorar. Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Avtalar med ideelle tilbydarar av institusjonsplassar

Vedtak 762, 28. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre langsiktige og løpende avtaler med ideelle tilbydere av institusjonsplasser som fører til at andelen ideelle øker til om lag 40 pst. innen 2025, samtidig som den offentlige andelen institusjonsplasser ikke reduseres.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8: 161 S (2017–2018) Representantforslag om et offentlig og ideelt drevet barnevern, jf. Innst. 303 S (2017–2018).

Departementet har bede Bufdir vurdere korleis vedtaket kan gjennomførast på best mogleg måte, inkludert kva som kan vere dei viktigaste konsekvensane og dei største risikoområda i samband med gjennomføringa av vedtaket. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølging av vedtaket på eigna måte.

Angrerett pakkereiser

Vedtak nr. 847, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre i den nye pakkereiseloven en angrerett på pakkereiser som er kjøpt utenom faste forretningslokaler.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 54 L (2017–2018), jf. Innst. 354 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Reisegaranti transportdel pakkereise

Vedtak nr. 848, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å videreføre reisegaranti for transportdelen av en pakkereise i den nye pakkereiseloven.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 54 L (2017–2018), jf. Innst. 354 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Tilsyn usunn reklame

Vedtak nr. 850, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen sikre et forsterket tilsyn med usunn reklame som retter seg mot barn og unge, særlig reklame som promoterer urealistiske skjønnhetsidealer og bidrar til kroppspress.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om kroppspress og reklameindustrien, jf. Dok. 8: 187 S (2017–2018) og Innst. 344 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

God marknadsføringsskikk og usunt skjønnheitsideal

Vedtak nr. 852, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå endring av markedsføringsloven i bestemmelsen om god markedsføringsskikk, markedsføringsloven § 2, som presiserer at annonsør skal sørge for at reklamen ikke viser et urealistisk eller usunt skjønnhetsideal, blant annet ved merking av reklame som gjennom retusjering endrer kroppsfasongen til mennesker i reklamen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om kroppspress og reklameindustrien, jf. Dok. 8: 187 S (2017–2018) og Innst. 344 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

God marknadsføringsskikk overfor barn

Vedtak nr. 853, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå endring av markedsføringsloven § 21, som regulerer god markedsføringsskikk overfor barn, for å hindre reklame rettet mot barn generelt, og motvirke kroppspress mot unge spesielt.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om kroppspress og reklameindustrien, jf. Dok. 8: 187 S (2017–2018) og Innst. 344 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Strategi for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne

Vedtak nr. 893, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen sørge for tett involvering av funksjonshemmedes organisasjoner i alle ledd i prosessen under utarbeidelsen av regjeringens helhetlige strategi for likestilling av mennesker med nedsatt funksjonsevne, herunder faste kontaktpunkter med sektoransvarlige departementer.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018).

BLD koordinerer arbeidet med regjeringas strategi for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne. I mai 2018 hadde BLD møte med organisasjonane for funksjonshemma for å diskutere korleis organisasjonane kan involvere seg vidare i arbeidet med strategien. Det er avtalt at BLD og organisasjonane skal ha jamlege dialogmøte hausten 2018. Organisasjonane og relevante sektordepartement skal ha supplerande møte. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Tiltak i melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma

Vedtak nr. 894, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding med forslag til tiltak for at utviklingshemmede skal få oppfylt sine menneskerettigheter på lik linje med andre.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018).

Oppmodingsvedtak nr. 894 blir oppfatta som Stortingets hovudvedtak knytt til representantforslaget om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming. Stortinget ber regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om rettane til utviklingshemma. Vedtaka nr. 895–906, med unntak av vedtak 898, er knytte til temaa og innhaldet i stortingsmeldinga. BLD vil koordinere regjeringa si oppfølging av vedtak 894 og tilknytte vedtak under dette. Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma

Vedtak nr. 895, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der det legges vekt på utviklingshemmede rett til å uttrykke sin mening eller hevde sin rett på lik linje med andre.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8:172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – rett til arbeid

Vedtak 896, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der det legges vekt på tiltak som sikrer utviklingshemmede retten til arbeid, herunder tilrettelagt yrkesfagutdanning.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – rett til helsetenester

Vedtak 897, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der det legges vekt på utviklingshemmedes rett til lik tilgang til helsetjenester av god kvalitet som resten av befolkningen.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – verjemålslova

Vedtak 899, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – universell utforming skulebygg

Vedtak 900, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der det legges vekt på tilrettelagt undervisning for utviklingshemmede elever i den ordinære skolen, herunder universell utforming av eksisterende skolebygg.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – kjøpe og eige bustad

Vedtak 901, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der det legges vekt på at utviklingshemmede skal ha samme mulighet til å kjøpe og eie egen bolig som andre.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – likeverdige tenester

Vedtak nr. 902, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der det legges vekt på å sikre at tjenesteapparatet for mennesker med utviklingshemming innehar tilstrekkelig kompetanse til at utviklingshemmede får likeverdige tjenester innenfor ulike samfunnsområder, på linje med alle andre.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – koordinering av tenester

Vedtak 903, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der det legges vekt på å sikre god koordinering av tjenestene til utviklingshemmede i overgangssituasjoner og mellom løpende tjenester, internt i kommunene, og mellom kommune, fylkeskommune og stat.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne

Vedtak nr. 904, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes rettigheter der det legges vekt på å sikre at FN-konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (CRPD) fullt ut skal gjennomføres på alle relevante samfunnsområder, blant annet gjennom en helhetlig tilnærming på departementsnivå for hvordan man skal nå politiske målsettinger for utviklingshemmede, og sikre en koordinert innsats.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – fritidsaktivitetar og livssyn

Vedtak 905, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der det legges vekt på å sikre alle muligheter til å drive med meningsfylte fritidsaktiviteter og muligheter for livssynsutøvelse.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Melding til Stortinget om sikring av menneskerettane for utviklingshemma – skulefritidsordning

Vedtak 906, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge fram en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter, der det foretas en kartlegging av om det er store forskjeller i praksis mellom kommuner og fylkeskommuner, når det gjelder skolefritidsordning/tilbud etter skoletid fra 4. årstrinn til og med videregående skole, herunder innhold i tjenestene og egenbetaling fra foreldrene, og gi en vurdering av i hvilken grad det er opplæringsloven eller lov om helse- og omsorgstjenester, som skal dekke slike tjenester, sett i lys av FN-konvensjonen om funksjonshemmedes rettigheter.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om rettar og likeverd for utviklingshemma og om tiltak som styrkjer dei grunnleggjande rettane til menneske med utviklingshemming, jf. Dok. 8: 172 S (2017–2018) og Innst. 377 S (2017–2018). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Til forsida