Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 1800, 1810, 1820, 1825, 1850 og 1860 Inntektskapittel: 4800, 4810, 4820, 4860, 5582 og 5680

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettforslag

4 Nærmare omtale av løyvingsforslaga mv.

Programområde 18 Olje- og energiformål

Programkategori 18.00 Administrasjon

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet skal legge til rette for ein samordna og heilskapleg petroleums- og energipolitikk. Departementet er sektorforvaltar og har ansvar for styringa av etatane Sokkeldirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Havindustritilsynet og eigaroppfølginga av Statnett SF, Gassnova SF og Gassco AS. Vidare har departementet ansvar for forvaltninga av Fond for CO2-handtering.

Det blei utført 139 årsverk i Olje- og energidepartementet i 2022. Departementet har i tillegg ein energiråd ved Noregs delegasjon til EU i Brussel, ein energiråd ved ambassaden i Washington og ein energimedarbeidar ved OECD-delegasjonen i Paris.

Departementets petroleums- og energipolitiske mål og oppgåver for 2024 og resultat for 2022 er omtalte under dei aktuelle programkategoriane.

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

196 760

210 637

246 100

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72

28 307

36 000

33 000

50

Overføring til andre forvaltningsorgan, kan overførast

2 899

5 000

1 500

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

6 608

8 800

13 200

71

Norsk Oljemuseum

17 000

15 300

16 200

72

Tilskot til petroleums- og energiformål, kan overførast, kan nyttast under post 21

7 029

4 000

14 000

Sum kap. 1800

258 603

279 737

324 000

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei post 01 auka med 9,374 mill. kroner, post 21 med 2,769 mill. kroner, post 50 med 0,107 mill. kroner, post 71 med 0,327 mill. kroner og post 72 med 0,085 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått ei løyving på 246,1 mill. kroner til lønnsutgifter og andre utgifter til drift av Olje- og energidepartementet. Lønnsrelaterte utgifter utgjer omkring 85 prosent.

Av forslag til løyving blir det foreslått 15 mill. kroner for å auke saksbehandlingskapasiteten i departementet, mellom anna arbeidet med havvind og konsesjons- og klagebehandling.

Ansvaret for forvaltninga av lovreglar om arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring på Havindustritilsynets ansvars- og tilsynsområde og etatsstyringa av tilsynet, blei overført til Olje- og energidepartementet frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet med verknad frå 1. juli 2023. Av forslag til løyving blir det foreslått 6 mill. kroner til lønnsutgifter mv. til dette, kor 3 mill. kroner er overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Auken i løyving under posten blir motsvart av overføring til Kommunal- og distriktsdepartementet knytt til overføring av eitt årsverk og brukarfinansiering av etableringa av Departementsakademiet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 50, 71 og 72

Det blir foreslått ei løyving på 33 mill. kroner og ei bestillingsfullmakt på 7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.

Løyvinga dekker utgifter til tenester, oppdrag og prosjekt som er vesentlege for Olje- og energidepartementets arbeid, men som departementet ikkje har kapasitet eller kompetanse til å utføre sjølv. Dette omfattar mellom anna større utgreiingar og analysar, avgjerdstøtte, uavhengige vurderingar og evalueringar og anna kunnskapsutvikling.

Løyvinga dekker også utgifter til kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag i regi av Riksantikvaren. Kulturminneundersøkingane er finansiert av sektoravgift som bidrag for kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag som blir inntektsført under kap. 5582, post 70. Av forslag til løyving er 12 mill. kroner knytt til kulturminneundersøkingar.

Som følge av at etatsstyringsansvaret for Havindustritilsynet og ansvaret for lovreglar om arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring er overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, blir det foreslått ei løyving på 3,3 mill. kroner til dette, kor 1,3 mill. kroner er overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Post 50 Overføring til andre forvaltningsorgan, kan overførast

Gjennom departementets tilskotsordning for kompetanseutvikling og formidling med relevans for petroleums- og energiområdet er Naturfagsenteret ved Universitet i Oslo gitt tilsegn om tilskot på 3,5 mill. kroner til gjennomføring av ein årleg energikonferanse og kampanjen «Årets energioppdrag». Av dette vil 1,5 mill. kroner bli utbetalt i 2024.

Kampanjen «Årets energioppdrag» skal rettast mot elevar frå femte klasse til vidaregåande opplæring. Formålet er mellom anna å gi barn og unge førstehands erfaring med tematikk og problemstillingar knytte til temaet energi, stimulere interessa og motivasjonen for realfag og hjelpe lærarane i gjennomføringa av viktige delar av læreplanen, inkludert tverrfagleg undervisning.

På denne bakgrunnen blir det foreslått ei løyving på 1,5 mill. kroner.

Resultat 2022

Universitetet i Oslo

Det blei utbetalt om lag 0,5 mill. kroner til Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo til gjennomføringa av ein energikonferanse for alle skolar i Lektor2-ordninga som har, eller ønsker å samarbeide med, ein partnar innan energisektoren. Målgruppa for konferansen var realfagslærarar frå ungdomsskolen og vidaregåande skole som deltar i Lektor2-ordninga. Gjennom energikonferansen har lærarane fått relevant og oppdatert informasjon om energisektoren og større kunnskap om teknologiske nyvinningar og bruk av teknologien i arbeidslivet. Forsking viser at perioden mellom 10 og 14 år er sentral med tanke på utvikling av barn og unges haldningar til realfag, noko som tilseier at forsøk på å auke interessa og motivasjonen for realfag bør begynne allereie på barneskolen. Naturfagsenteret har derfor ein pilot for to skolar frå mellomtrinnet (femte til sjuande trinn), som i skoleåret 2022/2023 har deltatt på lik linje med dei andre deltakarskolane. Samarbeidet med lokalt næringsliv gjennom ordninga gir ifølge lærarane elevane innsikt i ulike typar yrke og motivasjon i fleire fag. Næringslivsaktørane som deltok, er positive til samarbeidet med skolen.

Universitet i Oslo fekk i 2018 tilsegn om tilskot på inntil 2 295 000 kroner til gjennomføring av Novemberkonferansen i Rio de Janeiro i åra 2018 til 2020. Tilskotet skulle bidra til å utvikle nettverk mellom norske og brasilianske FoU-aktørar og gjennomføring av bilaterale konferansar om forskings- og teknologisamarbeid mellom Brasil og Noreg. På grunn av pandemien var det ikkje mogleg å organisere konferansen i 2020 eller 2021. Siste del av tilskotet på 765 000 kroner blei brukt til å arrangere den utsette konferansen i november 2022.

Noregs forskingsråd

Departementet har gjennom Forskingsrådet utbetalt 1 mill. kroner til SEAPOP/SEATRACK til samanstilling og analyse av eksisterande data for sjøfugl med tanke på utvikling av havvind. Data inkluderte områda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II og dessutan større havområde der NVE og direktoratgruppa vurderer det som aktuelt å foreslå nye område for havvind. Data frå SEAPOP og SEATRACK blei nytta i arbeidet med å fastsette prosjektspesifikke konsekvensutgreiingsprogram for havvind i dei relevante opna områda. Arbeidet blei avslutta i 2022.

Det blei utbetalt 600 000 kroner til oppfølging av ny Energi21-strategi, som blei vedtatt i juni 2022. Tilskotet er mellom anna brukt til formidling av anbefalingar og vurderingar til relevante aktørar og til kartlegging av aktuelle prosjekt og utgreiingar som kan gjennomførast i 2023 for å underbygge tilrådingane og utvikle strategien vidare.

Det blei utbetalt 300 000 kroner til delfinansiering av OG21-prosjektet Low Emission saman med Forskingsrådet og industriaktørar. Prosjektet var ein djupdykkstudie i korleis petroleumsindustrien skal nå målet om 50 prosent utsleppsreduksjonar innan 2030. Det inkluderer FoU-tiltak for både elektrifisering og dekarbonisering av verdikjeder. Prosjektet blei gjennomført i 2022 og beskriv realistiske måtar å nå utsleppsmåla som vil krevje lågare kraftforbruk frå land.

Forbrukarrådet

Det blei utbetalt 0,5 mill. kroner til vidareutvikling av nettsida strømpris.no, som er ei gratis teneste frå Forbrukarrådet som gjer det enkelt for forbrukarar å samanlikne prisar og finne dei beste straumavtalane.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

Det blir foreslått ei løyving på 13,2 mill. kroner til ulike internasjonale organisasjonar. Auken frå saldert budsjett 2023 har samanheng med oppdaterte anslag og valutakursføresetnader.

ACER

Innlemming av forordning 714/2009 om grensekryssande krafthandel og forordning 713/2009 i EØS-avtalen sikrar norsk deltaking i EUs byrå for samarbeid mellom nasjonale reguleringsmyndigheiter på energiområdet, ACER. Noreg betaler ein årleg kontingent basert på berekning av EFTA-landa sin del av finansieringa i program og byrå som Noreg deltar i gjennom EØS-avtalen. Det økonomiske bidraget til Noregs deltaking i ACER er berekna til om lag 650 000 euro i 2024.

International Energy Forum

International Energy Forum (IEF) er ein arena for global energidialog. Målet for organisasjonen er å skape forståing for fellesinteresser blant medlemslanda, legge til rette for stabile marknader og global handel med energi og teknologi, styrke energisikkerheit på tilbods- og etterspørselssida og utvikle prinsipp og retningslinjer for transparente og robuste energimarknader. Innsamling, analyse og spreiing av informasjon er ein sentral del av dette arbeidet, og sekretariata til International Energy Agency (IEA) og OPEC gir viktige bidrag i så måte. Arbeidet blir finansiert gjennom bidrag frå deltakarlanda. Noregs økonomiske bidrag er berekna til 150 000 amerikanske dollar i 2024.

Gas Exporting Countries Forum

Gas Exporting Countries Forum (GECF) er ein organisasjon for dialog mellom gassproduserande land og består av elleve medlemsland og sju observatørland. Målet for organisasjonen er å utveksle informasjon om tema av felles interesse. Gjennom å delta som observatør i forumet kan Noreg utveksle informasjon om og ha dialog rundt utviklinga i gassektoren globalt. Deltakinga er ein god måte å oppretthalde kontakten med sentrale gassproduserande land på. Observatørrolla gjer også at ein kan følge utviklinga i forumet nært over tid. Arbeidet blir finansiert gjennom bidrag frå deltakarlanda. Noregs økonomiske bidrag er berekna til 120 000 amerikanske dollar i 2024.

Massachusetts Institute of Technology

Massachusetts Institute of Technologys (MIT) «Joint Program on the Science and Policy of Global Change» er eit forskingsprogram som har eit tverrfagleg perspektiv på korleis globale klimaproblem kan løysast. Deltaking i programmet gir departementet faglege innspel på relevante område, dialog med eit breitt fagleg og internasjonalt miljø med høg kompetanse og bidrar til større teknisk forståing av globale problemstillingar som gjeld energi, klima og samfunn. Noregs økonomiske bidrag er berekna til 100 000 amerikanske dollar i 2024.

The Oxford Institute for Energy Studies

The Oxford Institute for Energy Studies er eit anerkjent uavhengig energiforskingsinstitutt med fokus på tverrfagleg analyse av globale energispørsmål på tvers av olje-, gass- og elektrisitetsmarknadene. Instituttet arrangerer mellom anna kurs og møteplassar for energimarknadsekspertar og gir ut forskingsrapportar og andre publikasjonar. Deltaking i olje- og gassprogramma ved instituttet bidrar til å gi departementet større forståing av relevante problemstillingar knytte til olje- og gassmarknadene, og gir departementet tilgang til eit breitt fagleg miljø med høg kompetanse relatert til globale energispørsmål. Noregs økonomiske bidrag er berekna til 50 000 britiske pund i 2024.

Gas & Oil Technology Collaboration Programme

«Gas & Oil Technology Collaboration Programme» (GOTCP) er eit internasjonalt FoU-samarbeid under International Energy Agency (IEA) som skal bidra til innovasjon i petroleumssektoren. Talet på medlemmer i GOTCP er blitt redusert dei siste par åra, og innhaldet i samarbeidet er no under revisjon. Det skal leggast om i retning av studiar av korleis ein kan ta var på energiforsyningssikkerheit i overgangen til lågutslepps energiforsyning. Bruk av olje og gass med låge utslepp og tilhøyrande forskings- og teknologibehov vil stå sentralt i arbeidet. EU-kommisjonen og Noreg arbeider med denne revisjonen. Deltakinga i GOTCP omfattar myndigheiter, industri og forskingsmiljø. Gjennom GOTCP får departementet tilgang på internasjonal ekspertise og kvalitetssikra informasjon som inngår i kunnskapsgrunnlaget for forskings- og utviklingspolitikken til departementet. Noregs økonomiske bidrag er berekna til 15 000 euro i 2024.

International Centre for Hydropower

International Centre for Hydropower (ICH) har ei omfattande kursverksemd globalt der ein deler norsk kompetanse og erfaring frå vasskraftutvikling, noko som er eit viktig bidrag for å fremme berekraftige vasskraftløysingar internasjonalt og for å profilere norsk vasskraftkompetanse i den globale marknaden. Noregs økonomiske bidrag er berekna til 35 000 kroner i 2024.

Clean Energy Ministerial

Hydrogeninitiativet under Clean Energy Ministerial (CEM H2I) er ein viktig arena for hydrogensamarbeid globalt, mellom anna kunnskapsbygging, kompetanseoverføring og samarbeid om utvikling av rammer for hydrogenproduksjon, distribusjon og bruk. Hovudformålet med initiativet er å akselerere hydrogenetterspørsel og -bruk innan energisektoren. Det internasjonale energibyrået (IEA) har sekretariatsfunksjonen, i samsvar med rammeverket for initiativ under CEM. Dei største energinasjonane i verda deltar i hydrogeninitiativet, mellom andre Australia, Brasil, Canada, India, Italia, Japan, Kina, Nederland, New Zealand, Noreg, Portugal, Storbritannia, Sør-Afrika, Sør-Korea, Tyskland, USA og Austerrike. I tillegg deltar Europakommisjonen. Arbeidet blir finansiert gjennom bidrag frå medlemslanda. Noregs økonomiske bidrag er berekna til 20 000 euro i 2024.

International Partnership for Hydrogen and Fuel Cells in the Economy

International Partnership for Hydrogen and Fuel Cells in the Economy (IPHE) skal fremme internasjonalt samarbeid om hydrogen og brenselceller. Målet er at ei rekke IPHE-land skal bli einige om ein metodikk for å finne CO2-fotavtrykket for hydrogen produsert ved mellom anna elektrolyse og dampreformering med CO2-handtering. Per i dag består samarbeidet av Europakommisjonen og 22 deltakarland, mellom andre Australia, Brasil, Canada, Chile, Frankrike, India, Japan, Kina, Nederland, Noreg, Storbritannia, Sveits, Sør-Afrika, Sør-Korea, Tyskland og USA. Arbeidet blir finansiert gjennom bidrag frå deltakarlanda. Noregs økonomiske bidrager berekna til 10 000 euro.

Post 71 Norsk Oljemuseum

Stiftinga Norsk Oljemuseum er eit nasjonalt senter for formidling av informasjon og kunnskap om utviklinga og betydninga av petroleumsverksemda for det norske samfunnet. Hovudoppgåva til museet er å dokumentere og formidle den norske oljehistoria gjennom å samle inn, omarbeide og lagre relevant historisk kjeldemateriale og gjere denne informasjonen tilgjengeleg gjennom utstillingar og anna publisering. Drifta av museet blir finansiert gjennom offentlege driftstilskot frå stat, fylkeskommune og kommune, avkastning frå fondsmidlar, bidrag frå oljeindustrien og eigne inntekter.

Det blir foreslått eit tilskot på 16,2 mill. kroner til Norsk Oljemuseum.

Resultat 2022

Norsk Oljemuseum hadde inntekter på 44,9 mill. kroner i 2022, der 17 mill. kroner kom frå Olje- og energidepartementet.

Etter to år der besøkstalet og billettinntektene var prega av pandemi, besøkte 214 664 gjester Oljemuseet i 2022. Dette er ny rekord og ein auke på 45 prosent frå den tidlegare besøksrekorden på 147 690 frå 2019. Den nye besøksrekorden kom i stor grad av den populære dinosaurutstillinga «Oljens øyenvitner». Det høge besøkstalet gav billettinntekter på heile 13,7 mill. kroner i 2022, noko som var 6 mill. kroner meir enn det som var budsjettert. Museet hadde trass i god inntening, eit negativt driftsresultat på om lag 2,2 mill. kroner. Netto avkastning på finansplasseringane til museet på om lag 2,4 mill. kroner gjorde at årsresultatet blei positivt og enda på i underkant av 0,2 mill. kroner. Årsresultatet blei avsett til annan eigenkapital. Annan eigenkapital var på om lag 58 mill. kroner per 31. desember 2022. Annan eigenkapital utgjer tidlegare «sponsorfond» som omfattar finansielle bidrag frå privat næringsliv, som frå og med 2016 blei tatt inn som ein del av den ordinære rekneskapen og balansen til museet. Det inneber at avkastninga frå denne fondskapitalen blir ført som finansinntekt i rekneskapen deira. Disponering av denne inntekta skjer gjennom eit årleg uttak av eigenkapitalen, det vil seie dekning av det tapet som kjem fram i rekneskapen til museet – negativt årsresultat.

Vidare var 2022 prega av 50-årsmarkeringa av stortingsvedtaket frå 14. juni 1972 om å opprette Statoil og Oljedirektoratet. Som ein del av Equinors 50-årsmarkering blei det også arrangert ei lansering av historia til selskapet. På arrangementet blei to bind frå Universitet i Oslo presenterte og det nettbaserte historieprosjektet til museet offentleggjort. Vidare kom ein prosjektleiar for dokumentasjonsprosjektet om Alexander L. Kielland-ulykka på plass i starten av 2022. Prosjektet skal avsluttast i 2024. Det går også føre seg andre historie- og industriminneprosjekt, formidling, arrangement, kunnskapsutvikling og anna samarbeid med undervisningssektoren ved museet.

Post 72 Tilskot til petroleums- og energiformål, kan overførast, kan nyttast under post 21

Det blir foreslått ei løyving på 14 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 10 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.

Tilskotsordning for å styrke kompetansemiljø for havvind (Sørlandets Kompetansefond)

Det blir foreslått å sette av 10 mill. kroner i tilskot for å styrke kompetansemiljø for havvind, ein auke på 5 mill. kroner frå saldert budsjett 2023. Sørlandets Kompetansefond, som er ein nøytral og kompetent aktør, forvaltar tilskotsordninga og behandlar søknader om tilskot innanfor ordninga.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til kapasitets- og kunnskapsoppbygging, kompetanseoverføring og formidling for industriutvikling og tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling innanfor havvind. Tilskotet skal bidra til å oppnå det overordna målet til regjeringa i vegkartet for grønt industriløft når det gjeld havvind.

Tilskotet skal støtte opp under at mottakarar gjennom samarbeid og fellesfinansiering bidrar til kapasitets- og kunnskapsoppbygging, kompetanseoverføring og -formidling som skal resultere i industriutvikling og tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling innanfor havvind.

Tildelingskriterium og oppfølging

Ved behandlinga av søknader om tilskot skal det leggast særleg vekt på desse punkta:

  • korleis prosjektet eller tiltaket underbygger kapasitets- og kunnskapsoppbygging, kompetanseoverføring og -formidling, som igjen skal bidra til industriutvikling og tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling innanfor havvind

  • korleis tiltaket eventuelt på annan måte støttar opp under formålet med ordninga, og kvifor støtta er utløysande for tiltaket

  • om prosjekt, prosessar eller tiltak der forholda ligg godt til rette for å oppnå resultat eller etablere kunnskap, overfører eller formidlar kunnskap mv. for industriutvikling innanfor havvind gjennom samarbeid og fellesfinansiering

Sørlandets Kompetansefond er ansvarleg for oppfølging og kontroll. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til Sørlandets Kompetansefond og departementet.

Tilskotsordning for kompetanseutvikling og formidling med relevans for petroleums- og energiområdet

Det blir foreslått å sette av 4 mill. kroner til kompetanseutvikling og formidling med relevans for petroleums- og energiområdet.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til å styrke departementets kunnskap om og arbeid med petroleums- og energipolitikk. Dette omfattar forskings-, utviklings- og samarbeidstiltak som kan bidra til større, eller ny kunnskap. Det kan òg omfatte samhandlingstiltak innan sektoren som bidrar til meir effektiv måloppnåing, gjennomføring av kostnadseffektive løysingar og kvalitetsforbetringar. Tiltak skal primært, men ikkje berre, ha som formål å dekke relevante temaområde som ikkje blir dekte av annan offentleg finansiert forskingsinnsats og andre ordningar.

Dei som kan få tilskot gjennom denne tilskotsordninga, er universitet, høgskolar, frittståande forskingsinstitusjonar og andre organisasjonar som driv med forsking, formidling, forbetringstiltak og kompetanseutvikling innanfor petroleums- og energiområdet.

Tildelingskriterium og oppfølging

Det vil ved behandlinga av søknader om tilskot innanfor ordninga bli lagt særleg vekt på desse punkta:

  • geografiske og tematiske område som er særleg relevante for norsk petroleums- og energipolitikk

  • verdien av tiltaket og korleis det bidrar i departementets arbeid med utforming av petroleums- og energipolitikk

  • den allmenngyldige verdien av tiltaket, der erfaringar, formidling og metodar kan nyttiggjerast av andre

  • samarbeid og fellesfinansiering med organisasjonar og andre der forholda ligg til rette for å oppnå resultat som bidrar til større eller ny kunnskap, formidling og/eller kompetanseoverføring om viktige tema innanfor petroleums- og energiområdet

Departementet er ansvarleg for oppfølging og kontroll. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til departementet.

Resultat 2022

Standard Noreg

Det blei utbetalt 3 mill. kroner til Sektorstyret for petroleumsstandardisering ved Standard Noreg. Tilskotet blir brukt til eit treårig næringsprosjekt (2022–2024) i petroleumssektoren. Prosjektet skal revidere og tilgjengeleggjere NORSOK-standardar i digitalt format og utvikle nasjonale og internasjonale standardar retta mot reduserte klimautslepp og fornybar energi offshore. Dette inkluderer havvind, hydrogen, karbonfangst og -lagring. Standardane bidrar til kostnadsinnsparingar og sikkerheit som følge av digitalisering av oppgåver innan prosjektering, innkjøp og drift. Blant hovudresultata er tilgjengeleggjering av heile NORSOK-porteføljen for industrien på eit digitalt maskinlesbart format og utvida omfang av verksemda til sektorstyret for å inkludere lågkarbonløysingar og havenergi.

Norsk Industri

Norsk Industri fekk i 2020 tilsegn om tilskot på inntil 10 mill. kroner til prosjektet «Leveransemodeller for havvind». Av dette blei siste del av tilskotet på 2 mill. kroner utbetalt i 2022. Ei stor breidde av leverandørindustrien og fleire industriklynger har vore engasjerte i prosjektet.

I 2021 la prosjektet fram fleire rapportar etter ei omfattande kartlegging, vurderingar og tilrådingar frå arbeidsgrupper. I tillegg til hovudrapporten «Leveransemodeller for havvind» blei det lagt fram mindre rapportar om mellom anna rammeverk og kontraktar og om drift og vedlikehald.

I 2022 blei innføringsprogrammet «Offshore Wind Entry Programme» lansert som ein del av prosjektet. Programmet har ulike webbaserte opplæringsmodular og fysiske samlingar. Ansvaret for drift og vidare utvikling ligg hos Innovasjon Noreg. Programmet er eit nyttig verktøy for havvindaktørar for meir informasjon og utveksling av erfaringar.

Formålet med arbeidet har vore å lage ei rettleiing for leverandørar som ønsker å satse på havvindmarknaden. Rapportane har bidratt til større kunnskap om havvindindustrien. Dei har gitt informasjon om kva norske leverandørar kan tilby av varer og tenester, og konkurransekrafta innanfor ulike delar av havvindindustrien. Denne informasjonen har også gitt eit godt kunnskapsgrunnlag for innføringsprogrammet «Offshore Wind Entry Programme».

International Energy Agency

Det blei utbetalt totalt om lag 1 mill. kroner til IEAs arbeid med Mission Innovation. IEA hjelper Mission Innovation gjennom datainnsamling av offentlege og private investeringar i forsking og utvikling, analysar av teknologiutviklinga og koordinering av internasjonalt samarbeid for innovasjon på rein energi. I 2022 inngjekk IEA ein ny intensjonsavtale med Mission Innovation for å styrke dette samarbeidet ytterlegare1.

Vidare blei det utbetalt om lag 0,5 mill. kroner til sekretariatsfunksjonen til CEM CCUS-initiativet, som blir leia av Noreg saman med Storbritannia, USA og Saudi-Arabia. Dei 14 medlemslanda i CEM CCUS-initiativet samarbeidde tett med industrien i 2022 for å fremme ei konkret prosjektutvikling innan CO2-handtering. Fleire workshops og møte med «Oil and Gas Climate Initiative» tok sikte på å utvikle strategiske CCUS-hubar og infrastruktur for CO2-handtering. Det blei vidare lagt fram ei samarbeidserklæring med «Global Cement and Concrete Association» på det årlege ministermøtet i 2022, med sikte på ei styrking av opptak av CCUS i sementsektoren.

UN Global Compact Initiative

Nærings- og fiskeridepartementet har belasta Olje- og energidepartementet med 0,5 mill. kroner til samfinansiering av den norske deltakelsen i UN Global Compacts (UNGC). UNGC er eit FN-basert globalt nettverk for bedrifter som ønsker å arbeide med samfunnsansvar og bidra til forsvarleg og berekraftig bedriftspraksis. Noreg har vore hovudsponsor for UNGC Business Action Platform for Oceans. Arbeidet har resultert i mellom anna ein handlingsplan for berekraftig næringsutvikling i og på havet.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

10

Refusjonar

150

70

Garantiprovisjon, Gassco

1 967

1 700

2 000

Sum kap. 4800

2 117

1 700

2 000

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei post 70 auka med 0,3 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Olje- og energidepartementet har stilt ein garanti innanfor ei samla ramme på inntil 1 mrd. kroner for skader og tap på mottaksterminalane på kontinentet som oppstår som følge av forsettlege handlingar hos leiande personell i Gassco AS, jf. garantifullmakt i Vedlegg 1. Garantiprovisjonen er satt til 70 prosent av forsikringspremien på Gasscos ordinære ansvarsforsikring.

Programkategori 18.10 Petroleum

Utviklingstrekk

Petroleumssektoren

Petroleumssektoren i Noreg er ei eksportverksemd som bidrar til å dekke det grunnleggande behovet for energi i verda, ikkje minst i Europa. Noreg er den største produsenten og den einaste nettoeksportøren av olje og gass i Vest-Europa. Produksjonen på norsk sokkel, på norske olje- og gassfelt, er derfor viktig for europeisk energisikkerheit. Som følge av stans i leveransar frå russiske gassrøyrleidningar i 2022 blei felta på norsk kontinentalsokkel den største enkeltkjelda for gass til Europa.

Totalt blei det produsert og selt 122 mrd. Sm3 gass frå norske felt i 2022, ein auke på rundt 8 prosent frå 2021. Auken aleine svarer til om lag 100 TWh i energi. Til samanlikning var norsk vasskraftproduksjon om lag 129 TWh i 2022. Dei norske leveransane var avgjerande for energiforsyninga til Europa etter Russlands angrep og påfølgande krig i Ukraina. Utan denne auken ville Europa stått overfor ei enda større krise, med enda høgare energiprisar.

Tiltaka som låg bak auken, var mange og av ulike kategoriar. Fleire felt auka gassproduksjonen gjennom å selje gass i staden for å injisere han for å auke oljeproduksjonen. Ikkje-kritisk vedlikehald i gassleveransekjeda blei utsett. Ein del av våtgassen blei seld som røyrgass framfor som eigne produkt. Hammerfest LNG starta opp igjen etter at anlegget hadde vore stengt i heile 2021.

I 2023 er norsk gassproduksjon anslått til 116 mrd. Sm3. Dette er noko lågare enn anslaget i revidert nasjonalbudsjett 2023 og kjem mellom anna av uventa hendingar på sentrale anlegg, noko lågare leveransar frå enkelte felt i periodar og kortare periodar med låg gassetterspørsel frå europeiske gasskjøparar. På grunn av ny informasjon er anslaget for gassproduksjon i 2023 justert etter at Nasjonalbudsjettet blei ferdigstilt.

Petroleumsverksemda er Noregs største næring målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi. Det har ho vore dei siste tiåra og er også forventa å vere det i mange år framover. Hovudmålet for petroleumspolitikken er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv.

Petroleumsressursane tilhøyrer fellesskapet, og verksemda er viktig for finansieringa av velferdsstaten. Innteninga frå norsk sokkel var i 2022 på eit historisk høgt nivå. Netto kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda i 2022 var på 1 285 mrd. kroner. I 2023 er anslaget for netto kontantstraumen til staten 903 mrd. kroner. Ved vedvarande høge olje- og gassprisar vil dei samla bidraga til SPU dei neste åra vere store også i forhold til dagens fond.

Næringa er ein viktig bidragsytar til økonomisk aktivitet og sysselsetting over heile landet. Ringverknadene på fastlandet er store frå både utbygging og drift. Menon Economics (2023) har berekna den totale sysselsettinga knytt til næringa i 2021. Om lag 204 000 personar busette over heile landet var direkte eller indirekte knytte til næringa.

Den samla etterspørselen frå aktiviteten på norsk sokkel mot fastlandsnæringane ligg på eit relativt stabilt nivå.

Næringa er teknologisk avansert og høgproduktiv. Den høge produktiviteten i næringa underbygger den høge levestandarden i Noreg. Næringa stimulerer til positiv nærings- og teknologiutvikling i heile den norske økonomien og bidrar dermed på mange måtar til ei positiv samfunnsutvikling.

I 2022 stod petroleumsverksemda for rundt 35 prosent av all verdiskaping i landet og utgjorde om lag 64 prosent av eksportverdiane, ifølge tal frå SSB. Sektoren bidrar til at BNP per innbyggar er vesentleg høgare i Noreg enn for dei aller fleste av handelspartnarane våre.

Det totale ressursestimatet for både påviste og ikkje påviste ressursar er på 15,8 mrd. Sm3 o.e. Om lag halvparten var seld og levert ved utgangen av 2022. Av dei ressursane som er att, er det grunn til å tru at rundt halvparten er påviste ressursar. Det er stor usikkerheit om estimatet over ikkje påviste ressursar. Estimatet inkluderer også antatte ressursar i område som i dag ikkje er opna for petroleumsverksemd.

Leiteaktiviteten heldt seg i 2022 på eit stabilt nivå. Det blei påbegynt 34 leitebrønnar, noko færre enn i 2021. Det blei gjort tolv olje- og gassfunn, med eit førebels samla ressursestimat på om lag 52 mill. Sm3 o.e. I perioden 2010 til 2022 blei 424 undersøkingsbrønnar avslutta, og 210 resulterte i funn. Det vil seie ein funnsuksess på nær 50 prosent, noko som er høgt i internasjonal samanheng.

Den samla samfunnsøkonomiske avkastninga frå leiting dei siste 20 åra er anslått til å vere vesentleg høgare enn normal marknadsavkastning. I denne perioden har kvar krone investert i leiting gitt 2,40 kroner tilbake, ifølge Ressursrapport 2022 frå Sokkeldirektoratet. Dette er verdiar utover 7 prosent avkastning. I 2023 er det venta totalt 37 leitebrønnar, noko fleire enn i 2022. Per 30. juni er det bora 18 leitebrønnar totalt. Tolv av desse er undersøkingsbrønnar, og det er gjort sju funn.

Ressursbasen på norsk sokkel blir stadig meir moden og havområda meir og meir utforska. Dette inneber at det er forventa lågare ressurstilvekst frå leiting framover, særleg i Nordsjøen og Norskehavet, sjølv om historia har vist at det også kan gjerast store overraskingsfunn i meir modne og utforska område. Dei fleste funna dei seinare åra har også vore relativt små. Men mange av dei ligg nær eksisterande infrastruktur, slik at dei kan utviklast kostnadseffektivt og dermed ha god lønnsemd. Funn som blir fasa inn til eksisterande infrastruktur, kan også bidra til å forlenge produksjonen frå eksisterande felt.

Dagens funnportefølje inneheld få store funn som forsvarer sjølvstendige utbyggingar, og som kan gi stor produksjon over tid. Skal ein halde oppe produksjon, sysselsetting, verdiskaping og statlege inntekter over tid er ein derfor avhengig av å gjere nye store drivverdige funn. Potensialet for store funn i opne område er størst i Barentshavet, som er det minst utforska havområdet på norsk sokkel.

I 2022 blei det produsert totalt 232 mill. Sm3 o.e., noko som svarer til 4 mill. fat o.e. per dag. Oljeproduksjonen er i dag vesentleg lågare enn for 20 år sidan, medan norsk gassproduksjon no er på platå. Den samla produksjonen er forventa å auke noko fram til 2025.

Med dagens planar og prosjekt er produksjonen på norsk sokkel venta å vere på eit høgt nivå det neste tiåret. Deretter er det venta at det går raskt nedover, med mindre det blir gjort nye store funn som blir bygde ut. For norsk sokkel samla sett er det behov for store investeringar både i lønnsame tiltak for auka utvinning på eksisterande felt og utvikling av nye, lønnsame felt for å bremse det naturlege fallet i produksjon på eksisterande felt framover i tid.

Totale petroleumsinvesteringar, inkludert leite- og fjerningskostnader, var i 2022 på rundt 176 mrd. kroner. Olje- og energidepartementet har i perioden frå juni 2020 til 2022 mottatt utbyggingsplanar for 18 nye utbyggingar og 13 planar for vidareutvikling av felt i produksjon. I tillegg er det i denne perioden tatt avgjerder om investeringar i prosjekt for auka utvinning mv. ved eksisterande felt. Ifølge Menon Economics (2023) gir desse prosjekta samla investeringar på om lag 440 mrd. kroner. Av dette er om lag 290 mrd. kroner venta å rette seg mot norsk leverandørindustri, og investeringane er berekna å gi grunnlag for om lag 158 000 årsverk i perioden frå 2020 til 2029. Desse prosjekta bidrar til å halde investeringsnivået oppe og vil bidra til å bremse det underliggande fallet i produksjonen det neste tiåret.

Per 1. september 2023 var 92 felt i produksjon. Det blir kontinuerleg gjort investeringar i eksisterande felt, slik at utvinningsgraden aukar og levetida blir forlengd, samtidig som nye felt blir bygde ut. Dei fleste nye utbyggingar på norsk sokkel er havbotnutbyggingar som blir fasa inn til eksisterande infrastruktur. Sjølv slike utbyggingar er kvar for seg store industriprosjekt i eit nasjonalt perspektiv. I 2022 fekk departementet plan for utbygging og drift (PUD) av Yggdrasil, Fenris/Valhall, Halten Øst, Tyrving, Irpa, Verdande, Dvalin Nord, Symra, Ørn, Idun Nord, Alve Nord, Berling og endra PUD for Snøhvit Future, Maria fase 2 og Eldfisk Nord. Departementet har hittil i 2023 godkjent alle desse planane. I tillegg har departementet endra PUD for kraft frå land til felta Draugen og Njord til behandling. Hittil i 2023 har departementet mottatt PUD for Eirin.

Oljemarknaden

Dei siste to åra har oljemarknaden opplevd store svingingar i pris. Prissvingingane kjem i stor grad av usikkerheit rundt den globale økonomiske utviklinga etter koronapandemien og geopolitisk uro. Russlands invasjon av Ukraina og dei vestlege sanksjonane som følgde, påverka oljemarknaden – Russland er den tredje største oljeprodusenten i verda.

Oljeprisen var stigande ved inngangen av 2022 som følge av gjeninnhenting i etterspørselen etter pandemien og ein etterspørselsvekst som var sterkare enn produksjonsveksten. Oljeprisen låg på rundt 80 USD ved årsskiftet 2021/2022 og nær 100 USD idet Russland invaderte Ukraina i februar 2022. I månadene etter var oljemarknaden prega av høge prisar og dessutan unormalt store prissvingingar (volatilitet). I andre halvdel av året skifta stemninga i marknaden til resesjonsfrykt og usikre økonomiske utsikter som følge av auka inflasjon og auka renter.

Russland heldt i stor grad oppe oljeproduksjonen og eksporten gjennom året. Marknaden opplevde dermed ikkje, som mange frykta, ein betydeleg redusert oljetilgang som følge av Russlands krigføring i Ukraina og tilhøyrande sanksjonar. Dette bidrog til å trekke ned oljeprisen, og ved utgangen av 2022 låg oljeprisen på rundt 80 USD/fat.

Trass i god vekst i etterspørselen, kutt i OPECs produksjon og ei forventning om ei tilstramming i marknaden i andre halvdel av 2023 har oljeprisen lege på mellom 70 og 90 USD per fat fram til seinsommaren 2023.

Det er venta at etterspørselen etter olje vil auke med vel 2 mill. fat per dag i 2023, samanlikna med 2022. Ein stor del av denne auken er venta å komme frå Kina. Kinesisk økonomi var i fjor framleis prega av nulltoleranse og strenge pandemirestriksjonar, med lågare økonomisk aktivitet som konsekvens. Etter opphevinga av restriksjonane ved årsskiftet har kinesisk økonomi utvikla seg svakare enn venta. Den vestlege verda har vore tilbake frå pandemien i lengre tid. Derimot pregar inflasjon, renteheving og resesjonsfrykt marknaden i USA og Europa, og ein ventar ein meir dempa vekst i etterspørselen.

Utviklinga i oljeetterspørsel per sektor har bevega seg i ulik takt. Luftfart, vegtransport og sjøtransport har no henta seg inn igjen etter pandemien. På grunn av store utfordringar som nedstenging, reiserestriksjonar og permitteringar, har luftfarten hatt ei meir gradvis innhenting samanlikna med veg- og sjøtransport som henta seg inn forholdsvis raskt etter pandemien.

Etterspørselen har etter pandemien auka raskare enn produksjonen. OPECs uttalte mål er å sikre stabilitet i marknaden ved å kontrollere produksjonen. Etter store produksjonskutt under pandemien auka OPECs produksjon gradvis gjennom 2022, men i fleire land i OPEC+ var produksjonskapasiteten redusert. Mellom amerikanske produsentar av skiferolje har det vore større fokus på kapitaldisiplin og høgare avkastning på prosjekt. Kombinert med den usikre økonomiske utviklinga ser ein dermed ein svak investerings- og produksjonsauke i dagens oljemarknad.

Russland er den største oljeeksportøren i verda (råolje og oljeprodukt) og tredje største oljeprodusent. Berre USA og Saudi-Arabia produserer meir. Etter Russlands invasjon av Ukraina var det stor usikkerheit om russisk oljeeksport, som blei eit mål for sanksjonar frå vestlege land. Effektane av sanksjonane har i liten grad påverka nivået på russisk oljeeksport, men har ført til store endringar i handelsmønstera for råolje og oljeprodukt. Særleg importerer India, Kina og Tyrkia store russiske volum, noko som frigjer annan oljeeksport til å dekke behovet i land som tidlegare importerte russisk olje og oljeprodukt. Dette gjer at den globale marknaden framleis har god tilgang på olje. Det er i dag større usikkerheit om framtidig russisk produksjon enn før. Dette er særleg knytt til evna deira til å utvikle den store ressursbasen over tid, utan same tilgang på utanlandsk kapital og kompetanse som før.

Oljekartellet OPEC+, som står for rundt halvparten av den globale oljeproduksjonen, held fram samarbeidet etter pandemien. Som følge av det kraftige fallet i etterspørsel under pandemien kutta OPEC+ i produksjonen for å bidra til å stabilisere marknaden. Dette samarbeidet er ført vidare fram til i dag.

Amerikansk skiferoljeproduksjon fall betydeleg under pandemien som følge av lågare oljeprisar. Prisfallet førte til større fokus på kapitaldisiplin og inntening framfor produksjonsvekst. Da prisane igjen steig, steig ikkje boreaktiviteten og produksjonen tilsvarande raskt. Å komme tilbake til produksjonsnivået før pandemien har derfor gått seinare enn venta. Det er venta at amerikansk skiferoljeproduksjon, og land som Brasil, Canada, Guyana og Noreg, vil ha noko vekst i produksjonen i år. I absolutte tal vil USA stå for den største auken. Det er også venta noko vekst i amerikansk skiferproduksjon dei nærmaste åra. Det er krevjande å halde oppe veksten i amerikansk skiferoljeproduksjon som følge av raskt fallande produksjon frå eksisterande brønnar og eit stigande kostnadsnivå. Generelt bidrar usikkerheit om framtidig klima- og miljøpolitikk til usikkerheit om framtidig etterspørsel etter olje.

Gassmarknaden

Den globale gassmarknaden er i 2023 framleis prega av bortfallet av store mengder russisk gass og ein underliggande stram marknadsbalanse, i tillegg til eit volatilt prisbilete. Prisen på gass i den europeiske marknaden blir i dag sett i den globale LNG-marknaden, da Europa er avhengig av import av LNG.

Den europeiske energisituasjonen er krevjande, men vesentleg betre enn i 2022. Auka norsk produksjon, mild vinter, redusert europeisk gassetterspørsel og særleg auka LNG-tilførsel har bidratt til å stabilisere europeisk gassbalanse på kort sikt. Sjølv om europeiske gassprisar så langt i 2023 er langt lågare enn dei rekordhøge gassprisane i 2022 og siste halvår av 2021, er prisen framleis høg i eit historisk perspektiv.

LNG-importerande utviklingsland er dei som er hardast ramma av høge gassprisar drivne av europeiske forhold, men også i Europa er prisnivået framleis krevjande for hushald, næringsliv og energiintensiv industri. Det tar tid å bygge opp produksjonskapasitet for LNG globalt. Det er venta ein stram global gassmarknad til midten av 2020-talet, da det er venta oppstart av produksjon frå ei ny bølge LNG-prosjekt.

Gassprisen på Europas største gassbørs, TTF, låg på rundt 25 USD/MMBtu ved årsskiftet 2021/2022 og nær same nivå før Russland invaderte Ukraina i februar 2022. I månadene etter var gassmarknaden prega av stor usikkerheit om forsyningssituasjonen for gass og svært høge gassprisar, og dessutan unormalt høg prisvolatilitet.

Røyrgassleveransane frå Russland til EU auka straks etter invasjonen, men blei så kraftig reduserte i fleire steg. Leveransane gjennom Yamal-røyrleidningen via Belarus til Polen blei stoppa i mai 2022. Leveransane gjennom gassrøyrleidningen Nord Stream 1 til Tyskland blei kraftig redusert i juni 2022, før dei stansa opp da røyrleidningen blei sabotert i september 2022. Leveransane gjennom Ukraina blei også kraftig reduserte. Frå utgangen av 2022 importerer Europa berre noko russisk røyrgass gjennom Ukraina, og dessutan noko volum som går via Turkstream-røyrleidningen til Tyrkia og vidare inn i EU. Røyrgassleveransane frå Russland til EU blei redusert frå 140 til 78 mrd. Sm3 frå 2021 til 2022.

Den kraftige nedgangen og usikkerheita om russiske røyrgassleveransar førte til historisk høge europeiske gassmarknadsprisar i 2022. Noreg auka gassproduksjonen med om lag 9 mrd. Sm3 frå 2021 til 2022. Noreg er den største produsenten og einaste nettoeksportør av olje og gass i Vest-Europa. Felta på norsk kontinentalsokkel er no samla Europas største enkeltkjelde til gass. Bortfallet av russisk røyrgass er i hovudsak erstatta av auka import av LNG, som må kjøpast i global konkurranse med mellom anna andre asiatiske marknader. Asia og Europa er dei viktigaste importregionane for LNG. USA, Midtausten, Australia og Russland er viktige LNG-eksportregionar. Konkurransen mellom Asia og Europa om LNG har gjort at dei høge prisane i Europa også har ført til prisoppgang i den asiatiske marknaden.

Den auka LNG-importen til Europa har i hovudsak komme frå USA, men LNG-leveransane frå mellom anna Russland har også auka. LNG-tilførselen til EU auka med 70 prosent, eller 55 mrd. Sm3, i 2022. Det er meir enn dobbelt så mykje som den globale LNG-produksjonen auka med i 2022. Dei høge prisane i Europa gjorde at Europa tiltrekte seg LNG på kostnad av andre marknader. Lågare LNG-leveransar førte til problem med kraftforsyning i land som Pakistan og Bangladesh. Dei høge gassprisane, drivne av ein enorm auke i etterspørsel etter LNG i Europa, var hovudårsaka til at mange regionar måtte skifte frå gass til kol for å sikra kraftforsyninga. Global kolkraftproduksjon steig til det høgaste nivået nokosinne og dekte meir enn ein tredel av den globale kraftetterspørselen i 2022. Auken i europeisk LNG-import i 2022 blei også gjord mogleg av 20 prosent (22 mrd. Sm3) nedgang i kinesisk LNG-etterspørsel. Høge prisar for asiatiske spotlastar med LNG bidrog til nedgangen i etterspørselen – prisen på asiatiske spotlastar låg på 34 USD/MMBtu i snitt i 2022, det høgaste nivået nokosinne.

I Europa var gjennomsnittsprisen på TTF 38 USD/MMBtu i 2022 nesten åtte gonger snittprisen i 2016–2020. Gassprisane var aller høgast i tredje kvartal 2022, da den sterke nedgangen i russiske gassforsyningar fall saman med høg gassetterspørsel i kraftsektoren. Reduksjon av grunnlast i det europeiske kraftsystemet over tid og mellom anna unormalt låg vasskraft- og kjernekraftproduksjon i 2022 førte til høg gassetterspørsel til kraftproduksjon trass i høge gassprisar. Marknadsprisen på TTF steig i 2022 langt meir enn importkostnaden for LNG levert til Nord-Europa, og langt meir enn marknadsprisen i europeiske land som Storbritannia, som hadde stor mottakskapasitet for LNG. Flaskehalsar i gasstransportsystemet i land som var sterkt ramma av bortfall av russisk gass, blei forsterka av sterk lagerfylling i EU gjennom sommaren 2022, drive av EUs pålagde mål om 80 prosent lagerfylling innan 1. november 2022. TTF-prisen steig til nær 100 USD/MMBtu i slutten av august 2022.

Nedgang i gassetterspørselen bidrog til å balansere den europeiske marknaden. I EU fall naturgassforbruket med om lag 55 mrd. Sm3 i 2022. Mildvêr dempa gassetterspørselen til oppvarmingsformål, medan rekordprisar og energieffektiviseringstiltak førte til redusert forbruk i bustad- og næringssektoren og til byte av brensel der det var mogleg. Gassetterspørselen i industrien fall med 25 prosent, og redusert aktivitet og nedstengingar i industrien stod for halvparten av nedgangen i gassetterspørselen i EU i 2022. Det er fare for at slike nedstengingar vil bli permanente. Mildvêret bidrog til at gasslagera i EU var 95 prosent fulle i november 2022.

Marknadsprisen har så langt i 2023 vore nær 13 USD/MMBtu i gjennomsnitt på den nordeuropeiske referansemarknaden (TTF), noko som er over 60 prosent lågare enn i same periode i 2022. Dette er likevel ein relativt høg pris både globalt og historisk sett.

Gassetterspørselen har halde fram med å falle i første halvår av 2023, driven av ein nedgang i gass til kraft (-14 mrd. Sm3), industrisektoren (-6 mrd. Sm3) og bustad- og næringssektoren (-4 mrd. Sm3). I kraftsektoren var gassbruken lågare mellom anna på grunn av høgare kjernekraftproduksjon, høgare fornybarproduksjon og redusert kraftetterspørsel. I industrisektoren er det berre petroleumsindustrien som har brukt meir gass enn i 2022. Trass i lågare prisar er det ingen storstilt gjenopning av nedstengde anlegg, auka produksjon eller brenselbyte tilbake til gass. Det er framleis usikkerheit om gassetterspørsel i bustad- og næringsbygg til vinteren, da det vil vere avhengig av temperaturnivået og av vilje til energisparingstiltak hos forbrukarane. EU ønsker å halde fram med målet om 15 prosent frivillig forbrukskutt ut mars 2024.

På tilbodssida har LNG-leveransane til Europa halde seg på eit høgt nivå i 2023. Røyrgassleveransar frå Russland er venta å bli ytterlegare reduserte samanlikna med 2022, da det ikkje er venta ein auke frå dagens nivå. Alle andre røyrgassruter er venta å vere relativt stabile. EU hadde tilstrekkelege gassleveransar til å greie seg gjennom føregåande vinter og så langt i 2023, sjølv om russiske røyrgassleveransar er sterkt reduserte samanlikna med leveransane før den russiske invasjonen av Ukraina. Gasslagera i EU er i august 2023 allereie svært fulle samanlikna med tilsvarande tidspunkt i 2022. Fyllingsgraden nådde i august EUs mål for 1. november på nær 90 prosent, mot omtrent 70 prosent på same tid i 2022.

Sjølv om gasslagera i Europa er på eit høgt nivå, er forsyningssituasjonen framover framleis prega av usikkerheit. Den underliggande globale gassbalansen er framleis stram, og fleksibiliteten på både tilbodssida og etterspørselssida er avgrensa, slik at prisvolatiliteten kan bli stor. Dette blir illustrert ved at gassprisen på TTF gjekk opp nær 40 prosent intradag i begynnelsen av august etter nyheiter om ein mogleg streik ved LNG-anlegg i Australia. Kaldt vêr, problem i forsyningskjeda for LNG eller ein oppsving i asiatisk LNG-etterspørsel kan gi prisauke med følger også for etterfølgande år, sjølv med fulle gasslager ved inngangen til vinteren. Risikoen for ytterlegare reduksjonar i gassleveransane frå Russland er framleis til stades, og det blir svært viktig å behalde all tilgjengeleg røyrgassimport og sikre tilstrekkeleg forsyning av LNG. Auken i global LNG-produksjon er avgrensa dei nærmaste åra, slik at ein må rekne med ein sterk global konkurranse om tilgjengeleg LNG, mellom anna med Kina.

I Europa er det nødvendig å halde oppe ein høg import av LNG og dempe etterspørselen for å balansere tilbod og etterspørsel. Ein historisk sett høg gasspris i Europa er nødvendig for å tiltrekke tilstrekkelege volum med LNG i konkurranse med Asia og andre regionar som importerer LNG.

Hovudmål for petroleumspolitikken

Hovudmålet for petroleumspolitikken er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Ressursforvaltninga skal gi Noreg inntekter og bidra til å sikre sysselsetting og velferd for noverande og framtidige generasjonar.

Vidareutviklinga av petroleumssektoren vil bidra til å styrke norsk næringsliv og den industrielle utviklinga i landet. I forvaltninga skal det takast nødvendige omsyn til det ytre miljøet, distriktspolitiske interesser og anna verksemd. Energimarknadene går igjennom store endringar, både på kort og lang sikt. Regjeringa vil halde fram med å utvikle petroleumspolitikken og legge til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa i ei krevjande tid.

Norsk petroleumsnæring, som ei høgkompetent og teknologitung næring, er godt rusta til å handtere endringane vi no står overfor. Regjeringa vil legge til rette for eit stabilt aktivitetsnivå på norsk kontinentalsokkel med vekt på olje- og gassverksemd, men også med større innslag av andre havnæringar.

Regjeringa vil legge vekt på at leiteverksemd og utvinning på norsk sokkel er basert på verdsleiande teknologi som også tar tungtvegande omsyn til helse, miljø og sikkerheit. Verksemda på havet skal framleis skje i sameksistens med andre næringar.

Regjeringa vil føre vidare konsesjonssystemet. Det skal framleis givast løyve til å leite etter olje og gass. Tildeling av nye utvinningsløyve på norsk sokkel skjer i dag gjennom den årlege konsesjonsrunden Tildeling i førehandsdefinerte område (TFO). Alle konsesjonsrundar blir gjennomførte innanfor rammene i forvaltningsplanane for norske havområde.

Aktiviteten på norsk sokkel bidrar til vidareutvikling av norsk leverandørindustri, noko som gir store lokale, regionale og nasjonale ringverknader i den norske fastlandsøkonomien. Ein høgkompetent leverandørindustri legg også til rette for at norskbasert industri skal kunne lykkast i å skape verdiar og arbeidsplassar i den globale energiomlegginga.

Norsk petroleumsverksemd har i tiår vore underlagt streng verkemiddelbruk for å drive effektivt og med låge utslepp. Norsk olje- og gassutvinning har allereie svært låge utslepp i ein global samanheng, og utsleppa er på veg ned. Hovudverkemidla for å kutte utslepp vil framleis vere EUs kvotesystem (EU ETS) og CO2-avgifta. Dette gjer at selskapa kontinuerleg har eigeninteresse av å redusere utsleppa sine. Regjeringa skal i samarbeid med næringa jobbe for at utsleppa frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel blir ytterlegare reduserte. Punkt 6.3 Status for utsleppsutvikling i petroleumssektoren i Del III av proposisjonen inneheld ein status for utsleppsutviklinga i petroleumssektoren.

Hovudmålet for Sokkeldirektoratet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning, der det blir tatt omsyn til helse, miljø og sikkerheit og til andre brukarar av havet.

Gassco AS skal som nøytral operatør for det norske gasstransportsystemet bidra til maksimal verdiskaping frå gassressursane på norsk kontinentalsokkel gjennom sikker og effektiv drift og heilskapleg utvikling av gassrøyrleidningssystemet på norsk sokkel. Som særskild operatør inneber det oppgåver knytte til systemdrift, kapasitetsadministrasjon og infrastrukturutvikling. Som alminneleg operatør på vegner av eigarane inneber dette styring av prosessanlegg, røyrleidningar, plattformer og gassterminalar i samsvar med lovgivinga.

Olje- og energidepartementets mål og oppgåver

Olje- og energidepartementet skal legge til rette for ein samordna og heilskapleg petroleumspolitikk, slik at ein kan nå hovudmålet for politikken. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og forsvarleg forvaltning av ressursane på sokkelen. Norsk petroleumsindustri skal framleis vere leiande innanfor helse, miljø og sikkerheit.

Forvaltningsansvaret for helse-, miljø- og sikkerheitsregelverket og etatsstyringsansvaret for Havindustritilsynet er overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Olje- og energidepartementet. Olje- og energidepartementet har ansvaret for forvaltninga av arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring i petroleumsverksemda og i tilknyting til anna industriverksemd til havs. Sjå omtale under programkategori 18.60 Sikkerheit og arbeidsmiljø.

Departementet skal vere ein forvaltar med eit langsiktig perspektiv og legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass, mellom anna gjennom føreseielege rammevilkår for næringa.

Det er oljeselskapa som har ansvaret for og utøver den operasjonelle aktiviteten innanfor leiting, utbygging og drift på norsk sokkel. Sentralt for å nå måla i petroleumspolitikken er derfor rettshavarar som hentar ut alle lønnsame ressursar i porteføljen sin på ein sikker og effektiv måte. Departementet vil føre vidare arbeidet med å ha eit effektivt og heilskapleg rammeverk som er basert på kunnskap og fakta, og som legg til rette for at avgjerdene til oljeselskapa også er gode for staten som ressurseigar.

Departementet arbeider med å vidareutvikle og oppretthalde ein heilskapleg og effektiv petroleumspolitikk. Berebjelkane i petroleumspolitikken, jf. Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar og Prop. 97 S (2022–2023), er å

  • halde fram med å utvikle petroleumspolitikken for å legge til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa i ei krevjande tid

  • føre vidare konsesjonssystemet – framleis gi løyve til å leite etter olje og gass i nye område. Tildeling av nye utvinningsløyve skal hovudsakleg skje gjennom føreseieleg tilgang på leiteareal gjennom tildeling i allereie førehandsdefinerte område (TFO)

  • legge til rette for eit stabilt aktivitetsnivå innan olje- og gassverksemd på norsk kontinentalsokkel, med større innslag av næringar knytte til karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, havbruk og mineral

Andre verkemiddel for å oppnå rein, energieffektiv og lønnsam produksjon for framleis å ha ei effektiv og konkurransedyktig petroleumsnæring og for å føre vidare god samhandling med andre brukarar av havet skal førast vidare. Denne petroleumspolitikken skal

  • legge til rette for at potensialet i eksisterande felt og infrastruktur blir utnytta

  • legge til rette for at alle lønnsame funn blir bygde ut

For staten som ressurseigar er det viktig å ha best mogleg oversikt over naturressursane i nasjonen. Departementet vil halde fram med å kartlegge petroleumsressursane på norsk kontinentalsokkel, også i område som ikkje er opna for petroleumsverksemd.

Tilgang på nye leiteområde er nødvendig for å gjere nye funn og halde oppe verdiskaping, sysselsetting og statlege inntekter på lang sikt. Departementet vil føre vidare dagens praksis med jamlege konsesjonsrundar på norsk sokkel for å gi næringa tilgang på nye prospektive leiteareal. Dei årlege konsesjonsrundane i førehandsdefinerte område (TFO) er berebjelken i leitepolitikken. Desse områda omfattar størstedelen av dei opne, tilgjengelege områda på norsk sokkel, og det er der det i størst grad er leiteaktivitet i dag. Årets konsesjonsrunde i det førehandsdefinerte området (TFO 2023) går føre seg. I samband med TFO 2023 er TFO-arealet utvida med 92 blokker – 78 i Barentshavet og 14 i Norskehavet. I samsvar med etablert praksis blir det tatt sikte på tildeling i januar 2024.

Departementet vil følge opp leiteaktiviteten til rettshavarane som skjer under tildelte utvinningsløyve.

Departementet vil gjennomføre ei grundig behandling av planar for utbygging, anlegg og drift, og dessutan disponering som blir lagd fram av rettshavarane. Departementet har dialog med rettshavarane også i forkant av innlevering av plan for utbygging og drift (PUD). Departementet vil i oppfølginga og behandlinga av desse ha særleg merksemd retta mot tidsriktig utbygging og innfasing av påviste ressursar. Departementet vil halde fram med å gi Stortinget informasjon om prosjekt under utbygging som har godkjend PUD, jf. punkt 5 Prosjekt under utbygging på norsk kontinentalsokkel i Del III av proposisjonen.

Departementet vil følge opp drifta av felta, mellom anna behandle relevante søknader, for å bidra til effektiv ressursutnytting.

Infrastrukturen på norsk kontinentalsokkel, under dette gasstransportsystemet, skal brukast effektivt og utviklast heilskapleg. Store delar av løyva i gasstransportinteressentskapet Gassled har ei konsesjonstid som går ut i 2028. Staten har heimfallsrett ved utløpet av konsesjonstida. OED sende våren 2023 brev til relevante rettshavarar der det blei signalisert at staten tar sikte på å nytte seg av heimfallsretten og ønsker ein heilstatleg eigarskap for dei sentrale delane av det norske gasstransportsystemet. Der overtaking eventuelt krev vederlag, er det ein føresetnad at overgangen til heilstatleg eigarskap er verdinøytral for staten; eigarkostnadene til staten ved systemet skal i sin heilskap dekkast av framtidige tariffinntekter. Departementet vil sondere med dagens rettshavarar om moglegheitene for dette, og vil komme tilbake til Stortinget på eit eigna tidspunkt dersom det blir oppnådd einigheit med eigarane.

Departementet vil støtte opp under arbeidet næringa gjer med å auke verdiskapinga gjennom effektivisering, digitalisering og innovasjon.

Departementet vil legge til rette for å vidareutvikle både olje- og gassverksemda og andre havnæringar.

Departementet vil føre vidare arbeidet med økonomiske analysar av norsk petroleumsverksemd, mellom anna bidra med anslag til nasjonalbudsjettet, utsleppsframskrivingar og følge marknadsutviklinga for olje og gass.

Departementet vil gjennom styringsdialogen følge opp Sokkeldirektoratets arbeid med ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning.

Staten eig 100 prosent av aksjane i Gassco AS, som er operatør for gasstransportsystemet på norsk sokkel. Departementet vil bidra til at Gassco er ein effektiv og nøytral operatør for gasstransportsystemet.

Departementet vil føre vidare arbeidet som sekretariat for Petroleumsprisrådet og for implementeringa av Extractive Industries Transparency Initiative (EITI) i Noreg.

Olje- og energidepartementet skal, gjennom å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2, bidra til berekraftig energi- og industriproduksjon i inn- og utland. Miljøsikker lagring av CO2 kan bli eit tiltak for å redusere utslepp og motverke klimaendringar.

Departementet vil legge til rette for kommersiell CO2-lagring på norsk sokkel ved å behandle søknader frå industrielle aktørar om CO2-lagring under lagringsforskrifta.

Departementet vil følge opp aktiviteten til rettshavarane under tildelte utnyttingsløyve.

Departementet vil følge opp aktiviteten til rettshavarane i tildelte leiteløyve.

Olje- og energidepartementet skal legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige målsettingar, slik at ein tar vare på omsynet til verdiskaping, miljø, sikkerheit ved slik verksemd, anna næringsverksemd og andre interesser.

Departementet vil følge opp strategien for utvikling av ei havbotnmineralnæring dersom Stortinget sluttar seg til å opne område på norsk kontinentalsokkel for slik verksemd, jf. Meld. St. 25 (2022–2023). Dette inkluderer å starte ein prosess med å tildele løyve etter lova. Departementet vil legge ei stegvis tilnærming til grunn for tildeling av utvinningsløyve.

Olje- og energidepartementets resultater for 2022

Departementet bidrog gjennom arbeidet sitt i 2022 til å legge til rette for effektiv forvaltning av petroleumsressursane i eit langsiktig perspektiv. Arbeidet har gått føre seg i nært samarbeid med Sokkeldirektoratet og Gassco AS innanfor ansvarsområdet til selskapet.

Ein føresetnad for å realisere dei store verdiane i uoppdaga ressursar er at næringa får tilgang til nytt attraktivt leiteareal. Departementet har, i tråd med etablert politikk, arbeidd med konsesjonsrundar i det førehandsdefinerte området (TFO-området) i 2022. I TFO 2021 blei det i januar 2022 tildelt 53 nye utvinningsløyve til 28 selskap. Staten beheldt andelar i nye utvinningsløyve i samsvar med etablert politikk. TFO 2022 blei kunngjort i juni 2022. Departementet fekk også behandla søknadene som kom inn i runden i 2022.

Departementet har følgt opp leiteverksemda til selskapa i tråd med gjeldande petroleumspolitikk.

Departementet har i 2022 godkjent plan for utbygging og drift (PUD) for Tommeliten A, Frosk, Kobra East Gekko (KEG) og Kristin Sør, og dessutan endra PUD for felta Eldfisk Nord, Ormen Lange fase 3, Gina Krog alternativ eksportløysing og Oseberg gass fase 2 og kraft frå land. Departementet har i 2022 også godkjent endra plan for anlegg og drift (PAD) for Statpipe landfall og Nyhamna filter.

Hausten 2022 reviderte departementet PUD/PAD-rettleiaren og presiserte at rettshavarane i usikkerheitsanalysen knytt til utbyggingsplanar skal inkludere ein kvalitativ stresstest mot finansiell klimarisiko. Departementet har følgt opp dette i behandlinga av utbyggingsprosjekta.

Departementet har i 2022 kartlagt ringverknader av petroleumsverksemda. Det var i 2021 om lag 204 000 tilsette i petroleumsnæringa. I 2020–2022 har departementet motteke 18 utbyggingsplanar og 13 planar for vidareutvikling av felt i produksjon. Dei venta ringverknadene av desse prosjekta er 158 000 årsverk i perioden 2020–2029 og 66 000 årsverk i driftsfasen.

Departementet har, innanfor ansvarsområdet sitt, følgt opp arbeidet til selskapa med pågåande og framtidige feltutbyggingar og vidareutviklingsprosjekt. Arbeidet i dei ulike rettshavargruppene med felt i drift er følgt opp i nært samarbeid med Sokkeldirektoratet.

Frå 2021 til 2022 auka norsk gassproduksjon med om lag 8 prosent, eller om lag 100 TWh energi. Tiltaka som ligg bak auken, er mange og av ulike kategoriar. Departementet har oppmuntra til og lagt til rette for fleire av desse tiltaka, så lenge dei har underbygd god ressursforvaltning.

For å sikre effektiv bruk av infrastruktur regulerer departementet tilgangen til røyrleidningar, anlegg på land og feltinfrastruktur på norsk sokkel. Departementet har i 2022 arbeidd vidare med vurderingar knytte til organisering av gasstransportverksemda i samband med at store delar av gasstransportsystemet har løyve som går ut i 2028. Departementet har i 2022 fastsett nye tariffar for bruk av gassrøyrleidningane Gjøa gassrøyrleidning og Utsirahøgda gassrøyrleidning, og har også gjort visse andre endringar i reguleringa av tariffar for bruk av gasstransportsystemet.

Departementet har gitt årlege produksjonsløyve for høvesvis gass og væske, inkludert løyve til fakling, ut frå sikkerheits omsyn. Departementet har på grunnlag av søknader frå rettshavargruppene gitt nye reviderte produksjonsløyve for auka gassproduksjon for enkelte felt i 2022.

Departementet har behandla ei rekke søknader om samtykke til overdraging av deltakarandelar mellom ulike selskap og om endringar i eigarskap til ulike rettshavarar på norsk sokkel.

Departementet har ført vidare arbeidet med økonomiske analysar av norsk petroleumsverksemd, mellom anna anslag til nasjonalbudsjettet.

Departementet har som sekretariat for Petroleumsprisrådet utarbeidd nødvendig avgjerdsmateriale for fastsetting av skattereferanseprisar (normprisar) for olje.

Departementet er ansvarleg for implementering av gjeldande standardar under Extractive Industries Transparency Initiative (EITI) og har jobba med rapportering og publisering i tråd med krava.

Departementet har deltatt i ulike internasjonale energiorganisasjonar og forum som International Energy Agency (IEA), Gas Exporting Countries Forum (GECF), International Energy Forum (IEF) og Net-Zero Producers Forum (NPF). I tillegg har departementet hatt dialog og bilaterale møte med ei rekke sentrale energinasjonar.

Departementet har følgt prosessane for regelverksutviklinga i EU som har betydning for marknaden for naturgass og norsk gasseksport. Dette har inkludert møtedeltaking på både embetsnivå og politisk nivå, i tillegg til innspel og kommentarar til pågåande arbeid på gassområdet i Europakommisjonen. I 2022 har departementet, i tillegg til dei ordinære prosessane i EU, hatt tett kontakt med EU om energimangelen i Europa og dei høge energiprisane og har deltatt i ei arbeidsgruppe (Task Force) med EU. Det har vore viktig for departementet å komme med innspel til dei politiske prosessane i EU som varetar forsyningssikkerheit og stabilitet i energimarknadene. I juni 2022 blei det lagt fram ei felles erklæring om forsterka samarbeid mellom Noreg og EU i energisektoren og om å samarbeide nærmare om moglegheitene for større gassleveransar på kort og lang sikt.

Departementet har gjennomført etatsoppfølging av Sokkeldirektoratet.

Departementet har følgt opp eigarinteressene til staten i Gassco AS.

Departementet bidrog gjennom arbeidet sitt i 2022 til å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til miljøsikker lagring av CO2 som eit tiltak for å motverke klimaendringar.

Departementet fekk søknader knytte til injeksjon og lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel på to område i 2022. I april blei det kunngjort eit område for lagring av CO2 med søknadsfrist i juni. I november blei eit leiteløyve tildelt til to selskap. I november blei enda eit område kunngjort med søknadsfrist i januar 2023.

Departementet har i 2022 følgt opp Northern Lights’ arbeid med utbyggingsprosjektet etter at PUD for fase 1 blei godkjend i 2021. Det er venta at lageret er klart for mottak av CO2 i 2024.

Departementet bidrog gjennom arbeidet sitt i 2022 til å legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen.

Departementet har arbeidd vidare med opningsprosessen for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel og har hatt utkast til avgjerd om å opne område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd og konsekvensutgreiinga på offentleg høyring. Departementet har også bedt Sokkeldirektoratet om ei vurdering av ressurspotensialet for havbotnmineral på norsk kontinentalsokkel som ein del av opningsprosessen.

Sokkeldirektoratet

Sokkeldirektoratet har ei sentral rolle i forvaltninga av olje- og gassressursane på norsk kontinentalsokkel og er eit viktig rådgivande organ for departementet innanfor petroleumsverksemda.

Direktoratet har også ei rolle innanfor nyare forvaltningsområde på kontinentalsokkelen; dette gjeld både forvaltninga av lagringspotensialet for CO2 på norsk kontinentalsokkel og havbotnmineralressursane.

Sokkeldirektoratet er fagetat for arbeidet med forvaltninga av petroleumsressursar på kontinentalsokkelen og gir faglege råd i samband med vurdering, undersøking og utvinning av desse. Sokkeldirektoratet skal vere ein aktiv pådrivar for å realisere mest mogleg av ressurspotensialet på sokkelen for på den måten å skape størst moglege verdiar for samfunnet. Direktoratet skal bidra til forsvarleg utvinning av norske petroleumsressursar.

Sokkeldirektoratet utøver forvaltningsmyndigheit i samband med tildeling av areal, leiting etter og utvinning av petroleumsførekomstar på sokkelen. Sokkeldirektoratet er rådgivar for Olje- og energidepartementet når det gjeld vidareutvikling av reglar og rammer for ressurforvaltninga på norsk kontinentalsokkel, og har på enkelte område myndigheit til å fastsette forskrifter og gjere vedtak i samsvar med regelverket for petroleumsverksemda.

Sokkeldirektoratet har vidare eit nasjonalt ansvar for data frå kontinentalsokkelen og ei oversikts- og formidlarrolle når det gjeld data, analysar og avgjerdsgrunnlag.

Sokkeldirektoratet er fagetat når det gjeld forvaltninga av havbotnmineral og har hatt ei viktig fagleg rolle i gjennomføringa av opningsprosessen for slik aktivitet.

Sokkeldirektoratet gir departementet faglege råd om lagring av CO2 på norsk sokkel og gir mellom anna innspel til departementet i samband med søknader om løyve etter CO2-lagringsforskrifta og planar for utbygging og drift av eit undersjøisk reservoar for injeksjon og lagring av CO2.

Sokkeldirektoratet gir departementet faglege innspel når det gjeld forsvarleg bruk av areala på norsk sokkel, og skal bidra til god sameksistens mellom ulike brukarar av havet. Sokkeldirektoratet er engasjert i forsking og utvikling (FoU) og internasjonalt utviklingssamarbeid innanfor sine ansvarsområde.

Sokkeldirektoratet har også eit viktig oppdrag med å føre tilsyn med målingar av mengde olje og gass som blir produsert frå norsk sokkel for å sikre at nøyaktige og pålitelege målingar ligg til grunn for berekning av skattane og avgiftene til staten, og inntektene til rettshavarane i petroleumsverksemda (fiskal kvantumsmåling). Sokkeldirektoratet har hovudkontor i Stavanger og i tillegg eit kontor i Harstad. Det blei utført om lag 188 årsverk i 2022.

Mål

Hovudmålet til Sokkeldirektoratet er å bidra til størst moglege verdiar for samfunnet frå olje- og gassverksemda på norsk kontinentalsokkel gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning, der det blir tatt omsyn til helse, miljø og sikkerheit og til andre brukarar av havet.

Hovudmålet blir søkt nådd ved at Sokkeldirektoratet skal arbeide for å nå utvalde delmål. Direktoratet har vidare eit delmål som omfattar havbotnmineral, og eitt for lagring av CO2.

Rasjonell og heilskapleg arealforvaltning, tildeling av attraktivt leiteareal og langsiktig ressurstilgang

Sokkeldirektoratet har ansvar for å ha oversikt over petroleumsressursane på den norske kontinentalsokkelen. Sokkeldirektoratet innhentar og omarbeider data sjølve, men innhentar også data frå næringa.

Sokkeldirektoratet gir faglege råd til departementet ved konsesjonsrundar og bidrar til oppfølging av leiteaktiviteten i tildelte utvinningsløyve. Sokkeldirektoratet skal bidra til at aktørane innanfor sektoren arbeider aktivt for at tildelt areal blir utforska tidsriktig og effektivt.

Vidare bidrar Sokkeldirektoratet til at areala på norsk sokkel blir forvalta slik at den samla verdiskapinga blir høg, og at det blir sikra god sameksistens mellom etablerte og nye næringar som gjer bruk av havet.

Arbeid for samfunnsøkonomisk lønnsam utvinning av petroleum gjennom forsvarleg og effektiv leiting, utbygging og drift

Sokkeldirektoratet skal vere ein pådrivar for å sikre at moglegheiter for langsiktig verdiskaping blir vurderte innanfor leiting, utbygging og drift på norsk kontinentalsokkel. Direktoratet skal bidra til at aktørane innanfor sektoren som har ansvaret for leiting, utbygging, drift og disponering, arbeider aktivt for at det tildelte arealet blir utforska tidsriktig og effektivt, at funn blir bygde ut, og at tiltak for å auke utvinninga frå felt i drift, blir identifiserte og gjennomførte.

Sokkeldirektoratet skal særleg følge opp auka utvinning, effektive områdeløysingar og realisering av tidskritiske ressursar.

Sokkeldirektoratet har ei viktig rolle i å gi råd til departementet når det gjeld ulike søknader frå selskapa og i å følge opp løyve i samsvar med petroleumslova og konsesjonssystemet.

Effektivt innhente, forvalte, gjere tilgjengeleg og formidle data, analysar og kunnskap om norsk kontinentalsokkel

Sokkeldirektoratet er eit nasjonalt sokkelbibliotek og samlar inn, forvaltar og gjer data og informasjon knytt til verksemda tilgjengeleg.

Sokkeldirektoratet har ansvar for å innhente og formidle analysar og kunnskap om petroleumspotensialet, mineralressursane og lagringspotensialet for CO2 på norsk sokkel for mellom anna å bidra til attraktivitet og konkurransekraft for norsk sokkel.

Legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen

Sokkeldirektoratet skal bistå, gi råd til departementet og legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen, deriblant i forvaltninga av område som blir opna for slik verksemd.

Legge til rette for sikker lagring av CO2

Sokkeldirektoratet skal bistå og gi råd til departementet når det gjeld arbeid innan injeksjon og lagring av CO2, mellom anna knytt til eventuelle utlysingar av areal og behandling av søknader om utnyttingsløyve og eventuelt tilhørande utbyggingsplanar.

Resultat 2022

Direktoratet har følgt opp hovudmålet og delmåla for direktoratet slik dei er omtalte i Prop. 1 S (2021–2022). For å nå hovudmålet sitt har Sokkeldirektoratet i 2022 arbeidd med ulike aktivitetar og oppgåver kategoriserte under dei nærmare spesifiserte delmåla.

I 2022 prioriterte direktoratet arbeid med å vidareutvikle ei systematisk oppfølging av aktiviteten i utvinningsløyve for å bidra til utforsking, utvikling av funn og verdiskapande aktivitet på felt i drift, og med å utvikle digitale system og prosessar for å effektivisere og forbetre innsamling frå og deling av data med og innanfor industri og offentlegheit.

Vidare gjennomførte direktoratet i 2022 ei verdivurdering av innsatsen sin innan dei ulike deloppgåvene som skal kunne brukast ved prioritering og styring av ressursane i direktoratet.

Rasjonell og heilskapleg arealforvaltning, tildeling av attraktivt leiteareal og langsiktig ressurstilgang

Sokkeldirektoratet oppdaterte hausten 2022 estimata for uoppdaga petroleumsressursar på norsk sokkel. Estimata viser at det framleis er eit betydeleg potensial for uoppdaga ressursar i alle havområda.

Ved utgangen av 2022 var over 200 utvinningsløyve i fasen der det blir gjennomført leiteaktivitet. Sokkeldirektoratet har følgt opp aktiviteten i desse.

Det blei halde tildeling i førehandsdefinerte område (TFO). Sokkeldirektoratet gjennomførte ressursforvaltningsmessige vurderingar av søknadane. Dette danna grunnlag for forslag til departementet om nye utvinningsløyve med tilhøyrande forpliktingar.

Arbeid med å bidra til god sameksistens med andre næringar på kontinentalsokkelen er gjennomført, mellom anna gjennom ei tverretatleg arbeidsgruppe som skal vurdere aktuelle område for etablering av havvind og ved å gi innspel til forslag til område for havbruk.

Arbeide for samfunnsøkonomisk lønnsam utvinning av petroleum gjennom forsvarleg og effektiv leiting, utbygging og drift

Ved utgangen av 2022 var det over 500 aktive utvinningsløyve på norsk kontinentalsokkel. 29 rettshavarar i ulike samansetningar forvaltar desse løyva i fasane frå leiting, utbygging og drift til avslutning og fjerning. Det var 79 funn med eit samla utvinnbart volum på 470 mill. Sm3 o.e. Det er samla mange prosjekt på felt i drift. Sokkeldirektoratet følger opp aktiviteten til rettshavarane i utvinningsløyva. Omfanget av oppfølginga varierer etter behov og kapasiteten til direktoratet.

Aktiviteten i alle felt i drift blir følgd opp, men med ulik innsats basert på ein prioriteringsprosess. Sokkeldirektoratet er særleg opptatt av at det blir arbeidd med tiltak for auka utvinning, at lønnsame tiltak blir vedtatt, og at dei blir gjennomførte i samsvar med planlagd framdrift. I dialog med rettshavarane stiller Sokkeldirektoratet forventningar og etterspør tiltak. For å kunne utfordre selskapa er det viktig at Sokkeldirektoratet har god kunnskap om førekomstane og om teknologi som kan nyttast for å maksimere lønnsemd og ressursuttak. For å oppnå dette har Sokkeldirektoratet kontakt med forskingsmiljø, leverandørar og rettshavarar.

I 2022 blei det gjort tolv nye funn med samla utvinnbare volum på 52 mill. Sm3 o.e. Sokkeldirektoratet oppsummerte status, framdrift og tidskritikalitet for alle funn i ein egen rapport. I 2022 blei det tatt investeringsavgjerd for fleire prosjekt som omfattar ressursar som Sokkeldirektoratet hadde definert som tidskritiske.

Sokkeldirektoratet har utfordra rettshavarane i alle prosjekt når det gjeld god og tilstrekkeleg prosjektmodning, og gode planar for prosjektgjennomføring, fram mot investeringsavgjerd og innlevering av søknad om godkjenning av utbygginga. I mars 2022 blei det avhalde eit seminar saman med Havindustritilsynet retta mot rettshavarar som planla investeringsavgjerd innan 2022. Temaet var rolla til operatørar og andre rettshavarar i samband med prosjektplanlegging og -gjennomføring, og forventningane styresmaktene hadde til dei. Sokkeldirektoratet har gjennomført møteseriar med operatørar for pågåande og nyleg ferdigstilte utbyggingsprosjekt for å systematisk samla erfaringar og lærdom frå prosjektgjennomføringane.

I løpet av 2022 blei det levert 13 planar for nye utbyggingar, og fire planar som inneber auka utvinning eller forlengd levetid på eksisterande felt.

Sokkeldirektoratet er opptatt av auka utvinning i arbeidet med å følge opp utvinningsløyve. I 2022 gav Sokkeldirektoratet departementet faglege råd i samband med ei rekke søknader, samtykke og godkjenningar, mellom anna rundt 80 søknader om produksjonsløyve. 2022 var prega av høge gassprisar, noko som førte til fleire søknader om auka gassuttak frå felt. Sokkeldirektoratet har vurdert konsekvensane av det auka uttaket for ressursforvaltninga.

Sokkeldirektoratet har tatt ei aktiv rolle i å sjå til at rettshavarane i utvinningsløyva jobbar godt med teknologiutvikling og teknologiimplementering. Sokkeldirektoratet har vore pådrivar for å få inn teknologipilotering for auka utvinning, mellom anna på Ekofisk. I 2022 var Sokkeldirektoratet ein aktiv bidragsytar i OG21 – den nasjonale teknologistrategien for olje- og gassverksemda og bidrog også i Porteføljestyret for Petroleum i Noregs forskingsråd. For å sette søkelys på verdiskaping frå implementering av teknologi og erfaringsutveksling arrangerte Sokkeldirektoratet i 2022 ein teknologidag, der operatørar på sokkelen presenterte erfaringar frå implementering av teknologiar på felt. Hausten 2022 arrangerte Sokkeldirektoratet IEA EOR TCP symposium som har som formål å fremme internasjonalt samarbeid og erfaringsutveksling innan auka oljeutvinning.

Sokkeldirektoratet bidrar i oppdateringa av forvaltningsplanen for alle norske havområde gjennom deltaking i Fagleg forum og Overvakingsgruppa, og har som del av dette bidratt med miljøfaglege vurderingar rundt sårbarheit og miljøverdi for ulike artar.

Effektivt innhente, forvalte, gjere tilgjengeleg og formidle data, analysar og kunnskap om norsk kontinentalsokkel

Sokkeldirektoratet har kartlagt petroleumspotensialet mellom anna ved å gjennomføre fleire studiar som har bidratt til større forståing av omfanget og frekvensen av naturleg utsiving av hydrokarbon, som igjen har betydning for forståinga av petroleumssystema. I 2022 har Sokkeldirektoratet jobba vidare med ressurskartlegginga i uopna område, i hovudsak i Barentshavet nord.

Sokkeldirektoratet innhenta data frå alle operatørane for felt og funn som del i arbeidet med å levere data og rapport til departementet med anslag for utviklinga framover innan petroleumsverksemda.

Sokkeldirektoratet publiserte ein ressursrapport som gav ei oversikt over petroleumsressursane, aktivitet og verdiskaping på norsk sokkel.

Sokkeldirektoratet forvaltar ein av dei største samlingane i verda av undergrunnsdata. Sokkeldirektoratet har i 2022 ført vidare arbeidet med å opprettholde det konkurransefortrinnet norsk kontinentalsokkel har ved at myndighetene samler inn og tilgjengeliggjør data om norsk kontinentalsokkel. Samlinga består både av digitale data og fysiske prøver. I 2022 auka mengda seismiske data med rundt 2 petabyte. Vidare blei 15 000 datasett med tolka brønndata frigitt. I 2022 har Sokkeldirektoratet òg jobba med å henta inn, forvalta og gjera tilgjengeleg digitale og fysiske data om havbotnmineral.

Sokkeldirektoratet har starta eit arbeid med å modellere korleis regional trykkutvikling blir påverka av depletering og injeksjon. Formålet er å lage ein prognose for korleis undergrunnen vil utvikla seg med dei planane som finst og gi ei betre oversikt over moglegheitsrommet, spesielt innan CO2-lagring.

Sokkeldirektoratet arbeider for å digitalisere verksemda. Prosjektet «Sokkelbiblioteket 2026» er etablert mellom anna for å bygge ein ny teknologisk grunnmur, slik at moderne teknologi kan brukast for å forvalte data, ta vare på nye datatypar og etablere gode løysingar for samhandling med omgivnadene. Fleire løysingar er ferdig utvikla og sette i produksjon. I tillegg har det tverretatlege innmeldings- og saksbehandlingssystemet for fiskeri- og petroleumsindustrien blitt vidareutvikla til også å handtere løyve innanfor CO2-regelverket. Vidare har Sokkeldirektoratet begynt arbeidet med å effektivisere innrapporteringa av aktivitetsdata frå operatørselskapa.

Legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen

Sokkeldirektoratet bisto departementet med å gjennomføre opningsprosessen for havbotnmineral. Det inkluderte å koordinere det faglege arbeidet knytt til konsekvensutgreiinga. Sokkeldirektoratet hadde ansvar for anbod og oppfølging i samband med utarbeiding av seks grunnlagsstudiar og tre verknadsstudiar, og samanfatta funna i ein konsekvensutgreiingsrapport. Sokkeldirektoratet har på oppdrag frå departementet utarbeidd ei ressursvurdering av havbotnmineral på norsk sokkel.

Sokkeldirektoratet deltok på ulike tokt som har gitt viktig informasjon. Mellom anna blei fleire ukjende sulfidførekomstar påviste og det blei funne tjukke og store manganskorper.

Sokkeldirektoratet har også deltatt på ei rekke konferansar og møter for å bidra med fakta om havbotnmineral. Sokkeldirektoratet arrangerte eit seminar for frigiving av data knytte til havbotnmineral. Her blei geofysiske data som Sokkeldirektoratet har samla inn, og dessutan data frå Sokkeldirektoratets samarbeid med akademia, frigjorde og gjorde tilgjengelege for offentlegheita.

Legge til rette for sikker lagring av CO2

Sokkeldirektoratet har følgt opp nye og pågåande CO2-lagringsprosjekt, mellom anna Northern Lights, innanfor sitt ansvarsomåde. Sokkeldirektoratet har gitt tilråding til departementet når det gjeld søknader om tildeling av lagringsløyve.

Sokkeldirektoratets interaktive CO2-atlas, som viser moglege CO2-deponi på norsk sokkel, er svært etterspurt, både frå industrien og frå forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.

Andre oppgåver

I 2022 fekk Sokkeldirektoratet eit særleg oppdrag frå departementet om å samle inn detaljerte data om havbotnen og grunnseismikk i Sørlege Nordsjø II, som er eit av dei to første områda der det blir planlagt installasjon av havvind.

Kap. 1810 Sokkeldirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

333 571

329 000

346 800

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

83 864

105 000

102 500

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

69 459

65 400

57 500

Sum kap. 1810

486 894

499 400

506 800

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei post 01 auka med 5,855 mill. kroner og post 21 med 86,943 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått ei løyving på 346,8 mill. kroner til lønnsutgifter og andre utgifter til drift av Sokkeldirektoratet. Lønnsrelaterte utgifter utgjer om lag 65 prosent.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 102,5 mill. kroner og ei bestillingsfullmakt på 50 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.

Løyvinga dekker utgifter til studiar, analysar og geologisk kartlegging av kontinentalsokkelen, mellom anna petroleumsressursar, mineral på havbotnen og ferdigstilling av grunnundersøkingar for den delen av havvindområdet Utsira Nord som er lyst ut.

Departementet foreslår at staten ikkje gjennomfører undersøkingar i områda som er aktuelle for havvindutlysning i 2025.

Vidare dekker løyvinga etablering av ny arkitektur, forbetring og vidareutvikling av prosessar og funksjonalitet til direktoratets sokkelbibliotek (digitaliseringsprogrammet «Sokkelbiblioteket 2026»).

Av forslag til løyving blir det foreslått om lag 40 mill. kroner til digitaliseringsprogrammet. Auken på 10 mill. kroner frå 2023 skal mellom anna dekke utgifter til bearbeiding, samanstilling, lagring og tilgjengeleggjering av data til selskapa og digitaliseringsarbeid for å auke datakvaliteten, effektivisering gjennom automatisering og digital datautveksling og tilgjengeleggjering som skal forbetre samhandlinga internt og mot næringa.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 57,5 mill. kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.

Løyvinga dekker mellom anna utgifter til samarbeidsprogramma «Diskos» og «Force» innan dataforvaltning og utvinningsteknologi, og dessutan utgifter knytt til samarbeidsavtale med Norad om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland, jf. tilsvarande inntektsløyving under kap. 4810, post 02.

Kap. 4810 Sokkeldirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Gebyrinntekter

25 284

29 400

30 700

02

Oppdrags- og samarbeidsinntekter

68 530

65 400

57 500

10

Refusjonar

729

300

Sum kap. 4810

94 543

94 800

88 500

Post 01 Gebyrinntekter

Posten omfattar gebyrinntekter frå konsesjonssøknader, undersøkings- og utvinningsløyve, seismiske undersøkingar, registreringar i Petroleumsregisteret og refusjon av tilsynsutgifter.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Posten omfattar inntekter frå oppdrags- og samarbeidsverksemda, jf. kap. 1810, post 23.

Post 10 Refusjonar

Posten omfattar refusjonar frå mellom anna eigenandelar og kursavgifter.

Programkategori 18.20 Energi og vassressursar

Utviklingstrekk

Sikker tilgang på kraft er viktig for verdiskaping og velferd, og nødvendig for dei fleste samfunnsfunksjonar. Dei siste åra har vore prega av urolege tider i energimarknadene, med tidvis svært høge gass- og kraftprisar på kontinentet. Dette har bidratt til høge kraftprisar i Sør-Noreg, særleg i Sørvest-Noreg. Dei siste månadene har kraftprisane falt sterkt frå svært høge nivå i 2021 og 2022.

For å sikre folks tryggleik har regjeringa foreslått endringar i den mellombelse straumstønadsordninga for private hushaldningar og burettslag. Stortinget har vedtatt at berekninga av straumstønad skal basere seg på straumprisen time for time, at stønadsgraden blir auka til 90 prosent heile året og at ordninga blir forlengd ut heile 2024. Desse endringane vil bidra til ei meir treffsikker og føreseieleg støtteordning for hushaldningar og burettslag. Regjeringa foreslår at terskelverdien for stønad blir prisjustert frå 70 øre/kWh til 73 øre/kWh frå 1. januar 2024.

Regjeringa gjorde hausten 2022 framlegg om ei mellombels lånegarantiordning og ei mellombels energitilskotsordning, jf. Prop. 142 S (2021–2022). Formålet med ordningane var å hjelpe straumintensive føretak i ein overgangsperiode med å omstille seg i lys av ekstraordinært høge straumprisar. Regjeringa har også gjort endringar i grunnrenteskatten for vasskraftverk for å legge betre til rette for at sluttbrukarane kan inngå fastprisavtaler for straum.

Etter ein periode med låg fyllingsgrad i norske kraftmagasin gjennom delar av 2021 og 2022 har situasjonen i 2023 betra seg vesentleg. Magasinfyllinga er no på eit langt høgare nivå i Sør-Noreg enn på same tid i fjor, og kraftprisane har halde seg på eit vesentleg lågare nivå. Samtidig har det gjennom sommaren vore auka prisforskjellar internt i Sør-Noreg. Gjennom sommaren fall kraftprisane i Søraust- og Vest-Noreg til eit tidvis svært lågt nivå, med fleire døgn med negative døgnprisar. I Sørvest-Noreg har kraftprisen tvert om gradvis auka gjennom sommaren. Det er fleire grunnar til at straumprisen i periodar av året har vore høgare i prisområde NO2 enn i resten av landet. I prisområde NO1 og NO5 førte situasjonen med ekstremvêr på ettersommaren til store skadar og overløp i mange vassdrag. I denne delen av Sør-Noreg er magasinkapasiteten vesentleg lågare enn i NO2, og det er fleire mindre vassmagasin med lågare reguleringsevne. Når magasinfyllinga allereie er høg og det kjem store nedbørsmengder, må kraftverk knytte til desse magasina produsere for å unngå overløp (tvungen produksjon). Denne heilt spesielle situasjonen har påverka prisane. Auka kapasitet i nettet mellom dei ulike områda vil bidra til mindre prisforskjellar internt i Noreg.

Regjeringa har som utgangspunkt at rikeleg tilgang på rein og rimeleg straum skal vere eit konkurransefortrinn i alle delar av landet.

Regjeringa har nedsett eit ekspertutval som skal vurdere dagens system for prisfastsettinga for straum. Utvalet skal vurdere kva tiltak på kort og lang sikt som kan sikre straumbrukarar lågare og meir føreseielege prisar innanfor handlingsrommet i EØS-avtalen. Utvalet skal levere ein rapport til departementet innan 15. oktober 2023.

Dei siste åra er det bygd ut mykje ny kraftproduksjon, utan at forbruket har auka tilsvarande. For 2023 vurderer NVE kraftoverskotet i eit år med normale vêrforhold til å vere om lag 20 TWh. I åra framover er det forventa ein sterkare vekst i kraftbehovet, i takt med ei aukande elektrifisering av samfunnet, ny næringsverksemd med stort kraftbehov og vidare omlegging frå fossil energi til fornybar kraft.

I NVEs rapport om den kortsiktige kraftbalansen i Noreg fram mot 2028, som blei lagd fram i august 2023, er hovudkonklusjonen at kraftoverskotet i Noreg held fram dei neste fem åra. NVE peikar likevel på at sterk vekst i forbruket saman med svak vekst i produksjonen vil redusere kraftoverskotet fram mot 2028, og at dette kan gå mot null i 2030. Samtidig understrekar NVE at det er stor usikkerheit rundt veksten i forbruket framover. Med utgangspunkt i kva NVE reknar for å vere «sikkert forbruk», vil Noreg ha eit kraftoverskot gjennom heile perioden 2023–2028. I analysen peiker NVE også og på at effektbalansen kan bli svakare dei neste åra. NVE framhevar at mykje nytt forbruk, som stor industri, datasentre og petroleumsanlegg, brukar kraft kvar einaste time heile året. Samstundes vil mykje av den nye kraftproduksjonen vere vêravhengig og uregulerbar. Dette vil over tid kunne utfordre effektbalansen, og kan gi periodar med sterke prisaukingar. Framskrivingane til NVE er baserte på gjeldande verkemiddel og på kjende, modne prosjekt, der det også er nettkapasitet. NVE vil legge fram sine nye langsiktige analyser for kraftmarknaden hausten 2023.

All produksjon av kraft inneber krevjande avvegingar. Tilgangen til nett og avvegingar mellom verdien av ny kraftproduksjon, miljøomsyn og andre interesser vil påverke kor mykje ny kraftproduksjon som faktisk blir bygd.

Noreg har store energiressursar og god tilgang på fornybar energi. Den store andelen fornybar energi gir låge utslepp av klimagassar frå energiforsyninga. Elektrisitetsproduksjonen i Noreg er basert på vasskraft, men vindkraft har fått ei viktigare rolle. Noregs utgangspunkt er derfor annleis enn i land der kolkraft skal erstattast med fornybar energi. Noreg har ein stor kraftintensiv industri, og elektrisitet blir i større grad enn i andre land nytta til oppvarming i bygg. Dei seinare åra har elektrisitet blitt tatt i bruk i nye sektorar og på nye område. I transportsektoren spelar elektrisitet ei stadig viktigare rolle. Elektrifisering og utvikling av industri kan innebere at det raskt blir etablert nytt, stort forbruk i ulike delar av landet. Det er derfor viktig å legge til rette for ny kraftproduksjon, energieffektivisering og utvikling av nett.

Utviklinga av kraftsystemet med ein større andel uregulerbar produksjon og vindkraft til havs, elektrifisering av fleire samfunnssektorar og ambisjonar om næringsutvikling basert på fornybar energi krev ei omfattande og effektiv utbygging av kraftnettet.

Straumnettutvalet la fram NOU 2022: 6 Nett i tide – om utvikling av strømnettet sommaren 2022. Våren 2023 la regjeringa fram ein handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet som inneheld fleire viktige grep for å bidra til raskare konsesjonsbehandling av saker hos energimyndigheitene, meir effektiv tilknyting til straumnettet og betre utnytting av dagens nettkapasitet. Ressursane til behandling av konsesjonar er vesentleg styrkte, og i handlingsplanen blir det mellom anna varsla ei tydeleggjering av føringar for korleis nettselskapa skal fordele kapasiteten til aktørane. I dei nye kriteria for tildeling av nettkapasitet skal prosjekta vurderast ut frå kor modne dei er. Det blir samtidig tydeleggjort at nettselskap i regional- og transmisjonsnettet skal halde av kapasitet til «vanleg forbruk», som i hushaldningar, mindre næringar og nødvendige samfunnsfunksjonar.

Energikommisjonen leverte sin rapport, NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere i februar 2023. I utgreiinga går kommisjonen gjennom fleire forhold ved det norske kraftsystemet. Hovudvurderinga er at Noreg treng ei stor satsing på kraftproduksjon, nettutvikling og energieffektivisering. Kommisjonen har vurdert potensial og utfordringar knytte til dette.

Energieffektivisering dempar veksten i energiforbruket. Verknaden av energieffektivisering er ofte størst om vinteren, når presset på kraftsystemet er størst og prisane høgast. Energieffektivisering reduserer forbrukstoppane for elektrisitet og frigjer plass til anna forbruk. Over tid kan energieffektivisering redusere investeringsbehovet i straumnettet. Regjeringas handlingsplan for energieffektivisering inneheld viktige grep for auka energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi og følger opp fleire av anbefalingane frå Energikommisjonen.

Norsk kraftforsyning blir påverka av utviklinga internasjonalt. Etter februar 2022 har kraftsituasjonen vore sterkt prega av krigen i Ukraina og Russlands bruk av energi for å ramme Europa økonomisk. Den vidare utviklinga i energimarknadene er framleis prega av stor usikkerheit. Utfasing av kol- og kjernekraft, teknologiutvikling og politikken for reduksjon av klimagassutslepp gir ei gradvis omlegging av produksjon og forbruk av energi i fornybar retning. I stadig fleire land utgjer fornybare energikjelder ein stor del av kraftproduksjonen. Særleg er utbygginga av vindkraft og solkraft stor i landa rundt oss. Den norske kraftforsyninga er tett integrert med det europeiske kraftsystemet, og utviklinga i Europa vil ha mykje å seie for Noreg og for verdien av norske fornybarressursar på lang sikt.

Uregulerbar kraftproduksjon, som vind- og solkraft, gir større variasjon i krafttilgangen. Noreg har eit gunstig utgangspunkt med ein stor andel fornybar og regulerbar vasskraft i kraftforsyninga og kan derfor produsere og levere kraft når behovet er størst, ein eigenskap som blir stadig viktigare i og med omstillinga som no skjer i kraftmarknadene. Forbruket av elektrisitet i samfunnet aukar som følge av større folketal og økonomisk vekst, men også som følge av ein underliggande trend mot meir digitalisering, elektrifisering og bruk av nye teknologiar som krev elektrisitet. Gradvis større avhengigheit av elektrisitet, ein aukande andel uregulerbar fornybar kraftproduksjon og ei tettare samankopling av kraftmarknadene gjer tilgangen på regulerbar og fleksibel kraftproduksjon stadig viktigare.

Ein føresetnad for å nå ambisjonane på energi- og klimaområdet er tilgang på kraft og eit velfungerande kraftsystem. Det er behov for betre kunnskapsgrunnlag om kva ulike mål og utviklingstrekk vil krevje av kraftsystemet på kort og lang sikt, slik også Energikommisjonen har peika på. Departementet vil, i samarbeid med NVE, følge opp arbeidet med meir heilskaplege analysar.

Noreg har framleis eit stort potensial for utbygging av fornybar kraft. Evna til å produsere når behovet er størst, skal vektleggast i konsesjonsbehandlinga av regulerbar vasskraft. I 2022 blei det sett i drift vasskraft med ein produksjonskapasitet på om lag 0,5 TWh. Ved utgangen av andre kvartal 2023 var 1,1 TWh ny vasskraftproduksjon under utbygging. Per 31. mars 2023 er produksjonen av vasskraft i eit år med normal nedbør berekna til 136,9 TWh per år.

Vindkraft har dei siste åra utgjort ein stadig større del av den norske energiforsyninga. Noreg har svært gode vindressursar, og vindkraft på land er blant dei teknologiane med lågast utbyggingskostnad. Auken i vindkraftproduksjon har vore stor dei siste åra. I 2022 blei det i Noreg sett i drift vindkraft med ein produksjonskapasitet på om lag 2,2 TWh. Normalårsproduksjonen for norsk vindkraft er no i underkant av 17 TWh, noko som svarer til rundt 11 prosent av samla norsk produksjon i eit normalår. I dei nærmaste åra framover er det forventa liten utbygging. Det har komme inn relativt få søknader om vindkraft, og nye vindkraftprosjekt har i dag ikkje komme langt i prosessen med å få konsesjon.

I juni 2023 slutta Stortinget seg til regjeringas forslag om endringar i energilova og plan- og bygningslova knytte til vindkraft på land, jf. Prop. 111 L (2022–2023). Før eit konsesjonsvedtak skal det framover vere ei overordna kommunal områderegulering. Dette skal gi betre lokal forankring og styrke kommunane si rolle i prosessen. Departementet vil sikre ei god lokal og regional forankring, der det blir lagt større vekt på miljø og andre viktige samfunnsinteresser, og der tidsforløpet frå planlegging til bygging av vindkraftverk blir innskjerpa.

Ved utbygging av straumnett og ny kraftproduksjon er regjeringa opptatt av å vareta interessene til reindrifta og legge til rette for å sikre driftsgrunnlaget for reindrifta også framover. Prosjekt for nett og kraft skal ikkje gå på bekostning av rettigheitane til reindrifta etter artikkel 27 i konvensjonen om sivile og politiske rettigheitar. Dette er eit heilt sentralt spørsmål i konsesjonsbehandlinga i område med reindrift.

Regjeringa vil også legge til rette for at lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon for utbygging, skal få meir igjen ved at dei blir sikra ein rettmessig del av verdiskapinga. Dette blir nærmare omtalt i Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter, avgift og toll 2023.

Regjeringa vil legge til rette for meir utbygging av solkraft og lokal energiproduksjon. Departementet har mellom anna gitt NVE i oppdrag å lage eit fagleg underlag om solkraft og annan lokal energiproduksjon. Oppdraget består av fleire deloppdrag, som vil bli svarte ut i løpet av hausten og vinteren 2023/2024. Vidare har RME fått i oppdrag å greie ut og foreslå ei delingsordning for fornybar straum tilpassa næringsområde. Departementet vil legge til rette for solkraft og mellom anna vurdere om dei nye reglane for behandling av vindkraft også skal gjerast gjeldande for bakkemonterte anlegg for solkraft.

Dei første prosjektområda for havvind i Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord blei utlyste i første kvartal 2023. Prosjekta i Utsira Nord og første fase av Sørlege Nordsjø II vil bli tilkopla Fastlands-Noreg og bidra til å auke fornybar kraftproduksjon i Sør-Noreg. Regjeringas satsing på havvind er viktig for å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg. Dette blir nærmare omtalt i programkategori 18.30.

Driftssikkerheita i kraftnettet i Noreg er god. Større innfasing av uregulerbar fornybar energi, både i Noreg og i nabolanda våre, stiller større krav til kraftsystemet. Eit godt utbygd nett og ein velfungerande kraftmarknad er avgjerande for forsyningssikkerheita for straum. Samtidig må aktørar som er heilt avhengige av trygg straumforsyning, sjølve ta ansvar for tilstrekkeleg eigenberedskap, slik at dei er førebudde ved eit eventuelt bortfall av straum.

Straumnettet skal driftast og utviklast i tråd med samfunnsøkonomiske kriterium. Store delar av straumnettet er gammalt, og fleire anlegg nærmar seg slutten av si tekniske levetid. I den oppdaterte investeringsplanen for 2022 forventar Statnett eit investeringsnivå i transmisjonsnettet på 60–100 mrd. kroner fram mot 2030. På lågare nettnivå er det også behov for store investeringar.

I tillegg vil nye teknologiske løysingar og bruk av smarte styringssystem kunne bidra til å styrke forsyningssikkerheita i åra framover. Tiltak som er under gjennomføring, bidrar til å betre forsyningssikkerheita regionalt og nasjonalt, og legg i tillegg til rette for nytt forbruk og ny fornybar kraftproduksjon.

Tiltaka i straumnettet inneber store investeringskostnader og negative verknader for natur og andre samfunnsinteresser. Det er behov for å auke takten i utbygginga av nett, men det er samtidig viktig at dei samla investeringane ikkje blir større enn nødvendig, og at investeringane blir gjennomførte på ein kostnadseffektiv måte. Nye marknadsløysingar og teknologi kan bidra til at straumnettet og fleksibiliteten i systemet blir utnytta meir effektivt. Investeringane i straumnettet blir i hovudsak finansierte gjennom nettleige og anleggsbidrag. Nettselskapa skal utforme desse slik at dei i størst mogleg grad gir signal om effektiv bruk og utvikling av nettet.

Utanlandskablane har vore viktige for norsk forsyningssikkerheit i periodar med lågare vasskraftproduksjon enn normalt. Noreg har i dag utvekslingskapasitet med Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, Storbritannia, Finland og Russland. Linja til Russland er for tida ikkje i drift. I 2021 fekk Noreg ei sterkare kopling til utlandet gjennom nye utanlandskablar til Tyskland og Storbritannia. Desse kablane har ein samla kapasitet på 2 800 MW. På grunn av flaskehalsar internt i Tyskland er det i periodar avgrensa eksportkapasitet på kabelen mellom Noreg og Tyskland. Tett tilknyting til utlandet gjer også at det norske kraftsystemet blir påverka av hendingar i energisystema rundt oss. Den ekstraordinære situasjonen da Russland strupte gasstilgangen til Europa, med påfølgande høge straumprisar også her heime, er eit eksempel på dette. Regjeringa vil ikkje godkjenne nye kablar til utlandet i denne stortingsperioden.

Utviklinga i energibruken blir påverka av langsiktige utviklingstrekk i samfunnet, som samansetning av og nivå på den økonomiske veksten, energieffektivisering og utvikling av meir energieffektiv teknologi, endra busettingsmønster, befolkningsutvikling og endringar i næringsstruktur. Skattar, avgifter og direkte reguleringar på energi-, miljø- og klimaområdet vil også påverke energibruken. I tillegg svingar energibruken mellom år på grunn av temperaturvariasjonar.

Elektrifisering av energibruken er ei utvikling som pregar dei fleste land etter som eit aukande velferdsnivå og teknologiutviklinga legg til rette for bruk av straum på nye område. Elektrisitet blir tatt i bruk i stadig større omfang i både hushaldningar, i industrien og i anna næringsliv. I åra som kjem, vil fleire sektorar i norsk økonomi erstatte bruk av fossil energi med fornybar energi. Dette aukar behovet for elektrisitet, men fører også til meir effektiv bruk av energi.

Ifølgje tal frå SSB, var innanlands energibruk på om lag 218 TWh i 2022, noko som svarer til ein reduksjon på i underkant av 4 prosent frå året før. Sidan 1990 har innanlands årleg energiforbruk auka med 18 prosent, og var i perioden 2011–2022 i snitt på om lag 217 TWh. Noko over halvparten av det totale energiforbruket i 2022 (133 TWh) kom frå elektrisitet. Industri, transport, hushaldningar og privat og offentleg tenesteyting stod for i overkant av 97 prosent av det totale innanlandske energiforbruket, med høvesvis 76, 56, 45 og 34 TWh.

Noreg har eit mål om 30 prosent forbetring i energiintensiteten innan 2030, samanlikna med 2015. Frå 2015 til 2022 har innanlandsk energiforbruk auka med 1,7 prosent. I same periode har BNP for Fastlands-Noreg auka med 13,3 prosent, noko som har gitt ei forbetring i energiintensiteten på rundt 10 prosent sidan 2015.

Noreg har store vassressursar og ein verdifull vassdragsnatur. Vasskrafta er den viktigaste økonomiske utnyttinga av vassressursane våre, og ho gir viktig fleksibilitet i den norske kraftforsyninga. Det har stor betydning for kraftsystemet at vasskrafta som er bygd ut, blir halde oppe og utvikla vidare. Det skal samtidig leggast til rette for miljøforbetringar i vassdrag med eksisterande vasskraftutbyggingar, basert på avvegingar av samfunnsnytte og ulemper. I dei nærmaste åra vil fleire saker om revisjon av vilkår i eldre vassdragsreguleringskonsesjonar bli behandla.

Å sørge for sikkerheita ved vassdragsanlegg er ei viktig oppgåve. Brot på dammar kan ha alvorlege konsekvensar, og det er derfor viktig at NVE fører eit effektivt tilsyn basert på gode risikovurderingar. Klimaendringar forsterkar utfordringane knytte til damsikkerheit.

Flaum og skred kan føre til skade på liv og helse, eigedom, infrastruktur og miljø. Noreg har dei siste åra opplevd fleire flaum- og skredhendingar med omfattande skadar. I august 2023 førte ekstremvêret Hans til store øydeleggingar på Austlandet, særleg i Viken og i Innlandet fylke. Farekartleggingar har avdekt fleire fareområde og bidratt til større bevisstheit i samfunnet om risiko. Ein auke i folketalet og økonomisk vekst bidrar til eit veksande skadepotensial. Klimaendringar vil gi meir ekstremvêr og fleire flaum- og skredhendingar.

NVE skal hjelpe kommunane med å førebygge flaum- og skredskadar gjennom kartlegging, arealplanlegging, sikringstiltak, overvaking, varsling og beredskap. I arealplanlegginga skal NVE prioritere å gi ein uttale om overordna kommuneplanar og områdereguleringsplanar. I dette ligg det at NVE normalt ikkje vil gå inn i detaljreguleringsplanar, søknader om dispensasjon eller byggesøknader. Vidare kan NVE hjelpe kommunane med å førebygge skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk og rettleiing om kommunal arealplanlegging. NVEs bistand til kommunane blir prioritert etter samfunnsøkonomiske kriterium, slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko for skadar.

Hovudmål for energi- og vassressursområdet

Dei overordna måla på energi- og vassressursområdet er å

  • legge til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning

  • bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvalting av vassressursane

  • betre samfunnet si evne til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring

NVE har ansvar for å forvalte energi- og vassressursane i landet og bistår kommunane og andre aktørar i arbeidet med å førebygge flaum- og skredskadar.

I NVEs organisasjon inngår også Reguleringsmyndigheita for energi (RME). RME er reguleringsmyndigheit for kraft- og gassmarknadene i Noreg.

Statnett er operatør og eigar av transmisjonsnettet (TSO) og er det systemansvarlege nettselskapet i Noreg. Statnett har ansvar for samfunnsøkonomisk rasjonell drift og utvikling av transmisjonsnettet.

Olje- og energidepartementet sine mål og oppgåver

Olje- og energidepartementet skal legge til rette for eit effektivt og velfungerande energisystem.

Regjeringa vil auke norsk vasskraftproduksjon, legge til rette for ei storstilt satsing på havvind og tillate utbygging av vindkraft på land på stader der det er gode vindforhold og lokal aksept. Regjeringa vil også legge til rette for meir solkraft og lokal energiproduksjon.

Departementet vil arbeide vidare med forbetringar og forenklingar i konsesjonsbehandlinga av produksjons- og nettanlegg.

Regjeringas mål for arbeidet med havvind er industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og at havvind skal bidra til auka fornybar kraftproduksjon i Noreg. Regjeringa har ein ambisjon om å tildele areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040. Dette blir nærmare omtalt under programkategori 18.30.

I 2023 er det gjort endringar i energilova og plan- og bygningslova knytte til vindkraft på land, jf. Prop. 111 L (2022–2023). Det skal framover vere ei overordna kommunal områderegulering før eit konsesjonsvedtak. Det vil bli lagt sterkare vekt på miljøinteresser og andre viktige samfunnsinteresser, mellom anna i lys av Meld. St. 28 (2019–2020). Departementet skal legge til rette for betre rettleiing når det gjeld konsesjonsbehandling av vindkraft på land.

Departementet vil legge til rette for solkraft og mellom anna vurdere om dei nye reglane for behandling av vindkraft også skal gjerast gjeldande for bakkemonterte anlegg for solkraft.

Våren 2023 blei Regjeringens handlingsplan for raskere nettutbygging og bedre utnyttelse av nettet lagt fram. Handlingsplanen varsla ei rekke tiltak som departementet vil følge opp på eigna måte. RME fekk i mai 2023 i oppdrag å foreslå konkrete forskriftsendringar som skal bidra til ein meir effektiv tilknytingsprosess og betre utnytting av nettet.

Det er ei prioritert oppgåve for departementet å legge til rette for ei sikker kraftforsyning gjennom god beredskap. NVE er delegert viktige beredskapsoppgåver.

Det europeiske energisystemet blir stadig tettare integrert. Departementet arbeider vidare med vurderingar og oppfølging av relevant EU-regelverk på området.

EU vedtok i 2018 og 2019 gjennom Rein energi-pakken ei rekke nye og reviderte rettsaktar på energiområdet (Clean Energy for all Europeans). Departementet gjennomgår regelverket når det gjeld konsekvensar og relevans, og vil følge opp på eigna måte.

Departementet vil på eigna vis følge opp utgreiinga frå Energikommisjonen, NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere, som blei lagd fram i februar 2023. Rapporten har vore på høyring fram til mai 2023, og høyringsinnspela vil vere viktige i den vidare oppfølginga i departementet.

Departementet vil legge til rette for energieffektivisering og lokal energiproduksjon og samarbeide med relevante departement. Mellom anna vil departementet følge opp endringar i energilova, jf. Prop. 100 L (2022–2023), der det er vedtatt krav til kost-nytte-analyse av utnytting av overskotsvarme ved bygging eller vesentleg oppgradering av energi- og industrianlegg og krav til store føretak om at dei regelmessig skal gjennomføre ei energikartlegging. Departementet skal følge opp regjeringas handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. Departementet vil også arbeide med vurderingar knytte til energieffektiviseringsdirektivet. Om direktivet skal innlemmast i EØS-avtalen, må vurderast nærmare.

Departementet vil følge opp forvaltninga av elsertifikatsystemet i god kontakt med Klimat- och näringslivsdepartementet i Sverige.

Departementet vil følge opp energimerkeordninga for bygg og gjere henne meir relevant for eksisterande bygg.

Departementet vil følge opp NVEs arbeid med å gjere samfunnet betre i stand til å handtere flaum- og skredrisiko og med å sørge for at sikkerheita ved vassdragsanlegg er tilfredsstillande.

I samband med at regjeringa har varsla ei ny melding til Stortinget i 2024, vil departementet gjennomgå rammene for førebygging av flaum- og skredskadar. I august 2023 ramma ekstremvêret Hans store deler av Austlandet. Særleg i Viken og Innlandet var det store flaum- og skredskadar. Erfaringar frå denne hendinga vil vere viktige i arbeidet med stortingsmeldinga. I arbeidet skal også anbefalingar frå Gjerdrumutvalet, NOU 2022: 3 På trygg grunn – Bedre håndtering av kvikkleirerisiko, vurderast, i tillegg til delar av Riksrevisjonens rapport Dokument 3:6 (2021–2022) Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes arbeid med å tilpasse infrastruktur og bebyggelse til et klima i endring.

Departementet vil bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane. Det inneber mellom anna å ta miljøomsyn ved ny utbygging og å legge til rette for miljøforbetring i allereie regulerte vassdrag, mellom anna for å følge opp godkjende forvaltningsplanar etter vassforskrifta. Departementet vil arbeide med revisjon av konsesjonsvilkår for å oppfylle miljømåla innan dei fristane som følger av planane.

Departementet vil følge opp NVEs arbeid med å forvalte dei innanlandske energi- og vassressursane gjennom styringsdialogen.

Departementet vil følge opp den statlege eigarskapen i Statnett SF.

Olje- og energidepartementets resultat for 2022

Departementet bidrog i 2022 til ei effektiv og miljøvennleg forvaltning av energiressursane, ei sikker kraftforsyning, ein effektiv og velfungerande kraftmarknad, ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane og ei forbetring av evna til å handtere flaum- og skredrisiko. Arbeidet skjedde i nært samarbeid med NVE og Statnett.

Året 2022 var prega av usikkerheit om utviklinga i kraftsituasjonen og store forskjellar i kraftpris og fyllingsgrad innanlands. Russlands militære invasjon av Ukraina har i tillegg bidratt til ein usikker situasjon i Europa, som igjen påverkar utviklinga i energisystemet i Noreg. I Sør-Noreg var fyllingsgraden låg og prisane høge og volatile. I Midt- og Nord-Noreg var situasjonen annleis, med høg fyllingsgrad og låge prisar. Høg produksjon og nettoeksport gjennom hausten 2021 i Sør-Noreg førte til ei magasinfylling godt under median ved inngangen til 2022. Dette biletet heldt seg store delar av året, og det var eit spesielt stort avvik mellom faktisk fyllingsgrad og median gjennom sommaren. Dette bidrog til svært høge kraftprisar i Sør-Noreg, og i mai rekna Statnett kraftsituasjonen i Sør-Noreg som «stram». På sitt høgaste var kraftprisen på om lag 430 øre per kWh i Sørvest-Noreg (NO2) og 360 øre i Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5). NVE hadde i heile 2022 «auka aktsemd» for kraftsituasjonen. Sommaren 2022 vedtok NVE at eigarane av dei største kraftverka i det sørlege Noreg måtte rapportere korleis dei bruker vassmagasina. På hausten blei det varsla at regjeringa ville innføre ein styringsmekanisme for betre styring av forsyningssikkerheita.

Låg produksjon, godt tilsig og kraftprodusentar som sparte på vatnet, bidrog til ein stor auke i fyllingsgraden i løpet av haustmånadene 2022. Situasjonen var derfor betre ved inngangen til 2023 enn tidlegare frykta. I slutten av november 2022 endra Statnett vurderinga av kraftsituasjonen frå stram til normal. Gjennomsnittleg kraftpris for Sørvest- og Vest-Noreg (NO1 og NO5), Søraust-Noreg (NO2), Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4) enda på høvesvis 194, 213, 43 og 25 øre per kWh i 2022.

Samla blei det produsert 146,0 TWh kraft i 2022, ein nedgang på 11,1 TWh frå 2021. Av dette utgjorde vindkraft 14,8 TWh. Norsk kraftforbruk enda på 133,4 TWh, noko som gav ein positiv kraftbalanse på 12,5 TWh i 2022. Noreg hadde i 2022 dermed ein nettoeksport på 12,5 TWh, noko som var om lag 5,1 TWh lågare enn året før.

Leveringskvaliteten på straum i Noreg er god, og leveringspålitelegheita i 2022 var nær 100 prosent. I gjennomsnitt opplevde ein straumkunde 1,46 langvarige avbrot (over 3 minutt) og 1,42 kortvarige avbrot (under 3 minutt) i 2022. Gjennomsnittleg gjenopprettingstid for langvarige avbrot var 1 time og 8 minutt. Tydelege krav til beredskapsarbeid og omfattande informasjonsverksemd frå NVE bidro til å fokusere på beredskap i nettselskapa.

I desember 2021 la regjeringa fram forslag til ei mellombels lov om stønad til hushaldningar som følge av ekstraordinære straumutgifter (straumstønadslova), jf. Prop. 44 L (2021–2022) og Prop. 45 S (2021–2022). I 2022 blei det gjort ei rekke endringar i straumstønadslova basert på forslag frå regjeringa.

Straumnettutvalet la i juni 2022 fram NOU 2022: 6 Nett i tide – om utvikling av strømnettet. Utvalet kom med ei rekkje forslag til tiltak for å redusere tida det tar å utvikle og konsesjonsbehandle nye nettanlegg, forbetre systemet med tilknytingsplikt og vareta ei samfunnsøkonomisk rasjonell utvikling av straumnettet. Som ein del av oppfølginga av utvalet bad departementet NVE mellom anna om å gjennomføre tiltak for raskare konsesjonsbehandling. Hausten 2022 foreslo regjeringa også å auke løyvingane til konsesjonsmyndigheitene.

Departementet har forvalta den statlege eigarskapen i Statnett SF, som er systemansvarleg for den norske kraftforsyninga og eit viktig sektorpolitisk føretak med ansvar for kritisk infrastruktur. Som eigar held departementet seg orientert om investeringsportefølje, økonomi og drift m.m. i føretaket.

Departementet arbeidde med revidering av energimerkeordninga for bygg, mellom anna for at ho skal bli meir relevant for eksisterande bygg.

Departementet hadde ansvar for gjennomføring av forordningar under økodesigndirektivet og energimerkeforordninga. I oppfølginga av forordningar under økodesigndirektivet samarbeidde departementet med Klima- og miljødepartementet (KLD).

Departementet arbeidde med tiltak for energieffektivisering, og gav mellom anna NVE oppdrag om å sette i verk informasjonstiltak om straumsparing og energieffektivisering.

Departementet har bistått Justis- og beredskapsdepartementet (JD) med arbeid knytta til energiforsyninga i Longyearbyen.

Departementet har i 2022 følgt og analysert utviklinga i dei nordiske og nordeuropeiske kraftmarknadene. Departementet har deltatt i arbeidsgrupper på nordisk nivå for å føre vidare det nordiske energisamarbeidet.

Departementet har følgt prosessane for regelverksutviklinga i EU på energiområdet tett. EUs Rein energi-pakke blei vedtatt i EU i 2018 og 2019. I 2022 har departementet arbeidd med å vurdere innhaldet i det vedtatte regelverket.

I 2022 var det ingen klagesaker på konsesjon til produksjonsanlegg etter energilova til behandling. Departementet har behandla 22 klagesaker om kraftleidningar. Etter ein pause på tre år blei det i april 2022 igjen opna opp for konsesjonsbehandling av nye vindkraftprosjekt der vertskommunen samtykker til behandling.

Etter at departementet i desember 2021 hadde varsla vindkraftkonsesjonærane for Storheia og Roan vindkraftverk på Fosen om omgjering av konsesjonsvedtaka og behovet for å utarbeide eit fagleg grunnlag for avgjerdene som skulle treffast, blei det i 2022 arbeidd med å få på plass eit utredningsprogram. Departementet hadde ei rekke møte med både konsesjonærane, reindrifta og Sametinget. Konsultasjonar med reindrifta, Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund om utredningsprogrammet blei gjennomførte i november 2022.

Det blei i 2022 ikkje gitt konsesjon til nye vasskraftprosjekt eller opprustings- og utvidingsprosjekt ved kongeleg resolusjon. Departementet gjorde endeleg vedtak i to saker om små vasskraftverk.

Departementet har sluttbehandla fire saker om revisjon av konsesjonsvilkår.

Vassforvaltningsplanane etter vassforskrifta blei følgde opp med sikte på at miljømåla blir nådd innan tidsfristane som er sette i planane.

Departementet har følgt opp NVEs arbeid med å førebygge flaum- og skredskadar. I lys av at regjeringa har varsla ei stortingsmelding om flaum og skred i 2024, starta departementet i 2022 arbeidet med å gjennomgå rammene for førebygging av flaum- og skredskadar. I 2022 la Gjerdrumutvalet fram si utgreiing om førebygging av kvikkleireskred (NOU 2022: 3 På trygg grunn). Departementet sende utgreiinga på offentleg høyring og gjekk gjennom høyringsinnspela i 2022.

Departementet har styrkt arbeidet med havvind og arbeidde i 2022 med å legge rammene for utlysing av dei første prosjektområda for havvind. Dette blir nærmare omtalt Olje- og energidepartementets resultatrapport for 2022 i programkategori 18.30.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte dei innanlandske energiressursane. Vidare har direktoratet ansvar for å forvalte Noregs vassressursar og vareta dei statlege forvaltningsoppgåvene innanfor førebygging av flaum- og skredskadar.

NVE er engasjert i forsking og utvikling (FoU) og internasjonalt utviklingssamarbeid innanfor sine ansvarsområde. NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har NVE kontor på Stranda i Møre og Romsdal og i Kåfjord i Troms. Det blei utført 571 årsverk i 2022.

Mål

NVE skal i 2024 bidra til å nå fire hovudmål, inkludert nærmare spesifiserte delmål.

Bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga

NVE skal

  • ha god oversikt over hydrologi og vassressursar i Noreg og gjere hydrologiske data og analysar lett tilgjengelege

  • ha god kunnskap om konsekvensane inngrep, andre fysiske påverknader og klimaendringar har for vassressursar og miljø

  • vege interessene for miljø og brukarar mot kvarandre når nye tiltak og endringar i eksisterande tiltak blir behandla

  • sjå til at krav til miljø og sikkerheit til nye og eksisterande vassdragsanlegg blir følgde

  • bidra til ei god forvaltning av vassdragsvernet

  • bidra til gjennomføring av vassforskrifta med særleg omsyn til vasskraftproduksjon og sikker energiforsyning

  • bidra til å ta vare på og formidle sektorens kulturmiljø og norsk vassdrags- og energihistorie

Fremme samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring og bruk av energi

NVE skal

  • ha god kunnskap om ressursgrunnlag, utviklinga i kostnader og lønnsemd og miljøeffektar for aktuelle energiteknologiar

  • ha god kunnskap om kostnader, verknader av klimaendringar, kraftforbruk, produksjon og forsyningssikkerheit i kraftsystemet

  • ha god kunnskap om utviklinga av energibruk, fordelt på ulike energiberarar og formål og kva faktorar som påverkar denne

  • ha god oversikt over dei relevante utviklingstrekka i det europeiske energisystemet, politikk- og regelverksutviklinga i EU og korleis dette påverkar Noreg

  • bidra til samfunnsøkonomisk rett ressursutnytting gjennom konsesjonsbehandling av anlegg for produksjon og overføring av energi

  • sjå til at krava til utbygging og drift av anlegg for produksjon og overføring av energi blir følgde opp

  • bidra til effektiv energibruk og utvikling av kraftnettet og produksjonsressursar gjennom regulering og tilsyn

  • bidra til regelverksutvikling, kunnskapsdeling og vurdering av verkemiddel som fremmer energieffektivisering og meir fleksibel energibruk i aktuelle sektorar, bidra til samarbeid mellom offentlege aktørar og ha god oversikt over utviklinga av energibruk og potensialet for effektivisering

Fremme ei sikker kraftforsyning

NVE skal

  • overvake og analysere utviklinga i kraft- og effektbalansane på kort og lang sikt

  • ha god oversikt over kraftsituasjonen i dei ulike regionane og vere førebudd på moglege situasjonar med underskot av kraft og andre anstrengde kraftsituasjonar

  • sjå til at sikkerheita og beredskapen i kraftforsyninga er god, gitt risiko som følge av klimaendringar, digitalisering og eit nytt sikkerheitspolitisk bilete, og at krava til sikkerheit og beredskap blir følgde opp

Betre evna til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring

NVE skal

  • auke kunnskapen i samfunnet om flaum- og skredfare

  • bidra til at det blir tatt tilstrekkeleg omsyn til flaum- og skredfare ved arealplanlegging

  • redusere risikoen for flaum- og skredskadar ved å bidra til fysiske sikringstiltak

  • redusere konsekvensane av flaum- og skredhendingar gjennom overvaking, varsling og rådgiving

  • fremme godt samarbeid og god koordinering mellom aktuelle aktørar på flaum- og skredområdet

  • hjelpe kommunane med å førebygge skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk og rettleiing til kommunal arealplanlegging

Resultat 2022

Bidra til ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga

NVE overvaker vassressursane i Noreg ved hjelp av over 600 hydrologiske målestasjonar i elver og innsjøar, i tillegg til målingar av markvatn, grunnvasstand, vasstemperaturar, brear, snø, is og sedimenttransport på utvalde stader. Dei hydrologiske målestasjonane gir god oversikt over vassressursane og er viktige for mellom anna flaum- og jordskredvarslinga.

Drifta av det hydrologiske stasjonsnettet blir prioritert høgt. I 2022 har det vore stor feltaktivitet for å sikre hydrologiske data av god kvalitet gjennom heile året. Instrumenteringa på store delar av stasjonsnettet nærmar seg teknisk levealder, og det blei sett i gong arbeid med å skifte ut måleinstrument.

Målestasjonar som vassdragsregulantar er pålagde å drive, er ein viktig del av det hydrologiske stasjonsnettet. I 2022 har NVE gitt tolv varslar og åtte pålegg om hydrologiske målingar i vassdrag. NVE har laga betre rutinar for mottak og oppfølging av data frå slike målestasjonar.

NVE har formidla informasjon om klimaendringar og klimatilpassing. Når det gjeld konsekvensane av klimaendringar på hydrologi, snø, brear og is, har NVE vore involvert i ulike FoU-prosjekt og i samarbeidet Norsk klimaservicesenter. I 2022 har NVE mellom anna bidratt i oppdateringa av rapporten Klima i Norge 2100, som er planlagd publisert i 2025.

I konsesjonsbehandlinga av tiltak i vassdrag har påverknaden på miljø- og brukarinteresser blitt greidde ut og heilskapleg avvegne. NVE har prioritert framdrift i vilkårsrevisjonar innan vasskraft, i tillegg til innkallings- og omgjeringssaker i vassdrag som etter vassforskrifta skal oppnå høgare miljømål innan 2027. I arbeidet med revisjon av vilkår i eldre vassdragskonsesjonar har NVE opna opp fem nye saker og levert innstilling til Olje- og energidepartementet i ytterlegare to saker. Ved utgangen av 2022 hadde NVE totalt 51 vilkårsrevisjonar til behandling. Det blei i tillegg gitt konsesjon eller innstilling til nedlegging av tre vassdragsanlegg og gjort vedtak i ei sak om endra manøvreringsreglement.

NVE har behandla søknader om uttak av vatn til akvakulturanlegg, drikkevatn og andre inngrep i vassdrag. For å sikre at pålagde konsesjonsvilkår blir følgde opp i planlegging, bygging og drift av anlegg, har NVE gjort 163 vedtak om godkjenning av detaljplanar for miljø og landskap, inkludert planendringar. NVE jobbar med å sjå etter moglegheiter for meir konsistente og transparente samfunnsøkonomiske vurderingar i konsesjonssakene.

Det er framleis høg aktivitet i bygging av småkraftverk, mellom anna sidan mange kraftverk har fått forlengd byggefrist. NVE har prioritert miljøtilsyn med vassdragsanlegg i byggefasen. Det er gjennomført 180 synfaringar før og etter byggestart. NVE har også hatt tilsyn med vassdragsanlegg i drift og fortløpande følgt opp innrapporterte hendingar. NVE har gjort fire vedtak om retting og sju vedtak om gebyr for brot på vilkår i konsesjonen eller vilkår som følger direkte av vassressurslova. For å bidra til forbetring har NVE, i tillegg til eit omfattande informasjonsarbeid om krav og regelverk, delt funna og reaksjonane på nettsidene sine. Kontroll av settefiskanlegg har vore særleg prioritert.

NVE har avslutta ein del av prosjektet «Risikobasert utveljing av tilsynsobjekt», som har hatt som mål å gi eit betre grunnlag for utvalet og dokumentasjonen av verksemder som blir planlagde for tilsyn.

Dammar har ein viktig funksjon for kraftforsyninga og kan ofte vere viktige for flaumdemping i vassdrag. Brot på dammar kan ha svært store konsekvensar. Dammar og vassvegar skal klassifiserast i éin av fem konsekvensklassar, slik at det blir stilt riktige krav til sikkerheit ved planlegging, bygging og drift. Dette har vore ei prioritert oppgåve. I 2022 gjorde NVE vedtak om konsekvensklasse i 285 saker. No har om lag 98 prosent av dammane og 94 prosent av vassvegane som er registrerte i NVEs database, gyldige vedtak om konsekvensklasse. Oppfølging av anlegga med dei største konsekvensane av brot blir prioritert.

Det blir stilt krav til kvalifisert personell som eit ledd i arbeidet med god damsikkerheit. For dameigarar gjeld dette leiar, vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) og anna tilsynspersonell. I 2022 behandla NVE over 400 søknader om kvalifisert personell, og det er utarbeidd ei ny rettleiing for søkarar.

Vassdragsvernet omfattar 390 objekt som er verna mot kraftutbygging. Ved vurdering av tiltak i verna vassdrag har NVE lagt stor vekt på verneverdiar. NVE gir informasjon om verna vassdrag på nettsidene sine, vurderer potensielle konfliktar med vassdragsvern i høyringar av kommunale arealplanar og har motsegnskompetanse knytt til sine fagområde.

NVE har sektoransvaret for å gjennomføre vassforskrifta innanfor sine område. NVE har gjennomført prioriterte vilkårsrevisjonar, innkallings- og omgjeringssaker og bidratt til miljøtiltak gjennom tilskots- og bistandsordningane. I 2022 har NVE også tatt del i arbeidet med å oppdatere regionale vassforvaltningsplanar for perioden 2022–2027.

NVE har i tillegg bidratt med førebuingar for rapporteringa av arbeidet etter EUs vassdirektiv til ESA i 2023. NVE har i samarbeid med Miljødirektoratet bidratt med utvikling og drift av forvaltningsverktøyet Vann-Nett.

Gjennom tilskot til Anno Norsk Skogmuseum, Kraftmuseet, det freda kraftanlegget Tysso I og Telemarkskanalen, har NVE bidratt til bevaring og formidling av norsk vassdrags- og energihistorie. Den største digitale satsinga har vore utvikling av «Kraftlandet», eit fellesprosjekt med Skogmuseet og Kraftmuseet som blei lansert i 2021. I 2022 blei det publisert episodar om vasskraftutbygging i 1950–1970, og det blei starta opp eit arbeid om vindkraft i eit historisk perspektiv.

NVE har arbeidd vidare med revidering av listeførte kulturminne innan sektoren i samarbeid med Riksantikvaren og den regionale kulturmiljøforvaltninga. Oversikta og utvalet av kulturminne med nasjonal verdi gir eit betre grunnlag for å ta omsyn til kulturminna. I 2022 blei det lansert ei ny digital løysing for dokumentasjon av kulturminne, slik at arbeidet med innsamling, lagring, tilgjengeleggjering og formidling blir enklare og meir effektiv.

Departementet vurderer det slik at NVE har lagt til rette for ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga.

Fremme samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring og bruk av energi

NVEs analysearbeid er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle god kunnskap om utviklinga innan aktuelle energiteknologiar, kraftproduksjon og -forbruk, forsyningssikkerheit og ulike energiberarar. I 2022 har NVE gjennomført ein analyse av norsk og nordisk effektbalanse fram mot 2030 ved auka elektrifisering og andre endringar i kraftmarknaden. NVE har i tillegg auka analysekapasiteten sin, som mellom anna har blitt brukt til ei rekke analysar av kraftsituasjonen dette året.

For å sikre eit godt grunnlag for avgjerder på ulike område framover har NVE samarbeidd med Statnett og Statkraft om behov og rammer for nye kraftmarknadsmodellar. Modellanalysar kan mellom anna brukast som underlag i konsesjonsbehandling av nett og produksjon, til å lage prognosar, i langsiktig kraftmarknadsanalyse og til andre kort- og langsiktige analysar. Dette gir fagleg grunnlag for viktige vegval i norsk energi- og klimapolitikk.

NVE har også arbeidd saman med nettselskap for å digitalisere informasjonsflyt knytt til utviklinga og bruken av kraftsystemutgreiingane (KSU). I 2022 blei PlanNett gjord tilgjengeleg for alle. Dette vil kunne føre til redusert tidsbruk både hos nettselskapa og NVE og gi høgare kvalitet på utgreiingane.

Ei anna viktig oppgåve for NVE er å følge utviklinga i det europeiske energisystemet og sjå på korleis EUs politikk- og regelverksutvikling påverkar Noreg. I 2022 har NVE gått gjennom nye delar av EU-pakka Fit for 55, mellom anna revisjon av bygningsenergidirektivet. NVE har også gitt innspel til departementets høyring av REPowerEU-forslaget frå EU-kommisjonen for å synleggjere moglege verknader av regelverket.

Framdrifta i EU-kommisjonens regelverksutvikling under økodesigndirektivet og energimerkeforordninga blei også trappa opp i 2022. I samband med dette har NVE følgt opp elleve regelverksprosessar, slik som forslag til felles energimerke for elektriske varmeomnar og luft-til-luft-varmepumper.

Gjennom konsesjonsbehandlinga av anlegg for produksjon og overføring av energi har NVE bidratt til ei samfunnsøkonomisk riktig ressursutnytting. Pågangen på nettkonsesjonar var aukande også i 2022, noko som har ført til at NVE gjennom året har hatt ein kø av nettsaker. I takt med større ressursar må NVE handtere denne volumveksten og samtidig gjennomføre ei effektiv saksbehandling med gode prosessar og tilstrekkeleg kvalitet.

NVE har mellom anna gitt 193 anleggskonsesjonar til nettanlegg. For vindkraft har 2022 vore prega av ferdigstilling av dei siste anlegga med løyve og av behandling av konsesjonsendringar og klagesaker. For havvind var 2022 mest prega av førebuinga til ei strategisk konsekvensutgreiing for utbygging. Dei fleste havvindsakene som NVE behandlar, gjeld små testanlegg, men i 2022 gav NVE løyve til eit stort testsenter utanfor Karmøy.

2022 blei det første året med vesentleg interesse for bakkemontert solkraft. Ved inngangen til 2023 var totalt fem konsesjonssaker under behandling. NVE har i 2022 gjort vedtak i 13 fjernvarmesaker. Dei fleste sakene gjeld endringar og utvidingar av eksisterande anlegg. NVE har gjort vedtak/innstilling i totalt 56 vasskraftsøknader i 2022. I 2022 har det i tillegg vore stor pågang av saker knytte til mini- og mikrokraftverk.

NVE bidrog med ressursar til arbeidet i Straumnettutvalet, som i juni 2022 leverte NOU 2022: 6 Nett i tide – om utviklingen av strømnettet. NVE bidrog også med sekretariatressursar til Energikommisjonen, som la fram sin rapport i februar 2023, NOU 2023: 3 Mer av alt –raskere. I samband med dette leverte NVE hausten 2022 ei oppsummering av potensial og verkemiddel for energieffektivisering i bygg og gjorde greie for utviklinga i kraftforbruket dei siste to åra.

NVE har på oppdrag frå departementet også sett i verk informasjonstiltak om straumsparing og energieffektivisering og saman med Enova arbeidd med ein kampanje som blei annonsert på nyåret 2023.

Gjennom tilsyn kontrollerer NVE at vilkåra og føresetnadene i lova blir følgde opp ved planlegging, bygging og drift. NVE har i 2022 prioritert tilsyn og oppfølging av vindkraftanlegg under ferdigstilling. For å sikre organisering og kompetanse hos vindkraftkonsesjonærane i driftsfasen blei det i 2022 sett i gang eit arbeid med å informere og kartlegge organiseringa av dei selskapa som har vindkraftkonsesjon. Kartlegginga viser at ei rekke selskap ikkje innfrir kravet om at konsesjonen skal ligge hos ein part med klart og operativt driftsansvar for alle vilkåra. Eigarselskapa er varsla og har fått frist om retting i 2023.

NVE har eit vidtrekkande ansvar for tilsyn innanfor energilovgivinga og anna energirelatert regelverk. NVE har ført tilsyn innan kraftsystemutgreiingar, elsertifikat, opphavsgarantiar, økodesign, energivurderingar av tekniske anlegg i bygg og energimerking av bygg og produkt. NVE førte også tilsyn med konsesjonsvilkåra for fjernvarme og at relevante føresegner i kraftberedskapsforskrifta blir følgde opp. Departementet vurderer det slik at NVE gjennom sitt arbeid har bidratt til samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring og bruk av energi.

Fremme ei sikker kraftforsyning

Arbeidet med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga er viktig for forsyningssikkerheita. Det har vore stor merksemd retta mot tiltak som sikrar kraftforsyninga mot uønskte hendingar, og mot beredskap for å handtere slike hendingar og rette opp igjen forsyninga ved utfall. Forsyningssikkerheita for straum er god. Auka digitalisering, endra trusselbilete og endra klima med meir uvêr og sterk skogvekst inneber at energibransjen må følgast opp også framover for å halde forsyningssikkerheita på eit høgt nivå. Pandemien, kraftsituasjonen og den sikkerheitspolitiske situasjonen har prega dette arbeidet.

For å ha god kunnskap om tilgangen på kraft i Noreg har NVE tidlegare laga ein rapport kvart kvartal med oversikt over kor mykje ny kraft som har komme til, kor mykje kraft som er under bygging, og kor mange nye konsesjonar som er gitt. I 2022 gjekk NVE over til ei kontinuerleg digital oppdatering, som blir publisert på nettsidene deira. Det blir også gitt ut kraftsituasjonsrapportar kvar veke, og NVE samlar kvar veke inn data og publiserer oversikter over magasinnivå i norske vasskraftmagasin.

Gjennom analysearbeid vurderer NVE utviklinga i kraft- og effektbalansen på lang sikt. I 2022 har NVE saman med Statnett laga rapporten Norsk og nordisk effektbalanse mot 2030. Rapporten viser at vi går mot ei effektutfordring på grunn av strammare effektbalanse og effektunderskot i Noreg mot 2030. Rapporten peikar også på kva som kan forverre og kva som kan betre den norske kraftbalansen. NVE har også analysert kor mykje kraftbalansen har å seie for prisutviklinga i Noreg, gitt ulike prisnivå i landa rundt oss. Høge straumprisar, låge magasinnivå i det sørlege Noreg og ein usikker situasjon i Europa, mellom anna som følge av krigen i Ukraina, har bidratt til at kraftmarknaden har fått stor merksemd i 2022.

Sjølv om forsyningssikkerheita er god, har NVE i heile 2022 hatt «auka aktsemd» både mot kraftsituasjonen og den sikkerheitspolitiske situasjonen. Kraftsituasjonen har ført til at NVE har gjennomført prognosar med modellapparatet sitt kvar veke for å følge situasjonen særleg tett. Vidare har NVE hatt jamlege møte med Statnett om situasjonen og dessutan vore i dialog med både store kraftforbrukarar og kraftprodusentar for å skape ei felles forståing av situasjonen. Det er også sett i verk fleire tiltak. NVE bad Statnett om å greie ut SAKS-tiltak, det vil seie tiltak knytte til ein særleg anstrengd kraftsituasjon. Vidare vedtok NVE at eigarane av dei største kraftverka i det sørlege Noreg måtte rapportere til myndigheitene korleis dei bruker vassmagasina sine.

Kraftbransjen blir stadig meir digitalisert og dermed også sårbar for digitale angrep. Trusselbiletet er i endring, og risikoen for digitale angrep har auka. NVE har hatt auka merksemd på oppfølging av IKT-sikkerheit i sektoren og har arbeidd med rettleiing og gjennomført scenarioanalysar. NVE har rolla som sektorvis responsmiljø (SRM) for IKT-hendingar i kraftforsyninga og har sett ut oppgåver som varsling og analyse til KraftCERT2. NVE vurderer det slik at tilstanden når det gjeld IKT-sikkerheit i kraftforsyninga i Noreg, ikkje er god nok, og at det er behov for å styrke evna til å handtere alvorlege digitale angrep mot kraftforsyninga. NVE har god dialog med bransjen og andre myndigheiter på området.

I mars 2021 leverte Riksrevisjonen ein forvaltningsrevisjon på NVEs arbeid med IKT-sikkerheit i kraftforsyninga. Rapporten konkluderte med at NVE ikkje i tilstrekkeleg grad har sett til at kraftselskap har god nok beredskap for å handtere IKT-angrep. NVE har følgt opp rapporten med fleire tiltak i 2022 og har vidareutvikla tilsynsmetodikken og gjennomført fleire tilsyn.

NVE har i 2022 gjennomført 28 revisjonar. Av dei er det ti som dreier seg om IKT-sikkerheit og var prioriterte for tilsyn i 2022. Som ein del av tilsynsverksemda er det også gjort sju vedtak om retting og varsla fire vedtak om tvangsmulkt.

NVE er beredskapsmyndigheit og leiar Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO). NVE har bidratt til å halde merksemda retta mot førebyggande sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga på eit høgt nivå, mellom anna gjennom informasjonsarbeid. NVE har også bidratt til ulike tiltak for kompetanseheving, særleg innanfor IKT-sikkerheit. NVE har vidare starta arbeidet med revisjon av ein risiko- og sårbarheitsanalyse for kraftforsyninga (KraftROS), som inneheld særleg alvorlege scenario for kraftforsyninga. KraftROS er eit viktig grunnlag for øving og bidrar til å peike på område der det er viktig å sette i verk tiltak.

Den sikkerheitspolitiske situasjonen har retta ny merksemd mot innsidetruslar, etterretning, kraftsensitiv informasjon og fysisk sikring av anlegg. NVE har komme fram til at politiattest ikkje er det beste verkemiddelet for å sikre kraftforsyninga mot innsidetruslar. NVE vil framover arbeide med eit prosjekt for å definere innhaldet i kraftsensitiv informasjon og vurdere endringar i regelverk og praksis. Krava i kraftberedskapsforskrifta knytte til fysisk sikring er i stor grad god, men NVE vil ta med seg lærdom etter Russlands invasjon av Ukraina i vidare vurderingar knytte til sikring av den norske kraftforsyninga. NVE har også gått gjennom klassifiseringa av vasskraftanlegg etter kraftberedskapsforskrifta for å sikre at dei anlegga som er viktige for forsyningssikkerheita, er klassifiserte riktig.

NVE arbeider også med bistand til Ukraina. Den ukrainske kraftforsyninga er hardt ramma etter fleire angrep. KBO og andre norske verksemder har bidratt med aggregat og kraftforsyningsmateriell til Ukraina. Dette er materiell som ikkje inngår i den norske reparasjonsberedskapen.

NVE er rasjoneringsmyndigheit og har brukt mykje ressursar i 2022 for å følge opp arbeid knytt til dette. NVE har halde fleire arbeidsmøte om kraftrasjonering med ulike aktørar i energibransjen for å avdekke eventuelle uklarheiter i kraftrasjoneringsforskrifta. NVE har oppdatert delar av rettleiinga til kraftrasjoneringsforskrifta og vil forbetre både rettleiinga og forskrifta vidare i 2023. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har levert ein rapport om robust EKOM og straumforsyning. Rapporten er resultat av eit samarbeid med NVE og var ei oppfølging av Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur. NVE er i gang med å følge opp anbefalingane i rapporten. Dette arbeidet vil føre til betre samarbeid og informasjonsdeling mellom sektorane både i det daglege og ved hendingar.

Justis- og beredskapsdepartementet har avslutta eit arbeid med ein nasjonal gjennomgang av elsikkerheitsområdet der NVE deltok.

Nasjonal kraftforsyning er utpeika som ein grunnleggande nasjonal funksjon (GNF), og Statnett er underlagt sikkerheitslova. NVE er tilsynsmyndigheit i kraftforsyninga etter sikkerheitslova og har hatt tett dialog med Statnett om sikringstiltak, truslar og hendingar.

Vidare har NVE deltatt i arbeidsgruppa om IKT-sikkerheit innanfor Nordisk beredskapssamarbeid (NordBER). Samarbeidet involverer beredskapsmyndigheiter og systemansvarlege nettselskap i dei nordiske landa og bidrar til ei felles forståing av utfordringar og moglegheiter i kraftforsyningsberedskapen.

NVE har ført vidare arbeidet med læring etter øvingar og hendingar ved systematisk å utvikle planverk og arrangere felles læringsarenaer. Våren 2022 deltok NVE saman med OED og Statnett i beredskapsøvinga Øving Kraft. NVE har starta arbeidet med å førebu ein revisjon av tilstandsvurderinga som blei gjennomført i 2021 på oppdrag frå departementet. I arbeidet finn ein indikatorar som over tid vil kunne seie noko om korleis tilstanden i kraftforsyninga utviklar seg. NVE vil framover bidra til å sørge for at IKT-hendingar ikkje gir ein auka risiko for kraftforsyninga.

Departementet vurderer det slik at NVE gjennom sitt arbeid og sine prioriteringar har bidratt til å vareta sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga i ein krevjande periode.

Betre evna til å handtere flaum- og skredrisiko i eit klima i endring

I 2022 har NVE prioritert kartlegging og tilgjengeleggjering av grunnlagsdata. NVE har sett i gang fleire utgreiingar av kvikkleiresoner, mellom anna i kommunane Ullensaker, Nannestad og Gjerdrum, i tillegg til grunnundersøkingar i 33 kvikkleiresoner i kommunar i Trøndelag. NVE har også starta eit arbeid med å utvikle ein ny generasjon aktsemdskart som vil bli publiserte i 2023.

Tilgang på laserdata for å lage detaljerte høgdemodellar er vesentleg for all farekartlegging. NVE bidrar både i Geovekst-samarbeidet og i arbeidet med Ny nasjonal detaljert høydemodell, som blei fullført i 2022. I perioden 2021–2022 deltok NVE i eit FoU-samarbeid som har vurdert bruk av grøn laser (Airborne LiDAR Bathymetry) for å kartlegge sjø- og elvebotn. Hovudrapporten kjem i 2023.

NVE har halde fram arbeidet med å samle inn og gjere tilgjengeleg fareutgreiingar, oversikter over faresoner og geotekniske grunnundersøkingar som andre aktørar har gjennomført. Det gjeld både for flaumfare, fare for skred i bratt terreng og fare for kvikkleireskred. NVE har også bistått Olje- og energidepartementet med utgreiing av lov- og forskriftsforslag om pliktig innmelding av naturfareutgreiingar og grunnundersøkingar.

Saman med Landbruksdirektoratet har NVE også levert forslag til ein forvaltningsmodell for vernskog mot naturskade til Landbruks- og matdepartementet.

Ordninga med tilskot for å kartlegge kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag er ført vidare. I 2022 blei det utbetalt om lag 500 000 kroner i tilskot og gitt fire nye tilsegner.

NVE har gitt meir enn 5 000 innspel og fråsegner til arealplan- og dispensasjonssaker. Dette er ein liten nedgang frå året før. I enkelte saker har det vore kort frist for å fremme motsegn, noko som gjer at NVE i staden har gitt faglege råd.

NVE har arbeidd vidare med verktøy og hjelpemiddel når det gjeld arealplanlegging. Dette er viktig for at kommunar, konsulentar og utbyggarar kan ta omsyn til naturfare i planlegginga. I 2022 har NVE mellom anna publisert ei rettleiing om overvatn og utarbeidd ein rettleiar for sikkerheit mot flaum knytt til reguleringsplan og byggesak.

NVE har særskilt prioritert opplæring og rettleiing av kommunar med store utfordringar og bidratt på kommunale, regionale og nasjonale arrangement. I plansaker har NVE prioritert å gi fråsegn der kommunen sjølv har bedt om bistand, og i tillegg prioritert kommunar med høg risiko for naturfare eller andre interesser innanfor ansvarsområdet til NVE. Formidling, rettleiing og innspel frå NVE til dei enkelte arealplanane har bidratt til at kommunane i aukande grad tar omsyn til flaum- og skredfare i arealplanlegginga.

Det er mange bustadområde i Noreg som ligg utsett til, og som kan bli ramma av flaum- og skredhendingar. NVEs arbeid med sikringstiltak har vore prega av oppfølging etter hendingar og stor aktivitet med ordinære tiltak. I 2022 blei det sluttført 34 sikrings- og miljøtiltak mot flaum og skred, der til saman rundt 1 040 bueiningar og i underkant av 200 bygg blei sikra. Fleire tiltak er under gjennomføring.

Blant tiltak som blei ferdigstilte, var flaumsikring av tettstaden Brandbu i Gran kommune og sikring mot flaumskred ved tettstaden Sande i Sunnfjord kommune. Det har også blitt arbeidd med større sikringstiltak mot kvikkleireskred i Melhus kommune og med flaumsikring i Drammen og i Verdal kommune.

NVE gir faglege råd til kommunar, statsforvaltarar og nødetatar om tiltak som flytting, evakuering, innhenting av fagleg bistand, tekniske undersøkingar og eventuelle fysiske tiltak. Kvikkleireskredet på Ask i Gjerdrum kommune 30. desember 2020 har prega prioriteringane til NVE både i 2021 og i 2022. Etter akuttfasen starta eit omfattande arbeid med å sikre det store skredområdet. Dette arbeidet vil i hovudsak vere ferdig i 2023.

NVE har arbeidd tett med lokalstyret og Sysselmeisteren på Svalbard etter skredhendingane i 2015 og 2017, og fullført fleire sikringstiltak. Arbeidet vil halde fram i 2023.

NVEs overvakings- og varslingstenester for flaum og skred har hatt høg prioritet, og vidare utvikling av tenestene er eit kontinuerleg arbeid. Nettstaden varsom.no med tilhøyrande abonnementsløysing har gitt viktig informasjon til kommunar, andre myndigheiter og allmenta. Flaum- og jordskredvarslinga har bidratt til kunnskapsdeling mellom statlege, regionale og kommunale aktørar.

I 2022 sende NVE ut 79 jordskredvarsel og 128 flaumvarsel. I tillegg var det 31 dagar med varsel om styrtregn i løpet av sommaren.

Varslingstenesta med abonnementsløysing på SMS og e-post for varsling av flaum og skred omfattar også alle landbaserte naturfarevarsel frå Meteorologisk institutt. Bruken av tenesta auka med om lag 9 prosent i 2022, og tenesta hadde om lag 15 200 unike brukarar i starten av 2023.

NVE har halde fram arbeidet med å auke merksemda om snøskred. Det var mange varsel for is- og snøskred i vintersesongen 2021/2022. Samlingar og oppfølging i felt av varslarar og observatørar i snøskredvarslinga har komme i gang igjen etter pandemien, og det blir viktig å ta igjen etterslepet framover.

Saman med Meteorologisk institutt og Statens vegvesen har NVE starta opp eit samarbeid om risiko- og konsekvensbasert varsling av farleg vêr, flaum og skred. Målet er å innrette varslingstenesta slik at ein i større grad enn i dag kan varsle konsekvensar av ekstremvêr og naturfare for bustader og infrastruktur. NVE leiar eit prosjekt om risikobasert varsling av flaum, FlaumRisk, og eit om risikobasert varsling av snøskred, SnøRisk.

Beredskapen ved store flaum- og skredhendingar har vore god i 2022. NVEs rolle er å vere fagleg rådgivar overfor politi og kommunar. I tillegg til varslingstenestene har NVE ei døgnkontinuerleg vaktordning for mottak av informasjon om ekstremvêr, bekymringar og hendingar.

NVE har hatt normal drift på overvakinga av høgrisikoobjekta for fjellskred. Kartlegging og oppfølging av fjellskredfare blir gjort gjennom det statlege kartleggingsprogrammet for fjellskred, i samarbeid med Noregs geologiske undersøking (NGU). I 2022 har merksemda særleg vore retta mot område i Vestland og Troms og Finnmark fylke.

I 2022 har to nye høgrisikoobjekt blitt risikoklassifiserte og underlagde kontinuerleg overvaking. Det er Tussafoten i Eidfjord kommune og Stiksmoen i Aurland kommune, begge i Vestland. Til saman har NVE etablert kontinuerleg overvaking av ni høgrisikoobjekt i Noreg. Eit nytt høgrisikoobjekt, Skutshorn i Vang kommune i Innlandet, vil bli instrumentert i 2023.

Saman med Norsk Romsenter og NGU har NVE etablert eit senter for lasting, handtering og analyse av radardata frå satellittmålingar som er blitt implementerte i fjellskredovervakinga.

I både i 2021 og 2022 brukte NVE mykje ressursar på å bygge opp ei felles overvakingsplattform for fjellskred for å standardisere, effektivisere og forbetre overvakinga. Den nye plattforma er no tatt i bruk.

Det omfattande arbeidet med å vurdere drenering av fjellpartiet Åknes i Stranda kommune blei ferdig i 2021. Tiltaket er vurdert å ha stor nytte samanlikna med dei totale kostnadene for samfunnet. Det er forventa at drenering vil redusere rørslene i fjellet og betre stabiliteten i fjellpartiet. I 2022 utarbeidde NVE ein overordna plan for det vidare arbeidet med drenering av Åknes.

Gjennom ulike forum for samarbeid, og ved konkrete hendingar, har NVE sørgt for godt samarbeid og god koordinering mellom aktørar på flaum- og skredområdet, mellom anna gjennom Naturfareforum og Norsk klimaservicesenter.

NVE skal hjelpe kommunane med å førebygge skadar frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk og gi rettleiing til kommunal planlegging. Etterspørselen etter fagleg rettleiing frå kommunane på dette området er stort. NVE har prioritert kompetanse- og kapasitetsbygging, slik at kommunane i større grad skal bli i stand til sjølve å handtere utfordringane der det er mogleg. Mellom anna har NVE gjennomført mykje utoverretta kommunikasjonsarbeid og utarbeidd ein rettleiar for handtering av overvatn i arealplanar og ei eksempelsamling av overvasstiltak basert på innmelding frå ulike aktørar.

Departementet vurderer det slik at NVE har bidratt til at samfunnet har fått betre evne til å handtere flaum- og skredrisiko.

Reguleringsmyndigheita for energi

Reguleringsmyndigheita for energi (RME) er reguleringsmyndigheit for kraft- og gassmarknadene i Noreg. RMEs oppgåver og ansvarsområde følger av Prop. 5 L (2017–2018) og Prop. 6 L (2017–2018), jf. Prop. 4 S (2017–2018), og tilhøyrande forskrifter til energilova og naturgasslova. Oppgåvene er knytte til oppsyn med dei nasjonale marknadene for elektrisitet og naturgass, utvikling og oppfølging av marknadsregelverket og samarbeid med andre norske myndigheiter og andre lands reguleringsmyndigheiter og internasjonale organisasjonar i samsvar med Norges EØS-rettslege forpliktingar. RME fungerer i samsvar med dei vedtatte lov- og forskriftsendringane som ei eiga og uavhengig eining i NVEs organisasjon, med eit eige budsjett fastsett av Stortinget gjennom løyvingsvedtak, jf. kap. 1820, post 26.

Mål

RMEs hovudmål er å fremme ein samfunnsøkonomisk effektiv kraftmarknad og eit velfungerande kraftsystem. For å nå hovudmålet skal RME arbeide for å nå seks nærmare spesifiserte delmål:

  • ha oppsyn med elektrisitetsmarknadene og bidra til effektive marknader gjennom utvikling og handheving av reguleringa

  • bidra til effektiv drift, utnytting og utvikling av kraftnettet gjennom utvikling og handheving av reguleringa

  • følge opp dei systemansvarlege gjennom utvikling og handheving av reguleringa

  • bidra til å sikre at innanlands distribusjonsnett for naturgass blir drifta på ein samfunnsmessig rasjonell måte

  • ha god oversikt over utviklingstrekka i det europeiske energisystemet, energipolitikken og energimarknadsregelverket i EU og korleis dette påverkar den norske energimarknaden

  • delta aktivt i regionalt og europeisk regulatorsamarbeid

Resultat 2022

I 2022 har RME brukt mykje ressursar på arbeidet med å ta vare på norske interesser og behov på prioriterte område. Ein meir integrert kraftsektor i Norden og Europa gir behov for meir harmoniserte regelverk og metodar. Dette er eit ressurskrevjande arbeid som det er viktig at RME følger tett for å ivareta norske interesser og behov. I denne samanhengen har RME deltatt aktivt i dei europeiske og regionale regulatorsamarbeida ACER, CEER og NordREG med arbeid knytt til regelverksutvikling og regeltolking.

I 2021 blei fire kommisjonsforordningar under tredje energimarknadspakke innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett. Etterslep i gjennomføring av EØS-relevant regelverk og kompleksiteten i regelverket skaper nokre utfordringar. Dei andre europeiske reguleringsmyndigheitene rettar seg etter Rein energi-pakken frå 2019, medan RME rettar seg etter regelverk i medhald av den tredje energimarknadspakken frå 2009. Mellom anna skal reguleringsmyndigheitene gjere ei rekke vedtak om godkjenning av felles løysingar som er utvikla av operatørane av kraftsystem (som Statnett) og kraftbørsar (som Nord Pool) for å vareta effektiv og sikker drift av kraftsystemet. Dette er til tekniske vilkår og metodar for drift av kraftsystemet som reguleringsmyndigheitene skal godkjenne, dels også innanfor ACER (Agency for the Cooperation of Energy Regulators). RME deltar i slike prosessar i tråd med EØS-avtalen. Det kan gjelde tekniske og praktisk viktige spørsmål for den vidare utviklinga av eit integrert kraftsystem mellom landa, der det er nødvendig med felles løysingar med omsyn til effektiv og sikker drift. I 2022 har nasjonal gjennomføring og implementering av kommisjonsforordningane med tilhøyrande vilkår og metodar vore arbeidskrevjande for RME. Arbeidet vil halde fram i 2023. I løpet av 2022 har RME gjort vedtak og godkjent 24 metodar, og har med det redusert etterslepet på implementeringa av kommisjonsforordningane.

I Rein energi-pakken har RME arbeidd spesielt med delen om marknadsdesign, som blei vedtatt i EU i 2019, og har gitt innspel til OED om dette regelverket.

RME er reguleringsmyndigheit for innanlandsk gassdistribusjon i Noreg. Med verknad frå februar 2021 er Gasnor AS og Lyse Neo AS utpeika som systemoperatørar for kvart sitt distribusjonsnett for gass. Naturgassmarknaden i Noreg er liten samanlikna med gassmarknaden i Europa. Reguleringa vil i størst mogleg grad bli tilpassa norske forhold. I desember 2022 sende RME ut eit vedtak om godkjenning av vilkår for tilgang til distribusjonsnettet til Gasnor AS og balansetenestene deira og eit vedtak om fastsetting av tariffar for tredjepartstilgang til distribusjonsnettet til Gasnor AS. Vedtaka set rammene for kva vilkår og metodar tredjepartar må rette seg etter og ha for å få tilgang til distribusjonsnettet og balansetenestene til Gasnor i 2023 og 2024.

RME har sett i gang fleire tiltak for å bidra til effektive kraftmarknader. RME har foreslått forskriftsendringar og gjennomført tilsyn for å sikre at det eksisterande regelverket blir følgt. RME har også arbeidd mykje med nasjonal gjennomføring og implementering av kommisjonsforordningar som er sentrale for moderniseringa av kraftsystemet.

RME har arbeidd med endringar knytte til den økonomiske reguleringa, slik at inntektsrammene blei meir presise ved at dei blir korrigerte for rammevilkår, og ei ny utforming av nettleiga som gir kundane insentiv til å utnytte nettet meir effektivt. RME har hatt ein gjennomgang av driftskoordineringa i kraftsystemet som peikar på at auka digital informasjonsutveksling vil vere sentralt i framtida.

RME har vedtatt tillaten regulert inntekt og godkjent gebyrmodell for Elhub. Nye gebyr tredde i kraft 1. januar 2023 og gjeld for reguleringsperioden 2023–2025. Gebyrinntekta skal over tid dekke kostnadene ved drift og avskriving av varige driftsmidlar og andre eigedelar og gi ei rimeleg avkastning på investert kapital, gitt effektiv utvikling, drift og vedlikehald av Elhub.

I samarbeid med Forbrukartilsynet har RME gjennomført tiltak for å betre informasjonen til forbrukarane i sluttbrukarmarknaden for straum, slik at straumleverandørane vil gi kundane betre informasjon om avtalevilkår og prisar. RME har også bidratt til endringar i prisopplysningsforskrifta og forskrifta om kraftomsetning og nettenester. I 2022 har RME fått laga ei rettleiing til teknisk sikkerheitskontroll som del av tilsynet for sikkerheit i avanserte måle- og styringssystem (AMS). RME har også skjerpa krava til å opne og gjere informasjon frå HAN-porten i AMS-målarane tilgjengeleg for kundane som ber om det. I 2022 avdekte RME to avvik og kom med fire merknader under tilsyn med sikkerheit i AMS. RME har arbeidd med å utvikle verktøy for å overvake engrosmarknaden på ein betre måte. RME vidareutviklar marknadsovervakinga fortløpande og samarbeider med Finanstilsynet, Konkurransetilsynet og Økokrim.

I 2022 har RME utvikla vidare arbeidet med å bygge opp kompetanse på kapasitetsberekning og nettmodellar som blir nytta av dei systemansvarlege, både for å kunne følge opp kapasitetsfastsettinga til dei systemansvarlege og for å ha ei effektiv marknadsovervaking. I samarbeid med dei andre nordiske reguleringsmyndigheitene har RME også følgt opp arbeidet med førebuing av innføring av flytbasert kapasitetsberekning. Statnett og dei andre nordiske systemansvarlege arbeider med å innføre ei rekke nye tiltak for modernisering av den nordiske systemdrifta, mellom anna ein ny nordisk balanseringsmodell. RME følger dette arbeidet tett i samarbeid med dei andre nordiske reguleringsmyndigheitene og systemansvarlege. I august 2022 godkjende RME tre søknader frå Statnett om dispensasjon frå fristane til å implementere 15 minutts balanseavrekning. Vedtaka inneber at Statnett har frist til april 2024 til å gå over til 15 minutts balanseavrekning og frist til juli 2024 for tilknyting til dei europeiske balanseplattformene.

RME har forvalta straumstønadsordninga for hushaldningane som blei innført i desember 2021. Ordninga er førebels bestemt å vare til og med desember 2024.

I 2021 sende RME eit forslag til ei ordning for deling av eigenprodusert fornybar straum til OED. Ordninga var på høyring i juli 2022, og RME anbefalte at ordninga skulle ta til å gjelde den 1. januar 2023. I 2022 har RME hatt tilsyn med tre nettselskap om leverings- og tilknytingsplikt og om regelverket for anleggstilskot og betaling for nettutgreiingar. RME har også hatt dialog med bransjen om utfordringar med kapasitet i nettet og fordeling av ledig kapasitet. RME har i 2022 behandla fleire saker der nettkundar har vore misnøgde med leveringskvaliteten, og hatt tilsyn med to nettselskap der dei såg på om dei behandla saker der kundar var misfornøgde med leveringskvaliteten, korrekt. RME fann sju avvik hos det eine nettselskapet og tre hos det andre.

RME har i 2022 gjort vedtak om at Statnett er sertifisert som systemoperatør i Noreg etter energilova §§ 4-10 og 4-8. I 2022 godkjende også RME Statnetts bruk av flaskehalsinntekter frå mellomlandssambanda.

RME har i løpet av året fått fleire oppdrag frå OED, mellom anna eit oppdrag om å beskrive handlingsrommet for å innføre eksportrestriksjonar for mellomlandssambanda.

Hausten 2022 utarbeidde RME eit utkast til ei tidsavgrensa forskrift der ein del av Statnetts flaskehalsinntekter skal fordelast til andre nettselskap for å avgrense auken i nettleiga som følge av høge kraftprisar. I 2022 blei 5,9 mrd. kroner overførte frå Statnett til dei andre nettselskapa. Departementet vurderer det slik at RME i 2022 gjennom arbeidet sitt har bidratt til ein samfunnsøkonomisk effektiv kraftmarknad og eit velfungerande kraftsystem.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

656 836

724 500

899 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

33 687

75 500

91 000

22

Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72

221 154

255 500

332 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

57 633

67 600

70 000

25

Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar

85 315

105 000

200 000

26

Reguleringsmyndigheita for energi

69 621

67 500

81 200

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 22

26 298

25 000

29 000

60

Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 72

87 694

105 500

105 000

62

Tilbakeføring av produksjonsavgift frå landbasert vindkraft

82 500

338 000

72

Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 60

6 194

6 000

6 000

73

Tilskot til utjamning av overføringstariffar

20 000

20 000

18 000

74

Tilskot til museums- og kulturminnetiltak, kan overførast

7 200

7 000

7 100

75

Stønad til hushaldningar for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving

26 421 469

44 700 000

9 750 000

76

Stønad til hushaldningskundar av nærvarmeanlegg, kan overførast

22 500

Sum kap. 1820

27 693 101

46 241 600

11 948 800

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei post 01 auka med 14,699 mill. kroner, post 21 med 1,613 mill. kroner, post 22 med 56,329 mill. kroner og post 26 med 2,297 mill. kroner. Vidare blei post 62 redusert med 12,263 mill. kroner, post 75 med 26 700 mill. kroner og post 76 løyvd med 60 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått ei løyving på 899 mill. kroner til lønnsutgifter og andre utgifter til drift av NVE. Lønnsrelaterte utgifter utgjer i underkant av 80 prosent.

Auken frå saldert budsjett 2023 har mellom anna samanheng med

  • 34,5 mill. kroner til å auke saksbehandlingskapasiteten til flaum- og skredførebygging, mellom anna i samband med beredskapssituasjonar og til gjennomføring av sikringsprosjekt, kartlegging og krise- og hastetiltak etter ekstremvêret «Hans»

  • 24 mill. kroner til å auke analysekapasiteten innanfor kraftsystem, nettilknyting og kraftmarknad, mellom anna for å auke innsatsen på meir heilskaplege analysar av kva ulike mål og utviklingstrekk vil krevje av kraftsystemet på kort og lang sikt, og støtte implementering av havvind i det norske kraftsystemet og anna arbeid når det gjeld havvind

  • 23 mill. kroner til detaljplanbehandling, tilsyn og oppfølging av energianlegg i bygge- og driftsfasen etter at det er gitt konsesjon. Auken er foreslått inndekt av auka sektoravgifter, jf. kap. 5582, post 72

  • 18 mill. kroner til auka ressursar til digitalisering av konsesjonsprosessen og kraftsystemutgreiingar og utvikling av nye og betre kraftmarknadsmodellar

  • 15 mill. kroner til å auke saksbehandlingskapasiteten for å bidra til raskare konsesjonsbehandling av nett og produksjon av kraft

  • 14 mill. kroner til å bygge eigen kapasitet og kompetanse knytt til digitalisering og dataforvaltning i NVE. Det blir foreslått å redusere post 21 tilsvarande.

  • 5 mill. kroner til auka ressursar til gjennomføring av strategisk konsekvensutgreiing for havvind og anna oppfølgingsarbeid

  • 2,8 mill. kroner til oppfølging av den varsla styringsmekanismen for forsyningssikkerheit for kraft

Auken blir mellom anna motsvart av krav om gevinstuttak for reduserte husleigekostnader og overføring til Finansdepartementet knytt til at Direktoratet for forvaltning og økonomistyring skal levere rekneskapstenester for NVE frå 2024.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 91 mill. kroner og ei bestillingsfullmakt på 50 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.

Løyvinga dekker utgifter til prosjekt som skal bidra til å auke NVEs forvaltningskompetanse og kvalitet innanfor ansvarsområdet til direktoratet. NVE samarbeider med ei rekke utdannings- og forskingsinstitusjonar både nasjonalt og internasjonalt. Dette vil også omfatte ulike fagutgreiingar mv. som underlag for opningsprosessar for havvind.

Løyvinga dekker også utgifter til direktoratets digitaliseringsprogram som omfattar oppgradering og vidareutvikling av IKT-systema, slik som forbetringar og vidareutvikling av prosessar og funksjonalitet. Digitalisering av mellom anna kraftsystemutgreiingar (KSU) skal bidra til å sikre betre og meir effektiv koordinering av nettutvikling på tvers av ulike nettnivå, netteigarar og myndigheiter.

NVE har rolla som sektorvist responsmiljø (SRM) for IKT-hendingar i kraftforsyninga og har sett ut oppgåver som varsling og analyse til KraftCERT som støttar kraftbransjen både i førebyggande arbeid og i handtering av digitale hendingar. Utgifter til dette blir dekte av løyvinga.

Auken frå saldert budsjett 2023 er mellom anna knytt til utvikling av nye og betre kraftmarknadsmodellar. Vidare gjeld auken digitaliseringsarbeid for bearbeiding, samanstilling, lagring og tilgjengeleggjering av data for å auke datakvaliteten, effektivisering gjennom automatisering og digital datautveksling og tilgjengeleggjering som skal forbetre samhandlinga internt og mot næringa.

For å levere gode analysar og avgjerdsunderlag har energimyndigheitene behov for å utvikle nye kraftmarknadsmodellar. NVE samarbeider med Statnett og Statkraft om utvikling og forvaltning av nye kraftmarknadsmodellar. Det er også behov for å styrke kunnskapsgrunnlaget av kva ulike mål og utviklingstrekk samla sett vil krevje av kraftsystemet på kort og lang sikt. Ei større satsing på meir heilskaplege analysar av kraftsystemet som ser ulike sektorar, konsekvensar av klimaendringar, andre utviklingstrekk og mål i samanheng, er også i tråd med anbefalinga frå Energikommisjonen og vil krevje auka ressursar i NVE. Satsinga på havvind framover vil også ha store konsekvensar for kraftsystemet, og NVE må ha tilstrekkelege ressursar og system for å kunne analysere og forstå konsekvensane. For å gjennomføre desse oppgåvene er det nødvendig å auke og utvikle analysekapasiteten og -systema innanfor kraftsystem, nettilknyting og kraftmarknad, jf. kap. 1820, post 01. Dette aukar også behovet for kjøp av datagrunnlag, eksterne utgreiingar og analysar.

For å realisere ambisjonen om raskare utbygging av kraft og nett i Noreg er ressursbehovet til tilsyn og kontroll etter at konsesjon er gitt auka, jf. kap. 1820, post 01. Dette omfattar også eit nødvendig behov for digitalisering av dette arbeidet, som er foreslått inndekt av auka sektoravgifter, jf. kap. 5582, post 72.

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72

(i 1 000 kr)

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Sikrings- og miljøtiltak

134 785

169 000

235 000

Kartlegging av flaum og skred

64 593

68 000

78 000

Fjellskredovervaking

21 776

18 500

19 000

Sum post 22

221 154

255 500

332 000

Det blir foreslått ei løyving på 332 mill. kroner til kartlegging og tiltak for førebygging av flaum- og skredskadar som blir gjennomført i regi av NVE. Vidare blir det foreslått ei bestillingsfullmakt på 200 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III.

Auken frå saldert budsjett 2023 skal i hovudsak nyttast til å auke framdrifta i kartlegging og gjennomføring av sikringstiltak. Ordinære driftsutgifter blir dekte under post 01.

Sikrings- og miljøtiltak

Det blir foreslått 235 mill. kroner til sikrings- og miljøtiltak i regi av NVE. I tillegg blir det foreslått 35 mill. kroner til vidareføring av skredsikringstiltak i Vannledningsdalen over Svalbardbudsjettet.

Sikringstiltak er fysiske tiltak som anten skal verne eksisterande busetnad mot skredmassar og flaumvatn, hindre erosjon eller redusere sannsynet for at det blir utløyst skred. NVE prioriterer dei tiltaka som gir størst samfunnsmessig nytte i form av redusert risiko for flaum- og skredskadar i forhold til kostnaden. Alle tiltak som staten bidrar til å realisere, skal vurderast samla med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den samla tilgjengelege budsjettramma.

Miljøtiltak er tiltak som mildnar verknadene av fysiske inngrep som kanalisering og forbyggingar i vassdrag. Eksempel på slike tiltak er opning av stengde sideløp og meandersvingar, etablering av vegetasjon, utlegging av store steinar for å skape variasjon i elva og tilførsel av gytegrus.

Bistand kan anten givast i form av at NVE tar på seg dette arbeidet på vegner av kommunen, eller ved at det blir gitt tilskot der kommunen sjølv tar på seg oppgåvene med utgreiing, planlegging og gjennomføring, jf. kap. 1820, post 60.

Det blir normalt ikkje gitt bistand til tiltak med ein kostnad mindre enn 500 000 kroner. NVE kan dekke inntil 80 prosent av kostnadene ved eit tiltak. Kommunen er ansvarleg for å dekke dei resterande 20 prosent, jf. kap. 4820, post 40.

Kartlegging av flaum- og skredfare

Det blir foreslått 78 mill. kroner til kartlegging av flaum- og skredfare.

Fare- og risikokartlegging gir kunnskap om kva område som er utsette, og kva konsekvensar flaum og skred kan ha. Slik kunnskap er ein føresetnad for ei systematisk og effektiv handtering av flaum- og skredrisiko.

NVE er ansvarleg for den statlege delen av farekartlegginga når det gjeld flaum og skred. Denne tar utgangspunkt i område med eksisterande busetnad der dei naturgitte forholda fører til størst risiko. Effektar av klimaendringar vil inngå i vurderingane av risiko. Kommunane vil framleis drive farekartlegging av både nyare og eldre busetnad som ein del av det ansvaret dei har for arealplanlegging og for lokal beredskap. Statlege infrastruktureigarar har som eigarar og utbyggarar eit sjølvstendig ansvar for nødvendig kartlegging i tilknyting til anlegga sine.

Systematisk førebyggande arbeid inneber å kartlegge farane, identifisere områda med størst risiko og gjennomføre dei tiltaka som har størst nytte i forhold til kostnaden. Gode farekart som avklarar kva område som er utsette, legg fundamentet for resten av arbeidet med førebygging.

Fjellskredovervaking

Det blir foreslått 19 mill. kroner til drift, utvikling og vedlikehald av anlegg for fjellskredovervaking.

NVE overvaker og har varslingsrutinar for ustabile fjellparti basert på ei systematisk kartlegging av utvalde prioriterte område. Overvaking er eit effektivt risikoreduserande tiltak. Måledata blir overførte til NVEs overvakingssenter på Stranda i Møre og Romsdal eller i Kåfjord i Troms. Formålet er å kunne varsle beredskapsmyndigheitene i god tid, slik at befolkninga kan evakuerast før det går eit fjellskred.

Det er per i dag kontinuerleg overvaking på ni ustabile fjellparti med høg risiko. Det er tre objekt i Møre og Romsdal (Åknes, Hegguraksla og Mannen), tre objekt i Troms (Jettan, Indre Nordnes og Gámanjunni 3) og tre objekt i Vestland (Joasetbergi, Tussafoten og Stiksmoen). NVE arbeider med å instrumentere eit nytt høgrisikoobjekt i Innlandet (Skutshorn i Vang kommune), som vil komme på plass i 2023. I tillegg er det 18 ustabile fjellparti med moderat risiko som blir periodisk overvakte av NVE.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 70 mill. kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.

Løyvinga dekker utgifter til hydrologisk oppdragsverksemd og institusjonelle oppdrag, drift av hydrologiske målestasjonar for regulantar og andre kundar og til oppdragsforsking og rådgiving i Noreg og utlandet. Vidare dekker løyvinga utgifter til ein samarbeidsavtale med Norad om rådgiving innanfor vass- og energisektoren, der NVE skal bidra til kompetanse- og institusjonsbygging i utvalde samarbeidsland med særleg vekt på fornybar energi og berekraftig forvaltning av naturressursar.

Post 25 Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar

Det blir foreslått ei løyving på 200 mill. kroner og ei bestillingsfullmakt på 50 mill. kroner, jf. forslag til vedtak III. Auken frå saldert budsjett 2023 har samanheng med oppfølging av ekstremvêret «Hans» i 2023.

Løyvinga dekker utgifter til krisetiltak som er nødvendige for å hindre overhengande fare like før, under og rett etter ei flaum- eller skredhending. Det blir ikkje stilt krav om distriktsandel for krisetiltak.

Løyvinga dekker også utgifter til hastetiltak som må gjennomførast raskt for å hindre eller redusere ytterlegare skadeutvikling, men der det er tid til forenkla planlegging og saksbehandling. Distriktsandelen for hastetiltak er 10 prosent, jf. kap. 4820, post 40.

Tilskot til kommunar for utføring av krise- og hastetiltak kan også bli dekte under posten.

Post 26 Reguleringsmyndigheita for energi

Det blir foreslått ei løyving på 81,2 mill. kroner til lønnsutgifter og andre driftsutgifter til Reguleringsmyndigheita for energi (RME). Lønnsrelaterte utgifter utgjer om lag 90 prosent.

Av forslag til løyving blir det foreslått ein auke på 10 mill. kroner knytt til auka ressursbehov mellom anna som følge av utvikling av eit regulatorisk rammeverk, juridisk rådgiving og anna arbeid knytt til havvind og stønadsordninga for ekstraordinære straumutgifter, jf. kap. 1820, post 75.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 22

Det blir foreslått ei løyving på 29 mill. kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4820, post 03 Sal av utstyr mv., jf. forslag til vedtak II.

Løyvinga dekker utgifter til større investeringar i instrumentering og utstyr til fjellskredovervaking, oppgraderingar og utvikling av det hydrologiske stasjonsnettet, urbanhydrologiske målestasjonar og målestasjonar for jord- og snøskredvarsling.

Post 60 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 72

Det blir foreslått ei løyving på 105 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 350 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.

Mål

Ordninga skal bidra til å

  • redusere faren for tap av menneskeliv og førebygge store skadar på miljø og eigedom som følge av flaum og skred

  • betre vassdragsmiljøet, vareta vassdragsrelaterte kulturmiljø og gjenskape vassdragsdynamikk som har vore forringa av tidlegare tiltak

  • betre kunnskapsgrunnlaget om flaum- og skredfare

Målgruppe, tildelingskriterium og oppfølging

Kommunar og Longyearbyen lokalstyre kan søke om tilskot til

  • utgreiing, planlegging, prosjektering og gjennomføring av fysiske tiltak for å redusere faren for skadar frå flaum og skred på eksisterande busetnad

  • andre typar risikoreduserande tiltak, slik som overvaking og varsling, der fysiske sikringstiltak ikkje har latt seg gjennomføre av praktiske eller økonomiske årsaker

  • planlegging og gjennomføring av miljøtiltak i vassdrag for å betre vassdragsmiljøet der det har blitt vesentleg forringa av tidlegare tiltak

  • kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag, faresonekartlegging av flaum, faresonekartlegging av skred i bratt terreng og detaljutgreiing av kvikkleiresoner

  • riving og flytting av fareutsette bueiningar med personopphald i heilt spesielle tilfelle

Søknader skal prioriterast etter samfunnsøkonomiske kriterium, slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko for flaum- og skredskadar. Alle tiltak som staten bidrar til å realisere, skal vurderast samla, med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den samla tilgjengelege budsjettramma. Ved prioritering av søknader skal det leggast vekt på om kommunen har gjort det som blir vurdert som rimeleg for å ta omsyn til kjende farar for flaum og skred i arealplanlegginga og byggesaksbehandlinga. Dersom det ikkje er tatt tilstrekkeleg omsyn til kjende farar, kan søknader bli avslått eller kravet om eigenandel aukast. Det same gjeld dersom flaum- eller skredfaren er ei følge av inngrep i terrenget eller andre tiltak som kommunen eller ein annan part har ansvaret for.

Det blir normalt ikkje gitt tilskot til tiltak med ein kostnad mindre enn 500 000 kroner. NVE er ansvarleg for oppfølging og kontroll av ordninga. Ordninga blir kunngjord på nettsidene til NVE.

Resultat 2022

Det blei utbetalt om lag 87,7 mill. kroner i tilskot til kommunar til flaum- og skredførebygging, miljøtiltak og kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag. Dei største utbetalingane var til kommunane Hammerfest, Nord-Fron, Gausdal og Asker. Det har også vore utbetalingar til fleire andre, mindre, prosjekt.

Post 62 Tilbakeføring av produksjonsavgift frå landbasert vindkraft

Det blir foreslått ei løyving på 338 mill. kroner knytt til tilbakeføring av inntekter frå produksjonsavgift frå landbasert vindkraft til vertskommunane. Avgiftssatsen var 1 øre/kWh frå 1. juli 2022 og blei auka til 2 øre/kWh frå 1. januar 2023.

Inntektene frå produksjonsavgifta skal tilbakeførast til vertskommunane året etter avgiftsåret. NVE står for tilbakeføring til kommunane over denne posten. NVE skal fordele og utbetale til kommunane eit beløp som tilsvarer løyvinga over denne posten etter at løyvinga er justert på bakgrunn av reelt innbetalt avgift for førre budsjettår og som blir lagd fram i revidert budsjett i vårsesjonen.

Kriterium for tilbakeføring av avgift og oppfølging

Skatteetaten står for innkrevjing av avgifta på landbasert vindkraft frå konsesjonærane.

Avgiftsinntektene skal tilbakeførast til vertskommunane året etter avgiftsåret, i tråd med ein fordelingsnøkkel utarbeidd av NVE. Fordelingsnøkkelen viser kor stor andel av den avgiftspliktige vindkraftproduksjonen som kan tilskrivast den enkelte kommune.

Fordelingsnøkkelen baserast på produksjonsdata for vindkraftverk i den enkelte kommune slik dei blir rapporterte i Elhub. Der eit vindkraftverk har turbinar i fleire kommunar, vil fordelinga av produksjonen skje etter ein prosentvis andel av den installerte effekten i dei respektive kommunane slik det står i den godkjende detaljplanen. Det er ikkje høve til å klage når det gjeld tilbakeføring av produksjonsavgift frå landbasert vindkraft til vertskommunane.

Når det gjeld skatte- og avgiftsopplegget viser departementet til Prop. 1 LS (2023–2024) Skatter og avgifter 2024.

Post 72 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 60

Det blir foreslått ei løyving på 6 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 10 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.

Noregs geotekniske institutt

Det blir foreslått eit tilskot på 4 mill. kroner til Noregs geotekniske institutt (NGI) til drift og utvikling av Ryggfonn i Grasdalen (Stryn). Dette er eit fullskala feltlaboratorium og infrastruktur for snøskredforsking. Dette vil bidra til at Ryggfonn blir oppretthalde som nasjonal infrastruktur til bruk i forskingsprosjekt. Tilskotet skal bidra til å styrke fagmiljøet som ein viktig del av den nasjonale forskingskompetansen innan snøskred, slik som forsking på snøskredmodellering, skreddynamikk, sørpeskred, særleg relevante snøskredhendingar mot bygningar og snøskredvarsling.

Resultat 2022

Det blei utbetalt 4 mill. kroner til snøskredforsking ved NGI. Tilskotet er brukt til kartlegging, modellering og sikring mot snøskred og til eksperiment og drift av den nasjonale forskingsinfrastrukturen på testområdet på Strynefjellet. Dette er eitt av to fullskala testområde for snøskred i verda.

Tilskot til flaum- og skredførebygging og miljøtiltak langs vassdrag

Det blir foreslått å sette av 2 mill. kroner i tilskot til flaum- og skredførebygging og til miljøtiltak langs vassdrag.

Mål

Ordninga skal bidra til å

  • redusere faren for tap av menneskeliv og førebygge store skadar på miljø og eigedom som følge av flaum og skred

  • betre vassdragsmiljøet, ta vare på vassdragsrelaterte kulturmiljø og gjenskape vassdragsdynamikk som har vore forringa av tidlegare tiltak

Målgruppe, tildelingskriterium og oppfølging

Private eigarar av busetnader, inkludert enkeltpersonar, burettslag og sameige, kan søke om tilskot til

  • utgreiing, planlegging, prosjektering og gjennomføring av fysiske tiltak for å redusere faren for skadar frå flaum og skred på eksisterande busetnad

  • andre typar risikoreduserande tiltak, som overvaking og varsling, der fysiske sikringstiltak ikkje har latt seg gjennomføre av praktiske eller økonomiske årsaker

Organisasjonar kan søke om tilskot til

  • planlegging og gjennomføring av miljøtiltak i vassdrag for å betre vassdragsmiljøet der det har vore vesentleg forringa av tidlegare tiltak

Søknader skal prioriterast etter samfunnsøkonomiske kriterium, slik at samfunnet får mest mogleg igjen i form av redusert risiko for flaum- og skredskadar. Alle tiltak som staten bidrar til å realisere, skal vurderast samla, med sikte på ei best mogleg nasjonal prioritering innanfor den samla tilgjengelege budsjettramma. Ved vurdering av søknader skal det leggast vekt på om søkaren har gjort det som må reknast som rimeleg for å ta omsyn til kjende farar for flaum og skred, mellom anna plassering og utforming av byggverk, utforming og drenering av byggetomt, uteareal og liknande. Dersom det ikkje er tatt tilstrekkeleg omsyn til kjende farar, kan søknaden bli avslått eller kravet om eigenandel aukast. Det same gjeld dersom flaum- og skredfaren er ei følge av inngrep i terrenget eller andre tiltak som søkaren eller ein annan part har ansvaret for.

NVE er ansvarleg for oppfølging og kontroll av ordninga. Ordninga er kunngjord på nettsidene til NVE.

Resultat 2022

Det blei utbetalt om lag 2,2 mill. kroner i tilskot til private til flaum- og skredførebygging. Det blei også gitt fire tilsegner om tilskot på til saman om lag 5 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til utjamning av overføringstariffar

Det blir foreslått ei løyving på 18 mill. kroner i tilskot til utjamning av overføringstariffar. Tilskotsordninga er utforma slik at ho ikkje fjernar insentiva til nettselskapa til å drive effektivt og halde nettleiga på eit lågt nivå.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til å redusere forskjellar i nettleiga for kundar i distribusjonsnettet som følge av naturgitte forhold og høge overføringskostnader. Formålet med ordninga er å bidra til ein direkte reduksjon av nettleiga for sluttbrukarar som er knytte til distribusjonsnettet i dei områda av landet som har dei høgaste overføringskostnadene. Alle nettselskap som oppfyller tildelingskriteria, og som har meir enn 300 kundar i lokalt distribusjonsnett, kan få tilskot. Det er ikkje krav om søknad.

Tildelingskriterium og oppfølging

Tilskot blir gitt til dei nettselskapa med lokalt distribusjonsnett som har dei høgaste gjennomsnittlege overføringskostnadene, gitt elavgift og meirverdiavgift, og har til formål å redusere overføringstariffane til selskapa. Det blir også gjort justeringar slik at nettselskap med mange næringskundar ikkje kjem dårleg ut på grunn av avgiftsfritaka til næringskundar.

Tilskota skal reknast ut på grunnlag av den årlege økonomiske og tekniske rapporteringa (eRapp) frå nettselskapa til RME og dei fastsette satsane for elavgift og meirverdiavgift i tildelingsåret. Frå eRapp blir data frå rekneskapsåret to år før tildelingsåret nytta.

Det blir fastsett ein terskelverdi for gjennomsnittlege nettkostnader, rekna ut frå størrelsen på den årlege løyvinga. Kvart distribusjonsselskap som er omfatta av ordninga, mottar tre firedelar av differansen mellom terskelverdien og den gjennomsnittlege nettkostnaden i selskapet. Distribusjonsselskap der støtta blir mindre enn 1 øre per kWh, er ikkje omfatta av ordninga. Tilskotet blir rekna ut basert på siste tilgjengelege økonomiske og tekniske rapportering til RME, som er to år før tilskotet blir gitt.

Tilskotet blir trekt frå det som er den tillatne inntekta for selskapet før nettleiga blir rekna ut, og bidrar slik til ein reduksjon i nettleiga for forbrukarane. Ved oppkjøp eller fusjonar som er gjennomførte før 1. januar 2024, skal data frå det oppkjøpte/innfusjonerte selskapet takast ut av berekningsgrunnlaget for fordeling av tilskota.

Ved oppkjøp eller fusjonar som er gjennomførte 1. januar 2024 eller seinare, skal det berekna tilskotet gå til det selskapet som har overtatt kundane til selskapet som hadde rett på tilskotet. Det berekna tilskotet kan bli utbetalt i inntil to år når det er samsvar mellom datagrunnlaget som blir brukt til berekning av tilskotet, og den nye selskapsstrukturen.

RME er ansvarleg for tildeling av midlane til det enkelte distribusjonsselskapet og for oppfølging av ordninga. Utjamningsmidlane blir administrerte lokalt av distribusjonsselskapa gjennom fastsettinga av nettleiga.

Resultat 2022

Det blei utbetalt 20 mill. kroner i tilskot til utjamning av overføringstariffar i 2022, fordelt på fem av totalt 84 nettselskap med lokalt distribusjonsnett i Noreg per utgangen av 2022:

  • Innlandet: Sør Aurdal Energi AS og Vang Energiverk KF

  • Møre og Romsdal: Sandøy Energi AS

  • Vestfold og Telemark: DE Nett AS

  • Vestland: Indre Hordaland Kraftnett AS

Ordninga bidrog til at 17 480 kundar fekk redusert nettleiga med mellom 3,10 og 25,63 øre/kWh i 2022. Den høgaste nettkostnaden som ikkje førte til tilskot, var 70,65 øre/kWh.

Post 74 Tilskot til museums- og kulturminnetiltak, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 7,1 mill. kroner i tilskot til museums- og kulturminnetiltak.

Telemarkskanalen

Det blir foreslått eit tilskot på 3 mill. kroner til Telemarkskanalen til rehabilitering og vedlikehald av dei vassdragstekniske anlegga. Tilskotet skal bidra til å sikre at anlegga er i samsvar med krav etter NVEs Retningslinjer for tilsyn og revurdering av vassdragsanlegg, Forskrift om sikkerhet og tilsyn med vassdragsanlegg og vassressurslova.

Resultat 2022

Det blei utbetalt 3 mill. kroner i tilskot til rehabilitering og vedlikehald av dei vassdragstekniske anlegga til Telemarkskanalen.

Kraftmuseet

Det blir foreslått eit tilskot på 2,3 mill. kroner til Kraftmuseet som skal dekke lønns- og prosjektkostnader til eitt årsverk ved museet og vedlikehald av det freda kraftanlegget Tysso I i Ullensvang kommune.

Tilskotet skal bidra til å formidle og dokumentere historier om vatn og energi med hovudvekt på vasskraft, kraftoverføring, flaum, konsekvensar av inngrep og i tillegg miljøtiltak og vern av vassdrag. Vidare skal midlane brukast til drift og vidareutvikling av nettstaden kraftlandet.no, ein felles nettstad for museumssamarbeidet som dokumenterer, formidlar og aktualiserer vassdrags- og energihistoria og fortløpande publiserer ny informasjon. Midlane skal også gå til å utvikle og arrangere ulike aktivitetar for undervisningssektoren.

Resultat 2022

Det blei utbetalt 2,35 mill. kroner i tilskot til dokumentasjon og formidling ved Kraftmuseet, deriblant 0,5 mill. kroner til vedlikehald av det freda kraftanlegget Tysso 1. Museet har også i 2022 bidratt til bevaring og formidling av norsk vassdrags- og energihistorie. Kraftmuseet står saman med Anno Norsk Skogmuseum og NVE bak den store digitale satsinga kraftlandet.no, som blei lansert i 2021. I 2022 blei det publisert ein episode om vasskraftutbygging 1950–1970 og samtidig starta eit arbeid med vindkraft i eit historisk perspektiv. Kraftmuseet har også vidareutvikla utstillinga «Kraftfull arkitektur» og KraftLaben.

Anno Norsk Skogmuseum

Det blir foreslått eit tilskot på 1,8 mill. kroner til Anno Norsk Skogmuseum i Elverum kommune som skal dekke lønns- og prosjektkostnader til eitt årsverk ved museet. Tilskotet skal bidra til formidling og dokumentasjon av historier om vatn og energi med hovudvekt på vasskraft, kraftoverføring, flaum, konsekvensar av inngrep og i tillegg miljøtiltak og vern av vassdrag. Vidare skal midlane brukast til drift og vidareutvikling av nettstaden kraftlandet.no. Midlane skal også gå til å utvikle og arrangere ulike aktivitetar for undervisningssektoren.

Resultat 2022

Det blei utbetalt 1,85 mill. kroner i tilskot til dokumentasjon og formidling ved Anno Norsk Skogmuseum. Museet har også i 2022 bidratt til bevaring og formidling av norsk vassdrags- og energihistorie. Anno Norsk Skogmuseum, saman med Kraftmuseet og NVE, står bak den store digitale satsinga kraftlandet.no, som blei lansert i 2021. Museet har også opna utstillinga «Kraft til enhver pris?», og planlegg ei ny fast utstilling «Ferskvann – de dyrebare dråpene».

Post 75 Stønad til hushaldningar for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving

Det blir foreslått ei løyving på 9 750 mill. kroner til den mellombelse stønadordninga for ekstraordinære straumutgifter i 2024. Løyvinga dekker utbetaling av straumstønad i perioden desember 2023 til november 2024. Stortinget vedtok i juni 2023 at berekninga av straumstønad blir endra frå å basere seg på gjennomsnittleg spotpris gjennom månaden til å basere seg på spotprisen time for time i det prisområdet hushaldninga høyrer til, og at stønadsgraden blir auka til 90 prosent, jf. Innst. 486 L (2022–2023). Vidare har Olje- og energidepartementet ved forskrift av 20. juni 2023 inkludert hushaldningar knytte til gards- og grendeverk med private straumnett i ordninga.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til ein reduksjon av utgiftene til straumforbruk i den månadlege straumrekninga for private hushaldningar knytte til distribusjonsnettet dersom straumprisen overstig ein fastsett terskelverdi. Ordninga gjeld for straumforbruk til og med desember 2024. Ordninga gjeld også for fellesmålt hushaldningsforbruk i bustadselskap (burettslag, bustadsameige, bustadaksjeselskap mv.), hushaldningar med fritidsbustad som fast bustad og hushaldningar som er knytte til gards- og grendeverk med private straumnett, jf. Midlertidig forskrift om strømstønad. Det blir ikkje kravd søknad frå hushaldningane.

Ordninga gjeld ikkje fritidsbustader som ikkje er fast bustad, og næringsverksemd.

Tildelingskriterium og oppfølging

Stønadsordninga er basert på straumprisen time for time i det prisområdet hushaldningane høyrer til. Støtta trer inn dersom straumprisen i det aktuelle prisområdet overstig ein fastsett terskelverdi. Prisjustert terskelverdi blir foreslått sett til ein straumpris på 73 øre per kilowattime før avgifter frå 1. januar 2024. Olje- og energidepartementet vil foreslå endringar i lov av 22. desember 2021 nr. 170 om stønad til hushaldningar som følge av ekstraordinære straumutgifter (straumstønadslova). Med straumpris er det her meint spotpris i det prisområdet hushaldninga høyrer til. Ordninga gir stønad for dei timane straumprisen overstig terskelverdien. Det blir ikkje gitt stønad til forbruk over 5 000 kilowattimar per månad per målepunkt. Departementet legg til grunn ein stønadsgrad på 90 prosent i heile perioden desember 2023 til desember 2024. Stønad for straumforbruk i desember 2024 vil bli utbetalt i januar 2025.

For fellesmålt hushaldningsforbruk i bustadselskap blir det ikkje gitt stønad til forbruk som overstig 5 000 kilowattimar per månad per bueining. Bustadselskapa skal rapportere overskriding av forbrukstaket til nettselskapet. Bustadselskap med eit visst innslag av anna forbruk enn hushaldningsforbruk skal innrapportere dette til sitt nettselskap.

RME forvaltar stønadsordninga og er ansvarleg for tildelinga av stønad via det enkelte nettselskapet og for oppfølging og tilsyn med ordninga, mellom anna opplegg for oppfølging og kontroll. Stønadssatsane som RME bereknar, kjem til fråtrekk frå straumrekninga til hushaldninga via faktura frå nettselskapet eller kraftleverandøren.

For at ikkje stønadsordninga skal dekke eit usedvanleg høgt straumforbruk, er det sett eit tak på stønad inntil 5 000 kilowattimar per månad i straumforbruk. For fellesmålt hushaldningsforbruk i bustadselskap blir det ikkje gitt stønad for forbruk som overstig 5 000 kilowattimar per månad per bueining. Bustadselskapa skal rapportere overskriding av forbrukstaket til nettselskapet. Bustadselskap med eit visst innslag av anna forbruk enn hushaldningsforbruk skal innrapportere dette til sitt nettselskap.

Dersom stønadsbeløpet overstig nettleiga, vil det overskytande beløpet bli utbetalt til kundar som ikkje har gjennomfakturering (felles faktura for nettleige og straum). For kundar som har gjennomfakturering, vil støtta bli trekt frå det samla beløpet på fakturaen frå straumleverandøren. Dette skjer ved at straumleverandøren blir kompensert av nettselskapet gjennom ein oppgjersmetode som allereie er etablert og automatisert.

Resultat 2022

Det blei utbetalt om lag 32,6 mrd. kroner i straumstønad til hushaldninger i 2022.

Kvar hushaldning i Noreg fekk i gjennomsnitt 984 kroner i stønad frå staten kvar månad. Den gjennomsnittlege støtta per hushaldning var størst i desember 2022, da kvar hushaldning i snitt fekk 3 115 kroner i stønad. Hushaldningar i Sørvest-Noreg (NO2) fekk mest stønad i snitt gjennom 2022, med om lag 16 500 kroner for kvar hushaldning. Straumstøtta bidrog til å senke den gjennomsnittlege kraftprisen i Sør-Noreg med om lag 64 prosent – frå 199 til 72 øre per kilowattime.

Som følge av dei store prisforskjellane mellom nord og sør gjennom 2022, med høge prisar i Sør-Noreg og lågare prisar i Midt- og Nord-Noreg, var det i hovudsak hushaldningar i dei tre sørlege prisområda NO1, NO2 og NO5 som fekk straumstønad i 2022. Søraust-Noreg (NO1) stod for den største utgiftsposten, der det blei utbetalt om lag 15,5 mrd. kroner til hushaldningane. I Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5) blei det utbetalt høvesvis om lag 10,1 og 3,8 mrd. kroner, medan det blei utbetalt høvesvis om lag 0,9 mrd. kroner og 0,1 mrd. kroner i Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4).

Post 76 Stønad til hushaldningskundar av nærvarmeanlegg, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 22,5 mill. kroner i tilskot til stønad til hushaldningskundar av nærvarmeanlegg som baserer seg på straum. Løyvinga dekker utbetaling av stønad i perioden desember 2023 til november 2024 og administrative kostnader til drift av ordninga.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til ein reduksjon av utgiftene til varmeforbruk for private hushaldningar knytte til nærvarmeanlegg som baserer seg på straum, dersom straumprisen overstig ein fastsett terskelverdi. Ordninga gjeld for varmeforbruk til og med desember 2024. Ordninga gjeld også hushaldningsforbruk i bustadselskap (burettslag, bustadsameige, bustadaksjeselskap mv.). Ordninga gjeld ikkje fritidsbustader som ikkje er fast bustad, og næringsverksemd. Ordninga er søknadsbasert, og nærvarmekunden må søke NVE om stønad.

Tildelingskriterium og oppfølging

Stønadsordninga er basert på straumprisen i det prisområdet hushaldningane høyrer til. Støtta trer inn dersom straumprisen i det aktuelle prisområdet overstig ein fastsett terskelverdi. Prisjustert terskelverdi blir foreslått sett til ein straumpris på 73 øre per kilowattime før avgifter frå 1. januar 2024. Med straumpris er det her meint spotpris i det prisområdet hushaldninga høyrer til. I motsetning til den ordinære straumstønadsordninga vil nærvarmestøtta bli berekna ut frå den månadlege gjennomsnittsprisen på straum. Departementet legg til grunn ein stønadsgrad på 90 prosent i heile perioden desember 2023 til desember 2024. Stønad for straumforbruk i desember 2024 vil bli utbetalt i januar 2025.

For at ikkje stønadsordninga skal dekke eit usedvanleg høgt forbruk, er det sett eit tak på stønad inntil 5 000 kilowattimar per månad i straumforbruk. For fellesmålt hushaldningsforbruk i bustadselskap blir det ikkje gitt stønad til forbruk som overstig 5 000 kilowattimar per månad per bueining. Bustadselskapa skal rapportere overskriding av forbrukstaket til NVE. Bustadselskap med eit visst innslag av anna forbruk enn hushaldningsforbruk skal innrapportere dette til NVE.

NVE forvaltar stønadsordninga og er ansvarleg for tildeling av støtta og tilsyn med ordninga, deriblant opplegg for oppfølging og kontroll.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Gebyrinntekter

35 236

42 000

11 500

02

Oppdrags- og samarbeidsinntekter

53 616

67 653

70 000

03

Sal av utstyr mv.

1 340

10

Refusjonar

16 303

40

Flaum- og skredførebygging

24 399

38 000

38 000

Sum kap. 4820

130 894

147 653

119 500

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei post 01 redusert med 32,4 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 01 Gebyrinntekter

Posten omfattar gebyrinntekter frå innhenting og kontroll av hydrologiske målingar og tilsyn med utanlandskonsesjonar.

Reduksjonen frå saldert budsjett 2023 har samanheng med at NVEs tilsyn med vedlikehald og modernisering av elektriske anlegg, tilsyn med fjernvarme og miljøtilsyn, som fram til no har vore budsjettert som gebyr, framover skal vere budsjettert og krevjast inn som sektoravgift, jf. omtale under kap. 5582, post 72.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Posten omfattar inntekter frå oppdrags- og samarbeidsverksemda, jf. kap. 1820, post 23.

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Posten omfattar innbetalingar frå kommunar for utføring av sikrings- og miljøtiltak som er gjennomførte i regi av NVE, jf. omtale under kap. 1820, post 22 og 25.

Kap. 1825 Energieffektivisering og -omlegging

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

15 000

50

Overføring til Klima- og energifondet til tiltak for meir effektiv energibruk og eit meir fleksibelt energisystem

180 000

60

Tilskot til energitiltak i kommunale bygg, kan overførast

300 000

Sum kap. 1825

495 000

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 15 mill. kroner til NVE, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Husbanken for å følge opp regjeringas satsing på energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi.

Som ein del av regjeringas satsing får NVE fleire faste oppgåver, mellom anna arbeid knytt til regelverksutvikling, informasjons- og kompetanseheving, styrking av datagrunnlag, rapportering om energieffektivisering med meir. DiBK får også oppgåver knytte til regelverksutvikling. Dette vil krevje større ressursar.

Vidare skal løyvinga dekke utgifter til Husbankens forvaltning av ordninga for energitilskot i kommunale bygg og dessutan kompensere for kostnader som Husbanken har hatt med utvikling av støtteordninga.

Post 50 Overføring til Klima- og energifondet til tiltak for meir effektiv energibruk og eit meir fleksibelt energisystem

Det blir foreslått ei løyving på 180 mill. kroner til Klima- og energifondet til tiltak for meir effektiv energibruk og eit meir fleksibelt energisystem. Midlane skal bidra til å styrke Enovas satsing på energieffektivitet mellom anna i bygg utan at det går på kostnad av satsinga på klima. I februar 2023 presiserte regjeringa Enovas mandat knytt til energi. I tillegg til eksisterande ordningar har Enova utvikla to nye tilskotsordningar innanfor energi: éin retta mot energitiltak i burettslag og ein mot energitiltak i næringsbygg. Løyvinga er eit sentralt tiltak i regjeringas satsing på energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi.

Midlane skal forvaltast i samsvar med måla og føringane i styringsavtalen mellom Enova SF og Klima- og miljødepartementet. Sjå nærmare omtale av Enova under kap. 1428 Enova SF i Klima- og miljødepartementets budsjett.

Post 60 Tilskot til energitiltak i kommunale bygg, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 300 mill. kroner i tilskot til energitiltak i kommunale bygg. Løyvinga er eit sentralt tiltak i regjeringas satsing på energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi, og ei styrking av tilskotsordninga til energitiltak i kommunalt eigde bygg som blei løyvd under kap. 581, post 60 over Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett i 2023.

Mål og målgruppe

Ordninga skal bidra til gjennomføring av energieffektiviseringstiltak og tiltak for auka energifleksibilitet i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Ordninga er søknadsbasert, og kommunane må søke Husbanken om tilskot.

Tildelingskriterium og oppfølging

Tilskotet kan givast til energieffektiviseringstiltak i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Søknader om tilskot til kommunalt eigde utleigebustader skal prioriterast. Husbanken er ansvarleg for ordninga og avgjer søknader. Husbanken vil samarbeide med Enova og NVE for å oppdatere lista over energitiltak kommunane kan søke om tilskot til, for å sikre at tiltaka som mottar støtte, også tar omsyn til målsettingar om eit effektivt kraftsystem. Lista skal vere klar innan utgangen av 2023. Forskrifta om tilskot til energitiltak i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar vil bli revidert ved behov.

Kommunar som har fått tilskot til energitiltak, skal rapportere om gjennomføringa av tiltak, talet på kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar det er sett i verk tiltak for, og forventa redusert energibehov. Det blir ikkje utbetalt tilskot før kommunane har dokumentert at tiltaket er gjennomført.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag

77 945

55 000

2 000

71

Konsesjonsavgifter frå vasskraftutbygging

172 916

185 000

186 600

72

Sektoravgifter under Noregs vassdrags- og energidirektorat

54 239

72 000

140 000

Sum kap. 5582

305 100

312 000

328 600

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei post 70 redusert med 51 mill. kroner og post 72 auka med 42 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag

Sektoravgift for kulturminnevern i regulerte vassdrag dekker kostnader til arkeologiske undersøkingar i vassdrag. Det er konsesjonar gitt før 1960 der det ikkje blei gjort arkeologiske undersøkingar ved utbygging, som blir omfatta av ordninga når konsesjonen skal fornyast eller vilkåra reviderast.

Konsesjonæren betaler eit beløp basert på størrelsen på produksjonen i reguleringsmagasinet, og midlane blir stilte til disposisjon for Riksantikvaren, som følger opp dei arkeologiske undersøkingane, jf. kap. 1800, post 21.

Post 71 Konsesjonsavgifter frå vasskraftutbygging

Ved konsesjonar gitt etter vassdragsreguleringslova eller industrikonsesjonslova pliktar eigarane av kraftverka å betale ei årleg avgift til staten og kommunen. Sektoravgifta til staten skal bidra til finansiering av forsking, utvikling, opplæring og informasjon på energi- og vassdragsområdet. Avgifta til staten kan i ekstraordinære tilfelle dekke utgifter til å førebygge, erstatte og bøte på skadar som følge av eller i samband med kraftutbyggingar eller reguleringar.

Anslaget på inntekter frå konsesjonsavgiftene for vasskraft er rekna ut frå eksisterande avgiftspliktige konsesjonar. Avgiftssatsane blir indeksjusterte kvart femte år med utgangspunkt i konsesjonsdatoen. I tillegg vil nye konsesjonar utløyse konsesjonsavgift.

Post 72 Sektoravgifter under Noregs vassdrags- og energidirektorat

Tilsynet med sikkerheita ved norske vassdragsanlegg blir utført av NVE.

Det blei i Prop. 1 S (2022–2023) varsla eit lov- og forskriftsarbeid der det blir tatt sikte på å endre enkelte tilsynsordningar under NVE der det som i dag blir kravd inn som gebyr, blir kravd inn som sektoravgift. Vidare blei det varsla at Olje- og energidepartementet tar sikte på å komme tilbake til budsjettmessige konsekvensar som følge av omlegginga frå gebyr- til sektoravgiftsfinansiering.

I desember 2022 fremma Olje- og energidepartementet lovproposisjonen Prop. 37 L (2022–2023) Endringar i vassdragsreguleringsloven, energiloven og vannressursloven (kostnadsdekning for tilsyn og kontroll), med forslag til endringar i relevant lovgiving slik at tilsynsordningane skal kunne krevjast inn som sektoravgift. Det blei i Prop. 37 L (2022–2023) gjort greie for at forslag til ny forskrift om sektoravgifter for dekning av kostnader til direktoratets tilsyns- og kontrollarbeid kan resultere i endringar når det gjeld fordeling av kostnader mellom konsesjonærane. Proposisjonen er behandla av Stortinget, jf. Innst. 216 L (2022–-2023), og det blir tatt sikte på iverksetting av lovendringane frå 1. januar 2024.

Endringane medfører at kostnadene ved NVEs tilsyn med vedlikehald og modernisering av elektriske anlegg, tilsyn med fjernvarme og miljøtilsyn, som fram til no har vore kravde inn som eit gebyr, framover skal krevjast inn som sektoravgift, jf. kap. 4820, post 01.

Med bakgrunn i det oppdaterte kostnadsgrunnlaget basert på rekneskapen for 2022 blir det anslått at NVE vil krevje inn netto 10,6 mill. kroner i auka sektoravgifter i samband med tilsyns- og kontrollverksemda i 2024.

I tillegg har myndigheitene behov for å auke kapasiteten når det gjeld detaljplanbehandling, tilsyn og oppfølging av energianlegg i bygge- og driftsfasen, jf. forslag om ei auka løyving på til saman 25 mill. kroner under kap. 1820, post 01 og post 21. Auken blir foreslått inndekt av auka sektoravgifter.

Statnett SF

Statnett er det systemansvarlege nettselskapet i det norske kraftsystemet og har ansvar for å utvikle, drifte og vedlikehalde transmisjonsnettet på ein samfunnsøkonomisk rasjonell måte. Statnett har monopol på å eige og drive transmisjonsnettet i Noreg. Selskapet har ansvar for at det til kvar tid er momentan balanse mellom produksjon og forbruk av elektrisk kraft i Noreg.

Tabell 4.1 Hovudtal for Statnett SF (i mill. kroner)

2020

2021

2022

Driftsinntekter

10 761

14 412

22 993

Driftsresultat

3 868

4 846

8 433

Resultat etter skatt

2 697

3 307

5 949

Resultat etter skatt, justert for endring i meir-/ mindreinntekt (utbyttegrunnlaget)

2 079

1 474

592

Investeringar

7 299

6 121

4 985

Varige driftsmiddel

60 296

66 767

68 247

Eigenkapital

18 938

21 467

26 978

Eigenkapitalrentabilitet etter skatt1

14,7 prosent

16,4 prosent

24,6 prosent

Eigenkapitalprosent1

22,8 prosent

25,4 prosent

30,9 prosent

1 Eigenkapitalrentabilitet etter skatt = Resultat etter skatt / Gjennomsnittleg eigenkapital dei to siste åra.

Statnetts inntekter blir regulerte av RME, som årleg fastset ei tillaten inntekt. Tillaten inntekt skal over tid dekke kostnadene ved drift og vedlikehald av nettet og gi ei rimeleg avkastning på investert kapital, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet.

Kap. 5680 Statnett SF

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

85

Utbytte

737 000

882 000

744 000

Sum kap. 5680

737 000

882 000

744 000

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei post 85 redusert med 586 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 85 Utbytte

Det er lagt til grunn ein utbyttepolitikk på 50 prosent. For rekneskapsåret 2023 vil eit utbytte på 50 prosent av resultat etter skatt, justert for endring i meir-/mindreinntekt, utgjere 744 mill. kroner basert på siste resultatanslag (1 487 mill. kroner). Endeleg vedtak om utbytte blir gjort på føretaksmøte våren 2024 basert på faktisk resultat for 2023.

Programkategori 18.30 Klima, industri og teknologi

Utviklingstrekk

Energinæringane er og har i mange tiår vore Noregs største næringar og har sidan starten av førre hundreåret skapt store, positive ringverknader i form av sysselsetting, industribygging og vekst over heile landet. I tillegg bidrar næringane til å sikre vår eiga forsyning av energi.

Energimarknadene globalt er i endring. Klimaendringane og den geopolitiske situasjonen i verda, og særleg i Europa, påverkar energinæringane i stor grad. Russlands militære invasjon av Ukraina har forsterka situasjonen.

Regjeringa fører ein ambisiøs politikk for utsleppsreduksjonar, grøn vekst og verdiskaping i heile landet. Europa står i ei energiomstilling mellom anna som følge av klimapolitikken, og det er sett ambisiøse mål for 2030 og 2050. Overgangen til eit lågutsleppssamfunn krev forsking og teknologiutvikling, effektiv ressursbruk, tilgang på kapital og andre sentrale innsatsfaktorar, og føreseielege rammevilkår.

Noreg er ikkje aleine om å skulle redusere utslepp av klimagassar på kort tid. Mange land etterspør løysingar som kan bidra til lågare klimagassutslepp. Som Noreg, har både USA og EU innført finansielle verkemiddel som representerer ei stor satsing på fornybar energi, nullutsleppsteknologi og klimavennleg omstilling, og som i tillegg gjer at dei ikkje er avhengige av import. USAs Inflation Reduction Act, som tredde i kraft i januar 2023, er ei skattepakke på 369 mrd. dollar som mellom anna har som mål å redusere amerikanske CO2-utslepp og auke amerikansk produksjon. EU har lenge jobba med politikkutvikling for auka vekst og ambisiøse utsleppsreduksjonar, mellom anna gjennom European Green Deal.

Internasjonale marknader og godt fungerande verdikjeder for sentrale innsatsfaktorar er ein føresetnad for å lykkast med grøn omstilling globalt og for å nå målet om å auke norsk eksport utanom olje og gass. Gjennom samarbeid med andre styresmakter og deltaking i forum og forhandlingsutval tar vi vare på norske interesser. Noreg har dei siste åra styrkt det internasjonale samarbeidet med andre land og EU og inngått fleire samarbeidsavtalar. I april underteikna Noreg og EU eit forsterka klima-, energi- og industrisamarbeid. Den grøne alliansen etablerer ein overbygning for samarbeid i grøne sektorar der Noreg og EU har gjensidige interesser. Det gjeld mellom anna CO2-handtering, havvind, hydrogen, grøn skipsfart, batteri og kritiske råvarer. Noreg og Tyskland har også forsterka energi- og industrisamarbeidet sitt og ser mellom anna nærmare på moglegheiter for storskala verdikjeder og infrastruktur for hydrogen og CO2.

Eit velfungerande og sikkert kraftsystem er grunnleggande for å møte ein auka overgang frå fossil energi til elektrisitet og for å legge til rette for ny grøn industri. Ein stor del av dei nye grøne industrinæringane som batteriproduksjon, produksjon av hydrogen og CO2-handtering krev mykje kraft. Samtidig er meir bruk av elektrisk kraft til fleire formål viktige tiltak i klimapolitikken. Regjeringas ambisjonar om å auke kraftproduksjonen, kapasiteten og fleksibiliteten i straumnettet og satsinga på energieffektiviseringstiltak, er viktige for å legge til rette for at dei nye næringane kan utvikle seg.

Regjeringas satsing på havvind er ein viktig del av innsatsen for å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg. Samtidig vil tiltak for å integrere meir uregulerbar kraftproduksjon vere viktige for å sikre effektbalansen.

I dag står vi overfor ein inflasjon vi ikkje har sett på tiår, og i møte med større press på kraftsystemet, stor konkurranse om arbeidskrafta og mindre handlingsrom i offentlege budsjett er det enda viktigare å prioritere kva innsatsfaktorane våre skal brukast til. Det har vore ein kraftig vekst i kostnadene til industriprosjekt generelt, og fleire grøne industriprosjekt er sette på vent.

Noreg har gode føresetnader for å lykkast i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Vi har industriell, teknologisk og vitskapleg kompetanse, store fornybarressursar og infrastruktur og erfaring frå produksjon og foredling av energi. Dette gir Noreg og norske aktørar eit godt utgangspunkt.

Det er gjennom industridrivne prosessar dei beste prosjekta veks fram, og det er bedriftene som har ansvar for å utnytte dei moglegheitene i marknaden som følger av det grøne skiftet. Men den grøne omstillinga av næringslivet er eit langsiktig arbeid, der staten og næringslivet må spele på lag. Eit av dei viktigaste tiltaka frå regjeringas side vil vere å legge til rette for stabile og føreseielege rammevilkår som banar veg for private investeringar og vidare vekst. Staten bidrar også betydeleg for å legge til rette for nye næringar, gjennom direktestøtte til mange store og små prosjekt og eit breitt verkemiddelapparat som bidrar med lån, garantiar og eigenkapital, støtte til forsking og teknologiutvikling og i tillegg næringsfremme og internasjonalisering.

Regjeringa sitt vegkart for grønt industriløft inneheld fleire satsingsområde, mellom anna havvind, hydrogen og CO2-handtering, og beskriv regjeringas politikk for å legge til rette for grøne industriverksemder.

Regjeringa er godt i gang med å bygge opp under målet om at Noreg skal bli ein leiande nasjon innanfor havvind, med ein industri som utviklar og bygger vindkraftløysingar for heile verda. I 2023 blei dei første prosjektområda for havvind på norsk kontinentalsokkel lyste ut. Det er i dag ein installert kapasitet på 32 GW frå havvind i Europa. Ambisjonane for havvind i Europa er betydelege, og landa rundt Nordsjøen og EU har samla ambisjonar om 300 GW frå havvind i Nordsjøen innan 2050. Det siste året er det tatt positive investeringsavgjerder for 5 GW havvind i Europa, etter fleire utsettingar i fjor.

Dei siste tiåra har kostnadene for havvind gått ned. Dei siste to åra, derimot, har kostnadene auka mellom anna som følge av press i leverandørkjeder, volatile råvareprisar, logistikkproblem etter pandemien, inflasjon og konsekvensar av Russlands militære invasjon av Ukraina. Det er venta at dei første havvindprosjekta i Noreg vil ha behov for statsstøtte. Stortinget har gitt Olje- og energidepartementet fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II, men slik at dei samla statlege forpliktingane ikkje overstig ei kostnadsramme på 23 mrd. 2023-kroner, jf. Vedlegg 1.

For å bygge opp under målet om å utvikle ein marknad og ei verdikjede for hydrogen bidrar staten i dag gjennom ei rekke verkemiddel, mellom anna støtte til forsking, utvikling og demonstrasjon og til etablering av knutepunkt og infrastruktur. Det blir også stilt krav til offentlege innkjøp. Det er mange prosjekt over heile landet som planlegg å produsere, distribuere og bruke hydrogen som er produsert med låge eller ingen utslepp. Dei fleste av dei er i startfasen og har mottatt støtte frå staten gjennom ulike ordningar. I perioden 2020–2022 blei det løyvd om lag 4,7 mrd. kroner til hydrogenformål gjennom Enova, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg. Sidan 2015 har det blitt løyvd om lag 5,6 mrd. kroner, som vil kunne utløyse investeringar for 7,4 mrd. kroner dersom prosjekta blir realiserte. Hydrogenproduksjon er også blant næringane som i dag kan motta CO2-kompensasjon. Trass i betydeleg offentleg støtte har det for mange av desse prosjekta vore krevjande å fatte investeringsbeslutning slik at dei kan realiserast. Årsaka er mellom anna høge kostnader og stor uvisse om den framtidige marknaden for hydrogen.

Internasjonalt har USA innført sterke verkemiddel for å fremme hydrogenproduksjon gjennom sin Inflation Reduction Act. Gjennom REPowerEU, EUs plan for å gjere Europa uavhengig av russisk gass, er det sett mål om produksjon av 10 mill. tonn fornybart hydrogen i EU innan 2030. Like mykje skal importerast frå utlandet. For å følge opp dette har EU etablert Hydrogenbanken, som skal medverke til å sette fart på overgangen til hydrogen, ammoniakk og andre derivat i Europa. Noreg har gode, naturgitte vilkår for produksjon av hydrogen, både med utgangspunkt i fornybar energi og basert på reformering av naturgass med CO2-handtering. Vi har i tillegg stor kompetanse i industri og akademia knytt til hydrogenproduksjon og i næringar der hydrogen har stort potensial for bruk. Samtidig har Europa eit stort importbehov for både norsk naturgass og fornybar kraft. Sjølv om Noreg har gode føresetnader for å ta posisjonar i ein hydrogenmarknad, inneber den norske satsinga på hydrogen også viktige avvegingar. Produksjon av hydrogen krev mellom anna store mengder fornybar kraft eller naturgass, og kompetent arbeidskraft og areal. Utvikling av hydrogenverdikjeder kan derfor legge beslag på knappe ressursar som også kan brukast av andre.

Noreg er leiande innanfor industrielle løysingar for fangst og lagring av CO2, og skal også utvikle og føre vidare dette arbeidet, som skaper moglegheiter for leverandørindustrien, og som kuttar dei globale klimagassutsleppa på ein kostnadseffektiv måte. Stadig fleire land satsar på CO2-handtering, inkludert gjennom støtteregime for fangstprosjekt. Dette gir teknologiutvikling, stordriftsfordelar og reduserte kostnader. Samtidig er fleire marknadssviktar og investeringsbarrierar framleis gjeldande. Europakommisjonen prioriterer temaet høgt og arbeider med ein strategi for industriell CO2-handtering. Norske CO2-lager kan ta imot store europeiske utslepp. Det er stor interesse frå industrielle aktørar for å utvikle kommersielle CO2-lagerprosjekt på norsk sokkel, og departementet deler ut leitelisensar fortløpande. CO2-handtering kan også stå sentralt når det gjeld å kutte norske utslepp, og departementet greier ut behov for endring av verkemiddelapparatet for å legge til rette for CO2-handtering innan avfallsforbrenning og i industrien. Langskip er under bygging og vil vere i drift i 2025. CO2-fangstanlegget på sementfabrikken til Heidelberg Materials i Brevik er meir enn 60 prosent ferdig bygd, og transport- og lagerløysinga til Northern Lights er meir enn 80 prosent ferdig bygd. Northern Lights har inngått den første bindande kommersielle avtalen med Ørsted, som vil fange CO2 frå biokraftvarmeverk i Danmark for permanent lagring i Noreg frå 2026. Departementet greier ut behov for endring av verkemiddelapparatet for å legge til rette for CO2-handtering av avfallsforbrenning og i industrien.

Leverandørindustrien i den norske fornybarnæringa har over tid hatt vekst i omsetninga, og dei internasjonale marknadene har stått for ein stor del. Ifølge rapporten Kartlegging av de norskbaserte næringene for fornybar energi, hydrogen og CO2-håndtering i 2021, utarbeidd av Multiconsult, gjeld dette for både havvind og solkraft, medan landbasert vindkraft i 2021 hadde redusert omsetning.

Det er i mange år satsa store offentlege ressursar på å utvikle ny kunnskap, ny teknologi og nye løysingar for å auke verdiskapinga og redusere klimagassutsleppa frå energi- og petroleumsverksemda. Denne langsiktige satsinga har blitt viktig for utviklinga av energi- og petroleumsnæringa i Noreg og mellom anna ført til at Noreg er verdsleiande innan anlegg for produksjon av olje og gass under vatn og innan teknologi og løysingar for CO2-handtering. Forskinga skal mellom anna bidra til å auke fornybar energiproduksjon og erstatte fossil energi med fornybare energikjelder og energiberarar som hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp. Forskinga skal også bidra til å redusere klimagassutsleppa frå produksjon og bruk av fossile energikjelder. Forskingsrådet har nyleg gjennomført ein analyse som viser at 68 prosent av petroleumsprosjekta som har fått støtte i perioden 2018 til 2021, utviklar kunnskap og teknologi som kan gi lågare utslepp av klimagassar.

Den norske satsinga på energiforsking harmonerer godt med satsinga i EU og elles i verda. Mission Innovation (MI) er eit av dei viktigaste internasjonale forskingssamarbeida Noreg er med i, forutan EU-samarbeidet. I MI fokuserer Noreg på utvikling av hydrogen som energiberar, fangst og lagring av CO2 og teknologi og løysingar for å redusere utslepp frå skip som går i utanriksfart.

Dei åtte miljøvennlege forskingssentera som blei tildelte støtte i 2016, avrundar verksemda si i 2014. Noregs forskingsråd har derfor utlyst nye forskingssenter i år. Dei nye forskingssentera vil bli utnemnde våren 2024.

Den langsiktige og omfattande satsinga på forsking og utvikling innan energi og petroleum har resultert i internasjonalt konkurransedyktige bedrifter og forskings- og teknologimiljø i Noreg. Norske universitet, institutt og bedrifter gjer det svært godt i energi-, miljø- og transportdelen av det europeiske forskingsprogrammet Horisont Europa. Per august 2023 er støtta til energiprosjekt med norsk deltaking på 65 mill. euro, og 29 prosent av alle søknader med norsk deltaking har fått støtte. Gjennomsnittet for alle land er 22 prosent.

Hovudmål innanfor klima, industri og teknologi

Regjeringa legg til rette for nye næringar som havvind, hydrogen og CO2-handtering som ein del av omstillinga av økonomien til eit lågutsleppssamfunn. Regjeringa vil legge til rette for at Noreg skal bidra aktivt til, og dra nytte av, den globale energiomstillinga som er nødvendig for at verda og Noreg når klimamåla.

Nye næringar baserte på energiressursane

Som ein del av arbeidet med å omstille økonomien har regjeringa lansert eit vegkart for grønt industriløft som skal bidra til å skape verdiar og lønnsame og attraktive jobbar i heile landet, auke dei grøne investeringane, styrke eksporten og kutte klimagassutsleppa. I vegkartet peikar regjeringa på fleire innsatsområde. Olje- og energidepartementet har eit særleg ansvar for arbeidet med hydrogen, havvind og CO2-handtering. Nok tilgang på kraft er også ein føresetnad for å lykkast med eit grønt industriløft.

Regjeringa har ein ambisjon om å bidra til å bygge opp ei samanhengande verdikjede for hydrogen produsert med låge eller ingen utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. Regjeringa ønsker også å bidra til utviklinga av ein marknad for hydrogen i Europa. Det finst i dag mange norske hydrogen- og ammoniakkprosjekt. Dei fleste er i startfasen og har mottatt støtte frå staten gjennom ulike ordningar. For å nå ambisjonane bidrar staten gjennom ei lang rekke verkemiddel, mellom anna støtte til forsking, teknologiutvikling og demonstrasjon og til etablering av knutepunkt og infrastruktur og gjennom krav til offentlege innkjøp.

Regjeringas mål for arbeidet med havvind er industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og at havvind skal bidra til større utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg. Regjeringa har ein ambisjon om å tildele areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040. Dei første prosjektområda for havvind på norsk sokkel blei lyste ut i første kvartal 2023. Regjeringa planlegg for neste utlysingsrunde av prosjektområde for havvind i 2025.

Regjeringa vil halde fram med å fremme CO2-fangst og -lagring som eit kostnadseffektivt klimatiltak i eit internasjonalt perspektiv. Langskip er ein sentral del av regjeringas politikk for CO2-handtering og ein del av Noregs bidrag til å utvikle nødvendige klimateknologiar. Regjeringa vil halde fram arbeidet med å fremme CO2-handtering som eit viktig bidrag til å nå klimamåla.

Energinæringane – eksport, forsking og utvikling

Forsking, teknologiutvikling og demonstrasjon skal bidra til større verdiskaping og sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av energi- og petroleumsressursane i eit lågutsleppssamfunn.

Regjeringa vil halde fram med å satse på energi- og petroleumsforsking mellom anna for å kunne nå måla om reduserte klimagassutslepp i Noreg i 2030 og 2050 og for å nå måla for omstilling, nye grøne næringar og større eksportinntekter. Vidare skal satsinga bidra til å vidareutvikle næringane og gjere dei lønnsame også i framtida. Satsinga skal også bidra til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om sikkerheit, sikring, arbeidsmiljø, arbeidshelse og risikoforhold i petroleumsnæringa. Forskingsinnsatsen og teknologiutviklinga har følgande delmål:

  • bidra til langsiktig kunnskaps- og teknologiutvikling

  • fremme konkurransedyktigheit og auka verdiskaping i energi- og petroleumsnæringane i Noreg

  • bidra med teknologi og løysingar som legg til rette for eit lågutsleppssamfunn innan 2050

  • bidra med ny kompetanse, teknologi og innovasjonar som forbetrar HMS og sikring i petroleumsnæringa

Forskingsinnsatsen og teknologiutviklinga skal ha føreseielege rammevilkår, vere langsiktig og samtidig tilpassingsdyktig til nye behov og endringar i samfunnet. Offentleg støtte skal forsterke og utløyse auka aktivitet i næringane si eiga satsing på FoU. Midlane skal gå til prosjekt med samfunnsøkonomisk nytte som ikkje ville blitt realiserte eller realiserte i mindre omfang utan støtte.

Regjeringa har som ein del av eksportløftet sett i verk tiltak som kan bidra til å nå målet om å auke eksporten utanom olje og gass. Innovasjon Noreg og Norwegian Energy Partners (NORWEP) er sentrale verkemiddel i denne satsinga.

Eit godt samarbeid på tvers av verkemiddelaktørane er nødvendig. Det er også sentralt at næringslivet sjølv held fram med å bidra både finansielt og med faglege ressursar, slik at innsatsen blir gjord ut frå dei samla marknadsprioriteringane til næringslivet.

Tabell 4.2 Oversikt over sentrale strategiar og verkemiddelaktørar

Verkemiddel

Formål

Energi21

Gjennom ein eigen strategi gir Energi21 råd om tematisk og finansiell satsing på forsking og innovasjon innan fornybar energi og klimavennlege energiteknologiar. Energi21 er eit permanent strategiorgan med eit eige, næringsdrive styre utnemnt av olje- og energiministeren.

OG21

Gjennom ein eigen strategi gir OG21 råd om prioriterte teknologiområde som vil vere avgjerande for den vidare utviklinga av petroleumsaktiviteten. OG21 er eit permanent strategiorgan med eit eige, næringsdrive styre utnemnt av olje- og energiministeren.

Noregs forskingsråd

Ansvar for å auke kunnskapsgrunnlaget og bidra til å dekke behovet samfunnet har for forsking og teknologiutvikling, ved å fremme grunnleggande og anvend forsking og innovasjon. Forskingsrådet, som er underlagt Kunnskapsdepartementet, har fem mål:

  • auke den vitskaplege kvaliteten

  • auke verdiskapinga i næringslivet

  • møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd er omtalt i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2024.

Gassnova SF

Fremme teknologiutvikling og kompetanseoppbygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for fangst, transport og geologisk lagring av CO2.

Nordisk Energiforsking

Støttar opp under det nordiske energisamarbeidet gjennom å finansiere og fremme nordisk forskingssamarbeid og skape eit forskingsbasert grunnlag for energipolitiske avgjerder. Nordisk Energiforsking blir finansiert i fellesskap av dei nordiske landa og er underlagd Nordisk ministerråd.

Teknologisenter Mongstad

Bidra til teknologiutvikling og kvalifisering av teknologi for større utbreiing av CO2-fangst globalt og for reduksjon i kostnader og risiko ved fullskala CO2-fangst.

Langskip

Demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg, og i tillegg legge til rette for læring og kostnadsreduksjonar for etterfølgande prosjekt i Europa og verda.

Norwegian Energy Partners

Styrke det langsiktige grunnlaget for norsk verdiskaping og sysselsetting i energirelaterte verksemder ved å legge til rette for internasjonal forretningsutvikling.

Nasjonalt eksportråd

Bidra til å samle dei ulike verkemiddelaktørane som jobbar med eksportnæringane, gi innspel til større satsingar på eksportfremme og gi regjeringa råd om ei strategisk innretning på eksportarbeidet. Rådet består av representantar frå næringslivet og partane i arbeidslivet.

Team Norway

Nettverksbasert samarbeid mellom ulike offentlege og private aktørar som jobbar for å fremme norske næringsinteresser internasjonalt.

Olje- og energidepartementets mål og oppgåver

Departementet vil i 2024 arbeide med å følge opp regjeringas politikk for klima, industri og teknologi innanfor ansvarsområda til Olje- og energidepartementet, jf. Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser. Satsingane på vindkraft til havs, hydrogen og CO2-handtering står sentralt i denne samanhengen.

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge klima- og miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljømåla og dei internasjonale forpliktingane under mellom anna Parisavtalen og FNs berekraftsmål. Gjennom Parisavtalen har Noreg mål om å redusere utsleppa av klimagassar med 55 prosent i 2030 samanlikna med 1990-nivået. Olje- og energidepartementet har ansvar for å sette i verk tiltak på sine område. Arbeidet med lågutsleppshydrogen, CO2-handtering og havvind og satsinga på forsking og utvikling er sentrale delar av regjeringas arbeid for å nå desse måla.

Havvind

Regjeringa har ein ambisjon om å tildele areal med kapasitet til 30 GW havvind på norsk sokkel innan 2040. Departementet vil arbeide for at satsinga bidrar til industriutvikling, tilrettelegging for innovasjon og teknologiutvikling og til større utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg, i tråd med måla til regjeringa.

I 2024 planlegg departementet å tildele dei første prosjektområda for havvind i Noreg. Departementet vil gjennomføre ei evaluering av den første tildelingsrunden og førebu havvindutlysinga som er planlagd i 2025. Departementet vil følge opp styrkinga av energimyndigheitene når det gjeld arbeidet med havvind, under dette strategisk konsekvensutgreiing og natur- og miljøkartlegging.

Departementet vil halde fram med å vere ein aktiv deltakar i Nordsjøsamarbeidet (NSEC), som er ein sentral arena for samarbeid om utvikling av havvind i Nordsjøbassenget. Departementet har også dialog med myndigheitene i andre land og EU om utviklinga av havvind og regelverk for havvind.

Departementet vil i samarbeid med NORWEP arbeide for å realisere vekstpotensialet innan internasjonal omsetning og eksport av norske havvindløysingar.

CO2-handtering

Olje- og energidepartementet skal legge til rette for utvikling av teknologi for fangst, transport og geologisk lagring eller alternativ bruk av CO2 som reduserer utslepp av klimagassar og bidrar til utbreiing av CO2-handtering internasjonalt.

Departementet skal, saman med utanrikstenesta, andre departement, Noregs forskingsråd og Gassnova, arbeide for å fremme fangst og lagring av CO2 internasjonalt. Departementet skal arbeide tett med EU og delta i internasjonalt samarbeid for å dele kunnskap om CO2-handtering og bidra til utviklinga av rammer og regelverk for fangst og lagring av CO2.

Departementet vil i 2024 halde fram med å følge opp Langskip og arbeidet med å realisere gevinstar frå prosjekta. Langskip er venta å starte fangst av CO2 frå sementfabrikken til Heidelberg Materials i Brevik i 2025. Transport- og lagerprosjektet Northern Lights er venta å vere klart for å ta imot CO2 i 2024. CO2-fangstprosjektet til Hafslund Oslo Celsio er sett på vent for arbeide med å redusere kostnadene. Selskapet arbeider mot ei avgjerd om vidareføring i 2024.

Departementet vil legge fram ei utgreiing om verkemiddel for CO2-handtering ved avfallsforbrenning og i industrien. Målet med utgreiinga er å få eit betre kunnskapsgrunnlag om verkemiddel som kan legge til rette for CO2-handtering ved avfallsforbrenning og i industrien. Utgreiinga vil ta for seg heile CO2-handteringskjeda.

Teknologisenteret på Mongstad (TCM) er verdas største og mest fleksible testsenter for CO2-fangstteknologi. Deltakaravtalen for drift av TCM varer ut 2023. Gassnova forhandlar på vegner av staten med dei industrielle eigarane, Shell, Equinor og Total, om ei forlenging av avtalen. Ved forlenging av avtalen vil departementet følge opp Gassnova og arbeidet til dei industrielle eigarane med å lage ein plan for å etablere ein langsiktig og berekraftig forretningsmodell for teknologisenteret.

Hydrogen

Olje- og energidepartementet skal følge opp regjeringas satsing på hydrogen. Dette inneber nær kontakt med eit breitt verkemiddelapparat og samarbeid med ei rekke andre departement. Den eksterne utgreiinga3, utført på oppdrag frå departementet, av verkemiddelapparatet for hydrogen som blei ferdigstilt i 2023, vil vere ein del av det faglege underlaget for det vidare arbeidet med hydrogen i den vidare oppfølginga frå departementet. Utgreiinga om verkemiddel viser at Noreg har gode føresetnader for å ta posisjonar i ein framtidig marknad for hydrogen i Europa. Samtidig står utvikling av hydrogenverdikjeder i eit konkurranseforhold til utviklinga av annan grøn industri eller verksemd i Noreg. Produksjon av hydrogen krev store mengder fornybar kraft eller naturgass, tilgang på kompetent arbeidskraft og eigna areal som også kan brukast av andre grøne næringar.

Departementet følger utviklinga og deltar i relevante internasjonale samarbeidsforum og -avtalar for hydrogen, både i Nordisk ministerråd, i ulike samanhengar i EU, i multinasjonale avtalar som International Partnership for Hydrogen and Fuel Cells in the Economy (IPHE) og Mission Innovation, og i samarbeid med relevante land. Mellom anna vil departementet følge opp hydrogensamarbeidet med Tyskland under den tysk-norske energi- og industridialogen tett i 2024. Ein viktig del av dette arbeidet vil skje gjennom ei tysk-norsk arbeidsgruppe etablert i 2023.

Departementet vil også følge opp EU-kommisjonens arbeid med å etablere eit nytt verkemiddel for fornybart hydrogen under EUs innovasjonsfond – Den europeiske hydrogenbanken. Gjennom auksjonar vil hydrogenbanken tildele produksjonsstøtte til hydrogenprodusentar i inntil ti år. Regjeringa tar sikte på at norske aktørar så tidleg som mogleg vil kunne delta i dei kommande hydrogenauksjonane. Den første auksjonen vil gi tiårig støtte og skal etter planen gjennomførast i slutten av 2023 med eit budsjett på 800 mill. euro.

Forsking og teknologiutvikling

Olje- og energidepartementet er det tredje største sektordepartementet som løyver midlar til Noregs forskingsråd. Departementet vil i forvaltninga av midlane til Forskingsrådet følge opp Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Langtidsplanen inneheld tre mål og seks prioriterte område for tiårsperioden.

Departementet vil føre vidare etablert forvaltning av FoU-løyvingane gjennom Noregs forskingsråd og Gassnova SF. Departementet deltar i program- og porteføljestyra, der konkurranseutsetting av forskingsmidlar står sentralt.

FoU-strategiane OG21 og Energi21 gir eit godt og samlande grunnlag for ei heilskapleg og langsiktig prioritering av satsinga innanfor energi- og petroleumsforsking. Departementet vil følge arbeidet i dei departementsutnemnde styra for OG21 og Energi21 og gjennom tildelingsbrev sjå til at prioriteringane i strategiane blir varetatt gjennom verksemda til Forskingsrådet og Gassnova.

Departementet vil følge aktiviteten ved Forskingssentera for miljøvennleg energi (FME) og Forskingssenter for petroleum (PETROSENTER). Dette er konsentrerte og langsiktige satsingar på nye energi- og petroleumsteknologiar, der forsking og teknologiutvikling skjer i eit tett samarbeid mellom forskingsmiljø, næringsliv og forvaltning. Åtte av dagens teknologiske FME-ar varer til 2024. I 2024 vil departementet ha særleg merksemd på Forskingsrådets arbeid med å tildele nye teknologiske FME-ar og oppstart av desse.

Departementet vil føre vidare FoU-innsatsen innan helse, miljø, sikkerheit og sikring i petroleumsnæringa. Innsatsen skal bidra til grunnleggande og anvend forsking med sikte på ny kompetanse, teknologi og innovasjon som bidrar til å forhindre storulykker og forbetre HMS og sikring i petroleumsnæringa. Eit mest mogleg relevant kunnskapsgrunnlag er avgjerande for å halde oppe det høge nivået på HMS og sikring i næringa.

Departementet er engasjert i ei rekke internasjonale samarbeidsforum retta mot energi- og petroleumsforsking. Departementet er opptatt av at dei norske energiaktørane lykkast med deltakinga i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa (2021–2027). Departementet legg til rette for dette gjennom deltaking i relevante komitear og møteplassar nasjonalt og i EU, inklusiv styringsgruppa for SET-planen (EUs Strategic Energy Technology Plan). Departementet finansierer også verkemiddel i Noregs forskingsråd som skal styrke deltakinga i og påverke innretninga av EUs forskings- og innovasjonssatsing i tråd med norske interesser.

Departementet deltar også på andre internasjonale samarbeidsarenaer for FoU, som Det internasjonale energibyrået (IEA), Mission Innovation og Nordisk Energiforsking. Dessutan følger departementet opp ulike bilaterale FoU-samarbeid, i første rekke med USA og Brasil.

Næringsutvikling og internasjonalisering

Departementets arbeid med næringsutvikling og internasjonalisering skal støtte opp under utviklinga av konkurransekraft for industrien, både i Noreg og i internasjonale marknader. Norske selskap innan energinæringane har gode føresetnader for å delta i dei globale marknadane for lågutsleppsløysingar. Teknologioverføringar mellom næringane, høg grad av digitalisering, høg grad av næringsretta forsking og eit fleksibelt næringsliv med høg kompetanse er alle viktige faktorar for å halde oppe konkurransekrafta.

Å støtte norske selskap internasjonalt bidrar til at dei kan lykkast i internasjonale marknader, og medverke til å gi norsk eksport fleire bein å stå på. Dette er viktig for sysselsetting og verdiskaping over heile landet. Olje- og energidepartementet følger derfor opp energinæringane i dette arbeidet og deltar i regjeringas eksportsatsing saman med andre verkemiddelaktørar.

Departementet arbeider for eit høgt nivå på verdiskaping, sysselsetting og kompetanse i petroleums- og energinæringane. Departementet held fram med å utvikle eit fagleg sterkt og relevant verkemiddelapparat og ei næringsretta energiforsking. Departementet skal halde fram med å bidra til konkurransekrafta i petroleums- og energinæringane både heime og i globale marknader. Departementet vil i tillegg arbeide for å realisere potensialet for omstilling og kompetanseoverføring gjennom eit tett samspel mellom petroleumsnæringar, fornybarnæringar og maritime næringar. Målet er å auke konkurransekrafta internasjonalt og med det også å auke eksporten frå næringane.

Det er nødvendig at norske myndigheiter målrettar bruken av dei samla ressursane i det norske verkemiddelapparatet. Dette blir gjort i nært samarbeid med aktørar innanfor Team Norway og med Nasjonalt eksportråd.

Olje- og energidepartementets resultater for 2022

Havvind

Arbeidet med havvind i Olje- og energidepartementet blei styrkt med oppretting av ein eigen seksjon for vindkraft til havs og fleire årsverk i 2022. Den nyoppretta seksjonen arbeidde i 2022 med å legge rammene for utlysing av dei første prosjektområda for havvind. Som førebuing til utlysing har departementet hatt tett dialog med aktørar frå havvindnæringa, tilknytte næringar, og andre interessegrupper til havs. I desember 2022 sende departementet på høyring forslag til prekvalifiseringskriterium og auksjonsmodell for Sørlege Nordsjø II og forslag til kvalitative kriterium og støtteordning for Utsira Nord på høyring. Prosjektområda blei lyst ut i første kvartal 2023.

Hausten 2022 etablerte olje- og energiministeren tre arbeidsgrupper under Samarbeidsforum for havvind. Dei tre arbeidsgruppene er Sameksistensgruppa, Arbeidsgruppa for infrastruktur og nett til havs samt arbeidsgruppa for industri- og teknologiutvikling.

CO2-handtering

Departementet følgde opp regjeringas strategi for arbeidet med CO2-handtering. I desember 2022 rapporterte Heidelberg Materials (tidlegare Norcem) og Northern Lights at prosjekta var høvesvis 50 prosent og 76 prosent ferdigstilte.

Sjå kap. 1850, post 72 for nærmare omtale av Langskip, og resultater for 2022.

Departementet varetok eigaroppfølginga av Gassnova SF, medrekna oppfølging av eigarinteressene til staten i Teknologisenter Mongstad.

Departementet bidrog gjennom arbeidet sitt i 2022 til å legge til rette for utnytting av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til miljøsikker lagring av CO2 som eit tiltak for å motverke klimaendringar.

Departementet fekk i 2022 søknader knytte til injeksjon og lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel på to område. I april blei det kunngjort eit område for lagring av CO2 med søknadsfrist i juni. I november blei eit leiteløyve tildelt til to selskap. I november blei enda eit område kunngjort med søknadsfrist i januar 2023.

Departementet har i 2022 følgt opp Northern Lights sitt arbeid med utbyggingsprosjektet etter at PUD for fase 1 blei godkjend i 2021. Lageret er venta å vere klart for mottak av CO2 i 2024.

Olje- og energidepartementet arbeider saman med andre departement og utanriksapparatet om å fremme fangst og lagring av CO2 internasjonalt. Eksport og import av CO2 krev at dei involverte landa inngår ein bilateral avtale, eller arrangement, i tråd med krava i Londonprotokollen. I 2022 har departementet arbeidd med å legge til rette for å regulere import av CO2 for permanent geologisk lagring i Noreg.

Noreg samarbeider tett med EU og deltar i fleire forum og arbeidsgrupper om CO2-handtering.

Hydrogen

Departementet innleia i 2022 arbeidet med ei ekstern utgreiing av korleis staten kan medverke til å bygge opp ei heilskapleg verdikjede for hydrogen produsert utan eller med låge utslepp. Utgreiinga, blei gjennomført av Oslo Economics, Sintef og Greensight.

Myndigheitene støttar utviklinga av hydrogen gjennom det etablerte verkemiddelapparatet. HEILO-samarbeidet koordinerer aktivitetane til verkemiddelaktørane (Forskningsrådet, Enova, Innovasjon Noreg og Gassnova) knytte til hydrogen. Desse aktørane har i 2022 løyvd og gitt tilsegn om over 2 mrd. kroner til hydrogenformål. Desse midlane vil kunne utløyse meir enn 2,7 mrd. kroner frå næringslivet til desse prosjekta.

I tillegg til å delta i relevante internasjonale samarbeidsforum og -avtalar for hydrogen har departementet mellom anna også følgt opp hydrogensamarbeidet med Tyskland under den tysk-norske energi- og industridialogen som blei etablert av forbundskanslar Scholz og statsminister Støre i januar 2022.

Forsking og teknologiutvikling

Olje- og energidepartementet har, i tett samarbeid med Forskingsrådet, arbeidd for å styrke kompetansen og innovasjonsevna innanfor energi- og petroleumssektorane.

Arbeidet i FoU-strategiane OG21 og Energi21 blei følgt opp av departementet, mellom anna gjennom observatørrolla i dei departementsutnemnde strategistyra. Styret for Energi21 overrekte sin nye strategi til olje- og energiministeren i juni 2022. Departementet har bidratt til å gjere tilrådingane og prioriteringane frå OG21 og Energi21 kjende i relevante samanhengar.

Departementet har deltatt som observatør i Noregs forskingsråds porteføljestyrer. I tillegg har departementet følgt utviklinga i dei tre forskingssentera for petroleum (PETROSENTER), og aktiviteten i dei 13 forskingssentera for miljøvennleg energi (FME), inklusive dei to nye FME-ane på hydrogen som starta opp i 2022.

Departementet har deltatt som observatør i programstyret for CLIMIT, som er utnemnt av olje- og energiministeren. CLIMIT er Forskingsrådet og Gassnovas felles program for forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2-handteringsteknologiar.

Departementet har deltatt i internasjonale forum for FoU-samarbeid innanfor energi- og petroleumsområdet, hovudsakleg innanfor EU-samarbeidet, IEA og i Nordisk energiforsking. På EU-arenaen har departementet engasjert seg i arbeidet i EUs Strategic Energy Technology Plan (SET-planen), i første rekke gjennom å delta i styringsgruppa og den underliggande arbeidsgruppa for CO2-handtering. Noreg, ved Olje- og energidepartementet, leiar arbeidsgruppa saman med Nederland.

Departementet har også deltatt i arbeid knytt til programkomiteen for Klima, energi og mobilitet i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa (2021–2027). Mellom anna har departementet arbeidd saman med Noregs forskingsråd med å gi innspel til innretninga av arbeidsprogramma for Horisont Europa i tråd med norske interesser.

Innanfor IEA-samarbeidet har departementet i samarbeid med Forskingsrådet vore engasjert i dei teknologisk retta styringsgruppene i IEA og i samarbeidsprogrammet Gas and Oil Technologies Collaboration Programme. Departementet har også i 2022, saman med Forskingsrådet, deltatt i oppfølginga av Nordisk Energiforsking og av Mission Innovation (MI), eit globalt samarbeidsinitiativ for å akselerere utbreiinga av nye energiteknologiar, der det var eit ministermøte i september 2022.

Pandemien førte også i 2022 til at det internasjonale FoU-samarbeidet var krevjande, og generelt har aktivitetsnivået vore lågare enn normalt. Likevel har arbeidet med det bilaterale forskings- og teknologisamarbeidet innan olje og gass mellom Brasil og Noreg blitt ført vidare gjennom arbeid med felles utlysing av midlar til forskingsprosjekt. Norske universitet, forskingsinstitutt og norsk industri deltar i dette samarbeidet.

Næringsutvikling og internasjonalisering

Som ledd i departementets kunnskapsinnhenting blei det gjennomført ei rekke møte med ulike aktørar innanfor petroleums- og energinæringane, deriblant bedrifter, relevante interesseorganisasjonar, NORWEP, andre verkemiddelaktørar, og forskingsinstitutta. Departementet opprettheldt også kontakt med utanlandske aktørar, mellom andre relevante myndigheiter, både gjennom utanlandske besøk i Noreg og gjennom besøk til utlandet. Det blei i 2022 også gjennomført to studiar av internasjonal omsetning og sysselsetting i petroleumsnæringa og i næringane knytte til fornybar energi, CO2-handtering og hydrogen. Dette gav viktig innsikt i korleis næringane blir påverka av marknadssituasjonen nasjonalt og internasjonalt, og trendane framover. Departementet deltok aktivt i Team Norway og i arbeidet med regjeringas eksportsatsing gjennom Nasjonalt eksportråd.

Kap. 1850 Klima, industri og teknologi

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 20221

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Spesielle driftsutgifter

81 000

50

Noregs forskingsråd og Gassnova – forsking og teknologiutvikling for framtidas energisystem

993 500

1 008 200

70

Gassnova SF

97 500

106 800

71

Teknologisenter Mongstad

161 000

90 000

72

Langskip – fangst og lagring av CO2, kan overførast

3 580 000

2 600 000

75

Norwegian Energy Partners

34 500

26 400

Sum kap. 1850

4 866 500

3 912 400

1 Rekneskap 2022 for tidlegare kapittel og postar går fram av tabell under punkt 2 i Del I i proposisjonen.

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei post 70 auka med 7,083 mill. kroner og post 75 med 0,737 mill. kroner. Vidare blei post 50 redusert med 0,026 mill. kroner og post 72 med 300 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det blir foreslått ei løyving på 81 mill. kroner til arbeid med havvind, førebuing av havvindutlysing i 2025 og NVEs arbeid med strategisk konsekvensutgreiing. Løyvinga skal vidare dekke utgifter til feltundersøkingar som aukar kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø i dei områda som er aktuelle for utlysing i 2025.

Regjeringas ambisjon om å tildele areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040 føreset tilgang på nytt areal, utlysingar og tildelingar av prosjektområde med jamne mellomrom.

Neste utlysing av areal til havvind er planlagd i 2025. NVE leverte i 2023, saman med ei direktoratsgruppe, forslag til 20 område som kan eigne seg for vindkraft til havs. Departementet inkluderer alle 20 områda i det videre arbeidet og har bedt NVE om å greie ut Vestavind B saman med Vestavind F og Sørvest F med sikte på utlysing i 2025, medan dei resterande 17 områda blir utgreidde med sikte på eventuell opning og tildeling i seinare tildelingsrundar. Regjeringa ønsker å utvikle havvind i alle dei norske havområda, og i det vidare utgreiingsarbeidet vil det derfor inngå område langs heile den norske kysten.

Arbeidet med å legge til rette for havvind krev omfattande undersøkingar, fagutgreiingar og anna utgreiing med ulike typar ekstern bistand. Dette omfattar også bistand til utvikling av det regulatoriske rammeverket for havvind, arbeid med auksjonsmodell, evaluering og anna førebuing av havvindutlysing i 2025.

Som ein del av opningsprosessen, ein heilskapleg plan for naturkartlegging og mellom anna førebuing til havvindutlysinga i 2025 foreslår Olje- og energidepartementet å gjennomføre feltundersøkingar som aukar kunnskapsnivået om naturmangfald og miljø mellom anna i dei områda som er aktuelle for utlysing i 2025. Undersøkingane vil dekke naturmangfald over vatn, på sjøbotnen og i havkolonnen. Havforskingsinstituttet og MAREANO-programmet er aktuelle aktørar som kan gjennomføre undersøkingar knytte til fisk og sjøpattedyr og kartlegge botnsamfunn.

Undersøkingar som gjeld fugl, blir gjennomførte av sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK gjennom ei øyremerkt løyving på 22 mill. kroner til Forskingsrådet, jf. nærmare omtale under kap. 1850, post 50.

Post 50 Noregs forskingsråd og Gassnova – forsking og teknologiutvikling for framtidas energisystem

Det blir foreslått ei løyving på 1 008,2 mill. kroner til relevante program i Noregs forskingsråd og Gassnova SF, i tillegg til bidrag til internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid.

Auken frå Saldert budsjett 2023 har i hovudsak samanheng med overføring av midlar frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til forsking på helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda gjennom programmet PETROMAKS 2.

Tabell 4.3 Forslag til løyving under kap. 1850, post 50, fordelt på tema

(i 1 000 kroner)

Tema

Forvaltar(ar)

Program/ verkemiddel

Rekneskap 20221

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Ny klimavennleg teknologi

Forskingsrådet Gassnova SF

ENERGIX FME CLIMIT

741 403

731 000

716 200

Petroleum på veg mot nullutsleppssamfunnet

Forskingsrådet

PETROMAKS 2 DEMO 2000 PETROSENTER

347 978

230 000

250 000

Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid

Forskingsrådet

Nordisk Energiforsking PES2020 The International Ocean Discovery Program

22 320

19 500

20 000

Kartlegging av sjøfugl

Forskingsrådet

SEAPOP/SEATRACK

5 982

13 000

22 000

Sum

1 117 683

993 500

1 008 200

1 Tildelt frå kap. 1800, post 50, kap. 1830, post 50, 51 og 71, og kap. 1840, post 50 i 2022.

Midlar til drift av Forskingsrådets verksemd og forskingsprogramma blir løyvde over Kunnskapsdepartementets kap. 285 Noregs forskingsråd, post 55 Verksemdskostnader.

Figur 4.1 viser dei mest sentrale verkemidla innanfor petroleum, energi og CO2-handtering. Enova SF, som ligg under Klima- og miljødepartementet, er tatt med for å illustrere heile innovasjonskjeda for energi- og klimateknologiar.

Figur 4.1 Verkemiddel innanfor petroleum, energi og CO2-handtering i innovasjonskjeda frå strategisk grunnforsking til og med pilotering/demonstrasjon

Figur 4.1 Verkemiddel innanfor petroleum, energi og CO2-handtering i innovasjonskjeda frå strategisk grunnforsking til og med pilotering/demonstrasjon

Kjelde: Olje- og energidepartementet

Gjennom program og aktivitetar i Forskingsrådet, Gassnova SF og Nordisk Energiforsking blir langsiktig strategisk forsking, anvend forsking, teknologiutvikling, pilot- og demonstrasjonsprosjekt og samfunnsfagleg forsking innanfor energi, petroleum, CO2-handtering og hydrogen finansiert.

Konkurranseutsetting av forskingsmidlane står sentralt. Det sikrar kvalitet og relevans. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er ein integrert del av programma og verksemda.

Mål og aktivitetar

Ny klimavennleg energiteknologi

Energi21 er Noregs nasjonale strategi for forsking, utvikling og kommersialisering av ny klimavennleg energiteknologi og har mandatet sitt frå Olje- og energidepartementet. Målet er auka verdiskaping og effektiv ressursutnytting i energisektoren gjennom satsing på forsking og innovasjon. Energi21 gir råd til departementet om innretning og prioritering av forskings- og utviklingsinnsatsen som bør gjennomførast. Strategien skal bidra til eit meir samordna og større engasjement i næringslivet når det gjeld forsking, teknologiutvikling, demonstrasjon og kommersialisering av klimavennleg energiteknologi for heile energisektoren, inkludert stasjonære formål og transport. Energi21 skal også vere retta mot kunnskapsoppbygging som kan gjere Noreg til ein viktig leverandør av miljøvennlege energiløysingar, systemtenester, kunnskap og teknologi internasjonalt.

Med utgangspunkt i visjonen «Vidareutvikle Europas beste energisystem», peikar Energi21 på dei tre viktigaste føresetnadene for å oppnå visjonen i strategien:

  1. avkarbonisering av transport og industri

  2. sikker, konkurransedyktig og miljøvennleg energiforsyning

  3. utvikling av nye grøne industriar og marine energiteknologiar

Strategien trekker fram åtte prioriterte satsingsområde: havvind, hydrogen, solenergi, CO2-handtering, batteri og vasskraft, og dessutan satsingsområda «Integrerte og effektive energisystem» og «Energimarknader og regulering», som blir løfta fram spesielt. Området «Integrerte og effektive energisystem» er berebjelken i den grøne omstillinga i samfunnet. Området har mykje å seie for framtidig forsyningssikkerheit, integrasjon av klimavennlege løysingar og verdiskaping i samfunnet, i tillegg til berekraftig energiforsyning. Satsingsområdet «Energimarknader og regulering» omfattar problemstillingar innan samfunnskunnskap, marknadsdesign, juridisk tematikk og regulering.

Plasseringa av Energi21 i forskings- og innovasjonssystemet under Olje- og energidepartementet er illustrert i figur 4.1. Med bakgrunn i utviklinga til energisystemet og auka sektorkopling er det behov for finansiering og verkemiddel frå fleire departement til energiområdet.

Tabell 4.4 Program og verkemiddel som skal bidra til å nå måla i Energi21-strategien

Program/verkemiddel

Om

ENERGIX – utvikling av eit heilskapleg energisystem

Programmet støttar ei langsiktig og berekraftig utvikling av energisystemet og skal bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Programmet femner breitt og dekker alle bransjar, næringar og samfunnssektorar som produserer varme eller elektrisitet, utviklar og driftar infrastruktur for energidistribusjon, bruker fornybar energi og utviklar og nyttar kunnskap og løysingar for redusert energibruk eller omlegging til fornybar energibruk i bygg, område, transport og industri. Målet er at Noreg har nok fornybar energi og eit sikkert, robust og fleksibelt energisystem, at samfunnet er klimanøytralt og tar vare på naturmangfald, og at omstillinga skjer kunnskapsbasert, inkluderande og rettferdig. Satsinga skal også bidra til at vitskaplege miljø innanfor energi og transport er relevante og framifrå. Satsinga gjer bruk av eit breitt spekter av søknadstypar i heile innovasjonskjeda frå grunnleggande energiforsking til innovasjonsprosjekt. Ein stor del av innsatsen blir retta mot innovasjon og kunnskapsbygging som er relevant for næringslivet, for å sikre at eksisterande og nytt næringsliv innan energi er konkurranse- og omstillingsdyktig.

Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME)

Sentera arbeider med forsking som er retta mot fornybar energi, energieffektivisering, CO2-handtering og samfunnsvitskaplege problemstillingar som er relaterte til energiomstilling. Forskinga skjer i eit tett samarbeid mellom forskingsmiljø, næringsliv og forvaltning. Sentera gir brukarpartnarane høve til langtidsperspektiv, kontinuitet og risikoavlasting i satsinga på forsking. For forskingsmiljøa gir sentera høve til langsiktig kompetanseoppbygging gjennom forsking på eit høgt internasjonalt nivå i nært samarbeid med brukarar av forskingsresultata. Prosjekt ved dei ulike sentera kan også hente prosjektfinansiering frå CLIMIT og ENERGIX. Dette bidrar til god fleksibilitet og dynamikk i energiforskinga som blir finansiert av Forskingsrådet. Sjå tabell 4.5 for nærmare omtale av FME-ane.

PILOT-E

Finansieringstilbod til norsk næringsliv, etablert av Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova. Målet med ordninga er at heilt nye produkt og tenester innan miljøvennleg energiteknologi skal utviklast raskare. Dei skal også takast i bruk for å bidra til utsleppskutt både i Noreg og internasjonalt. PILOT-E følger opp aktørane gjennom heile teknologiutviklingsløpet – frå idé til marknad.

CLIMIT – Forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2-handteringsteknologi

Programmet skal bidra til å utvikle teknologi og løysingar for CO2-handtering og til å redusere kostnader og risiko for dei som tar teknologien i bruk. Det er konkretisert følgande satsingsområde:

  • avkarbonisering av industri- og energiressursar

  • storskala CO2-lager på norsk sokkel

  • nyskapande teknologiutvikling og løysingar for CO2-handtering

Programmet har stor internasjonal aktivitet, mellom anna gjennom det internasjonale samfinansieringsprogrammet Accelerating CCS Technologies (ACT) og Clean Energy Transition Partnership (CETP). Programmet er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, som handterer FoU-delen, og Gassnova, som handterer demonstrasjonsdelen. Programmet har felles sekretariat og programstyre.

HEILO på hydrogen, havvind og CO2-handtering

Samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Gassnova og Enova som skal bidra til betre samkøyring og koordinering av verkemidla og aktivitetane til aktørane. Gjennom verkemiddelapparatet blir det finansiert prosjekt langs heile verdikjedene og i heile spennet frå grunnforsking til utvikling, innovasjon og marknadsintroduksjon. HEILO gir ei oversikt over prosjekt som har fått støtte gjennom verkemiddelapparatet i dei ulike teknologiområda.

Meir informasjon om programma finst på forskningsradet.no, innovasjonnorge.no, gassnova.no og enova.no.

Tabell 4.5 Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME)

Namn

Om

Vertskap

Avtaleperiode

Norwegian CCS Research Centre (NCCS)

Forskingssenter som skal utvikle ny teknologi og bidra til at CO2-handtering blir tatt raskere i bruk.

SINTEF Energi

2016–2024

Zero Emission Neighbourhoods in Smart Cities (ZEN)

Forskingssenter for nullutsleppsområde i smarte byar som skal utvikle berekraftige og energioptimale nabolag med null utslepp av drivhusgassar.

NTNU

2016–2024

Centre for an Energy Efficient and Competitive Industry for the Future (HighEFF)

Forskingssenter for framtidas energieffektive og konkurransekraftige industri som skal sjå på utvikling og demonstrasjon av teknologiar som kan forbetre energieffektiviteten og redusere utslepp frå industrien.

SINTEF Energi og NTNU

2016–2024

Mobility Zero Emission Energy Systems (MoZEES)

Forskingssenter for nullutsleppstransport som skal bidra til utvikling av nye batteri- og hydrogenmateriale, komponentar og system for eksisterande og framtidige applikasjonar innan transportsektoren (veg, bane, sjø).

IFE

2017–2024

Norwegian Centre for Sustainable Bio-based Fuels and Energy (Bio4Fuels)

Forskingssenter for berekraftig biodrivstoff som skal bidra til å redusere klimagassutslepp frå transportsektoren ved å realisere berekraftig og økonomisk norsk produksjon av biodrivstoff.

NMBU

2017–2025

Research Centre for Sustainable Solar Cell Technologies (SUSOLTECH)

Forskingssenter for berekraftig solcelleteknologi som skal bidra til utvikling av kostnadseffektiv produksjon av materiale til solcelleindustrien.

IFE

2017–2025

Norwegian Research Centre for Hydropower Technology (HydroCen)

Forskingssenter for vasskraftteknologi som skal bidra til vidareutvikling av vasskraft for at denne skal driftast enda meir fleksibelt og berekraftig i samvirke med sol- og vindkraft.

NTNU

2016–2024

Norwegian Research Centre on Wind Energy (NorthWind)

Forskingssenter for vindenergi som skal bidra til å redusere kostnadene ved vindkraft, legge til rette for berekraftig utvikling, skape arbeidsplassar og auke eksporten.

SINTEF Energi

2021–2029

Centre for Intelligent Electricity Distribution (CINELDI)

Forskingssenter for intelligente elektriske distribusjonsnett som skal bidra til modernisering og digitalisering av distribusjonsnettet for auka effektivitet, fleksibilitet og robustheit i møte med auka elektrifisering av samfunnet.

SINTEF Energi

2016–2024

INCLUsive Decarbonization and Energy Transition (INCLUDE)

Forskingssenter for sosialt inkluderande energiomstilling som skal skaffe kunnskap om korleis me kan realisere eit rettferdig lågutsleppssamfunn.

UiO

2019–2027

Norsk senter for energiomstillingsstrategiar (NTRANS)

Forskingssenter som skal forske på kva rolle energisystemet har i avkarbonisering av sektorar som energi, transport, industri, bygg og hushaldningar.

NTNU

2019–2027

HYDROGENi

Forskingssenter som skal bidra til FoU innan heile verdikjeda for hydrogen, inkludert kostnadseffektiv og skalerbar produksjon, transport og lagring i Noreg og Europa, sluttbruksteknologiar og sikkerheit og materialintegritet.

SINTEF Energi

2022–2030

Norwegian Centre for Hydrogen Research (HyValue)

Forskingssenter som mellom anna skal forske på metodar for produksjon av hydrogen og ammoniakk, løysingar for transport, lagring og fylling/bunkring av hydrogenbasert drivstoff, maritime verdikjeder og utvikling av en metodikk for å øke samfunnsmessig forankring.

NORCE

2022–2030

Meir informasjon om sentera finst på forskningsradet.no.

Petroleum på veg mot eit nullutsleppssamfunn

OG21 har mandatet sitt frå Olje- og energidepartementet. Formålet er å arbeide for effektiv, sikker og miljøvennleg verdiskaping frå norske olje- og gassressursar. Dette skal skje gjennom eit samordna engasjement i petroleumsklynga innanfor utdanning, forsking, teknologiutvikling, demonstrasjon og kommersialisering. OG21 skal inspirere til utvikling og bruk av ny og betre kompetanse og teknologi tilpassa eit energisystem i endring og målet om reduserte klimagassutslepp. OG21 samlar selskap, universitet, forskingsinstitutt, leverandørar, myndigheiter og offentlege organ i ein nasjonal strategi for petroleumsteknologi i Noreg.

OG21-strategien peikar på åtte teknologiområde der forsking, teknologiutvikling og innovasjon er spesielt viktig. Dette inkluderer forbetra undergrunnsforståing, kostnadseffektiv boring og nedstenging av brønnar, energieffektivitet og kostnadseffektiv elektrifisering, CO2-handtering, digitalisering og sikkerheit og arbeidsmiljø. Strategien peikar også på andre viktige teknologiområde der kompetansen frå petroleumsverksemda kan nyttast, slik som hydrogen og hydrogenberarar, flytande havvind og utvinning av mineral frå havbotnen.

Forskingsrådet rår over verkemiddel som skal bidra til å følge opp og realisere OG21-strategien. Dette er illustrert i figur 4.1. Forskingsrådet skal rette innsatsen mot å utvikle sektoren i retning nullutslepp samtidig med nødvendige tiltak for ei kostnadseffektiv utnytting av ressursane. Målet er ein utsleppsfri petroleumssektor i 2050 og, i takt med at særleg oljeproduksjonen blir redusert, å minimere det direkte og indirekte inntektstapet til staten ved den økonomiske omstillinga av Noreg.

Petroleumsforskinga finansiert gjennom Forskingsrådet er særleg retta mot leverandørindustrien og institutt og universitet som mottakarar av støtte. Ein analyse av petroleumsporteføljen i perioden 2018–2021 viser at meir enn 65 prosent av porteføljen består av prosjekt som har auka energieffektivitet og/eller lågutsleppsløysingar som prioriterte mål. Dessutan bidrar forskinga til betre ressursutnytting og høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel også framover, noko som sikrar fellesskapen inntekter, verdiskaping og arbeidsplassar. Løyvingane til Forskingsrådet utløyser også betydelege midlar frå forskingsaktørane og privat næringsliv og bidrar til å auke både forskingsinnsatsen og næringsrelevansen for prosjektporteføljen.

Tabell 4.6 Program og verkemiddel som skal bidra til å nå måla i OG21-strategien

Program/verkemiddel

Om

PETROMAKS 2

Bidra til auka verdiskaping og sikker, kostnadseffektiv og berekraftig utnytting av petroleumsressursane i eit lågutsleppssamfunn. Programmet er avgrensa til olje- og gassverksemd, og alle prosjekt i porteføljen skal ha kopling til problemstillingar knytte til petroleumsverksemda i opna område på norsk kontinentalsokkel og/eller sikkerheit på landanlegga i Noreg. Den samla aktiviteten dekker strategisk grunnforsking, kunnskaps- og kompetansebygging, forskarrekruttering, anvend forsking og teknologiutvikling. Programmet omfattar alle dei tematiske områda i porteføljeplanen for petroleum, og dei tematiske prioriteringane er i tråd med OG21-strategien.

DEMO 2000

Fremme langsiktig konkurransedyktigheit i petroleumsnæringa og lønnsam og berekraftig utvinning av ressursane på norsk sokkel i eit lågutsleppssamfunn også framover. Programmet bidrar med demonstrasjon og kvalifisering av ny teknologi og nye system i eit nært samarbeid mellom leverandørindustrien, energiselskap og forskingsinstitutt. Demonstrasjon og kvalifisering skal gjerast under realistiske vilkår offshore eller ved relevante anlegg på land. Den offentlege finansieringa gjennom DEMO 2000, som utgjer ein mindre del av den samla finansieringa for prosjekta, er ein viktig utløysande faktor for å modne ny teknologi fram til marknaden. Tematiske prioriteringar er i tråd med OG21-strategien.

PETROSENTER (Forskingssenter for petroleum)

Sentera skal gjennom fokusert og langsiktig forskingsinnsats på høgt internasjonalt nivå løyse utpeika utfordringar for utnytting av petroleumsressursane på norsk sokkel. Næringsretta forskarutdanning og langsiktig kompetansebygging står sentralt for sentera. Sentera utviklar kunnskap og teknologi som har stor betydning for verdiskaping og utnytting av gjenverande petroleumsressursar og bygger bru til framveksande næringar som hydrogen og CO2-lagring.

Meir informasjon om programma finst på forskningsradet.no.

Tabell 4.7 Forskingsenter for petroleum

Namn

Om

Vertskap

Avtaleperiode

Lågutsleppsenteret (Low Emission)

Bidra til å utvikle nye teknologiar og konsept for offshore energisystem, energieffektivisering og integrasjon av eksisterande infrastruktur for fornybar kraftproduksjonsteknologi for implementering på norsk sokkel.

SINTEF ENERGI

2019–2027

Senter for berekraftig utnytting av petroleumsressursar på norsk sokkel (NCS2030)

Bidra til å skape ei berekraftig verdikjede for hydrokarbonressursane ved utvikling av løysingar som maksimerer verdiskapinga av ressursane, samtidig som ein skal nå regjeringas mål om nullutslepp.

Universitetet i Stavanger

2022–2029

Senter for auka undergrunns- og reservoarforståing (CSSR)

Bidra til å sikre langsiktig verdi for petroleumsindustrien i overgangen til eit nytt energilandskap. Forståing av undergrunnen for energieffektiv utnytting av reservoaret og utvikling av ny kunnskap og digitale løysingar står sentralt.

NORCE

2022–2029

Meir informasjon om sentera finst på forskningsradet.no.

Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid

Deltaking i internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid på energi- og petroleumsområdet har høg prioritet og er eit viktig supplement til den nasjonale FoU-satsinga. Noreg deltar i samarbeidsaktivitetar i EU, gjennom Det internasjonale energibyrået (IEA) og på nordisk nivå. Noreg deltar også i bilateralt samarbeid med fleire land og i store fleirnasjonale samarbeidsforum.

Samarbeid på tvers av landegrenser er avgjerande, ikkje berre for å kunne halde eit høgt fagleg nivå i norske forskingsmiljø, men også av strategiske grunnar for å etablere kontaktar og alliansar med andre land. Deltaking i internasjonale prosjekt er kompetansebyggande og gir både fagleg og økonomisk draghjelp til å løyse sentrale forskingsoppgåver. Samtidig er internasjonalt samarbeid eit utstillingsvindauge for norske teknologi- og kunnskapsleverandørar og kan vere ein døropnar for nye marknader.

Forskingsrådet skal stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid innanfor EU, i fleirnasjonale samarbeidsforum som Mission Innovation og Nordisk Energiforsking og med prioriterte samarbeidsland som USA, Brasil og Canada, gjennom dei målretta aktivitetane innan energi- og petroleumsforskinga. Forskingssentera er også viktige kontaktpunkt for internasjonalt samarbeid generelt og bilateralt samarbeid spesielt. Gassnova skal bidra til utvikling av ny teknologi og tenestekonsept med kommersielt og internasjonalt potensial gjennom CLIMIT-Demo og støtter mellom anna internasjonale prosjekt innanfor CO2-handtering.

Samarbeidet på EU-arenaen er særleg viktig for norske forskingsaktørar og norsk næringsliv. Noreg har i fleire år gjort det svært godt innanfor energidelen av EUs rammeprogram Horisont Europa, med høg deltaking og godt tilslag i utlysingane til programmet. Innanfor petroleum har det vore ein relativt låg andel prosjekt som er blitt finansierte av EUs rammeprogram. Denne andelen har likevel auka noko dei siste åra, spesielt innanfor temaområdet reduksjon av klimagassar, energieffektivisering og miljø. Horisont Europa opnar også for støtte til forsking og utvikling på utvinning av mineral på havbotnen. Departementet har som mål at norske forskingsinstitusjonar og norsk næringsliv i større grad utnyttar moglegheitene Horisont Europa gir på desse områda.

For å stimulere til meir internasjonalt samarbeid har programmet PETROMAKS 2 gjennomført fleire fellesutlysingar med panoramalanda Russland og Brasil. Samarbeidet med Russland er stoppa som følge av sanksjonane mot landet. Samarbeidet med Brasil vil halde fram, og målet er å få til fleire felles utlysingar.

Tabell 4.8 Internasjonale forskingssamarbeid og deltaking i internasjonale fellesutlysingar

Program/verkemiddel

Om

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–2027)

Målet er å bidra til arbeidsplassar og økonomisk vekst i Europa, til å møte samfunnsutfordringar og til ein styrkt posisjon for Europa innan forsking, innovasjon og teknologi. Innanfor programdelen «Klima, energi og mobilitet» blir det gitt støtte til forsking og innovasjon innanfor mellom anna fornybare energiteknologiar, energibruk i bygg og industri, energilagring, CO2-handtering og nettinfrastruktur. Tematisk korresponderer desse områda godt med norske FoU-satsingar. Horisont Europa har ein stor portefølje av partnarskap innanfor energi og transport, mellom anna Clean Energy Transition Partnership (CETP), som er omtalt under.

Clean Energy Transition Partnership (CETP)

Dette er ein internasjonal partnarskap under Horisont Europa der om lag 50 nasjonale og regionale forskings- og innovasjonsprogram (FoUoI) i 30 land samarbeider. Partnarskapen har som mål å bidra til energiomstillinga gjennom auka FoUoI-innsats og planlegg årlege fellesutlysingar. I fellesutlysinga for 2023 er det forventa eit støttebeløp på over 120 mill. euro. CETP blir frå norsk side følgd opp av Forskingsrådet.

Det internasjonale energibyrået (IEA)

Organisasjon for nærmare 30 medlemsland som arbeider med styresmakter og industri for å skape ei sikker og berekraftig energiframtid for alle. IEA har oppretta ei rekke forskingsprogram knytte til ulike energitema. Noreg er medlem i rundt 20 samarbeidsprogram, som fordeler seg på områda sluttbrukarteknologiar, fornybare energiteknologiar, olje og gass og informasjonsutveksling. Deltakarane frå norsk side kan vere frå industrien, forskingsmiljøa eller myndigheitene, avhengig av aktivitetane i programma. Forskingsrådet er koordinator for dei norske forskingsaktivitetane.

Mission Innovation

Internasjonalt samarbeid med 23 deltakande land pluss EU-kommisjonen som har som mål å auke utviklinga og bruken av nye klimavennlege energiteknologiar. Gjennom Forskingsrådet og Gassnova bidrar Noreg aktivt i arbeidet innanfor dei prioriterte områda hydrogen, utsleppsfri maritim transport og CO2-handtering. Noreg er medleiar i Zero Emission Shipping Mission og medlem i Clean Hydrogen Mission og Carbon Dioxide Removal Mission.

Carbon Sequestration Leadership Forum (CSLF)

Internasjonalt initiativ for å fremme teknologiutvikling innan CO2-fangst og -lagring globalt. Forumet er etablert på ministernivå og inkluderer 23 medlemsland og EU-kommisjonen.

Memorandum of Understanding (MoU) mellom Noreg og USA

Dette er ein bilateral samarbeidsavtale innanfor energirelatert forsking og teknologi mellom Olje- og energidepartementet og det amerikanske energidepartementet. Samarbeidet er i hovudsak konsentrert om CO2-handtering og vasskraftforsking.

BN21 – Brazil-Norway in the 21st century

Eit samarbeid om forsking innan område som har gjensidig interesse. Særleg innan petroleumsforsking har dei to landa mange av dei same teknologiske utfordringane. Noregs forskingsråd og den brasilianske motparten, FINEP, har gjennomført fleire fellesutlysingar av forskingsmidlar.

The International Ocean Discovery Program

Eit marint geologisk forskingsprogram retta mellom anna mot forsking i arktiske område. Resultata frå ulike tokt er viktige referansar for både akademia og industrien i forståinga deira av den geologiske utviklinga av norsk sokkel. IODP blir avslutta i 2024, og finansiering av ein ny periode er under vurdering.

Kartlegging av sjøfugl

Det blir foreslått å løyve 22 mill. kroner til sjøfuglprogrammet SEAPOP (Seabird Population Management and Petroleum Operations), som skal gi betre kunnskap om utbreiing, tilstand og utvikling av norske sjøfuglbestandar i lys av menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona. Midlane skal særleg gå til supplerande undersøkingar om sjøfugl i område som er aktuelle for fornybar energiproduksjon til havs. Kartlegging av arealbruken til sjøfugl gjennom modulen SEATRACK (Seabird Tracking) er ein prioritert aktivitet.

Resultat 2022

Samla vurdering av måloppnåing:

  • Det blei etablert to nye FME-ar på hydrogen og hydrogenbaserte energiberarar. Sentera vil vere sentrale for at Noreg skal nå ambisjonen på hydrogenområdet.

  • Det er positiv utvikling i prosjektporteføljen på havvind, mellom anna som følge av stor aktivitet i FME NorthWind, som blei etablert i 2021, og som no er godt i gang.

  • Både på energi- og petroleumsområdet var program og forskingssenter tett integrerte, og det var gode vekselverknader mellom den breie og langsiktige satsinga i sentera og program som tar vare på fleksibilitet, dynamikk og dei industridrivne prosjekta.

  • Samarbeidet i verkemiddelapparatet var godt, og mange konkrete tiltak under Grøn vekst-avtalen blei vidareutvikla. Mellom anna blei det etablert HEILO på havvind.

  • Norske miljø innanfor energiforsking oppnådde også i 2022 svært god retur frå EUs rammeprogram, og energi er blant områda med høgast retur.

  • FoU-prosjekta som blei finansierte gjennom EUs ACT-program for CO2-handtering, har lukka fleire kunnskapshol og levert resultat som er viktige for etablering av fullskala CO2-handteringsprosjekt i Europa.

  • To nye PETROSENTER hadde sine første år med aktivitet, og senteret for lågutslepp har blitt midtvegsevaluert. Sentera bidrar til ei forsvarleg forvaltning av dei norske petroleumsressursane i opna område og til reduksjon av klimagassutslepp.

  • Eit nytt internasjonalt samarbeid gjennom EU Joint Programming Initiative (JPI) Oceans gir meir kunnskap om effektar frå støy i havet relatert til energi- og petroleumsaktivitetar.

  • Utlysingane innan petroleum har særleg prioritert å bidra til å nå målet til sektoren om reduksjon av klimagassutslepp. Ein ny analyse i 2022 viser at størsteparten (68 prosent) av petroleumsporteføljen frå 2018 til 2021 kan gi effektar som bidrar til å nå klimamåla.

Ny klimavennleg energiteknologi

Forskingsrådets målretta satsingar innan ny klimavennleg energiteknologi omfatta i 2022 ENERGIX, Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) og Forsking, utvikling og demonstrasjon av CO2-handteringsteknologi (CLIMIT). Det inkluderer også ei særskild satsing på infrastruktur og marknadsutvikling for hydrogen.

Forbruk i porteføljen over tid fordelt på temaområde er vist i figur 4.2. Den tydelegaste endringa i perioden er at den relative satsinga på hydrogen og batteri/elektrifisering av transport har auka, medan særleg andelane som går til CO2-handtering og fornybar energi, er reduserte.

Figur 4.2 Forbruk frå ENERGIX, CLIMIT og FME til prosjekt og senter i absolutte og relative tal, fordelt på tema

Figur 4.2 Forbruk frå ENERGIX, CLIMIT og FME til prosjekt og senter i absolutte og relative tal, fordelt på tema

Kjelde: Noregs forskingsråd

Det er god koordinering og samhandling mellom programma og den breie og langsiktige satsinga i forskingssentera. Det er også eit godt samarbeid på tvers i verkemiddelapparatet, noko som er viktig for å realisere nye energi- og klimaløysingar. I 2022 blei HEILO-samarbeidet mellom Forskingsrådet, Enova, Innovasjon Noreg og Gassnova utvida til å omfatte havvind i tillegg til hydrogen. PILOT-E og Grøn plattform er andre eksempel på konkrete tiltak for koordinert verkemiddelbruk, og i 2022 blei det gjennomført ei PILOT-E-utlysing retta mot «auka fleksibilitet i kraftsystemet» og «høgtemperatur varme i industrien».

Internasjonalt samarbeid er høgt prioritert, og dei fleste prosjekta i energiporteføljen har internasjonale deltakarar. FME-ane er viktige kontaktpunkt for internasjonalt samarbeid generelt og bilateralt samarbeid spesielt.

Regjeringas hydrogenstrategi (2020) og Vegkart for hydrogen (2021) blei i 2022 følgt opp med store støttebeløp frå eit samla verkemiddelapparat, med tildeling frå Forskingsrådet til to nye FME-ar (HYDROGENi og Hy Value, der høvesvis SINTEF Energi og NORCE er i leiinga), i tillegg til 91 mill. kroner til ulike hydrogenprosjekt gjennom ENERGIX og 10 mill. kroner gjennom PETROMAKS 2. I Forskingsrådet er porteføljen særleg retta mot hydrogen til transport i maritim sektor, men porteføljen av prosjekt innan fleire industriområde som kunstgjødsel, oljeraffinering og annan kjemisk industri har no fått større plass.

Boks 4.1 Prosjekt med mål om utsleppsfri gjødselproduksjon

Prosjektet «Realisering av verdikjede for grøn mineralgjødsel» med Yara i leiinga fekk i perioden 2019–2021 om lag 17 mill. kroner frå ENERGIX. Prosjektet har gitt ein stor kompetanseauke innan produksjon av grøn berekraftig mineralgjødsel frå fornybare energikjelder. Utvikling og design av prosessteknologi for integrert produksjon av nitrat frå fornybar, varierande energi har stått sentralt saman med utviklinga av ein ny salpetersyreprosess med betre energigjenvinning. Yara har, basert på resultata, starta forprosjektering av eit testanlegg for produksjon av hydrogen via vasselektrolyse ved anlegget i Porsgrunn, som vil legge grunnlag for vidare val av teknologi for utfasing av fossile råstoff og med det fjerning av CO2-utslepp frå produksjon av mineralgjødsel. Prosjektet blir no vidareført i to andre innovasjonsprosjekt med Yara i leiinga som kvar har blitt innvilga 10 mill. kroner i perioden 2021–2024. Begge prosjekta fokuserer på alternative prosessar for utsleppsfri gjødselproduksjon.

Tabell 4.9 Nøkkeltal for ENERGIX, CLIMIT og FME

2021

2022

Nye prosjekt

100

94

Innvilga finansiering til nye prosjekt (mill. kroner)

738

946

Vitskaplege publikasjonar

787

614

Doktorgrader (årsverk)

152

146

Postdoktor (årsverk)

43

42

ENERGIX – stort program energi

I 2022 finansierte programmet 360 pågåande prosjekt med totalt 485 mill. kroner, av det omkring 395 mill. kroner frå Olje- og energidepartementet.

Gjennom utlysingane blei det tildelt til saman 536 mill. kroner til 83 nye prosjekt. Av dette gjekk 196 mill. kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Talet på søknader var i 2022 noko lågare enn i 2021, og det var søknader knytte til innovasjonsprosjekt som gjekk ned. Søknadene held jamt over høg kvalitet.

Fornybar energi (vasskraft, havvind og solkraft) er viktige prioriteringar i Energi21-strategien, og porteføljen av prosjekt i ENERGIX speglar dette. I 2022 finansierte ENERGIX prosjekt for totalt 103 mill. kroner innan temaet fornybar energi, av det gjekk 45 mill. kroner til havvindprosjekt. Havvindporteføljen har eit tyngdepunkt innan fundamentering og installasjon, men femner også miljøkonsekvensar, kartlegging av ressursar, utbygging, infrastruktur og juridiske problemstillingar.

Boks 4.2 Utvikling av kostnadseffektive undersøkingsmetodar av havbotnen ved planlegging for havvindparkar

Prosjektet 4SWIND (Advancing seismic seabed survey techniques and optimizing site selection for offshore wind farms) vart i 2022 tildelt 11,8 mill. kroner frå ENERGIX for perioden 2023–2027. Forskingsprosjektet blir leia av UiB og har som overordna mål å forbetra og utvikla nye metodar for integrerte undersøkingar for store havvindområde for å bidra til raskare og betre planlegging og meir kostnadseffektiv måte å byggja ut havvindparkar på. Dette er viktig for realisering av havvind, då så mykje som 20–30 prosent av investeringskostnadene er relaterte til fundamenteringa. Basert på tilgjengeleg og nye geologiske, geofysiske og geotekniske data vil det bli utvikla detaljerte konseptuelle modellar for havvindområda Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II.

Boks 4.3 Prosjekt for utvikling av særleg store rotorar med mål om kostnadsreduksjon for flytande havvind

Prosjektet UPSCALE – Building knowledge on the future generation of floating substructures for very large rotors – er tildelt 12,2 mill. kroner frå ENERGIX for perioden 2020–2023. IFE leiar prosjektet, som har som mål å bygge nødvendig kompetanse for neste generasjons enda større vindturbinar. Store rotorar betyr færre einingar å installere og halde ved like og er dermed kostnadsreduserande. Prosjektet skal utarbeide referansedesign av ein realistisk 25 MW turbin på halvt nedsenka understell, førebu verktøy som gjer det mogleg å simulere og designe neste generasjons flytande vindturbinar og dessutan utvikle ein ny type kontrollsystem som mogleggjer og reduserer lastane på neste generasjon flytande vindturbinar.

Porteføljen innan Energidistribusjon (eit integrert og digitalisert straumnett) er innretta mot å knyte saman brukarar og produsentar av energi og energirelaterte tenester på ein sikker, robust og effektiv måte. For ENERGIX og FME-en CINELDI var den samla tildelinga på 119 mill. kroner i 2022.

Boks 4.4 Korleis forsking kan føre til innovasjonar der aktørane bidrar til å balansere frekvensen på kraftnettet

Prosjektet FLEX-E, effektiv fleksibilitetsaggregering for næringsmarknaden, som blir leia av Eviny, blei i 2022 tildelt 20 mill. kroner frå ENERGIX for perioden 2023–2025 gjennom PILOT-E-ordninga. Stadig aukande forbruk og meir ikkje-regulerbar kraft frå vind og sol aukar belastninga på nettet og kan skape ubalanse i kraftsystemet. Bruk av fleksibilitet på tvers av energiressursar kan bidra til å balansere frekvensen på nettet og dessutan optimalisere utnyttinga av nettet. FLEX-E tar for seg effektiv fleksibilitetsaggregering for næringsmarknaden og dekker fleksibilitet innan landtransport, næringsbygg og maritim transport. Prosjektkonsortiet omfattar heile verdikjeda frå eigarane av energiressursane til dei balanseansvarlege. FLEX-E skal realisere løysingar som aggregerer ulike typar energiressursar, og utvikle og verifisere ei digital plattform for aggregering. Det skal teste og verifisere ein forretningsmodell for aggregering i heile verdikjeda og demonstrere at nye aktørar utan forkunnskapar kan bidra i fleksibilitetsmarknader via ein aggregator.

Porteføljen innanfor energiomstilling og verknader for samfunn, klima og natur er brei og består i hovudsak av samfunnsvitskapleg energiforsking. Prosjekta har bidratt til å strukturere og heve kvaliteten på norsk samfunnsvitskapleg energiforsking, og det er utvikla eit tverrfagleg samarbeid mellom samfunnsvitskap og teknologi.

Boks 4.5 Korleis samfunnsforskinga har bidratt med kunnskap i debatten om energikrisa

For forskinga innanfor energi- og klimafeltet var 2022 eit heilt spesielt år, prega av energikrise og ein ny og usikker geopolitisk situasjon. Forskarar innanfor fleire fagfelt har opplevd ein sterk pågang frå media, og ei rekke forskarar har bidratt med kunnskap i samfunnsdebatten om energikrisa. Workshop-serien «Energikrisa i Europa» bestod av seks workshopar og blei koordinert av FME NTRANS og gjennomført i samarbeid med vitskapsakademia og fleire FME-ar. Ei rekke forskarar og leiande aktørar i næringslivet deltok i serien for å diskutere og systematisere eit tverrfagleg faktagrunnlag på energifeltet, spesielt var FME-ane svært aktive.

FME – Forskingssenter for miljøvennleg energi

Det blei i 2022 utbetalt totalt om lag 189 mill. kroner til forskingssenter for miljøvennleg energi, av det om lag 181 mill. kroner frå Olje- og energidepartementet.

Gjennom utlysingane i 2022 blei det tildelt til saman 320 mill. kroner til to nye FME-ar på hydrogen og hydrogenbaserte energiberarar. Sentera vil vere sentrale for satsinga på hydrogen i Noreg. Dei to sentera HYDROGENi og HyValue er sterke og utfyllande nasjonale knutepunkt for kompetanse innan FoU om hydrogen. Ved utgangen av 2022 var det totalt 13 aktive senter for miljøvennleg energi.

I 2022 har det vore arbeidd med ei ny stor FME-utlysning med søknadsfrist i 2023.

CLIMIT

I 2022 hadde CLIMIT-FoU ein portefølje på 59 prosjekt som til saman fekk om lag 75 mill. kroner i støtte frå Forskingsrådet. Prosjekta har ei kontraktfesta samla støtte frå Forskingsrådet på 375 mill. kroner i den totale levetida. Grovt sett utgjer nesten halvparten av porteføljen CO2-lagring, medan ein tredel er CO2-fangst og resten CO2-transport. I 2022 er nærmare 40 prosent av porteføljen internasjonale ACT-prosjekt4. Dei siste åra har andelen prosjekttypar med deltaking frå industrien auka medan andelen forskingsprosjekt i universiteta og forskingsinstitutt har vore redusert. Prosjektporteføljen har ein nedovergåande trend, da midlane over statsbudsjettet er reduserte dei seinare åra.

Gjennom prosjekt finansierte av CLIMIT bygger norske FoU-miljø kompetanse som på fleire område er verdsleiande. Denne kunnskapsbasen har vore avgjerande for planlegginga av Langskip-prosjektet. Måla for arbeidet med CO2-handtering er å vise at det trygt og mogleg, og å legge til rette for læring og kostnadsreduksjonar for seinare prosjekt. Satsinga på CO2-handtering føreset at andre nyttar infrastrukturen og/eller læringa som kjem ut av prosjektet, og at Europa og verda følger etter det norske demonstrasjonsprosjektet. Resultat som er oppnådde gjennom forskinga innan CO2-handtering, er også viktige for måloppnåinga.

Boks 4.6 Prosjekt for fangst av CO2 frå avfallsforbrenning

Ein stor del av avfallet som blir brent ved avfallshandteringsanlegg er frå biomasse og i utgangspunktet klimanøytralt. Når ein fangar CO2 frå avgassane frå forbrenningsanlegga, betyr dette i realiteten at CO2 blir fjerna frå atmosfæren. I prosjektet CAPEWASTE har SINTEF saman med Oslo kommune, Miljødirektoratet og Linde Gas AS studert ny teknologi for CO2-fangst frå avfallsforbrenning. CO2-fangst blir enklare og billigare når det blir brukt rein oksygen og ikkje luft ved forbrenninga, såkalla oxy-fuel CO2-fangst. Produksjon av reint oksygen er ein stor kostnad, men dersom overskot av oksygen frå elektrolyseprosessar kan brukast, vil denne teknologien vere konkurransedyktig.

Figur 4.3 Utbetalingar frå CLIMIT-FoU til prosjekt (mill. kroner) kvart år fordelt på søknadstype1 frå og med 2013

Figur 4.3 Utbetalingar frå CLIMIT-FoU til prosjekt (mill. kroner) kvart år fordelt på søknadstype1 frå og med 2013

1 Søknadstypar viste i figuren er ACT (Accelerating CCS Technology), IPN (innovasjonsprosjekt i næringslivet), KSP (kompetanse- og samarbeidsprosjekt) og FP (forskarprosjekt).

Kjelde: Noregs forskingsråd

I 2022 hadde CLIMIT-Demo ein portefølje på 82 aktive prosjekt som til saman fekk omkring 90 mill. kroner i støtte frå Gassnova. Prosjekta har ei kontraktfesta samla støtte frå Gassnova på 831 mill. kroner i den totale levetida. Ramma inkluderer CLIMIT-Demo-støtte på 406 mill. kroner og 425 mill. kroner frå prosjekteigar(ar) og partnar(ar). Blant desse var 25 nye prosjekt med 89,4 mill. kroner i støtte frå CLIMIT-Demo. Tildeling til nye prosjekt i 2022 gjekk i all hovudsak til formåla fangst og lager som figur 4.4 viser. I dei aktive prosjekta i 2022 var det 196 tekniske og finansielle partnarar frå 14 land. 24 prosjekt blei avslutta i 2022.

Figur 4.4 Utbetalingar frå CLIMIT-Demo (mill. kroner) til nye prosjekt kvart år fordelt på formål frå og med 2018

Figur 4.4 Utbetalingar frå CLIMIT-Demo (mill. kroner) til nye prosjekt kvart år fordelt på formål frå og med 2018

Kjelde: Gassnova SF

Boks 4.7 Teknologiutvikling for fangst, transport og lagring av CO2

Prosjekta for utvikling av nye fangstteknologiar har særleg fokus på kostnadsreduksjonar knytte til handtering av CO2 frå ulike forbrennings- og industriprosessar og frå hydrogenproduksjon frå naturgass. I tillegg har prosjekta vektlagt utvikling av nye industrielle produksjonsprosessar med integrert CO2-handtering. For eksempel støttar CLIMIT-Demo utviklinga av fangstteknologien Moving Bed Carbonate Looping (MBCL), patentert av Fjell Technology Group og NTNU, som kan gi svært låge energitap ved for eksempel fangst frå gasskraftverk. Utviklinga har fått støtte frå CLIMIT i tre fasar sidan 2016, og neste fase er venta å vere testing i pilotskala.

Lagerprosjekta fokuserer på utvikling av overvakingsteknologiar, testing av simuleringsverktøy for lager i gigatonnskala, datainnsamling for å oppnå auka reservoar- og takbergartsforståing, studiar av injeksjon i tomme petroleumsfelt, studiar av injeksjon i CO2-førande lag og vurderingar av potensialet for storskala CO2-lagring på norsk sokkel. CLIMIT-Demo støttar mellom anna eit prosjekt leia av NORCE som har starta opp fase to av simuleringssoftwareprosjektet HPC (high performance computing) for gigatonnlager i 2022 som skal støtte opp under avgjerder om gigatonnlager for CO2 på norsk kontinentalsokkel. I tillegg har eDrilling AS fått støtte til å sjå på brønnkontroll ved boring i eller ved CO2-førande lag. Formålet er å forstå korleis borevæske vil reagere med CO2, ei problemstilling som det er venta blir aktuell i nær framtid.

Transportprosjekta har det til felles at dei fokuserer meir på reduksjon av kostnader og risiko ved dagens teknologi enn på utvikling av ny teknologi. Prosjekta utviklar programvare for simulering av fleirfase CO2-transport, undersøker korleis ureinheiter i CO2-straumen påverkar det korrosive miljøet, og utviklar nye løysingar for skipstransport av CO2. CLIMIT-Demo støttar to prosjekt som utviklar løysingar for lågare og høgare trykk enn det som er dagens løysingar for transport av CO2. Både høgare og lågare trykk enn mellomtrykk kan av tekniske og økonomiske årsaker vere konkurransedyktige løysingar for framtidige prosjekt.

Petroleum på veg mot eit nullutsleppssamfunn

Forskingsrådets målretta satsingar innanfor petroleumssektoren omfatta i 2022 dei tre aktivitetane PETROMAKS 2, DEMO 2000 og PETROSENTER. Olje- og energidepartementet finansierte hovuddelen av aktiviteten.

Prosjekta i petroleumsporteføljen bidrar med kunnskap og teknologi for ei meir kostnadseffektiv og sikrare verksemd, og også ei verksemd med eit mindre miljømessig fotavtrykk. Utlysingane i 2022 har særskilt prioritert å nå måla for reduksjon av klimagassutslepp frå sektoren innan 2030 og 2050. Miljøperspektivet er ytterlegare styrkt gjennom deltaking i nasjonale og internasjonale fellesutlysingar i 2022 med fokus på marint miljø og energiomstilling.

Både PETROMAKS 2 og DEMO 2000 har størst volum av prosjekt innan temaa «Boring, komplettering, intervensjon og permanent avstenging av brønnar (P&A)» og «Produksjon, prosessering og transport». Det er likevel ei god fordeling på alle tema. I tråd med OG21-strategien har prosjekta bidratt til kompetanseutvikling, større petroleumsreservar, auka verdiskaping og lågare klimagassutslepp på norsk sokkel.

Av det totale budsjettet i den målretta porteføljen i 2022 blei om lag 51 prosent tildelt prosjekt i næringslivet. Næringslivet er også viktige deltakarar i fleire av søknadstypane retta mot forskingsorganisasjonar, og i utlysingane for 2022 bidrog utlysing av kompetanseprosjekt for næringslivet (KPN) i PETROMAKS 2 til at omtrent 86 prosent av tildelingane i petroleumsporteføljen hadde deltaking frå næringslivet. Det var i 2022 kunngjort meir midlar enn det som blei tildelt til nye prosjekt, noko som i hovudsak kjem av tiltak for å redusere Forskingsrådets negative avsetningar. For DEMO 2000 var det eit tilleggsmoment at søknadsvolumet var mindre enn forventa.

Ei planlagd norsk-russisk bilateral utlysing retta mot miljøaspekt og berekraftig utvikling av ressursar i nordområda blei kansellert på grunn av Russlands invasjon i Ukraina.

PETROMAKS 2 og DEMO 2000 har over fleire år hatt ei samla årleg øyremerking retta mot energieffektivisering og reduksjon av klimagassutslepp knytt til olje- og gassproduksjon på norsk sokkel. Øyremerkinga var på 35 mill. kroner i 2022. I 2022 var tildelinga til prosjekt målretta mot reduksjon av klimagassutslepp og energieffektivisering aukande, og det er særleg PETROMAKS 2 som bidrar til dette. Det blei også gjort ein ny analyse av porteføljen med tanke på effektar som bidrar til klimamåla. Analysen blei gjort på nye prosjekt i perioden 2018–2021 og viste at heile 137 av dei nye prosjekta i denne perioden vil gi positive effektar for miljøet. Resultata frå forskinga vil bidra til reduserte utslepp av klimagassar, anten direkte ved reduksjon av antal tonn CO2 produsert eller indirekte ved meir energieffektive prosessar. 68 prosent av prosjekta i analysen stadfestar at prosjekta deira har potensial for energieffektivisering eller mindre utslepp til luft.

HMS og storulykker er ein integrert del av petroleumsporteføljen, og i den reviderte OG21-strategien er temaet utvida til også å omfatte denne porteføljen.

PETROMAKS 2 og DEMO 2000 erfarte i 2022 ein nedgang i innsende søknader, og da særleg frå næringslivet. Men dei innsende søknadene hadde høg kvalitet, så det løyvde prosjektvolumet held høg kvalitet.

PETROSENTER hadde i 2022 tre aktive senter, og eitt av dei – Lågutsleppssenteret – blei midtvegsevaluert.

Figur 4.5 Finansiering frå DEMO 2000, PETROMAKS 2 og PETROSENTER til aktive prosjekt i perioden 2019–2022 per temaområde

Figur 4.5 Finansiering frå DEMO 2000, PETROMAKS 2 og PETROSENTER til aktive prosjekt i perioden 2019–2022 per temaområde

Kjelde: Noregs forskingsråd

Tabell 4.10 Nøkkeltal for PETROMAKS 2, DEMO 2000 og PETROSENTER

2021

2022

Nye prosjekt

37

221

Innvilga finansiering til nye prosjekt (mill. kroner)

475

230

Vitskaplege publikasjonar

330

267

Doktorgradar (årsverk)

86

84

Postdoktor (årsverk)

32

25

1 Fellesutlysingane er ikkje inkludert.

PETROMAKS 2 – stort program petroleum

PETROMAKS 2 finansierte totalt 148 prosjekt med 288 mill. kroner i 2022, om lag 227 mill. kroner kom frå Olje- og energidepartementet og omkring 24 mill. frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Gjennom utlysingane blei det totalt tildelt om lag 177 mill. kroner til 15 nye prosjekt og dessutan delfinansiering av tre prosjekt gjennom ei fellesutlysing av «forskarprosjekt for fornying».

For PETROMAKS 2 er det fleire prosjekt innan temaet «Reduksjon av klimagassar, energieffektivisering og miljø» og også innan «Undergrunnsforståing». Prosjekta i PETROMAKS 2 blir gjennomførte av både forskingsorganisasjonar og næringslivet.

Boks 4.8 Ammoniakk som drivstoff til skip og riggar

Wärtsilä er i gang med å utvikle forbrenningsmotorar som kan bruke ammoniakk som drivstoff til skip og riggar, noko som kan bidra til ei mogleg nullutsleppsløysing for skipsfarten. Hovudmålet med prosjektet er å utvikle system og kunnskap for å kunne bruke grøn ammoniakk som drivstoff i forbrenningsmotorar, noko som kan gi norsk industri og skipsfart eit teknologisk forsprang på ammoniakkmotorar for skip og riggar. Etter vellykka motortestar er planen at teknologien kan vere i operasjon på skip og riggar om to til tre år. Det er da forventa ein reduksjon i CO2-utslepp tilsvarande 1,3 tonn for kvart tonn forbrukt ammoniakk i forbrenningsmotoren.

Boks 4.9 Reduserte klimagassutslepp gjennom større forståing av reservoaret

Eit av dei nye prosjekta i temaområdet undergrunnsforståing er direkte retta mot reduksjon av klimagassutslepp. Prosjektresultata vil vere avgjerdsmetodar og arbeidsflytar der det blir tatt omsyn til krav om reduserte klimagassutslepp. Dette skal gjere det mogleg med meir effektiv behandling av reservoardata til bruk innan feltutvikling og reservoarproduksjon. Prosjektet blir leia av NORCE og utført i samarbeid med forskingsorganisasjonar og industri.

DEMO 2000 – prosjektretta teknologiutvikling

DEMO 2000 finansierte totalt 54 prosjekt med 94 mill. kroner i 2022. Gjennom utlysingane blei det løyvd 53 mill. kroner til sju nye prosjekt som blir leia av bedrifter. Som ved PETROMAKS 2 var søknadstilfanget i 2022 mindre enn forventa. Tildelingsprosenten for nye demonstrasjonsprosjekt var 46. Det er ein god balanse mellom tema i DEMO 2000, med unntak av tematikken «Reduksjon av klimagassar, energieffektivisering og miljø», der søknadstilfanget blir vurdert til å vere for lite.

Boks 4.10 Lågare kostnader og utslepp av CO2 med P&A utan å bruke borerigg

På norsk sokkel aleine er det om lag 4 000 brønnar som vil trenge permanent nedstenging i framtida. Lykkast ein med kostnads- og energieffektive løysingar for permanent nedstenging, vil dette derfor løyse ei stor samfunnsutfordring, i tillegg til at det representerer ein viktig norsk eksportartikkel. I 2022 blei det tildelt eit nytt DEMO 2000-prosjekt som vil gjere det mogleg å utføre dei mange operasjonane som er involverte i permanent nedstenging, utan bruk av borerigg. Dette vil føre til reduserte kostnader og reduserte utslepp av CO2. Prosjektet skal demonstrere teknologi som er utvikla i eit tidlegare PETROMAKS 2-prosjekt. Prosjektet blir leia av Innovation Energy AS.

PETROSENTER – Forskingssenter for petroleum

PETROSENTER finansierte i 2022 tre senter med 27 mill. kroner. Sentera speglar det politiske målet om å utvikle petroleumsverksemda. I 2019 blei det sett i gang eit forskingssenter med mål om energieffektivisering og reduksjon av klimagassutslepp på norsk sokkel. Senteret blei midtvegsevaluert i 2022. Behovet for forskingsresultat på dette området er ytterlegare styrkt etter skipinga av senteret. Det er sett tydelege mål for Noregs forpliktingar innan 2030 og 2050, og forsking er ein viktig føresetnad for å kunne nå desse måla.

Undergrunnsforståing, som er fokusområdet for dei to nye sentera som blei starta opp i 2022, er høgt prioritert i OG21-strategien og har stor betydning når det gjeld å utvinne petroleumsressursane på best mogleg måte. Forsking på dette temaet kan også bidra i stor grad til energieffektivisering på norsk sokkel. I tillegg er dette kunnskap som peikar framover mot ny næringsutvikling på sokkelen, spesielt når det gjeld CO2-lagring.

Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid

EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa hadde i 2022 satsingar som samsvarte godt med dei nasjonale prioriteringane i energiporteføljen og i porteføljen av prosjekt innan CO2-handtering. Dei store fellesfinansierte europeiske satsingane (ERA-NET), inklusiv ACT (Accelerating CCS technologies), som blei koordinert av Forskingsrådet, blir no førte vidare i EUs nye partnarskap Clean Energy Transition Partnership (CETP), som publiserte si første utlysing i 2022. Dei norske resultata frå deltakinga i Horisont Europa kan finnast under omtalen av PES2020.

CLIMIT har eit omfattande internasjonalt samarbeid etablert gjennom ERA-net Cofund ACT (Accelerating CCS Technologies), der heile 15 land og regionar deltar. ACT blir koordinert av Forskingsrådet, og Noreg har vore eit viktig føregangsland i ACT. Resultata etter fem år med ACT er solide, og det har komme lovande innovasjonar innan både fangst, transport og lagring av CO2. Sidan oppstarten i 2016 er fire utlysingar gjennomførte og 39 prosjekt med eit samla budsjett på rundt 1,7 mrd. kroner blir støtta med 1,2 mrd. kroner frå ACT. Støtta frå ACT til norske partnarar er om lag 260 mill. kroner, av det kjem om lag 230 mill. kroner frå CLIMIT.

Noreg er også aktivt med i Mission Innovation (MI) og deltar som medleiar i Zero Emission Shipping Mission (ZESM). Der var aktiviteten særleg høg i 2022, med utarbeiding av Action Plan og ein gjennomført moglegheitsstudie for skip drivne av ammoniakk over lange strekningar, for eksempel mellom Europa og Amerika. Noreg er også medlem av Clean Hydrogen Mission of Carbon Dioxide Removal Mission i MI. Forskingsrådet og Gassnova har ei sentral rolle i oppfølginga av desse initiativa.

I petroleumsporteføljen er det relativt få moglegheiter innanfor rammeprogramma i EU. Porteføljen har derfor stimulert til internasjonalt samarbeid og utlysingar saman med organisasjonar tilsvarande Forskingsrådet i andre land. I 2022 var deltakinga i JPI Oceans-utlysinga eit viktig bidrag. Novemberkonferansen, som blir arrangert i Rio de Janeiro i Brasil kvart år, er ein viktig arena for diskusjon og nettverksbygging mellom norske og brasilianske forskingsmiljø. Konferansen i 2022 dreidde seg om tema innanfor petroleum, energiomstilling og den digitale omstillinga.

I forskingsprogrammet International Ocean Discovery Program (IODP) var det 21 medlemsland i 2022. Utforsking av Arktis og Antarktis, klimaendringar, naturkatastrofar og ressursar var dei prioriterte forskingsområda for Noreg.

PES2020 – Prosjektetableringsstøtte, Horisont Europa

Gjennom PES2020-ordninga blei det gitt støtte til etablering av prosjekt og utforming av prosjektsøknader retta mot EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–2027). I 2022 blei det utbetalt totalt om lag 159 mill. kroner gjennom ordninga, av det kom om lag 8,5 mill. kroner frå Olje- og energidepartementet.

Norske aktørar har gjort det svært godt på energiområdet i Horisont Europa. Resultata frå utlysingar i Horisont Europa med søknadsfristar i 2022 viser at norske aktørar på energifeltet hentar heim 65 mill. euro i støtte. Dette svarer til ein økonomisk returdel på om lag 4,6 prosent, som eit uttrykk for kor stor del av dei konkurranseutsette midlane eit land blir tildelt.

Nordisk Energiforsking (kap. 1830, post 71 i 2022)

Noregs andel av finansieringa av Nordisk Energiforsking (NEF) utgjorde om lag 10 mill. kroner i 2022. NEF har mellom anna gjennomført følgande aktivitetar

  • programmet for større ph.d.- og forskarmobilitet

  • lansering av ein rapport om sameksistens og biodiversitet i konsesjonsprosessar for havvind i Nordsjøen og Austersjøen, «Accommodating Biodiversity in Nordic Offshore Wind Projects»

  • første utlysing av det nye hydrogenprogrammet «Nordic Hydrogen Valleys as Energy Hubs»

  • utlysingskoordinator for «Clean Energy Transition Partnership» (CETP)

Kartlegging av sjøfugl

Det blei utbetalt om lag 6 mill. kroner til sjøfuglprogrammet Seabird Population Management and Petroleum Operations (SEAPOP) i 2022. Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Norsk Polarinstitutt (NP) organiserer og utfører arbeidet i SEAPOP. På oppdrag frå Miljødirektoratet blei programmet i 2022 evaluert av Menon Economics som ein del av «Evaluering av programma for sjøfugl». Det blei gitt ei rekke tilrådingar mellom anna innan måloppnåing, organisering, koordinering, formidling og finansiering. Overordna vurderte evaluatoren det slik at målet om å talfeste utbreiinga, vandringane og habitatbruken til sjøfuglbestandane over tid i størst grad er oppfylt som følge av overvakinga av 15 nøkkellokalitetar og i samspelet med SEATRACK.

Post 70 Gassnova SF

Gassnova er eit statsføretak som tar hand om statens interesser knytte til CO2-handtering (fangst, transport og geologisk lagring av CO2). Dette inkluderer å fremme teknologiutvikling og kompetansebygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for CO2-handtering og å vere rådgivar for Olje- og energidepartementet i arbeidet med CO2-handtering. Føretaket er lokalisert i Porsgrunn. Selskapet utførte om lag 37 årsverk i 2022.

Det blir foreslått ei løyving på om lag 107 mill. kroner til Gassnovas administrasjon og oppfølging av oppdraga frå staten: CLIMIT-Demo, Teknologisenter Mongstad (TCM) og Langskip. Dette inkluderer utgifter til eigen organisasjon og selskapets kjøp av eksterne tenester, særleg knytte til rådgivarar og ekstern spisskompetanse. Auken frå Saldert budsjett 2023 har samanheng med oppfølging og kvalitetssikringsaktivitetar for mellom anna Langskip.

Vidare blir det foreslått ei tilsegnsfullmakt på inntil 20 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.

Mål og oppgåver

Hovudmålet til Gassnova er å fremme teknologiutvikling og kompetansebygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for CO2-handtering. Gassnova skal vere ein fagleg og strategisk rådgivar for departementet i arbeidet med CO2-handtering. Gassnova skal identifisere og utnytte samordningsgevinstar frå arbeidet med CLIMIT-programmet, Teknologisenter Mongstad (TCM) og Langskip gjennom å

  • følge opp tilskotsavtalane og industriaktørane si prosjektstyring av Langskip på vegner av staten, i tråd med mandat gitt av Olje- og energidepartementet

  • koordinere arbeidet med gevinstrealisering for Langskip

  • legge til rette for god og langsiktig utnytting av anlegga på TCM, basert på ein eventuell ny avtale om drift og utvikling av TCM frå 2024

  • legge til rette for kunnskaps- og erfaringsdeling i Noreg og utlandet

  • kartlegge moglegheiter og tiltak for CO2-handtering på forbrennings- og prosessanlegg i Noreg, med utgangspunkt i eksisterande verkemiddel

  • bidra til reduksjon av CO2-utslepp i industrien gjennom kunnskapsdeling, med særleg vekt på industrielle klynger

  • bidra til å knyte saman fagmiljø innanfor forsking, industri og offentlege verksemder og gjennom eigne initiativ og i samarbeid med andre legge til rette for at staten kan oppnå måla sine med satsinga på CO2-handtering

Resultat 2022

Morselskapet Gassnova SF hadde eit negativt årsresultat på om lag 5,1 mill. kroner, medan konsernet hadde eit negativt årsresultat på om lag 25 mill. kroner. Forskjellen på det negative årsresultatet mellom morselskapet og konsernet kjem i hovudsak av avskrivingar av anlegga ved TCM som blir eigd av TCM Assets, dotterselskapet til Gassnova SF. Annan eigenkapital var på om lag 16,4 mill. kroner i morselskapet og 47,5 mill. kroner i konsernet per 31. desember 2022.

Teknologiutvikling

Gassnova har forvalta demonstrasjonsdelen av CLIMIT og vore leiar for sekretariatet til CLIMIT-programstyret.

Gassnova har, i samarbeid med Forskingsrådet og med støtte frå CLIMIT-Demo, arbeidd for at CLIMIT bidrar til gevinstrealisering av Langskip, og løpande kartlagt behov og tatt nødvendige initiativ knytte til utvikling av teknologiar for CO2-handtering, mellom anna gjennom deltaking i sentrale internasjonale forum. Vidare har Gassnova vore med på å følge opp Noregs deltaking i det internasjonale teknologisamarbeidet ACT (Accelerating CCS Technologies), som Forskingsrådet koordinerer, og støtte opp under samarbeidsavtalen departementet har med det amerikanske energidepartementet om forsking og utvikling. Der har CLIMIT-Demo og dei amerikanske samarbeidspartnarane deira i ei årrekke samfinansiert fleire prosjekt, hovudsakleg knytte til CO2-fangst og -lagring.

CLIMIT-FoU er nærmare omtalt under kap. 1850, post 50 Norges forskingsråd og Gassnova – Forsking og teknologiutvikling for framtidas energisystem.

Gevinstrealisering og marknadsutvikling

Gevinstrealisering Langskip

Det blei arbeidd med gevinstrealisering i tråd med etablerte planar og tilskotsavtalar hos både departementet, Gassnova og industriaktørane som er involvert i Langskip.

Gassnova har følgt opp gevinstrealiseringsarbeidet og utarbeidd månadlege statusrapportar til styringsgruppa for Langskip. Industriaktørane rapporterer månadleg til Gassnova om gevinstrealiseringsarbeidet sitt. Det er gjennomført jamlege statusmøte om bidraget deira til gevinstrealiseringa. I tillegg leiar Gassnova eit kommunikasjonsnettverk mellom industriaktørane i Langskip og staten.

Forretningsutviklingsaktivitetar i Northern Lights er særleg viktige bidrag til gevinstrealisering. I 2022 har Northern Lights tilbydd lagringsplass på kommersielle vilkår og modna fleire kommersielle relasjonar med potensielle kundar. Northern Lights har også rapportert om ein intensjonsavtale med Yara som skal legge til rette for at om lag 800 000 tonn CO2 kan transporterast frå Nederland til Northern Lights frå 2025. Ved import av CO2 med sikte på lagring på norsk sokkel, er det krav om å få på plass ein bilateral avtale/arrangement mellom Noreg og landet det gjeld, for å oppfylle krava Londonprotokollen under FNs sjøfartsorganisasjon, IMO.

I tråd med gevinstrealiseringsplanen er det arbeidd med å dokumentere og omarbeide læring frå industriaktørane i Langskip, departementet og Gassnova. Dette er delt via nettsida til Gassnova og i sosiale medier. I 2022 har nettsida til Gassnova hatt meir enn 14 000 unike brukarar frå ei rekke land, særleg Noreg, Storbritannia, USA, Tyskland og Frankrike. Erfaringar frå Langskip er også delte både i møte med andre CO2-handteringsprosjekt, myndigheitsaktørar og andre interessentar. Sentrale plattformer for deling er også foredrag på konferansar i Noreg og internasjonalt, besøk på anlegga og oppslag i media. Gassnova har også gitt ut fire statusrapportar frå Langskip som mellom anna er distribuerte av Utanriksdepartementet til norske utanriksstasjonar.

Samarbeidet med utanriksstasjonar har også resultert i deling av erfaringar på arrangement i Europa og studieturar med utanlandske delegasjonar. Gassnova har bidratt spesielt i Tyskland, der selskapet i samarbeid med den norske ambassaden har hatt informasjonstiltak knytte til Noregs erfaring med CO2-handtering og sikker lagring.

I 2022 har Gassnova publisert ein rapport om regulatorisk og kommersiell læring frå Langskip.

Synergiar med Gassnovas øvrige verksemd – særleg aktiviteten til CLIMIT-Demo og Teknologisenter Mongstad – er viktige bidrag til gevinstrealisering og måloppnåing for Langskip. I 2022 har kunnskap og læring frå CLIMIT-Demo og TCM blitt delt med ei rekke aktørar innan teknologiutvikling, etterfølgande CO2-fangst og -lagringsprosjekt i Noreg og Europa, myndigheitsaktørar og andre delar av verkemiddelapparatet.

Gassnova har vurdert den samfunnsøkonomiske nytta av Langskip, basert på endringar i marknaden frå tidspunktet for investeringsavgjerda. Vurderinga viste at marknaden for CO2-handtering har bevega seg betydeleg i positiv retning sidan 2020. Vurderinga til Gassnova er vidare at Langskip har bidratt til å legge til rette for utviklinga i Europa. Northern Lights er det einaste lageret under utbygging i Europa. Langskip demonstrerer CO2-fangst i bransjar som vil vere relevante for etterfølgande prosjekt. Realiseringa av Langskip fell i tid saman med at EU og europeiske land har forsterka klimapolitikken. Ein strammare klimapolitikk og behov for å kutte utslepp i sektorar der det er krevjande å kutte utslepp, som sement-, kjemi- og stålindustrien, gir behov for auka satsing på CO2-handtering i Europa.

Gassnova har kartlagt moglegheiter for tilrettelegging av CO2-handtering på forbrennings- og prosessanlegg i Noreg. Gassnova har kartlagt potensialet for CO2-handtering i landbasert industri i bidraget sitt til Miljødirektoratets arbeid «Grøn omstilling». Kartlegginga viser at CO2-handtering på forbrennings- og prosessanlegg i Noreg kan bidra til ein vesentleg reduksjon i norske CO2-utslepp og til industriell CO2-fjerning (fangst av biogene utslepp). Det er utarbeidd ei oversikt over eksisterande og foreslåtte verkemiddel for CO2-handtering og gjort ei vurdering av ulike verkemiddel for realisering av ei CO2-handteringskjede.

Eigaroppfølging av Teknologisenter Mongstad

Gassnova har tatt vare på statens interesser i Teknologisenter Mongstad (TCM) og mellom anna bidratt til

  • bidratt til rekruttering av aktørar som gjennomfører testkampanjar

  • bidratt til spreiing av kunnskap, mellom anna gjennom bidrag til gevinstrealisering i Langskip

  • bidratt i arbeidet med å forsøke å rekruttere fleire eigarar, anna finansiering, mellom anna gjennom større bidrag frå aktørar som brukar testanlegget, i tillegg til effektivisering av drifta

For å vidareutvikle modellar med lågare statleg finansiering har Gassnova i 2022 vidareført arbeidet med moglege scenario for drift av TCM etter 2023.

Oppfølging og koordinering av støtteavtalane i Langskip

Gjennom månadlege rapporteringar har Gassnova følgt opp prosjektstyringa og kostnads- og framdriftsutviklinga til aktørane. I oppfølginga er det gjort løpande vurderingar av risikoar i prosjektet. Med dette skal moglege utfordringar identifiserast så tidleg som mogleg i rapporteringa til departementet. Gassnova har spesielt fokus på kostnadene til staten i støtteavtalane og på at mekanismane for deling av kostnader blir tolka korrekt.

I tråd med støtteavtalane blei det gjennomført halvårlege gjennomgangar med fokus på planar og kostnader. Kvaliteten og oppfyllinga av leveransekrava betra seg i 2022 både for Northern Lights og fangstprosjektet Brevik CCS hos Heidelberg Materials. Både Brevik CCS og Northern Lights hadde ei relativt stabil kostnadsutvikling samanlikna med tidlegare rapporterte kostnader, trass i fleire utfordringar i prosjektgjennomføringa.

Staten, ved Olje- og energidepartementet, inngjekk 29. juni 2022 ein statsstøtteavtale med Hafslund Oslo Celsio (Celsio) om finansiering av CO2-fangstprosjektet på Klemetsrud i Oslo. Celsio begynte det fysiske arbeidet i august 2022. Prosjektet er kvalitetssikra i samsvar med prosjektmodellen til staten, og våren 2022 blei det gjennomført ein kvalitetssikring av styringsunderlag og dessutan kostnadsoverslag (KS2).

Celsio brukte resten av 2022 til å sette i gang gjennomføringsfasen av prosjektet. Celsio varsla gjennom hausten om vesentlege endringar frå forprosjektet som omfattar allereie inngåtte kontraktar, organisering og større tekniske endringar. Gassnova vurderte prosjektet på Klemetsrud som umodent til å vere i ein gjennomføringsfase. Det var betydeleg usikkerheit på ei rekke område.

Gassnova informerte 21. november 2022 Celsio om bekymringa dei hadde for modenheita, framtidige kostnader og framdrift, og bad Celsio komme tilbake med si eiga vurdering og tiltak, mellom anna ei vurdering av om prosjektet bør settast på vent.

I tillegg til den eksterne kvalitetssikringa gjennomførte DNV på oppdrag frå Gassnova ein revisjon av Brevik CCS, med vekt på prosjektleiing, organisasjon og styrande dokument. I 2023 vedtok Hafslund Oslo Celsio å sette prosjektet sitt på vent med eitt år for arbeidde med å redusere kostnadene.

Post 71 Teknologisenter Mongstad

Det blir foreslått ei løyving på 90 mill. kroner, som skal dekke statens del av driftsutgiftene til Teknologisenter Mongstad (TCM). Reduksjonen frå Saldert budsjett 2023 har samanheng med føresetnad om at utgiftene til staten skal reduserast i 2024, at industrielle eigarar bidreg til å dekke meir av driftsutgiftene til TCM DA eller at brukerbetalinga aukar.

Statens del av investeringar og vidareutvikling ved TCM blir dekt frå Fond for CO2-handtering.

Eigarane i TCM DA, som står for drifta av testanlegga, er staten, Equinor, Shell og TotalEnergies. Gassnova, som tar vare på statens eigardel i TCM DA, forhandlar på vegner av staten med dei industrielle eigarane om å forlenge deltakaravtalen etter utgangen av 2023.

TCM Assets AS, som eig anlegga ved teknologisenteret og betaler den kommunale eigedomsskatten, er eit dotterselskap av Gassnova SF.

Mål og aktivitetar

TCM fremmer CO2-fangst som verkemiddel for ei reinare og grønare framtid, ved å bygge bru mellom teknologiutviklarar, vitskap og industriell bruk av teknologiar for CO2-fangst.

Den viktigaste oppgåva til teknologisenteret er å teste, verifisere og demonstrere ulike teknologiar for kostnadseffektiv og industriell CO2-fangst i full skala. Målet er å legge til rette for ei utbreiing av CO2-fangstteknologi i ulike bransjar og industriar.

Dersom deltakaravtalen blir vidareført, vil Gassnova mellom anna arbeide med følgande aktivitetar:

  • legge til rette for at statens deltaking i teknologisenteret blir nyttiggjord best mogleg gjennom å spreie kunnskap og teknologi, slik at kostnader og risiko ved fullskala CO2-fangst kan reduserast

  • rekruttere nye aktørar for gjennomføring av testkampanjar

  • legge til rette for langsiktig og god utnytting av anlegga

  • følge opp avtaleverket for TCM, mellom anna ta vare på statens interesser i TCM

Resultat 2022

Formidling av kunnskap om teknologiar for CO2-fangst er ein viktig del av oppdraget til TCM. TCM og samarbeidspartnarar har i 2022 publisert elleve vitskaplege artiklar med resultat frå testinga på TCM. I tillegg har TCM vore representert på ei rekke internasjonale webinar og konferansar. Elles har TCM tatt imot mange delegasjonar som ønsker å oppleve testfasilitetane på Mongstad.

Som ein del av TCMs kunnskapsformidling er det dei seinare åra utvikla rådgivingstenester retta mot prosjekteigarar og utviklarar. Formålet er å gjere kundane betre rusta til å løyse utfordringar ved CO2-handtering. På referanselista til TCM, som omfattar 19 kundar, er mellom anna dei to norske prosjekta Brevik CCS og anlegget på Klemetsrud.

I 2022 gjennomførte TCM eit testprogram kombinert med ombygging av aminanlegget der Research Triangle Institute (RTI) – med støtte frå det amerikanske energiforskingsprogrammet – testa NAS-basert (Non-Aqueous Solvent) CO2-fangstteknologi.

I 2021 starta testaktiviteten på pilotområdet «Site for Emerging Technologies», med konteinarbaserte testeiningar for leverandørar med mindre modne eller modulære fangstteknologiar. Amerikanske TDA og MTR fullførte testkampanjane sine i 2022.

TCM har arbeidd systematisk for å auke bidraga frå aktørar som bruker testanlegget, og med det redusere eigarfinansieringa av TCM DA. Eigarane ved TCM har hatt stort fokus på dette i 2022, og saman med TCM har ein sett på ulike scenario for å auke inntektene. TCM har effektivisert driftsmodellen og redusert driftskostnadene. I 2022 har dei følgt driftsbudsjettet, trass i svært høge energiprisar.

Post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 2 600 mill. kroner til Langskip, som består av CO2-fangstprosjekt på sementfabrikken til Heidelberg Materials (tidlegare Norcem) i Brevik og på avfallsforbrenningsanlegget til Hafslund Oslo Celsio på Klemetsrud, og i tillegg transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen ved Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, TotalEnergies og Shell.

I 2024 skal Northern Lights ferdigstille landanlegget i Øygarden, trekke inn injeksjonsrøyret til landanlegget, og ferdigstille to skip. Heidelberg Materials skal halde fram installasjonen av fangstanlegget, og mellom anna montere CO2-kompressor og integrasjon med sementfabrikken, arbeide på hamna og ferdigstillingsaktivitetar.

Lagerprosjektet til Northern Lights er i rute til ferdigstilling hausten 2024.

I Prop. 118 S (2022–2023) blei det gjort greie for forseinka oppstart av prosjektet til Heidelberg Materials i Brevik. Selskapet gjennomførte ei framdriftsanalyse som synte forventa ferdigstilling av prosjektet 1. mars 2025. Dette er om lag seks månader seinare enn opprinneleg estimat. Ved forseinka ferdigstilling i eitt ledd av fangst-, transport- og lagerkjeda, dekker staten gjennom tilskotsavtalane kostnadene for den delen av fangst-, transport- og lagerkjeda som ikkje er forseinka. Slike kostnader er antatt å kunne komme i 2025. Ekstern kvalitetssikrar anslo i 2022 månadlege ventekostnader for Northern Lights til 20 mill. kroner. Gassnova samarbeider med industriaktørane for å best mogleg samkøyre oppstarten av heile kjeda.

Staten, ved Olje- og energidepartementet, inngjekk 8. september 2023 ein avtale med Heidelberg Materials som sikrar vidareføring av CO2-fangstprosjektet på Norcem i Brevik. I avtalen forpliktar Heidelberg Materials seg til å fullføre prosjektet og dekke auka kostnader, mot at selskapet får behalde ein større del av den potensielle avkastninga i prosjektet. Staten forpliktar seg til å gi eit oppstartstilskot på inntil 150 mill. kroner når anlegget står klart til å skipe den første lasten med CO2 til Northern Lights, jf. Vedlegg 1.

I Prop. 118 S (2022–2023) blei det også gjort greie for at Hafslund Oslo Celsio har sett gjennomføringa av CO2-fangstprosjektet på Klemetsrud på vent for arbeidde med å redusere kostnadene. Selskapet planlegg å legge fram eit nytt prosjektgrunnlag i 2024. Det er tatt omsyn til det reduserte aktivitetsnivået hos Hafslund Oslo Celsio i forslag til løyving for 2024. Departementet vil komme tilbake med ei vurdering når Hafslund Oslo Celsio legg fram eit nytt prosjektgrunnlag.

Bygging og ti års drift av lager og dei to fangstanlegga i Langskip har ei valutajustert styringsramme (P50) på 30,1 mrd. 2023-kroner, der det statlege bidraget (P50) er anslått til 20,3 mrd. 2023-kroner. Kostnadsramma er i samsvar med statens prosjektstyringsmodell sett til P85, som er eit kostnadsestimat der sannsynet for ikkje å overskride er 85 prosent.

Tabell 4.11 Kostnadsramme for Langskip (i mill. kroner)

Kostnadsramme (P85) i 2023-kroner1

Totalt

Statsstøtte

Investeringar

Northern Lights

17 680

13 360

Heidelberg Materials

Hafslund Oslo Celsio

6 940

2 550

Drift (10 år)

Northern Lights

7 750

6 000

Heidelberg Materials

Hafslund Oslo Celsio

3 940

1 450

1 Per 1. juli 2023.

Mål og aktivitetar

Samfunnsmålet med Langskip er at demonstrasjon av CO2-handtering skal gi den nødvendige utviklinga av CO2-handtering, slik at ein kan nå dei langsiktige klimamåla i Noreg og EU med lågast mogleg kostnad. Effektmåla for Langskip er at dei skal

  • gi kunnskap som viser at det er mogleg og trygt å gjennomføre fullskala CO2-handtering

  • gi produktivitetsgevinstar for kommande prosjekt gjennom lærings- og skalaeffektar

  • gi læring knytt til regulering og intensivering av CO2-handteringsaktivitetar

  • legge til rette for næringsutvikling

Langskip skal demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg, og legge til rette for læring og kostnadsreduksjonar for seinare prosjekt. Prosjektet vil berre lykkast dersom seinare prosjekt nyttar infrastrukturen og/eller læringa som kjem ut av prosjektet, og dersom Europa og verda følger etter det norske demonstrasjonsprosjektet. Lagerinfrastrukturen byggast derfor ut med kapasitet som kan nyttast av fangstprosjekt i andre land. Nye anlegg i Europa og verda elles er ein føresetnad for at CO2-handtering skal kunne bli eit effektivt og konkurransedyktig klimatiltak. Det er ei klar forventning om at Europa no følger etter, og at restkapasiteten i lageret skal kunne nyttast av tredjepartar, som ikkje den norske stat finansierer direkte. Northern Lights har inngått avtalar for å ta imot CO2 fra Ørsted i Danmark og Yara i Nederland.

Selskapa bak fangst-, transport- og lagerprosjekta skal eige og drive sine respektive delar av prosjektet. Tilskotsavtalane regulerer kostnads- og risikodeling mellom selskapa og staten. Staten tar ein vesentleg del av kostnadene og risikoen i Langskip, mellom anna risikoen i grensesnittet mellom fangst, transport og lager.

Resultat 2022

Ved utgangen av 2022 melde Heidelberg Materials (tidlegare Norcem) om ei forseinking på 3,5 månader i ferdigstillinga av anlegget. Både Heidelberg Materials og Northern Lights har vist ei relativt stabil kostnadsutvikling, sjølv med fleire utfordringar i prosjektgjennomføringa.

Heidelberg Materials blei i hovudsak ferdig med rivinga av det gamle anlegget og grunnarbeidet. Installasjonsarbeidet og klargjeringa av byggeplassen til tungløftkampanje første kvartal 2023 var påbegynt. Gjennomføringsplanen var under press, og prosjektet arbeidde med mildnande tiltak for å sikre ferdigstilling i samsvar med den allereie varsla forseinkinga.

Northern Lights ferdigstilte i 2022 grunnarbeidet i Øygarden og opna besøkssenteret. Boring av to offshorebrønnar blei gjennomført, og arbeidet med landtunnel for røyrleidning blei starta opp. Prosjektet fekk dei første sju lagertankane og begynte installasjonen av plattformer og røyr.

I november blei det første stålkuttet for skipa gjennomført på verftet Dalian. Prosjektet har signert ein intensjonsavtale om volum som vil fylle fase ein. Prosjektet arbeidde med modning av avgjerdsunderlag for fase to og planlegging av nødvendig materiell og utstyr for denne fasen.

På oppdrag frå Olje- og energidepartementet og Finansdepartementet gjennomførte Atkins ei ekstern kvalitetssikring gjennom supplerande analyse av Langskip-prosjektet. Hovudvekta av kvalitetssikringa skulle leggast på framdrifta, kostnadene og usikkerheita for det samla Langskip-prosjektet.

Hafslund Oslo Celsio starta sitt prosjekt etter avtale med Olje- og energidepartementet om støtta, datert 29. juni 2022. Prosjektet har hatt fleire utfordringar i oppstarten. Hafslund Oslo Celsio gjorde fleire endringar: Organisasjonen blei endra og forsterka, og det blei jobba med fleire større tekniske endringar i prosjektet også på Klemetsrud. Dette medfører behov for endringar av allereie inngåtte kontraktar.

Post 75 Norwegian Energy Partners

Norwegian Energy Partners (NORWEP) er ei stifting5 med mål om å styrke grunnlaget for norsk verdiskaping og sysselsetting innan energiverksemdene ved å legge til rette for å fremme internasjonal satsing innan energiverksemda som har base i Noreg. Dette blir mellom anna gjort gjennom samarbeid og dialog mellom norsk industri og internasjonale selskap og myndigheiter.

Menon Economics har gjennomført ei evaluering av måloppnåing og effektivitet for NORWEP og moglegheiter for å endre finansieringsform (Menon-publikasjon nummer 90/2023). I evalueringa blir det trekt fram at NORWEP har bidratt til auka og/eller raskare internasjonalisering av industrien, og at organisasjonen når måla som er sett på ein god måte. Effektiviteten til NORWEP blir vurdert som høg, men grenseflatene mellom NORWEP og Innovasjon Noreg er ikkje tilstrekkeleg klare, noko som trekker ned effektiviteten. For å betre koordineringa mellom Nærings- og fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet og grenseflatene mellom NORWEP og Innovasjon Noreg, blir det foreslått at rolla til NORWEP blir gjord tydeleg og inngår som oppdragstakar saman med Innovasjon Noreg under eksportfremmetiltak med finansiering over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett, jf. kap. 940 Internasjonaliseringstiltak, post 70 Eksportfremmetiltak.

Det blir foreslått eit tilskot på 26,4 mill. kroner til NORWEP. I tillegg blir det foreslått eit tilskot på 10 mill. kroner til NORWEP om eksportfremme over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett i tett samarbeid med resten av dei næringsretta verkemiddelaktørane og utanrikstenesta. Midlane til eksportfremme skal brukast til å gjennomføre strategiske eksportfremmesatsingar, jf. kap. 940 Internasjonaliseringstiltak, post 70 Eksportfremme.

Tilskot skal bidra til å fremme internasjonal verksemd for norske selskap innan energisektoren og dele informasjon om moglegheiter i internasjonale marknader ved mellom anna å halde seminar og legge til rette for møteplassar som er opne for alle verksemder som ønsker å delta.

Mål og aktivitetar

NORWEP arbeider for eksportfremme ved mellom anna å styrke posisjonen til norsk leverandørindustri innan fornybar energi og å halde oppe den sterke posisjonen norsk leverandørindustri har innanfor olje- og gassnæringa. NORWEP har også ei viktig rolle i å følge opp regjeringas ambisjon om auka eksport og satsinga «Heile Noreg eksporterer».

Det er framleis mange internasjonale prosjektmoglegheiter innanfor olje og gass. NORWEP vil arbeide for at Noreg kan behalde, og auke, sin marknadsandel i den globale marknaden.

I den internasjonale marknaden for fornybar energi er det størst vekstmoglegheiter innan havvind. Norske aktørar har ein relativt liten andel av ein sterkt veksande internasjonal marknad innanfor fornybar energi, men som det er mogleg å auke. Innsatsen innan fornybar energi / kraftsektoren vil ha hovudvekt på havvind, vasskraft og såkalla mogleggjerande teknologiar, det vil seie kompetanse på system og teknologiar som høyrer til fornybar energiproduksjon, deriblant digitalisering.

For små selskap er det ekstra krevjande å nå internasjonale marknader. NORWEP tilbyr derfor rådgiving til partnarane innanfor desse områda og har eit eige opplegg knytt til antikorrupsjon. Ved å opptre samla får særleg dei små og mellomstore bedriftene lettare tilgang til myndigheiter og kundar i utlandet.

Eit viktig område for NORWEP er nye teknologiområde der kompetanse frå både fornybar- og petroleumsnæringa kan utnyttast for å auke eksporten av norske varer og tenester. Særleg innanfor havvind er det aukande interesse frå selskap som i dag hovudsakleg er leverandørar til petroleumssektoren. Innanfor CO2-handtering og hydrogen vil også NORWEP kunne hjelpe norskbasert teknologi og kompetanse med å konkurrere i utlandet.

NORWEP har i dei seinare åra bygd ein sterk organisasjon med fagkompetanse innan alle teknologiområda. Organisasjonen har styrkt uteapparatet og er no representert i 27 marknader utanfor Noreg. Dei internasjonale rådgivarane skal dekke heile energifeltet.

Resultat 2022

NORWEP hadde inntekter på om lag 51 mill. kroner i 2022, av dei var 29 mill. kroner tilskot frå Olje- og energidepartementet. NORWEP hadde eit negativt årsresultat på om lag 11,6 mill. kroner, som blei dekt inn frå annan eigenkapital. Annan eigenkapital var på om lag 11 mill. kroner per 31. desember 2022.

NORWEP hadde 320 partnarar per 31. desember 2022. Små og mellomstore bedrifter utgjer meir enn 70 prosent. Digitale møteplassar viste seg å vere viktige og effektive møteplassar også i 2022, og stod for nær 50 prosent av NORWEPs møtearenaer. Det å arrangere digitale møteplassar kontra fysiske har gitt store moglegheiter fordi dei kan arrangerast på tvers av globale marknader. På den måten har det vore mogleg for NORWEP å fokusere på teknologiområde framfor geografiske skilje. Slik blir ein breiare kompetanse involvert både frå NORWEP i Noreg og deira internasjonale rådgivarar. NORWEPs marknadsrapportar og marknadsinformasjon har også bidratt til å gi verdifull informasjon til norske aktørar.

Det blei gjennomført 98 arrangement med totalt 6 481 deltakarar. Om lag halvparten var innan fornybar energi og om lag 40 prosent innan olje og gass. I tillegg blei det gjennomført ein del arrangement som omfatta hele energiområdet. Dette året var det første der talet på arrangement for fornybar energi var høgare enn for olje og gass.

Programkategori 18.60 Sikkerheit og arbeidsmiljø

Utviklingstrekk

Petroleumsverksemda har over tid utvikla eit høgt HMS-nivå. Myndigheitene legg til rette gjennom utvikling og forvaltning av regelverk, kunnskapsutvikling og oppfølging av at næringa varetar det pålagde ansvaret. Eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og sikker drift i næringa blir oppretthalde over tid gjennom at det blir lagt til rette for medverknad, systematisk risikovurdering, førebygging og kontinuerleg forbetring og læring.

Prosjektet Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) overvakar risikoutviklinga i petroleumsverksemda og er organisert i eit samarbeid mellom Havindustritilsynet, partane i næringa og forskingsmiljø. RNNP består av fire årlege rapportar. Hovudrapporten, landrapporten og samandragsrapporten for sokkelen blir publiserte i april. Rapporten om akutte utslepp blir publisert i oktober, sjå omtale i Del III Omtale av klima- og miljørelevante saker. RNNP bygger mellom anna på innrapportering frå næringa og gjennomføring av ei spørjeundersøking om HMS-tilstand, arbeidsmiljø og vurdering av eiga helse. Det er utvikla særlege storulykkeindikatorar for arbeidet med RNNP. Utviklinga på andre risikorelaterte område kan vurderast enkeltvis og i samanheng med storulykkeindikatorane.

RNNP viser at HMS-nivået i petroleumsverksemda over tid har utvikla seg i positiv retning, og myndigheitene og partane er einige om at HMS-nivået i norsk petroleumsverksemd er høgt. Storulykkeindikatoren, som reflekterer både talet på alvorlege hendingar og potensialet for tap av liv som følge av hendingane, viser i hovudsak ei langsiktig positiv utvikling. Dei siste åra har trendlinja flata ut. Dette indikerer at det framleis er behov for å rette stor merksemd mot stadig forbetring og førebyggande arbeid knytt til helse, miljø og sikkerheit.

Talet på hendingar med storulykkepotensial på sokkelen har lege på eit stabilt lågt nivå sidan 2012. Nivået i perioden 2012–2022 er lågare enn i perioden før. Resultata for landanlegga viser likevel ein auke i talet på hendingar med storulykkepotensial sidan 2019, først og fremst innan utende hydrokarbonlekkasjar. Også frekvensen for alvorlege personskadar per million arbeidstimar viser ein svakt aukande trend både på sokkelen og på landanlegga dei siste åra. Talgrunnlaget viser at det kan vere store forskjellar mellom selskap, anlegg og innretningar.

Arbeidsmiljøet i petroleumsverksemda har i hovudsak hatt ei positiv utvikling over tid, men næringa har framleis enkelte utfordringar. Tal frå RNNP 2022 viser at det på norsk sokkel blei meldt 229 rapporteringspliktige personskadar til Havindustritilsynet i 2022. Dette er ein liten auke samanlikna med 2021. Talet på alvorlege personskadar på sokkelen viser samtidig ein nedgang i 2022, da det blei registrert 21 hendingar av denne typen, mot 27 i 2021. Sidan 2010 har det vore to dødsulykker i norsk petroleumsverksemd, mot seks i tiårsperioden før. Den siste dødsulykka skjedde i 2017. I tillegg viser tilsynsobservasjonar, tal frå RNNP og bekymringsmeldingar at arbeidstidsordningane er under press, og at bruken av overtidsarbeid aukar. Det er mellom anna avdekt brot på regelverket og tilfelle av manglande styring av arbeidstid, vidare har det vore omfattande bruk av utvida opphaldsperiodar offshore. Samla kan dette tyde på høg arbeidsbelastning og press på kapasitet og kompetanse.

Det endra sikkerheitsbiletet i samband med Russlands invasjon av Ukraina har ført til større merksemd om energisikkerheit i Europa. Trusselbiletet for petroleumssektoren har ytterlegare aktualisert viktigheita av sikker drift på norsk sokkel. Samtidig er aktivitetsnivået i bransjen aukande, noko som gir press på kapasitet og kompetanse innan fleire fagdisiplinar.

Klimautfordringane påverkar også i stadig større grad utviklinga i petroleumsverksemda. Næringa utviklar og tar i bruk stadig meir ressurseffektive og miljøvennlege løysingar, og omstiller seg til også å bidra innan nye energiformer. Endringsprosessane er ofte komplekse, og det kan vere utfordrande å gjennomføre heilskaplege vurderingar av kva konsekvensar endringane kan få for sikkerheit og arbeidsmiljø. Myndigheitene følger utviklinga tett, mellom anna gjennom dialog med aktuelle partar og samarbeid mellom aktuelle myndigheiter.

Hovudmål for sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs

Regjeringa har som ambisjon at norsk petroleumsverksemd skal vere verdsleiande på HMS. Denne ambisjonen er eit tydeleg signal om at petroleumsnæringa ikkje kan slå seg til ro med eit godt nok HMS-nivå, men må jobbe for stadig forbetring. Også for ny industriverksemd til havs skal det etablerast eit høgt nivå på helse, miljø og sikkerheit.

Eit høgt HMS-nivå kan ein ikkje ta for gitt. På enkelte område er det framleis behov for betre førebyggande arbeid og tilpassa oppfølging av risiko. Regjeringa legg til grunn at det etablerte HMS-regimet med eit godt partssamarbeid og ei tydeleg tilsynsmyndigheit framleis vil vere avgjerande for ei kontinuerleg forbetring av HMS-nivået på sokkelen.

Både ansvaret for og nøkkelen til kontinuerleg forbetring av HMS-nivået og effektiv drift ligg hos næringa sjølv. Oppfølginga frå myndigheitene kjem i tillegg til, ikkje som erstatning for, oppfølging frå selskapa sjølve. Dette ansvaret inneber også oppfølging av kontrollplikta, både operatøren si oppfølging av leverandørar nedover i kjeda og rettshavaren si oppfølging av operatøren. Myndigheitene forventar at næringa er i stand til å styre og tilpasse seg endringar i petroleumsverksemda og samtidig ta ansvar for å vidareutvikle og styrke sikkerheita og arbeidsmiljøet.

Kunnskap og ny teknologi er i rask utvikling i petroleumsverksemda og i ny industriverksemd til havs. Teknologiutvikling fører i all hovudsak til større sikkerheit og effektivitet, men kan også føre med seg nye utfordringar som næringa må handtere. Det er forventa at næringa utviklar og tar i bruk ny teknologi som bidrar til større effektivitet og sikkerheit og til kontinuerleg forbetring av HMS-nivået.

Det er nødvendig med kontinuerleg kunnskapsutvikling og god dokumentasjon om HMS og sikring i petroleumsverksemda, ikkje minst som følge av den teknologiske utviklinga. Løpande utvikling og oppfølging av RNNP er eit viktig tiltak i denne samanhengen.

Det er behov for framleis å satse på forsking og innovasjon innan HMS i sektoren. Grunnleggande og anvend forsking bidrar til ny kompetanse, teknologi og innovasjon for å forhindre storulykker og forbetre helse, arbeidsmiljø og sikkerheit i petroleumsverksemda.

Olje- og energidepartementets mål og oppgåver

Ved kongeleg resolusjon 11. mai og 20. juni 2023 overtok Olje- og energidepartementet ansvaret for etatsstyringa av Havindustritilsynet og forvaltningsansvaret for arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring etter petroleumslova, havenergilova, havbotnminerallova og for arbeidsmiljølova når det gjeld verksemd under Havindustritilsynets tilsynsområde, frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Olje- og energidepartementet er samtidig delegert myndigheit etter lov 21. juni 1963 nr. 12 om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleums- og mineralforekomster når det gjeld transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen.

Olje- og energidepartementet har dermed fått det overordna ansvaret for forvaltninga av arbeidsmiljøet og for sikkerheit og beredskap i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs. Departementet skal sørge for ei samordna og heilskapleg forvaltning av lovreglar som handlar om krav til og tilsyn med arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring.

Departementet vil gjennom styringsdialogen følge opp Havindustritilsynets arbeid med arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring i petroleumsverksemda og i tilknyting til anna industriverksemd til havs.

Departementet vil gjennom etatsstyringa av Havindustritilsynet arbeide for aktiv myndigheitsoppfølging av verksemdene og legge vekt på at Havindustritilsynet er tydeleg i bruken av verkemiddel og reaksjonar.

Departementet vil i gjennomføringa av konsesjonsrundar og godkjenning av utbyggingsplanar sjå til at aktørane på norsk sokkel er seriøse og kompetente, og på den måten bidra til å oppretthalde eit høgt HMS-nivå på norsk sokkel.

To- og trepartssamarbeidet er vesentlege føresetnader og viktige arenaer for HMS-regimet i norsk petroleumsverksemd. Eit godt samarbeid føreset god og open kommunikasjon, gjensidig anerkjenning av roller og ansvar og reell medverknad frå arbeidstakarane. Departementet vil legge vekt på at Havindustritilsynet i samarbeid med næringa held fram med å legge til rette for eit godt partssamarbeid.

Havindustritilsynet

Havindustritilsynet skal legge premissar for og følge opp at aktørane innanfor myndigheitsområdet til tilsynet held eit høgt nivå når det gjeld sikkerheit, helse, arbeidsmiljø og sikring.

Myndigheitsansvaret til Havindustritilsynet omfattar petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel i tillegg til enkelte nærmare angitte petroleumsanlegg på land. Havindustritilsynet har også ansvar for å følge opp aktørane sine sikringstiltak og deira beredskap mot bevisste anslag.

Havindustritilsynet blei i mai 2023 utpeikt som sektortilsyn etter sikkerheitslova for petroleumsverksemda, og følger opp at verksemdene tar ansvar for sikkerheit og sikring i tråd med sektorregelverket og sikkerheitsregelverket.

Havindustritilsynet har også tilsynsansvar for arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring for transport og lagring av CO2 i undersjøiske geologiske formasjonar på kontinentalsokkelen. Havindustritilsynet har vidare ansvar knytt til havenergilova § 5-1 om beredskap, sikkerheit og arbeidsmiljø, og havbotnminerallova kapittel 6 og § 9-1 om sikkerheit og beredskap.

Havindustritilsynet skal, på eit fagleg og sjølvstendig grunnlag, følge opp at aktørane følger opp ansvaret dei har etter petroleumslovgivinga, arbeidsmiljølovgivinga og anna relevant regelverk som er tillagt myndigheita til Havindustritilsynet.

Havindustritilsynet har kontor i Stavanger. Det blei utført 174 årsverk i 2022.

Mål

Havindustritilsynet skal i 2024 innan ansvarsområdet sitt bidra til å nå desse hovudmåla:

  • redusert risiko for storulykke i petroleumsverksemda

  • at verksemdene har eit systematisk førebyggande helse-, arbeidsmiljø- og sikkerheitsarbeid og forsvarlege arbeidsforhold

  • at verksemdene har nødvendige sikringstiltak som skal bidra til å hindre uønskte hendingar, og sørger for beredskap tilpassa det til ei kvar tid gjeldande risikobiletet

Havindustritilsynet følger opp verksemdene gjennom mellom anna informasjon, rettleiing og tilsyn. Havindustritilsynet legg i oppfølginga av verksemdene vekt på å vere ei sterk og tydeleg tilsynsmyndigheit som har nødvendig tillit, legitimitet og autoritet gjennom tilsynsrolla.

Det er verksemdene som er ansvarlege for HMS-nivået på eigne anlegg og innretningar. Oppfølginga frå myndigheitene si side kjem i tillegg til, ikkje som erstatning for, oppfølginga frå verksemdene sjølve. Havindustritilsynet fører tilsyn med at aktørane følger opp ansvaret sitt gjennom alle fasar av verksemda.

I petroleumsverksemda er det potensial for storulykker. Verksemdene er derfor ansvarlege for å førebygge, ha beredskap for og sette i verk risikoreduserande tiltak i tråd med regelverket.

Ein føresetnad for å kunne vareta sikker drift, eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø og arbeidsforhold i tråd med regelverket er at verksemdene på den enkelte arbeidsplassen legg til rette for eit godt fungerande topartssamarbeid, gjer systematiske risikovurderingar og set i verk risikoreduserande tiltak for kontinuerleg læring og forbetring.

Resultat 2022

Redusere risikoen for storulykker

Havindustritilsynet bruker resultat frå RNNP saman med informasjon frå tilsynsaktivitetar som grunnlag for å sikre ei målretta og risikobasert tilsynsoppfølging. Havindustritilsynet har i tilknyting til hovudmålet om å redusere risikoen for storulykker i petroleumssektoren prioritert desse områda for oppfølging i 2022:

Brønnkontrollhendingar kan innebere fare for storulykke og er eit område med høg prioritet for Havindustritilsynet. I 2022 innleia Havindustritilsynet ein møteserie med operatørar om førebygging av brønnkontrollhendingar gjennom betre estimering av pore- og oppsprekkingstrykk. Denne møteserien blir ført vidare i 2023 og 2024. Havindustritilsynet gjennomførte fleire tilsyn med planlegging og gjennomføring av bore- og brønnintervensjonsoperasjonar og førte også tilsyn med brønnkontrollkompetanse hos entreprenørane. I januar 2023 sette Havindustritilsynet i verk ei gransking av ei brønnkontrollhending på Gullfaks-feltet.

Hydrokarbonlekkasjar som antenner, kan resultere i brann eller eksplosjon og dermed tap av menneskeliv, akutte utslepp av hydrokarbon til luft og sjø og tap av store materielle verdiar. Oppfølginga frå Havindustritilsynet skjer gjennom oppfølging av hendingar og selskapa sine system og arbeidsprosessar som skal hindre lekkasjar.

Havindustritilsynet har granska ei hending og gjennomført fleire tilsyn med barrierestyring knytt til hydrokarbonlekkasjar som tema. Havindustritilsynet har også gjennomført fleire tilsyn med elsikkerheit på innretningar, da feil i elektrisk utsyr kan fungere som tennkjelde i tillegg til å føre til personskade i seg sjølv. Målet er å auke forståinga av kor viktig god barrierestyring er med tanke på forsvarleg drift. I sum gir tilsynserfaringar og informasjon frå RNNP eit bilete som tilseier at næringa blir stadig betre til å styre sikkerheitskritiske barrierar.

Manglande vedlikehald er ofte ei medverkande årsak til mellom anna konstruksjonshendingar. Tilsyn frå Havindustritilsynet viser at selskapa framleis har eit forbetringspotensial når det gjeld vedlikehaldsstyring. Havindustritilsynet har gjennomført ei rekke tilsyn og studiar med måten selskapa handterer integriteten til konstruksjonar på, som tema, med formål å bidra til betre sikkerheit på dette området. Oppfølginga er særleg retta mot korrosjon under isolasjon i prosessanlegg, marine system og røyrleidningar for transport av olje og gass. Havindustritilsynets kunnskapsformidling bidrar også til å sette vedlikehald høgt på dagsordenen og til å auke bevisstheita rundt god vedlikehaldsstyring for reduksjon av storulykkerisiko.

Havindustritilsynet har dei seinare åra hatt større merksemd på arbeidet med IKT-sikkerheit og sikring av IKT-system, mellom anna gjennom kunnskapsutvikling og formidling. I 2022 prioriterte Havindustritilsynet tilsyn med korleis selskapa følger opp styring av risiko knytt til informasjonssikkerheit for industrielle IKT-system. Havindustritilsynet er delegert ansvaret som responsmiljø for petroleumssektoren, og har inngått ein avtale med KraftCERT, som også varetar tilsvarande oppgåver for den nasjonale kraftforsyninga i Noreg.

Sikring mot bevisste anslag har fått særleg auka merksemd i samband med Russlands invasjon av Ukraina og den krevjande sikkerheitssituasjonen i Europa. Havindustritilsynet har bidratt til å forbetre sikringstilstanden gjennom tilsyn, dialog og møte med aktørane i næringa og andre myndigheiter. Havindustritilsynet har også bidratt til den nasjonale beredskaps- og krisehandteringa gjennom å bidra til å avklare situasjonsbiletet. Dette har ført til betre avgjerdsgrunnlag for handtering av situasjonen, samhandling om iverksetting av tiltak, oppfølging av aktørane og bidrag til totalforsvaret.

Førebyggande arbeidsmiljø, helse og sikkerheit

Havindustritilsynet har særleg lagt vekt på korleis selskapa styrer oppfølging av det fysiske og kjemiske arbeidsmiljøet, og organisatorisk/psykososialt arbeidsmiljø og ergonomi. Dette kjem i tillegg til den kontinuerlege oppfølginga av det førebyggande arbeidet i selskapa for å redusere arbeidsmiljørisiko, førebygging av akutte personskadar og varetaking av seriøse og anstendige arbeidsvilkår.

Havindustritilsynet har mellom anna lagt vekt på risiko knytt til eksponering for kreftframkallande kjemikaliar, særleg eksponeringsrisiko for benzen. Havindustritilsynet har følgt opp handteringa i selskapa både gjennom tilsyn med enkeltselskap og gjennom informasjonsinnhenting og kunnskapsutvikling.

Havindustritilsynet har også hatt merksemd på korleis selskapa handterer ergonomi / mekaniske faktorar, psykososialt arbeidsmiljø og menneskelege og organisatoriske forhold når nye digitale løysingar blir tatt i bruk. Den samla oppfølginga frå Havindustritilsynet har bidratt til større kunnskap, og selskapa gjennomfører tiltak som følge av tilsynsaktivitetane til Havindustritilsynet.

Havindustritilsynet har gjennomført fleire tilsyn med både operatørar og entreprenørar med arbeidstid og robust bemanning som tema.

Havindustritilsynet har i tilsynsverksemda si hatt auka merksemd på førebygging av personskadar i tilknyting til løfteoperasjonar. I tilsyn har Havindustritilsynet mellom anna registrert at fleire selskap har prioritert å gi personell med operasjonelt ansvar eit kompetanseløft knytt til løfteoperasjonar.

Havindustritilsynet gjennomførte fem tilsyn med innleige av arbeidskraft frå bemanningsføretak. Tilsyna har hatt god effekt, og Havindustritilsynet ser ei tydeleg forbetring hos aktørane når det gjeld å følge opp krava i innleigeregelverket. Forbetringa kjem dels av den auka merksemda temaet og enkelte av tilsyna har hatt i media både lokalt og nasjonalt, i tillegg til at Havindustritilsynet har hatt søkelys på innleige på heimesidene sine og på ulike konferansar.

Tilrettelegging for medverknad frå arbeidstakarane er eit sentralt krav i petroleumsregelverket og arbeidsmiljølova. Dette har også i 2022 vore eit viktig tema i tilsyn, i statusmøte med selskapa og med partane i arbeidslivet og forum for koordinerande hovudverneombod. Havindustritilsynet ser at selskapa som har arbeidstakarmedverknad godt innarbeida i leiinga og i styringssystema sine, også klarer seg best i periodar med ulike utfordringar og endringar.

Ny industriverksemd til havs

Havindustritilsynet blei i 2022 delegert myndigheit for fornybar energiproduksjon til havs, og har sidan jobba med kunnskapsutvikling, regelverksutvikling og førebuingar til tilsyn.

Kap. 1860 Havindustritilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 20221

Saldert budsjett 20232

Forslag 2024

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 21

349 324

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

34 400

Sum kap. 1860

383 724

1 Blei regnskapsført på kap. 642 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

2 Blei løyvd på kap. 642 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei det under kap. 1812, post 01 løyvd 333,73 mill. kroner og kap. 1812, post 21 løyvd 33,145 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21

Det blir foreslått ei løyving på om lag 349,3 mill. kroner til lønnsutgifter og andre utgifter til drift av Havindustritilsynet. Lønnsrelaterte utgifter utgjer om lag 80 prosent. Vidare blir det foreslått ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4860, post 10 Refusjonar, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått ei løyving på 34,4 mill. kroner og ei fullmakt til å overskride løyvinga mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4860, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter, jf. forslag til vedtak II.

Løyvinga dekker utgifter til tilsyn med petroleumsaktivitetar og annan aktivitet som Havindustritilsynet utfører på eiga hand eller med bistand. Utgiftene blir dekket enten av inntekter frå gebyr eller sektoravgift frå operatørselskapa/kontraktørane. Inntektene blir ført under kap. 4860, post 01 Gebyrinntekter eller kap. 5582, post 75 Sektoravgifter under Havindustritilsynet.

Løyvinga dekker også utgifter knytt til oppdrag/samarbeid overfor Norad. Utgiftene blir refundert av Norad, jf. kap. 4810, post 02.

Kap. 4860 Havindustritilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 20221

Saldert budsjett 20232

Forslag 2024

01

Gebyrinntekter

85 800

02

Oppdrags- og samarbeidsinntekter

8 900

Sum kap. 4860

94 700

1 Blei inntektsført på kap. 3642 under Arbeids- og inkluderingsdepartementets

2 Blei løyvd på kap. 3642 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei det under kap. 4812, post 01 løyvd 82,615 mill. kroner og kap. 4812, post 02 løyvd 8,509 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 01 Gebyrinntekter

Posten omfattar gebyrinntekter frå tilsyn med helse, miljø og sikkerheit i petroleumssektoren og som rettar seg mot eitt selskap.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Posten omfattar inntekter knytt til oppdrag/samarbeid overfor Norad, jf. kap. 1860, post 21.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 20221

Saldert budsjett 20232

Forslag 2024

75

Sektoravgifter under Havindustritilsynet

134 933

Sum kap. 5582

134 933

1 Blei inntektsført på kap. 5571 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

2 Blei løyvd på kap. 5571 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Om 2023

Ved Stortingets vedtak 16. juni 2023 blei det under post 75 løyvd 132,316 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Post 75 Sektoravgifter under Havindustritilsynet

Havindustritilsynet kan krevje sektoravgift for tiltak retta mot heile eller delar av petroleumsnæringa. Sektoroppgåvene omfattar mellom anna erfaringsoverføring frå Havindustritilsynet til næringa, kunnskapsutvikling og tilrettelegging for tilsynskampanjar. Sektoravgifta blir fordelt på fleire selskap i samsvar med ein fordelingsnøkkel som blir fastsett av Havindustritilsynet.

Sektoravgifta dekker Havindustritilsynets faktiske kostnader for oppfølging av næringa i tillegg til gebyr frå tilsyn under kap. 4860, post 01.

Fotnotar

1.

Mission Innovation (23. September 2022), A Global Innovation Blueprint to make Clean Energy Affordable, Available and Accessible for All, Announcements at the 7th Mission Innovation Ministerial, Henta frå Microsoft Word – FINAL Global Innovation Blueprint – MI-7 announcements (mission-innovation.net) 25. juli 2023

2.

CERT (Computer Emergency Response Team). KraftCERT er eit selskap som støttar kraftbransjen både i førebyggande arbeid og i handtering av digitale hendingar.

3.

Sammenhengende verdikjeder for hydrogen, Oslo Economics, Sintef, Greensight, mai 2023.

4.

ACT (Accelerating CCS Technology) er eit internasjonalt samarbeid der formålet er å støtte forsking, utvikling og demonstrasjon innanfor CO2-handtering (CCUS). Leis meir om ACT under Internasjonalt forskings- og teknologisamarbeid.

5.

Stiftarar: Nærings- og fiskeridepartementet, Utanriksdepartementet, Olje- og energidepartementet, Norges Rederiforbund, Norsk Industri, Offshore Norge, Energi Norge, Equinor, Statkraft og LO.

Til forsida