Del 2
Budsjettforslag
5 Nærare om budsjettforslaget
Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar
Programkategori 00.10 Det kongelege hus
Utgifter under programkategori 00.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
1 |
H.M. Kongen og H.M. Dronninga |
259 240 |
279 250 |
303 869 |
8,8 |
2 |
H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa |
11 740 |
12 292 |
12 956 |
5,4 |
Sum kategori 00.10 |
270 980 |
291 542 |
316 825 |
8,7 |
Innleiing
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for løyvingane til kongehuset. I tillegg til løyvingane under kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga og kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa, er følgjande midlar foreslått brukt til kongelege føremål i 2025:
(i 1000 kroner) |
|
---|---|
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet |
|
Kap. 1531 Eigedomar til kongelege føremål |
76 791 |
Utanriksdepartementet |
|
Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet |
8 559 |
Forsvarsdepartementet |
|
Diverse kapittel (H.M. Kongens adjutantstab) |
5 050 |
Kap. 1720 Sjøforsvaret (Kongeskipet og K/B Stjernen) |
55 000 |
Justis- og beredskapsdepartementet |
|
Kap. 441 Oslo politidistrikt (eskortetenesta) |
Oppgis ikkje |
Kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Apanasje |
14 106 |
14 768 |
15 565 |
50 |
Det kongelege hoff |
245 134 |
258 482 |
268 304 |
51 |
Særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff |
6 000 |
20 000 |
|
Sum kap. 1 |
259 240 |
279 250 |
303 869 |
Post 01 Apanasje
Løyvinga dekker personlege utgifter for H.M. Kongen og H.M. Dronninga, medrekna utgifter til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.
Det blir foreslått å løyve 15,6 mill. kroner.
Post 50 Det kongelege hoff
Det kongelege hoff er H.M. Kongen sin organisasjon, som skal støtte H.M. Kongen og Kongefamilien. Det kongelege hoff førebur og legg til rette for kongefamilien sin offisielle verksemd, og utfører andre nødvendige støttande funksjonar.
Løyvinga blir brukt til kongehuset sine utgifter til offisielle oppgåver og drift av organisasjonen, mellom anna løn for alle tilsette. Løyvinga skal òg dekke utgifter til jamleg indre vedlikehald og utvikling av dei statlege kongelege eigedomane, Det kongelege slott, Bygdø kongsgard (hovudhuset m/sidebygning og park) og Oscarshall slott.
Det kongelege hoff rapporterer gjennom sin årsrapport på bruken av dei årlege løyvingane, der også årsrekneskap og revisorberetning kjem fram. Det kongelege hoff beheld disposisjonsretten til utbetalte midlar dersom årsrekneskapen viser eit positivt driftsresultat, og det har ansvaret for å dekke eit eventuelt negativt årsresultat. Det kongelege hoffet rapporterer gjennom sin årsrapport på kor mykje av arbeidstida til dei tilsette som brukast til forvaltningsoppgåver, som mellom anna innhenting av tilbod og oppfølging av prosjekt på dei private kongelege eigedomane. Større/verdiaukande tiltak på dei private kongelege eigedomane blir finansierte av private midlar og blir utført av eksterne aktørar.
Det blir foreslått å løyve 268,3 mill. kroner.
Post 51 Særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff
Løyvingar på posten skal dekke midlar til prosjekt som blir gjennomførte i regi av Det kongelege hoff.
I 2024 vart det løyva 6 mill. kroner til eittårige investeringar i nytt utstyr og system for å oppgradere delar av dei administrative IKT-systema og for å betre IKT-tryggleiken. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 6 mill. kroner i 2025.
Det blir foreslått å løyve 20 mill. kroner til anskaffing av sarkofag. Sarkofagen skal brukast som siste kvilestad for H.M. Kongen og H.M. Dronningen i det kongelege gravkapellet på Akershus festning, på same måte som for kong Haakon VII og dronning Maud, og for kong Olav V og kronprinsesse Märtha. Anskaffinga blir gjennomført av Det kongelege hoff.
Kap. 2 H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Apanasje |
11 740 |
12 292 |
12 956 |
Sum kap. 2 |
11 740 |
12 292 |
12 956 |
Post 01 Apanasje
Løyvinga skal dekke kronprinsparet sine personlege utgifter, medrekna utgifter til drift og vedlikehald av eigne eigedomar.
Det blir foreslått å løyve 13 mill. kroner.
Programområde 01 Digitalisering og forvaltning
Programkategori 01.00 Administrasjon
Utgifter under programkategori 01.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
1500 |
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet |
9 612 |
426 344 |
431 005 |
1,1 |
Sum kategori 01.00 |
9 612 |
426 344 |
431 005 |
1,1 |
Innleiing
Programkategorien omfattar utgifter til drift og administrasjon av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og utgifter til felles forskings- og utgreiingsoppgåver innanfor departementet sine fagområde.
Kap. 1500 Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
251 356 |
237 765 |
|
21 |
Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 |
24 251 |
59 099 |
|
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
9 612 |
||
50 |
Forskingsmidlar til Noregs forskingsråd m.m. |
101 700 |
||
51 |
Gjennomstrøymingsmidlar til forskingsinstitutt |
48 437 |
50 278 |
|
70 |
Diverse føremål, kan overførast, kan nyttast under post 21 |
600 |
623 |
|
71 |
Forskingsmidlar til Noregs forskingsråd, kan overførast |
83 240 |
||
Sum kap. 1500 |
9 612 |
426 344 |
431 005 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker i hovudsak løn, husleige og andre faste driftsutgifter i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
I 2024 vart løyvinga auka med 20,4 mill. kroner for å dekke utgifter til nødvendig IKT-utstyr og lisensar som følgje av at dei tolv departementa på felles IKT-plattform i større grad skal arbeide på Nasjonalt BEGRENSET nett. Frå 2025 skal kostnadane tilknytt arbeid på Nasjonalt BEGRENSET nett dekkes over departementas eigne budsjett. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner.
I samband med at Digitaliseringsorganisasjonen til departementa overtar ansvaret for SoMe-tenesta frå departementa blir det foreslått å redusere løyvinga med 135 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1515, post 01.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 248 000 kroner mot ein auke på 196 000 kroner på kap. 1515, post 01 til varige lisenskostnadar for Websak og ein auke på 52 000 kroner på kap. 1510, post 01 til varige lisenskostnadar for Jobbnorge.
Det blir foreslått å løyve 237,8 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4500, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Løyvinga skal dekke Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets behov for kjøp av statistikk, data, utgreiingar, evalueringar og formidling av kunnskap og gjennomføring av mellombels tiltak og prosjekt.
Løyvinga vart i 2024 i hovudsak nytta til prosjekt innanfor områda arbeidsgivarpolitikk, effektivisering og fornying, departementslokalar og nytt regjeringskvartal.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 34,5 mill. kroner til sikker teknisk infrastruktur i nytt regjeringskvartal. Løyvinga vil dekke kostnadane tilknytt anskaffing av eksterne ressursar for idriftsetting av STI, og IKT infrastruktur til støtte for departementas behandling av kriser og uønskte hendingar.
I 2022 vart det rammeoverført midlar til DSS til oppgradering/vedlikehald av kameraovervakingssystemet for departementsbygningane. I tråd med tidsplanen for prosjektet skal midlane tilbakeførast i 2025. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 220 000 kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner til Prosjekt Effektiv informasjonsutveksling mellom regjering og Storting (EIREST).
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner for å gjere rom for andre budsjettmessige prioriteringar.
Det blir foreslått å løyve 59,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga vart i 2023 brukt på nødvendig IKT-utstyr som følgje av at departementa på felles IKT-plattform i større grad arbeider på Nasjonalt BEGRENSET nett.
Post 50 Forskingsmidlar til Noregs forskingsråd m.m.
Løyvinga har dekt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt behov for langsiktig kunnskapsoppbygging i regi av Noregs forskingsråd.
Rapport
Demokratisk og effektiv styring og forvaltning (DEMOS)
DEMOS er eit tiårig program for 2015–2025. Prosjekta i DEMOS rettar seg spesifikt mot å bygge kompetente forskarmiljø som kan hevde seg internasjonalt. Temaområda er offentleg sektor, både på statleg, regionalt og kommunalt nivå, og forholdet mellom nivåa.
IKTPLUSS
Finansieringa har bidratt til å nå måla i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med fokus på mål 2 om auka verdiskaping i næringslivet og mål 3 om å møte store samfunnsutfordringar, og då innanfor departementet sitt sektoransvar.
Forskingsrådet si strategiske IKT-portefølje (IKTPLUSS) dekker alle tema, sektorar og næringsområde. På grunn av store negative avsetningar på posten, vart det i 2023 ikkje brukt midlar frå IKTPLUSS i nye utlysingar i 2023.
Forskingsrådet administrerer òg Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt bidrag til Simula. I 2023 var departementet sitt bidrag til Simula på 47,6 mill. kroner, fordelt på ei grunnløyving på 22,3 mill. kroner og støtte til forskingssentera for robuste nett (CRNA), Simula UiB og Effektiv Digitalisering i Offentlig Sektor (EDOS). CRNA publiserte i 2023 mellom anna den årlege rapporten om norske mobilnett og ei rekke forskingsartiklar i internasjonale tidsskrift, og rettleia seks doktorgradstudentar. Simula UiB utdannar kryptologar. I 2023 publiserte Simula UiB ei rekke forskingsartiklar, og per 31. desember 2023 rettleia senteret ni doktorgradstudentar og sju postdoktorar. EDOS skal framskaffe og spreie kunnskap om korleis offentleg sektor kan lykkast betre med å sikre gevinstar av digitaliseringsinvesteringar og unngå kostnadsoverskridingar. I 2023 publiserte EDOS ei rekke artiklar i internasjonale tidsskrift, og senteret rettleia to doktorgradsstudentar ved utgangen av året.
For å sikre tilgang til superdatamaskinar deltar Noreg i EuroHPC-samarbeidet – eit samarbeid om å bygge europeiske superdatamaskinar og kompetansemiljø som skal sikre god utnytting av kapasiteten. Det nasjonale kompetansesenteret for HPC har mellom anna som oppgåve å gjere tungreknemaskiner meir tilgjengelege, òg for små og mellomstore verksemder, offentleg sektor og indre teknologiorienterte brukarar i akademia.
Sjå òg Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Noregs forskingsråd skal frå 2025 bruttobudsjetterast. Det blir derfor foreslått at løyvinga flyttast til kap. 1500, ny post 71, sjå omtale under post 71.
Post 51 Gjennomstrøymingsmidlar til forskingsinstitutt
Løyvinga dekker Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt behov for langsiktig kunnskapsoppbygging i regi av Noregs forskingsråd, via gjennomstrøymingsmidlar. Gjennomstrøymingsmidlar er definert som grunnløyving som går via Forskingsrådet til forskingsinstitutt og løyving til vitensenter.
Løyvinga inkluderer finansiering av Simula Research Laboratory. Løyvinga inkluderer ei grunnfinansiering og finansiering av forskingssentera CRNA, Simula UiB og EDOS. Det er ein føresetnad for å få stønad frå departementet at evalueringar blir gjennomført jamleg og at resultata er gode. Forskingsrådet starta ei evaluering av Simula i 2023 og denne er no snart ferdig. Sluttrapport frå evalueringa er forventa å vere klar i slutten av 2024 eller tidleg i 2025.
Det blir foreslått å løyve 50,3 mill. kroner.
Post 70 Diverse føremål, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga dekker kontingentar og enkelståande tilskot med namngitt mottakar, som ikkje høyrer naturleg inn under andre budsjettpostar.
Løyvinga skal dekke om lag 313 000 kroner av Noregs årlege kontingent for medlemsskap i European Institute of Public Administration (EIPA) og årleg kontingent for Services of General Interest (SGI Europe) på om lag 274 000 kroner.
Det blir foreslått å løyve 623 000 kroner.
Post 71 (ny) Forskingsmidlar til Noregs forskingsråd, kan overførast
Noregs forskingsråd er eit forvaltningsorgan som er underlagt Kunnskapsdepartementet. Forskingsrådet har fem mål:
-
auka vitskapleg kvalitet
-
auka verdiskaping i næringslivet
-
møte store samfunnsutfordringar
-
eit velfungerande forskingssystem
-
god rådgiving
Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne styringssignala frå departementa og har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeida systemet for departementa si styring av Forskingsrådet. Samla måloppnåing for Forskingsrådet i 2023 omtales i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon.
Løyvinga skal dekke Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt behov for langsiktig kunnskapsoppbygging i regi av Noregs forskingsråd.
Regjeringa foreslår å gå over frå nettobudsjettering til bruttobudsjettering av budsjettmidlar til Noregs forskingsråd. Posten blir budsjettert med tilsegnsramme, tilsegnsfullmakt og løyving. Tilsegnsramma er summen av nye tilsegn som kan givast i budsjettåret og er den relevante størrelsen for å vurdere aktiviteten på ordninga. Løyvinga dekker den delen av tilsegner gitt i budsjettåret som ein forventar å utbetale same år, og tilsegn frå tidlegare år som ein antar kjem til utbetaling dette budsjettåret. Tilsegnsfullmakta viser staten sine forpliktingar ved utgangen av året, dvs. den delen av gitte tilsegn som enno ikkje er utbetalt. For ei meir detaljert omtale av bakgrunnen for og hovudtrekka ved den nye budsjettmodellen, sjå kap. 10 i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2024–2025).
Det blir foreslått å løyve 83,2 mill. kroner. Løyvinga er flytta frå kap.1500, post 50, jf. omtale under post 50.
Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 231,2 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Løyvinga og tilsegnsfullmakta gir ei tilsegnsramme på 113,2 mill. kroner.
Programkategori 01.10 Fellestenester for departementa og Statsministerens kontor
Utgifter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
1510 |
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa |
1 141 873 |
1 069 916 |
853 660 |
-20,2 |
1511 |
Prosjekt tilknytte nytt regjeringskvartal |
59 743 |
549 520 |
754 642 |
37,3 |
1512 |
Diverse fellestenester |
180 796 |
196 256 |
179 054 |
-8,8 |
1515 |
Digitaliseringsorganisasjonen til departementa |
770 248 |
100,0 |
||
Sum kategori 01.10 |
1 382 412 |
1 815 692 |
2 557 604 |
40,9 |
Inntekter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
4510 |
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa |
208 730 |
117 739 |
88 413 |
-24,9 |
4515 |
Digitaliseringsorganisasjonen til departementa |
33 800 |
100,0 |
||
Sum kategori 01.10 |
208 730 |
117 739 |
122 213 |
3,8 |
Innleiing
Programkategorien omfattar løyvingar til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, Digitaliseringsorganisasjonen til departementa og arbeidet med nytt regjeringskvartal.
Mål for programkategorien
-
Departementa mottek sikre og effektive fellestenester med riktig kvalitet
-
Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal
Mål 1 Departementa mottek sikre og effektive fellestenester med riktig kvalitet
Gode, sikre og effektive felles administrative tenester er ein føresetnad for at departementa skal kunne vareta rolla som sekretariat for politisk leiing. Felles løysingar, samling av kompetanse, standardisering og digitalisering gir sterke fagmiljø, auka effektivitet og betre kvalitet i oppgåveutføringa. I tillegg gir det stordriftsfordelar som kostnadseffektiv drift og forvaltning. Derfor er det viktig å halde fram arbeidet med utvikling av felles administrative tenester. Dette kjem òg fram av strategien for departementsfellesskapet, Gode hver for oss. Best sammen (2021–2025).
Strategien for departementsfellesskapet har òg eit perspektiv som går ut over det å legge til rette for auka bruk av fellestenester gjennom å vektlegge samordna utvikling og gjennomføring av politikk. Eit viktig tiltak i så måte er forsøksordninga med kjernegrupper som ei ny arbeidsform i departementa. Kjernegruppene er kjenneteikna ved at dei er oppretta på områder med samansette og komplekse utfordringsbilete, der mål og målgrupper er felles på tvers av mange departement, samordningsbehovet er på eit høgare nivå og tidshorisonten er lengre enn i ordinære tverrdepartementale grupper. Per i dag er det etablert kjernegrupper på følgjande område: Utsette barn og unge, kunnskapsgrunnlag for krisehandtering, klima og omstilling, vatn og avløp, forvaltnings- og kompetanseutvikling, sikker IKT og stram arbeidsmarknad. Forsøksordninga er følgjeevaluert av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring. Evalueringsrapport vart levert til departementet i juni 2024. Direktoratet si vurdering er at forsøka med kjernegrupper er vellykka. Forsøksordninga blir vidareført ut strategiperioden.
Viktige fellessatsingar i departementsfellesskapet i tida framover er mellom anna arbeidet til Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa og Digitaliseringsorganisasjonen til departementa med å ferdigstille, teste og setje i drift nye fellesfunksjonar, -tenester og infrastrukturar i nytt regjeringskvartal byggetrinn 1, jf. omtalen under mål 2 Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal. Vidare er arbeidet med å følgje opp Departementsakademiet i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa viktig. Departementsakademiet utviklar og tilbyr relevante kompetansetilbod over eit breitt spekter for alle tilsette i departementa. Topptilbodet i akademiet er ein erfaringsbasert master i offentleg forvaltning som blir levert av Universitetet i Bergen og Noregs Handelshøgskole.
Felles IKT for departementa
Program for felles IKT-tenester i departementsfellesskapet, frå no av omtalt som Programmet, skal gi Statsministerens kontor, alle departementa, Noregs utanriksstasjonar, Digitaliseringsorganisasjonen til departementa og Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa ei felles sikker, funksjonell, kostnadseffektiv og moderne IKT-løysing for behandling og deling av informasjon. Programmets gjennomføringsperiode løpar ut september 2027. Programmet blir styrt av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Forsvarsdepartementet i fellesskap.
Frå 1. januar 2025 vil Digitaliseringsorganisasjonen til departementa vere formelt etablert og i drift. Verksemda vil vere underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og vil ha ansvaret for levering av IKT-tenester til departementsfellesskapet. Verksemda vil levere plattformtenester og applikasjonar for forvaltning av ugradert skjermingsverdig og ugradert informasjon. I ein periode vil Programmet og verksemda sameksistere, og medan verksemda leverer drift og forvaltning til brukarane vil Programmet gradvis levere nye tekniske løysingar. Hovudføremålet med etableringa av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa er å samle fagkompetansen på IKT, og gjennom dette legge til rette for sikker og effektiv drift og forvaltning av IKT-tenester med god kvalitet og høg grad av god brukarvennlegheit i samsvar med beste praksis. Det har vore vurdert om det i staden for ein gradvis overgang mot ny løysing, er mogleg å forsere arbeidet med ei mellombels basisløysing. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Forsvarsdepartementet vurderer at dette vil vere ein omveg, som vil føre til større risiko for at ny felles IKT-plattform blir endå dyrare, meir kompleks, meir ressurskrevjande og ta lengre tid, enn viss ein startar arbeidet med ein permanent løysing med ein gong.
Frå 1. januar 2025 vil Forsvarsdepartementet si IKT-eining etablerast som ein eigen etat underlagt Forsvarsdepartementet. Etaten vil vere underleverandør av låggraderte løysingar – Nasjonalt BEGRENSET nett.
Programmet vart vedtatt sett i verk av Stortinget gjennom behandlinga av Innst. 110 S (2022–2023) jf. Prop. 18 S (2022–2023) Endringar i statsbudsjettet 2022 under Forsvarsdepartementet med ei kostnadsramme på 1 392 mill. 2023-kroner inkl. mva. for endringstrinn 1 og 2.
Etter dataangrepet mot plattforma til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa sommaren 2023, har Programmet måtta gjennomføre ei re-planlegging av attståande aktivitetar og justeringar i målbiletet. Programmet har òg inkludert system for brukardialog og administrasjon (ITSM) og endringstrinn 3. I endringstrinn 3 er det planlagt stabilisering av ny teknisk løysing og avsluttande arbeid med sanering av plattformene til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet. Det vil innebere ytterlegare konsolidering av tenester og applikasjonar, standardisering og tilrettelegging for effektivisering og gevinstrealisering, og dessutan overføring av dokumentasjon og kunnskap til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa.
Dei oppdaterte estimata til Programmet har vore gjenstand for ekstern kvalitetssikring (kontrollpunkt). Ekstern kvalitetssikrar støttar Programmet sin oppdaterte grunnkalkyle og meiner at Programmet er lønsamt og bør førast vidare. Løysingsforslaget blir vurdert som fornuftig, samstundes som det blir peika på uvisser i den vidare gjennomføringa. Først og fremst er dette uvisser Programmet ikkje eig sjølv, og som Forsvarsdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet aktivt vurderer tiltak for å redusere. Uvissa er inkludert i ekstern kvalitetssikrar si tilråding til ei oppdatert kostnadsramme for Programmet.
Ekstern kvalitetssikrar si tilråding er lagt til grunn for forslag til oppdatert kostnads- og styringsramme for Programmet, for endringstrinn 1, 2 og 3 etter dataangrepet mot plattforma til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa. Forslaget er skissert i proposisjonen til Forsvarsdepartementet.
Oppfølging etter dataangrepet mot IKT-plattforma for 12 departement sommaren 2023
Sommaren 2023 vart IKT-plattforma for 12 departement som er drifta av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa utsett for eit dataangrep. Ein avansert og ressurssterk trusselaktør kom seg inn på e-postserverane på plattforma via løysinga for synkronisering av e-post for mobile einingar. Tryggingsholet var ein såkalla 0-dags sårbarheit. Holet vart tetta kort tid etter at det vart oppdaga. Som følgje av at trusselaktøren var inne på serverane, vart e-postserverane på plattforma til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa kompromitterte.
Det vart sett i verk ei rekke risikoreduserande tiltak i 2023 som følgje av dataangrepet. Departementet bad Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa stengje ned serverane for synkronisering av e-post og dei kompromitterte serverane for e-post. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa fekk i oppdrag å utvide sikkerheitsovervakinga av IKT-plattforma, og etablere ei ny, mellombels løysing for e-post og synkronisering av e-post. Som eit risikoreduserande tiltak vart ikkje historiske data overført til ny løysing for e-post i sky. Tiltaka vil halde fram heilt til ny felles IKT-løysing for departementa er etablert.
Mål 2 Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal
Bygginga av nytt regjeringskvartal starta i januar 2021. Byggetrinn 1 består av bygging av A- og D-blokka, rehabilitering av Høgblokka (H-blokka), kjellar, og etablering av uteområde og perimetersikring. I tillegg er det arbeid på Ring 1, etablering av energiløysing og sikker teknisk infrastruktur, og erverv av eigedom i samband med bygginga. Etter planen skal Statsministerens kontor og fire departement flytte inn frå årskiftet 2025–2026.
Departementet er saman med Statsbygg og Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa i gang med å planlegge sluttfasen av byggetrinn 1. Digitaliseringsorganisasjonen til departementa vil bidra i dette arbeidet frå 1. januar 2024. Dette inneber mellom anna å planlegge for sjølve flytteprosessen og sørgje for god drift i departementa gjennom flytteperioden. Regjeringa kjem tilbake til spørsmålet om å føre dei innleigde erstatningslokala tilbake, til lågast mogleg kostnad.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet legg til grunn tett oppfølging og stram kostnadsstyring av prosjekt nytt regjeringskvartal. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart kostnadsramma for byggetrinn 1 auka frå 22,6 mrd. kroner til 23,7 mrd. kroner (prisnivå per 1. juli 2023). Kostnadsramma vart justert på grunn av ekstraordinær prisvekst i byggenæringa, og auke i kostnadar til kjøp av Oslo hovudbrannstasjon. I prisnivå per 1. juli 2025 utgjer den nye kostnadsramma 24,5 mrd. kroner. Departementet gjennomfører ein årleg ekstern kvalitetssikring av kostnadar og usikkerheit, sist våren 2024. Statsbygg og den eksterne konsulenten Dovre meiner at P85 er godt innanfor kostnadsramma som er godkjend av Stortinget.
Frå årsskiftet 2024–2026 flyttar Statsministerens kontor og dei første departementa inn i første byggetrinn av nytt regjeringskvartal. Samlokaliseringa av departementa i nytt regjeringskvartal vil legge til rette for nye arbeidsformer og tettare samspel mellom einingar og departement.
Lokala skal vere med på å styrke departementsfellesskapet si evne til å samarbeide på tvers og løyse komplekse samfunnsoppdrag.
Arbeidet med sikker teknisk infrastruktur starta i 2014, jf. Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014. Første fase av sikker teknisk infrastruktur var ferdig i 2019. Fase to av sikker teknisk infrastruktur er forsinka frå hausten 2024 til 2025. Sluttprognosen ligg no tett opp til kostnadsramma. Forsinkinga i prosjektet inneber auka risiko for at kostnadsramma ikkje held. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har etablert tettare oppfølging av prosjektet i sluttfasen med sikte på å halde kostnadane innanfor ramma godkjent av Stortinget.
Regjeringskvartalet vil bruke sjøvatn som energiforsyning. Arbeidet med energiløysinga starta i 2019, og anlegget er langt på veg ferdig. Prøvedrift startar i februar 2025. Kostnadsramma var i 2019 1,4 mrd. kroner. Revidert kostnadsramme (P85) på 3,2 mrd. kroner vart godkjend av Stortinget juni 2021. Statsbyggs prognose for sluttkostnaden er 2,2 mrd. kroner.
Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2023 startløyving og kostnadsramme for ombygging av Hammersborg- og Vaterlandstunnelen (Ring 1). Ring 1 skal byggast om for å tilfredsstille krav til sikkerheita i nytt regjeringskvartal. Prosjektet blir gjennomført i regi av Statens vegvesen, i nært samarbeid med Statsbygg. I samband med Stortingets behandling av Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023), vart ny kostnadsramme satt til 3,6 mrd. kroner (prisnivå per 1. juli 2024). Statens vegvesen signerte kontrakt med entreprenør i juni 2024, og anleggsarbeida starta opp sommaren 2024.
Kunnskapsdepartementet er oppdragsgivar for det permanente 22. juli-senteret i nytt regjeringskvartal. Prosjektet fekk startløyving i samband med Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2022. Planen er at senteret blir opna i 2026. Nærare omtale er gitt i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet.
Arbeidet med å etablere den nasjonale minnestaden etter 22. juli 2011 i regjeringskvartalet blir gjennomført i to fasar. Fase 1 består av konkurranse og utvikling av forprosjektet. Fase 2 omfattar detaljprosjektering og bygging. Kunst i offentlege rom har ansvaret for fase 1, i nært samarbeid med Statsbygg og 22. juli-senteret. AUF og Støttegruppa etter 22. juli har peika ut kvart sitt jurymedlem. Juryen valte i september 2024 tre skisser som konkurransedeltakarane arbeider vidare med. Planen er at juryen kårar ein vinnar våren 2025. Etter at det er kåra ein vinnar, vil det bli fremja forslag om kostnadsramme for etablering av den nasjonale minnestaden.
Kunst i offentlege rom har òg ansvaret for kunstprosjektet i nytt regjeringskvartal. Det vart i 2021 satt av totalt 105,5 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2025) til utsmykking i byggetrinn 1, inkludert kunst i uteområda. Fleire kunstnarar er valt til store verk som til dømes i «pyramiderommet» i A-blokka. Eksisterande kunst vil òg bli brukt i det nye regjeringskvartalet, til dømes vil kunstverket Grass Roots Square som sto utanfor R6, flyttast til Einar Gerhardsens plass. Det såkalla samhandlingsstrøket, eit fellesområde for alle departementa, vil i stor grad bli utsmykka med eksisterande kunst.
Eit viktig tryggingstiltak for nytt regjeringskvartal er etableringa av eit eksternt kontrollsenter for post og varer på Mastemyr i Nordre Follo kommune, for leveransar innanfor ytre perimeter. Eksternt kontrollsenter for post og varer skal etter planen vere klart for bruk frå 2025. Det same gjeld etablering av ein trafikkontrollsentral for kontroll av trafikk innanfor perimeteret for nytt regjeringskvartal.
Del 1 av byggetrinn 2 omfattar C-blokk, kjellarareal, rehabilitering av Møllergata 13, 13b og 15, og delar av parken over Ring 1. Del 2 av byggetrinn 2 er rehabilitering av G-blokka. Det er utarbeidd eit forprosjekt for del 1 av byggetrinn 2 som er kvalitetssikra eksternt. Regjeringa vurderer no prosjektet med Statsbyggs forprosjekt og den eksterne kvalitetssikringa som grunnlag, og vil kome tilbake til Stortinget på passande vis med ei vurdering av investering i del 1 av byggetrinn 2.
Regjeringa foreslår å løyve 500 mill. kroner til vidare framdrift i prosjektet på kap. 2445, post 31. Dersom prosjektet ikkje startar opp tidleg i 2025, vil det kome meirkostnader. Statsbygg har anslått meirkostnader ved eitt års forseinking til om lag 1,3 mrd. kroner.
Forslag om løyvingar til nytt regjeringskvartal i 2025 blir omtalt under programkategori 01.30.
Berekraftsmåla
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa leverer mange ulike fellestenester som treffer fleire av berekraftsmåla, mellom anna mål 11 og 12. Verksemda koordinerer arbeidet til departementsfellesskapet for miljøvennleg drift. Departementsfellesskapet har vedtatt felles miljøpolicy og miljømål for å redusere avfall, auke kjeldesorteringa, gjennomføre meir miljøvennlege innkjøp og redusere flyreiser. Eit viktig område som verksemda bidrar til er arbeidet med innovasjon og sirkulær økonomi innan avfallsområdet.
Fleire berekraftsmål er relevante for arbeidet med nytt regjeringskvartal som Statsbygg gjer. Statsbygg har over tid arbeidd systematisk med berekraft, sjå omtale under programkategori 01.30.
Kap. 1510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
853 098 |
762 891 |
675 367 |
21 |
Særskilde driftsutgifter, kan overførast |
73 272 |
76 066 |
|
22 |
Fellesutgifter |
146 295 |
151 491 |
146 048 |
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
54 077 |
66 510 |
21 578 |
46 |
Sikringsanlegg og sperresystem, kan overførast |
15 131 |
12 958 |
10 667 |
Sum kap. 1510 |
1 141 873 |
1 069 916 |
853 660 |
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa skal levere gode, sikre og effektive fellestenester til departementa og Statsministerens kontor. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa leverer tenester innanfor hovudområda HR-tenester, fasilitetstenester inkludert innkjøp og vakt- og resepsjonstenester inkludert tekniske sikringssystem.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og andre driftsutgifter for Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa. I tillegg dekker løyvinga utgifter til fellestenester for departementa og Statsministerens kontor.
Rapport
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa leverte 39 tenester fordelte på fire tenesteområder – HR-tenester, fasilitetstenester inkludert innkjøp, digitale tenester og vakt- og resepsjonstenester – ved utgangen av 2023.
2023 var eit utfordrande år for Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, prega av krisehandtering. Sommaren 2023 vart det gjennomført eit dataangrep mot IKT-plattforma som er forvalta og drifta av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa og brukt av 12 departement. Dette førte til at dei 12 departementa måtte få ei ny e-postløysing, og den gamle vart stengt ned. Angrepet har skapt utfordringar som Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa framleis jobbar med å løyse. Verksemda har prioritert stabil og sikker drift. Sjå òg omtale av dataangrepet mot IKT-plattforma sommaren 2023 under mål 1 Departementa mottek sikre og effektive fellestenester med riktig kvalitet.
Departementsakademiet vart lansert 1. september 2023. Akademiet tilbyr mellom anna ein erfaringsbasert master i offentleg forvaltning levert av Universitetet i Bergen og Noregs Handelshøgskole. Dette er eit sentralt tiltak i Departementsstrategien Gode hver for oss. Best sammen. (2021–2025).
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa har bidratt mykje i etableringa av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa og vore ein sentral bidragsytar i arbeidet med det nye regjeringskvartalet.
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa har handtert fleire aksjonar med sivil ulydnad retta mot departementsfellesskapet.
Servicesenteret til staten i Engerdal, som er ein del av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, fekk tre nye statlege etatar som kundar i 2023, takka vere målretta arbeid og fornøgde kundar.
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa har auka talet på læreplassar og fagdisiplinar i 2023, og har etablert eit samarbeid med Oslo Met for å heve kvaliteten på utdanninga. Alle lærlingane som tok fagbrev i perioden 2017–2023 bestod fagprøva.
Trass i utfordringane som dataangrepet medførte, har Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa i 2023 levert effektive tenester i tråd med dei måla og forventningar som er stilte til ein hovudleverandør av fellestenester til departementsfellesskapet. Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa fekk ansvaret for å levere nye tenester, samstundes som dei prioriterte stabil og sikker drift av eksisterande tenester.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa skal:
-
tilby fleksible, sikre, skalèrbare og kostnadseffektive tenester som varetek behovet til regjeringa, Statsministerens kontor og departementa
-
saman med Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, etablere, drifte og forvalte heilskaplege og saumlause tenester for departementa
-
vareta objektsikkerheita for departementa sine verdiar
-
bidra i arbeidet med nytt regjeringskvartal, mellom anna gjennom klargjering av eksternt kontrollsenter for post og varer på Mastemyr, klargjering av trafikkontrollsentral i regjeringskvartalet, utarbeiding av tenestekonsept og bidrag til sluttfasen av byggetrinn 1 for nytt regjeringskvartal
-
bidra i oppfølginga av strategien for departementsfellesskapet 2021–2025
-
i samråd med styringsgruppa for effektiv informasjonsutveksling mellom regjeringa og Stortinget og stortingsadministrasjonen, føre vidare arbeidet med å effektivisere lovprosessen
Det blir foreslått å auke løyvinga med 32 mill. kroner, for å dekke praktiske bindingar i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa i samband med at verksemda skal ferdigstille, teste og setje i drift nye fellesfunksjonar, fellestenester og infrastrukturar i nytt regjeringskvartal byggetrinn 1. Dette omhandlar drift av sikker teknisk infrastruktur og mellombelse kostnadar for Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa som følgje av etablering av nytt regjeringskvartal.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 14 mill. kroner, for å dekke drift av eksternt kontrollsenter for post og varer og trafikkontrollsentral i nytt regjeringskvartal.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 17,2 mill. kroner, for å halde oppe nødvendig driftsnivå i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, mot en reduksjon på 12,2 mill. kroner av løyvinga på post 45, jf. omtale under post 45.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner, for å dekke kostnadar til lisensar for Nasjonalt BEGRENSET Nett.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 23,4 mill. kroner, som følgje av overføring av tenester frå Utanriksdepartementet knytte til omsetjing og EØS-omsetjing.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 172,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1515, post 01. Dette som følgje av at området digitale tenester skal overførast til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa frå 2025.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 24,3 mill. kroner, som følgje av at Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa ikkje lenger skal ha ansvar for tiltak i samband med dataangrepet mot IKT-plattforma til dei 12 departementa sommaren 2023. Dette omhandla mellom anna auka driftsutgifter til mellombels e-postløysing og utvida tryggingsovervaking av IKT-plattforma som vart utsett for angrepet. Tiltaka blir vidareførte av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1515, post 01.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 720 000 kroner, som følgje av overføring av tenester frå Barne- og familiedepartementet knytte til kompetansetenester.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 52 000. kroner, mot tilsvarande reduksjon av kap. 1500, post 01, for å dekke lisensar til JobbNorge, jf. omtale under kap. 1500, post 01.
Samla blir det foreslått å løyve 675,4 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4510, postane 02 og 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga har dekt delar av IKT-tenestene som Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa har levert til departementa på felles IKT-plattform. Frå 2025 er ansvaret for IKT-tenestene til departementa overført til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 79 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1515, post 21.
Post 22 Fellesutgifter
Løyvinga dekker husleige for fellesareal for departementa og avtala til statsforvaltninga med Kopinor. Løyvinga har til og med 2024 dekt kostnadar for avtaler for drift og vedlikehald og kostnadar for utvikling av nettstaden regjeringen.no.
Det blir foreslått å overføre ansvaret for avtalene for drift og vedlikehald og utvikling av nettstaden regjeringen.no til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa frå 2025. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 11,2 mill. kroner, mot tilsvarande auke av løyvinga til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1515, post 01.
Det blir foreslått å løyve 146 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal dekke utgifter til investeringar, vedlikehald, utskifting av utstyr og utviklingskostnader til tenesteleveransar innanfor hovudområda HR-tenester, fasilitetstenester, inkludert innkjøp, og vakt- og resepsjonstenester.
Rapport
Løyvinga vart mellom anna brukt til vidareutvikling av løysinga for dokumenta frå regjeringa til Stortinget og Noregs offentlege utgreiingar, modernisering av løysing for spørsmål og svar frå Stortinget, oppdatering av samhandlingsløysinga for departementa, og oppgradering av IKT-plattforma til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, som følgje av at mykje av det resterande arbeidet med oppgradering av IKT-plattforma for 13 departement vart ferdigstilt i 2024.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på post 01, jf. omtale under post 01.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1515, post 01.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 27 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1515, post 45.
Det blir foreslått å løyve 21,6 mill. kroner.
Post 46 Sikringsanlegg og sperresystem, kan overførast
Løyvinga dekker utgiftene til vedlikehald av elektroniske sikringsanlegg og sperresystem i regjeringsbygga. Løyvinga skal bidra til at tekniske sikringssystem og sperresystem støttar opp under felles grunnsikring for departementsbygningane i regjeringsbygga.
Rapport
Frå 2022 begynte investeringar i sikringsanlegg i nytt regjeringskvartal å erstatte investeringar i noverande regjeringskvartal. Det er avklart at Statsbygg skal overta det overordna ansvaret for sikringsanlegga i nytt regjeringskvartal.
Løyvinga vart i all hovudsak brukt til investeringar og vedlikehald av elektroniske tryggingssystem, kameraovervaking og teknisk sikringsutstyr og dessutan vedlikehald av køyretøysperrer.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,8 mill. kroner, som følgje av tilbakeføring av midlar til kameraovervaking til departementa.
Det blir foreslått å løyve 10,7 mill. kroner.
Kap. 4510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
02 |
Diverse inntekter |
90 049 |
44 293 |
45 376 |
03 |
Brukarbetaling |
118 681 |
73 446 |
43 037 |
Sum kap. 4510 |
208 730 |
117 739 |
88 413 |
Post 02 Diverse inntekter
På posten blir det ført betaling for standard- og tilleggstenester til Høgsterett, Statsbygg og driftsinntekter for Statens servicesenter i Engerdal. Inntekter frå Statsbygg er i hovudsak betaling for bidrag inn i prosjekt nytt regjeringskvartal. Storleiken på beløpet varierer med arbeidet i prosjekta.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 4515, post 01.
Det blir foreslått å løyve 45,4 mill. kroner.
Post 03 Brukarbetaling
På posten blir det ført brukarbetaling for tilleggstenester til departementa og Statsministerens kontor.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 33,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 4515, post 02.
Det blir foreslått å løyve 43 mill. kroner.
Kap. 1511 Prosjekt tilknytte nytt regjeringskvartal
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
25 |
Prosjektstyring, kan overførast |
6 583 |
4 520 |
4 642 |
30 |
Ombygging av Ring 1, kan overførast |
53 160 |
545 000 |
750 000 |
Sum kap. 1511 |
59 743 |
549 520 |
754 642 |
Post 25 Prosjektstyring, kan overførast
Løyvinga skal dekke innkjøp av fagleg hjelp og utgreiingar til departementet sitt arbeid med nytt regjeringskvartal for å sikre god styring av prosjektet. Det omfattar vurderingar av sikkerheitsspørsmål, gevinstrealisering og prosjektstyring.
I 2023 vart løyvinga brukt til å styrkje kapasiteten og kompetansen i departementet for å bidra til god styring av prosjektet. Det vart òg brukt midlar på hjelp til arbeidet med gevinstrealisering, i tillegg til eksterne kvalitetssikringar av styringsunderlag i prosjektet.
Det blir foreslått å løyve 4,6 mill. kroner.
Post 30 Ombygging av Ring 1, kan overførast
Løyvinga skal dekke kostnadar for ombygginga av Hammersborg- og Vaterlandstunnelen (Ring 1) for å vareta nødvendig sikkerheit for nytt regjeringskvartal.
Løyvinga blir i 2024 i hovudsak brukt til anskaffinga av samspillskontrakten, andre førebuingar til anleggsstart og oppstart av anleggsarbeida. Kontrakt med entreprenør vart inngått i juni 2024. Samferdselsdepartementet er oppdragsgivande departement overfor Statens vegvesen som ansvarleg byggherre. Det blir elles vist til omtale under mål 2 Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal.
I 2025 vil midlane bli brukt til å vidareføre anleggsarbeida. Prosjektet er venta opna for trafikk i 2027.
Det blir foreslått å løyve 750 mill. kroner.
Kap. 1512 Diverse fellestenester
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
23 |
Husleige for fellesareal m.m. |
125 667 |
129 809 |
134 742 |
27 |
Sak- og arkivløysing, kan overførast |
55 129 |
66 447 |
44 312 |
Sum kap. 1512 |
180 796 |
196 256 |
179 054 |
Post 23 Husleige for fellesareal m.m.
Løyvinga skal dekke husleige for ledige areal i departementslokala, kapitalkostnadar for sikker teknisk infrastruktur fase 1, utgifter til erstatningslokale og andre følgjekostnadar knytte til regjerningslokala. Det blir foreslått å løyve 134,7 mill. kroner.
Post 27 Sak- og arkivløysing, kan overførast
Løyvinga skal dekke utgifter for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Digitaliseringsorganisasjonen til departementa til innføring av ny sak- og arkivløysing for Statsministerens kontor og departementa.
Rapport
I 2023 har Prosjekt ny sak- og arkivløysing jobba med førebuingar, klargjering og innføring av Public 360 i det første departementet. Forsvarsdepartementet har sidan september 2023 brukt Public 360. Etter innføringa i Forsvarsdepartementet har prosjektet jobba med forbetringar av løysinga basert på innmelde saker.
Innføring i Statsministerens kontor starta òg opp seinhausten 2023, og vart ferdig våren 2024.
Dataangrepet mot IKT-plattforma for 12 departement i 2023, har forseinka arbeidet med etablering av ny felles IKT-plattform for departementsfellesskapet. Det har gjennom hausten 2023 vore greidd ut og vurdert moglegheiter for å forsere arbeidet med etableringa, men dette lèt seg ikkje gjere, jf. omtala under mål 1 Felles IKT for departementa. Fordi den nye saks- og arkivløysinga skal leggast på den nye IKT-plattforma, er det uvisst når innføringa kan starte opp i dei andre departementa. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vurderer kva som bør gjerast med Prosjekt ny saks- og arkivløysing fram til ny plattform er tilgjengeleg.
Det blir foreslått å løyve 44,3 mill. kroner.
Kap. 1515 Digitaliseringsorganisasjonen til departementa
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
374 691 |
||
21 |
Særskilde driftsutgifter |
78 957 |
||
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
316 600 |
||
Sum kap. 1515 |
770 248 |
Digitaliseringsorganisasjonen til departementa vil vere formelt etablert og i drift frå 1. januar 2025, jf. omtala under mål 1 Felles IKT for departementa. Verksemda skal levere gode, sikre og effektive digitale fellestenester til departementa og Statsministerens kontor. Digitaliseringsorganisasjonen til departementa vil levere plattformtenester og applikasjonar for forvaltning av ugradert skjermingsverdig og ugradert informasjon.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og andre driftsutgifter for Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. I tillegg dekker løyvinga utgifter til digitale fellestenester for departementa og Statsministerens kontor.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Digitaliseringsorganisasjonen til departementa skal:
-
tilby fleksible, sikre, skalerbare og kostnadseffektive digitale tenester som varetek behovet til regjeringa, Statsministerens kontor og departementa
-
saman med Tryggings- og serviceorganisasjonen, etablere, drifte og forvalte heilskaplege og saumlause tenester for departementa
-
saman med Program for felles IKT-tenester, etablere ei ny felles funksjonell, sikker, kostnadseffektiv og moderne IKT-løysing for behandling og deling av digital informasjon internt og eksternt, for departementa og Statsministerens kontor
-
bidra i arbeidet med nytt regjeringskvartal, mellom anna gjennom klargjering av IKT-tenester i nytt regjeringskvartal
Det blir foreslått å løyve 83,7 mill. kroner, som følgje av overføring av IKT-miljøet i Utanriksdepartementet til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa.
Det blir foreslått å løyve 21 mill. kroner, som følgje av overføring av IKT-miljøet i Justis- og beredskapsdepartementet til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa.
Det blir foreslått å løyve 187,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1510, post 01, 22 og 45. Dette som følgje av overføring av IKT-miljøet i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa.
Det blir foreslått å løyve 43 mill. kroner, for å dekke nødvendige utgifter til administrative funksjonar og husleige til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa.
Det blir foreslått å løyve 23,2 mill. kroner, som følgje av vidareføring av tiltak i samband med dataangrepet IKT-plattforma til dei 12 departementa sommaren 2023. Dette omhandlar mellom anna driftsutgifter til mellombels e-postløysing og utvida tryggingsovervaking av IKT-plattforma som vart utsett for angrepet.
Det blir foreslått å løyve 14 mill. kroner, for å dekke ekstrautgifter til den nye løysinga for synkronisering av e-post for departementa på dagens felles IKT-plattform, og for å dekke utgifter til drift av løysinga for samhandling på Nasjonal BEGRENSET nett.
Det blir foreslått å løyve 2,3 mill. kroner, som følgje av overføringar frå departementa og Statsministerens kontor for SoMe-tenesta.
Det blir foreslått å løyve 196 000 kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 1500, post 01, for å dekke lisensar til WebSak, jf. omtale under kap. 1500, post 01.
Samla blir det foreslått å løyve 374,7 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4515, postane 01 og 02, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Løyvinga skal dekke delar av IKT-tenestene som Digitaliseringsorganisasjonen til departementa skal levere til departementa på dagens felles IKT-plattform.
Det blir foreslått å løyve 79 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1510, post 21.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga skal dekke utgifter til investeringar, vedlikehald, utskifting av utstyr og utviklingskostnader til tenesteleveransar innanfor digitale tenester. Løyvinga skal brukast til investeringar, vedlikehald og utskifting av utstyr innanfor områda der Digitaliseringsorganisasjonen til departementa leverer tenester til departementsfellesskapet.
Det blir foreslått å løyve 27 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 1510, post 45.
Det blir foreslått å løyve 289,6 mill. kroner, for å få på plass nødvendig IKT-utstyr i nytt regjeringskvartal byggetrinn 1. Dette skal gå til å dekke kostnadar knytte til etablering av kommunikasjonsinfrastruktur, flytting og reetablering av datasenter, etablering av delte og personlege IKT-tenester og felleskostnader.
Samla blir det foreslått å løyve 316,6 mill. kroner.
Kap. 4515 Digitaliseringsorganisasjonen til departementa
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Diverse inntekter |
600 |
||
02 |
Brukarbetalinger |
33 200 |
||
Sum kap. 4515 |
33 800 |
Post 01 Diverse inntekter
På posten blir betaling ført for standard- og tilleggstenester til Høgsterett og Statsbygg. Storleiken på beløpet varierer med arbeidet i prosjekta.
Det blir foreslått å løyve 0,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 4510, post 02.
Post 02 Brukarbetaling
På posten blir brukarbetaling ført for tilleggstenester til departementa og Statsministerens kontor.
Det blir foreslått å løyve 33,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga til Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, jf. omtale under kap. 4510, post 03.
Programkategori 01.20 Statsforvaltarane
Utgifter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
1520 |
Statsforvaltarane |
2 121 375 |
2 360 876 |
2 480 679 |
5,1 |
Sum kategori 01.20 |
2 121 375 |
2 360 876 |
2 480 679 |
5,1 |
Inntekter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
4520 |
Statsforvaltarane |
69 995 |
89 047 |
92 431 |
3,8 |
Sum kategori 01.20 |
69 995 |
89 047 |
92 431 |
3,8 |
Innleiing
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgt opp. Statsforvaltaren sitt ansvar er fastsett i instruksen for statsforvaltarane.
Regjeringa har gitt Statsforvaltaren eit særleg ansvar for regional samordning innan samfunnssikkerheit og beredskap.
Statsforvaltarens fellestenester leverer administrative tenester som støtter opp under samfunnsoppdraget til statsforvaltarane.
Mål for programkategorien
-
Nasjonal politikk er kjent og iverksett
-
Statleg verksemd er godt samordna på regionalt nivå
-
Rettstryggleiken er einskapleg varetatt
Mål 1 Nasjonal politikk er kjent og iverksett
Statsforvaltaren utfører sektoroppgåver på sentrale samfunnsområde på vegne av fleire departement. Departementa har direkte instruksjonsmyndigheit overfor statsforvaltaren på sine ansvarsområde. Som sektormyndigheit skal statsforvaltaren gjennom rettleiing, dialog, kontroll og tilsyn med kommunane, fylkeskommunane og andre offentlege og private tenesteleverandørar medverke til å setje i verk nasjonal politikk.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statsforvaltaren skal gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og tiltak som styrkjer kompetansen, bidra til at kommunane varetar sitt ansvar for dei sosiale tenestene på ein god måte og at kommunane yter forsvarlege sosiale tenester som oppfyller krav i regelverket. Statsforvaltaren skal bidra til at kommunane i samsvar med føremålet til lova gir konkrete, individuelle vurderingar i alle saker, medrekna vurderingar som særleg varetek behovet til barna. Statsforvaltaren skal òg vere ein pådrivar for god tilgjengelegheit til dei sosiale tenestene.
Statsforvaltaren skal gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og rettleiing med integreringslova og introduksjonslova bidra til at kommunane tilbyr flyktningar eit godt kvalifiseringstilbod i tråd med regelverket.
Barne- og familiedepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til at utsette barn og unge blir følgde opp og får samordna og heilskaplege kommunale tenester.
Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar og legge til rette for at kommunane prioriterer tiltak for å motverke og førebygge fattigdom blant barnefamiliar.
Statsforvaltaren skal bidra til at kommunane varetar ansvaret for å avdekke og forebygge vald og overgrep, og at valdsutsette blir sikra eit heilskapleg krisesentertilbod.
Statsforvaltaren skal følgje opp kompetansetiltak i barnevernet, og bidra til å identifisere og motivere barnevernstenester med behov for kompetanseheving og rettleiing. Statsforvaltaren skal vidare etablere og følgje opp læringsnettverka i kommunane mellom anna på fosterheimsområdet og drøfte tilstanden og utviklingsbehovet i barnevernstenestene. Statsforvaltaren skal òg bidra til å styrkje styring og leiing i barnevernet, mellom anna ved nettverk for barnevernsleiarane.
Tilsyn er viktig for kvalitet og tryggleik i barneverntenestene. Tilsynet skal støtte opp under den leiing og styring som er nødvendig for å sikre at tenestene møter behova til barna.
Helse- og omsorgsdepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til å setje i verk nasjonal politikk i helse- og omsorgstenestene, gjennom å gjere regelverksendringar, forventningar og tiltak i proposisjonar og meldingar kjend for kommunane.
Statsforvaltaren skal vere pådrivar for eit styrkt kunnskapsbasert og tverrsektorielt folkehelsearbeid på lokalt og regionalt nivå, mellom anna gjennom råd og rettleiing til kommunar og fylkeskommunar. Statsforvaltaren skal støtte opp under innsatsen til kommunane for auka helsekompetanse i befolkninga, der òg livsløpsperspektivet blir varetatt.
Statsforvaltaren skal støtte opp under målet om gode og likeverdige helse- og omsorgstenester gjennom heile livsløpet, og bidra til å implementere gjeldande strategiar og handlingsplanar i helse- og omsorgstenestene, og dessutan rettleie om faglege råd og tilrådingar for tenestene.
Statsforvaltaren skal ha god oversikt over tilstand, utviklingstendensar og utviklingsbehov innanfor heile spekteret av helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeidet i fylket. Basert på oversikta skal statsforvaltaren gi råd og rettleiing overfor aktørar i fylket og nasjonale styresmakter.
Lovpålagde oppgåver vil òg i 2025 vere høgt prioritert. Departementet legg til grunn fem overordna prioriteringar innanfor statsforvaltaren si rolle som iverksetjar på området: God helse og meistring i befolkninga uavhengig av sosial bakgrunn, gode pasientforløp og rask tilgang til tenester i heile landet, helse- og omsorgstenesta som ein attraktiv arbeidsstad i eit livslangt karriereløp, berekraftig og rettferdig ressursbruk, og at helse- og omsorgssektoren er førebudd i møte med kriser og katastrofar.
Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å følgje opp om tenestene har kvalitet, verknad og tryggleik som følgje av regelverket og overordna styringskrav. Førebyggande tilsyn skal vere risikobasert med søkjelys på leiing, styring og internkontroll. Oppfølging av uønskte hendingar og tilsynssaker skal hjelpe fram tenestene sin eigen aktivitet for å rette forholda.
Justis- og beredskapsdepartementet
Det forverra tryggingspolitiske trusselbiletet vil saman med konsekvensane av klimaendringar stille store krav til regional og lokal motstandskraft. Statsforvaltaren si evne til å følgje opp, prioritere, understøtte og rettleie kommunane er ein føresetnad for å kunne lykkast med å styrkje den nasjonale tryggleiken og samfunnstryggleiken.
Statsforvaltaren si rolle i samfunns- og arealplanlegging er vesentleg for å sikre ei robust samfunnsutvikling der omsyn til både klimaendringane og nasjonal tryggleik er hegna om. Endringar som følgje av det grøne skiftet og nye energiformer må bli gitt merksemd i samfunnstryggleiksarbeidet.
Klima- og miljødepartementet
Statsforvaltaren er viktig for iverksetjinga av nasjonal klima- og miljøpolitikk. Statsforvaltaren skal bidra til å ta vare på natur og økosystem, redusere utslepp av miljøgifter og næringsstoff i naturen, og sørgje for at klima- og miljøomsyn blir varetatt i samfunns- og arealplanlegging. Embeta har eit breitt spekter av oppgåver knytte til å setje i verk nasjonal klima- og miljøpolitikk, mellom anna utøving av forvaltningsstyresmakt, formidling av kunnskap og rettleiing til kommunar, næringsliv og andre aktørar.
Kommunal- og distriktsdepartementet
Statsforvaltaren skal vareta heilskap og effektivitet i areal- og samfunnsplanlegginga, jf. Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027. Statsforvaltaren skal òg bidra til å identifisere tiltak for meir effektive planprosessar og betre plankvalitet.
Statsforvaltaren skal bidra til sosialt berekraftige lokalsamfunn gjennom å rettleie kommunane til å ta bustadsosiale omsyn i planlegginga.
Det er eit overordna nasjonalt mål at kommunane utviklar ei berekraftig og sunn økonomiforvaltning. Statsforvaltaren skal fortsette å jobbe aktivt med kommuneøkonomi og prioritere oppfølging av kommunar i ROBEK og andre kommunar i økonomisk ubalanse.
Statsforvaltaren skal vere ein ressurs for bygdevekstpilotane i arbeidet med handlingsplanar, og rettleie ved behov. Statsforvaltaren skal òg utforske samarbeidsformer og tidleg dialog med kommunane i aktuelle prosessar. Statsforvaltaren skal samarbeide med pilotkommunane om konkretisering og gjennomføring av tiltak i handlingsplanane, i tråd med føremålet med ordninga.
Kunnskapsdepartementet
Statsforvaltaren skal støtte innføringa av ny opplæringslov med forskrifter. Statsforvaltaren skal forvalte og medverke til utvikling av tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring i samband med innføring av nytt system for kompetanse- og karriereutvikling.
Statsforvaltaren skal støtte, legge til rette og stimulere barnehage- og skuleeigarar i arbeidet deira med lokal kompetanseutvikling. Statsforvaltarane skal rettleie eigarane i eigna bruk av nasjonale ordningar og verkemidlar, inkludert tilskotsordningar og ressursar for kvalitets- og kompetanseutvikling, og skal særskilt følgje opp kommunar med kvalitetsutfordringar gjennom oppfølgingsordninga. Oppfølgingsordninga skal bidra til at kommunar med svake resultat på sentrale område av opplæringa over tid, får hjelp til å skape betre læringsmiljø og læringsresultat for elevane i kommunen.
Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren er statleg sektorstyresmakt regionalt, og kompetansesenter for kommunane på landbruksområdet. I rolla som kompetansesenter bidrar statsforvaltaren til at nasjonal politikk blir gjennomført, og at kommunane blir medvetne deira samla rolle og ansvar som landbruksstyresmakt. God forvaltning og kontroll av økonomiske og juridiske verkemiddel utgjer ein viktig del av oppfølginga av kommunane.
Statsforvaltaren bidrar til eit berekraftig skogbruk med konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder, og sørgjer for at prioriteringane til regjeringa av skogtiltak i klimasamanheng blir følgde opp.
Statsforvaltaren er sentral i iverksetting av jordbrukspolitikken, gjennom forvaltning av verkemiddel og dialog med næring, kommunar og regionalt verkemiddelapparat. Statsforvaltaren bidrar til at klimaavtala med jordbruket følgjast opp gjennom vidareformidling av kunnskap om det samla klimagassutsleppet frå jordbruket, innsats knytt til utsleppsreduksjonar og opptak og lagring av karbon.
Statsforvaltaren er førstelinje for reindriftsnæringa, og gir råd og rettleiing for å legge til rette for auka produksjon og lønsemd i næringa. Statsforvaltaren er reindriftsfagleg kontaktpunkt og bidrar til effektiv og kunnskapsbasert forvaltning av reindrifta.
Mål 2 Statleg verksemd er godt samordna på regionalt nivå
Statsforvaltaren er det einaste regionale organet med fullmakt til å ta initiativ til samordning overfor andre statlege etatar på same nivå. Oppgåva er i hovudsak grunngitt ut frå eit ønske om ei effektiv statsforvalting og omsyn til brukarar, og handlar om staten si evne til å realisere nasjonale mål på tvers av nivå og sektorar, og samordning av staten si styring av kommunane.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statsforvaltaren skal, mellom anna gjennom tilsyn, bidra til at dei sosiale tenestene samarbeider med andre velferdstenester der det er nødvendig for brukarane. Dette gjeld òg for barn og unge som har behov for eit samansett tenestetilbod.
Statsforvaltaren skal bidra til samarbeid mellom stat, fylkeskommunar og kommunar i arbeidet med busetjing av flyktningar. Enkelte statsforvaltarar deltek i Nasjonalt utval for busetting av flyktningar. Utvalet blir leia av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
Barne- og familiedepartementet
Statsforvaltaren er pådrivar for samarbeid og samordning mellom kommunar, fylkeskommunar, sektorar, tenester og institusjonar som arbeider for og med barn og unge og familiane deira. Statsforvaltaren har ei viktig rolle i å følgje opp kommunar med stor risiko for svikt i tenestene. Statsforvaltaren skal sørgje for at barnekonvensjonen blir lagt til grunn i dette arbeidet. Førebygging av at barn og unge blir utsett for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsproblem, jf. barnevernslova § 15-1, er eit kommunalt ansvar på tvers av alle sektorar og tenester. Statsforvaltaren skal sørgje for at kommunen tar eit heilskapleg ansvar, mellom anna ved at ansvaret til kommunane for førebygging blir gjort tydeleg for alle relevante tenester.
Tilsyn med barneverntenester skal ha vekt på tenestene sitt samarbeid med helsetenesta og andre velferdstenester for å bidra til at barn får nødvendige tenester av rett kvalitet og tryggleik.
Helse- og omsorgsdepartementet
Statsforvaltaren har ei viktig rolle som regionalt ledd i beredskapsarbeidet i sektoren. Statsforvaltaren skal bidra til koordinering og samordning. Rolla er viktig, mellom anna for å hjelpe kommunar med tilgang på tilstrekkeleg personell.
Statsforvaltaren skal etablere regionale forum for koordinering av relevant planverk, og dessutan sørgje for koordinering og bidra til iverksetjing av tiltak ved atomhendingar. Statsforvaltaren skal bidra til å vareta omsynet til god folkehelse i regional og kommunal planlegging.
Statsforvaltaren skal bidra til at aktørane er koordinerte, og at innbyggarane opplever samanhengande og samordna tenester, både internt i helse- og omsorgstenestene og på tvers av velferdstenestene.
Rapportar frå det førebyggande tilsynet til statsforvaltarane er av vesentleg betyding for god kunnskap om kvalitet i tenesta. Det bør vere særleg merksemd retta mot overgangar og samarbeid mellom tenestene, både på individ- og systemnivå.
Justis- og beredskapsdepartementet
Statsforvaltaren si rolle som bindeledd mellom stat og kommune er sentral for å styrkje forsvaret si evne og den totale samfunnsberedskapen. Totalforsvarsarbeidet skal legge til rette for eit tettare samarbeid mellom Forsvaret og resten av samfunnet. For å utvikle eit totalforsvarskonsept tilpassa eit verre utfordringsbilete krevst samordning og samarbeid på tvers av sektorar og nivå. Statsforvaltarane skal legge til rette for felles arenaer og aktivitetar med andre regionale samfunnstryggleiksaktørar, og vere ein sentral aktør i planlegging og gjennomføring av Totalforsvarsåret 2026.
Statsforvaltaren må òg planlegge for å handtere langvarige kriser, og moglege samstundes hendingar, for å sikre tryggleik og velferd for befolkninga.
Klima- og miljødepartementet
I samarbeid med andre statlege aktørar skal statsforvaltaren bidra til at kommunane og næringslivet reduserer klimagassutsleppa sine og den samla sårbarheita i samfunnet for klimaendringar. Statsforvaltaren skal sørgje for at klimaomsyn blir vareteke i alle sektorar, og at kommunane legg dei statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing, og samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, til grunn i planprosessar.
Kommunal- og distriktsdepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til framtidsretta areal- og samfunnsplanlegging ved å gi eit heilskapleg bilete av staten sine forventningar og krav i planlegginga. Statsforvaltaren skal bidra til at oppfølging av nasjonale mål og ambisjonar blir tilpassa regionale og lokale forhold ved å samordne statlege motsegner før dei blir fremja for kommunane.
Statsforvaltaren skal bidra til regionalt samarbeid om ein forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Målet er at ingen skal vere bustadlause. Bustadlause skal raskt få tilbod om ein varig bustad. Barn og unge er prioriterte. Ingen skal bli bustadlaus etter lauslating frå fengsel, etter utskriving frå institusjon, etter opphald på krisesenter eller etter tiltak i barnevernet.
Statsforvaltarane skal fortsette å samordne statleg tilsyn med kommunesektoren for å sikre koordinerte, effektive og lærande tilsyn.
Statsforvaltaren skal legge til rette for koordinert dialog mellom samarbeidspartar i bygdevekstavtala i sin region, og aktuelle statlege etatar gjennom handlingsplanarbeidet, og avklare behov for ytterlegare styringssignal til bestemte statlege etatar i dialog med departementet. Som samarbeidspart i avtala skal statsforvaltaren støtte kommunane i tråd med føremålet med ordninga.
Kunnskapsdepartementet
Statsforvaltaren skal støtte, legge til rette for og stimulere til at utsette barn og unge blir følgde opp og får samordna og heilskaplege offentlege tenester.
Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren samarbeider med anna regional statleg forvaltning, fylkeskommunar og kommunar i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken. Gjennom dette arbeidet bidrar statsforvaltaren til at regjeringa sin oppdaterte jordvernstrategi med nye tiltak og eit forsterka jordvernsmål følgjast opp. I tillegg bidrar statsforvaltaren til å legge til rette for at reindriftsinteressene blir tatt hand om i planprosessar og utbyggingssaker, og som leiar av beredskapsutvala i reindrifta.
Mål 3 Rettstryggleiken er einskapleg varetatt
Statsforvaltaren er klagemyndigheit for enkeltvedtak og tilsynsmyndigheit etter særlovgivinga. Tilsyn skal sikre at innbyggarane får oppfylt sine rettar til nødvendige tenester. Statsforvaltaren skal utføre desse myndigheitsoppgåvene med mest mogleg lik og einskapleg praksis.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med dei sosiale tenestene for å bidra til at brukarane får rettane sine oppfylt, og for å styrkje føresetnadene til tenesta for å gjennomføre forbetrings- og kvalitetsarbeid, under dette sikre at omsynet til medverknaden til barna og barna sitt beste blir varetatt. Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak treft etter sosialtenestelova.
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med kommunane si oppfylling av plikter etter introduksjonslova og integreringslova, og er klageinstans for enkeltvedtak treft etter desse lovene med tilhøyrande forskrifter.
Barne- og familiedepartementet
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med barnevernstenesta, og særleg følgje opp kommunar med store utfordringar på barnevernområdet, med råd og rettleiing og bruk av aktuelle tilsynsverkemiddel.
Statsforvaltaren skal òg føre tilsyn med barneverninstitusjonar i tråd med volumkrava i tilsynsforskrifta.
Statsforvaltaren skal føre tilsyn med at kommunane oppfyller pliktene etter krisesenterlova, føre tilsyn med familievernkontora, og behandle oppgåver knytte til ekteskapslovgivinga, heilagdagsfredlova, trussamfunnslova og gravplasslova. Statsforvaltaren skal òg bidra med å gi opplysningar om biologisk opphav og innsyn i adopsjonssaker gjort før 1999.
Helse- og omsorgsdepartementet
Statsforvaltaren er kontroll- og klagemyndigheit for enkeltvedtak og tilsynsmyndigheit etter særlovgivinga. Tilsyn skal bidra til at innbyggarane får oppfylt sine rettar til nødvendige tenester, uavhengig av kvar i landet ein bur. Dei skal bidra til forbetring av tenestene, og til at svikt blir førebygd, avdekt og følgd opp.
Justis- og beredskapsdepartementet
Verjemålsforvaltninga sørgjer for rettstryggleiken til personar som treng hjelp til å handtere sine økonomiske og personlege forhold. Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndigheit og skal behandle saker etter verjemålslova med tilhøyrande forskrifter i første instans, og utlendingslova kapittel 11 A med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren har òg ansvaret for opplæring og tilsyn av verjer i sitt område.
Statsforvaltaren behandlar saker i første instans etter rettshjelpslova med tilhøyrande forskrifter. Statens sivilrettsforvaltning er klageinstans og skal som etatsstyrar av statsforvaltarane på rettshjelpsområdet bidra til å sikre ein mest mogleg einsarta praksis og god kompetanse på rettsfeltet.
Klima- og miljødepartementet
Statsforvaltaren skal følgje opp verksemder innanfor område der dei er forureiningsstyresmakt, og sjå til at løyva er oppdaterte i samsvar med nytt regelverk. Statsforvaltarane skal sikre likebehandling og einskapleg praksis slik at konkurransevilkåra for industrien blir tilnærma like i heile landet. Arbeidet med konsesjonsbehandling og tilsynsaktivitet er gebyrbelagd etter prinsippet om at forureinar betaler.
Kommunal- og distriktsdepartementet
Statsforvaltaren behandlar saker etter plan- og bygningslova både i første instans og i klagesaker over vedtak fatta i kommunen. Statsforvaltaren skal i si saksbehandling bidra til å sikre at måla for plan- og bygningspolitikken blir vareteke på best mogleg måte. Statsforvaltaren skal òg rettleie kommunar, private partar, næringslivet og eventuelt andre brukarar i plan- og bygningslovgivinga.
Statsforvaltaren skal behandle klagesaker etter lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.
Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i kommunelova og tilhøyrande forskrifter.
Kunnskapsdepartementet
Myndigheitsoppgåver knytte til rettstryggleik er ein særs viktig oppgåve for statsforvaltaren på barnehage- og grunnopplæringsområdet. Tilsyn, klagebehandling og rettleiing er verkemidla til statsforvaltaren for å sikre at barn og unge får det tilbodet dei har rett på.
Statsforvaltaren skal følgje opp kommunar og fylkeskommunar som har utfordringar med barnehage- og skulemiljø. Dei skal årleg identifisere og rekruttere nye deltakarar til Læringsmiljøprosjektet, og dei skal følgje deltakarar som allereie har vært med i prosjektet. Læringsmiljøprosjektet har som føremål å gi eigar, leiar og tilsette i barnehage, skule og kommune direkte støtte og rettleiing i arbeidet med å fremje og utvikle eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø, og å førebygge og handtere mistrivnad og krenkingar.
Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren sørgjer for at system for kontroll og oppfølging av inntekts- og velferdspolitiske verkemiddel blir følgde, og sikrar likebehandling, rettstryggleik og kvalitet i lov- og tilskotsforvaltninga på landbruks- og matområdet.
Statsforvaltaren har system for internkontroll av tilskot til reindriftsnæringa, gjennomfører offentleg teljing av rein og skal aktivt følgje opp brot på reindriftslova og grensereinbeitelova.
Berekraftsmåla
Statsforvaltaren er ein sentral bidragsytar på fleire fagområde som støttar opp under berekraftsmåla. For å sikre ei balansert sosial, økonomisk og miljømessig utvikling, skal statsforvaltarane bidra til at berekraftsmåla er godt kommunisert, og til at dei ligg til grunn for den kommunale og fylkeskommunale planlegginga.
Kap. 1520 Statsforvaltarane
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
2 060 065 |
2 271 829 |
2 388 248 |
21 |
Særskilde driftsutgifter, kan overførast |
61 310 |
89 047 |
92 431 |
Sum kap. 1520 |
2 121 375 |
2 360 876 |
2 480 679 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke ordinære løns- og driftsutgifter for statsforvaltarane og Statsforvaltarens fellestenester. Løyvinga skal medverke til forsvarleg gjennomføring av oppgåvene frå 14 departement.
Rapport
På det administrative området har embeta og Statsforvaltarens fellestenester følgt opp gevinstrealiseringsplanen for statsforvaltarane. Planen vart laga i samband med endringar i statsforvaltaranes geografiske struktur og gjeld perioden 2020–2026. Det er per 2023 realisert årlege innsparingar på 19 mill. kroner. Frå 2023 til 2024 auka effektiviseringskravet med 10 mill. kroner, og av dette vart 5 mill. kroner ført tilbake til statskassa. Det har ikkje vore mogleg å realisere dei planlagde effektiviseringane innan IKT i 2023 på grunn av prisauke og dei auka krava til informasjonstryggleik. Embeta har fått redusert sin løyving med til saman 2 mill. kroner.
Forsøket med overføring av oppgåver frå to regionkontor i Husbanken til statsforvaltarane i Nordland, Vestland og Rogaland vart avslutta 1. september 2024. Oppgåvene vart tilbakeført til Husbanken.
Det vart gjennomført landsomfattande tilsyn med ansvaret til NAV-kontora for varetaking av behovet til barn ved tildeling av økonomisk stønad i 2022 og 2023.
Statsforvaltaren i Oslo og Viken førte i 2023 tre tilsyn med omsorga for einslege mindreårige asylsøkjarar som bur i asylmottak.
Statsforvaltarane gjennomførte forskriftsfesta tilsyn med barnevernsinstitusjonane og behandla klagar på brot på rettsforskrifta. Det vart gjennomført landsomfattande tilsyn med ansvaret til barneverntenesta for oppfølging av barn i fosterheimar.
Statsforvaltarane førte i 2022–2023 landsomfattande tilsyn med om barn i barne- og avlastingsbustader får habilitering og opplæring som samsvarar med behova deira.
Det vart i 2023 ført landsomfattande tilsyn med skjerming i psykisk helsevern for vaksne og med førebygging av sjølvmord i psykisk helsevern for vaksne.
Statsforvaltarane har i 2023–2024 motteke eit aukande tal tilsynssaker. Desse er prioriterte og behandla med aktivitetar som best bidrar til å oppnå føremålet med tilsyn.
Statsforvaltarane behandla eit aukande tal rettsklager i 2023, og denne auken har halde fram i 2024.
Statsforvaltarane gjennomførte i 2024 tilsyn med kommunens langsiktige og systematiske arbeid etter folkehelselova for å fremje den psykiske helsa til barn og unge.
For utfyllande rapportering, sjå dei respektive fagdepartementa sine fagproposisjonar.
Statsforvaltarens fellestenester
Statsforvaltarens fellestenester er ansvarleg for dokumentforvaltning, IKT og større innkjøp hos statsforvaltarane. I 2023 har arbeidet med å setje i verk tiltak etter ein inntrengingstest frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) fortsett. Ei rekke tiltak er sett i verk for å følgje opp informasjonstryggleiken. Statsforvaltarens fellestenester gjorde ei større organisasjonsendring i dokumentforvaltninga frå 2023.
Den store prisauken i 2022–2023 på IKT-utstyr, lisensar og IKT-kompetanse gir framleis store utfordringar for verksemda. Dette reduserer dei reelle ressursane og fører til at enkelte oppgåver må nedprioriterast.
Prioriteringar
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for god tilgjengelegheit til dei sosiale tenestene ved NAV-kontoret, medrekna akutte førespurnader. Statsforvaltaren skal òg bidra til at kommunen gjer konkrete og individuelle vurderingar i samsvar med føremålet i sosialtenestelova. I tillegg skal statsforvaltaren vere ein pådrivar for at det blir gitt råd og rettleiing etter lova, irekna økonomisk rådgiving etter § 17.
Statsforvaltaren skal vidare bidra til at alle som fyller vilkåra for deltaking i kvalifiseringsprogrammet får tilbod om program, og medverke til at tiltak i aktivitetsplikta for sosialhjelpsmottakarar under 30 år og andre aktivitetskrav blir individuelt tilpassa og retta mot arbeid eller utdanning for kvar enkelt tenestemottakar. Statsforvaltaren skal òg bidra til å vareta og styrkje barne- og familieperspektivet i dei sosiale tenestene, mellom anna ved å ta i bruk rettleiaren «Barnets beste». Statsforvaltaren skal bidra i planlegging og gjennomføring av program for førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt. Statsforvaltaren skal framleis prioritere førebyggande tilsyn i så stor grad som mogleg. Risikovurderingar skal ligge til grunn for prioriteringar av tilsyn. Tema for det landsomfattande tilsynet med sosiale tenester i NAV i 2024 og 2025 er NAV-kontora sitt ansvar for økonomisk rådgiving til personar i ein vanskeleg økonomisk situasjon.
Barne- og familiedepartementet
Statsforvaltaren skal støtte opp under plikta kommunane har til å samarbeide og samordne velferdstenestene både på systemnivå og overfor kvart enkelt barn og ungdom. Statsforvaltaren skal følgje med på korleis kommunane handterer plikta til å avgjere kva for ei kommunal velferdsteneste som skal vareta koordineringsansvaret i kvar enkelt sak der det ikkje er klarleik eller semje om dette.
Statsforvaltaren skal framleis prioritere førebyggande tilsyn i så stor grad som mogleg. Risikovurderingar skal ligge til grunn for prioriteringar av tilsyn.
Helsetilsynet skal vidareføre det landsomfattande tilsynet frå 2024 om undersøkingar i barnevernstenestene.
Det er behov for å auke tilsynet med omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år og barna der. I barnevernslova blir statsforvaltaren pålagd å føre tilsyn med omsorgssentera, og skal føre tilsyn ved besøk til omsorgssenteret minst to gonger per år. Statsforvaltaren skal òg behandle eventuelle klager frå bebuarane. Dersom tilsynet avdekker feil skal tilsynet følgje opp dette inntil institusjonen har retta forholda. Rask utviding av kapasiteten i omsorgssentera gjer at det kan kome aktørar på området som er relativt nye og uerfarne. Desse treng tettare oppfølging og tilsyn frå statsforvaltaren, enn meir etablerte og erfarne aktørar. Stor auke i innreisetal og fleire barn i omsorgssentera fører til behov for auka ressursar.
Helse- og omsorgsdepartementet
Statsforvaltaren skal i samarbeid med relevante kompetansesentre gi rettleiing og bistand til kommunane innan psykisk helse og rus, og vil få ei sentral rolle i arbeidet med implementering av opptrappingsplanar, strategiar og reformer på området.
Statsforvaltaren skal bidra til at pasientar, brukarar og pårørande skal oppleve ei samanhengande helse- og omsorgsteneste. Statsforvaltaren skal hjelpe og støtte kommunane i deira arbeid med å implementere tiltak frå Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027, og prioritere tiltak innanfor verkemiddel og innsatsområde i nasjonalt fagleg rammeverk for betre pasient- og brukartryggleik. Statsforvaltaren skal hjelpe til i arbeidet i helsefellesskapa.
Statsforvaltaren skal hjelpe kommunane i arbeidet med å møte utfordringane i allmennlegetenestene inkludert legevakt, framfor alt i arbeidet med å rekruttere til og stabilisere fastlegeordninga. Statsforvaltaren skal hjelpe og støtte kommunane i deira arbeid med strategisk kompetanseutvikling og planlegge for å møte dei venta demografiutfordringane. Statsforvaltaren skal mellom anna forvalte tilskotsordningar som er etablert for å støtte kommunane i å nå sentrale målsetjingar, og dessutan sikre forsvarleg drift og innovasjon på helse- og omsorgsfeltet. Statsforvaltaren skal støtte arbeidet i kommunane med å etablere gode digitale løysingar for å møte berekraftsutfordringar og kunne vareta sitt ansvar for helse- og omsorgstenestene, og særskild tilknyting til nasjonale samhandlingstenester og tiltak som blir gitt støtte gjennom Helseteknologiordninga.
Statsforvaltaren skal rettleie kommunane i planarbeid basert på vurdering av risiko og sårbarheit, organisering og leiing av helseberedskap og helseberedskapen sin plass i den samla kommunale beredskapen. Statsforvaltaren skal vidare bidra til at kommunar og helseføretak samordnar beredskapsplanane sine.
I samsvar med Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023-2027 og Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan skal statsforvaltarane i samarbeid med Mattilsynet bidra til at drikkevassforsyning inngår i vurderinga av samfunnstryggleiken i kommunane.
Statsforvaltarane er heilt sentrale i det omfattande, pågåande strategi- og utviklingsarbeidet for tilsyn i framtida, som mellom anna inneber arbeidet med digitalisering og kvalitetsindikatorar.
Statsforvaltaren skal halde fram med å prioritere førebyggande tilsyn i så stor grad som mogleg. Risikovurderingar skal ligge til grunn for prioriteringar av tilsyn.
I behandlinga av saker om mogleg svikt i tenestene skal statsforvaltaren velje dei tilsynsaktivitetane som i størst mogleg grad bidrar til auka kvalitet og tryggleik. Ansvaret for verksemdene for å førebygge, avdekke og rette opp brot av helselovgivinga skal vektleggast.
Det har vore ein stor auke i talet på rettsklager og auka restansar hos statsforvaltarane. Arbeidet med å behandle og prioritere rettsklager må følgjast opp.
Helsetilsynet vil òg halde fram det nødvendige arbeidet, saman med statsforvaltarane, med meir målretta kontroll av tilsyn med bruk av tvang. Det gjeld både vedtak og tilsynspraksis overfor personar med psykisk utviklingshemming og pasientar som treng somatisk helsehjelp, men som motset seg dette.
Helsetilsynet har vedtatt ei satsing på tilsyn på helse- og omsorgstenester til eldre med ulike typar tilsynsaktivitetar og eit metodemangfald over tid. I 2024 blir det ført tilsyn med bruken av medisindispenserar hos heimebuande eldre. Det blir òg utvikla tilsyn med korleis grunnleggande behov hos eldre heimebuande blir vareteke.
Statsforvaltarane skal føre tilsyn med meldeplikta til barnevernet etter ein rettleiar som Statens helsetilsyn og Utdanningsdirektoratet har samarbeidd om.
Statsforvaltarane skal føre felles tilsyn med kommunal beredskapsplikt og helseberedskap etter rettleiar som Helsetilsynet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har utarbeidd.
Justis- og beredskapsdepartementet
Gitt den tryggingspolitiske situasjonen er det viktig at statsforvaltaren vidarefører si aktive samordningsrolle og bidrar til at totalforsvarsarbeidet blir integrert på regionalt og lokalt nivå. Statsforvaltaren er ein viktig pådrivar i arbeidet med å utarbeide beredskapsplanverk for hendingar med store tverrsektorielle konsekvensar.
Statsforvaltaren skal vere ein aktiv aktør på lokalt og regionalt nivå i arbeidet med å førebu og verne seg mot klimarisiko og naturfare.
Statsforvaltarane skal styrkje arbeidet med sivil støtte til det militære forsvaret, sikre kritiske funksjonar og leveransar til befolkninga ved hendingar og kriser. I dette ligg mellom anna auka kapasitet til å gi råd og rettleiing overfor kommunane og bidra til erfaringsdeling og utvikling av løysingar på tvers av kommunane.
Utviklinga av verjemålsfeltet vil fortsette i 2025 for å sikre høg kvalitet og effektiv oppgåveløysing. Auka samarbeid mellom statsforvaltarane skal bidra til lik og effektiv behandling av oppgåvene etter verjemålslova. Statsforvaltaren skal i 2025 særleg legge vekt på oppfølging av verjer og sørgje for at dei får tilstrekkeleg kompetanse og god rolleforståing. Verjehavarar skal få sine ønske og behov varetekne.
Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus skal føre tilsyn med omsorga for einslege mindreårige asylsøkjarar som bur i asylmottak.
Kunnskapsdepartementet
Statsforvaltaren skal støtte innføringa av ny opplæringslov med forskrifter. Statsforvaltaren skal gjennomføre felles nasjonalt tilsyn. Temaet for dette er om kommunen gjennom internkontrollen sikrar at regelverket for individuelt tilrettelagd opplæring, spesialpedagogisk hjelp og skulemiljø blir etterlevd. Alle tilsyn skal vere innretta og gjennomført på bakgrunn av ei risikovurdering slik at tilsyna er treffsikre og effektive.
Statsforvaltarane må følgje opp all risiko for brot på regelverket fortløpande. Det skal vere auka bruk av tilsyn som verkemiddel der risikovurderingane tilseier det. Statsforvaltarane skal elles medverke til god regelverksetterleving i sektor og på andre område, slik som til dømes spesialpedagogisk hjelp, individuelt tilrettelagd opplæring og opplæring i og på samisk. Statsforvaltaren skal ha særskild merksemd på elevar i vidaregåande skular.
Statsforvaltaren skal arbeide førebyggande og systematisk for å sikre at alle elevar har eit trygt og godt skulemiljø og at alle barnehagebarn har eit trygt og godt barnehagemiljø.
Klima- og miljødepartementet
Statsforvaltaren er viktig for å løyse klima- og naturkrisene. Statsforvaltaren skal bidra til å redusere klimagassutslepp og tilpasse samfunnet til eit endra klima, jobbe for eit økosystem i god tilstand og ta vare på den mest trua naturen, og bidra til å redusere utslepp av miljøgifter og næringsstoff i naturen. Statsforvaltaren skal prioritere arbeid med å vareta klima- og miljøomsyn på tvers av sektorar, og særleg prioritere å bidra til at kommunane tar klima- og miljøomsyn i plansaker.
Landbruks- og matdepartementet
Statsforvaltaren skal bidra til at regjeringa sin jordvernstrategi med eit forsterka jordvernmål blir følgd opp. Statsforvaltaren skal framleis legge vekt på arbeidet med tilskotsforvaltning og kontroll på heile landbruksområdet, der skogbruk og reindrift skal vere del av arbeidet.
Statsforvaltaren skal stimulere til god oppslutning om klima-, natur- og miljøtiltaka i jordbruket, implementere ny kunnskap i arbeid med miljøverkemidla og bidra til at kunnskap når ut til kommunane og jordbruksnæringa.
Statsforvaltaren i Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark har ei viktig oppgåve i å legge til rette for at kommunane har kunnskap om reindrift, og kan vareta reindrifta i arealplanlegging. Statsforvaltaren skal ha dette som ei prioritert oppgåve i 2025, og skal i samarbeid med Landbruksdirektoratet bygge opp sin kunnskap om arealforvaltning.
Budsjettforslag for 2025
Det blir foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner for å styrkje statsforvaltarane som følgje av vedtaket til regjeringa om å oppretthalde den geografiske inndelinga av statsforvaltarane. Løyvinga skal bidra til arbeidet med reindrift, oppfølging av kommunar og beredskap hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Løyvinga skal òg dekke auka utgifter til lokale i Skien for Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, og styrkje arbeidet med akvakultur hos Statsforvaltaren i Nordland.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner med grunnlag i gevinstrealiseringsplanen for statsforvaltarane. Dette gjeld utgifter til dokumentforvalting, nokre administrative funksjonar og IKT-utgifter.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 34 mill. kroner for å styrkje statsforvaltarane sin kapasitet til å rettleie, støtte og samordne samfunnstryggleiksarbeidet på regionalt og kommunalt nivå. Satsinga skal gjere sivilsamfunnet betre i stand til å stå imot hendingar høgt i krisespekteret, understøtte det militære forsvaret og sikre kritiske samfunnsfunksjonar innan rammene for totalforsvaret. Av beløpet skal 2 mill. kroner gå til støtte av pilotprosjekt auka motstandskraft i Finnmark, der Statsforvaltaren i Troms og Finnmark er ein av eigarane.
Barne- og familiedepartementet vil styrkje arbeidet med tilsyn for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det blir foreslått å auke løyvinga til statsforvaltarane med 2,5 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil styrkje statsforvaltarane sitt arbeid med rettleiing og tilsyn med integreringsarbeidet i kommunane. Styrkjinga skal gi høgare kvalitet i kvalifiseringstilbodet til nykomne flyktningar, og til at fleire flyktningar kjem i arbeid. Det blir foreslått å auke løyvinga med 20 mill. kroner mot tilsvarande innsparingar under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 986 000 kroner mot ein tilsvarande auke på Direktoratet for forvaltning og økonomistyrings kap. 1605, post 01. Løyvinga skal gå til lønsforhandlingsmodul.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av Husbankens kap. 2412, post 01, i samband med avslutning av forsøket med overføring av oppgåver frå Husbanken til Statsforvaltaren i Rogaland, Vestland og Nordland. Husbanken tar tilbake desse oppgåvene frå 1. september 2024.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på Kommunal- og distriktsdepartementets kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar, post 60, i samband med at statsforvaltarane tar over arbeidet med klagebehandling etter ny opplæringslov og forskrift til lova frå fylkeskommunane.
Som følgje av avvikling av den mellombelse ekstra arbeidsgivaravgifta frå 1. januar 2025, blir kompensasjonen til dette trekt inn. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å løyve 2 388,2 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4520, post 02, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga skal dekke løns- og driftsutgifter for tidsavgrensa oppgåver hos statsforvaltaren, finansiert av departement, direktorat, tilsyn og andre verksemder. Dette gjeld mellom anna handlingsplanar og ulike typar prosjekt. Løyvingane blir ført til inntekt på kap. 4520, post 01 medan utgiftene blir ført på kap. 1520, post 21 når dei oppstår.
Samla blir det foreslått å løyve 92,4 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4520, post 01, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 4520 Statsforvaltarane
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Inntekter ved oppdrag |
60 841 |
89 047 |
92 431 |
02 |
Diverse inntekter |
9 154 |
||
Sum kap. 4520 |
69 995 |
89 047 |
92 431 |
Post 01 Inntekter ved oppdrag
På posten førast inntekter frå andre som gir statsforvaltarane og Statsforvaltarens fellestenester oppdrag eller prosjekt. Midlane gis frå departement, direktorat, tilsyn eller andre verksemder. Utgiftene som desse inntektene skal dekke, førast på kap. 1520, post 21.
Det blir foreslått å løyve 92,4 mill. kroner.
Post 02 Diverse inntekter
På posten blir det ført refusjonar av ordinære driftsutgifter på kap. 1520, post 01 frå andre statsforvaltarar, andre statlege verksemder eller andre organisasjonar.
Programkategori 01.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning
Utgifter under programkategori 01.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
1530 |
Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga |
3 726 585 |
5 759 981 |
7 176 981 |
24,6 |
1531 |
Eigedomar til kongelege føremål |
90 612 |
74 311 |
87 104 |
17,2 |
1533 |
Eigedomar utanfor husleigeordninga |
75 670 |
62 947 |
63 708 |
1,2 |
2445 |
Statsbygg |
8 173 729 |
7 734 502 |
7 477 548 |
-3,3 |
Sum kategori 01.30 |
12 066 596 |
13 631 741 |
14 805 341 |
8,6 |
Inntekter under programkategori 01.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
4531 |
Eigedomar til kongelege føremål |
81 |
0,0 |
||
4533 |
Eigedomar utanfor husleigeordninga |
5 989 |
5 366 |
5 570 |
3,8 |
5445 |
Statsbygg |
29 702 |
0,0 |
||
Sum kategori 01.30 |
35 772 |
5 366 |
5 570 |
3,8 |
Innleiing
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvar for bygge- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor. Departementet har ansvar for reglar og retningslinjer for korleis staten sine byggeprosjekt og leige av lokale skal gjennomførast. Det enkelte departement er ansvarleg for lokalanskaffingar i sin sektor. I statleg sivil sektor er det potensial for ei meir samla tilnærming til byggeprosjekt, eigedomsforvaltning og leige av lokale.
I byggeprosjekt der Statsbygg er byggherre, koordinerer departementet den budsjettmessige oppfølginga av prosjekta frå oppstart til ferdigstilling.
Departementet skal legge til rette for at Statsbygg kan forvalte og utvikle eigedomane på ein god måte. Statsbygg forvaltar ein stor del av eigedomsmassen til staten og hjelper andre statlege verksemder i utgreiing av lokalbehov og ved leige av lokale i marknaden.
Fleire grep skal auke kostnadseffektiviteten i bygge- og eigedomsverksemda i statleg sivil sektor. Statsbygg jobbar målretta med å styrkje prosjektstyringa og med å redusere kompleksitet, arealbruk og kvadratmeterprisar i byggeprosjekt. Ei auka utnytting av eksisterande bygningsmasse kan redusere behovet for nybygg og bidra til redusert klimafotavtrykk og ressursbruk. Eit anna område med stort potensial for effektivisering er leigeutgiftene som staten har til kontorlokale i marknaden, som i dag utgjer om lag 6 mrd. kroner per år. Det er eit mål å redusere desse utgiftene med 15 pst. frå 2020 til 2029, men med generell kostnadsauke aukar òg leigekostnadane. For å ta ut det identifiserte potensialet for innsparing er det viktig å søkje nye og meir kostnadseffektive lokale. Bruk av Statsbygg som rådgivar, og koordinering og standardisering av leigeforholda til staten, har allereie gitt staten store reduksjonar i leigeutgifter.
Statsbygg jobbar systematisk for auka effektivitet og betre leveransar. Eit nytt innovasjonskonsept, ByggBOKS, har mellom anna ført til samarbeid for bruk av oppsirkulert stål frå gamle skip. Statsbygg har gjennomført ei rekke digitaliserings- og automatiseringstiltak for å effektivisere verksemda. Etableringa av samhandlingsplattforma statensinnleie.no har ført til ein vesentleg meir effektiv framgangsmåte for leige av lokale. Vidare blir det arbeidd med å innføre eit tilsvarande system for tomtesøk i marknaden, noko som vil effektivisere arbeidet både for tilbydarar og Statsbygg. Effektar av utviklingsarbeidet i 2023 er frigjering av meir tid til verdiskapande arbeid, riktigare prioriteringar og læring frå og erfaring med bruk av teknologiar som kunstig intelligens.
Stortinget har slutta seg til Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030, der det er utarbeidd felles klima- og miljøambisjonar for bygg og eigedom i statleg sivil sektor. Desse gjeld for alle statlege verksemder, òg dei som sjølv gjennomfører byggeprosjekt og forvaltar dei eigedomane dei brukar.
Veksten i byggekostnadar har minka gjennom 2023. Byggekostnadsveksten har likevel vore svært høg samanlikna med den generelle prisutviklinga i økonomien dei siste åra. Svak etterspørsel i byggemarknaden er forventa å dempe veksten i byggekostnadane framover, men utsikter til sterk vekst i arbeidskraftkostnadane sørgjer for at me ikkje får ein nominell nedgang i byggekostnadar. Prisindeksane for armerings- og konstruksjonsstål fall hausten 2023. Krigen i Ukraina påverkar ikkje lengre tilbod og etterspørsel i like stor grad, men stålprisane er framleis ein del høgare enn før pandemien. Høgare normalnivå på energiprisen og dessutan aukande kostnadar til utslippkvotar framover, gjer at prisane ikkje kjem ned til nivåa frå før pandemien reelt sett.
Delar av byggenæringa har utfordringar med useriøse aktørar. Statsbygg samarbeider med næringa for å etablere rutinar og verktøy for å førebygge og avdekke brot på regelverk og seriøsitetskrav. Statsbygg jobbar målretta med tiltak mot useriøse aktørar, og stiller i kontraktane strenge krav om mellom anna faglærte, lærlingar og faste tilsetjingar.
Mål for programkategorien
-
Statlege verksemder har effektive og berekraftige lokale som støttar verksemdenes føremål
-
Statleg eigedomsforvaltning er verdibevarande, berekraftig og effektiv
Mål 1 Statlege verksemder har effektive og berekraftige lokale som støttar verksemdenes føremål
Lokale er ein viktig innsatsfaktor og skal vere tilpassa føremåla og funksjonen til verksemdene. For at statlege verksemder skal levere effektive tenester med høg kvalitet, må lokala vere føremålstenlege, funksjonelle og attraktive. Det er viktig å utvikle staten sine lokale på ein måte som tilfredsstillar behova på kort og lang sikt. Berekraftige lokale er kjenneteikna av mellom anna låge klimagassutslepp, positiv påverknad på lokalsamfunnet og anstendige forhold for dei som arbeider med eigedomen.
Departementa skal styrkje styringa av den samla eigedomsporteføljen i sin sektor. Samstundes skal Statsbygg bidra til funksjonalitet, fleksibilitet og attraktivitet. Dette vil redusere ressursbruken og behovet for nybygg. Databasen Statens lokale er eit godt verktøy for analysar og porteføljestyring. Statsbygg starta opp sju konseptvalutgreiingar i 2023, og tre vart levert til oppdragsgivar. I alle utgreiingar blir det vurdert bruk eller ombruk av eksisterande bygningsmasse. Dei tilrådde konsepta inneber meir arealeffektive løysingar med lågare klimagassutslepp enn referansealternativa.
I 2023 inngjekk staten 22 nye leigekontraktar med Statsbygg som rådgivar. Desse gav ein samla reduksjon i leigeutgifter for staten på om lag 343 mill. kroner i noverdi, berekna for levetida på kontraktane på ti år. Staten skal utnytte areala betre, og ikkje betale ei høgare leige enn nødvendig. Utviklinga går i riktig retning, men staten må halde fram med å redusere kostnadane. Grunna kostnadsutviklinga i marknaden vil ikkje arealeffektivisering aleine bidra til ei ønskt utvikling. Det er behov for at departementa og Statsbygg jamleg går gjennom porteføljen av lokale.
Staten avhendar fast eigedom der det statlege behovet fell bort og det ikkje er andre grunnar for statleg eigarskap. I 2023 selde Statsbygg eigedomar med ein netto salsvinst på om lag 106 mill. kroner.
Statsbygg har dei siste fem åra (2019–2023) ferdigstilt 67 byggeprosjekt til ein sluttkostnad 4 pst. lågare enn samla kostnadsrammer. I 2023 arbeidde Statsbygg med 72 byggeprosjekt, og 10 vart ferdigstilte. Dei største var rehabilitering av tekniske anlegg ved Ila fengsel og forvaringsanstalt, Drammen tinghus og energisentral med bergvarme ved Nord universitet i Bodø.
I 8 av 12 ferdigstilte bygg og i bygg i byggefase (styringsramme over 50 mill. kroner) er klimagassutslepp frå materiale lågare enn Statsbyggs porteføljemål for 2025 på 5,0 kg CO2-ekvivalentar per kvadratmeter per år. I fleire prosjekt i prosjekteringsfase i 2023 er det berekna lågare klimagassutslepp frå materiale. I 2023 gjekk Statsbygg inn i kontrakt for den første utsleppsfrie byggeplassen i prosjektet for Tønsberg tinghus. Professor Mørchs hus ved Norsk havteknologisenter vil bli det første bygget i statleg sivil sektor på BREEAM Outstanding-nivå.
Målretta arbeid med sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) og seriøsitet bidrar til ei tryggare og meir seriøs næring. Skadefrekvensen ved byggeplassane til Statsbygg viser 33 skadar med og utan fråvær per million arbeidde timar i 2023. Delen arbeidsrelaterte personskadar med og utan fråvær per million arbeidstimar har gått noko ned, men det er ikkje ein signifikant nedgang frå 2022. Statsbygg jobbar målretta for å redusere skadefrekvensen.
Statsbygg er ein pådrivar for digitalisering og innovasjon. Det går føre seg fleire digitaliseringsprosjekt for å effektivisere arbeidsprosessane, auke kvaliteten på leveransar, betre sikkerheit og redusere klimapåkjenninga. I 2023 har Statsbygg mellom anna arbeidd med operasjonalisering av data- og analysestrategi, eit heilskapleg rammeverk for arbeidsprosessar og kunstig intelligens på fleire område, mellom anna for å undersøke korleis det kan hjelpe til med å samle, organisere og analysere ulike typar dokumentasjon i arbeidsprosessar.
Mål 2 Statleg eigedomsforvaltning er verdibevarande, berekraftig og effektiv
Statsbygg er den største eigedomsforvaltaren i statleg sivil sektor. Eigedomsforvaltninga omfattar forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av bygningar og eigedomar som inngår i den statlege husleigeordninga. I tillegg forvaltar Statsbygg dei statlege kongelege eigedomane under kap. 1531 Eigedomar til kongelege føremål og kulturhistoriske eigedomar under kap. 1533 Eigedomar utanfor husleigeordninga.
I statleg sivil sektor er det òg verksemder som forvaltar den bygningsmassen dei sjølv brukar. Regjeringa vil arbeide for at alle eigedomsforvaltarane er samordna og varetar eigedomsmassen på ein berekraftig og kostnadseffektiv måte.
Føringane og krava til Statsbygg si eigedomsforvaltning blir vurderte som godt tatt hand om i 2023. Det vart gjennomført vedlikehald og påkostingar for 1,3 mrd. kroner. Vedlikehaldet utgjorde 456 kroner per kvadratmeter for eigedomar i husleigeordninga. Statsbygg har ein godt vedlikehalden eigedomsportefølje, med unntak av fengselsporteføljen og enkelte kulturhistoriske eigedomar.
Fengselseigedomane vart overførte til Statsbygg i 2009. I perioden 2009–2023 er det gjennomført vedlikehaldstiltak for om lag 2,5 mrd. kroner på fengselseigedomane. Vedlikehaldet har redusert risikoen for uønskt stenging av soningsplassar. Arbeidet med utskifting av gammal og utrangert bygningsmasse bidrar til betre sikkerheits- og soningstilhøve og meir effektiv drift. Likevel er det framleis eit betydeleg vedlikehaldsetterslep i porteføljen, og arbeidet vil halde fram. Kriminalomsorgsdirektoratet og Statsbygg overleverte våren 2024 ein felles rapport om dugleiken og tilstanden til norske fengsel. Den konkluderte med at det er store behov for oppdateringar og oppgraderingar av fengselsporteføljen.
Statsbygg forvaltar ei rekke verna bygg og eigedomar klassifiserte som kulturhistoriske, sjå omtale under kap. 1533 Eigedomar utanfor husleigeordninga. Forvaltning, drift og vedlikehald blir utført i nært samarbeid med vernestyresmakter.
Tilstandsanalysane er eit viktig underlag for utviklings- og vedlikehaldsplanar på eigedomane, og Statsbygg gjennomfører rullerande tilstandsanalysar på eigedomane. Sidan 2019 har det blitt gjennomført tilstandsanalysar for ca. 93 pst. av total bygningsmasse.
Statsbygg er i rute med å oppnå at eigedomane, unntatt fengsla, skal vere universelt utforma innan 2025. Det blir ikkje arbeidd vidare med universell utforming på enkelte kulturhistoriske eigedomar, der kostnadane blir svært høge.
Statsbygg har over mange år jobba med å effektivisere eigedomsdrifta og har over tid redusert både driftskostnadar per kvadratmeter og auka forvaltningsareal per driftsårsverk. Etter ein mangeårig trend med reduserte driftskostnadar per kvadratmeter, var driftskostnaden per kvadratmeter i 2023 på 84,7 kroner, noko over målet om 82 kroner per kvadratmeter. Årsaka til dette er i hovudsak høgare lønskostnader, mellom anna som følgje av auka tal på årsverk for å sikre systematisk ferdigstilling av dei store byggeprosjekta, og generell pris- og lønsvekst.
Forvaltningsareal per driftsårsverk enda på 10 527 kvadratmeter, betre enn styringsmålet om 10 000 kvadratmeter.
Kjøpt energi per kvadratmeter vart 190 kWh i 2023, samlikna med 196 kWh i 2022. Målet om 4 pst. reduksjon i kjøpt energi til å drifte Statsbygg sin portefølje vart med det ikkje nådd.
I 2023 vart det gjort ei rekke organisatoriske tiltak for å effektivisere drifta. Det har blitt jobba systematisk med driftsoptimalisering gjennom bruk av ny teknologi, til dømes bruk av dronar til inspeksjon av tak og fasadar. Det har òg blitt lagt stor vekt på forbetringar av eksisterande arbeidsprosessar for å sikre effektiv og einsarta gjennomføring i verksemda.
I 2023 hadde Statsbygg åtte lærlingar. Fire lærlingar deltok i drifta av bygg, med læretida på eigedomane, og fire i IKT-drift.
Berekraftsmåla
Fleire berekraftsmål er relevante for bygge- og eigedomsverksemda. Statsbygg har over tid arbeidd systematisk med berekraft. Til dømes arbeider Statsbygg, i samarbeid med andre statlege aktørar, for meir seriøsitet og mot arbeidslivskriminalitet, jf. mål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Dei gir råd om lokalisering som skal bidra til mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn og dei gir råd om løysingar i bygga som kan bidra til mål 7 om rein energi til alle og mål 13 om å stoppe klimaendringane. Bygge- og eigedomsverksemda i Statsbygg skal òg bidra med å bevare og auke naturmangfaldskvalitetar, jf. mål 15 om livet på land. Berekraftsmåla er reflekterte i Statsbyggs strategiske mål for 2021–2025 og skal vere retningsgivande for bygge- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor.
For å sikre at berekraft er styrande i Statsbyggs verksemd tok dei fleire grep i 2023. Gjennom omorganiseringar har Statsbygg samla berekraftskompetansen i ei ny avdeling for berekraft og spesialfag. Statsbygg har òg hausta erfaringar frå sitt første år med heilskapleg berekraftsrapportering ved å integrere dei mest relevante berekraftstema tettare med kjerneverksemda og den totale verksemdsstyringa og kompetanseutvikling.
Kap. 1530 Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
30 |
Prosjektering av bygg, kan overførast |
105 519 |
15 000 |
|
31 |
Igangsetjing av byggeprosjekt, kan overførast |
169 000 |
||
33 |
Vidareføring av byggeprosjekt, kan overførast |
3 104 231 |
4 385 000 |
5 246 500 |
36 |
Kunstnarisk utsmykking, kan overførast |
28 217 |
59 081 |
56 181 |
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
488 618 |
1 146 900 |
1 859 300 |
Sum kap. 1530 |
3 726 585 |
5 759 981 |
7 176 981 |
Løyvingane på kapittelet gjeld byggeprosjekt der Statsbygg er byggherre, mens oppdragsgivarane har ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av bygningane etter at dei er ferdigstilte.
Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til prosjektering av byggeprosjekt fram til fullført forprosjekt.
I 2023 vart løyvinga brukt til vidareføring av prosjektering for Campus NTNU og rehabilitering av Nationaltheatret.
Det blir foreslått å løyve 15 mill. kroner i 2025 til vidareføring av prosjektering for rehabilitering av Nationaltheatret.
Post 31 Igangsetjing av byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til oppstart av nye byggeprosjekt utanfor husleigeordninga.
I 2023 vart det ikkje løyva midlar til igangsetjing av byggeprosjekt utanfor husleigeordninga. I 2024 vart det løyva midlar til igangsetjing av eitt byggeprosjekt, Campus NTNU.
Post 33 Vidareføring av byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til vidareføring av prosjekt som Stortinget tidlegare har vedtatt å starte opp. Løyvinga skal sikre best mogleg framdrift i prosjekt under oppføring.
I 2023 vart det brukt 3 104,2 mill. kroner på posten. Dei største prosjekta var nytt livsvitskapsbygg, Vikingtidsmuseet, begge ved Universitetet i Oslo og Norsk havteknologisenter i Trondheim.
Tabellen nedanfor viser prosjekt på kap. 1530 der bygging blir vidareført i 2025:
Tabell 5.1 Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga – under oppføring
(i mill. kroner) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Oppstart |
Forventa ferdig |
Kostnads- ramme per 1.7.20251 |
Forventa forbruk t.o.m. 2024 |
Forslag 2025 |
|
Prosjekt under Kunnskapsdepartementet: |
|||||
UiO, Nytt livsvitskapsbygg |
2018 |
2026 |
13 429,9 |
8 041,5 |
2 900,0 |
UiO, Vikingtidsmuseet |
2020 |
2027 |
4 030,7 |
1 816,0 |
668,5 |
NTNU Campussamlinga |
2024 |
2030 |
7 792,5 |
614,9 |
678,0 |
Prosjekt under Nærings- og fiskeridepartementet: |
|||||
Norsk havteknologisenter |
2022 |
2028 |
5 600,8 |
1 760,7 |
1 000,0 |
Prosjekt i reklamasjonsfase/avslutningsfase |
0 |
||||
Samla forslag post 33 |
5 246,5 |
1 Då prosjekta vart starta opp inngjekk kunstnarisk utsmykking i kostnadsrammene. Kostnadsrammene over er utan midlar til kunstnarisk utsmykking, då det er KORO som disponerer midlane til kunstnarisk utsmykking, jf. kap. 1530, post 36.
Kostnadsrammene inneheld forventa prisvekst frå 1.7.2024 til 1.7.2025.
Statsbygg kan fordele midlane på posten mellom dei ulike prosjekta, avhengig av framdrift og likviditetsbehov for det enkelte prosjekt i 2025.
Det blir foreslått å løyve 5 246,5 mill. kroner.
Post 36 Kunstnarisk utsmykking, kan overførast
Posten inneheld midlar til kunstnarisk utsmykking i statlege bygg under oppføring, òg for byggeprosjekt på kap. 2445 Statsbygg. Løyvinga blir disponert av Kunst i offentlege rom (KORO) som gjennomfører kunstprosjekta. Kostnadar til kunstnarisk utsmykking blir ikkje tatt inn i grunnlaget for husleigeutrekninga.
Det blir foreslått å løyve 56,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga gjeld der Statsbygg får i oppdrag å prosjektere og hjelpe til med anskaffingane av brukarutstyr til byggeprosjekta. Det inkluderer òg brukarutstyr til byggeprosjekt på kap. 2445 Statsbygg. Løyvinga gjeld òg nødvendige sikringstiltak på Nationaltheatret for å sikre drift. Eit brukarutstyrsprosjekt er eit separat prosjekt med eigne økonomiske rammer, og er ikkje del av byggeprosjektet, sjølv om delar av prosjekta normalt er tett integrerte. Oppdragsdepartementet er ansvarleg for gjennomføring av brukarutstyrsprosjektet, òg i dei tilfella Statsbygg hjelper til i anskaffingane.
I dei tilfella der Statsbygg støttar oppdragsdepartementet og brukar i anskaffingane, må oppdragsdepartementet fremje forslag om slik fullmakt og eventuelt delegere denne til Statsbygg.
Rapport
I 2023 vart midlane brukte til å skaffe brukarutstyr for nytt livsvitskapsbygg, og Vikingtidsmuseet, begge ved Universitetet i Oslo, Norsk havteknologisenter, fagskulen for brann- og redningspersonell og samlokalisering av Det samiske nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. I tillegg vart det gjennomført sluttarbeid/sluttoppgjer for Nasjonalmuseet. Vidare vart midlane brukte til prosjektering av brukarutstyr for nytt regjeringskvartal, NTNU campussamling, samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen og sikringstiltak på Nationaltheatret.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Løyvingane til brukarutstyr er foreslått vidareførte med 420 mill. kroner til nytt livsvitskapsbygg og 95 mill. kroner til Vikingtidsmuseet, begge ved Universitetet i Oslo, 171 mill. kroner til byggetrinn 1 av nytt regjeringskvartal, 1 100 mill. kroner til Norsk havteknologisenter, 10 mill. kroner til samlokalisering av Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i Bergen og 57 mill. kroner til NTNU campussamling. I tillegg er det foreslått 6,3 mill. kroner til å vidareføre arbeidet med nødvendige tiltak på Nationaltheatret. Sjå Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet for ytterlegare omtale av prosjekta.
Det blir foreslått å løyve 1 859,3 mill. kroner.
Kap. 1531 Eigedomar til kongelege føremål
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
29 661 |
31 788 |
42 667 |
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
60 951 |
42 523 |
44 437 |
Sum kap. 1531 |
90 612 |
74 311 |
87 104 |
H.M. Kongen har disposisjonsrett til Det kongelege slott, hovudhuset på Bygdø kongsgard med sidebygning og park, Oscarshall slott, Stiftsgarden i Trondheim og Gamlehaugen i Bergen. Ved Stiftsgarden og Gamlehaugen har Statsbygg ansvaret for bygningar, interiør og utandørsanlegg. Ved eigedomane i Oslo har Statsbygg ansvaret for ytre vedlikehald, tekniske installasjonar og større vedlikehaldsarbeid, medan Det kongelege hoffet har ansvaret for innvendig vedlikehald og parkanlegg. Eigedomane representerer store kulturhistoriske verdiar. Det kongelege hoffet og Statsbygg har eit nært samarbeid med Riksantikvaren om forvaltning av eigedomane.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av dei statlege kongelege eigedommane, som H.M. Kongen har disposisjonsrett til. Dette skjer i nært samarbeid med Det kongelege hoffet.
Frå 2025 vil Statsbygg overta ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av pullertar og motoriserte portar som vart etablert i regi av Det kongelege hoffet, som del av tryggingsprosjektet ved dei kongelege eigedommane. Posten blir foreslått auka med 10 mill. kroner til føremålet.
Det blir foreslått å løyve 42,7 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker bygningsmessige arbeid av investeringsmessig karakter.
I 2023 vart midlane i hovudsak brukte til restaurering av Ridehallen og restaurering av tverrfløy og istandsetting av stallområdet ved Det kongelege slott. I tillegg er løyvinga brukt til å dekke kostnadar til restaurering av fasadar ved Gamlehaugen.
I 2025 vil prosjektering for utbetring av slottsplassen, restaurering av tverrfløy og istandsetting av Stallgarden og prosjektering for utskifting av kopartak søndre fløy ved Det kongelege slott bli prioritert. I tillegg blir det planlagt for innvendig restaurering på Gamlehaugen og maling og rehabilitering av fasadar på Stiftsgården.
Det blir foreslått å løyve 44,4 mill. kroner.
Kap. 4531 Eigedomar til kongelege føremål
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Ymse inntekter | 81 | ||
Sum kap. 4531 | 81 |
Post 01 Ymse inntekter
Inntekta i 2023 gjeld publikumsinntekter frå omvisingar på Gamlehaugen.
Kap. 1533 Eigedomar utanfor husleigeordninga
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
28 474 |
27 947 |
28 708 |
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
47 196 |
35 000 |
35 000 |
Sum kap. 1533 |
75 670 |
62 947 |
63 708 |
Kapittelet omfattar forvaltning av kulturhistoriske eigedomar utanfor den statlege husleigeordninga. Samla bygningsareal er om lag 32 000 kvadratmeter og inkluderer Håkonshallen og Rosenkrantztårnet på Bergenhus festning, Munkholmen, Austråttborgen, Grotten, Bjørgan prestegard, staten sine eigedomar etter Røros koparverk, Villa Stenersen, Klemenskirken, Stavern fort på Citadelløya, Sjømennenes minnehall, fjell- og øydestover, Bygdø kongsgard og den nasjonale minnestaden etter 22. juli på Utøyakaia.
Statsbygg skal utøve fagleg godt vedlikehald av eigedomane i nært samarbeid med vernestyresmaktene. Det er konstatert betydeleg vedlikehaldsetterslep ved fleire av eigedomane. Statsbygg utarbeider jamleg tilstandsanalysar og har ein plan for ei berekraftig kulturminnefagleg sikring av porteføljen i ein tiårsperiode (2020–2029). Det er frå 2019 satt av 35 mill. kroner årleg til ekstraordinært vedlikehald og oppgradering av bygningsmassen, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av bygningsmassen.
I 2023 vart det utført vedlikehaldstiltak ved mellom anna Stavern fort på Citadelløya, Munkholmen, Austråttborgen, Mollisjok fjellstue og ved Bygdø kongsgard.
Det blir foreslått å løyve 28,7 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4533, post 02, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til restaureringsarbeid ved eigedomane.
I 2023 utførte Statsbygg ekstraordinært vedlikehald og oppgradering av bygningsmassen, mellom anna på fasadar på Rosenkrantztårnet, Håkonshallen, rehabilitering av eigedomane på Bygdøy (Hengsenga), Villa Stenersen, Munkholmen og Austråttborgen.
I 2025 blir det foreslått ei løyving på 35 mill. kroner til ekstraordinært vedlikehald og oppgradering av bygningsmassen. Løyvinga skal mellom anna gå til rehabilitering av bygningsmassen på Bygdø kongsgard, Austråttborgen, Villa Stenersen og Munkholmen.
Kap. 4533 Eigedomar utanfor husleigeordninga
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
02 |
Diverse inntekter |
5 989 |
5 366 |
5 570 |
Sum kap. 4533 |
5 989 |
5 366 |
5 570 |
Post 02 Diverse inntekter
På posten førast i hovudsak inntekter frå parkering ved Bygdøy kongsgard. Det blir foreslått å løyve 5,6 mill. kroner.
Kap. 2445 Statsbygg
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
24 |
Driftsresultat |
-368 844 |
-334 642 |
-364 642 |
30 |
Prosjektering av bygg, kan overførast |
134 726 |
439 000 |
111 000 |
31 |
Igangsetjing av ordinære byggeprosjekt, kan overførast |
93 335 |
100 000 |
500 000 |
32 |
Prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast |
303 621 |
277 000 |
277 000 |
33 |
Vidareføring av ordinære byggeprosjekt, kan overførast |
5 523 815 |
5 306 140 |
4 489 802 |
34 |
Vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast |
540 081 |
850 000 |
850 000 |
39 |
Renter på byggelån, kan overførast |
456 694 |
667 000 |
900 000 |
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
268 258 |
352 985 |
368 869 |
49 |
Kjøp av eigedomar, kan overførast |
1 222 043 |
77 019 |
345 519 |
Sum kap. 2445 |
8 173 729 |
7 734 502 |
7 477 548 |
Statsbygg er organisert som ei forvaltningsbedrift og forvaltar 2,9 mill. kvadratmeter bygningsmasse, fordelt på 2 140 bygningar. Verksemda har 863 årsverk, fordelte på hovudkontoret i Oslo og fire lokalkontor og driftspersonale på eigedomane. Kap. 2445 Statsbygg inneheld både drifts- og investeringsbudsjett. Post 24 Driftsresultat er driftsinntekter med frådrag av driftskostnadar og kapitalkostnadar, og overføringar til og frå reguleringsfondet. Investeringsbudsjettet, postane 30 til 49, inneheld løyvingar til prosjektering, bygging, kjøp av eigedom, og dessutan renter på byggelån.
Byggeprosjekta blir finansierte etter to ulike modellar, ordinære og brukarfinansierte byggeprosjekt. Ordinære byggeprosjekt blir fremja for Stortinget med forslag til kostnadsramme for kvart enkelt prosjekt og moglegheit for heil eller delvis husleigekompensasjon for brukaren. Kostnadsrammene for prosjekta blir rekna ut med basis i gjennomført forprosjekt og normalt fastsett på eit nivå som inneber at ein med 85 pst. sannsyn skal greie å halde dei. Investeringa for brukarfinansierte byggeprosjekt blir finansiert gjennom husleige som blir dekt innanfor brukaren si eksisterande økonomiske ramme. Desse prosjekta blir behandla etter forenkla prosedyrar i tråd med eiga fullmakt frå Stortinget, jf. forslag til romartalsvedtak. Statsbygg har ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av alle byggeprosjekt under kap. 2445 Statsbygg, etter at dei er ferdigstilte.
Post 24 Driftsresultat
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Underpost |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
24.1 |
Driftsinntekter |
-6 361 362 |
-6 364 000 |
-6 558 000 |
24.2 |
Driftsutgifter |
2 587 192 |
2 695 358 |
2 848 358 |
24.3 |
Avskrivingar |
1 814 989 |
1 614 000 |
1 655 000 |
24.4 |
Renter av statens kapital |
1 617 748 |
1 720 000 |
1 690 000 |
24.5 |
Til investeringsføremål |
29 702 |
||
24.6 |
Til reguleringsfondet |
-57 113 |
||
Sum post 24 |
-368 844 |
-334 642 |
-364 642 |
Driftsbudsjettet til Statsbygg skal dekke alle utgifter til forvaltning, drift, vedlikehald og utskiftingar ved eigedomane, og dessutan avskrivingar og renter av statens kapital.
Underpost 24.1 Driftsinntekter
Inntektene består i hovudsak av husleige. Husleiga dekker forvaltning, drift, vedlikehald og utskiftingar avskrivingar og avkasting på investert kapital. I tillegg blir det rekneskapsført netto inntekter frå sal av eigedom, fakturerte rådgivingstenester og inntekter frå andre oppdrag på denne underposten.
Underpost 24.2 Driftsutgifter
Driftsutgiftene består i hovudsak av forvaltning, drift og vedlikehald av eigedomsmassen og administrasjon og løn.
Underpost 24.3 Avskrivingar
Alle eigedelar blir avskrivne lineært. Normal avskrivingstid for nybygg er 60 år. Tekniske anlegg og andre særskilde bygningskomponentar har kortare avskrivingstid. Avskrivingane blir førte som ei driftsutgift i Statsbygg og blir utlikna av ei tilsvarande inntekt på Finansdepartementets kap. 5491 Avskriving på statens kapital i statens forvaltningsbedrifter, post 30 Avskrivingar, for å vise staten sine totale kostnadar basert på kontantprinsippet.
Underpost 24.4 Renter av statens kapital
Rentene førast som ei driftsutgift i Statsbygg, og motsvarast av ei tilsvarande inntekt på Finansdepartementets kap. 5603 Renter av statens kapital i statens forvaltningsbedrifter, post 80 Renter av statens faste kapital.
Underpost 24.5 Til investeringsføremål
Posten gjeld avsetning til investeringsføremål. Posten blir brukt når investeringar ut over løyving blir finansierte frå drifta, til dømes kjøp av eigedom.
Underpost 24.6 Til reguleringsfondet
Føremålet til reguleringsfondet er å utjamne variasjonar i driftsinntekter og -utgifter mellom år. Fondet skal òg dekke utgifter ved skadetilfelle på eigedomane. For at fondet skal verke slik det er meint, er det viktig å halde det på eit tilstrekkeleg nivå. Stortinget har slutta seg til at reguleringsfondet over tid bør vere om lag 1 pst. av balansen, jf. Innst. 16 S (2021–2022). Ved utgangen av 2023 utgjorde reguleringsfondet 937 mill. kroner, mens balansen var om lag 64,5 mrd. kroner. Departementet kan godkjenne overskriding av årlege løyvingar på investeringspostane ved bruk av midlar frå fondet. Det gjeld både tilførsel av likviditet for å halde optimal framdrift i byggeprosjekt under arbeid, og kjøp av eigedom på kap. 2445 Statsbygg, jf. forslag til romartalsvedtak.
Det blir foreslått eit driftsresultat på 364,6 mill. kroner, ei auke på 30 mill. kroner.
Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til prosjektering av prioriterte ordinære byggeprosjekt fram til fullført forprosjekt.
I 2023 vart midlane brukte til vidare prosjektering av nytt Oslo fengsel, Bergen tinghus, samlokalisering av prosjektet for Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet og byggetrinn 2 i nytt regjeringskvartal.
Det blir foreslått ei løyving på 30 mill. kroner til vidare prosjektering av nytt Oslo fengsel og 24 mill. kroner til vidare prosjektering av samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen. I tillegg blir det foreslått 10 mill. kroner til prosjektering av det samiske museet RiddoDuottarMuseat.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 47 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på Klima- og miljødepartementet sitt kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, post 21. Løyvinga skal dekke Statsbygg sitt arbeid med forprosjektet for Troll forskingsstasjon.
Samla blir det foreslått å løyve 111 mill. kroner.
Post 31 Igangsetjing av ordinære byggeprosjekt, kan overførast
Posten dekker utgifter til oppstart av nye byggeprosjekt innanfor husleigeordninga.
I 2023 vart det løyvd midlar til å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling. I 2024 vart det løyvd midlar til ny tinghusløysing i Bergen og hybelbygg ved fagskulen for brann- og redningspersonell.
Regjeringa foreslår å løyve 500 mill. kroner til vidare framdrift i prosjektet med nytt regjeringskvartal, del 1 av byggetrinn 2, jf. omtale under mål 2 for programkategori 01.10.
Post 32 Prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggeprosjekt på oppdrag frå departementa. Departementet har i eit eige rundskriv utarbeidd retningslinjer for gjennomføring av brukarfinansierte byggeprosjekt. Det blir foreslått å løyve 277 mill. kroner.
Post 33 Vidareføring av ordinære byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til vidareføring av byggeprosjekt som Stortinget tidlegare har vedtatt å starte opp. Midlane skal sikre best mogleg framdrift i pågåande prosjekt.
Rapport
I 2023 vart det brukt 5 523,8 mill. kroner på posten. Dei største prosjekta var nytt regjeringskvartal byggetrinn 1, energiløysing for nytt regjeringskvartal, 22. juli-senteret, rehabilitering av tekniske anlegg ved Ila fengsel og forvaringsanstalt, fagskulen for brann- og redningspersonell, blått bygg ved Nord universitet og samlokalisering av Det samiske nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Karasjok. I tillegg vart midlane brukte til prosjekt i avslutnings- og reklamasjonsfase som mellom anna nybygg for Nasjonalmuseet, nytt museumsbygg for Saemien Sijte på Snåsa og nytt sikringsmagasin for Nasjonalbiblioteket i Rana.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Tabellen nedanfor viser prosjekt på kap. 2445 Statsbygg som er under bygging i 2025:
Tabell 5.2 Ordinære byggeprosjekt – vidareføring
(i mill. kroner) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Oppstart |
Avtalt ferdigstilling |
Kostnads-ramme per 1.7.20251) |
Forventa forbruk t.o.m. 2024 |
Forslag 2025 |
|
Bygg under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet: |
|||||
Energiløysing for nytt regjeringskvartal |
2019 |
2025 |
3 278,0 |
1 976,2 |
60,0 |
Nytt regjeringskvartal, byggetrinn 1 |
2021 |
2025/2026 |
24 494,5 |
16 759,3 |
3 582,0 |
Bygg under Justis- og beredskapsdepartementet: |
|||||
Fagskule for brann- og redningspersonell, hyblar |
2024 |
2025 |
460,1 |
270,0 |
125,0 |
Oslo fengsel, avdeling Ullersmo |
2023 |
2026 |
665,0 |
400,7 |
75,0 |
Bergen tinghus |
2024 |
2027 |
1 260,4 |
146,0 |
390,0 |
Bygg under Kunnskapsdepartementet: |
|||||
Blått bygg ved Nord universitet |
2022 |
2025 |
654,2 |
504,9 |
72,7 |
22. juli-senteret |
2022 |
2025 |
561,2 |
262,7 |
126,0 |
Prosjekt i reklamasjonsfasen/avslutningsfasen |
59,1 |
||||
Samla forslag post 33 |
4 489,8 |
1 Då prosjekta vart starta opp inngjekk kunstnarisk utsmykking i kostnadsrammene. Kostnadsrammene over er utan midlar til kunstnarisk utsmykking, då det er KORO som disponerer midlane til kunstnarisk utsmykking, jf. kap. 1530, post 36.
Kostnadsrammene inneheld forventa prisvekst frå 1.7.2024 til 1.7.2025.
Statsbygg kan fordele midlane på posten mellom dei ulike prosjekta, avhengig av framdrift og likviditetsbehov for det enkelte prosjekt i 2025. Under programkategori 00.10, mål 2 Eit sikkert og effektivt nytt regjeringskvartal, er det gitt ei nærare omtale av prosjekt nytt regjeringskvartal.
Det blir foreslått å løyve 4 489,8 mill. kroner.
Post 34 Vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt. I 2023 var 25 prosjekt i byggefase, og ni av desse vart ferdigstilte. Prosjekta vart ferdigstilte til avtalt tid, med unntak av bygg for skodespelarutdanninga ved Nord universitet som er venta ferdigstilt i 2024. Prosjekta vart ferdigstilte innanfor eller under styringsramma. I brukarfinansierte byggeprosjekt forpliktar Statsbygg seg til ei husleige basert på styringsrammene (P50) for prosjekta. Ni prosjekt er venta ferdigstilte i 2024. Dei største prosjekta i 2025 er Tønsberg tinghus, Magnormoen politistasjon, BUF ungdomsheim i Bodø, renovering av Tokyo ambassadeanlegg og nytt ambassadeanlegg i Nairobi.
Det blir foreslått å løyve 850 mill. kroner.
Post 39 Renter på byggelån, kan overførast
I tråd med ny økonomimodell for Statsbygg blir byggelånsrenter på investeringspostane 30–34 aktiverte i balansen til Statsbygg.
Det blir foreslått å løyve 900 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker utstyr på eigedomane Statsbygg forvaltar, inkludert utbetringar, utskiftingar og installering av tekniske anlegg.
Rapport
Løyvinga for 2023 vart brukt til innkjøp som skal aktiverast i balansen og avskrivast. Dette gjeld investeringar i IKT og større utstyr til administrasjonen til Statsbygg og til drift av eigedomane. I tillegg vart det brukt midlar til bygningsmessige utskiftingar og utbetringar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
I 2025 blir det foreslått å bruke 168,9 mill. kroner til innkjøp av utstyr og installering av tekniske anlegg på eigedomar som Statsbygg forvaltar, og 200 mill. kroner til bygningsmessige utskiftingar og utbetringar.
Samla blir det foreslått å løyve 368,9 mill. kroner.
Post 49 Kjøp av eigedomar, kan overførast
Løyvinga dekker kjøp av eigedomar og tomter til bruk i aktuelle byggeprosjekt.
I 2023 vart det mellom anna kjøpt eigedom til nytt regjeringskvartal (Oslo hovudbrannstasjon og nedkøyringsrampe i Grubbegata 4–6), Elvesletta bustadpark blokk 1 og fleire mindre kjøp av bustadar i Longyearbyen. I tillegg vart det kjøpt to bygg til brannskulen og tomt til hybelhus for brannskulen i Tjeldsund.
I 2025 er det mellom anna planlagt å kjøpe Møllergata 23–25 til nytt regjeringskvartal, tomt til ny institusjon for Bufetat på Sunnmøre og tomt til kontrollstasjon på Magnormoen.
Det blir foreslått å løyve 345,5 mill. kroner.
Tabell 5.3 Balansen til Statsbygg
(i 1000 kroner) |
||||
---|---|---|---|---|
Rekneskap 2022 |
Rekneskap 2023 |
Overslag 2024 |
Overslag 2025 |
|
Eigedelar: |
||||
Anleggsmiddel |
||||
Driftsmidlar, eigedommar |
57 645 901 |
64 373 251 |
71 548 824 |
76 975 848 |
Aksjar, andelar |
30 |
30 |
30 |
30 |
Utlån og obligasjonar |
102 350 |
102 584 |
102 584 |
102 584 |
Sum anleggsmiddel |
57 748 281 |
64 475 865 |
71 651 437 |
77 078 461 |
Omløpsmiddel |
||||
Kortsiktige fordringar |
34 184 |
21 080 |
27 632 |
24 356 |
Sum omløpsmiddel |
34 184 |
21 080 |
27 632 |
24 356 |
Sum eigedelar |
57 782 465 |
64 496 944 |
71 679 069 |
77 102 817 |
Eigenkapital og gjeld: |
||||
Eigenkapital |
||||
Eigenkapital, ekskl. reguleringsfond |
||||
Reguleringsfond |
994 165 |
937 052 |
937 052 |
937 052 |
Sum eigenkapital |
994 165 |
937 052 |
937 052 |
937 052 |
Langsiktig gjeld |
||||
Staten si renteberande gjeld |
57 748 281 |
64 475 865 |
71 651 437 |
77 078 461 |
Anna langsiktig gjeld |
||||
Sum langsiktig gjeld |
57 748 281 |
64 475 865 |
71 651 437 |
77 078 461 |
Kortsiktig gjeld |
||||
Kortsiktig gjeld |
76 693 |
104 835 |
90 764 |
97 799 |
Mellomverande med statskassa |
-1 036 674 |
-1 020 808 |
-1 000 184 |
-1 010 496 |
Sum kortsiktig gjeld |
-959 981 |
-915 973 |
-909 421 |
-912 697 |
Sum eigenkapital og gjeld |
57 782 465 |
64 496 944 |
71 679 069 |
77 102 817 |
Kap. 5445 Statsbygg
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
39 | Avsetning til investeringsføremål | 29 702 | ||
Sum kap. 5445 | 29 702 |
Post 39 Avsetning til investeringsføremål
Inntekta i 2023 gjeld kjøp av Grubbegata 4–6 til nytt regjeringskvartal.
Programkategori 01.40 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk
Utgifter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
1540 |
Digitaliseringsdirektoratet |
1 030 032 |
1 079 374 |
1 250 150 |
15,8 |
1541 |
IT- og ekompolitikk |
449 008 |
450 863 |
578 477 |
28,3 |
1542 |
Internasjonalt samarbeid |
390 803 |
481 882 |
369 308 |
-23,4 |
1543 |
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit |
527 538 |
475 543 |
492 538 |
3,6 |
Sum kategori 01.40 |
2 397 381 |
2 487 662 |
2 690 473 |
8,2 |
Inntekter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
4540 |
Digitaliseringsdirektoratet |
351 018 |
318 785 |
352 972 |
10,7 |
4542 |
Internasjonalt samarbeid |
3 255 |
3 541 |
3 335 |
-5,8 |
4543 |
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit |
609 670 |
583 922 |
887 434 |
52,0 |
5579 |
Sektoravgifter under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet |
260 650 |
281 165 |
295 614 |
5,1 |
Sum kategori 01.40 |
1 224 593 |
1 187 413 |
1 539 355 |
29,6 |
Innleiing
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har koordineringsansvaret for forvaltningspolitikken, regjeringa sin IT-politikk og sektoransvaret for elektronisk kommunikasjon.
Føremålet med forvaltningspolitikken er å fastsetje felles rammer for korleis forvaltninga bør arbeide og vere organisert. Dette skal gi innbyggarane rettstryggleik, bidra til at avgjerder er fagleg baserte, vareta demokratiske verdiar og fremje effektiv bruk av ressursane. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ei rolle som pådrivar og tilretteleggar for ei open og samordna forvaltning som har høg tillit i befolkninga. Kvar enkelt sektor, departement og underliggande verksemd har eit sjølvstendig ansvar for å organisere seg og arbeide slik at dei politiske måla blir nådd.
Digitalisering skal bidra til eit berekraftig velferdssamfunn som varetek ein trygg og enkel kvardag for innbyggarane og frivillig sektor, eit konkurransedyktig næringsliv og ein betre offentleg sektor. Føremålet med IT-politikken er å utvikle rammevilkår som understøtter digitaliseringa i sektorane, på tvers av sektorar og samfunnet som heilskap. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har eit samordningsansvar som mellom anna inneber å identifisere utfordringar på tvers av sektorar og å initiere, koordinere og følgje opp tverrgåande digitaliseringstiltak, irekna utvikling av strategiar og handlingsplanar. Departementet har ansvar for samordning av regjeringa si politikk for kunstig intelligens og forvaltning av tilknytt regelverk. Departementet har òg eit særskilt ansvar for å arbeide for ei styrka og meir heilskapleg tilnærming til informasjonssikkerheit i forvaltninga. Digitaliseringa av samfunnet skal skje på ein berekraftig og inkluderande måte, slik at flest mogleg blir inkludert i det digitale samfunnet. Den skal òg bidra til forenkling og effektivisering i både offentleg og privat sektor. Samstundes er det viktig å hindre at digitaliseringa svekker personvern eller forbrukarvern, aukar sårbarheita for digitale angrep eller svekker konkurransen i dei digitale marknadene.
Føremålet med ekompolitikken er å legge til rette for eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet. Datasenter, høghastigheits breibandnett og mobilnett med god kapasitet, er viktig for levering av internett og andre elektroniske kommunikasjonstenester til innbyggarar, næringsliv, forvaltning og kritiske samfunnsfunksjonar. Datasentera og netta er følgeleg ein føresetnad for digitalisering og digitale løysingar, og derfor for oppgåveutføring, verdiskaping, innovasjon og samfunnssikkerheit på tvers av alle sektorar. Høg sikkerheit og beredskap i netta og tenestene, er òg ein føresetnad for at potensialet for digitalisering skal kunne utnyttast.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Digitaliseringsdirektoratet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Staten eig òg 100 pst. av aksjane i Norid AS, som mellom anna forvaltar det norske toppnivådomenet .no. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet forvaltar staten sitt eigarskap i selskapet.
Departementet har vidare ansvaret for den faglege styringa av den sentrale arbeidsgivarfunksjonen i staten, organisering og innkjøpspolitikken, mellom anna gjennom Statens innkjøpssenter i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Finansdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av DFØ. Den statlege arbeidsgivarpolitikken er nærare omtalt under programkategori 01.60.
Mål for programkategorien
-
Forvaltninga i Noreg er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga
-
Digitaliseringa i samfunnet gir gode vilkår for deltaking, verdiskaping og innovasjon i offentleg og privat sektor
-
Eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet
Mål 1 Forvaltninga i Noreg er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga
Forvaltninga skal tilby gode og effektive offentlege tenester, vere open og ha høg tillit i befolkninga. Mindre administrasjon og detaljstyring skal gi dei tilsette meir fridom og innbyggarane betre velferdstenester. Offentleg sektor skal vere sterk og samordna. Forvaltninga skal utvikle eigen kompetanse framfor å bruke konsulentar. Utviklinga av offentleg forvaltning skal forankrast i sentrale verdiar som demokrati, rettstryggleik, fagleg integritet og effektivitet. Sjå nærare omtale i del I pkt. 2.2 Ein omstillingsdyktig og effektiv offentleg sektor og omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under målet under kap. 1500, 1540, 1541 og 1542.
Digitaliserings- og forvaltningsministeren har ansvar for å koordinere regjeringa sitt arbeid med berekraftsmåla nasjonalt. Ein samla rapport om arbeidet i 2024 finn ein som eit digitalt vedlegg til denne budsjettproposisjonen. Digitaliserings- og forvaltningsministeren leiar Toppleiarforum for berekraftsmåla. Toppleiarforum er eit forum for utvikling av eit felles kunnskapsgrunnlag, deling av beste praksis og drøfting av målkonfliktar, interessemotsetnader og dilemma.
Mål 2 Digitaliseringa i samfunnet gir gode vilkår for deltaking, verdiskaping og innovasjon i offentleg og privat sektor
Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggarane gode tenester, valfridom og medråderett. Offentleg sektor skal vere effektiv, og gjennom digitalisering er målet å tilby forbetra offentlege tenester, fremje innovasjon og verdiskaping i næringslivet og sikre ein berekraftig og inkluderande samfunnsutvikling. IT-politikken grip på tvers av samfunnssektorane og ei viktig oppgåve er samordning av politikken.
Kunstig intelligens (KI) har på kort tid satt sitt preg på samfunnet. Teknologien skapar moglegheiter og utfordringar vi ikkje har sett tidlegare. Ved hjelp av KI er det mogleg å forbetre tenester, løysingar og arbeidsprosessar i både offentleg og privat sektor.
Regjeringa vil følgje opp den nasjonale digitaliseringsstrategien som vart lagt fram hausten 2024. Strategien peikar på nokre viktige føresetnader som må være på plass for å gjennomføre den digitale omstillinga på ein forsvarleg måte. Det gjeld mellom anna ein forsterka styring og samordning av digitaliseringspolitikken, at vi har ein sikker og framtidsretta infrastruktur, styrka sikkerheit og beredskap. Strategien legg òg vekt på betydinga av eit godt personvern for alle og at vi har den nødvendige digitale kompetansen framover.
Digitale fellesløysingar i forvaltninga bidrar til at offentlege tenester er tilgjengelege for alle innbyggarar i heile landet. Fellesløysingane kan òg vere viktige for å kunne kommunisere med befolkninga i krisetider. Det er derfor viktig at løysingane er sikre og stabile. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Digitaliseringsdirektoratet sitt arbeid med forsvarleg drift, sikring og forvaltning av fellesløysingane, mellom anna Altinn.
For å styrkje informasjonssikkerheita i kommunane, vart det i 2023 etablert eit eige responsmiljø for kommunesektoren – KommuneCERT.
Sjå nærare omtale i del I pkt. 2.1 Eit digitalisert samfunn for alle og omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under målet under kap. 1540, 1541 og 1542.
Mål 3 Eit likeverdig tilbod av sikre elektroniske kommunikasjonstenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet
Regjeringa ser store moglegheiter i digitalisering og ny teknologi. Grunnleggande digital infrastruktur, som mobil- og breibandnett og datasenter med høg kvalitet og sikkerheit, er viktig for levering av internett og andre elektroniske kommunikasjonstenester, og er derfor ein føresetnad for digitalisering i alle sektorar og avgjerande for å bygge landet vidare i framtida. Det er viktig at alle kan delta i den digitale utviklinga.
Dei viktigaste linjene i norsk ekompolitikk skal ligge fast. Regjeringa vil vidareføre den marknadsbaserte tilnærminga til utbygging av nett og tenester og prinsippa om forsvarleg sikkerheit, minimumsregulering, teknologinøytralitet og effektiv marknadsregulering. Det er i hovudsak marknadsaktørane som skal finansiere vidare utbygging, og regjeringa vil legge til rette for dette.
Samstundes har utbygginga i Noreg kome så langt at mange av adressene som står igjen å bygge ut til, ligg i område utan kommersielt grunnlag for investeringar. Regjeringa foreslår å bruke midlar på utbygging i slike område òg i 2025. Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder i Noreg skal ha tilbod om høghastigheits breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit innan utgangen av 2025 og tilbod om minst 1 gigabit per sekund (1 000 Mbit/s) nedlastingshastigheit og 100 Mbit/s opplastingshastigheit i 2030.
Når alle blir meir avhengige av nett med høg kvalitet, er òg høg sikkerheit og beredskap avgjerande for tryggleiken for folk og verksemder i heile landet. Regjeringa foreslår derfor å bruke midlar på sikkerheit og beredskap i nett og tenester òg i 2025.
Det blir òg foreslått midlar til å gjennomføre Internet Governance Forum (IGF) i Noreg i 2025. Noreg er kandidatland, og Russland er den andre kandidaten. Dersom Noreg blir vald, vil regjeringa halde verdiar som menneskerettar, ytringsfridom og personvern høgt i gjennomføringa av arrangementet.
Sjå nærare omtale i del I pkt. 2.1 Eit digitalisert samfunn for alle og omtale av løyvingar og verkemiddel som støtter opp under målet under kap. 1541 og 1543.
Berekraftsmåla
Innanfor området forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk bidrar Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet til berekraftsmåla på ei rekke område. Deling og bruk av data gjer det mogleg å skape nye verdiar og meir effektive løysingar (mål 8 om økonomisk vekst). Utbygging av mobil- og breibandnetta i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for det, betrar føresetnadene for innovasjon (mål 9 om infrastruktur og innovasjon), reduserer det digitale gapet og skapar meir likeverdige tilbod over heile landet (mål 10 om å redusere ulikskap). God informasjonssikkerheit og personvern er føresetnader for tillit. eID gjer at alle kan bevise den juridiske identiteten sin, eInnsyn gjer det mogleg å følgje offentleg saksbehandling og sjølvbeteningsløysingar aukar effektiviteten i offentleg sektor (mål 16 om velfungerande institusjonar).
Kap. 1540 Digitaliseringsdirektoratet
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
158 926 |
159 610 |
172 923 |
21 |
Særskilde driftsutgifter, kan overførast |
49 466 |
11 370 |
14 402 |
22 |
Bruk av nasjonale fellesløysingar |
176 038 |
179 000 |
200 600 |
23 |
Utvikling og forvaltning av nasjonale fellesløysingar, kan overførast |
379 303 |
422 308 |
526 621 |
25 |
Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt, kan overførast |
84 909 |
136 329 |
150 741 |
26 |
Stimulab, kan overførast |
9 821 |
5 202 |
5 342 |
27 |
Tilsyn for universell utforming av ikt |
27 878 |
19 133 |
19 860 |
29 |
Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn, kan overførast |
142 405 |
137 500 |
150 000 |
71 |
IT-tilskot |
1 286 |
8 922 |
9 661 |
Sum kap. 1540 |
1 030 032 |
1 079 374 |
1 250 150 |
Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for effektiv og samordna digitalisering av offentleg sektor og av samfunnet elles, og bidra til digitalisering i næringslivet. Digitaliseringsdirektoratet skal, i nært samarbeid med andre aktørar både i offentleg og privat sektor, realisere regjeringa sine ambisjonar og mål for digitaliseringa av samfunnet. Digitaliseringsdirektoratet har staten og kommunane, næringsdrivande, frivillig sektor og innbyggarane som målgrupper.
Direktoratet skal bidra til samordna digitalisering gjennom å vere eit fagorgan for digitalisering og heilskapleg informasjonsforvaltning, leverandør av fellesløysingar og tilsyn for universell utforming av ikt. Som fagorgan skal Digitaliseringsdirektoratet vere pådrivar, ha kunnskap og overblikk, delta i internasjonalt samarbeid og gi råd som fremjar digitalisering, mellom anna offentleg sektor sitt arbeid med utvikling av samanhengande tenester, felles økosystem, kunstig intelligens, deling av data og førebyggande informasjonssikkerheit. Vidare inneber rolla som fagorgan at Digitaliseringsdirektoratet er ein pådrivar for auka digitalisering og innovasjon, og betre informasjonssikkerheit i forvaltninga. Digitaliseringsdirektoratet er sekretariat for Digitaliseringsrådet og forvaltar òg finansielle verkemiddel som medfinansieringsordninga for digitaliseringsprosjekt som skal bidra til auka digitalisering i forvaltninga, og Stimulab, som skal bidra til auka innovasjon i offentleg sektor.
Som leverandør av fellesløysingar arbeider Digitaliseringsdirektoratet med å vidareutvikle og utbreie fellesløysingar som Altinn og ID-porten, og å skape nye verdiar og digitale tenester med høg tillit. Oppgåver knytte til rolla som tilsyn for universell utforming av ikt skal utøvast uavhengig av direktoratet sine andre oppgåver.
Digitaliseringsdirektoratet skal støtte opp om målet om at forvaltninga i Noreg er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga. Dei skal òg bidra til målet om at digitaliseringa i samfunnet gir gode vilkår for deltaking, verdiskaping og innovasjon i offentleg og privat sektor.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker løn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter.
Rapport
Ein god digital grunnmur i form av fellesløysingar og register er ein føresetnad for å kunne tilby og utvikle gode digitale løysingar raskt og kostnadseffektivt.
Bruken av Digitaliseringsdirektoratet sine fellesløysingar er meir enn tidobla sidan 2016 og auka eksplosivt under pandemien. Utviklinga stabiliserte seg i 2022, men talet på verksemder (kundar) og tenester som brukar fellesløysingane auka frå 2022 til 2023. Bruken av ID-porten viser ei auke på 3,7 pst. frå 2022 til 297 millionar innloggingar i 2023. Det er ein liten nedgang på 2 pst. i bruk av Kontakt- og reservasjonsregisteret i same periode til 2,1 milliardar oppslag i 2023. Trenden er likevel positiv etter at ein frå rekordåret 2021 hadde nedgang på 6 pst. til 2022.
Altinn formidla over 100 millionar sendingar for offentlege og private aktørar, noko som er ein oppgang på 9,8 pst. frå 2022. Bruken av eSignering auka med 2 pst. Det vart gjennomført 2,4 millionar signeringar i 2023.
Digitaliseringsdirektoratet jobbar med å modernisere løysingane for å sikre nødvendig kapasitet og sikkerheit i dei digitale tenestene i offentleg sektor. Direktoratet har gjennomført eit større moderniseringsarbeid av den tekniske infrastrukturen for ID-porten, Kontakt- og reservasjonsregisteret og Maskinporten. Digitaliseringsdirektoratet leiar òg eit omfattande og samfunnskritisk moderniseringsarbeid for å sikre overgangen frå dagens Altinn-løysning til Altinn 3. Sjå nærare omtale under post 23.
Informasjonssikkerheit og personvern er ein føresetnad for å bygge tillit til digitaliseringa av samfunnet. Direktoratet fortsett derfor å prioritere innsatsen for å styrkje forvaltninga si evne til å arbeide systematisk med informasjonssikkerheit, for å styrkje robustheita i samfunnet. I 2023 har direktoratet mellom anna etablert eit samarbeid med fleire andre rettleiingsaktørar, for å utarbeide eit felles målbilete for samordna innsats for betre informasjonssikkerheit i forvaltninga. Gjennom ulike prosjekt vil direktoratet og samarbeidspartnarane søkje å løyse fleire av utfordringane forvaltninga har med informasjonssikkerheit.
Digitaliseringsdirektoratet er ein pådrivar for arbeidet med livshendingar og andre samanhengande tenester. I 2023 var det eit tverrfagleg koordineringsteam rundt mottak av flyktningar frå Ukraina. Teamet hjalp flyktningar med å bestille eID frå Buypass slik at dei hadde moglegheit til å bruke ID-porten som inngang til digitale tenester frå det offentlege. Digitaliseringsdirektoratet har òg ansvaret for livshendinga dødsfall og arv, der endringa i arvelova var ein viktig milepåle for løysinga digitalt dødsbu. Pågåande tiltak er til dømes digital gravferdsmelding, oppgjer etter dødsfall og digitalt dødsbu.
Nasjonal strategi for eID i offentlig sektor vart lagt fram i april 2023. Strategien peikar på at alle relevante brukargrupper enkelt skal kunne skaffe seg eID, og at gode løysingar for fullmakt og representasjon er viktig for å redusere digitalt utanforskap. For å følgje opp strategien vart det lagt fram ein handlingsplan våren 2024. Handlingsplanen konkretiserer tiltaka med tanke på innhald, ansvarleg departement/verksemd, fristar, og dessutan prioritering av tiltaka. Handlingsplanen blir følgt opp av Digitaliseringsdirektoratet med involvering av relevante departement og underliggande verksemder. Den rettar seg primært mot verksemder og myndigheiter i offentleg sektor. Tiltak som gjeld utbreiing og tilgjengeleggjering av eID på høgt tryggingsnivå blir prioritert i det vidare arbeidet.
Deling og bruk av data er avgjerande for oppnå samanhengande tenester for brukarane og oppnå verdiar for samfunnet. Det kjem til uttrykk i Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – Datadrevet økonomi og innovasjon, som vart behandla av Stortinget i juni 2021. I 2023 har Digitaliseringsdirektoratet vektlagt å spreie kunnskap om juridiske, teknologiske og forretningsmessige forhold rundt datadeling. Saman med samarbeidspartnarar har direktoratet gjennom løysingar og samhandlingsarenaer lagt til rette for deling og gjenbruk av data. Auka tilgang til data av god kvalitet er nødvendig for å hente ut effektar og nytta av ny teknologi i framtida.
Internasjonalt samarbeid kan styrkje den digitale omstillinga som Noreg no står overfor gjennom å utnytte tilgang til kunnskap, faglege nettverk, digitale kapasitetar, infrastrukturar og moglegheiter for finansiell støtte.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Digitaliseringsdirektoratet skal vidareutvikle rolla som fagorgan for å ha kunnskap og oversikt over tilstanden for digitale tenester i forvaltninga. Direktoratet skal fremje tiltak for å dekke felles behov og utfordringar i offentleg forvaltning på ein effektiv måte.
Direktoratet skal sørgje for at digitale fellesløysingar blir drifta, forvalta og vidareutvikla på ein berekraftig og forsvarleg måte. Ein viktig del av dette er å arbeide for at offentlege verksemder brukar fellesløysingane når dei utviklar digitale tenester.
Digitaliseringsdirektoratet har i 2023 utarbeidd ei rettleiing i ansvarleg bruk av kunstig intelligens i offentleg sektor. Direktoratet skal, i samarbeid med relevante aktørar, vidareutvikle denne. Direktoratet vil òg ha ei rolle i oppfølginga av ny nasjonal digitaliseringsstrategi, der kunstig intelligens og deling av data er to sentrale tema. Direktoratet bidrar òg i gjennomføringa av EUs KI-forordning i norsk lov.
Løyvinga blir foreslått auka med 8,7 mill. kroner i samband med styrka sikkerheit og beredskap for nasjonale digitale fellesløysingar, sjå omtale under post 23.
Det blir foreslått å løyve 172,9 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4540, post 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til Digitaliseringsdirektoratet sine utviklingsoppgåver og it-prosjekt, og nyutvikling knytt til nasjonale fellesløysingar.
For rapportering sjå omtale under post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Løyvinga blir foreslått auka med 2,6 mill. kroner til arbeidet med ei fullmaktsløysing som skal legge til rette for at ikkje-digitale brukarar kan la andre representere seg i digitale tenester.
Det blir foreslått å løyve 14,4 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4540, post 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 22 Bruk av nasjonale fellesløysingar
Løyvinga dekker utgifter for bruk av elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå skrive ut av private leverandørar, og elektronisk ID med lågare sikkerheitsnivå ved sending av SMS. På vegne av offentlege verksemder har Digitaliseringsdirektoratet inngått avtale med fleire private leverandørar. Forslaget til løyving er basert på forventa volum for bruk hos verksemdene som brukar ID-porten.
Løyvinga dekker òg utgifter for bruk av Digital postkasse til innbyggarar der det er inngått avtale med fleire private leverandørar, og kostnadar for innlogging til postkassene via ID-porten og kostnadar knytte til eSignering. Desse kostnadane blir dei enkelte verksemdene fakturert for, jf. kap. 4540, post 05. Det er usikkerheit knytt til løyvingsanslaget.
Løyvinga skal vere tilpassa faktisk bruk av løysingane i forvaltninga og gjeldande rammevilkår frå underleverandørar.
For rapportering sjå omtale under post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det blir foreslått å løyve 200,6 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4540, post 05, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 23 Utvikling og forvaltning av nasjonale fellesløysingar, kan overførast
Løyvinga dekker utvikling, forvaltning og drift av dei nasjonale fellesløysingane ID-porten, Digital postkasse til innbyggarar, Kontakt- og reservasjonsregisteret, eSignering, eFormidling, ELMA, eInnsyn, Altinn og data.norge.no. I tillegg budsjetterast utgifter til drift, forvaltning og utvikling av Maskinporten. Utgifter til utbreiing av eInnsyn, i kommunar og fylkeskommunar, og Maskinporten skulle dekkast av dei verksemdene som tar fellesløysingane i bruk. I påvente av framtidige finansieringsmodellar er løysingane delvis sentralfinansierte.
Vidare dekker løyvinga nødvendige tilpassingar som følgje av samarbeid med EU og nordisk-baltisk samarbeid. Løyvinga dekker òg deler av arbeidet med strategi og samordning av nasjonale fellesløysingar slik at dei blir forvalta og vidareutvikla på ein heilskapleg måte.
Som ein del av oppgåvene med å drifte, forvalte og utvikle løysingane, utfører Digitaliseringsdirektoratet enkelte oppdrag knytte til utvikling av særskild funksjonalitet og tilleggstenester som er etterspurd av kundar og tenesteeigarar. Desse kostnadane blir fakturert vidare. Føring av inntektene skjer på kap. 4540, post 03.
For rapportering sjå omtale under post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Fellesløysingane har ein sentral plass i tenesteproduksjonen i offentleg sektor og den digitale samhandlinga med innbyggarar og næringsliv. Dette er tenester som er heilt sentrale for å vareta den samfunnsstrukturen vi har i Noreg. Trusselsituasjonen er betydeleg og aktiviteten frå profesjonelle trusselaktørar er aukande. Det er viktig at fellesløysingane har tilstrekkeleg kapasitet til å dekke ikkje berre ein normal situasjon, men òg krisesituasjonar. Fellesløysingane må òg vidareutviklast slik at dei dekker endra regulatoriske føresetnader og nye behov.
Våren 2023 vart det etablert eit tverretatleg program (Nye Altinn), under leiing av Digitaliseringsdirektoratet og med dei største tenesteeigarane som brukar Altinn; Brønnøysundregistera, Skatteetaten og Statistisk Sentralbyrå (SSB). Programmet skal utvikle Altinn 3 i Digitaliseringsdirektoratet og reetablere tenestene til Brønnøysundregistera, Skatteetaten og SSB i den nye plattforma. Programmet skal òg bidra til å koordinere overgangen til Altinn 3 for andre tenesteeigarar. Dette er eit omfattande arbeid med ein stram tidsplan. Programmet skal etter planen avsluttast i desember 2026. Overgangen til Altinn 3 fører med seg at plattforma delast opp i fleire frittståande delar. Det gjer fridom til tenesteeigarane i korleis dei brukar produkta i plattforma til sine behov.
Vinteren 2024 vart det gjennomført ein ekstra kvalitetssikring av programmet. Ekstern kvalitetssikrar vurderte at ein samla gjennomføringsplan legg til rette for ein teneleg gjennomføring og sannsynleggjer at programmet når sin målsetjing, jf. omtale i Prop. 104 S (2023–2024). På bakgrunn av dette fatta Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 ei investeringsavgjerd for programmet Nye Altinn med ei kostnadsramme på 1 267 mill. kroner.
På denne bakgrunn blir det foreslått å løyve 357,2 mill. kroner til investeringskostnader for Nye Altinn i 2025. Løyvinga blir fordelt med 125,3 mill. kroner til Digitaliseringsdirektoratet på kap. 1540, post 23, 49,5 mill. kroner til Brønnøysundregistera på kap. 904, post 21, 167 mill. kroner til Skatteetaten på kap. 1618, post 22 og 15,4 mill. kroner til SSB på kap. 1620, post 01. Denne fordelinga vil ved eventuelt behov bli foreslått justert i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025.
Ein moderne Altinn-plattform og nye tenester vil gi auka nytte, vareta sikkerheit og fleksibilitet på ein betre måte, men òg føre med seg eit auka behov for drift og forvaltning av plattforma og dei tilknytte tenestene. Det blir derfor foreslått å løyve 22,5 mill. kroner til drift og forvaltning til deltakande verksemder i Nye Altinn i 2025. Løyvinga blir fordelt med 2,6 mill. kroner til Digitaliseringsdirektoratet på kap. 1540, post 23, 3,1 mill. kroner til Brønnøysundregistera på kap. 904, post 21, 15,8 mill. kroner til Skatteetaten på kap. 1618, post 01 og 1,0 mill. kroner til SSB på kap. 1620, post 01.
Det er behov for å styrkje arbeidet med forsvarleg drift, sikring og forvaltning av dei digitale fellesløysingane i Digitaliseringsdirektoratet. I lys av det nasjonale risikobiletet for IKT-sikkerheit og at overgangen til Altinn 3 fører med seg eit teknologiskifte, er det nødvendig med ei satsing på robust drift, og kontinuerleg forvaltning og vidareutvikling. Dette er nødvendig for å sikre at sikkerheitsnivået er tilfredsstillande og at vidare vekst i bruken av fellesløysingane er mogleg. Satsinga er eit viktig løft i den digitale sikkerheita til digitale fellesløysingar, sjå meir om digital sikkerheit i Prop. 1 S (2024–2025) for Justis- og beredskapsdepartementet. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 31,3 mill. kroner.
Digitalt dødsbu er ei teneste som er utvikla i prosjektet «Oppgjer etter dødsfall». Føremålet med Digitalt dødsbu er å forenkle prosessen etter dødsfall for arvingar og interessentar gjennom digitalisering og deling av data i prosessar som i dag er kompliserte, analoge og papirbaserte. Digitalt dødsbu vil gi arvingane viktig informasjon om avdøde sin formue og gjeld. I 2024 vart løyvinga til drift, forvaltning og vidareutvikling av Digitalt dødsbu auka med 5,5 mill. kroner, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024). Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,6 mill. kroner til heilårsverknaden av å drifte, forvalte og vidareutvikle tenesta.
Samla blir det foreslått å løyve 526,6 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4540, post 03, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 25 Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt, kan overførast
Føremålet med løyvinga er å bidra til gjennomføring av samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringsprosjekt og realisering av gevinstar. Posten blir budsjettert med tilsegnsramme, tilsegnsfullmakt og løyving. Tilsegnsramma er summen av nye tilsegn som kan gis i budsjettåret og er den relevante størrelsen for å vurdere aktiviteten på ordninga. Løyvinga dekker den delen av tilsegner gitt i budsjettåret som ein forventar å utbetale same år og tilsegn frå tidlegare år som ein antar kjem til utbetaling dette budsjettåret. Tilsegnsfullmakta viser staten sine forpliktingar ved utgangen av året, dvs. den delen av gitte tilsegn som enno ikkje er utbetalt.
Rapport
Medfinansieringsordninga har sidan oppstarten i 2016 bidratt til 96 tiltak med samla prosjektkostnader på over 2,7 mrd. kroner. Prosjekta i perioden 2016–2024 oppgir samla netto gevinstar i offentleg sektor på over 1,3 mrd. kroner per år. Dette fordeler seg på statleg sektor med 355 mill. kroner per år og kommunal sektor med 966 mill. kroner per år.
I 2023 fekk 8 prosjekt tilsegn frå medfinansieringsordninga, med ei samla tilsegnsramme på 132,5 mill. kroner. I 2024 har 7 prosjekt fått tilsegn om til saman 140,6 mill. kroner i medfinansiering. Desse prosjekta har ein berekna netto noverdi på 5,8 mrd. kroner over 10 år, med vesentlege gevinstar hos innbyggarar og næringsliv. Mogleg innsparingspotensial i offentleg sektor er berekna til om lag 91 mill. kroner per år. Av dette er 57 mill. kroner i kommunesektoren.
I gjeldande retningslinjer kan det søkast om medfinansiering til digitaliseringstiltak med ei kostnadsramme på mellom 10 og 100 mill. kroner, og maksimal del for medfinansiering er 50 pst. Ordninga inneber at verksemder som mottar midlar, skal tilbakebetale 50 pst. av netto verksemdsinterne gevinstar gjennom budsjettreduksjon. Det krevst òg at andre statlege verksemder som får vesentlege gevinstar, godtar å realisere 50 pst. av netto gevinstane gjennom budsjettreduksjon.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Digitaliseringsdirektoratet skal forvalte medfinansieringsordninga i samsvar med retningslinjene for ordninga.
Det blir foreslått ei tilsegnsramme på 180,1 mill. kroner i 2025. Dette er ein auke på 39,5 mill. kroner frå 2024. Løyvinga blir foreslått auka med 14,4 mill. kroner til 150,7 mill. kroner. Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt på 160,6 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 26 Stimulab, kan overførast
Stimulab – ei stimuleringsordning for designdrevet innovasjon i offentleg sektor – skal stimulere til meir og betre brukarorientert innovasjon i offentleg sektor. Brukarorientert designtenking kan betre samordning og føre til betre relevans og treffsikkerheit av tiltak, og dermed òg meir effektivitet i stat og kommune. Ordninga er retta inn mot å auke innovasjonskompetanse og -kapasitet i offentlege verksemder, gjennom støtte og fagleg rettleiing til enkeltprosjekt. Ordninga brukar ei verktøykasse av innovative metodar med design som utgangspunkt som mellom anna eignar seg for å løyse komplekse og tverrgåande problemstillingar. Ordninga skal òg spreie kunnskap og erfaringar og utvikle kunnskap om brukarorientert innovasjon i offentleg sektor.
Tilskotsregelverket for Stimulab omfattar mellom anna tildelingskriterium. Prosjektet skal ha tydeleg brukarfokus og innovasjonspotensial, gjennomføringsevne og klar leiarforankring og eigen ressursinnsats, eit tydeleg gevinstpotensial for samfunnet saman med lærings- og overføringsverdi til andre verksemder. Søkjarar skal bidra med eigenfinansiering. Ordninga rettar seg inn mot tidlegfasen i innovasjonsprosessen, og prosjekta må vere opne og ikkje ha ei førehandsavgjort løysing.
Inntil 15 pst. av budsjettet kan brukast til å dele erfaringar og fremje kunnskapsutvikling om brukarorientert innovasjon og samordning i forvaltninga, nasjonalt og internasjonalt.
Rapport
Digitaliseringsdirektoratet forvaltar Stimulab i eit samarbeid med DOGA. Sidan opprettinga i 2016 har i alt 51prosjekt fått tilskot eller tilsegn om tilskot frå Stimulab. Per juni 2024 var 43 prosjekt ferdigstilte. Den samla prosjektporteføljen dekker no eit breitt spekter av tema frå ulike offentlege verksemder. For 2023 vart tillitsreforma og tverrgåande utfordringar prioritert i søkjekriteria. Som følgje av redusert løyving vart det i 2023 stilt krav om eigenfinansiering frå prosjekta.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Generelt skal Stimulab prioritere prosjekt som har forventa samfunnsøkonomisk gevinst, òg utover kvart enkelt prosjekt. Som for dei seinaste åra vil prosjekt som krev samarbeid mellom fleire aktørar om problemstillingar som lett «fell mellom fleire stolar», på grunn av sektoransvar, manglande finansiering, samordningsutfordringar eller liknande, bli prioritert.
Fleire moglege prioriteringar for 2025 vil bli valde ut mot slutten av 2024 for søknadsprosessen våren 2025.
Det blir foreslått å løyve 5,3 mill. kroner.
Post 27 Tilsyn for universell utforming av ikt
Løyvinga dekker drift og forvaltning av tilsyn for universell utforming av ikt.
Rapport
I 2023 har det blitt gjennomført sektortilsyn i opplæringssektoren for å sjå korleis digitaliseringa påverkar elevane sin moglegheit til å delta på like vilkår i skulen, gjennom tilsyn, kartleggingar, dialog med bransje, brukarorganisasjonar og opplæringssektoren.
Det vart ført tilsyn med 17 IKT-løysingar i grunnskulen, medrekna 11 digitale læremiddel. Ingen av løysingane var i samsvar med alle krava som vart testa. Det vil seie at minstekrav og kjernefunksjonalitet for elevar som treng at IKT-løysingane er universelt utforma, ikkje er innfridd. Tilsynssakene vart avslutta etter at feila i løysingane vart retta. Rapport frå sektortilsynet med opplæringssektoren vart publisert i februar 2024.
I 2023 gjennomførte tilsynet to kartleggingar som viser kva digitale læremiddel som er i bruk, og elevar og føresette sine erfaringar med bruk av dei digitale læremidla. Funna viser mellom anna at barn med nedsett funksjonsevne er meir positive til digitale læremiddel enn barn utan funksjonsnedsetting, men dei opplever samstundes større utfordringar ved bruk av løysingane på grunn av manglande universell utforming.
Eit utvida regelverk for universell utforming av IKT (webdirektivet) tok til å gjelde frå 1. februar 2023. Tilsynet har sidan 2021 arbeidd for å få på plass ein digital transformasjon av tilsynet gjennom prosjektet Digitalt datadrive tilsyn (DDT), slik at tilsynet er i stand til å følgje opp krava om kontrollar i tråd med webdirektivet. I 2023 har prosjektet utvikla modul for automatiske kontrollar og prosesstøtte for manuelle kontrollar.
Den sentrale løysinga for tilgjengelegheitserklæringar vart i 2023 vidareutvikla slik at det frå oktober 2023 er mogleg å opprette tilgjengelegheitserklæringar for mobilapplikasjonar. Samla for nettstader og mobilapplikasjonar var det innan utgangen av 2023 produsert meir enn 6 000 tilgjengelegheitserklæringar. Til saman var det 1253 verksemder som hadde produsert tilgjengelegheitserklæringar i 2023.
Tilsynet opplever òg ei stor auke i behovet for rettleiing. Utrulling av løysing for tilgjengelegheitserklæring og nye krav som kom med webdirektivet, er langt på veg årsakene til den store auken. Besøk på nettsida til uutilsynet.no auka med 107 pst. samanlikna med 2021, og tal på spørsmål til tilsynet auka med 472 pst. i same periode, frå 303 til 1 734.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Tilsynet skal prioritere tilsynsverksemda ved å gjennomføre kontrollar og tilsyn. I tillegg skal ein sørge for rettleiing av aktørar når det gjeld oppfylling av krava i forskrifta.
Det blir foreslått å løyve 19,9 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4540, post 04, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 29 Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til drift og driftsrelatert applikasjonsforvalting knytt til Altinn, utgifter til private leverandørar for SMS-varsling og driftsmessige endringar som den enkelte tenesteeigar har bestilt.
Utgiftene blir fakturert vidare til tenesteeigarane i samsvar med gjeldande fordelingsnøkkel i samarbeidsavtala mellom tenesteeigarane og Digitaliseringsdirektoratet. Inntektene frå tenesteeigarane blir budsjettert på kap. 4540, post 07.
For rapportering, sjå omtale under post 01.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det blir foreslått å løyve 150 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 4540, post 07, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 71 IT-tilskot
Standard Noreg
Føremålet er å støtte Standard Noreg sitt arbeid med IT-standardisering, og medverke til kompetanseoverføring mellom Standard Noreg og forvaltninga. Standard Noreg har eigenrett på å fastsetje og gi ut Norsk standard, og på denne bakgrunnen blir enkelståande tilskot brukt med Standard Noreg som tilskotsmottakar i staden for tilskotsordning som verkemiddel.
Digitaliseringsdirektoratet vil gjennom tilskotsbrev stille krav og vilkår for bruken av midlane og rapportering. Standard Noreg rapporterer årleg på bruken av tildelte midlar.
Tilskotet skal mellom anna medverke til å fastsetje og utbreie bruk av standardar og styrkje norsk deltaking i det internasjonale standardiseringsarbeidet på IT-området. Tilskotet skal òg bidra til å ivareta norske interesser i utviklinga av internasjonale standardar for kunstig intelligens. Det blir foreslått å løyve 1,7 mill. kroner som tilskot til Standard Noreg.
Hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse
Føremålet med ordninga er å bidra til at alle innbyggarar blir gitt høve til å bli digitalt kompetente til å kunne bruke digitale verktøy og tenester frå offentlege og private aktørar. Tilskotsordninga blir foreslått med ei ramme på 8 mill. kroner. Ordninga skal bidra til etablering av varige hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse. Ordninga bygger på strategien Digital heile livet og den tilhøyrande handlingsplanen for auka deltaking i eit digitalt samfunn.
Hovudkriteriet for måloppnåing er kor mange innbyggarar som får opplæring i samsvar med læringsmåla for digital kompetanse i løpet av tilskotsperioden.
Kommunar og frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot til opplæringstilbod. Tilgjengelege midlar vil bli fordelt på grunnlag av mellom anna følgjande vurderingar:
-
Grunngivinga til søkjaren for behovet for opplæring retta mot innbyggarar med særskilde behov for digital kompetanseheving.
-
Skildringa og planen til søkjaren for utvikling av tiltaket og korleis det bidrar til rettleiing og opplæringstilbod til innbyggarane.
-
Skildring av korleis opplæringstilbod retta mot innbyggarane blir planlagt ført vidare og gjort varig etter gjennomført tiltaksperiode.
I 2023 tildelte departementet 5,85 mill. kroner i eingongsstøtte til 22 søkjarar på vegne av meir enn 30 kommunar som ønskjer å heve den digitale kompetansen til innbyggarane.
Tilskotsordninga er i frå 2024 forvalta av Digitaliseringsdirektoratet, inkludert å følgje opp rapporteringa for bruken av tilskotsmidlane etter dei krava og vilkåra som er sett i regelverk og tilskotsbrev. Føremålet er å styrkje koordineringa av innsatsen retta mot digital kompetanseheving som blir gjort i samarbeid med mellom anna KS, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Seniornett og andre aktørar frå det offentlege, frivillige organisasjonar og næringslivet.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Departementet foreslår å auke tilskotet til Standard Noreg med 0,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 1541, post 70.
Samla blir det foreslått å løyve 9,7 mill. kroner.
Kap. 4540 Digitaliseringsdirektoratet
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
03 |
Diverse inntekter |
29 653 |
2 285 |
2 372 |
04 |
Tilsyn for universell utforming av ikt |
700 |
||
05 |
Bruk av nasjonale fellesløysingar |
177 519 |
179 000 |
200 600 |
07 |
Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn |
143 146 |
137 500 |
150 000 |
Sum kap. 4540 |
351 018 |
318 785 |
352 972 |
Post 03 Diverse inntekter
På posten budsjetterast diverse inntekter i Digitaliseringsdirektoratet som ikkje kan netto inntektsførast på utgiftsposten ifølgje rundskriv R-101 Statens kontoplan for statsbudsjettet og statsregnskapet.
Det blir foreslått å løyve 2,4 mill. kroner.
Post 04 Tilsyn for universell utforming av ikt
På posten budsjetterast eventuelle inntekter knytte til tilsyn for universell utforming av ikt. Nivået på inntektene er usikkert. Det blir derfor ikkje foreslått ei løyving.
Post 05 Bruk av nasjonale fellesløysingar
På posten budsjetterast inntekter knytte til betaling frå offentlege verksemder for bruk av elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå som private leverandørar har ferda ut, og elektronisk ID med lågare sikkerheitsnivå og SMS-kostnadar. I tillegg budsjetterast inntekter frå verksemder for bruk av Digital postkasse til innbyggarar og til å logge inn til postkassene via ID-porten. Løyvinga dekker òg brukskostnadar for eSignering, sjå omtale under kap. 1540, post 22.
Det blir foreslått å løyve 200,6 mill. kroner.
Post 07 Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn
På posten budsjetterast inntekter knytte til drift og driftsrelatert applikasjonsforvalting av Altinn og SMS-varsling. I tillegg budsjetterast inntekter knytte til driftsmessige endringar som tenesteeigarane har bestilt. Digitaliseringsdirektoratet fakturerer vidare utgiftene til tenesteeigarane etter gjeldande fordelingsnøkkel i samarbeidsavtala mellom tenesteeigarane og Digitaliseringsdirektoratet ved Altinn, sjå omtale under kap. 1540, post 29.
Det blir foreslått å løyve 150 mill. kroner.
Post 86 Tvangsmulkt
Digitaliseringsdirektoratet forvaltar og fører tilsyn etter forskrift om universell utforming av IKT-løysingar. Direktoratet kan gi påbod om at verksemder gjennomfører tiltak for å sikre at forskrifta oppfyllast og treffe vedtak om tvangsmulkt etter lov om likestilling og forbod mot diskriminering § 36.
Det er usikkert om tvangsmulkt vil bli pålagt. Det blir derfor ikkje foreslått ei løyving på posten.
Kap. 1541 IT- og ekompolitikk
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
22 |
Utvikling, gjennomføring og samordning av IT- og ekompolitikken, kan overførast, kan nyttast under post 70 |
27 766 |
15 924 |
136 029 |
60 |
Breibandutbygging |
376 152 |
400 031 |
415 632 |
70 |
Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk, kan nyttast under post 22 |
45 090 |
34 908 |
26 816 |
Sum kap. 1541 |
449 008 |
450 863 |
578 477 |
Post 22 Utvikling, gjennomføring og samordning av IT- og ekompolitikken, kan overførast, kan nyttast under post 70
Løyvinga på posten brukast til tiltak for å gjennomføre og utvikle IT- og ekompolitikken.
Rapport
Løyvinga vart i 2023 brukt til oppfølging av tverrgåande digitaliseringstiltak og til finansiering av utgreiingar og rapportar for å styrkje kunnskapsgrunnlaget og utforminga av politikk innanfor IT- og ekompolitikken, mellom anna til arbeidet med ny digitaliseringsstrategi, drift av utvalet for vidarebruk av offentlege data, ekstern kvalitetssikring av nye Altinn og til arbeid med ny datasenterstrategi.
Vidare vart løyvinga brukt til koordinering av og mobilisering for norsk deltaking i EU-programmet DIGITAL. Løyvinga vart òg brukt til tiltak for auka digital kompetanse i befolkninga, mellom anna til drift og vidareutvikling av gratis læringsressursar for dei som driv opplæring og rettleiing i grunnleggande digitale ferdigheiter i befolkninga (Digidel-ressursane) hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det skal gjennomførast utgreiingar og tiltak som følgjer opp Hurdalsplattforma og ny nasjonal digitaliseringsstrategi. Mellom anna vil ein greie ut korleis ein nasjonal infrastruktur for kunstig intelligens kan kome på plass og gi eit tilbod om tilgang til reknekraft og grunnmodellar på norsk og samisk til alle.
Løyvinga skal òg brukast til å dekke Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin medlemskontingent til Digital Norway – Toppindustrisenteret. Det blir foreslått 3 mill. kroner til Digital Norway.
Løyvinga skal òg i det vidare vere med å sikre koordinering av og mobilisering til norsk deltaking i EU-programmet DIGITAL og til å følgje opp handlingsplanen til regjeringa for auka deltaking i eit digitalt samfunn.
Noreg er kandidatland til å gjennomføre Internet Governance Forum (IGF) i 2025. Russland er den andre kandidaten. IGF legg viktige premiss for utviklinga av internett framover. Noreg og allierte land arbeider for at internett framleis skal vere sikkert, gratis og ope for alle. Om Noreg blir vertsland vil regjeringa halde verdiar som menneskerettar, ytringsfridom og personvern høgt i gjennomføringa av arrangementet. Det blir foreslått ein auke på 119,9 mill. kroner for å dekke kostnadar for gjennomføring av IGF i Noreg i 2025.
Samla blir det foreslått å løyve 136 mill. kroner.
Post 60 Breibandutbygging
Mål for ordninga
Regjeringa har som mål at alle husstandar og verksemder i Noreg skal ha tilbod om høghastigheits breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit innan utgangen av 2025 og tilbod om minst 1 gigabit per sekund (1 000 Mbit/s) nedlastingshastigheit og 100 Mbit/s opplastingshastigheit i 2030, jf. omtale under mål 3 ovanfor. Føremålet med ordninga om breibandstønad er å bidra til at alle husstandar og verksemder får eit tilbod om breiband med god kvalitet. Tilskotet skal bidra til utbygging av breiband i geografiske område der det ikkje er kommersielt grunnlag for investeringar. I tillegg kan midlane i ordninga brukast til å auke kapasiteten på breibandet i område der marknaden ikkje leverer tilfredsstillande kapasitet. Ordninga blir forvalta av fylkeskommunane. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir rettleiing til fylkeskommunane, mellom anna når det gjeld dekningstilhøve, prosjektinnretning og tekniske og statsstøtterettslege spørsmål.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriteriet for måloppnåing er talet på nye breibandsaksessar som blir realiserte gjennom ordninga.
Tildelingskriterium
Departementet fastset i samråd med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ei fordeling av midlane mellom fylkeskommunane, og kriterium for bruk av midlane.
Kriteria kan mellom anna gjelde krav til undersøking av kommersielle planar, krav til hastigheit på breibandet som blir bygd ut, tidsfristar for gjennomføring av prosjekt og krav til teknologinøytralitet.
Oppfølging og kontroll
Fylka rapporterer til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om prosjekta som skal få støtte og deretter om bruken av midlane så snart prosjekta er ferdige. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir ein samla rapport årleg til departementet.
Ordninga stiller mellom anna krav om internkontroll i fylkeskommunane og kontroll av informasjon frå tilskotsmottakarar.
Rapport
Det vart i 2023 løyvd 376,2 mill. kroner til ordninga, inkludert ei ekstraløyving på 13,5 mill. kroner ved Stortingets behandling av Prop. 118 S (2022–2023), jf. Innst. 490 S (2022–2023).
Retningslinjene for bruk av desse midlane var basert på versjonen av gruppeunntak for offentleg støtte (General Block Exemption Regulation – GBER) som vart tatt inn i norsk rett juni 2022. Denne versjonen av GBER gjorde det mogleg å gi støtte til alle adresser som manglar eit tilbod om 100 Mbit/s nedlastingshastigheit. Dette er ulikt ordninga for 2022, der ein berre hadde moglegheit til å gi støtte til adresser som mangla 30 Mbit/s nedlastingshastigheit. Med endringa vart langt fleire adresser aktuelle for utbygging i 2023 samanlikna med ordninga i 2022, noko som i neste omgang gjorde at det vart vesentleg enklare å finne gode utbyggingsprosjekt i 2023-ordninga. Terskelverdien på 100 Mbit/s er òg gjeldande i ordninga for 2024.
I ordninga for 2023 godkjende departementet at i overkant av 230 mill. kroner av midlane løyvd i perioden 2018-2022 kunne brukast etter retningslinjene for 2023-ordninga og brukast i tråd med nye reglar. Totalt sett vart det i 2023 igangsett prosjekt for ca. 1 mrd. kroner (samla offentleg støtte og utbyggars bidrag), som gir utbygging til nær 11 000 nye husstandar.
Dekningsundersøkinga 2023 synte at om lag 85 000 husstandar framleis var utan tilbod om 100 Mbit/s per juli 2023. Hausten 2023 opna Telenor for tilbod om 100 Mbit/s basert på høgbandfrekvensar i 4G-nettet. Dette, saman med andre nye tilbod og utbyggingsplanar Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vart gjort kjend med gjennom ei høyring i desember 2023, gjer at det er ein vesentleg reduksjon i adresser som er aktuelle for utbygging i 2024-ordninga, samanlikna med 2023. Det er no anslått at færre enn 30 000 husstandar manglar dekning på 100 Mbit/s eller planar for dette. Samstundes som det er positivt at så få husstandar står att, er tilbakemeldinga frå fylka til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit at det i 2024 er vanskeleg å finne gode prosjekt for støtta utbygging, fordi dei resterande aktuelle adressene ligg veldig spreitt.
Sjølv om mesteparten av den gode dekninga på høghastigheits breibandnett i Noreg kjem frå reine kommersielle investeringar, har den offentlege breibandstøtteordninga vore viktig for å auke dekninga. Sidan 2014 har staten saman med fylker og kommunar nytta over 4,1 mrd. kroner på breibandutbygging. Dette har gitt investeringar i nye nett på om lag 6,5 mrd. kroner og tilbod om høghastigheits breibandnett til rundt 140 000 husstandar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det blir foreslått å løyve 415,6 mill. kroner.
Post 70 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk, kan nyttast under post 22
Løyvinga på posten dekker diverse tilskot og kontingentar innanfor forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk.
Tilskot til Norsk teknisk museum
Det blir foreslått eit tilskot på 8,1 mill. kroner til Norsk Teknisk Museum. Dette inneber ein auke på 2,4 mill. kroner.
Etter at Telenor avvikla støtta selskapet gav til Telemuseet, vart Norsk Teknisk Museum og Telemuseet slått saman i 2018. Staten har gitt støtte for å vareta arven på teleområdet sidan den gongen.
Føremålet med løyvinga har vore å sikre bevaring av Telemuseet sine museale samlingar og kulturminne som dokumenterer norsk telehistorie frå 1855 og fram til i dag, og kompetanse på teleområdet. I tråd med føringane frå Stortinget frå 2018, jf. Innst. 13 S (2017–2018), har det òg blitt sett av midlar til regional verksemd.
Den store IKT-utstillinga med teleområdet som eit berande element, er ein viktig arena for kunnskap og opplæring om informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Dette er ei viktig utstilling for formidling av kulturarven innanfor teleområdet. I tillegg har arbeidet med ivaretaking av telesamlingane halde fram, mellom anna med gjennomgang, kvalitetssikring og samkøyring av registreringane av dei omfattande samlingane frå telemuseet som Norsk Teknisk Museum overtok.
Kultur- og likestillingsdepartementet gir òg tilskot til Norsk Teknisk Museum. Teleområdet er ein integrert del av IKT-området under Norsk Teknisk Museum, og ansvaret og løyvinga bør samlast i eitt departement. Det blir derfor foreslått å overføre tilskotet på 8,1 mill. kroner som skal gå til ivaretaking av arven på teleområdet og kompetanse på teleområdet til Kultur- og likestillingsdepartementet.
Tilskot til Seniornett Norge
Det blir foreslått eit driftstilskot på 5 mill. kroner til Seniornett Norge. Dette inneber ei auke på 1,6 mill. kroner for å følgje opp tiltak i Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn som vart lagt fram i 2023. Dette skal mellom anna bidra til betre rettleiingstilbod i Seniornett.
Seniornett Norge er ein uavhengig, ideell organisasjon som arbeider for å styrkje den digitale kompetansen blant eldre gjennom opplærings- og informasjonstiltak. Seniornett er den einaste organisasjonen som arbeider med dette som mål der opplæring og kompetansetiltak blir gjennomført av frivillige som er i same aldersgruppe. Målet med driftstilskotet til Seniornett Norge er å styrkje aktivitetar retta mot målgruppa svake eller ikkje-brukarar av internett over 65 år over heile landet. Foreningen har ca. 9 000 medlemmer, og har per mai 2023 registrert over 200 lokalforeiningar.
Departementet har stilt krav og vilkår for bruken av midlar og rapportering, og følgjer opp rapporteringa frå Seniornett Norge opp mot desse. Viktige kriterium for måloppnåinga vil vere talet på lokalforeiningar, geografisk plassering av foreiningane og tilbodet av kurs og rettleiing i foreiningane.
I 2023 fekk Seniornett Norge eit driftstilskot på 3,48 mill. kroner for å styrkje kompetansen til eldre og deltaking på nett. Seniornett Noreg rapporterer på bruk av midlane gjennom årsrapport og revisorgodkjend rekneskap.
Tilskot til Nasjonalt program for leverandørutvikling
Det blir foreslått eit tilskot på 0,5 mill. kroner til Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP).
LUP har som føremål å gi praktisk støtte til kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder slik at dei kan gjennomføre fleire lønsame innovative innkjøp som sikrar brukartilpassa tenester, effektivisering av offentleg sektor og utvikling av lokalt og nasjonalt leverandørmarknad.
LUP er eigd av Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, KS og NHO. Det er sistnemnte som tar imot tilskotet og administrerer programmet. Partnarskapet utgjer samla sett ein kompetanse som er unik, og som ikkje let seg erstatte av ei generell tilskotsordning. Det likeverdige samarbeidet mellom stat, kommune og næringsliv har gitt programmet sterk legitimitet. Programmet har bidratt til innovasjonar i næringslivet og bidratt til å modernisere og effektivisere stat og kommune.
Partnarskapen kring LUP er eit viktig premiss for at Noreg har klart å motivere og mobilisere alle aktørane som er viktige for å lykkast med nasjonal utbreiing og effekt av innovative innkjøp. Arbeidet blir omtala av mellom anna KS som ei suksesshistorie som òg andre land ønskjer å lære av, mellom anna Center for offentlig-privat innovation (CO-PI) i Danmark.
Departementet stiller krav og vilkår for bruken av midlane og rapportering, og følgjer opp rapporteringa frå LUP. Det blir vist til nærare omtale av programmet i Prop. 1 S (2024–2025) for Nærings- og fiskeridepartementet, kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 81 Tilskot til leverandørutviklingsprogrammet.
Open Government Partnership
Det blir budsjettert med 2,5 mill. kroner til medlemskontingent til Open Government Partnership (OGP) og oppfølgingsoppgåver i 2025.
Målet med det internasjonale samarbeidet OGP er å bidra til at offentleg sektor og det sivile samfunnet samarbeider om å skape ei meir open, velfungerande og brukarvenleg forvaltning som har høg tillit i befolkninga. OGP samarbeider med multilaterale organisasjonar som OECD og Verdsbanken.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er samordnar og pådrivar for Noregs OGP-handlingsplanar. Departementet har etablert eit interessentforum med deltakarar frå forvaltninga og det sivile samfunnet. Forumet skal bidra i arbeidet med å utvikle og implementere handlingsplanane.
I 2015 etablerte Noreg eit openheitsråd, OGP-rådet. Rådet har bidratt i arbeidet med å utvikle handlingsplanar for Open Government Partnership gjennom innspel til tema og prioriterte område. Rådet har òg følgd arbeidet med utarbeiding, iverksetjing og oppfølging av planane. Rådet er no avvikla. Arbeidet med å utvikle og implementere handlingsplanane blir ivareteken av interessentforumet, sjå ovanfor.
Noreg sin femte OGP-handlingsplan vart lagt fram i mars 2024. Planen skal gjelde frå 2024 og ut 2027. Handlingsplanen vart laga i samarbeid med det sivile samfunnet og i tråd med samskapingsprinsippa som OGP legg til grunn. Regjeringa og sivilsamfunnet har mellom anna prioritert meir openheit om innkjøp, antikorrupsjonsarbeidet, evaluering av eInnsyn, digital inkludering og openheit rundt straffesaksdokument i denne planen.
Kontingentar til internasjonale organisasjonar
Det blir budsjettert med 18,5 mill. kroner til å dekke kontingentane til Noreg si deltaking i Den internasjonale telekommunikasjonsunion (ITU) og den europeiske post- og teleorganisasjon (CEPT).
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 8,1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på Kultur- og likestillingsdepartementets kap. 328, post 70, jf. omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Kultur- og likestillingsdepartementet.
Noreg er med i det europeiske nettverks- og informasjonssikkerheitsbyrået ENISA. Det blir foreslått at midlar til ENISA løyvast på kap. 1542, post 70 Internasjonale program saman med kontingenten til Noreg sin deltaking i DIGITAL. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1542, post 70.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1540, post 71 til auka tilskot til Standard Noreg.
Samla blir det foreslått å løyve 26,8 mill. kroner i 2025.
Kap. 1542 Internasjonalt samarbeid
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
7 |
5 100 |
5 248 |
70 |
Internasjonale program |
390 796 |
476 782 |
344 060 |
71 |
Nasjonal medfinansiering og mobilisering, kan overførast |
20 000 |
||
Sum kap. 1542 |
390 803 |
481 882 |
369 308 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og drift for nasjonale ekspertar til Europakommisjonen som del av deltaking i EU-programma. Det blir foreslått å løyve 5,2 mill. kroner.
Post 70 Internasjonale program
Løyvinga dekker EU-program som Noreg tar del i etter EØS-avtala og som er knytte til digitalisering av samfunn, næringsliv og forvaltning. Storleiken på kontingenten blir fastsett av EU i samsvar med EØS-avtala og varierer frå år til år basert på utviklinga av Noregs og EU-medlemslandas BNP, valutautviklinga, og framdrift innanfor programma. Utanriksdepartementet betaler samla kontingent mot seinare refusjon frå dei departementa som er ansvarlege for dei enkelte programma.
Mål for ordninga
Løyvinga støttar opp om målet om at forvaltninga i Noreg er effektiv, open, samordna og har høg tillit i befolkninga og målet om at digitaliseringa i samfunnet gir gode vilkår for deltaking, verdiskaping og innovasjon i offentleg og privat sektor. Det er eit mål at norsk næringsliv og norske fagmiljø nyttiggjer seg den norske deltakinga i EU-program. Då må Noreg delta aktivt, koordinert og målretta. I samband med det strategiske nordisk-baltiske samarbeidet om digitalisering, er det eit viktig mål å støtte opp under det europeiske digitaliseringssamarbeidet og realiseringa av den indre, digitale marknaden. Å bli einige om viktige posisjonar eller innspel til Europakommisjonen på område som er strategisk viktig for den nordiske regionen, er eit døme på korleis det nordiske samarbeidet konkret kan følgjast opp.
Kriterium for måloppnåing
Programmet for eit digitalt Europa 2021–2027 (DIGITAL) er eit investerings- og kapasitetsbyggingsprogram for digital omstilling og bruk av innovative digitale teknologiar i samfunn og næringsliv. Programmet har ei ramme på 8,2 mrd. euro i perioden 2021–2027 og er fordelt på seks hovudområde: Tungrekning og superdatamaskiner, skyteknologi, data og kunstig intelligens, digital sikkerheit, avansert digital kompetanse, bruk av digitale teknologiar og halvleiarar (mikrobrikker).
DIGITAL er eit dynamisk program og erfaringa er at Europakommisjonen gjer justeringar og omprioriteringar undervegs for å oppnå det overordna målet med programmet. Den nasjonale strategien for Noregs deltaking i programmet angir mål, prioriteringar og innsatsområde som skal understøtte at vi får best mogleg utbytte av norsk deltaking. Element som kan utgjere «retur» frå programmet er mellom anna tilgang til finansiering og tilgang til europeiske fellesløysingar og kapasitetar. Infrastruktur som blir utvikla vil kunne bli nytta av både næringsliv, akademia og offentleg sektor. Norske aktørar får tilgang til faglege nettverk og ekspertise. Programmet gir òg indirekte effektar ved at Noreg er del av eit Europa som bygger kapasitet på strategisk viktige område som digital sikkerheit, tungrekning, sikker kommunikasjon og tilgang på halvleiarar.
Nytta norske verksemder vil ha av denne kapasiteten, kan vanskeleg målast gjennom tradisjonelle mål som returdel og suksessrate. Det må gjerast ei nærare vurdering av kva form for evaluering som skal brukast for å undersøkje kva deltakinga i DIGITAL inneber for norske aktørar.
Regjeringa vil ta initiativ til ein nasjonal undervegsevaluering av norsk deltaking i DIGITAL-programmet, og under dette vurdere indikatorar for måloppnåing.
Tildelingskriterium
Noreg betaler ein årleg kontingent til programmet. Programmet har eit eige sett med tildelingskriterium som EU fastset, og søknadar blir sende inn til og behandla av Europakommisjonen.
Oppfølging og kontroll
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har det overordna ansvaret å koordinere oppfølginga av norsk deltaking i DIGITAL.
Digitaliseringsdirektoratet, Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) utgjer koordineringsgruppa for programmet, og har eit fast ansvar for å følgje opp den norske deltakinga i DIGITAL, medrekna ansvaret for å sikre nødvendig nasjonal koordinering og mobilisering. Digitaliseringsdirektoratet leiar koordineringsgruppa og har ansvaret for å samordne arbeidet til dei fire aktørane. Dei fire aktørane rapporterer om arbeidet til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Rapport
Arbeidsprogrammet for 2023 og 2024 vart vedtatt i starten av 2023 og dei først utlysingane vart publiserte i mai 2023.
I 2023 har Digitaliseringsdirektoratet jobba som sekretariat for koordineringsgruppa for DIGITAL-programmet. Gruppa har jobba med å kommunisere moglegheitene som ligg i DIGITAL og med å mobilisere norske aktørar til å delta i programmet. Gruppa har etablert og heldt ved like nettsider med informasjon og har gjennomført digitale informasjonsmøte med føremål å promotere moglegheiter i DIGITAL for offentlege verksemder, næringsliv og forskingsmiljø i Noreg. Fleire norske aktørar har fått gjennomslag for søknadene sine. Noreg har òg arbeidd for å påverke utviklinga av programmet på EU-nivå, og har delteke i ekspertgrupper og sendt innspel til arbeidsprogramma.
Sidan norsk deltaking i DIGITAL vart vedtatt av Stortinget i 2021, har det blitt gjort tydeleg frå Europakommisjonen at fleire utlysingar under programmet krev nasjonal medfinansiering. Kravet om medfinansiering gjeld for dei fleste satsingsområde, mellom anna for utlysingane knytt til etablering av digitale innovasjonsnav (EDIH) og nasjonalt koordineringssenter for forsking og innovasjon innanfor cybersikkerheit. Tal frå første periode av programmet viser at Noreg ligg etter andre nordiske land når det gjeld talet på søknadar og utløyste midlar frå DIGITAL. Det er grunn til å tru at den relativt lave returraten har samanheng med at Noreg er avskore frå å søkje midlar til medfinansiering frå fleire EU-fond, samstundes som Noreg heller ikkje har ei eiga generell ordning for nasjonal medfinansiering til norske aktørar. Regjeringa vil fortsette å vurdere korleis ein kan sikre rammevilkår som understøttar Noregs aktive deltaking og best mogleg utbytte av DIGITAL-programmet. Regjeringa har tatt initiativ til at det blir sett av 20 mill. kroner til EDIH årleg ut programperioden, sjå kap. 1542, post 71.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Deltaking i DIGITAL kan gi norske verksemder, forskingsmiljø og offentleg sektor tilgang til nødvendige samarbeidspartnarar og ressursar innanfor alle satsingsområda for programmet. Det overordna målet for norsk deltaking er å få mest mogleg igjen for investeringane i programmet i form av auka innovasjons- og konkurransekraft, auka takt på den digitale og grøne omstillinga og evne til å møte auka sårbarheit for digitale truslar. Den nasjonale strategien for deltaking i programmet vart publisert i 2024 og vil bli følgt opp i 2025.
Det totale norske bidraget til DIGITAL er av EFTA tidlegare estimert til om lag 2 mrd. kroner. Estimatet er usikkert og vil avhenge av valutakursar og proporsjonalitetsfaktoren. Med endringar i valutakursar og proporsjonalitetsfaktoren er summen nå høgare. Det blir foreslått ei løyving på 335,9 mill. kroner til Noreg si deltaking i DIGITAL.
Programmet CEF Digital er avslutta. Det blir foreslått å løyve 4,4 mill. kroner til å dekke venteleg etterslep i 2025.
Det blir foreslått at midlar til det europeiske nettverks- og informasjonssikkerheitsbyrået ENISA løyvast på denne posten saman med kontingenten til Noregs deltaking i DIGITAL. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1541, post 70.
Samla blir det foreslått å løyve 344,1 mill. kroner. Løyvingsforslaget er usikkert. Dei endelege kontingentkrava frå Europakommisjonen vil ligge føre hausten 2025.
Post 71 (ny) Nasjonal medfinansiering og mobilisering, kan overførast
Det blir foreslått å opprette ein ny post til å dekke utgifter til nasjonal medfinansiering og mobilisering knytt til EU-programmet DIGITAL. Årlege programkontingentar til DIGITAL blir løyva over kap. 1542, post 70. Som følgje av at det vil ta tid frå løyving til utbetalingar finn sted, blir det foreslått at posten får stikkordet «kan overførast».
DIGITAL er eit samfinansieringsprogram. Det betyr at mange av prosjekta delvis blir finansiert av landa sjølv. Det er viktig å sikre at norske aktørar kan delta i prosjekter/konsortier som krev nasjonal medfinansiering.
European Digital Innovation Hubs (EDIH) – digitale innovasjonsnav – er eit sentralt tiltak i DIGITAL. Dei to norske innovasjonsnava kan få inntil 1 mill. euro i årleg støtte frå EU dersom Noreg stiller med tilsvarande nasjonal medfinansiering. Det blir foreslått 20 mill. kroner til medfinansiering og oppfølging av desse innovasjonsnava. Det vart òg løyvd midlar i 2023 til føremålet, jf. Prop. 22 S (2023–2024) og Innst. 142 S (2023–2024).
Det blir foreslått å løyve 20 mill. kroner.
Kap. 4542 Internasjonalt samarbeid
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Refusjon frå Utanriksdepartementet |
3 255 |
3 541 |
3 335 |
Sum kap. 4542 |
3 255 |
3 541 |
3 335 |
Post 01 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Enkelte bidrag til internasjonale organisasjonar kan i samsvar med statistikkdirektiva til Development Assistance Committee (OECD/DAC) godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Inntektsanslaget for 2025 på 3,3 mill. kroner gjeld 18 pst. av bidraget til Den internasjonale teleunion, jf. kap. 1541, post 70. Ein viser dessutan til omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Utanriksdepartementet kap. 151 Fred, sikkerheit og globalt samarbeid, post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar mv.
Det blir foreslått å løyve 3,3 mill. kroner.
Kap. 1543 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
265 920 |
260 092 |
273 781 |
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
24 242 |
16 886 |
17 646 |
70 |
Telesikkerheit og -beredskap, kan overførast |
237 376 |
187 992 |
195 136 |
71 |
Funksjonell internettilgang til alle, kan overførast |
10 573 |
5 975 |
|
Sum kap. 1543 |
527 538 |
475 543 |
492 538 |
Post 01 Driftsutgifter
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er det sentrale, utøvande tilsyns- og kontrollorganet på områda for post, elektronisk kommunikasjon og elektroniske tillitstenester i Noreg. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal òg få ei rolle som tilsynsmyndigheit for datasenter, jf. forslag om ny ekomlov i Prop. 93 LS (2023–2024).
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal bidra til å sikre brukarane i heile landet gode, rimelege og framtidsretta elektroniske kommunikasjonstenester med forsvarleg sikkerheit. Etaten skal òg legge til rette for at brukarane i heile landet får eit landsdekkande tilbod av postsendingar til overkommeleg pris og god kvalitet. Etaten har eit særskilt ansvar knytt til sikkerheit og beredskap i ekomnett og -tenester.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal legge til rette for berekraftig konkurranse, bidra til effektiv bruk av ressursane i samfunnet og stimulere til næringsutvikling og innovasjon.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er eit ordinært statleg forvaltningsorgan under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Samferdselsdepartementet har ansvaret for saker på postområdet, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Samferdselsdepartementet.
Løyvinga skal dekke løn til tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter.
Rapport
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har ei stor breidde av aktivitetar innanfor etaten sine mange fagområde, og gjennomførte ei rekke aktivitetar og prosjekt i 2023.
Krigen i Ukraina og den spente sikkerheitssituasjonen i Europa har prega trussel- og risikobiletet, og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine prioriteringar av sikkerheitsaktivitetar i 2023. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har gjennom året delt trusselinformasjon med bransjen og gjennom tett dialog med bransjen bidratt med anbefalingar om tiltak for å handtere risikoane. Den spente sikkerheitssituasjonen har vore tema på alle møtearenaar som omhandlar sikkerheit og beredskap i regi av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, mellom anna samvirkegruppa for sikkerheit og beredskap, ekomsikkerheitsforum og dei faste bilaterale kontaktmøta med dei største tilbydarane.
Programmet for forsterka ekom har blitt vidareført gjennom 2023, då det vart inngått avtaler om tiltak i seks kommunar i Trøndelag, éin kommune i Møre og Romsdal og to kommunar i Troms. Arbeidet med regionale analysar vart vidareført i 2023, då Nordland-analysen vart fullført og Trøndelag-analysen starta.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har døgnbemanna vaktordningar for monitorering og rapportering av sikkerheitshendingar på fysisk og logisk nivå, og etaten følgjer opp teieplikta og kommunikasjonsvernet i elektronisk kommunikasjon. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har kontinuerleg følgd opp varslingspliktige hendingar, som til dømes utfall i fast- og mobilnett. I 2023 fekk Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit varsel om 130 unike hendingar, mot 123 i 2022. I tillegg til varslingspliktige hendingar, har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin EkomCERT handtert 162 cyberhendingar og sendt ut 68 varsel.
Vidare har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i 2023 styrkja det beredskapsmessige samarbeidet mellom ekom- og kraftsektorane for å førebygge og handtere utfall, identifisert tiltak og starta planlegging av felles øvingar.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har hjelpt departementet i arbeidet med sikkerheitslova i ekomsektoren, mellom anna arbeidet med at nye selskap blir underlagd lova. Det vart i 2023 ført tilsyn etter sikkerheitslova med åtte verksemder. I tillegg vart det ført fleire sikkerheitstilsyn etter ekomlova og lov om elektroniske tillitstenester.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har, saman med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Politidirektoratet og mobiloperatørane Telenor, Telia og ICE, arbeidd med vidareutvikling av systemet for befolkningsvarsling, Nødvarsel. Løysinga støttar sending av rask befolkningsvarsling lokalt, regionalt og nasjonalt og vart nytta fleire gonger i 2023.
Frekvensar utgjer ein verdifull og avgrensa naturressurs som blir brukt til all trådlaus kommunikasjon, mellom anna trådlause nett, mobilnett og radio- og fjernsynskringkasting. Departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forvaltar frekvensar i Noreg. For å legge til rette for utbygging av den nyaste mobilteknologien (5G) og utbygging av breiband med høg kapasitet, vart det i 2023 arbeidd med å førebu tildeling av frekvensar i 1500 MHz-bandet og 26 GHz-bandet.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har i 2023 arbeidd med å forsterke kapasiteten for overvaking av frekvensbruken både på land og på norsk kontinentalsokkel, spesielt med fokus på globale satellittbaserte system for navigasjon og posisjonering (GNSS). Systema som er under oppføring er forventa å gå over i stabil driftsfase frå 2025.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har i 2023 arbeidd med nye marknadsanalysar i mobil- og breibandmarknadane. Vedtaka i mobil- og breibandmarknadane skal bidra til auka konkurranse på infrastruktur- og tenestenivå. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vedtok ny regulering av mobilmarknadane i april, der Telenor vart utpeikt som tilbydar med sterk marknadsstilling (SMP) og pålagd særskilde forpliktingar om tilgang for andre tilbydarar som ønsker å tilby tenester gjennom Telenor sitt nett.
Når det gjeld breibandmarknadane, sende Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit nye marknadsanalysar på offentleg høyring i juni 2023. Der vart ni tilbydarar varsla om at dei ville bli utpeikt til å ha SMP i ulike geografiske delar av landet. Basert på over 30 høyringsinnspel, vart ei revidert analyse send på offentleg høyring i mars 2024. I den reviderte analysen foreslår Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit enkelte endringar av dei geografiske marknadane og kva for tilbydarar som ligg an til å bli utpeikte med SMP. Dei nye analysane av breibandmarknadane inneber vesentlege endringar frå tidlegare analysar, der Telenor har blitt utpeikt som SMP-tilbydar aleine i ein nasjonal marknad.
Myndigheitene har over tid følgd Telenor si utfasing av koparnettet tett for å vareta konkurranse, leveringspliktige tenester og samfunnskritiske brukarar. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har pålagd Telenor å oppretthalde tilgangen for eksterne grossistkundar fram til hausten 2025. I lys av den reduserte bruken av koparnettet fatta Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i 2022 og 2023 fleire vedtak som gjer at Telenor kan legge ned delar av koparnettet som ingen brukar lenger.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har utarbeidd ein rettleiar til offentlege aktørar om innplassering av infrastruktur for mobilnett. Føremålet med rettleiaren er å sikre effektive og einskaplege prosessar hos offentlege aktørar som mottar søknadar om innplassering, for å bidra til at det offentlege legg til rette for vidare utbygging av mobilnett. Ei evaluering i 2023 syner at rettleiaren har fungert, men at det framleis er utfordringar knytte til innplassering av utstyr i enkelte kommunar. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vurderer ulike tiltak for å følgje opp dette.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er bidragsytar i det nasjonale arbeidet for auka digital inkludering og bidrog i departementet sitt arbeid med å utarbeide ein handlingsplan for digital inkludering. Arbeidet omfattar både å sikre at alle har tilgang til ekomnett med tilstrekkeleg kapasitet og hastigheit, men òg å sikre at alle brukarar har likeverdige moglegheiter til å skaffe og gjere seg nytte av dei grunnleggande ekomtenestene. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gjorde i 2023 ei omfattande kartlegging av utfordringar som ulike grupper erfarer knytte til alt frå kjøp, oppstart, betaling, bruk og bytte av abonnement for mobil- og breibandtenester. Innsikta frå rapporten gir grunnlag for å jobbe vidare saman med bransjen for å sikre likeverdige ekomtenester til alle.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit jobba i 2023 vidare med å kartlegge kven som skal reknast som tilbydarar av posttenester i Noreg. Dette arbeidet tar tid, ikkje minst fordi Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og post- og logistikkbransjen har ulikt syn på tolkinga av lova med tanke på definisjonen av kven som skal reknast som ein postoperatør. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sende i 2023 ut krav om registrering til ulike post- og logistikkoperatørar, men dei har alle klaga på vedtaka frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sende tidleg i 2024 desse klagene med innstillingar over til Samferdselsdepartementet. I 2023 offentleggjorde Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ein rapport om brukarbehov for postprodukt i privat- og verksemdsmarknaden. Denne rapporten la grunnlaget for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit si anbefaling til Samferdselsdepartementet om behovet for framtidas posttenester, oversendt til Samferdselsdepartementet i desember 2023. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har i 2024 overtatt ansvaret for postnummersystemet, og drifter dette i samarbeid med Posten Bring og Statens kartverk.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal vidareføre arbeidet med å legge til rette for investeringar og kostnadseffektiv utbygging av breiband med høg kapasitet og auka konkurranse i breibandsmarknadane, og skal følgje opp fylkeskommunane med nødvendig hjelp for å legge til rette for at løyvinga til breibandutbygging skal kome til bruk raskt.
Det er òg viktig at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har oversikt over sikkerheitstilstanden i ekomnetta og vidarefører, foreslår og gjennomfører nødvendige tiltak for å vareta kravet om sikre og robuste nett og tenester, og at etaten bidrar i den operasjonelle oppfølginga av sikkerheitslova.
Den nye ekomlova og marknadsreguleringa vil vere bidrag til auka marknadsdynamikk og forbrukarvelferd. Det er ei sentral oppgåve å følgje opp konkurransen i breibandmarknadane og bidra til at sluttbrukarane kan velje mellom breibandleverandørar. Ei anna viktig oppgåve for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er å fortsetje å legge til rette for utbygging av det tredje mobilnettet, for å styrkje konkurransen i mobilmarknaden og bidra til rimelegare prisar og innovative tenester.
Kunnskap om valmoglegheiter og rettigheiter er vesentlege føresetnader for velfungerande konkurranse, og derfor vil Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forsterke si rolle som rettleiar og tilretteleggjar i sektoren. I tillegg er det ei viktig oppgåve for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit å vidareføre arbeidet med å fremje digital inkludering.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal vidareføre arbeidet med å vere ein pådrivar for gjennomføring av mål og tiltak frå Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur – Mobil-, bredbånds- og internettjenester.
I tillegg skal Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit fortsetje å legge til rette for utrulling av 5G-mobilnett, raskt trådlaust breiband og tinga sitt internett (IoT) i heile landet, for å bidra til nye og innovative løysingar på tvers av sektorar og produktivitetsvekst og auka konkurransekraft for norsk næringsliv og industri. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit planlegg mellom anna å opne for tildeling av 26 GHz-bandet i løpet av 2024 og tildele 1500 MHz-bandet ved auksjon i 2025. Etaten skal òg følgje opp tidlegare utbyggingsforpliktingar, og dekningskrav langs jernbane og veg, og til husstandar og verksemder. I 2024 er det planlagt ei kartlegging av behovet for frekvenstildelingar til offentleg mobilkommunikasjon, mellom anna fordi løyve går ut og med tanke på komande 6G-teknologi. Avhengig av utfallet av kartlegginga kan det bli aktuelt å starte ein ny tildelingsprosess i 2025.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal gjennom tilsynet sitt med postmarknaden ha eit godt grunnlag for å hjelpe Samferdselsdepartementet med analysar av marknaden, regelverksutvikling og internasjonalt arbeid på postområdet. Særleg skal EU sitt arbeid med å utforme eit fjerde postdirektiv følgast nøye for å sikre Norge sine interesser i dette arbeidet.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit får eit nytt ansvar knytt til datasenter etter ny ekomlov. Ei løysing for registreringsplikt skal utarbeidast og oppdaterast kontinuerleg, aktørane skal få rettleiing om sikkerheitskrava i ekomlova og sikkerheitslova, det skal opprettast bransjeforum og det skal gjennomførast omfattande tilsyn. Det blir foreslått ein auke på 3,9 mill. kroner til tre årsverk til dette arbeidet i 2025.
I tråd med ny ekomlov, som gjennomfører felleseuropeisk regelverk, vil Noreg måtte betale kontingent for deltaking i Body of European Regulators for Electronic Communications (BEREC). Dette er eit svært viktig organ for Noregs moglegheit til å påverke utviklinga og praktiseringa av det felleseuropeiske regelverket for ekom. Det blir foreslått ein auke på 2,4 mill. kroner til å dekke anslått kontingent for 2025.
Samla blir det foreslått å løyve 273,8 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Rapport
I 2023 har Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit mellom anna brukt midlar på ein større digital transformasjon av verksemda. Vidare har det blitt brukt midlar på utstyr til sikkerheitstiltak knytte til ekominfrastruktur på norsk sokkel og utstyr for måling og peiling av elektromagnetisk stråling.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal ha tilgang til moderne og oppgradert utstyr som gjer at etaten er godt rusta til å løyse samfunnsoppdraget sitt. Løyvinga kan mellom anna brukast til måleutstyr til tilsynsverksemd på frekvensområdet, vidareutvikling av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine IT-løysingar og -utstyr, og utvikling av analysemodellar som brukast i arbeidet med reguleringa av marknadane.
Det blir foreslått å løyve 17,6 mill. kroner.
Post 70 Telesikkerheit og -beredskap, kan overførast
Det er behov for å styrkje beredskapsevna og gjere ekomnetta meir robuste, mellom anna på grunn av meir ekstremvêr, eit endra trusselbilete og auka avhengnad av elektronisk kommunikasjon og digitale tenester på tvers av alle sektorar.
Mål for ordninga
Det er eit mål med auka beredskap i krisesituasjonar og ved hendingar. Beredskapsavtaler med utvalde tilbydarar sørgjer for administrative og organisatoriske beredskapstiltak, lagring og vedlikehald av transportabelt beredskapsutstyr og investeringar i ekominfrastruktur og beredskapsmateriell. Dette skal bidra til auka beredskap i krisesituasjonar.
Eit anna mål er at utbygging av forsterka ekom i nye kommunar skal bidra til vesentleg forbedra sikkerheit og beredskap for den lokale kriseleiinga og befolkninga i tilfelle med langvarige straumbrot.
I tillegg er det eit mål at styrking av transportnetta gjennom fleire alternative føringsvegar og forsterking av viktige punkt i infrastrukturen gir vesentleg auka beredskap i sårbare regionar.
Vidare er det et eit mål å sikre forsvarleg drift av systemet for Nødvarsel i tilbydarane sine mobilnett, og av reserveløysing for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet.
Til sist er det eit mål å kunne bidra til å vareta sikkerheit og beredskap med dei raske endringane i den sikkerheitspolitiske situasjonen. Til dømes er fleire sikringstiltak implementert for ekominfrastrukturen på norsk sokkel etter Russland sin invasjon av Ukraina og eksplosjonane på gassrøyrleidningane Nord Stream.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at det finst avtaler som aukar beredskapen i krisesituasjonar, at det blir etablert forsterka ekom i nye kommunar og at det blir gjennomført tiltak som aukar robustheita i sårbare regionar, eller som aukar robustheita og sikkerheita i andre delar av ekominfrastrukturen der det er nødvendig. Vidare er forsvarleg drift av systema for Nødvarsel over mobilnetta og reserveløysinga for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet eit kriterium for måloppnåing.
Tildelingskriterium
Tiltaka blir gjennomførte i medhald av ekomlova § 2-10 andre ledd (forslag til ny ekomlov § 3-1 sjette ledd) etter konkrete vurderingar av sårbarheit, og midlar blir tildelte til tiltak som ikkje blir gjennomførte på kommersielt grunnlag, og som ikkje kan påleggast etter ekomlova § 2-10 første ledd (forslag til ny ekomlov § 3-1 femte ledd).
Oppfølging og kontroll
Tiltaka blir gjennomførte i medhald av ekomlova § 2-10 andre ledd (forslag til ny ekomlov § 3-1 sjette ledd), og går ut over det tilbydarane vil gjere på kommersielt grunnlag og ut over det som kan påleggast utan kostnadsdekning. For å minimere tilskotsbehovet blir tiltaka konkurranseutsette der det er konkurransemessig grunnlag for å gjere det. Konkurranseutsetting blir sikra via kontraktar med tilskotsmottakarar, som gjennomfører konkurranseutsettinga. Desse mekanismane bidrar til effektiv bruk av dei statlege midlane.
Tiltaka blir vurderte i forhold til statsstøtteregelverket, inkludert vurdering av eventuell eigennytte for tilskotsmottakar som i så fall kjem til fråtrekk på tilskot.
For å sikre størst mogleg samfunnsmessig gevinst og synergieffektar, blir dei fleste tiltaka prioritert og administrert i samråd med lokale og nasjonale tilbydarar, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og statsforvaltarane.
Innhaldet og krava i både beredskapsavtalene og avtalene om forsterka ekomutbygging, blir vurdert kontinuerleg. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit følgjer opp gjennomføring, mottar rapportering undervegs og stiller krav om sluttrapportering for å etterkontrollere alle tiltaka.
Rapport
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit inngjekk beredskapsavtaler med åtte ulike tilbydarar i 2023. I tillegg inngjekk Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ei avtale om drift av anlegg med fortifikatorisk sikring med Telenor.
Ordninga med prioritet i mobilnetta har til no berre fungert for 2G-nett. Hausten 2023 vart det innført ei ny ordning i 4G- og 5G-netta, og staten dekker kostnadar som tilbydarane har for denne oppgraderinga.
I program for forsterka ekom vart det i 2023 sett i gong tiltak i seks kommunar i kommunar i Trøndelag og ein kommune i Møre og Romsdal. I tillegg vart det i 2023 inngått avtaler for to kommunar i Troms som opphaveleg vart planlagt i 2022. Tiltaka gir auka beredskap for mobildekninga for befolkninga og lokal kriseleiing, mellom anna ved langvarige straumbrot. Totalt har det blitt løyvd midlar til slik forsterka mobilberedskap for i underkant av 100 kommunar sidan oppstart i 2014.
Tiltaka for å styrkje transportnetta og andre sårbare punkt i netta i Finnmark vart fullført i 2022. Tilsvarande tiltak for Troms vart sette i verk i 2023, og tiltaka vil auke sikkerheita og beredskapen for digital kommunikasjon i regionen og landsdelen. I 2023 ferdigstilte Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ein omfattande risiko- og sårbarheitsanalyse for Nordland, som inkluderte både synfaringar og dialog med lokale myndigheiter, tilbydarar og statlege aktørar. Tiltaksarbeidet har blitt sett i gang for Nordland og avtaler vart signert sommaren 2024. I 2023 vart ein risiko- og sårbarheitsanalyse påbyrja for Trøndelag, og denne vart levert i 2024.
Ein treårig avtale for utvida reserveløysing for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet vart inngått i 2022 og har blitt vidareført i 2023 og 2024. Systemet for mobilbasert befolkningsvarsling, Nødvarsel, vart lansert i februar 2023 og blir vidareutvikla gjennom 2024. Tiltak for å styrkje sikkerheita og beredskapen knytt til ekominfrastrukturen på norsk kontinentalsokkel har blitt sett i verk i 2023, mellom anna undersøkingar av undersjøisk infrastruktur og nye system for å detektere uønskte hendingar. Samla gir desse tiltaka vesentlege bidrag til auka samfunnssikkerheit og -beredskap.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
I 2025 tar Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sikte på å inngå nye beredskapsavtaler med utvalde tilbydarar, mellom anna for gjenoppretting av mobildekning og avtale om vidare drift av fortifikatoriske anlegg med Telenor. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal setje i verk forsterka ekom i nye kommunar i 2025. Det langsiktige målet er å etablere eitt område i alle sårbare kommunar i landet med forsterka mobilkommunikasjon.
Vidare skal det gjennomførast tiltak for å forsterke transportnetta og andre viktige punkt i infrastrukturen i sårbare regionar, basert på risiko- og sårbarheitsanalysar.
Midlar på posten skal i 2025 bidra til drift av systemet for mobilbasert befolkningsvarsling, Nødvarsel.
I tillegg kan det bli aktuelt å gjennomføre andre tiltak på kort varsel i lys av den sikkerheitspolitiske situasjonen eller som følgje av ny kunnskap eller konkrete hendingar, inkludert til dømes ytterlegare tiltak knytte til infrastruktur på sokkelen eller tiltak for å bidra til dekning i områder som er viktige for varsling av hendingar eller anna.
Det blir foreslått å løyve 195,1 mill. kroner.
Post 71 Funksjonell internettilgang til alle, kan overførast
Mål for ordninga
Husstandar og små og mellomstore verksemder som ikkje kan få eit tilbod om funksjonell internettilgang gjennom marknadsbasert utbygging eller gjennom eksisterande offentlege verkemiddel, skal sikrast moglegheit for funksjonell internettilgang gjennom innkjøpsordninga.
Kriterium for måloppnåing
Hovudkriteriet for måloppnåing er talet på husstandar og små og mellomstore verksemder som får funksjonell internettilgang gjennom ordninga.
Tildelingskriterium
Kriterium for tildeling blir fastsetje i forskrift.
Husstandar og heilårlege og sesongbaserte verksemder med under 100 tilsette som ikkje har eit tilbod om funksjonell internettilgang, kvalifiserer for støtte gjennom ordninga. Funksjonell internettilgang skal forståast som breibandtilgang med moglegheit til tilkopling til internett som gir minimum 30 Mbit/s nedlastingshastigheit og minimum 5 Mbit/s opplastingshastighet.
Det skal vere ein eigenandel for støttemottakarar på 5 000 kroner og eit øvre tak for statleg støtte på 400 000 kroner.
Det vil bli fastsett ei rekke krav til tilbodet som blir etablert, irekna krav til minimumsnivå på datapakkar, krav om abonnementspris på nivå med marknadsprisar og krav til feilretting eller kompensasjon ved nedetid.
Oppfølging og kontroll
Ordninga skal forvaltast av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Etaten vil kontrollere opplysningar i samband med søknadsbehandlinga og kontrollere at krav og forpliktingar som er fastsette i forskrifta blir oppfylte. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vil rapportere til departementet om bruk av ordninga. Ordninga skal evaluerast jamleg.
Rapport
I 2023 og 2024 har departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit arbeidd vidare med å fastsetje forskrifta med tilskotsregler. Det har oppstått ein del praktiske spørsmål knytte til ordninga, inkludert om statsstøtteregelverk, og departementet tar sikte på at forskrifta skal tre i kraft i 2025.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det blir foreslått å løyve 6 mill. kroner.
Kap. 4543 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Diverse gebyr |
292 |
322 |
334 |
70 |
Inntekter frå gjennomførde frekvensauksjonar |
609 378 |
583 600 |
887 100 |
Sum kap. 4543 |
609 670 |
583 922 |
887 434 |
Post 01 Diverse gebyr
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine utgifter på kap. 1543, postane 01 og 45 blir i hovudsak dekka av inntekter frå sektoravgifter og gebyr. I tillegg skal inntektene dekke meirverdiavgift som blir belasta sentralt på kap. 1633, post 01.
I sjølvfinansieringsordninga inngår ikkje 10 mill. kroner i refusjon til drift av Radiostøykontrollen og 0,9 mill. kroner til å rettleie fylkeskommunane i samband med tilskot til breibandutbygging.
Det blir foreslått å løyve 334 000 kroner i gebyrinntekter. Dette består i hovudsak av gebyr knytt til løyve for radioamatørar og gebyr for radioutstyr i luftfartøy.
Post 70 Inntekter frå gjennomførde frekvensauksjonar
Posten omfattar inntekter frå gjennomførte frekvensauksjonar.
Frekvensar utgjer ein verdifull og avgrensa naturressurs, som er ein nødvendig innsatsfaktor for å kunne tilby mellom anna mobile elektroniske kommunikasjonstenester og annan samfunnsviktig infrastruktur. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forvaltar frekvensressursane i Noreg. Ved tildelingar av frekvensar der det er konkurranse om ressursane, brukar ein som hovudregel auksjon som genererer inntekter for staten.
Auksjonen av frekvensbanda omkring 2,6 og 3,6 GHz til mobilkommunikasjon og 5G vart halden av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i september 2021. Det vart opna for at vinnarane i denne auksjonen kunne betale auksjonsprovenyet over tid. Alle vinnarane i auksjonen betaler no over tid, jf. omtale i Prop. 1 LS (2023–2024). Anslått inntekt i 2025 frå auksjonen av dei nemnde frekvensbanda er 583,6 mill. kroner.
Mobilselskapet Ice fekk i 2020 utsett betalinga av uteståande auksjonsproveny frå auksjonen av frekvensar i 700 MHz- og 2,1 GHz-banda i 2019, jf. omtale i Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021. Provenyet frå auksjonen i 2019 på 303,5 mill. kroner skal betalast i 2025.
Det vil kunne tilkome inntekter frå tildeling av 26 GHz-bandet og frekvensbandet omkring 1 500 MHz i 2025. Det er ikkje mogleg å angi størrelsen på desse inntektene på førehand.
Det blir foreslått å løyve 887,1 mill. kroner.
Kap. 5579 Sektoravgifter under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
70 |
Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit |
260 650 |
281 165 |
295 614 |
Sum kap. 5579 |
260 650 |
281 165 |
295 614 |
Post 70 Sektoravgifter Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Sektoravgiftene og gebyra skal i hovudsak dekke Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine utgifter som er budsjettert på kap. 1543, postane 01 og 45, og meirverdiavgift på kap. 1633, post 01.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit administrerer og tildeler 5-sifra nummer direkte til organisasjonar og verksemder. Inntektene blir ført på kap. 5583 Særskilte avgifter mv. i bruk av frekvensar, post 70 Avgift på frekvensar mv. Sektoravgifter for å dekke kostnadane med å administrere ordninga blir inntektsført på kap. 5579, post 70.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,3 mill. kroner slik at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan følgje opp nye ansvarsområde knytte til datasenter og betale kontingent for deltaking i BEREC, jf. omtale under kap. 1543, post 01.
Samla blir det foreslått å løyve 295,6 mill. kroner.
Programkategori 01.50 Personvern
Utgifter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
1550 |
Datatilsynet |
81 413 |
82 241 |
84 979 |
3,3 |
1551 |
Personvernnemnda |
2 524 |
2 778 |
2 858 |
2,9 |
Sum kategori 01.50 |
83 937 |
85 019 |
87 837 |
3,3 |
Inntekter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
4550 |
Datatilsynet |
98 346 |
0,0 |
||
Sum kategori 01.50 |
98 346 |
0,0 |
Innleiing
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har det overordna ansvaret for personvernpolitikken og ansvaret for personopplysningsforskrifta. Departementet har òg det administrative ansvaret for Datatilsynet og Personvernnemnda. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for personopplysningslova. Arbeidet i departementa skal bidra til at det blir tatt omsyn til personvern i utforming av politikk og regelverk. Personvernomsyn og den generelle personvernreguleringa gjeld for alle sektorar. Kvart departement har ansvaret for å ivareta personvernregelverket og personvernomsyn i sitt arbeid og i sin sektor. Personvernarbeidet i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er nært knytt til departementet sitt arbeid med både forvaltningspolitikk og IT-politikk.
Mål for programkategorien
-
Eit godt personvern for alle
Mål 1 Eit godt personvern for alle
Personvern er ein menneskerett. Reglar som skal sikre personvernet finst i både Grunnlova, personopplysningslova og særlovgiving. Reglane skal verne den enkelte mot at personvernet blir krenkt ved behandling av personopplysningar. Samstundes skal reglane verne den personlege integriteten til kvar enkelt. Kjennskap til reglane er viktig, og det er eit mål for regjeringa at innbyggarane skal få meir kunnskap om personvern.
Auka digitalisering og den teknologiske utviklinga kan utfordre viktige personvernomsyn. Regjeringa ønskjer å verne innbyggarane mot digital overvaking og påverknad, mellom anna ved å stille strengare vilkår for deling av data frå private verksemder der slik deling inneber ein personverntrussel. Departementet sitt arbeid skal støtte opp om aktivitetar og tiltak i Datatilsynet i samsvar med dei oppgåvene tilsynet er gitt i personvernregelverket.
Berekraftsmåla
Godt personvern bidrar til å sikre at innbyggarane har tillit til samfunnet, og er derfor viktig for berekraftsmål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar. Eit godt personvern støttar oppunder utviklinga av effektive, ansvarlege og opne institusjonar. Det bidrar òg til å sikre allmenn tilgang til informasjon og verne om grunnleggande fridomar i samsvar med nasjonal lovgiving og internasjonale reglar.
Kap. 1550 Datatilsynet
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
81 413 |
82 241 |
84 979 |
Sum kap. 1550 |
81 413 |
82 241 |
84 979 |
Post 01 Driftsutgifter
Datatilsynet er eit forvaltningsorgan med både tilsyns- og rettleiingsoppgåver. Datatilsynet fører mellom anna tilsyn etter personopplysningslova og personvernforordninga, pasientjournallova, helseregisterlova, helseforskingslova, politiregisterlova og lov om Schengen informasjonssystem. Verksemda bruker tilsyn, saksbehandling og andre verkemiddel i arbeidet med å kontrollere at regelverket blir følgd og at manglar blir retta. Datatilsynet deltar òg aktivt i personverndebatten.
Vidare kjem det stadig nye EU-regelverk på digitalområdet. Dette påverkar òg oppgåvene til Datatilsynet og korleis tilsynet disponerer driftsmidlane.
Rapport
Personvern er eit tema som gjer seg gjeldande på dei fleste samfunnsområde. Hovudmålet er at alle skal ha eit godt personvern. For å nå dette målet er det viktig at den enkelte kjenner og kan vareta rettane sine, og at norske verksemder i både offentleg og privat sektor kjenner og etterlev pliktane sine. Rettleiing og informasjonsverksemd er derfor prioriterte oppgåver for Datatilsynet.
Rapporteringsperioden har, som i føregåande år, vore prega av ein svært stor auke i saksmengda i Datatilsynet. Det kjem inn fleire klager, fleire avviksmeldingar og fleire innsynsførespurnader enn tidlegare. Totalt registrerte Datatilsynet 4 204 nye saker i 2023, mot 3 519 i 2022. Mange klager gjeld feil behandling av personopplysningar i register. Meldingar om avvik skuldast ofte feilsending eller feilpublisering av personopplysningar, eller manglande tilgangsstyring i store datasystem. I tillegg til at saksmengda aukar, blir sakene stadig meir omfattande og krevjande. Saka mot Meta Inc har vore særleg ressurskrevjande for Datatilsynet. Ved å behandle store og prinsipielle saker med verknad ut over landegrensene, har tilsynet markert kva personvern betyr både nasjonalt og internasjonalt.
Den auka saksmengda har òg ført med seg ein stor auke i talet på førespurnader om dokumentinnsyn etter offentleglova. I 2023 fekk Datatilsynet 7 443 slike førespurnader, mot 3 671 i 2022. Behandling av innsynsførespurnader legg beslag på store ressursar.
I tillegg til ordinære saker, legg Datatilsynet ressursar i utvalde høyringssaker med potensielt store konsekvensar for personvernet. Av omsyn til knappe ressursar har Datatilsynet prioritert dei høyringssakene med størst påverknad på innbyggarane sitt personvern. I 2023 prioriterte tilsynet særleg å gi innspel til utvalde høyringssakar som omhandla inngrep i personvernet til barn.
Barn og unge har vore eit prioritert område for Datatilsynet i fleire år. I 2023 har Datatilsynet arbeidd med Personvernkommisjonens (NOU 2022: 11) bekymring for digitalisering i skulen, gjennomført tilsyn på arbeidsplassar som kameraovervakar tilsette under 18 år, og utarbeidd grundig rettleiing om strømming av barneidrett.
I tillegg til saksbehandling, driv Datatilsynet ei telefonbasert rettleiingsteneste. I 2023 handterte tenesta 5 169 samtaler. Om lag 40 pst. av dei som kontaktar tenesta er verksemder, medan 54 pst. er privatpersonar. Resten av samtalene kjem frå personvernombod. Spørsmåla femner svært breitt, og gjeld mellom anna kommuneadministrasjon, skule og barnehage, transport, telekom og helse.
Vidare har Datatilsynet i 2023 utførd store og viktige tilsyn. Hausten 2023 vart det gjennomførd brevtilsyn med 100 kommunar og fylkeskommunar. Dei vart følgd opp med fysiske tilsyn hos nokre utvalde kommunar.
Datatilsynet er opptatt av korleis tilsynet kan bli betre og meir relevant for private og offentlege verksemder. I rapporteringsåret inviterte tilsynet derfor over 160 private og offentlege verksemder til møte og dialog om temaet. Innspela vil vere sentrale som strategisk og operasjonell rettesnor i tida framover.
Sidan 2021 har Datatilsynet drifta eit prøveprosjekt med ei regulatorisk sandkasse for personvernvenleg kunstig intelligens. Frå 2023 vart sandkassa gjort permanent, og femner no personvernvenleg digitalisering og innovasjon. I sandkassa kan offentlege og private verksemder få tilpassa og dialogbasert rettleiing slik at dei kan utvikle og ta i bruk kunstig intelligens og annan innovativ teknologi på ein personvernvenleg måte. Dette legg grunnlag for tillit mellom dei som tilbyr KI-baserte tenester og dei som bruker tenestene. I 2023 vart det publisert sluttrapportar frå fire prosjekt som omfatta mellom anna journalføring i offentleg sektor, kollektivtransport, helse og kameraovervaking. Det blir lagt vekt på at prosjekta skal vere innovative, samfunnsnyttige og bidra til eit godt personvern. Det er viktig at erfaringar frå prosjekta kjem flest mogleg til nytte. Ekstern kommunikasjon for å spreie læring frå prosjekta er derfor ein prioritert aktivitet.
Til liks med dei nasjonale sakane, held òg Datatilsynets internasjonale arbeid fram med å auke i omfang. Datatilsynet er aktive i det europeiske personvernarbeidet og tar mellom anna del i alle dei tolv undergruppene i Det europeiske personvernrådet (EDPB). EDPB behandlar òg fleire store saker om behandling av personopplysningar med konsekvensar i fleire europeiske land. Det norske Datatilsynet tar aktivt del i dette arbeidet, anten som leiande tilsynsmyndigheit med ansvar for saka, eller som ei tilsynsmyndigheit som sakene vedkjem. Gjennom dette arbeidet har Datatilsynet moglegheit til å påverke rettsutviklinga på personvernområdet i Europa.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Datatilsynet har ei særleg uavhengig stilling, jf. personopplysningslova § 20 og personvernforordninga artikkel 52. Som følgje av dette står Datatilsynet fritt til å foreta dei faglege prioriteringane under målet om eit godt personvern for alle. Løyvinga på posten skal brukast i tråd med dei faglege prioriteringane tilsynet gjer, men likevel slik at 6 mill. kroner blir brukt til den regulatoriske sandkassa for personvernvenleg innovasjon og digitalisering.
Som følgje av at Nærings- og fiskeridepartementet ikkje lenger skal delta i medfinansieringa av den regulatoriske sandkassa blir løyvinga foreslått redusert med 1,1 mill. kroner mot ein auke på 0,55 mill. kroner på kap. 900, post 50 og 0,55 mill. kroner på kap. 2421, post 50 under Nærings- og fiskeridepartementet.
Regjeringa meiner det er nødvendig å gi barn og unge ein tryggare digital oppvekst. Som eit ledd i dette, får Datatilsynet i oppdrag å styrkje arbeidet med barn og aldersgrenser på sosiale medium. Nærare innretning på arbeidet blir avklara i dialog med tilsynet. Løyvinga blir foreslått auka med 1,5 mill. kroner.
Det blir foreslått å løyve 85 mill. kroner.
Kap. 4550 Datatilsynet
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
85 |
Lovbrotsgebyr og tvangsmulkt |
98 346 |
||
Sum kap. 4550 |
98 346 |
Post 85 Lovbrotsgebyr og tvangsmulkt
Inntekter som blir ført på denne posten kjem frå gebyr og tvangsmulkt for brot på personopplysningsreglane. Inntektene går inn i statskassa.
Kap. 1551 Personvernnemnda
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
2 524 |
2 778 |
2 858 |
Sum kap. 1551 |
2 524 |
2 778 |
2 858 |
Post 01 Driftsutgifter
Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet. Nemnda er ein del av det nasjonale verkemiddelapparatet for å sikre effektiv handheving av personvernreglane.
Rapport
Personvernnemnda har sju medlemer som alle er oppnemnde for fire år om gangen med moglegheit for ei gjenoppnemning. Dei noverande medlemene er oppnemnde for perioden 2021–2024. Nemnda er breitt fagleg samansett og er godt rusta til å gjere krevjande vurderingar i saker der personvern skal vegast mot andre samfunnsomsyn. I 2023 behandla nemnda totalt 24 saker, mot 19 året før. Fleire av sakene har vore store og komplekse, slik at det har vore nødvendig å behandle dei over fleire møte. Til dømes vart saka om Grindr sin behandling av personopplysningar (spørsmål om gyldig samtykke) behandla over seks møte medan Østre Toten-saka (manglande informasjonssikkerheit) vart behandla over tre møte. Grindr har seinare tatt ut søksmål om gyldigheita av nemnda sitt vedtak i Grindr-saka.
Klagesakene som kjem inn til nemnda gjeld alt frå kameraovervaking og kredittvurdering, til behandling av personopplysningar i arbeidstilhøve og barnehagar. Dette viser at personvern gjer seg gjeldande på dei aller fleste samfunnsområde.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Personvernnemnda si einaste oppgåve er å behandle klager over vedtak fatta av Datatilsynet. Nemnda har som mål å skrive gode vedtak som kan gi rettleiing i seinare, liknande saker. Samstundes skal saksbehandlingstida haldast så låg som mogleg.
Det blir foreslått å løyve 2,9 mill. kroner.
Programkategori 01.60 Statleg arbeidsgivarpolitikk
Utgifter under programkategori 01.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
1560 |
Tariffavtalte avsetningar mv. |
310 777 |
278 100 |
276 600 |
-0,5 |
1565 |
Bustadlånordninga i Statens pensjonskasse |
31 076 167 |
19 454 000 |
7 663 000 |
-60,6 |
1566 |
Yrkesskadeforsikring |
88 382 |
95 000 |
95 000 |
0,0 |
1567 |
Gruppelivsforsikring |
251 147 |
240 000 |
260 000 |
8,3 |
Sum kategori 01.60 |
31 726 473 |
20 067 100 |
8 294 600 |
-58,7 |
Inntekter under programkategori 01.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) |
|||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
Endring i pst. |
4565 |
Bustadlånordninga i Statens pensjonskasse |
8 881 121 |
9 447 000 |
15 546 000 |
64,6 |
4566 |
Yrkesskadeforsikring |
80 520 |
85 000 |
89 000 |
4,7 |
4567 |
Gruppelivsforsikring |
139 623 |
143 000 |
146 000 |
2,1 |
5607 |
Renter av bustadlånordninga i Statens pensjonskasse |
2 088 475 |
2 716 000 |
3 944 000 |
45,2 |
Sum kategori 01.60 |
11 189 739 |
12 391 000 |
19 725 000 |
59,2 |
Innleiing
Programkategorien omfattar løyvingar knytte til den sentrale arbeidsgivarfunksjonen i staten, og til budsjettkapitla for bustadlånordninga, yrkesskadeforsikring og gruppelivsforsikring i Statens Pensjonskasse.
Mål for programkategorien
-
Statlege verksemder er kompetente arbeidsgivarar med attraktive arbeidsplassar
Mål 1 Statlege verksemder er kompetente arbeidsgivarar med attraktive arbeidsplassar
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet skal bidra til vidareutvikling av ei effektiv og høgt kompetent statsforvaltning som gir brukarane tenester med høg kvalitet. Med meir avgrensa ressurstilgang og knappheit på arbeidskraft i åra framover, er det nødvendig med omfattande omstilling i forvaltninga. Regjeringa meiner det er store moglegheiter for å fornye og forenkle offentleg sektor, og gjennomfører fleire utviklingstiltak. Digitalisering står sentralt her, og det gjer òg andre utviklingsinitiativ som innovasjon og tillitsreform. Dette krev dyktige leiarar og medarbeidarar og må derfor sjåast i nær samanheng med vidareutvikling av arbeidsgivarpolitikken.
Arbeidsgivarpolitikken skal bidra til at staten har løns- og arbeidsvilkår som legg til rette for at ein klarer å rekruttere, utvikle og halde på velkvalifiserte leiarar og medarbeidarar. Medarbeidarane og leiarane skal levere tenester med høg kvalitet, gjennomføre digitalisering og andre utviklingstiltak og innføre nye arbeidsprosessar. Dei statlege verksemdene må vere kompetente arbeidsgivarar og attraktive arbeidsplassar som løyser samfunnsoppdraga sine og gir brukarane gode tenester.
For å lykkast med dette, må verksemdene ha høg endringskapasitet, møte kompetansebehova for framtida og ha leiarar som er kompetente og tydelege i utøvinga av arbeidsgivarrolla. Eit godt partssamarbeid, tillitsbasert leiing og medverknad for dei tilsette er sentralt for å oppnå gode resultat.
Dei statlege verksemdene må utnytte moglegheitene for effektivisering, auka produktivitet og kostnadseffektiv drift. Verksemdene må ta initiativ til å gjennomføre fornying og omstilling, mellom anna ved digitalisering, oppfølging av tillitsreforma og forbetring av tenesteproduksjonen. Det er òg ei viktig målsetjing å sikre stort mangfald og inkludering i dei statlege verksemdene.
Utvikling av nye tenester, utnytting av ny teknologi og digitalisering, har verknad på staten sitt kompetansebehov og medarbeidarane sine arbeidsoppgåver. Tilrettelegging av utviklingstilbod for leiarar, og tilbod om kompetanseutvikling for medarbeidarar, er høgt prioritert i den statlege arbeidsgivarpolitikken.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har ansvaret for å støtte og rettleie dei statlege verksemdene i utøvinga av arbeidsgivarrolla. DFØ driftar den digitale læringsplattforma, som er ein sentral del av kompetanseutviklingstilbodet i staten. DFØ driftar òg Statens arbeidsgivarportal, som formidlar informasjon, gir høve for verksemdene til å utveksle erfaring og kunnskap, og gir tilgang til fagpersonar som kan yte meir skreddarsydd støtte.
Lønsoppgjera i staten skal gjennomførast i tråd med frontfagmodellen.
Regelverket som gjeld i staten, skal vere tilpassa ei moderne statsforvaltning. Forutan inngåing av hovudtariffavtaler, inngår arbeid med særavtaler og hovudavtala i staten òg som ein sentral del av arbeidet i den sentrale arbeidsgivarfunksjonen i staten. Vidare inngår regelverksutvikling knytt til statstilsettelova, tenestetvistlova og karantenelova, og utvikling av administrative føresegner og personalpolitiske føringar og retningslinjer som staten som arbeidsgivar har ansvaret for.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er ein pådrivar overfor dei statlege verksemdene for gjennomføring av arbeidsgivarpolitiske føringar og vedtak, til dømes knytte til tillitsreforma, likestilling, ikkje-diskriminering, og inkludering. Dette arbeidet er knytt til berekraftsmål 5 og 10, som handlar om likestilling mellom kjønna og anstendig arbeid for alle.
Berekraftsmåla
Departementet har gjennom hovudtariffavtalene i staten (2022–2024), i samarbeid med dei sentrale partane i staten, sett av 25 mill. kroner til kompetanseutvikling. Eit prioritert tiltak det kan søkjast midlar til, er kompetanseutvikling som bidrar til lokale miljøretta tiltak som vil kunne auke berekraft for statlege verksemder. Partane sentralt har òg i 2022–2024 gjennomført ei kartlegging av dei lokale partane sitt arbeid med å redusere klimaavtrykket i dei statlege verksemdene. Det er i tillegg utarbeidd ein rettleiar om berekraftsarbeid i det lokale partsarbeidet som er tilgjengeleg på Statens arbeidsgivarportal.
Fleire berekraftsmål er viktige i departementet sitt arbeid opp mot statlege arbeidsgivarar og partane i staten. Det gjeld mellom anna mål 4) Utdanning, mål 5) Likestilling mellom kjønna, mål 8) Anstendig arbeid og økonomisk vekst, mål 13) Stoppe klimaendringane og mål 17) Samarbeid for å nå måla.
Kap. 1560 Tariffavtalte avsetningar mv.
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
21 |
Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70 |
1 764 |
1 000 |
|
70 |
Kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under post 21 |
31 882 |
1 000 |
|
71 |
Opplæring og utvikling av tillitsvalde |
233 100 |
233 100 |
233 100 |
72 |
Pensjonskostnadar tenestemannsorganisasjonane |
44 031 |
43 000 |
43 500 |
Sum kap. 1560 |
310 777 |
278 100 |
276 600 |
Forhandlingar mellom Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og hovudsamanslutningane i staten som partar i hovudtariffoppgjeret i det statlege tariffområdet ligg til grunn for forslag til avsetningar på kap. 1560. På grunn av at tvistar om oppgjeret mellom staten og tre hovudsamanslutningar skal avgjerast i Rikslønsnemnda hausten 2024, er løyvingane for 2025 på postane 21 og 70 ikkje berekna. Det er derfor ikkje foreslått løyving på post 21 og 70 for 2025. Løyvinga på post 71 er foreslått berekningsteknisk vidareført inntil oppgjeret er klart. Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte etter avgjerda i Rikslønsnemnda.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Posten er i hovudsak brukt til anskaffingar i samband med dei sentrale partane sine satsingar på forskings-, utviklings- og utgreiingsoppdrag. Dette er prosjekt der partane har felles interesser, mellom anna knytte til regel- og avtaleverket til staten.
Post 70 Kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under post 21
Posten gjeld tilskot til kompetanse- og omstillingsarbeid. Tilskotet skal legge til rette for god praktisering av medråderetten til dei tillitsvalde, utvikle og effektivisere staten, og dessutan fremje eit godt samarbeid mellom leiinga og medarbeidarar, og mellom partane i verksemda.
Det har blitt gjennomført utviklingsprosjekt og regionale samarbeidskonferansar.
Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde
Løyvinga dekker tilskot til opplæringstiltak for tillitsvalde til organisasjonane i staten innanfor mellom anna organisasjons- og tillitsvaldarbeid, miljø- og vernearbeid, sjukefråvær, medråderett, personalpolitiske spørsmål, omstilling, effektivisering og samfunnsøkonomi m.m. Retningslinjer for opplærings- og utviklingstiltak er fastsett i eiga særavtale mellom staten og hovudsamanslutningane (avtale om OU-midlar). Løyvinga er brukt i samsvar med særavtala om opplærings- og utviklingsmidlar.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Løyvinga er foreslått berekningsteknisk vidareført. Departementet vil kome tilbake med eventuell justering etter avgjerda i Rikslønsnemnda.
Det blir foreslått å løyve 233,1 mill. kroner.
Post 72 Pensjonskostnadar tenestemannsorganisasjonane
Verksemder som er medlemer i Statens pensjonskasse (SPK) skal betale ein aktuarielt berekna premie (arbeidsgivardel), slik det blir gjort i privat sektor.
Tenestemannsorganisasjonane betaler ikkje arbeidsgivardel for tilsette som har ulønt permisjon frå statleg verksemd for å ha verv eller vere tilsett i ein slik organisasjon. I samsvar med permisjonsavtala betaler organisasjonane berre 2 pst. medlemsinnskot.
For å synleggjere det årlege bidraget staten har til tenestemannsorganisasjonane på pensjonsområdet, blir desse premiekostnadane budsjetterte på ein eigen post i statsbudsjettet. Posten inkluderer òg arbeidsgivaravgift.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Berekningar gjennomførte av SPK tilseier at premiekostnadane, inkludert arbeidsgivaravgift, vil utgjere 43,5 mill. kroner i 2025.
Det blir foreslått å løyve 43,5 mill. kroner.
Kap. 1565 Bustadlånordninga i Statens pensjonskasse
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter |
59 813 |
52 000 |
61 000 |
70 |
Tap/avskrivingar |
-260 |
2 000 |
2 000 |
90 |
Utlån, overslagsløyving |
31 016 614 |
19 400 000 |
7 600 000 |
Sum kap. 1565 |
31 076 167 |
19 454 000 |
7 663 000 |
Under kap. 1565 blir det budsjettert med forventa utbetalingar av nye lån, opptente renter ved årets utgang, forventa tap på utlån og driftsutgifter i samband med administrasjon av bustadlånordninga i Statens pensjonskasse (SPK). Løyvingane under dette kapittelet er usikre og avhengige av utlånsramma, rentenivået i marknaden generelt og differansen mellom renta i bustadlånordninga i SPK og rentenivået i marknaden.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker kostnadane til SPK for å administrere bustadlånordninga, jf. post 90. Hovuddelen av kostnadane blir dekt av lånekundane gjennom betaling av ulike former for gebyr, jf. kap. 4565, post 01.
Det blir foreslått å løyve 61 mill. kroner.
Post 70 Tap/avskrivingar
Løyvinga gjeld forventa tap på utlån i bustadlånordninga i SPK i 2025.
Tap på hovudstol blir anslått til 1,5 mill. kroner og opparbeidd rentegjeld blir anslått til 0,5 mill. kroner.
Det blir foreslått å løyve 2 mill. kroner.
Post 90 Utlån, overslagsløyving
Løyvinga dekker forventa brutto utlån til bustadlån i Statens pensjonskasse (SPK) og berekna opptente, men ikkje betalte renter på låna.
I hovudtariffavtalene i staten kjem det fram at bustadlån kan ytast med inntil 2,3 mill. kroner.
Departementet har fastsett Instruks for forvaltning av boliglånsordningen i Statens pensjonskasse. Det kan givast lån til følgjande medlemer i SPK:
-
Yrkesaktive medlemar.
-
Dersom det ligg føre særskilde grunnar kan SPK gi lån til barn, som på grunn av at begge foreldra er døde, må flytte frå tenestebustad.
-
Pensjonistar, med unntak av pensjonistar med pensjon basert på oppsette rettar.
-
Statsrådar og stortingsrepresentantar.
Lån blir innvilga til kjøp av eigen bustad, til refinansiering av bustadlån eller til å modernisere/pusse opp eigen bustad. Lån blir gitt mot sikkerheit innanfor 80 pst. av marknadsverdien til bustaden. Lån har ei maksimal nedbetalingstid på 30 år, der 5 år kan vere avdragsfrie.
Forventa hovudstol per 31. desember 2025 blir anslått til om lag 76 700 mill. kroner. Uteståande lån per 31. desember 2025 er forventa å utgjere 51 800 lån. Det er lagt til grunn at det blir utbetalt 3 800 nye lån på i gjennomsnitt 1,950 mill. kroner i 2025. Vidare er det gjort vurderingar i samsvar med historiske erfaringstal når det gjeld talet på søknadar, utbetalte lån, talet på innfridde lån og gjennomsnittleg utbetalt/innfridd beløp per lån.
Rapport
I 2023 utbetalte Statens pensjonskasse 16 027 lån, som er om lag 96 pst. fleire enn i 2022. Den totale utlånsporteføljen gjekk opp frå 45,5 mrd. kroner til 67,6 mrd. kroner, ein auke på 48,6 pst. frå 2022.
Tabell 5.4 Utviklinga i bustadlånordninga i Statens pensjonskasse
Tal på |
Mill. kroner |
|||||
---|---|---|---|---|---|---|
År |
Nye lån |
Lån totalt |
Total utlånsportefølje 31.12 |
Brutto utlån |
Avdrag |
Kapitalbehov |
2014 |
19 538 |
84 483 |
97 200 |
27 300 |
13 600 |
13 700 |
2015 |
5 827 |
68 900 |
75 000 |
7 800 |
30 000 |
-22 200 |
2016 |
2 755 |
56 800 |
58 300 |
3 500 |
20 200 |
-16 700 |
2017 |
3 143 |
49 800 |
49 200 |
4 100 |
13 100 |
-9 000 |
2018 |
3 742 |
44 300 |
42 700 |
5 300 |
11 800 |
-6 500 |
2019 |
8 532 |
44 500 |
45 700 |
13 500 |
10 500 |
3 000 |
2020 |
4 635 |
38 900 |
39 400 |
7 200 |
13 500 |
-6 300 |
2021 |
4 974 |
36 600 |
38 200 |
8 500 |
9 700 |
-1 200 |
2022 |
8 187 |
39 200 |
45 500 |
15 300 |
8 000 |
7 300 |
2023 |
16 027 |
49 400 |
67 600 |
30 900 |
8 800 |
22 100 |
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Det er lagt til grunn at det blir utbetalt 73 lån per veke i 2025, ein reduksjon på 107 lån per veke samanlikna med saldert budsjett for 2024. Reduksjonen er basert på forventningar om nedgang i rentebanen i 2025 frå Noregs Bank. I periodar med endring i rentenivå, vil renteendringar i bustadlånordninga i SPK bli seinare sett i verk enn i marknaden elles. Minkande rentenivå vil av den grunn isolert sett medføre redusert etterspørsel etter lån i SPK. Forventa søknadsinngang og talet på utbetalte lån tar utgangspunkt i at SPK får ein tilsvarande effekt av rentenedgang i 2025 som i perioden 2015 til 2018, der det var periodar med både fallande og stabil styringsrente.
Det blir foreslått å løyve 7 600 mill. kroner. Anslaget inkluderer 164 mill. kroner i berekna opptente renteinntekter ved utgangen av 2025.
Kap. 4565 Bustadlånordninga i Statens pensjonskasse
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Gebyrinntekter, lån |
55 505 |
47 000 |
46 000 |
90 |
Tilbakebetaling av lån |
8 825 616 |
9 400 000 |
15 500 000 |
Sum kap. 4565 |
8 881 121 |
9 447 000 |
15 546 000 |
Under dette kapittelet blir det budsjettert med forventa innbetalingar av løpande og ekstraordinære avdrag, innfriingar av bustadlån og tilbakeføring av opptente renter ved inngangen til året knytte til bustadlånordninga i Statens pensjonskasse (SPK). I tillegg blir det budsjettert med forventa gebyrinntekter frå lånekundane. Løyvingane er usikre og avhengige av rentenivået i marknaden generelt og differansen mellom renta i bustadlånordninga i SPK og rentenivået i marknaden.
Post 01 Gebyrinntekter, lån
Posten omfattar innbetaling av gebyr frå låntakarane i bustadlånordninga i SPK i form av termingebyr, etableringsgebyr, purregebyr o.l.
Det blir foreslått å løyve 46 mill. kroner.
Post 90 Tilbakebetaling av lån
Posten omfattar ordinære og ekstraordinære avdrag, innfriingar av bustadlån, tilbakeføring av berekna opptente, men ikkje-betalte renteinntekter og tilbakeføring av tap.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Ordinære og ekstraordinære avdrag og innfriingar blir anslått til 15,3 mrd. kroner i 2025. Det er då lagt til grunn 833 innfriingar per månad, som er ein auke frå saldert budsjett for 2024.
I tillegg blir det anslått 203 mill. kroner i tilbakeføring av berekna opptente renter per 1. januar 2025, og 2 mill. kroner i tilbakeføring av tap.
Det blir foreslått å løyve 15 500 mill. kroner.
Kap. 5607 Renter av bustadlånordninga i Statens pensjonskasse
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
80 |
Renter |
2 088 475 |
2 716 000 |
3 944 000 |
Sum kap. 5607 |
2 088 475 |
2 716 000 |
3 944 000 |
Post 80 Renter
Løyvinga gjeld renteinntekter, og opptente, ikkje-betalte renter knytte til bustadlånordninga i Statens pensjonskasse. Det er i overslaget for 2025 lagt til grunn ein reduksjon i utlånsporteføljen, jf. kap. 1565, post 90 og kap. 4565, post 90. Det er vidare lagt til grunn ei effektiv rente eksklusiv gebyr på 5,0 pst. i 2025.
Det blir foreslått å løyve 3 944 mill. kroner.
Kap. 1566 Yrkesskadeforsikring
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter, overslagsløyving |
88 382 |
95 000 |
95 000 |
Sum kap. 1566 |
88 382 |
95 000 |
95 000 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga gjeld utgifter til yrkesskadeutbetalingar i 2025. Løyvinga skal òg dekke kostnadane til Statens pensjonskasse (SPK) for å administrere yrkesskadeordninga, jf. kap. 2470 Statens pensjonskasse under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Alle som arbeider i teneste for arbeidsgivar, er omfatta av lov om yrkesskadeforsikring. Staten som arbeidsgivar er sjølvassurandør, men arbeidstakarar i staten har dei same rettane etter lova som andre arbeidstakarar. Arbeidstakarar som er omfatta av hovudtariffavtalene i staten, er i tillegg dekte av reglane i § 24 i hovudtariffavtalene (HTA) om ytingar ved yrkesskadar. Utbetalingar frå desse to regelverka blir samordna, slik at arbeidstakar får erstatning etter det regelverket som gir høgast sum.
Yrkesskadeordninga omfattar personskadar som følgje av arbeidsulykker, og sjukdomar som følgje av påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar. Erstatning skal ytast utan omsyn til om nokon har skuld i skaden. Vilkåret er at skaden skjer i arbeid på arbeidsstaden og i arbeidstida. Erstatning blir òg ytt når arbeidstakaren blir skadd ved ulykke på direkte reise mellom heim og oppdragsstad (utan at arbeidstakaren har vore innom sin faste arbeidsstad), og på tenestereise.
Frå 1. januar 1996 er yrkesskadeforsikringa i staten basert på eit premiesystem. Dette inneber at det blir kravd ein premie av arbeidsgivarar kvart år, som skal dekke kostnadane for dei skadane som blir konstaterte dette året. Det gjeld òg om skaden blir meld og gjort opp fleire år seinare. Når SPK behandlar saker der skaden vart konstatert før 1. januar 1996, utbetaler SPK erstatninga for deretter å krevje summen refundert frå den aktuelle arbeidsgivaren med tillegg av eit administrasjonsgebyr. Skadar konstatert etter 1. januar 1996 blir dekte av innbetalt premie.
Etter lov om yrkesskadeforsikring er staten som sjølvassurandør ansvarleg for ei rekke andre grupper som er definerte som arbeidstakarar. Dette er grupper som er sysselsette av staten, men som likevel fell utanfor statstilsettelova og hovudtariffavtalene.
Rapport
I 2023 var det ein auke på 6 pst. i innmelde skadesaker frå året før, medan utbetalingane sank med 13,6 pst. SPK hadde utbetalingar til 85 medlemar i yrkesskadesaker, mot 78 utbetalingar i 2022. Ikkje alle innmelde skadesaker resulterer i erstatningsutbetaling.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Anslaget for 2025 er basert på faktiske erstatningsutbetalingar dei seinaste åra og til no i 2024. Anslaget inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2023 og 2024.
Det blir foreslått å løyve 95 mill. kroner.
Kap. 4566 Yrkesskadeforsikring
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Premieinntekter |
80 520 |
85 000 |
89 000 |
Sum kap. 4566 |
80 520 |
85 000 |
89 000 |
Post 01 Premieinntekter
Løyvinga dekker innbetaling av yrkesskadeforsikringspremie frå alle arbeidsgivarar som er omfatta av ordninga. Sjå omtale under kap. 1566, post 01.
Det blir foreslått å løyve 89 mill. kroner.
Kap. 1567 Gruppelivsforsikring
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Driftsutgifter, overslagsløyving |
251 147 |
240 000 |
260 000 |
Sum kap. 1567 |
251 147 |
240 000 |
260 000 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga dekker utbetaling av gruppelivserstatningar og kostnadane til Statens pensjonskasse for å administrere gruppelivsordninga, jf. kap. 2470 Statens pensjonskasse under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Utbetalte gruppelivserstatningar varierer frå år til år, mellom anna avhengig av kor mange prioriterte etterlatne avdøde har. Dette gjer at det er knytt uvisse til budsjetteringa av nivået kvart enkelt år.
I 2023 vart det utbetalt erstatning i 154 saker med til saman om lag 250 mill. kroner, mot 150 saker med til saman 199 mill. kroner i 2022. Årsaka til at erstatningsutbetalingane er høgare i 2023 skuldast heilårseffekt av nye auka eingongssummar i HTA § 23.
Prioriteringar og budsjettforslag for 2025
Anslaget for 2025 er basert på erfarte erstatningsutbetalingar dei seinaste åra. Anslaget inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2023 og 2024.
Det blir foreslått å løyve 260 mill. kroner.
Kap. 4567 Gruppelivsforsikring
(i 1 000 kr) |
||||
---|---|---|---|---|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2023 |
Saldert budsjett 2024 |
Forslag 2025 |
01 |
Premieinntekter |
139 623 |
143 000 |
146 000 |
Sum kap. 4567 |
139 623 |
143 000 |
146 000 |
Post 01 Premieinntekter
Posten omfattar innbetaling av premie for dei verksemdene som betaler gruppelivspremie direkte til Statens pensjonskasse. Sjå omtale under kap. 1567, post 01.
Det blir foreslått å løyve 146 mill. kroner.