Del 3
Særlege tema
3 FNs berekraftsmål – rapportering
Agenda 2030 med FNs berekraftsmål vart vedteken av FN i 2015. Berekraftsmåla består av 17 hovudmål og 169 delmål og utgjer arbeidsplanen til FN for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla er universelle, dvs. at alle land har ansvar for å følgje opp måla nasjonalt. Måla skal fungere som ei felles global retning for statar, næringsliv og sivilsamfunn.
Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer arbeidet med nasjonal oppfølging av berekraftsmåla. I juni 2021 la regjeringa Solberg fram Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030. Justis- og beredskapsdepartementet har det nasjonale koordineringsansvaret for hovudmål 16: fremme fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå. Justis- og beredskapsdepartementet har òg ansvar for oppfølging av tiltak innanfor delmål under hovudmål 10: redusere ulikskap i og mellom land, og hovudmål 5: oppnå likestilling og styrke stillinga for jenter og kvinner i samfunnet. Justis- og beredskapsdepartementet rapporterer nedanfor på relevante delmål.
10. Redusere ulikskap i og mellom land
Delmål 10.7: Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelbundne og ansvarlege former, blant anna ved å gjennomføre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk
Noreg har ei velfungerande migrasjonsforvaltning som fortløpande arbeider for ein tilpassa respons på utfordringar på migrasjonsfeltet.
Det er positivt at EU har lukkast med å få til ei semje om pakta for migrasjon og asyl, som utgjer ei omfattande og samla reform av EUs asyl- og migrasjonsregelverk. Sentrale formål med dei nye reglane har vore å balansere ansvaret til medlemsstatane og den gjensidige solidariteten for behandling av asylsøknader og å sikre ei effektivisering og styrking av yttergrensekontrollen. Delar av regelverkspakka vil vere bindande for Noreg gjennom tilknytingsavtalane våre med EU.
Regjeringa vil halde fram med arbeidet med å byggje opp ein solidaritetspott i utviklingsbudsjettet for å betre forholda for menneske på flukt og for lokalsamfunna som tek imot mange flyktningar og fordrivne. Regjeringa vil òg halde fram med samarbeidet med EU og europeiske land om handtering av migrasjon. Blant anna skjer dette ved at Noreg gjennom EØS-midlane bidrar til å styrke asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. I tillegg bidrar Noreg ved å sende ut ekspertar gjennom asylbyrået EUAA og grense- og kystvaktbyrået Frontex. Sjå òg omtalen av solidaritetspotten og EØS-midlane i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.
5. Oppnå likestilling og styrke stillinga for jenter og kvinner i samfunnet
Delmål 5.2: Avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner, både i offentleg og privat sfære, inkludert menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting
Kvinner blir i større grad enn menn utsette for alvorleg fysisk vald i nære relasjonar, seksuell trakassering, valdtekt, negativ sosial kontroll, kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Valdtektsutvalet si utgreiing (NOU 2024: 4 Voldtekt – et uløst samfunnsproblem) vart overlevert i mars 2024 og har vore på brei offentleg høyring. I desember 2023 la regjeringa fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Gjennom tiltak i planen blir det lagt til rette for å styrke den førebyggjande innsatsen, avdekke fleire saker, følgje opp valdsutsette på ein betre måte og styrke samarbeidet mellom tenestene. Planen inneheld ein eigen samisk del. For å styrke kunnskapsgrunnlaget om vald i nære relasjonar arbeider regjeringa med å etablere ein partnardrapskommisjon med sikte på oppstart ved årsskiftet 2024–2025.
16. Fremme fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå
Delmål 16.1: Vesentleg redusere vald i alle former og dødsfall som skriv seg frå vald, i heile verda
Nasjonalt: Drapsraten i Noreg ligg stabilt på rundt 0,5 drap per 100 000 innbyggjarar. I 2023 vart det utført 38 drap i Noreg. 17 av offera var partnar/ekspartnar, kjæraste eller tidlegare kjæraste til gjerningspersonen. Andelen drepne i ein slik relasjon utgjorde 45 pst. av sakene i 2023 og det er det høgaste i siste tiårsperiode. Dei fleste drepne i denne gruppa er kvinner. I utgreiinga NOU 2020: 17 Varslede drap? fremma partnardrapsutvalet ei rekkje tilrådingar som regjeringa følgjer opp. Ein permanent kommisjon vil bli sett ned ved årsskiftet 2024–2025. Formålet med kommisjonen skal vere å redusere førekomsten av alvorlege partnarvaldssaker, avdekke systemsvikt, lære av feil og vidareutvikle arbeidet med å førebyggje alvorleg partnarvald og partnardrap. I Noreg har vi sett ein generell nedgang i den registrerte kriminaliteten over fleire år. Innbyggjarane opplever òg at det er trygt å bu i Noreg. Fleire kvinner enn menn er urolege for vald eller truslar på bustaden. Vald og seksuallovbrot held fram med å vere ei betydeleg utfordring. Regjeringa har lagt fram ein opptrappingsplan for å førebyggje og motarbeide vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar for perioden 2024–2028.
Delmål 16.2: Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vald og tortur mot barn
Nasjonalt: Regjeringa avgjorde i juni 2024 at det skal lagast ein nasjonal strategi mot menneskehandel. Formålet med strategien er å oppnå betre samordning og koordinering på strategisk nivå og å gi meir føreseieleg bistand til offer for utnytting. Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar ei tilskotsordning på prostitusjons- og menneskehandelsfeltet.
Internasjonalt: Noreg støttar arbeidet mot vald og overgrep mot barn gjennom Unicef og FN sin spesialrepresentant for nedkjemping av vald mot barn. I 2020 vart arbeidet med å førebyggje og oppklare straffesaker om seksualrelatert kriminalitet mot barn og unge styrkt med ei politiutsending ved ambassaden i Manila. Vern mot seksualisert og kjønnsbasert vald, spesielt vald mot kvinner og jenter, er høgt prioritert i den humanitære strategien til Noreg.
16.3) Fremme rettsstaten nasjonalt og internasjonalt og sikre likskap for lova, rettstryggleik og rettsvern for alle
Nasjonalt: Rettshjelplova med forskrifter gir reglar for offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. I nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt og formue. I andre sakstypar er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tillegg er tilskotsordninga for frivillige rettshjelpstiltak ei ordning som er retta mot utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte det som at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg.
Inntektsgrensene for behovsprøvd rettshjelp vart oppjusterte i både 2022 og 2023. Grensene for formue vart òg oppjusterte i 2023. Lov 20. desember 2023 nr. 109 om endringar i rettshjelploven (ny modell for økonomisk behovsprøving) vart vedteken av Stortinget i desember 2023. Departementet tek sikte på at den nye modellen for behovsprøvd rettshjelp vil tre i kraft i løpet av 2025. Den nye modellen inneber blant anna nye kriterium for behovsprøvinga for når det blir innvilga rettshjelp. I staden for separate krav til inntekt og formue skal det bli teke utgangspunkt i den samla betalingsevna til søkaren. Det blir vidare innført prosentvise eigendelar som blir fastsette på bakgrunn av betalingsevna til søkaren, og som aukar med betalingsevna. Eigendelen blir betalt ut frå dei samla advokatutgiftene i saka. Den nye modellen vil gi vesentleg fleire personar rett til behovsprøvd rettshjelp.
Internasjonalt: Noreg samarbeider med aktørar i sivilt samfunn, som International Commission of Jurists, som fremmar rettstryggleik for menneskerettsforsvararar.
Regjeringa la hausten 2023 fram Noregs femte nasjonale handlingsplan (2023–2030) om kvinner, fred og tryggleik. Handlingsplanen følgjer opp FNs tryggingsrådsresolusjon 1325 og andre resolusjonar om kvinner, fred og tryggleik, og dessutan den breiare dagsordenen for kvinner, fred og tryggleik.
Delmål 16.4: Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar, gjere det enklare å spore opp og returnere stolne eigedelar og motarbeide alle former for organisert kriminalitet, og delmål 16.5: Vesentleg redusere korrupsjon og bestikkingar i alle former
Nasjonalt: Dei siste åra har det blitt lagt meir vekt på å hindre og kjempe mot ulovlege pengestraumar. Ny teknologi og nye betalingstenester gjer det vanskelegare å avdekke slik kriminalitet.
I 2022 vart det publisert ei ny nasjonal risikovurdering og eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om kvitvasking og terrorfinansiering. Regjeringa la i mars 2024 fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet, som skal bidra til politikkutvikling på området. Viktige formål med meldinga er å betre måloppnåinga til myndigheitene på feltet, innskrenke moglegheitsrommet for dei kriminelle og utnytte dei samla ressursane i samfunnet betre for å sikre ein meir effektiv innsats mot økonomisk kriminalitet. Lov og forskrift om register over reelle rettshavarar er vedtekne, og det blir arbeidd med å skipe registeret.
Sjølv om korrupsjon førekjem i Noreg, har han ikkje vore eit stort samfunnsproblem. Integriteten til institusjonar er verna ved offentleglova, forvaltningslova og spesiallover for dei enkelte institusjonane. Medvitsgjering, transparens, nulltoleranse og straffetrussel kombinert med aktive tilsynsmyndigheiter og effektiv rettshandheving er viktige føresetnader for førebygging og kamp mot korrupsjon i Noreg.
Internasjonalt: Gjennom deltaking i UNODC (FN sitt kontor mot narkotika og kriminalitet), generalforsamlinga i FN, det økonomiske og sosiale rådet til FN (ECOSOC), Financial Action Task Force (FATF), utviklingsbankane, OECD og andre forum arbeider Noreg for å styrke internasjonale normer, standardar og operative tiltak for å førebyggje og nedkjempe korrupsjon, bestikkingar, skatteunndraging, kvitvasking og ulovleg kapitalflyt. Dette gjeld særleg ulovlege finansstraumar i offentleg og privat sektor på tvers av landegrenser. I 2023 deltok Noreg i forhandlingar i FATF om nye internasjonale standardar for å inndra meir utbytte frå kriminalitet. Støtta til fagleg samarbeid for å nedkjempe korrupsjon og fremme godt styresett har auka.
Dei siste åra har Finanstilsynet styrkt tilsynsinnsatsen sin knytt til kvitvaskingsregelverket. Samstundes syner erfaringar frå tilsyn at etterlevinga framleis er mangelfull i mange tilfelle. Etterleving av kvitvaskingsregelverket er blant Finanstilsynets særleg prioriterte tilsynsområde i strategiperioden 2023–2026.
Regjeringa la i mars 2024 fram Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar. Meldinga og Stortinget si behandling av denne legg grunnlaget for ein styrkt innsats innanfor førebygging og motverking av økonomisk kriminalitet. Etter forslag i Prop. 74 LS (2023–2024) er kvitvaskingslovas verkeområde blitt utvida til òg å gjelde kunsthandlarar og dei som tilbyr særlege tenester for oppbevaring av kunst. Desse lovendringane trer i kraft 1. januar 2025. I tillegg er eit register over reelle rettshavarar oppretta frå 1. oktober 2024. Registreringsplikta vil bli fasa inn fram til 31. juli 2025. Registeret skal betre tilgangen til opplysningar om eigarskap og kontroll i norske føretak og vere et viktig verktøy i kampen mot kvitvasking, terrorfinansiering og annan økonomisk kriminalitet.
Noreg er pådrivar i arbeidet med godt styresett og integritetsbygging mellom anna innanfor NATO samarbeidet og i oppfølging av alliansens nye strategiske konsept. Desse verdiane står sentralt i ein rekke bilaterale prosjekter, og er også er integrert i Nansen-programmet for Ukraina.
Delmål 16a: Styrke relevante nasjonale institusjonar, bl.a. gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å byggje kapasitet på alle nivå, særleg i utviklingsland, for å førebyggje vald og motarbeide terrorisme og kriminalitet
Nasjonalt: Den reviderte nasjonale kontraterrorstrategien frå 2022 er under oppfølging. Strategien rammar inn det nasjonale arbeidet med å førebyggje, verne mot, avverje og handtere terror i Noreg. Strategien har fem prioriterte tiltak. Blant anna skal det leggjast betre til rette for samhandling på tvers av sektorar i saker der psykiske lidingar og ekstremisme er eller kan vere relevant. Utviklinga på kontraterrorfeltet går raskt. Det skal vurderast om den nasjonale strategien skal gjennomgå ein ny revisjon.
Dei aller fleste tiltaka i den reviderte handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme frå 2020 no følgde opp. Handlingsplanen inneheld bl.a. tiltak for å styrke førstelinja sitt arbeid på feltet. Eventuelle endringar i innretninga av den førebyggjande innsatsen mot radikalisering og ekstremisme i Noreg vil bli vurderte i arbeidet med den kommande stortingsmeldinga om førebygging av ekstremisme.
Internasjonalt: Norsk politi og anna personell frå justissektoren deltek i internasjonale fredsoperasjonar i land som har behov for støtte til på ny å opprette ein normal samfunnsstruktur etter krig og konflikt. Norsk politi deltek for tida i FN sine fredsoperasjonar og politiske oppdrag i Sør-Sudan og Colombia. Der bidrar dei til å byggje opp kapasitet i lokalt og nasjonalt politi og dessutan til å verne sivile. Noreg deltok inntil midten av 2022 òg i FN sin operasjon i Mali, der Noreg hadde ansvar for eit spesialisert polititeam som hadde som mål å auke kompetansen til malisk politi på åstadgransking. Noreg deltok òg med politi i Sudan inntil kamphandlingane braut ut i 2023. Innsatsen har bidratt til å styrke myndigheitene sin kamp mot organisert kriminalitet og terrorisme. Norsk politi bidrar vidare med kurs og instruktørstøtte. Overordna prioriteringar for innsatsen er å bidra til å styrke kvinneandelen, kvinner sine rettar og likestillinga, støtte utviklinga av arbeidsmetodane til FN-politiet og samarbeide med andre land som bidrar.
Noreg bidrar i den internasjonale innsatsen for førebygging og kamp mot valdeleg ekstremisme. I tillegg til å delta i ulike bilaterale samarbeid er Noreg aktiv i fleire internasjonale fora på feltet. Blant anna har Global Counterterrorism Forum (GCTF), som vart etablert i 2011, fungert som ei plattform for strategisk dialog, fagleg utveksling og praktisk samarbeid i innsatsen mot terrorisme. Til saman har forumet 32 medlemmer. Noreg er ikkje medlem, men då det i 2021 vart etablert eit eige initiativ på valdeleg høgreekstremisme, vart Noreg invitert inn som co-lead og innehar dette vervet saman med USA. Initiativet har hatt som mål å utvikle ein handlingsplan og ei verktøykasse for ein brei innsats mot valdeleg høyreekstremisme. Handlingsplanen vart lansert under FNs høgnivåveke i 2022, og sidan har det blitt halde fleire møte for å synleggjere rammeverket og fremme gjennomføring av tilrådingane.
Noreg deltek vidare i Europarådets kontraterrorkomité (CDCT). Dei arbeider blant anna med utvikling og oppfølging av Europarådets kontraterrorstrategi, og dei arrangerer fagseminar som er relevante for politikkutvikling også nasjonalt. Noreg vil òg samarbeide med EUs Knowledge Hub, ein ny modell for EU som skal samle EUs innsats mot radikalisering og ekstremisme. Noreg er med i arbeidet som prioritert tredjeland. Noreg er òg med i EU Internet Forum, der fjerning av ekstremistisk innhald på nett er eitt av to hovudtema.
Sidan etableringa i 2015 har Noreg teke del i Nordisk nettverk mot ekstremisme med formål om å tryggje effektiv informasjonsutveksling og erfaringsbasert læring mellom dei nordiske landa. Dette inkluderer utveksling av kunnskap om endringar i trusselbiletet, trendar, førebyggingsmetodar og målretta tiltak. Noreg vil halde fram med å bidra aktivt inn i nettverket. Noreg samarbeider dessutan med Nordic Safe Cities, som arbeider med å styrke lokaldemokrati og førebygging i fleire norske byar.
4 Likestilling og ikkje-diskriminering
4.1 Justis- og beredskapsdepartementet
Tabell 4.1 Oversiktstabell for departementet
År | N | Kjønnsbalanse pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | |||
2024 | 380 | 35 | 65 | 94,96 | _ | 0,8 | _ | _ |
2023 | 388 | 35 | 65 | 95,71 | _ | 1,3 | _ | _ |
2022 | 376 | 34 | 66 | 96,6 | 1,6 | 2,4 | _ | _ |
2021 | 374 | 37 | 63 | 97,7 | 0,3 | 1,4 | _ | _ |
2020 | 377 | 37 | 63 | 99,4 | 0,7 | 3,0 | 0,5 | 4,2 |
20191 | 377 | 37 | 63 | 96,8 | 1,4 | 3,8 | 1,2 | 4,4 |
1 Tala for 2024 er frå DFØ per 1. februar 2024 (toppleiarnivå er ikkje rekna med i lønna til kvinner i pst. av lønna til menn)
Tabell 4.2 Fordeling av stillingar 2023 og 2024
Februar 2023 | Februar 2024 | |||
---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | |
Departementsråd og ekspedisjonssjef | 3 | 7 | 3 | 7 |
Avdelingsdirektør | 23 | 16 | 24 | 14 |
Seksjonssjef | 2 | 1 | 3 | 2 |
Fagdirektør | 31 | 20 | 30 | 19 |
Underdirektør | 1 | 1 | ||
Spesialrådgivar | 1 | 5 | 1 | 6 |
Lovrådgivar | 14 | 5 | 13 | 5 |
Prosjektleiar | 1 | 1 | 1 | 1 |
Utgreiingsleiar | 51 | 9 | 53 | 14 |
Seniorrådgivar | 71 | 46 | 71 | 40 |
Rådgivar | 39 | 23 | 38 | 22 |
Seniorkonsulent | 7 | 5 | ||
Førstekonsulent | 4 | 4 | 1 | 4 |
Konsulent/spesialbibliotekar | 3 | 1 | 1 | |
Sum | 251 | 137 | 246 | 134 |
Talet inkluderer både tilsette lønte på kap. 400 og dei som er lønte over andre kapittel under Justis- og beredskapsdepartementet.
DFØ per 1. februar 2023 og 2024.
Oversikta viser at delen av kvinner i departementet er stabil og er på 65 pst. i 2023 (lik 2022). Delen kvinner på mellomleiarnivå er òg stabil. På det høgaste leiarnivået er kvinner framleis underrepresenterte, med 3 kvinner mot 7 menn. I stillingar som fagdirektør er delen kvinner 61 pst., som er det same som i 2023.
Departementet har fleire kvinner enn menn i saksbehandlarstillingar som seniorrådgivar og rådgivar. Hos dei som har stillingskoden utgreiingsleiar, er det framleis stor overvekt av kvinner: 79 pst. Blant seniorrådgivarar er delen kvinner 64 pst. i 2023 og delen har auka frå 61pst. i 2022. Delen kvinnelege rådgivarar er 63 pst. i 2023 det same som i 2022. Departementet har berre 5 førstekonsulentar, der 1 er kvinne. Dette kjem av at departementet tilset nyutdanna akademikarar som rådgivarar.
Tabell 4.3 Lønn (i 1 000 kroner)
Februar 2023 | Februar 2024 | |||
---|---|---|---|---|
Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | |
Departementsråd og ekspedisjonssjef | 1 674 | 1 500 | 1 805 | 1 572 |
Avdelingsdirektør | 1 135 | 1 095 | 1 189 | 1 146 |
Seksjonssjef | 889 | 890 | 970 | 1 073 |
Fagdirektør | 898 | 888 | 965 | 951 |
Underdirektør | 840 | 902 | ||
Spesialrådgivar | 1 158 | 1328 | 1 245 | 1 266 |
Lovrådgivar | 973 | 1 005 | 1 082 | 1 103 |
Prosjektleiar | 1 007 | 1 426 | 1 048 | 1 250 |
Utgreiingsleiar | 790 | 813 | 861 | 857 |
Seniorrådgivar | 719 | 768 | 773 | 814 |
Rådgivar | 619 | 598 | 656 | 655 |
Seniorkonsulent | 630 | 704 | ||
Førstekonsulent | 563 | 537 | 536 | 578 |
DFØ per 1. februar 2023 og 1. februar 2024.
Skilnadene i lønn på toppleiarnivå er i nokon grad knytte til tyngda til stillinga, dvs. ansvar, omfang og kompleksitet, jf. leiarlønnssystemet.
Justis- og beredskapsdepartementet er oppteke av å ha mest mogleg lik kjønnsbalanse i alle stillingar og lik lønn for samanliknbare stillingar.
Det er berre kvinner som arbeider deltid. Bruk av deltid er i stor grad knytt til omsorgspermisjonar. Det legemelde sjukefråværet er 3,3 pst. samla for kvinner og menn.
Ved tilsetjingar i ledige stillingar skal minst éin kvalifisert søkar med minoritetsbakgrunn, éin med nedsett funksjonsevne eller éin med hol i CV-en kallast inn til intervju. Dette skal omtalast i innstillinga.
Sjølv om inkluderingsdugnaden ikkje gjeld lenger, held arbeidet med å byggje ein organisasjonskultur som fremmar og anerkjenner mangfald, fram.
Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider med representantane til dei tilsette i det løpande arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering i departementet. Det er fastsett i lønnspolitikken til departementet at ein ikkje skal ha ugrunna skilnader i lønn. Likestillingsperspektivet skal takast omsyn til både ved tilsetjingane og ved forhandlingane om lønn, og alle tilsette skal ha lik moglegheit for utvikling i lønn. Når det blir forhandla om lønn, kartlegg departementet lønn bl.a. fordelt etter kjønn. Likestilling er vidare omtalt i tilpassingsavtalen til Hovudavtalen i staten. Departementet gjennomfører jamleg ein ROS-analyse på likestillings- og diskrimineringsfeltet i samarbeid med representantane til dei tilsette, inkludert arbeidsmiljøutvalet. På bakgrunn av analysen blir det fastsett konkrete tiltak i samarbeid med representantane. Etter samarbeid med vernetenesta og representantane til dei tilsette er det utarbeida ei mangfaldssatsing for 2024.
Departementet gjennomfører årlege ROS-analysar på HMS-området for å undersøke det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet i verksemda, medrekna risikoen for mobbing og trakassering. Medarbeidarundersøkingar der slike spørsmål òg blir tekne opp, blir gjennomførte jamleg.
4.2 Domstoladministrasjonen
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 1973 | 36,7 | 63,3 | 78,7 | 2 | 7,4 | 12 | 10,6 | 2,4 | 5,7 |
2022 | 2 081 | 36,9 | 63,1 | 76,6 | 3,2 | 7,7 | 13,7 | 13,2 | 2,2 | 5,2 |
2021 | 2 078 | 36,7 | 63,3 | 74,5 | 2,9 | 8,5 | 11,2 | 13,8 | 2,4 | 4,9 |
2020 | 2 062 | 37,2 | 62,8 | 74,2 | 2,6 | 9,4 | 11,2 | 12,1 | 2,2 | 4,5 |
2019 | 2 002 | 36,3 | 63,7 | 73,9 | 3,3 | 10,3 | 9,0 | 10,0 | 2,2 | 4,8 |
2018 | 2 048 | 36,2 | 63,8 | 72,4 | 2,9 | 10,9 | 8,3 | 8,6 | 2,1 | 4,6 |
2017 | 2 073 | 36,5 | 63,5 | 71,3 | 2,8 | 12,2 | 7,7 | 7,0 | 2,1 | 4,8 |
Per 31. desember 2023 var det 1 973 tilsette i domstolane. Dette svarte til 1 935 årsverk. Det er ei overvekt av kvinnelege tilsette i Domstoladministrasjonen og i domstolane. Dette kjem i hovudsak av at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, som utgjer om lag halvparten av talet på medarbeidarar i domstolane. Utskiftinga i administrative stillingar i domstolane er relativt låg. Domstolane prioriterer balansert kjønnsfordeling i arbeidet med rekrutterings- og personalpolitikken. Bruken av deltidsstillingar er stabil og følgjer hovudsakleg av ønska til dei tilsette om redusert stilling i ein periode.
Av statistikken ser det ut som at bruken av mellombelse stillingar samla sett har minka noko i 2023.
Det legemelde sjuke fråværet er stabilt og lågt, men har auka noko i 2023. Lønnsskilnadene mellom kvinner og menn må sjåast i samanheng med at kvinner er overrepresenterte i saksbehandlarstillingar, og at menn er overrepresenterte i dommarstillingar, som er vesentleg høgare lønte.
4.3 Kriminalomsorga
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 4872 | 52 | 48 | 99 | 3 | 9 | 1 | 4 | 6,90 | 9,30 |
2022 | 4 838 | 52 | 48 | 99 | 3 | 10 | 1 | 4 | 10,04 | 7,33 |
2021 | 4 934 | 53 | 47 | 98 | 4 | 10 | 2 | 5 | 9,57 | 6,49 |
2020 | 4 898 | 54 | 46 | 98 | 4 | 10 | 2 | 4 | 8,21 | 5,77 |
2019 | 5 010 | 55 | 45 | 99 | 6 | 10 | 5 | 5 | 8,85 | 5,46 |
2018 | 5 130 | 55 | 45 | 99 | 7 | 13 | 9 | 9 |
Talet på tilsette omfattar òg aspirantar ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS. I tala på lønn, deltid og mellombelse stillingar er aspirantar haldne utanfor.
Kjønnsfordelinga blant tilsette i kriminalomsorga var 48 pst. kvinner og 52 pst. menn i 2023. Dette er det same som i 2022. Det er fleire kvinner enn menn som arbeider deltid. Dei deltidstilsette utgjer om lag 6 pst. av dei tilsette. Delen tilsette i mellombelse stillingar auka i åra fram til 2015, men har gått ned dei siste åra. Den gjennomsnittlege månadslønna til kvinner utgjer om lag 99 pst. av lønna til menn. Kjønnsfordelinga blant aspirantar ved KRUS ved oppstart hausten 2023 var tilnærma 50 pst for kvinner og menn.
Kriminalomsorga har utarbeidd ein handlingsplan for likestilling og mangfald for 2023–2026. Kriminalomsorga legg vekt på balansert kjønnsfordeling ved tilsetjingar.
Kriminalomsorga har som mål å auke mangfaldet blant dei tilsette i etaten. KDI har eit mål om at minst 10 pst. av aspirantane skal ha ein slik kompetanse. I 2023 hadde om lag 11 pst. av aspirantane ved KRUS ein annan kultur- og språkkompetanse enn norsk og engelsk. Rekrutteringa av personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne er låg. Det kjem bl.a. av at ein stor del av stillingane i kriminalomsorga krev etatsutdanning og har krav knytte til helse, fysikk og uttømmande politiattest.
Sjukefråværet i kriminalomsorga viser ei negativ utvikling over tid, men etaten arbeider med å snu utviklinga. Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) har bl.a. sett i gang eit sjukefråværsprosjekt i 2023. Prosjektet har som mål å skape eit trygt arbeidsmiljø med engasjement og arbeidsglede og gjennom dette redusere sjukefråværet.
4.4 Konfliktrådet
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 129 | 29 | 71 | 97,6 | 3 | 0 | 5 | 4 | 2,9 | 11,2 |
2022 | 135 | 28 | 72 | 96,2 | 3 | 2 | 11 | 7 | 5,8 | 8,5 |
2021 | 148 | 28 | 72 | 96,6 | 4 | 9 | 20,1 | 16 | 3 | 6,4 |
2020 | 143 | 29 | 71 | 99,0 | 4,8 | 3,0 | 11,9 | 9,9 | 3,1 | 7,3 |
2019 | 142 | 41 | 59 | 101,2 | 0 | 3,5 | 5,6 | 9,8 | 3,1 | 3,6 |
2018 | 128 | 29 | 71 | 102,6 | 0 | 11 | 27,0 | 15,0 | 8,2 | 2,9 |
Per 31. desember 2023 utgjorde bemanninga i konfliktrådet 128,6 årsverk, med 129 tilsette. Sekretariatet for konfliktråda (Sfk) har ein kvinneleg direktør. I leiargruppa til Sfk er det ein mann og tre kvinner. Av elleve konfliktrådsleiarar var det sju kvinner og fire menn ved årsskiftet. Sfk har som mål å ha eit inkluderande arbeidsmiljø der medarbeidarane speglar mangfaldet i befolkninga med tanke på kjønn, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Dette blir spegla i stillingsannonsane til verksemda. Menn har blitt oppmoda om å søke ved nokre rekrutteringar for å fremme likestilling blant kjønna, då kvinner er overrepresenterte blant dei tilsette.
Leiaropplæringa har hatt fokus bl.a. på mangfald og inkludering ved rekruttering. Som offentleg myndigheit arbeider konfliktrådet for at det skal vere god og lett tilgang til tenestene for alle innbyggjarar uansett alder, etnisitet, bakgrunn og geografisk plassering. Dette blir bl.a. gjort gjennom mangfaldsrekruttering av meklarar, gjennom rettleiing og opplæring av meklarar og gjennom representasjon i kommunikasjonsmaterialet som verksemda lagar for brukarane. I 2023 har konfliktrådet bl.a. sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe som har utarbeidd ein retningsgivande og forpliktande handlingsplan for likestilling, inkludering og mangfald. Målsetjinga er å auke delen av tilsette med minoritetsbakgrunn og å bidra til ei positiv utvikling i talet på tilsetjingar av personar med funksjonsnedsetting. Lønnspolitikken til organisasjonen tek òg omsyn til likebehandling mellom kjønna, og det er etablert etiske retningslinjer som bidrar til å motarbeide diskriminering.
4.5 Politiet
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 19 063 | 52 | 48 | 95,1 | 1,5 | 6,7 | 2,7 | 4,1 | 3,2 | 6,9 |
2022 | 19 377 | 52 | 48 | 95,0 | 1,6 | 7,2 | 4,3 | 6,0 | 3,0 | 6,4 |
2021 | 18 920 | 53 | 47 | 97,5 | 1,2 | 5 | 4,6 | 5,2 | 2,7 | 6,1 |
2020 | 18 540 | 54 | 46 | 97 | 0,8 | 4,9 | 4,3 | 4,7 | 2,6 | 5,8 |
2019 | 17 758 | 54 | 46 | 96,7 | 1,0 | 5,5 | 1,8 | 2,4 | 2,6 | 5,8 |
2018 | 17 626 | 54 | 46 | 96,3 | 0,9 | 6,0 | 2,3 | 3,2 | 2,6 | 5,7 |
Tabellen omfattar Politidirektoratet og alle underliggjande einingar og er basert på data frå personal- og lønnssystemet i etaten. Tala omfattar ikkje timelønte medarbeidarar, medarbeidarar på pensjonistvilkår, eksterne, medarbeidarar i permisjon utan lønn eller tilsette i Politiets tryggingsteneste (PST).
Talet på tilsette: talet på tilsette som får lønn inkl. medarbeidarar i foreldrepermisjon (ikkje årsverk).
Kjønnsbalanse: prosent av tilsette som får lønn, inkl. medarbeidarar i foreldrepermisjon (ikkje årsverk).
Lønn: berekna av gjennomsnittleg grunnlønn pluss faste tillegg per månad for alle tilsette. Lønn for deltidstilsette er omrekna tilsvarande 100-pst.-stilling. Tal frå før 2022 er ikkje direkte samanliknbare då faste tillegg ikkje var medrekna.
Deltid: Tal for tidlegare år er ikkje direkte samanliknbare som følgje av at det frå 2022 også er teke med medarbeidarar i ulike delvise permisjonar.
Kvinner ligg noko under menn i gjennomsnittleg lønn. Tala for 2022 og 2023 er inkludert faste tillegg og er derfor ikkje samanliknbare med tidlegare år. Lønnsskilnader kan kanskje forklarast ut frå variablar som ansiennitet, arbeidsoppgåver, gjennomtrekk og at det er fleire menn i leiarstillingar. Det er behov for gode analysar for å kunne fastslå årsakene. Det er godt kjent at det er kjønnsskilnader innan ulike fagområde i politiet, til dømes at det er ei overvekt av kvinner som jobbar med vald og seksuelle overgrep, og ei overvekt av menn i operative stillingar. Framover vil ein jobba med å kartleggje dette ved å sjå nærmare på lønnsskilnader i arbeid av lik verdi.
Delen av kvinner på Politihøgskolen har gått noko ned i år samanlikna med den historisk høge kvinneandelen i 2021 på nær 60 pst. Generelt sett er det slik at kvinner har betre karakterar og dermed høgare poengsummar enn menn, og når poenggrensene stig, gjer ofte delen av kvinner det òg. Målet bør vere så jamn kjønnsfordeling som mogleg.
God kjønnsbalanse på Politihøgskolen vil bidra til fleire kvinnelege leiarar i etaten på sikt. For å få fleire kvinner til å satse på leiing er det viktig med gode rollemodellar. Delen kvinnelege toppleiarar i distrikta per 31. desember 2023 var 41 pst. I den overordna planen for kjønnsbalanse i leiarstillingar var det sett mål om 30 pst. kvinnelege leiarar i politistillingar og 40 pst. kvinnelege leiarar totalt innan 2022. Innan 2027 er målet 40 pst. kvinner i politileiarstillingar. Eit resultat av dette arbeidet er ein jamn auke av kvinner i leiarstillingar dei siste åra. Per 31. desember 2023 var delen kvinnelege leiarar totalt 39 pst., medan delen i politistillingar var 27 pst., opp frå 16 pst. i 2015.
Det legemelde sjukefråværet i 2023 har auka noko til om lag 3,2 pst. for menn og 6,9 pst. for kvinner.
Politiet er ei stor og variert verksemd og jobbar med mangfald og likestilling innanfor mange ulike fagfelt, både for å levere betre tenester til innbyggjarane og for å ta vare på dei tilsette.
Mangfold, dialog og tillit: Handlingsplan for arbeidet til politiet (2022–2025) er ei tydeleg satsing på mangfaldsfeltet i politiet. Planen inkluderer arbeidet med mangfald, dialog og tillit i brei forstand. Planen dekker både det interne arbeidet som er retta mot politiet som organisasjon, og det eksterne arbeidet som handlar om korleis politiet løyser oppgåvene sine og møter innbyggjarane på ulike arenaer. Det er lagt særleg vekt på tiltak som rettar seg mot etniske og religiøse minoritetar, personar med innvandrarbakgrunn, personar som bryt med normer for kjønn og seksualitet (LHBT+), og personar med nedsett funksjonsevne.
Det er sett i gang ei rekkje tiltak og aktivitetar nasjonalt, bl.a. for å leggje betre til rette for informasjon på ulike språk, auke kompetansen og kunnskapen om samisk språk og kultur, få betre kunnskap om nasjonale minoritetar i Noreg generelt, heve kompetansen om kjønns- og seksualitetsmangfald (LHBT+), styrke kompetansen om hatkriminalitet og forbetre dialogen, kommunikasjonen og konflikthandteringa i møte med etniske og religiøse minoritetar.
4.6 Den høgare påtalemakta
År | Talet på tilsette | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 230 | 37,4 | 62,6 | 75,6 | 0 | 6,9 | 19,8 | 10,4 | 1 | 4,5 |
2022 | 223 | 36,8 | 63,2 | 75,9 | 0 | 7,1 | 22,0 | 14,2 | 1,45 | 4,21 |
2021 | 217 | 37,3 | 62,7 | 72,5 | 1,2 | 7,4 | 14,8 | 13,2 | 0,0 | 5,6 |
2020 | 216 | 37 | 63 | 70,4 | 1,3 | 9,6 | 16,3 | 16,9 | 1,1 | 4,2 |
2019 | 209 | 37,3 | 62,7 | 68,6 | 2,6 | 9,9 | 12,8 | 12,2 | 2,7 | 2,2 |
2018 | 204 | 37,7 | 62,3 | 67,5 | 1,3 | 9,4 | 13 | 13,4 | 2,1 | 3,4 |
Stillingskategoriane i Den høgare påtalemakta er embetsmenn og administrativt tilsette. Lønna til embetsmennene er høgare enn lønna til administrativt tilsette. Vidare er dei fleste av dei administrativt tilsette kvinner, noko som gjer at lønna til kvinner i prosent av lønna til menn verkar som låg når begge stillingskategoriane blir slått saman.
Stillingskategorien embetsmenn omfattar riksadvokaten, assisterande riksadvokat, førstestatsadvokatar og statsadvokatar. Blant statsadvokatane er det 47,2 pst. kvinner og 52,8 pst. menn. Det blir praktisert likelønn i denne stillingskategorien, og lønna til kvinner er 99,7 pst. av lønna til menn. Det er framleis flest menn som er førstestatsadvokatar/embetsleiarar.
Trenden er likevel ei utjamning i kjønnsbalansen. Av dei statsadvokatane som no går av med pensjon, er det flest menn, og nye tilsetjingar er meir balanserte med omsyn til kjønn. Frå 2018 til 2023 har talet på kvinnelege embetsleiarar auka frå éin til fem. I denne stillingskategorien utgjer lønna til kvinner 99 pst. av lønna til menn. Ved Riksadvokatembetet er 40% av leiarane kvinner og ti av elleve kontorsjefar ved statsadvokatembetane er kvinner.
4.7 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 681 | 57,3 | 42,7 | 98,3 | 2,3 | 3,3 | 2,1 | 2,1 | 2,3 | 6,3 |
2022 | 662 | 57,9 | 42,1 | 98,1 | 1,8 | 3 | 6,4 | 2,8 | 3,2 | 6,7 |
2021 | 641 | 56,4 | 43,6 | 96,4 | 4,6 | 10,6 | 1,6 | 4,2 | 2,8 | 4,9 |
2020 | 631 | 56,1 | 43,9 | 94,5 | 3,1 | 12,3 | 0,5 | 1,5 | 3,1 | 4,5 |
2019 | 661 | 55,8 | 44,2 | 95,6 | 1,5 | 6,2 | 3,2 | 2,2 | 2,4 | 4,3 |
2018 | 667 | 56,4 | 43,6 | 94,1 | 2,2 | 8,7 | 1,9 | 1,3 | 2,9 | 5,5 |
Blant leiarar i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i 2023 utgjer kvinner totalt 36 pst., mot 35 pst. i 2022. Det er i dag stor skilnad innanfor dei ulike leiarnivåa, med 70 pst. kvinnedel på direktørnivå, mot 31 pst. kvinnedel i mellomleiarsjiktet. I mellomleiarsjiktet finn vi bl.a. dei tradisjonelt mannsdominerte delane av verksemda med sivilforsvarsdistrikt og regionskontor innanfor eltryggleik. Her er berre 3 av 25 leiarar kvinner, og rekrutteringsgrunnlaget består i hovudsak av menn. DSB jobbar for likestilling og ei balansert kjønnssamansetjing gjennom rekrutteringsprosessar, og direktoratet legg særleg vekt på at utlysingstekstane skal formast ut slik at verksemda kan tiltrekkje seg begge kjønn og samstundes stimulere til betre mangfald i verksemda. DSB arbeider for likelønn mellom kjønna og for å redusere uønskte skilnader i lønn mellom nytilsette og tilsette som har arbeidd i DSB i fleire år. Likelønnsprinsippet er nedfelt i DSB sitt lønnspolitiske dokument.
4.8 Sivil klareringsmyndigheit (SKM)
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønn til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombels stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 54 | 35,2 | 64,8 | 95,0 | 0 | 0 | 0 | 1 | 1,20 | 2,72 |
2022 | 50 | 36,0 | 64,0 | 97,1 | 0 | 0 | 2,0 | 6,0 | 0,08 | 3,91 |
2021 | 42 | 33,3 | 66,7 | 90,2 | 0 | 0 | 0 | 3,6 | 0,00 | 2,51 |
2020 | 34 | 35,3 | 64,7 | 89,2 | 0 | 0 | 8,8 | 5,9 | 0,01 | 2,88 |
2019 | 33 | 30,3 | 69,7 | 88,7 | 0 | 0 | 6,1 | 0 | 0,41 | 1,27 |
2018 | 27 | 33,3 | 66,7 | 86,4 | 0 | 0 | 11,0 | 4,0 | 0,10 | 0,75 |
Sivil klareringsmyndigheit (SKM) har i åra fram til 2022 redusert lønnsskilnaden mellom kvinner og menn, men i 2023 auka skilnaden litt igjen. Lønna til kvinner utgjorde då 95,0 pst. av lønna til menn, samanlikna med 97,1 pst. det føregåande året. Det har skjedd endringar innanfor ulike stillingskategoriar, men det er ikkje avdekt usaklege lønnsskilnader mellom kjønna.
Gjennom året har SKM halde kjønnsbalansen i leiargruppa ved lag, med to kvinner og to menn.
Verksemda hadde per 31. desember 2023 64,8 pst. kvinner og 35,2 pst. menn, ein nedgang for menn på 0,8 pst. frå det føregåande året. Sjukefråværet gjekk ned i 2023, men det var ein svak auke i legemeldt fråvær for menn. SKM er ei til dels lita verksemd i tal på tilsette, og ei endring i tilsetjingsforhold eller sjukefråvær for éin tilsett vil kunne gi utslag på kjønnsstatistikken som vist.
I utlysingstekstane har verksemda alltid med ei mangfaldserklæring, men SKM har ikkje aktivt oppfordra kandidatar av eit bestemt kjønn til å søke. Kjønnsbalanse har likevel vore eitt av fleire element som har vore vurderte i rekrutteringsprosessane.
I lønnspolitikken til verksemda er det eit mål at tilsette skal få lik lønn for arbeid av lik verdi, og at kvinner og menn skal ha lik lønnsutvikling. Lønns- og personalpolitikken skal medverke til at alle arbeidstakarar har moglegheit for karriereutvikling, uavhengig av kjønn. Samstundes skal lønn og stillingskode spegle innhaldet, ansvaret, kompleksiteten og krava til kompetanse og resultat i stillinga.
Likestilling vil vere eit sentralt tema i utviklinga av livsfasepolitikken til SKM.
4.9 Hovudredningssentralen (HRS)
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 69 | 76,8 | 23,2 | 83,2 | 0 | 0 | 1,4 | 1,4 | 1,5 | 1,6 |
2022 | 54 | 75,9 | 24,1 | 79,6 | 0 | 0 | 1,9 | 1,9 | 1,7 | 0,8 |
2021 | 54 | 81,5 | 18,5 | 76,6 | 0 | 0 | 1,9 | 1,9 | 0,9 | 0,3 |
2020 | 53 | 79,2 | 20,8 | 69,3 | 0 | 0 | 0 | 1,9 | 1,9 | 2,5 |
2019 | 54 | 79,7 | 20,3 | 73,1 | 0 | 0 | 0 | 1,9 | 1 | 4,2 |
2018 | 53 | 80,9 | 19,1 | 75,7 | 0 | 0 | 0 | 0 | 2,7 | 2,5 |
Ved utgangen av 2023 var seks av sju leiarar ved Hovudredningssentralen menn. Ved nyrekruttering blir kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning og arbeids- og livserfaring alltid oppmoda til å søke stillinga, men det blir ikkje praktisert noka form for kvotering. Til stillingane som redningsleiar er det eit krav om såkalla operativ erfaring. Dette inneber at kandidatane ofte kjem frå mannsdominerte yrke, som Forsvaret, politiet eller sivil luft- og sjøfart. HRS har ei forventning om at prosentdelen kvalifiserte kvinnelege søkarar vil auke i takt med at kvinneprosenten aukar i dei nemnde sektorane.
4.10 Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 379 | 62,5 | 37,5 | 96,2 | 2,1 | 2,8 | 5,1 | 7,0 | 2,8 | 6,0 |
2022 | 360 | 65,2 | 34,7 | 94,8 | 5,3 | 2,2 | 10,6 | 8,8 | 1,7 | 3,9 |
2021 | 322 | 66,1 | 33,9 | 93,3 | 2,9 | 3,4 | 12,0 | 15,2 | 1,9 | 4,3 |
2020 | 297 | 64,8 | 35,2 | 92,1 | 4,7 | 1,7 | 4,4 | 3,8 | 1,81 | 5,57 |
2019 | 295 | 68,1 | 31,9 | 92,3 | 4,7 | 1,3 | 2,1 | 2,5 | 3,55 | 8,33 |
2018 | 289 | 68,5 | 31,5 | 94,3 | 2,4 | 2,4 | 2,8 | 3,5 | 3,0 | 7,5 |
Ved utgangen av 2023 var 37,5 pst. av dei tilsette i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) kvinner. Det er ei betring frå 2022 på 2,8 prosentpoeng. I leiargruppa (direktør, assisterande direktør og avdelingsdirektørar) var det 60 pst. menn og 40 pst. kvinner ved utgangen av året. Av alle leiarar i NSM var 35 pst. kvinner og 65 pst. menn.
NSM har som målsetjing å vere ein attraktiv arbeidsgivar for begge kjønn. Dette kan først og fremst bli påverka gjennom rekrutteringsprosessane. NSM er oppteken av å ha personalgodar som er kjønnsnøytrale, og som appellerer til begge kjønn. Sjølv om NSM i rekrutteringsprosessane legg kvalifikasjonsprinsippet til grunn, som inneber at den best kvalifiserte kandidaten skal tilsetjast i kvar rekrutteringsprosess, vil ein kvinneleg søkar ofte bli innstilt før den mannlege dersom dei begge har dei same kvalifikasjonane og er vurdert jamstilte. Dette blir gjort for å oppnå ei jamnare kjønnssamansetjing i den enkelte seksjonen eller eininga. I fleire utlysingstekstar oppmodar NSM kvinner til å søke. Kvalifiserte kvinnelege søkarar skal alltid bli inviterte til intervju. NSM er spesielt merksam på dette ved utlysing av tekniske stillingar, meir spesifikt for stillingar innanfor IKT-tryggleik. I andre fagmiljø er kjønnssamansetjinga jamn, og i enkelte miljø er kvinneandelen høg. I profilering eksternt opp mot blant anna høgskular, universitet og media ser NSM at det er viktig at begge kjønn er representerte.
NSM jobbar for likelønn mellom kjønna og har det som eit spesifikt mål i lønnsoppgjeret. Ein av grunnane til at menn tener meir enn kvinner i NSM, er at menn dominerer i enkelte tekniske fagmiljø. Det har vist seg at det kan vere vanskeleg å rekruttere og behalde tilsette i desse miljøa, noko som medfører at lønningane er høgare der enn i andre delar av verksemda. Dette gir utslag på lønnsstatistikken.
4.11 Spesialeininga for politisaker
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 44 | 43,2 | 56,8 | 96,1 | 0 | 2,3 | 0 | 0 | 1,1 | 1,3 |
2022 | 44 | 43,2 | 56,8 | 96,4 | 0 | 4,5 | 0 | 2,3 | 1,2 | 2,6 |
2021 | 44 | 45,5 | 54,5 | 96,4 | 0 | 4,5 | 4,5 | 2,3 | 0,6 | 7,0 |
2020 | 42 | 42 | 57,1 | 95 | 0 | 0 | 7,1 | 7,1 | 1,5 | 1,6 |
2019 | 39 | 41 | 59 | 96 | 0 | 0 | 5,1 | 5,1 | 2,1 | 3,7 |
2018 | 36 | 41,7 | 58,3 | 86 | 0 | 0 | 0 | 2,8 | 1,4 | 6,6 |
Spesialeininga for politisaker hadde per 31. desember 2023 44 faste stillingar. Det er fleire kvinnelege enn mannlege tilsette i eininga , og kjønnsbalansen har vore stabil opp gjennom åra. I tillegg har eininga oppnemnt fem advokatar på verv (to kvinner og tre menn). Delen deltidstilsette har nærare halvert seg og sjukefråværet er betydeleg lågare samanlikna med tidlegare år. Leiinga består av tre menn (50 pst.) og tre kvinner (50 pst.). Personell blir likt lønt i dei enkelte stillingskategoriane uavhengig av kjønn. Årsaka til at statistikken viser noko lågare lønn på kvinner, er at dei lågast lønte stillingane for verksemda (administrasjon) i stor grad har kvinnelege tilsette.
Talet på årsverk er 42.
4.12 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 16 | 12,5 | 87,5 | 125,5 | 0 | 18,75 | 0 | 0 | 0 | 4,01 |
2022 | 14 | 14 | 86 | 92 | 0 | 21,4 | 0 | 0 | 1,33 | |
2021 | 16 | 19 | 81 | 100 | 0 | 19 | 6,25 | 12,5 | 1,49 | |
2020 | 14 | 14 | 86 | 89 | 0 | 21 | 0 | 21 | 1,31 | |
2019 | 13 | 23 | 77 | 98 | 7,7 | 23 | 0 | 7,7 | 0 | 2,9 |
2018 | 12 | 25 | 75 | 100 | 0 | 8 | 8 | 16,6 | 0 | 2,8 |
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker hadde per 31. desember 2023 16 tilsette. Dette utgjorde 12,5 årsverk. Kjønnsfordelinga i sekretariatet i 2023 har vore 87,5 pst. kvinner og 12,5 pst. menn. Alle leiarstillingane i organisasjonen har kvinnelege tilsette. Staten si målsetjing om å oppnå ein kvinnedel i leiarstillingane på 40 pst. er dermed oppfylt for sekretariatet sin del.
4.13 Statens sivilrettsforvaltning
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 82 | 32 | 68 | 106 | 0 | 7,1 | 7,7 | 7,1 | 1,4 | 3,1 |
2022 | 77 | 32,5 | 67,5 | 103,8 | 5,1 | 2,6 | 1,3 | 1,3 | 0 | 5,6 |
2021 | 76 | 32,9 | 67,1 | 103,9 | 4 | 3,9 | 8 | 7,8 | 0 | 4,6 |
2020 | 82 | 34,1 | 65,9 | 105,5 | 0 | 6,1 | 7,3 | 11 | 0,9 | 4,8 |
2019 | 75 | 36,5 | 63,5 | 104,7 | 0 | 10,6 | 14,8 | 12,8 | 0,7 | 1,6 |
2018 | 74 | 39,2 | 60,8 | 97,6 | 0 | 13 | 12,9 | 13 | 0,2 | 3,4 |
Statens sivilrettsforvaltning hadde per 31. desember 2023 82 tilsette. Dette svarer til om lag 70 årsverk. Delen kvinner og menn var høvesvis 68 og 32 pst. På leiarnivå (direktør og avdelingsdirektør) var kvinnedelen 100 pst.
Statens sivilrettsforvaltning har som mål å ha eit inkluderande arbeidsmiljø der medarbeidarane speglar mangfaldet i befolkninga og har ein variert erfaringsbakgrunn med omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Desse forholda blir vektlagde i rekrutteringsprosessane i verksemda. Statens sivilrettsforvaltning jobbar kontinuerleg med å auke delen menn i samband med rekruttering.
4.14 Kontoret for valdsoffererstatning
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 26 | 27 | 73 | 96,9 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0,6 | 4,6 |
2022 | 25 | 28 | 72 | 95,3 | 0 | 0 | 14 | 3 | 1,94 | 1,96 |
2021 | 31 | 23 | 77 | 80,4 | 0 | 0 | 0 | 3,0 | 11,1 | 1,7 |
2020 | 32 | 28 | 72 | 83,1 | 0 | 0 | 0 | 0 | 1,9 | 1,5 |
2019 | 31 | 32 | 68 | 78 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0,7 | 1,3 |
2018 | 28 | 29 | 71 | 90 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0,4 | 1,7 |
Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) hadde per 31. desember 2023 26 tilsette. Dette svarer til om lag 25 årsverk. Kontoret for valdsoffererstatning har alltid hatt ein stor del kvinnelege tilsette. KFV har forsøkt å betre kjønnsbalansen, men dei opplever at det er få menn som søker på stillingane som blir lyste ut. Årsaka til at gjennomsnittleg lønn for kvinner er lågare enn lønna til menn, er at ein stor del av dei tilsette kvinnene er nyutdanna og har kort ansiennitet. Per 31. desember 2023 var to av tre personar i leiargruppa menn, noko som gir stort utslag på lønnsstatistikken.
Det var ein auke i sjukefråværet ved KFV i 2023. Auken kjem av auka langtids sjukefråvær, men korttidsfråværet gjekk ned i 2023.
4.15 Utlendingsdirektoratet (UDI)
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 1 185 | 29,7 | 70,3 | 93,7 | 1,6 | 0,6 | 1,77 | 5,23 | 1,86 | 7,65 |
2022 | 1 136 | 28,3 | 71,7 | 92,0 | 3,7 | 8,8 | 1,49 | 5,37 | 3,37 | 5,41 |
2021 | 1 027 | 28,9 | 71,1 | 91,7 | 2,8 | 3,8 | 1,94 | 0,68 | 5,3 | 5,0 |
2020 | 1 009 | 29,5 | 70,5 | 92,0 | 2,5 | 4,0 | 0,69 | 0,69 | 3,0 | 4,8 |
2019 | 1 004 | 29,3 | 70,7 | 90,0 | 2,6 | 4,4 | 0,20 | 0,10 | 3,8 | 5,0 |
2018 | 941 | 30,7 | 69,3 | 91,0 | 2,8 | 5,4 | 0,32 | 0,43 | 3,0 | 5,8 |
Tala for deltid og mellombelse stillingar i 2022 er korrigert samanlikna med Prop. 1 S (2023–2024).
Kjelde: UDI
I arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering sette UDI i 2022 ned ei arbeidsgruppe som består av representantar frå arbeidstakarorganisasjonane og frå HR og organisasjon. Gruppa arbeider etter systematikken i likestillings- og diskrimineringslova § 26 andre ledd. Resultatet av arbeidet blir oppsummert i ei årleg utgreiing om likestilling. Utgreiinga er tilgjengeleg på udi.no.
Som offentleg myndigheit har UDI eit særleg ansvar for å ta omsyn til likestilling og ikkje-diskriminering i arbeidet. Dette gjer UDI bl.a. gjennom å jobbe med universell utforming av nettsider og dokument.
UDI sine digitale tenester skal vere lette å finne, lette å forstå og lette å bruke. Uavhengig av føresetnader skal brukarane på ein god og enkel måte kunne nytte seg av både nettsider og automatar. For ei systematisk tilnærming til arbeidet og for å sikre at ein følgjer dei styringssignala, lovkrava og standardane som gjeld, har UDI laga ein handlingsplan for universell utforming av IT. UDI stiller bl.a. systematisk krav til universell utforming av tenester i alle digitale utviklingsprosjekt, og brukskvaliteten på dei digitale tenestene blir testa periodisk.
4.16 Utlendingsnemnda (UNE)
År | N | Kjønnsbalanse (pst.) | Lønna til kvinner i pst. av lønna til menn | Deltid (pst.) | Mellombelse stillingar (pst.) | Legemeldt fråvær (pst.) | ||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
M | K | M | K | M | K | M | K | |||
2023 | 256 | 30,1 | 69,9 | 96,2 | 3,8 | 2,8 | 0 | 0 | 2,9 | 5,3 |
2022 | 248 | 33,5 | 66,5 | 94,3 | 1,2 | 2,4 | 0,6 | 2,4 | 2,7 | 5,6 |
2021 | 226 | 33,6 | 66,4 | 97,5 | 0 | 2,0 | 2,6 | 0,7 | 3,1 | 4,2 |
2020 | 215 | 30,7 | 69,3 | 94,8 | 0 | 2,0 | 0 | 0,6 | 4,7 | 3,3 |
2019 | 250 | 30 | 70 | 94,2 | 1,3 | 1,7 | 0 | 0,8 | 4,3 | 4,3 |
2018 | 290 | 28,3 | 71,7 | 97,0 | 1,2 | 1,4 | 1,2 | 0 | 4,1 | 4,1 |
Kjelde: UNE
Per 31. desember 2023 hadde UNE 256 tilsette, og av desse var 70 pst. kvinner. På leiarnivå var det 11 kvinner og 10 menn.
UNE varetek omsynet til likestilling på alle nivå i verksemda. UNE har ei eiga mangfaldsgruppe som følgjer opp arbeidet med inkludering og mangfald i UNE og gir råd og innspel til leiinga med tanke på forbetring. Det er utarbeidd ein handlingsplan for mangfald og inkludering som blir vurdert kontinuerleg med tanke på eventuell utvikling og oppdatering. Likestilling og mangfald er òg tema i UNE sine jamlege medarbeidarundersøkingar.
UNE legg vekt på å fremme likestillings- og mangfaldsperspektivet i alle rekrutteringsprosessar for å trekkje til seg søkarar uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, seksuell orientering, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne. I 2023 gjennomførte UNE totalt 18 ordinære rekrutteringsprosessar gjennom offentleg utlysing. Dette resulterte i i alt 68 nye tilsetjingar, 58 kvinner (85 pst.) og 10 menn (15 pst.), 8 med oppgitt innvandrarbakgrunn (12 pst.) og 2 med oppgitt nedsett funksjonsevne (3 pst.). Minst ein person med oppgitt innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en blir innkalla til intervju ved alle rekrutteringsprosessar.
5 Omtale av klima- og miljørelevante saker
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan nåast. Sjå fagproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for ein omtale av dei samla klima- og miljørelevante sakene i regjeringa.
5.1 Politiet
Dei viktigaste oppgåvene for politiet innanfor miljøvern er å kjempe mot miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, etterforsking med høg kvalitet og adekvat reaksjon. Førebygging på miljøområdet inneber særleg gjensidig informasjonsdeling med relevante samarbeidsaktørar, slik at alle kan setjast i stand til å utføre nødvendige tiltak på sitt eige ansvarsområde. Samarbeidspartnarane til politiet i miljøforvaltninga må derfor involverast både lokalt og sentralt.
Regjeringa vil styrke innsatsen mot fiskeri- og miljøkriminalitet. Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar: Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av økonomisk kriminalitet inneheld fleire tiltak særleg retta mot fiskerikriminalitet, og mange av tiltaka i meldinga er relevante både for miljøkriminalitet og fiskerikriminalitet. Meldinga vil bli følgd opp gjennom eit tverrdepartementalt samarbeid.
5.2 Svalbard – Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre
Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard som regionalt apparat.
Justis- og beredskapsdepartementet har etatsstyringsansvar for Sysselmeisteren på Svalbard og er kontaktpunkt for Longyearbyen lokalstyre.
Ein generell omtale av klima- og miljøpolitikken på Svalbard finst i Prop. 1 S (2024–2025) for Klima- og miljødepartementet og Prop. 1 S (2024–2025) Svalbardbudsjettet.
6 Einskildståande tilskot
Tilskotsmidlar skal normalt lysast ut og fordelast på grunnlag av opne søknadsprosessar og kjende tildelingskriterium, slik at fleire får moglegheit til å søke tilskot, og slik at alternative tilnærmingar for å oppnå mål og samfunnseffektar kan vurderast opp mot kvarandre. Tilskot der mottakaren er namngitt i budsjettproposisjonen, er unntak frå føresegnene i økonomiregelverket. Slike unntak kan vere tenlege i enkelte tilfelle, t.d. viss det gjeld viktige formål utan alternative tilbydarar. Men namngitte mottakarar kan òg føre til mindre effektiv måloppnåing fordi mottakaren ikkje må gjennom konkurranse og prioritering.
Tabell 6.1 Samla oversikt over einskildståande tilskot under Justis- og beredskapsdepartementet i 2025
Tilskotsmottakar | Kap. | Post | Tilskot i 2024 (i 1000 kr) | Forslag 2025 (i 1000 kr) |
---|---|---|---|---|
Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) | 400 | 70 | 10 100 | 0 |
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) (drift av nettportal) | 400 | 70 | 4 636 | 4 886 |
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar/ informasjonskampanje) | 400 | 70 | 950 | 1 078 |
Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (nasjonal konferanse) | 400 | 70 | 450 | 450 |
Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar / informasjonskampanje) | 400 | 70 | 400 | 400 |
Oslo kommunes EX/IN-prosjekt | 433 | 70 | 1 000 | 0 |
Forandringshuset i regi av KFUK/KFUM | 433 | 70 | 2 000 | 0 |
Krisesentersekretariatet (Rosa-prosjektet) | 440 | 70 | 5 039 | 5 600 |
Norsk Elektroteknisk Komite (NEK), Norsk brannvernforening | 451 | 70 | 7 300 | 7 743 |
Telenor Kystradio og Avinor Svalbard | 455 | 72 | 127 781 | 135 953 |
Redningsselskapet | 455 | 73 | 134 176 | 140 098 |
Svalbard Kirke | 480 | 50 | 6 000 | 6 230 |
Svalbard museum | 480 | 50 | 14 900 | 15 470 |
7 Tekniske endringar i kontostrukturen og bruk av stikkord «kan overførast»
Det blir foreslått å endre kapittel, postar, postnamn og stikkord slik:
Kap. 440, post 74 Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler, vert avvikla. Årsaka er at ordninga fell bort.
Kap. 446 Generaladvokatembetet, post 01 vert avvikla. Grunnen er at Generaladvokaten vert avvikla som etat, og at oppgåvene, personellet og kompetansen vert ført vidare hos Forsvaret, og den sivile påtalemakta hos Riksadvokaten.
Kap. 3440, post 05 Gebyr – våpenforvaltningen, vert oppretta som ein ny post.
Kap. 3440, post 01 vil då berre ha inntekter frå pass og ID-kort, og får nytt navn: post 01 Gebyr – pass og ID-kort.
Ordning er i dag sånn at gebyrinntekter frå pass og ID-kort føres på same budsjettpost som gebyrinntekter frå våpensøknader (kap. 3440, post 01). For å gjere arbeidet med prognoser, rekneskap og budsjett samt oppfølging av underliggjande einingar i politiet i den interne etatsstyringen enklare, vert inntektene splitta på to separate budsjettpostar.
Det blir oppretta eit nytt kapittel 461 Advokattilsynet. Det blir på kap. 461 oppretta ein utgiftspost 01 «Driftsutgifter, kan nyttes under post 21», som skal dekke driftsutgifter til Advokattilsynet som lønn, husleige og andre administrative kostnadar knytte til drifta av Advokattilsynet. Det blir på same kapittel òg oppretta ein utgiftspost 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres, kan nyttes under post 01. I oppstartsåret 2025 er hensikten med posten å vareta at inntekter og utgifter skal balansere i budsjettet, og for å vareta et det er mogleg å overføre løyvinga mellom år. Det blir opprette eit nytt inntektskapittel 3461 Advokattilsynet, med to inntektspostar. På post 01 Bidrag fra advokater og forvalterordning, skal det løyvast årlege bidrag frå advokatane til drift av Advokattilsynet. Post 02 Diverse inntekter, gjeld løyving til ei likviditetsbehaldning i oppstartsåret.
Kap. 3453, post 01 endrar namn frå Gebyr til Diverse inntekter.
På kap. 400 blir det oppretta ein ny post 73 Tilskudd til Norges forskningsråd. Post 50 blir avvikla, og løyvinga som var på post 50 blir flytta til ny post 73.
Under Justis- og beredskapsdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2024 | Forslag 2025 | Grunngjeving for stikkordet |
400 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 14 000 | ||
400 | 23 | Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting | 22 999 | ||
400 | 73 | Tilskudd til Norges forskningsråd | 81 717 | ||
410 | 22 | Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler | 2 502 | ||
430 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 125 215 | ||
430 | 60 | Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv. | 166 000 | ||
440 | 22 | Søk etter antatt omkomne | 7 584 | ||
440 | 73 | Internasjonale forpliktelser, mv. | 703 644 | ||
451 | 22 | Spesielle driftsutgifter – Nødnett | 622 744 | ||
461 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 14 000 | ||
475 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 9 263 | ||
490 | 23 | Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling | 7 348 | ||
490 | 72 | Assistert retur og reintegrering i hjemlandet | 42 500 | ||
490 | 74 | Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv. | 93 264 | ||
490 | 75 | Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet | 6 361 | ||
490 | 76 | Internasjonalt migrasjonsarbeid | 27 254 |