1 Den breie distriktspolitikken
1.1 Omtale av tiltak innanfor den breie distriktspolitikken
Omtalen skal syne statleg innsats og tiltak under departementa sine budsjett som er viktige for å nå regional- og distriktspolitiske mål.
Mange landsdekkande ordningar er viktige for å nå dei regional- og distriktspolitiske måla. Det gjeld til dømes vegtiltak, høgare utdanning, forsking og utvikling, arbeidsmarknadstiltak og overføringar til kommunane. Desse er likevel ikkje tatt med i oversikta, fordi det er problematisk å skilje ut regional- og distriktspolitiske delar frå heilskapen.
For 2022 foreslår regjeringa at det blir løyvd om lag 1,2 mrd. kroner over programkategori 13.50. Dette må sjåast i samanheng med omfanget av den breie distriktspolitikken, som for 2022 utgjer om lag 52,7 mrd. kroner. Dette er ei auke på 1,3 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2021.
Tiltaka er delt i to kategoriar:
Kategori A: Tiltak og ordningar som har grunngjeving i distriktspolitiske mål, eller som favoriserer distriktsområde, ut over å jamne ut, for å oppnå likeverdige tilbod.
Kategori B: Tiltak og ordningar som skal jamne ut og kompensere mellom geografiske område, eller som er særleg viktige for verdiskaping, sysselsetjing eller busetjing i distriktsområde.
Av målretta distriktspolitiske tiltak (kategori A) utgjer økonomisk politikk om lag 90 pst. av innsatsen, totalt 25,6 mrd. kroner. Provenytapet av den differensierte arbeidsgivaravgifta er det største enkelttiltaket med 19,2 mrd. kroner.
Økonomisk politikk
Tabell 1.1 Økonomisk politikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i privat sektor | FIN | A | inntektstap | 9 700 000 | 10 600 000 | 11 100 000 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i offentleg sektor | FIN | A | inntektstap | 7 000 000 | 7 700 000 | 8 100 000 |
Næringspolitikk
Størstedelen av tabell 1.2 syner tilskotsordningar til landbruket. Viktige tiltak retta mot fiskerinæringa er også tatt med.
Landbruk er tradisjonelt ei av dei viktigaste næringane i distrikta. I dei årlege jordbruksoppgjera blir det forhandla om storleiken på tilskota til landbruket. Ein del tilskot innanfor landbruket har distriktspolitisk grunngiving, til dømes pristilskota for mjølk og kjøt og distriktstilskot for frukt, bær, grønsaker og poteter. Desse tilskota går derfor inn under kategori A.
Tabell 1.2 Næringspolitikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
Pristilskot mjølk | LMD | A | 1150/73 | 691 746 | 670 000 | 672 100 |
Pristilskot grøntsektoren | LMD | A | 1150/73 | 177 518 | 171 600 | 174 700 |
Pristilskot kjøt | LMD | A | 1150/73 | 1 444 488 | 1 449 000 | 1 449 500 |
Distriktstilskot egg | LMD | A | 1150/73 | 3 538 | 3 400 | 3 400 |
Driftstilskot mjølk og kjøt | LMD | B | 1150/74 | 1 663 336 | 1 678 900 | 1 762 000 |
Tilskot husdyr | LMD | B | 1150/74 | 2 526 534 | 2 611 900 | 2 671 400 |
Pristilskot ull | LMD | B | 1150/73 | 109 673 | 115 000 | 115 000 |
Areal- og kulturlandskapstilskot | LMD | B | 1150/74 | 3 537 732 | 3 569 300 | 3 648 600 |
Frakttilskot | LMD | B | 1150/73 | 369 832 | 405 350 | 405 350 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for jordbruk | FIN | B | inntektstap | 775 000 | 795 000 | 795 000 |
Til gjennomføring av reindriftsavtalen | LMD | B | 1151 | 160 697 | 149 500 | 164 500 |
Tiltak for berekraftig reindrift | LMD | B | 1142/71 | 4 248 | 4 500 | 4 500 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for reindrift | FIN | B | inntektstap | 10 500 | 10 800 | 10 800 |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | LMD | B | 1150/50 | 127 000 | 132 000 | 147 000 |
Tilskot til drenering | LMD | B | 1150/50 | 68 000 | 68 000 | 68 000 |
Tilskot til dyreavl m.m. | LMD | B | 1150/77 | 92 600 | 98 133 | 96 145 |
Tilskot til regionale miljøprogram | LMD | B | 1150/74 | 528 159 | 551 100 | 601 100 |
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | LMD | B | 1150/50 | 634 500 | 664 500 | 679 500 |
Regionale tilretteleggingsmidlar | LMD | B | 1150/50 | 48 000 | 48 000 | 43 000 |
Skattefritak for investering i landbruket (IBU-midlar) under LMD | FIN | A | inntektstap | 85 000 | 88 000 | 88 000 |
Skattefritak for distriktsretta investeringsstøtte | FIN | A | inntektstap | 44 000 | 43 000 | 43 000 |
Høgare avskrivingssats for husdyrbygg | FIN | B | inntektstap | 50 000 | 50 000 | 50 000 |
Skogfondsordninga | FIN | B | inntektstap | 172 000 | 162 000 | 162 000 |
Direkte utgiftsføring av skogsveginvesteringar | FIN | B | inntektstap | 45 000 | 46 000 | 46 000 |
Låg skogfaktor i formuesskatten | FIN | B | inntektstap | 5 000 | 5 000 | 5 000 |
Rentestøtte – utbetalingar | LMD | B | 1150/50 | 31 000 | 25 000 | 10 000 |
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | LMD | B | 1150/50 | 87 000 | 97 000 | 112 000 |
Skogbruk | LMD | B | 1150/50 | 257 000 | 257 000 | 221 000 |
Administrasjonsstøtte for distriktsretta såkornfond | NFD | B | 2421/78 | 3 400 | 3 500 | 900 |
Tilskot til kommunar og fylkeskommunar1 | NFD | B | 919/60 | 0 | 1 021 406 | 497 000 |
Tilskot til næringstiltak i fiskeria | NFD | A | 919/75 | 18 172 | 15 000 | 12 000 |
Særfrådrag for fiskarar | FIN | B | inntektstap | 215 000 | 280 000 | 280 000 |
Arktisk landbruk | LMD | B | 1150/50 | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
Fjellandbruket | LMD | B | 1150/50 | 4 000 | 4 000 | 4 000 |
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | LMD | B | 1150/50 | 14 000 | 14 700 | 12 700 |
Regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving | LMD | B | 1150/50 | 14 000 | 14 000 | 12 000 |
1 Kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlag for tildelte oppdrettsløyve.
Infrastruktur
Satsing på samferdsle handlar mellom anna om å knyte landsdelar saman og å korte ned avstandar, kostnader og reisetid mellom by og land. Ei satsing på samferdsle er soleis eit kraftfullt distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel.
Tabell 1.3 syner fleire tiltak som skal medverke til å redusere ekstrakostnader som følgje av avstandsulemper. I tillegg til tiltaka omtalt i tabellen er samferdslebudsjettet generelt, særleg riksvegløyvingane, eit vesentleg verkemiddel for å redusere distrikta sine avstandsulemper.
Tabell 1.3 Infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
Kjøp av innanlandske flyruter1 | SD | B | 1310/70 | 2 269 975 | 2 030 000 | 828 500 |
Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka2 | SD | B | 1320/61 | 238 439 | 0 | 150 200 |
Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport | SD | B | 1320/64 | 4 851 | 20 000 | 20 500 |
Tilskot til fylkesvegar | SD | B | 1320/65 | 13 260 | 175 000 | 379 600 |
Tilskot til skulevegar og nærmiljø | SD | B | 1320/66 | 0 | 0 | 40 000 |
Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes | SD | B | 1330/70 | 846 407 | 941 700 | 888 900 |
Kjøp av posttenester | SD | B | 1370/70 | 689 742 | 740 200 | 945 600 |
Tilskot til breibandutbygging3 | KMD | B | 541/60 | 406 142 | 364 082 | 204 648 |
Tilskot til telesikkerheit og -beredskap4 | KMD | B | 543/70 | 231 400 | 150 253 | 153 510 |
Funksjonell internettilgang og telefonteneste til alle | KMD | B | 543/71 | 0 | 0 | 10 000 |
Fiskerihamner og farleier mv.5 | SD | B | 1360/30 | 369 669 | 383 600 | 921 000 |
Tilskot til fiskerihamneanlegg | SD | B | 1360/60 | 33 324 | 34 300 | 35 200 |
Tilskot til hamnesamarbeid | SD | B | 1360/71 | 8 643 | 1 200 | 0 |
Flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/22 | 195 094 | 199 780 | 225 300 |
Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar | OED | B | 1820/25 | 43 967 | 44 955 | 150 000 |
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | OED | B | 1820/45 | 21 406 | 23 000 | 24 500 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/60 | 56 939 | 68 000 | 82 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/72 | 4 514 | 6 000 | 6 000 |
Tilskot til utjamning av overføringstariffar | OED | B | 1820/73 | 0 | 20 000 | 20 000 |
Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket | LMD | B | 1149/71 | 79 774 | 72 674 | 61 174 |
Tilskot til grøn skipsfart | KLD | B | 1420/62 | 0 | 13 820 | 87 157 |
Geografisk differensiert reisefrådrag | FIN | B | inntektstap | 0 | 0 | 300 000 |
1 Foreslått løyving for 2022 er betydeleg redusert samanlikna med rekneskap for 2020 og saldert budsjett for 2021. Dette grunna tiltak i handteringa av koronapandemien.
2 Renteføresetnadene for saldert budsjett for 2021 er satt til 0, slik at løyvinga på kap. 1320, post 61 i saldert budsjett for 2021 blei satt til 0.
3 Rekneskap for 2020: Tilleggsløyving, jf. Prop. 67 S (2019–2020) og Innst. 216 S (2019–2020). Budsjett 2021: Tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021, jf. Stortingets behandling av Prop. 195 S (2020–2021) i Innst. 600 S (2020–2021).
4 Rekneskap for 2020: Tilleggsløyving, jf. Prop. 127 S (2019–2020) og Innst. 360 S (2019–2020). Budsjett 2021: Tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021, jf. Stortingets behandling av Prop. 195 S (2020–2021) i Innst. 600 S (2020–2021).
5 Det er sett av midlar over kap. 1360, post 30 som overførast til fylkeskommunane sitt rammetilskot ved eventuell inngåing av avtalar.
Velferd, oppvekst og miljø
Det er eit overordna mål at helsetenestetilbodet skal vere likeverdig, uavhengig av bustad, alder, kjønn og sosial status. Dette blir sikra gjennom midlar til spesialisthelsetenesta og gjennom rammeoverføringar til kommunesektoren.
Viktige tiltak er tilskot som skal medverke til å styrke stabiliteten og rekrutteringa til allmennlegetenesta og andre helsetenester i distrikta. I tillegg blir det gitt eigne tilskot til apotek i utkantkommunar, for å sikre tilgang på medisinar.
For kultur syner tabell 1.4 ordningar som i hovudsak er knytt til tilbodet i distrikta og i landsdelar utanfor det sentrale Austlandet.
Generelle landsdekkande velferdsordningar, som arbeidsmarknadstiltak, er ikkje tatt med i oversikta.
Tabell 1.4 Velferd, oppvekst og miljø
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
Tilskot til apotek1 | HOD | B | 0717/70 | 6 320 | 6 800 | |
Rekruttering og fagleg utvikling i allmennlegetenesta | HOD | B | 0762/70 | 4 900 | 4 900 | 4 900 |
Forsøks- og utviklingstiltak innan tannhelsetenesta | HOD | B | 0770/70 | 102 410 | 110 000 | 114 000 |
Fraktrefusjonsordning for legemiddel1 | HOD | B | 717/70 | 2 630 | 2 500 | |
Sjukestovefinansiering, Finnmark | HOD | A | 0732/70 | 10 400 | 10 400 | 10 600 |
Tilskot LIS1-stillingar2 | HOD | A | 732/70 | 10 000 | 178 500 | 213 750 |
Tilskot til statsforvaltarane for kurs og rettleiingsprogram | HOD | A | 783/21 | 0 | 3 600 | 3 700 |
Tilskot til LIS1-stillingar i Helse Nord og midlertidige LIS1-stillingar i kommunehelsetenesta | HOD | A | 783/61 | 0 | 29 800 | 58 200 |
Tilskot til reise- og flytteutgifter | HOD | A | 783/79 | 0 | 1 300 | 1 350 |
Investeringstilskot til tryggleiksbustad | HOD | A | 761/62 | 0 | 0 | 5 700 |
Landsdelsmusikarordninga i Nord-Noreg | KUD | A | 323/60 | 22 200 | 23 000 | 23 145 |
Musikk- og scenekunstinstitusjonar3 | KUD | B | 323/70 | 1 548 890 | 2 654 670 | 2 594 370 |
Det nasjonale museumsnettverket | KUD | B | 328/70 | 2 080 525 | 2 285 920 | 2 266 055 |
Riksteateret | KUD | B | 323/01 | 99 135 | 99 343 | 99 507 |
Riksteateret – turneverksemd | KUD | B | 323/21 | 65 190 | 66 690 | 65 000 |
Kulturtanken (tidl. Rikskonsertane) | KUD | B | 325/01 | 74 550 | 74 725 | 74 508 |
Regionale filmtiltak m.m. | KUD | A | 334/73 | 110 210 | 122 055 | 109 640 |
Film- og dataspeltiltak4 | KUD | A | 337/78 | 25 860 | ||
Erstatning for beitedyr tatt av rovvilt | KLD | B | 1420/72 | 141 361 | 145 885 | 144 548 |
Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga | KLD | B | 1420/73 | 80 426 | 80 426 | 79 575 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | KLD | B | 1420/22 | 242 770 | 242 870 | 274 449 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | KLD | B | 1420/70 | 40 792 | 40 792 | 47 905 |
Verdiskaping på kulturminneområdet | KLD | B | 1429/77 | 8 232 | 8 232 | 8 446 |
Skogplanting | KLD | B | 1420/37 | 1 075 | 5 000 | 5 120 |
Restaurering av myr | KLD | B | 1420/38 | 16 625 | 17 090 | 21 090 |
Tilskot til klimatiltak- og klimatilpassing i kommunane | KLD | B | 1420/61 | 187 832 | 224 244 | 222 838 |
Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold | KLD | B | 1420/65 | 20 560 | 20 560 | 20 560 |
1 Summen for 2022 blir avklart i tildelingsbrev.
2 Stilling for legar i spesialisering. Stillingane skal primært opprettast i Helse Nord.
3 Tilskot til region- og distriktsopera, kap. 323, post 73, og tilskot til region-/landsdelsinstitusjonar, kap. 323, post 71, er frå 2021 lagt inn i tilskotet Musikk- og scenekunstinstitusjonar, kap. 323, post 70.
4 Enkelte tilskot er i 2022 flytta frå kap. 337, post 73 til kap. 334, post 78.
Spesielle tiltak for tiltakssona i Troms og Finnmark fylke
Tabell 1.5 syner ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld for tiltakssona i Troms og Finnmark fylke. Dei viktigaste ordningane er innanfor skatte- og avgiftspolitikken. Den mest omfattande ordninga er fritaket for arbeidsgivaravgift, som kjem inn under den samla summen for differensiert arbeidsgivaravgift i tabell 1.1.
Tabell 1.5 Særskilde tiltak for Finnmark og Nord-Troms
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Politikkområde | Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
Økonomisk politikk | Lågare skatt på alminneleg inntekt1 | FIN | A | inntektstap | 700 000 | 800 000 | 770 000 |
Særskilde frådrag i alminneleg inntekt1 | FIN | A | inntektstap | 200 000 | 190 000 | 190 000 | |
Lågare sats trinn 3 i trinnskatt1 | FIN | A | inntektstap | 50 000 | 45 000 | 47 000 | |
Låg sats og fritak for el-avgift i tiltakssona | FIN | A | inntektstap | 300 000 | 300 000 | 300 000 | |
Frådrag i positiv næringsinntekt for skiferdrivarar i tiltakssona i Troms og Finnmark fylke | FIN | A | inntektstap | 1 700 | 1 700 | 1 700 | |
Utdanning og forsking | Ettergiving av utdanningslån | KD | A | 2410/73 | 123 671 | 134 782 | 128 186 |
Ettergiving av utdanningslån for kvalifiserte grunnskulelærarar i tiltakssona i Troms og Finnmark fylke | KD | A | 2410/73 | 6 031 | 6 411 | 6 031 | |
Levekår, miljøvern og offentlege tenester | Mediestøtte | KUD | A | 335/71 | 2 250 | 2 322 | 2 320 |
1 Samspelsverknader gjer at inntektstapet av desse skattetiltaka sett under eitt er høgare enn kvar for seg. For dei tre tiltaka er samla inntektstap vurdert til høvesvis 950 mill. kroner, 1 010 mill. kroner og 1 050 mill. kroner for 2020, 2021 og 2022.
På fleire politikkområde er det etablert særordningar og prioritet i verkemiddelbruken for Nord-Noreg, i tillegg til ordninga for tiltakssona. Tabell 1.6 syner fordelen av fritak for meirverdiavgift på straum og rammetilskot i kommuneøkonomien. Postane under kap. 571 Rammetilskot til kommunar og kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar er nærare omtalt under programkategori 13.70.
Tabell 1.6 Tiltak som prioriterer Nord-Noreg og rammetilskot til kommunane
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2020 | Saldert budsjett 2021 | Forslag 2022 |
0-sats for meirverdiavgift ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder i Nord-Noreg | FIN | A | inntektstap | 1 200 000 | 1 200 000 | 1 200 000 |
Rammetilskot til kommunane, Distriktstilskot Sør-Noreg | KMD | A | 571/61 | 785 079 | 808 012 | 808 128 |
Rammetilskot til kommunane, Distriktstilskot Nord-Noreg | KMD | A | 571/62 | 2 204 969 | 2 269 747 | 2 253 346 |
Rammetilskot til fylkeskommunane, Nord-Noreg-tilskot | KMD | A | 572/62 | 697 702 | 713 613 | 710 577 |