Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 600–672, 2470, 2541–2542, 2620–2686 Inntektskapittel: 3605–3672, 5470, 5701–5705

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

7 Fordrivne frå Ukraina

Regjeringa si handtering av fordrivne frå Ukraina

Over to og eit halvt år har gått sidan Russlands fullskalainvasjon i Ukraina som førte millionar av menneske på flukt. Frå fullskalainvasjonen til utgangen av juni 2024 hadde om lag 4,4 millionar ukrainarar fått midlertidig kollektivt vern i EU-landa, Noreg, Island, Sveits og Liechtenstein. I same periode har over 80 000 ukrainske borgarar søkt om vern i Noreg. Regjeringa har vidare bestemt å overføre 500 fordrivne ukrainarar frå Moldova, og kring 550 ukrainske pasientar gjennom EU si ordning for medisinsk evakuering (Medevac). Det er per 1. september 2024 overført 400 fordrivne frå Moldova, og 400 pasientar er evakuerte gjennom Medevac (over 600 personar medrekna pårørande). I tillegg har Noreg hjelpt med transport av om lag 1 500 pasientar til andre land (over 2 000 personar medrekna pårørande).

Regjeringa innførte 11. mars 2022 ei ordning med midlertidig kollektivt vern for personar som er fordrivne frå Ukraina, med heimel i utlendingslova § 34. Ordninga inneber eit unntak frå utgangspunktet om at ein søknad om vern skal bli vurdert individuelt. Opphaldsløyvet gir ikkje grunnlag for permanent opphald, men det gir rett til familiesameining og rett til å arbeide. Bakgrunnen for dei særlege føresegnene om forenkla saksbehandling er behovet for effektivitet i ein situasjon der det kjem svært mange asylsøkarar på kort tid, og at behovet for vern er midlertidig. Opphald blir gitt for eitt år og kan fornyast eller forlengast i inntil tre år. Regjeringa har to gongar vedtatt å forlenge den midlertidige opphaldsløyva med eitt år til (til saman tre år, som er det lengste lova opnar for). I april i år foreslo regjeringa for Stortinget å endre utlendingslova, slik at den enkelte utlending kan få midlertidig kollektivt vern i heile fem år. Stortinget vil ta stilling til forslaget seinare i haust.

Regjeringa har vidare gjort fleire justeringar i ordninga med midlertidig kollektivt vern det siste året, jf. omtale under Tiltak for ei meir berekraftig innvandring.

Regjeringa ønsker å halde fram med å ta imot fordrivne på flukt. Samtidig skal det antalet som kjem til Noreg, vere berekraftig over tid. Hausten 2023 og vinteren 2024 innførte regjeringa ei rekke tiltak for å få talet på fordrivne til Noreg nærmare nivået til nabolanda våre. Mykje tyder på at tiltaka har hatt noko effekt på innreisetala. Reduserte innreisetal bidrar til å dempe presset på kommunane og sikre eit forsvarleg tenestetilbod. På same tid er det å hjelpe flyktningane ut i arbeid og sjølvforsørging óg viktig for å sikre berekraft på sikt.

Regjeringa forventar at fordrivne frå Ukraina raskt kjem ut i jobb. Samtidig treng dei fleste noko kvalifisering før dei er klare til å gå inn i det seriøse arbeidslivet. I samanheng med innføringa av det midlertidige kapittelet i integreringslova 7. juni 2022, opna regjeringa difor opp for at personar med midlertidig kollektiv vern fekk rett til introduksjonsprogram og norskopplæring. Eit viktig føremål med dei midlertidige endringane var nemleg å støtte opp under målsettinga om at flest mogleg skal kome raskt ut i arbeid eller utdanning. Majoriteten av dei ukrainske fordrivne har nytta seg av desse rettane. Sidan ukrainarar generelt har fullført utdanning på minst vidaregåande nivå, har dei fleste av dei fordrivne fått tilbod om korte introduksjonsprogram på seks månader med moglegheit til forlenging på ytterlegare seks månader. Regjeringa har gjort fleire grep for å gjere introduksjonsprogrammet for fordrivne frå Ukraina meir arbeidsretta, sjå omtale under Raskt ut i arbeid og annan aktivitet.

For å legge til rette for rask busetting og integrering av eit høgt antal fordrivne frå Ukraina vedtok Stortinget 7. juni 2022 midlertidige endringar i fleire lover, inkludert barnevernlova, opplæringslova, helselovgivinga, barnehagelova, plan- og bygningslova og integreringslova, jf. Prop. 107 L (2021–2022) og Innst. 352 L (2021–2022). Dei midlertidige reglane blei seinare forlenga med enkelte endringar i Prop. 90 L (2022–2023) og Innst. 363 L (2022–2023), og dei er no vidareført til 1. juni 2026, med enkelte tilpassingar i integreringslova og barnehagelova, jf. Prop. 72 L (2023–2024). I den siste vidareføringa blei det også innført eit nytt midlertidig unntak i yrkestransportlova som har som føremål å bidra til at fordrivne frå Ukraina raskare kan ta arbeid som bussjåførar. Dei midlertidige reglane skal samla bidra til å gjere det enklare for kommunane å handtere og planlegge for ein situasjon med framleis høge innkomstar. Samtidig skal reglane også legge til rette for at dei fordrivne kjem raskt ut i arbeid.

Utover året har det vore ein nedgang i innkomstane av fordrivne frå Ukraina til Norge. Det kan likevel oppstå situasjonar der mottakssystemet kjem under svært stort press, for eksempel dersom innkomsttala aukar og/eller busettingskapasiteten minkar. Vi må derfor ha beredskap for ein situasjon der det statlege mottaksapparatet bryt saman. Då er bistand frå kommunane avgjerande for å ivareta dei grunnleggande behova asylsøkarar har. Stortinget har derfor vedteke ei midlertidig lovendring som inneber at Kongen i statsråd kan gi forskrift om at kommunane skal sørgje for innkvartering til asylsøkarar – om det er naudsynt. Ei midlertidig forskrift kan òg gi reglar om rekvirering av bruksrett eller anna særleg rådigheit over fast eigedom. Rekvirering kan berre skje om det er naudsynt for å gi tilbod om innkvartering, og frivillige løysingar skal vere prøvd først. Det vil under inga høve bli rekvirert bruksrett til hus, leilegheiter mv. der folk bur, og heller ikkje hytter og fritidsbustadar til privat bruk.

Prop. 1 S (2024–2025) bygger på dei siste innkomstprognosane utarbeidd i sommar, av fagmiljø i utlendingsforvaltninga. Ifølge desse prognosane kan vi forvente om lag 20 000 fordrivne frå Ukraina til Noreg i 2024 og ytterlegare om lag 16 000 i 2025. Det er ei rekke budsjettpostar under fleire departement som blir påverka av desse prognosane, og derfor blir prognosane sett på eit tidleg tidspunkt. Det er stor usikkerheit knytt til prognosane, da det er vanskeleg å berekne kor mange som kjem. Vi veit ikkje korleis krigen og migrasjonsstraumane kjem til å utvikle seg, korleis endringar i ordninga for midlertidig kollektivt vern kan påverke, og på kva tidspunkt ein eventuell retur til eit trygt Ukraina vil vere mogleg. I planlegginga av statsbudsjettet for 2025 legg regjeringa til grunn at dei aller fleste fordrivne som kjem frå Ukraina og har fått midlertidig kollektivt vern i Noreg dei siste åra, òg blir verande i 2025. Regjeringa følger situasjonen nøye og er førebudd på å kunne komme raskt attende til Stortinget dersom situasjonen krev det.

Regjeringa foreslår ei rekke løyvingar i 2025 for å kunne handtere dei høge innkomstane frå Ukraina. Det er integreringstilskotet som utgjer hovudfinansieringa av arbeidet med busetting og integrering i kommunane, saman med tilskot til norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, tilskot til busetting av personar med nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar og særskilt tilskot til busetting av einslege mindreårige flyktningar.

Tiltak for ei meir berekraftig innvandring

Gjennom heile 2023 tok Noreg imot ein stor del av dei fordrivne som flykta til Norden. Hausten 2023 auka innkomsttala til Noreg utan at dette blei spegla i dei andre nordiske landa. Dette skapte bekymring for at eit vedvarande høgt, og kanskje aukande, nivå på innkomstar over tid ville gi store utfordringar i kommunane og i ankomst- og mottakssystemet. For å fortsette å ta imot fordrivne frå Ukraina på ein kontrollert måte, og sikre eit forsvarleg tenestetilbod i kommunane, har regjeringa komme med ei rekke forslag som skal bidra til å bringe innkomsttala til Noreg nærmare nivåa til nabolanda våre:

  • Det er stramma inn på høvet til å reise fram og tilbake mellom Ukraina og Noreg

  • Det blir ikkje lenger tilbydd innkvartering eller transport til fordrivne som reiser til andre stader enn Nasjonalt ankomstsenter i Råde kommune

  • Regjeringa foreslo å kutte ordninga med etterbetaling av barnetrygd i Prop. 72 L (2023–2024). Stortinget vedtok endringa.

  • Det blir aktivt informert om at det er krav om butid i Noreg for å få tilgang til ei rekke ytingar gjennom folketrygda

  • Fordrivne frå Ukraina vil ikkje lenger få økonomisk støtte om dei vel å bu privat framfor asylmottak

  • Staten vil ikkje lenger dekke kostnader for kjæledyr for nykomne i asylmottak. I praksis vil det ikkje vere høve til å bu i asylmottak med kjeledyr for nykomne.

  • Regjeringa har foreslått å innføre eit krav om fem års butid for retten til delvis vederlagsfri tannhelsehjelp til personar mellom 19 og 24 år, jf. Prop. 101 L (2023–2024). Stortinget har vedtatt endringa.

  • Regjeringa har foreslått å innføre eit butidskrav på tolv månader for rett på eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, jf. Prop. 101 L (2023–2024). Stortinget vedtok endringa.

  • Regjeringa har foreslått å kutte i introduksjonsstønaden for ektefellar og sambuarar utan barn med totalt om lag 6 000 kroner i månaden, jf. Prop. 101 L (2023–2024). Stortinget har vedtatt endringa.

  • Regjeringa har nyleg stramma inn på ordninga med midlertidig kollektivt vern slik at fleire søkarar får asylsøknaden vurdert etter det ordinære regelverket. Utlendingsmyndigheitene vurderer per i dag tryggleiken i enkelte område vest i Ukraina slik at personar frå desse områda ikkje på generelt grunnlag har behov for internasjonalt vern. Nye asylsøkarar frå desse områda vil ikkje falle inn under ordninga for midlertidig kollektivt vern, men vil få asylsøknaden vurdert på individuelt grunnlag etter ordinære reglar.

Regjeringa har vidare lagt til rette for at ukrainarar skal kunne nytte ordninga for tilbakevending, der Utlendingsdirektoratet gir tilskot til personar som vender heim. Tilbakevending til heimlandet er ei av dei tre tilrådde varige løysingane for personar på flukt, og Noreg vektlegg at dette alltid skal vere mogleg for personar med fluktbakgrunn som har lovleg opphald i Noreg. Dette er eit val den enkelte tek sjølv, og som ikkje direkte påverkar opphaldsløyvet i Noreg. Ordninga for tilbakevending var lite brukt før det blei praktisk mogleg for ukrainarar å søke på ordninga frå september 2022. Sidan dette har vel 2 500 ukrainarar søkt om tilbakevendingsstøtte, medan nærmare 1 100 har reist. Det er sannsynleg at det i 2025 vil være langt fleire potensielle søkarar frå Ukraina, og regjeringa foreslår i 2025 ei auka løyving til UDI på 8,2 mill. kroner knytt til dette.

Registrering og mottak

For effektivt å registrere og raskt få dei fordrivne inn i asylmottak, er kapasiteten for registrering auka og registreringsprosessen forenkla.

På grunn av dei mange fordrivne frå Ukraina har det vore nødvendig å utvide mottakskapasiteten vesentleg. Det er venta om lag 12 000 bebuarar i mottak i gjennomsnitt i 2024 og 11 000 i 2025, medan det i åra før krigen braut ut var under 3 000. Regjeringa foreslår ei løyving til asylmottak i tråd med prognosane, men det er stor uvisse rundt korleis tala på innkomstar vil utvikle seg. I 2024 har regjeringa ei overskridingsfullmakt knytt til mottakspostane for at kapasiteten skal kunne bli skalert i tråd med endringar i talet på fordrivne og andre asylsøkarar som kjem. Ei slik fullmakt blir foreslått også i 2025, med ei beløpsgrense på 3 mrd. kroner.

Politiet har hatt ein stor auke i arbeidsmengda i samanheng med registrering av asylsøkarar frå Ukraina. Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått mange fleire oppgåver med bl.a. saksbehandling, innkjøp og oppfølging av mottakskontraktar, logistikk og kommunikasjon. UDI og politiet har fått tilført ekstra midlar for å handtere desse oppgåvene i tillegg til at det har blitt gjennomført nødvendige omprioriteringar i etatane. Sjølv om innkomstane er venta å vere lågare i 2024 og 2025 enn dei føregåande åra, har saksbehandlinga blitt meir komplisert etter dei innførte innstrammingstiltaka. Behovet for kapasitet til å handtere innkomstane er framleis stort. For å bidra til framleis god handtering av asylsøkarar frå Ukraina foreslår regjeringa ei løyving på 155 mill. kroner over UDI sitt driftsbudsjett i 2025, i tillegg til eigne løyvingar til politiet. Sjå meir om registrering og mottak av flyktningar og fordrivne frå Ukraina i Prop. 1 S (2024–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Busetting i kommunane

Personar som har fått innvilga midlertidig kollektivt vern, er omfatta av tilbodet om å bli busett med offentleg hjelp. Busetting med offentleg hjelp for flyktningar er ikkje ein lovregulert rett eller plikt. Det er frivillig for kommunane å busette flyktningar, og busettinga skjer etter avtale mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og kommunen. Kommunar som buset flyktningar, får tilskot frå staten.

Det er busett rekordmange fordrivne frå Ukraina og andre flyktningar i små og store kommunar over heile landet dei siste åra. I 2022 og 2023 blei det busett ca. 65 000, der nesten 57 000 var fordrivne frå Ukraina. I 2024 har kommunane per 1. september vedtatt å busette ytterlegare 28 200 flyktningar. Hittil i år er 17 000 flyktningar busett. 15 000 av desse er fordrivne frå Ukraina. I tillegg er 3 000 fordrivne på veg til å bli busett i ein kommune. Busettinga har også vore historisk rask dei siste åra. Per 1. september er den gjennomsnittlege ventetida frå vedtak om opphald til busetting i ein kommune på 2,9 månader for fordrivne frå Ukraina. For andre flyktningar, som overføringsflyktningar, er ventetida om lag 4,5 månader.

Fleire kommunar har hatt utfordringar med mangel på tilgjengelege bustadar og stort press på fleire kommunale tenester. Regjeringa har jobba med å støtte kommunane i arbeidet med å skaffe utleigebustadar til fordrivne frå Ukraina og andre vanskelegstilte. Nettsida boligdugnaden.no, som skal gjere det enklare for private aktørar å leige ut, blei lansert i fjor. Stortinget har vedtatt midlertidige endringar i fleire lover som skal gjere det enklare for kommunane å busette og handtere mange flyktningar. Det er vedtatt vidareføring av midlertidige beredskapsheimlar i plan- og bygningslova som følge av mange fordrivne frå Ukraina, med verknad til 1. juli 2026. Dette omfattar heimlar som bl.a. sikrar rask etablering av flyktningmottak, omsorgssenter, barnehagar og skular, og raskare tilgang på bustader. Beredskapsheimlane gir kommunane moglegheit til å gi midlertidige unntak frå bl.a. krav til søknad om løyve og frå kommunale planar. Det er også vedtatt ein midlertidig heimel i husleigelova, som opnar for at fritidsbustadar kan leigast ut som bustad med ei minstetid på eitt år, i staden for tre år, som er hovudregelen. Dei midlertidige heimlane er viktige for å gje kommunane handlingsrom og fleksibilitet i ein ekstraordinær situasjon. Låneramma til Husbanken blei i samanheng med revidert nasjonalbudsjett auka til 32 mrd. kroner i 2024. Lån til utleigebustadar er eit av dei prioriterte føremåla innanfor Husbanken sin låneramme.

Sidan 2022 har IMDi fått auka midlertidig løyving til arbeidet med busetting, kartlegging og kvalifisering av ekstraordinært mange fordrivne frå Ukraina. For at IMDi skal ha kapasitet til å handtere ein stor pågang også neste år, foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til IMDi med 60 mill. kroner i 2025.

I samarbeid med statlege aktørar og kommunesektoren held Arbeids- og inkluderingsdepartementet fram arbeidet med å tilpasse busettingsprosessen til situasjonen. Behovet for ytterlegare tilpassingar blir vurdert kontinuerleg i lys av antal fordrivne som kjem, kunnskap om korleis situasjonen utviklar seg, og om samansetninga til dei som kjem til Noreg. Tett dialog og kommunikasjon med statsforvaltarane, fylkeskommunane og kommunesektoren er nødvendig, og praksisendringar blir drøfta med KS (Kommunesektorens organisasjon).

Raskt ut i arbeid og annan aktivitet

Regjeringa er oppteken av at det skal bli lagt til rette for at fordrivne frå Ukraina så raskt som mogleg kjem i arbeid. Arbeidsplassen er ein viktig arena for integrering, språktrening og inkludering i fellesskapet. Samtidig har dei fleste behov for noko kvalifisering og norskopplæring før dei er klare til å gå over i arbeid. Introduksjonsprogrammet og norskopplæringa gir eit godt grunnlag for å komme inn i det seriøse arbeidslivet. Regjeringa har derfor opna opp for at ukrainske fordrivne får tilnærma same kvalifiseringstilbod som andre flyktningar, sjølv om dei har midlertidig opphald. Personar med kollektivt vern har rett, men ikkje plikt til å delta i introduksjonsprogram og norskopplæring. Det er også gjort enkelte tilpassingar i tilbodet samanlikna med det tilbodet andre flyktningar får. Bl.a. foreslo regjeringa 1. februar 2024 midlertidige endringar i integreringsforskrifta for å gjere introduksjonsprogrammet for fordrivne frå Ukraina meir arbeidsretta. To korte yrkesretta løp innanfor ramma av kortprogram har også blitt utvikla: Eitt løp med mål om å jobbe som assistent innanfor helse- og omsorgstenestene, og eitt løp med mål om å jobbe som assistent innanfor barnehage- og grunnopplæringssektoren. Dei korte opplæringsløpa skal bidra til at fordrivne frå Ukraina og andre med relevant kompetanse raskare skal kunne komme inn i og jobbe i desse yrkene.

Tal frå SSB viser at over 11 500 fordrivne frå Ukraina i alderen 20 til 66 år var i jobb i juli 2024. Dette er over 27 pst. av alle dei busette ukrainske fordrivne i aldersgruppa. Om lag ein av seks av desse jobbar i overnatting- og serveringsverksemd. Det har vore ei positiv utvikling i andelen sysselsette i 2024. Ved inngangen til året var 16,6 pst. av dei ukrainske fordrivne sysselsett, mot 27 pst. i juli. Butid har mykje å seie for sysselsettinga, og tal frå Arbeids- og velferdsetaten syner at 40 pst. av dei fordrivne som kom i 2022, er sysselsett. Mange har behov for noko kvalifisering før dei er klare til å arbeide, og majoriteten av dei fordrivne har nytta seg av tilbodet om introduksjonsprogram og norskopplæring. Av dei omtrent 10 000 fordrivne frå Ukraina som hadde gjennomført introduksjonsprogrammet ved utgangen av 2023, var 48 pst. i arbeid i mars 2024 (tal frå SSB).

I Danmark var 13 000 fordrivne frå Ukraina i alderen 16 til 66 år i arbeid i august 2024 (53 pst.). Butid har mykje å seie for sysselsettinga og er noko av forklaringa på kvifor sysselsettinga er høgare i Danmark enn i Noreg. I Danmark kom majoriteten av dei fordrivne det første halvåret etter Russland sin invasjon av Ukraina i 2022. I Noreg har det til samanlikning blitt busett nesten 30 000 fordrivne både i 2022 og i 2023, og over 15 000 så langt i 2024.

Vidare budde det 16 500 ukrainske statsborgarar i Danmark før Russland gjekk til angrep på Ukraina i 2022, mot 6 500 i Noreg. I ei undersøking gjort av danske myndigheiter svarte om lag to av tre av dei ukrainske fordrivne som var busett i Danmark hausten 2022, at dei hadde søkt opphald i Danmark fordi dei hadde tilknyting til landet frå før krigen gjennom vener og familie, eller fordi dei hadde jobba eller studert i Danmark tidlegare. At mange hadde eit nettverk frå før og tilknyting til Danmark kan vere ei viktig forklaring på kvifor mange ukrainske fordrivne kom raskt ut i arbeid i Danmark. Etter ein rask auke i sysselsettingsandelen det første året etter krigsutbrotet, har andelen ukrainske fordrivne i arbeid i Danmark stabilisert seg på rundt 50 pst. sidan mai 2023. Forsking peikar også på gunstige konjunkturar i Danmark ved utbrotet av krigen og eit stort arbeidskraftsbehov i landbruket og serviceyrke, der mange ukrainske fordrivne har blitt sysselsett1. I tillegg til at Danmark har ført ein annan politikk enn Noreg, med stor vekt på retur og lite vekt på stabil tilknyting til den seriøse delen av arbeidslivet, er dette forhold som er med på nyansere samanlikninga mellom Danmark og Noreg.

Ein stor andel av dei fordrivne frå Ukraina har valt å nytte seg av retten til introduksjonsprogram og språkopplæring før dei går ut i arbeid. Per 1. september 2024 var nesten 16 000 personar med midlertidig kollektivt vern som hadde rett til introduksjonsprogram, registrerte som deltakarar i programmet. På same tid var nesten 16 000 fordrivne av dei omtrent 22 000 med rett til opplæring registrerte som deltakarar i norskopplæring. At mange vel å takke ja til introduksjonsprogram og norskopplæring, er ein viktig årsak til at det tek litt tid før dei fordrivne kjem ut i arbeid. Tala for deltaking i introduksjonsprogram og norskopplæring er basert på data frå Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) per 1. september 2024. Kommunane har tilgang til å registrere opplysningar i NIR innan to månader etter dei har motteke dei. Tala kan difor endre seg noko over tid.

Per 1. september 2024 var det over 15 000 ukrainske fordrivne som hadde gjennomført si deltaking i introduksjonsprogrammet. Av desse har 48 pst. gått direkte over til arbeid og/eller vidare utdanning. 28 pst. har gått over til arbeidsmarknadstiltak i regi av Arbeids- og velferdsetaten, medan 11 pst. har gått over til vidare kvalifiseringstiltak i regi av kommunen eller andre aktørar. Til forskjell frå øvrige deltakargrupper, er det ein vesentleg større andel av ukrainarane som går direkte over til arbeid, og få som går over til utdanning. Dette heng saman med at dei ukrainske fordrivne generelt er ei høgt utdanna gruppe, og at dei fleste difor har arbeid som sluttmål for introduksjonsprogrammet.

Fordrivne frå Ukraina og andre innvandrarar har behov for å lære seg norsk for å komme i arbeid eller annan aktivitet. Svake norskferdigheiter har vist seg å vere ei barriere for deltaking i arbeidslivet for mange fordrivne frå Ukraina. Den kommunale norskopplæringa skjer på dagtid i mange kommunar, noko som kan vere eit hinder for å komme raskt i arbeid. I mars 2024 lanserte regjeringa eit nasjonalt tilbod om digital lærarstyrt norskopplæring. Målet var å betre tilgangen til fleksible tilbod om norskopplæring på kveldstid og helg som deltakarane kan kombinere med jobb. Tilbodet kjem også andre nytilkomne innvandrarar til gode. Tilbodet er ikkje meint å skulle erstatte kommunane sine eigne tilbod, men skal kunne bli brukt som ein del av kommunen sitt samla tilbod for dei som ønsker det.

Regjeringa sette i mai 2023 ned ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe for å få innspel og forslag til tiltak som kunne bidra til å styrke arbeidet med å få fordrivne ut i arbeid. På bakgrunn av anbefalingane frå gruppa har regjeringa sett i gang ein rekke tiltak. I tillegg til det nemnde systemet for digital norskopplæring har regjeringa utarbeidd kompetansepakkar om arbeidsretta norskopplæring, kompetansepakkar om arbeidsretta kvalifiseringsløp og ein digital rettleiar om samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunane om introduksjonsprogram. IMDi har også oppdatert den juridiske rettleiaren sin om det midlertidige integreringsregelverket for personar med midlertidig kollektivt vern. Regjeringa etablerte i tillegg ei hurtigarbeidande prosjektgruppe, der KS, LO og NHO var involvert. Gruppa fekk bl.a. i oppdrag å lage ein informasjonskampanje til arbeidsgivarar i særleg relevante sektorar.

Fordrivne frå Ukraina som etter busetting i ein kommune ikkje kan sørge for livsopphaldet sitt gjennom arbeid eller ved å gjere gjeldande økonomiske rettar, har krav på økonomisk sosialhjelp. Dei siste to åra har det vore ein omfattande auke i mottakarar av økonomisk sosialhjelp. Frå 2021 til 2023 har utgifter til sosialhjelp auka med 2,25 mrd. kroner målt i faste kroner. 80 pst. av auka er grunna det historisk høge talet fordrivne frå Ukraina etter Russlands fullskalainvasjon i slutten av februar 2022.2

Utgifter til økonomisk sosialhjelp i 2025 vil bli påverka av kor mange fordrivne som blir busett i kommunane, kor raskt dei kjem i gang med introduksjonsprogram og i kva grad desse kan ivareta livsopphaldet sitt ved hjelp av eigne midlar etter avslutta introduksjonsprogram. Nokre av dei fordrivne som deltek i introduksjonsprogram, kan i tillegg ha behov for supplerande sosialhjelp i programmet.

Talet på fordrivne frå Ukraina som kjem til Noreg, vil også kunne påverke dei kommunale ressursane brukt på å gi råd og rettleiing. Dette er ei kommunal teneste alle fordrivne frå Ukraina har rett til i medhald av sosialtenestelova § 17.

Frivillige organisasjonar arbeider for inkludering av ukrainske flyktningar

Frivillige organisasjonar gjer eit viktig arbeid når det gjeld integrering og inkludering av flyktningar. Organisasjonane arbeider både i mottak og i lokalsamfunn med å tilby språktrening, møteplassar, kurs og fritidsaktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv. Det frivillige arbeidet bidrar til å skape tillit og tilhøyrsel, i tillegg til å løyse viktige samfunnsoppgåver.

Mange av dei som kjem til Noreg frå Ukraina, er barn og unge som har behov for ein stabil kvardag. Dei treng å bli inkluderte i aktivitetar med andre barn og ta opp igjen aktivitetar dei gjorde i heimlandet. Dei vaksne skal også få høve til å delta i fellesskap og meiningsfulle aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar.

Oppfølging av barn og unge

Krigen i Ukraina har ført til at fleire utsette barn og unge har komme til Noreg. Regjeringa vurderer fortløpande kva tiltak som er nødvendig for å sikre gode tilbod til barn og unge som kjem til Noreg som følge av krigen i Ukraina.

Stortinget har vedtatt midlertidige endringar i barnehagelova og opplæringslova som skal bidra til å gjere det lettare for kommunane å busette mange nye barn og unge. Det blei løyvd 20 mill. kroner i 2023 og 20,9 mill. kroner i 2024 til tiltak som skal bidra til betre bemanning og auka kompetanse i barnehage og skole om nykomne barn, unge og vaksne. Ifølge kommunane er den største utfordringen å skaffe nok og kvalifisert personale. Løyvinga skal bl.a. bidra til å utvikle og drive etter- og vidareutdanningstilbod i innføring i norsk barnehage og skole for personar som har relevant pedagogisk utdanning frå utlandet, og til ordninga med fleksibel opplæring. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga med 20 mill. kroner i 2025.

Ungdom som har fullført grunnskole eller tilsvarande, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Som hovudregel er søknadsfristen 1. mars, men fylkeskommunen kan ta omsyn til søknader som kjem seinare. Alle fylkeskommunane har ulike typar innføringstilbod og språkopplæring til ungdom som søker vidaregåande, som dei kan ta del i mens dei ventar på ordinær plass. Mange har også løpande inntak, men det er ei utfordring for dei å ha tilstrekkeleg oversikt over målgruppa for vidaregåande opplæring, slik at dei kan planlegge for eit tilbod. Nokre fylkeskommunar har kapasitetsutfordringar fordi dei allereie har mange ungdommar i vidaregåande opplæring. Framleis tar ein del ungdommar imot digital opplæring frå Ukraina eller opplæring i norsk og samfunnskunnskap i kommunane.

For meir om tiltak mynta på fordrivne barn, unge og vaksne i barnehage og skule, sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.

I Prop. 72 L (2023–2024) la regjeringa fram forslag til innstramming i retten til etterbetaling av barnetrygd. Stortinget vedtok lovendringa, som tok til å gjelde frå 1. juli 2024. Endringa inneber at føresegna i barnetrygdlova om etterbetaling av barnetrygd i opptil tre år er oppheva. Den er erstatta av ein ny regel om etterbetaling i opptil tre månader og eit unntak om etterbetaling i opptil tre år i enkelte tilfelle, etter mønster av folketrygdlova. Vidare er det innført ei ny føresegn som presiserer når personar med midlertidig kollektivt vern tidlegast kan bli rekna som busett i Noreg. Denne regelen får verknad for dei som fekk si første midlertidige opphaldsløyve frå 7. desember 2023, det vil seie frå same dato som regjeringa gjorde kjent at personar med midlertidig kollektivt vern ikkje lenger får etterbetalt barnetrygd det første året dei er i Noreg. Endringane i barnetrygdlova gjeld generelt, og det er gitt overgangsreglar.

I Prop. 101 L (2024–2024) la regjeringa fram forslag til innstramming i retten på eingongsstønad. Stortinget vedtok endringa, som tok til å gjelde frå 1. oktober 2024. Lovendringa inneber at ein må ha vore medlem i folketrygda i tolv månader samanhengande for å få rett til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, eit såkalla medlemskapskrav. I lovproposisjonen blei det vist til at ingen av dei nordiske landa har ein tilsvarande yting som eingongsstønaden. Medlemskapskravet i eingongsstønaden er varig og gjeld generelt, og det er gitt overgangsreglar.

Høgare utdanning

I 2022 blei det løyvd midlar tilsvarande 1 000 studieplassar ved universitet og høgskular retta mot studentar som følge av krigen i Ukraina. Løyvinga er midlertidig og skal bli fasa ut med normal studieprogresjon eller dersom plassane ikkje blir brukt, jf. Innst. 270 S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022). Løyvinga blei redusert til 500 plassar i 2023 fordi talet på studentar som til då hadde fått tilbod, og anslag på talet fordrivne som kom frå Ukraina, tydde på at behovet var mindre. På bakgrunn av rapportering frå dei institusjonane som fekk midlar til studieplassane, blei løyvinga redusert ytterlegare i 2024, og midlar tilsvarande 277 studieplassar blei førte vidare.

I 2022 oppretta regjeringa ei midlertidig stipendordning for ukrainske, russiske og belarussiske studentar som var i Noreg før krigen starta. Ordninga gjaldt for studentar som finansierte studieopphaldet sjølv, og som mista tilgangen til midlane på grunn av krigen. Frå 2023 gjaldt ordninga berre for ukrainske studentar, og frå 2024 er ordninga avvikla. Studentar med flyktningstatus har tilgang til finansiering frå Lånekassa tilsvarande som norske studentar.

Russland er suspendert frå gjeldande strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land utanfor EU.

Helse- og omsorgstenester for personar med midlertidig kollektivt vern

Asylsøkarar og personar med midlertidig kollektivt vern i Noreg har same rett til helsetenester som resten av befolkninga, med unntak for unge vaksne sin rett til nødvendig tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta. Dette unntaket er omtalt nærmare nedanfor. Helsedirektoratet har oppdatert den nasjonale rettleiaren om helsetenester til asylsøkarar, flyktningar og familiesameinte og vil tilpasse denne ytterlegare ved behov. Direktoratet har omsett informasjon om rettar og tilgang til helsetenester for fordrivne frå Ukraina.

Helse- og omsorgsdepartementet følgjer situasjonen med høge innkomstar frå Ukraina nøye, bl.a. for å følge med på at det er stor nok kapasitet i helse- og omsorgstenestene. Kommunane har i hovudsak meldt om at kapasiteten i helsetenestene jamt over er tilstrekkeleg. For den offentlege tannhelsetenesta har fylkeskommunane gitt signal om at kapasiteten deira generelt er utfordra med dei oppgåvene dei er tildelte, som også omfattar enkelte grupper flyktningar.

For å bidra til at kapasiteten i tenestene ikkje blir overskriden, har Stortinget gjort midlertidige endringar i helselovgivinga som opnar for at Helse- og omsorgsdepartementet kan gjere heilt eller delvis unntak frå enkelte plikt- og rettsreglar i pasient- og brukarrettslova, spesialisthelsetenestelova og helse- og omsorgstenestelova.

I møte med innkomstane frå Ukraina har spesialisthelsetenestene tatt høgde for større tilstrøyming til tenestene og utfordringar. Det kan gjelde manglande dokumentasjon om sjukdom og tidlegare behandling, behov for ekstraordinære smitteverntiltak, særlege behov for tenester innan psykisk helse og rettleiing av kommunehelsetenesta innan traume- og krisehandtering.

Noreg deltar også i det europeiske samarbeidet for medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina, som skjer gjennom EUs ordning for sivil beredskap UCPM (Medevac). Ordninga omfattar alvorleg sjuke og skadde pasientar, og nokre av dei blir følgde av pårørande. I 2022 blei Nasjonalt koordineringssenter for medisinsk evakuering av ukrainske pasientar (NKS) etablert ved Oslo universitetssykehus. Regjeringa har bestemt at Noreg kan ta imot inntil 550 ukrainske pasientar for behandling i spesialisthelsetenesta. Pårørande kjem i tillegg. Ved utgangen av august i år hadde Noreg bidratt med transportkapasitet til om lag 1 900 pasientar til Noreg og andre europeiske land. Omtrent alle sjukehus i Noreg har teke imot pasientar gjennom Medevac-ordninga.

Regjeringa la i mai 2024 fram forslag om innstramming i retten til nødvendig tannhelsehjelp frå den offentlege tannhelsetenesta for personar i alderen 19 til og med 24 år med midlertidig opphaldsløyve. Lovforslaget innebar at det for å ha rett til nødvendig tannhelsehjelp blir stilt krav om fem års butid i riket for personar i denne gruppa. Gruppa med midlertidig opphaldsløyve omfattar også personar med midlertidig kollektivt vern. Stortinget vedtok forslaget til lovendring, som tok til å gjelde 1. juli 2024.

8 FNs berekraftsmål

FN vedtok i september 2015 berekraftsmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. I Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet gis ein samla omtale av nasjonal og internasjonal oppfølging av alle berekraftsmåla.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for koordineringa av berekraftsmål 1. Departementet har også eit ansvar for bidrag til delmål under berekraftsmåla 5 og 8.

Berekraftsmål 1 Utrydde fattigdom

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for å koordinere innanlandsk oppfølging av berekraftsmål 1 om å utrydde alle former for fattigdom. Berekraftsmål 1 blir følgt opp nasjonalt gjennom innsatsen for å redusere fattigdom og utjamne økonomiske og sosiale forskjellar. Oppfølginga av mål 1 må sjåast saman med oppfølging av dei andre berekraftsmåla, særleg mål 8 om anstendig arbeid m.m. og mål 10 om mindre ulikskap.

Regjeringa ønsker eit samfunn med små forskjellar. Fattigdom skal reduserast, særleg fattigdom som rammar barnefamiliar. Regjeringa vil føre ein politikk som reduserer dei økonomiske, sosiale og geografiske forskjellane i samfunnet.

Viktige grep for å utjamne forskjellar og redusere fattigdom er å inkludere fleire i arbeid, gode velferdsordningar, og meir rettferdig og omfordelande skatt. Innsatsen i arbeids- og velferdspolitikken for å inkludere fleire i arbeid er sentral i innsatsen mot fattigdom. Velferdstenestene skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Offentlege og universelle velferdsordningar bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.

Fattigdom er eit samansett og komplekst problem, og heng ofte saman med andre levekårsutfordringar, som manglande deltaking i arbeidsmarknaden. Manglande deltaking i arbeidsmarknaden har ofte si årsak i utfordringar knytt til helse, låg utdanning og låge kvalifikasjonar, eller manglande norskferdigheiter. Fattigdom og låginntekt kan ha konsekvensar for buforhold, helse og sosiale tilhøve. Helsepolitikken, utdanningspolitikken, integreringspolitikken, bustadpolitikken, oppvekst- og familiepolitikken mfl. har derfor også stor betydning for å motverke ulike årsaker til og konsekvensar av fattigdom.

Fattigdom og låginntekt har også konsekvensar for barn si oppvekst og deltaking. Regjeringa vil våren 2025 legge fram ei stortingsmelding om sosial utjamning og sosial mobilitet med vekt på barn og unge og familiane deira. Formålet med meldinga er å forsterke politikken for å redusere sosiale forskjellar og motverke at dårlege levekår går i arv. Meldingsarbeidet er eit samarbeid mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet. Meldinga skal bl.a. sjå på betydninga av dei første leveåra til barnet, inklusive svangerskapet, skole og utdanning, overgangar frå barndom til ungdoms- og vaksenliv, utdanning og arbeid. Meldinga skal følge opp to ekspertgrupperapportar: En barndom for livet – Økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familier, og Et jevnere utdanningsløp – Barnehage og skole/SFO som innsats mot ulikhet blant barn. Arbeidet vil sjåast i samanheng med samfunnsoppdraget om å inkludera fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Forsking, innovasjon og utprøving av tiltak er viktige element i samfunnsoppdraget.

Den samla innsatsen mot fattigdom omfattar innsatsar og tiltak under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Finansdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Prinsippet om sektoransvar gjeld, og inneber at omsynet til fattigdom skal følgast opp innanfor ansvarsområda til dei ulike fagdepartementa.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2025:

  • Nominell vidareføring av den historisk lave maksimalprisen i barnehage på 2 000 kroner per månad nasjonalt og 1 500 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6 (Kunnskapsdepartementet).

  • Vidareføring av tilbodet om 12 timar gratis skulefritidsordning (SFO) per veke for elevar på 1., 2. og 3. trinn (Kunnskapsdepartementet).

  • Endring slik at forsørgaren får utbetalt barnetillegg sjølv om barnet har eiga inntekt (Arbeids- og inkluderingsdepartementet, 6,2 mill. kroner).

  • 10 mill. kroner til oppfølging av tiltak i handlingsplan for deltaking i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar og 40 mill. kroner til styrking av ordningar som gjer det like mogleg for alle barn å delta i kulturaktivitetar. (Kultur- og likestillingsdepartementet)

  • 400 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse og rus, inkludert 150 mill. kroner i auka rammetilskot til kommunane grunna behov på psykisk helse- og rusfeltet (Helse- og omsorgsdepartementet).

  • 690 mill. kroner til tiltak for å få fleire i arbeid. Det inneber å styrke arbeidsmarknadstiltaka, Jobbsjansen og å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten slik at fleire kan få arbeidsretta oppfølging. Vidare inneber det å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa teneste for unge med samansette problem. Regjeringa foreslår også å etablere eit nytt arbeidsretta ungdomsprogram (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • Å auke tilskot til områdesatsingar med 10 mill. kroner. Områdesatsingane skal bidra til betre oppvekstvilkår for barn og unge og tiltaket er ein del av ein felles satsing frå regjeringa for å forebygge utanforskap og motvirke kriminalitet blant barn og unge (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • Tiltak for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet.

Nedanfor er det ein omtale av innsatsar og tiltak som har særleg betydning for innsatsen mot fattigdom og oppfølginga av berekraftsmål 1. Sjå budsjettproposisjonane til dei ulike departementa for ein meir utførleg omtale.

Delmål 1.1 Innan 2030 utrydde all ekstrem fattigdom

Ingen i Noreg lever i ekstrem fattigdom slik ekstrem fattigdom er definert av FN. Delmål 1.1 er derfor ikkje relevant å følge opp innanlandsk i Noreg.

Delmål 1.2 Innan 2030 minst halvere prosentandelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar

Regjeringa sitt mål er eit samfunn med små forskjellar, og redusert fattigdom. Det er ikkje ein offisiell definisjon av fattigdom eller fattigdomsgrense i Noreg. Ein indikator for kor mange som er i risiko for fattigdom, er kor mange som har inntekt under eit bestemt nivå i inntektsfordelinga, for eksempel 60 pst. av medianinntekta, i ein bestemd periode (EU60). Desse har økonomiske ressursar som ligg betydeleg under det generelle inntektsnivået i samfunnet. Om låginntekt som indikator på fattigdom, sjå del I, punkt 3.5 Utviklinga for låginntektsgrupper. Forskjellane i inntekt og levekår er mindre i Noreg enn i andre land, men også her har nokre familiar store økonomiske utfordringar. Andelen av befolkninga med vedvarande låginntekt var i perioden 2020–2022 på 9,5 pst. (studentar er haldne utanfor).

Det er små forskjellar i omfanget av vedvarande låginntekt mellom menn og kvinner. Forskjellane har også blitt mindre. I 2009 var andelen kvinner med vedvarande låginntekt 2,1 prosentpoeng høgare enn for menn. I 2022 er forskjellen redusert til 1,3 prosentpoeng. Det er framleis ein noko større andel kvinner enn menn i hushald med vedvarande låginntekt. I 2022 hadde 10,2 pst. av kvinner og 8,9 pst. av menn vedvarande låginntekt. Forklaringa, når ein nyttar EU60 for å måle vedvarande låginntekt, er i første rekke at det er ein større andel kvinner enn menn i låginntektsgruppene einslege minstepensjonistar og einslege med barn. At det blir stadig færre aleinebuande minstepensjonistar bidrar til at andelen med vedvarande låginntekt blant kvinner går noko ned.

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i familiar med risiko for fattigdom, er delen barn som lever i hushald med ei inntekt under 60 pst. av medianinntekta over ein periode på tre år. Andelen barn som bur i familiar med vedvarande låginntekt, har falt litt dei siste åra etter ein betydeleg auke sidan starten av 2000-talet. Auken i barnetrygda for dei minste og auka butid blant innvandrarar er to moglege årsaker til nedgangen i tala. I 2022 vaks 10,6 pst. av barn i Noreg opp i ein familie med vedvarande låginntekt, mot 7,7 pst. i 2010. Foreldre med svak tilknyting til arbeidsmarknaden er overrepresenterte i låginntektsgruppa.

Seks av ti barn som veks opp i hushald med vedvarande låginntekt har innvandrarbakgrunn. Det er mange med låginntekt blant innvandrarar med flyktningbakgrunn. Mange nyankomne flyktningar har svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt også etter å ha budd lenge i Noreg.

Arbeid og inntekt

For personar i yrkesaktiv alder heng fattigdom og låginntekt for ein stor del saman med manglande eller låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeid gir inntekt og økonomisk sjølvstende og betrar levekåra og livssituasjonen til enkeltpersonar og familiar. Arbeid gir også fellesskap og nettverk. Regjeringa si innsats for at flest mogleg kan delta i arbeidslivet er viktig for å motverke fattigdom og låginntekt. Arbeids- og velferdspolitikken skal legge til rette for at flest mogleg kan forsørge seg sjølve gjennom arbeid. Arbeids- og velferdsforvaltninga rår over ei rekke tiltak og verkemiddel for personar som treng arbeidsretta bistand og oppfølging. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk sikkerheit for personar som ikkje kan arbeide.

Enkelte grupper opplever særlege utfordringar med å få innpass i arbeidslivet og har behov for bistand som styrker sjansane deira for å komme i jobb. For å styrke innsatsen for unge, innførte regjeringa ein ungdomsgaranti i Arbeids- og velferdsetaten i 2023. Ungdomsgarantien skal sikre at unge mellom 16 og 30 år som treng hjelp for å komme i arbeid får tidleg innsats, tett og tilpassa oppfølging så lenge det er nødvendig. Ei betre samordning av tenester frå arbeids- og velferdsforvaltninga, helsetenestene og utdanningssystemet skal motverke at ungdom og unge vaksne fell på utsida av skole og arbeid. Målet er at fleire skal fullføre utdanning og komme i jobb.

I tillegg til ungdomsgarantien foreslår regjeringa nye tiltak for å vidareutvikle og styrke innsatsen overfor unge, sjå omtale i del II under mål 4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden og Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Regjeringa vil forma ut og sette i verk eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram med ny ungdomsyting, kor nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår.

Mange nykomne flyktningar har svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt også etter å ha budd lenge i Noreg. Integreringslova legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta formell utdanning innanfor ramma av introduksjonsprogrammet, og set tydlegare krav til norskkunnskapar. Kvalifisering, utdanning og arbeid er viktige innsatsområde. Når det gjeld flyktningane frå Ukraina, vidareførte Stortinget i juni 2024 midlertidige endringar i fleire lovar med enkelte justeringar. Dette skal bidra til at flest mogleg kjem raskt ut i arbeid, gjere det enklare for kommunane å busette raskt, og til at kommunar og fylkeskommunar kan handtere situasjonen og tilpasse tenestetilbodet sitt. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å kome ut i arbeid.

Regjeringa la våren 2024 fram Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp. Målet er at fleire innvandrarar skal få ei stabil tilknyting til det seriøse arbeidslivet og at fleire skal delta i små og store fellesskap. Gjennom integreringsmeldinga vil regjeringa bidra til å styrke innsatsen for at fleire blir integrerte i det norske samfunnet. Auka sysselsetjing og deltaking på andre samfunnsområde vil betre levekåra og redusere utanforskap blant innvandrarar.

Sjå meir omtale i del II, under hovudmål 5, God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn.

Skatt

Skattesystemet bidrar til omfordeling gjennom å finansiere offentlege tenester og overføringar. Regjeringa har dei siste åra redusert inntektsskatten for dei med inntekter under 750 000 kroner, og inntektsskatten er redusert mest for dei med dei lågaste inntektene.

Utdanning

Utdanning og kunnskap legg grunnlaget for ein varig og stabil tilknyting til arbeidslivet for enkeltpersonar og er dermed heilt sentralt for å førebygge fattigdom. Utdanning og kunnskap bidrar til å skape likeverdige moglegheiter for alle uavhengig av bakgrunn, og til å fremme sosial mobilitet. Eit godt barnehagetilbod og ein god fellesskole er ein nøkkel til å motverke sosiale forskjellar og til å skape eit meir rettferdig samfunn. Utdanning skal bidra til eit berekraftig samfunn med små forskjellar og høg tillit. Ekspertgruppa som ble oppnevnt av Regjeringa for å se på betydninga av barnehage, skole og SFO for sosial utjamning og sosial mobilitet leverte rapporten Et jevnere utdanningsløp – Barnehage og skole/SFO som innsats mot ulikhet blant barn våren 2024. Rapporten blir fulgt opp i arbeidet med stortingsmeldinga om sosial utjamning og sosial mobilitet.

Barnehagar og skoler som løftar alle barn og unge, uavhengig av bakgrunnen til foreldra, er viktig for å skape likeverdige moglegheiter for alle. I 2025 foreslår regjeringa å løyve 208,9 mill. kroner til auka pedagogtettleik og bemanning i barnehagar i levekårsutsatte område og 15,5 mill. kroner til å auke bemanninga på skoler i levekårsutsette område. Regjeringa foreslår å løyve 226,3 mill. kroner i tilskot til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage i 2025. I tillegg foreslår regjeringa at 250 mill. kroner av auken i rammetilskotet til kommunane i 2025 blir grunngjeven med behovet for bemanning i barnehagane.

Regjeringa har gjennomført ei rekke tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for bruk av barnehage og skolefritidsordning (SFO). Maksimalprisen i barnehagar blei redusert 1. august 2024, frå 3 000 kroner til 2 000 kroner per månad nasjonalt og til 1 500 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6. Maksimalprisen foreslås vidareført nominelt i 2025. Frå 1. august 2023 blei det innført gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samtidig, og gratis barnehage for alle barn i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, dette blir vidareført i 2025.

SFO er ein viktig arena som gir alle barn, uavhengig av bakgrunn, tilgang til ein felles arena for leik, vennskap og kultur- og fritidsaktivitetar. Likevel er det framleis elevar som ikkje deltek i SFO på grunn av familien sin økonomi. Regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO. Frå hausten 2022 blei det innført 12 timer gratis SFO for alle elevar på 1. trinn, frå hausten 2023 blei ordninga utvida til også å gjelde 2. trinn, og frå hausten 2024 blei ordninga utvida til også å omfatte 3. trinn. Det gjer at alle elevar på 1.–3. trinn får moglegheit til å gå på SFO.

Regjeringa la hausten 2024 fram ei stortingsmelding om 5.–10. trinn. Meldinga omtalar regjeringas forslag til tiltak for å snu den negative utviklinga vi ser i skulen på fleire område. Hovudmålet med meldinga er å styrke læringa, utviklinga, motivasjonen og meistringa til elevane, bl.a. gjennom å bidra til meir praktisk læring i skulen.

Regjeringa har innført ei åtteårig rentekompensasjonsordning til kommunane for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidrar til meir praktisk og variert opplæring. Rentekompensasjonsordninga har ei total investeringsramme på 8 mrd. kroner. Ordninga trådde i kraft frå og med andre halvår 2024 og blir administrert av Husbanken.

Gjennomføring av vidaregåande opplæring er viktig for å få ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Med innføring av fullføringsrett, som tredde i kraft i august, har alle rett til opplæring til dei har fullført og bestått vidaregåande opplæring. Samtidig blei målgruppa til oppfølgingstenesta utvida til å gjelde fleire unge. I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å vidareføre innsatsen for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, bl.a. gjennom tilskot for at fleire skal få læreplass.

Sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet for nærmare omtale.

Helse

Regjeringa vil legge betre til rette for at menneske med helseproblem kan stå i arbeid. Gjennom Nasjonal helse- og samhandlingsplan vil regjeringa sjå verkemidla frå arbeids- og helsesektoren meir i samanheng, for å inkludere og behalde fleire med helseutfordringar i arbeidslivet.

Regjeringa la fram ei stortingsmelding om folkehelse våren 2023, jf. Meld. St. 15 (2022–2023). Å utjamne sosiale helseforskjellar er eit hovudmål i folkehelsepolitikken. Tiltak skal innrettast slik at tiltaka verkar best for dei som treng det mest, men samtidig vere bra for alle. Universelle tiltak og tenester, levekår, levevanar og helsevenlege omgivnader har betydning for helse og livskvalitet for kvar enkelt. Regjeringa vil legge fram ein nasjonal livskvalitetsstrategi i 2024 og ein veivisar for folkehelsetiltak mot einsemd.

I Hurdalsplattforma er ambisjonen bl.a. å styrke helsestasjonane og skolehelsetenesta. Regjeringa har lagt fram ein Opptrappingsplan psykisk helse, jf. Meld. St. 23 (2022–2023). Planen har tre innsatsområde: helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid, gode tenester der folk bur og tilbodet til personar med langvarige og samansette behov. I statsbudsjettet for 2024 blei det løyvd 250 mill. kroner til styrka tiltak på psykisk helse- og rusfeltet. Av desse gjekk 150 mill. kroner til rammetilskot til kommunane grunna behov på psykisk helse- og rusfeltet og 40 mill. kroner til rammetilskotet for å styrke helsestasjons- og skolehelsetenesta. I tillegg er det løyvd 110 mill. kroner til døgntilbodet innan psykisk helsevern, med særleg vekt på barn og unge og dei med alvorlege lidingar. I 2025 er det foreslått å styrke løyvinga til psykisk helse- og rusmiddelfeltet med til samen 400 mill. kroner.

Regjeringa vil og legge fram ei førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet, irekna eit nasjonalt program for rusførebyggande arbeid blant barn og unge.

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene, irekna fastlegeordninga, er grunnpilaren i helse- og omsorgstenestene, og bidrar til enkel tilgang til helsehjelp av god kvalitet for heile befolkninga. Regjeringa vil utvikle fastlegeordninga for å sørge for ei tilgjengeleg og sterk offentleg teneste for alle, og har styrkt ordninga med meir enn ein mrd. kroner. Frå 1. mai 2023 blei basistilskotet til fastlegane gjort pasienttilpassa. Dette medfører at pasientar med større forventa bruk av fastlegetenester utløyser høgare tilskot for legane. Eit av føremåla med denne endringa er å leggje til rette for meir tilgjengelege og betre tenester til pasientane med dei største behova. Regjeringa vil i 2025 legge fram ei stortingsmelding om ei attraktiv og framtidsretta allmennlegeteneste.

Regjeringa held fram utvidinga av den offentlege tannhelsetenesta. Gjennom budsjettbehandlinga i 2024 har regjeringa styrka tannhelsetilbodet til personar med rettigheiter i den offentlege tannhelsetenesta med 300 mill. kroner. Eldre på sjukeheimar og eldre som får heimesjukepleie er døme på grupper som vil få eit betre tenestetilbod. I samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2024 styrkes den offentlege tannhelsetenesta med ytterlegare 105 mill. kroner, for å utvide gruppa med rett til behandling i den offentlege tannhelsetenesta for unge vaksne til og med 26 år.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Familie, oppvekst og fritid

Regjeringa vil føre ein politikk som støtter opp om familiane, reduserer skilnadene i samfunnet og bidrar til å førebygge og redusere fattigdom blant barnefamiliar. Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår. Samtidig er det familiar som har så låg inntekt at det avgrensar høvet deira til å delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Dette rammar barna og kan ha konsekvensar for dei langt fram i tid.

Ein oppvekst i fattigdom gir auka risiko for lågare deltaking i fritidsaktivitetar, dårlegare fysisk og psykisk helse- og buforhold, fråfall frå vidaregåande utdanning, lågare skoleprestasjonar og færre venner. Ein oppvekst i fattigdom kan òg føre til at barna fell utanfor arbeidslivet og opplever låg inntekt som vaksne.

Arbeidet regjeringa gjer for barn i fattige familiar, omfattar innsats på tvers av mange ulike departement, sektorar og forvaltningsnivå.

Dei fleste av tiltaka i Like muligheter i oppveksten – Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023), som Solberg-regjeringa la fram hausten 2020, er følgt opp i strategiperioden.

I 2022 og 2023 har Tilskot til å inkludere barn og unge blitt styrkt med totalt 181 mill. kroner. Gjennom ordninga kan kommunar, frivillige og andre aktørar bl.a. få tilskot til tiltak for å inkludere barn og unge i organiserte og uorganiserte fritidsaktivitetar, sommaraktivitetar og ferieleirar, og kulturelle opplevingar. I Revidert nasjonalbudsjett 2023 blei det også oppretta ei midlertidig tilskotsordning på 15 mill. kroner til lokale fritidskasser i kommunane, som skal dekke utgifter til organiserte fritidsaktivitetar for barn og unge. I 2025 føreslår regjeringa å redusere løyvinga til Tilskot til å inkludere barn og unge med 104 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak. Forslaget inneber at ordninga i 2025 vil utgjere om lag 680 mill. kroner.

I 2022 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe (Rege-gruppa) om barn i fattige familiar som vurderte korleis innsatsen bør prioriterast for å styrkje oppvekstvilkåra til barna på kort sikt og førebyggje framtidig fattigdom. Regjeringa nyttar tilrådingane frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar i den vidare innsatsen for å motvirke og førebyggje fattigdom blant barnefamiliar. Regjeringa vidarefører samarbeidsstrategien for barn og ungdom i låginntektsfamiliar i 2024 og vil i 2025 leggje fram ei melding til Stortinget om politikken til regjeringa for å redusere sosiale skilnader blant barn og unge og for å bidra til sosial mobilitet.

Sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet, programkategori 11.10 Familie og oppvekst for meir omtale om korleis regjeringa følger opp berekraftsmål 1.2 når det gjeld fattigdom blant barn og barnefamiliar.

Deltaking i fritidsaktivitetar innan idrett, kunst og kultur gir barn og unge fysiske, kulturelle og sosiale opplevingar. Dei med meir økonomiske, sosiale eller kulturelle ressursar deltar i større grad i frivilligheita enn andre. Eit overordna mål i kultur-, idretts- og frivilligheitspolitikken er å bygge ned denne forskjellen. Det viktigaste grepet for bred deltaking er å oppretthalde dei universelle ordningane. Dei viktigaste universelle ordningane er meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar, Frifond-ordningane og LAM-ordninga (lokale aktivitetsmidlar) til lokale lag og foreiningar på idrettsområdet.

Regjeringa lanserte i 2024 handlingsplanen «Alle inkludert!» for å auke deltakinga i kultur, idrett og friluftsliv. Tiltaka handlar bl.a. om å senke prisar, skape fleire tilbod, auke samarbeid og medverkning, dele kunnskap og spre informasjon om gode eksemplar. Planen er laga i eit breitt samarbeidd med barn og unge sjølv, lag og foreiningar og offentleg sektor. Planen støttar opp om arbeidet med intensjonsavtalen Fritidserklæringen, som regjeringa har underteikna saman med KS og frivilligheita. Målet med erklæringa er at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til oppfølging av handlingsplanen «Alle inkludert!» med 40 mill. kroner, til totalt 50 mill. kroner, til styrking av ordningar som gjer det like mogleg for alle barn å delta i kulturaktivitetar. I spelemiddeltildelinga i 2024 blei barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar prioritert med bl.a. 130 mill. koner ekstra til idretten i områder med høy andel barn i lavinntektsfamilier, LAM-ordninga blei auka med 38,5 mill. kroner til 485 mill. kroner. Frifond auka frå 190 til 210 mill. kroner og tilskot til anlegg til idrett og fysisk aktivitet blei auka med 180 mill. kroner til 1,9 mrd kroner. Tilgang til lokale er også viktig for å sikre aktivitet, og i 2022, 2023 og 2024 blei det gitt meir pengar til idrettsanlegg enn nokon gong tidlegare. I 2024 blei også tilskot til Kulturrom auka med 8,9 mill. koner, til 65 mill. kroner.

Kulturfrivillighetsstrategien Rom for deltakelse (2023–2025) går gjennom utfordringar for kulturfrivilligheita og peikar på tiltak innanfor fire innsatsområde, bl.a. brei deltaking og tilgang på kulturaktivitetar. Det nye tilskotet til deltaking i korps og orkestre som kom med kulturfrivillighetsstrategien i 2023 er auka til 10 mill. koner i 2024.

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei anna viktig ordning som sikrar at alle barn og unge får oppleve eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet heilt gratis gjennom skulen. I 2023 blei det levert totalt 47 447 arrangementer til elevar i grunnskulen og vidaregående skuler over heile landet. Det statlege tilskotet til DKS blei i 2024 auka med 20 mill. kroner, til 350 mill. kroner. Biblioteka er ein viktig plass der barn, unge og vaksne møtes og ulike arrangement finn stad. Frivilligsentralane bidrar til frivillig deltaking, fellesskap og aktivitetar for barn, unge, vaksne og eldre i heile landet. Tilskot til frivilligsentralar var på 259 mill. kroner i 2024. Det blei auka med 38 mill. kroner frå Saldert budsjett 2023.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kultur- og likestillingsdepartementet.

Områdesatsning i byar

I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om felles ekstra innsats, kalla områdesatsingar. Områdesatsingar er eit verkemiddel for å gjere ein ekstra innsats for tenesteutvikling og betre nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette område. I 2024 blei områdesatsingane styrkt med 40 mill. kroner. Det vil bli inngått sju nye intensjonsavtalar i løpet av 2024, slik at det til saman er 14 kommunar med avtale om områdesatsing. Ei ekstern evaluering av områdesatsing som statleg verkemiddel er sett i gang, og rapporten skal leverast i februar 2025.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Delmål 1.3 Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

Noreg har universelle velferdsordningar og gode offentlege velferdstenester. Inntektssikringsordningane i folketrygda gir økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan arbeide. Stønadsordningane sikrar inntekt og kompenserer for særlege utgifter ved arbeidsløyse, fødsel, sjukdom, uførleik og alderdom. Folketrygda bidrar til utjamning av inntekt og levekår over livsløpet til den enkelte og mellom grupper av personar. Saman med tilgang til gratis eller sterkt subsidierte offentlege tenester som barnehage, skole og helsevesen, bidrar dette til at situasjonen til personar med låginntekt er betre i Noreg enn i mange andre land.

Ei rekke ytingar til livsopphald blir kvart år justert i tråd med endringar i grunnbeløpet. Dette gjeld bl.a. uføretrygd og arbeidsavklaringspengar. Desse endringane i grunnbeløpet skal sikra at ytingane held tritt med lønnsveksten i arbeidslivet.

Satsene for barnetillegg for arbeidsavklaringspenger, kvalifiseringsstøtte og dagpenger er økt og utgjør 36 kroner per barn per dag fra 1. januar 2024. Før oppjusteringa av barnetillegga frå 1. februar 2023 har desse barnetillegga blitt nominelt vidareførte over mange år. Regjeringa vil framover legge opp til at hovudregelen er ei årleg prisjustering av barnetillegga for desse ytingane i tråd med anslått KPI. Etter forslag frå regjeringa er reglane nå endra slik at forsørgjaren får utbetalt barnetillegg sjølv om barnet har eiga inntekt.

Økonomisk stønad og dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre tryggleiksnettet i velferdsordningane. Tenestene skal bidra til økonomisk og sosial tryggleik og fremme overgang til arbeid og sosial inkludering. Sosiale tenester og sosialfagleg arbeid er viktig i det heilskaplege tenestetilbodet til personar som opplever sosiale problem, men også i arbeidet i kommunane for å førebygge at slike problem oppstår. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har tatt initiativ til eit program for førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt.

Ei endring i sosialtenestelova med verknad frå 1. september 2022 slår fast at barnetrygda skal haldast utanfor ved utmåling av økonomisk stønad. Lovendringa er eit verkemiddel for å betre økonomien til barnefamiliar som tar imot økonomisk stønad.

Barnetrygda er auka betydeleg under denne regjeringa. Skilnaden i barnetrygd for barn under og over 6 år er utjamna, slik at barnetrygda per barn igjen er éin og same sats, uavhengig av alderen til barnet. I 2023 auka ein barnetrygda for dei eldste med 200 kroner per månad, og i samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2024 blei ytinga for dei eldste barna auka med ytterlegare 256 kroner per månad, gjeldande frå september 2024.

Under denne regjeringa er det også innført ei særskild auke i barnetrygda til einslege forsørgjararar. Frå 2023 auka den årlege utbetalinga av utvida barnetrygd med 5 000 kroner. Same år avvikla regjeringa særfrådraget til einslege forsørgjarar i skattesystemet og auka i den utvida barnetrygda tilsvarande verdien av eit maksimalt frådrag. Å legge om støtta til einslege frå særfrådrag til utvida barnetrygda er ei forenkling, og den innebar ei betring for einslege utan inntekt.

Regjeringa har sette i verk ei rekke tiltak for å motverke effekten av auken i levekostnader, bl.a. gjennom å auke bustøtta. Den statlege bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. Frå desember 2021 til mars 2024 var regelverket midlertidig endra, slik at opp til 25 000 fleire enn vanleg fekk bustøtte. Dei som fekk bustøtte, fekk i denne perioden òg ekstra utbetalingar i fleire omgangar, som hjelp til å dekke høge straumrekningar. I samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det vedtatt at alle bustøttemottakarar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, skal få lagt 590 kroner til buutgiftene kvar månad ved berekning av bustøtte. Tiltaket blei iverksett frå og med september 2024, med første utbetaling i oktober.

I tillegg blei det gjort ei rekke andre endringar i bustøtta i samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2024. Det blei bl.a. vedtatt å auke dei årlege buutgiftstaka med 4 000 kroner, og frå og med oktober 2024 skal inntekta til 18- og 19-åringer ikkje telje med i berekninga av bustøtte, viss dei ikkje er hovudperson i eiga hushald.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Mykje tyder på at levekåra for den nasjonale minoriteten romar er langt dårlegare enn i befolkninga elles. Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer Ressurssenteret, knytte til Romano Kher, som bl.a. skal bidra til at romar får likeverdige tenester gjennom helse- og sosialfagleg innsats. Denne satsinga blir styrka med 1,5 mill. kroner i 2025.

Delmål 1.4 Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

Offentlege velferdstenester skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Universelle og gode velferdsordningar bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.

Bustad

Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Den sosiale bustadpolitikken skal førebygge at folk får utfordringar på bustadmarknaden, og gi hjelp til dei som ikkje klarar å skaffe og behalde ein eigna bustad. Bustøtte, startlån og lån til utleigebustader er viktige bustadsosiale verkemiddel.

Om lag tre firedelar av husstandane i Noreg bur i ein bustad dei eig sjølv. Husbanken sine startlån og lån til utleigebustader gjer at fleire kan kjøpe ein eigen bustad og at det blir tilgang på fleire eigna utleigebustader. Regjeringa har foreslått at låneramma til Husbanken blir 29 mrd. kroner for 2025. Låneramma går bl.a. til startlån og lån til utleigebustader for vanskelegstilte. Regjeringa vil òg gjere eit forsøk der kommunane kan gi startlån til førstegongsetablerarar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag.

Regjeringa la våren 2024 fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga tar for seg bl.a. eige- og leigemarknadene, utfordringar i distrikts- og pressområde og arbeidet for spesielt sårbare grupper. I meldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde for bustadpolitikken; 1) Fleire skal få høve til å eige eigen bustad; 2) Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg; 3) Ta vare på bustadene vi har, og byggje dei vi treng og 4) Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

Tilgang til grunnleggande tenester under straffegjennomføring

Innhaldet i kriminalomsorga sitt tilbod legg til grunn at domfelte har lik rett på offentlege tenester som andre. Det gjeld både dei som er innsette i fengsel og dei som gjennomfører straff i samfunnet. I dag gjennomfører fleire straffa si i samfunnet enn i fengsla. Det har ført til at ein større andel av dei som sit i fengsel er dømde for alvorlege lovbrot og ein større andel har psykiske helseutfordringar og behov for helse- og omsorgstenester. Tiltak i kriminalomsorga for å betre psykisk helse er viktig i arbeidet med utjamning av skilnader i befolkninga og kan bidra til at fleire domfelte kjem seg ut i utdanning og arbeid etter at dei har gjennomført straffa si. Regjeringa oppnemnte i juni 2023 eit offentleg utval som skal evaluere ordningane med forvaring, tvungent psykisk helsevern og tvungen omsorg, og greie ut ivaretakinga av sikta, domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming. Utvalet skal levere si utgreiing 1. mars 2025.

Rettshjelp

Rettshjelpslova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. I nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt og formue. I andre sakstypar er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tillegg er tilskotsordninga for frivillige rettshjelptiltak ei ordning som er retta mot utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte det som at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg.

Inntektsgrensene for å få innvilga behovsprøvd rettshjelp blei oppjusterte i både 2022 og 2023. Frå 1. januar 2023 er inntektsgrensene for fri rettshjelp auka til 350 000 kroner for einslege og til 540 000 kroner for ektefellar/par. Grensen for formue ble òg oppjustert i 2023. Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i rettshjelplova for Stortinget. Forslaget inneber ein ny modell for behovsprøvd rettshjelp for at fleire personar skal bli omfatta av ordninga. Sjå meir omtale i Prop. 1 S (20243–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Ny teknologi

I Noreg er det god tilgang til nye teknologiske løysingar for alle ved at grunnleggande tenester frå det offentlege blir utforma for digitale løysingar som kan nyttast av alle.

Digitalisering gir nye moglegheiter, også moglegheiter for å inkludere fleire i fellesskapet. Viss vi ikkje legg til rette for at flest mogleg skal delta etter evne, risikerer vi likevel å bidra til digital utanforskap. Regjeringa la fram ein «Handlingsplan for auka inkludering i eit digital samfunn» i juni 2023. Handlingsplanen gjeld frå 2023 til 2026. Målet med handlingsplanen er å motverke digital utanforskap og legge til rette for at alle blir inkludert i samfunnet.

Finansielle tenester

I Noreg er det god tilgang til finansielle tenester. Regulering og tilsyn skal på den eine side sikra at den enkelte har tilgang på finansielle tenester og har visse rettar overfor tenestetilbydaren, og på den andre sida bidra til at bankar og andre tilbydarar av finansielle tenester driv økonomisk forsvarleg og er i stand til å møta forpliktingane sine overfor kundane.

Delmål 1.5 Innan 2030 bygge opp motstandskrafta til fattige og personar i utsette situasjonar, slik at dei blir mindre utsette og sårbare for klimarelaterte ekstremhendingar og andre økonomiske, sosiale og miljømessige påkjenningar og katastrofar

Regjeringa la i 2023 fram ein plan for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing for perioden 2024–2028, jf. Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Meldinga blei behandla av Stortinget i januar 2024, og regjeringa er no i gang med å følgje den opp. Bl.a. har Miljødirektoratet fått i oppdrag å gjennomføre ein klimasårbarhetsanalyse som skal gje betre oversikt over risiko og sårbarhet for Noreg. Sjå omtale av berekraftsmål 13 om å motverka klimaendringane og konsekvensane av dei i Prop. 1 S (2023–2024) for Klima- og miljødepartementet.

Koronapandemien har vist at nokre grupper er meir utsette enn andre, for eksempel enkelte innvandrargrupper som bur i levekårsutsette område.

Delmål 1.a) Sikre ei vesentleg mobilisering av ressursar frå mange ulike kjelder, bl.a. gjennom styrkt utviklingssamarbeid, for å gje utviklingslanda, særleg dei minst utvikla landa, tilstrekkelege og føreseielege middel til å gjennomføre program og politikk for å utrydde alle former for fattigdom

Sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Utenriksdepartementet.

Delmål 1.b) Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tek omsyn til kjønnsperspektivet, med sikte på å auke investeringar i tiltak som motverkar fattigdom

Det politiske rammeverket i Noreg, med ein godt utbygd velferdsstat som sikrar alle tilgang til gratis utdanning og helsetenester samt stønadsordningar ved bortfall av arbeidsinntekt, gir eit godt rammeverk for å motverke fattigdom.

Berekraftsmål 5.3

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for å følge opp delmål 5.3 Avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det er eit stort problem på verdsbasis, men er òg eit alvorleg problem for dei som blir utsette for det i Noreg. Flyktningar og innvandrar frå land der dette er vanleg, og barna deira i Noreg, er spesielt utsette.

Delmålet blir følgt opp gjennom handlingsplanen Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021–2024). Viktige innsatsområde er kompetanseheving for tilsette i hjelpetenestene og styrking av rettsvernet for utsette personar. Det er ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter ei lovendring våren 2021 er det vedtatt at ekteskap som er inngått før partane er 18 år etter utanlandsk rett, som ein klar hovudregel ikkje vil bli anerkjende i Noreg.

Berekraftsmål 8.6

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit delansvar for delmål 8.6 om å redusere prosentandelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller under opplæring. Innsatsen for ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta og god inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden, jf. omtale under del II i denne proposisjonen, står sentralt i arbeidet med å nå dette målet. Situasjonen i arbeidsmarknaden for unge er omtalt i del I, punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden.

Dei fleste unge i Noreg fullfører utdanning og kjem i arbeid. Sysselsettinga for unge er høg, og det er få ledige samanlikna med mange andre land.

Prosentandelen unge i aldersgruppa 15–29 år som verken er i utdanning, opplæring eller arbeid (NEET), var 10 pst. i 2023, ifølge registertal frå Statistisk sentralbyrå. Hovudbiletet er at det har vore små bevegelsar i NEET-raten det siste tiåret. NEET-raten er høgast for dei eldste i aldersgruppa og lågast for dei under 20 år.

NEET-gruppa er samansett. Den består bl.a. av arbeidsledige, unge med alvorlege helseproblem, personar som er heime med barn, og personar som tar ein pause frå arbeid og skole. Sjølv om delar av NEET-gruppa berre er midlertidig utanfor utdanning eller arbeid, er det også godt dokumentert at det er mange i gruppa som har problem med å få fotfeste i arbeidslivet. Innvandrarar, personar med låg utdanning og personar som tar imot helserelaterte stønader, er overrepresenterte i NEET-gruppa.

For å få fleire unge i arbeid og utdanning, innførte regjeringa ein ungdomsgaranti i Arbeids- og velferdsetaten i 2023. Ungdomsgarantien skal sikre tidleg innsats og tett, individuelt tilpassa oppfølging, og nødvendig hjelp opp mot andre relevante instansar, bl.a. utdanningssektoren og helsetenesta. Ungdomsgarantien gjeld for unge mellom 16 og 30 år som har behov for arbeidsretta bistand frå Arbeids- og velferdsetaten. Målet er at fleire skal fullføre utdanning og komme i ordinært arbeid. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje foreslår regjeringa fleire tiltak for å vidareutvikle og styrke innsatsen overfor unge. Regjeringa vil bl.a. sette i verk eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram, forsøk med fireårig lønnstilskot for unge, og utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette problem. Sjå nærmare omtale under del II, punkt 4. God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.

Berekraftsmål 8.8

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har del i ansvaret for delmål 8.8 om å verne arbeidstakarrettar og fremme eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, inkludert arbeidsinnvandrarar, særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i vanskelege arbeidsforhold.

Dei fleste i Noreg arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold, og arbeidsvilkåra er jamt over betre enn i andre land. Likevel er det framleis utfordringar i enkelte yrke, bransjar og næringar.

Regjeringa legg vekt på eit breitt samarbeid mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet for å sikre seriøse og trygge arbeidsforhold. I 2022 la regjeringa fram ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, som blir følgd opp i samarbeid med partane i arbeidslivet. Det er også lagt fram ein eigen handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Regjeringa har styrka dei nasjonale seriøsitetskrava for offentlege innkjøp (Noregsmodellen). Det er etablert eit omfattande samarbeid mellom offentlege myndigheiter i kampen mot arbeidslivskriminalitet.

Utanlandske arbeidstakarar som har lite kjennskap til rettar og plikter i det norske arbeidslivet, er særleg utsette for dårlege arbeidsvilkår. På fleire område er det innført allmenngjering av tariffavtalar for å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har, og hindre konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. Informasjonstilbodet til utanlandske arbeidstakarar blir følgd opp, bl.a. gjennom eigne servicesenter og digitale tenester og rettleiing på dei offentlege etatane sine nettstader.

Tilstrekkelege språkkunnskapar i norsk og engelsk er ofte ein føresetnad for at innvandrarar skal ha kjennskap til rettar og plikter og kunne delta varig i arbeidslivet. Myndigheitene har her ei sentral rolle som pådrivarar og er dei som samordnar kvalifiseringstiltak for innvandrarar. Det blir bl.a. gjort ein særleg innsats for at fleire kvinner skal komme i arbeid eller utdanning, i tillegg til ein innsats mot rasisme og diskriminering i arbeidslivet.

Gjennom Treparts bransjeprogram blir det lagt vekt på å følge opp bransjar med særlege utfordringar. Det er oppretta bransjeprogram innan reinhald, uteliv, delar av transportnæringa og bilbransjen.

I ein del tilfelle skjer det systematiske lovbrot som bl.a. inneber utnytting av arbeidstakarar og arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet samarbeider om førebygging og kontroll for å motverke arbeidslivskriminalitet. Å handheve regelverket er viktig for å unngå at verksemder forsøker å organisere seg bort frå arbeidsgivaransvaret, eller at seriøse verksemder taper oppdrag og kundar til useriøse aktørar. Regjeringa held fram med å styrke Arbeidstilsynet slik at dei kan vere meir synlege og tydeleg til stades i arbeidslivet, og gi strenge reaksjonar til verksemder som står for alvorlege brot på reglane i arbeidslivet.

Regjeringa vil styrke arbeidstakarrettane og legge til rette for heile og faste stillingar som hovudregel i arbeidslivet. Frå 1. januar 2024 blei det sett i kraft endringar i arbeidsmiljølova som inneber ei tydeleggjering av arbeidstakaromgrepet, slik at grensa mot sjølvstendige oppdragstakarar blir klårare. Det er også innført ein presumsjonsregel om at arbeidstakarforhold skal leggast til grunn med mindre arbeidsgjevar gjer det overvegande sannsynleg at det er tale om eit oppdragsforhold. Lovendringane inneber også at ansvaret for enkelte arbeidsgjevarfunksjonar skal gjelde for samtlege føretak som er ein del av eit konsern. Vidare er det gjort endringar som inneber at ein arbeidstakar med midlertidig tilsetjing skal ha rett til fast tilsetjing etter tre års samanhengande tilsetjing. Arbeidsmiljølova er endra for å sikre arbeidstakarar tydelegare og meir føreseielege arbeidsvilkår. Dette gjeld bl.a. fleire og styrkte krav til informasjon i den skriftlege arbeidsavtalen og kortare fristar for å utarbeide avtale og ta inn endringar. Etter framlegg frå regjeringa er det også innført reglar som styrkar arbeidstakarane sin rett til heiltidsstillingar og som strammar inn høvet til å nytte innleige frå bemanningsføretak.

Noreg har gjennom sin modell med samarbeid mellom partane i arbeidslivet og myndigheitene ei heilskapleg tilnærming der arbeidstakarvern og like konkurransevilkår for verksemder er viktige omsyn. Dei lovene, føresegnene og handlingsplanane som er utarbeidde og blir implementerte, sikrar den store majoriteten av arbeidstakarar i Noreg eit trygt og sikkert arbeidsmiljø i samsvar med delmål 8.8. Innsatsen mot utfordringar med useriøsitet og arbeidslivskriminalitet i norsk arbeidsliv vil bidra til å oppretthalde dette.

For nærmare omtale av regjeringa si innsats når det gjeld rettar for arbeidstakarar og omtale av eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, sjå del II, punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

9 Likestilling og mangfald

Arbeids- og inkluderingsdepartementets arbeid med likestilling som offentleg myndigheit

Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider breitt og målretta for å fremme likestilling og hindre diskriminering gjennom dei ulike ordningane og tiltaka vi rår over.

Folketrygdlova er utforma slik at alle ytingar skal vere kjønnsnøytrale. For eksempel er svangerskapsrelaterte sjukepengar, svangerskapspengar og foreldrepengar likestilt med arbeidsinntekt som grunnlag for rett til dagpengar ved arbeidsløyse, sjukepengar og pleiepengar. Sjukepengar og pleiepengar blir kompensert med 100 pst. av berekningsgrunnlaget opp til 6 gangar grunnbeløpet. Dette taket gjer at personar med lav og middels inntekt får dekka heile inntektstapet ved for eksempel sjukdom, og det har derfor ein omfordelande verknad.

Departementet følger med på utviklinga på variablar som kjønn, alder og fødeland der dette er relevant.

Ordningane med hjelpemiddel til betring av funksjonsevna i arbeidslivet og dagleglivet skal gjere det enklare for personar med nedsett funksjonsevne å delta i arbeidsliv og i samfunnet på lik linje med alle andre.

Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt for personar som får aktiv behandling, deltar på arbeidsretta tiltak eller får anna oppfølging med sikte på å skaffe seg eller behalde arbeid. Det er ikkje krav til tidlegare inntekt for å få arbeidsavklaringspengar. Personar med låg eller inga inntekt får ei minsteyting. Inntekt over seks gangar grunnbeløpet blir ikkje rekna med. Ordninga har derfor ein omfordelande verknad. Reglane er kjønnsnøytrale. Fleire kvinner enn menn tar imot arbeidsavklaringspengar, sjå omtale under del II, kap. 2651 Arbeidsavklaringspenger. Uføretrygd skal sikre inntekt for personar som har fått inntektsevna varig nedsett på grunn av sjukdom, skade eller lyte. Det er ikkje krav til tidlegare inntekt for å få uføretrygd. Personar med låg eller ingen inntekt får ei minsteyting. Øvste grense for opptening er 6 G. Ordninga har derfor ein omfordelande verknad. Dersom ein person har fått opptening til alderspensjon på grunnlag av omsorgsarbeid i åra som inngår i berekningsgrunnlaget for uføretrygd, kan ein sjå bort frå desse åra når berekningsgrunnlaget blir fastsett. Regelen kan auke berekningsgrunnlaget for personar som har gått ned i inntekt i omsorgsåra og deretter blir ufør.

Omsorgspengar gis for like mange dagar til begge omsorgspersonane til barnet, slik at både mor og far har same rett til å vere borte frå arbeidet for å ta vare på eit sjukt barn.

Ordninga med pleiepengar ved omsorg for sjukt barn blei revidert i 2017. I evalueringa av endringane blei bl.a. effektar på fordelinga mellom mødrer og fedrar undersøkt. Kvinner tar framleis imot pleiepengar i større grad enn menn, men utviklinga har gått i riktig retning.

Regelverket i folketrygda for alderspensjon er kjønnsnøytralt, i den forstanden at pensjonen blir berekna på same måte for kvinner og menn. Kjønnsnøytrale oppteningssatsar og kjønnsnøytrale delingstal sikrar at kvinner og menn med same oppteningshistorikk får same årlege pensjon. Sjølv om regelverket for å berekne pensjon er kjønnsnøytralt, er gjennomsnittleg utbetalt pensjon frå folketrygda høgare for menn enn for kvinner. Dette skuldast faktorar som forskjellar i arbeidsmarknadsdeltaking, lønnsnivå, stillingsprosent og avgangsalder. Alderspensjon i folketrygda har element som fører til auka likskap mellom kjønna trass forskjellar i arbeidsdeltaking, lønn og omsorgsarbeid. Slike element er eksempelvis minstenivå, oppteningstak og omsorgsopptening. Alderspensjon i folketrygda fører totalt sett til ei klar omfordeling frå menn til kvinner. Dette gjeld både for gammal og ny oppteningsmodell. Kvinner tener på dei generelle omfordelingselementa, fordi dei generelt har lågare inntekter enn menn, og dei lever lenger.

Arbeidsmarknadstiltaka skal bidra til å betre moglegheitene i arbeidsmarknaden for personar som står utanfor. Dei skal og hindre at personar fell ut av arbeidslivet. Innvandrarar frå land utanfor EØS-området, unge og personar som har vore lenge ledige kan oppleve særlege utfordringar med å komme i arbeid og deltar oftare i arbeidsmarknadstiltak enn andre. Enkelte av arbeidsmarknadstiltaka er innretta slik at dei skal bidra med støtte og tilrettelegging for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne vere i jobb, som tiltaka funksjonsassistanse i arbeidslivet og arbeids- og utdanningsreiser. Vi viser til omtale av arbeidsmarknadstiltak i programkategori 09.30 Arbeidsmarknad.

Integreringspolitikken skal bidra til at fleire kjem i arbeid og lærer seg norsk, og samtidig fremme likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll.

Retten til opplæring etter integreringslova skal gi nyankomne flyktningar grunnlag for å komme i arbeid, skaffe seg vidare utdanning og bli aktive deltakarar i samfunnet. Jobbsjansen er eit individuelt retta kvalfiseringsprogram som skal auke sysselsettinga og derigjennom økonomisk sjølvstende blant kvinner med innvandrarbakgrunn.

Lov om offentlege organer sitt ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) bidrar til å sikre rettstryggleik og forsvarleg hjelp og teneste for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk.

I november 2023 la regjeringa fram ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering som gjeld t.o.m. 2027. Regjeringa vil i tillegg gjere ein særskild innsats mot hets og diskriminering av bestemte etniske og religiøse minoritetar. Regjeringa tar sikte på å legge fram to nye handlingsplanar i 2024, éin mot antisemittisme og éin mot muslimfiendskap, og dessutan éin i 2025 mot hets og diskriminering av samar. Ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for perioden 2025–2028 skal også vere ferdig våren 2025. Tiltak mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald inngår også i opptrappingsplanen om vald mot barn og vald i nære relasjonar, som regjeringa la fram i desember 2023. Arbeidet med å kjempe mot negativ sosial kontroll handlar om å vareta grunnleggande rettar, sikre fridom og likestilling for alle og kjempe mot vald og overgrep. Arbeidet på dette området skal bidra til å hindre utanforskap og helseplager og sikre likeverdige offentlege tenester for heile befolkninga.

Forboda mot diskriminering i arbeidslivet er regulert i arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova. Arbeidsmiljølova regulerer forbod mot diskrimering på grunn av alder, seksuell orientering, politiske oppfatningar og medlemskap i fagforeiningar eller politiske organisasjonar, deltidstilsette og midlertidig tilsette. Verksemdene er ifølge arbeidsmiljølova ansvarlege for at det blir gjennomført eit førebyggande arbeidsmiljøarbeid, noko som og omfattar tema knytt til likestilling og diskriminering.

Utanlandske arbeidstakarar med manglande kunnskap om rettigheiter og pliktar i det norske arbeidslivet er særleg utsett for å få dårlege lønns- og arbeidsvilkår. Dei kan også oppleve å bli utnytta av useriøse og kriminelle aktørar til svart og ulovleg arbeid. Regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet har fleire tiltak som bidrar til å avgrense desse problema, og til å betre vilkåra for utanlandske arbeidstakarar.

Manglande heiltidskultur er etter regjeringa sitt syn eit stort problem i deler av både offentleg og privat sektor, og det rammar særleg kvinner. Heiltid er viktig både i et likestillings- og samfunnsøkonomisk perspektiv, for å utnytte arbeidskraftpotensialet best mogleg, og det er viktig for den enkelte arbeidstakar. Regjeringa jobbar saman med partane i arbeidslivet for at hovudregelen i arbeidslivet skal vera tilsetting på heiltid.

ILO-Konvensjon nr. 190, som blei ratifisert av Stortinget i 2023, er ein internasjonal arbeidslivsstandard og anerkjenner alles rett til eit arbeidsliv fritt for vald og trakassering. Konvensjonen har relevans for likestilling og arbeidsliv og har bl.a. fokus på kjønnsbasert vald og trakassering, herunder seksuell trakassering. Samtidig som Stortinget samtykka til ratifiseringa vedtok dei også lovendringar som bl.a. presiserte at vernet mot trakassering i arbeidsmiljølova også inneber et vern mot seksuell trakassering.

Arbeids- og velferdsetaten

Ein viktig del av samfunnsoppdraget til Arbeids- og velferdsetaten er å medverke til eit inkluderande arbeidsliv med plass for alle.

Behova til kvar enkelt brukar blir lagt til grunn for kva type bistand dei får. Arbeidssøkarar med innvandrarbakgrunn utanfor EØS har som gruppe høgare deltaking på tiltak enn arbeidssøkarar elles. Dei som har utfordringar med for eksempel helse, skal få bistand som hjelper dei over i arbeid. Det er fastsett retningslinjer for å motverke diskriminering i samanheng med formidling til arbeid. Retningslinjene har som formål å motverke diskriminering av alle grupper som kan oppleve det i samanheng med arbeidsformidling i regi av etaten, for eksempel på grunn av kjønn, alder, legning, nedsett funksjonsevne eller etnisitet.

Arbeids- og velferdsetaten har utvikla ei rettleiingsplattform som skal gi rettleiarane god kompetanse i å tilby tenester som treffer dei ulike behova til brukarane. Ein av fordjupingsmodulane tematiserer rettleiing av brukarar med innvandrarbakgrunn. Målet med modulen er å gi tilsette i etaten fleirkulturell kompetanse for å sikre god kommunikasjon i møte med brukarar med svake norskferdigheiter og andre migrasjonsrelaterte utfordringar. Nye tilsette blir gjort kjende med etaten si rolle som samfunnsaktør, samfunnsoppdraget og skal settast i stand til å skjønne kven som er brukarar. Det blir også gitt opplæring som skal gjera dei tilsette medvitne om at brukarane har ulike behov og føresetnader, og auke forståinga av kva for utfordringar ulike funksjonsnedsettingar kan innebere. Dei som jobbar i NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging får for eksempel tilbod om e-læring om «Kjønnsdelte hjelpemiddel». Det skal gi praktisk kunnskap og verktøy for å sikre likeverdige offentlege tenester gjennom auka medvit rundt normer om kjønn og funksjonsevne.

Den fysiske tilgangen til sjølve NAV-kontoret kan vere ein risiko for diskriminering av for eksempel rullestolbrukarar og synshemma. Regelverk om universell utforming skal leggjast til grunn for prosjektering og gjennomføring av bygg, og Norsk Standards til ei kvar tid gjeldande versjon.

Det er også brukarer som slit med å bruke digitale tenester, og som ikkje utan vidare kan nytte den digitale løysinga for skjema og kommunikasjon med etaten. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2023–2024 sett i verk fleire tiltak innanfor IT for å redusere faren for digitalt utanforskap. Direktoratet estimerer at det kan vere om lag 194 000 av dei som bruker tenestene i Arbeids- og velferdsetaten som har digitale utfordringar. Etaten arbeider for at nav.no skal oppfylle krava til universell utforming. Det blir utarbeidd tilgjengeerklæringar som seier noko om i kva grad nettstaden innfrir krava. På denne måten får brukaren for eksempel informasjon om brot på krav til universell utforming, og utfordringar det kan føre til. Brukaren kan melde frå om feil og manglar direkte til etaten, og eventuelt sende klage til Diskrimineringsnemnda.

Ved utvikling av digitale løysingar blir det også gjort testar av nettsider og tenester ved bruk av hjelpeteknologiar, som bl.a. augestyring. Dette er særleg nyttig for å avdekke problem knytt til dårleg tilgang til tenestene, og for å gi dei som arbeider med tenestedesign og utvikling ei betre forståing for ulike funksjonsnedsettingar.

Gjennom etatens seviceklagesystem kan brukarar klage på servicen dei har fått, for eksempel dersom dei meiner seg utsette for diskriminering eller seksuell trakassering. Systemet skal bidra til å sikre at uheldig praksis både på individ- og systemnivå blir fanga opp.

Statistikk som etaten utarbeider har med variablar som kjønn, alder og fødeland. Denne informasjonen er også med i dei fleste analysane som blir produsert og publisert. Dette kan vere med på å avdekke eventuelle systematiske skilnader i tilbodet til ulike grupper.

Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering i etatens møte med brukarane, også utover dei som er omtala over, går føre seg kontinuerleg. Det blir jobba med å få meir systematikk i oppfølginga av aktivitetsplikta, og å strukturere arbeidet slik at det får ei breiare involvering og forankring.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

IMDis visjon er å fremme like moglegheiter, rettar og plikter for alle i eit mangfalding samfunn. Arbeid for likestilling og mot diskriminering ligg i kjernen av IMDis samfunnsoppdrag og er ein integrert del av all verksemd i IMDi. Rasisme og diskriminering er barrierar for deltaking på alle samfunnsarenaer, og arbeidet på dette feltet er ein viktig del av innsatsen for å få til vellykka integrering.

IMDi er eit fagdirektorat, forvaltningsorgan og nasjonalt kompetansesenter med ansvar for integreringsfeltet. IMDi tek hand om arbeidet med å busette flyktningar og legg til rette for at fleire innvandrarar deltek i arbeids- og samfunnslivet. Dei gir faglege innspel til vidareutvikling av integreringspolitikken og sørger for god samordning på integreringsfeltet. Dei forvaltar tilskotsordningar retta mot kommunane og frivillige organisasjonar. Dei produserer og formidler forsking, utgreiingar, statistikk og god praksis. Dei medverkar også til ein profesjonell og serviceinnstilt offentleg sektor. IMDi er fagstyremakt for tolking i offentleg sektor. Dei jobbar og mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnlemlesting.

IMDi skal medverke til auka deltaking i og bruk av sivilsamfunnet for å oppnå målet om at innvandrarar har høg deltaking i samfunnslivet og lever eit fritt liv. IMDi skal særleg medverke til at fleire innvandrarkvinner deltek i samfunnslivet, tek utdanning og kjem i arbeid.

IMDi skal gjennomføre integreringspolitikken til regjeringa. Dei skal styrke kompetansen til kommunane, sektorstyresmaktene og andre samarbeidspartnarar når det gjeld integrering og mangfald. IMDi har ei sentral rolle som pådrivar og samordnar overfor aktørar på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå for å styrke kompetansen til kommunane, sektorstyresmaktene og andre samarbeidspartnarar om mangfald og innvandrarar i Noreg.

Regjeringa vil fortsette innsatsen for å auke kunnskap om mangfald som ressurs blant arbeidsgivarar gjennom ulike tiltak i regi av IMDi, og i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet og partane i arbeidslivet. Viktige verkemiddel i dette arbeidet er IMDis tilskotsordning til private og offentlege arbeidsgivarar, informasjon og rettleiingsteneste for arbeidsgivarar og utdeling av den årlege Mangfaldsprisen.

Regjeringa ønsker meir mangfald i arbeidslivet, IMDi initierer og formidlar kunnskap, utviklar og tilbyr vektøy og deler erfaringar om korleis verksemder kan auke det etniske mangfaldet på arbeidsplasser.

Negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og/eller æresrelatert vald kan ramme begge kjønn, men kvinner og jenter er meir utsette. Offentlege styresmakter har plikt til å handle når nokon blir utsett, og IMDi medverkar i det førebyggande arbeidet.

IMDi forvaltar ei rekke tilskotsordningar som har som formål å fremme likestilling og/eller motverke diskriminering.

IMDi har delansvar for gjennomføringa av fleire av handlingsplanane til regjeringa innanfor arbeidet for likestilling og mot diskriminering.

IMDi jobbar aktivt for å auke kunnskapsgrunnlaget om diskriminering og likestillling blant innvandrarar.

Statens pensjonskasse (SPK)

Som offentleg verksemd er Statens pensjonskasse (SPK) opptekne av at omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering skal varetakast i alt løpande arbeid. SPK har som mål at kundane og medlemmane av ordninga, og andre som er i kontakt med SPK, skal få likeverdig tilbod og service. Visjonen til SPK er at alle brukarane skal ha like moglegheiter til å bruka tenestene og forstå innhaldet uavhengig av ferdigheiter, føresetnader og situasjon.

SPK har fokus på kommunikasjon som ikkje fremmer stereotypiar, og sørger for god opplæring blant tilsette i haldningar og mot diskriminering.

Universell utforming – inkludert klart språk – er ein del av prosessen med å utvikle og forbetre tenestene til SPK. SPK har jobba med å forenkle strukturen på nettsidene, forenkle og forkorta tekstar og innhald, og redusert talet på nettsider for å forenkle navigasjon og søk. Vidare jobbar SPK tett saman med brukarane, og innsikt frå brukartesting er ein viktig del av arbeidet med å utvikle tenester. Dette for at SPK sine tenester skal bli meir tilgjengelege for alle. SPK har høgt fokus på at nettsidene skal fylle EU sitt webdirektiv om universell utforming, og tilgjengelegheitserklæringa viser at SPK er på god veg til å fylle krava.

SPK har teke tak i og utbetra fleire utfordringar på dei sjølvbetente digitale løysingane, og jobbar vidare med eit nytt designsystem, som har universelt forma ut kodebibliotek og modellar til bruk i utviklingsoppgåver. Det er også klare planar på når dei manglande krava i tilgjengelegheitserklæringa skal vera oppfylte.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har innhald på nettsidene om vern mot diskriminering, i tillegg til at dei gir verksemder råd, for å fremme likestilling og førebygge og handtere diskriminering på norske arbeidsplassar. Arbeidstilsynet kan rettleia nærmare om føresegnene, men har ikkje myndigheit til å gi pålegg. Eit unntak frå dette gjeld trakassering, der Arbeidstilsynet generelt har tilsynsmyndigheit etter andre føresegner i arbeidsmiljølova.

Gjennom Servicesentrene for utenlandske arbeidstakarar (SUA) samarbeider Arbeidstilsynet, Skatteetaten, politiet og Utlendingsdirektoratet om å gi informasjon og rettleiing til utanlandske arbeidstakarar og deira arbeidsgivarar om norsk arbeidsliv.

Likestilling i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder

I alle offentlege verksemder skal arbeidsgivarar undersøke om det finst risikoar for diskriminering eller andre hinder for likestilling i verksemda, og annakvart år kartlegge lønn fordelt etter kjønn og bruken av ufrivillig tidsavgrensa arbeid.

I tillegg til aktivitetsplikt følger det av likestillings- og diskrimineringslova § 26 a at arbeidsgivarar i offentlege verksemder skal greie ut om den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. Lova gir òg pålegg til arbeidsgivarar i offentlege verksemder om å gjere greie for iverksette eller planlagde tiltak for å fremme formålet om likestilling uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Under følger ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og dei underliggande verksemdene. Likestillings- og diskrimineringslova § 26 gir alle arbeidsgivarar pålegg om å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering innanfor eiga verksemd.

Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn

Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.

Tilsette etter kjønn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

Totalt i verksemda2

2023

242

14 508

72

22

474

741

266

2022

239

14 972

78

22

456

759

270

Kvinneandel i pst:

I verksemdene

2023

71,5

70

62

50

54,6

60

66,2

2022

69,0

70

62

54,5

55,3

60

65,2

Toppleiarar

2023

44

60

100

50

50

60

57,1

2022

44

55

100

50

37,5

50

66,7

Mellomleiarar

2023

64

65

66

-

59,5

60

60

2022

68

65

60

-

65

58

61,5

Alternativ karriereveg

2023

68

62

50

-

44,1

-

54,2

2022

62

61

50

-

44,4

-

56

Saksbehandlarar

2023

74

69

50

53

64,5

67

68,5

2022

71

69

60

60

63,5

68

65,2

Konsulentar/kontorstillingar

2023

100

76

85

-

-

69

-

2022

100

75

80

-

-

61

-

Slutta

2023

70

70

60

50

54,5

63

70

2022

74

70

73

33

55,9

56

74,4

Nytilsette

2023

85

69

66

0

54,3

48

71

2022

75

69

68

50

49,2

61

67,7

Deltidstilsette

2023

83

82

100

70

0

69

85,7

2022

100

83

100

50

75

74

71,4

Midlertidig tilsette

2023

83

76

88

0

60

73

77,6

2022

81

69

87

0

71,4

83

79,2

Foreldrepermisjon

2023

100

89

100

0

66,7

60

77,4

2022

100

87

0

0

55,6

82

70,7

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene. Forkortingar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Trygderetten (TR), Maritim pensjonskasse (MPK), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). I kategorien alternativ karriereveg er fagdirektørar, spesialrådgivarar, faste dommarar og rettsmedlemmar. I AID består toppleiinga av ein departementsråd, ekspedisjonssjefar, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. I Trygderetten er det berre éin toppleiar, og det er ei kvinne. I MPK er det berre eitt leiarnivå, og alle leiarane er plasserte i kategorien toppleiarar.

2 Talgrunnlaget for «totalt i verksemda» er tilsette i aktiv teneste og i lønt permisjon.

Gjennomsnittleg antal veker foreldrepermisjon for kvinner og menn

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2023

5

20

14

20

-

-

0

0

17

21

4,8

12,6

5,9

13,4

2022

14

15

14

20

22

0

11

0

14

24

9

12

18,2

15

Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.

Kvinners andel av lønna til menn etter stillingskategori per 31. desember1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

I pst.

Gjennomsnitt for heile verksemda

2023

92,5

93

87

90,2

92,2

97,7

95,3

2022

94,1

93

86

87,3

92,6

97

94,0

Toppleiarar

2023

105,5

103

100

86,1

97

104,7

98,1

2022

106

100

100

85,7

97,5

104,1

94,0

Mellomleiarar

2023

99,3

95

110

-

96,4

98,6

97,3

2022

98,6

95

110

-

101,3

98,3

100,7

Alternativ karriereveg

2023

91,8

92

100

-

96,9

-

95,7

2022

90,1

94

100

-

97

-

89,0

Saksbehandlarar

2023

100,6

93

93

102

96,9

96,9

97,0

2022

102

93

93

99,6

96,7

96,3

97,7

Konsulentar/kontorstillingar

2023

100

101

98

-

-

96,5

-

2022

100

101

98

-

-

90,1

-

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder

Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær i departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.

Legemeldt sjukefråvær i pst. per 31. desember1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

2023

3,9

7,0

4,9

5,8

3,1

4,8

5,3

2022

4,5

6,7

4,1

6,4

3,8

4,5

4,9

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Det har vore ein auke i sjukefråværet i Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten, Arbeidstilsynet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet frå 2022 til 2023.

Det legemelde sjukefråværet i Arbeids- og inkluderingsdepartementet var 3,9 pst. 2023 mot 4,5 pst. i 2022. Det har vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet for både menn og kvinner. Til samanlikning var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet i departementa 3,4 pst. i 2023 mot 3,6 pst. i 2022.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,5 pst. i 2023. I Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 6,5 pst. Tala i tabellen over viser at det legemelde sjukefråværet i 2023 ligg over nivået for det statlege tariffområdet i Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten, Arbeidstilsynet, Maritim pensjonskasse og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Legemeldt sjukefråvær menn og kvinner per 31. desember1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2023

2,8

4,3

4,3

8,2

1,3

6,3

1

10

2,3

3,8

3,1

5,9

1,7

7,9

2022

4,3

4,6

4,0

7,6

2,0

4,9

3,7

9,1

3,6

4,0

3,6

5,1

2,9

6,0

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Tala viser at det framleis er stor forskjell mellom menn og kvinner i det legemelde sjukefråværet i dei fleste verksemdene i sektoren.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet blant menn 2,9 pst. i 2023, medan det var 4 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor. Det legemelde sjukefråværet blant menn var lågare enn 2,9 pst. i alle verksemdene bortsett frå i Arbeids- og velferdsetaten og Arbeidstilsynet.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege sjukefråværet blant kvinner 6,1 pst. i 2023, medan det var 7,7 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor. Sjukefråværet blant kvinner var høgare enn 6,1 pst. i Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten, Maritim pensjonskasse og Integrerings- og manfoldsdirektoratet.

Frå 2022 til 2023 har det vore ein nedgang i sjukefråværet blant menn i alle verksemdene med unntak av Arbeids- og velferdsetaten. Blant kvinner har det i same periode vore ein nedgang i sjukefråveret i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Statens pensjonskasse.

Nærmare om arbeidet med likestilling i verksemdene

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Det var 242 tilsette i departementet ved utgangen av 2023, og 71,5 pst. av dei var kvinner. Kvinneandelen har auke jamt dei siste åra.

Av dei nyrekrutterte i 2023 var kvinneandelen 85 pst., og av dei som slutta var 70 pst. kvinner

Kjønnsperspektivet er ein del av personalpolitikken i departementet. Departementet fokuserer særleg på at kvinner og menn får same høve til fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar. Det er framleis slik at balansen mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane varierer, men det er no fleire kvinner enn menn i alle stillingskategoriane, bortsett frå blant toppleiarane, der delen kvinner er 44 pst. Blant mellomleiarane er andelen kvinner 64 pst. og i stillingskategorien alternativ karriereveg er 68 pst. kvinner. I denne stillingskategorien har delen kvinner auka jamt dei siste åra. Blant saksbehandlarar er kvinnedelen 74 pst. og i stillingsgruppa konsulentar er det berre kvinner.

Prinsippet om likelønn skal løysast gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjer 92,5 pst., ein nedgang på 1,6 prosentpoeng frå 2022. Som tala i tabellen over viser, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Kvinner tener i snitt meir enn menn i stillingskategorien toppleiarar. Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 99,3 pst. av menns lønn, i stillingskategorien alternativ karriereveg 91,8 pst. og blant saksbehandlarane tener kvinner i snitt 100,6 pst. av menns lønn. Det er ei overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane, og det kan forklare noko av årsaka til forskjellen i gjennomsnittleg lønn mellom kjønna.

Utvida lønnskartlegging

Med den forsterka aktivitets- og utgreiingsplikta er det no krav om å undersøke om det førekjem diskriminering på grunnlag av kjønn der menn og kvinner utfører «likt arbeid» eller «arbeid av lik verdi». Departementet gjennomførte ei utvida lønnskartlegging i 2021 og 2023, og undersøkte lønnsutviklinga blant saksbehandlarane etter kjønn dei fire siste åra. I lønnskartlegginga blei det ikkje avdekt systematiske forskjellar i lønnsutviklinga mellom kjønna.

Ufrivillig deltid handlar om at medarbeidarar er tilsette i deltidsstilling sjølv om dei ønsker å jobbe heiltid. Departementet kunngjer med eitt unntak berre stillingar på heiltid. Ufrivillig deltid er derfor ikkje eit problem i departementet.

Inkludering og mangfald

Departementet deltar i det statlege traineeprogrammet for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og hol i CV-en, og har til kvar tid ein trainee tilsett. Departementet rekrutterte to traineear gjennom programmet hausten 2021, og departementet skal delta i traineeprogrammet i 2024. Andelen søkarar som oppgav å ha nedsett funksjonsevne til ordinære stillingar, var 3,3 pst. i 2023 og andelen som oppgav å ha hol i CV-en var 2,6 pst.

Av totalt 1 363 søkarar til stillingar i departementet i 2023 opplyste 16 pst. at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2, og 15 pst. av dei nytilsette opplyste om at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2.

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 9,2 pst. av dei tilsette i departementet ved utgangen av 2023. Andelen tilsette med innvandrarbakgrunn gjeld for både landgruppe 1 og landgruppe 2.

Det blir jobba med å auke kompetansen på rekruttering i departementet gjennom ulike interne tiltak.

Gjennom arbeidet med aktivitetsplikta har ikkje departementet avdekt risikoar for diskriminering på nokon av personalområda. Samtidig er departementet saman med dei tillitsvalde einige om at departementet framleis bør ha særleg merksemd på området rekruttering – vegen inn i departementet.

Det legemelde sjukefråværet var 3,9 pst. i 2023, ein nedgang på 0,6 prosentpoeng frå 2022.

Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsetaten hadde 14 508 tilsette ved utgangen av 2023, og 70 pst. av dei var kvinner. Kvinnedelen har lege stabilt på om lag 70 pst. dei sista åra.

Fordelinga av kvinner og menn varierer mellom dei ulike einingane, og det er flest kvinner i Arbeids- og tenestelina (NAV-kontora), med over 75 pst. kvinner i fleire fylke. Færrast kvinner er det i Arbeids- og velferdsdirektoratet, der kvinnedelen er 46 pst. I direktoratet er IT eit stort område som tiltrekker seg fleire menn enn kvinner. Dette speglar arbeidsmarknaden på området. Delen kvinner er størst i dei lågaste stillingskategoriane. Kvinnedelen blant toppleiarane auka frå 55 pst. i 2022 til 60 pst. i 2023. Kvinnedelen blant mellomleiarane ligg stabilt på 65 pst. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene og følger opp dette med driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 93 pst. av menns lønn. Menn har høgare gjennomsnittleg årslønn enn kvinner i alle stillingskategoriar, med unntak av blant toppleiarane og konsulentane/saksbehandlarane.

Personalpolitikken i etaten viser at administrative og faglege karrierevegar er likeverdige, og at medarbeidarar kan ha høgare lønn enn leiarar. Ved rekruttering av nye medarbeidarar skal kompetansebehovet i etaten supplerast, og målsettinga om inkludering og mangfald skal følgast opp.

Utvida lønnskartlegging

Det er slått fast i personal- og lønnspolitikken i Arbeids- og velferdsetaten at det ikkje skal vere forskjell i lønna mellom kvinner og menn, utan at det er sakleg grunn til det. Tala i tabellen over kan likvel tyde på lønnsforskjellar. Menn tener i snitt meir enn kvinner i stillingskategoriane mellomleiar, rådgivar, alternativ karriereveg og blant deltidstilsette. Blant konsulentane/saksbehandlarane tener kvinner i snitt meir enn menn, men det er stillingskategorien med lågast lønn generelt.

I den utvida lønnskartlegginga har Arbeids- og velferdsetaten undersøkt om det er forskjellar mellom kvinners og menns gjennomsnittlege lønn etter ansiennitetsintvallar på to år. Resultata av undersøkinga viser at menn i snitt tener meir enn kvinner i alle ansiennitetsintervalla.

Isolert sett kan tala tyde på at det er systematiske lønnsforskjellar mellom kjønna, men tala gir ikkje eit fullstendig bilete av lønnsforskjellane. Det som er med i lønnskartlegginga er kjønn, lønn, ansiennitet og arbeidsstilling, og ingen andre faktorar kan påverke resultatet. Systematiske lønnsforskjellar ligg føre dersom kvinner tener mindre enn menn, medan alt anna er likt, som utdanning, alder og arbeidserfaring frå andre verksemder. Dette er faktorar som i stor grad kan påverke lønna. Etaten har så langt ikkje godt nok datagrunnlag til å analysere dette næmare.

Ufrivillig deltid

Arbeids- og velferdsetaten har ikkje opplysningar om ufrivillig deltid. Det er nokre få saker der deltidstilsette hevdar fortrinnsrett til heiltidsstillingar, men det betyr ikkje at deltidsstillinga er ufrivillig i utgangspunktet.

Arbeids- og velferdsetaten har ein jamn andel av deltidstilsette, med eit gjennomsnitt på om lag 10 pst. i 2023. Det var ein reduksjon på 52 deltidstilsette frå 2022 til 2023. Etaten kunngjer i stor grad heiltidsstillingar og reduserer dermed risikoen for at nokon jobbar ufrivillig deltid.

Inkludering og mangfald

I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald når det gjeld etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. I 2019 drøfta og forhandla etaten seg fram til ein felles personal- og lønnspolitikk for heile etaten, på tvers av tariffområda. Arbeidet med å revidere avtalen starta opp i 2023 og fortsett i 2024.

Tilsette i etaten møter eit mangfald av brukarar i forbindelse med samfunnsoppdraget. Mangfaldet skal òg speglast internt, og verksemda stiller krav til arbeidet med inkludering og mangfald. Frå 2022 har etatem utarbeidd ei oversikt over markeringar dei ønsker å framheve, slik som markering av PRIDE i juni, samane sin nasjonaldag og den internasjonale kvinnedagen. Hausten 2024 skal etaten markere Verdensdagen for psykisk helse, FN-dagen og FN-dagen for funksjonshemma.

I arbeidet med inkludering har alle einingar sett søkelys på mangfald og inkludering i rekrutteringsprosessane sine, men i noko varierande grad. Av dei som blei tilsett oppga 5,6 pst. å ha innvandrarbakgrunn, 1,2 pst. oppga å ha nedsett funksjonsevne og 1,4 pst. oppga å ha hol i CV-en.

Arbeids- og velferdsetaten er fast medlem i det statlege mangfaldsnettverket, og deltar i statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. Traineeprogrammet er eit viktig tiltak for å sikre inkludering i arbeidslivet. I 2022 etablerte etaten eit internt støtteapparat for traineeprogrammet i staten. I tillegg har etaten lagt til rette for erfaringsutveksling og samhandling for HR-medarbeidarar på tvers av heile etaten. I 2023 hadde etaten seks tilsette gjennom traineeprogrammet. I tillegg har etaten rekruttert fleire uføretrygda via Helt-med-ordninga, og fleire gjennom ein kommunal traineeordning for innvandrarar.

Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste åra, både frå landgruppe 1 og frå landgruppe 2. I 2023 hadde 13,4 pst. av dei tilsette i etaten innvandrarbakgrunn og 8,9 pst. var frå landgruppe 2. NAV-einingane i Oslo og Arbeids- og velferdsdirektoratet skil seg ut med ein høgare prosentdel tilsette med innvandrarbakgrunn, samanlikna med dei andre einingane. Dette speglar befolkninga i området.

Det legemelde sjukefråværet var 7 pst. i 2023, ein auke på 0,3 prosentpoeng frå 2022.

Trygderetten

Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 72 tilsette ved utgangen av 2023, og 62 pst. av dei er kvinner. Toppleiaren er ei kvinne og kvinnedelen blant mellomleiarane er 60 pst.

Innan dei ulike stillingskategoriane har samansetninga vore meir eller mindre lik dei seinare åra. I stillingskategorien alternativ karriereveg og blant saksbehandlarane er delen kvinner 50 pst. I lågare stillingskategoriar innan økonomi, personal, arkiv, IT, kontortenester mv. er kvinnedelen 85 pst. Tilsette som arbeider deltid er i hovudsak kvinner, men ingen av dei har ufrivillig deltid.

Utvida lønnskartlegging

Sett under eitt er den gjennomsnittlege lønna for kvinner i Trygderetten lågare enn for menn, og utgjer 87 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har lik lønn. Rettsfullmektigane har ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for plassering av lønn.

Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 110 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn, mens den gjennomsnittlege lønna til kvinner utgjer 93 pst. blant saksbehandlarane. Blant kontortilsette er det ein stor kvinnedel, og denne stillingsgruppa har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra, og kvinner tener 98 pst. av menns lønn. Det er ikkje avdekt lønnsforskjellar baserte på kjønn.

Trygderetten har ikkje identifisert utfordringar knytt til likestilling som det er grunnlag for å sette i verk tiltak mot. Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal behandlast likt, uavhengig av kjønn. I tilpassingsavtalen om medråderett er det nedfelt at «uansett kjønn skal arbeidsoppgåver fordelast slik at alle tilsette får like mogleigheiter til å kvalifisere seg for avansement til leiande stillingar».

Ingen tilsette i Trygderetten har ufrivillig deltidsarbeid.

Inkludering og mangfald

Trygderetten har sett som delmål å behalde medarbeidarar med nedsett funksjonsevne heilt eller delvis fram til pensjonsalder. Aktuelle verkemiddel er bl.a. å la eldre, erfarne rettsmedlemmar vere fadrar for nytilsette og arbeide med praksisundersøkingar og anna utgreiingsarbeid i tillegg til ordinær saksbehandling. Andre tiltak er å tilby heimekontor og ha ei positiv haldning til graderte stillingar.

Trygderetten har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn til ledige stillingar, blir alltid minst éin av dei kalla inn til intervju. For embetet som rettsmedlem (dommar) og stillinga som rettsfullmektig, er det eit lovkrav at den som blir tilsett har norsk statsborgarskap.

Det legemelde sjukefråværet var 4,9 pst. i 2023, ein auke på 0,8 prosentpoeng frå 2022.

Maritim pensjonskasse

Maritim pensjonskasse er ei lita verksemd med 22 tilsette, og ein kvinnedel på 50 pst. Kvinnedelen er 50 pst. i leiargruppa og 53 pst. blant saksbehandlarane.

Maritim pensjonskasse gjennomfører årleg ei kartlegging og ein intern analyse av forholda for å sikre likestilling og hindre diskriminering. Dei legg stor vekt på omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering i den lokale lønns- og personalpolitikken og arbeider for at alle tilsette skal ha same høve til utvikling av kompetanse, karriere og lønn.

Utvida lønnskartlegging

Resultatet av lønnskartlegginga viser at det er liten forskjell i gjennomsnittslønna mellom kvinner og menn. Kvinners andel av menns lønn er 90,2 pst., ein auke på 2,9 prosentpoeng frå 2022.

I leiargruppa utgjer den gjennomsnittlege lønna for kvinner 86,1 pst. av menns lønn. Små endringar kan slå betydeleg ut på lønnsstatistikken i ei så lita verksemd som Maritim pensjonskasse.

Kartlegginga og analysen har ikkje avdekt kjønnsbaserte forskjellar, eller nokon risiko for diskriminering eller hindre for likestilling når det gjeld lønn eller andre forhold.

Ingen tilsette i Maritim pensjonskasse har ufrivillig deltidsarbeid.

Inkludering og mangfald

Maritim pensjonskasse har som mål å auke mangfaldet, men i ei lita verksemd med få rekrutteringar er det utfordrande å talfeste eit mål. For å auke mangfaldet har Maritim pensjonskasse gjennomført kurs i mangfaldsrekruttering, spissa teksten i stillingsannonsane og kalla inn kvalifiserte søkarar som har oppgitt å tilhøyre ei av målgruppene. I seinare tid har det vore ei betydeleg utskifting av medarbeidarane, utan at verksemda har klart å auke mangfaldet vesentleg. Bl.a. er norskkrava til hinder for mange jobbsøkarar med annan etnisk bakgrunn. Verksemda vil vere særleg merksame på dette og vurdere kvalifikasjonskrava i rekrutteringane framover.

Verksemda har svært få søkarar som oppgir å ha nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

I 2023 var det legemelde sjukefråværet 5,8 pst., ein nedgang på 0,6 pst. frå 2022.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse har totalt 474 tilsette, og ein kvinnedel på 54,6 pst. I toppleiinga er kvinnedelen 50 pst., blant mellomleiarane 59,5 pst., 44,1 pst. i stillingskategorien alternativ karriereveg og 64,5 pst. blant saksbehandlarane.

Utvida lønnskartlegging

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 92,2 pst. av menns lønn i 2023. Menn tener jamt over noko meir enn kvinner i alle stillingsgruppene.

Verksemda analyserer lønnsforholda jamleg. Lønnsforskjellane mellom kvinner og menn er relativt små og har halde seg stabile. Resultata syner at innanfor kvar stillingskategori er menn og kvinner lønna relativt likt. Under lønnsforhandlingane har verksemda fokus på ikkje å diskriminere medarbeidarar i permisjon eller deltidsstillingar. Verksemda vurderer det slik at utfordringar og barrierar knytte til likestilling er små.

Statens pensjonskasse har liten eller ingen grad av ufrivillig deltid. Statens pensjonskasse har god praksis for at medarbeidarar som har behov for midlertidig eller fast reduksjon av stillinga si får det.

Inkludering og mangfald

I 2018 utarbeidde verksemda nye retningslinjer for å hindre diskriminering, trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald, med eit tilhøyrande varslingssystem. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er også inkludert i personalpolitikken og i iverksette tiltak.

Verksemda har eigne tilrettelagde rom som blir brukt til bønn og kvile. Toalett- og garderobeløysingar er godt tilrettelagd for kvinner, tilsette med nedsett funksjonsevne og transpersonar.

Statens pensjonskasse har tidlegare sett på korleis dei skal jobbe meir fleksibelt og vidareutvikle hybride arbeidsformer. Det er stadfesta at Statens pensjonskasse skal vere ein moderne arbeidsplass, der tillitt er grunnsteinen i kulturen. Verksemda har jobba særskilt med tilrettelegging for å gjere det lettare å kombinere arbeid med familieliv.

Statens pensjonskasse kommuniserer aktivt i utlysingar at dei har ei kontorløysing med universell utforming, og dei bruker ein tekst om mangfald i alle utlysingar. I tillegg er det gjennomført informasjonstiltak om inkludering retta mot leiarane.

Verksemda opplever å få få søkarar i nokre kategoriar til dei utlyste stillingane sine. Utover dette er det ikkje avdekt nokon utfordringar med likestillingsarbeidet.

I 2023 var det legemelde sjukefråværet 3,1 pst., ein nedgang på 0,7 prosentpoeng frå 2022.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har 741 tilsette, og ein kvinneandel på 60 pst. Andelen menn og kvinner har vore relativt stabil dei siste åra. Blant toppleiarane og mellomleiarane er kvinnedelen 60 pst. I stillingsgruppa saksbehandlarar er det overlegar, ingeniørar, inspektørar, seniorrådgivarar og rådgivarar, og kvinner utgjer 60 pst. av dei tilsette i denne gruppa. Arbeidstilsynet har ein god kjønnsbalanse i stillingar som kan samanliknast. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følge utviklinga i kvar enkelt eining i etaten.

Sett under eitt er den gjennomsnittlege lønna til kvinner i Arbeidstilsynet noko lågare enn for menn og utgjer 97,7 pst. av menns lønn. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 104,7 pst. av menns lønn, blant mellomleiarane 98,6 pst. og blant saksbehandlarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 96,9 pst. av menns lønn. Lønnspolitikken til Arbeidstilsynet sikrar kjønnsnøytrale kriterium for å fastsette lønn.

Lønnsutviklinga når det gjeld likestilling mellom kjønna er positiv, og forskjellane har minska kvart år dei siste åtte åra.

Arbeidstilsynet har ein høg gjennomsnittsalder, og 30 pst. av dei tilsette er mellom 55 og 67 år. I siste del av 2023 blei Arbeidstilsynet invitert til å delta i eit prosjekt med målgruppa seniorar i statleg tariffområde og «deres opplevelse av mulighet for senkarriere og statlig tariffområde og deres begrunnelser for å gå av med tidligpensjon».

Arbeidstilsynet har valt å vidareføre ordninga med heimekontor inntil to dagar i veka som eit tiltak for å auke fleksibiliteten for dei tilsette. Meir fleksibilitet kan legge betre til rette for å kombinere arbeid og familieliv. Dei fleste tilsette i Arbeidstilsynet har i dag valt å inngå ein tilleggsavtale om frivillig heimekontor.

Utvida lønnskartlegging

Arbeidstilsynet har mange tilsette i same stillingskode, men dei har ulike arbeidsoppgåver og fagleg bakgrunn. Stillingskoder aleine gir ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å kartlegge likt arbeid og arbeid av lik verdi.

Arbeidstilsynet har saman med dei tillitsvalde derfor sett på lønn og kjønn internt i avdelingar og seksjonar, og tatt utgangspunkt i at tilsette i same seksjon har like arbeidsoppgåver og kan samanliknast. Gjennom statistikken blei det identifisert avdelingar og seksjoner kor kvinner i snitt tente mindre enn menn. Ved nærmare undersøking har dei fleste av desse forskjellane vist seg å ha ei sakleg forklaring, som for eksempel forskjellar i arbeidsoppgåver, ansvar, kompetanse og yting. Det må likevel gjerast nokre fleire undersøkingar for å avklare alle funna grundig. Dette arbeidet vil bli gjort saman med dei tillitsvalde.

Det er få tilsette i Arbeidstilsynet som jobbar deltid, men dei som jobbar deltid gjer det etter eige ønske.

Inkludering og mangfald

Arbeidstilsynet har ikkje ein overordna policy som gjeld for likestilling og ikkje-diskriminering, men krava er integrert i fleire arbeidsprosessar og prosedyrar i etaten. Verksemda vil arbeide meir systematisk med dette og er ein prioritert oppgåve framover.

På nokre område er det jobba godt med tiltak og/eller planar for å fremme likestilling og hindre diskriminering og trakassering. Eit av tiltaka har vore å utarbeide ei rutine for mangfaldsmarkeringar. Nokre viktige markeringar som er løfte på etatsnivå med ulike aktivitetar er den internasjonale kvinnedagen, PRIDE, FN-dagen, FN-dagen for menneske med funksjonshemming og Verdensdagen for psykisk helse.

I rekrutteringsprosessane blir det lagt stor vekt på likebehandling og inkludering av grupper som kan ha vanskeleg for å få innpass i arbeidslivet. Dei tilsette som er med i tilsettingsrådet har fått eiga opplæring. Arbeidstilsynet har kurs i mangfaldsrekruttering i regi av DFØ, og har hatt fokus på dette området også i 2023. Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, opplever Arbeidstilsynet at dette er ei vanskeleg gruppe å nå gjennom ordinære rekrutteringsprosessar. Verksemda har derfor tatt i bruk ordningane som er tilgjengelege i staten. Arbeidstilsynet har deltatt i «Inkluderingsprosjektet i staten» for å få fleire i målgruppa inn i midlertidige stillingar, men har ikkje tilsett fleire gjennom denne ordninga. Arbeidstilsynet har gode erfaringar med traineeprogrammet i staten, og har fleire tilsette på denne ordninga.

Den nye ordninga i staten der ein gjennom NAV kan få lønnstilskott og tilsetting av personar inntil to år har ikkje vore prøvd ut, men vil bli sett nærmare på framover.

Arbeidstilsynets arbeidsmiljøutval (AMU) har eit særskilt fokus på tema som handlar om uheldig belastning, vald og truslar frå eksterne, og om tema som konfliktar, trakassering og utilbørleg åtferd. Avvika gjennomgås i møta for å sjå om det er nødvendig med særskilde tiltak.

Tilsynskontora i Arbeidstilsynet går jamleg gjennom HMS-rutinane om vald og truslar og rutinen om konfliktar og trakassering.

I 2023 var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,8 pst., ein auke på 0,3 prosentpoeng frå 2022.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har 266 tilsette, og ein kvinneandel på 66,2 pst. Blant toppleiarane er delen kvinner 57,1 pst. og 60 pst. blant mellomleiarane. I kategorien alternativ karriereveg er kvinnedelen 54,2 pst. og blant saksbehandlarane er 68,5 pst. kvinner.

Utvida lønnskartlegging

Blant toppleiarane tener kvinner i snitt 98,1 pst. av menns lønn, blant mellomleiarane 97,3 pst. og 97 pst. blant saksbehandlarane. I kategorien alternativ karriereveg har det vore ei positiv utvikling frå 89 pst. i 2022 til 95,6 pst. i 2023.

Sjølv om det er tilnærma likelønn mellom kjønna innanfor dei fleste stillingsgruppene, resulterer kjønnsfordelinga i direktoratet til at kvinner totalt sett tener 95,3 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet er oppmerksame på likelønn mellom kjønna ved lokale lønnsforhandlingar og ved lønnsfastsetting i rekrutteringsprosessar, det er framleis behov for å fokusere på likelønn.

3,4 pst. av kvinnene og 1,1 pst. av mennene jobba deltid per 31. desember 2023. Det er ikkje registrert ufrivillig deltid i verksemda i 2023.

Inkludering og mangfald

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har som visjon å fremme like moglegheiter, rettar og plikter i eit mangfaldig samfunn. Arbeid for likestilling og mot diskriminering ligg i kjernen av samfunnsoppdraget og er ein integrert del av verksemda til direktoratet.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har som mål å ha ei mangfaldig samansetning av medarbeidarar med omsyn til etnisk bakgrunn, kjønn, alder, funksjonsevne og seksuell orientering. Direktoratet er merksame på denne målsettinga ved rekruttering, i individuell oppfølging og i ein livsfaseorientert personalpolitikk med fleksible og individuelt tilpassa løysingar.

I 2023 utarbeidde direktoratet ein eigen mangfaldspolicy for intern bruk, som skal bidra til at verksemda jobbar strategisk for at mangfald skal gi meirverdi.

Verksemda har som mål at minimum 30 pst. av dei tilsette har innvandrarbakgrunn på alle nivå i organisasjonen. I rekrutteringsprosessane skal det viast særskild merksemd mot kva krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som blir stilte, for ikkje å ekskludere søkarar. Alle utlysingar inneheld oppfordring til personar i målgruppene om å søke på ledige stillingar. Rekrutterande leiar og HR-avdelinga sikrer at reglane for positiv særbehandling blir etterlevde.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har ein betydeleg andel tilsette med innvandrarbakgrunn, totalt 31 pst. Dette er ein høg andel samanlikna med staten sett under eitt, der det var 14 pst. med innvandrarbakgrunn i 2023. Av dei tilsette med innvandrarbakgrunn er 83 pst. frå landgruppe 2.

Direktoratet har òg ein målsetting om å auke andelen nytilsettingar av personar med funksjonsnedsetting og/eller hol i CV-en. Ingen i denne målgruppa blei tilsett i 2023. Fleire søkarar som oppgir å tilhøyre ei av gruppene oppfyller ikkje krava for målgruppa. I rekrutteringsprosessar der søkarar i målgruppa har vore til intervju, er erfaringa at dei ikkje har nådd opp i konkurransen med andre søkarar. For 2024 har direktoratet som mål at 5 pst. av dei nytilsette skal vere frå denne målgruppa.

I 2023 var det legemelde sjukefråværet 5,3 pst., ein auke på 0,4 prosentpoeng frå 2022.

10 Samfunnssikkerheit

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har det overordna ansvaret for samfunnssikkerheit og beredskap knytt til folketrygda sine pensjonar og ytingar, offentleg tenestepensjon o.a. Departementet har òg eit overordna ansvar for arbeidsmiljø- og sikkerheit i arbeidslivet på land (ansvaret for storulykker er plassert hos Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap), introduksjon for nyankomne vaksne innvandrarar og busetting av flyktningar. Ved behov skal sektoren òg medverke til å dekke samfunnet sitt behov for arbeidskraft ved kriser i heile krisespekteret.

Krav til samfunnssikkerheitsarbeidet går fram av Instruks for departementas arbeid med samfunnssikkerheit (Samfunnssikkerheitsinstruksen) av 1. september 2017. Instruksen legg til grunn at departementa på sitt fagområde skal arbeide systematisk med beredskapsplanverk og organisering av krisehandtering, øvingar, evalueringar og oppfølging av læringspunkt. Departementa skal òg kunne yte bistand til andre sektorar. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit overordna mål om å førebygge uønskte krisehendingar innan vårt sektoransvar. Det er òg eit mål å kunne handtere og minske følgene av alle typar krisehendingar i eigen sektor, og medverke til at kriser i andre sektorar og viktige funksjonar for samfunnet blir handtert på ein god måte.

Underliggande verksemder har eit sjølvstendig ansvar for sikkerheita innan sitt ansvarsområde og at samfunnsikkerheit er ein integrert del av arbeidet i sektoren. Krav til verksemdenes arbeid på dette området er i stor grad instruksfesta og tilpassa samfunnsoppdraget deira. Instruksane er samordna med krav, oppgåver og prioriteringar i Samfunnssikkerheitsinstruksen og Nasjonal strategi for digital sikkerheit. Arbeid i verksemdene som òg gjeld samfunnsikkerheit, er nærmare omtalt i dei ulike programkategoriane i del II.

Førebyggande beredskapsarbeid

Dei siste åra har vore prega av eit endra sikkerheitspolitisk landskap og langvarige kriser. Vi er i ei brytningstid med stormaktsrivalisering, klimaendringar, auka press på verdi- og forsyningskjeder, teknologisk utvikling og auka bruk av kunstig intelligens. Utfordringane og truslane mot sikkerheita i Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor er breie og samansette. Det er mange fordrivne frå Ukraina, den digitale sikkerheita blir utfordra dagleg, og det er tette koplingar til beredskap og tiltak i andre sektorar. Det gir eit behov for systematisk og heilskapleg tilnærming til både førebyggande beredskapsarbeid og handtering av hendingar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider kontinuerleg med å følge opp handlingsplanar, strategiar og læringspunkt frå hendingar og øvingar, ROS-analysar og andre forbetringar i sikkerheitstilstanden. Som ein del av dette arbeidet blir det òg gjort oppdateringar i krise- og beredskapsplanar. Øvingar nyttes til å fremme samordning og læring i sektoren, og gjennom året har departementet hatt fokus på tema som digital sikkerheit i sektoren og krisekommunikasjon. Departementet har arrangert egne krisehandteringsøvingar og deltatt på sektorøvingar, bl.a. ei øving arrangert av det sektorvise responsmiljøet i arbeids- og velferdssektoren for handtering av digitale hendingar. Departementet skal òg delta på ei tverrsektoriell øving hausten 2024.

Departementet bad i 2023 alle underliggande verksemder om å vurdere kva som er deira høgaste prioriterte oppgåver og tenester i eit samfunnssikkerheisperspektiv, og kva for avhengigheiter desse tenestene har til kritisk infrastruktur og andre tenester. På bakgrunn av denne kartlegginga har det i 2024 vært utarbeida ei analyse av risiko- og sårbarheiter (ROS) i sektoren, knytt til bortfall av kritiske infrastrukturar og nødvendige tenester. Arbeidet har vore eit samarbeid mellom departementet og verksemdene. Det har bidratt til å auke kunnskapsgrunnlaget i sektoren om avhengigheiter og sårbarheiter, og er eit godt grunnlag for vidare arbeid med risiko og førebyggande sikkerheitstiltak. Sektoren er nå i gang med å følge opp anbefalingane frå ROS-arbeidet. I tillegg har departementet i 2024 arbeida med ein departements-ROS knytt til kritisk infrastruktur, sikkerheit for medarbeidarar og informasjonssikkerheit. Analysen har gitt eit godt informasjonsgrunnlag om departementets etablerte beredskap, og anbefalingane frå ROS-arbeidet vil bli følgt opp.

Avhengigheit til digitale infrastrukturar og -system er gjennomgåande trekk hos departementet, sektorens verksemder og ved dei samfunnskritiske tenestene sektoren har ansvar for. Digitalisering bidrar til meir effektive tenester, men aukar òg sårbarheita. For eksempel tydeleggjorde det digitale angrepet mot departementas felles IKT-plattform sommaren 2023, sektorens sårbarheiter og avhengigheiter til IKT-løysningar for sikker kommunikasjon og saksbehandling. Hendinga viste at ei god handtering av digitale sikkerheitsutfordringar fordrar eit felles informasjonsgrunnlag. I tråd med krav i Nasjonal strategi for digital sikkerheit er det etablert responsmiljø i sektoren for å handtere digitale angrep og andre uønskte digitale hendingar. Responsmiljøa arbeider vedvarande med informasjonsdeling og forbetringar på tvers av dei digitale infrastrukturane til deltakarane.

Oppfølging av forhold som omhandlar nasjonale sikkerheitsinteresser

Lov om nasjonal sikkerheit (sikkerheitslova) har som føremål å tryggje nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstruande verksemd. Det blir arbeidde på fleire hald for å bevare nasjonale sikkerheitsinteressar. I det vedvarande arbeidet med å fornye planverket for krisehandtering, har departementet i 2024 oppdatert planar som dekker ulike sikkerheitspolitiske scenario ved kriser og krig i vår sektor (knytt til Sivilt beredskapssystem, SBS).

Nasjonale sikkerheitsinteresser blir òg trygga ved at departementa identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sitt ansvarsområde, avdekker verksemder med avgjerande betydning for GNF så dei kan blir underlagt sikkerheitslova, og at naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomført. I Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor er det identifisert to grunnleggande nasjonale funksjonar. GNF 1: Arbeids- og inkluderingsdepartementets verksemd, handlefridom og vedtaksførheit er ein tverrsektoriell funksjon som omfattar departementets eigen rolle. GNF 2: Kritiske offentlege ytingar til befolkninga, gjeld utbetaling av ytingar til livsopphald.

Det er ein vedvarande prosess å ivareta føremålet med sikkerheitslova. Kva som krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå kan òg bli endra undervegs. Arbeids- og inkluderingsdepartementet oppdaterte og melde inn justeringar i GNF og nye skjermingsverdige verdiar i slutten av 2023. Med utgangspunkt i dette har departementet i 2024 arbeidd med å følge opp risiko og å avdekke avhengigheiter som dei skjermingsverdige verdiane har til andre sektorar.

Det er i dag ein meir omfattande bruk av skytenester, og verdikjedene til IKT-systema er meir komplekse. GNF-arbeidet og eigne ROS-analysar av dei skjermingsverdige verdiane har belyst problemstillingar knytt til informasjonssikkerheit i lys av nasjonale sikkerheitsinteresser, blant dei bruk av skytjenester og datalagring. Sektoren har difor hatt eit auka fokus på korleis data blir lagra og krav til sikkerheit ved kjøp av tenester.

Beredskapsheimlar

For å kunne ivareta viktige nasjonale omsyn ved gjennomgåande og langvarige kriser, vil Arbeids- og inkluderingsdepartementet framover vurdere innhaldet i ulike beredskapsheimlar innan sektorens ansvarsområde. Vi har satt i gang eit arbeid med å vurdere behovet for endringar knytt til unntak frå folketrygdlovas bestemmingar ved krise i fred og i krigstid. Samstundes vil vi òg vurdere beredskapsheimlane knytt til sosialtenestelova og intergreringslova.

Justis- og beredskapsdepartementets arbeider elles med eit forslag om endring av sivilbeskyttelseslova. Forslaget går ut på at det tas inn eit nytt kapittel som gir heimel til å regulera sivile arbeids- og tenesteforhold og påleggje sivil arbeidsplikt (sivil arbeidskraftberedskap) når rikets sjølvstende eller sikkerheit er trua. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har teke del i arbeidet, og forslaget har vore på høyring våren 2024. Det tas sikte på å leggje fram ei lovproposisjon hausten 2024. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil bidra i det vidare arbeidet innan vårt område.

11 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for rapportering av kontantbehaldningane i nettobudsjetterte verksemder per 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samanheng med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med nøkkeltal:

Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter i verksemda ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2021

Rekneskap 2022

Rekneskap 2023

Budsjett 2024

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til lønn

101 645 148

105 825 636

115 692 930

126 970 811

Varer og tenester

42 990 773

54 159 6591

56 354 788

59 372 110

Sum driftsutgifter

144 635 921

159 985 331

172 047 718

186 342 921

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

14 306 957

12 061 208

8 712 383

7 946 541

Sum investeringsutgifter

14 306 957

12 061 208

8 712 383

7 946 541

Sum utgifter

158 942 878

172 046 539

180 760 101

194 289 461

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

3 917 546

4 906 565

7 767 915

4 120 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar1

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

3 917 546

4 906 565

7 767 915

4 120 000

Investeringsinntekter

Salg av varige driftsmidler

0

18 000

0

0

Sum investeringsinntekter

0

18 000

0

0

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

162 533 000

160 446 000

168 440 000

174 350 000

Andre innbetalingar

16 791 375

18 111 044

21 589 906

15 819 461

Sum overføringsinntekter

179 324 375

178 557 044

190 029 906

190 169 461

Sum inntekter

183 241 921

183 481 609

197 797 821

194 289 461

3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2–1)

-24 0432

-11 435 106

17 037 720

0

1 Avvik frå rekneskap 2022, Prop 1S (2023-3024). Dette skyldes at «Sal av varige driftsmidler» ikkje var med i sum i Prop 1S (2023–2024)

2 Rekneskap 2022: Avvik frå Prop. 1 S (2023–2024) skyldes avvik i rapport i talet for «varer og tenester»

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)

Inntektskjelde

Rekneskap 2021

Rekneskap 2022

Rekneskap 2023

Budsjett 2024

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget:

Løyvingar frå fagdepartementet

162 533 000

160 446 000

168 440 000

174 350 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

1 400 000

1 652 596

2 147 250

809 632

Løyving frå Forskingsrådet

4 038 653

4 331 556

6 598 816

4 688 137

Sum løyvingar

167 971 653

166 430 152

177 186 066

179 847 769

Offentlege og private bidrag:

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

50 000

50 000

499 340

466 666

Bidrag frå private

9 208 004

4 613 614

3 000 000

2 580 328

Løyvingar frå internasjonale organisasjonar

2 094 718

7 338 797

9 298 276

7 274 698

Sum bidrag

11 352 722

12 002 411

12 797 615

10 321 692

Oppdragsinntekter:

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter)

3 917 546

5 049 046

7 767 915

4 120 000

Sum oppdragsinntekter

3 917 546

5 049 046

7 767 915

4 120 000

Sum inntekter

183 241 921

183 481 609

197 751 596

194 289 461

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Forskingsrådet og andre forskingsfond.

Kontantbehaldninga i verksemda per 31. desember i perioden 2021–2023 med spesifikasjon av formålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)

Balanse 31. desember

2021

2022

2023

Endring 2022–2023

Kontantbehaldning:

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

141 358 000

152 793 000

169 831 000

17 038 000

Behaldning på andre bankkontoar, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantbehaldning

141 358 000

152 793 000

169 831 000

17 038 000

Avsetningar til dekning av kostnader med forfall i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

8 922 000

9 285 000

10 858 000

1 573 000

Skattetrekk og offentlege avgifter

8 141 000

8 182 000

10 400 000

2 218 000

Gjeld til leverandørar

6 612 000

7 580 000

8 623 000

1 043 000

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

-2 258 000

-3 283 000

1 722 000

1 561 000

Sum til dekning av kostnader med forfall i neste budsjettår

21 417 000

21 764 000

28 159 000

6 395 000

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår:

Prosjekt finansierte av Forskingsrådet mv.

22 907 000

24 482 000

22 495 000

-1 987 000

Større starta, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartement

4 236 000

4 044 000

4 044 000

0

Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansierte av løyvingar frå fagdepartement

84 398 000

94 503 000

107 133 000

12 630 000

Andre avsetningar til vedtatte, ikkje igangsette formål

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

111 541 000

123 029 000

133 672 000

10 643 000

Andre avsetningar:

Avsetningar til andre formål /ikkje spesifiserte formål

8 400 000

8 000 000

8 000 000

0

Fri verksemdskapital

0

0

0

0

Sum andre avsetningar

8 400 000

8 000 000

8 000 000

0

-

Langsiktige forpliktingar (netto):

Langsiktige forpliktingar knytte til anleggsmiddel

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

141 358 000

152 793 000

169 831 000

17 038 000

Utanom avsetningar til arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjonsinnskot frå arbeidsgivaren inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta. Kontantbehaldninga inneheld òg delar av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til å skaffe vitskapleg utstyr i tillegg til dekning av periodevise høgare kostnader.

Fotnotar

1.

Arendt (2023). Konjunkturer spiller en afgørende rolle for ukraineres beskæftigelse (innlegg, ROCKWOOL Fondens forskningsfond 2. juli 2023)

2.

Lima (2024) Mange nyankomne flyktninger ga sterk vekst i sosialhjelpsutgiftene (Arbeid og velferd nr. 2 2024)

Til forsida