Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 800–873, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Likestilling i budsjettet og oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har som hovudoppgåver på dette feltet å

  • forvalte dei nasjonale likestillings- og ikkje-diskrimineringslovene og sikre gjennomføring av internasjonale bindingar i form av menneskerettskonvensjonar og EU-direktiv i norsk rett

  • vere ein pådrivar for likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken til regjeringa

  • bidra til utvikling av ein kunnskapsbasert politikk for likestilling og gode system for dokumentasjon og analyse av likestillingsstatus

Handhevingsapparatet for likestillings- og diskrimineringslovgivinga er Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda. BLD forvaltar òg krisesenterlova, ekteskapslova og regelverk knytt til foreldrepengar i folketrygdlova. BLD er ansvarleg for å utarbeide og utvikle lovgiving på desse felta.

I tillegg forvaltar BLD ei rekkje tilskotsordningar som skal bidra til å fremme likestilling knytt til ulike grunnlag. Regjeringa sitt arbeid mot vald i nære relasjonar er ein viktig del av innsatsen for å fremme likestilling.

BLD er òg ansvarleg for å følgje opp kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og barnekonvensjonen til FN og dessutan FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal BLD utarbeide nasjonale rapportar til dei internasjonale overvakingskomiteane. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ein særskild og sjølvstendig tilsynsfunksjon når det gjeld kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Barneombodet har same funksjon for barnekonvensjonen. Vidare er BLD ansvarleg for å følgje opp arbeidet med Europarådskonvensjonar og EU-direktiv på dette feltet.

BLD skal systematisk samarbeide med andre departement for å sikre samanheng i politikken og samordne regjeringa sin innsats for likestilling og for å medverke til å nå likestillingspolitiske mål.

Arbeidet med kunnskapsutvikling, dokumentasjon og analyse inneber eit ansvar for å medverke til å utvikle kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Det inneber også eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Alle departementa er ansvarlege for å skaffe fram kunnskap om likestilling på sine ansvarsområde i tråd med sektoransvarprinsippet. For BLD er det viktig å ha oversikt over den kunnskapen som finst.

BLD har gitt Fylkesmannen ansvaret for å vere ein pådrivar for at kommunane arbeider aktivt for å fremme likestilling knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiva både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er gjort nærmare greie for gjennomførte aktivitetar, strategiar og tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet under Programkategori 11.40 i del II av budsjettproposisjonen.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den enkelte sektor, i ordinære system og ordinære tiltak. Denne mainstreampolitikken følgjer også av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. BLD følgjer den internasjonale utviklinga og er òg ansvarleg for å rapportere om situasjonen i Noreg i ulike internasjonale fora.

5.1 Familie- og oppvekstområdet

Regjeringa vil at foreldra skal vere likestilte som omsorgspersonar og ha like rettar. Samtidig skal ein sørgje for at omsynet til det som er best for barnet, alltid veg tyngst i saker om barnefordeling og samvær. Forslag til endringar i barnelova som tek sikte på å fremme likestilt foreldreskap, blei sende på høyring i juni 2015. Formålet er å sikre barna samvær med begge foreldra og dempe konfliktar som rammar barna. Endringsforslaga tek sikte på å styrkje foreldreansvaret og samvær med barna for begge foreldra og å hindre sabotasje av samværet.

5.2 Likestilling blant innvandrarar

Noko over 15 prosent av befolkninga i Noreg er innvandrarar eller barn av innvandrarar. Sysselsetjing blir sett på som nøkkelen til både integrering og likestilling, ved at ein lærer språk, får kontakt med norske normer og verdiar og blir økonomisk sjølvstendig. I Noreg er prosentdelen sysselsette mindre blant personar med innvandrarbakgrunn enn i befolkninga elles. Det er også fleire menn enn kvinner som er sysselsette, i alle aldersgrupper og uavhengig av innvandrarbakgrunn. Det einaste unnataket er norskfødde med innvandrarforeldre i alderen 20–29 år, der det er noko fleire kvinner enn menn som er sysselsette.

Blant innvandrarar er kvinner i fleirtal både blant dei utan utdanning eller berre grunnskole og blant dei med høgare utdanning. Jenter får betre resultat i grunnskolen, fullfører vidaregåande opplæring og utdannar seg i større grad enn gutar, uavhengig av innvandrarbakgrunn. Norskfødde med innvandrarforeldre er overrepresenterte på studiar i farmasi, odontologi og medisin – og det gjeld særleg kvinner. På sjukepleiarutdanninga finn vi oftare innvandrarmenn enn andre menn. Blant innvandrarkvinner er det vanlegare å studere til bachelor i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag.

Nokre innvandrarkvinner er utan tilknyting til arbeidslivet. Dei er heimeverande, ikkje i kontakt med NAV eller i gang med ei form for kvalifisering. Dei må oppsøkjast og motiverast til å ta del i kvalifiseringsprogram for arbeid. Det er også menn med innvandrarbakgrunn som har låg tilknyting til arbeidslivet. Ulikt kvinnene med låg sysselsetjing er dei fleste av desse mennene ikkje gifte.

Regjeringa vil føre vidare og utvikle tiltak for å få fleire, både kvinner og menn, med innvandrarbakgrunn inn i arbeidslivet og unngå at dei fell ut av arbeidsmarknaden.

Regjeringa rettar stor merksemd mot opplæringa i norsk og samfunnskunnskap og mot introduksjonsprogram. Det er om lag like mange menn og kvinner som deltek i programmet. Det er fleire menn enn kvinner som er i arbeid og/eller utdanning eitt år etter at dei har avslutta programmet. Resultata er nærmare omtalte under delmål 2.2 Rask overgang til arbeid eller utdanning for nykomne innvandrarar. Jobbsjansen er eit kvalifiseringsprogram, etter same modell som introduksjonsprogrammet, for innvandrarar som over fleire år har mangla tilknyting til arbeidslivet. Innvandrarkvinner som er heime med barn, og som ikkje får sosialhjelp, er éi av målgruppene. Resultata er omtalte under delmål 2.3 God bruk av kompetansen til innvandrarar i arbeidslivet.

Vald, overgrep og tvang reduserer kvinner og menn sine moglegheiter til å delta i alle deler av samfunnet. Regjeringa vil styrkje arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unge sin fridom.

5.3 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2014

Likestillingslova § 12, diskrimineringslova om etnisitet § 13, diskriminerings- og tilgjengelova § 18 og diskrimineringslova om seksuell orientering § 12 pålegg offentlege styresmakter ei aktivitetsplikt. Offentlege verksemder skal arbeide aktivt, målretta og planfast for å fremme likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet, religion, livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Under følgjer tabellar som viser statusen for likestilling i BLD og dei underliggjande verksemdene.

Tabell 5.1 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2014

Kjønnsbalanse

Lønn1

M %

K %

Totalt (N)

Totalt årsverk

M%

K%

Totalt i verksemda

30,8

69,2

195

188,9

100

97,7

Ekspedisjonssjef

40,0

60,0

5

5

100

98,6

Avdelingsdirektør

33,3

66,7

21

20,8

100

93,4

Fagdirektør

28,6

71,4

7

6,7

100

93,1

Seniorrådgivar

34,7

65,3

95

90

100

97,8

Rådgivar

23,1

76,9

26

26

100

115,1

Førstekonsulent og seniorkonsulent

24,2

75,8

33

32,8

100

98,8

Konsulent og sekretær

33,3

66,7

3

3

100

98,9

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.

Tabell 5.2 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2014

Deltid1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær

M%

K%

M%

K%

M%

K%

M%

K%

Totalt i verksemda

6,70

14,10

18,30

8,10

1,40

98,50

2,20

3,60

1 Kvinner og menn som arbeider mellombels deltid på grunn av graderte permisjonar (AAP, omsorg for barn etc.).

2 Fordeling av foreldrepermisjon mellom menn og kvinner.

Tabell 5.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.14

Kjønnsbalanse

Lønn1

M

K

Totalt (N)

Totalt årsverk

M %

K %

Totalt i verksemda

37,3

62,7

6502

3828,2

100

106,1

Direktør og avdelingsdirektør

45,6

54,4

44

37,4

100

96,3

Seksjonssjef og arkivleiar

32,4

67,6

55

47,2

100

98,5

Leiar av institusjon, familievernkontor

36,5

63,5

195

169,3

100

99,7

Avdelingsleiar i institusjon

31

69

197

166,9

100

99,8

Fagstilling profesjonsutdanning/masternivå

24,2

75,8

930

675

100

97,1

Seniorrådgivar og prosjektleiar

35

65

432

349,2

100

97

Rådgivar

21,2

78,8

519

406,8

100

98,7

Fagstilling høgskole lågare grad

38,1

61,9

1952

995,4

100

98,3

Førstekonsulent og seniorkonsulent

14,9

85,1

283

213,3

100

98,6

Miljøarbeidar

57,8

42,2

1623

623,3

100

101,4

Kontorstilling og saksbehandlar lågare nivå

8,6

91,4

220

125,1

100

115,4

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

23,1

76,9

51

19,4

100

97,2

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.

Tabell 5.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, tilsette, permisjon, sjukefråvær) per 31.12.2014

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K1 %

Totalt i verksemda

43,7

56,3

45,9

54,1

13

87

7,6

8,8

1 Kvinner som arbeidde heiltid.

Tabell 5.5 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2014

Kjønnsbalanse

Lønn1

M %

K %

Totalt (N)

Totalt årsverk

M %

K %

Totalt i verksemda

36

64

248

219,2

100

98,4

Toppleiing (direktør, ass. direktør, avdelings-direktørar, fagdirektørar)

42

58

19

18

100

95,3

Mellomleiing (underdirektørar, arkivleiarar og leiar av sekretariatet for KIM)

50

50

22

21

100

99,2

Seniorrådgivar, prosjektleiarar, utgreiingsleiar

40

60

125

113

100

101,5

Rådgivarar

25

75

80

65,7

100

99,3

Førstekonsulentar

50

50

2

1,5

100

106,3

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.

Tabell 5.6 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2014

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

Totalt i verksemda

0

8,2

6,7

14,6

25

75

4,0

6,6

Tabell 5.7 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.2014

Kjønnsbalanse

Lønn¹

M

K

Totalt (N)

Totalt årsverk

M %

K %

Totalt i verksemda

23

77

126

119,6

100

74

Direktør

-

100

1

1

-

Daglege leiar / fylkesnemndleiar

33

67

12

12

100

99

Fylkesnemndleiar

42

58

62

61,8

100

100

Rådgivar

-

100

3

3

-

Seniorrådgivar

-

100

2

2

-

Seniorkonsulent

-

100

9

9

-

Førstekonsulent

-

100

22

19,9

-

Konsulent

-

100

15

10,9

-

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.

Tabell 5.8 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, tilsette, permisjon, sjukefråvær) per 31.12.2014

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær¹

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K2 %

Totalt i verksemda

1,1

27

13

11,4

0

100

1,6

5,6

1 4. kvartal 2014.

2 Kvinner som arbeidde heiltid.

Tabell 5.9 Forbrukarombodet (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.2014

Kjønnsbalanse

Lønn1

M %

K %

Totalt (N)

Totalt årsverk

M %

K %

Totalt i verksemda

45

55

28

27,5

100

100

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1

0

99

Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektør, avdelingsdirektør)

60

40

5

5

100

99

Seniorrådgivar

50

50

4

4

100

95

Rådgivar

22

78

9

9

100

104

Førstekonsulent

67

33

8

7,7

100

94

Konsulent/sekretær

0

100

1

0,8

0

100

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.

Tabell 5.10 Forbrukarombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær, tiltak) per 31.12.2014

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

Tiltak: Kompetanseheving

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

Totalt i verksemda

33

67

0

0

33

67

1,8

0,8

42,5

57,5

Tabell 5.11 Barneombodet (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.2014

Kjønnsbalanse

Lønn1

M %

K %

Totalt (N)

Totalt årsverk

M %

K %

Totalt i verksemda

26,3

73,7

19

18,2

100

97,5

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.

Tabell 5.12 Barneombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2014

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

Tiltak: Arkivkompetanse

Tiltak: Styresmaktkontakt

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

Totalt i verksemda

0

28,6

0

14,3

0

0

1,2

1,3

0

14,3

40

78,6

Tabell 5.13 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, lønn, likestilling) per 31.12.2014

Kjønnsbalanse

Lønn1

M%

K%

Totalt (N)

Totalt årsverk

M %

K %

Totalt i verksemda

25

75

63

48,95

100

100,77

Toppleiing (ombod)

100

1

1

100

Avdelingsleiar

20

80

5

4,22

100

102,63

Fagdirektør

40

60

5

4,18

100

100,73

Seniorrådgivar

31

69

32

26,54

100

101,67

Rådgivar

8

92

13

9,37

100

98,64

Førstekonsulent

25

75

4

2,53

100

100

Konsulent

100

1

0,91

100

Sekretær

100

1

0,20

100

Førstesekretær

100

1

2

100

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.

2 Tilsett på timebasis.

Tabell 5.14 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2014

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

Totalt i verksemda

13,3

4,6

0

4,6

50

50

3,4

6,1

Tabell 5.15 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2014

Kjønnsbalanse

Lønn1

M %

K %

Totalt (N)

Årsverk

K %

M %

Totalt i verksemda

12

88

9

8,2

0,99 %

100 %

1 Kvinners lønn i prosent av menns lønn.

Tabell 5.16 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet (kjønn, tilsette, permisjon, legemeldt sjukefråvær) per 31.12.2014

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M %

K %

M %

K %

M %

K %

M %

K %

Totalt i verksemda

0

3

0

0

0

0

0

5

5.4 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

BLD har som mål at talet på søkjarar frå underrepresenterte grupper skal auke. Det gjeld både kjønn, personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Vidare skal lokale og arbeidsverktøy vere universelt utforma, og medarbeidarar i senioralder skal ha like gode høve til jobbutvikling og kompetanseutvikling som andre medarbeidarar.

BLD har i sin personalpolitiske strategi vedteke å bruke moderat kvotering for å oppnå måla som er nemnde ovanfor. Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der prosentdelen kvinner er høg. Departementet har òg passa på å kalle inn kvalifiserte mannlege søkjarar til intervju. I 2014 var 33,5 prosent av søkjarane menn. Per 31. desember 2014 er 69,2 prosent av dei tilsette kvinner og 30,8 prosent menn – ein auke på 2 prosentpoeng frå året før.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er regelen i BLD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er formelt kvalifisert. Alle ledige stillingar blir òg lyste ut på nettstader for unge funksjonshemma og for innvandrarungdom. BLD deltek i statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne 2015–2016.

BLD har gjennom IA-avtalen lagt opp til utvida bruk av støtteordningar som tilretteleggingstilskot, lønnstilskot og praksisplassar gjennom Nav. Den nærmaste leiaren skal ta opp med nytilsette om det er nødvendig med særleg tilrettelegging. I tillegg får alle nytilsette tilbod om arbeidsplassvurdering av bedriftshelsetenesta.

Tabellen om tilstandsrapportering for BLD viser at det er liten skilnad i lønn mellom kvinner og menn totalt i departementet. Kvinner tener samla sett 97,7 prosent av det menn tener.

Per 31. desember 2014 arbeidde 6,7 prosent av mennene og 14,1 prosent av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer til prosentdelen av kvart kjønn som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent på grunn av permisjon (til dømes delvis AAP/uføre eller omsorg for barn). Når det gjeld mellombelse tilsetjingar per 31. desember 2014, er prosentdelen menn med mellombels tilsetjing 18,3 prosent, medan det tilsvarande talet for kvinner er 8,1 prosent.

5.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert i fleire prosessar internt i verksemda, mellom anna i personalpolitikken og rekrutteringspolitikken. Kvinnene utgjer 63 prosent og mennene 37 prosent.

Rekrutteringspolitikken har eit mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den enkelte eininga/avdelinga/seksjonen. Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar, slik at ein oppmodar alle uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn om å søkje ledige stillingar. I tillegg blir søkjarar oppmoda til å opplyse om dei har funksjonshemmingar eller ikkje-vestleg bakgrunn.

Tabell 5.3 viser at det er størst kvinnedel i alle stillingskategoriane i Bufetat bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 57,8 prosent menn og 42,2 prosent kvinner. Bufetat har flest kvinnelege leiarar på alle nivå i verksemda. Bufetat har ei relativt jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane.

I den grad ein kan peike på skilnad i lønn, går han i favør av mennene i stillingsgruppa direktørar og avdelingsdirektørar. I denne gruppa har kvinner om lag 96 prosent av menns lønn. Samla for verksemda tener likevel kvinner 106 prosent av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og saksbehandlarar, som er overrepresentert av kvinner som til dømes har stått lenge i stillinga og har betre lønn enn den relativt låge mannsdelen i denne gruppa. I Bufetat utgjer vikarar og mellombels tilsetje 35 prosent av den totale arbeidsstokken. Denne gruppa består i hovudsak av tilsette i turnus, som gjerne er menn utan formell utdanning og kvinner med formalkompetanse. Derfor går skilnaden i lønn i favør av kvinnene.

Per 31. desember 2014 arbeidde 51,7 prosent av kvinnene og 23,9 prosent av mennene i faste heiltidsstillingar. Av dei med fast tilsetjing hadde 15,5 prosent av kvinnene og 9 prosent av mennene deltidsarbeid.

5.6 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Tabell 5.5 viser at kvinnedelen er 64 prosent og mannsdelen er 36 prosent i verksemda i 2014. Det er ikkje vesentlege skilnader i lønn mellom kvinner og menn når ein ser på dei ulike stillingskategoriane.

I 2014 fornya IMDi samarbeidsavtalen med NAV om inkluderande arbeidsliv for perioden 2014–2018. Det er laga nye delmål med definerte målsetjingar og tiltak for same periode.

Internt i IMDi er det mellom anna avtalefesta kjønnsnøytrale mål og kriterium for deltaking i alle stillingsgrupper, utval, prosjekt og anna arbeidsorganisering. Det gjeld òg for kompetanseheving, rekrutteringsprosessar, lønnsfastsetjing, permisjonsavgjerder og utviklings- og opprykksmoglegheiter.

Eit av måla for personalpolitikken til IMDi er å fremme mangfald. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje ledige stillingar, og IMDi arbeider systematisk med rekruttering og oppfølging av nytilsette. IMDi tilbyr yrkestilpassa arbeidstrening til fire til åtte personar med innvandrarbakgrunn. IMDi har hatt personar på språk- og arbeidstrening i 2014. IMDi sine lokale i Tollbugata i Oslo er lagde til rette for tilsette og brukarar med nedsett funksjonsevne.

Målet er at 25 prosent av dei tilsette i IMDi, inklusiv personar i permisjon, skal ha innvandrarbakgrunn. Av 235 tilsette per 31. desember 2014 hadde 28 prosent innvandrarbakgrunn. 15 prosent (6 av 39) av leiarane og 30 prosent (12 av 40) av dei nytilsette i IMDi hadde innvandrarbakgrunn.

5.7 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Per 31. desember 2014 var det 23 prosent menn og 77 prosent kvinner i fylkesnemndene.

Hovudårsaka til den ujamne kjønnsdelinga er at det berre er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er i større grad kjønnsbalanse i stillingsgruppa for nemndleiarar, men også her er det ei lita overvekt av kvinner.

Alle nemndleiarar har same lønn, uavhengig av kjønn, medan dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert etter talet på tilsette i nemnda dei leier.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at ein oppfordrar alle uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne til å søkje ledige stillingar. I tillegg blir kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn inviterte til intervju.

5.8 Forbrukarombodet

Kjønnsfordelinga hos Forbrukarombodet har i 2014 vore 55 prosent kvinner og 45 prosent menn. Menn har marginalt høgare løn enn kvinner i dei fleste stillingskategoriane.

I Forbrukarombodet sin rutine for rekruttering og tilsetjing går det mellom anna fram at kunngjering av ledige stillingar må innehalde ei mangfaldserklæring der alle som er kvalifiserte, blir oppmoda til å søkje, uansett alder, kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne.

Forbrukarombodet har éin tilsett med innvandrarbakgrunn, det vil seie om lag 3 prosent av dei tilsette.

I handlingsplanen knytt til samarbeidsavtalen med Nav om inkluderande arbeidsliv har Forbrukarombodet vedteke tiltak på dei tre områda i IA-avtalen. Gjennom seniorpolitikk arbeider Forbrukarombodet for å ta vare på arbeidstakarar i senioralder. Det blir fokusert på yrkesaktivitet etter 50 år, og det blir gjennomført seniorsamtalar etter fylte 55 år.

5.9 Barneombodet

Situasjonen i 2014 er i det store og heile lik situasjonen i 2013. Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinnelege tilsette og kvinnedelen var på 74 prosent i 2014. Trass i stor bevisstheit og ønske om ein betre kjønnsbalanse er ubalansen blitt større i løpet av året. Av dei kvalifiserte søkjarane dei siste åra er fleirtalet kvinner.

Per i dag har Barneombodet ingen lønnsforskjellar, verken i leiargruppa eller i fagstaben, som kan knytast til kjønn. Ombodet arbeider aktivt ved nytilsetjingar for å finne lønnsnivå som samsvarer med erfaring og kompetanse, og som medverkar til likeverd mellom kjønn i lønnsmassen.

5.10 Likestillings- og diskrimineringsombodet

Den overordna personalpolitikken til LDO skal medverke til å realisere målet om å vere ein synleg og tillitvekkjande samfunnsaktør som fremmar likestilling og hindrar diskriminering. Politikken omfattar desse delområda: rekruttering, lokal lønnspolitikk, kompetanseutvikling, livsfasepolitikk og arbeidsmiljø. Felles for alle punkta er mål om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og god tilgjengelegheit. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon og kan utvikle seg gjennom heile yrkeskarrieren. Staben skal spegle mangfaldet blant innbyggjarane gjennom

  • at det er ei jamn kjønnsfordeling i verksemda

  • at minst 40 prosent av leiarane skal vere av det eine kjønnet

  • at minst 15 prosent skal ha innvandrarbakgrunn

  • at minst 10 prosent skal ha nedsett funksjonsevne

LDO har både medarbeidarar med innvandrarbakgrunn (ikkje alle med landbakgrunn 2) og medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Måltala som er sette, er oppfylt.

LDO er framleis ei kvinnedominert verksemd, trass i høg bevisstheit ved rekruttering til ledige stillingar. Det var ei lita forbetring frå 2013 til 2014, med ein auke frå 24 prosent menn til 25 prosent menn blant dei tilsette. Av 63 tilsette per 31. desember 2014 var 32 seniorrådgivarar, og av dei var 31 prosent menn. I dei lågaste stillingskodane er det flest kvinner. Kjønnsbalansen i mellomleiinga er uendra sidan 2012, med fire kvinner og éin mann.

LDO har i 2014 satsa på likestilt rekruttering for å lykkast med mangfaldsmåla. Ombodet bruker ei mangfaldserklæring i stillingsannonsar og målretta rekrutteringskanalar. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, skal minimum éin av kvar kategori inviterast til intervju. Også til ein viss grad målretta rekrutteringskanalar blir nytta.

Satsinga på likestilt rekruttering har to hovudmålsetjingar: 1) å sørgje for at rekrutteringa er profesjonell, likestilt og ikkje-diskriminerande, 2) å sørgje for at LDO kan gi betre rettleiing om likestilt rekruttering eksternt.

LDO har eit mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. Kvinnene tener 100,77 prosent av lønna til mennene. I nokre stillingskategoriar er det tilsett berre kvinner eller berre menn. Alle stillingar i LDO skal la seg kombinere med familieliv og omsorgsoppgåver.

Medarbeidarar som treng tilrettelegging, har fått det, anten det gjeld teknisk utstyr eller sjølve kontoret, eventuelt etter medverknad frå NAV. Tilsette kan òg få arbeidstilhøva lagde til rette gjennom ordninga med å arbeide heimanfrå. Som del av arbeidet med ein tilretteleggingsplan har LDO etablert ei eiga ordning med samtalar for alle når dei begynner, og undervegs i tilsetjingsforholdet. Formålet med desse samtalene er å avdekkje individuelle behov.

LDO oppmodar mannlege tilsette til å ta større omsorgsansvar for barn og til å ta ut foreldrepermisjon ut over den fastsette kvoten for fedrar. To kvinner og to menn hadde foreldrepermisjon i løpet av 2014.

5.11 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

Per 31. desember 2014 hadde sekretariatet ni tilsette – åtte kvinner og éin mann. Alle hadde full stilling, bortsett frå ein kvinneleg sekretær som arbeidde 20 prosent. Sekretariatet har ikkje laga spesielle retningslinjer, planar eller liknande for likestillingsarbeidet.

Når Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje. Per 31. desember 2014 hadde sekretariatet éin tilsett med innvandrarbakgrunn. Ingen hadde nedsett funksjonsevne.

For å nå betre ut til grupper med innvandrarbakgrunn er informasjonen på nettsidene til Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet omsett til engelsk.

5.12 Andre kommentarar til omtalen

Som nettobudsjetterte verksemder skal Forbrukarrådet og SIFO rapportere i eigne årsrapportar.

6 Forsking og utvikling

I Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 (Meld. St. 7 (2014–2015)) varsla regjeringa ein ambisiøs og føreseieleg politikk for forsking og høgare utdanning. Satsinga gir føreseielege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar, og konkrete satsingar på forskingsinfrastruktur, rekrutteringsstillingar og tiltak for å stimulere til god deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020.

Regjeringa har fastsett nye mål for Forskingsrådet som gjeld frå 2015. Måla er:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Kunnskapsdepartementet held fram arbeidet med å utvikle styringssystemet for Forskingsrådet i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. Styringssystemet er nærmare omtalt i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon for 2016.

Langsiktig satsing på kunnskap og kompetanse er avgjerande for å kunne utvikle og fornye politikken innanfor ansvarsområdet til BLD.

Departementet arbeider med å utvikle ein ny forskingsstrategi. Oppfølging av strategien skal bidra til å nå måla departementet har for forskingsinnsatsen. Den vil gi eit godt grunnlag for å vurdere korleis departementet i framtida skal bruke forskingsmidlane sine.

Den komande forskingsstrategien, saman med langtidsplanen for forsking og høgare utdanning og andre meldingar og proposisjonar til Stortinget, vil leggje eit strategisk grunnlag for arbeidet med forskings- og utviklingsarbeid.

BLD har desse måla for forskingsinnsatsen og anna kunnskapsutvikling som departementet finansierer:

  1. Forskinga skal medverke til langsiktig og målretta kunnskapsbygging.

  2. Forskinga skal gi et godt grunnlag for politikkutvikling og forvalting.

  3. Forskinga skal vere av høg kvalitet.

Departementet medverkar til langsiktig og målretta kunnskapsbygging gjennom støtte til forsking mellom anna i regi av Forskingsrådet til programma Velferd, arbeid og migrasjon (VAM) og til Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Departementet gir og midlar til Kjernemiljø for likestillingsforsking, dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge, Norsk senter for studier av problematferd og innovativ praksis, Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, og programmet Sivilsamfunn og frivillig sektor 2013–2017. Gjennom avtalar med Statistisk sentralbyrå får departementet migrasjons- og innvandrarrelatert og likestillingsrelatert statistikk. I tillegg konkurranseutset departementet forskingsoppdrag som grunnlag for politikkutvikling og i enkelte faglege spørsmål.

Som ledd i arbeidet med å utvikle strategiar for å styrkje og koordinere forskingsinnsatsen på radikalisering og valdeleg ekstremisme har BLD fått utarbeidd rapporten Forskning på forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme: En kunnskapsstatus. (Bjørgo og Gjelsvik, 2015).

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) blir med verknad frå og med 2016 ein del av Senter for velferds- og arbeidslivforsking (SVA) ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). For ein nærmare omtale av verksemdsoverdraginga, sjå delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder.

Generelt sett er departementet oppteke av at forskinga gir innblikk i

  • rettslege verkemiddel – har lovendringar dei ønskte effektane?

  • økonomiske verkemiddel – bidreg dei økonomiske verkemidla til planlagde endringar?

  • faglege verkemiddel – bidreg tiltak og hjelp til planlagde endringar i livet til mottakarane?

  • organisatoriske verkemiddel – bidreg organiseringa til gode løysingar?

Tre av departementet sine underliggjande og tilknytte etatar (IMDi, Bufdir og AVdir) har oppgåver knytte til forsking og analyse mellom anna på barnevernsområdet, familievernområdet, likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet, integrering av innvandrarar og barna deira og overføringsordningane til barnefamiliane. Eit viktig arbeid, som blir utført i regi av Bufdir, er å utvikle og implementere indikatorar på nokre av ansvarsområda direktoratet har. Slike indikatorsystem kan bli eit viktig grunnlag for å gjennomføre ulike forskingsprosjekt.

7 Internasjonalt arbeid

7.1 Innleiing

Måla for det internasjonale arbeidet er at BLD skal

  • ta hand om nasjonale interesser i all deltaking i internasjonale aktivitetar

  • delta i aktuelle internasjonale forum basert på relevans for sektorpolitikken og ressursmessig kapasitet

  • følgje opp internasjonale forpliktingar/avtalar og ta initiativ til anna relevant internasjonalt samarbeid ut frå kva som kan tene den nasjonale politikkutviklinga

7.2 Samarbeid i ulike institusjonar

Nordisk ministerråd og anna nordisk samarbeid

Samarbeidet er organisert med ministerråd (MR) og embetsmannskomitear (EK), der MR-møta blir førebudde. Landa har rullerande formannskap og lagar i formannskapsåret eigne årlege program. Neste formannskapsår for Noreg er i 2017. Det nordiske samarbeidet skjer òg utanfor NMR.

Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren deltek i Ministerrådet for likestilling (MR-JÄM), og kan saman med helse- og omsorgsministeren og arbeids- og sosialministeren delta i Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S). Under MR-S skal ein handlingsplan for nordisk samarbeid om funksjonshinder implementerast i 2015. Eit prosjekt om inkludering av utsette unge i arbeidsliv og utdanning blir avslutta i 2016. Meir informasjon om MR-S finst i budsjettproposisjonane til Arbeids- og sosialdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Likestillingspolitikk

I MR-JÄM har 2014 vore prega av feiringa av 40 års samarbeid om likestilling i Norden. Samarbeidsprogrammet Tilsammans för jämställdhet – ett starkare Norden for 2015–2018 blei vedteke i Nordisk råds sesjon hausten 2014. Det offentlege rommet og Velferd og innovasjon vil vere overgripande tema, medan haldbar utvikling og aktiv deltaking frå menn og gutar i likestillingsarbeidet skal vere tverrgåande tema.

I 2015 har Danmark formannskapet i NMR, og på likestillingsfeltet er det arbeidd særleg for å auke motivasjonen hos jenter til å satse på dei såkalla STEM-faga (Science, Technology, Engineering and Math). Det er også halde ein særskild konferanse om flyttestraumar, kjønn og utdanning, og seint i 2015 blei det halden ein større konferanse om kjønnsbaserte hatefulle ytringar.

Forbrukarpolitikk

Samarbeidet om forbrukarpolitikken skjer i Embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid, Nordkons. Samarbeidet er avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling. Embetsmannsgruppa er òg ein arena for å drøfte EU- og OECD-saker. BLD deltek òg i eit uformelt nordisk-estisk samarbeid om forbrukarundervising. Det er utvikla eit måldokument for oppfølging av OECD sin rekommandasjon om forbrukarundervising (Tema Nord 2010:567). Strategien er følgd opp mellom anna med seminar for lærarar og utdanningsbyråkratar i Norden og Estland.

Integreringspolitikk

BLD deltek i eit nordisk samarbeid om integrering i regi av Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF), eit forum for informasjon der landa uformelt drøftar problemstillingar på asyl-, flyktning- og migrasjonsområdet. Justis- og beredskapsdepartementet samordnar arbeidet frå norsk side, og BLD deltek dersom sakene angår deira eige ansvarsområde.

Noreg har ein avtale med dei andre nordiske landa om statsborgarskap. Formålet med avtalen er, på bakgrunn av det nære forholdet mellom dei nordiske landa, å gjere det lettare for nordiske borgarar å erverve statsborgarskap i eit anna nordisk land. BLD deltek òg på årlege møte om statsborgarskap med dei andre nordiske landa. I desse møta blir det utveksla informasjon om kva som skjer på statsborgarfeltet i kvart enkelt land, og aktuelle problemstillingar blir drøfta.

Noreg deltek òg på embetsmannsnivå i eit uformelt nordisk samarbeid om integreringspolitikk. Det blir halde eitt møte årleg der formålet er å utveksle erfaringar knytte til gjennomføring og resultat av integreringspolitikken. Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet som har ansvaret for samarbeidet.

Barne- og ungdomspolitikk

Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) er Nordisk Ministerråd sitt rådgivande organ for barne- og ungdomspolitikk, og underlagt samarbeidsministrane (MR-SAM). Frå 2015 sit Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i komiteen frå Noreg, saman med ein representant frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). NORDBUK har i 2015 arbeidd med innspel til ein ny strategi for barn og unge i Norden. Komiteen har elles arbeidd med spørsmål og tiltak knytte til barnefattigdom, menneskehandel, likestilling og storbyspørsmål. Komiteen har arbeidd med barne- og ungdomsspørsmål internt i NMR og sett i gang eigne prosjekt retta mot involvering av barne- og ungdomsperspektiv i fleire sektorar, medrekna utarbeiding av ei handbok for å involvere barn og ungdom og synleggjere barneretts- og ungdomsperspektiv.

7.3 Europarådet

European Committee for Human Dignity, Equality and Social Cohesion (CDDECS) har eit breitt og overordna mandat og utgjer Europarådet sin komité for styring, koordinering og overvaking av sentrale ansvars- og politikkområde for BLD, som likestilling og ikkje-diskriminering (alle grunnlag, medrekna kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering og etnisk tilhøyrsle), familie og barn, sosial inkludering, fattigdom og velferdspolitiske spørsmål. Komiteen overvakar òg oppfølginga av fleire Europarådskonvensjonar og rapporterer til ministerkomiteen til Europarådet. Alle dei 47 medlemslanda i Europarådet er representerte i CDDECS ved sine respektive fagdepartementet. Noreg er representert ved BLD (fast medlem og koordinator for den norske deltakinga), Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) og Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).

Tre underkomitear støttar CDDECS i arbeidet:

Committee of Experts on the Rights of People with Disabilities (DECS-RPD), Gender Equality Commission (DECS-GEC), Committee of Experts on the CoE’s strategy for the rights of the Child (DECS-ENF). Bufdir representerer Noreg i alle dei tre underkomiteane.

7.4 EU/EØS

Noreg deltek i EUs utvikling av ny politikk, medverkar til ny lovgiving og implementerer ulike direktiv og program nasjonalt. Det skjer på tre hovudmåtar:

  1. Politikkutforming

    Noreg har to hovudkanalar for å påverke politikkutforminga i EU: 1) politisk deltaking og 2) deltaking i arbeidsgrupper og rådgivande komitear. Politisk deltaking kan skje mellom anna i EUs uformelle ministermøte og ved høyringar i Europaparlamentet. Embetsverket vil i 2016 mellom anna delta i EFTAs arbeidsgruppe for forbrukarsaker og Consumer Policy Network (CPN), EUs høgnivågruppe for ikkje-diskriminering og mangfald (GEG), høgnivågruppa om rettar for personar med nedsett funksjonsevne (DHLG), EUs rådgivande komité for likestilling mellom kvinner og menn, EFTAs arbeidsgruppe for utdanning, ungdom og idrett og EFTAs arbeidsgruppe for familie, likestilling og ikkje-diskriminering.

    Noreg har, som einaste ikkje-medlemsland, observatørstatus i EU-landa sitt nettverk for integrering, National Contact Points on Integration.

  2. Regelverk

    Norske forbrukarar er aktive på den europeiske marknaden, og det norske forbrukarregelverket er i stor grad basert på EU-reglar. BLD vil delta aktivt i den norske oppfølginga av EUs strategi for den digitale indre marknaden, særleg med sikte på å ta vare på forbrukarinteressene og fremme samarbeid om handheving av forbrukarrettane.

    To direktiv er føreslått av Europakommisjonen på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet og er til behandling i EU: ikkje-diskrimineringsdirektivet og direktivet for balansert kjønnskvotering til bedriftsstyre. Eit nytt initiativ for foreldrepermisjon vil erstatte det såkalla svangerskapsdirektivet som blei trekt tilbake i juni 2015. Noreg vil framleis delta i diskusjonen om moglege endringar i EUs koordineringsreglar for trygd når det gjeld eksport av familieytingar.

  3. Programsamarbeid

    EUs programsamarbeid i perioden 2014–2020 har mellom anna fokus på utveksling av felles kunnskaps- og avgjerdsgrunnlag for nasjonal politikkutvikling og gjensidig læring gjennom utveksling av erfaringar og informasjon.

    På BLDs område deltek Noreg i to program i perioden 2014–2020: Forbrukarprogrammet og EUs program for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus +.

7.5 FN

Noreg er rettsleg forplikta til å implementere rettane i FN-konvensjonane som staten har slutta seg til, og til å rapportere om implementeringa kvart fjerde år. BLD har det nasjonale koordineringsansvaret for implementeringa av Noreg sine forpliktingar som følgjer av FN-konvensjonen om barnerettane, FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner, FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering og FN-konvensjonen om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne.

BLD har også oppfølgingsansvar for sentrale FN-resolusjonar på departementet sitt fagområde.

BLD deltek på dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon, og følgjer arbeidet i tredje komité i Generalforsamlinga og i FNs sosialkommisjon. BLD vil halde fram med å delta i samarbeid om gjenbusetjing av overføringsflyktningar i regi av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).

BLD koordinerte arbeidet med den første norske rapporten til CRPD-komiteen, som overvakar FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Rapporten blei oversend i juli 2015.

I august 2015 leidde barne-, likestillings- og inkluderingsministeren den norske delegasjonen da Noreg blei høyrt av FNs rasediskrimineringskomité.

BLD vil i 2016 levere sin neste periodiske rapport til FNs barnekomité. BLD koordinerer også arbeidet med Noregs neste periodiske rapport til FNs kvinnekomité, som skal leverast i 2016.

7.6 Andre internasjonale forum

OECD

Departementet deltek i OECDs komité for forbrukarsaker. Dei siste åra har komiteen utvikla retningslinjer for forbrukarvern ved betaling via mobiltelefon og Internett og digitale innhaldsprodukt. Desse retningslinjene vil, saman med revidert utgåve av dei generelle retningslinjene om elektronisk handel, som skal sluttførast i 2015, vere innspel til OECD Ministerial on the digital economy i 2016. Aktuelle tema for komiteen framover vil vere mellom anna forbrukarinteresser knytte til delingsøkonomi.

BLD deltek òg i OECDs Working Party on Migration med hovudoppgåve å analysere utviklinga av migrasjonsstraumar og OECD-landa sin politikk for internasjonal migrasjon og integrering av innvandrarar.

Meir om migrasjon og integrering

BLD deltek i Global Forum on Migration and Development (GFMD). GFMD er ein uformell, ikkje bindande internasjonal, frivillig og open konsultasjonsprosess om politikk og praksis når det gjeld migrasjon og utvikling.

Metropolis er eit internasjonalt uformelt nettverk og forum for forskarar og brukarar omkring migrasjon, integrering av innvandrarar og etniske relasjonar. Noreg er med i forumet og møter i styret.

Vidare deltek Noreg i Transatlantic Council on Migration, som er eit uformelt forum for diskusjonar om migrasjon mellom forskarar og politikarar frå Europa og Nord-Amerika.

Noreg er òg med i Intergovernmental Consultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC), som er eit uformelt forum for gjensidig utveksling av informasjon om migrasjon og integrering mellom styresmaktene i for tida 17 land.

Barentsregionen/nordområdepolitikken

Programmet Children and Youth at Risk (CYAR II – 2012–2015) er eit samarbeidsprogram under Programme on Health and Related Social Issues in the Barents Euro-Arctic Region (JWGHS). Programmet utvekslar ekspertkunnskap om utsette barn og unge. Resultata er positive, og programmet blir ført vidare ut 2015.

Barentsrådet har ei ungdomspolitisk gruppe, Joint Working Group Youth (JWGY), og eit kontor for informasjon og rettleiing, Barents Youth Coordination Office – BYCO. Hovudoppgåvene er å formidle kontakt mellom organisasjonar og ungdomsgrupper i regionen. Barentsregionen er avhengig av at barn og unge blir verande i regionen. Samarbeid om barne- og ungdomspolitiske utvekslingar, aktivitetar og prosjekt er viktig for å styrkje mellomfolkeleg forståing. BLD støttar òg ei tilskotsordning, forvalta av Det norske barentssekretariatet, som går til fleirnasjonale ungdomsprosjekt i Barentsregionen.

Austersjøsamarbeidet

I Austersjørådet (CBSS) inngår 11 land i tillegg til EU. I Expert Group for Cooperation on Children at Risk (EGCC) vil Noreg halde fram med samarbeid og aktivitetar knytte til utsette barn og unge innanfor tre prioriterte område: vern mot vald og seksuelle overgrep, einslege mindreårige i migrasjon, menneskehandel og barn sine rettar på institusjon.

Haagkonferansen for internasjonal privatrett

Noreg er éin av 78 medlemmer i Haag-konferansen for internasjonal privatrett. Noreg har slutta seg til fleire konvensjonar, mellom anna Haag-konvensjonen 1993 om adopsjon, der Bufdir er sentralmyndigheit. I 2015 deltok departementet på det fjerde møtet i spesialkommisjonen om adopsjon. Spesialkommisjonane har som formål å følgje med på korleis den enkelte konvensjonen verkar i praksis. Departementet deltok òg på det årlege rådsmøtet for medlemslanda i 2015. Rådsmøtet vedtok å setje ned ei ekspertgruppe som skal vurdere reglar om internasjonal privatrett når det gjeld juridisk status for barn knytte til fleire statar, mellom anna barn som er fødde som følgje av internasjonale surrogatiarrangement. Rådsmøtet vil ta stilling til det vidare arbeidet i 2016. Ei nærmare utgreiing om korleis Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil følgje opp Haag 96, er omtalt under Strategiar og tiltak for delmål 3.2 Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna.

Anna

Noreg vil halde fram deltakinga i det europeiske mellomstatlege lhbt-nettverket, The European Governmental LGBT Focal Point Network, som er viktig for den fagleg-politiske utviklinga i Europa og internasjonalt.

8 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvalting av sentrale ytingar på BLDs ansvarsområde. Det gjeld barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og regelverket for barnebidrag.

Ei viktig modernisering på BLDs ansvarsområde er at skjemaet for å søkje om foreldrepengar er blitt enklare og betre etter ei omlegging frå juni 2015. Skjemaet er no digitalisert og betre tilpassa situasjonen til den enkelte søkjaren. Systemet kan hente allereie tilgjengeleg informasjon om søkjaren, og elektronisk dialog med NAV er mogleg. Målet er at det skal gå kortare tid frå skjemaet er sendt inn, til NAV har gjort vedtak i saka.

Omlegginga er ein del av IKT-moderniseringsprogrammet i arbeids- og velferdsetaten som starta opp i 2012. Eit hovudmål med programmet er å gi betre tenester for brukarane og større effektivitet i saksbehandlinga. Hovudstrategien er å gi brukarane betre tilgang til og innsyn i si eiga sak, døgnopne dialogtenester over nettet og fleire sjølvbeteningsløysingar knytte til sentrale ytingar.

Prosjekt 1 i moderniseringsprogrammet blei avslutta våren 2015, med mellom anna moderniserte løysingar for ny uføretrygd.

Etaten planlegg no Prosjekt 2 av moderniseringsprogrammet. Førebels legg ein til grunn at utviklinga av ei modernisert og automatisert løysing for saksbehandling på foreldrepengeområdet blir hovudinnhaldet i Prosjekt 2. Det er ikkje fastsett nokon endeleg framdriftsplan for denne delen av arbeidet.

Det er gjort nærmare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2014–2015) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Ein viktig strategi i regjeringa sitt arbeid med forenkling er å identifisere, redusere og fjerne tidstjuvar. Dette dreier seg dels om å gjere møtet og samhandlinga med offentleg sektor enklare for innbyggjarane og næringslivet og dels om å effektivisere offentleg sektor, slik at dei tilsette kan få meir tid til kjerneoppgåvene og betre kvaliteten i oppgåveløysinga.

Verksemdene under BLD har føreslått 74 forenklingar av regelverk, prosedyrekrav osv. som er fastsette av andre, og som dei meiner er tidstjuvar for verksemda. I tillegg har andre statlege verksemder meldt inn 58 tidstjuvar der BLD har ansvar for oppfølging. Det er fleire som melder inn aktivitets- og rapporteringspliktene på likestillingsfeltet som unødvendige og tidkrevjande, sidan mykje av informasjonen kan hentast ut av tilgjengelege register. Regjeringa føreslår mellom anna på denne bakgrunn, i høyringsnotatet om ei felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov, å avvikle aktivitets- og rapporteringspliktene til arbeidsgivaren.

Verksemdene under BLD har ei konstruktiv tilnærming til arbeidet med å fjerne tidstjuvar. Sidan tidstjuvane både er interne og eksterne, varierer det mellom verksemdene kor mykje dei sjølve kan påverke situasjonen. Prosessen har ført til større merksemd om tidstjuvane i systemet. Departementet forventar gode resultat frå dette arbeidet på sikt, i form av auka effektivitet og betre tenester for brukarane. Eitt tiltak som er iverksett er etablering av ei elektronisk løysing for timebestilling og avbestilling i familievernet.

Det blir arbeidd aktivt med forenkling, modernisering og betre gjennomføringskraft i barnevernet. Bufdir har gjennomført store effektiviseringar og omstillingar i Bufetat. Frå 2010 til 2014 har Bufetat redusert talet på stillingar med 663 årsverk. Gjennom Prop. 106 L (2012–2013) vedtok Stortinget at Bufdir i større grad skal utføre dei oppgåvene barnevernlova legg til Bufetat, og i mindre grad oppgåver som etter lova er kommunale ansvar. I tråd med dette har Bufetat fasa ut rettleiingsoppgåver og hjelpetiltak, som er eit kommunalt ansvar. Bufetat har òg effektivisert administrative oppgåver ved å samle ein del administrative oppgåver frå Bufetat sine regionar i ei eiga eining, Bufetat Senter for administrasjon og utvikling (BSA).

Regjeringa legg opp til ei ny ansvarsdeling mellom det kommunale og det statlege barnevernet, der kommunane får eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. I 2016 skal ny organisering og ansvarsdeling prøvast ut gjennom forsøksverksemd i eit lite utval kommunar. Dette vil innebere overføring av enkelte statlege oppgåver til dei kommunane som deltek i forsøksverksemda. Formålet er eit betre barnevern som gjer at fleire barn får rett hjelp til rett tid.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er i gang med å utvikle og implementere eit nytt saksbehandlingssystem, ProSak. Det nye systemet skal forenkle, modernisere og auke kvaliteten på arbeidsprosessane i fylkesnemndene. Systemet vil bli vidareutvikla i 2016.

Departementet sette ned eit lovutval i november 2014 som skal gå igjennom barnevernlova. Målet er å tilpasse regelverket betre til den generelle samfunnsutviklinga som har funne stad etter at barnevernlova vart sett i kraft for over 20 år sidan. Utvalet skal utarbeide utkast til ei ny, forenkla barnevernlov og vil leggje fram innstillinga si i august i 2016. Departementet er òg i ferd med å gå igjennom fleire forskrifter, mellom anna forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling. Formålet er å forenkle regelverket og å tilpasse forskriftene betre til dagens behov.

Regjeringa har sendt på høyring forslag om ei felles likestillings- og diskrimineringslov.

Å samle diskrimineringsvernet, som i dag er spreidd på fleire lover, vil gi eit enklare, meir tilgjengeleg og oversiktleg vern mot diskriminering.

Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) har på oppdrag frå BLD vurdert det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. I rapporten Gjennomgang av det statlege forbrukerapparatet (Difi-rapport 2015: 4), som blei lagd fram våren 2015, peiker Difi mellom anna på at forbrukarapparatet samla sett framstår som fragmentert og lite kostnadseffektivt, og at Forbrukarrådet og Forbrukarombodet har fleire overlappande aktivitetar. Rapporten har vore ute på høyring, og BLD vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

For å styrkje forbrukarvernet blei meklingstilbodet frå Forbrukarrådet til forbrukarane frå 1. juli 2015 utvida til å omfatte fleire typar tenester, som frisør-, taxi-, helse- og velværetenester. Tilbodet skal vere fullt utbygd frå og med januar 2016. For å leggje til rette for eit sterkt fagmiljø og ei effektiv saksbehandling er meklingsansvaret for tenestene samla ved regionkontoret i Tromsø. Tidlegare har domstolsbehandling, som både er kostbart og tidkrevjande, ofte vore det einaste alternativet for løysing av tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande på tenesteområdet.

9 Omtale av klima- og miljørelevante saker

9.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine, og for å medverke til å nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre dei tiltaka innanfor eigne område som trengst for å nå måla i klima- og miljøpolitikken.

Dei fleste forbrukarane i Noreg nyt godt av høg og aukande kjøpekraft og velstand. Vare- og tenestetilbodet blir stadig utvida og endra som følgje av teknisk, kulturell og økonomisk utvikling. Samtidig utgjer det materielle forbruket vårt ei belasting for ressursgrunnlaget.

Miljøutfordringa knytt til forbruk handlar om å tilpasse forbruksmønsteret og ressursforbruket i samfunnet til det naturen kan tole. Både forbruksvolumet og forbruksmønsteret i samfunnet verkar inn på miljøet og klimaet.

Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gjer det mogleg for forbrukarane å velje produkt som gir minst mogleg belasting på miljøet. Medvitne, aktive og godt organiserte forbrukarar kan gjennom etterspurnad påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

9.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BLD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige aspekt ved forbruket. Informasjon om miljømessige aspekt ved varer og tenester kan formidlast gjennom til dømes nettbasert informasjon, produkttestar, marknadsføring frå næringslivet, undervisning om forbrukstema i skolen og ved positiv miljømerking. I miljømerkinga blir den relevante informasjonen samanfatta i symbola Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU).

Departementet vil i 2016 byggje opp under dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel, som er viktige verktøy for å gjere miljømedvitne val. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden skal auke, og at forbrukarane i større grad skal spørje etter slike. For det andre inneber det å styrkje kunnskapsgrunnlaget om utviklinga i forbruket, og konsekvensane denne har for miljøet.

BLD er saman med LMD, KLD, NFD og HOD med i eit samarbeid med matvarebransjen for redusere matsvinnet i samfunnet. I Noreg blir det kasta om lag 360 000 tonn mat kvart år som kunne vore eten. Den største delen, rundt 230 000 tonn, kjem frå private hushald. Departementet føreslår å føre dette arbeidet vidare i 2016.

10 Arbeid med menneskerettar

FNs verdserklæring om menneskerettar frå 1948 slår fast at «alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar». Det handlar om likestilling, ikkje-diskriminering og fridom for alle, vaksne og barn, uavhengig av eigenskapar som kjønn, etnisk bakgrunn, funksjonsevne og seksuell orientering. Menneskerettane er universelle, udelelege og gjensidig forsterkande. Mykje av BLDs arbeid dreier seg om oppfølging og sikring av menneskerettar.

I samarbeidet i Europarådet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av Europarådet sine konvensjonar, deriblant landrapporteringar, dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådet sitt arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeidet spesielt. Mellom anna koordinerer BLD den norske kontakten med Europarådets kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI). ECRI la fram sin femte rapport om Noreg i 2015.

FN-konvensjonen om barns rettar

BLD har ansvaret for å fremme og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FN-konvensjonen om barnerettane. Barnekonvensjonen er eit viktig instrument for å ta vare på rettane til barn, og konvensjonen gir gode retningslinjer for korleis dei kan takast vare på og utviklast vidare i samfunnet vårt.

Artikkel 12 i barnekonvensjonen slår fast at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal ha rett til fritt å gi uttrykk for desse synspunkta i alle forhold som gjeld barnet. Reglane i barnekonvensjonen kjem til utrykk i mellom anna adopsjonslova, barnelova og barnevernlova. I tråd med konvensjonen såg departementet behovet for å styrkje barn og unges behov for å påverke sin eigen barnevernssak. Derfor blei det vedteke ein ny regel i barnevernlova § 4-1 som slår fast at barnet skal få høve til medverknad. Departementet har i tillegg gitt nærmare forskrifter om medverknad og om kva oppgåver og funksjon tillitspersonen skal ha. Lovregelen og den nye forskrifta tredde i kraft 1. juni 2014.

I 2014 var barnekonvensjonen 25 år. Det blei mellom anna markert ved ein nasjonal konferanse som Fylkesmannen i Troms arrangerte på oppdrag frå departementet. På regionalt plan blei Fylkesmannen i Troms i 2014 tildelt midlar frå BLD, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet for å arbeide med Sjumilssteget. Sjumilssteget handlar om å setje i verk barnekonvensjonen i kommunane og skal hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, slik at dei kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge.

Barnekomiteen sine merknader frå 2010 er gjennomgått av relevante departement. BLD har etablert eit kontaktforum for departementa. BLD og fleire andre departement har også hatt dialogar og kontaktmøte med frivillige organisasjonar. FNs barnekomité har bedt Noreg om å levere neste rapport om oppfølging av barnekonvensjonen i 2016.

FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner

På bakgrunn av Noreg sin åttande rapport til FN om oppfølginga av FNs kvinnediskrimineringskonvensjon og eksaminasjon i 2012 fekk Noreg tilrådingar frå FNs kvinnediskrimineringskomité. Det blei etablert eit samarbeid med både relevante departement og frivillige organisasjonar om oppfølginga. På førespurnad frå komiteen blei ein midtvegsrapport utarbeidd og oversend i 2014. Noreg leverer sin niande rapport om oppfølging av kvinnediskrimineringskonvensjonen i 2016.

FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering

Den 21.–22. norske rapporten til rasediskrimineringskomiteen blei levert i 2013. Komiteen høyrde Noreg i august 2015. Den norske delegasjonen var breitt sett saman med representantar frå fleire departement og blei leidd av barne-, likestillings- og inkluderingsministeren.

FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne

Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013 og leverte sin første rapport til komiteen i juli 2015.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Noreg er ein sterk pådrivar for å få på plass eit meir konkret og kraftfullt internasjonalt regelverk som kan sikre rettane til lhbt-personar mellom anna innanfor FN og Europarådet. Statar er forplikta til å sikre dei grunnleggjande menneskerettane til lhbt-personar, jf. dei ulike konvensjonane om universelle, grunnleggjande rettar. Kva det inneber i praksis, med utgangspunkt i dei særskilde utfordringane lhbt-personar møter, er utdjupa og konkretisert mellom anna i dei såkalla Yogyakarta-prinsippa og i Europarådet sin lhbt-rekommendasjon, (CoE CM Rec 2010/5).

Noreg, ved BLD, Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, har vore med på utviklinga av Europarådet sin lhbt-rekommandasjon. Dette er det første internasjonale juridiske dokumentet som spesifikt tek utgangspunkt i utfordringane til lhbt-personar. Rekommandasjonen er eit såkalla ikkje-bindande juridisk dokument, som den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg og nasjonale domstolar stadig oftare viser til.

Den europeiske komiteen mot rasisme og intoleranse, ECRI, har nyleg inkludert spørsmål om lhbt-personer sine rettar og kår i sine sykliske rapportar om medlemslanda. Den siste landrapporten frå ECRI om Noreg kom i februar 2015. I denne rapporten blei det mellom anna lagt vekt på behovet for ein ny nasjonal lhbt-handlingsplan på tvers av sektorane og behovet for at eit relevant lovverk og helsetilbod blir betre tilpassa behova til ulike grupper av transpersonar.

Anna arbeid

Beijing-erklæringa og handlingsplanen om kvinners rettar blei vedtekne under FNs fjerde kvinnekonferanse i Beijing i 1995. Statane rapporterer på oppfølginga kvart femte år. I 2015 er det 20 år sidan Beijing-konferansen, og statane skulle i 2014 utarbeide ein statusrapport. Arbeidet med rapporten blei koordinert av BLD og rapporten blei send til FN våren 2014.

BLD følgjer også med på dei årlege møta i tredje komité i generalforsamlinga i FN, som dekkjer menneskerettsspørsmål knytte til likestilling og diskriminering på grunnlag av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, barn o.a. BLD har også oppfølgingsansvar for FN-resolusjonar på departementet sitt ansvarsområde.

BLD deltek på dei årlege møta i FNs kvinnekommisjon, som er den politiske møteplassen for fagstatsrådar, det sivile samfunnet og FN-organa. Vidare deltek BLD i FNs sosialkommisjon, som arbeider med politikken for personar med nedsett funksjonsevne, når tema på dagsordenen tilseier det.

11 Mål for integrering

Hovudmålet for integreringspolitikken er at alle som bur i Noreg, skal få bruke ressursane sine og medverke til fellesskapet. Det er òg målet for ordninga Mål for integrering.

Alle departementa har eit sjølvstendig ansvar for å gi innvandrarar like moglegheiter, rettar og plikter på sitt område, og for å medverke til at måla i integreringspolitikken blir nådde. BLD har eit overordna ansvar for å samordne integreringspolitikken til regjeringa.

Mål for integrering gir kunnskap om innvandrarar i arbeid og utdanning, om levekår og deltaking i samfunnet. Ordninga byggjer på at departementa rapporterer årleg på ei rekkje sentrale indikatorar. Biletet er ikkje fullstendig, og det kan vere fleire årsaker til at situasjonen endrar seg i positiv eller negativ retning. Innvandrarar er ei mangearta gruppe. Det er folk som kjem frå EØS-land for å arbeide, eller folk som kjem på grunn av krig og forfølging i heimlandet. Andre kjem for å leve saman med familie som bur i Noreg. Det er gamle og unge, nokre har budd i Noreg i kort tid, andre i mange år, nokre har høg utdanning, andre manglar skolegang.

Indikatorane i ordninga er delte inn i fire temaområde: arbeid og sysselsetjing, utdanning og kvalifisering, levekår, frivillig verksemd og deltaking. Dei er valde fordi dei òg er relevante for politikkutviklinga i departementa. Om statistikken blir tatt i bruk i det ordinære arbeidet i departementa, kan dei utvikle tiltak som rettar opp uønskte skeivheiter.

Tilgangen til statistikk endrar seg stadig, og indikatorane er derfor under utvikling. Kjelda for statistikken er i all hovudsak Statistisk sentralbyrå.

11.1 Arbeid og sysselsetjing

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre får i aukande grad tilknyting til arbeidsmarknaden, kontrollert for tilhøva i arbeidsmarknaden.

Noreg har hatt ein sterk vekst i innvandringa dei siste ti åra, mellom anna som følgje av den store arbeidsinnvandringa etter 2004, med EØS-utvidinga. Innvandrarar representerer om lag 2/3 av veksten i sysselsetjinga dei siste ti åra. Sysselsette frå EU-landa i aust har auka mest, men dei fleste gruppene har hatt ein sterk vekst i talet på sysselsette. Samtidig er det framleis store innvandrargrupper der knapt halvparten er i arbeid.

11.1.1 Del sysselsette1

I aldersgruppa 15–74 år i den norske befolkninga totalt er 68,5 prosent sysselsette. Her var det ein svak nedgang på 0,1 prosentpoeng frå året før, noko ein mellom anna må sjå på bakgrunn av at det har vore ein auke i prosentdelen av befolkninga som er over 67 år. Jamt over er sysselsetjinga blant innvandrarar lågare enn i befolkninga elles. Sysselsetjingsprosenten for innvandrarar gjekk i alt opp med 0,3 prosentpoeng, frå 63,1 prosent i 2013 til 63,4 prosent i 2014. Det er ikkje berre talet på sysselsette innvandrarar som har auka, talet på busette innvandrarar i aldersgruppa 15–74 år har òg auka mykje frå 4. kvartal 2013 til 4. kvartal 2014.

Forskjellen i sysselsetjing mellom innvandrarar og befolkninga i alderen 16–74 år er på om lag 5,1 prosentpoeng (Figur 11.1). Det er 0,4 prosentpoeng lågare enn året før, og har truleg samanheng med at det blant innvandrarane er relativt færre personar i dei eldre aldersgruppene.

Figur 11.1 Skilnad i sysselsetjing mellom innvandrarar og befolkninga i alt. Prosentpoeng.

Figur 11.1 Skilnad i sysselsetjing mellom innvandrarar og befolkninga i alt. Prosentpoeng.

Norskfødde med innvandrarforeldre

Sysselsetjingsraten for norskfødde med innvandrarforeldre er lågare enn for innvandrarar, og må sjåast i samanheng med at norskfødde med innvandrarforeldre framleis utgjer ei ganske ung og relativt lita befolkningsgruppe, der nærmare halvparten er under 22 år (i populasjonen 15–74 år). Det vil seie at mange vil vere under utdanning og utanfor arbeidsstyrken, noko som trekkjer snittet ned når vi ser heile denne gruppa under eitt. Ein skal derfor vere varsam med å samanlikne desse tala med dei andre gruppene.

Ser vi likevel på dei mest yrkesaktive aldersgruppene, 25–29 år og 30–39 år, er høvesvis 72,8 prosent og 76,8 prosent sysselsette. Det er om lag 8 og 5 prosentpoeng over nivået for innvandrarar i dei same aldersgruppene og rundt 5 prosentpoeng under nivået for sysselsette i alt i begge desse aldersgruppene.

Kjønn

Skilnaden i sysselsetjingsprosenten mellom innvandrarar og befolkninga elles er større for kvinner enn for menn. Samtidig ser vi at sysselsetjinga auka for kvinner med innvandrarbakgrunn (med 0,6 prosentpoeng) i 2014, og var uendra for menn. Differansen mellom sysselsette innvandrarkvinner og innvandrarmenn er derfor redusert. Mellom innvandrarar i aldersgruppa 15–74 år var 58,3 prosent av kvinnene og 67,9 prosent av mennene sysselsette i 4. kvartal 2014. Det gir ein differanse på 9,6 prosentpoeng – 0,6 prosentpoeng lågare enn i 2013. I befolkninga totalt var differansen på berre 5,8 prosentpoeng, der 65,5 prosent av kvinnene og 71,3 prosent av mennene var sysselsette.

Når det gjeld norskfødde med innvandrarforeldre, er det liten skilnad mellom menn og kvinner. I 4. kvartal 2014 var 54 prosent menn og 53,4 prosent kvinner sysselsette. Vi ser ein liten auke for både menn og kvinner dei siste to åra.

Landbakgrunn

Det er store skilnader mellom innvandrargruppene. Mellom innvandrarar frå EØS-området er tilgang på arbeid ei viktig årsak til innvandringa, noko som gir seg utslag i eit høgt sysselsetjingsnivå. I 4. kvartal 2013 var 76,0 prosent av personane frå dei nordiske landa, 73,2 prosent av personane frå EU-land i Aust-Europa og 70,6 prosent av personane frå Vest-Europa sysselsette. Dernest kom innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania med 66 prosent sysselsette. Av innvandrarar frå Asia var 56 prosent sysselsette, medan berre 42 prosent av innvandrarane frå Afrika var sysselsette.

Av dei ulike innvandrargruppene er det dei frå Aust-Europa utanfor EU og Asia som har hatt størst sysselsetjingsvekst dei siste fire åra. Talet på sysselsette frå Aust-Europa utanfor EU hadde ein auke på 0,9 prosentpoeng frå 2013 til 2014, medan Asia hadde ei auke på 0,8 prosentpoeng. Talet på sysselsette frå Afrika har derimot hatt ein nedgang dei siste åra, sjå Figur 11.2 under.

Skilnadene mellom gruppene har halde seg nokså uendra over tid, uavhengig av konjunkturane på arbeidsmarknaden. Gruppene frå Asia og Afrika har eit større innslag av flyktningar med kortare butid i Noreg enn andre grupper.

Figur 11.2 Sysselsetjingsratar blant innvandrarar etter landbakgrunn samanlikna med befolkninga totalt.

Figur 11.2 Sysselsetjingsratar blant innvandrarar etter landbakgrunn samanlikna med befolkninga totalt.

Butid

Lengre butid i Noreg fører til eit høgare sysselsetjingsnivå i dei fleste innvandrargrupper, men skilnadene gruppene imellom jamnar seg likevel ikkje ut. Gruppene frå Asia og Afrika har eit større innslag av flyktningar med kortare butid i Noreg enn andre grupper. Det gjeld særleg den afrikanske gruppa. Mellom dei med butid på over ti år ligg dei afrikanske innvandrarane lågast med ein sysselsetjingsdel på om lag 50 prosent, noko som er langt under gjennomsnittet for innvandrarar. Dessutan er sysselsetjingsnivået blant kvinner frå enkelte land i Asia og Afrika svært lågt uavhengig av butid. Det gjeld særleg for enkelte etablerte innvandrargrupper, som dei frå Pakistan og Tyrkia, og nokre grupper med kortare butid bak seg i Noreg, som dei frå Afghanistan, Somalia og Irak. Det låge sysselsetjingsnivået blant desse innvandrarkvinnene bidreg til å trekkje snittet ned i dei respektive gruppene.

Talet på sysselsette innvandrarar med butid under 4 år var på 57,9 prosent per 4. kvartal 2014. Det er ein nedgang på 0,6 prosentpoeng frå same tidspunkt i 2013. For dei med butid mellom fire og seks år var 69,1 prosent sysselsette i 2014 – ein nedgang på 0,8 prosentpoeng. Samtidig var 64,7 prosent av innvandrarane med butid på sju år eller meir sysselsette i 4. kvartal 2014, det vil seie 0,9 prosentpoeng meir enn året før.

Alder

Dersom vi held oss til aldersgruppa 15–74 år, er det ein skilnad i sysselsetjingsprosenten på 5,1 prosentpoeng mellom innvandrarar og heile befolkninga (sjå Figur 11.1 over). Ser vi på dei mest yrkesaktive aldersgruppene, kjem det derimot fram skilnader, som til dømes 11,1 prosentpoeng for aldersgruppa 25–39 år og 12,9 prosentpoeng for dei mellom 40 og 54 år. Befolkninga totalt sett har ein mykje større prosentdel sysselsette i aldersgruppa 67–74 år enn det innvandrarar har. Dette er ei aldersgruppe med svært låg sysselsetjingsprosent, noko som trekkjer gjennomsnittet i majoriteten ned når ein ser på aldersgruppa 15–74 år under eitt.

11.1.2 Del arbeidslause

Utviklinga i arbeidsløysa mellom innvandrarar har i store trekk følgt utviklinga i den samla arbeidsløysa. Arbeidsløysa har auka etter 2012 både for innvandrarar og for befolkninga elles. Den registrerte arbeidsløysa mellom busette innvandrarar i Noreg gjekk opp frå 7,3 prosent i 1. kvartal i 2014 til 7,6 prosent på same tid året etter. I resten av befolkninga var det ein auke frå 2,9 til 3,0 prosent i den same perioden. I alt 81 500 personar var registrerte som heilt arbeidslause i 1. kvartal 2015. Av dei var 31 200 innvandrarar, noko som utgjer 38 prosent av alle heilt arbeidslause.

Figur 11.3 Arbeidslause. Innvandrarar og befolkninga i alt. Prosent av arbeidsstyrken.  Tal for 1. kvartal, 2011–2015.

Figur 11.3 Arbeidslause. Innvandrarar og befolkninga i alt. Prosent av arbeidsstyrken. Tal for 1. kvartal, 2011–2015.

Det er først og fremst blant innvandrarar frå EU-landa i Aust-Europa auken i talet på arbeidslause har vore størst. Denne innvandrargruppa stod for 1 700 arbeidslause av ein auke på om lag 2 000 arbeidslause innvandrarar.

Norskfødde med innvandrarforeldre

Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer framleis ei lita gruppe arbeidslause, sjølv om ho auka noko det siste året. I 1. kvartal 2015 bestod gruppa av snautt 1 100 som var registrerte som heilt ledige2, det same som i 1. kvartal 2014. I denne befolkningsgruppa er majoriteten mellom 15 og 29 år, og blant dei var arbeidsløysa på 4,9 prosent. Det er 1,4 prosentpoeng høgare enn for dei på same alder i resten av befolkninga, der 3,5 prosent var heilt arbeidslause. Samtidig er det 4,1 prosentpoeng lågare enn for innvandrarar på same alder, der arbeidsløysa var 9,0 prosent.

Arbeidsløysa blant norskfødde med innvandrarforeldre i aldersgruppa 15–29 år hadde ein nedgang på heile 1,1 prosentpoeng frå 1. kvartal 2014. Same aldersgruppe i resten av befolkninga hadde ein nedgang på 0,5 prosentpoeng, medan tilsvarande gruppe i innvandrarbefolkninga hadde ein nedgang på 0,4 prosentpoeng.

Kjønn

Arbeidsløysa for innvandrarmenn gjekk opp med 0,4 prosentpoeng, og dei hadde i alt ei arbeidsløyse på 7,8 prosent i 1. kvartal 2015. Delen arbeidslause kvinner med innvandrarbakgrunn gjekk ned med 0,1 prosentpoeng til 7,3 prosent. I befolkninga elles var 2,5 prosent av mennene og 1,8 prosent av kvinnene arbeidslause. I befolkninga i alt gjekk arbeidsløysa for menn opp med 0,2 prosentpoeng, medan arbeidsløysa for kvinner var som året før, på 2,5 prosent.

Figur 11.4 Utviklinga og differansen mellom kjønna.

Figur 11.4 Utviklinga og differansen mellom kjønna.

Landbakgrunn

Som tidlegare er det store skilnader i arbeidsløyseprosenten mellom dei ulike innvandrargruppene. Endringane frå 1. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015 i prosentdelen arbeidslause i dei ulike gruppene er ganske varierte. Innvandrarar frå EU-landa i Aust-Europa hadde sterkast auke i prosentdel registrerte heilt arbeidslause, med ein auke på 1 prosentpoeng. Blant innvandrarar frå Afrika ser vi ein tilsvarande nedgang. Innvandrarar med asiatisk bakgrunn hadde òg ein nedgang i registrerte arbeidslause, på 0,6 prosentpoeng.

Innvandrarar i den afrikanske gruppa har som tidlegare den høgaste registrerte arbeidsløysa – 12,6 prosent i 1. kvartal 2015. Dernest kjem innvandrarar frå EU-landa i Aust-Europa med 9,5 prosent heilt arbeidslause. Innvandrarar frå Latin-Amerika og Aust-Europa utanom EU ligg òg ganske likt, med høvesvis 7,8 og 7,4 prosent. I dei andre gruppene er nivået som vanleg ein del lågare. Arbeidsløysa blant innvandrarar frå Norden, Nord-Amerika/Oseania og Vest- Europa ligg på høvesvis 3,2 prosent, 3,4 prosent og 4 prosent.

Figur 11.5 Arbeidslause etter landgruppe. Prosent av arbeidsstyrken. Tal for 1. kvartal, 2011–2015.

Figur 11.5 Arbeidslause etter landgruppe. Prosent av arbeidsstyrken. Tal for 1. kvartal, 2011–2015.

Butid

Om ein ser på prosentdelen heilt arbeidslause innvandrarar etter butid, ser ein at arbeidsløysa er størst blant dei som har vore busette i Noreg mellom fire og seks år. Dei hadde ein auke på 0,1 prosentpoeng frå 1. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015 – frå 6,9 prosent til 7,0 prosent. Dei med butid på sju år eller meir hadde òg ein auke på 0,1 prosentpoeng i same periode – frå 4,6 prosent til 4,7 prosent. Dei med butid på under fire år hadde derimot ein nedgang på 0,1 prosentpoeng i same periode.

Alder

I aldersgruppa 15–29 år var 9 prosent av alle innvandrarane heilt arbeidslause per 1. kvartal 2015. Det er ein nedgang på 0,4 prosentpoeng i løpet av eitt år. I aldersgruppa 30 år eller eldre utgjorde dei heilt arbeidslause 7,3 prosent i 1. kvartal 2015, mot 6,9 på same tid i 2014.

11.2 Utdanning og kvalifisering

Fundamentet for å delta aktivt i arbeid og samfunn blir lagt allereie i barnehagen og grunnskole. Vidaregåande opplæring og utdanning sikrar at den enkelte kan delta i arbeidslivet og i samfunnet. Det er fleire positive utviklingstrekk mellom anna når ein ser på indikatorar for deltaking i barnehage og i høgare utdanning. Dette gjeld óg delen tilsette i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring.

Ei samla vurdering av indikatorane for grunnopplæringa viser at både norskfødde med innvandrarforeldre og barn, unge og vaksne som sjølv har innvandra, opplever utfordingar i møte med utdanningssystemet. Det er urovekkande å sjå at forskjellane mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er stabile eller aukar over tid. Dette gjeld tildømes talet på elevar på lågaste meistringsnivå på nasjonale prøvar, delen som får læreplass og delen som fullfører vidaregåande opplæring på fem år. Tala viser også store forskjellar mellom dei som sjølve har innvandra og andre. Det er mogleg å forklare desse variasjonane med ulik sosial bakgrunn og manglande kunnskapar i norsk, men resultatet blir likevel at mange elevar med innvandrarbakgrunn ikkje har eit godt nok grunnlag for aktiv deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

Det har vore ei svak betring på talet som fullførte og besto vidaregåande opplæring i løpet av fem år blant elevar med norsk bakgrunn. Det har samtidig vore ei svak nedgang i gjennomføringstala når ein ser på norskfødde med innvandrarforeldre og innvandrarar. Alderen når ein kjem til landet betyr mykje for om ein innvandrar klarer å fullføre og bestå. Ei kartlegging av innføringstilbod for nykomne elevar bekreftar at desse i mange tilfelle har særskilte utfordringar. Dei skal på kort tid både lære seg eit nytt språk og ta igjen tapt skolegang.3

11.2.1 Delen minoritetsspråklege barn i barnehage

Prosentdelen minoritetsspråklege barn4 i barnehage har auka mykje dei seinare åra og held fram med å auke, særleg blant dei yngste barna.

79 prosent av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2014, medan 92 prosent av andre barn i same aldersgruppe gjorde det. Prosentdelen minoritetsspråklege barn som går i barnehage, aukar i takt med alderen på barna, jf. Figur 11.6. For 4- og 5-åringar har prosentdelen vore nær opptil det han er for andre barn, i fleire år. For 1–2-åringar er prosentdelen betydeleg lågare, men han aukar jamt. Dei siste tre åra det har vore ein tydeleg auke for 1–3-åringane, særleg for 2-åringane, der auken frå 2012 til 2014 var på 9 prosentpoeng – frå 68 prosent til 77 prosent.

Figur 11.6 Delen barn i barnehage. Minoritetsspråklege og andre, 2012–2014. Prosent.

Figur 11.6 Delen barn i barnehage. Minoritetsspråklege og andre, 2012–2014. Prosent.

11.2.2 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre under utdanning for å bli barnehagelærar

Prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn av basispersonalet i barnehagane aukar noko, er framleis liten. Av 7 800 studentar i barnehagelærarutdanninga i 2014 utgjorde studentar med innvandrarbakgrunn 9,4 prosent (Figur 11.7). 1,7 prosent er norskfødde med innvandrarforeldre, og 7,6 prosent har innvandra sjølve. For mannlege studentar med innvandrarbakgrunn er prosentdelen noko større enn tilsvarande for kvinnelege studentar – 10,4 prosent mot 9,1 prosent. Totalt sett har prosentdelen med innvandrarbakgrunn auka svakt dei siste tre åra.

Figur 11.7 Delen studentar i barnehagelærarutdanninga med innvandrarbakgrunn. 2012–2014. Prosent.

Figur 11.7 Delen studentar i barnehagelærarutdanninga med innvandrarbakgrunn. 2012–2014. Prosent.

11.2.3 Grunnskolepoeng for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Avstanden i talet på grunnskolepoeng mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er liten. Berre 1,6 poeng skil desse gruppene i 2014. Avstanden mellom innvandrarar og andre er noko større. Drygt 5 poeng skil dei i 2014. Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar, mange av dei kan ikkje vurderast ut frå ordinære læreplanar, da dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. Litt over ein tiandedel av innvandrarelevane fekk ikkje berekna grunnskolepoeng i 2014. Det er særleg dei med 0–2 års butid som ikkje har fått berekna grunnskolepoeng (35 prosent). Butida har stor betydning for kor mange grunnskolepoeng innvandrarane har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 10 års butid talet på grunnskolepoeng nærmar seg talet på grunnskolepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.

I 2014 oppnådde innvandrarar i gjennomsnitt to prosentpoeng fleire grunnskolepoeng enn i dei føregåande åra. Avstanden mellom innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar har derfor blitt mindre det siste året. Jenter får i snitt 4 grunnskolepoeng meir enn gutane.

Figur 11.8 Grunnskolepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2012–2014.

Figur 11.8 Grunnskolepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2012–2014.

11.2.4 Resultat på nasjonale prøver for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre

Nasjonale prøver skal måle ferdigheiter i lesing og rekning og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skoleeigaren eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5. og 8. trinn deltek på nasjonale prøver. Nasjonale prøver er delte inn i tre nivå på 5. trinn og fem nivå på 8. trinn. Her omtaler vi berre prøvene på 8. trinn.

Det er ein større del av innvandrarane som er fritekne frå nasjonale prøver, enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre. På 8. trinn er 9 prosent av innvandrarane fritekne frå nasjonale prøver i lesing. I engelsk og rekning er 6 prosent fritekne. Det er små forskjellar mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i kor mange som er fritekne.

Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er større blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar (Figur 11.9). Det er størst forskjellar mellom gruppene i lesing og minst forskjellar i engelsk. Tala må tolkast i lys av at prosentdelen som er fritekne, er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Dersom ikkje så mange hadde blitt fritekne, kunne forskjellen ha vore enda større.

I lesing gjer jentene det vesentleg betre enn gutane. I rekning gjer gutane det noko betre enn jentene. Desse forskjellane gjer seg gjeldande både blant gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og andre elevar. Det er små forskjellar mellom gutar og jenter i engelsk.

Figur 11.9 Delen elevar på lågaste meistringsnivå (1 og 2) i nasjonale prøver i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2014. Prosent.

Figur 11.9 Delen elevar på lågaste meistringsnivå (1 og 2) i nasjonale prøver i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2014. Prosent.

11.2.5 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som oppnår full yrkes- eller studiekompetanse i løpet av fem år etter avslutta grunnskole

Dei fleste elevane går rett frå grunnskolen til vidaregåande opplæring. 98 prosent av norskfødde og andre elevar startar i vidaregåande opplæring same år som dei avsluttar grunnskolen. 86 prosent av dei som sjølve har innvandra, gjer det same.

Halvparten av innvandrarane som starta i vidaregåande opplæring i skoleåret 2009/2010 (2009-kullet), fullførte vidaregåande opplæring i løpet av fem år (Figur 11.10). Dette er betydeleg lågare enn prosentdelen norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Dei siste åra har også forskjellane mellom norskfødde og andre blitt større.

Butida har mykje å seie for fullføringsprosenten. Tal for 2014 visar at 51 prosent av dei som har budd 5–8 år i landet, fullfører innan fem år. Av dei som har budd meir enn 13 år i landet, fullfører 58 prosent.

Figur 11.10 Delen som starta i vidaregåande opplæring i skoleåret 2007/2008 (2007-kullet) til 2009/2010 (2009-kullet), og som fullførte vidaregåande opplæring i løpet av fem år, etter innvandringskategori og kjønn.

Figur 11.10 Delen som starta i vidaregåande opplæring i skoleåret 2007/2008 (2007-kullet) til 2009/2010 (2009-kullet), og som fullførte vidaregåande opplæring i løpet av fem år, etter innvandringskategori og kjønn.

11.2.6 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring

Når ein ser på delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, kjem gutar og jenter som sjølve har innvandra, dårlegast ut. Også norskfødde gutar med innvandrarforeldre er overrepresenterte samanlikna med andre gutar. Prosentdelen ungdom i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, har vore stabil dei siste tre åra.

I 2014 var 16 prosent av innvandrarane i alderen 16–25 år verken i utdanning, arbeid eller hadde fullført vidaregåande opplæring. Tala er litt lågare for norskfødde med innvandrarforeldre – i underkant av 8 prosent – og for andre elevar 6 prosent. Generelt er ein høgare prosentdel av gutane representert i denne gruppa. Særleg er kjønnsforskjellen stor blant norskfødde med innvandrarforeldre. Det er fleire norskfødde gutar med innvandrarforeldre enn andre gutar i denne gruppa, medan det er små skilnader mellom norskfødde jenter med innvandrarforeldre og andre jenter.

Figur 11.11 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn, 2012–2013. Prosent. Dei med ukjend utdanning er ikkje talde med.

Figur 11.11 Delen i alderen 16–25 år som verken er i utdanning, arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn, 2012–2013. Prosent. Dei med ukjend utdanning er ikkje talde med.

11.2.7 Delen innvandrarar i alderen 25–30 som kom til landet i ungdomstrinnsalder eller vidaregåande alder, som har fullført og bestått vidaregåande opplæring innan dei fylte 30 år

Alderen når ein kjem til landet, har stor betydning når det gjeld å fullføre vidaregåande opplæring. Jenter som kjem til landet når dei er i alderen 13–15 år (ungdomstrinnet), består i større grad enn gutane vidaregåande opplæring innan dei fyller 30 år. Det er mindre forskjellar mellom jenter og gutar blant dei som kjem når dei er i alderen 16–18 år.

Prosentdelen 25–30-åringar som har innvandra i alderen 13–15 år, og som har bestått vidaregåande opplæring, har gått noko ned dei siste tre åra. For dei som kom til landet som 16–18 åringar, har det vore ein liten auke i prosentdelen som har fullført vidaregåande opplæring, sidan 2014. For begge aldersgruppene er det gutane som i størst grad påverkar denne utviklinga. Dei som kjem til landet seint i skoleløpet, fullfører framleis i mindre grad enn andre elevgrupper.

Figur 11.12 Delen innvandrarar i alderen 25–30 år som har fullført vidaregåande opplæring. Etter alder når dei kom til landet. 2012–2014. Prosent.

Figur 11.12 Delen innvandrarar i alderen 25–30 år som har fullført vidaregåande opplæring. Etter alder når dei kom til landet. 2012–2014. Prosent.

11.2.8 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som har bestått vidaregåande opplæring i løpet av fem år

Av totalt 6 400 vaksne som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skoleåret 2008/2009, fullførte berre 56 prosent i løpet av fem år. Kvinner fullfører i større grad enn menn. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn som fullfører, er ein del lågare enn for andre vaksne. Det har vore ei negativ utvikling blant dei med innvandrarbakgrunn som fullfører vidaregåande opplæring innan fem år, dei siste tre åra, spesielt det siste året.

Figur 11.13 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skoleåret 2006/2007 til 2008/2009, og som har fullført innan fem år. Prosent.

Figur 11.13 Delen personar med innvandrarbakgrunn, 25 år og eldre, som starta i vidaregåande opplæring for første gong i skoleåret 2006/2007 til 2008/2009, og som har fullført innan fem år. Prosent.

Det har vore ganske store endringar i måten gjennomstrøyming for vaksne blir berekna.

11.2.9 Delen studentar med innvandrarbakgrunn i høgare utdanning

Ein større prosentdel av norskfødde med innvandrarforeldre er i høgare utdanning enn både innvandrarar og befolkninga elles, og slik har det vore i fleire år.

Tabell 11.1 Studentar i høgare utdanning, etter utvalde årskull, innvandringskategori og årstal. Prosentdel av befolkninga.

I alt

Innvandrarar

Norskfødde med innvandrarforeldre

Resten av befolkninga

2009

2013

2014

2009

2013

2014

2009

2013

2014

2009

2013

2014

Studentar 19–24 år (prosent)

30,7

33,7

34

16,9

16,2

16,8

37,1

40,6

41,5

32,2

35,9

36,1

Studentar 25–29 år (prosent)

14,7

15

15,2

9,3

8,4

8,4

17,1

20,4

19,8

15,9

17

17,3

Studentar omfattar berre studentar som er registrert busette i Noreg per 1. oktober.

I høgare utdanning i alderen 19–24 år utgjorde norskfødde med innvandrarforeldre heile 41,5 prosent i 2014, medan det i befolkninga elles er 35,9 prosent. Av innvandrarane var det færre som var i høgare utdanning enn av befolkninga elles – rundt 17 prosent.

At norskfødde med innvandrarforeldre i så stor grad tek høgare utdanning, tyder på at mange av dei er godt integrerte. At innvandrarar – som utgjer ei langt større gruppe – i mindre grad gjer det same, kan kome av at innvandrarane i snitt har kortare butid og dermed svakare språkkunnskapar enn det som er nødvendig for å ta høgare utdanning. Ei anna forklaring kan vere at ein del av innvandrarane har høgare utdanning frå før. Innvandrarar som gruppe har ein større prosentdel med lang utdanning enn befolkninga elles. Det er derfor ikkje å vente at innvandrarar som gruppe er like tilbøyelege til å ta høgare utdanning i Noreg som dei norskfødde med innvandrarforeldre eller som befolkninga elles.

Kjønnsfordelinga mellom dei som har teke høgare utdanning dei seinare åra, viser at kvinnene er i fleirtal. Innvandrarbefolkninga skil seg ikkje frå befolkninga elles på dette punktet. I denne tabellen ser vi kor stor prosentdel i aldersgruppa 19–34 år som var i høgare utdanning av dei ulike kategoriane.

Figur 11.14 Studentar i høgare utdanning 2014, alder 19–34 år, innvandringskategori, kjønn. Prosentdel av befolkninga.

Figur 11.14 Studentar i høgare utdanning 2014, alder 19–34 år, innvandringskategori, kjønn. Prosentdel av befolkninga.

15,9 prosent av mennene i denne aldersgruppa var i høgare utdanning, medan om lag 23,1 prosent av kvinnene var det. Av innvandrarane var prosentdelen studentar respektive 7,1 prosent og 9,9 prosent, av dei norskfødde med innvandrarforeldre var 26,5 prosent og 34,3 prosent studentar. Av befolkninga elles var 17,9 prosent av mennene og 26,4 prosent av kvinnene i høgare utdanning. Uavhengig av kategori er det kvinnene som i størst grad tek høgare utdanning.

11.2.10 Studentar med innvandrarbakgrunn under utdanning for å bli lærar

Innanfor Praktiskpedagogisk utdanning (PPU), barnehagelærarutdanning og allmennlærar-/ grunnskolelærarutdanning er prosentdelen innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre lågare enn snittet elles i høgare utdanning for desse gruppene.

Figuren under viser utviklinga i talet på personar og prosenttal av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i tre ulike lærarutdanningar i perioden 2012–2014.

Figur 11.15 Studentar i lærarutdanningar etter innvandringskategori. 2012–2014.

Figur 11.15 Studentar i lærarutdanningar etter innvandringskategori. 2012–2014.

Figuren viser at det i perioden 2011–2014 var fleire innvandrarstudentar innanfor PPU og barnehage-/førskolelærarutdanning. Det var også nokre fleire norskfødde med innvandrarbakgrunn på allmennlærar-/grunnskolelærarutdanning i 2014 enn i 2011, men prosentdelen studentar er likevel noko lågare enn før. For norskfødde med innvandrarforeldre, har det vore ein liten auke frå 2011 til 2014 i både barnehage-/ førskolelærarutdanning og allmennlærar-/grunnskolelærarutdanning.

I lærarutdanningane var forholdet mellom dei to gruppene med innvandrarbakgrunn omvendt: Ein større prosentdel innvandrarar tok lærarutdanning samanlikna med norskfødde med innvandrarforeldre. Det er i det heile svært få norskfødde med innvandrarforeldre som tek lærarutdanning. Dette viser at tidlegare analysar5 framleis gjeld: Ungdom med innvandrarbakgrunn, og spesielt dei som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre, vel oftare prestisjefylte studium enn studentar med norsk bakgrunn. Dette er studium som medisin, odontologi, siviløkonomstudiet, juss og sivilingeniørstudiet. Lærarutdanning og andre studium innanfor pedagogikk er ikkje populære i denne gruppa. Det gjeld spesielt den største av lærarutdanningane (grunnskolelærarutdanninga) der prosentdelen med innvandrarbakgrunn er spesielt liten.

Norske lærarutdanningar har eit stort fleirtal av kvinnelege studentar. Blant lærarstudentane med innvandrarbakgrunn er det òg langt fleire kvinner enn menn.

11.2.11 Godkjenning av utanlandsk utdanning

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknadar om generell godkjenning i NOKUT

På området utanlandsk utdanning har etterspurnaden halde fram å auke. Det gjeld både talet på søknader til godkjenningsordninga, generell godkjenning og saksmengda på området informasjon og rådgiving.

I 2014 ferdigbehandla NOKUT 6 584 søknader om generell godkjenning. Trass i ein vekst i søknader på 7 prosent frå 2013 blei den gjennomsnittlege saksbehandlingstida betydeleg redusert, frå rundt 3 månader det føregåande året til 1,3 månader.

Figur 11.16 Individuelle søknader, samla tal på vedtak, restanse ved årsskiftet og gjennomsnittleg saksbehandlingstid for perioden 2009–2014.

Figur 11.16 Individuelle søknader, samla tal på vedtak, restanse ved årsskiftet og gjennomsnittleg saksbehandlingstid for perioden 2009–2014.

I 2013 etablerte NOKUT godkjenningsordninga for personar utan verifiserbar dokumentasjon (UVD-ordninga). Allereie same året gjorde NOKUT 25 vedtak i denne ordninga, i 2014 blei det gjort 119 vedtak.

UVD-ordninga har fått stor merksemd internasjonalt. Ordninga blei presentert på konferansar og møte i regi av EU-kommisjonen, Europarådet, UNESCO og EAIE, og på arrangement og treningsopplegg for kontor innanfor ENIC-NARIC nettverket. På bakgrunn av dei erfaringane NOKUT har gjort, vurderer ulike land å utvikle nasjonale modellar tilsvarande den norske UVD-ordninga.

11.3 Levekår

Ein måler levekår blant anna gjennom sysselsetjing og låginntekt. I tillegg betyr buforhold og butilknyting mykje for levekåra til folk. År etter år er det dokumentert systematiske skilnader i levekår mellom innvandrarar og befolkninga elles.

Prosentdelen innvandrarar med låginntekt gjekk ned frå midt på 2000-talet men har i likskap med utviklinga for befolkninga sett under eitt auka noko dei siste åra, og ligg no på eit høgt nivå. Låginntekt heng nært saman med låg yrkesaktivitet, sjå temaområde arbeid og sysselsetjing.

Barn som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, er langt meir utsette for å vekse opp i hushald med vedvarande låginntekt enn andre barn. Prosentdelen og talet på barn i hushald med låginntekt har jamt over auka blant barn med innvandrarbakgrunn i likskap med utviklinga for alle barn sett under eitt.

Ein god og trygg bustad, ein føreseieleg og handterleg bustadøkonomi og det å vere ein del av eit bumiljø og eit lokalsamfunn er viktig for å kunne ta del i arbeidslivet, ta utdanning, danne familie og ta vare på helsa. Å bu dårleg, eller å vere utan ein fast stad å bu, kan ha store negative konsekvensar for livskvaliteten. Ein utrygg busituasjon kan også hindre god integrering, og vegen til kriminalitet, rusproblem og psykiske vanskar kan bli kortare.

I Noreg bur dei aller fleste av oss godt og trygt. Åtte av ti eig bustaden sin, ein eigardel som har halde seg stabil i mange år. Bustandarden blir stadig betre, men bustad er likevel ikkje eit gode som er likt fordelt. Jo lågare inntekt vi har, desto meir utsette er vi for bustadproblem i ei eller anna form.

11.3.1 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt6

Innvandrarar er klart overrepresenterte i gruppa med vedvarande låginntekt, noko som kjem tydeleg fram i Figur 11.17. Medan prosenten har variert frå 7,9 til 8,6 i befolkninga totalt i dei åra vi ser på her, har han halde seg mellom 24,9 og 26,7 prosent av alle innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det var ein nedgang frå midt på 2000-talet, men i dei siste åra har det vore ein auke, til 26,7 prosent i perioden 2011–2013. Dei viktigaste forklaringane på at personar har låginntekt, finn vi i manglande eller liten yrkesaktivitet i hushaldet.

Vedvarande låginntekt er vanlegare blant kvinner enn blant menn. I befolkninga har om lag 9 prosent av kvinnene og 8 prosent av mennene vedvarande låginntekt. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er skilnaden motsett, og noko mindre. I perioden 2011–2013 hadde 27 prosent av mennene låginntekt, medan kvinnene låg om lag 1 prosentpoeng lågare.

I befolkninga totalt er det minst vanleg å ha låginntekt for dei som er i alderen 35–66 år, medan prosentdelen med låginntekt er noko høgare blant unge i etableringsfasen (18–34 år) og eldre på 67 år eller meir, som for dei fleste sin del har gått ut av arbeidslivet. Barn i alderen 0–17 år ligg omtrent på gjennomsnittet for befolkninga totalt. For innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er aldersprofilen noko annleis. Låginntekt er her mest utbreidd for barn (alderen 0–17 år). Litt fleire enn éin av tre budde i hushald med vedvarande låginntekt i perioden 2011–2013. Prosentdelen med låginntekt går noko ned med alderen fram mot 66 år, og lågast er prosentdelen for 50–66-åringar. For dei eldste er prosentdelen igjen noko høgare. Skilnadene mellom aldersgrupper kan ha årsak i fleire faktorar, men den viktigaste er forskjellar i yrkesaktivitet. Det at så mange born er utsette, kjem i hovudsak av at dei høyrer til relativt store hushald med låg yrkesdeltaking.

Figur 11.17 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt. Prosent. 2005/2007–2011/2013.

Figur 11.17 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt. Prosent. 2005/2007–2011/2013.

Sjølv om innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte med vedvarande låginntekt, er det store skilnader i gruppa, mellom anna etter butid og landbakgrunn.

Figuren under viser at det er ein klar samanheng mellom butid og låginntekt. Årsaka er at det tek tid å bli integrert, spesielt på arbeidsmarknaden. Innvandrarar med kort butid har stort sett dårlegare tilknyting til arbeidsmarknaden enn innvandrarar som har budd i landet over lengre tid. Blant dei med kortast butid (3 år) er prosentdelen med låginntekt høg (46,9 prosent, 2011–2013). For innvandrarar med lengre butid fell prosentdelen med låginntekt, men sjølv dei med lang butid (10 år eller meir) har klart større risiko for å vere i låginntektsgruppa enn gjennomsnittet i befolkninga (19,7 prosent, 2011–2013).

Figur 11.18 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter butid. Prosent. 2005/2007–2011/2013.

Figur 11.18 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter butid. Prosent. 2005/2007–2011/2013.

Figuren under viser at innvandrarar frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika har langt høgare risiko for å vere i låginntektsgruppa enn innvandrarar frå Norden, Vest-Europa, Nord-Amerika og Oseania.

Figur 11.19 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter landbakgrunn. Prosent. 2005/2007–2011/2013.

Figur 11.19 Innvandrarar med vedvarande låginntekt etter landbakgrunn. Prosent. 2005/2007–2011/2013.

29,4 prosent av innvandrarane frå Aust-Europa, Afrika, Asia og Latin-Amerika og Tyrkia hadde låginntekt i perioden 2011–2013. I den andre gruppa, dei frå Norden etc., var prosentdelen med låginntekt langt lågare (12,2 prosent), men samtidig noko høgare enn det ein finn i befolkninga totalt. Går ein nærmare inn i tala bak og bryt ned etter kva land innvandrarane kjem frå, blir det enda tydelegare at enkelte landgrupper er langt meir utsette enn andre. I treårsperioden 2011–2013 hadde heile 66,7 prosent av innvandrarane frå Somalia låginntekt. Sjølv blant somaliske innvandrarar med lang butid var prosentdelen med låginntekt høg – seks av ti med butid på ti år eller meir hadde låginntekt. To andre landgrupper som skil seg ut, er Irak og Afghanistan, av dei hadde 49,2 prosent og 46,6 prosent låginntekt. I desse gruppene hadde mange låginntekt sjølv med lang butid. Nokre av dei som høyrer til i gruppa Aust-Europa, Asia etc., skilde seg òg ut i ei meir positiv retning. Blant innvandrarar frå India og Sri Lanka var 10,9 prosent og 14,4 prosent registrerte med låginntekt.

Det er litt ulik utvikling dersom ein samanliknar ulike landbakgrunnar. Mellom anna har prosentdelen med låginntekt blant innvandrarar frå Tyrkia, Pakistan og Iran blitt merkbart redusert etter 2007. Dette kan henge saman med at den gjennomsnittlege butida i desse gruppene har auka. For innvandrarar frå Polen auka prosentdelen med låginntekt fram til og med treårsperioden 2009–2011, noko som må sjåast i samanheng med ein vanskelegare arbeidsmarknad etter det økonomiske tilbakeslaget.

11.3.2 Delen barn under 18 år, innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, som lever i husstandar med vedvarande låginntekt

Barn som er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, er langt meir utsette for å vekse opp i eit hushald med vedvarande låginntekt enn det som er gjennomsnittet for alle barn. Om lag eitt av tre barn med innvandrarbakgrunn veks opp i eit låginntektshushald, medan det gjeld om lag kvart tolvte av alle barn.

Prosentdelen med låginntekt blant barn med innvandrarbakgrunn fall noko frå perioden 2006–2008 til 2009–2011. Samtidig heldt den totale prosentdelen barn i låginntektshushald i same periode seg nokså stabil. Etter 2011 har låginntekt auka både blant barn i totalbefolkninga og blant barn med innvandrarbakgrunn. I perioden 2011–2013 var prosentdelen barn i låginntektshushald 8,6 prosent, medan han var 35,6 prosent for barn med innvandrarbakgrunn. Blant alle barn var auken 1,0 prosentpoeng frå 2009–2011 til 2011–2013, medan han var 2,5 prosentpoeng for barn med innvandrarbakgrunn. For enkelte har det vore ein liten nedgang i låginntekt, mellom anna gjeld det barn med bakgrunn frå Polen. Om lag annakvart barn i låginntektshushald har innvandrarbakgrunn.

Figur 11.20 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt, 0–18 år. Prosent. 2005/2007–2011/2013.

Figur 11.20 Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med vedvarande låginntekt, 0–18 år. Prosent. 2005/2007–2011/2013.

Kor utsette barn med innvandrarbakgrunn er, varierer ein god del avhengig av kva land dei har bakgrunn frå. Barn med bakgrunn frå Aust-Europa, Afrika, Asia eller Latin-Amerika er mest utsette, men òg i denne gruppa er det store skilnader. Blant barn med bakgrunn frå Somalia (74,3 prosent), Irak (57,1 prosent), Afghanistan (51,1 prosent), Eritrea (48,3 prosent) og Pakistan (40,9 prosent) veks ein stor del opp i låginntektshushald.7

Det kan vere fleire årsaker til at landbakgrunn betyr så mykje. Mellom anna kan butida til foreldra påverke i kva grad dei er i inntektsgivande arbeid. Det har òg vist seg at barn med bakgrunn frå landgrupper der familiane er store og yrkesaktiviteten blant mødrer låg, er klart overrepresenterte i låginntektsgruppa.

11.3.3 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som eig og leiger bustad

Prosentdelen innvandrarar som eig bustaden sin, er lågare enn for resten av befolkninga. Om lag 58 prosent av innvandrarane frå EU, Nord-Amerika etc.8 er sjølveigarar og om lag 42 prosent leiger ein bustad. Av befolkninga som verken er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, er om lag 87 prosent sjølveigarar, medan om lag 13 prosent leiger ein bustad.

Det er noko meir vanleg at innvandrarkvinner eig bustaden sin enn at menn gjer det. Av innvandrarane frå Asia, Afrika etc.9 er om lag 44 prosent av kvinnene sjølveigarar, medan rundt 38 prosent av mennene er det. Av innvandrarane frå EU, Nord-Amerika etc. er om lag 52 prosent av kvinnene sjølveigarar, medan om lag 47 prosent av mennene er det.

Prosentdelen av innvandrarbefolkninga som er eigarar og leigarar, endrar seg med butid i Noreg. Innvandrarar med lang butid i Noreg har eit eige- og leigemønster som liknar på resten av befolkninga sitt. Spesielt gjeld dette for innvandrarar frå EU, Nord-Amerika etc. For denne gruppa, med butid over 15 år, er prosentdelen leigarar nesten den same som for resten av befolkninga. Sjølv om prosentdelen som leiger bustad, også minkar med butid for innvandrarar frå Asia, Afrika etc. og prosentdelen som eig bustaden sin, aukar, er prosentdelen som leiger bustad, framleis om lag 20 prosent etter 15 år eller meir i Noreg.

11.3.4 Delen innvandrarar som bur trongt

Å bu trongt er her definert ut frå einpersonshushald som berre har eitt opphaldsrom, hushald med fleire personar enn talet på opphaldsrom og hushald der det er mindre enn 20 kvadratmeter p-areal per person i hushaldet. Innvandrarar, spesielt frå Asia, Afrika etc., er overrepresenterte i gruppa av dei som bur trongt.

Av dei norskfødde med innvandrarforeldre er heile 37 prosent trongbudde. Det kan tyde på at mange unge med innvandrarforeldre bur i hushald som er spesielt utsette på bustadmarknaden.

Med lengre butid endrar biletet seg betydeleg. Innvandrarar frå EU, Nord-Amerika etc. med lang butid er nær gjennomsnittet som for befolkninga elles, medan ein stor del av innvandrarane frå Asia, Afrika etc. framleis bur trongt trass i lang butid.

11.4 Frivillig verksemd og deltaking i samfunnet

Ein viktig del av integreringspolitikken er å leggje til rette for at innvandrarar også deltek i samfunnslivet, til dømes i politikken eller i frivillige organisasjonar, men òg som tilsette i offentleg sektor.

Alle skal ha lik tilgang til offentlege tenester og institusjonar. Tenestene verkar inn på livskvaliteten og moglegheitene til det enkelte mennesket, og påverkar derfor føresetnadene for å delta i samfunnslivet. Offentlege tenester som er tilpassa behova til den enkelte, bidreg til å sikre at alle, uansett bakgrunn og føresetnader, får like moglegheiter i samfunnet.

Prosentdelen tilsette innvandrarar i ulike yrke kan seie noko om føresetnaden for at tenestene er tilpassa mangfaldet i befolkninga. Dette er særleg viktig i tenester som utøver myndigheit overfor andre. Representasjon av ulike grupper i tenestene har òg betydning for opplevinga av tillit til dei.

11.4.1 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av basispersonale i barnehagane

Basispersonalet omfattar barnehagelærarar, anna pedagogisk personale, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar. Det er dei som har den daglege oppfølginga av barna. Talet på basispersonale i barnehagar i 2014 var 88 800. I underkant av 9 prosent av dei var menn. I 2014 utgjorde basispersonale med innvandrarbakgrunn 13,3 prosent Av dei var berre 0,6 prosent norskfødde med innvandrarforeldre. Prosentdelen av basispersonalet som er menn med innvandrarbakgrunn, er litt høgare enn tilsvarande for kvinner – 15 prosent mot 13 prosent. Dei siste tre åra har prosentdelen av basispersonalet med innvandrarbakgrunn auka svakt. Det kjem hovudsakleg av ein auke i prosentdelen innvandrarkvinner.

Figur 11.21 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av basispersonale i barnehagane, 2012–2014. Prosent.

Figur 11.21 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av basispersonale i barnehagane, 2012–2014. Prosent.

11.4.2 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av undervisningspersonalet i grunnskolar og vidaregåande skolar

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer 15,6 prosent av totalbefolkninga. Dette er ikkje spegla i prosentdelen tilsette i skolen.

Prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn er litt høgare for fylkeskommunale vidaregåande skolar enn for dei kommunale grunnskolane men ikkje tilsvarande del av befolkninga. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein svært liten del av dei tilsette. Prosentdelen med innvandrarbakgrunn blant det mannlege undervisningspersonalet i kommunale grunnskolar er litt høgare enn blant dei kvinnelege. I fylkeskommunale vidaregåande skolar er det motsett, her er prosentdelen med innvandrarbakgrunn blant det kvinnelege undervisningspersonalet høgare enn blant det mannlege. Både i dei kommunale grunnskolane og i dei fylkeskommunale vidaregåande skolane har det vore ein svak vekst i prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste tre åra.

Figur 11.22 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av undervisningspersonale i grunnskolar og vidaregåande skolar, 2012–2014. Prosent.

Figur 11.22 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre av undervisningspersonale i grunnskolar og vidaregåande skolar, 2012–2014. Prosent.

Tala inkluderer både hovud- og biarbeidsforhold.

11.4.3 Delen personar med innvandrarbakgrunn som er tilsette i staten

Statsadministrasjonen, eller det statlege tariffområdet, omfattar departementa og dei underliggjande etatane. Prosentdelen tilsette i det statlege tariffområdet som har innvandrarbakgrunn, har auka jamt dei siste åra: 1,4 prosentpoeng frå 2011 til 2014 for tilsette med bakgrunn frå landgruppe 1 (EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand) og landgruppe 2 (Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA, Oseania utanom Australia og New-Zealand), og 0,7 prosentpoeng for tilsette med bakgrunn frå landgruppe 2. For dei siste har prosentdelen menn auka frå 4,3 prosent i 2013 til 4,4 prosent i 2014 og prosentdelen kvinner frå 4,7 prosent i 2013 til 4,8 prosent i 2014.

11.4.4 Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre innan politi og påtalemakta og retts- og fengselsvesenet

I 2014 hadde 4,4 pst. av dei tilsette i politi- og påtalemakta innvandrarbakgrunn, mot 4,1 pst. i 2013. Av dei tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta var 369 menn og 429 kvinner, totalt 798 personer. 318 av dei hadde bakgrunn frå Asia, 78 frå Afrika og 213 frå Aust-Europa. Av alle med innvandrarbakgrunn utgjorde innvandrarar 80 prosent og norskfødde med innvandrarforeldre 20 pst. Som det går fram av figur 11.23, har det vore ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn sidan 2005.

I 2014 hadde 3,7 pst. av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet innvandrarbakgrunn, ein nedgang frå 3,8 pst. i 2013. Av desse var 146 menn og 145 kvinner, totalt 291 personer. 97 av dei tilsette i retts- og fengselsvesenet hadde bakgrunn frå Asia, 24 frå Afrika, medan 88 hadde bakgrunn frå Aust-Europa. Totalt sett har delen innvandrarar auka sidan 2006, da 1,9 pst. av dei tilsette hadde innvandrarbakgrunn. Av alle med innvandrarbakgrunn utgjorde innvandrarar 89 pst. og norskfødde med innvandrarforeldre 11 pst.

I 2014 hadde 3,8 pst. av dei tilsette i kriminalomsorga (fengselsvesenet) innvandrarbakgrunn. Av desse var 122 menn og 94 kvinner, totalt 216 personer. Av alle med innvandrarbakgrunn utgjer innvandrarar 87 pst. og norskfødde med innvandrarforeldre 23 pst. 74 pst. av dei tilsette med innvandrarbakgrunn i retts- og fengselsvesenet er tilsett i kriminalomsorga, medan 13 pst. er tilsett i rettsvesenet.

Figur 11.23 Tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i retts- og fengselsvesenet, i prosent av tilsette.

Figur 11.23 Tilsette med innvandrarbakgrunn i politi- og påtalemakta og i retts- og fengselsvesenet, i prosent av tilsette.

11.4.5 Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i barnevernet

I 2014 hadde i alt 1 071 tilsette i barnevernet innvandrarbakgrunn. Dette utgjer om lag 6,8 prosent av den totale delen tilsette i barnevernet (15 703). Delen tilsette menn med innvandrarbakgrunn utgjer om lag 11,4 prosent (472) mot 26,3 prosent i befolkninga samla (4 125). Delen tilsette kvinner med innvandrarbakgrunn utgjer om lag 5,2 prosent (599) mot 73,7 prosent i befolkninga samla (11 578).

Frå 2007 til 2012 var det ein auke i delen tilsette med innvandrarbakgrunn i barnevernet frå 4,7 prosent 6,7 prosent. I 2013/2014 har delen tilsette med innvandrarbakgrunn vore uendra på 6,8 prosent.

11.4.6 Delen tilsette innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.

Arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn utgjer i 2014 8,6 prosent av alle arbeidstakarar innan kultur- og mediesektoren. 4,7 prosent er kvinner og 3,9 prosent menn. Resultata viser ein liten auke frå 2013 og 2012, da arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren utgjorde 8,3 prosent og 8,1 prosent.

Figur 11.24 Arbeidstakar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.

Figur 11.24 Arbeidstakar med innvandrarbakgrunn innan kultur- og mediesektoren.

11.4.7 Delen som søkjer statsborgarskap, av dei som fyller kravet til butid i statsborgarlova

Å skifte til norsk statsborgarskap gir utvida moglegheit til å delta i demokratiske prosessar, som å stemme ved stortingsval. Overgang til eit anna statsborgarskap ved søknad blir kalla naturalisering. Naturaliseringsraten er definert som talet på årlege naturaliseringar per 100 busette med utanlandsk statsborgarskap. Generelt seier naturaliseringsraten noko om kor mange det er av dei som eit gitt år kan ta norsk statsborgarskap, som faktisk har gjort det dette året. SSB har gitt ut ein rapport som viser naturaliseringsraten for innvandrarar for alle åra 1977–2013. Tala frå SSB viser at naturaliseringsraten har gått ned dei siste åra. I 2011 var naturaliseringsraten 6,8, i 2013 var det tilsvarande talet 4,4.

Naturaliseringsraten varierer mykje etter innvandringsgrunn. Ikkje-nordiske arbeidsinnvandrarar har låg naturaliseringsrate, medan flyktningar har langt høgare rate enn dei som har innvandra av andre årsaker. Dette går fram av figur 11.25.

Figur 11.25 Årleg overgang til norsk statsborgarskap, etter innvandringsgrunn. Innvandrarar med minst sju års butid.

Figur 11.25 Årleg overgang til norsk statsborgarskap, etter innvandringsgrunn. Innvandrarar med minst sju års butid.

Tala frå SSB viser at blant alle innvandrarar som var busette i Noreg i 2013, og som har vore busette i minst sju år i perioden 1977–2013, er det i alt 55 prosent som har skifta til norsk statsborgarskap. Det tilsvarande talet i 2011 var 63 prosent.

I 2011 var naturaliseringsraten for kvinner 10,5 og for menn 8,6. Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som har vore i Noreg i minst sju år, er raten relativt lik for kvinner og menn, med unntak av dei som kom frå Afrika. Raten blant kvinner frå Afrika har sidan slutten av 1990-talet vore langt høgare enn for menn.

11.4.8 Del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som røysta ved siste stortingsval

Høg valoppslutning er viktig for at eit representativt demokrati skal fungere. Det er også viktig at alle gruppa deltek i nasjonale og lokale folkevalde organa fordi dette bidrar til at de kan i større grad påverka sin eiga kvardag.

Deltakinga ved stortingsval blant personar med innvandrarbakgrunn er langt lågare enn i befolkninga elles. Deltakinga har lege stabilt på rundt 50 prosent ved dei fire siste stortingsvala, medan ho har auka noko for befolkninga totalt.

Valdeltakinga varierer mykje etter landbakgrunn. Ved førre stortingsval deltok 55 prosent av dei med europeisk bakgrunn, men med store skilnadar innan gruppa. Personar med bakgrunn frå Danmark, Sverige og Tyskland deltok om lag likt med befolkninga elles. Personar med bakgrunn frå Balkan hadde ved vala i 2005, 2009 og 2013 ei mykje lågare deltaking – berre rundt ein tredjedel av dei med stemmerett deltok.

Av dei med landbakgrunn utanfor Europa var det høgast deltaking blant personar med bakgrunn frå Sri Lanka, Somalia og Eritrea, alle med om lag 60 prosent.

Kvinnene nytta stemmeretten i litt høgare grad enn menn. 55 prosent av kvinnene med innvandrarbakgrunn deltok ved stortingsvalet i 2013, til samanlikning deltok 50 prosent av mennene. For nokre enkeltland er skilnadene særleg store. Blant personar med innvandrarbakgrunn frå Somalia deltok 66 prosent av kvinnene, mot berre 51 prosent av mennene.

Figur 11.26 Stortingsval. Valdeltaking i prosent i utvalte av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med norsk statsborgarskap. Etter landbakgrunn og kjønn. Prosent.

Figur 11.26 Stortingsval. Valdeltaking i prosent i utvalte av innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med norsk statsborgarskap. Etter landbakgrunn og kjønn. Prosent.

12 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

I tilknyting til budsjettproposisjonen for 2016 er det sett opp tre standardtabellar med følgjande nøkkeltal for Likestillings- og diskrimineringsombodet, Forbrukarrådet og SIFO:

Tabell 1. Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell 2. Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike kjeldene.

Tabell 3. Verksemdas kontantbehaldningar per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Formålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

12.1 Likestillings- og diskrimineringsombodet

Tabell 12.1 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2012

2013

2014

2015

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

40 902 781

40 995 270

39 624 241

45 761 000

Varer og tenester

14 066 830

11 837 960

17 439 863

15 814 000

Sum driftsutgifter

54 969 611

52 833 230

57 064 104

61 575 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

134 792

0

-316 938

0

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

134 792

0

-316 938

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum utgifter

55 104 403

52 833 230

56 747 166

61 575 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

1 951 620

1 834 167

1 798 003

988 000

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

1 951 620

1 834 167

1 798 003

988 000

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmidlar

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

54 347 000

54 140 000

54 035 000

53 981 000

Andre innbetalingar

3 413 969

2 704 742

1 111 341

1 144 000

Sum overføringar til verksemda

57 760 969

56 844 742

55 146 340

55 125 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum inntekter

59 712 589

58 678 909

56 944 343

56 113 000

Netto endring i kontantbehaldninga

4 608 186

5 845 679

119 761

-5 462 000

Tabell 12.2  Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2012

2013

2014

2015

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

54 347 000

54 140 000

54 035 000

53 981 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

54 347 000

54 140 000

54 035 000

53 981 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale -organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter m.m.

Oppdrag frå statlege verksemder

3 294 848

2 507 855

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkes-kommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

2 070 741

2 031 054

2 909 344

2 132 000

Sum oppdragsinntekter m.m.

5 365 589

4 538 909

2 909 344

2 132 000

Sum inntekter

59 712 589

58 678 909

56 944 343

56 113 000

Tabell 12.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

2012

2013

2014

Endring

Beløp i NOK

2012–2013

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

10 686 141

16 531 820

16 412 059

119 761

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

10 686 141

16 531 820

16 412 059

119 761

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar m.m.

3 370 063

3 261 359

3 319 362

-58 003

Skattetrekk og offentlege avgifter

2 864 415

2 869 058

2 944 763

-75 705

Gjeld til leverandørar

770 298

-201 768

473 110

-674 878

Gjeld til oppdragsgivarar

-558 104

246 873

-625 126

871 998

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

1 441 132

1 806 664

1 423 561

383 103

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

7 887 804

7 982 185

7 535 670

446 515

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ ikkje spesifiserte formål

2 798 337

8 549 635

8 876 389

-326 754

Fri verksemdskapital

0

0

0

0

Sum andre avsetjingar

2 798 337

8 549 635

8 876 389

-326 754

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

10 686 141

16 531 820

16 412 059

119 761

12.2 Forbrukarrådet

Tabell 12.4 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2012

2013

2014

2015

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

85 834 719

84 894 714

86 553 211

98 292 200

Varer og tenester

29 289 519

36 043 266

37 886 710

57 997 350

Sum driftsutgifter

115 124 237

120 937 980

129 439 922

156 289 550

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

5 449 856

2 729 217

2 543 658

2 370 000

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

5 449 856

2 739 217

2 543 658

2 370 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

387 000

200 000

200 000

200 000

Sum overføringar frå verksemda

387 000

200 000

200 000

200 000

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

21 938

1 637

25 099

10 000

Sum finansielle aktivitetar

21 938

1 637

5 099

10 000

Sum utgifter

120 983 032

123 878 835

127 208 679

158 869 550

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

2 163 771

5 594 453

1 497 171

236 460

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

2 645 174

4 373 462

3 180 721

3 000 000

Andre driftsinntekter

194 386

137 292

1 138 996

0

Sum driftsinntekter

5 003 331

10 105 206

5 816 888

3 236 460

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmidlar

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

114 771 000

119 273 274

125 720 363

142 530 000

Andre innbetalingar

4 477 503

2 353 050

1 562 470

3 828 090

Sum overføringar til verksemda

119 248 503

121 626 324

127 282 833

146 358 090

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar (f.eks. innbetaling av rente)

732

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

732

0

0

0

Sum inntekter

124 252 566

131 731 530

128 312 000

149 594 550

Netto endring i kontantbehaldninga

3 269 534

7 852 696

-1 104 000

-9 275 000

Tabell 12.5 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2012

2013

2014

2015

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

117 671 000

119 273 274

125 004 123

142 530 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

516 240

716 240

1 871 090

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

117 671 000

119 789 514

125 720 363

144 401 090

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

116 240

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

1 649 511

1 699 946

1 963 761

1 957 000

Sum bidrag

1 765 751

1 699 946

1 963 761

1 957 000

Oppdragsinntekter m.m.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Refusjonar

2 645 174

4 373 462

3 180 721

3 000 000

Andre inntekter og tidsavgrensingar

2 170 641

5 868 609

2 234 876

236 460

Sum oppdragsinntekter m.m.

4 815 815

10 242 071

5 415 597

3 236 460

Sum inntekter

124 252 566

131 731 530

133 099 721

149 594 550

Tabell 12.6 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

2012

2013

2014

Endring

Beløp i NOK

2013–2014

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

17 452 090

25 304 192

31 195 234

5 891 042

Behaldning på andre bankkonti

-594

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

17 451 496

25 304 192

31 195 234

5 891 042

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar m.m.

7 033 115

7 214 519

7 108 376

-106 143

Skattetrekk og offentlege avgifter

5 725 188

5 973 348

6 214 221

240 873

Gjeld til leverandørar

2 799 702

3 509 608

2 033 540

-1 476 068

Gjeld til oppdragsgivarar

775 301

778 423

1 499 761

721 338

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

1 703 449

4 516 444

6 307 007

1 790 563

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

18 036 756

21 992 342

23 162 905

1 170 563

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større, fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål

-714 959

-741 169

-1 784 088

-1 042 919

Fri verksemdskapital

239 925

4 053 020

9 816 418

5 763 398

Sum andre avsetjingar

-475 034

3 311 851

8 032 330

4 720 479

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

-110 225

-1

-1

0

Sum langsiktig gjeld

-110 225

-1

-1

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

17 451 496

25 304 192

31 195 234

5 891 042

12.3 Statens institutt for forbruksforsking

Tabell 12.7 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2012

2013

2014

2015

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

29 437 046

29 401 533

25 478 812

26 400 000

Varer og tenester

16 204 132

17 099 236

14 421 325

13 000 000

Sum driftsutgifter

45 641 178

46 500 769

39 900 137

39 400 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

0

0

0

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

2 000

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

2 000

Sum utgifter

45 641 178

46 500 769

39 900 137

39 402 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

969 324

842 670

905 997

700 000

Andre driftsinntekter

0

0

0

Sum driftsinntekter

969 324

842 670

905 997

700 000

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmidlar

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

27 879 000

30 049 000

26 557 000

27 013 000

Andre innbetalingar

18 256 168

15 841 686

10 984 292

9 300 000

Sum overføringar til verksemda

46 135 168

45 890 686

37 541 292

36 313 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum inntekter

47 104 492

46 268 182

38 447 289

37 013 000

Netto endring i kontantbehaldninga

1 463 314

-232 587

-1 452 848

-2 389 000

Tabell 12.8 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2012

2013

2014

2015

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

27 879 000

30 049 000

26 557 000

27 013 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

11 184 051

12 130 943

7 201 631

8 000 000

Sum løyvingar til statsoppdraget

39 063 051

42 179 943

33 758 631

35 013 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

4 264 967

1 000 000

Bidrag frå private

6 687 699

2 939 396

423 691

1 000 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

1 353 742

1 148 843

4 688 658

2 000 000

Sum bidrag

8 041 441

4 088 239

4 264 967

1 000 000

Oppdragsinntekter m.m.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

0

0

0

0

Sum oppdragsinntekter m.m.

0

0

0

0

Sum inntekter

47 104 492

46 268 182

38 447 289

37 013 000

Tabell 12.9 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

2012

2013

2014

Endring

Beløp i NOK

2013–2014

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

18 741 099

18 508 512

17 055 665

-1 452 848

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

18 741 099

18 508 512

17 055 665

-1 452 848

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar m.m.

2 810 874

2 828 894

2 350 577

-478 317

Skattetrekk og offentlege avgifter

2 436 771

1 976 471

1 797 840

-178 631

Gjeld til leverandørar

-4682

0

1 506 779

1 506 779

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

4 126 248

5 138 374

3 621 826

-1 516 549

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

9 369 211

9 943 739

9 277 022

-666 718

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større, fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

1 250 000

0

0

1 250 000

Andre avsetjingar til vedtekne formål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

1 250 000

0

0

1 250 000

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål / ikkje spesifiserte formål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

8 121 888

8 564 773

7 778 643

-786 130

Sum andre avsetjingar

8 121 888

8 564 773

7 778 643

-786 130

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

18 741 099

18 508 512

17 055 665

-1 452 848

Fotnotar

1.

Personar som utførte inntektsgivande arbeid som varte minst ein time i referanseveka, og personar som har eit slikt arbeid, men som var fråverande på grunn av sjukdom, ferie, lønt permisjon eller liknande. Personar som er inne til førstegongs militærteneste er rekna som sysselsette. Kjelde: SSB.

2.

Dette er arbeidsføre personar som søkjer inntektsgivande arbeid ved Nav og elles er disponible for det arbeidet som blir søkt. I tillegg må desse personane ha vore utan inntektsgivande arbeid dei siste to vekene. Deltakarar på arbeidsmarknadstiltak blir ikkje rekna som registrerte ledige.

3.

Falch, Borge, Lujala, Nyhus og Strøm (2010): Årsaker til og konsekvenser av manglende fullføring av videregående opplæring. SØF-rapport nr. 03/10.

4.

«Minoritetsspråklege barn» er definert som barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk, med unntak av dei som har samisk, svensk, dansk eller engelsk som morsmål.

5.

NOU 2009: 18 Rett til læring

6.

Vedvarande låginntekt er her målt som gjennomsnittsinntekt under låginntektsgrensa over ein periode på tre år.

7.

SSB, tal for perioden 2011–2013

8.

«EU, Nord-Amerika etc.» er ei forkorting for EU/EØS-land, USA, Canada, Australia og New Zealand. Inkluderer også Sveits.

9.

«Afrika, Asia etc.» er ei forkorting for Asia (inkl. Tyrkia), Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Oseania utanom Australia og New Zealand, og Europa utanom EU/EØS.

Til forsida