Del 2
Budsjettframlegget for 2022
6 Nærare omtale av løyvingsframlegga m.m.
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programkategori 00.30 Regjeringa
Utgifter under programkategori 00.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
20 | Statsministerens kontor | 132 807 | 103 315 | 100 181 | -3,0 |
21 | Statsrådet | 190 046 | 177 242 | 175 969 | -0,7 |
24 | Regjeringsadvokaten | 119 469 | 123 141 | 125 815 | 2,2 |
Sum kategori 00.30 | 442 322 | 403 698 | 401 965 | -0,4 |
Statsministerens kontor og Statsrådet
Statsministerens kontor støttar statsministeren i arbeidet med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane.
Visse saker vert behandla i Statsrådet under Kongen si leiing. Det gjeld til dømes framlegg til nye lover, budsjettframlegg og andre framlegg til vedtak i Stortinget. Statsministerens kontor har saman med fagdepartementa ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp Statsrådet sine møte hos Kongen. Vidare samordnar kontoret regjeringsmedlemmane si deltaking i enkelte debattar og munnlege spørjetimar på Stortinget. Kontoret skal òg støtte statsministeren i internasjonalt arbeid. Dessutan har kontoret arbeidsgjevarfunksjonar for regjeringsmedlemmane og andre politikarar i departementa.
Statsministerens kontor har tre avdelingar (administrativ og konstitusjonell avdeling, innanriksavdelinga og internasjonal avdeling) og ein kommunikasjonsseksjon.
Regjeringsadvokaten
Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre sivile rettssaker på vegner av staten og gje fråsegner om rettslege spørsmål. Regjeringsadvokaten har som mål at staten får dekt behovet sitt for advokattenester på ein god måte, og slik at dei tildelte ressursane vert utnytta best mogleg sett under eitt. Brukarane skal oppfatte embetet som serviceinnstilt, målretta og effektivt. Saksbehandlinga skal vere rask og god.
Brukarane til Regjeringsadvokaten er dei statlege organa, dvs. regjeringa, departementa og verksemdene under departementa. Saksfeltet omfattar alle område av staten si verksemd. Viktige område er domstolskontroll av offentlege styresmakter (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon m.m.), skadebotsaker, eigedomssaker, saker om arbeids- og tenestetilhøve m.m. I tillegg fører Regjeringsadvokaten saker for internasjonale domstolar, t.d. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og domstolane i EU og EØS.
Kap. 20 Statsministerens kontor
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 123 899 | 93 315 | 95 181 |
21 | Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen, kan overførast | 8 908 | 10 000 | 5 000 |
Sum kap. 20 | 132 807 | 103 315 | 100 181 |
Rapport 2020
Post 01 Driftsutgifter
Statsministerens kontor har støtta statsministeren i å leie og samordne arbeidet til regjeringa, m.a. med å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane. Om lag 80 pst. av utgiftene i 2020 var løn og godtgjersler til tilsette. Andre større utgifter var husleige og reiseutgifter. Hovudårsaka til reduksjonen frå rekneskap 2020 til saldert budsjett 2021 var at Regjeringas bilteneste blei overført til Politiets sikkerheitsteneste frå 1. januar 2021.
Budsjett 2022
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under kap. 20 Statsministerens kontor dekkjer vanlege driftsutgifter for kontoret. Framlegget inneber ei budsjettramme på 95,2 mill. kroner.
Implementeringa av ny lov om nasjonal sikkerhet
Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Føremålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande betydning for GNF vert underlagde tryggingslova, og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar vert gjennomførte. For å vareta føremålet med lova, vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg bli endra.
Statsministerens kontor har identifisert følgjande grunnleggjande nasjonale funksjonar i eigen sektor: SMK GNF 1: Statsministerens kontors virksomhet, handlefrihet og beslutningsdyktighet omfattar kontoret si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemd.
Statsministerens kontor har kartlagt avhengigheiter og varsla ansvarlege verksemder. Kontoret har ikkje verksemder i eigen sektor som er av vesentleg eller avgjerande betydning for GNF. Identifisert GNF er innmeld til tryggingsorganet.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen, kan overførast
I statsråd 24. april 2020 vart det oppretta ein uavhengig kommisjon som skal gjennomgå og trekkje lærdom frå covid 19-utbrotet i Noreg (Koronakommisjonen). Kommisjonen leverte sin første rapport 14. april 2021.
Kommisjonen vil halde fram arbeidet i 2022. Framlegget inneber ei budsjettramme på 5 mill. kroner for 2022.
Kap. 21 Statsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 190 046 | 177 242 | 175 969 |
Sum kap. 21 | 190 046 | 177 242 | 175 969 |
Rapport 2020
Post 01 Driftsutgifter
Større utgifter i 2020 har vore godtgjersle til regjeringa og dei politisk tilsette i departementa, investeringar i Regjeringa si bilteneste, reiseutgifter og husleige for pendlarbustader.
Hovudårsaka til reduksjonen frå rekneskap 2020 til saldert budsjett 2021 var at Regjeringas bilteneste blei overført til Politiets sikkerheitsteneste frå 1. januar 2021.
Budsjett 2022
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under kap. 21 Statsrådet skal dekkje godtgjersle til regjeringsmedlemmane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane, og ein del andre utgifter knytt til den politiske leiinga ved Statsministerens kontor og i departementa. Det gjeld m.a. utgifter til bustad for pendlarar, heimreiser, besøksreiser for familie og tenestereiser.
Nærare reglar om kva for ytingar den politiske leiinga kan få dekt, finst i «Reglement om arbeidsvilkår for politisk ledelse», fastsett ved kongeleg resolusjon 28. mars 2003. Reglementet er supplert og utfylt i «Håndbok for politisk ledelse», som vert gjeve ut av Statsministerens kontor.
Framlegget inneber ein budsjettramme på 176,0 mill. kroner.
Fullmakt til overskriding
I samråd med politiet set Statsministerens kontor i verk visse tryggingstiltak for regjeringa. Det er vanskeleg å budsjettere behova, og dei kan endre seg i løpet av budsjettåret. Difor gjer ein framlegg om samtykkje til at Statsministerens kontor i 2022 kan overskride løyvinga på kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa, jf. framlegg til romartalsvedtak III.1.
Kap. 3021 Statsrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
02 | Diverse refusjonar | 224 | - | - |
Sum kap. 3021 | 224 | - | - |
Posten dekte i hovudsak refusjonar av utgifter der Statsministerens kontor la ut for andre, til dømes når representantar frå næringslivet, politiske parti og presse deltok på reiser og skulle dekkje kostnadane sjølve.
Som følgje av overgang til nettoføring av utlegg og utgiftsdeling frå 1. januar 2021 er det ikkje lenger behov for posten.
Kap. 24 Regjeringsadvokaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 106 067 | 108 355 | 110 715 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 13 402 | 14 786 | 15 100 |
Sum kap. 24 | 119 469 | 123 141 | 125 815 |
Rapport 2020
I 2020 kom det inn 1 276 nye saker til Regjeringsadvokaten, ein auke på 6 pst. i høve til 2019.
Utviklinga går i retning av at både fråsegnssaker og rettssaker vert større og meir kompliserte. Det har særleg samanheng med at rettskjeldematerialet er meir omfattande og samansett, og at sakene oftare har eit internasjonalt tilsnitt. Difor aukar behovet for spesialkompetanse innan menneskerettar, EØS-rett og allmenn folkerett.
Av dei nemnde sakene er 892 rettssaker (900 i 2019), 208 rådgjevande fråsegner (193 i 2019) og 176 høyringar (112 i 2019). Blant rettssakene utgjer områda trygd, psykisk helsevern og utlendingssaker framleis ein stor del.
Utlendingssakene viser ein nedgang til 91 saker (128 saker i 2019). Talet på psykisk helsevernsaker var 364 i 2020, ein auke frå 300 saker i 2019. Talet på trygdesaker hadde ein nedgang frå 122 saker i 2019 til 101 i 2020.
Arbeidsmengda for dei tilsette hos Regjeringsadvokaten er høg. Noko vert løyst ved å setje ut saker til private advokatar og ved noko eigenprosedyre i etatane. Sakene som vert sett ut til private advokatar, er helst slike som det er mange relativt like av. Viktige saker må behandlast av Regjeringsadvokaten.
Budsjett 2022
Post 01 Driftsutgifter
Framlegget inneber ei budsjettramme på 110,7 mill. kroner for 2022. Løyvinga skal fyrst og fremst dekkje løns- og driftsutgifter hos Regjeringsadvokaten. For å sikre eit kvalifisert advokatkorps i ei tid der sakene stadig vert meir innfløkte, er Regjeringsadvokaten meir enn før nøydd til å halde på dei mest røynde advokatane, særleg dei som har møterett for Høgsterett.
Regjeringsadvokaten si budsjettramme har blitt styrkt over fleire år, blant anna for å auke kapasiteten på område som er særleg viktige og som det er pågang på frå regjering og forvaltning. Frå 2021 har i tillegg Regjeringsadvokaten fått frigjort kapasitet ved at Helsedirektoratet har tatt over hovudtyngda av saker om opphøyr av tvungent psykisk helsevern, og på den måten blitt ytterlegare styrkt.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje prosessutgifter og utgifter til leige av advokatar. Nokre sakstypar, til dømes utlendings- og trygdesaker, er tyngjande fordi det er så mange einskildsaker. Talet på nye rettssaker er uvisst.
Framlegget inneber ei budsjettramme på 15,1 mill. kroner.
Kap. 3024 Regjeringsadvokaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Vederlag for utgifter i rettssaker | 16 039 | 20 200 | 20 700 |
Sum kap. 3024 | 16 039 | 20 200 | 20 700 |
Post 01 Vederlag for utgifter i rettssaker
Inntektsframlegget dekkjer inntekter som følgjer av at staten vert tilkjend sakskostnader i sivile saker der Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig. Inntektene er vanskeleg å anslå, og der vert difor gjort framlegg om ei ramme for 2022 på 20,7 mill. kroner.
Programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ
Utgifter under programkategori 00.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
41 | Stortinget | 1 263 026 | 1 368 800 | 1 416 285 | 3,5 |
42 | Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret | 7 128 | 7 600 | 7 766 | 2,2 |
43 | Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga | 88 936 | 92 511 | 94 287 | 1,9 |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | 25 174 | 34 600 | 35 105 | 1,5 |
45 | Noregs institusjon for menneskerettar | 26 665 | 26 100 | 26 040 | -0,2 |
51 | Riksrevisjonen | 555 930 | 580 391 | 592 577 | 2,1 |
Sum kategori 00.40 | 1 966 859 | 2 110 002 | 2 172 060 | 2,9 |
Kap. 41 Stortinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 901 235 | 990 900 | 1 022 485 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 3 014 | 4 200 | 2 400 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 130 911 | 139 900 | 147 400 |
50 | Sannings- og forsoningskommisjonen | 10 000 | 10 000 | 10 000 |
70 | Tilskot til partigruppene | 198 629 | 200 300 | 210 600 |
72 | Tilskot til Det Norske Nobelinstitutts bibliotek | 1 500 | 1 500 | 1 500 |
73 | Kontingentar, internasjonale delegasjonar | 15 192 | 16 500 | 16 500 |
74 | Reisetilskot til skular | 2 545 | 5 500 | 5 400 |
Sum kap. 41 | 1 263 026 | 1 368 800 | 1 416 285 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Oppgåvene og arbeidsordninga til Stortinget som konstitusjonelt organ er nedfelte i Grunnlova, andre lover, stortingsvedtak og konstitusjonell praksis. Stortingets konstitusjonelle hovudoppgåver er å vedta lover, løyve pengar til rådvelde for regjeringa og føre kontroll med regjeringa og forvaltninga.
Eit folkestyre skal både bevare og fornye – bevare fordi det dannar ramma for fellesskapen vår, og fornye fordi det aldri må miste sin aktualitet. Men først og fremst må eit folkestyre vere levande. Eit levande folkestyre er visjonen vår.
Samfunnsoppdraget til Stortingets administrasjon er å organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet og å legge til rette for at stortingsrepresentantane kan vareta verva sine. Det er vidare å formidle kunnskap om folkestyret og verksemda til Stortinget. Administrasjonen skal òg ta vare på Stortingets bygningar, historiske verdiar og kunst.
Det administrative arbeidet skal utførast effektivt og med god kvalitet og slik at det sikrar Stortingets omdømme på best mogleg måte. Administrasjonen skal opplevast som relevant, profesjonell og samfunnsbevisst både av stortingsrepresentantane og av andre målgrupper.
Resultat i 2020
Koronapandemien har påverka drifta i administrasjonen i stor grad i 2020. Nye arbeidsmåtar og nye digitale løysingar er tatt i bruk. Enkelte løysingar har blitt annleis enn det som var planlagt, men i det store og heile har administrasjonen levert gode løysingar også i 2020.
Beredskapsplanverket og kriseorganisasjonen blei endra for å kunne handtere koronapandemien. Hovudmålsettinga i krisehandteringa er å sikre den parlamentariske kjerneverksemda samtidig som koronasmitte ikkje skal inn på Stortinget. Kriseorganisasjonen har gjennom heile perioden hatt oversikt over smittesituasjonen og jamleg vurdert behovet for å justere eller innføre nye tiltak for å nå måla for krisehandteringa.
Stortingets administrasjon har i 2020 jobba etter desse overordna prioriteringane:
gjennomføre drifta effektivt og med god kvalitet
gjennomføre igangsette prosjekt og hente ut gevinstar av tidlegare og nye investeringar
styrke formidlingsverksemda overfor barn og unge
etablere og komme i gang med ein ny strategi for administrasjonen
etablere eit program for modernisering og effektivisering som arbeidsform for større utviklingskraft
utarbeide langsiktige planar for eigedom og IKT og prioritere tiltak i samsvar med dei
Måla, prioriteringane og rapporteringa frå 2020 er innretta etter formåla i strategien til Stortingets administrasjon.
Formål 1: Organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet
Stortingets administrasjon varetar alle funksjonar som knyter seg til verksemda Stortinget utøver som konstitusjonelt organ, medrekna Stortingets saksbehandling og arbeidsordning, forretningsorden, løyvingsreglement, komitéreiser og formelle spørsmål i tilknyting til verksemda i komiteane og det internasjonale arbeidet. Administrasjonen hentar dessutan inn og legg til rette for faktagrunnlag til arbeidet i Stortinget og dokumenterer verksemda i Stortinget.
Eitt av to satsingsområde innanfor modernisering og effektivisering rettar seg mot den parlamentariske saksbehandlinga. I 2020 gjennomførte administrasjonen ei konseptutgreiing for digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga basert på eit målbilete som var greidd ut i 2019. Det er arbeidd fram eit vegkart for gjennomføringa over ein periode på tre–fire år og utarbeidd eit prosjektforslag for den første fasen med start i 2021. Det er venta at ei tydelegare oversikt over den parlamentariske saksgangen med oppgåver, roller, automatiske handlingar og aktivitetar gir betydelege gevinstar for organisasjonen. Det blir lagt til rette for større openheit, meir samarbeid og meir effektive arbeidsprosessar, med ei smidig overlevering av oppgåver og automatisering av manuelle oppgåver.
Statens digitaliseringsråd har gitt råd til prosjektet.
Eit nytt system for parlamentarisk saksbehandling blir utvikla i perioden 2021–2024. Prosjektet blir i 2022 i all hovudsak finansiert gjennom omprioriteringar innanfor normalnivået for vidareutvikling og nyinvesteringar.
Parallelt med prosjektet «Digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga» (DPS-prosjektet) er det gjennomført eit eige prosjekt for kompetanseutvikling og samhandling i den parlamentariske dokumentproduksjonsprosessen. Prosjektet involverte alle medarbeidarane som er knytte til den parlamentariske dokumentproduksjonen. Eit mål med dette arbeidet var å bidra til å realisere DPS-prosjektet. Arbeidet resulterte i ein plan for kurs og andre kompetansetiltak og større grad av samhandling mellom einingane. Leiarar og medarbeidarar skal gjennom planen ta i bruk nye digitale verktøy, delta i automatiseringa av manuelle oppgåver og sikre eit kompetansegrunnlag for digital omstilling og samhandling. Prosjektet blei avslutta ved slutten av året, og arbeidet blir ført vidare som ein del av aktiviteten i linja.
Stortinget deltok i 2020 aktivt i det internasjonale parlamentariske samarbeidet trass i pandemien. Det interparlamentariske arbeidet, som tradisjonelt i stor grad er basert på fysiske møte og konferansar, måtte raskt omstillast da reise- og forsamlingsrestriksjonane blei innførte i mars i 2020. Digitale plattformer blei tatt i bruk. Slik kunne Stortinget halde fram med arbeidet i dei interparlamentariske forsamlingane. Offisielle besøk til og frå Stortinget har sidan mars 2020 i hovudsak vore erstatta av digitale møte. Stortinget skulle i løpet av 2020 vore vertskap for fleire internasjonale konferansar, men dei blei avlyste. Septembermøtet i Nordisk råd blei gjennomført digitalt. Den 14. arktiske parlamentarikarkonferansen blei utsett til 2021, medan formannskapet for den europeiske interparlamentariske romfartskonferansen (EISC) blei gjennomført med eit digitalt møte i tillegg til at formannskapet blei utvida med eitt år til også å omfatte arrangement i 2021.
Allereie før koronapandemien blei det vedtatt å legge til rette for å kunne gjennomføre komitéhøyringar ved hjelp av fjernmøteteknologi. Koronasituasjonen førte til at dette blei sett i verk tidlegare og i større omfang enn det som først var planlagt. I 2020 blei dei aller fleste komitéhøyringane haldne ved hjelp av fjernmøteteknologi og/eller skriftlege høyringar. Også komitémøte er avvikla ved hjelp av fjernteknologi.
Formål 2: Legge til rette for at representantane kan vareta verva sine
Administrasjonen har levert tenester for å gi stortingsrepresentantane gode føresetnader for å vareta vervet sitt. Tenestene har i større grad blitt tilpassa aktivitetsnivået i Stortinget, slik at dei framstår som relevante og tilgjengelege for brukarane, samtidig som ressursbruken er effektiv. Det blei levert ei rekke praktiske tenester, og administrasjonen leverte også relevante fakta, analysar og drøftingar til stortingsrepresentantane, slik at dei hadde eit fagleg grunnlag for sine politiske vurderingar. Talet på utgreiingsoppdrag varierer over tid. I 2020 var det ein nedgang i talet på utgreiingsoppdrag frå partia og representantane på Stortinget og ein auke i talet på oppdrag frå parlament i andre land. Denne auken har mellom anna samanheng med at det kom mange spørsmål om koronatiltaka regjeringa og Stortinget sette i verk.
Ein vesentleg del av oppdraget til administrasjonen er å formidle korrekt, utvitydig og lettfatteleg informasjon til stortingsrepresentantar og tilsette om tenestene dei tilbyr. Gjennom 2020 blei arbeidet med denne typen kommunikasjonstiltak styrkt.
Prosjektet «Helhetlig stortingstorg» blei sett i gang i 2019 og held fram gjennom 2022. Målet med prosjektet er betre tenester til representantane og meir effektiv ressursbruk i administrasjonen. Prosjektet utvikla i 2020 eit konsept med ny leveransemodell og nye, einskaplege arbeidsformer for tenesteleveransar frå administrasjonen. Implementering av konseptet vil bli gjennomført stegvis i åra framover. Forenkling for stortingsrepresentantane står sentralt, mellom anna betre digitale sjølvbeteningsløysingar.
Sikkerheitslova er med nokre unntak gjord gjeldande for Stortingets administrasjon frå 2020. I 2020 blei det etablert ein eigen sikkerheitsstab direkte under direktøren. Det har vore arbeidd vidare med å utvikle eit heilskapleg system for sikkerheit og beredskap. Koronakrisa og to større IT-angrep (eitt i 2020 og eitt i 2021) har gitt viktig læring for det vidare arbeidet. Stortinget er no i gang med å auke den fysiske og digitale kapasiteten for behandling av gradert informasjon.
Hausten 2020 inngjekk administrasjonen ein avtale om ei teknologisk løysing for bruk av tale-til-tekst i stortingsreferatet. Dette er ei taleattkjenningsløysing som automatisk skriv ut ein første versjon av innlegga i stortingssalen, basert på ei lydfil. Den tekniske løysinga er installert og gjord klar for ein akseptansetest som skal gjennomførast i mars 2021.
Stortinget vedtok i mars ei mellombels lov om forskriftsheimel for å avhjelpe konsekvensane av utbrotet av covid-19 m.m. (koronalova). Lova gav regjeringa fullmakt til å fastsette forskrifter med lovgivingsmessig innhald for å avhjelpe konsekvensane av virusutbrotet. Lova inneheldt ein særleg mindretalsrett som innebar at forskriftene måtte opphevast dersom minst ein tredel av representantane på Stortinget meddelte skriftleg til Stortingets presidentskap at dei ikkje støtta dei. Dette innebar ei form for skriftleg saksbehandlingsprosedyre i Stortinget, og var ei konstitusjonell nyvinning. I perioden mars–mai meddelte regjeringa 32 forskrifter fastsette i medhald av den mellombelse lova. For fem av dei blei det fremma erklæringar frå eit tilstrekkeleg stort mindretal om at dei ikkje støtta delar av forskriftene, som da måtte opphevast.
Stortinget har behandla mange ekstraordinære saker i tilknyting til utbrotet av koronaviruset. Det har vore både lovproposisjonar og budsjettsaker, mellom anna fleire omfattande økonomiske tiltakspakker. Arbeidet med desse sakene har til dels skjedd under stort tidspress.
Som ein del av arbeidet med å hindre smitte av covid-19 på Stortinget er det innført fleire tiltak som har påverka det parlamentariske arbeidet. Det har vore avgrensingar i kor mange representantar som har kunna vere til stades, krav om digitale møte, montering av pleksiglas fleire stader og tilråding om bruk av munnbind der det ikkje har vore mogleg å oppretthalde ein meters avstand.
Formål 3: Formidle kunnskap om folkestyret og verksemda til Stortinget
I 2020 var det nødvendig å utvikle vidare det digitale formidlingstilbodet. Dette var ein konsekvens av at det fysiske besøkstilbodet til publikum, mellom anna omvisingar og besøk for å delta i læringsspel, på grunn av koronapandemien blei stengt ned medio mars 2020. Eit eksempel er det nye læringsspelet for elevar i vidaregåande skole, Demo, som stod klart i desember 2019, men som måtte stenge ned medio mars 2020. Også publikumsgalleriet har i periodar vore stengt i 2020. Denne situasjonen understreka betydninga av digitale kanalar og sosiale medium. stortinget.no hadde ein markant trafikkvekst i 2020. Nettstaden er Stortingets viktigaste kanal for informasjon om arbeidet til dei folkevalde og sakene dei behandlar.
I løpet av 2020 lanserte Stortinget ein ny Instagram-kanal retta mot unge, Stortinget Ung, der målet er å engasjere unge med innhald om politiske prosessar og saker og demokratispørsmål. Det digitale formidlingstilbodet «Spør stortingspresidenten» blei vidareført i 2020 og trappa kraftig opp under nedstenginga. Hausten 2020 blei «Stortinget frå klasserommet» lansert. Her får elevar i vidaregåande skole ein annleis samfunnsfagtime, digitalt direkte frå stortingssalen, i møte med Stortingets formidlarar. Seinhausten 2020 blei formidlingstilbodet «Demokratiet og deg», ei digital klasseromsundervisning frå stortingssalen tilpassa vaksenopplæring for innvandrarar, utvikla. Tilbodet starta opp i februar 2021.
Uteareala i tilknyting til stortingsbygningen har gjennom 2020 vore tatt i bruk til formidlingsformål på ein annan måte enn tidlegare. Ei plakatutstilling gav publikum eit innblikk i kva Stortinget er og gjer. Det blei også laga ei plakatutstilling som ein del av 100-årsjubileet til Stortingets presselosje.
Gjennom året har det vore jobba vidare med å legge til rette for og profesjonalisere arbeidet overfor media. Administrasjonen har sett i verk fleire tiltak for å legge til rette for at media skal få best moglege arbeidsvilkår innanfor smittevernreglane, mellom anna avvikling av pressekonferansar.
I 2021 er det 100 år sidan Karen Platou som første kvinne blei vald til fast plass på Stortinget. Arbeidet med planlegging av ulike tiltak for å markere dei kvinnelege pionerane på Stortinget blei sett i gang i 2020.
Arbeidet med digital langtidsbevaring av dokumentasjon frå den parlamentariske og administrative verksemda heldt fram i 2020. Saman med fleire andre arkiv er Stortinget representert i Arkivverkets utviklingsarbeid for ei felles nasjonal løysing for digital langtidsbevaring.
Arbeidet med å legge til rette for innsyn og forsking basert på å gjere tilgjengeleg den upubliserte dokumentasjonen frå komitéarbeidet og administrasjonsverksemda held fram. Arbeidet krev fysisk kontakt med dokumentasjonen og er dermed noko forseinka.
Formål 4: Ta vare på Stortingets bygningar, historiske verdiar og kunst
God forvaltning, drift og vedlikehald av bygningsmassen er viktig for å sikre gode og trygge rammer for det parlamentariske arbeidet. Gjennomførte kartleggingar og analysar gir god oversikt over tilstanden til bygningsmassen og behova til brukarane.
I 2020 blei det sett i verk ein plan for strategiske avgjerder på eigedomsområdet som mellom anna skal danne grunnlaget for ein langtidsplan for investeringar i eigedom, bygg og anlegg.
For å ta vare på dei arkitektoniske og kulturhistoriske verdiane er det utarbeidd verneplanar for framtidige endringar og ombyggingar. Administrasjonen har også utvikla ein forvaltningsplan og ein evakueringsplan for kunst og historiske gjenstandar. I 2020 ferdigstilte administrasjonen desse evakueringsplanane.
Reglementet for Stortingets bygge- og leigesaker legg føringar for planarbeidet. Stortingets administrasjon har i 2020, i tråd med føresegnene i reglementet, inngått ein avtale med Statsbygg om rådgivingsoppdrag. Statsbygg skal engasjerast i ein tidleg fase for moglege framtidige byggeprosjekt.
Stortinget eig 143 pendlarleilegheiter for stortingsrepresentantar. Det har i løpet av dei siste åra vore gjennomført eit vedlikehaldsprogram for desse leilegheitene. I 2020 blei fire leilegheiter ferdig oppgraderte, og éi skal oppgraderast i 2021. Alle leilegheitene har no ein einskapleg, nøktern standard og er funksjonelt tilpassa behova til representantane.
Viktige utfordringar
Stortingets administrasjon søker å svare på samfunnsoppdraget gjennom å prioritere gode og effektive leveransar. Det er samtidig viktig å ha ressursar til å utvikle drifta. Administrasjonen har ein strategi som gir retning for det vidare utviklingsarbeidet og legg føringar for planlegginga av verksemda for åra framover. Tre satsingsområde er prioriterte i strategien:
Moderne arbeidsplass: Vi er éin administrasjon som står saman om leveransane, feila og suksessane våre.
Brukarorientert oppgåveløysing: Saman jobbar vi effektivt og profesjonelt for å skape gode brukaropplevingar.
Ansvarleg institusjonsforvaltar: Vi bidrar til å fornye og bevare folkestyret og tilliten til Stortinget.
Arbeidet med modernisering og effektivisering skal prioriterast også i 2022, mellom anna skal gjennomføringa av strategiske utviklingstiltak gi ei betre samla brukaroppleving med mindre ressursbruk. Koronakrisa i 2020 har ført til eit læringsløft i bruken av digitale verktøy. Det blir viktig å vurdere korleis denne læringa kan takast med vidare i drifta og i utviklingsprosessar. Administrasjonen vil i 2022 særleg fokusere på kompetansetiltak som legg til rette for nye arbeidsprosessar som følge av moderniseringsprosjekta som er sette i verk.
Visjonen vår er eit levande folkestyre. Kunnskap om Stortingets arbeid og rolle i demokratiet er eit viktig grunnlag for politisk engasjement og demokratisk deltaking. Formidlingsaktivitetane må utviklast vidare for å nå målgruppene i takt med teknologiske og samfunnsmessige endringar. I sum skal formidlings- og kommunikasjonsarbeidet vårt bidra til at demokratiet lever og utviklar seg, og slik bidra til å oppfylle visjonen.
Verneplanen for stortingsbygningen skal følgast opp for å sikre at administrasjonen oppfyller samfunnsoppdraget som består i å ta vare på Stortingets bygningar og historiske verdiar.
Eit omskifteleg og langt meir samansett trusselbilete, der truslar kan komme både innanfrå og utanfrå, krev at ein er årvaken på vegner av demokratiet. Arbeidet som er knytt til sikkerheit og beredskap ved Stortinget, er i utvikling og vil vere eit prioritert område også i framtida.
Mål og prioriteringar i 2022
Stortingets administrasjon jobbar etter desse overordna prioriteringane for 2022:
levere på samfunnsoppdraget (formålet) med høg kvalitet og effektivitet
halde fram med å hente ut effektar frå strategiske tiltak som skal gi ei betre samla brukaroppleving med mindre ressursbruk (program for modernisering og effektivisering)
sikre god planlegging og forankring for store byggeprosjekt, mellom anna brukarinvolvering
utvikle vidare formidlingsaktivitetane om folkestyret gjennom fysisk formidling i lokala til Stortinget og gjennom digitale format på ulike plattformer
Formål 1: Organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet
Stortingets administrasjon varetar alle funksjonar som knyter seg til verksemda Stortinget utøver som konstitusjonelt organ, medrekna Stortingets saksbehandling og arbeidsordning, forretningsorden og løyvingsreglement, komitéreiser og formelle spørsmål i tilknyting til verksemda i komiteane og til det internasjonale arbeidet. Dessutan hentar administrasjonen inn og legg til rette for faktagrunnlag til arbeidet i Stortinget og dokumenterer verksemda til Stortinget.
I 2022 vil planen for auka samhandling og kompetanse for tilsette som arbeider med den parlamentariske saksbehandlinga, vere godt etablert som ein del av den ordinære drifta. Administrasjonen vil halde fram med å hente ut effektar i form av større digital kompetanse, større forståing for aktivitetane i dokumentproduksjonen, meir effektiv arbeidsflyt og meir effektiv bruk av ressursar.
Arbeidet med digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga har høg prioritet i 2022 som ledd i satsinga på modernisering og effektivisering. Gjennomføringsprosjektet er venta å vere godt i gang, dvs. den første fasen i eit prosjekt med ei varigheit på tre–fire år. Eit samarbeid om effektiv og sikker informasjonsutveksling mellom regjeringa og Stortinget inngår også i denne satsinga.
Effektane av prosjekta skal vere at Stortinget blir ein meir moderne arbeidsplass, får ei meir brukarorientert oppgåveløysing og oppfyller ansvaret som institusjonsforvaltar betre. Administrasjonen blir meir moderne med betre samarbeid og betre utveksling gjennom bruk av strukturar og standardar. Tekstinnhaldet skal gå mest mogleg direkte frå produksjon til offentleggjering, med raskare og sikrare behandling av informasjonselement og metadata og meir effektiv kvalitetssikring.
Vi får ei meir brukarorientert oppgåveløysing med ei enklare og meir effektiv løysing for arbeidet med merknader i innstillingar, utarbeiding av spørsmål og utveksling av innlegg og merknader til referat.
Som ansvarleg institusjonsforvaltar skal vi få betre sporbar informasjon, meir effektiv attfinning på alle digitale flater og større fleksibilitet når det gjeld å sørge for riktig parlamentarisk saksgang.
Formål 2: Legge til rette for at representantane kan vareta verva sine
Administrasjonen skal levere gode tenester, slik at stortingsrepresentantane har dei beste føresetnadene for å vareta verva sine. Det blir levert ei rekke praktiske tenester.
I 2022 vil administrasjonen halde fram arbeidet med å greie ut om dei faglege spørsmåla Stortinget ønsker klargjorde. Administrasjonen vil levere relevante fakta, analysar og drøftingar til stortingsrepresentantane som eit fagleg grunnlag for politiske vurderingar. Informasjonskjelder som blir stilte til rådvelde, skal i størst mogleg grad vere tilgjengelege på digitale einingar, uavhengig av kvar stortingsrepresentantane oppheld seg.
EØS-avtalen og andre internasjonale avtalar påverkar norsk politikk. Arbeidet med kunnskapstenester på det internasjonale området må vere robust og fleksibelt nok til å møte framtidige behov.
Administrasjonen skal profesjonalisere kommunikasjonen med representantar og tilsette ytterlegare. Relevant informasjon skal vere lett å finne, og det skal vere enkelt å halde seg oppdatert på endringar og hendingar.
Sikkerheitslova er med nokre unntak gjord gjeldande for Stortinget frå 2020. Stortingets administrasjon vil arbeide vidare med å sørge for at politikarane får betre møteromskapasitet og kommunikasjonsmoglegheiter som tar vare på lovpålagde krav, slik at behandlinga av gradert informasjon blir varetatt på ein trygg måte.
Prosjektet «Heilskapleg stortingstorg» blei sett i gang i 2019 og held fram gjennom 2022. Målet med prosjektet er betre tenester til representantane og meir effektiv ressursbruk i administrasjonen. Prosjektet vil i 2022 prioritere ei vidare utvikling av eit felles kontaktpunkt for å auke effektiviteten både for stortingsrepresentantane og for administrasjonen. Vidare vil det bli arbeidd med å utvikle digitale sjølvhjelpsløysingar som vil gi stortingsrepresentantane tilgang til tenestene frå administrasjonen på ein meir effektiv måte. Forenkling for stortingsrepresentantane står, saman med større grad av digitalisering, sentralt.
Våren 2022 er det planlagt implementering av ei fullskala løysing for bruk av tale-til-tekst i stortingsreferatet. Løysinga vil vere lagd til rette for nynorsk og bokmål. Formålet er at stortingsreferatet skal produserast raskare, med same kvalitet og med mindre ressursar. I tillegg har prosjektet eit samfunnsmål: Kjeldematerialet som blir utvikla, skal kunne delast med Språkbanken, slik at det fritt kan brukast av alle som ønsker å utvikle språkteknologiske ressursar for norsk.
Formål 3: Formidle kunnskap om folkestyret og verksemda til Stortinget
Stortingets kommunikasjons- og formidlingsarbeid skal bidra til å bygge tillit til, forståing for og oppslutning om Stortingets rolle i demokratiet.
Kommunikasjonen med omverda skal vere aktiv og relevant og opne for samhandling mellom folket og dei folkevalde og vere særleg retta mot barn og unge, vaksne med låg demokratisk deltaking og personar som i arbeidet sitt er i kontakt med Stortinget.
Gjennom ulike kanalar kommuniserer Stortinget fortløpande om arbeidet dei folkevalde gjer, om sakene som blir behandla, og om Stortinget som institusjon og betydninga det har for det norske demokratiet. Nettstaden gir brukarane tilgang til all informasjon om sakene som blir behandla i Stortinget, møte og høyringar, og utgjer kjerneinformasjonen om det parlamentariske arbeidet. Gjennom sosiale medium, filmar og arrangement kan alle sette seg inn i og lære om kva oppgåver Stortinget har, og arbeidet som blir utført. For å bidra til større openheit og ei brei offentlegheit om det som skjer i Stortinget, jobbar Stortinget kontinuerlig med å legge til rette for at pressa kan vareta samfunnsoppdraget sitt på best mogleg måte.
I 2022 skal formidlingsaktivitetane utviklast vidare. Det vil skje både gjennom fysisk formidling i form av omvisingar, utstillingar og interaktive læringsspel i Stortinget, og gjennom det vidare arbeidet med å fornye det digitale formidlingstilbodet.
I 2021 markerer Stortinget 100 år med fast valde kvinnelege stortingsrepresentantar. I samband med det skal det på oppdrag frå presidentskapet lagast eit portrett av Karen Platou, som var den første fast valde kvinnelege stortingsrepresentanten. Portrettet skal etter planen avdukast tidleg i 2022. Det skal vidare lagast ein skulptur av Anna Rogstad som skal oppførast på Eidsvolls plass. Anna Rogstad var den første kvinna som møtte på Stortinget – som vararepresentant i 1911. Skulpturen skal etter planen avdukast i 2023. I samband med markeringa blir det også gjennomført eit pilotprosjekt der tidlegare kvinnelege stortingsrepresentantar blir intervjua. Formålet er å dokumentere erfaringane deira frå arbeidet i Stortinget. Dette arbeidet startar hausten 2021 og blir ført vidare i 2022.
For å nå alle målgruppene i formidlingsarbeidet vil administrasjonen arbeide med universell utforming i samsvar med generelle retningslinjer og krav. I digitaliseringa av den parlamentariske saksbehandlinga er dette aktuelt på fleire område. Arbeidet vil halde fram i 2022.
Eidsvolls plass er ein av Noregs viktigaste arenaer for ytringsfridom og engasjement. Stortingets administrasjon forvaltar bruken av plassen og legg til rette for at det kan haldast demonstrasjonar og markeringar. Frå 2022 vil administrasjonen jobbe vidare med å forenkle bestillinga av Eidsvolls plass.
Formål 4: Ta vare på Stortingets bygningar, historiske verdiar og kunst
Reglementet for Stortingets bygge- og leigesaker skal sikre god saksførebuing og forankring og styring av store byggeprosjekt. Statsbygg skal engasjerast som rådgivar i ein tidleg fase for moglege nye prosjekt i 2022.
Ein evalueringsrapport om byggeprosjektet Prinsens gate 26 med læringspunkt for seinare byggeprosjekt blei lagd fram for Stortinget i 2020. Forbetringspunkta som ikkje allereie er sette i verk, blir følgde opp vidare i 2022. Utgreiingsinstruksen og rettleiaren for store statlege byggeprosjekt i tidleg fase skal leggast til grunn i utgreiingar i 2022 for å sikre brukarinvolvering og tilstrekkeleg modenheit i byggeprosjekta. Dette gjeld mellom anna for prosjekt som er knytte til ei mogleg oppgradering av tilbygget mot Akersgata, og større prosjekt for utskifting av ventilasjon og annan teknisk infrastruktur i stortingsbygningen og andre bygningar. Eit arbeid med ombygging av Akersgata 21 for å oppnå moderne og funksjonelle areal er i gang. Arbeidet med å utvikle vidare Stortingets prosjektmodell og etablering av ein samarbeidsavtale med Statsbygg når Statsbygg skal vere byggherre, vil bidra til ytterlegare å sikre at prosjekt når dei strategiske måla og blir styrte i samsvar med beste praksis.
Utviklinga av den parlamentariske verksemda med endra arbeidsformer og større grad av digitalisering kan påverke arealbehovet. Dette blir vidare greidd ut i 2022. Bruken av det samla arealet sett opp mot behovet skal kartleggast for å sikre at lokala støttar opp under verksemda framover. Behova blir lagde til grunn i dei langsiktige planane for investeringar og vedlikehald.
Planverket for forvaltning og evakuering av kunst og historiske gjenstandar blir løpande oppdatert og utvikla vidare. Det er i 2022 lagt opp til ei systematisk vurdering av kunstsamlinga med tanke på behovet for konservering og vedlikehald.
Budsjett for 2022
Stortingets administrasjon jobbar aktivt med effektivisering og betre kostnadskontroll, noko som vil prege budsjettet og ressursbruken òg i 2022. Stortinget held fram med å gjennomføre effektiviseringskutta på driftsposten sin som statsforvaltninga gjer. Løyvinga skal brukast i samsvar med måla og prioriteringane som er omtalte over, jf. Mål og prioriteringar i 2022. Løyvinga blir fordelt på desse postane:
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar godtgjersler for stortingsrepresentantar, lønn for tilsette og utgifter til kjøp av varer og tenester. Stortingets administrasjon har lagt til grunn ein vekst i lønn og godtgjersle på 2,7 prosent i 2022. For 2022 er det lagt inn 0,6 prosent i effektiviseringskutt. I tillegg vil kuttet på 10 millionar kroner i 2021 vidareførast.
For 2022 ber ein om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 41, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3041, post 01 Salsinntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
I Innst. 271 S (2018–2019) blei det varsla at det skulle settast ned eit utval som skulle evaluere lov om Riksrevisjonen og verksemda til Riksrevisjonen. Til utvalsarbeidet blei det foreslått ei løyving på 3,6 millionar kroner for 2021. Nedsettinga av utvalet blei utsett til etter at rapporten frå utvalet for å greie ut Stortingets kontrollfunksjon, om spørsmål som gjeld Riksrevisjonen (Harberg-utvalet), blei lagd fram, og utvalet blei først oppnemnt våren 2021, jf. Innst. 341 S (2020–2021). Utvalet skal starte arbeidet hausten 2021 og levere rapport innan 1. september 2023. Den ubrukte løyvinga for 2021 blir overført til 2022. For 2022 er det ført opp ei løyving på 2,4 millionar kroner. Samla sett er det lagt til grunn eit budsjett på 8,5 millionar kroner for utvalet.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga over posten er knytt til forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av bygningsmassen, investeringar innan IT og andre investeringar i utviklingstiltak. Ein langsiktig plan for investeringar og vedlikehald i bygningsmassen skal utviklast vidare på bakgrunn av endra behov og dannar grunnlag for prioritering av bygningsmessige tiltak innanfor dei gjeldande budsjettrammene i 2022.
På IT-området er investeringane delte inn i basisaktivitetar som blir utførte årleg, og større aktivitetar som blir utførte med sykliske mellomrom. Av større aktivitetar kan prosjektet for digitalisering av den parlamentariske saksbehandlinga nemnast. For 2022 utgjer dette prosjektet om lag 30 millionar kroner.
Post 50 Sannings- og forsoningskommisjonen
Kommisjonen som skal granske fornorskingspolitikken og uretten overfor samar, kvenar og norskfinnar (sannings- og forsoningskommisjonen), blei nemnd opp ved eit stortingsvedtak 14. juni 2018. Kommisjonen skal vere ferdig med arbeidet sitt innan 1. juni 2023 og overlevere rapporten til Stortingets presidentskap.
Kommisjonen er sett saman av tolv medlemmer og har eit fagleg kompetent sekretariat som for tida består av fire årsverk. Sekretariatet fekk ytterlegare to årsverk i 2020. Det er ein føresetnad at kommisjonen innhentar personlege erfaringar ved at dei oppsøker samiske og kvenske/norsk-finske miljø i dei aktuelle distrikta.
Kostnadane i samband med verksemda til kommisjonen i 2022 er berekna til 10 millionar kroner. Sekretariatet for kommisjonen er lokalisert ved UiT (Noregs arktiske universitet i Tromsø), og medarbeidarane er tilsette ved UiT. Midlar til drift av kommisjonen og sekretariatet vil bli tildelte UiT, med rekneskaps- og rapporteringsplikt til Stortinget.
Post 70 Tilskot til partigruppene
Posten omfattar tilskot frå Stortinget til gruppesekretariata i partia og uavhengige representantar. Tilskotet til kvar av stortingsgruppene er avhengig av representasjonen til partiet på Stortinget.
Post 72 Tilskot til Det Norske Nobelinstitutts bibliotek
Posten omfattar tilskot til biblioteket ved Nobelinstituttet.
Post 73 Kontingentar til internasjonale delegasjonar
Posten omfattar kontingentane til Nordisk råd, OSSEPA og IPU.
Post 74 Reisetilskot til skolar
Posten omfattar støtte til søkarar frå skolar som besøker Stortinget.
Kap. 3041 Stortinget
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Salsinntekter | 4 306 | 6 000 | 5 700 |
03 | Leigeinntekter | 2 440 | 1 100 | 2 300 |
Sum kap. 3041 | 6 746 | 7 100 | 8 000 |
På kap. 3040 omfattar post 01 hovudsakleg salsinntekter frå kantiner, og post 03 omfattar hovudsakleg leigeinntekter frå næringslokale.
Kap. 42 Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 7 128 | 7 600 | 7 766 |
Sum kap. 42 | 7 128 | 7 600 | 7 766 |
Hovudoppgåver og organisering
Ombodsmannsnemnda for Forsvaret er evaluert og vurdert i rapporten frå Harberg-utvalet, som blei overlevert presidentskapet i januar 2021. Harberg-utvalet foreslår ei ny, formell lov som skal erstatte den gjeldande instruksen av 1952. I budsjettforslaget for 2022 er det tatt omsyn til forventa endringar som ein konsekvens av denne evalueringa, rapporten og lovforslaget. Lova blei vedtatt av Stortinget 31. mai 2021 og trer i kraft 1. oktober 2021.
Samtidig endrar nemnda namn til «Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret», forkorta «Ombodsnemnda».
Etter den vedtatte lova består Ombodsnemnda, som i dag, av sju medlemmer som blir valde av Stortinget for fire år om gongen. Leiaren av nemnda skal etter at lova har tredd i kraft, ha tittelen «forsvarsombodet». Kontoret til Ombodsnemnda består av 3,6 årsverk, fordelte på fire personar.
For å møte krava til utvikling og varetaking av større og nye oppgåver, mellom anna ombodsrolla for veteranane i Forsvaret og eit større internasjonalt engasjement, meiner nemnda at kontoret må styrkast med ei fagstilling. Etter den vedtatte lova skal nemnda fungere som eit styre, dvs. med overordna ansvar for verksemda når det gjeld både økonomi og saksbehandling. Det er venta at dette vil auke behovet for nemndsmøte, og at presset på administrasjonen og saksførebuinga vil auke tilsvarande. I tillegg er det ei uttalt målsetting at synfaringar og besøk på militære avdelingar og til militært personell skal prioriterast.
Nemnda samarbeider nært med TVO-ordninga i Forsvaret og med organisasjonane til dei tilsette. Vidare har nemnda eit aukande samarbeid med dei ulike veteranorganisasjonane i Forsvaret.
Ombodsmannen deltar i internasjonalt arbeid i regi av DCAF (Democratic Control of Armed Forces), ICOAF (International Conference of Ombuds Institutions for the Armed Forces). Ombodsmannen blir stadig invitert for å orientere og presentere den norske modellen i ei rekke land som ønsker å innføre demokratiske institusjonar til kontroll av væpna styrkar.
Melding til Stortinget
Ombodsmannsnemnda sender årleg ei melding om verksemda, Dokument 5, til Stortinget. Ein gjenpart av meldinga blir send til Forsvarsdepartementet og til Forsvarets organ og avdelingar. Nemnda kan også, ved behov, sende særskilde meldingar til Stortinget om enkeltsaker.
Mål og prioriteringar for 2022
Med den nye lova og eit forsterka mandat for Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret vil 2022 vere eit viktig år for arbeidet i nemnda. Med den nye lova og eit forsterka og tydeleggjort mandat frå Stortinget vil nemnda sikre at arbeidet blir innretta deretter. Porteføljen i tilknyting til veteranane og til internasjonalt samarbeid vil bli toneangivande i så måte. I tillegg er det ein ambisjon at nemnda i løpet av 2022 vil ferdigstille eit betydeleg moderniseringsarbeid og ei oppgradering av infrastrukturen, rutinane og kvalitetane ved kontoret for å følge opp merknadene i evalueringa.
Ombodsnemnda vil sjølvsagt også i 2022 vere opptatt av personellsituasjonen i Forsvaret, med tanke på både den vidare oppfølginga av MOST-undersøkinga og dei mange påviste manglane knytte til EBA (eigedom, bygg og anlegg). Det er planlagt fleire synfaringar i inn- og utland så snart pandemisituasjonen tillèt det.
I 2022 skal det markerast at det er 70 år sidan Stortinget vedtok å opprette Ombodsmannsnemnda, verdas første parlamentariske kontrollordning for militært personell. Sidan da har fleire land etablert liknande ordningar etter norsk modell. Eit omfattande samarbeid gjennom DCAF har ført til auka aktivitet og utvikling av demokratisk kontroll av dei væpna styrkane i ulike land. Kvart år blir det arrangert ein internasjonal ombodsmannskonferanse. I samband med 70-årsmarkeringa blei Noreg spurt om å påta seg å arrangere denne konferansen i 2022.
Post 01 Driftsutgifter
Posten inneheld lønnsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.
Kap. 43 Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 88 936 | 92 511 | 94 287 |
Sum kap. 43 | 88 936 | 92 511 | 94 287 |
Hovudoppgåver og organisering
Sivilombodets (Sivilombodsmannen fram til 30. juni 2021) formål og oppgåver følger av lov om Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen av 18. juni 2021. Sivilombodet blir vald av Stortinget fram til slutten av kvar valperiode.
Som ombod for Stortinget skal Sivilombodet føre kontroll med at det i den offentlege forvaltninga ikkje blir gjort feil eller urett mot den enkelte borgaren. Ombodet skal også bidra til at forvaltninga respekterer og sikrar menneskerettane. Desse oppgåvene blir først og fremst varetatt gjennom undersøkingar og behandling av klagar frå enkeltpersonar, organisasjonar og selskap. Ombodet står også fritt til å ta opp spørsmål og sette i verk saker ut frå eige tiltak. Slike undersøkingar er i hovudsak baserte på kjennskap til forhold i forvaltninga det kan vere grunn til å ta opp særskilt. Ombodet er også ein nasjonal førebyggande mekanisme for førebygging av tortur og anna grusam, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Vidare søker Ombodet å hindre urett gjennom ulike kommunikasjonstiltak, f.eks. foredragsverksemd. Gjennom meldingane til Stortinget gir Sivilombodet informasjon om korleis Grunnlova, andre lover og stortingvedtak i praksis blir tatt i bruk i forvaltninga, og om verksemda som følger av førebyggingsmandatet.
Ombodets kontor er organisert i tre avdelingar som behandlar klagesaker innan ulike rettsområde, ei allmenn avdeling, ei eining for førebygging av tortur og ei administrasjonsavdeling.
Rapport for 2020
Arbeidet til Sivilombodsmannen blei sjølvsagt påverka av unntaksåret 2020. Ein god del planlagd aktivitet blei ikkje gjennomført eller fekk eit anna innhald enn det som var planlagt. Likevel blei verksemda etter forholda truleg mindre påverka enn mange andre og har kunna gjennomføre oppgåvene i tråd med mandatet.
Årsmeldingane frå Ombodsmannen for 2020 blei overleverte Stortinget i mars 2021. Sivilombodsmannens årsmelding i Dok. 4 (2020–2021) gjer greie for hovudinntrykk frå klagesaksbehandlinga i 2020 og omtaler også enkelte utviklingstrekk i forvaltninga basert på meir generelle erfaringar. Årsmeldinga for førebyggingseininga, Dok. 4:1 (2020–2021), gir ein nærmare omtale av førebyggingsarbeidet i 2020.
Klagesaksbehandling
Det kom inn 4 009 saker til Ombodsmannen i 2020. Det er ein auke på 3 prosent samanlikna med året før, og det høgaste talet på klagar nokosinne. 17 saker er i tillegg tatt opp på eige initiativ. Desse sakene er ressurskrevjande, men viktige. Auken i saksmengda fører til stabilt høg saksavvikling, både for realitetsbehandla og avviste saker. Ombodsmannen jobbar målbevisst med å auke talet på rettferdige klagar.
Ombodsmannen avslutta 3 962 saker i 2020. Av dei er 37 prosent rekna som realitetsbehandla. Dei aller fleste er vurderte på bakgrunn av dei tilsende dokumenta og ordna eller avslutta utan at e finn grunn til å gå vidare med dei. For mange av sakene blir utfallet likevel positivt for klagaren ved at ei sak løyser seg medan ho er til behandling hos Sivilombodsmannen. Dette skjer ofte etter ein telefonsamtale eller eit brev til det aktuelle forvaltningsorganet. 122 saker blei avslutta med kritikk eller oppmoding om å sjå på saka på nytt.
63 prosent av dei avslutta sakene blei avviste. Det er ein auke samanlikna med tidlegare år.
Det er eit mål å bruke så kort tid som mogleg på saker som må avvisast. I 2020 har nedgangen i saksbehandlingstida for saker som er avslutta etter å ha vore tatt opp med forvaltninga, halde fram. Slik kan tida utnyttast betre på saker som krev undersøkingar i forvaltninga. Saksbehandlingstida må sjåast i samanheng med saksinngangen.
Førebyggingsarbeidet til Sivilombodsmannen
Førebyggingseininga mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomsrøving blei oppretta hos Sivilombodsmannen i 2014, i tråd med tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon (OPCAT). Førebyggingseininga har rett til å besøke alle stader der personar er frårøva fridommen sin, for å førebygge tortur og anna grusam, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.
I 2020 har førebyggingseininga gjennomført ti slike besøk: tre besøk på ein psykisk helsevern-institusjon for barn og unge, to besøk på barnevernsinstitusjonar, to besøk på sjukeheimar og tre besøk på bufellesskapar for personar med utviklingshemming. Besøka blei mellombels innstilte i mars, men tatt opp att etter sommaren. Smittevernomsyn gjorde det nødvendig å gjennomføre besøka delvis digitalt. I løpet av våren og forsommaren blei det gjennomført ei undersøking av korleis kriminalomsorga handterte covid-19-pandemien i fengsel med høg sikkerheit, og kva konsekvensar pandemien hadde for innsette. Det blei også laga ein temarapport om bruk av sikkerheitsseng i norske fengsel. Gjennom 2020 har førebyggingseininga hatt dialog med tolv stader i etterkant av besøk gjorde i 2018, 2019 og 2020 for å følge opp korleis tilrådingane er blitt gjennomførte. Det blei som planlagt gjennomført tre halvdagsmøte med det rådgivande utvalet i førebyggingseininga. Som i tidlegare år har førebyggingseininga i 2020 presentert ei rekke funn og utfordringar som førebyggingsarbeidet har avdekt. Førebyggingseininga har mellom anna forelese på fagutdanningar og konferansar og oppretthalde samarbeid med relevante fagmiljø internasjonalt, mellom anna halde innlegg under digitale samlingar for førebyggingseiningar internasjonalt om arbeidsmetodar under covid-19-pandemien.
Menneskerettsarbeid
Sivilombodsmannens generelle arbeid på menneskerettsfeltet har i 2020 vore prega av pandemien ved at mange aktivitetar er blitt utsette eller avlyste. Aktivitetar som delegasjonsbesøk og internasjonalt samarbeid har vore avgrensa til digital kontakt.
I 2020 har Sivilombodsmannens arbeid med menneskerettane primært skjedd gjennom behandlinga av klagesaker der Noregs menneskerettslege forpliktingar er involverte. Éi sak blei også oppretta av eige tiltak. Tema for klagesakene i 2020 omfatta mellom anna barns beste, retten til rettferdig rettargang og ansvaret myndigheitene har for å vurdere om menneskerettane er tatt vare på.
Mål og budsjett for 2022
Dei to mandata til Sivilombodet er fastsette i lov, og verksemda har derfor stabile føringar for kva hovudmål dei skal nå kvart år. Ein stor del av verksemda går årleg ut på å gjennomføre undersøkingar og gjere rettslege vurderingar av utvalde spørsmål. I fleire år har det vore eit mål at Sivilombodet skal prioritere arbeidsinnsatsen der innsatsen får størst betydning. Dette vil også vere viktig framover, og er reflektert i strategiplanen for perioden 2019–2022.
Det er venta at den store auken i klagar dei seinare åra kjem til å vare. Det blir viktig, men krevjande å handtere denne veksten også i 2022. Kapasitet og ressursar avgjer om svara på førespurnadene støttar opp under rolla til Sivilombodet. Sivilombodet vil innanfor det eksisterande ressursnivået forsøke å ta opp eit tilstrekkeleg antal saker, oppretthalde kvaliteten på dei svara som blir gitt, og med ei så kort saksbehandlingstid som mogleg.
Målet om å bli betre kjend har vore følgt opp gjennom fleire år. Dette er eit mål også for 2022. Det er spesielt ønskeleg å rette innsatsen mot grupper av klagarar som ein i større grad burde motta klagar frå, sjølv om det med den same ressurssituasjonen må føre til at andre klagesaker må prioriterast ned.
Også i 2022 vil Sivilombodet besøke stader der menneske er frårøva fridommen. Kor mange og kva for stader som skal få besøk, vil bli avgjort ut frå ei risikovurdering av aktuelle sektorar og stader i lys av kapasitet og ressursar. I tillegg må det leggast vekt på smittevernomsyn og andre forhold som er påverka av pandemien. Det vil mellom anna vere aktuelt å halde fram med å besøke sjukeheimar og bustader for menneske med utviklingshemming. Det kan også vere aktuelt å fokusere særleg på eit nærmare angitt tema som er spesielt aktuelt for mandatet. Det vil framleis bli lagt stor vekt på å vidareutvikle metodikk, heve kompetansen til eininga og innhente solide kunnskapsgrunnlag innanfor alle områda som er dekte av mandatet. Som ledd i ei tett oppfølging for å sikre at tilrådingane frå Sivilombodet får gjennomslag, vil det også bli lagt vekt på oppfølging av stadene og sektorane som får besøk.
I budsjettet er det innarbeidd prisjustering, konsekvensjustering og effektiviseringstrekk. Elles er det ingen auke.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønnsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.
Kap. 44 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 23 257 | 34 600 | 35 105 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 1 917 | ||
Sum kap. 44 | 25 174 | 34 600 | 35 105 |
Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet) er eit permanent utval, oppretta av Stortinget i 1996. Utvalet har sju medlemmer. Medlemmene blir valde av Stortinget i plenum for eit tidsrom på inntil fem år. Medlemmene kan nemnast opp på nytt éin gong etter innstilling frå Stortingets presidentskap.
Hovudoppgåver
EOS-utvalet skal føre regelmessig tilsyn med den etterretnings-, overvakings- og tryggingstenesta (EOS-tenesta) som blir utført i den sivile og militære forvaltninga. Oppgåvene til kontrollutvalet er å gjennomføre inspeksjonar, undersøke klagar og ta opp saker av eige tiltak som utvalet ut frå formålet finn det riktig å behandle. Hovudformålet er å vareta rettssikkerheita til den enkelte og sjå til at tenestene respekterer menneskerettane.
Utvalet gir årleg melding til Stortinget om verksemda si og ved behov særskilde meldingar.
Rapport for 2020
Utvalet har i 2020 gjennomført 16 inspeksjonar: PST er inspisert seks gonger, E-tenesta fire gonger, NSM to gonger og FSA to gonger. Etterretningsbataljonen og Forsvarets spesialstyrkar er inspisert éin gong kvar.
I 2020 undersøkte utvalet 16 saker av eige tiltak, mot 24 saker i 2019. Sakene utvalet har undersøkt av eige tiltak, er hovudsakleg funn frå inspeksjonane dei har gjennomført.
Utvalet undersøker klagar frå enkeltpersonar og organisasjonar. Det kom inn 29 klagar til utvalet i 2020, mot 26 klagar i 2019. Utvalet prioriterer klagesaksbehandlinga og bruker ein god del ressursar på det. Enkelte av klagane har vore retta mot fleire av EOS-tenestene samtidig. Utvalet har på formelt grunnlag avvist nokre klagesaker, mellom anna under tilvising til at forholdet fell utanfor kontrollområdet deira. Klagar og førespurnader som fell innanfor kontrollområdet, blir undersøkte i den eller dei tenestene klagen rettar seg mot. Utvalet praktiserer generelt sett ein låg terskel for å behandle klagesaker.
Utvalet meiner at ressursbruken har vore effektiv i 2020, og er samla fornøgd med resultat, måloppnåing og ressursbruk i 2020. Koronapandemien og vakansar har ført til at EOS-utvalet har fått eit større mindreforbruk enn venta. Overførbare midlar er søkte overførte til budsjettet for 2021.
Nærmare opplysningar om verksemda er gitt i årsmeldinga for 2020 (Dokument 7:1 (2020–2021)).
Mål for 2022
Hovudoppgåva til utvalet er å føre løpande kontroll med EOS-tenestene. Kontrollen blir utøvd i form av inspeksjonar, behandling av klagesaker og behandling av saker som blir tatt opp av eige tiltak. Den faglege verksemda er i hovudsak styrt av det som kjem fram gjennom inspeksjonsverksemda og klagesakene, i tillegg til dei signala Stortinget gir ved behandlinga av årsmeldingane frå utvalet. I tillegg tar utvalet opp saker på bakgrunn av opplysningar som kjem fram i offentlegheita.
Rammene for verksemda er fastsette i lov om kontroll med etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-kontrollova). Ifølge EOS-kontrollova § 7 andre ledd skal den årlege tilsynsverksemda gjennomførast ut frå behov og minst omfatte fleire inspeksjonar årleg av E-tenesta sentralt, NSM, PST sentralt og Forsvarets tryggingsavdeling. I tillegg skal utvalet gjennomføre ein årleg inspeksjon av PST-einingar i minst to politidistrikt og av minst éin av stasjonane til E-tenesta eller etterretnings-/tryggingstenesta ved militære stabar og avdelingar. I tillegg er utvalet pålagt å ha minst éin årleg inspeksjon hos høvesvis Etterretningsbataljonen og Forsvarets spesialstyrkar. Utvalet kan også undersøke politiets bistand til PST, eller andre delar av forvaltninga om det er nødvendig ut frå kontrolloppgåva. Den overordna påtalemyndigheita, dvs. statsadvokatane og Riksadvokaten, er unntatt frå kontrollområdet. Utvalet vil også i 2021 gjennomføre inspeksjonar i samsvar med krava, i tillegg til å behandle innkomne klagesaker og undersøke saker i EOS-tenestene. Utvalet undersøker også saker innanfor kontrollområdet som har vore gjenstand for offentleg kritikk.
Ei ny lov om Etterretningstenesta tredde i kraft 1. januar 2021. Dei etterfølgande kontrolloppgåvene utvalet i dag har med verksemda til E-tenesta, blir vidareført, og den nye lova gir utvalet fleire kontrollpunkt i E-tenesta. I den nye lova om Etterretningstenesta er tenesta gitt heimlar til å bruke ein ny metode kalla «tilrettelagd innhenting av grenseoverskridande elektronisk kommunikasjon» (tilrettelagd innhenting). EOS-utvalet er pålagt å føre løpande kontroll med denne metoden, noko som inneber ein betydeleg auke i omfanget av oppgåvene deira. Kapitla om tilrettelagd innhenting har enno ikkje tredd i kraft, og det er uvisst når det vil skje.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar godtgjersle til medlemmene, lønn til dei tilsette i sekretariatet og utgifter til kjøp av varer og tenester.
Kap. 45 Noregs institusjon for menneskerettar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 26 665 | 26 100 | 26 040 |
Sum kap. 45 | 26 665 | 26 100 | 26 040 |
Hovudoppgåver og organisering
Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) blei oppretta 1. juli 2015 som eit organ som er organisatorisk lagt under Stortinget. Formålet med og oppgåvene til institusjonen følger av lov om Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter av 22. mai 2015 nr. 33 (NIM-lova) og instruks for Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter, som blei vedtatt av Stortinget 30. april 2016. NIM blir leia av eit styre og ein direktør. Styret har det overordna ansvaret for den faglege verksemda, økonomien og drifta. Stortinget vel både styre og direktør. Styret er valt for ein periode på fire år, medan direktøren er vald for ein periode på seks år. Stortinget utnemnde i mars 2019 Adele Matheson Mestad som direktør for perioden 2019–2025. NIM skal bidra til å styrke gjennomføringa av menneskerettane, særleg ved å overvake og rapportere om kva stilling menneskerettane har i Noreg, medrekna å legge fram tilrådingar for å sikre at Noreg oppfyller sine menneskerettslege forpliktingar, gi råd til Stortinget, regjeringa, Sametinget og andre offentlege organ og private aktørar om gjennomføringa av menneskerettane, informere om menneskerettane, mellom anna å rettleie enkeltpersonar om nasjonale og internasjonale klageordningar, fremme opplæring, utdanning og forsking på menneskerettane, legge til rette for samarbeid med relevante offentlege organ og andre aktørar som arbeider med menneskerettane, og delta i internasjonalt samarbeid for å fremme og verne om menneskerettane. NIM skal ikkje prøve enkeltsaker om krenking av menneskerettar. Stortinget føresett at institusjonen skal vere samlokalisert med og administrativt knytt til Sivilombodet.
Rapport for 2020
Det følger av § 11 i NIM-lova at NIM årleg skal levere ei årsmelding til Stortinget om verksemda si og om utviklinga av menneskerettssituasjonen i Noreg. Årsmeldinga, Dokument 6 (2020–2021), blei overlevert Stortinget 9. april 2021. Årsmeldinga dekker eit breitt spekter av område, men er på ingen måte uttømmande. I meldinga gir NIM tilrådingar på område der dei meiner norsk lovgiving eller praksis bryt med menneskerettane, område der det er rom for forbetring, eller område der det er særlege utfordringar som myndigheitene bør vere merksame på.
Mål og budsjett for 2022
NIM har eit særs breitt mandat, da menneskerettane har betydning for nær sagt alle rettsområde. Institusjonen bygger arbeidet sitt på 27 ulike rettsområde. Desse områda dannar grunnlag både for den systematiske overvakinga av menneskerettssituasjonen og for den interne arbeidsdelinga i den juridiske analyseavdelinga. Det breie mandatet gir NIM eit unikt høve til å følge det store biletet og skape dialog med dei ulike menneskerettsaktørane. NIMs visjon er eit sterkt og heilskapleg menneskerettsvern for alle. Det betyr at NIM må jobbe breitt innanfor ei heil rekke felt og ha tilsvarande brei kunnskap i organisasjonen. I NIMs strategi for 2019–2022 er det sett overordna mål om å vere ein sterk fagleg rådgivar, brubyggar, vaktbikkje og formidlar. Breidda i mandatet krev ei tydeleg prioritering av arbeidsinnsatsen. I 2020 blei NIM evaluert. Evalueringa var i det store og heile svært positiv, men peikte også på enkelte forbetringspunkt. I 2022 vil NIM arbeide for å følge opp nokre av tilrådingane innanfor den økonomiske ramma som er gitt.
Institusjonen vil framleis arbeide internt for å ha ei tydeleg leiing og sikre at arbeidsprosessane er effektive og gode. I 2022 skal NIM
bidra til at staten gjer best moglege menneskerettslege vurderingar
førebygge og hindre menneskerettsbrot
vidareutvikle undervisningsopplegg om menneskerettane
bidra til å styrke arbeidet med menneskerettsansvar i kommunane
bidra til informasjonsflyt og samarbeid på menneskerettsfeltet, både i sivilsamfunnet og mellom sivilsamfunnet og myndigheitene
delta aktivt i internasjonalt samarbeid og bidra til å styrke dei nasjonale institusjonane i land der menneskerettane er under press
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønnsutgifter og utgifter til kjøp av varer og tenester.
Kap. 51 Riksrevisjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 528 930 | 552 491 | 563 977 |
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk | 27 000 | 27 900 | 28 600 |
Sum kap. 51 | 555 930 | 580 391 | 592 577 |
Hovudoppgåver og organisering
Riksrevisjonen blir leia av eit kollegium som består av fem riksrevisorar som er valde av Stortinget for ein periode på fire år. Riksrevisjonens formål, oppgåver og rammevilkår følger av lov om Riksrevisjonen av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om Riksrevisjonens virksomhet av 11. mars 2004. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir innbetalte som føresett, og at midlane og verdiane til staten blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, jf. riksrevisjonslova § 1.
Riksrevisjonen utfører årleg pålagde, faste revisjonsoppgåver som finansiell revisjon og selskapskontroll, i tillegg til revisjonsoppgåver Riksrevisjonen sjølv bestemmer ut frå ei vurdering av risiko og kva dei ser på som vesentleg. I valet av oppgåver blir det lagt vekt på aktualitet og relevans både for Stortinget og for allmenta.
Riksrevisjonen kan også etter avtale påta seg revisjons-, kontroll- og bistandsoppdrag internasjonalt. Stortinget kan pålegge Riksrevisjonen å sette i gang særlege undersøkingar. Oppgåvene er nærmare utdjupa i instruks om Riksrevisjonens virksomhet. Riksrevisjonen er organisert i sju avdelingar: tre rekneskapsrevisjonsavdelingar, to forvaltningsrevisjonsavdelingar, éi avdeling for metodestøtte og utvikling og éi administrasjonsavdeling. I tillegg er det ein stabsseksjon og ein internasjonal seksjon som er direkte underlagde revisjonsråden.
Rapport 2020
Riksrevisjonens visjon for planperioden 2018–2024 er: Revisjon til nytte for morgondagens samfunn. Det er definert tre hovudmål:
Riksrevisjonen skal vere samfunnets fremste leverandør av aktuell og relevant offentleg revisjon.
Riksrevisjonen skal gjennomføre revisjon og kontroll av høg kvalitet.
Riksrevisjonen skal vere ein effektiv organisasjon.
2020 har vore eit krevjande år prega av koronapandemien, og medarbeidarane har i hovudsak jobba frå heimekontor. Det blei tidleg investert i tilrettelegging for heimekontor, og oppgåvene er løyste digitalt med effektive løysingar for kommunikasjon. I prioritering av oppgåver blei omsynet til medarbeidarar og eit forsvarleg arbeidsmiljø balansert mot produksjon. Omsynet til forvaltninga vog også tungt. I nokre tilfelle blei aktivitetar utsette, mellom anna som følge av reiserestriksjonane. Fristen for å legge fram revisjonsmeldingar for 2019 blei utsett, og overlevering av fleire planlagde undersøkingar blei utsett til 2021. I tillegg blei nokre interne aktivitetar og utviklingsprosjekt forseinka som følge av pandemien.
Dokument 1, der statsrekneskapen og totalt 230 verksemdsrekneskapar for 2019 er reviderte, blei overlevert Stortinget 3. november. Den årlege selskapskontrollen blei også gjennomført. Vidare blei elleve forvaltningsrevisjonar og sju etterlevingsrevisjonar rapporterte til Stortinget i 2020. I tillegg til å sjå tydelege gevinstar frå tidlegare arbeid med modernisering, effektivisering og digitalisering av verksemda blei nye steg tatt i 2020. Desse grepa gjorde Riksrevisjonen i stand til raskt å kunne omstille seg da pandemien inntrefte. Digital kommunikasjon saman med investering i tilrettelegging for heimekontor legg eit godt grunnlag for arbeidskvardagen etter pandemien.
Internasjonale aktivitetar og samarbeid er gjennomført i 2020 trass i utfordrande arbeidsforhold under koronapandemien. Møte og samarbeidsaktivitetar har stort sett gått føre seg på digitale plattformer, og nye digitale verktøy for samhandling og læring er tatt i bruk. Riksrevisjonen har rapportert nærmare 8,3 millionar kroner til OECD-DAC i 2020, mot 15 millionar kroner i 2019. Årsaka er redusert aktivitet som følge av pandemien. At det ikkje har vore mogleg å reise, har gjort det svært vanskeleg å komme i gang med nye samarbeidsprosjekt på bistandsområdet, noko som var planlagt i 2020.
Ei detaljert orientering om verksemda i 2020 blei lagd fram for Stortinget i Dokument 2 (2020–2021).
Mål og budsjett for 2022
Riksrevisjonen utfører arbeidet sitt i tråd med den overordna visjonen og dei overordna målsettingane i den gjeldande strategiplanen.
Pandemien har vist kor raskt eit samfunn kan endre seg, og kor raskt verksemder må, og kan, omstille seg. Riksrevisjonen har over tid jobba systematisk med omstilling og effektivisering, og 2020 viste gode resultat av innsatsen. Dette arbeidet held fram, og det vil vere høg takt i utviklingsaktiviteten også i 2022.
I lys av eit aukande trusselbilete knytt til informasjonssikkerheit og med nye kommunikasjons- og samhandlingsløysingar på plass blir arbeidet med IT-sikkerheit viktig. Ein ny strategi for framtidig bruk av skytenester til behandling og lagring av data skal utarbeidast og implementerast. Vidare vil etablering av sikre soner i bygget for å behandle gradert informasjon i tråd med føresegnene i sikkerheitslova sluttførast.
Også arbeidet med digitalisering held fram. Riksrevisjonens rapportar og dokument skal bli meir lesarvennlege, med eit innhald som er tilpassa lesing på digitale flater og med auka bruk av visuelle/grafiske element. Vidare vil arbeidet med effektivisering av produksjonsprosessen for det årlege Dokument 1 og betre kommunikasjon av revisjonsresultata vidareførast og forbetrast. Allereie i 2021 vil «nye Dokument 1» bli presentert.
Riksrevisjonen ønsker å ta med seg erfaringane frå unntaksåret 2020 med heimekontor, reise-restriksjonar og digital oppgåveløysing og utforske moglegheitene dette gir for framtidas arbeidsplass. Heile organisasjonen vil bli involvert, med oppstart i 2021 og sluttføring i 2022.
Utviklingssamarbeidet med riksrevisjonar i andre land vil halde fram på nokolunde same nivå som planlagt i 2020, og Riksrevisjonen vil framleis samarbeide tett med IDI (INTOSAI Development Initiative). Riksrevisjonen har i fleire år hatt eit betydeleg samarbeid med riksrevisjonen i Myanmar. Etter kuppet i februar 2021 er denne bistanden frosen, på same måte som anna stat-til-stat-samarbeid Noreg har hatt med landet. Det blir no arbeidd med å etablere nye bistandspartnarar, og det er forventa auka innsats hos desse i 2022.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønnsutgifter og utgifter til Riksrevisjonens kjøp av varer og tenester.
Post 75 Internasjonale organisasjonar og nettverk
Budsjettposten gjeld tilskot til drifta av INTOSAI Development Initiative (IDI), eit utviklingsorgan for riksrevisjonar i utviklingsland. Eit mål med IDIs arbeid er å styrke offentleg revisjon i utviklingsland og gjennom det bidra til godt styresett, utvikling og fattigdomsnedkjemping. IDI er organisert som ein stiftelse med eit styre og eit sekretariat. Styret i stiftelsen er leia av riksrevisor.
IDIs utviklingsprogram er finansiert av fleire land og organisasjonar: Canada, Estland, EU, Frankrike, INTOSAI, Irland, Island, Storbritannia, Sveits, Sverige, Tyskland, USA, Austerrike, Noreg og riksrevisjonane i Kuwait, Qatar og Saudi Arabia. Fleire riksrevisjonar gir også støtte til IDIs arbeid i form av ressursar og tenester. Tilskotet frå Riksrevisjonen finansierer drifta av IDIs sekretariat i tråd med intensjonen i Innst. S. nr 8 (1998–1999).
Kap. 3051 Riksrevisjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Refusjon innland | 2 034 | 2 000 | 2 000 |
02 | Refusjon utland | 1 038 | 300 | 300 |
Sum kap. 3051 | 3 072 | 2 300 | 2 300 |
Riksrevisjonen vil motta refusjonar i samband med leigeavtalen som er inngått med IDI-sekretariatet og internasjonale revisjonsoppdrag.
Programområde 23 Finansadministrasjon
Programkategori 23.10 Finansadministrasjon
Utgifter under programkategori 23.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1600 | Finansdepartementet | 50 493 324 | 542 981 | 531 921 | -2,0 |
1602 | Finanstilsynet | 452 580 | 445 178 | 475 860 | 6,9 |
1605 | Direktoratet for forvaltning og økonomistyring | 806 685 | 866 800 | 932 857 | 7,6 |
Sum kategori 23.10 | 51 752 589 | 1 854 959 | 1 940 638 | 4,6 |
Kap. 1600 Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 403 480 | 417 686 | 416 321 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 76 744 | 111 795 | 101 700 |
70 | Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden | 13 100 | 13 500 | 13 900 |
95 | Kapitalinnskot, Statens obligasjonsfond, kan overførast | 50 000 000 | ||
Sum kap. 1600 | 50 493 324 | 542 981 | 531 921 |
Hovudoppgåver
Arbeidsoppgåvene til Finansdepartementet kan delast inn i fem hovudområde:
Samordning av den økonomiske politikken, som omfattar
overvaking og analyse av den økonomiske utviklinga
finanspolitikk
pengepolitikk
inntekts- og fordelingspolitikk
strukturpolitikk, mellom anna verkemåten til arbeidsmarknaden og produktmarknadene
samordning av regjeringa sitt arbeid med berekraftig utvikling
internasjonalt økonomisk samarbeid
offisiell statistikk, irekna overordna styring av Statistisk sentralbyrå
Arbeidet med formues- og gjeldsforvalting, som omfattar
investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg, irekna rammeverk for ansvarleg forvalting
oppfølging av forvaltinga av rammeverket for Statens pensjonsfond
statleg gjeldsforvalting
Arbeidet med statsbudsjettet, som omfattar
avgjersler om utgifter og inntekter på statsbudsjettet under dei einskilde fagdepartementa
tiltak som legg til rette for effektivitet og god offentleg ressursbruk
utgreiing av økonomiske og administrative verknader av offentlege tiltak
forvalting av prosjektmodellen til staten med kvalitetssikring av større statlege investeringsprosjekt, forvalting og utvikling av regelverket for økonomistyring i statsforvaltinga, tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i verksemdene og overordna styring av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
saker frå fagdepartementa med økonomiske og administrative følgjer
Arbeidet på skatte- og avgiftsområdet, som omfattar
skatte- og avgiftsframlegg som ledd i den samla finanspolitikken
utvikling av regelverk for skattar, avgifter og toll
fordelingsverknadene av skatte- og avgiftssystema og verknader på inntektene til det offentlege og ressursutnyttinga i økonomien
overordna styring av Skatteetaten og Tolletaten
internasjonalt samarbeid på skatte-, avgifts- og tollområdet
Arbeidet med finansmarknadsspørsmål, som omfattar overordna styring av Finanstilsynet og utforming av regelverk for og overvaking av
finansføretaka (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)
verdipapirmarknaden og infrastrukturføretaka for verdipapirmarknaden (autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister m.m.)
eigedomsmeklarar, rekneskapsførarar og revisorar
struktur- og konkurransepolitikk for finansmarknaden
finansiell stabilitet
Rapport
Økonomisk politikk og forvalting av statsgjelda
Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa er ei av hovudoppgåvene til Finansdepartementet, jf. nasjonalbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett. Sjå nærare i Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 for ein nærare omtale av stoda i landets økonomi og utsiktene framover. Departementet si vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvt går fram av den årlege finansmarknadsmeldinga.
For 2022 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2021–2022) Statsbudsjettet for budsjettåret 2022 (Gul bok), medan Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 inneheld ein generell omtale av gjeldsforvaltinga.
Finansdepartementet overførte i 2015 alle operative oppgåver på statsgjeldområdet til Noregs Bank. Banken utfører oppgåvene etter eit mandat frå Finansdepartementet. Mandatet gjev banken i oppdrag å dekkje statens lånebehov slik dette er definert av departementet, samt forvalte uteståande statsgjeld.
Formuesforvalting
Departementet rapporterte om forvaltinga av Statens pensjonsfond i 2020 i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021.
Meldinga drøfta mellom anna fleire sider ved strategien for Statens pensjonsfond og gjorde greie for resultata i forvaltinga og arbeidet med ansvarleg forvalting. For Statens pensjonsfond utland vart det i meldinga mellom anna lagt opp til å endre referanseindeksen for investeringar i aksjar. Departementet gjorde òg greie for oppfølginga av forslaga frå utvalet som så på dei etiske retningslinene for SPU. For Statens pensjonsfond Noreg (SPN) vart det vurdert kva ein skal gjere med aksjeporteføljen si storleik på Oslo Børs. Meldinga inneheld òg analysar av resultata i forvaltinga av SPU og SPN i 2020 og ein brei omtale av arbeidet med ansvarleg forvalting.
Sjå elles omtale i del I, pkt. 2.2 Statens pensjonsfond.
Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten
Finansdepartementet forvaltar ordninga med ekstern kvalitetssikring av statlege investeringsprosjekt med anslått kostnadsramme over ein fastsett terskelverdi. Ordninga skal bidra til betre avgjerdsgrunnlag før vedtak i store investeringsprosjekt vert fatta.
Finansdepartementet samla krav som gjeld utgreiing, planlegging og kvalitetssikring av store investeringsprosjekt i eit eige rundskriv, R-108/19, som trådde i kraft 21. september 2019. Det er fastsett ein terskelverdi på 300 mill. kroner for digitaliseringsprosjekt og 1 mrd. kroner for prosjekt elles. Kvalitetssikringa skal utførast av særleg kvalifiserte private verksemder som etter konkurranse har fått ein rammeavtale med Finansdepartementet. I september 2019 inngjekk Finansdepartementet avtale med sju ulike føretakskonstellasjonar. Rammeavtalen gjeld i 2 år med opsjon på forlenging i 2 år. Finansdepartementet har nytta opsjonen til å forlenge rammeavtalen fram til september 2023. I løpet av dei to fyrste avtaleåra er det gjennomført 18 eksterne kvalitetssikringar (KS1) av utgreiingar av konseptval. Det er òg gjort 21 eksterne kvalitetssikringar (KS2) av kostnadsestimat og styringsunderlag for planlagde investeringsprosjekt før desse er lagde fram for Stortinget. Finansdepartementet arbeidar vidare med fagleg utvikling av metodikk for utgreiing og god prosjektstyring i staten som ein del av ordninga.
Finansdepartementet har sidan 2002 finansiert eit eige tverrfagleg forskingsprogram – Concept-programmet. Dette skal utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Målet er å sikre gode konseptval, ressursutnytting og effekt av investeringane. Programmet skal vektleggje tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. Programmet er organisatorisk forankra ved NTNU, og tilhøvet mellom institusjonen og Finansdepartementet er formalisert i ein samarbeidsavtale.
Etter kvart som tidlegare kvalitetssikra prosjekt vert fullførte, samlar Concept røynsledata som kan samanliknast på tvers av prosjekt og sektorar for å gje kunnskap og råd til dei som skal ta avgjerder og stå for kvalitetssikring av statens investeringsprosjekt. Concept-programmet har utvikla evalueringsformatet og prøvd det ut slik at ein kan evaluere verknadene etter kvart som prosjekta vert ferdigstilte og har vore i drift ei stund. I 2020 vart det levert 2 evalueringar av ferdigstilte prosjekt og igangsett fire nye evalueringar. Programmet driv i tillegg metodeutvikling, følgjeforskning og formidling av kompetanse til statleg sektor. Forskingsresultata og publikasjonane til Concept-programmet er fritt tilgjengelege frå nettsidene til programmet.
Finansdepartementet har sidan 2016 gjort djupare analyse av utvalde område for effektivisering og betre målretting av ressursbruken over statsbudsjettet (områdegjennomgangar). Målet med arbeidet er å identifisere og leggje til rette for budsjettinnsparingar, moglegheit for betre måloppnåing med uendra ressursbruk eller å finne nye måtar å løyse oppgåver på som kan gje redusert kostnadsvekst på sikt. I 2020 er det gjort slike analysar av legemiddel under folketrygda, styring av politi- og lensmannsetaten og utanrikstenesta. I 2021 pågår det analysar om utanrikstenesta, bustadsløysingar og helse- og omsorgstenester for eldre og kartlegging av IKT og arkiv- og dokumentasjonsfunksjonen i staten. DFØ evaluerte i 2020 arbeidet med områdegjennomgangar, og som oppfølging av det pågår det mellom anna arbeid med metodeutvikling og å leggje til rette for betre produksjon og bruk av data i fleire delar av forvaltninga.
Skatte- og avgiftsområdet
Digital økonomi og skatt
Skattlegging av fleirnasjonale selskap reiser problemstillingar som omfattar mange land og krev internasjonale løysingar. Gjennom OECD/G20 sitt BEPS-prosjekt (Base Erosion and Profit Shifting Project) er det oppnådd semje om ei rekkje tiltak mot flytting av overskot og utholing av skattegrunnlag. Den digitale økonomien forsterkar utfordringane med skattlegging av fleirnasjonale selskap, samstundes som nye problemstillingar oppstår. Inclusive Framework (IF) er eit samarbeidsorgan med 139 medlemsland som vert oppretta for å følgje opp BEPS-prosjektet. IF leier det internasjonale arbeidet med globale løysingar for meir effektiv og rettferdig skattlegging av den digitale økonomien. 1. juli 2021 vart 130 land og jurisdiksjonar samde om hovudelementa i ein internasjonal reform for skattlegging av multinasjonale selskap. IF arbeider videre med dei detaljerte løysingane og ein plan for gjennomføring av endringane. Noreg deltek i Inclusive Framework og i fleire arbeidsgrupper som greier ut ulike sider av forslaga.
Verdsetjing av fritidseigedom
Til 2010-budsjettet vart det utvikla eit nytt verdsetjingssystem for bustader i formuesskatten. Dette omfatta ikkje fritidseigedom. I samband med behandlinga av Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt – En skattereform for omstilling og vekst, fatta Stortinget 31. mai 2016 vedtak 738 nr. 15 som del av forliket om skattereform:
«Regjeringen bes gjennomgå og forbedre systemet for verdivurdering av fritidseiendom.»
Ein mogleg ny verdsetjingsmodell bygd på maskinlæring vart ferdigutvikla hausten 2020 av ein ekstern leverandør (PwC) i samarbeid med Statistisk sentralbyrå. I september 2021 er forslag til nytt verdsetjingssystem sendt på høyring frå Finansdepartementet. Nytt verdsetjingssystem vil krevje administrative tilpassingar i Kartverket, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Det nye verdsetjingssystemet kan tidlegast gjelde frå 2024.
Ny ordning for tilsetteopsjonar i selskap i oppstarts- og vekstfasa
Finansdepartementet sende i juni 2021 på høyring eit forslag om ny ordning for tilsetteopsjonar i selskap i oppstarts- og vekstfasa. Eit lovforslag er lagt fram i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022, kapittel 4.
Endring i reglane om konsernbidrag – frådrag for konsernbidrag til dotterselskap i utlandet
Finansdepartementet legg i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022, kapittel 6 fram forslag til endring i reglane om konsernbidrag. Forslaget skal sikre at reglane er i tråd med EØS-avtalens reglar om fri etableringsrett.
Forslag til ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift
Finansdepartementet sende i mai 2019 på høyring forslag til ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift. Dei to nye lovene skal kome i staden for tollova. Det overordna målet for lovarbeidet har vært eit oppdatert lovverk som passar betre til Tolletatens oppgåver. Departementet har etter høyringa arbeidd vidare med forslag til dei nye lovene, og proposisjon med lovforslag vart lagt fram for Stortinget 17. september 2021.
Samordning av reglane for innkrevjing av offentlege krav
Finansdepartementet har i samarbeid med Skatteetaten sett i gang eit arbeid med å samordne og modernisere reglane for Skatteetatens innkrevjingsoppgåver (skattebetalingslova, SI-lova og bidragsinnkrevingslova). Prosjektet vil i hovudsak samordne dei tre lovene som i dag gjeld for Skatteetatens innkrevingsoppgåver. Føremålet er eit moderne og meir brukarvennleg regelverk som legg til rette for å gjere Skatteetatens innkrevjingsoppgåver meir effektive.
Finansmarknadsområdet
Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet har i stortingssesjonen 2020–2021 resultert i desse lovendringane og lovframlegga:
Stortinget vedtok 8. april 2021, etter framlegg i Prop. 57 LS (2020–2021), Lov om endringer i finansforetaksloven mv. (verdipapirisering og kreditorhierarki).
Stortinget vedtok 30. april 2021, etter framlegg i Prop. 66 LS (2020–2021), Lov om endringer i verdipapirhandelloven og regnskapsloven mv. (periodisk rapportering og direktivgjennomføring).
Stortinget vedtok 14. juni 2021, etter framlegg i Prop. 147 LS (2020–2021), Lov om endringer i finansforetaksloven mv. (kapitalkravs- og krisehåndteringsregler for finansforetak mv.).
Stortinget vedtok 14. juni 2021, etter framlegg i Prop. 155 LS (2020–2021), Lov om endringer i verdipapirfondloven mv. (gjennomføring av EØS-rett, administrative sanksjoner og andre forvaltningstiltak).
Stortinget vedtok 14. juni 2021, etter framlegg i Prop. 188 L (2020–2021), Midlertidig lov om utsettelse av fristene for å fastsette årsregnskap mv. og avholde ordinær generalforsamling mv. for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid 19.
Finansdepartementet la 4. juni 2021 fram Prop. 208 LS (2020–2021) Lov om offentliggjøring av bærekraftsinformasjon i finanssektoren og et rammeverk for bærekraftige investeringer og samtykke til deltagelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) 2019/2088 og forordning (EU) 2020/852 .Finansdepartementet la 18. juni 2021 fram Prop. 223 L (2020–2021) Endringer i pensjonslovgivningen mv. (pensjon fra første krone og dag, garanterte pensjonsprodukter).
Finansdepartementet la 3. september 2021 fram Prop. 235 LS (2020–2021) Endringer i verdipapirhandelloven (EU-gjenopprettingsprospekt mv.) og samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse av forordning (EU) 2021/337 om EU-gjenopprettingsprospekt i EØS-avtalen.
Finansdepartementet la 3. september 2021 fram Prop. 233 LS (2020–2021) Lov om forsikringsformidling (forsikringsformidlingsloven) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 214/2018 av 26. oktober 2018 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2016/97 og direktiv (EU) 2018/411.
Budsjett 2022
I kap. 2 i del I av denne proposisjonen er det omtalt nokre viktige oppgåver for Finansdepartementet i 2022. Dessutan går det fram av rapportdelen ovanfor at fleire av dei sakene som er omtalte der, krev oppfølging i seinare år.
Formuesforvalting
Departementet sitt arbeid med Statens pensjonsfond går mellom anna ut på å utvikle den langsiktige investeringsstrategien til fondet og fastsetje og følgje opp retningsliner for forvaltinga, irekna fondet si rolle som ansvarleg investor. I tillegg til eigne ressursar nyttar departementet eksterne fagmiljø i inn- og utland.
Arbeidet med å utvikle investeringsstrategien for fondet i 2022 tek utgangspunkt i dei måla som er skildra i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021. Sjå nærare omtale i del I, pkt. 2.2 Statens pensjonsfond, i proposisjonen her og i Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022.
Skatte- og avgiftsområdet
Digital økonomi og skatt
Arbeidet med globale løysingar for meir effektiv og rettferdig skattlegging av fleirnasjonale selskap held fram i 2022. Sjå nærare omtale av saka under rapport for 2020. Noreg deltek i Inclusive Framework og i fleire arbeidsgrupper som greier ut ulike sider av forslaga til løysingar.
Verdsetjing av fritidseigedom
Arbeidet med eit nytt verdsetjingssystem for fritidseigedom held fram i 2021 og 2022. Sjå nærare omtale av saka under rapport for 2020. Før eit nytt system eventuelt vert teke i bruk, vil departementet i samråd med Statistisk sentralbyrå vurdere resultatet av arbeidet nærare. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Samordning av reglane for innkrevjing av offentlege krav
Arbeidet med å samordne og modernisere reglane for Skatteetatens innkrevjingsoppgåver held fram i 2022. Sjå òg omtale av saka under rapport for 2021. Finansdepartementet tek sikte på å sende eit framlegg på høyring i 2023. Prosjektet er ein naudsynt føresetnad for modernisering av heile innkrevjingsområdet gjennom programmet Framtidas innkrevjing. Programmet er ei tverrsektoriell satsing som skal starte i 2022. Programmet vil leggje til rette for å samordne og modernisere IT-systemporteføljen, prosessane og regelverket på innkrevjingsområdet. Programmet er leia av Skatteetaten. I tillegg skal Skatteetaten samarbeide med politiet, Nav, Lånekassa og Brønnøysundregistrane om å utvikle samanhengande tenester.
Finansmarknadsområdet
I 2022 vil m.a. desse lovsakene og utgreiingane krevje særleg innsats på finansmarknadsområdet:
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av den såkalla PRIIPS-forordninga. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av venta EØS-reglar som svarer til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 1286/2014 om nøkkelinformasjonsdokument om samansette og forsikringsbaserte investeringsprodukt (PRIIPS-forordninga). PRIIPS-forordninga vart innlemma i EØS-avtala ved EØS-komiteens avgjerd 30. april 2020. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av regelverk om kapitaldekning for verdipapirforetak. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av forordning (EU) 2019/2033 om krav til verdipapirforetak og direktiv (EU) 2019/2034 om tilsyn med verdipapirforetak. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av den såkalla SMB-forordninga. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av venta EØS-reglar som svarer til forordning (EU) 2019/2115 om fremjinga av SMB-vekstmarknader. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har på høyring eit høyringsnotat utarbeidd av Finanstilsynet med utkast til gjennomføring av rettsakter som svarer til forordning (EU) 2019/1156 og direktiv (EU) 2019/1160 om grensekryssande distribusjon og marknadsføring av fond. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av regelverk om sentrale motpartar. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett som svarer til EØS-reglane i forordning (EU) 2019/2099 og venta EØS-reglar som svarer til forordning (EU) 1095/2010. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2016: 2 frå Verdipapirlovutvalget, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov av endringar i rapporteringsdirektivet (direktiv 2004/109/EF). Finansdepartementet vil følgje opp uteståande delar av forslaget i lys av høyringsfråsegnene.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2019: 1 Overtakelsestilbud – frivillig og pliktig tilbud frå Verdipapirlovutvalget. Utgreiinga inneheld forslag til revisjon av føresegna om overtakingstilbod i verdipapirhandelloven kapittel 6 med tilhøyrande forskrifter. Finansdepartementet vil vurdere forslaga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2018: 9 frå Revisor- og regnskapsførerlovutvalget, med utkast til ny lov om rekneskapsførarar. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av det såkalla IORP II-direktivet. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av venta EØS-reglar som svarer til direktiv (EU) 2016/2341 om verksemda til og tilsynet med tenestepensjonsføretak (IORP II). Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat med utkast til føresegner om gjennomfører dei offentlegrettslege delane av direktivet om bustadlån (direktiv 2014/17/EU) i norsk lov og forskrift. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Regjeringa sette 11. oktober 2019 ned eit offentleg utval som skal evaluere eigedomsmeklingslova og føreslå ei framtidsretta regulering (eigedomsmeklingsutvalet). Utvalet leverte si innstilling, NOU 2021: 7 Trygg og enkel eiendomsmegling – Evaluering av eiendomsmeglingsloven og forslag til en fremtidsrettet regulering 4. juni 2021. Utgreiinga har vore på høyring, og Finansdepartementet vil vurdere forslaga frå utvalet.
Med frist 1. oktober 2021 har Finansdepartementet på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om gjennomføring i norsk lov og forskrift av direktiv 2021/338. Direktivet er ein del av EUs Capital Market Recovery Package og gjer endringar i mellom anna direktiv 2014/65/EU (MiFID II). Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett av venta EØS-reglar som svarer til direktivet. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget i lys av høyringsfråsegnene.
Finansdepartementet har hatt på høyring NOU 2021: 1 frå Verdipapirlovutvalget, med utkast til endringar i føresegna i verdipapirhandelloven om tilsynsmyndigheit, sanksjonskompetanse og klageordning. Utvalet foreslår mellom anna at marknadsoperatørane ikkje lenger skal utføre myndigheitsoppgåver. Finansdepartementet vil vurdere forslaga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.
Finansdepartementet har hatt på høyring høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om endringar av kvitvaskingslova. Desse endringane gjeld foreldingsfristen for å vedta lovbrotsgebyr samt utviding av verkeområdet til lova til å gjelde samvirkeføretak Finansdepartementet vil vurdere å følgje opp forslaga i lys av høyringsfråsegna.
Finansdepartementet vil utgreie og høyre naudsynte endringar i kvitvaskingslova om forskjellige forhandlarar av kunstgjenstandar, til gjennomføring av EUs femte kvitvaskingsdirektiv.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til reglar for obligasjonar med førerett (OMF) som svarar til covered bonds-direktivet (EU) 2019/2162 og forordning (EU) 2019/2150 om endringar i kapitalkravsforordningen (CRR). Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet vil vurdere om det bør gjerast ytterlegare endringar i regelverket for såkalla garanterte pensjonsprodukt (ytingsbaserte tenestepensjonsordningar og fripolisar), mellom anna for å leggje til rette for betre konkurranse i marknaden for kommunale tenestepensjonsordningar.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat med utkast til einskilde endringar i lovreglane om eigen pensjonskonto. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegner om lovbrotsgebyr og leiingskarantene, mellom anna i finansføretakslova. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit høyringsnotat, utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til gjennomføring av regelverk om sentrale motpartar. Utkastet skal sikre gjennomføring i norsk rett som svarer til EØS-reglane i forordning (EU) 2019/834 (EMIR-Refit) og venta EØS-reglar som svarer til forordning (EU) 2019/2022 (EMIR 2.2). Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.
Verdipapirlovutvalet skal på oppdrag frå Finansdepartementet utgreie norsk gjennomføring av nye EU-regler om finansiell folkefinansiering. Forslaga frå utvalet vil verte sende på høyring, og Finansdepartementet vil vurdere forslaga frå utvalet i lys av høyringsfråsegnene.
Rettsakter frå EU
Arbeidet med å utvikle det norske regelverket for finansmarknadsområdet hengjer nært saman med arbeidet med å tilpasse og ta inn nye EU-rettsakter i EØS-avtalen. Finansdepartementet vil prioritere dette innlemmingsarbeidet i 2022 òg.
I tråd med den internasjonale utviklinga mot styrka regulering av og tilsyn med finansmarknadene har EU utarbeidd særs mykje regelverk for
finansføretak (bankar og andre kredittinstitusjonar, forsikringsføretak, m.m.),
verdipapirføretak, verdipapirfond, infrastrukturføretak for verdipapirmarknaden m.m.,
rekneskap, rekneskapsførarar og revisorar, og
tiltak mot kvitvasking og finansiering av terror.
Dette er dels direktiv, med krav til utforminga av regelverket i dei einskilde medlemslanda, og dels forordningar, som gjeld direkte i heile EU. Det aller meste av regelverket i EU på desse områda er EØS-relevant og skal difor takast inn i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett. Direktiv som er teke inn i EØS-avtalen, skal gjennomførast med eigen norsk regeltekst i lov eller forskrift. Forordningar skal gjennomførast ved tilvising, enten i lov eller forskrift, til EUs regeltekst, slik denne er tilpassa i EØS-avtalen.
Dei tre EØS/EFTA-landa Liechtenstein, Island og Noreg klarlegg seg imellom kva ein treng av tilpassing til EU-rettsaktene og diskuterer dette med representantar for EU. Når partane er einige, kan rettsaktene takast inn i EØS-avtalen ved vedtak i EØS-komiteen.
Vedtaka i EØS-komiteen trer normalt i kraft med ein gong, med mindre EU-rettsakta enno ikkje er i kraft. Dersom det krevst stortingsvedtak, til dømes ny lovgjeving, er det vanleg å ta såkalla konstitusjonelt atterhald, slik at vedtaket i EØS-komiteen ikkje trer i kraft før det er gjeve melding om at konstitusjonelle krav er oppfylte. I slike tilfelle vert det normalt gjort framlegg om at Stortinget gjev samtykkje til innlemming, enten i særskild proposisjon eller saman med eit lovforslag.
EØS-arbeidet på finansmarknadsområdet er òg drøfta i kap. 3 i Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022.
Arbeidet med statsbudsjett og økonomistyring i staten
Finansdepartementet vil vidareføre finansieringa av forskingsprogrammet Concept ved NTNU for å utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Hovudlinene i Concept-programmet vert vidareførte i 2022. Programmet skal evaluere store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen og vektleggje forsking på tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. I tillegg driv programmet med metodeutvikling, følgjeforsking og kompetansebygging. Forskinga skal vere fritt tilgjengeleg for alle som søkjer kunnskap om prosjektstyring i staten.
Samfunnstryggleik og beredskap
Finansdepartementet har det overordna ansvaret for tryggleiken i den kritiske samfunnsfunksjonen Finansiell stabilitet. Departementet har òg ansvar for viktige samfunnsfunksjonar som system for å handtere statens inntekter (proveny), Folkeregisteret og Tolletatens kontroll med den grensekryssande vareførsla.
På Finansdepartementets ansvarsområde skal det arbeidast systematisk med samfunnstryggleik. Beredskapen for å kunne handtere ekstraordinære hendingar skal vere god. Departementet og dei underliggjande etatane har beredskapsplanverk for å kunne handtere uynskte hendingar, og desse vert jamleg oppdaterte. Finansdepartementet samarbeider òg mellom anna med Nasjonalt tryggingsorgan og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Beredskapen i departementet og sektoren vart satt på prøve under koronapandemien, men viste seg å vere tilfredsstillande. Sjølv om pandemien kravde store ressursar, vart samfunnskritiske funksjonar og oppgåver ivaretekne på ein god måte.
Departementet deltek òg jamleg i store, nasjonale øvingar innan sikkerheit og beredskap. Til dømes deltok departementet i 2020 på den nasjonale øvinga Digital 2020, der finanssektoren var i fokus.
Ei sentral utfordring i finanssektoren er å halde betalingsformidlinga og andre deler av den finansielle infrastrukturen ved lag slik at samfunnet får dekt behovet for mellom anna betalingstenester. Finansielle tenester er utpeika som ein av 14 samfunnskritiske funksjonar i Noreg, og Finansdepartementet utarbeidde i 2018 ei særleg tilstandsvurdering av denne funksjonen, sjå kapittel 8 i departementet sin budsjettproposisjon for 2019.
Finansdepartementet arbeider òg med beredskapen for Statens pensjonsfond utland.
Kontroll av vareførselen over grensa har mellom anna som føremål å motverke ulovleg inn- og utførsel av farlege og ulovlege varer. Tolletaten byggjer i stor grad kontrollen på risikoanalysar og etterretning, og etaten vil i 2022 arbeide vidare med å gjere val av kontrollobjekt meir effektivt. I denne samanhengen starta etaten i 2019 ei satsing (Treff-satsinga) som mellom anna inneber å utvikle ny digitalisert systemstøtte for oppgåver i alle ledd av kontrollprosessane til etaten, jf. eigen omtale under kap. 1610 Tolletaten.
Fleire etatar under Finansdepartementet forvaltar omfattande produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder. Informasjonstryggleik er ein viktig del av Finansdepartementets styringsdialog med underlagde etatar.
Særleg om arbeidet med ny lov om nasjonal sikkerheit
Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å gjennomføre føresegnene i lova. Føremålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene skal tryggjast ved at kvart departement identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF-ar) innanfor sitt ansvarsområde, slik at verksemder av avgjerande betyding for GNF-ar kan underleggjast sikkerheitslova, og ein kan setje i verk naudsynte sikringstiltak for dei skjermingsverdige verdiane i verksemdene. For å vareta føremålet med lova, vil GNF-arbeidet i departementa vere ein kontinuerleg prosess. Arbeidet kan gje endringar i dei identifiserte GNF-ane og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (til dømes andre verksemder). Kva som krevst for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg verte endra undervegs.
Finansdepartementet har identifisert følgjande GNF-ar i sin sektor:
Evne til å finansiere offentleg verksemd
GNF-en omfattar både rolla til departementet i å sikre inntekter til staten og i å tryggje statlege utbetalingar.
Tryggje samfunnet si evne til å formidle finansielle tenester
GNF-en omfattar rolla departementet har ved å leggje til rette for eit stabilt og velfungerande finanssystem.
Finansdepartementets verksemd, handlefridom og evne til å gjere vedtak
GNF-en omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.
I tråd med føresegna i sikkerheitslova, har Finansdepartementet innmeldt desse GNF-ane til Nasjonalt tryggingsorgan.
Statlege verksemder som Finansdepartementets underliggjande etatar og Noregs Bank er allereie underlagt sikkerheitslova. Finansdepartementet har i 2020–2021 arbeidd med å identifisere andre verksemder med vesentleg eller avgjerande viktigheit for GNF-ane, samt med å førebu vedtak om å underleggje desse lova der det er naudsynt. Arbeidet vil halde fram i 2022. For verksemder som vert underlagde lova, vil departementet i samråd med verksemda òg vurdere om verksemda eig eller forvaltar skjermingsverdige verdiar. Utpeiking av eventuelle skjermingsverdige verdiar vil gjerast av departementet i samråd med verksemdene. Departementet vil så setje fristar for gjennomføring av sikringstiltak.
Finansdepartementet har i 2020–2021 gjort vedtak om endringar for allereie utpeika skjermingsverdige verdiar og meldt dette til Nasjonalt tryggingsorgan.
Post 01 Driftsutgifter
Driftsløyvinga dekkjer lønsutgifter og andre utgifter til drift av departementet. For 2020 vart talet på årsverk rekna til 291. Lønsrelaterte utgifter utgjer nær 80 pst. av løyvinga. Av andre driftsutgifter utgjer lokalleige den største einskildposten. For 2022 foreslår departementet ei løyving på 416,3 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Posten omfattar hovudsakleg utgifter til forskingsoppdrag, utgreiingsarbeid og ein del særlege innkjøp.
Forskingsmidlane vert m.a. brukte til program om skatteøkonomi i regi av Noregs forskingsråd. Vidare er det frå 2021, i kjølvatnet av virusutbrotet, sett i verk eit program som over tre til fire år ser nærare på den økonomiske behandlinga av krisa som følgje av utbrotet, der det òg vert samanlikna med tidlegare kriser som finanskrisa og oljeprisfallet i 2014–2015. Til dette programmet er det sett av 15 mill. kroner for 2022. Når det gjeld løyvingar i Noregs forskingsråd og tiltak for å redusere løyvingane, vises det til omtale i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.
Kostnader som er knytte til Concept-programmet, eit forskingsarbeid for å utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt, vert belasta kap. 1600, post 21. Hovudlinene i Concept-programmet vert vidareførte. Programmet skal evaluere store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen og vektleggje forsking på tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken.
Tidlegare vart utgifter til kjøp av tenester frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for å halde ved like det økonomiske modellapparatet finansiert her. Frå 2022 vert dette modellarbeidet i sin heilskap finansiert over grunnløyvinga til SSB på kap. 1620.
Midlane på posten vert òg brukte til ei rekkje særskilte utgreiingsoppgåver. Det kan vere kostnader til utgreiingsutval som regjeringa har sette ned på departementet sitt ansvarsområde, eller kjøp av eksterne konsulenttenester, m.a. i samband med departementet si oppfølging av Statens pensjonsfond. Etikkrådet er administrativt ein del av Finansdepartementet. Det gjev råd til Noregs Bank om utelukking og observasjon av verksemder.
Departementet held fram med å gjere djupare analyse av utvalde område for å skape effektivisering og betre budsjettmessig handlingsrom. I 2021 pågår det analysar om utanrikstenesta, bustadsløysingar og helse- og omsorgstenester for eldre og kartlegging av IKT og arkiv- og dokumentasjonsfunksjonen i staten. For å styrkje merksemda og kompetansen om offentleg ressursbruk har regjeringa starta med å utvikle DFØ til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk. Departementet tek sikte på å nyttiggjere seg av DFØ i arbeidet med områdegjennomgangar og andre analysar av offentleg ressursbruk i 2022 og framover.
For 2022 foreslår departementet ei løyving på 101,7 mill. kroner.
Post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden
Føremålet med Finansmarknadsfondet er å medverke til auka kunnskap om og forståing for verkemåten til finansmarknadene, gjennom forsking og allmennopplysning. Fondet vart skipa i 2002 med ei avsetjing etter omdanning og sal av Oslo Børs og Verdipapirsentralen. Fondet vart erstatta med vanlege utgiftsløyvingar over statsbudsjettet i 2013, sjå Prop. 1 S (2012–2013) Finansdepartementet. Løyvingsmodellen skal halde dei reelle tildelingane om lag like store som dei var med fondet. For 2021 vart det løyvd 13,5 mill. kroner, og for 2022 foreslår Finansdepartementet ei løyving til Finansmarknadsfondet på 13,9 mill. kroner. Kostnader til administrative tenester er budsjetterte under Forskingsrådets budsjettkapittel, kap. 285, post 55. Forskingsrådet tek hand om tildelingane og rekneskapsførselen på vegne av Finansdepartementet.
Finansmarknadsfondet kan òg dele ut gåvemidlar. Finansdepartementet opplyste i juni 2021 om dette i eit svarbrev til DNB Bank ASA som ynskjer å donere eit restbeløp på 13 mill. kroner av ein erstatningssum etter eit gruppesøksmål til Finansmarknadsfondet. Finansmarknadsfondet skal forvalte midlar mottekne som gåve saman med og på same måte som midlar løyvde over statsbudsjettet.
Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilføringar i statsrekneskapar frå tidlegare år
Frå tid til anna oppstår det differansar i rekneskapen hos rekneskapsførarane i staten. Nokre av differansane vert ikkje oppklåra endå det er gjort mykje for å finna ut kva dei kjem av. Det hender òg at beløp vert tilviste og posterte feil i statsrekneskapen, og at feilen fyrst vert funnen etter at årsrekneskapen er avslutta.
På grunn av eittårsprinsippet vil retting av slike feil, med motsett postering i rekneskapen for eit seinare år, medføre at den rekneskapen òg vert galen. Slik Finansdepartementet ser det, er det mest korrekt at uoppklåra differansar og andre feil vert retta opp i statsrekneskapen med posteringar over kontoen for forskuvingar i balansen. Då vil desse posteringane ikkje påverke løyvingsrekneskapen det året rettinga vert gjord. Rettinga må skje etter ei posteringsoppmoding frå vedkomande departement og i) etter at ein har gjort det ein kan for å oppklåre differansen og ii) berre når feilposteringa ikkje kan rettast på nokon annan måte.
Det må hentast heimel frå Stortinget i kvar sak før posteringsoppmoding kan sendast til Finansdepartementet. For mindre beløp bør Finansdepartementet ha fullmakt.
Stortinget vedtok ved behandling av Innst. S. nr. 252 (1997–98), jf. St.prp. nr. 65 (1997–98), å gje Finansdepartementet ei fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 1998. Denne fullmakta er teken opp att i budsjettdokumenta kvart år sidan. Departementet gjer framlegg om same fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 2022, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.
Fullmakt til postering mot mellomværet med statskassen
I Gul bok 2020 orienterte Finansdepartementet om endringar i føresegnene om økonomistyring i staten med verknad frå 2020, mellom anna om mellomværet med statskassa, jf. òg rundskriv R-101 frå Finansdepartementet. Mellomværet syner om ei statleg verksemd eller rekneskapsførande statleg ordning har pengar til gode frå statskassa eller skyldar pengar til ho. Verksemder med mellomvære vil ha eit unntak frå kontantprinsippet. På denne bakgrunn fekk departementet i saldert budsjett 2021 to fullmakter som heimlar slike unntak for Skatteetaten. Ved budsjettrevisjonen våren 2021 vart ein av fullmaktene endra noko. Samstundes vart det gjeve ei ny fullmakt til Skatteetaten til føring mot mellomværet av midlar som etaten har kravd inn på vegner av andre og fram til han sender midlane vidare til aktuell aktør. Departementet gjer framlegg om dei same tre fullmaktene for 2022, jf. framlegg til romartallsvedtak X.
Kap. 4600 Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
02 | Ymse refusjonar | 1 292 | 400 | 200 |
Sum kap. 4600 | 1 292 | 400 | 200 |
Post 02 Ymse refusjonar
Posten omfattar refusjonar frå andre offentlege verksemder som Finansdepartementet samarbeider med. Sidan det er uvisst kor store refusjonane vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvingane under kap. 1600, post 01 Driftsutgifter og post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4600, post 02 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Kap. 1602 Finanstilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 425 344 | 425 378 | 440 560 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 27 236 | 19 800 | 35 300 |
Sum kap. 1602 | 452 580 | 445 178 | 475 860 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Samfunnsoppdraget til Finanstilsynet er å bidra til finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Dette er naudsynte vilkår for tillit til det finansielle systemet, ei stabil økonomisk utvikling og vern av forbrukarar og andre brukarar av finansielle tenester. Hovudmålet i Finanstilsynets strategi for perioden 2019–2022 er det same som samfunnsoppdraget.
Finanstilsynet skal sjå til at føretaka under tilsyn etterlever lover og reglar. I dette arbeidet nyttar tilsynet ei rekkje verkemiddel, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Verkemidla er tilsyn, overvaking og kontroll, forvaltning, regelverksutvikling samt informasjon og kommunikasjon. Finanstilsynet har tilsyn med mellom anna bankar, finansieringsføretak, kredittføretak, betalingsføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, forsikringsformidlarar, verdipapirføretak, fondsforvaltarar, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar. I tillegg har tilsynet kontroll med prospekt og finansiell rapportering frå noterte føretak og følgjer opp åtferda i verdipapirmarknaden.
Finanstilsynets styre har eit overordna ansvar for verksemda. Styret har fem medlemar og er supplert med to representantar frå dei tilsette ved behandling av administrative saker. Medlemane og varamedlemane vert peikte ut av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Direktøren for Finanstilsynet har ansvaret for den daglege leiinga av Finanstilsynet og vert oppnemnd av Kongen for eit åremål på seks år.
Finanstilsynet hadde ei bemanning tilsvarande 292 utførte årsverk i 2020.
Resultat i 2020
Nedanfor følgjer ein nærare omtale av arbeidet i Finanstilsynet i 2020. Sjå òg nærare omtale av tilsynet sine aktivitetar i Meld. St. 22 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2021.
Solide og likvide finansføretak
Finanstilsynet vurderer laupande soliditeten, risikoen og risikohandteringa i finansføretaka. Soliditeten i føretaka er følgt opp gjennom ein kombinasjon av stadlege tilsyn, pilar 2-vurderingar (krav til kapital ut over minstekrava for finansføretak), dokumentbasert tilsyn, makroøkonomisk overvaking og stresstestar. Utviklinga i norsk og internasjonal økonomi vert følgt laupande, og det er utarbeidd analysar og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet. Med bakgrunn i den store uvissa under koronapandemien oppmoda dei felles europeiske tilsynsmyndigheitene alle føretak om å avstå frå utbyteutdeling, tilbakekjøp av eigne aksjar og anna utdeling av eigenkapital, uavhengig av den finansielle stillinga til det enkelte føretaket. Finanstilsynet følgde opp dette i eigne oppmodingar til føretaka og i råd til Finansdepartementet.
Pandemien har medført enkelte tilpassingar på det regulatoriske området og behov for forsterka rapportering på ulike risikoområde. Dei finans- og pengepolitiske tiltaka har bidrege til å avgrense den negative verknaden pandemien har hatt på norsk økonomi i 2020, og dermed utlånstapa for bankane. Etter Finanstilsynets vurdering er det framleis stor uvisse om utviklinga i realøkonomien og finansmarknadene, og dermed tapsrisikoen.
På grunn av pandemien vart det gjennomført færre tilsyn enn planlagt i 2020, og dei fleste stadlege tilsyna vart gjennomførte digitalt. Finanstilsynet gjekk gjennom og vurderte modellane i fire bankar, som har eigne modellar for å berekne kapitalkrav (IRB). Tilsynet har i 2020 gjennomført 17 soliditets- og likviditetsvurderingar (SREP) og fatta pilar 2-vedtak, der ti av vedtaka vart gjorde på bakgrunn av førebels SREP-vurdering i 2019.
I 2020 leidde Finanstilsynet, på oppdrag frå Finansdepartementet, ei arbeidsgruppe som skulle foreslå norsk gjennomføring av endringar i EU si såkalla bankpakke (gjennomføring av BRRD2, CRR2 og CRD5).
I 2020 var også oppfølginga av berekraft og klimarisiko inkludert i tilsynsverksemda på relevante område.
Robust infrastruktur
Robust finansiell infrastruktur er ein avgjerande føresetnad for sikre system for betalingar, handel, prissetting og oppgjer i finansmarknaden. Låg risiko for systemsvikt og god beredskap for raskt å rette opp svikt er difor avgjerande. Gjennom konsesjonskrav og tilsyn med mellom anna finansføretak, betalingsføretak og infrastrukturføretak bidreg Finanstilsynet til at føretaka har tilfredsstillande styring og kontroll av IKT-risiko og annan operasjonell risiko.
Under koronapandemien har Finanstilsynet hatt meir merksemd på infrastrukturen i marknaden og på den auka risikoen pandemien har ført til for både infrastrukturen og føretaka i finansmarknaden. Overvaking av potensielle truslar mot IT-systema til verksemder har vore ei prioritert oppgåve, og det har vore laupande samarbeid med ulike styresmakter i Noreg for å ta vare på tryggleiken i den finansielle infrastrukturen. Det vart rapportert fleire IKT-hendingar i 2020 enn i 2019, men det vart ikkje observert spesielle avvik i betalingssystemdrifta som følgje av krisa. Finanstilsynet gjennomførte i 2020 regelmessige møte med Nordic Financial CERT (NFCERT) om trusselbiletet og samhandling i samband med at Finanstilsynet har rolla som sektorvist responsmiljø (SRM). Det vart òg gjennomført ei mindre øving knytt til samhandlinga med NFCERT. Finanstilsynet og Noregs Bank starta i 2020 eit samarbeid om å etablere eit rammeverk for sikkerheitstesting for finansnæringa i Noreg. Rammeverket er basert på det europeiske TIBER-rammeverket («Threat Intelligence-based Ethical Red Teaming»).
Tilsynet har òg gjennom tilsyn, overvaking og kontroll følgt opp den operasjonelle risikoen i betalingssystema, oppgjerssystema og IKT-systema til føretaka innanfor alle tilsynsområda. Tilsynet registrerte 211 IKT-hendingar i 2020. Tilsynet har òg hatt beredskap for å handtere digital sårbarheit og sikkerheitshendingar, og dessutan følgt utviklinga av digital kriminalitet.
Finanstilsynet har i 2020 òg følgt utviklinga av ny finansiell teknologi (fintech) i finansmarknaden, gitt rettleiing til nye teknologibaserte aktørar i finansmarknadene og fullført arbeidet med dei to prosjekta som vart tekne inn i fyrste pulje i den regulatoriske sandkassa for fintech-verksemder.
Vern av investorar
Påliteleg og tilstrekkeleg informasjon er naudsynt for å sikre at verdipapirmarknadene kan bidra til god allokering og prising av kapital. Finanstilsynet bidreg til at laupande og periodisk informasjon frå noterte føretak er rettvisande og rettidig, og at prospekt er i tråd med krav i verdipapirhandellova. Finanstilsynets tilsyn med revisorar for børsnoterte føretak, bidreg til at årsrekneskap held god kvalitet. Gjennom tilsyn med verdipapirføretak og effektiv og rask handheving av åtferdsreglane i verdipapirmarknaden, bidreg Finanstilsynet til marknadsdisiplin og til å ivareta interessene til investorar og noterte føretak.
På grunn av koronapandemien har Finanstilsynet gjennomført færre tilsyn enn planlagt i 2020, òg innanfor dette delmålet. Finanstilsynet har over tid observert gjentakande feil og manglande transaksjonsrapportering frå nokre verdipapirføretak. Tilsynet vil følgje opp dette overfor både norske og utanlandske verdipapirføretak for å auke kvaliteten på rapporteringa.
Trass i dei ekstraordinære oppgåvene i samband med pandemien i 2020 har Finanstilsynet gjennomført tilsyn med verdipapirmarknaden og informasjonstiltak for betre investorvern.
Finanstilsynet har i 2020 mellom anna følgt opp at aktørane i verdipapirmarknaden, medrekna børsnoterte føretak, oppfyller rapporteringskrava og at informasjonen er tilstrekkeleg og påliteleg. Etter tilsyn med rekneskapsførarselskap og rekneskapsførarar har 450 av dei sletta eige autorisasjon, i samband med tilsynet. Fleire rekneskapsførarar fekk trekte tilbake autorisasjonen fordi etterutdanningskrava ikkje var oppfylte.
Finanstilsynet utvikla i 2020 eit prospektregister som vil gje innsparingar i rapporteringa av godkjende prospekt til ESMA (Det europeiske verdipapir- og marknadstilsynet) og ved mottak av grensekryssande prospekt frå dei andre prospektmyndigheitene i EØS.
Forbrukarvern
Godt forbrukarvern er viktig for den einskilde forbrukar og for tilliten til aktørane i finansmarknaden. Tenestetilbydarane skal ta vare på interessene til kundane og ta omsyn til at kundane skal kunne forstå eigenskapane til produkta. Finanstilsynet følgjer opp forbrukarvernet gjennom tilsyn med at føretaka tilbyr og formidlar lån, forsikrings- og pensjonsprodukt, fondsprodukt og andre finansielle instrument og dessutan eigedom på ein forsvarleg måte. Tilsynet med inkassoføretaka styrkjer òg forbrukarvernet.
Finanstilsynet følgde verdipapirfondmarknaden tett etter det kraftige børsfallet i mars 2020, med dagleg kontakt med bransjeforeiningar, depotmottakarane og dei større aktørane. Beredskapen vart innretta slik at Finanstilsynet raskt kunne handtere ekstraordinære saker, til dømes søknader om suspensjon av verdiberekning og innløysingsretten i verdipapirfond. Det vart gjeve samtykke til suspensjon for ni verdipapirfond. For å overvake likviditetssituasjonen, iverksette Finanstilsynet ekstraordinær rapportering frå dei største forvaltingsselskapa kvar veke fram til midten av 2020.
I 2020 var det tett dialog mellom Finanstilsynet og dei europeiske tilsynsmyndigheitene om situasjonen i den europeiske fondsmarknaden. På grunn av marknadsuroa som følgje av pandemien vart det òg gjennomført ei undersøking knytt til likviditeten i store kreditt- og eigedomsfond. Undersøkinga omfatta forvaltingsselskap og forvaltarar av alternative investeringsfond (AIF) og vart gjennomført som ei felleseuropeisk undersøking i regi av europeiske tilsynsmyndigheiter.
Forbrukarane er avhengige av god informasjon, og Finanstilsynet svarte på mange førespurnader frå forbrukarane i 2020. Koronapandemien medførte at Finanstilsynet i tillegg har fått ein del spørsmål om avtalar mellom kunde og bank, i hovudsak knytte til lånevilkår.
Effektiv krisehandtering
Beredskap for å kunne handtere kritiske situasjonar er viktig for tilliten til det finansielle systemet. Finanstilsynet har beredskap for å behandle kriser i så vel enkeltføretak som marknader, for å redusere risikoen for omfattande og varige skadeverknader for finanssektoren og kundar. Krav til at bankar og verdipapirføretak utarbeider gjenopprettingsplanar og at Finanstilsynet lager krisehandteringsplanar, vil bidra til at kritiske forhold vert behandla tilfredsstillande. Beredskap for å kunne gje rask og relevant informasjon til allmenta, er ein sentral del av kriseberedskapen. Det laupande tilsynsarbeidet gjev Finanstilsynet god kjennskap til verksemda i føretaka og bidreg til effektiv krisehandtering.
Finanstilsynet har utarbeidd 14 krisetiltaksplanar og fastsett minstekrav til summen av ansvarleg kapital og konvertibel gjeld (MREL). I 2020 har Finanstilsynet òg vurdert gjenopprettingsplanane til 34 bankar.
For Finanstilsynet var 2020 prega av forsterka overvaking av finansmarknadene og føretaka som følgje av koronapandemien. Samstundes var Finanstilsynet oppteke av å følgje opp dei faste tilsynsoppgåvene. Pandemien førte til meir uvisse i marknadene, og risikobiletet for føretaka vart raskt endra. Finanstilsynet sette i verk tett oppfølging av føretak under tilsyn og påla ekstraordinær rapportering for å kunne følgje utviklinga nøye. Gjennom året samarbeidde Finanstilsynet tett med dei europeiske finanstilsynsmyndigheitene både om å handtere konsekvensane av pandemien og om å følgje opp den generelle kriseberedskapen i føretaka. Finanstilsynet har samarbeidd med Noregs Bank og har hatt tett kontakt med Finansdepartementet under pandemien.
For å setje bankane betre i stand til å hjelpe sårbare kundar gjennom krisa, vart det bestemt mellombels å auke fleksibilitetskvotene i bustadlånsforskrifta til 20 prosent i andre og tredje kvartal 2020. Bankane si rapportering til Finanstilsynet viste at prosentdelen innvilga lån som gjekk ut over krava i bustadlånsforskrifta, auka i denne perioden.
I 2020 brukte Finanstilsynet ressursar på å delta i planlegginga av den sivile nasjonale øvinga Digital 2020 i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Scenarioet for øvinga var eit digitalt angrep på finanssektoren. På grunn av koronapandemien vart øvinga redusert.
Innsats mot økonomisk kriminalitet
Finanssektoren skal sjølv førebyggje at finansføretak og andre aktørar vert utnytta i kriminelle aktivitetar. Finanstilsynet fører tilsyn med at føretaka etterlever pliktene i regelverket for nedkjemping av kvitvasking og terrorfinansiering. Finanstilsynet fører òg tilsyn med at aktørane i verdipapirmarknaden overheld marknadsreglane mot innsidehandel og marknadsmisbruk. Ulovleg verksemd svekkjer tilliten til finansmarknadene og undergrev verksemda for føretak som driv innanfor regelverket. Tilsynsverksemda bidreg til å førebyggje kriminalitet i føretak under tilsyn. Ved mistanke om alvorleg økonomisk kriminalitet vert forholdet meldt til politiet.
Dei seinare åra er det avdekt vesentlege svakheiter i etterlevinga av kvitvaskingsregelverket i mange store bankar internasjonalt. Finanstilsynet har, til liks med andre europeiske tilsynsmyndigheiter, trappa opp aktiviteten på dette området. I 2020 har Finanstilsynet mellom anna avslutta dokumentbaserte kvitvaskingstilsyn med 110 bankar. I 2020 fekk éin bank lovbrotsgebyr, og éin bank fekk varsel om gebyr. Det har òg vorte gjennomført større kvitvaskingstilsyn hos eigedomsmeklarar, revisorar og rekneskapsførarar som vil kunne ende med fleire lovbrotsgebyr.
Finanstilsynet vurderer på grunnlag av tilsynsobservasjonar at etterlevinga av kvitvaskingsregelverket framleis er mangelfull i mange tilfelle. På fleire tilsynsområde har Finanstilsynet peikt på manglande risikoforståing, for liten kapasitet til å følgje opp risikoar og for dårlege rutinar for å hindre kvitvasking. Finanstilsynet har bidrege til den nye regjeringsstrategien mot kvitvasking og terrorfinansiering.
Samla resultatvurdering
Koronapandemien har prega Finanstilsynets oppgåver og aktivitetsnivå i 2020. Pandemien gav behov for omprioritering av ressursar og medførte lågare aktivitetsnivå på einskilde område. Sett i lys av pandemien og den reduserte tilsynsaktiviteten har Finanstilsynet likevel oppretthaldt eit godt aktivitetsnivå, og departementet meiner resultata for 2020 er tilfredsstillande. Departementet meiner tilsynets krisehandtering har vore god. Det same gjeld tilsynet sin innsats for å følgje opp driftsutfordringar i den finansielle infrastrukturen og soliditetsforhold i bankar og forsikringsføretak. Under pandemien har tilsynet oppretthalde arbeidet med digitalisering. Auka digitalisering av tilsynets prosessar har bidrege til å effektivisere arbeidsprosessar i ei tid då Finanstilsynet må vente stramme budsjett. Departementet meiner det er viktig at Finanstilsynet framleis har merksemd på oppfølging av tilsynet sin digitaliseringsstrategi, og at gevinstrealisering vert lagt vekt på når nye prosessar etter kvart vert automatiserte og digitaliserte gjennom tilsynets digitaliseringssatsing. Sjå og nærare omtale under Mål og prioriteringar i 2022.
Viktige utfordringar
Regelverksutvikling er eit sentralt verkemiddel for Finanstilsynet i innsatsen for å oppfylle samfunnsoppdraget. Det meste av arbeidet med regelverksutvikling vil framleis vere gjeve som oppdrag frå Finansdepartementet, mellom anna i samband med gjennomføring av EØS-reglar. Deltaking i arbeid organisert av dei europeiske tilsynsmyndigheitene EBA, ESMA og EIOPA, utgjer òg ein del av regelverksutviklinga i Finanstilsynet. Sjølv om det er gjennomført omfattande reguleringsreformar i åra etter den internasjonale finanskrisa, må Finanstilsynet gjere rekning med betydeleg arbeid med gjennomføring av EØS-reglar og anna regelverksutvikling framover. Dette har mellom anna samanheng med behovet for å tilpasse reglane til den teknologiske og marknadsmessige utviklinga i Europa og Noreg, og til forandringar i mål og forventningar hos ålmenta om kva for problem finansmarknadsreguleringa skal løyse.
Samstundes som Finanstilsynet må handtere oppgåvene med regelverksutvikling, er det naudsynt å oppretthalde tilstrekkeleg tilsynsaktivitet med høg kvalitet, innanfor rammer i ei stendig utvikling. I tillegg til at EØS-reglene gir meir detaljerte krav til både tilsynsmyndigheitene og føretaka under tilsyn, arbeider dei europeiske tilsynsmyndigheitene for meir harmonisert tilsyn, mellom anna ved å utferde retningsliner som supplerer EØS-reglane. Dette stiller nye krav til korleis Finanstilsynet innrettar tilsynsaktivitetane, inkludert tiltaka og rettleiinga andsynes norske føretak. Dei europeiske tilsynsmyndigheitene arbeider òg for meir felles tilsyn, der tilsynet med føretak og marknader skal gjennomførast etter same metodikk og på same tid. Dette kan vere krevjande for Finanstilsynet og andre nasjonale tilsynsmyndigheiter, sidan omfanget og prioriteringa av arbeidet vert bestemt i fellesskap på europeisk nivå, utan at ein fullt ut kan ta omsyn til nasjonale behov og ressurstilhøva hos dei ulike tilsynsmyndigheitene som tek del i samarbeidet. Tilsynsaktiviteten i Finanstilsynet må elles følgje beste praksis internasjonalt og vere tilpassa trekk og behov i norske marknader.
Samarbeidet i dei europeiske tilsynsmyndigheitene inneber mellom anna nye rapporteringskrav som Finanstilsynet må følgje opp overfor norske føretak. Krava gjer det naudsynt med systemutvikling, slik at tilsynet kan hente inn omfattande data frå norske finansføretak som skal inngå i den overordna overvakinga av finanssektoren i Europa.
Finanstilsynets arbeid med omfattande regelverksutvikling og fleire oppgåver skjerper kravet til effektiv utnytting av tilsynets ressursar og til prioritering av innsatsen på dei ulike tilsynsområda, slik at samla måloppnåing vert høgst mogleg. Sjå òg nærare omtale under Mål og prioriteringar i 2022.
Utviklinga innanfor digitalisering set krav til Finanstilsynet på fleire område. Generelt fører digitalisering til hyppige endringar i prosessar og produkt på finansområdet. Teknologisk innovasjon i prosessar og produkt på finansmarknadsområdet kan reise nye, regulatoriske spørsmål og bidra til økt kompleksitet og risiko for føretaka som Finanstilsynet må følgje opp. Nye digitale tenester og tilbod stiller mellom anna nye krav til forsvarleg forbrukarvern og informasjonssikkerheit. Samstundes som ein må innrette regelverksutviklinga for å kunne dekkje nye teknologiar og marknader, bør ein leggje vekt på at regelverket ikkje utilsikta skal vere til hinder for bruk av ny teknologi og nye forretningsmodellar. Det reviderte betalingstenestedirektivet (PSD 2) inneber til dømes at verdikjeda i betalingssystemet vert endra, og at nye, teknologibaserte tenester vert leverte frå nye aktørar. Det er òg eit trekk at fleire aktivitetar i dei norske og globale marknadene har uklare tilhøve til løyve og finansmarknadsreguleringa generelt, til dømes visse former for folkefinansiering. Dei siste åra har det vore stor aktivitet i marknader for ulike kryptoeigedelar, som nyleg er møtt med omfattande regelverksframlegg i EU.
Dei seinare åra har det vore ein gradvis overgang frå ytingspensjon til innskotspensjon med investeringsval. Dei nye produkta krev fagleg forsvarleg og balansert rådgjeving. Både på forsikringsområdet og verdipapirområdet må Finanstilsynet sjå til at føretaka rettar seg etter god forretningsskikk i sals- og rådgjevingsverksemda. Fondmarknaden må følgjast opp ved at det vert innført fleire nye kategoriar av fond i medhald av nytt EØS-regelverk.
Oppfølging av krisehandteringsreglane som tok til å gjelde i 2019, vil framleis krevje ressursar i Finanstilsynet. Mellom anna må tilsynet følgje opp bankane sine gjenopprettingsplanar, medan tilsynet sjølv skal fastsetje krisetiltaksplanar for kvar bank.
Vidare er Finanstilsynets ansvarsområde utvida fordi verksemd med handel i varederivat har vorte regulert og underlagd tilsyn som følgje av nytt EU-regelverk. Det inneber at Finanstilsynet vil få nye, ikkje-finansielle føretak under tilsyn. Føretak som handlar med råvarer, her òg kraftselskap, er til dømes underlagde den same reguleringa som verdipapirføretak. Vidare må Finanstilsynet følgje opp den nye verdipapirsentrallova og nye reglar om marknadsåtferd.
Klimarisiko har fått monaleg meir merksemd i finansmarknadene dei siste par åra, samstundes som berekraftig finans har vakse fram som ein integrert del av klima- og miljøpolitikken i Europa, med tilhøyrande detaljregulering. EU har ambisiøse mål på dette feltet, og meir regulering er venta i tida framover. For Finanstilsynet er det særleg viktig å følgje opp risikoen i samband med overgangen til eit lågutsleppssamfunn, som vil ha konsekvensar for føretaka under tilsyn.
Mål og prioriteringar i 2022
Finanstilsynets samfunnsoppdrag er utdjupa i seks mål. Det er fastsett følgjande mål for Finanstilsynet for 2022:
Solide og likvide finansføretak
Robust infrastruktur
Vern av investorar
Forbrukarvern
Effektiv krisehandtering
Innsats mot kriminalitet
Styringsparametrar vert fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Finanstilsynet i samband med utforminga av tildelingsbrev til verksemda for 2022. Departementet ventar at resultata i 2022 samla sett skal verte betre enn i 2020. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda. I oppfølginga av etaten tek departementet omsyn til at dette er mål der oppfyllinga vert påverka av mange forhold som Finanstilsynet ikkje direkte kan styre, men der Finanstilsynet kan bidra til at måla vert nådde. Finanstilsynet arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre.
Viktige prioriteringar i 2022 vert:
Makrotilsyn
Finanstilsynet skal leggje vekt på makrotilsyn og utviklinga i makroøkonomiske forhold. Røynsler har vist at risiko i makroøkonomien kan skape finansielle kriser, og makrotilsyn må difor vere ein viktig del av grunnlaget for eit effektivt tilsyn. Makrotilsynet skal vere særleg retta mot den gjensidige påverknaden innanfor det finansielle systemet og mellom det finansielle systemet og realøkonomien. Dette arbeidet har òg stor betydning for Finanstilsynets føresetnader for å gje råd til Finansdepartementet om makroregulering, inkludert reguleringa av utlånspraksis i bankane og krav til soliditet og likviditet.
Arbeid med soliditet og likviditet i finansføretaka
Gjennom stadlege tilsyn og anna laupande tilsynsverksemd, skal Finanstilsynet bidra til at føretaka har god soliditet, er likvide, har robust finansiering, eigna leiing og ei forsvarleg risiko- og verksemdstyring. Finanstilsynet skal òg medverke til dette andsynes dei utanlandske føretaka i Noreg, mellom anna i samarbeidet med andre tilsynsmyndigheiter og i val av tiltak som Finanstilsynet sett i verk eller foreslår av omsyn til risikotilhøva på den norske marknaden. Solide og likvide finansføretak er ein føresetnad for finansiell stabilitet, der norske og utanlandske føretak i Noreg er i stand til å oppfylle sine skyldnader overfor kundane og kan ta hand om sine samfunnsfunksjonar. Klimarisiko skal òg inngå i tilsyn med risiko og risikostyring i føretaka, medan nye reglar om verdipapirisering mellom anna føreset at Finanstilsynet kontrollerer at kredittrisiko vert overført til investorane.
Tilsyn med distribusjon av utlån, pensjons- og fondsprodukt samt andre finansielle instrument
Pensjonsprodukt med investeringsval og sparing i fondsprodukt inneber at kundane sjølv ber avkastningsrisikoen, og gjennom låneopptak pådreg kundane seg gjeld. Gjennom sitt tilsyn skal Finanstilsynet medverke til at føretaka tilbyr og formidlar produkta på ein forsvarleg måte, der dei tek vare på interessa til kundane og tek omsyn til deira føresetnader for å forstå eigenskapane til produkta og konsekvensar av sine avgjerder.
Tilsyn med aktørane i betalings-, handels- og oppgjerssystema og annan finansiell infrastruktur
Alvorleg svikt eller samanbrot i den finansielle infrastrukturen kan ramme finanssektoren og vitale samfunnsfunksjonar hardt. Nye og avanserte digitale løysingar og nye aktørar og leverandørar kan medverke til auka effektivitet, men kan òg auke risikoen i det finansielle systemet. Finanstilsynet skal bidra til at aktørane har tilfredsstillande styring og kontroll av IKT-risiko, cyberrisiko og annan operasjonell risiko.
Tilsyn med etterleving av kvitvaskingsregelverket
Manglande etterleving av kvitvaskingsregelverket aukar risikoen for at føretaka vert brukte til kriminalitet, og det aukar risikoen for omdømetap for føretaka og sviktande tillit til det finansielle systemet. Tilsynsverksemda har avdekt vesentlege svakheiter i etterleving av kvitvaskingsregelverket hos finansføretaka og andre rapporteringspliktige, og arbeidet må framleis ha prioritet.
Tilsyn med verdipapirmarknaden
Finanstilsynet må mellom anna følgje opp utvida rapporterings- og meldeplikter for aktørane etter dei nye reglane om marknadsåtferd, nye tilsynsoppgåver etter den nye lova om verdipapirsentralar og innføring av nye fondstyper. Vidare er det forslag om at dei offentlege oppgåvene som i dag er delegerte til Oslo Børs og som gjeld oppfølging av pliktige tilbod og laupande informasjonsplikt, skal overførast til Finanstilsynet. Departementet behandlar desse forslaga. Dersom oppgåvene vert flytta, må dei integrerast med verksemda elles.
Overvaking av nye teknologiar og marknadar
Teknologiske endringar i korleis finansielle transaksjonar kan gjennomførast og kva for eigedelar som kan omsetjast i digitale marknader, kan skape eit uoversiktleg bilete for myndigheiter og forbrukarar. Mellom anna inneber utviklinga innan tenester og eigedelar basert på desentraliserte løysingar, både moglegheiter og utfordringar av betydelege dimensjonar. Aktivitetar i nye marknader som i avgrensa grad er regulerte, kan påverke stabiliteten i finanssystemet og gjere det meir krevjande å ta i vare eit godt forbrukarvern. Finanstilsynet må følgje med på utviklinga og vurdere kva risiko ho utgjer for den norske finansmarknaden og norske forbrukarar.
Regelverksutvikling
Finanstilsynet må delta i internasjonal regelverksutvikling og løyse oppdrag frå Finansdepartementet. Dette mellom anna for å tilpasse reglane til nye EØS-reglar, den teknologiske og marknadsmessige utviklinga i Europa og Noreg, samt til endringar i mål og forventningar hjå ålmenta om kva for problem finansmarknadsreguleringa skal løyse.
Digitalisering og effektiv tilsynsverksemd
Vidare auke i Finanstilsynets oppgåver skjerpar kravet til effektiv utnytting av ressursane til tilsynet og til prioritering av innsatsen på dei ulike tilsynsområda, slik at samla måloppfylling vert høgast mogleg. Det er viktig at Finanstilsynet følgjer beste praksis for tilsynsarbeid og tek i bruk tilgjengeleg teknologi for å betre verksmeda internt og tenestene mot føretak og tilsynsobjekta. Finanstilsynet må kontinuerleg arbeide med å effektivisere arbeidsprosessar.
Frå 2022 skal Finanstilsynet trappe opp digitaliseringsarbeidet. Satsinga skal rettast mot automatisering av forvaltningsoppgåver, digitalisering av tilsynsprosessar, meir effektiv rapportering og datafangst, betre analyseløysingar og auka deling av data. Tilsynet vil mellom anna ta i bruk kunstig intelligens på innsamla data for å avdekkje mønster og ulovleg aktivitet i verdipapirmarknaden. Det vil òg auke den maskinelle behandlinga og kontrollen med dokument og lydfiler. Arbeidet er planlagt å vare i fem år.
Tiltaka skal medverke til effektivisering, forenkling og betre kvalitet i tilsynsarbeidet. For næringslivet skal satsinga på sikt gje lågare kostnader i form av enklare rapportering, mindre dobbeltrapportering, lettare tilgang til tal og effektiv samhandling med Finanstilsynet. For 2022 er det sett av 21,5 mill. kroner til dette arbeidet. Etter planen skal tiltaka gje gevinstar frå 2023, og som gradvis vil auke i åra etter.
Budsjett for 2022
Departementet foreslår å setje budsjettramma til Finanstilsynet for 2022 til 475,9 mill. kroner. Nominelt er dette 30,7 mill. kroner eller 6,9 pst. høgare enn saldert budsjett 2021. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor, jf. Mål og prioriteringar i 2022.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2022 foreslår departementet ei løyving på 440,6 mill. kroner som er nominelt er 17,2 mill. kroner eller 3,6 pst. høgare enn saldert budsjett 2021. Finanstilsynet må framleis leggje stor vekt på å sikre rasjonell og effektiv drift.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utviklingstiltak for IKT-systema i Finanstilsynet og effektivisering av tilsynsprosessar. Nye krav til tilsyn og tilsynsmetodar stiller omfattande krav til tilpassingar og utvikling av IKT-system som støtte for tilsynsarbeidet. For 2022 gjeld det mellom anna vidare arbeid med å tilfredsstille nye og endra europeiske rapporteringskrav og leggje til rette for naudsynt analyse. Arbeid med å modernisere Finanstilsynets samla IKT-plattform, samt følgje opp tiltaka i digitaliseringsstrategien, vil verte prioritert og ligg til grunn for den klåre auken på denne posten. For 2022 gjer departementet framlegg om å løyve 35,3 mill. kroner, noko som er 15,5 mill. kroner meir enn i saldert budsjett 2021.
Kap. 4602 Finanstilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
03 | Sakshandsamingsgebyr | 11 238 | 12 588 | 12 800 |
86 | Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. | 4 329 | 500 | 500 |
Sum kap. 4602 | 15 567 | 13 088 | 13 300 |
Post 03 Sakshandsamingsgebyr
Posten omfattar hovudsakleg gebyr frå den operative prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir. Vidare inngår gebyr for behandling av søknader om å drive verksemd som betalingsføretak og e-pengeføretak, om inkassoløyve og om løyve til å opptre som opplysningsfullmektig.
Finanstilsynet skal sjå til at gebyra i størst mogleg utstrekning reflekterer dei reelle kostnadene ved saksbehandlinga. Eventuelle avvik mellom dei pålagde gebyra og kostnadene Finanstilsynet har ved prospektkontroll, vert fordelte året etter på dei noterte føretaka, anten som ei tilleggsutlikning eller som ei nedsetjing av utlikninga til andre tilsynsutgifter.
Slike etterutrekningar vert av praktiske årsaker førde på kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet, post 70 Finanstilsynet, tilsynsavgift.
Gebyr ved tildeling av inkassoløyve er fire gonger rettsgebyret. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for inkassoføretaka. Saksbehandlingsgebyr for betalingsføretak og e-pengeføretak, samt opplysningsfullmektig, er fastsett i forskrift til kr 30 000. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for betalingsføretak og e-pengeføretak og opplysningsfullmektig.
Kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
70 | Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane | 450 143 | 452 810 | 485 860 |
Sum kap. 5580 | 450 143 | 452 810 | 485 860 |
Utgiftene til Finanstilsynet vert fullt ut dekte av føretaka som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Finansieringa av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Lovreglane er supplerte med forskrifter. Brukarbetalinga er ein funksjon av budsjetterte tilsynsutgifter same året. I tillegg til utgiftene på kap. 1602 kjem posteringar på kap. 1633 Nettordning, statleg betalt meirverdiavgift, og til frådrag kjem inntektene på kap. 4602 Finanstilsynet, post 03 Sakshandsamingsgebyr. Dessutan kan utlikningsgrunnlaget i 2022 korrigerast med verknader av løyvingsendringar etter saldert budsjett 2021.
Betalinga frå tilsynseiningane i 2022 er budsjettert til 485,9 mill. kroner. I tillegg kjem inntektene frå sakshandsamingsgebyr, jf. omtale ovanfor. Årsaka til at denne posten aukar meir enn kap. 1602, er at styrkinga av digitaliseringsarbeidet fyrste året i det vesentlege vil krevje kjøp av utstyr, programvare og tenester som vi gje større posteringar på kap. 1633.
Kap. 1605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 779 928 | 842 306 | 906 109 |
22 | Opplæringskontoret OK stat | 9 132 | 7 394 | 9 248 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 17 625 | 17 100 | 17 500 |
Sum kap. 1605 | 806 685 | 866 800 | 932 857 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har som samfunnsoppdrag å bidra til effektiv ressursbruk i staten og til at staten når sine mål gjennom god styring, organisering, leiing og gode avgjerdsgrunnlag. DFØ er statens fagorgan for økonomistyring, gode avgjerdsgrunnlag for statlege tiltak, organisering og leiing i staten, og for innkjøp i offentleg sektor, samt ansvarleg for å støtte statlege verksemder i arbeidsgjevarrolla. DFØ er òg leverandør av fellestenester til forvaltninga innanfor løn og rekneskap. DFØ skal sørgje for ei heilskapleg tilnærming og utvikling av områda det har ansvar for.
DFØ leverer fellestenester på løn og rekneskap og forvaltar konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning. DFØ inngår og forvaltar felles innkjøpsavtalar på vegner av statlege verksemder. DFØ forvaltar utgreiingsinstruksen, reglement for økonomistyring og føresegner om økonomistyring (økonomiregelverket for staten). DFØ formidlar kunnskap om korleis statlege verksemder skal etterleve utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket. DFØ gjev faglege råd og rettleiing om mellom anna mål- og resultatstyring, samfunnsøkonomiske analysar, leiing, arbeidsgjevarrolla, tilskot og innkjøp. DFØ utarbeider og tilbyr verktøy for å utvikle statleg styring og leiing. DFØ gjev leiarar og tilsette i statlege verksemder tilbod om kompetanseutvikling på sine fagområde. Innanfor fagområda sine undersøkjer og analyserer DFØ tilstand, utvikling og endringsbehov i norsk forvaltning.
DFØ er lokalisert på fire stader – i Stavanger, Trondheim, Oslo og Harstad – og hadde per 31. desember 2020 ei bemanning tilsvarande 524 årsverk.
Resultat i 2020
Resultata til DFØ i 2020 vert vurderte ut ifrå fem hovudmål samt på fagområdet innkjøp i offentleg sektor, jf. omtale nedanfor.
Hovudmål 1: DFØs kundar har effektiv økonomistyring og kan frigjere ressursar
DFØ leverer løns- og rekneskapstenester internt i staten. Per 31. desember 2020 fekk 89 pst. av statlege verksemder levert lønstenester frå DFØ, medan 78 pst. fekk levert rekneskapstenester. Ved å tilby standardiserte løns- og rekneskapstenester med eit stort volum, oppnår staten stordriftsfordelar.
DFØ deltek i det nordiske Finance Benchmarking-programmet til Ernst & Young AS. I undersøkinga vert DFØ samanlikna med andre offentlege verksemder som tilbyr fellestenester, og med resultat frå internasjonale undersøkingar. Undersøkinga frå 2020 syner at DFØ skåra godt samanlikna med andre og over tid.
Kundemassen til DFØ er jamt aukande. Om lag tre firedelar av kundane synest DFØs tenester gjev god støtte i styringa av verksemda og at DFØs økonomiske data er lett tilgjengelege. Samstundes varierer det i kva grad kundane synast tenestene gjev effektivitet og gevinstar. I 2020 og fram til og med 1. januar 2021 har seks nye verksemder, mellom anna Universitetet i Bergen, vorte kundar av DFØ.
I 2020 gjennomførte DFØ fleire utviklingstiltak for å utnytte teknologi, forenkle tenestene og å gje betre brukarstøtte. Tiltak som både gjev ei effektiv økonomistyring og kan frigjere resursar hos kundane, og samstundes aukar effektiviteten i DFØs eiga drift, vert prioriterte. Det vert òg lagt vekt på løysingar som kan auke kvaliteten på styringsinformasjonen DFØ tilbyr kundane. Vidare legg ein vekt på løysingar som bidreg til betre etterleving av regelverk DFØ forvaltar.
Hovudmål 2: Statlege verksemder bruker avgjerdsgrunnlag av god kvalitet
DFØ har ansvaret for å forvalte føresegnene om økonomistyring i staten og utgreiingsinstruksen. Dette inkluderer mellom anna å svare på spørsmål, levere kompetansetenester og å leggje fram forslag til utvikling og vedlikehald av regelverka. Ein stor del av DFØs kundar og brukarar, om lag 90 prosent, var nøgde med tenestene innanfor økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen.
DFØ har tidlegare undersøkt i kva grad statlege verksemder følgjer utgreiingsinstruksen og har målt endringa frå 2016 til 2019 mellom anna ved ei gjennomgang av offentlege høyringar. Undersøkinga avdekte eit klårt forbetringspotensial med å etterleve instruksen og at kvaliteten på avgjerdsgrunnlag var for låg. Det vil vere trong til å arbeide med å betre kvaliteten i statlege avgjerdsgrunnlag framover.
DFØ har i 2020 arbeidd vidare med å auke merksemda rundt betre, og meir bruk av, økonomisk informasjon som del av statlege avgjerdsgrunnlag, og då spesielt informasjon om kostnader via dei statlege rekneskapsstandardane. DFØ har vore i dialog med andre statlege verksemder for å dele erfaringar på området. DFØ har òg styrkt arbeidet med å bidra til at departementa får betre tilgang på økonomisk informasjon i oppfølginga av underliggande verksemder. Mellom anna har DFØ ei eiga teknisk løysing som tilsette i departementa kan ha nytte av i sitt arbeid med løyvingskontroll og oppfølging av underliggande verksemder. Løysinga legg òg til rette for analysar, prognosar og samanlikningar over tid og på tvers av statlege verksemder.
DFØ har i 2020 utarbeidd eit forslag til oppdaterte rundskriv om statleg økonomistyring. Rundskriva vart hovudsakleg endra som følgje av endringar i føresegnene om økonomistyring i staten hausten 2019. Dei oppdaterte rundskriva gjeld frå 1. januar 2021.
Hovudmål 3: Statleg styring er tilpassa eigenart og retta mot overordna mål og effektiv ressursbruk
Gjennom forvaltninga av føresegnene om økonomistyring og av utgreiingsinstruksen bidreg DFØ til at statleg styring er tilpassa eigenart og er retta mot overordna mål og effektiv ressursbruk. DFØ utviklar rettleiingar, verktøy og metodar, og bidreg i utgreiingsarbeid på området.
DFØs tenestetilbod omfattar mellom anna utgreiingsinstruksen, samfunnsøkonomiske analysar, mål- og resultatstyring, etatsstyring, verksemdstyring, risikostyring, internkontroll, evalueringar og tilskot. Kompetansetenestene på området skal gjere det tydeleg for departementa og statlege verksemder kva krav regelverket set og kva som er god praksis for statleg styring.
DFØs kunde- og brukarundersøking i 2020 syner at 84 pst. av brukarane meiner at DFØ har bidrege til god styringspraksis. Dette er noko fleire enn i 2019. Tilbakemeldingar frå kundar og brukarar tilseier òg at DFØs arenaer for samhandling vert opplevde som nyttige.
Endring i styringspraksis tar tid og vert påverka av mange ulike faktorar som til dømes kompetanse, kultur, eigenart, tradisjon og kontekst. DFØ ser at styring av statlege verksemder har vorte meir innretta mot overordna effektar, og at samanhengen mellom resultat og bruk av ressursar har fått større merksemd over tid. Styringsfaglege spørsmål vert sette på dagsorden, og mange departement og verksemder arbeider aktivt med å vidareutvikle eigen styringspraksis. Dette gjeld både verksemdsstyring, etatsstyring og tilskotsforvalting. Vidare ser DFØ aukande merksemd rundt tverrgåande styringsutfordringar og samordning. Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor peika mellom anna på eit betringspotensial som gjeld at statleg styring skal gje verksemder både handlingsrom og insentiv til å innovere og samarbeide med andre instansar. Alt i alt ser DFØ at det framleis er rom for å forbetre statleg styring.
Hovudmål 4: Offentlegheita har enkel og god tilgang til informasjon om statleg ressursbruk
Gjennom forvalting av statsrekneskapen og produksjon av statistikk og rapportar, bidreg DFØ til å gje offentlegheita informasjon om statleg ressursbruk. DFØs ansvar for forvalting av statsrekneskapen inkluderer mellom anna å levere månadlege løyvings- og kapitalrekneskap til departementa og årleg å setje opp desse to rekneskapane til den årlege stortingsmeldinga om statsrekneskapen.
Portalen statsregnskapet.no som vart lansert i 2017, gjer rekneskapsinformasjon frå statlege verksemder tilgjengeleg og gjer det mogleg å samanlikne på ein enkel måte. Portalen gjev allmenta enklare og betre tilgang til informasjon om statleg ressursbruk. Trafikkmålingar tyder på at interessa for løysinga er noko mindre enn tidlegare, medan brukarane vert lenger varande i portalen for kvart besøk. Godt over halvparten av brukarane, 63 prosent, er i stor grad nøgde med portalen.
DFØs nettsider for rapportar og statistikk vert hyppig brukt og inneheld ei rekkje produkt som får mykje merksemd. Mellom anna publiserer DFØ årleg ein rapport og statistikk om utvikling i talet på tilsette i statsforvaltninga. DFØ arbeider òg med ei løysing som etter kvart skal gje betre oversikt over statlege tilskot til frivillig sektor.
Hovudmål 5: Statlege verksemder er effektivt organisert og leia
DFØ overtok fagområda organisering og leiing i 2020. Ansvaret inneber å gje leiarar og tilsette i statlege verksemder tilbod om kompetanseutvikling på deira fagområde, samt å gje støtte til statlege verksemder i arbeidsgjevarrolla. Innanfor dei nye fagområda undersøkjer og analyserer DFØ tilstand, utvikling og endringsbehov i norsk forvaltning.
I 2020 har DFØ dreidd ein stor del av kompetansetiltaka retta mot leiarar, medarbeidarar og lærlingar, over på digitale løysingar. Omfattande bruk av heimekontor har bidratt til denne utviklinga og gjort at DFØ har nådd ut til fleire brukarar enn tidlegare. Over 70 prosent av DFØs brukarar har nytta eit eller fleire digitale kompetansetiltak i 2020, og brukarane vurderer kompetansetilbodet som både relevant, tilgjengeleg og brukerretta. I 2020 vart det teke opp 18 nye verksemder på verksemdsplattforma. Plattforma gjev brukarane støtte til utvikling, styring og deling av kompetanse mellom statlege verksemder.
DFØ får stadig fleire faglege førespurnader om arbeidsgjevarrolla. Ei undersøking viser at brukarane er meir tilfredse med svara dei fekk i 2020 enn tidlegare. Brukarane er òg godt nøgde med innhaldet på arbeidsgjevarportalen. Resultatet viser at det faglege innhaldet på portalen vert mykje brukt, og DFØ vurderer portalen som eit godt verktøy for arbeidsgjevarar, leiarar og HR-medarbeidarar i staten.
DFØ analyserer og produserer kunnskap om tilstand, utviklingstrekk og behov for endring i offentleg forvaltning. Sentrale tema i 2020 har mellom anna vore statleg styring av kommunane, store reformar, kvalitet på utgreiingar, nye organisasjonsformer, samordning, krisehandtering og innovasjon. DFØ arbeider kontinuerleg med å få betre tilgang til data og statistikk på sine fagområde, mellom anna ved å samarbeide med Statistisk sentralbyrå og Norsk senter for forskningsdata. I tillegg satsar DFØ på å utvikle eit sterkare kvantitativt analysemiljø i verksemda.
Offentlege innkjøp
DFØ overtok fagområdet innkjøp i offentleg sektor i september 2020. DFØ er statens fagorgan på området, eit ansvar som mellom anna inneber å gje råd, rettleiing og formidle kunnskap om innkjøp i offentleg sektor. DFØ arbeider òg for betre regelverksetterleving og effektivisering av offentlege innkjøp. I tillegg til fagansvaret for offentlege innkjøp i stort, overtok DFØ òg Statens innkjøpssenter i 2020 og dessutan ansvaret for å leggje til rette for at staten, gjennom felles innkjøpsavtalar, oppnår effektiviseringsgevinstar.
Området offentlege innkjøp er stort, og nær 600 milliardar kroner vert nytta til innkjøp over offentlege budsjett i 2019. DFØ har i 2020 arbeidd aktivt på fleire område for å bidra til betre forvalting av desse midlane. Meld. St. 22 (2018–2019) Smartere innkjøp – effektive og profesjonelle offentlige anskaffelser, inneheld ei rekkje tiltak som DFØ har arbeidd med i 2020. Døme her er satsingar som marknadsplassen for skytenester som skal gjere det enklare for verksemder å skaffe seg forsvarlege, lovlege og kostnadseffektive skytenester. DFØ arbeidde òg i 2020 med å auke bruken av innkjøp som er eigna til å gje innovasjon, medrekna regjeringa sitt program for innovasjonskjøp frå oppstartsselskap (StartOff). Programmet vart offisielt lansert 1. januar 2021.
Våren 2020 vart det gjennomført ei undersøking av mogenskap i offentlege innkjøp. Undersøkinga viser at mognaden er sterkast innan samarbeid og prosess, medan den er svakast innan digitalisering. DFØ peikar på at spesielt gjenbruk av data trekkjer ned den digitale mognaden i verksemdene. Digitalisering av offentlege innkjøpsprosessar er eit prioritert arbeid i DFØ. Ambisjonen er at offentlege innkjøpsprosessar skal vere heildigitale innan 2024.
DFØ melder om gode tal innan bruk av elektroniske løysingar i offentlege innkjøpsprosessar: Tal for gjennomførte konkurransar, bruk av eBevis, bestillingar, EHF-faktura og betalingstransaksjonar peikar i riktig retning. Med unntak av innkjøpsavtalar for reisebyrå som på grunn av koronapandemien vart mindre brukte enn tidlegare, vart dei statlege fellesavtalene for innkjøp brukte i aukande grad i 2020. Vidare er DFØs røynsle at fleire verksemder stiller krav til miljø i offentlege innkjøp. DFØ erfarer òg stor auke i bruken av rettleiingstenestene innan innkjøp av skytjenester.
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet meiner DFØs resultat i 2020 syner at brukarane og kundane jamt over er tilfredse og at enkeltoppdrag i hovudsak er leverte i tråd med departementet sine forventningar. DFØ har i 2020 vore gjennom ei omorganisering og står midt i ein prosess med opptak av store kundar i universitetssektoren. Ut i frå både hovudmåla som vart sette for etaten, og koronasituasjonen i 2020, vurderer departementet resultata samla sett som gode.
Viktige utfordringar
DFØ vart omorganisert i 2020. Fagområda til avdeling leiing, avdeling for utgreiing og analyse og avdeling for offentlege innkjøp i Digitaliseringsdirektoratet vart flytta til DFØ. Samlinga av fagmiljø gjev DFØ nye moglegheiter i arbeidet med å leggje til rette for effektiv ressursbruk og bidra til ei kunnskapsbasert og utviklingsorientert forvalting. Arbeidet med å tilpasse verksemda til endringane og henta ut synergieffektar på tvers av fagområda, vil vere eit arbeid som må prioriterast i 2022 òg.
På økonomiområdet leverer DFØ fellestenester som gjev synergiar og stordriftsfordelar for staten. For å kunne gjere dette må direktoratet vege omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar, mot behovet for spesialtilpassingar for einskildverksemder eller grupper av verksemder.
Mål og prioriteringar i 2022
Finansdepartementet fastsett desse hovudmåla for DFØ for 2022:
DFØs kundar har effektiv økonomistyring
Offentleg sektor gjer effektive og berekraftige innkjøp
Statsforvaltninga byggjer på kunnskap, er utviklingsorientert og har god styring, organisering og leiing
Offentlegheita kan enkelt ta i bruk informasjon om resultat og bruk av ressursar i forvaltninga
Departementet venter at resultata i 2022 samla sett skal vere minst like gode som i 2020. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda.
DFØ arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet.
Viktige prioriteringar i 2022
Heilskapleg utvikling
Samlinga av fagområda leiing, organisering, arbeidsgjevarstøtte og offentlege innkjøp i DFØ, legg til rette for meir samordna utvikling av desse fagområda framover. Det er viktig at DFØ òg i 2022 har ei heilskapleg tilnærming og ser i kva mon samordninga av fagområda kan gje brukarane betre tenester. Arbeidet med å tilpasse verksemda til endringane og hente ut synergieffektar på tvers av fagområda, vil måtte prioriterast i 2022 òg.
Innføring av sams rekneskapsstandardar i statlege verksemder
Finansdepartementet har fastsett at dei statlege rekneskapsstandardane (SRS) skal vere obligatorisk for alle statlege verksemder, med ein innføringsperiode på fem år frå 1. januar 2022 for dei verksemdene som ikkje nyttar SRS, jf. omtale i Gul bok 2022. SRS vart fastsett som tilrådde standardar i 2010. Om lag 35 prosent av verksemdene fører allereie rekneskapen i tråd med SRS. Sams rekneskapsstandardar vil bidra til å gjere det enklare å analysere og samanlikne ressursbruken i staten. Standardiseringa vil òg forenkle tenester og forvalting i DFØ.
DFØ vil stø verksemder som skal ta i bruk obligatorisk SRS i innføringsperioden, mellom anna med rettleiing og tilpassa kompetansetiltak. DFØ vil i dialog med departementa etablere ein plan for puljevis gjennomføring for verksemder der DFØ er tenesteytar. I samarbeid med dei aktuelle verksemdene vil DFØ òg avklare behandling av pensjonar og stønader i rekneskapen. Vidare vil DFØ utarbeide rettleiing til departementa for bruk av SRS-rekneskap i styringa av verksemdene.
Offentleg ressursbruk
Det er ein ambisjon å utvikle direktoratet til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk. Departementet tek sikte på at DFØ skal hjelpe til i arbeidet med områdegjennomgangar og andre analysar av offentleg ressursbruk i 2022 og framover. Direktoratet skal òg arbeide med å leggje til rette for betre produksjon og bruk av data for effektiv ressursbruk slik at forvaltninga kan forbetre eigen ressursbruk og måloppnåing. Dette arbeidet krev ei heilskapleg tilnærming på tvers av fagområde i direktoratet.
Stabil teneste og drift
DFØ har dei siste åra vore gjennom to store omstillingsprosessar og fekk i 2020 ansvaret for fleire nye fagområde. Samstundes har talet på kundar auka raskt, og direktoratet har tatt opp fleire svært store verksemder som kundar. Universiteta i Trondheim og Tromsø vert etter planen løns- og rekneskapskundar av DFØ frå 2022. Saman med universiteta i Bergen og Oslo som vart kundar i 2021, inneber dette at talet på tilsette hos DFØs kundar aukar frå 93 000 til 116 000. Dette er ein monaleg auke med 25 pst., og universiteta er komplekse kundar. DFØ skal utvikle fleire nye løysingar for både dei store universiteta og andre kundar. Slike nye løysingar gjer DFØ i betre stand til å tilby effektive løns- og rekneskapstenester i staten. Dette inneber òg at direktoratet har behov for å tryggje drifta og tid til å gjennomføre desse krevjande prosessane.
Informasjonstryggleik og behandling av personopplysingar
Direktoratet yter viktige fellestenester til dei fleste verksemdene i staten. I takt med at talet på kundar aukar og at DFØ tilbyr nye løysingar, aukar òg informasjonen DFØ er ansvarleg for. DFØ må arbeide systematisk med å forbetre informasjonstryggleiken. DFØ må syte for å ha rutinar og system som gjer at behandlinga av slike opplysningar er forsvarleg. DFØ skal i 2022 arbeide vidare med å styrkje informasjonstryggleiken på dette området.
Ein innovativ offentleg sektor
DFØ skal følgje opp tiltaka frå Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor – Kultur, ledelse og kompetanse, på sine fagområde. Det gjeld særleg arbeidet med rammevilkår som å utforske nye modellar for styring, organisering og finansiering, samt å utvikle kompetanse og kultur for innovasjon i offentleg sektor. Leiarane i staten vil vere ei særleg prioritert målgruppe. Vidare er det viktig at DFØ arbeider med å vidareutvikle eit godt samarbeid med resten av virkemiddelaktørane for innovasjon i offentleg sektor og tek eit større ansvar for kunnskapsutvikling og deling av innovasjon i staten.
Meir effektive og profesjonelle offentlege innkjøp
For å kunne gjennomføre meir effektive innkjøp, har oppdragsgjevarar behov for god rettleiing om planlegging av innkjøp og oppfølging av kontraktar, irekna avklaring av behov, dialog med marknaden og gevinstrealisering gjennom oppfølginga av kontraktane. Nærings- og fiskeridepartementets og DFØs arbeid med utarbeiding av rettleiingsverksemd er eit kontinuerleg arbeid som regjeringa vil utvikle i ei meir heilskapleg og brukartilpassa retning. I arbeidet skal DFØ vurdere behov for at rettleiinga vert tilpassa særskilde brukargrupper, mellom anna kommunar og fylkeskommunar.
Leiing og arbeidsgjevarrolla
Den statlege arbeidsgjevarstrategien (2020–2023), med temaområda kompetanse, omstilling og endring, og arbeidsgjevarrolla, skal vere førande for DFØs tenester på leiing- og arbeidsgjevarområdet. DFØ skal samordne kompetansetilbodet til heile statsforvaltninga i samsvar med prioritering av tverrgåande og strategiske kompetansebehov for leiarar og medarbeidarar. Støtta til arbeidsgjevarar skal vidareutviklast, òg i tilknyting til lærlingsatsinga og tiltak for mangfald og inkludering.
DFØs støtte til dei statlege arbeidsgjevarane vert foreslått styrkt. Føremålet er at DFØ har spisskompetanse i arbeidsgjevarspørsmål, slik at den enkelte verksemd kan få meir målretta rådgiving. DFØ skal mellom anna vidareutvikle sin juridiske spisskompetanse, knytt til arbeidsgjevarspørsmål. Dette er ei viktig prioritering som Arbeidsgiverrådet i staten òg er oppteke av.
Inkluderingsdugnaden
DFØ skal framleis støtte dei statlege verksemdene i gjennomføringa av regjeringa sin inkluderingsdugnad. DFØ må òg prioritere arbeidet i eiga verksemd med å nå målet om at 5 pst. av nytilsette i direktoratet skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en».
Budsjett for 2022
Departementet gjer framlegg om å setje budsjettramma til DFØ for 2022 til 932,9 mill. kroner. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor, jf. mål og prioriteringar i 2022.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, drift og innkjøp av kontorutstyr og IKT-utstyr med meir. Beløpet omfattar dessutan direkte utgifter til lønskøyring for andre statlege verksemder hos ekstern leverandør, i tillegg til utgifter til vidareutvikling av tenestene. Løyvinga inkluderer òg løyving til drift av OK stat som vert auka med 900 000 kroner.
Til marknadsplassen for skytenester er det sett av vel 20 mill. kroner.
DFØ har inntekter mellom anna frå tenester som direktoratet utfører for andre statlege verksemder. DFØs kundemasse og korleis kvar einskild kunde betalar for tenestene, kan endre seg gjennom året. Sidan det er uvisst kor store inntektene vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Det vert gjort framlegg om å løyve 906,1 mill. kroner under post 01.
Post 22 Opplæringskontoret OK stat
OK stat er eit opplæringskontor for verksemder i staten. OK stat er eit ledd i regjeringa si satsing for fleire lærlingar og eit bidrag til at fleire lærlingar skal fullføre og bestå. Frå hausten 2019 har OK stat som ei forsøksordning gjeve eit tilbod til verksemder i Nord-Noreg. DFØ har gjort ei evaluering av satsinga i Nord-Noreg, og det er vedtatt å gjere ordninga permanent.
Løyvinga på posten omfattar utbetaling av lærlingstilskot til statlege verksemder som bruker OK stat, og som er knytte til OK stat.
Det vert gjort framlegg om å løyve 9,2 mill. kroner under post 22.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar særleg utviklingstiltak for DFØs system og infrastruktur på IKT-området, medrekna naudsynte endringar og vidareutvikling av systemløysingar.
Det vert gjort framlegg om å løyve 17,5 mill. kroner under post 45.
Kap. 4605 Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Økonomitenester | 170 806 | 144 000 | 183 800 |
02 | Opplæringskontoret OK stat | 13 473 | 11 300 | 14 300 |
Sum kap. 4605 | 184 279 | 155 300 | 198 100 |
Post 01 Økonomitenester
Posten omfattar i hovudsak betaling frå kundar når DFØ vidarefakturerer visse utgifter i samband med elektronisk fakturabehandling, lisensar, programvarevedlikehald og teknisk drift av lønssystemet. Posten inneheld òg inntekter som gjeld betaling for løns- og rekneskapstenester frå kundar som har fått unntak frå rammeoverføring som finansieringsform, eller som av andre årsaker ikkje kan overføre løyving til DFØ. I 2022 vert store nettobudsjetterte statlege verksemder kundar av DFØ. Desse vert fakturert for utgifter i samband med kundeopptaket og tenesteleveransane, og denne tilveksten åleine fører til at både utgifts- og inntektsløyvinga aukar med om lag 38 mill. kroner.
Det vert vist til forslag til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Det vert gjort framlegg om å løyve 183,8 mill. kroner under post 01.
Post 02 Opplæringskontoret OK stat
Posten omfattar innbetalingar av lærlingstilskot frå fylkeskommunane.
Det vert vist til forslag til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 22 Opplæringskontoret OK stat, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 02 Opplæringskontoret OK stat, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Det vert gjort framlegg om å løyve 14,3 mill. kroner under post 02.
Programkategori 23.20 Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon
Utgifter under programkategori 23.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1610 | Tolletaten | 1 723 892 | 1 729 475 | 1 794 107 | 3,7 |
1618 | Skatteetaten | 7 214 827 | 7 784 328 | 8 231 132 | 5,7 |
1619 | Skatteklagenemnda | 66 943 | 71 213 | 72 090 | 1,2 |
Sum kategori 23.20 | 9 005 662 | 9 585 016 | 10 097 329 | 5,3 |
Kap. 1610 Tolletaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 1 555 159 | 1 593 275 | 1 627 407 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 168 733 | 136 200 | 166 700 |
Sum kap. 1610 | 1 723 892 | 1 729 475 | 1 794 107 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre at lover og reglar for toll og grensekryssande vareførsel vert etterlevde. Dette inneber at Tolletaten skal forvalte regelverket og medverke til at det vert etterlevd, mellom anna ved å informere og rettleie aktørane. Etaten skal leggje til rette for at varer som vert førte inn i eller ut av landet, som hovudregel vert registrerte og klassifiserte etter tolltariffen, oppgjevne med riktig opphavsland og verdsette med riktig verdi, samt kontrollere at aktørane etterlever regelverket. Varer som er underlagde restriksjonar, skal kontrollerast for gyldige løyve ved inn- og utførsel. Smugling av varer som er ulovlege, ubeskatta eller underlagde restriksjonar, skal motverkast. Samstundes skal Tolletaten leggje til rette for effektiv handel og vareførsel.
Tolletatens verksemd har fleire positive effektar på samfunnsnivå.
Ved å motverke ulovleg inn- og utførsel av varer i strid med forbod eller restriksjonar, bidreg Tolletaten til eit trygt og berekraftig samfunn.
Ved å sikre riktige og fullstendige opplysningar om grensekryssande varer som grunnlag for å fastsetje skattar og avgifter, og ved å fastsetje riktig toll, bidreg Tolletaten til finansiering av offentlege tenester.
Ved å motverke ulovleg vareførsel bidreg Tolletaten til rettferdige konkurransevilkår for lovlydige aktørar.
Ved å samarbeide med internasjonale partnarar og handelsorganisasjonar bidreg Tolletaten til at Noreg oppfyller internasjonale forpliktingar og til utvikling av internasjonalt regelverk og praksis ved vareførsel.
Ved å registrere vareførselen inn og ut av Noreg medverkar Tolletaten til korrekt handelsstatistikk.
Etaten består av eit direktorat med fire fagdivisjonar (divisjonar for administrering, etterretning, IT og juss) og to fagdivisjonar (grensedivisjonen og vareførselsdivisjonen). Alle fagdivisjonane har ansvar og oppgåver for heile landet. Per 31. desember 2020 var etaten lokalisert 34 stader i landet og hadde ei bemanning som svarar til 1 360 utførte årsverk. I tillegg utfører svenske og finske tollstader oppgåver for norske tollmyndigheiter.
Resultat i 2020
Tolletatens resultat vert vurderte ut ifrå tre hovudmål, jf. nedanfor. Etaten innførte i 2019 ny overordna målstruktur med nye hovudmål, styringsparametrar og resultatindikatorar. Delar av resultat frå tidlegare år kan difor ikkje direkte samanliknast med resultata for 2019 og 2020. Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Tolletaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten brukar, og i mindre grad på aktivitetar.
Hovudmål 1: Det er enkelt og effektivt å etterleve lover og reglar for grensekryssande vareførsel
Tolletaten skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer, både for næringslivet og privatpersonar. Aktørane i vareførselen skal få tilbod om enkle løysingar for tollbehandling, slik at varer kan krysse grensa raskt og føreseielegt – samstundes som lover og reglar vert etterlevde.
Etaten har i 2020 gjort brukarundersøkingar, retta mot næringsdrivande og reisande. Ein av to spurde næringsdrivande opplevde regelverket som føremålstenleg og forståeleg. Det var marginalt høgare enn i 2019. Òg for reisande var det om lag halvparten av dei spurde som opplevde regelverket som forståeleg i 2020, noko som var ein oppgang frå 2019. Sjølv om etaten ser ei betring, tyder resultata på at regelverka og prosedyrane til etaten ikkje er godt nok tilpassa ulike brukergrupper. Systematisk arbeid med forenkling og brukardialog er satsningsområde i etaten og er forventa å gje verknad over tid.
Etaten handsamar og kontrollerer straumen av varer over grensa, med tilhøyrande vareinformasjon og inn- og utførselsdeklarasjonar. Talet for deklarasjonar aukar år for år. I 2020 tok Tolletaten imot om lag 8 mill. inn- og utførselsdeklarasjonar, mot 7,7 mill. i 2019. Deklarasjonane er grunnlaget for det meste av statsinntektene som kjem frå innførsel av varer til Noreg. Deklarasjonane vert òg brukte av Statistisk sentralbyrå i statistikken for norsk utanrikshandel, og dei utgjer handsamings- og avgjerdsgrunnlag for andre etatar som Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, og Miljødirektoratet.
Direktefortolling er fortolling av varen ved passering av grensa inn til Noreg, framfor at varene fyrst vert fortolla etter at dei har vore i landet ein periode. Direktefortolling legg til rette for ein betre kontroll av varene som kjem inn i landet, men det krev at Tolletaten er til stades på grensa når transporten passerer denne. Det vart i 2020 arbeidd med å gjere direktefortolling meir automatisert og effektiv enn i dag, sjå nærare omtale av Treff-satsinga. I 2020 utgjorde direktefortollingar 14 pst. av alle fortollingar, det same som i 2019.
Hovudmål 2: Aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve lover og reglar som høg
Kontroll av vareførselen over grensa har òg som føremål å motverke ulovleg inn- og utførsel av varer, mellom anna varer som er farlege og restriksjonslagde. Dette gjer Tolletaten gjennom synleg nærvær som førebyggjer manglande etterleving, og ved å så langt som mogleg identifisere og stoppe dei som ikkje etterlever lover og regelverk for toll og vareførsel.
Tolletaten medverkar til at aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve som høg. Dette skjer mellom anna gjennom etatens bruk av etterretningsinformasjon for målretta kontrollinnsats, synleg og fysisk nærvær på grensa, elektronisk nærvær gjennom utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR), å vere synleg i media og kontroll av dokumentasjon før og etter grensepassering.
Tolletaten byggjer i stor grad kontrollen på risikoanalysar og etterretning for å avdekkje alvorlege lovbrot og fortenestemotivert, ulovleg inn- og utførsel. Kampen mot den organiserte kriminaliteten innan grensekryssande vareførsel har høg prioritet. Beslaga varierer frå år til år, og einskilde beslag kan gjere store utslag på årsresultatet. I 2020 førte koronapandemien til sterk reduksjon i den grensekryssande persontrafikken, noko som resulterte i ein betydeleg nedgang i beslagstala. Kontroll av post-, gods- og kurersendingar vart prioritert i 2020, og i godskontrollen har eit prioritert område vore å avdekkje smittevernutstyr som ikkje held nasjonale standardar, samt falske medisinar.
Tolletaten har sidan 2012 nytta elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR). Systemet syner og registrerer køyretøy som passerer grensa, og det varslar mellom anna når køyretøy mistenkt brukt til smugling, passerer ein grenseovergang. Etaten har fortlaupande bygd ut ordninga og sluttførte i 2020 arbeidet med å etablere ANPR-løysinga ved alle landevegs grenseovergangar og ferjeterminalar med utanlandstrafikk. Røynsla med ANPR er god, og bruk av data frå systemet legg til rette for at etaten i større grad kan målrette kontrollen av vareførselen. Det vart gjort ei undervegsevaluering hausten 2020 som syner at ANPR har vorte eit sentralt verktøy i kontrollarbeidet. I evalueringa, som følgjer opp omtale i Prop. 1 LS (2016–2017), punkt 13.5.5, om ei evaluering av ordninga, er det mellom anna vurdert kva for ein effekt det har å auke eller redusere lagringstida frå seks månader. I følgje rapporten vil kortare lagringstid redusere samfunnsnytta av ANPR-ordninga. Ein auke i lagringstida vil kunne gje auka samfunnsnytte, men då i kombinasjon med ein tilsvarande auke i Tolletatens evne til å gjere seg nytte av ANPR-dataene. Etaten skal innan utgangen av 2022 levere ei fullstendig evaluering av ordninga.
Tolletaten gjorde i 2020 brukarundersøkingar mellom næringsdrivande og reisande for å måle oppfatta risiko for oppdaging. Oppfatta risiko for oppdaging ved feildeklarering er relativt stabil mellom dei næringsdrivande, og brukarundersøkinga frå 2020 syner at 38 pst. opplevde risikoen for oppdaging ved feildeklarering som høg. Brukarundersøkinga mellom reisande syner mellom anna at 63 pst. opplevde at Tolletaten er synleg til stades, mot 57 pst. i 2019. Samstundes oppfatta nesten 50 pst. av dei spurde risikoen for oppdaging ved ulovleg innførsel som høg. Dette er ei betydeleg auke frå 35 pst. i 2019. Det er grunn til å tru at desse endringane kan henge saman med at Tolletaten og andre etatar har hatt meir synleg og uniformert nærvær på grensa under koronapandemien, og at mediedekninga av nærværet har styrkt effekten ytterlegare. Truleg har òg TV-serien «Toll» som inneheld informasjon om korleis etaten arbeider, verka positivt inn på resultatet.
Tabell 6.1 Tolletaten – nøkkeltal frå grensekontrollen
År | 2018 | 2019 | 2020 |
---|---|---|---|
Kontrollerte objekt | 240 670 | 224 531 | 137 384 |
Tal på beslag | 37 811 | 36 669 | 19 316 |
Tal på treff i kontroll av reisande | 16 114 | 16 006 | 6 382 |
Tal på treff i kontroll av gods og kurér | 594 | 631 | 622 |
Tal på treff i kontroll av transportmiddel | 7 100 | 7 541 | 3 951 |
Tal på treff i kontroll av post | 12 086 | 9 193 | 12 158 |
Tal på lovbrot melde til politiet1 | 7 051 | 6 214 | 4 754 |
Tal på avdekte, alvorlege lovbrot | 609 | 637 | 406 |
1 Lovbrot melde til politiet, vert vurdert som alvorleg dersom det overstig ein fast definert terskelverdi for mengde varer.
Det samla talet på kontrollar og talet på beslag var vesentleg lågare i 2020 enn i 2019 og 2018, noko som må sjåast i samanheng med reduksjonen i grensekryssande trafikk under koronapandemien. Talet på treff er òg lågare enn i 2019, utanom tal på treff i kontroll av post som hadde ein auke i 2020. Oppgangen har samanheng med auka netthandel under pandemien.
Tabell 6.2 Tolletaten – grensekontroll – beslagsstatistikk
År | 2018 | 2019 | 2020 |
---|---|---|---|
Tal på narkotikabeslag | 4 222 | 3 736 | 2 897 |
Dopingmiddel (einingar) | 155 000 | 106 943 | 80 762 |
Farmasøytiske preparat (einingar) | 183 396 | 972 720 | 49 242 |
Brennevin1 (i liter) | 50 899 | 35 927 | 31 365 |
Sprit2 (i liter) | 106 | 562 | 1 625 |
Vin (i liter) | 33 156 | 29 183 | 15 024 |
Øl (i liter) | 315 864 | 229 440 | 161 839 |
Sigarettar (stk.) | 12,9 mill. | 8,9 mill. | 10,5 mill. |
Valuta NOK3 | 10,3 mill. | 6,0 mill. | 6,3 mill. |
1 Alkoholvarer med alkoholprosent over 22 pst. t.o.m. 60 pst.
2 Brennevin med meir enn 60 pst. alkohol
3 Valuta som er beslaglagd pga. mistanke om straffbare tilhøve
I 2020 gjorde Tolletaten om lag 19 300 beslag. Av desse galdt om lag 2 900 narkotika. Talet på narkotikabeslag var lågare enn i 2019, men nedgangen er forholdsmessig mindre enn nedgangen i det totale talet på beslag. I 2020 gjekk talet på beslag av brennevin, vin og øl markant ned, samanlikna med 2018 og 2019. Desse beslaga utgjer i stor grad beslag av mindre mengder alkohol frå reisande med fly, personbil eller ferje. Reduksjonen i talet på beslag er ei naturleg følgje av at den grensekryssande persontrafikken til Noreg var svært låg i store delar av 2020.
Det er over fleire år registrert ein voksande trend at reisande tek med seg medisinsk cannabis til Noreg frå Nederland. Tidleg i 2020 vart det registrert ein sterk auke, noko som kunne indikere at ein del var meint for vidaresal. Eit tett samarbeid med Statens legemiddelverk og nederlandske helsestyresmakter har medverka til at mengda av lovleg importert medisinsk cannabis er vorte redusert monaleg.
Hovudmål 3: Tolletaten støttar opp under verksemda til andre myndigheiter
Tolletatens nærvær på grensa inneber samarbeid med andre myndigheiter og aktørar, og etaten varetek interessene deira i den grensekryssande vareførselen. I tillegg til eige regelverk, handhevar Tolletaten regelverket til 20 statlege myndigheiter i samband med den grensekryssande vareførselen. Etaten har òg eit formalisert og tett samarbeid med tollmyndigheitene i andre land.
Tolletaten gjekk i 2019 gjennom samarbeidet med andre norske myndigheiter og starta eit systematisk arbeid med å vidareutvikle og styrkje desse samarbeidsrelasjonane. Etaten vurderer metodar for å måle korleis samarbeidande myndigheiter opplever tenesteleveransane frå etaten. Evalueringar i 2020 tyder på at samarbeidet vert opplevt som godt.
Tolletatens rolle som samfunnskritisk verksemd vart meir tydeleg då grensa vart stengt som følgje av koronapandemien, særleg på området forsyningstryggleik. Etaten har òg hatt ei sentral rolle i samband med import av smittevernutstyr, samt levert data om trafikk- og varestraumar på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Under pandemien har Tolletaten samarbeidd med politiet i samband med innføringa av indre grensekontroll.
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet vurderer resultata i 2020 samla sett som gode. Tolletatens resultat for 2020 må sjåast i samanheng med koronapandemien og den store nedgangen i grensekryssande trafikk, som endra føresetnadene for deler av verksemda. Etter virusutbrotet vart hovudoppgåva til Tolletaten å halde oppe og trygge vareførselen inn og ut av landet. Pandemien medverka òg til at samhandlinga mellom Tolletaten og fleire samarbeidande etatar vart betra og til at Tolletaten si beredskapsrolle vart gjort synleg. Finansdepartementet er nøgd med Tolletatens medverkande innsats til forsyningstryggleiken, der etaten har vore i front med informasjon og bruk av data. Departementet er òg nøgd med etatens samarbeid og hjelp til politiet i samband med kontrollen på indre Schengen-grense og trekkjer særleg fram initiativ og medverkande innsats til planen for stenging av grensestasjonar.
Departementet er nøgd med at etaten i 2020 har arbeidd med ei rekkje tiltak for å gjere Tolletaten meir effektiv og utviklingsorientert. Mellom anna gjennomførte Tolletaten i 2020 ei omorganisering av etaten frå seks regionar og direktorat til to operative, landsdekkjande fagdivisjonar (grensedivisjonen og vareførselsdivisjonen) og eit direktorat med fire fagdivisjonar (divisjonar for administrering, etterretning, IT og juss). Etaten har òg innført ny etatsutdanning og fullførte utbygginga av skiltgjenkjennande kamera (ANPR) i 2020. Treff-satsinga vart replanlagt på ein god måte, inkludert oppfølginga av ICS2 (EUs importkontrollsystem). Kva gjeld ICS2, leverte Tolletaten fyrste leveranse innan fristen i mars 2021. Treff-satsinga er eit krevjande utviklingsprosjekt, og det er avgjerande at etaten held fram med å ha stor merksemd på gjennomføringa av ho.
Viktige utfordringar
Tolletatens evne til å løyse samfunnsoppdraget vert utfordra av stadig større volum og meir samansette varestraumar som skal kontrollerast. Dette inneber krevjande prioriteringar i Tolletaten. Etaten må arbeide systematisk for å nytte tildelte ressursar og tilgjengelege verkemiddel på ein effektiv måte.
Tolletaten vil prioritere å digitalisere verksemda og utvikle eit nytt hovudlaup for næringslivet for innførsel av varer. Mellom anna er ANPR-ordninga og Treff-satsinga viktige for å lukkast med dette. Etaten må i større grad nytte IKT som verkemiddel for å gjere det enklare for reisande og næringslivet, samt å effektivisere interne prosessar.
Tolletaten har over tid hatt eit stort behov for endring og utvikling og har dei siste åra hatt eit høgt aktivitetsnivå knytt til mellom anna omorganisering og digitaliseringsprogram. I tida framover er det i fyrste rekke behov for konsolidering og å få dei gjennomførte endringane til å fungere godt.
I oktober 2020 vart siste del av omorganiseringa av Tolletaten sett i verk. Departementet meiner det er vesentleg at etaten framover utnyttar moglegheitene som følgjer av ny organisering, mellom anna ved å tryggje god samhandling i organisasjonen. Den nye organiseringa er viktig for at etaten skal kunne tilpasse seg endringar i varestraumane, samt utvikle seg vidare innan automatisering og digitalisering. I tillegg er ny organisering viktig for innretning av kontrollarbeidet og effektivisering av prosessar i tråd med dei måla og samfunnseffektane etaten skal oppnå.
Kompetanse er òg viktig for utvikling av etaten. Etatsutdanninga er evaluert og endra til eit bachelorstudium. Hausten 2021 starta det fyrste kullet på det treårige bachelorstudiet i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger. Saman med etter- og vidareutdanning skal studiet dekkje etatens kompetansebehov for å løyse eit stadig meir komplekst samfunnsoppdrag, samt gje Tolletatens medarbeidarar betre moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling.
Tolletaten har identifisert område der etaten må forbetre den interne styringa og kontrollen. I 2020 gjennomførte Tolletaten fleire tiltak for å styrkje styring og kontroll av etaten. Ved ny organisering vart roller, ansvar, fullmakter og oppgåver definert, og kritiske grensesnitt mellom divisjonane klargjorde. Arbeidet med å dokumentere interne føringar i form av styrande dokument held fram i 2022.
Koronapandemien har påverka Tolletatens oppgåveløysing i 2020 og 2021. For 2022 er det venta ein meir normalisert samfunnssituasjon, men effektar av pandemien vil fortsatt kunne påverke oppgåveløysinga og kontroll- og beredskapsnivået.
Mål og prioriteringar i 2022
Finansdepartementet fastsett desse hovudmåla for Tolletaten for 2022:
Det er enkelt og effektivt å etterleve lover og reglar for grensekryssande vareførsel.
Aktørane i vareførselen oppfattar risikoen ved ikkje å etterleve som høg.
Tolletaten støttar opp under verksemda til andre myndigheiter.
Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Tolletaten som legg vekt på dei samla effektane av verkemedla etaten bruker. Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Tolletaten i samband med utforminga av tildelingsbrevet frå departementet til etaten for 2022. Departementet venter at resultata i 2022 samla sett skal vere minst like gode som i 2020. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda.
Tolletaten arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet. Etaten må nytte kontrollressursane på best mogleg måte og prioritere på grunnlag av risikovurderingar. Departementet forventar at etaten prioriterer betre utnytting av teknologi og sørgjer for rett kompetanse til dei ulike oppgåvene han skal løyse.
Viktige prioriteringar i 2022 vert:
Digitalisert systemstøtte på kontrollområdet og ekspressfortolling
I 2019 samla Tolletaten prosjektet for å digitalisere systemstøtta på kontrollområdet og prosjektet for ekspressfortolling i ei satsing – Treff-satsinga. Sjå omtale i Prop. 1 S (2018–2019). Satsinga inneber å etablere både ny og forbetra systemstønad for oppgåver i alle ledd av Tolletatens kontrollprosessar og ei ny løysing for deklarering og automatisk fortolling av varer på grensa (ekspressfortolling). I Prop. 1 S (2019–2020) for Finansdepartementet vart det varsla om at Treff-satsinga var forseinka. Det vart gjennomført ein full gjennomgang av satsinga fyrste halvår av 2020, sjå omtale i Prop. 1 S (2020–2021). Teknisk og organisatorisk tilrettelegging for ICS2 (EUs importkontrollsystem) er no lagt inn i Treff-satsinga.
Etter at Treff-satsinga gjennom fyrste halvår av 2020 har vorte replanlagt, starta programmet opp igjen hausten 2020 med særleg merksemd på etablering av systemstøtte for ICS2 fase 1 og oppgåver knytt til utfasing av Tolletatens eksisterande kontrollstøtteverktøy. Samstundes vart det arbeidd med å revidere tryggleiksavtalen mellom Noreg og EU (EØS-avtalen, protokoll 10, kapittel IIa) frå 2009. Tryggleiksavtalen knyter Noreg til EU sitt tryggleikssområde. Avtalen inneber at Noreg må innføre tiltak på lik line med dei tiltaka EU vil innføre for medlemslanda sine, sjå omtale i Prop. 1 S (2020–2021).
Den reviderte tryggleiksavtalen mellom Noreg og EU vart implementert i februar 2021, og fyrste fase av ICS2 som omhandlar ekspressfrakt og post, vart sett i verk 15. mars 2021. Gjenstående leveranse av fyrste fase er planlagt gjort i 2021, og andre fase vil verte sett i verk i mars 2023.
Gjennom Treff-satsinga vert det òg utvikla nye analyse- og etterretningsverktøy for støtte til alle kontrollprosessar i Tolletaten. I laupet av 2019 og 2020 vart det levert plattform og løysingar for søk og analyse, samt støtte for digitalisering av handsaminga av kurérmanifest. Desse er tekne i bruk i etaten og vart i 2020 utvida gjennom leveranse av ei elektronisk mottaksløysing for informasjon frå næringslivet. Det vart òg arbeidd med å lage ny løysing for kontroll og intern etterretningsrapportering, slik at ein kan starte med utfasing av dei gamle systema frå 2022. Gjennom 2021 skal det òg etablerast ein nettverksanalyseløysing for etterretningsområdet. I 2022 er det planlagt etablering av løysing for sentral risikovurdering og første versjon av ei løysing for melding og framlegging for innførsel av varer.
Innanfor Treff-satsinga er det vidare gjennomført eit prøveprosjekt med digital informasjonsinnhenting og automatisert grensepassering ved Ørje tollstad (ekspressfortolling). Løysinga er vidareutvikla med fleire prosedyrar, og prøvinga vart utvida til Svinesund tollstad hausten 2020. Prøveprosjektet er evaluert fyrste halvår av 2021. Evalueringa syner at konseptet er godt, men det er eigenskapar med løysinga som kan forbetrast slik at dei næringsdrivande i større grad tek ho i bruk. Ein vidare strategi for å handtere dette er under arbeid og vil verte sett i verk gjennom Treff-satsinga.
Kostnadsramma for Treff-satsinga er etter replanlegginga 838,3 mill. kroner (2022-kroner), der 183,2 mill. kroner er Tolletatens eigenfinansiering Gjennomføringsperioden er frå 2019 til 2024. For 2022 er det sett av 123,2 mill. kroner til Treff-satsinga. I tillegg er det sett av 39,8 mill. kroner til driftskostnadar for dei delane av systema som er sette i drift.
For Treff-prosjektet kan det verte bruk for avtalar som går utover budsjettåret, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om at Tolletaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor kostnadsramma som er gjeve ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak V.
Etablering og oppfølging av ny eining for passasjeropplysningar (PNR-direktivet)
EU har vedteke PNR-direktivet om innhenting av opplysningar om flypassasjerar (Passenger Name Record – PNR-opplysningar) for å førebyggje, oppdage, etterforske og straffeforfølgje terrorhandlingar og alvorleg kriminalitet.
Det pågår eit arbeid med å etablere ei nasjonal løysing for innhenting og bruk av PNR-opplysningar. I den nasjonale løysinga skal det, i samsvar med PNR-direktivet, verte etablert ei eining som skal motta, lagre og analysere PNR-opplysningar (PIU). I eininga skal politiet, PST og Tolletaten delta.
PST gjennomfører i 2021 eit hovudprosjekt for etablering av eininga, der Tolletaten deltek. Eininga er planlagt å vere operativ frå 1. januar 2022 og med full drift frå 1. juli 2022.
Ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift
Finansdepartementet sende i 2019 framlegg til ny lov om inn- og utførsel av varer og ny lov om tollavgift på høyring. Dei nye lovene skal erstatte tollova. Tolletaten har vore involvert i arbeidet med framlegg til nye lover og oppfølging av høyringa. Proposisjon med lovforslag vart lagt fram for Stortinget 17. september 2021. Etaten er i gang med å utarbeide forskrifter til dei to nye lovene, og desse skal sendast på høyring. Fastsetjing av forskrifter og utarbeiding av rettleiingar og informasjonsmateriale, samt naudsynte systemtilpasningar, vert viktig arbeid i 2022.
Budsjett for 2022
Departementet foreslår å setje utgiftsramma for Tolletaten til 1 794 mill. kroner. Dette er 3,7 pst. høgare enn saldert budsjett 2021. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 1 627,4 mill. kroner. Det er ein auke på 2,1 pst. frå saldert budsjett 2021.
Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, postane 01 Særskilt vederlag for tolltenester, 04 Ymse refusjonar og 05 Refusjonar frå Avinor AS, jf. nærare omtale nedanfor.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar større vedlikehald, utskiftingar og kjøp av utstyr til grensekontrollen og IT-føremål. Posten er budsjettert med 166,7 mill. kroner. Det er 30,5 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2021. Ein stor del av 2022-framlegget gjeld vidareføring av prosjekta for digitalisert systemstøtte på kontrollområdet og ekspressfortolling, jf. nærare omtale foran.
I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om ei bestillingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Kap. 4610 Tolletaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Særskilt vederlag for tolltenester | 7 721 | 5 493 | 7 600 |
02 | Andre inntekter | 1 491 | 1 698 | 2 200 |
04 | Ymse refusjonar | 7 208 | 1 099 | 1 100 |
05 | Refusjon frå Avinor AS | 25 856 | 25 875 | 26 300 |
85 | Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot | 16 352 | 17 200 | 23 000 |
Sum kap. 4610 | 58 628 | 51 365 | 60 200 |
Post 01 Særskilt vederlag for tolltenester
Posten omfattar gebyr for privatrekvirert tollbehandling og ekspedisjonsgebyr for utført tollforretning utanfor kontorstad og ekspedisjonstid. For å dekkje dei meirkostnadane som denne behandlinga og ekspederinga fører med seg ved høgare aktivitetsnivå enn det som er føresett, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 01 Særskilt vederlag for tolltenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Satsane for privatrekvirert tollbehandling skal i 2022 vere 480 kroner for 50 pst. overtid og 620 kroner for 100 pst. overtid. Ekspedisjonsgebyret skal vere på 240 kroner per påbyrja halvtime. Gebyrheimel er tollova § 4–3 tredje ledd. Kostnadsgrunnlaget er nyleg gjennomgått og vurdert å samsvare bra med gebyrnivået.
Post 02 Andre inntekter
Posten omfattar fleire typar inntekter, som til dømes inntekter frå auksjonssal av varer som er forsøkt smugla inn i landet eller varer på tollager som ikkje har vorte tollbehandla, innkravde sakskostnadar og agio.
Tolletaten har ein del direkte utgifter i samband med auksjonssal, særleg til kunngjeringar, provisjon til nettauksjonsstaden og til taksering av særskilde varer, til dømes teppe og smykke. Slike utgifter er med på å gje høgare salsinntekter. For å få eit meir korrekt uttrykk for salsresultatet foreslår departementet at slike direkte utgifter kan trekkjast frå brutto salsbeløp (nettoposterast), jf. framlegg til romartalsvedtak IX.
Post 04 Ymse refusjonar
Posten vert brukt til inntekter som er ei direkte følgje av, og av same slag som, den tilsvarande utgifta. Det gjeld mellom anna bestemte prosjekt etter oppdrag og med tilskot frå andre statlege etatar, kompetansetiltak m.m. og inntekter frå kursverksemd for næringslivet.
Det er nær samanheng mellom desse inntektene og dei tilhøyrande utgiftene på kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, og inntektene varierer ein del frå år til år. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 04 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 05 Refusjon frå Avinor AS
Avinor AS skal dekkje Tolletatens meirkostnader til ordninga med enklare prosedyrar ved flybytte på Oslo lufthamn (forenkla transfer). Refusjonar frå Avinor AS vert førte på denne posten. Fordi meirkostnadane og dermed òg refusjonsbeløp er noko usikre, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 05 Refusjon frå Avinor AS, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.
Post 85 Tvangsmulkt og gebyr for regelbrot
Posten omfattar inntekter frå gebyr som vert ilagde ved ulovleg ut- og innførsel av valuta, gebyr for brot på nærare angjeve føresegner i tollova kapittel 3 og 4 og tvangsmulkt for brot på nærare angjeve føresegner i tollova kapittel 13.
Valuta og andre betalingsmiddel med ein verdi på meir enn 25 000 kroner skal meldast og leggjast fram for Tolletaten ved inn- og utførsel i samsvar med tollova med forskrift. Når det er konstatert brot på deklareringsplikta, kan det ileggjast eit gebyr, eventuelt kan tilhøvet meldast til politiet. Gebyret kan utgjere opp til 30 pst. av det ikkje-deklarerte beløpet.
Ved brot på nærare angjeve føresegn i tollova kapittel 3 og 4, for manglande medverknad til kontroll og utskriving av uriktig opphavsbevis m.m., kan det ileggjast eit gebyr. Ramma for gebyret er regulert i forskrift.
Ved brot på nærare angjeve føresegn i tollova kapittel 13, om krav til å gje opplysningar m.m., kan det ileggjast ei dagleg, laupande tvangsmulkt fram til opplysningane vert gjevne.
Inntektene på post 85 er vanskelege å budsjettere sidan dei i stor mon avheng av åtferda hos reisande og transportørar. Sidan det var lågare reiseaktivitet i 2021 enn vanleg, som følgje av koronapandemien, reknar ein med noko høgare inntekter her enn i 2021.
Kap. 1618 Skatteetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 6 377 346 | 7 045 422 | 7 102 061 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 188 729 | 199 300 | 264 800 |
22 | Større IT-prosjekt, kan overførast | 359 048 | 346 000 | 616 800 |
23 | Spesielle driftsutgifter, a-ordninga | 94 565 | 96 706 | 97 638 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 190 506 | 91 200 | 143 400 |
70 | Tilskot | 4 633 | 5 700 | 6 433 |
Sum kap. 1618 | 7 214 827 | 7 784 328 | 8 231 132 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Skatteetaten skal sikre eit finansielt hovudgrunnlag for offentleg verksemd.
Skatteetaten består av eit direktorat og seks divisjonar med landsdekkjande ansvar for kvar sine fagområde. Etaten har 57 skattekontor fordelt rundt i landet. Skatteoppkrevjarfunksjonen vart overført frå kommunane til Skatteetaten 1. november 2020. Om lag 1 000 personar med ansvar for arbeidsgjevarkontroll, skatteinnkrevjing og skatterekneskap vart då overførte frå kommunane til Skatteetaten. Skatteetaten har no eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etaten hadde per 31. desember 2020 ei bemanning tilsvarande 7 241 årsverk.
Resultat i 2020
Fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter er krevjande prosessar. Desse prosessane byggjer på prinsippet om eigenfastsetjing og føreset omfattande bruk av tredjepartsopplysningar, registerinformasjon av god kvalitet, velfungerande og effektive IT-system og god dialog med dei skattepliktige. Figuren under gjev ei forenkla framstilling av denne prosessen.
Skatteetatens resultat vert vurderte ut ifrå tre hovudmål. Hovudmåla skal leggje til rette for ei styring av Skatteetaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av verkemidla etaten bruker, og i mindre grad på aktivitetar.
Hovudmål 1: Dei skatte- og opplysningspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane
Dei skatte- og opplysningspliktige skal oppleve at ordningane til etaten legg til rette for enkel og riktig registrering, rapportering og innbetaling. Skatteetaten skal likebehandle dei skattepliktige og avdekkje og korrigere uriktige og manglande opplysningar.
Tabell 6.3 syner fastsett proveny for dei viktigaste skatteartane. Skatteetaten bidrog i 2020 til eit proveny på til saman 1 175,4 mrd. kroner frå direkte og indirekte skattar. Samla proveny var 100,5 mrd. kroner mindre enn i 2019. For personlege skattytarar auka provenyet med 77,1 mrd. kroner. Det meste av auken kjem av at forskotsskatt for 2019 (62,2 mrd. kroner) vart bokført i desember 2018, medan utskriven forskotsskatt for 2020 vart bokført i januar 2020. Provenyet for upersonlege skattepliktige (aksjeselskap m.m.) auka med 13,8 mrd. kroner. Petroleumsskatt vart redusert med 184,8 mrd. Redusert petroleumsskatt kjem mellom anna av dei mellombelse skatteendringane som vart vedtekne våren 2020, jf. Prop. 113 LS (2019–2020) og Innst. 351 L (2019–2020). Det vart skrive ut negativ terminskatt for 2020. Nærare omtale finst i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022.
Tabell 6.3 Skatte- og avgiftsproveny (i mrd. kroner)
2018 | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|
Personleg skattepliktige1 | 573,3 | 473,6 | 550,7 |
Upersonleg skattepliktige | 79,2 | 86,4 | 100,2 |
Meirverdiavgift | 295,0 | 306,9 | 310,3 |
Særavgift | 95,7 | 93,5 | 93,3 |
Kjeldeskatt2 | 4,8 | 4,9 | 2,4 |
Tvangsmulkt (skatt) | 0,5 | 0,5 | 0,1 |
Finansskatt | 1,9 | 2,0 | 2,0 |
Skatt og avgift på utvinning av petroleum | 139,2 | 123,9 | -60,9 |
Avgift på arv og gåver3 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Arbeidsgjevaravgift | 173,4 | 184,2 | 177,3 |
Totalt skatte- og avgiftsproveny | 1 363,0 | 1 275,9 | 1 175,4 |
1 Kommune, fylke, stat og folketrygd samla.
2 Artistskatt og kjeldeskatt på utbyte til utanlandske aksjonærar.
3 Beløp mellom 0,0 og 0,1 mrd. kroner.
Dei store fastsetjings- og innkrevjingsprosessane har i 2020 vore gjennomførte med tilfredsstillande kvalitet og utan vesentlege avvik. Kvaliteten på tredjepartsopplysningane som er grunnlag for både skattekort og den førehandsutfylte skattemeldinga, har vore god.
Analysar av etterleving
Skatteetaten analyserer stadig etterlevinga hos dei skattepliktige og utviklinga over tid. Ein effektindikator gjev eit kvalitativt eller kvantitativt uttrykk for høvet mellom innsats eller aktivitet og det resultatet eller den samla effekten som Skatteetatens verkemiddel gjev.
For 2020 hadde etaten fire effektindikatorar under hovudmål 1, knytte til etterleving: riktig registrering i pliktige register, korrekte og fullstendige opplysingar, betaling til rett tid og del verksemder som opplev lite eller svært lite sannsyn for oppdaging.
Til dei pliktige registera vert rekna Folkeregisteret, meirverdiavgiftsregisteret og aksjonærregisteret. Ei samla vurdering viser at det i hovudsak er ei positiv utvikling når det gjeld riktig registrering i desse registera.
Del rettidig leverte skattemeldingar frå næringsdrivande personar og selskap har vore lågare i 2020 enn i 2019, sjølv om fristen for levering vart utsett frå 31. mai til 31. august som følgje av koronapandemien. Del rettidig leverte mva-meldingar vart òg redusert. Den negative utviklinga har truleg samanheng med dei økonomiske verknadene koronapandemien har hatt på samfunnet og avgjerda om å ikkje ileggje tvangsmulkt for forsinka skattemelding i 2020. Skatteetaten har innvilga ei rekkje utsette betalingar i 2020 på grunn av pandemien. Per 18. august 2021 var det innvilga om lag 41 000 søknader om betalingsutsetjingar. Delen rettidige innbetalingar vil difor verte redusert òg i 2021 og kan hende i 2022 òg. Det er òg grunn til å tru at talet på konkursar vil auke når dei mellombelse betalingsutsetjingane forfell. Etaten har sett i verk tiltak for å handtere innkrevjinga av utsette skattar og avgifter framover.
Kvaliteten på innrapporterte grunnlagsdata som vert leverte som grunnlag for den førehandsutfylte skattemeldinga, har vore god. Del rettidig betaling på skatt- og meirverdiavgiftsområdet viser ei betre etterleving enn året før. Som tidlegare år er det noko variasjon mellom dei ulike kravtypane. Del rettidig betalt har auka for forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift og restskatt for upersonlege skatteytarar, men har gått noko ned for dei andre skattartene og for meirverdiavgifta.
Opplevd oppdagingsrisiko
Skatteetaten gjennomfører årleg på våren ei spørjeundersøking (Sero) som mellom anna måler opplevd oppdagingsrisiko hos eit utval verksemder. Delen som opplever liten eller svært liten oppdagingsrisiko ved å ikkje rapportere alle skattar og avgifter, var 25 pst. i 2020. Dette er om lag same resultat som dei fire åra før. Grunna ynskje om auka innsikt om haldningar i næringslivet under ein krisesituasjon, vart det i tillegg gjennomført ei undersøking hausten 2020. Resultata frå dei to undersøkingane viser ein klårt høgare del som opplever liten risiko for å verte oppdaga i laupet av 2020 – frå 25 pst. på våren til 30 pst. på hausten. Skatteetaten vil følgje opp utviklinga framover.
I Sero-undersøkingane vert òg opplevd oppdagingsrisiko i ulike bransjar målt. Bygge- og anleggsbransjen er den bransjen som, i samsvar med 2019-resultata, har oppgjeve lågast risiko for å verte oppdaga. Denne bransjen har vore ei prioritert målgruppe i arbeidet mot arbeidslivskriminalitet.
Ei undersøking av proffmarknaden i bygg og anlegg viser at klårt færre i bransjen opplever svart arbeid og arbeidslivskriminalitet som svært vanleg eller ganske vanleg i 2020 enn i 2015. Resultata frå desse undersøkingane bør vurderast over tid før ein kan trekkje klåre konklusjonar om utviklinga.
Skatteetaten har i 2020 arbeidd mykje med oppfølging av regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet. Måla for dette arbeidet er å redusere kapasitet og intensjon monaleg hos sentrale trusselaktørar, setje utanlandske arbeidstakarar i stand til å ivareta sine rettar og oppfylle sine plikter, samt sikre at oppdragsgjevarar og forbrukarar ikkje bidreg til a-krim ved kjøp av varer og tenester. Etaten samarbeider med relevante etatar gjennom dei sju a-krimsentra og i Nasjonalt tverretatleg analysesenter (NTAES). I tillegg deltek etaten i internasjonale samarbeid.
Ny skattemelding for lønstakarar og pensjonistar
Ny skattemelding for lønstakarar og pensjonistar vart, som ein del av Sirius-prosjektet, lansert i mars 2020 til 3,4 millionar skattepliktige. Den nye skattemeldinga har vore utvikla ytterlegare for inntektsåret 2020, og løysinga dekte 4,2 millionar skattepliktige dette inntektsåret. Førebelse erfaringar og vurderingar er at den nye skattemeldinga gjev forventa gevinstar, mellom anna betre støtte til dei skattepliktige si eigenfastsetjing, meir korrekte eigenfastsette skattemeldingar og redusert saksbehandlingsbehov.
Ny løysing for mva-registrering
Som ein del av arbeidet med nytt IT-system for meirverdiavgift (Memo) vart ein fyrste versjon av ny løysing for meirverdiavgiftregistrering lansert i 2020, med tilhøyrande ny saksbehandlarløysing. Sidan tenesta opna i 2020 er per 1. august 2021 ca. 25 000 verksemder vorte registrerte, av desse er om lag 93 pst. behandla automatisk. Dette utgjer om lag 50 pst. av alle nyregistreringar i perioden. Ny registreringsløysing gjev ein positiv effekt på kvaliteten, og brukarane opplev at saksbehandlingstida er redusert. I tillegg har etaten arbeidd med ny mva-melding.
Saksbehandlingstid for klager
I 2020 vart 84,7 pst. av sakene på skattekontora behandla innan 3 månader. I saker der skattekontoret ikkje finn å gje klagar medhald, vert klaga hovudsakleg sendt til Skatteklagenemnda for avgjerd. Av sakene som vart sende til nemnda for avgjerd, hadde 12,6 pst. ei samla saksbehandlingstid på under åtte månader, noko som var betre enn året før. Klager i saker med lav provenyeffekt eller av særskilte sakstyper, vert avgjort av Skattedirektoratet. Saksbehandlingstida for desse sakene ligg, i all hovudsak, innanfor målkrava.
Restansane ved sekretariatet til Skatteklagenemnda stabiliserte seg noko gjennom 2019 og vart noko mindre gjennom 2020. Frå 2018 til 2020 er det totale talet på ubehandla saker redusert frå 2 550 til 2 081. Samla saksbehandlingstid for sakene som vert sende til nemnda, er framleis for lang. Saksproduksjonen i sekretariatet har i 2020 vore negativt påverka av koronapandemien sidan heimekontor har gjort saksbehandlinga meir krevjande. Skattedirektoratet er i kontinuerleg dialog med sekretariatet om restansesituasjonen. Sjå nærare omtale under kap. 1619 Skatteklagenemnda.
Hovudmål 2: Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet
Det offentlege og andre brukarar har behov for registerdata og informasjon frå Skatteetaten i sitt arbeid. Skatteetaten skal ha ei effektiv og sikker innsamling, gjennomarbeiding og tilgjengeliggjering av slik informasjon nasjonalt og internasjonalt. Registera er òg eit viktig grunnlag for Skatteetaten si evne til å fastsetje skattane riktig og til rett tid.
For 2020 hadde etaten to effektindikatorar under hovudmål 2: tilgang på formålstenleg informasjon for brukarane og registerdata og informasjon frå Skatteetaten av god kvalitet. Tilgang til registerdata og informasjon har i all hovudsak vore god. Tenestene som vert brukte av eksterne, har vore tilgjengelege mellom 99 og 100 pst. av tida. Kvaliteten på registerdata og informasjon vert vurdert som god.
Nytt modernisert folkeregister ferdigstilt
I 2020 vart eit nytt modernisert folkeregister lansert. Moderniseringa har vore eit av dei største utviklingsprosjekta i etaten. Resultatet er ei ny modernisert utforming, betre kvalitet i opplysningane og raskare og automatisert saksbehandling for Skatteetaten og andre brukarar av registeret. Ei innsynsløysing for innbyggjarar, der ein kan sjå eigne opplysningar, vart òg utvikla og er lansert i 2021. Det er òg gjennomført ei opprydding i d-nummer-databasen. Etaten har òg arbeidd aktivt for å leggje til rette for deling av data på ein sikker og effektiv måte i tråd med teieplikt og personvern.
Ei brukarundersøking syner at 72,9 pst. av dei profesjonelle brukarane av Folkeregisteret er nøgde med kor godt og tilgjengeleg registeret er. Folkeregisteret var tilgjengeleg for brukarane tilnærma utan avbrot i heile 2020, men overgangen til ny modernisert løysing har gjeve nokre utfordringar som har ført til tidvis lengre saksbehandlingstid enn venta for nokre meldingstypar.
Tredjepartsopplysningar
Kvaliteten på tredjepartsopplysningar som vert nytta i den førehandsutfylte skattemeldinga, vert vurdert som gjennomgåande høg og utan vesentlege avvik. Heile 99,7 pst. av tredjepartsopplysningane vert leverte med riktig kvalitet til riktig tid. Den formelle datakvaliteten i a-ordninga er god og utvikla seg i 2020 positivt med færre feil enn tidlegare. For inntektsopplysningar er datakvaliteten svært god.
Hovudmål 3: Samfunnet har tillit til Skatteetaten
Skatteetaten skal forvalte regelverk og tilby brukartenester for å vareta dei rettar og plikter som dei skatte- og avgiftspliktige har. Dei skatte- og opplysingspliktige skal møte profesjonell og effektiv saksbehandling, få god informasjon og oppleve at informasjonen deira vert forvalta på ein god og trygg måte.
For 2020 hadde etaten fire effektindikatorar under hovudmål 3: at dei skattepliktige har tillit til Skatteetaten si utøving av mynde, at dei skattepliktige opplever at rettar og plikter vert tekne vare på, at dei skatte- og opplysningspliktige opplever at informasjon vert forvalta på ein trygg måte, og at dei skatte- og opplysningspliktige opplever profesjonell og effektiv saksbehandling og at dei får god informasjon.
Skatteetaten gjennomfører årlege undersøkingar hos privatpersonar og bedrifter for å kartleggje deira inntrykk av Skatteetaten. Undersøkingane frå 2020 syner at ein stor del av brukarane har høg tillit til korleis Skatteetaten utøver mynde, og til at deira rettar vert tekne vare på. Resultata er gjennomgåande noko betre enn for 2019. Heile 84 pst. av dei spurde personane har høg tillit til at Skatteetaten forvaltar informasjon på ein trygg måte. Dette er det høgaste resultatet etaten har hatt. Framleis er det noko låg tillit til at skattemyndigheitene sikrar at andre verksemder betalar riktig skatt, sidan berre 50 pst. har svart at dei har «stor» eller «svært stor» tillit.
Arbeid med koronatiltak
Skatteetaten har i 2020 utvikla og forvalta fleire mellombelse koronatiltak, både innanfor og utanfor skatteområdet: mellombels tilskotsordning for føretak med stor reduksjon i omsetnaden (kompensasjonsordninga for næringslivet), mellombels tilskotsordning for arbeidsgjevarar i tiltakssona og på Svalbard, mellombels tilskotsordning ved avbroten permittering (lønsstøtteordninga), den forenkla ordninga for mellombelse betalingsutsetjingar etter skattebetalingslova § 15-4 (utsetjingsordninga), og dei materielle skatteordningane. I tillegg vart innkrevjing av skattar og avgifter for næringsdrivande i stor utstrekning sette på hald i mars 2020 som følgje av koronasituasjonen, men vart seinare sett i gang igjen. I mellombels instruks for innkrevjingsarbeidet ved koronapandemien vart det gjeve føringar om å setje dette på vent. Dei sentrale omsyna bak instruksen er smittevern, kapasitet hos Skatteetaten, skatteoppkrevjarane og andre offentlege etatar (tingrettar, alminneleg namsmann), og dessutan omsyn til likviditeten hos privatpersonar og næringsverksemder. Etaten har òg, ved at det var mogeleg å tilbakeføre underskot i 2020 mot skatta overskot i 2018/2019, lagt til rette for at selskap mellombels kan få utnytte skatteverdien av selskapsunderskotet i 2020, på inntil 30 mill. kroner, tidlegare enn om dei skulle framført underskotet mot overskot seinare inntektsår. Arbeidet med nemnde koronatiltak har kravt store ressursar i etaten i 2020.
I kompensasjonsordninga for næringslivet for perioden mars–august 2020 har etaten per 31. desember 2020 motteke 100 139 søknadar. Av desse har 78 940 søknadar vorte godkjente (79 pst.) og 21 199 avslått (21 pst.). I 2020 vart det utbetalt til saman 6,9 mrd. kroner til 34 332 verksemder. Trass i nokon einskildsaker meiner etaten at det ikkje er indikasjonar på omfattande misbruk av ordninga. I mellombels tilskotsordning for arbeidsgjevarar i tiltakssona og på Svalbard har etaten utbetalt til saman 160,1 mill. kroner i støtte per 31. desember 2020. I lønsstøtteordninga for perioden juli–desember 2020 har etaten per 31. desember 2020 innvilga 2 366 søknadar av til saman 3 039. Samla utbetalt støtte i 2020 i lønsstøtteordninga er 162,6 mill. kroner. Lønsstøtteordninga er vedtatt vidareført for perioden mars–august 2021. Etaten vil i 2021 gjennomføre etterkontrollar av innvilga tilskot.
Samla resultatvurdering
Finansdepartementet vurderer Skatteetatens resultat i 2020 samla sett som tilfredsstillande, sett i lys av eit krevjande år med koronapandemi. Etaten har måtta gjere svært vanskelege prioriteringar. Kjerneoppgåvene og arbeidet med koronatiltak har hatt høgaste prioritet og lagt beslag på store ressursar. Departementet meiner etaten har gjort gode og heilskaplege prioriteringar, samt vist stor fleksibilitet i koronasituasjonen.
Overføringa av skatteoppkrevjinga frå kommunane er gjennomført på ein god måte. Dei store fastsetjings- og innkrevjingsprosessane har vore gjennomførte utan vesentlege avvik og med tilfredsstillande kvalitet. Departementet meiner det er svært positivt at etaten fekk gjennomført produksjonen under skattemeldingsperioden på ein gode måte rett etter virusutbrotet. Etaten har i hovudsak gode resultat på styringsparametrane.
Analysar og evalueringar peiker i retning av at etatens aktivitetar og bruk av verkemiddel på områda arbeidslivskriminalitet, frivillig retting og rettidig levering har effekt på etterlevinga. Samstundes underbyggjer negativ utvikling i 2020 for rettidig levering av skattemeldingar frå næringsdrivande personar og selskap at etaten framleis må vektleggje arbeid med auka etterleving på dette området. Departementet ventar òg at utsette fristar for innbetaling av skattar og avgifter som følgje av koronasituasjonen, vil gjere innkrevjingsarbeidet meir krevjande framover.
Undersøkingar syner at brukarane av Folkeregisteret er nøgde med kvaliteten på innhaldet i registeret. Registeret er godt tilgjengeleg.
Brukarundersøkingar tyder òg på at befolkninga og verksemdene har høg tillit til Skatteetaten. Dette er ein viktig føresetnad for etterleving av skatte- og avgiftsreglane.
Utviklinga i klagesaksbehandlingstida i etaten er positiv. Redusert saksbehandlingstid i etaten bidreg til at samla saksbehandlingstid vert redusert. Skattedirektoratet må framleis følgje opp sekretariatet for Skatteklagenemnda sitt arbeid med å redusere restansane.
Skatteetaten har ein stor og kompleks utviklingsportefølje. Departementet meiner etaten har arbeidd godt med utviklingsprosjekta i 2020, sjølv under krevjande forhold med stor bruk av heimekontor. Kjerneoppgåvene og arbeidet med koronatiltak har hatt høgaste prioritet, og fleire viktige utviklingsoppgåver er utsette. I 2020 har etaten lansert ny skattemelding for lønstakarar og pensjonistar, tatt i bruk nytt modernisert folkeregister, og den fyrste versjonen av ny mva-registreringsløysing er lansert med tilhøyrande ny saksbehandlingsløysing for mva-registrering.
Departementet meiner etaten sitt arbeid med dei mellombelse koronatiltaka har vore god. Etaten må framleis gjere gode risikovurderinga av korleis koronasituasjonen påverkar etaten og naudsynte prioriteringar framover.
Viktige utfordringar
Finansdepartementets styring av Skatteetaten har eit fleirårig perspektiv. Evna etaten har til å oppfylle samfunnsoppdraget og nå måla sine, avheng både av utanforliggjande forhold og dei interne prosessane og oppgåveløysinga i etaten.
Departementet ventar at utsette fristar for innbetaling av skattar og avgifter som følgje av koronapandemien, vil kunne gjere innkrevjingsarbeidet til etaten meir krevjande framover. Innkrevjingsarbeidet vil òg verte påverka av den økonomiske situasjonen til næringslivet. Det høge talet betalingsutsetjingar medfører òg risiko for provenytap.
Framover vil det framleis vere viktig at etaten vektlegg arbeidet for auka etterleving. Skatteetaten må arbeide systematisk for at kontrollnivået skal vere tilstrekkeleg høgt og at kontrollar vert gjennomførte på ein planmessig og heilskapleg måte, basert på gode risikovurderingar. Skatteetaten vil til ei kvar tid vekte kontrollnivået opp mot andre aktivitetar som kan betre etterlevinga.
Skatteetaten har gjennomført fleire større omstillingsprosessar sidan 2014. Departementet meiner det er vesentleg at etaten framover utnyttar moglegheitene som følgjer av ny organisering og dei nye oppgåvene, mellom anna sikre god samhandling i organisasjonen.
Ifølgje Nasjonal tryggleiksmyndigheit (NSM) er den digitale risikoen i samfunnet auka. Skatteetaten har ein stor og kompleks IT-systemportefølje. Velfungerande og sikre IT-system er avgjerande for etatens evne til å løyse sitt samfunnsoppdrag. Etaten må difor fortlaupande vurdere informasjonstryggleiken i eiga system på ein god måte.
Skatteetaten har ei rekkje pågåande utviklingsprosjekt. God prosjektstyring vil vere viktig for å sikre at prosjekta leverer i tråd med planlagt framdrift, kostnader og kvalitet.
Fleire viktige utviklingsoppgåver har ikkje vorte mogleg å prioritere parallelt med koronahandteringa, men dette er oppgåver som må løysast i åra som kjem. Det er samstundes avgjerande at etaten får handtert kjerneoppgåvene med kontroll og innkrevjing på ein god måte. Etaten skal i 2022 òg handtere krav til effektivisering, innsparingar og gevinstrealiseringar. Samla sett må etaten gjere svært krevjande prioriteringar i 2022.
Mål og prioriteringar i 2022
Finansdepartementet fastset desse hovudmåla for Skatteetaten for 2022:
Dei skatte- og opplysningspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane
Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet
Samfunnet har tillit til Skatteetaten
Underliggjande effektindikatorar, styringsparametrar og forklaringsvariablar vert fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Skatteetaten i samband med utforminga av tildelingsbrev til etaten for 2022. Departementet ventar at resultata i 2022 samla sett skal vere like gode som i 2020. Samstundes ser departementet at etterarbeid etter koronatiltaka og vanskelege prioriteringar elles i etaten, gjev risiko for noko lågare måloppnåing i 2022. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda.
Skatteetaten arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet.
Viktige prioriteringar i 2022 vert:
Oppfølging av koronatiltak
For å lette situasjonen for dei skattepliktige under pandemien er det i tillegg til nye kompensasjonsordningar, gjort fleire koronatilpassingar av regelverk, både for personar, næringsdrivande og føretak. Skatteetaten må ha særleg merksemd på at regelverkstilpassingane vert praktiserte som føresett. I tillegg må klager knytte til kompensasjonsordningane handterast. Koronatiltaka vil òg medføre noko arbeid med saksbehandling, oppfølging, etterkontrollar og innkrevjing i 2022.
Skatteetaten har per 18. august 2021 innvilga om lag 41 000 søknader om utsetjing på skatte- og avgiftskrav etter skattebetalingsloven § 15-4. Utsette krav utgjer om lag 5,6 mrd. kroner. Ved eventuell manglande betaling av avdrag vil innfordringstiltaka i det alt vesentlege måtte gjennomførast i 2022 parallelt med innkrevjing av laupande terminar. Etterslepet som følgje av utsetjingane som er gjevne, vil i stor grad avhenge av betalingsevna hos dei som har fått betalingsutsetjing.
Konsekvensar av tiltak i samband med koronapandemien og dei arbeidsmessige hindringane denne gav, har medverka til eit generelt etterslep på kontroll- og innkrevjingsområdet. Det ligg difor i budsjettframlegget inne ein ettårig auke på 50 mill. kroner for å teke i vare noko av etterslepet som følgje av pandemien.
Oppfølging av ny organisering
Skatteetaten vart omorganisert i 2019. Etaten har òg sidan 2014 fått tilført fleire oppgåver på innkrevjingsområdet. Ansvaret for skatteoppkrevjinga vart overført frå kommunane til Skatteetaten i 2020. No som den nye organiseringa har fått virke ei tid, er det viktig at etaten framover nyttar effektar og moglegheiter som følgjer av ny organisering og dei nye oppgåvene, mellom anna gjennom å sikre god samhandling i organisasjonen.
Informasjonstryggleik
Skatteetaten har omfattande digitale prosessar og ein stor og kompleks IT-systemportefølje. Velfungerande og sikre IT-system i etaten er avgjerande for at etaten skal løyse sitt samfunnsoppdrag for folk og næringsliv. Ifølgje Norsk tryggleiksmyndigheit (NSM) er «det digitale risikobildet [er] skjerpet». Også Skatteetatens eigne trusselvurderingar syner auka risiko for digitale trugsmål.
Etaten må fortlaupande vurdere informasjonstryggleiken i eigne system på ein god og systematisk måte og setje i verk tiltak ved behov. Arbeid med informasjonstryggleik må vere ein integrert del av styringa i verksemda og basere seg på gjeldande reglar, anerkjende standardar og oppdaterte vurderingar av trugsmåla. Det er etter kvart vorte klårare at ein er komen noko på etterskot med omsyn til å oppretthalde stabile og tilstrekkeleg sikre system. jf. òg NSMs ovannemnde åtvaring.
I budsjettframlegget ligg det inne ein auke på 75 mill. kroner for å styrkje etaten sin IT-infrastruktur. Styrkinga som ein legg opp til at skal vere treårig, vil betre etaten sin evne til å verne seg mot og handtere uønskte digitale hendingar.
Etterleving og kontroll
Skatteetaten arbeider etter OECDs etterlevingsmetodikk. Den er risikobasert, og årsaksanalysar og kunnskap om framferd legg grunnlag for betre etterleving. Ulike verkemiddel som skal auke etterlevinga, vert sette i samanheng. Innsats i forkant, til dømes å utnytte digitaliseringa som skjer i samfunnet (compliance by design), tilrettelegging av gode digitale tenester, forenklingar, regelverksendringar og god rettleiing, vil kunne hindre at feil oppstår og kan òg vere ressurseffektive verkemedel. Skatteetaten arbeider kontinuerleg for å få skattepliktige til å handle riktig og for at dei som omgår regelverket, skal oppleve høgt sannsyn for å verte oppdaga, korrigert eller sanksjonert. Kontroll er eit avgjerande verkemiddel for å avdekkje uriktige og manglande opplysningar og for å byggje tillit i samfunnet. Skatteetaten må arbeide systematisk for at kontrollnivået skal vere tilstrekkeleg høgt og at kontrollar vert gjennomførte på ein planmessig og heilskapleg måte, basert på gode risikovurderingar.
Internasjonalt arbeid for å tryggje skattegrunnlaget
Skatteetaten skal leggje til rette for god etterleving og riktig skatt frå utanlandske aktørar i Noreg, samt aktivt nytte tilgjengelege verkemiddel i arbeidet med å avdekkje skjulte inntekter og formuar i utlandet og i arbeidet med internprising i fleirnasjonale konsern. Skatteetaten skal halde fram med å arbeide med effektive løysingar for å nytte opplysningar etaten mottek frå andre land, og arbeide for å auke kvaliteten på desse opplysingane. Etaten skal òg følgje med på nye internasjonale standardar som vert utvikla og vurdere korleis desse kan brukast i oppgåveløysinga. Etaten skal gjennom samarbeid i internasjonale fora leggje vekt på openheit, til dømes om eigarskap, for å redusere risikoen for at inntekter og formue vert haldne skjult for skattlegging. Skatteetaten må ha høg merksemd på nye ordningar for skattlegging av transaksjonar over landegrensene. Etaten må i 2022 òg førebu innføring av nye skattereglar for store fleirnasjonale konsern i samsvar med internasjonal avtale om skattlegging av den digitaliserte økonomien.
Tiltak mot arbeidslivskriminalitet
Regjeringa la i 2021 fram ein revidert strategi mot arbeidslivskriminalitet. I strategien er førebygging, kunnskap og betre identitetsforvaltning framheva som viktige område. Tiltaka gjeld område under fleire departement.
Ein sentral del i strategien er òg betre koordinering mellom etatane slik at deira sams innsats vert så slagkraftig og effektiv som mogleg. I 2022 vil arbeidet med å byggje kunnskap om arbeidslivskriminalitet og effektar for å prioritere og målrette tiltak, halde fram. Departementa vil arbeide vidare med å gje etatane betre høve til å dele og stille saman informasjon. For 2022 vil Skatteetaten, saman med andre etatar, prioritere arbeidet med å redusere handlingsrommet for å drive med arbeidslivskriminalitet. Dei vil hindre at kriminelle får oppdrag, ved å hjelpe oppdragsgjevarar og forbrukarar til å velje seriøse leverandørar, blant anna gjennom informasjon, samarbeid og bruk av skatteattestar. Dei vil prioritere målretta tiltak for å sikre riktig skattlegging av utanlandske arbeidstakarar, betre identitetsforvaltning og for å førebyggje at utanlandske arbeidstakarar vert utnytta. Etatane vil prioritere å stoppe alvorleg arbeidslivskriminalitet gjennom kontrollverksemd og andre tiltak. Desse prioriteringane vil ein arbeide med tverretatleg, i arbeidslivskriminalitetssentera (a-krimsentera), og i Skatteetaten, der overføringa av arbeidsgjevarkontrollen frå kommunane vil innebere ei styrking av innsatsen.
Dialogbasert skattemelding (Sirius)
Sirius er eit prosjekt for utvikling og innføring av ei ny dialogbasert støtte til skattepliktige si eigenfastsetjing. Prosjektet skal bidra til ein heilskapleg skattleggingsprosess overfor skattepliktige, med samanhengande og einsarta prosessar for forskot, fastsetjing og skatteoppgjer. For næringsdrivande skal prosjektet gje grunnlag for betre og enklare integrasjon mellom bokførings- og rekneskapssystema deira og system i etaten for behandling av næringsoppgåver.
I 2022 skal ein ferdigstille dialogbasert skattemelding for lønstakarar og pensjonistar med hovudvekt på særgrupper og utlandsforhold. I 2022 skal prosjektet òg nytte røynsler frå 2021 til å utvikle ei ny dialogbasert skattemelding for næringsdrivande.
Prosjektet starta i 2018 og er planlagt ferdigstilt i 2024. Prosjektet har ei kostnadsramme (P85) på 772,8 mill. 2022-kroner. For 2022 er det sett av 111,9 mill. kroner til prosjektet.
Nytt IT-system for meirverdiavgift (Memo)
Memo er eit prosjekt for utvikling av eit nytt IT-system for meirverdiavgift for å auke kvaliteten på meirverdiavgiftsforvaltninga. Tiltaket vil gje ei modernisert IT-plattform for registrering i meirverdiavgiftsregisteret, mottak og behandling av skattemeldinga for mva., dialog med dei skattepliktige og anna saksbehandling i samband med meirverdiavgift. Målet er auka etterleving av regelverket, sikring av meirverdiavgiftsprovenyet og meir effektive løysingar og arbeidsprosessar for næringslivet og Skatteetaten. Etter å ha utvikla og lansert ein ny portal for mva-registrering, arbeider ein i prosjektet i 2021 og vidare i 2022 med utvikling av ny skattemelding for mva.
Prosjektet starta i 2019 og er planlagt ferdigstilt i 2023. Som opplyst i Prop. 1 S (2020–2021) for Finansdepartementet, har prosjektet i 2020 avgjeve delar av prosjektleiinga og utviklingsressursane til å arbeide med kompensasjonsordningar ifm. virusutbrotet. Det vart der opplyst om at dette kunne påverke framdrifta i prosjektet. Prosjektet har òg i periodar hatt noko lågare produktivitet enn opprinneleg lagt til grunn. Det er våren 2021 gjennomført ein ny uvisseanalyse av prosjektet, og som viser auka risiko for at prosjektet må forlengjast og at kostnadsramma ikkje er tilstrekkeleg. Prosjektet har ei kostnadsramme på 646,6 mill. 2022-kroner. Det vert førebels lagt til grunn at prosjektet kan gjennomførast innanfor gjeldande kostnadsramme. Finansdepartementet vil i samråd med ekstern kvalitetssikrar gjere ei nærmare vurdering av prosjektet. Ein vil kome tilbake til Stortinget om vidare oppfølging av desse forholda. For 2022 er det sett av 167,2 mill. kroner til prosjektet.
Betre identitetsforvalting
Fleire etatar har oppgåver som påverkar identitetsforvaltinga i Noreg. Skatteetaten skal i 2022 halde fram arbeidet i den tverrfaglege, rådgjevande gruppa for betre identitetsforvalting (KoID). Hovudføremålet med gruppa er å bidra til ei styrkt identitetsforvalting i Noreg og at innsatsen på området frå dei fem etatane vert meir heilskapleg og koordinert. KoID har felles, overordna mål som partane arbeider målretta mot. Gruppa vil òg samarbeide med andre sentrale aktørar som Finans Noreg, Nasjonalt ID-senter og Brønnøysundregistera. Skatteetatens innsats held fram i 2022.
Personopplysningane i Folkeregisteret vert nytta når andre instansar skal utferde dokument som pass, bankkort og førarkort og når verksemder yter tenester til registrerte personar. Folkeregisteret viser om identiteten til personen er kontrollert eller ikkje. Skatteetaten skal framleis arbeide med å bevisstgjere brukarane av Folkeregisteret om at dei sjølve må vurdere om dei har behov for å nytte slike opplysningar på deira ansvarsområde. Slik kan brukarar av Folkeregisteret avgjere om identiteten er trygg nok for deira bruk.
Etablering av Unik i Folkeregisteret
Skatteetaten har etter lov om folkeregistrering høve til å registrere om ein identitet er unik. Fødsels- og d-nummer vert nytta i nær sagt alle digitale prosessar i samfunnet for å identifisere ein innbyggjar, og skilje ein person frå ein annan. Det å sikre at ein person har ein identitet i Norge som tenesta og autentiseringsmekanismar kan byggje vidare på, er ein grunnstein i identitetsforvaltninga. Tilliten til Folkeregisteret avheng av at samfunnet kan stole på at ein person berre har eitt fødsels- eller d-nummer, og at fleire personar ikkje kan nytte same fødsels- eller d-nummer. Det er behov for at personar som er tildelt eit fødsels- eller d-nummer, kan dokumentere at han eller ho er rettmessig eigar av det tildelte nummeret, både fysisk og digitalt. For å sikre at ein person berre kan ha ein unik identitet i Folkeregisteret, er det naudsynt å nytte informasjon om biometriske data frå register i justissektoren. Etaten skal i 2022, i samarbeid med KoID og relevante verksemder, følgje opp aktivitetar som legg til rette for å etablere unik identitet i Folkeregisteret. Skatteetaten skal bidra i arbeidet med å utvikle det juridiske rammeverket som må etablerast for å ta i bruk biometri som grunnlag for etablering av status «unik» i Folkeregisteret.
Innføring av ny personidentifikator
Kapasiteten i dagens fødselsnummer-serie er i ferd med å verte brukt opp. For å auke tilgangen på gyldige fødselsnummer og d-nummer, er det vedteke å ta i bruk nye nummerseriar frå 2032. Samstundes tek ein bort informasjon om kjønn i nummeret. Desse endringane vil ha verknader for mange verksemder. Skatteetaten vil i 2022 halde fram med å førebu samfunnet på omlegginga.
OTP og deling av data
Prosjektet obligatorisk tenestepensjon (OTP) og deling av data går ut på at etaten skal utvikle ei løysing for å dele dei opplysningar om inntekt og arbeidsforhold som arbeidsgjevar allereie har innrapportert i a-meldinga, med pensjonsverksemder slik at desse kan rekne ut rett pensjonsgrunnlag etter OTP-regelverket. Målet er betre etterleving av pensjonsforpliktingar frå arbeidsgjevarane og å forenkle rapporteringa av opplysningar frå næringslivet. Løysinga vil gje arbeidsgjevarar og pensjonsverksemdene lågare kostnadar. Det er òg venta at den samla pensjonssparinga vil auke. Løysinga vil òg gjere det mogleg for arbeidstakar å følgje med på om arbeidsgjevar har etablert ei pensjonsordning og hos kva for ei pensjonsverksemd. 1. juni 2021 overtok Skatteetaten frå Finanstilsynet ansvaret for tilsyn med plikta arbeidsgjevarar har til å opprette OTP-ordning.
I 2022 vil det verte arbeidd vidare med utvikling av ny automatisert og maskinell tilsynsløysing og oppbygging av ny kompetanse og kapasitet for å kunne utføre denne oppgåva på ein effektiv måte. Vidare skal etaten i 2022 arbeide vidare med å byggje opp kompetanse og kapasitet på IT- og fagsida for deling av data med offentlege og private verksemder. I tilknyting til dette skal det etablerast nye IT-løysingar for å effektivisere arbeidet med oppfølginga av produsentar (dei som leverer data til løysinga) og konsumentar (brukarane), og leggje til rette for auka grad av sjølvbetjening og automatisert oppfølging og overvaking av delingstenestene.
Prosjektet starta i 2020 og er planlagt ferdigstilt i 2022. Prosjektet har ei kostnadsramme på 137,3 mill. 2022-kroner, inkl. 11,6 mill. kroner til naudsynt utvikling i Arbeids- og velferdsetatens Aa-register. For 2022 er det sett av 40,1 mill. kroner til prosjektet. Av dette ligg 36,8 mill. kroner på kap. 1618, post 22, og 3,3 mill. kroner på Arbeids- og velferdsetatens kap. 605, post 45.
Modernisering av innkrevjing
Skatteetaten er den største offentlege kreditoren og krev inn om lag 1 350 mrd. kroner årleg i skattar, avgifter og andre offentlege krav. Dei seinare åra har Skatteetaten overteke fleire innkrevjingsoppgåver frå andre verksemder: Statens innkrevjingssentral vart innlema i Skatteetaten i 2015, innkrevjing av toll, meirverdiavgift ved innførsle og særavgifter vart flytta frå Tolletaten i 2016 og 2017, Nav Innkrevjing vart innlema i Skatteetaten i 2018 og skatteoppkrevjarfunksjonen vart flytta frå kommunane i november 2020. Praktisk talt all statleg innkrevjing er no samla i Skatteetaten. I tillegg er etaten systemleverandør for politiet ved Alminneleg namsmann, både for utlegg og andre sivile gjeremål (gjeldsordningssaker, forliksrådssaker mv.).
Skatteetaten forvaltar no ein omfattande IT-portefølje på innkrevjingsområdet med sju parallelle hovudsystem som er noko ulike. Fleire av systema er vorte overførte frå andre verksemder. Innkrevjing av dei ulike kravtypane skjer i stor grad i parallelle prosessar, og systema er i liten grad koordinerte på tvers av dei etablerte innkrevjingsmiljøa som er vorte innlema i Skatteetaten. Dette påverkar både brukaropplevinga og ressursbruken på innkrevjingsområdet negativt. Det er difor eit stort potensial for å effektivisere ressursbruken ved å automatisere fleire av dagens innkrevjingsprosessar som krev mykje manuelt arbeid. Det er òg eit stort potensial for meir brukarvennlege løysingar. Porteføljen er òg bygd på utdatert teknologi som framover ikkje vil innfri krav til effektiv drift og forvaltning, endringsevne og tryggleik. Ei vidareføring av dagens system ville kravd omfattande investeringar. Vidare er dagens regelverk på innkrevjingsområdet spreidd i fleire lover, tilpassa tidlegare organisatoriske einingar slik situasjonen var før oppgåvene vart flytta til etaten. Mangel på samordna prosessar, deling av data og eit harmonisert regelverk for innkrevjingsområdet gjer at dagens løysingar er fragmenterte og lite brukarvennlege. Dette går utover skyldnar som opplever at det er vanskeleg å få oversikt over eigne rettar og pliktar, samt gjer saksbehandlinga meir komplisert. Målet med å samle statleg innkrevjing i Skatteetaten har vore å oppnå ei heilskapleg og effektiv forvaltning av innkrevjing. For å kunne oppretthalde ein akseptabel risiko for offentleg innkrevjing og realisere fleire ynskte effektar ved ei samla statleg innkrevjing, er det naudsynt å modernisere innkrevjingsområdet, særleg IT-porteføljen.
Regjeringa gjer difor framlegg om å modernisere innkrevjingsområdet og særleg IT-porteføljen. Tiltaket vil leggje til rette for å samordne og modernisere systemporteføljen, prosessane og regelverket på innkrevjingsområdet. Tiltaket vil gjere prosessane og regelverket meir brukarvenlege. Programmet er ei tverrsektoriell satsing som vert foreslått gjennomført over sju år. Programmet skal starte i 2022, leia av Skatteetaten. I tillegg skal Skatteetaten samarbeide med politiet, Nav, Lånekassen og Brønnøysundregistrene om å utvikle samanhengande tenester. Programmet vert foreslått gjennomført i tre steg. Steg 1 er planlagt gjennomført i 2022–2024, steg 2 i 2025–2026 og steg 3 i 2027–2028. Forventa netto nytte er utrekna til 4,2 mrd. kroner for heile programmet, og 3 mrd. kroner for steg 1 (2020-kroner). Prissett gevinst frå steg 1 er for det offentlege om lag 70 mill. kroner årleg, og for næringslivet og personar om lag 430 mill. kroner. For programmet samla er tala om lag 400 mill. kroner og 550 mill. kroner. Dei prissette nytteverknadene består i hovudsak av effektiviseringsgevinstar (redusert ressursbruk). I samfunnsøkonomisk verdi er det forventa at dei ikkje-prissette verknadene er større enn dei prissette nytteverknadene. Forventa gevinstar består i betre samanhengande tenester mellom offentlege aktørar, betre tenester for næringslivet og brukarane, og auka tillit til offentleg innkrevjing. Skatteetaten vil òg verte betre rusta til å gjennomføre samfunnsoppdraget sitt, medrekna å gjennomføre pålagte endringar raskare og meir effektivt.
Prosjektet har våren 2021 vorte kvalitetssikra av ein ekstern kvalitetssikrar (KS2-prosess). Kvalitetssikrar vurderer at prosjektet med høg tryggleik er samfunnsøkonomisk lønsamt og tilstrekkeleg robust, og tilrår at det blir fastsett økonomiske rammer for programmet samla og for gjennomføringa av steg 1. Regjeringa legg til grunn ei samla Design to cost (DTC)-ramme for heile programmet (steg 1–3) lik P65 på 4 341 mill. kroner inkl. mva. For steg 1 som det no vert gjort framlegg om, foreslår regjeringa ei kostnadsramme på 1 864 mill. kroner inkl. mva. og ei styringsramme på 1 553 mill. kroner inkl. mva. (innanfor samla DTC-ramme).
For 2022 er det sett av 357,7 mill. kroner til prosjektet, fordelt på Skatteetaten (315,4 mill. kroner), politiet (18,5 mill. kroner), Nav (13,5 mill. kroner) og Brønnøysundregistera (10,3 mill. kroner). Midlane til Skatteetaten er fordelte med 10,7 mill. kroner på post 01 Driftsutgifter og 304,7 mill. kroner på post 22 Større IT-prosjekt.
Klagesaksbehandling
Samla behandlingstid for klagesakene som vert sende til Skatteklagenemnda for avgjerd, er i dag for lang. Skattedirektoratet må framleis følgje opp sekretariatet for Skatteklagenemndas arbeid med å redusere restansane.
Sjå nærare omtale om prioriterte tiltak for Skatteklagenemnda under kap. 1619 Skatteklagenemnda.
Budsjett for 2022
Budsjettramma for Skatteetaten er for 2022 sett til 8 231,1 mill. kroner som er 446,8 mill. kroner høgare enn i saldert budsjett 2021. Av auken gjeld om lag ¾ investeringar på IT-området over postane 22 Større IT-prosjekt og 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar mellom anna lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser og kontorutstyr.
For 2022 er det gjort framlegg om å løyve 7 102,1 mill. kroner under post 01. Dette er ein nominell auke frå saldert budsjett 2021 med 56,6 mill. kroner eller 0,8 pst. Ei omlegging av ordninga med premiebetaling til Statens pensjonskasse, inneber åleine ein reduksjon med 104,0 mill. kroner. Forslaget inneber skjerpa krav til effektivisering, innsparingar og gevinstrealiseringar på grovt rekna 120 mill. kroner, medan justering for lønsvekst utgjer om lag 170 mill. kroner. Posten er òg auka med 50 mill. kroner til mellombels styrking av kontroll- og innkrevjingsområdet som følgje av pandemien og 25 mill. kroner til arbeid med informasjonstryggleik, jf. omtale ovanfor. Samla inneber budsjettframlegget at bemanninga i etaten vil verte lågare i 2022 enn i 2021.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til innkrevjing av arbeidsgjevaravgift, skatt, trygdeavgift, meirverdiavgift, særavgifter og petroleumsskatt m.m. Posten omfattar òg kostnadar med tvangsforretning, tinglysing, garantistilling og innkrevjing av barnebidrag. Vidare omfattar posten sakskostnadar i rettssaker som gjeld meirverdiavgift, petroleumsskatt, særavgifter, krav frå statlege oppdragsgjevarar og bidrag og tilbakebetaling. For 2022 er det gjort framlegg om å løyve 264,8 mill. kroner under post 21.
Post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast
Posten omfattar løyvingar til arbeid med dialogbasert skattemelding (Sirius), eit nytt IT-system for meirverdiavgift (Memo), OTP og deling av data. Prosjekta er nærare omtalte ovanfor. For 2022 er det gjort framlegg om å løyve 616,8 mill. kroner under post 22.
For desse investeringsprosjekta kan det verte bruk for avtalar som går utover budsjettåret, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om at Skatteetaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak V.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, a-ordninga
Skatteetaten tek hand om interessene til dei tre samarbeidande etatane (Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå) og til dei opplysningspliktige i den vidare forvaltinga og utviklinga av a-ordninga. For 2022 er det gjort framlegg om å løyve 97,6 mill. kroner til forvaltinga av a-ordninga.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utviklingstiltak for Skatteetatens system og infrastruktur på IKT-området, medrekna meir omfattande oppgraderingar, vidareutvikling av systemløysingar med meir. For 2022 er det gjort framlegg om å løyve 143,4 mill. kroner under post 45. Auken frå 2021 – med nominelt 52,2 mill. kroner eller 57,2 pst. – skal særleg nyttast til å styrkje og sikre IT-infrastrukturen.
I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.
Post 70 Tilskot
Posten omfattar tilskot til Senter for skatteforsking ved Noregs Handelshøgskule og til Universitetet i Oslo og Universitet i Bergen sine satsingar på skatterettsfaget. For 2022 er det rekna med høvesvis om lag 2,3, 1,6 og 2,5 til desse institusjonane. For 2022 er det gjort framlegg om å løyve vel 6,4 mill. kroner under post 70.
Kap. 4618 Skatteetaten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr | 65 906 | 58 000 | 37 300 |
03 | Andre inntekter | 59 204 | 6 300 | |
05 | Gebyr for utleggsforretningar | 40 532 | 123 500 | 107 800 |
07 | Gebyr for bindande førehandsfråsegner | 4 797 | 3 500 | 4 500 |
11 | Gebyr på kredittdeklarasjonar | 2 818 | 3 596 | 3 000 |
85 | Inngått på tapsførte lån m.m. | 228 939 | 240 000 | 240 000 |
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 537 645 | 1 630 000 | 1 853 000 |
87 | Trafikantsanksjonar | 61 997 | 60 000 | 60 000 |
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 203 701 | 230 000 | 230 000 |
89 | Gebyr for regelbrot | 6 141 | 5 500 | 6 100 |
Sum kap. 4618 | 2 211 680 | 2 354 096 | 2 548 000 |
Inntektene på kap. 4618, postane 85–88, er jamt over vanskelege å budsjettere. Hovudgrunnen er at krava vert ilagde av andre. Også inntektene på nokre av dei andre postane på kapittelet vert monaleg påverka av forhold utanfor etaten.
Post 01 Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr
Posten omfattar refusjon av gebyr ved utleggsforretningar som vert utførte av Skatteetaten og dei alminnelege namsmennene, jf. kap. 1618, post 21. Inntektene framover på denne posten gjeld innfordringar som vart sette i gang før 1.11.2020. Kor mange slike som står att etter 2021, er svært usikkert.
Post 03 Andre inntekter
Posten omfatta til og med 2020 mellom anna refusjonar for datatenester som vart utførte for andre statlege verksemder, gebyr for folkeregisteropplysningar og nokre andre refusjonar. Etter at det er gjort eit nytt unntak frå bruttoprinsippet i statsbudsjettet, vert slike refusjonar posterte på ein utgiftspost – her kap. 1618, post 01. Som gjort greie for i Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021, har ein seinare kome fram til at somme av dei inntektene som vart posterte på post 03, likevel ikkje kan reknast som refusjonar. Dette gjeld mellom anna nokre salsinntekter og tilskot. For 2022 reknar ein med 6,3 mill. kroner i slike inntekter.
Post 05 Gebyr for utleggsforretningar
Posten omfattar gebyrinntekter frå utleggsforretningar som Skatteetaten utfører sjølve. Dei klårt høgare inntektene her etter 2020 kjem særleg av at gebyrinntekter som kommunane tidlegare hadde i kraft av særnamsmannkompetanse, etter overføringa av skatteinnkrevjinga til staten vert inntektsførte hos Skatteetaten. Verknaden av lågare utleggsgebyr er innarbeidd.
Post 07 Gebyr for bindande førehandsfråsegner
Posten omfattar inntekter frå gebyr for bindande førehandsfråsegner frå Skatteetaten.
Post 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar
Ved innførsel er hovudregelen at toll og avgifter skal betalast ved grensepasseringa. Etter tollkredittordninga kan godkjende importørar få kreditt slik at deklarasjonar for ein kalendermånad kan samlast og betalast den 18. i månaden etter. I månader der ein importør har brukt tollkredittordninga, vil han få eit gebyr på 100 kroner. Samla gebyrinntekter svarer til dei kostnadane som Skatteetaten har med tollkredittordninga. Kostnadsgrunnlaget vart gjennomgått i 2020 og vurdert å samsvare bra med gebyrnivået.
Post 85 Inngått på tapsførte lån m.m.
Posten omfattar inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som er tapsførte i Statens lånekasse for utdanning og i Husbanken.
Post 86 Bøter, inndragingar m.m.
Posten omfattar inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnadar. At framlegget for 2022 er vel 220 mill. høgare enn saldert budsjett 2021, heng mellom anna saman med planar om nivå- og prisjusteringar av ein del forenkla førelegg og betre utnytting av fotoboksar.
Post 87 Trafikantsanksjonar
Posten omfattar inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr, utferda av politiet og Statens vegvesen.
Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret
Posten omfattar innbetaling av forseinkingsgebyr, ilagde av Rekneskapsregisteret.
Post 89 Gebyr for regelbrot
Posten omfattar inntekter frå gebyr for regelbrot som kan ileggjast arbeidsgjevarar som ikkje kan leggje fram ei oppdatert personalliste.
Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu
For å sikre og følgje opp krav i konkursbu som ledd i det offentlege innkrevjingsarbeidet, vart det for både 2020 og 2021 gjeve fullmakt slik at Skatteetaten kunne gje nye, vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnadar ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner. Ved utgangen av 2020 låg det føre slike tilsegner for vel 5,4 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta er knytt til kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Dei kommunale skatteoppkrevjarane hadde fram til 1. november 2020 ein liknande fullmakt. Ansvaret i denne var 7,4 mill. kroner per 31. desember 2020. Staten har teke over dette ansvaret slik at samla ansvar for staten per 1. januar 2021 var 12,8 mill. kroner. I samband med Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021, vart grensa for nye tilsegner i 2021 auka frå 8 til 16 mill. kroner som ein konsekvens av at staten no har eineansvar for å gje slike tilsegn.
Vanlegvis vert det gjeve tilsegn når ein reknar med at vidare bubehandling kan tilføre eit konkursbu aktiva, men buet ikkje har evne til å bere risikoen for kostnadane. I særlege tilfelle er tilsegna grunngjevne med preventive omsyn. Det gjeld mellom anna når mistanke om økonomisk kriminalitet tilseier at konkursbuet forfølgjer saka privatrettsleg eller overfører saka til påtalemakta. Ordninga medverkar dessutan til å avsløre brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga og motverkar økonomisk tapping av verksemder.
Føremålet med tilsegnsordninga er å tilføre skatte- og avgiftskreditorane verdiar som gjev betre dekking av skatte- og avgiftskrav som er melde i buet. Skatteetaten opplyser at skatte- og avgiftskreditorane får ei meirdekking i konkursbu der det er gjeve tilsegn om midlar til vidare bubehandling.
Finansdepartementet ser på tilsegnsordninga som viktig med tanke på både innkrevjing og allmennprevensjon. Ansvaret for å gje nye tilsegner er delegert til Skattedirektoratet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga i 2022 ved å gje Skattedirektoratet fullmakt til å gje nye vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnadar ved vidare bubehandling for opp til 16 mill. kroner innanfor ei samla fullmakt for nye og gamle tilsegner på 44,9 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.
Tabell 6.4 Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu
(i 1 000 kr) | |
---|---|
Tilsegner | |
Samla ansvar per 1. januar 2020 | 7 546 |
Nye tilsegner i 2020 | 2 792 |
Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i ikkje-avslutta bu | - 24 |
Differanse mellom tilsegner og utbetalingar i avslutta bu | - 4 885 |
Ansvar per 31. desember 2020 – påtatt av Skatteetaten | 5 429 |
Ansvar per 31. desember 2020, påtatt av kommunale skatteoppkrevere, overtatt av Skatteetaten | 7 400 |
Skatteetatens samla ansvar per 1. januar 2021 | 12 829 |
Fullmakt til nye tilsegner i 2021 | 16 000 |
Framlegg til fullmakt til nye tilsegner i 2022 | 16 000 |
Framlegg til samla fullmakt i 2022 for nye og gamle tilsegner | 44 829 |
Kap. 1619 Skatteklagenemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 66 943 | 71 213 | 72 090 |
Sum kap. 1619 | 66 943 | 71 213 | 72 090 |
Samfunnsoppdrag og organisering
Skatteklagenemnda behandlar klager som gjeld skatt og meirverdiavgift. Ordninga skal bidra til rettstryggleik for dei skattepliktige ved at klager der vedtaka ikkje vert omgjorte i fyrste instans ved skattekontora, får ei ny og uavhengig behandling.
Eit eige sekretariat førebur sakene for nemnda. Sekretariatet er lokalisert i Stavanger og hadde per 30. august 2020 totalt 58 tilsette. Sekretariatet er administrativt underlagt Skattedirektoratet, men er fagleg sjølvstendig. Det er lovfesta at Skatteklagenemnda og sekretariatet ikkje skal kunne instruerast i faglege spørsmål.
Kjernen i det faglege sjølvstendet er at overordna myndigheit ikkje kan instruere organet om utfallet av enkeltsaker eller sakstypar. Det administrative ansvaret gjer at det ansvarlege organet kan gå langt i å setje rammer for saksbehandlinga utan at det faglege sjølvstendet stenger for dette, jf. Prop. 1 S (2019–2020) for Finansdepartementet. Organisering av oppgåveløysinga, saksbehandlingstid og måloppnåing er eksempel på kva overordna organ kan gje føringar om.
Løyvingane til Skatteklagenemnda og sekretariatet vert frå og med 2020 gjort på eit eige budsjettkapitel. Utgiftene til nemnda og sekretariatet vart tidlegare løyvt på kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter.
Resultat i 2020
Saksproduksjonen i Skatteklagenemndas sekretariatet har i 2020 vore negativt påverka av koronapandemien sidan heimekontor har gjort saksbehandlinga meir krevjande. Restansane ved sekretariatet vart likevel redusert med om lag 300 saker i 2020. Totalt har 1 470 klagesaker vorte behandla i 2020. Frå 2018 til 2020 er det totale talet på ubehandla saker redusert frå 2 550 til 2 081. Delen ubehandla saker som er eldre enn eit år, er høg, og sekretariatet har i 2020 fortsett å prioritere arbeid med å redusere dei eldste restansane. Samla saksbehandlingstid for sakene som vert sende til nemnda, er framleis for lang.
Mål og prioriteringar i 2022
Finansdepartementet fastset følgjande hovudmål for Skatteklagenemndas sekretariat for 2022:
Saksførebuinga for Skatteklagenemnda skal vere effektiv og ha god kvalitet.
Underliggjande resultatkrav og styringsparametrar for sekretariatet vert formidla via tildelingsbrev til Skatteetaten for 2022.
Viktige prioriteringar i 2022:
Talet på ubehandla saker ved Skatteklagenemndas sekretariat er framleis for høgt. Skatteklagenemndas sekretariat må i 2022 halde fram arbeidet for å effektivisere saksbehandlinga. Det er viktig å redusere talet på ubehandla saker og eldre restansar vesentleg. For å få ei meir effektiv saksbehandling, må Skatteklagenemndas sekretariat gjere systematiske vurderingar av organiseringa av dei interne arbeidsprosessane og korleis fagkompetansen i sekretariatet kan verte utnytta best mogleg.
Departementet vil framleis følgje opp arbeidet med å redusere saksbehandlingstida i Skatteklagenemndas sekretariat. Departementet tek sikte på at framlegg om regelendringar som kan medverke til å effektivisere saksbehandlingsprosessen for klager, vert sende på høyring hausten 2021.
Budsjett for 2022
Budsjettramma for Skatteklagenemnda er for 2022 sett til 72,1 mill. kroner.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar løn til tilsette i Skatteklagenemndas sekretariat, godtgjering til nemndsmedlemane, arbeidsgjevaravgift, pensjon og andre personalutgifter samt enkelte andre driftsutgifter. Fordi det er Skatteetaten som har inngått dagens leigeforhold og Skatteklagenemnda bruker etatens IT-system, vert utgifter til eigedom, inventar, IT-utstyr mv. dekte over kap. 1618.
Programkategori 23.30 Offisiell statistikk
Utgifter under programkategori 23.30
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1620 | Statistisk sentralbyrå | 888 516 | 874 860 | 897 347 | 2,6 |
Sum kategori 23.30 | 888 516 | 874 860 | 897 347 | 2,6 |
Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 613 735 | 611 820 | 649 553 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 241 768 | 253 640 | 244 194 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 33 013 | 9 400 | 3 600 |
Sum kap. 1620 | 888 516 | 874 860 | 897 347 |
Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering
Ny lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikklova) tredde i kraft 1. januar 2021. Der heiter det at Statistisk sentralbyrå (SSB) «er den sentrale myndigheten for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge». Offisiell statistikk gjev viktig kunnskap om korleis samfunnet er bygd opp, korleis det verkar og korleis det utviklar seg. Statistikk medverkar til allmenn folkeopplysing, er grunnlag for analyse, forsking, planlegging og styring både for private og for styresmaktene, og legg til rette for eit opplyst offentleg ordskifte. Lova gjev SSB eit todelt samfunnsoppdrag. I tillegg til statistikk skal SSB «drive med forsking og analyse», retta mot regjeringa og sentralforvaltninga, Stortinget og partane i arbeidslivet.
Statistikklova slår fast at SSB er fagleg sjølvstendig i utføringa av oppgåvene verksemda er tillagt gjennom lova. Dette er avgjerande for den tillita og autoriteten offisiell statistikk må ha.
Den nye lova gjev SSB ei sentral rolle i å samordne og kvalitetssikre den offisielle statistikkproduksjonen på tvers av offentlege statistikkprodusentar. SSB har vore sentral i arbeidet med å etablere eit nasjonalt program for offisiell statistikk, mellom anna gjennom si leiing av Utvalet for offisiell statistikk.
Ved utgangen av 2020 hadde verksemda ein arbeidsstokk tilsvarande 758 årsverk, uendra frå eit år tidlegare. I tillegg utgjorde intervjuarar 40 årsverk.
Talet på tilsette i SSB er redusert frå over 1 000 til om lag 830 dei seinaste ti åra. Dei overordna krava til effektivisering og kostnadskutt krev at SSB framleis reduserer talet på tilsette.
SSB har kompetansemiljø både på Kongsvinger og i Oslo.
Om lag 65 pst. av dei tilsette i 2020 arbeidde i Oslo og 35 pst. på Kongsvinger.
Finansdepartementet har oppnemnt Utvalet for offisiell statistikk. Utvalet er i hovudsak sett saman av statistikkprodusentar og eigarar av sentrale offentlege register som vert nytta til offisiell statistikk. Regjeringa vedtek periodiske nasjonale statistikkprogram som skal ramme inn den offisielle statistikken i Noreg. SSB leiar arbeidet med programforslaga, i samråd med Utvalet for offisiell statistikk.
Med heimel i statistikklova oppnemner Regjeringa representantar til Rådet for SSB for periodar av fire år. Rådet skal medverke til at dei oppgåvene som vert lagde til SSB, vert utførte på best mogleg måte. I 2021 leverte Rådet sin fyrste årlege rapport om SSBs verksemd. SSB har òg rådgjevande utval og andre brukarforum for ei rekkje statistikkområde og kjem der i dialog med viktige brukarar av statistikken.
SSB har hovudansvaret for Noregs deltaking i internasjonalt statistisk samarbeid. Dette samarbeidet er med på å heve kvaliteten på norsk statistikk og legg til rette for å samanlikne norsk og internasjonal statistikk. Samstundes legg særleg EØS-avtalen sterke føringar på den norske statistikkproduksjonen. Forordning (EU) nr. 223/2009 om europeisk statistikk («Den europeiske statistikklova») inneheld retningsliner for å utvikle, utarbeide og formidle europeisk statistikk og er gjort gjeldande i norsk rett. Saman med Dei Sameinte Nasjonane sine grunnleggjande prinsipp for offisiell statistikk, utgjer desse retningslinene eit internasjonalt rammeverk for verksemda til SSB.
Resultat i 2020
Statistikk av høg kvalitet som dekkjer viktige sider av samfunnet, er eit hovudmål for SSB. Det er sett kvantitative mål for viktige indikatorar som skal underbyggje SSBs arbeid med å levere relevant statistikk av høg kvalitet. Indikatorane er òg forankra i dei europeiske retningslinene for statistikk.
Nedanfor følgjer ein omtale av resultata for sentrale resultatindikatorar for statistikkproduksjonen i 2020.
Aktualitet
Som mål på aktualitet i statistikken nyttar ein talet på veker frå referanseperioden går ut til statistikken vert publisert. Den gjennomsnittlege produksjonstida for statistikkane var betre i 2020 enn i 2019 for alle frekvensar av statistikk. Særskild er det for årsstatistikkar at aktualiteten er betra. Det følgjer etter fleire år med målretta effektiviseringsarbeid.
Tabell 6.5 Aktualiteten til statistikken – veker frå utgangen av referanseperioden til publisering
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|---|---|
Månadsstatistikk | 3,5 | 3,6 | 3,6 | 3,7 | 3,5 |
Kvartalsstatistikk | 7,7 | 8,1 | 8,0 | 7,7 | 7,3 |
Årsstatistikk | 33,2 | 33,1 | 33,2 | 32,5 | 29,9 |
Punktleg publisering av statistikk
SSB annonserer tidspunkta for publisering i ein publiseringskalender på nettsida ssb.no. I 2020 vart 97 pst. av statistikkane publiserte på det varsla tidspunktet.
Tabell 6.6 Publisering av statistikk – del som vart publisert på varsla tidspunkt
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|---|---|
Del av statistikkane som vart publisert på varsla tidspunkt | 97 | 95 | 90 | 97 | 97 |
Svarrespons
For at statistikken skal halde høg kvalitet, er det viktig at ein så stor del av dei statistiske einingane som mogleg tek del i undersøkingane. Statistikklova gjev SSB heimel til å bruke opplysningsplikt ved innsamling av data og eventuelt tvangsmulkt ved manglande levering. SSB har arbeidd målretta med å halde svarprosentane høge under koronapandemien, gjennom mellom anna tett samarbeid med bransjeorganisasjonane. Svarresponsen for både undersøkingar med oppgåveplikt og frivillige undersøkingar avtok difor berre moderat i 2020.
Tabell 6.7 Svarrespons i undersøkingar frå SSB. Prosent
Undersøkingar: | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 |
---|---|---|---|---|---|
Med oppgåveplikt | 94 | 96 | 96 | 96 | 94 |
Frivillige | 65 | 54 | 61 | 58 | 56 |
Oppgåvebør
Det er eit viktig mål for regjeringa å redusere oppgåvebøra til næringslivet. Tilrettelegging for elektronisk rapportering er eit viktig verktøy for å halde oppgåvebøra låg. Nær all rapporteringa til SSB skjedde elektronisk i 2020. Om lag eit av ti føretak i privat sektor rapporterer til SSB i ei eller fleire undersøkingar. Oppgåvebøra har minka over tid, sjølv om større, periodevise undersøkingar kan gje store svingingar frå eit år til det neste.
Tabell 6.8 Oppgåvebør ved rapportering til SSB. Årsverk
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|---|---|
Næringslivet i alt | 61 | 81 | 75 | 73 | 69 |
Personar og offentlege institusjonar | 20 | 15 | 12 | 16 | 17 |
Statistikkpubliseringar
I 2020 vart det publisert 797 statistikkar frå SSB. Det var ei nedgang frå året før, sjå tabellen nedanfor. Nedgangen her gjennom fleire år kjem i stor grad av at ein har slått saman statistikkar for å gje meir heilskaplege bilete av tema. Grunna behov for meir fortlaupande og utfyllande informasjon under pandemien, er det produsert nokre nye statistikkar, og nokre sentrale statistikkar er publisert hyppigare enn tidlegare. Desse er ikkje inkludert i tabellen nedanfor. Det er vedteke eit nasjonalt statistikkprogram som i stor grad vil avgjere kva for statistikk som vert publisert framover.
Tabell 6.9 Statistikkpubliseringar
2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | |
---|---|---|---|---|---|
Frigjevne statistikkar | 874 | 861 | 814 | 812 | 797 |
SSB måler òg feil i statistikkane sine. Det vart i 2021 avdekt ein alvorleg rapporteringsfeil i SSB sine tall for sal av marine gassoljer og autodiesel som har ført til at nasjonale utslepp av klimagassar har vore rapportert for lavt. Feilen gjeld perioden 2012–2019. SSB føretek regelmessige områdegjennomgangar av statistikkane sine for å avdekkje feil og finne moglegheiter for utvikling eller effektivisering av eige arbeid.
Samla resultatvurdering
SSBs samfunnsoppdrag er å levere statistikk, analysar og forsking av høg kvalitet til nytte for det norske samfunnet. SSB har gjennomført dette oppdraget på ein god måte i 2020, trass i dei utfordringane koronapandemien har gjeve. SSB har jamt over hatt eit resultat på line med året før, sjølv med mykje ekstra arbeid i samband med implementering av ny statistikklov. Verksemda må heile tida arbeide vidare med å betre måloppnåinga.
Viktige utfordringar
Moderne demokratiske samfunn må understøttast av truverdig offisiell statistikk. Det vert stadig viktigare med fakta som er både uavhengige og kvalitetssikra. Statistikk, forsking og analyse skal medverke til innsikt i samfunnsutviklinga, gje grunnlag for det offentlege ordskiftet og gjere det mogleg å ta avgjerder på informert grunnlag. Dette stiller krav til at SSB utviklar statistikken og analysane, til høg aktualitet og ikkje minst til evna til å formidle resultat. På denne måten bidreg SSB òg til å motverke spreiing av falske nyhende. SSB bør ha ei sentral rolle i det offentlege ordskiftet.
Koronapandemien har vore ei særskild utfordring for statistikkproduksjonen, og SSB har lagt ned mykje arbeid i å redusere konsekvensane av utsett eller manglande innrapportering som følgje av pandemien. Òg i krisetid er det viktig at SSB har grunnlag for å lage god og oppdatert statistikk som klargjer viktige samfunnsspørsmål.
Eit nasjonalt program for offisiell statistikk vart vedteke av regjeringa i 2020. SSB skal framleis vere den sentrale produsenten av offisiell statistikk og får òg ei større rolle som samordnar og kvalitetssikrar av statistikk frå alle myndigheiter som etter programmet er ansvarlege for offisiell statistikk. Statistikk som vert omfatta av programmet, må møte krava til kvalitet som er felte ned i både norsk og europeisk regelverk, og ei rapport om kvaliteten på offisiell statistikk skal produserast årleg.
Forventingane til digitale tenester vert stadig større, endringar skjer raskare og det er krav til at data vert gjort tilgjengeleg raskt og er meir tilpassa brukarane. Veksten i datamengda vil truleg gå endå raskare framover og gjer det mogleg å skape ny innsikt. Nye teknologiske løysingar vil kunne gje SSB meir avanserte analysemetodar som òg er betre eigna for bruk når SSB tek i bruk fleire datakjelder. Vidare vil løysingar grunna i maskinlæring kunne medverka til meir automatisering, effektivisering og standardisering av statistiske produksjonsprosessar og betre formidling. Slik effektivisering vil vere viktig i møte med strammare økonomiske rammer i offentleg sektor framover. Samstundes betyr desse omveltingane store utfordringar, og verksemda må prioritere investeringar i mellom anna kompetanse, datalager, nye løysingar og auka sikkerheit. Til grunn for ulike utviklingsprosjekt i SSB ligg òg at mykje data skal flyttast over til sky. Det største utviklingsprosjektet byggjer på dei same elementa som vert utvikla i samband med Skatteetatens prosjekt Sirius. SSB vil leggje til rette for at desse løysingane òg kan nyttast i annan statistikkproduksjon.
Datamaterialet som SSB samlar inn, skal vere vårt sams faktagrunnlag og bør kome alle til gode. Ny statistikklov gjev forvaltinga enklare tilgang på mikrodata for statistiske og analytiske føremål. Det er etablert nye retningsliner for deling og prising av data frå byrået, og som skal gje betra forutsigbarheit og transparens for brukarar. Det er høg etterspurnad etter mikrodata frå SSB. SSB må arbeide kontinuerleg med å gjere det enklare og raskare for forskarar og styresmakter å få tilgang til slike data, samstundes som datatryggleik og personvern er høgt prioritert.
Microdata.no-portalen skal gje forskarar og studentar lettare og betre tilgang til registerdata, og han skal òg frigjere ressursar hos SSB. SSB har av Noregs forskingsråd fått innvilga midlar til ein fase 2 av prosjektet. Fase 2 vil opne for klart fleire variablar. Prioriteringa av variablane vert i stor grad grunna ut frå etterspurnaden frå brukarane og vil òg gje høve til å kople SSBs data med eigne tredjepartsdata hos forskarane. SSB vektlegg kompatibilitet med andre offentlege dataplattformer. Det er nedsett eit brukarråd for ordninga slik at ho skal møte behova hos brukarane og avlaste arbeidet med anna tilgjengeleggjering av data.
SSB må prioritere å gjere data tilgjengeleg både gjennom microdata.no-løysinga og direkte overfor større brukarar.
Statistikk er omfattande regulert i EØS-avtalen. Nasjonale statistikkrav må sjåast i samanheng med og tilpassast krava frå EU, mellom anna dei nye krava til Arbeidskraftundersøkinga (AKU) og undersøkinga om levekår som utgjer ein del av ei ny rammeverksforordning om sosialstatistikk. SSB må òg innarbeide nye krav frå den europeiske rammeverksforordninga for næringsstatistikk. Forordninga gjev nye føringar om statistikk for fleire næringar, mellom anna undervisning, helse- og sosialtenester, kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar, finanstenester og anna tenesteyting, samt for hyppigare statistikk om tenestenæringar.
Mål og prioriteringar i 2022
SSBs samfunnsoppdrag, hovudmål og oppgåver er fastsette i statistikklova § 17 og skal liggje til grunn for verksemda i 2022:
Statistisk sentralbyrå er den sentrale myndigheten for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Norge.
Statistisk sentralbyrå skal også drive med forskning og analyse.
Statistisk sentralbyrå kan påta seg andre oppgaver i den grad disse understøtter virksomheten som nevnt i første og annet ledd.
I tillegg skal SSB leie Utvalet for offisiell statistikk som skal bidra til samordning og utvikling av offisiell statistikk og gje råd om utarbeiding og formidling av statistikken.
Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og SSB i samband med utforminga av tildelingsbrevet til byrået.
Måla som skal ligge til grunn for SSBs verksemd dei neste åra, er at SSB skal:
vere den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold
sikre samarbeid, heilskap og kvalitet i det norske statistikksystemet
samle inn, bruke og dele data til beste for samfunnet
Måla skal bidra til at SSB har naudsynt tillit, truverd og leverer produkt og tenester i tråd med brukarbehov, samt til at statistikk, forsking og analyse held god kvalitet. SSB skal òg ivareta fagleg sjølvstende, kvalitet og kontinuitet i heile det norske offisielle statistikksystemet. Vidare skal verksemda medverke til kvalitet og kontinuitet i grunnlagsdata og utnytte veksten i nye datakjelder. Innhenting, bruk og deling av data skal gjerast effektivt, og folk skal ha tillit til at SSB handsamar data og informasjon konfidensielt og sikkert.
SSB arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. SSB skal, som ein del av arbeidet med å betre kvaliteten i oppgåveløysinga, nytte ressursane sine så effektivt som mogleg. I det daglege arbeidet er det samstundes naudsynt at verksemda veg effektivitet opp mot andre kvalitetsindikatorar.
Departementet venter at resultata i 2022 samla sett skal vere minst like gode som i 2020. I resultatvurderinga vil departementet leggje vekt på heilskapen i verksemda.
Viktige prioriteringar i 2022
Heilskap og kvalitet i statistikksystemet
Stortinget vedtok i juni 2019 ny statistikklov, basert på Prop. 72 LS (2018–2019). Den nye lova tredde i si heilheit i kraft 1. januar 2021. SSB må framleis arbeide med implementering av nytt regelverk.
Med den nye lova har SSB fått ei ny rolle som sentral myndigheit for utarbeiding, utvikling og formidling av offisiell statistikk, og må ifølgje lova ta ei større rolle som samordnar og kvalitetssikrar av statistikk frå alle produsentane i det norske statistikksystemet. Dette vil vere ei viktig oppgåve framover.
Det er vedteke eit nasjonalt program for offisiell statistikk for 2021 til 2023. Fyrste program gjeld ein kort periode, og SSB må i 2022 starte arbeidet med å utarbeide forslag til program for neste programperiode. Forslaget skal fremjast etter samråd med Utvalet for offisiell statistikk.
SSB skal utvikle og fremje tiltak for kvalitetssikring og kompetansebygging innan det norske statistikksystemet i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Eit system for kvalitetssikring skal etablerast i 2021, og ein fyrste kvalitetsrapport for den norske offisielle statistikken skal publiserast i 2022. Denne rapporten gir grunnlag for å vurdere tiltak for betre kvalitet i offisiell statistikk og endringar i systemet for kvalitetssikring.
Offisiell statistikk skal være lett tilgjengeleg for brukarane. SSB skal utvikle ei plattform for offisiell statistikk som er integrert med ssb.no. Plattforma gjev informasjon om det norske statistikksystemet og har inngangar til offisiell statistikk hos andre produsentar. Målet på sikt er at all offisiell statistikk skal vere tilgjengeleg i same løysing. Plattforma skal gradvis byggjast ut i samarbeid med produsentane og etter samråd med Utvalet for offisiell statistikk.
SSB er ein viktig premissgjevar som skal vere til stades i offentlegheita, bidra med statistikk om heile samfunnet, sjå statistikkar i samanheng og gjere analysar av aktuelle saker. Verda vert meir komplisert, og det er viktig å nytte data frå fleire og nye kjelder for å belyse samanhengane. SSB må difor fange opp og utvikle relevante statistikkar og statistikkområde og gode formidlingsmetodar innanfor dei ressursane verksemda disponerer. Gjennom å leie Utvalet for offisiell statistikk og ha eit utvida ansvar for samordning, skal SSB òg kunne følgje opp at alle dei offisielle produsentane i statistikksystemet bidrar til dette.
I samband med ny lov og krava til offisiell statistikk er den FoU-statistikken som NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning) utarbeidar vedtatt overført til SSB. Overføringa vert gjennomført som ei verksemdsoverdraging og bidrar til å samle FoU-statistikken hos SSB.
Leiande miljø for anvend forsking på norsk økonomi
SSB skal drive forsking og analyse i den grad det krevst for å kunne utvikle, utarbeide og formidle offisiell statistikk på ein god måte. Det vil stadig vere naudsynt å forske på statistiske metodar. Aukande tilfang av nye datakjelder gjer at nye problemstillingar vil dukke opp.
Statistikklova § 17 slår òg fast at SSB skal drive forsking og analyse på norsk økonomi ut over det som krevst i samband med statistikkproduksjonen. Det er lange tradisjonar for slik forsking i SSB. Saman med statistikken har dette arbeidet lagt til rette for ei god forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga.
SSB må utvikle dei økonomiske modellane det forvaltar. Modellane er sentrale for både verksemdas eige arbeid med mellom anna prognosar og for regjeringas politikkutvikling. Finansieringa av delar av modellarbeidet vert frå 2022, i samsvar med ynskje frå SSB, ført over frå direkte betaling for modellane frå Finansdepartementet til den generelle løyvinga til SSB, jf. omtale nedanfor under budsjettframlegget for kap. 1620, post 01.
Betre produkt og tenester
Offisiell statistikk skal vere til allmenn nytte. Folk hentar informasjon om samfunnet og samfunnsutviklinga frå mange kjelder. For at SSB skal vere ei relevant og aktuell kjelde som vert brukt, må vidare utvikling av SSB òg skje i dialog med brukarar, registereigarar og andre dataforvaltarar. Behova til brukarane vil vere viktig for utvikling, produksjon og formidling av statistikk, analysar og forsking.
Eit godt samarbeid med registereigarane og andre dataeigarar kan òg medverke til å redusere oppgåvebøra for næringslivet og andre, gje registerdata med betre kvalitet og sikre tilgang til nye datakjelder. For næringslivet vil betre skjema for sjølvadministrerte undersøkingar, auka bruk av data direkte frå næringane sine eigne system og auka bruk av ukonvensjonelle datakjelder vere viktig.
SSB skal òg fortsetje arbeidet med å betre tenesta for tilgjengeleggjering av mikrodata. Mikrodata skal gjerast tilgjengeleg for forskarar og styresmakter på ein effektiv og føreseieleg måte, både ved tradisjonell tilgjengeleggjering og ved å vidareutvikle dei nye tekniske løysingane for datatilgang, lansert gjennom microdata.no. SSB må ha god dialog med brukarane og finne praktiske løysingar for forskarar og forvaltninga. Ei fjernaksessløysing eller ei eksportløysing til eksterne arbeids- og analyserom bør over tid verte ein del av SSBs tilbod.
Utvikling og effektivisering
Teknologiske endringar gjev tilgang på meir data og nye datakjelder. Det skapar nye høve til statistikkutvikling, men fører òg til auka etterspurnad etter statistikk og analysar frå SSB. SSB må bruke stordata og nye metodar for å utvikle ny statistikk og nytte ressursane sine betre. Det er naudsynt å effektivisere og fornye, og ikkje minst å frigjere ressursar som kan gje rom for utvikling. SSB må heile tida utvikle statistikkproduksjonen for å møte auka krav frå brukarane, samstundes som verksemda skal effektiviserast. I det daglege arbeidet er det naudsynt at verksemda veg effektivitet opp mot andre kvalitetsindikatorar.
Arbeidet med dei fyrste utviklingsprosjekta for å etablere ei moderne IT-plattform starta i 2018. Utviklingsarbeidet inneber mellom anna nye løysingar for datalagring og datafangst og prosessforbetringar i dei statistikkproduserande avdelingane. Rutineprosessar som i dag krev mykje arbeidsinnsats, kan i større grad standardiserast og automatiserast, og slik skape rom for å nytte fleire nye datakjelder og lage meir statistikk, analyse og formidling som er godt tilpassa ulike brukaromsyn. I tillegg til at forenkla produksjonsprosessar kan gje rom for vidare kontinuerleg utvikling, vil auka bruk av nye datakjelder òg medverke til å redusere oppgåvebøra for oppgåvegjevarar.
Det største utviklingsprosjektet byggjer på dei same elementa som vert utvikla i samband med Skatteetatens prosjekt Sirius. SSB vil leggje til rette for at desse løysingane òg kan nyttast i annan statistikkproduksjon.
Transaksjonsdata og andre stordata kan gje høve til statistikk på nye område og redusere oppgåvebøra for oppgåvegjevarar. Slike data kan saman med nye metodar òg bidra positivt til eksisterande statistikk, noko bruk av transaksjonsdata i produksjonen av nasjonalrekneskapen i 2020 er eit døme på. SSB vil i 2022 gjennomføre ei ny forbruksundersøking. SSB skal i dette arbeidet gjere seg nytte av transaksjonsdata, som det ikkje tidlegare har hatt tilgang til. Førebelse konklusjonar er at ein i tillegg til å nytte transaksjonsdata, må supplere med andre kjelder for å få eit godt nok grunnlag til å lage statistikkane.
Kompetente og motiverte leiarar og medarbeidarar
Tilsette med rett kompetanse er avgjerande for at SSB skal levere gode resultat. Behovet for kompetanse endrar seg i takt med den teknologiske utviklinga og etterspurnaden etter ny statistikk.
Med dei store endringane verksemda har vore og skal gjennom, er det særskild viktig å halde på og utvikle kjernekompetansen, og å behalde eit godt arbeidsmiljø.
Modernisering av SSBs produksjonssystem vil gje store endringar i arbeidsprosessane. SSB vil difor utvikle kompetansen slik at verksemda kan meistre endringane som moderniseringa gjev, og slik at dei tilsette har grunnlag for å meistre nye oppgåver.
Internasjonalt samarbeid
SSB skal delta aktivt i internasjonalt samarbeid på statistikkområdet med samordning, informasjonsdeling og kompetanseutvikling. Det internasjonale samarbeidet inneber at det vert sett særskilde krav til innhald, omfang og kvalitet i statistikkane. I stor grad samsvarer slike internasjonale krav med SSBs prioriteringar og gjev føringar for utvikling av nye statistikkområde.
Eurostat føretek ei ny runde med fagfellevurderingar (peer review) og Noreg vert vurdert hausten 2021. Resultata frå fagfellevurderinga vert vurdert og følgt opp i 2022 og framover.
SSB skal vere vertskap for DGINS-konferansen i 2022. DGINS-konferansane samlar direktørane i dei nasjonale statistikkbyråa i det europeiske statistikksystemet (ESS), EUs kandidatland og fleire internasjonale organisasjonar. Det skal òg vere eit møte i ESS-komiteen i samband med konferansen, der Noreg deltar. Det er fyrste gong på meir enn 50 år at konferansen vert halden utanfor eit EU-land.
SSBs utviklingssamarbeid vert gjennomført i samarbeid med Utanriksdepartementet og Norad og er i tråd med norsk utviklingspolitikk.
Budsjett for 2022
Departementet gjer framlegg om å setje budsjettramma til SSB for 2022 til 897,2 mill. kroner. Løyvinga skal brukast i samsvar med dei mål og prioriteringar som er omtalte ovanfor.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. For 2022 gjer departementet framlegg om ei løyving på 649,5 mill. kroner som er 6,2 pst. meir enn Saldert budsjett 2021. Det meste av auken gjeld overtaking av ansvar for FoU-statistikk frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og av ansvar for modellarbeid frå Finansdepartementet.
Etter at ny lov vart gjort gjeldande og forskings- og utredningsverksemda fekk nye retningsliner, vart det gjort tydeleg at modellarbeidet SSB gjer for Finansdepartementet er ei sentral del av verksemdas samfunnsoppdrag. Følgjeleg vil Finansdepartementet avvikle dagens ordning med delvis direkte finansiering av dette arbeidet gjennom kontraktar og delvis finansiering over grunnløyvinga til SSB. 12 mill. kroner er difor omdisponert frå kap. 1600 Finansdepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter, til SSBs kap. 1620.
FoU-statistikken som NIFU utarbeider i dag, vert overført til SSB. Til dekking av meirutgiftene på post 01 er det overført 12 mill. kroner – 11,5 mill. kroner frå kap. 285 Kunnskapsdepartementet, post 52 Langsiktig, grunnleggende forsking, og 0,5 mill. kroner frå kap. 732 Helse- og omsorgsdepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Spesielle driftsutgifter er knytte til brukarfinansierte oppdrag. For 2022 gjer departementet framlegg om ei løyving på 244,2 mill. kroner, noko som reelt er ein del lågare enn for 2021. Hovudårsaka er at Finansdepartementet flyttar finansieringa av dei økonomiske modellane i SSB frå betaling for kontraktar til den generelle løyvinga, og følgjeleg vert forventa oppdragsinntekter justert ned med 9,6 mill. kroner.
Ved brukarfinansierte oppdrag vert utgiftene posterte på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter. Inntekta frå slike oppdrag skal dekkje utgiftene og vert postert på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.
SSB kan overskride løyvinga til oppdragsverksemda på kap. 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til meirinntektene på kap. 4620, post 02 Oppdragsinntekter. Eventuelle unytta meirinntekter kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på post 21, jf. framlegg til romartalsvedtak II.2.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Framlegget gjev monaleg lågare løyving enn for 2021. Årsaka er lågare konsulentbruk ved IKT-fornyingar mot meir oppbygging av intern kompetanse.
Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
02 | Oppdragsinntekter | 238 488 | 260 634 | 253 194 |
85 | Tvangsmulkt | 4 759 | 15 000 | 10 000 |
Sum kap. 4620 | 243 247 | 275 634 | 263 194 |
Post 02 Oppdragsinntekter
Sjå omtale under kap. 1620, post 21.
Oppdragsinntektene er førte opp med 9 mill. kroner meir enn utgiftene på kap. 1620, post 21. Inntektene skal overstige utgiftene med meirverdiavgifta i samband med brukarfinansierte oppdrag, og som vert å belaste kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift. Desse utgiftene er vurderte til 9 mill. kroner.
Post 85 Tvangsmulkt
SSB har med heimel i statistikklova høve til å ileggje tvangsmulkt. Mulktene vert som hovudregel utmålt med utgangspunkt i rettsgebyret.
Programkategori 23.40 Andre føremål
Utgifter under programkategori 23.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | 29 155 976 | 31 200 000 | 31 180 000 | -0,1 |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | 8 131 831 | 8 392 600 | 9 100 000 | 8,4 |
1634 | Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset | 7 570 350 | 430 000 | -100,0 | |
1645 | Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak | 10 010 000 | 3 000 | 4 000 | 33,3 |
Sum kategori 23.40 | 54 868 157 | 40 025 600 | 40 284 000 | 0,6 |
Kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
61 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving | 27 009 275 | 28 950 000 | 28 900 000 |
72 | Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving | 2 146 701 | 2 250 000 | 2 280 000 |
Sum kap. 1632 | 29 155 976 | 31 200 000 | 31 180 000 |
Post 61 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving
Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført ei allmenn ordning der kommunar og fylkeskommunar vert kompenserte for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er at meirverdiavgifta i minst mogleg mon skal påverke avgjerdene som kommunane tek om anten å produsere avgiftspliktige tenester med eigne tilsette eller å kjøpe dei frå private. Ordninga vart finansiert med ein reduksjon i dei frie inntektene til kommunane. Den allmenne kompensasjonsordninga kom i staden for ei avgrensa kompensasjonsordning som vart innført i 1995.
I saldert budsjett for 2021 vart det lagt til grunn ei utgift på 28 950 mill. kroner i momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar. Løyvinga vart redusert til 28 380 mill. kroner ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2021.
Samla momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar i 2022 er talfesta til 28 900 mill. kroner.
Kommunane sender inn oppgåver over meirverdiavgiftskompensasjon til avgiftsstyresmaktene annankvar månad slik som i det ordinære meirverdiavgiftssystemet, men det er òg mogleg å levere årsoppgåver. Utbetalingane skjer etter kvart og innan tre veker etter innsending. Dokumentasjonskrava i samband med innsending av kompensasjonskrav er forenkla ved at krava berre skal ha stadfesting frå revisor. Kompensasjonskrav frå private tenesteprodusentar kan sendast direkte til avgiftsstyresmaktene. Det er ei minstegrense på 20 000 kroner for kompensasjonsbeløp per år for at verksemder skal kome inn under ordninga. Ordninga gjeld nokre private og ideelle verksemder òg. Det er ein eigen tilskotspost for desse, jf. post 72.
Post 72 Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving
For ikkje å medverke til konkurransevriding mellom kommunal og privat produksjon av sentrale velferdstenester er private og ideelle verksemder òg omfatta av ordninga. Det gjeld private og ideelle verksemder som utfører slike sosiale tenester og helse- og undervisningstenester som kommunane ved lov er pålagde å utføre. Det er på desse områda ein reknar med at kompensasjonsordninga i størst mon vil kunne gje kommunane ein konkurranseføremon framfor private verksemder utan avgiftsplikt. Dei private og ideelle verksemdene som er omfatta av ordninga, skal sende krav etter dei same kriteria som kommunane.
I saldert budsjett for 2021 vart det lagt til grunn ei utgift på 2 250 mill. kroner på denne posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 280 mill. kroner under denne posten for 2022.
Kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 8 131 831 | 8 392 600 | 9 100 000 |
Sum kap. 1633 | 8 131 831 | 8 392 600 | 9 100 000 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Med verknad frå 1. januar 2015 vart det innført ei ordning med nettoføring av meirverdiavgift i ordinære statlege forvaltningsorgan. Nettoføringsordninga inneber at forvaltningsorgana som er inkluderte i ordninga, ikkje vert belasta meirverdiavgift for utgifter på postane 01–49 i budsjetta og rekneskapane sine, men fører utgiftene til meirverdiavgift på eit sentralt kapittel for meirverdiavgift under Finansdepartementet (kap. 1633, post 01). Det vil vere uvisse om løyvingsbehovet til ordninga også i 2022. Regjeringa foreslår ei løyving på 9 100 mill. kroner.
Kap. 1634 Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 218 796 | 130 000 | |
70 | Tilskott til verksemder med rett til stønad | 7 028 764 | ||
71 | Kompensasjonsordning for arbeidsgjevare i tiltakssona og på Svalbard | 160 104 | ||
72 | Stønad for å ta permitterte tilbake i jobb, overslagsløyving | 162 686 | 300 000 | |
Sum kap. 1634 | 7 570 350 | 430 000 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Våren 2020 vart det etablert ei mellombels tilskotsordning for føretak med stort omsetningsfall. Føremålet var å hindre at elles levedyktige føretak går konkurs som følgje av virusutbrotet og dei smitteverntiltaka som vart innførte. Seinare kom det òg ei kompensasjonsordning for arbeidsgjevarar i tiltakssona og på Svalbard og ei ny, søknadsbasert ordning for å stimulere verksemder til å ta permitterte tilbake i jobb.
Skatteetaten fekk ansvar for å administrere alle ordningane ved rettleiing, søknadsbehandling, vedtak, registrering av vedtak, utbetaling og tilbakebetaling av tilskot, oppfølging og kontroll.
Ordningane innebar vesentleg ressursbehov i Skatteetaten i både 2020 og 2021. Arbeidet med etterkontroll og eventuell innkrevjing av for mykje utbetalt stønad er òg følgt opp etter rekneskapsavslutninga i 2021. På post 21 vart det for 2020 gjeve ei eiga løyving til etaten sitt arbeid her, og av denne vart 218,8 mill. kroner nytta. Løyvinga for 2021 på 130 mill. kroner vart ved handsaminga av Prop. 94 LS og Innst. 298 LS (2020–2021) auka til 223,7 mill. kroner i samband med at stimuleringsordninga for å ta permitterte tilbake i jobb vart forlengt, men med endra innretning. På grunnlag av nye berekningar vart løyvinga sett ned til 180 mill. kroner ved budsjettrevisjonen våren 2021.
Fleire saker som gjeld ordningane som er omtalte ovanfor, krev òg oppfølging og eventuelt innkrevjing i 2022. Utgiftene til dette og til andre kontroll- og innkrevjingstiltak der aktiviteten som følgje av pandemien har vorte lågare enn normalt, vert i 2022 dekte over kap. 1618, post 01.
Post 70 Tilskott til verksemder med rett til stønad
Kompensasjonsordning for føretak med stort omsetningsfall vart avslutta i 2020. Ved budsjettrevisjonen våren 2021, jf. Prop. 195 S og Innst. 600 S (2020–2021) vart det opna for inntektsføring på post 70 av frivillige tilbakebetalingar og tilbakebetalingar som følgje av kontrollar. Per 31. august 2021 var det her inntektsført 263,8 mill. kroner.
Post 72 Stønad for å ta permitterte tilbake i jobb, overslagsløyving
Tilskotsordninga for å ta permitterte tilbake i jobb vart opphavleg avgrensa til juli og august 2020, men vart seinare utvida til òg å gjelde oktober–desember same året med utbetaling i 2021. Som konsekvens av lenginga vart det i Saldert budsjett 2021 sett av 300 mill. kroner. Som konsekvens av ei ytterlegare lenging fram til 31. august 2021 ved handsaminga av Prop. 94 LS og Innst. 298 LS (2020–2021) vart løyvinga på post 72 auka til 1 200 mill. kroner.
Stønadsordninga er no avslutta. Det vert difor ikkje gjort framlegg om løyving for 2022. På same vis som for post 70, jf. omtale ovanfor, legg departementet til grunn at i den mon det kjem tilbakebetalingar som følgje av kontrollar eller frivillig frå mottakarar, kan beløpa førast til inntekt på post 72.
Kap. 1645 Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
23 | Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak | 10 000 | 3 000 | 4 000 |
50 | Tilskot til tapsavsetjing for statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak | 10 000 000 | ||
Sum kap. 1645 | 10 010 000 | 3 000 | 4 000 |
Post 23 Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak
Våren 2020 vart det som eit av tiltaka for å avhjelpe verknader av koronapandemien etablert ei garantiordning for lån til små og mellomstore føretak og gjeve tilskot til tapsavsetjing under ordninga. Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) vart engasjert til å administrere ordninga. Til denne oppgåva vart det samstundes løyvd midlar på post 23 Spesielle driftsutgifter til administrering av statleg garantiordning for små og mellomstore føretak.
Både i 2021 og 2022 er det trong for å følgje opp tilskotsordninga, etter kvart særleg med behandling av krav på grunnlag av stilte garantiar. Oppfølginga skjer ved Eksportfinansiering Noreg som GIEK frå 1. juli 2021 vart ein del av.
Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.
Programkategori 24.10 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.
Utgifter under programkategori 24.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 | Endring i pst. |
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | 10 472 723 | 10 160 900 | 10 250 600 | 0,9 |
1651 | Statsgjeld, avdrag og innløysing | 13 995 000 | 88 000 000 | -100,0 | |
Sum kategori 24.10 | 24 467 723 | 98 160 900 | 10 250 600 | -89,6 |
Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er berekna ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten si kontantbehaldning.
Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga er mellom anna for å fange opp behovet i marknaden for kortsiktige papir. Finansdepartementets fullmakt til å låne i marknaden vart fram til 2015 fastsett av Stortinget på grunnlag av ein årleg proposisjon om lånefullmakter. For 2022 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2021–2022) Statsbudsjettet for budsjettåret 2022 (Gul bok).
Tabell 6.10 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2020, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.
Tabell 6.10 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2020
Type lån | Beløp (mill. kr) |
---|---|
Faste innanlandske lån | 469 005 |
Statskassevekslar | 61 000 |
Kortsiktige kontolån | 107 958 |
Kontolån frå ordinære fond1 | 171 037 |
Sum | 809 000 |
1 Gruppe 81 i Statsrekneskapen. Er ikkje omfatta av dei ordinære lånefullmaktene.
Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
01 | Driftsutgifter | 10 185 | ||
89 | Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 10 462 538 | 10 160 900 | 10 250 600 |
Sum kap. 1650 | 10 472 723 | 10 160 900 | 10 250 600 |
Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
(mill. kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Underpostnamn | Rekneskap 20201 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
89.11 | Faste lån | 8 076 | 6 784 | 6 902 |
89.12 | Gjenkjøps- og rentebyteavtalar | -1 171 | -553 | -55 |
89.13 | Kontolån | 101 | 88 | 26 |
89.14 | Kontolån frå ordinære fond | 2 223 | 2 322 | 2 239 |
89.15 | Statskassevekslar | 568 | 611 | 168 |
89.17 | Nye faste lån | 764 | 971 | |
Sum kap. 1650, post 89 | 9 796 | 10 016 | 10 251 |
1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.
Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89, ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2022. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er usikkert.
Underpost 89.11 Faste lån
Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2021. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten, vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på post 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2022 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2022.
Renteutgiftene på faste lån er anslått til 6 902 mill. kroner i 2021.
Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar
Posten omfattar dels renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten har for tida ei netto inntekt frå desse avtalane. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i rentebyteavtalane. Ettersom ein ventar framleis låge pengemarknadsrenter, reknar ein med ei nettoinntekt på denne posten på 55 mill. kroner i 2022.
Underpost 89.13 Kontolån
Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. Renteutgiftene på kontolån er anslått til 25,9 mill. kroner i 2022.
Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond
Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2020 på 171,0 mrd. kroner (medrekna kapitaliserte renter). For 2022 vert rentene på kontolån frå ordinære fond anslått til 2 239 mill. kroner.
Underpost 89.15 Statskassevekslar
Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane.
Dei samla renteutgiftene til staten under denne posten er anslått til 168 mill. kroner i 2022.
Underpost 89.17 Nye faste lån
Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar, tekne opp etter 1. januar 2021. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under post 89.11. For 2022 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 971 mill. kroner.
Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
98 | Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 13 995 000 | 88 000 000 | |
Sum kap. 1651 | 13 995 000 | 88 000 000 |
Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving
Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån. I 2022 er det ikkje forfall av langsiktige statsobligasjonslån. Noregs Bank vil venteleg arrangere tilbakekjøpsauksjonar i marknaden i 2022 i lånet som forfell i 2023. Det kjøpte beløpet vert då å rekne som avdrag i 2022 og vil samstundes redusere forfallet i 2023. Det er ikkje mogleg å gje gode overslag for omfanget av tilbakekjøp, og slike er difor ikkje teke omsyn til i budsjettforslaget. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med overslag her, sidan dette kan gje staten mindre handlefridom i marknaden.
Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.
Den nordiske investeringsbanken (NIB), som har hovudsete i Helsingfors, Finland, vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Avtalen er seinare revidert etter semje 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemar av banken.
Avtalen om NIB vart endra igjen frå 29. juli 2020, mellom anna for å betre risikostyringa for banken si verksemd. Endringane innebar mellom anna at ordningane med lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljøinvesteringslån i nærområda til medlemslanda (MIL) vart avvikla. Dei avsette midlane i kredittrisikofondet for PIL og garantien til PIL vart samstundes konverterte til høvesvis innbetalt grunnkapital og garantiansvar i banken. Tilsvarande vart ikkje gjort for MIL-ordninga, der det ikkje var sett av midlar til eit kredittrisikofond.
I tillegg til nedlegginga av MIL og PIL vart det gjort fleire endringar i avtalen og statuttane for NIB. Sjå nærmare i Prop. 1 S (2019–2020) frå Finansdepartementet, s. 107.
Låne- og garantiordninga i NIB
Etter endringane i avtalen om NIB utgjer hovudtyngda av verksemda til banken vanlege investeringsutlån og garantiar til aktivitetar i eigarlanda. Det aller meste av utlåna går med til fremje av miljø og/eller produktivitet. Utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken.
Grunnkapitalen
Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Den norske kapitalen utgjer 21,5 prosent av den samla kapitalen i NIB. Etter at avtalen om endringar i NIB vart sett i verk, utgjer Noregs innbetalte kapital 181 832 487 euro, medan garantikapitalen fråtrekt innbetalt kapital er 1 617 872 454,48 euro. Dette er uendra frå 2021-framlegget.
I tråd med ovannemnde tilrår departementet at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2022 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 617 872 454,48 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.
Kap. 4670 Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
50 | Tilbakeføring av tapsfondsmidlar | 70 237 | ||
Sum kap. 4670 | 70 237 |
I åra 1999–2000, 2002–2004 og 2015–2018 vart det gjeve løyvingar over kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken, post 50 Tapsfond for miljølåneordninga. Desse avsetningane sto i statsrekneskapen som skyldnader. Sidan garantiordninga for både miljø- og prosjektlåneordningane fall bort i 2020, vart desse avsetjingane tekne til inntekt med til saman 70 237 000 kroner.
Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
91 | Vanlege fordringar | 8 428 | ||
95 | Avdrag på lån til andre statar | 636 | 700 | 700 |
98 | Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar | 6 000 000 | ||
Sum kap. 5341 | 9 064 | 6 000 700 | 700 |
Post 91 Vanlege fordringar
På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.
Post 95 Avdrag på lån til andre statar
Posten gjeld avdrag på eit lån som vart gjeve til Jugoslavia i 1983. Den delen av lånet som står att, vert no betalt av Serbia og Montenegro. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2015–2016) frå Finansdepartementet.
Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar
Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie. I 2022 er det ikkje forfall av langsiktige statsobligasjonslån.
Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
85 | Overføring | 19 706 302 | 18 600 000 | 10 113 000 |
Sum kap. 5351 | 19 706 302 | 18 600 000 | 10 113 000 |
Etter retningslinene for Noregs Banks årsoppgjersdisposisjonar, fastsette ved kgl. res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til bankens kursreguleringsfond inntil fondet utgjer ein bestemt del av dei innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for banken. Eventuelt overskot etter avsetjingar til kursreguleringsfondet skal setjast av i eit overføringsfond. Ved kvart årsoppgjer skal eit beløp svarande til ein tredel av inneståande beløp i overføringsfondet overførast til statskassa.
Basert på vurderingar av risikoen for svingingar i resultatet til Noregs Bank i åra framover, er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av bankens netto internasjonale fordringar og 5 pst. av bankens behaldning av innanlandske verdipapir. Retningslinene er nærare omtalte i St.prp. nr. 40 (2002–2003). Kursreguleringsfondet var i fleire år lågare enn minstekravet i retningslinene, og det vart difor ikkje sett av midlar til overføringsfondet. Dette har endra seg frå 2015 av. I 2020 vart det overført 19,7 mrd. kroner til statskassa og i 2021 var overføringa 15,2 mrd. kroner. Ein reknar førebels med at det vil vere grunnlag for overføringar til staten i 2022 på 10,1 mrd. kroner. Endeleg beløp vert fastlagt ved Noregs Banks avslutning av rekneskapen for 2021.
Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
80 | Av statskassas foliokonto i Noregs Bank | 669 893 | ||
81 | Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta | 168 | 200 | 200 |
82 | Av innanlandske verdipapir | 912 371 | 787 900 | 925 000 |
83 | Av alminnelege fordringar | 55 734 | 125 000 | 120 000 |
84 | Av driftskreditt til statsverksemder | 132 246 | 223 500 | 413 000 |
86 | Renter av lån til andre statar | 70 | 100 | 100 |
89 | Garantiprovisjon | 67 862 | 64 000 | 43 500 |
Sum kap. 5605 | 1 838 344 | 1 200 700 | 1 501 800 |
Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank
Ved utgangen av 2020 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 313 mrd. kroner, som er 125 mrd. kroner høgare enn ved utgangen av 2019.
Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar frå Statens pensjonsfond utland. Utviklinga i kontantbehaldninga er heller uviss.
Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav, avrunda til næraste ¼ prosenteining, og vert endra kvartalsvis. Det er venta at rentene på dei utanlandske krava til banken held seg låge. Anslaget for dei samla renteinntektene i 2022 under denne posten er derfor rekna til 0 kroner.
Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta
Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2022 er renteinntektene under denne posten rekna til 0,2 mill. kroner.
Post 82 Av innanlandske verdipapir
Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.
For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 89. For 2022 er renteinntektene under denne posten rekna til 925 mill. kroner.
Post 83 Av alminnelege fordringar
Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav.
Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseie. På usikkert grunnlag er det for 2022 ført opp inntekter på 120 mill. kroner.
Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder
Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betale renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.
I 2009 vart dei regionale helseføretaka sine driftskredittar i private bankar omgjorde til driftskredittar i staten, jf. kap. 732, post 86 under Helse- og omsorgsdepartementet. Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.
For 2022 er renteinntektene under denne posten rekna til 413,0 mill. kroner.
Post 89 Garantiprovisjon
Garantiordninga for lån frå finansforetak til små og mellomstore føretak vart etablert i mars 2020 for å styrkje tilgangen på lån til verksemder som vert ramma av virusutbrotet. Føretaka som får garanterte lån, skal betale ein årleg garantiprovisjon til staten, i tillegg til at bankane skal betale ei årleg garantiavgift. Eksportfinansiering Noreg (som Garantiinstituttet for eksportgaranti (GIEK) vart ein del av frå 1. juli 2021) forvaltar ordninga på vegner av staten og har bedømt at dette kan gje inntekter på 43,5 mill. kroner i 2022. Overslaget er usikkert og kviler på usikre føresetnader om kor mykje av utlånsvolumet som vil verte innfridd eller misleghalde.
Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
85 | Utbyte | 104 052 | 104 100 | |
Sum kap. 5692 | 104 052 | 104 100 |
Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbytet vert vedteken av årsmøtet (guvenørrådet) i banken, etter tilråding frå styret, på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For 2019 har banken i 2020 betalt utbyte til den norske stat med nærmare 9,7 mill. euro eller nærmare 104,1 mill. kroner. For 2020 støtta guvernørrådet tilråding frå styret om at banken ikkje skulle betale utbyte i 2021. Rådet omtalte avgjerda som ein del av eigaranes vilje til å maksimere NIBs svar på den pågåande koronakrisa og vise støtte til banken si verksemd. I uttalen frå styret heiter det at ein vil vurdere å betale høgare utbyte enn normalt i 2022 dersom koronastoda betrar seg og banken si kapitalstilling gjer det mogleg.
Banken rapporterte 27. august 2021 eit resultat for fyrste halvår på 82 mill. euro, mot 15 mill. euro fyrste halvår 2020. I meldinga frå banken vart resultatframgangen særleg forklart med lågare tap på finansielle instrument og lågare tapsavsetjingar.
På grunnlag av fråsegna om årsrekneskapen for 2020 og resultata for fyrste halvår 2021 har departementet funne det rett å budsjettere med utbetaling av utbyte for 2021 i 2022. Teknisk er det ført opp same utbyte som vart betalt i 2020 – 104,1 mill. kroner. Departementet understrekjer at dette beløpet ikkje vil vere førande for Noregs stemmegiving i årsmøtet i 2022.
Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
85 | Utbyte frå Folketrygdfondet | 863 | 800 | 300 |
Sum kap. 5693 | 863 | 800 | 300 |
Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. I tråd med dette er det for 2021 fastsett eit utbytekrav på 337 000 kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2022 er det difor budsjettert med eit utbyte på 0,3 mill. kroner.