Forslag
Under Barne- og familiedepartementet blir i Prop. 1 S (2022–2023) statsbudsjettet for budsjettåret 2023 dei forslag til vedtak som følgjer, førde opp:
Kapitla 800–882, 2530, 3841, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858 og 3868
I
Utgifter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | |
---|---|---|---|---|
800 | Barne- og familiedepartementet | |||
01 | Driftsutgifter | 158 968 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 10 405 000 | ||
50 | Noregs forskingsråd | 42 107 000 | 211 480 000 | |
840 | Tiltak mot vald og overgrep | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62 | 20 521 000 | ||
61 | Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving | 115 617 000 | ||
70 | Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61 og kap. 858, post 01 | 134 142 000 | ||
73 | Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast | 36 874 000 | 307 154 000 | |
841 | Samliv og konfliktløysing | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving | 12 676 000 | ||
22 | Opplæring, forsking, utvikling m.m. | 7 254 000 | ||
23 | Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving | 5 627 000 | ||
71 | Bidragsforskot | 675 000 000 | 700 557 000 | |
842 | Familievern | |||
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 70 | 384 615 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 25 266 000 | ||
70 | Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01 | 249 439 000 | 659 320 000 | |
843 | Adopsjonsstønad | |||
70 | Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving | 9 500 000 | 9 500 000 | |
844 | Kontantstøtte | |||
70 | Tilskot, overslagsløyving | 1 216 510 000 | 1 216 510 000 | |
845 | Barnetrygd | |||
70 | Tilskot, overslagsløyving | 19 300 000 000 | 19 300 000 000 | |
846 | Familie- og oppveksttiltak | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71 | 41 545 000 | ||
61 | Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71 | 664 430 000 | ||
62 | Utvikling i kommunane | 56 423 000 | ||
70 | Barne- og ungdomsorganisasjonar | 179 819 000 | ||
71 | Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 | 73 036 000 | ||
79 | Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast | 11 292 000 | 1 026 545 000 | |
847 | EUs ungdomsprogram | |||
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 16 081 000 | 16 081 000 | |
848 | Barneombodet | |||
01 | Driftsutgifter | 23 092 000 | 23 092 000 | |
853 | Barneverns- og helsenemndene | |||
01 | Driftsutgifter | 243 331 000 | 243 331 000 | |
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 57 021 000 | ||
22 | Barnesakkunnig kommisjon | 15 072 000 | ||
23 | Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72 | 56 574 000 | ||
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast | 2 000 000 | ||
61 | Utvikling i kommunane | 70 475 000 | ||
62 | Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23 | 27 420 000 | ||
71 | Utvikling og opplysingsarbeid m.m. | 39 204 000 | ||
72 | Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23 | 119 784 000 | 387 550 000 | |
855 | Statleg forvalting av barnevernet | |||
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 | 4 210 381 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 26 622 000 | ||
22 | Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01 | 2 784 766 000 | 7 021 769 000 | |
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | |||
01 | Driftsutgifter | 122 986 000 | 122 986 000 | |
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten | |||
01 | Driftsutgifter | 613 810 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 20 748 000 | 634 558 000 | |
860 | Forbrukarrådet | |||
50 | Basisløyving | 85 889 000 | ||
51 | Marknadsportalar | 30 277 000 | 116 166 000 | |
862 | Stiftinga Miljømerking i Noreg | |||
70 | Driftstilskot | 15 583 000 | 15 583 000 | |
865 | Forbrukarpolitiske tiltak | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 2 949 000 | ||
50 | Forsking og undervising, kan nyttast under post 21 | 6 380 000 | ||
70 | Tilskot, kan nyttast under post 21 | 1 730 000 | ||
79 | Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast | 7 093 000 | 18 152 000 | |
868 | Forbrukartilsynet | |||
01 | Driftsutgifter | 128 388 000 | 128 388 000 | |
880 | Den norske kyrkja | |||
70 | Rammetilskot til Den norske kyrkja | 2 393 344 000 | ||
71 | Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet | 112 921 000 | 2 506 265 000 | |
881 | Tilskot til trussamfunn m.m. | |||
21 | Spesielle driftsutgifter | 8 632 000 | ||
70 | Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving | 1 008 533 000 | ||
77 | Nasjonaljubileet 2030 | 5 150 000 | ||
78 | Ymse faste tiltak | 16 224 000 | 1 038 539 000 | |
882 | Kyrkjebygg og gravplassar | |||
60 | Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast | 118 744 000 | ||
61 | Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast | 48 945 000 | ||
70 | Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar | 13 465 000 | 181 154 000 | |
2530 | Foreldrepengar | |||
70 | Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving | 24 690 000 000 | ||
71 | Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving | 750 000 000 | ||
72 | Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving | 610 000 000 | ||
73 | Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving | 41 000 000 | 26 091 000 000 | |
Sum Utgifter | 61 975 680 000 | |||
Sum departementets utgifter | 61 975 680 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | |
---|---|---|---|---|
3841 | Samliv og konfliktløysing | |||
01 | Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag | 25 381 000 | ||
70 | Refusjon frå bidragspliktige | 190 000 000 | 215 381 000 | |
3842 | Familievern | |||
01 | Diverse inntekter | 828 000 | 828 000 | |
3847 | EUs ungdomsprogram | |||
01 | Tilskot frå Europakommisjonen | 5 964 000 | 5 964 000 | |
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | |||
01 | Diverse inntekter | 3 392 000 | ||
02 | Barnetrygd | 3 959 000 | ||
60 | Kommunale eigendelar | 2 566 885 000 | 2 574 236 000 | |
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | |||
04 | Refusjon av ODA-godkjende utgifter | 121 979 000 | 121 979 000 | |
3858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten | |||
01 | Diverse inntekter | 544 000 | 544 000 | |
3868 | Forbrukartilsynet | |||
02 | Tilskot | 2 629 000 | 2 629 000 | |
Sum Inntekter | 2 921 561 000 | |||
Sum departementets inntekter | 2 921 561 000 |
Fullmakter til å overskride gitte løyvingar:
II
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2023 kan:
overskride løyvinga under | mot tilsvarande meirinntekt under |
---|---|
kap. 842 post 01 | kap. 3842 post 01 |
kap. 847 post 01 | kap. 3847 post 01 |
kap. 855 post 01 | kap. 3855 postane 01, 02 og 60 |
kap. 856 post 01 | kap. 3856 post 01 |
kap. 858 post 01 | kap. 3858 post 01 |
kap. 868 post 01 | kap. 3868 post 02 |
Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter er tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.
Andre fullmakter
III
Satsar for barnetrygd
Stortinget samtykkjer i at Arbeids- og velferdsdirektoratet i medhald av lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd § 10 for 2023 kan betale ut barnetrygd til barn i alderen 0 år til og med månaden før fylte 6 år med 20 112 kroner per år.
Arbeids- og velferdsdirektoratet kan for 2023 betale ut barnetrygd til barn i alderen 6 år til og med månaden før fylte 18 år med 12 648 kroner per år.
Utvida stønad til einslege forsørgjarar blir utbetalt med 1 054 kroner per månad frå 1. januar til og med 28. februar 2023. Dette svarer til 12 648 kroner per år. Frå 1. mars 2023 til og med 31. desember 2023 kan Arbeids- og velferdsdirektoratet betale ut utvida barnetrygd med 2 016 kroner per månad. Dette svarer til 24 192 kroner per år.
Einslege forsørgjarar som fyller vilkåra for rett til utvida stønad etter barnetrygdlova og full overgangsstønad etter folketrygdlova, og som har barn i alderen 0–3 år, har rett til eit småbarnstillegg på 7 920 kroner per år. Dette tillegget gjeld per einslege forsørgjar, uavhengig av kor mange barn i alderen 0–3 år vedkommande faktisk forsørgjer.
IV
Satsar for kontantstøtte
Stortinget samtykkjer i at Arbeids- og velferdsdirektoratet for 2023 i medhald av lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre § 7 kan betale ut kontantstøtte med desse beløpa for barn i alderen 13–23 månader:
Avtalt opphaldstid i barnehage per veke | Kontantstøtte i prosent av full sats | Kontantstøtte per barn i alderen 13–23 månader |
---|---|---|
Ikkje bruk av barnehageplass | 100 | 7 500 |
Til og med 8 timar | 80 | 6 000 |
Frå 9 til og med 16 timar | 60 | 4 500 |
Frå 17 til og med 24 timar | 40 | 3 000 |
Frå 25 til og med 32 timar | 20 | 1 500 |
33 timar eller meir | 0 | 0 |
V
Sats for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon
Stortinget samtykkjer i at Arbeids- og velferdsdirektoratet for 2023 i medhald av lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 14-17 kan betale ut 90 300 kroner per barn i eingongsstønad ved fødsel og adopsjon.