Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Om klima- og miljøutfordringane

Det er brei semje om at det å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Miljøutfordringane påverkar menneska si helse, livsgrunnlag og verdiskaping. Samtidig er det menneska som er årsak til miljøutfordringane gjennom våre forbruks- og ressursmønster. Global utsleppsvekst ser ut til å avta, dei siste åra har auken vore under 1 pst. per år, langt svakare enn gjennomsnittet sidan 2000. I følgje Det internasjonale energibyrået (IEA) har globale energirelaterte CO2-utslepp ikkje auka sidan 2013. Det er positivt, særleg i lys av at den globale økonomiske veksten har vore robust i same periode. Verda satsar no på fornybar energi. For berre få år sidan var det kolkraft som dominerte investeringane i global elektrisitetsproduksjon. Dei siste åra er det for første gongen fornybare kjelder som sol og vind som dominerer. Ifølgje IEA var 90 pst. av ny kraftforsyning i 2015 basert på fornybar energi. I ein global samanheng er det òg samfunnsøkonomisk lønsamt å setje inn effektive og ambisiøse tiltak no, samanlikna med å vente og dermed måtte ta større kostnadar seinare.

Oppvarming av klimasystemet er utvetydig, og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Dei siste åra har det vore ein kraftig global temperaturauke. Kvar einaste månad frå mai 2015 til og med juli 2016 har sett ny global månadsrekord, ifølgje data frå USA-baserte National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA). Første halvår 2016 var global gjennomsnittstemperatur om lag ein grad Celsius varmare enn gjennomsnittet for same perioden i det førre hundreåret. Over landområda var det meir enn 1,5 grader varmare enn normalt.

Dei norske klimagassutsleppa var i 2015 på 53,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar ifølgje foreløpige tal frå Statistisk sentralbyrå, ein auke på 1,5 prosent samanlikna med 2014. Det er hovudsakeleg oppgang i karbondioksidutslepp frå olje- og gassutvinning og industri som er grunnen til auken.

Gjennom klimaforliket på Stortinget vart det slått fast kva som er hovudutfordringane i klimapolitikken, kva mål vi skal nå og ei rekkje verkemiddel. Behandlinga av Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU stadfesta mål og særskilte innsatsområde mot 2030. For å nå måla må sektorane i samfunnet sjølve ta ansvar.

Endringar i klima skaper nye utfordringar for samfunnet. Store nedbørsmengder fører til overfløyming og jordras, skadelege framande arter klarer å tilpasse seg i den norske naturen og jordbruksavlingar får skader som følgje av eit våtare og varmare klima. Samfunnet må prioritere arbeidet med å tilpasse seg klimaendringane.

Tap av naturmangfald er både ei nasjonal og internasjonal utfordring. Verda over er økosystema til dels så belasta av negativ påverknad at dei ikkje lenger leverer dei godene eller held ved lag dei naturlege prosessane som menneske er avhengige av. Også i Noreg er det risiko for tap av naturmangfald, særleg som følgje av arealinngrep og arealbruksendringar. Ein føresetnad for å lukkast med det grøne skiftet er å ta vare på naturmangfaldet for noverande og kommande generasjonar. Dei viktigaste grepa for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg er spegla i dei tre nasjonale måla om å sikre god tilstand i økosystema, ta vare på truga arter og naturtypar og å sikre eit representativt utval av norsk natur. Gjennom vern og berekraftig bruk skal vi sikre naturens leveransar av naturgode for framtida.

Noreg har eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Aktivitetane i nord må tilpassast det naturen kan tole. Vi må òg ta omsyn til at naturen i Arktis kjem under stadig sterkare press, mellom anna som følgje av klimaendringar.

Eit reint miljø er ein føresetnad for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er difor avhengig av eit reint miljø. Helse- og miljøskadelege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Noreg gjer ein særskilt innsats for å stanse bruk og utslepp av prioriterte miljøgifter innan 2020.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider. Kulturminne og kulturmiljø er ressursar som ikkje kan fornyast. Dei representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdia og er ein viktig kjelde til kunnskap og opplevingar. Dei har betydning for identiteten, trivselen og sjølvforståinga til enkeltmenneska, og er ein ressurs i utviklinga av gode lokalsamfunn og gode næringar.

I dag er breidda stor og verkemidla i kulturminnearbeidet mange, men i eit samfunn der endringstempoet er høgare enn nokon gong, blir det stilt store krav til at forvaltninga skal vere tydeleg og føreseieleg. Dette gjeld særleg i og omkring dei store byane. Samstundes kan nye miljøutfordringar verke direkte inn på korleis samfunnet vernar dei kulturhistoriske verdiane sine.

Klima- og miljøutfordringane må løysast både nasjonalt og internasjonalt

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne regjeringas klima- og miljøpolitikk, og arbeider for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar. Forskning og auka kunnskap speler ei avgjerande rolle i dette arbeidet. Klima- og miljøforvaltninga skal vere kunnskapsbasert. Det inneber at forvaltninga må ha kunnskap om miljøtilstanden, påverknader og drivkrefter, tiltak og virkemiddel. Medan klima- og miljøforvaltninga har det overordna ansvaret for å å ha oversikt over miljøtilstanden, har alle sektorar eit sjølvstendig ansvar for å sikre at kunnskap om eigen påverknad på klima og miljø, samt kunnskap om moglege løsyingar og tiltak, blir ivareteke i forsking og anna kunnskapsproduksjon.

Kommunane og fylkeskommunane har ei nøkkelrolle i mange delar av klima- og miljøarbeidet. Dei er for eksempel lokal forureiningsstyresmakt, planansvarlege for utbygging i kommunane, eigarar av ei rekkje bygningar, vegar og infrastruktur, ansvarlege for handtering av kollektivtrafikk og avfall, og dei gjennomfører mange offentlege anskaffingar.

Folketalet i Noreg veks raskt, særleg i og rundt dei største byane. Det kan gi nye og forsterka miljøutfordringar, men urbanisering gir òg nye moglegheiter. Det er viktig å få til ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Luftkvalitet, bu- og bustadmiljø, transportløysingar, rekreasjon og friluftsliv er alle omsyn som må sjåast i samanheng. Fortetting ved kollektivknutepunkt vil redusere transportbehov og styrkje grunnlaget for klimavennlege transportformer som kollektivtransport, sykkel og gange. Redusert arealpress er positivt for ei rekkje klima- og miljøutfordringar.

Dei viktigaste miljøproblema – klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter – er globale. Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til suksess i klima- og miljøarbeidet. Våre innanlandske miljøutfordringar er ein del av dei samla globale utfordringane. Skal vi løyse dei internasjonale miljøproblema må vi samstundes løyse våre eigne. Internasjonalt samarbeid og betre teknologi har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene til vårt land av sur nedbør og samarbeid gjennom Montrealprotokollen har resultert i at ozonlaget no er i ferd med å bli tjukkare.

I desember 2015 vart Parisavtala under FNs klimakonvensjon vedteken. Avtala er eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet, og representerer, saman med klimakonvensjonen, eit solid rammeverk for den globale klimainnsatsen framover. Det overordna målet med Parisavtala er mellom anna å halde den globale auken i temperaturen godt under 2 grader celsius samanlikna med førindustrielt nivå, og søkje å avgrense temperaturauken til 1,5 grader. Med Parisavtala har alle statar teke på seg å oppdatere eller fornye sine nasjonalt fastsette bidrag kvart femte år, i tråd med prinsippa i avtala om at nye bidrag skal utgjere ein progresjon og høgste moglege ambisjon. Partane er ikkje juridisk bundne til å gjennomføre bidraga, men er forplikta til å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå sine nasjonalt fastsette bidrag. Dei nasjonalt fastsette bidraga som ligg til grunn for Parisavtala vil kunne innebere eit globalt utsleppsnivå på rundt 55 mrd. tonn CO2-ekvivalentar årleg i 2030, mens utviklingsbana i tråd med togradersmålet peiker mot eit nivå på utsleppa på om lag 40 mrd. tonn i 2030. Det er med andre ord behov for ei betydeleg styrking av innsatsen.

I september i 2015 vart FNs universelle berekraftsmål vedtekne av FNs generalforsamling. Måla rettleier FN og medlemslanda i arbeidet med global fattigdom, sosiale rettar og jobbar, klima og miljø fram mot 2030. Måla knyter miljø og klima inn i alle dei områda som er viktige for miljøtilstanden. Klimasaka krev brei framgang på berekraftig utvikling, mens varig velferd og utrydding av ekstrem fattigdom forutset at klimautfordringa løysast. Berekraftmåla og Parisavtala dannar ei viktig ramme for Noregs nasjonale og internasjonale miljøarbeid, og begge er omtala nærare i denne proposisjonen.

FNs konvensjon om biologisk mangfald er eit svar på verdssamfunnets bekymring over tapet av biologisk mangfald. Partslanda vedtok i 2010 dei såkalte Aichimåla for korleis verdas biologiske mangfald skal sikrast innan 2020. Desse måla er ramma for Noregs nasjonale og internasjonale arbeid på naturmangfaldområdet. Gjennomføring av Aichimåla har ein klar kobling til oppfølginga av FNs berekraftsmål.

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. FNs miljøprogram UNEP er ein sentral aktør for å bringe fram ny miljøkunnskap, utvikle internasjonal miljølovgiving og hjelpe land med gjennomføringa av nasjonal miljøpolitikk.

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk og internasjonale miljøkonvensjonar dannar ofte utgangspunkt for gjennomføring av eit meir ambisiøst regelverk i EU. Ein stor del av EUs miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala. Noreg deltek blant anna fullt ut i EUs klimakvotesystem. Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn betinga forpliktingar på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for at dette skal skje gjennom ei felles oppfylling av klimamåla.

Dei globale miljøutfordringane inneber at miljøomsyn bør bli innarbeidde i andre delar av det internasjonale samarbeidet òg, til dømes internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Klima- og miljødepartementet arbeider for at bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Det grøne skiftet og grøn konkurransekraft i Noreg er òg knytta til det grøne skiftet og arbeidet med ein sirkulær økonomi i Europa.

Sentrale prinsipp i miljøforvaltninga

I forvaltninga for eit berekraftig samfunn som tek vare på naturkapitalen står følgjande prinsipp sentralt:

  • Klima- og miljøpolitikken skal vere basert på kunnskap. Kunnskapsinnhenting frå nasjonale kjelder som forsking, kartlegging og overvaking (og synteser baserte på dette) står sentralt, men bidrag frå internasjonale kunnskapsprosessar som klimapanelet (IPCC) og Naturpanelet (IPBES) er også viktig.

  • Føre var-prinsippet som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet eller kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten.

  • Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

  • Forureinar betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har forureinaren òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare skal berast av tiltakshavaren. Kulturminnelova har føresegn om at tiltakshavar skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.

2 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde, og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar kva Noreg vil oppnå på området, og indikatorar for kvart mål som viser utviklinga over tid. Mål og indikatorar framgår av Miljøstatus.no.

Under følgjer ei nærare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla. Det er utvikla indikatorar for dei nasjonale måla som viser grad av måloppnåing. For nærare omtale av dette sjå www.miljøstatus.no.

2.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Boks 2.1 Miljø- og naturdata

Miljøstatus.no inneheld den nyaste informasjonen om miljøet sin tilstand og utvikling i Noreg. Miljøstatus i Noreg er utvikla av miljøforvaltninga, og Miljødirektoratet er ansvarleg redaktør. Fleire andre sektorar og forskingsinstitutt bidrar med data, herunder mellom anna Statistisk sentralbyrå, Norsk institutt for vassforsking, Norsk institutt for luftforsking, Norsk institutt for naturforsking og Norsk institutt for kulturminneforsking.

Ein meir detaljert status for dei nasjonale måla med indikatorar er presentert på www.miljostatus.no.

Naturindeksen for Noreg 2015 er basert på 301 indikatorar og viser tilstand og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema havbotn, opne vassmassar i havet, kystvatn-botn og kystvatn-vassmassane, elver og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturbetinga naturtypar i ope landskap. Alle forskingsinstitusjonar som arbeider med naturovervaking er involverte i arbeidet. I alt er 85 ekspertar involverte. For meir informasjon om Naturindeksen sjå http://www.miljodirektoratet.no/no/ Publikasjoner/2015/November-2015/ Naturindeks-for-Norge-2015/

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald, og har blant anna ansvaret for arbeidet med raudlistene og arbeidet med økologiske risikovurderingar av framande organismar. Artsdatabanken har ei sentral rolle i å samordne, og gjere data om naturmangfald tilgjengelege for ulike brukarar i forvaltninga og for allmenta. Talet på observasjonar i portalen «Artsobservasjoner» i regi av Artsdatabanken har no passert 14,9 millionar. Artsdatabanken har òg ansvaret for det norske Artsprosjektet.

For meir informasjon sjå: http://www.artsdatabanken.no/

Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Velfungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av planter. Naturen medverkar òg til verdiskaping og arbeidsplassar og opplevingar. Ein mangfaldig natur gir meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, blant anna klimaendringane.

Auka forbruk av naturressursar har gitt rom for blant anna større matproduksjon og høgare velstand for mange. Samtidig fører auka bruk av areal og naturressursar til eit betydeleg press på økosystema. Dette har ført til eit omfattande tap av naturmangfald og utarming av viktige økosystem. Biomangfaldkonvensjonen sin perioderapport Global Biodiversity Outlook 4 frå 2014 framhevar at dagens nivå på åtferd, konsum, produksjon og økonomiske insentiv ikkje kan foreinast med at økosystema skal kunne møte menneska sine framtidige behov. Klimaendringane forsterkar dei negative effektane på ein allereie pressa natur.

I Noreg påverkar klimaendringar allereie naturen negativt, særleg i havområda og i polare strøk. Arealbruk og omdisponering av areal er den faktoren som har størst påverknad på naturmangfaldet på land. Havforsuring og spreiing av framande organismar er andre faktorar som har stor negativ påverknad på naturmangfaldet.

Tilstanden i norske økosystem er generelt god, men Naturindeksen for Noreg (sjå omtale i boks 2.1) viser at det er utfordringar i fleire hovudøkosystem, blant anna i våtmark i lågareliggjande og kystnære strøk, i havområda ved Svalbard, i Nordsjøen og i Skagerrak og i ope lågland (kulturbetinga naturtypar) i Sør-Noreg.

For å hindre at arter og naturtypar i norsk natur blir utrydda må vi ha spesiell merksemd på dei artene og naturtypane som er truga. Dette er arter og naturtypar der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei kan forsvinne frå norsk natur. Ein truga art eller naturtype er definert som ein art eller naturtype i ein av kategoriane kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på Norsk raudliste for arter 2015 eller Norsk raudliste for naturtypar 2011. Tabell 2.1 gir ein oversikt over truga arter og naturtypar i dei ulike hovudøkosystema.

Tabell 2.1 Talet på truga arter og naturtypar i hovudøkosystema

Hovedøkosystema i Noreg

Talet på truga arter

Talet på truga naturtypar

Hav og kystvatn

45

5

Elvar og innsjøar

166

5

Våtmark

174

11

Skog

1135

9

Fjell

83

1

Kulturlandskap (ope lågland)

1119

9

Polare område (Svalbard)

46

Vern er eit godt verkemiddel for å ta vare på truga naturtypar og arter. Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det er ei prioritert oppgåve å oppretthalde tilstanden i desse områda ved god forvaltning. Om lag 17 pst. av fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat eller landskapsvernområde. Omtrent 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta av nasjonalpark- og verneområdestyra som består av representanter frå kommunar og fylkeskommunar som blir berørte av verneområdet, i tillegg til representanter oppnemt av Sametinget der det er aktuelt.

Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Om lag 35 pst. av arealet over 900 meter over havet er verna. Det finst naturtypar i fjellet som treng betre vern, men i hovudsak reknar ein målet om representativt vern av fjellet som oppnådd. 6,4 pst av skogen, under dette 2,9 pst. av den produktive skogen, er no verna. Det er eit mål å verne 10 pst. av det totale skogarealet. Så sjølv om det er verna mye skog dei siste åra, har vi framleis eit stykke igjen for å nå dette målet. Produktiv skog har som hovudregel det største naturmangfaldet, så det blir arbeida vidare for å verne slik skog. 15,7 pst. av våtmark, 13,6 pst. av elvar og innsjøar og 12,1 pst. av områda i ope lågland, under dette kulturlandskapet, er verna. Sjølv om omfanget av verna areal gir relativt god dekning for desse tre hovudøkosystema, er det framleis behov for å verne fleire naturtypar. 2,6 pst. av hav og kystvatn er verna. Her er det langt igjen før målet om representativt vern er oppnådd.

2.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av samfunnet sitt kollektive minne. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnet si utvikling, om enkeltmennesket sitt liv og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og samfunnet gjennom tidene. Kulturminnepolitikken skal forvalte dei kulturhistoriske verdiane som eit kulturelt og miljømessig ressursgrunnlag for morgondagens samfunn.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer verdiar som gir stader særpreg og eigenart, og er ein ressurs i utvikling av gode lokalsamfunn og gode næringar. Eksempel viser at lokalsamfunn som tek i bruk kulturarven, skaper ei rekkje moglegheiter for befolkninga. Kulturarv kan vere eit konkurransefortrinn ved val av bustad, ved etablering av verksemder og ved utvikling av reiseliv. Kulturarv kan òg medverke til å skape attraktive miljø for utviklinga av ulike kultur- og tradisjonsprodukt innanfor for eksempel handverkstradisjonar, kunsthandverk og lokale matvarer.

I St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner vart det lagt fram ein opptrappingsplan for å nå dei nasjonale miljømåla om at freda kulturminne skal setjast i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. I oppfølginga av meldinga har KLD organisert arbeidet i ti bevaringsprogram. I Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste som blei behandla i juni 2013, heldt eit samla Storting ved lag ambisjonane og måla frå Leve med kulturminner.

Til trass for vesentleg styrking av dei statlege tilskotsordningane, er situasjonen i dag til dels prega av etterslep i istandsetjingsarbeidet. Dette bildet varierer likevel frå program til program. Istandsetjingsprogrammet for stavkyrkjer er sluttført i tråd med målet slik at innsatsen no kan konsentrerast om det fortløpande vedlikehaldet. Utfordringane m.o.t. etterslep er størst innanfor programmet for freda kulturminne i privat eige.

I statsbudsjettet for 2016 varsla Klima- og miljødepartementet at dei 10 bevaringsprogramma ville bli gjennomgått og realitetsorientert for eventuelt å endre dei nasjonale måla med verknad frå 2017. Dette som følgje av eit stort og aukande etterslep på fleire av bevaringsprogramma. Det er store variasjonar mellom programma med omsyn til status/etterslep.

Dagens nasjonale mål på kulturminneområdet har ei sterk objekt- og tilstandsorientering. Måla vart sett i ein periode då behovet for ei sterk omprioritering av innsatsen var avgjerande for å unngå at viktige kulturhistoriske verdiar skulle gå tapt for alltid, for å etterleve internasjonale forpliktingar og for å kunne oppfylle dei pliktene som følgjer av kulturminnelova. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med forslag til nye nasjonale miljømål for kulturminnefeltet i Statsbudsjettet for 2018. Dei nye måla vil både ta vare på behovet for istandsetjing, vedlikehald og høg fagleg standard på det antikvariske arbeidet, og samfunnsnytten med å ta vare på kulturarven.

Gjennom kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga skal kulturminneportalen utviklast vidare for å sikre eit solid kunnskapsgrunnlag for ei effektiv oppfølging av statlege forpliktingar, for politikkutvikling og for målretta bruk av ressursane på kulturminneområdet. Vidareutvikling av kulturminneportalen er eit viktig bidrag for å nå dei nasjonale måla gjennom auka kunnskapsgrunnlag. Den vil styrkje avgjerdsgrunnlaget i forvaltninga og medverke til å standardisere, forenkle og effektivisere arbeidsprosessar på tvers av forvaltningsnivåa.

Ein del kommunar har oppdatert oversikt over eigne verneverdige kulturminne og kulturmiljø. 186 kommunar har ei slik oversikt i dag. Gjennom satsinga kunnskapsløftet, som skjer i regi av Riksantikvaren, vil fleire kommunar få betre kunnskap om dette, og tapet av verneverdige kulturmidlar kan reduserast.

Som oppfølging av Meld. St. 35 (2012–2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken har Klima- og miljødepartementet sett i gang ei mangeårig satsing for oppfølging av verdsarvkonvensjonen med sikte på å auke kunnskapen om verdsarvkonvensjonen og styrkje den lokale forankringa ved blant anna å etablere verdsarvsenter ved dei norske verdsarvområda. Så langt er det etablert verdensarvsenter ved tre av dei norske verdsarvområda, Bergkunsten i Alta, Vestnorsk fjordlandskap/Geiranger og Vegaøyan verdsarv. Arbeidet med ein plan for verdensarvsenter som vil liggje til grunn for prioritering av etablering av nye senter, vil bli ferdigstilt i løpet av hausthalvåret 2016. Klima- og miljødepartementet medverkar i eit internasjonalt samarbeid gjennom ei avtale over seks år (2016–2021) med IUCN og Iccrom om kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen.

Kulturminnefondet er Klima- og miljødepartementets viktigaste verkemiddelordning for eigarar av verneverdige kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Midlane medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast om grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Gjennom målretta og systematisk arbeid har kulturminneforvaltninga lagt vekt på vern gjennom bruk, då dette er den beste forvaltninga av kulturminna. Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs, medverkar til positiv utvikling av byar og stader. Kulturminneforvaltninga er ikkje næringsutviklar, men kan leggje til rette for at andre aktørar kan drive næringsutvikling i tilknyting til kulturminna.

Dei fleste norske byar og stader har ein struktur – planlagt eller ikkje – som er prega av behov og ønskjer frå tidlegare tider. Det gjeld anten dei opphaveleg kan sporast tilbake til mellomalder eller seinare. Både dei enkelte kulturminna og samansette kulturmiljø medverkar sterkt til lokalt særpreg og attraktivitet.

2.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Friluftslivet sin posisjon skal bli teken vare på og utvikla vidare gjennom ivaretaking av allemannsretten, bevaring og tilrettelegging av viktige friluftslivsområde og stimulering til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar, og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurte arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Friluftslivet har ei sterk stilling i Noreg. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sitt liv.

Undersøkingar viser at forutan å få trim og bli i betre fysisk form er det først og fremst fred og ro, naturoppleving og det å komme ut i frisk luft folk ønskjer når dei går på tur. Ifølgje SSB si Levekårsundersøking 2014 deltok 94 pst. av den norske befolkninga i friluftslivsaktivitet i 2014. Aktivitetsnivået er høgt. I gjennomsnitt dreiv nordmenn med ein eller fleire friluftslivsaktivitetar 120 gonger i løpet av året. Fotturar er mest utbreidde, deretter følgjer utandørs bading.

Befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Befolkninga har likevel ein unik nærleik til grøntområde i høve til andre land vi kan samanlikne oss med.

Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen er gratis, er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Allemannsretten si sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Stadig fleire flytter til byar og tettstader, og då får naturen i og ved slike område ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar.

2.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Alle har rett til eit miljø som trygger helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir teken vare på.

Utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, og utslepp frå produkt vi omgir oss med og frå avfallsstraumar.

Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som i liten grad blir brotne ned i naturen og som kan hope seg opp i organismar og næringskjeder. Nivået i miljøet for enkelte miljøgifter er på veg ned og industriutsleppa er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land. Likevel er det behov for ein særleg innsats fram mot 2020 for å stanse bruk og utslepp av dei prioriterte miljøgiftene (www.miljostatus.no/prioritetslisten). Regjeringa la i 2015 fram ein handlingsplan for arbeidet med desse miljøgiftene.

Boks 2.2 Nærare om to av dei nasjonale måla for arbeidet med forureiningar

Forureining skal ikkje skade helse og miljø:

Forureining i denne samanhengen er å forstå som utslepp av stoff som kan gi skade på helse og/eller miljø, jf. definisjonar i forureiningslova. Det nasjonale målet dekkjer potensielt helse- og miljøskadelege forureiningar, også ved akutt forureining, der handtering og verkemiddelbruk i hovudsak er basert på risikovurderingar. Målet inneber at risiko for skade skal minimerast. Målet omfattar utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, langtransportert luftforureining og radioaktive stoff. Målet omfattar den delen av nullutsleppsmålet for petroleumsverksemd som gjeld oljekomponentar som ikkje er miljøfarlege, og tilsette kjemikaliar som ikkje har ibuande miljøfarlege eigenskapar, og naturleg førekommande radioaktive stoff.

Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast:

Nokre typar forureiningar eller stoff kan ha så alvorlege konsekvensar at dei i hovudsak blir handterte og regulerte etter sine ibuande eigenskapar. Utslepp av slike helse- og miljøfarlege stoff skal kontinuerleg reduserast med intensjon om å stanse utsleppa. Det langsiktige målet er å oppnå konsentrasjonar i miljøet nær bakgrunnsnivå for naturleg førekommande stoff og nær null for menneskeskapte stoff. For dei prioriterte miljøgiftene i den spesifikke prioritetslista, for tida vel 35 stoff og stoffgrupper, skal bruk og utslepp av desse miljøgiftene reduserast vesentleg med sikte på å stanse utslepp innan 2020. Målet omfattar òg nullutsleppsmålet for naturleg førekommande og tilsette miljøfarlege stoff frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemd, nokre radioaktive stoff, farleg avfall og radioaktivt avfall.

Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Forureinar betaler-prinsippet ligg til grunn for arbeidet med opprydding i slike gamle forureiningar, men tilskot med statlege midlar er òg aktuelt og nødvendig i samanhengar der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast, ikkje kan stå for ei god opprydding eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.

Frå petroleumsverksemda skal det som hovudregel ikkje sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande. Dette nullutsleppsmålet gjeld for heile den norske sokkelen.

Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller sikrast god nok nasjonal behandlingskapasitet. Nesten 95 pst. av det farlege avfallet i Noreg blir levert til godkjent behandling.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane vil auke på lang sikt om ein ikkje lykkast med å førebyggje avfall. Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad ved ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting.

Kunnskapen om marin forsøpling og mikroplast auker og denne miljøtrusselen har stor merksemd i Noreg og internasjonalt. Ei god avfallsbehandling er viktig for å førebyggje marin forsøpling.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til utfasing av bruk av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen, og det er no forbod mot å importere og å ta i bruk ozonreduserande stoff i Noreg. I tråd med avtala har Noreg framleis noko import av svært små mengder ozonreduserande stoff til spesielle formål. I desember 2015 bestemte partsmøtet under Montrealprotokollen at protokollen òg skal regulere klimagassane hydrofluorkarbon (HFK), og at detaljane for korleis dette skal skje skal forhandlast ferdig i løpet av 2016.

Internasjonale avtaler har redusert tilførslene av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover utan ytterlegare reduksjonar. Verdas Helseorganisasjon anslår at sju millioner menneske årleg dør for tidleg på grunn av luftforureining, av desse 400 000 i Europa. Nasjonalt har Noreg redusert sine utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid og flyktige organiske sambindingar i tråd med dei internasjonale forpliktingane. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for å overhalde forpliktingane.

Nivåa av svevestøv (PM10) viser ein nedgåande trend sidan 2004. Det er likevel eit stykke igjen til det gjeldande nasjonale målet. Det gjeldande nasjonale målet for svevestøv vart i 2015 overskride i fem byområde (Drammen, Grenland, Mo i Rana, Oslo og Stavanger). Dei fleste stadene har konsentrasjonane av nitrogendioksid (NO2) vore stabile gjennom det siste tiåret. Det gjeldande nasjonale målet for NO2 blir berre overskride i dei største byane. I 2015 gjaldt dette tre bykommunar (Bergen, Bærum og Oslo). Både for svevestøv og NO2 er det òg fastsett juridiske bindande grenseverdiar i forureiningsforskrifta. Grenseverdien for svevestøv vart stramma inn frå 1. januar 2016.

Boks 2.3 Nytt nasjonalt mål for lokal luftkvalitet

Regjeringa har endra det nasjonale målet for lokal luftkvalitet frå 1. januar 2017 i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i rapport M-129 «Grenseverdier og nasjonale mål – Forslag til langsiktige helsebaserte nasjonale mål og reviderte grenseverdier for lokal luftkvalitet».

Nytt nasjonalt mål for lokal luftkvalitet frå 1. januar 2017 er som følgjer:

Det er eit nasjonalt mål å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

  • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

  • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

  • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

Det nasjonale målet for lokal luftkvalitet har tidlegare vore knytt til høge forureiningsnivå over kortare periodar, men dei mest alvorlege helseeffektane oppstår ved langtidseksponering. Målet er derfor no knytt til årsmiddelkonsentrasjonar, og ikkje times- og døgnmiddelkonsentrasjonar.

I tillegg er PM2,5 teke inn i det nasjonale målet.Forsking viser at det er særleg negative helsekonsekvensar knytte til eksponering for desse minste partiklane.

Riksrevisjonen tilrådde i sin rapport Dokument 3:3 (2015–2016) om myndigheitene sitt arbeid med å sikre god luftkvalitet i byområde at Klima- og miljødepartementet burde forenkle målstrukturen for lokal luftkvalitet. Det eksisterer framleis grenseverdiar, nasjonale mål og luftkvalitetskriterium for PM10, PM2,5 og NO2. Luftkvalitetskriteria gjeld mange komponentar og er knytte til både times-/døgnverdiar og årsmiddelkonsentrasjonar. Det nye nasjonale målet for lokal luftkvalitet forenklar målstrukturen ved at nivåa er sett likt som nivåa i luftkvalitetskriteria. Det framhevar enkelte luftkvalitetskriterium som det er særleg ønskjeleg å leggje vekt på i det langsiktige arbeidet med lokal luftkvalitet.

Rapporteringa for 2015 gjeld måla som gjaldt då, og som vil gjelde fram til 1. januar 2017:

  • Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 7 dagar pr. år.

  • Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999 er redusert, men ikkje raskt nok sett opp mot målet for 2020. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag, og står for over 80 pst. av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar.

2.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har på vilkår tatt på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar. Regjeringas innsats på klimaområdet blir gjort både gjennom nasjonal klimapolitikk, i oppfølging av Parisavtala og i anna internasjonalt arbeid. Vidare omfattar resultatområdet internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012)) og i stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Innst. 211 S (2014–2015) til Meld. St. 13 (2014–2015)), energipolitikken mot 2030 (Innst. 401 S (2015–2016) til Meld. St. 25 (2015–2016)), og samtykke til ratifikasjonen av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016) til Prop. 115 S (2015–2016)).

I Statistisk sentralbyrås foreløpige utsleppsrekneskap var Noreg sine utslepp i 2015 på 53,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar, 0,7 mill. tonn høgere enn året før. Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 57 mill. tonn CO2-ekvivalenter, men har sidan blitt redusert noko. Utsleppa i 2014 var dei lågaste utsleppa sidan 1995, med unntak av i 2009. Dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg økonomisk vekst og folketalsvekst. Utsleppa per innbyggjar har gått ned frå 12,2 tonn i 1990 til 10,3 tonn i 2015, ein reduksjon på 15 pst. Dei samla utsleppa ligg likevel framleis 2,0 mill. tonn (3,9 pst.) over 1990-nivået. Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgt av industri og vegtrafikk. Sjå nærare i tabell 2.2.

Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar. mill. tonn CO2-ekvivalentar (foreløpige tal for 2015)

Mill. tonn 2015

Endring i pst.

Sidan 1990

2014–2015

Utslepp frå norsk territorum

53,9

3,9

1,5

Av dette:

Olje- og gassutvinning

15,1

82,8

2,3

Industri og bergverk

12,0

-38,9

3,1

Energiforsyning

1,7

311,5

-0,9

Oppvarming i andre næringar og hushald

1,3

-52,6

2,2

Vegtrafikk

10,3

32,2

0,8

Luftfart,sjøfart,fiske, motorreiskap m.m.

6,3

13,7

-0,3

Jordbruk

4,4

-9,7

1,7

Andre kjelder

2,9

6,4

-2,1

Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Regjeringa vil føre ein offensiv klimapolitikk for å redusere Noregs utslepp og har blant anna forsterka klimaforliket på ei rekkje område. Reduksjonar fram mot 2020 vil òg medverke til å nå dei meir langsiktige klimamåla. Samtidig vil ei rekkje tiltak som no blir sette i verk, først bli synlege i utsleppsreduksjonar på lengre sikt, og medverke både til 2030-målet og til målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990, i tråd med Stortingets klimaforlik frå 2008 og 2012. Det nasjonale målet er gjort operativt gjennom forpliktinga under Kyotoprotokollen om at dei gjennomsnittlege årlege utsleppa i perioden 2013–2020 ikkje skal vere høgare enn 84 pst. av 1990-nivået. Dette er det overordna klimamålet på kort sikt. I Innst. 401 S (2015–2016) stadfestar komiteen «at klimamålet for 2020 ligger fast, og at de innenlandske utslippene ikke skal overstige 45–47 millioner tonn CO2-ekvivalenter i 2020.» Referansebana som dette utsleppsmålet var basert på (Nasjonalbudsjettet for 2007), vart justert opp med 1,4 mill. tonn i april 2016. Justeringa skuldast at FN har endra metodane for å berekne utslepp av klimagassar. Endringane var allereie implementert i historiske utsleppstal og i framskrivingane, men for å få samanliknbare tal er det naudsynt òg å justere referansebana som ligg til grunn for 2020-målet. Tilsvarande intervall som komiteen viser til, blir da 46,6–48,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar.

Hausten 2015 passerte vi viktige milepælar som vil leggje rammer for norsk klimapolitikk i åra framover. I september ønskte EU velkommen Noregs intensjon om felles oppfylling av klimamåla for 2030, og i desember vart det oppnådd semje i Paris om ei internasjonal klimaavtale.

Parisavtala er eit gjennombrot for globalt klimasamarbeid og vil representere ei ny plattform for verdssamfunnets felles innsats for å hindre global oppvarming. Parisavtala vil utgjere ei ramme for nasjonal og internasjonal klimainnsats i tida framover. Reduserte utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland, kvotekjøp og kortliva klimaforureiningar er blant dei andre innsatsområda som Noreg prioriterer for å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt.

Regjeringa vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag til Parisavtalen for perioden 2021–2030, og komme tilbake til Stortinget med dette i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til moglege forsterka mål før dialogen om partane sin kollektive innsats for å redusere utslepp under klimakonferansen i 2018.

På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015–2016), har Stortinget vedteke at regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Frå 1. januar 2030 skal norske utslepp av klimagassar motsvararast av reduksjonar i andre land gjennom EUs kvotemarknad, internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid. Regjeringa følgjer opp dette vedtaket og vil komme tilbake til Stortinget på eit eigna tidspunkt med planane for gjennomføringa.

Som eit bidrag til Parisavtala har både Noreg og EU meldt inn betinga forpliktingar på minst 40 pst. reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for at dette skal skje gjennom ei felles oppfylling av klimamåla. Ei slik avtale mellom Noreg og EU vil innebere at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EU sitt kvotesystem (kvotepliktig sektor). Norge vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er naudsynt for å få til dette skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Ei avtale med EU vil innebere at Noreg får eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land. EU legg opp til at nokre av kutta kan gjennomførast ved kjøp av kvotar i EU sitt kvotesystem eller gjennomføring av klimatiltak i EU-land. Noreg vil gjere bruk av denne fleksibiliteten på lik linje med EU-land.

Ei nærare beskriving av Parisavtala og felles oppfylling er beskrive under del II, programkategori 12.20.

Målet om å avgrense den globale temperaturauken til to grader og søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 grader Celsius ligg til grunn for norsk klimapolitikk. Ifølgje FNs klimapanel utviklar dei globale utsleppa seg på ein måte som vil føre til at temperaturauken vil overstige to grader, og verda risikerer svært alvorlege, irreversible konsekvensar. Arbeidet med å bringe utsleppsutviklinga i tråd med det globale temperaturmålet føreset i realiteten at dei aller fleste landa må redusere sine utslepp samanlikna med nivået i dag. Dei største utsleppslanda må redusere eller avgrense utsleppa betydeleg.

Klima- og skogsatsinga er eit resultat av klimaforliket i 2008, og vart ført vidare i forliket i 2012. Klima- og skogsatsinga har som mål å nå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av tropisk skog. I 2017 er det venta at fleire av dei bilaterale partnarskapa i satsinga vil gå over i ein fase der tilskot blir utbetalte for reduserte utslepp av CO2 gjennom redusert skogdegradering og avskoging i tropiske skogland. Det er venta resultatbaserte utbetalingar til Brasil, Colombia og Guyana, potensielt også i Indonesia og Peru. Samarbeidet med Indonesia har hatt stor framgang i 2016, og dette er venta å halde fram i 2017. Hogstmoratoriet i naturskog er forlenga, og det er gjennomført viktige tiltak for å verne om skog på torvmyr. I land som Etiopia og Liberia er innsatsen framleis retta mot å betre skog- og arealforvaltninga, slik at denne medverkar til skogbevaring og berekraftig arealbruk. REDD+-innsatsen medverkar òg til berekraftig utvikling gjennom bl.a. betra rettar for urfolk og andre skogfolk og transparens i forvaltninga av skogen.

Det nasjonale målet for klimatilpassing er: «Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane». Klimaet endrar seg allereie, og endringane vil påverke både natur og samfunn. I Noreg er det venta mildare vêr og hyppigare og meir intens nedbør, som mellom anna kan gi større risiko for flaum og skred. Miljødirektoratet arbeider med å utarbeide indikatorar for å måle status for tilpassing til klimaendringane. Ei utfyllande omtale av status finst mellom anna i National Communication til Klimakonvensjonen i 2014.

Nye klimaframskrivingar presenterte i rapporten Klima i Norge 2100, gir oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario, og viser at vi med ein framhalden rask auke i klimagassutsleppa bl.a. må vente ein markant auke i temperaturen, og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane førekomme hyppigare og større, og på grunn av stigande havnivå vil fleire område som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida.

Rapporten viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli betydeleg mindre.

2.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Arktis og Antarktis har framleis store, tilnærma urørde naturområde, eit unikt og sårbart biologisk mangfald, ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Smeltande polis opnar samtidig for auka skipstrafikk og anna næringsverksemd.

Jan Mayen og territorialfarvatnet er freda som naturreservat.

Å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard er eitt av dei overordna måla for svalbardpolitikken. Ein har også i lengre tid hatt meir spesifikke mål for miljøvernet på Svalbard, og desse måla ligg fast, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. 65 pst. av landområdet og 87 pst. av territorialfarvatnet er freda som naturreservat og nasjonalparkar på Svalbard. Ein aktiv miljøpolitikk og eit effektivt regelverk skal sikre at Svalbard med tilgrensande hav- og drivisområde framleis skal vere lite påverka av lokal aktivitet, og halde fram med å vere eit stort, samanhengande villmarksområde. Samtidig må forvaltinga av Svalbards natur- og kulturminne ta omsyn til at både samfunna og miljøet på Svalbard er i endring, og leggje til rette for nødvendig omstilling og vidareutvikling i samsvar med målsetjingane.

Stigande temperatur, raskt minkande sjøis og meir nedbør fører med seg store endringar i økosystem og i livsvilkåra for arktiske arter. Dette gjeld særleg arter som har sjøisen som leveområde, slike som isbjørn og sel. På lengre sikt er det fare for at fleire arter vil forsvinne frå svalbardområdet. I tillegg kan nye hav- og kystområde bli isfrie, og betre tilgjenge kan føre til auka ferdsel og annan aktivitet og dermed ein ytterlegare påverknad på dyrelivet.

Samtidig er marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard identifisert som eit aukande problem. Søppelet finst i strandsona, på sjøbotnen og flytande i og under havoverflata – ofte som fragment og mikropartiklar. Det kan føre til alvorlege skadar på dyr.

På Svalbard, som i resten av landet, fører klimaendringane til auka risiko for skred og flaum, meir ekstremvêr og høgare stormflo på grunn av havnivåstiging. Kysterosjon vil kunne bli eit aukande problem, også for kulturminna. Det er difor viktig at areal- og samfunnsplanlegginga i planområda tek omsyn til klimaendringane.

Eit anna hovudmål er sikring av dei 100 viktigaste kulturminna som er lista opp i Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023. 50 av desse har særleg høg prioritet. Oppfølging og forvaltning av kulturminna kan vere tilsyn, sikring i arealplan, vedlikehald, forslag til fredning. For kulturminne med særleg høg kulturhistorisk og/eller opplevelsesmessig verdi vil det vere aktuelt å setje i gang førebyggjande tiltak for å motverke rôteskadar eller erosjon. For enkelte særleg verdifulle kulturminne som står i fare for å gå tapt, bør det utførast dokumentasjon eller arkeologisk nødutgraving. Dei industrielle kulturminna, som er viktige symbolstrukturar, bør òg prioriterast når det gjeld strakstiltak og sikring.

Endringane i Arktis skaper utfordringar som òg må handterast gjennom internasjonalt samarbeid. Noreg skal medverke til ei heilskapleg tilnærming for å handtere desse utfordringane gjennom aktiv norsk deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper. Klimaendringar i Arktis, reduksjon av kortlevde klimadrivarar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvaltning og forureining er problemstillingar som står høgt på agendaen i Arktisk råd.

Antarktistraktaten og Miljøprotokollen peikar ut Antarktis til eit verneområde vigsla til fred og vitskap. Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda. Flora, fauna, økosystem og kulturminne i Antarktis er likevel under stadig større press frå interne og eksterne påverknadsfaktorar som verkar saman i eit komplekst samspel. Det gjeld i første rekkje klimaendringar og ein stadig aukande menneskeleg aktivitet på kontinentet. I Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samanheng med den viktige stillinga som dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar. Norsk forskings- og overvakingsaktivitet skal framleis vere heilt sentral i norsk nærvær og aktivitet i Antarktis og dei omkringliggjande havområda.

Norge og Russland har felles ansvar for forvaltning av miljø, arter og naturressursar i Barentshavet og grenseområda. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland, tufta på gjensidig interesse, står sentralt i regjeringas nordområdepolitikk. Innafor det bilaterale samarbeidet er det ei særleg prioritering av havmiljø, økosystembasert forvaltning og overvaking i Barentshavet. Dei høge utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola påverkar miljøet i grenseområdet og er framleis den største miljøutfordringa. Det ligg ei stor grad av norsk eigeninteresse i å få løyst desse miljøproblema, og Noreg vil halde fram med overvaking av miljøtilstanden i grenseområdet og påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa.

Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen. Arbeidet vil vere konsentrert om forvaltning av naturmangfaldet og vassressursane i Barentsregionen, og reduksjon av forureining og klimautslepp.

2.7 Klima- og miljødepartementets budsjett fordelt på resultatområde

Løyvingsforslaget kan òg fordelast på dei 6 resultatområda som klima- og miljøpolitikken er delt inn i. Tabellen nedanfor viser korleis løyvingsforslaget fordeler seg på tvers av ulike programkategoriar og kapittel inn mot resultatområda. Dette inneber at vi kan sjå kor mykje av budsjettet i 2017 som er planlagt nytta til å støtte opp under måla på det enkelte resultatområde. Ein meir detaljert og omfattande omtale av satsingane i budsjettet er gitt i del II i kapittel 7 i omtale av kapittel og post.

Tabell 2.3 Klima- og miljødepartementets budsjett for 2017 fordelt på resultatområde

(i 1000 kr)

Resultatområde

Forslag 2017

Naturmangfald

2 426 977

Kulturminne og kulturmiljø

824 421

Friluftsliv

243 526

Forureining

1 254 818

Klima

4 488 277

Polarområda

384 234

Sum

9 622 252

3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2017

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet har ei utgiftsramme på 9 622,3 mill. kroner i 2017 mot 8 928,8 mill. kroner i 2016. Dette er ein netto auke på 693,5 mill. kroner, eller 7,8 pst. frå saldert budsjett 2016.

Regjeringa følger opp gjeldande politikk med vesentleg auke til CO2-kompensasjonsordninga, opprydding i Sandefjord og Puddefjorden i Bergen, sluttføring av vern etter nasjonalparkplanen og kjøp av klimakvotar.

I budsjettet for 2017 foreslår regjeringa å løyve midlar til forsking for å nå mål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Tiltaket skal spesielt rettast inn mot transportsektoren og bidra til å nå 2030-måla. Regjeringa foreslår òg å løyve midlar til forsking som skal nyttast til kunnskapsoppbygging om marine økosystem og reint hav, under dette gjennomføring av pilotprosjekt for god miljøtilstand.

Arbeidet med internasjonale klimatiltak blir vidareført på om lag same nivå som i 2016. I tråd med regjeringas og Stortingets føringar for klima- og skogsatsinga er det inngått avtaler som heilt eller delvis omfattar betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar. I 2017 legg regjeringa opp til at Norge betaler for om lag 40 mill. tonn CO2 i utsleppsreduksjonar i Brasil, Colombia og Guyana, potensielt òg i Indonesia og Peru.

Oppryddingsprosjekta i Sandefjord hamn og i Puddefjorden blir ført vidare, og regjeringa gjer framlegg om å auke budsjettet med 100 mill. kroner knytt til det pågåande arbeidet.

Regjeringa styrker Ny-Ålesund som forskingsstasjon og føreslår å løyve 20,5 mill. kroner til nytt bygg med felles forskingsinfrastruktur. Dette vil bidra til at ein kan nå målet om meir samarbeid og eit attraktivt sted for naturvitskapeleg arktisk forsking.

Tekniske endringar knytt til forenkla modell for premiebetaling til Statens Pensjonskasse (SPK) og omlegging av betaling av husleigekostnader, gir ein auke på 160,8 mill. kroner samanlikna med budsjettet for 2016.

Som ledd i arbeidet for å nå regjeringas mål om å effektivisere statleg forvaltning, blir det lagt opp til å redusere bemanninga i Miljødirektoratet. Utgiftene til løn foreslås redusert med 30 mill. kroner. Dette vil føre til ein reduksjon i antall årsverk. Nedbemanninga skal gjennomførast dels ved å effektivisere oppgavegjennomføringa, og dels ved å avvikle eller endre utføringa av enkelte oppgaver særleg innan naturforvaltning.

Utgiftene under Klima- og miljødepartementet åleine gir ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringas samla politiske prioriteringar av klima og miljø. Miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering.

Klima

Regjeringa foreslår at det blir sett av 71,5 millionar kroner i 2017 til å styrkje forskingsinnsatsen på klima, som kan støtte oppunder arbeidet med å oppfylle norske klimamål fram mot 2030. Satsinga skal ha særleg fokus på ikkje kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største.

Vidare foreslår regjeringa å vidareføre løyvinga til pilotordninga for biogassanlegg på 20 mill. kroner for å følgje opp biogasstrategien. Satsinga på biogass vil kunne medverke til utsleppsreduksjonar i transportsektoren og til å redusere kostnadene ved produksjon av biogass.

Ei ny ordning med tilskot til kommunale klimatiltak, Klimasats, er innført frå 2016. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga til ordninga på 102,5 mill. kroner også i 2017. Regjeringa foreslår også å vidareføre tilskotsordninga for klimatilpassing. Ordningane blir administrerte av Miljødirektoratet.

Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi og arbeider med ein strategi for grøn konkurransekraft for å ruste Noreg og næringslivet for ei lågutsleppsframtid. Regjeringa oppnemnde i juni 2015 eit ekspertutval som skal føreslå ein overordna strategi for grøn konkurransekraft. Utvalets forslag vil bli lagt fram hausten 2016. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein strategi for grøn konkurransekraft i 2017.

Klima- og skogsatsinga blir ført vidare på eit nivå på om lag 2,8 mrd. kroner i 2017. I tillegg til ein tilsynsfullmakt på 2,3 mrd. kroner. Med den nye klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015 har reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland (REDD+) blitt ein del av det internasjonale klimaregimet. Dette inneber at bevaring, betre forvaltning og restaurering av skog i utviklingsland står sentralt i den internasjonale innsatsen for å sikre at den globale oppvarminga ikkje overstig 2, eller aller helst 1,5 grader. Regjeringa samarbeider med tropiske skogland, multinasjonale organisasjonar, sivilsamfunnet og privat sektor for ei utvikling i skoglanda som medverkar til minska avskoging. Som annonsert under klimatoppmøtet i Paris har regjeringa som intensjon å vidareføre klima- og skogsatsinga fram til 2030.

Det blir foreslått å løyve 260 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2017. Stortinget har gitt Klima- og miljødepartementet fullmakt til å inngå avtaler om kvotekjøp som bind staten til utbetalingar i 2017 og seinare år, med sikte på levering av 60 mill. kvotar i perioden 2013–2020. Fullmakta for 2016 var på 2 mrd. kroner. For 2017 foreslår Klima- og miljødepartementet ei fullmakt på 2,1 mrd. kroner. Forslaget til løyving i 2017 skal dels gå til kontraktsfesta betalingar for avtaler som allereie er inngått eller blir inngått i 2016 under fullmakter Stortinget har gitt departementet. Det er òg innarbeidd eit overslag over utbetalingar under nye kontraktar som er planlagt inngått i 2017.

Føreslåtte løyvingar til CO2-kompensasjonsordninga i 2017 utgjer omlag 671 mill. kroner. Sjå nærare omtale av CO2-kompensasjonsordninga under kap. 1420 post 74.

Forureining

Til opprydding i forureina grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff foreslår Regjeringa å auke den samla løyvinga med ca 100 mill. kroner. Dette er i all hovudsak justeringar som følgje av planlagt framdrift i prosjekt som er sette i gang. For eksempel midlar som skal nyttast for å sluttføre opprydding som allereie er sett i gang i Sandefjord og i Puddefjorden i Bergen.

Kulturminne

Kunnskapsløftet er Riksantikvarens viktigaste satsing for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltninga. Hovudsatsinga i 2017 er å halde fram arbeidet med å digitalisere og effektivisere arbeidsflyten i kulturminneforvaltninga.

Verdsarvsentra er viktige for å auke kunnskapen om verdsarven og å styrkje den lokale forankringa. Det er sett i gang ei fleirårig satsing med sikte på å etablere verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda, jf. Meld. St. 35 Framtid med fotfeste. Klima- og miljødepartementet ferdigstiller hausten 2016 ein plan for dette arbeidet. Utvikling av dei tre autoriserte verdsarvsentra i Alta, på Vega og i Geiranger vil bli prioritert i 2017. Internasjonalt er kapasitetsbygging under verdensarvkonvensjonen eit stort behov. Klima- og miljødepartementet har inngått en seksårig avtale (2016–2021) med IUCN og Iccrom med dette som mål.

Naturmangfald

Oppfølging av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet vil bli prioritert i 2017. Ein føresetnad for å lukkast med det grøne skiftet er å ta vare på naturmangfaldet som grunnlag for å skape verdiar basert på velfungerande økosystem. Gjennom vern og berekraftig bruk av naturmangfaldet skal vi sikre godt fungerande økosystem også for framtidige generasjonar.

Regjeringa vil klargjere kva ein mener med «god økologisk tilstand», basert på vitskapelege og etterprøvbare kriterium. Regjeringa vil deretter fastsetje forvaltningsmål for norske økosystem. Ein tek sikte på at ei forvaltning basert på desse måla er på plass innan 2020.

Klima- og miljødepartementet vil i 2017 føre vidare arbeidet med det økologiske grunnkartet, og vil særleg prioritere å etablere eit overordna system for naturtypekartlegging etter Natur i Noreg (NiN) og metode og kriterium for verdsetjing av naturtypane.

Det frivillige pilotprosjektet for å prøve ut bruk av kommunedelplanar som verktøy for å ta vare på naturmangfald vil halde fram i 2017.

I samsvar med Stortingets innstilling til naturmangfaldmeldinga vil det i 2017 bli starta eit arbeid med ein tiltaksplan for kamp mot skadelege framande organismar. Arbeidet med å forenkle og effektivisere saksbehandlingsrutinane for genmodifiserte organismar vil halde fram.

Truga natur vil framleis bli prioritert i avgjersler etter sektorregelverk og ved arealplanlegging. I tråd med Stortingets innstilling til naturmangfaldmeldinga vil det i 2017 bli sett i gang arbeid med å vurdere om nye arter skal bli prioriterte og naturtypar utvalte etter naturmangfaldlova, og arbeidet med ein handlingsplan for å betre situasjonen til sjøfugl vil bli starta.

For å sikre endå betre representativitet i norske verneområde vil eit arbeid med å supplerande fylkesvise verneplanar starte. Arbeidet med skogvern vil halde fram, i tråd med Stortingets vedtak om vern av 10 pst. av norske skogareal, og det vil bli etablert nye marine verneområde.

Vassforvaltningsplanane for perioden 2016–2021 blei godkjente av Klima- og miljødepartementet i 2016. I 2017 skal miljømåla i planane følgjast opp med miljøforbetrande tiltak. Dette vil krevje innsats frå sektorane, fylkesmenn, vassregionstyresmakter og vassområda.

Forsking på marine økosystem og reint hav blir styrkt med 10 mill. kroner, under dette midlar til gjennomføring av pilotprosjekt for å betre miljøtilstanden.

Friluftsliv

Oppfølging av Meld. St. 18 (2015–2016) Friluftsliv vil bli prioritert i 2017. Meldinga vil bli behandla i Stortinget hausten 2016. Gjennom denne meldinga vil regjeringa medverke til at endå fleire får høve til å utøve friluftsliv jamleg, blant anna ved å prioritere friluftslivet i nærmiljøet. Regjeringa ønskjer i større grad å medverke til å ivareta og tilretteleggje grøntområde inne i byar og tettstader, og bevare markaområde og andre friluftsområde rundt byar og tettstader. I meldinga foreslår regjeringa også å gjere endringar i friluftslova og i verneforskrifter for å forenkle utøving av friluftsliv og leggje til rette for nyare former for ferdsle i friluftslivet.

I 2017 vil arbeidet med formidling av resultata frå Miljødirektoratets nærmiljøsatsing og utvikling av nytt rettleiingsmateriell for planlegging og tilrettelegging av ferdselsårer bli sett i gang. Prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde vil halde fram med mål om ferdigstilling i 2018.

Arbeidet med å samordne innsats og verkemiddel frå ulike sektorar innanfor friluftsliv, og arbeidet med å inkludere personar med innvandrarbakgrunn vil halde fram.

Effektivisering m.m

Regjeringa vil byggje sin politikk på effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvaltning eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skapar handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførde til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Klima- og miljødepartementet inneber dette reduksjonar på om lag 13,4 mill. kroner på driftspostane.

4 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar alle seks resultatområda omtalt i kapittel 2. Dei ulike sektordepartementa har ansvar for verkemidla innanfor sin sektor, men gjennom den sektorovergripande rolla er Klima- og miljødepartementet koordinator for klima- og miljøvennlege løysingar i alle departementa.

Dette kapittelet samanfattar heilskapen i regjeringas klima- og miljøinnsats, under dette klima- og miljørelevante satsingar i andre departement, og ei omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.

Miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samtidig er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå miljømåla.

4.1 Klima- og miljørelevante prioriteringar i statsbudsjettet

Klima- og miljøprofilen omfattar innsats på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative effektar av klimaendringane.

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet syner mellom anna at regjeringa satser breitt på forsking og innovasjon, samla sett blir området styrkt med 221,5 mill. kroner fordelt på fleire departement. Den vidare planlegginga av fullskala CO2-handtering blir prioritert i 2017. Ei felles satsing på kamp mot lakselus blir gjort ved å styrkje havbrukstilsyn og Mattilsynet med til saman 25 mill. kroner. Regjeringa aukar støtta til flaum- og skredførebygging på Sør- og Vestlandet med 100 mill. kroner.

Regjeringa vil halde fram med å sikre langsiktige og klare rammevilkår for næringsliv, kommunar og enkeltmenneske som legg til rette for grøne vegval. For ei samla nærare omtale av dei ulike departementas klima- og miljøpolitikk, sjå kapittel 8 i inneverande proposisjon. Alle departementa har òg ei eiga klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.

Tabell 4.1 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2017 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2016)

(i 1000 kroner)

Utgifter

Auke til CO2-kompensasjonsordninga

147 600

Auke opprydding av forureining i hamnar

100 000

Forsking på lågutsleppssamfunnet

71 500

Auke til kjøp av klimakvotar

60 400

Oppfølging nasjonalparkar

26 000

Ny-Ålesund. Nytt bygg med felles forskingsinfrastruktur

20 500

Forsking/tiltak i samband med marine økosystem

10 000

Tabell 4.2 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2017 med tydeleg klima- og miljøgevinst på andre departement sine område (auke frå saldert budsjett 2016)

(i 1 000 kroner)

Utgifter

Styrkt havbrukstilsyn

NFD

12 500

Fiskehelse/lakselus

LMD

12 500

Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt (50/50-ordninga)

SD

129 800

Driftskreditt for infrastrukturforetak på jernbane

SD

150 000

Flaum- og skredførebygging på Sør- og Vestlandet, tiltakspakke

OED

55 000

Noregs forskingsråd/ENERGIX

OED

35 000

Fullskala CO2-handtering/Vidare planlegging

OED

295 000

Enova/Energifondet

OED

90 000

4.2 Regjeringas prioriteringar innanfor klima

Klima er eit satsingsområde for regjeringa. Klima- og miljødepartementet har det overordna og sektorovergripande ansvaret for nasjonal og internasjonal klimapolitikk, medrekna klimaforhandlingane i FN. I tillegg til eigne verkemiddel, har departementet ei rolle som samordnar overfor sektordepartementa og andre aktørar.

Den globale klimaavtala som vart vedteken i Paris i desember 2015 vil leggje grunnlaget for framtidig norsk klimapolitikk. Regjeringa ratifiserte Parisavtala i juni 2016, i tråd med Stortingets samtykke (Prop. 115 S (2015–2016)). Regjeringa vil føre ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp innan 2050. Regjeringa følgjer opp Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012)) og har forsterka forliket på fleire område. I februar 2015 la regjeringa fram stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Meld. St. 13 (2014–2015)).

Regjeringa arbeider for tida med eit forslag om ei klimalov, jf. Stortinget si behandling av Innst. 212 S (2014–2015). I lova skal utsleppsmåla for 2030 og 2050 fastsetjast, og lova skal regulere formålstenlege rapporterings- og styringsmekanismar mellom Storting og regjering. I same innstilling har Stortinget bedt om at det blir utarbeidd ei rapportering som viser korleis Regjeringa har tenkt å nå klimamåla for 2020, 2030 og 2050, og korleis budsjettet påverkar Noregs klimagassutslepp. Rapporterings- og styringsmekanismar som blir utarbeidde må sjåast i samanheng med klimagassbudsjettet jf. omtale i avsnitt 8.2. Regjeringa vil i lovforslaget komme tilbake med ei vurdering av og forslag til føremålstenleg rapporterings- og styringssystem som følgjer opp Stortinget sitt vedtak og som kan liggje til grunn for klimarapporteringa i dei kommande åra. Lovforslaget skal leggjast fram for Stortinget slik at forslaget blir behandla i inneverande stortingsperiode.

I Meld. St. 13 (2014–2015) peikte regjeringa ut fem prioriterte innsatsområde i arbeidet med klimapolitikken framover. Desse er reduserte utslepp i transportsektoren, utvikling av lågutsleppsteknologi i industrien og rein produksjonsteknologi, CO2-handtering, styrkje Noregs rolle som leverandør av fornybar energi, og miljøvennleg skipsfart.

Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi og arbeider med ein strategi for grøn konkurransekraft for å ruste Noreg og næringslivet for ei lågutsleppsframtid. Regjeringa oppnemnde i juni 2015 eit ekspertutval som skal føreslå ein overordna strategi for grøn konkurransekraft. Utvalet skal identifisere dei viktigaste globale og regionale endringsprosessane som utgjer drivkrefter og hindringar for den grøne omstillinga fram mot lågutsleppssamfunnet, moglege konsekvensar for Noreg, og svare på spørsmål om kor Noreg har dei beste føresetnadene for å møte desse endringsprosessane. Vidare skal utvalet gi svar på kva som bør vere overordna prioriteringar og tiltak for å utvikle innovasjon og grøn konkurransekraft for Noreg. Utvalets forslag vil bli lagt fram hausten 2016. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein strategi for grøn konkurransekraft i 2017.

Utsleppa frå norsk landbasert industri har gått ned. Utvikling av ny klimavennleg teknologi kan medverke til at desse utsleppa blir ytterlegare reduserte. Då er det avgjerande å utvikle reinare produksjonsteknologi og satse på teknologiutvikling for å redusere utslepp frå produksjon.

Regjeringa har dei siste åra auka løyvingane til verkemiddelapparatet for å fremje utvikling av ny teknologi. Enova er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. Enova skal, i samspel med verkemiddelapparatet elles, vere sentral i utviklinga av fremtidas energisystem og lågutsleppssamfunnet. Regjeringan vil hausten 2016 inngå ei ny styringsavtale med Enova for åra 2017 til 2020. Enovas overordna mål skal vere reduserte klimagassutslepp, styrkt forsyningstryggleik for energi og teknologiutvikling som på lengre sikt òg bidrar til reduserte klimagassutslepp. Enova vil i 2017 bli tilført over 2,2 mrd. kroner.

Regjeringa har auka rammene for Miljøteknologiordningen i Innovasjon Norge betydelig dei siste åra. Den foreslåtte bevilgningen til Miljøteknologiordningen er 434,5 mill. kroner for 2017. I saldert budsjett for 2016 fikk ordningen tilført 100 millioner kroner fra regjeringens ett-årige sysselsetningspakke. For 2017 er det forslått 30 mill. kroner fra den ett-årige sysselsetningpakken til miljøteknologiordningen. Innovasjon Norge tildelte i 2015 totalt 1 113 mill. kroner til miljøretta prosjekt, herunder klimarelevante prosjekter. I tillegg til dette kommer tilsagn om lån.

I samband med statsbudsjettet for 2016, jf. Innst. 2 S (2015–2016), vedtok Stortinget 3. desember 2015 oppmoding nr. 69 der Stortinget bad regjeringa førebu opprettinga av Fornybar AS («Greenfund»). Eit fond som saman med private skal kunne investere i selskap som utviklar og nyttar grøn teknologi. Arbeidet med å opprette eit slikt nytt investeringsselskap vart gitt ein omtale i revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Prop. 122 S (2015–2016). Formålet til investeringsselskapet skal vere å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom investeringar som direkte eller indirekte bidrar til reduserte klimagassutslepp. Innsatsen gjennom investeringsselskapet skal vere eit bidrag til at vi når klimamåla. For nærare omtale av investeringsmandat og organisering av det nye investeringsselskapet og budsjettmessige konsekvensar, sjå Olje- og energidepartementet sin budsjettproposisjon kap. 18.25.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i regjeringas satsing på fangst- og lagring av CO2. TCM vart offisielt opna i mai 2012 og det har vorte gjennomført kontinuerlege testaktivitetar ved anlegget sidan. Avtalen mellom staten, Statoil, Shell og Sasol som regulerer eigarskap og drift av anlegget går ut i august 2017. Staten, Statoil og Shell har blitt samde om rammer for forhandlingar om vidareføring av anlegget, i første omgang i tre år til. Målet er å bli einige om ei avtale innan utgangen av 2016. Det vert arbeidd med å rekruttere fleire eigarar til selskapet.

I 2016 gjennomførte Olje- og energidepartementet i samarbeid med Gassnova og Gassco ei studie av moglegheitene for fullskala CO2-handtering i Noreg. Tre industriaktørar har gjennomført studiar av CO2-fangst; Norcem AS har vurdert moglegheitene for fangst av CO2 frå røykgassen ved sin sementfabrikk i Brevik, Yara Norge AS har vurdert fangst frå tre ulike kjelder ved ammoniakkfabrikken på Herøya i Porsgrunn og Energigjenvinningsetaten i Oslo kommune (EGE) har vurdert fangst frå energigjenvinningsanlegget på Klemetsrud (Klemetsrudanlegget AS). Gassco har studert ulike transportløysingar mens Statoil har gjennomført moglegheitsstudier av CO2-lagring på ulike lokasjonar på norsk kontinentalsokkel med tilhøyrande utbyggingsalternativ. Studiane syner at fleire alternativ for fangst, transport og lagring er moglege. Regjeringa vil setje i gang konseptstudiar av moglege fullskala demonstrasjonsanalegg for CO2-handtering i Noreg. Konseptstudiane vil vare til hausten 2017. Arbeidet inneber å studere løysningar for fangst, transport og lagring av CO2 med mål om at eit grunnlag for investeringsavgjerd kan vere utarbeidd hausten 2018.

Det er eit mål at den eksisterande forskingsinnsatsen på klimaområdet blir innretta slik at den gir auka kunnskap om korleis vekst i og rundt byane kan kombinerast med lågare utslepp av klimagassar, og at forskingsinnsatsen samtidig kan medverke positivt på viktige område som næringsliv, helse, energi, transport og miljø. Slik forsking bør vere tverrfagleg og fremje samarbeid på tvers av aktuelle fagmiljø. Noregs forskingsråd oppretta i 2016 åtte nye forskingssentra for miljøvenleg energi (FME) mellom anna innanfor fornybar energi, energieffektivisering og miljøvennleg transport. Ordninga har ei total årleg løyving på om lag 190 mill. kroner, hovudsakeleg over Olje- og energidepartementet sitt budsjett. I 2017 foreslår regjeringa å styrkje forskingsinnsatsen på klimaområdet med 71,5 mill. kroner til forsking på lågutsleppssamfunnet under Klima- og miljødepartementet. Satsinga skal ha særleg fokus på ikkje-kvotepliktige utsleppssektorar, der transport og jordbruk er dei største. Regjeringa foreslår òg å styrke satsinga på forsking og utvikling på energiområdet med 35 mill. kroner over Olje- og energidepartementet sitt budsjett. Styrkinga skal gå til ENERGIX-programmet og medverke til at norsk næringsliv hevder seg i den internasjonale marknaden for miljøteknologi. ENERGIX er det viktigaste programmet i Noregs forskingsråd for forsking for reduserte utslepp. Dette gjeld òg for forsking for lågare utslepp i og for næringslivet. Satsinga er såleis sentral i regjeringa sitt arbeid med omstilling og grøn vekst.

Kommunane har viktige roller og verkemiddel i sektorar som er ansvarlege for store klimagassutslepp. Dei er mellom anna tenesteytarar, styresmakter, innkjøparar og eigarar. Ein føresetnad for eit samfunn med låge utslepp er at kommunane òg medverkar til å redusere utsleppa i den enkelte kommunen. I 2016 vart det løyvd 100 mill. kroner til ei ny tilskotsordning for klimatiltak i kommunane; Klimasats. Miljødirektoratet administrerer ordninga. Det har vore stor interesse for ordninga. Regjeringa foreslår at ordninga blir ført vidare på 102,5 mill. kroner i 2017 inkl. priskompensasjon.

I 2016 vart det løyvd 6,4 mill. kroner til utvikling av statistikk over klimagassutslepp på kommunenivå. Dei siste åra har det ikkje vore publisert slik statistikk. I 2016 publiserte likevel Statistisk sentralbyrå utsleppstal i ein analysepublikasjon. Dette talmaterialet er ikkje heildekkande, men viser dei viktigaste utsleppskjeldene i kommunane. Miljødirektoratet leier arbeidet med å utvikle statistikken og har skissert at arbeidet munnar ut i to ulike produkt: 1) Ei grov oversikt over utsleppa i kommunane som blir publisert i 2017 av Statistisk sentralbyrå og 2) Eit opplegg for talfesting av effektar av klimatiltak i kommunane som blir publisert i første versjon 2017/18. SSBs tidlegare utsleppsstatistikk for kommunane vart i si tid lagt ned på grunn av utfordringar med kvaliteten, og det vil også vere fagleg krevjande å utarbeide eit godt talgrunnlag denne gongen. Regjeringa foreslår at midlane blir ført vidare på same nivå i 2017.

Petroleumsverksemda er underlagt sterke økonomiske verkemiddel gjennom både høg CO2-avgift og kvoteplikt. Dette har medverka til at norsk olje og gass blir utvunnen energieffektivt og med relativt sett låge klimagassutslepp. Store utslepp, anslått til 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg, er unngått frå norsk sokkel som følgje av ulike tiltak. Brenning av overskotsgass har aldri vore tillatt på norsk sokkel, og fakling – som er ei stor kjelde til utslepp mange stader i verda, er kun tillatt av tryggleikssmessige grunnar. Utbyggjarane på sokkelen må òg vurdere kraft frå land som energiløysing for nye felt og ved større ombyggingar av eksisterande felt. Det er for fleire felt vedteke å dekkje energibehovet med kraft frå land. Felta Ormen Lange, Snøhvit, Troll, Gjøa, Valhall og Goliat får alle kraft frå land i dag. I tillegg vil Martin Linge få kraft frå land når dette feltet kjem i produksjon. Johan Sverdrup-feltet vil bli forsynt med kraft frå land frå produksjonsstart. Ei områdeløysing for kraft frå land til felta Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog på Utsirahøgda vil bli etablert innan 2022.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om energipolitikken, Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring – energipolitikken mot 2030. Hovudbodskapen i meldinga er at forsyningstryggleik, klima og næringsutvikling må sjåast i samanheng for å sikre ei effektiv og klimavenleg energiforsyning. Regjeringa ønskjer mellom anna å dreie merksemda frå støtte til kjende produksjonsteknologiar, over mot innovasjon og utvikling av nye energi- og klimaløysingar. Enova er eit sentralt verkemiddel i dette arbeidet.

Nye utanlandssamband for elektrisitet skal etablerast i den grad dei er samfunnsøkonomisk lønnsame. Tilknyting til dei europeiske energimarknadene er viktig for regjeringas satsing på fornybar energi. Utenlandssamband kan òg medverke til at eksisterande og framtidig kraftproduksjon i Europa kan nyttast meir effektivt, og til omlegginga til ei klimavenleg energiforsyning i Europa. Samtidig krev utanlandssamband viktige avvegingar med omsyn til miljøet på lik linje med andre kraftoverføringsanlegg. Regjeringa har lagt fram eit forslag om å endre energilova slik at andre aktørar enn Statnett kan eige og drive utanlandssamband for elektrisitet frå Noreg. I klimaforliket bad Stortinget regjeringa om å innføre eit forbod mot fyring med fossil olje i hushalda og som grunnlast i andre bygg i 2020. I tillegg har Stortinget bede regjeringa vurdere å utvide forbodet slik at det òg omfattar topplast. Regjeringa arbeider med utforming av forbodet. Statlege byggeigarar har utarbeidd planar for utfasing av oljefyring i statlege bygningar, sjå kapittel 9.

Reduserte utslepp i transportsektoren er eit prioritert innsatsområde for regjeringa. Regjeringa har ei høg oppfølging av jernbaneinfrastruktur i Nasjonal transportplan for perioden 2014–2017. Medrekna forslaget til budsjett for 2017 blir omlag 107 pst. av NTP-ramma for jernbaneformål/-infrastruktur for perioden 2014–2017 oppfylt. Til saman over perioden 2014–2017 blir det løyvd om lag 4,6 mrd. 2017-kroner meir til jernbaneinfrastruktur enn planramma for perioden. I Prop. 1 S (2016–2017) frå Samferdselsdepartementet blir det foreslått ei løyving på 477 mill. kroner på programområde Tiltak for gåande og syklende. I tillegg er det i stortingsperioden innført ei tilskotsordning for gang- og sykkelvegar ved fylkeskommunale og kommunale vegar. For 2018 blir det foreslått ei løyving på 100 mill. kroner til ordninga.

Av klimaforliket går det fram at avgiftsfordelane for nullutsleppsbilar skal førast vidare ut 2017, så framt talet på reine nullutsleppsbilar ikkje overstig 50 000. Talet på elbilar passerte 50 000 i april 2015. Regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett for 2015 at avgiftsfordelane likevel blir førte vidare ut 2017, og deretter fasa ut gradvis. I nasjonalbudsjettet for 2017 varsler regjeringa enkelte endringar i fordelane for nullutslippsbilar og tidsplanen for utfasing av fordelane, blant anna forlenging av nullsats for merverdiavgift fram til 2020, sjå nærare omtale i Meld. St. 1 (2016–2017), kapittel 3. I tillegg er det frå 1. juli 2015 innført fritak for meirverdiavgift for leige av elbilar og omsetjing av batteri til elbilar.

I revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart det òg slått fast enkelte prinsipp for køyretøyavgiftene basert på ein heilskapleg gjennomgang. CO2-komponenten i eingongsavgifta skal aukast og vere progressiv, og NOx-komponenten skal òg aukast. For 2017 foreslår regjeringa å auke CO2-komponenten og NOx-komponenten. Sjå nærare detaljar i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017 frå Finansdepartementet. Regjeringa foreslår òg å auke CO2-avgifta på mineralolje som ikkje er ilagt vegbruksavgift. Frå 1. juni 2016 er det innført ei flypassasjeravgift. Flypassasjeravgifta er fiskalt grunngitt, men kan i tillegg gi positive klima- og miljøeffektar.

Omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtransport vart sist auka til 5,5 pst. frå oktober 2015. Kravet blir auka på nytt til 7,0 pst. frå 2017 ved forskrift fastsett i september 2016. For første gong blir det sett eit delkrav om avansert biodrivstoff, på 1,5 pst. Dette styrkjer klimaeffekten av kravet og byggjer opp under punktet «Bidra til utvikling av verdikjeden for andregenerasjons biodrivstoff» i klimaforliket. Det blir òg innført eit delkrav om bioetanol. Regjeringa legg fram ein vidare plan for omsetjingskravet fram mot 2020, sjå del III kap 9.6. I november 2015 fastsette Klima- og miljødepartementet òg eit krav i produktforskrifta om at utsleppa pr. energieining drivstoff skal vera 6 pst. lågare i 2020 enn EU-gjennomsnittet i 2010. Dette gjennomfører endringar i drivstoffkvalitetsdirektivet i norsk rett og kan mellom anna oppfyllast ved bruk av biodrivstoff. Frå januar 2016 blir det tilbode biodrivstoff til luftfart gjennom det sentrale tankanlegget på Oslo lufthamn Gardermoen. Norwegian Centre for Sustainable Bio-based Fuels and Energy Ås (Nor SusBio) er eitt av dei nye forskingssentra for miljøvenleg energi. Senteret skal utvikle ny teknologi for miljøvenleg biodrivstoff. Avgiftsunntaka for alternative drivstoff skal evaluerast i 2020.

Transportetatane og Avinor leverte i februar 2016 plangrunnlag for ny Nasjonal transportplan 2018–2029. På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har etatane og Avinor for første gong utarbeidd ein klimastrategi som del av plangrunnlaget. Regjeringa vil følgje opp klimastrategien på eigna måte i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan våren 2017. I klimaforliket er det sett mål om nullvekst for personbiltransport i storbyområda. I retningslinjene for plangrunnlaget er dette målet utvida til byområda.

Regjeringa vil stimulere til grøn vekst for maritim næring, auka bruk av miljøteknologiske løysingar og meir miljøvennleg drivstoff for skip. Ei rekkje tiltak vart lagde fram i Maritim strategi i mai 2015. Regjeringa er i gang med å setje krav til lågutslepps- og nullutsleppsteknologi i ferjeanbod når dette er mogleg. I 2015 lyste myndigheitene ut eit anbod med krav om låg- og nullutsleppsteknologi for riksvegferjesambandet Anda–Lote på E39. Vinnaren av anbodet skal byggje to elektriske ferjer som skal i drift frå starten av 2018. Enova har blant anna gitt 274,5 millionar i støtte til ladeinfrastruktur for ferjer i Hordaland, slik at det har blitt mindre dyrt for fylkeskommunen å stille strenge miljøkrav i fylkeskommunens ferjeanbod. Frå 2016 vart avgifta for elektrisk kraft som blir levert frå land til skip i næringsverksemd redusert til 0,48 øre per kWh, jf. Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter og avgifter 2016. I tillegg rettar Innovasjon Noreg og Enova seg mot maritim sektor for å støtte investeringar i klimatiltak. I september 2016 lanserte regjeringa ei ny støtteordning på 65 mill. kroner til bygging av fleire klima- og miljøvenlege skip og ferjer.

Regjeringa la hausten 2014 fram ein nasjonal, tverrsektoriell biogasstrategi. I oppfølginga av strategien vart det i 2015 sett av 10 mill. kroner til pilotanlegg og forsking på biogass gjennom Innovasjon Norge. Ordninga ble styrkt til 20 mill. kroner i 2016, og våren 2016 vart det lyst ut 18 mill. kroner til nye pilotanlegg. Ordninga blir foreslått ført vidare med ein ramme på 20 mill. kroner i 2017. Gjennom jordbruksoppgjeret i 2015 vart leveringsstøtta for husdyrgjødsel til biogassanlegg dobla til 60 kroner pr. tonn. Frå 1. januar 2016 er det innført vegbruksavgift på naturgass og LPG, samtidig som biogass framleis ikkje er omfatta av vegbruksavgift. Sjå Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter og avgifter 2016.

I 2015 starta regjeringa ei treårig pilotordning for skogplanting på nye areal som klimatiltak. Ordninga blir ført vidare på same nivå i 2017. I 2016 starta regjeringa òg ei ordning med gjødsling av skog som klimatiltak, og ei ordning for å auke plantetettleiken på eksisterande skogareal. Skogplanteforedlinga var òg styrkt. Dette er ei direkte oppfølging av punkt i klimaforliket, og regjeringa foreslår ei uendra løyving for 2017 i høve til 2016. Når det gjeld punktet i klimaforliket om forbod mot hogst av ungskog, har regjeringa dette punktet til vurdering etter at Norsk PEFC skogstandard nyleg er blitt revidert. Som ei oppfølging av klimaforliket har Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) levert ein rapport som vurderer vern eller bruk av skog som klimatiltak i Noreg. Etatane vurderer at det er vanskeleg å finne grunnlag for å seie at vern av skog er betre enn berekraftig skogbruk som eit tiltak for å motverke klimaendringane, dersom biomassen frå skogen blir nytta i staden for fossile produkt. Regjeringa fører òg vidare arbeidet med restaurering av myr og anna våtmark med ei uendra løyving, og har i 2016 fått utarbeidd ein plan for dette arbeidet fram mot 2020. Tiltaket er ei forsterking av klimaforliket.

Ei nærare skildring av verkemiddel og satsingar på andre departement sine område, og klimagassbudsjett, finst i del III i kapittel 8.

Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar. Dette er omtalt i del II, under programkategori 12.20 og 12.70. Klima- og skogsatsinga er Noregs største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar regjeringa sitt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. Reduserte utslepp frå tropisk skog er ein del av den nye klimaavtala som vart vedteken i Paris i 2015. Avtala vektlegg òg betaling for resultat som skoglanda oppnår. Dette styrkjer klima- og skogsatsinga sin strategi om langsiktig og føreseieleg finansering av skoglanda sine investeringar for å ta vare på regnskogen. Som annonsert under klimatoppmøtet i Paris, har regjeringa som intensjon å føre vidare klima- og skogsatsinga fram til 2030.

Det blir foreslått å løyve 259,9 mill. kroner til kjøp av FN-godkjende klimakvotar i 2017. Stortinget har gitt Klima- og miljødepartementet fullmakt til å inngå avtaler om kvotekjøp som bind staten til utbetalingar i 2017 og seinare år, med sikte på levering av 60 mill. kvotar i perioden 2013–2020. Fullmakta for 2016 er på 2 mrd. kroner. Forslaget til løyving i 2016 skal dels gå til kontraktsfesta betalingar for avtaler som allereie er inngåtte eller blir inngåtte i 2016 under fullmakter Stortinget har gitt departementet. Det er òg innarbeidd eit overslag over utbetalingar under nye kontraktar som er planlagt inngått i 2017, og som er nødvendig for å sikre at Noreg oppfyller sine skyldnader under Kyotoavtalen. Det er òg innarbeidd kostnader og behov for fullmakter knytte til deltaking i eit fond for kjøp av kvotar for perioden etter 2020 (Transformative Carbon Asset Facility), jf. omtale i Revidert nasjonalbudsjett 2016. For nærare omtale sjå kapittel 7, under programkategori 12.70.

Samtidig med at regjeringa arbeider med å redusere klimagassutsleppa, må samfunnet førebuast på og tilpassast til dei klimaendringane som uansett kjem. Klimatilpassing og forsking er nærare omtalt under programkategori 12.20.

4.3 Oppfølging av FNs berekraftsmål

Noregs statsminister underteikna Agenda 2030 med universelle berekraftsmål i september 2015. Måla vil derfor rettleie også Noregs nasjonale og internasjonale politikk for berekraftig utvikling i 14 år framover. Noreg rapporterte til FN om framdrifta allereie i juli 2016. Rapporten synte at politikk og regelverk i Norge i stort er i samsvar med måla, men at det òg er mål som utfordrar oss til å gjere meir. Noregs modell for oppfølging av berekraftsmåla nyttar det årlege arbeidet med statsbudsjettet som ein godt utvikla og innarbeidd arena for å avklare politikk.

Behovet for ei meir integrert og inkluderande tilnærming til økonomisk politikk og miljø og klima går klårt fram av Agenda 2030, og er understøtta av utviklinga i dei store miljøkonvensjonane, til dømes Konvensjonen om bevaring av biomangfald. Regjeringa ser at berekraftsmåla kan fremje eit breiare samfunnsansvar hjå alle aktørar, engasjere fagmiljø på nye vis og betre samarbeidet mellom dei.

Miljø og klima er tverrgåande omsyn i berekraftsmåla, og derfor ein dimensjon ved talrike mål og delmål. Både dei mest sentrale miljømåla og eit utval mål og delmål som er sentrale for miljøtilstanden er omtala her. Det er samanheng mellom måla, og med eit fokus på enkeltmål kan ein oversjå at det er relevante dimensjonar for temaet i andre mål. Styrka koherens i oppfølginga av måla er eit hovudpoeng.

Mål 16 om betre styresett og mål 17 om finansiering og gjennomføringsmidlar er og svært relevante for klima- og miljøpolitikken, men blir ikkje omtalt av KLD.

Mål 2 Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk

Nært knytta til det overordna målet i Agenda 2030 om å utrydde ekstrem fattigdom, er målet om å utrydde svolt, nærare omtala i LMDs proposisjon. Matproduksjon er på alle vis nært knytta til tilstanden i naturen, og difor krev oppfylling av målet om å utrydde svolt ein aktiv og vellukka innsats for å oppnå berekraftsmåla om miljø og klima. Det har i sin tur samanheng med sektorane si evne til å innarbeide omsyn til miljø og klima i sin politikk. Eksempel på den tette samanhengen mellom landbruk, miljø og sektorpolitikken er vilkåra for pollinering i landbruket, forvaltninga av skog og arbeidet mot forureining av jord og luft.

Noreg vil føre vidare ein aktiv politikk for bevaring og berekraftig bruk av genressursar, og vil samordne dette med arbeidet for å ta vare på ville kulturplanter. Å halde mattryggleiken ved lag i ei tid med klimaendringar vil krevje målretta tiltak for å sikre dei ressursane matproduksjonen byggjer på.

Mål 6 Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle:

Regjeringa ser delmålet om sanitær- og avløpsforhold som oppnådd i Noreg, og vi har i all hovudsak allmenn og likeverdig tilgang til trygt drikkevatn. Det er likevel forbetringspotensial i forvaltning og forsyninga. Betydelege lekkasjar i vassleidningsnettet gir unødvendig energibruk, reinsing osv. av vassmengder som berre går til spille. Det er venta at bygging og drift av vassforsyningssystema vil bli meir krevjande framover, bl.a. på grunn av klimaendringar med større nedbørsmengder og temperaturendringar (sjå også HODs proposisjon).

Oppfølging av EUs vassdirektiv gjennom vassforskrifta står sentralt i den integrerte forvaltninga av vassførekomstane i Noreg. Det er utarbeidd regionale vassforvaltningsplanar for perioden 2016–2021, som nyleg er godkjent. Gjennomføring av desse planane skal sikre god økologisk tilstand i dei fleste vassførekomstane innan 2033. Det er venta at delmålet om vern av vassrelaterte økosystem vil bli nådd i Noreg.

Delmålet om vasskvalitet, spillvatn og gjenvinning er venta nådd i Noreg innan 2030. Noreg arbeider aktivt med i størst mogleg grad å avgrense helse- og miljøskadelege utslepp av kjemikaliar eller anna forureining. Det er sett strenge utsleppskrav for industrien. Det er framleis utfordringer med utslepp frå landbruk til vassførekomstar. Forsøpling og forureining frå ulovlege avfallsfyllingar er ikkje lenger eit problem i Noreg, og den lovlege avfallshandteringa beskyttar vatn mot forureining. Miljømyndigheitene og kommunane arbeider systematisk for å redusere mengden miljøgifter som blir sleppte inn på det kommunale avløpsnettet. Delen ubehandla spillvatn er redusert med vel 20 pst. sidan 2008 og målet om halvering vil truleg bli nådd innan 2030. Det står likevel att utfordringar for sanering av ureina utslepp i spreidd busetnad der kommunane er forureiningsmyndigheit.

Mål 12 Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Mål 12 om berekraftige forbruk og produksjonsmønster omfattar ei rekkje utfordringar som står sentralt i Noregs miljø og berekraftsinnsats. Enkelttema i målet er nært knytte til omstillinga av Noreg til lågutsleppssamfunn, og til målet om å forvalte ressursane vi rår over effektivt og til varig gagn.

Noreg har omfattande lovverk og verkemiddel for å sikre god forvaltning av fornybare og ikkje fornybare naturressursar på land og til havs og fremje ein meir effektiv ressursbruk, i tråd med mål 12. Mange verkemiddel har sitt opphav i miljøkonvensjonar og internasjonale avtaleverk, der Noreg framleis deltek aktivt i løpande utviklingsarbeid.

Noreg gjer òg ein omfattande innsats for berekraftig forvaltning av naturressursar i utviklings- og mellominntektsland. Eksempel er Noregs internasjonale klima og skoginitiativ, fleire partnerskap i og utanfor FN for å fremje omlegging til grøn vekst, og ulike utviklingspolitiske program, mellom anna knytte til forvaltning av petroleums- og fiskeriressursar. Under miljøkonvensjonane støttar Noreg bygging av vitskapeleg og teknisk kapasitet i utviklingsland.

Norske miljømyndigheiter har medverka fagleg og økonomisk til etableringa av FNs tiårige handlingsprogram for berekraftig forbruk og produksjon, som omfattar program om mellom anna berekraftig turisme, berekraftig bygg, offentlege anbod.

Fleire initiativ internasjonalt og i Noreg har som mål å redusere matsvinn og matavfall. I Noreg inngjekk aktuelle departement og matvarebransjen i 2015 ei intensjonsavtale om å redusere matsvinn. Denne avtala vil bli avløyst av ei meir konkret avtale med reduksjonsmål, tiltak og indikatorar for å måle matsvinnet. Delmålet gjeld på verdsbasis og vil vere utfordrande å nå. Ei frivillig avtale med bransjen er den mest føremålstenlege måten å redusere matsvinnet på i Noreg.

Arbeidet med å avgrense mest mogleg skadeverknadene for helse og miljø frå kjemikaliar og avfall innan 2020 skjer dels med vedvarande streng regulering etter forureiningslova og produktkontrollova, og er dels avhengig av krevjande prosessar (EØS og globalt) der Noreg gjennom vedvarande betydeleg ressursbruk arbeider for betre handtering, og utsleppsreduksjoner, av kjemikaliar og avfall. Framhalden innsats på same nivå vil gi måloppnåing.

Frå 1995 har avfallsmengda i Noreg auka med over 50 pst. Regjeringa har i dag få verkemiddel som hindrar at avfall oppstår, men fleire verkemiddel i miljøpolitikken kan gi insentiv til førebygging av avfall og auka utnytting av ressursar i avfallet. Dette omfattar f. eks. produsentansvarsordningar, tilverking av nye produkt basert på gjenvunne material, miljøkrav ved offentlege anskaffingar, auka kostnader ved handtering av avfall, og nye forretningsmodellar baserte på deling og omsetning av brukte produkt. EU arbeider med insentiv for å få produsentar til å forlenge produkta si levetid.

I den nye lova for offentlege anskaffingar er det ei ny lovføresegn om miljø, menneskerettar og andre samfunnsomsyn som forpliktar offentleg sektor til å innrette anskaffingspraksisen sin slik at den medverkar til å redusere skadeleg miljøpåverknad og fremjar klimavennlege løysingar. Regjeringas innovasjonspolitikk omfattar òg å fremje innovasjon gjennom anskaffingar.

Utdanning for berekraftig utvikling blir ført vidare gjennom Meld. St. 28 (2015–2016).

Mål 13 Handle straks for å stoppe klimaendringane og motarbeide konsekvensane.

Noregs viktigaste innsats for å oppfylle berekraftsmål 13 om å motverke klimaendringar og fremje tilpassing til dei endringane som skjer, er uttrykt i oppfølginga av Parisavtala. Noreg har teke på seg ei betinga forplikting om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 40 pst. innan 2030, samanlikna med 1990. Noreg tek sikte på å gjennomføre forpliktinga i fellesskap med EU og er i dialog med EU om dette.

Parisavtala er sentral for den internasjonale oppfølginga av berekraftsmålet om klima, men òg for å sikre at klima er ivareteke i politikken for å følgje opp berekraftsmål mellom anna om byar, mat, vatn, energi, industri, økonomisk vekst. Klimaomsyn er godt integrerte i måla. Parisavtala forpliktar landa til å heve ambisjonane når dei kvart femte år rapporterer om framdrifta i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa. Alle land skal ha nasjonale planleggingsprosessar for å tilpasse seg klimaendringane og gjennomføre tiltak i dei ulike sektorane.

Parisavtala er eit rammeverk for å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2˚C samanlikna med førindustrielt nivå, og søkje å avgrense temperaturauken til 1,5 ˚C. Dette inneber ei omstilling globalt som vil vere krevjande òg for det norske samfunnet og næringslivet. Samtidig skaper dette nye moglegheiter, teknologiar og løysingar som medverkar til lågutsleppssamfunnet.

Noregs internasjonale klima- og skogsatsing er sentral i arbeidet med å redusere utslepp frå tropisk skog. Langsiktig og effektiv skogbevaring er berre mogleg dersom den òg medverkar til utvikling for menneska som lever i og av skogen. Klima og utvikling er derfor tett knytte saman i den globale innsatsen for å redusere utslepp frå tropisk skog (REDD+).

Samarbeid over landegrensene om tiltak for å redusere utslepp av klimagassar står sentralt i den norske klimainnsatsen. Prosjekt under Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) medverkar ikkje berre til reduserte utslepp av globale klimagassar, men kan òg medverke til berekraftig utvikling generelt. Regjeringa legg vekt på å sikre den miljø- og utviklingsmessige integriteten ved dei tiltaka Noreg stør. KLD deltek i eit samarbeid for å utvikle pilotar for å vidareføre slikt samarbeid etter 2020. Noreg deltek i ei rekkje samarbeidsorgan som har som mål å få gjennomført tiltak som fører til grøn omstilling og reduserte utslepp av klimagassar.

På nasjonalt nivå har regjeringa identifisert Delmål 13.2 Innarbeide tiltak mot klimaendringer i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå, som ein av dei særskilde utfordringane Noreg står overfor. Forsterkinga av klimaforliket er eit viktig grep for å oppnå større utsleppsreduksjonar og betre tilpassing i sektorane. Regjeringa styrkjer målretta verkemiddel og støtteordningar for teknologiutvikling og innovasjon, under dette klimafondet og miljøteknologiordningen under Innovasjon Noreg. Dette medverkar òg til oppnåing av delmål 9.4 (NFD): Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med ein meir effektiv bruk av ressursar og større bruk av reine og miljøvennlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eigen evne og kapasitet.

Deltaking i EU sitt kvotesystem (EÙ-ETS), CO2-avgift og andre klimagrunngitte skattar og avgifter er hovudverkemidla i arbeidet med å redusere nasjonale klimagassutslepp. Ifølgje Noregs nyaste rapport til Klimakonvensjonen er det venta at eksisterande verkemiddel vil gi 13–15 mill. tonn lågare utslepp enn vi elles ville hatt, og 17–20 mill. tonn innan 2020. Det er behov for å forsterke verkemiddelbruken i klimapolitikken for å sikre den omstillinga som vil vere nødvendig. Etter at innsatsfordelinga i EU er klar, vil regjeringa leggje fram ei sak for Stortinget, om korleis ein vil arbeide for å nå klimamåla. Noreg har i fleire år vore deltakar i EUs kvotesystem, der utsleppa skal reduserast med 43 pst. innan 2030. Noreg vil no òg samarbeide med EU om ikkje kvotepliktig sektor, som i hovudsak omfattar transport og landbruk.

All areal og samfunnsplanlegging, ikkje minst infrastruktur, må ta høgde for at klimaet i framtida vil endre seg. Kunnskap om endringane som kjem må byggjast i lokalmiljøa og i dei einskilde verksemdene. Nye transportsatsingar må både bidra til å betre mobiliteten, reduserte klimagassutslepp og auka evne til å tåle nedbør og rasfare. God arealplanlegging, der bustad-, areal- og transportløysingar blir sett i samanheng, er særleg viktig for å utvikle meir berekraftige byar og tettstader.

Mål 14 Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

Noreg har nasjonalt etablert modellar for økosystembasert forvaltning av havområda våre først og fremst gjennom dei heilskaplege forvaltningsplanane for havområda og i fiskeriforvaltninga. Den overordna nasjonale gjennomføringa av SDG 14 vil bli basert på dette.

Forvaltningsplanane for havområda er verktøy for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning som fremjar både berekraftig bruk og bevaring av økosystema, og har eit heilskapleg perspektiv på miljøtilstand, påverknader og samla belastning på havområda. Det blir arbeidd vidare med oppfølging av tiltak for berekraftig bruk og vern av økosystema.

Framtidig verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet, og å halde ved lag naturmangfald og produktivitet i økosystema er sentralt for at dei marine naturverdiane skal forbli fornybare. Forvaltningsplanane er derfor eit viktig verktøy for ein blå vekst basert på verdiar frå havet.

Kystområda er mest intensivt utnytta av dei marine områda. Miljøtilstanden i kystområda blir følgt opp gjennom systemet i vassforskrifta.

Det er etablert marine beskytta område og marine verneområde i norske farvatn. Arbeidet med marint vern blir ført vidare.

Klimaendringar og havforsuring er vesentlege påverknadsfaktorar som aukar den samla belastninga på arter og økosystem, og kan føre til betydelige endringar i grunnlaget for berekraftig bruk av havet og dei marine ressursane. Dette er ei utfordring for forvaltninga av aktivitet som kan påverke miljøverdiane. Noreg vil styrkje kunnskapen om korleis forvaltninga av havområda best kan ta vare på omsynet til å gjere marint naturmangfald og økosystem motstandsdyktige mot negative verknader av klimaendringar og havforsuring.

Forvaltninga får viktig kunnskap gjennom miljøovervaking, forsking og kartleggingsprogram for bl.a. havbunn (MAREANO-programmet) og sjøfugl (SEAPOP/SEATRACK). Regjeringa har i sin langtidsplan for forsking varsla at den vil trappe opp innsatsen til forsking og høgare utdanning om havet.

Noreg har eit strengt regelverk for regulering av forureining gjennom forureiningslova. Utslepp av miljøgifter frå punktkjelder på land er redusert, men det er framleis tilførsler av miljøfarlege stoff til havområda. Kunnskapen om samla effekt av dei ulike miljøgiftene er mangelfull. Nasjonalt blir det arbeidd med å redusere utslepp frå hav- og landbaserte næringar, og å redusere marin forsøpling og sikre opprydding/gjenvinning.

Marint søppel og mikroplast er eit miljøproblem over heile verda. Nivået av marint søppel i Nordaust-Atlanteren, inkludert langs norskekysten og på Svalbard, er høgt. Noreg fremja saman med Indonesia forslag til resolusjon om plastavfall og mikroplast i havet, som vart vedteken av FNs andre miljøforsamling (UNEA-2) i Nairobi i mai 2016. Noreg skal framleis vere ein pådrivar i det internasjonale arbeidet for å redusere plastavfall og mikroplast i havmiljøet.

Internasjonalt pågår viktige prosessar som vil vere avgjerande for dei havrettslege og institusjonelle rammene for implementeringa av SDG 14. Dette knyter seg til regelverk for å beskytte biodiversitet og fordeling av genressursar på ope hav, samspelet mellom globale og regionale implementeringsmekanismar, globale mekanismar for tema som f.eks. marin forsøpling og mikroplast. Med ei tradisjonelt leiande rolle i det internasjonale arbeidet innan havrett, miljø- og fiskeriforvaltning er det viktig at Noreg aktivt søkjer å påverke dei pågåande prosessane på ein mest mogleg einsarta og løysingsorientert måte. FNs internasjonale sjøfartsorganisasjon (IMO) utviklar internasjonale standardar for tryggleik og miljø i den globale skipsfarten, og Noreg er ein aktiv pådrivar også i dette arbeidet. Norge legg vidare vekt på miljøsamarbeidet med andre land bl.a. gjennom arbeidet i OSPAR (Konvensjonen for vern av det marine miljø i nordøst-Atlanteren).

Mål 15 Beskytte, atterreise og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motarbeide ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald:

Berekraftsmål 15 har talrike delmål og mange av dei samsvarer med dei såkalla Aichi-måla under FNs konvensjon om biologisk mangfald. Aichi-måla er internasjonale mål fram mot 2020 for å stoppe tapet av biologisk mangfald.

Gjennomføringa av berekraftsmål som omfattar naturmangfald føreset internasjonalt samarbeid som gir eit nødvendig felles rammeverk for gjennomføring og rapportering. Vidareutvikling av det autoritative kunnskapsgrunnlaget er eit sentralt element her. I tillegg gir ein rekke internasjonale prosjekt og initiativ betre metodar og felles premissar for målretta gjennomføring av måla som alle land, under dette Noreg, har nytte av. Naturmangfaldet er grunnlag for menneskeleg eksistens, verdiskapning og trivsel, og internasjonalt samarbeid om rammevilkår som fremjer ei omstilling til eit grønare samfunn må stimulerast.

Global Biodiversity Outlook (2014) påpeiker at gjennomføring av Aichi-måla vil medverke til den breie agendaen som er gitt i berekraftmåla, inkludert reduksjon av svolt og fattigdom. Effektiv og kunnskapsbasert utnytting av naturbasert klimatilpassing er for eksempel ei oppgåve som bind mål 13 og 15 godt saman. Rapporten viser at det trengst intensivert innsats for å nå Aichi-måla.

Regjeringas politikk for å følgje opp Aichi-måla er gjort greie for i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold som vart behandla i Stortinget i mai 2016. Oppfølginga av stortingsmeldinga er allereie i gang, og vil halde fram i 2017. Meldinga som regjeringa la frem, og som vart styrkt gjennom Stortingets behandling, legg ei brei og langsiktig plattform for naturforvaltningspolitikken. Den dekkjer alt frå prinsipp for berekraftig bruk, til å ta vare på truga arter og naturtypar og vern av eit representativt utval av norsk natur. Fleirtalet på Stortinget, inkludert regjeringspartia, har blant anna blitt samde om eit langsiktig mål for skogvern på 10 pst. av skogarealet.

Særskilt om delmål om berekraftig skogforvaltning og ressursar til skogforvaltning

I Meld. St. 14 (2015–2016) la regjeringa opp til at eventuelt intensivert skogbruk med blant anna auka hogst skal kombinerast med sterkare vekt på miljøomsyn i skogbruket. Regjeringa vil komme tilbake til dette og andre tiltak i ny melding til Stortinget om skog- og trenæringa. Om lag halvparten av tilveksten vart avverka i 2015. Overordna sett har vi ikkje avskoging i Noreg.

Vern av eit representativt utval av norsk skog og viktige område for naturmangfald er ein føresetnad for berekraftig skogforvaltning. Regjeringa har gjennom semje om naturmangfaldmeldinga og budsjettavtala med samarbeidspartia på Stortinget styrkt satsinga på skogvern.

Klima- og skoginitiativet er det viktigaste norske bidraget til reduserte klimagassutslepp globalt. Initiativet medverkar òg til å bevare naturmangfald gjennom tiltak for redusert avskoging og skogforringing i utviklingsland, og restaurering av skog i desse landa. Initiativet jobbar for å endre insentivstrukturar slik at det blir meir attraktivt for skoglanda å ta vare på skogen. Styrkt skogforvaltning er eit viktig verkemiddel for å redusere klimagassutslipp fra avskoging og skogforringelse. Initiativet har gjort Noreg til ein verdsleiande aktør på finansiering av tiltak for å oppnå reduserte utslepp frå skog i utviklingsland.

Særskilt om delmål om framande organismar

Framande organismar er både globalt og nasjonalt ein av dei største truslane mot naturmangfaldet. Delmålet om framande organismar er krevjande å nå, også med tanke på at klimaendringar kan medføre introduksjon av nye framande organismar. Regjeringa meiner derfor det er viktig å hindre innførsel og utsetjing av framande skadelege organismar, i tråd med den nye forskrifta om framande arter, og å nedkjempe framande skadelege organismar som allereie er etablerte i norsk natur. Klima- og miljødepartementet vil i samråd med aktuelle departement blant anna utarbeide ein samla, prioritert tiltaksplan for nedkjemping av skadelege framande organismar, som skal byggje på blant anna allereie eksisterande handlingsplanar mot framande skadelege arter og den tverrsektorielle nasjonale strategien og tiltak mot framande skadelege arter.

Ein viser til «Politikk for å nå de nasjonale målene» for meir informasjon om oppfølginga av stortingsmeldinga og til Noregs rapport til FN om oppfølging av berekraftmåla.

Nærmare omtale av enkelte andre delmål med betydning for klima og miljø

Særskilt om delmål om kjemikaliekontroll i mål 3 om helse

Bruk og utslepp av helsefarlege kjemikaliar og anna forureining gir risiko for eksponering for befolkninga i Noreg. Hovudverkemidlet for å avgrense bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar er internasjonal regulering, og særleg viktig er EU/EØS-regelverket. Globale avtaler gir reduserte langtransporterte utslepp til Noreg og Arktis. Å avgrense bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i Noreg er i hovudsak avhengig av krevjande internasjonale prosessar, der Noreg gjennom betydeleg ressursbruk og aktivt påtrykk har vore viktig for betre kunnskap og regulering. Dette har gitt betydelege reduksjonar i utslepp dei siste tiåra, og det er grunn til å vente vidare betydelege forbetringar frem mot 2030, innanfor gjeldande regelverk og ressursbruk, særleg gjennom forhandlingar og innan forsking. Framhalde godt tilsyn, og oppfølging av område med gamle forureiningar, og relevant kompetanse i kommunane er òg nødvendig.

Særskilt om delmål om luftforureining i mål 3 om helse og mål 11 om bærekraftige byer

Noreg er utfordra av fleire berekraftsmål når det gjeld luftkvalitet, mål knytte til byutvikling og til helse (delmål 11.6: Innan 2030 redusere negative konsekvensar for miljøet i storbyane målt per innbyggjar, blant anna ved å leggje særleg vekt på luftkvalitet og offentleg og anna form for avfallshandtering, og Delmål 3.9: Reduksjon av død og sjukdom som følgje av farlege kjemikaliar og luftforureining). Dei siste åra har nivået av svevestøv vist ein nedgåande trend, mens nivået på nitrogendioksid har vore om lag stabilt. I fleire norske byar er dårleg luftkvalitet framleis kjelde til alvorlege helseplager. Kommunane er forureiningsstyresmakt for lokal luftkvalitet, med hovudansvar for å setje i verk tiltak for å betre luftkvaliteten og utarbeide tiltaksutgreiingar. I forureiningsforskrifta er det fastsett grenseverdiar for lokal luftforureining. Grenseverdien for svevestøv vart stramma inn frå 2016. Det er bl.a. òg fastsett retningslinjer for behandling av lokal luftforureining i arealplanlegging. Luftforureining motiverer mange land og byer til innsats som og kan kommer klima til gode. Kostnadsbilete endrar seg når ein tek alle relevante effektar i betraktning, som helse. Samanhengen er sentral i vidareutviklinga av klima og miljøpolitikken.

Særskilt om delmål under mål 7 om å sikre tilgang til berekraftig, påliteleg og moderne energi til ein overkommeleg pris for alle

Berekraftsmål 7 er sentralt for miljø og klima ved at målet skal medverke til at alle har tilgang til berekraftig og moderne energi. Delmåla fremjer tilgang til energi, at meir fornybar energi blir bygd ut og at energien blir brukt meir effektivt. Energitilgang er ein føresetnad for, og gjer mogeleg økonomisk vekst, og er derfor heilt sentralt i arbeidet med å avskaffe fattigdom og fremje omstilling til lågkarbon utvikling. Samtidig må ny energi byggjast ut på ein berekraftig måte og energien må brukast meir effektivt, noko som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar og som minimerer andre miljø- og helsekostnader.

Nasjonalt er energimålet og dei ulike delmåla vurderte til anten å vere oppnådd eller i tråd med norsk politikk og nasjonale mål. Det er så langt føremålstenleg sikra energitilgang til alle. Noreg har allereie ein høg del fornybar energi samanlikna med andre land, og verkemiddel både på tilbods- og forbrukssida skal sikre framhald i overgangen frå fossil til fornybar energi. Vi har òg verkemiddel som medverkar til energieffektivisering. Regjeringa la våren 2016 fram Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring – energipolitikken mot 2030. Hovudbodskapen i meldinga er at forsyningstryggleik, klima og næringsutvikling må sjåast i samanheng for å sikre ei effektiv og klimavennleg energiforsyning.

Særskilt om delmål om meir effektiv ressursbruk i mål 8 om bærekraftig økonomisk vekst

I samband med berekraftsmålet som fremjer berekraftig økonomisk vekst (mål 8), omtala nærare av Finansdepartementet, skal vi bruke ressursane meir effektivt, slik at uttaket av naturressursar blir minimalisert. Målet fremjer ein fråkopling av økonomisk vekst frå ressursuttak og miljøbelastning. Det blir lagt til rette for å utnytte ressursar i avfall som sekundære råvarer ved å definere krav eller standardar. Materialgjenvinninga av avfall har auka drastisk dei seinaste tiåra og redusert miljøpåverknaden frå avfall. I tillegg kan digitalisering og nye forretningsmodellar føre til mindre avfall til gjenvinning eller sluttbehandling, ved at avfall ikkje oppstår eller ved at produkt blir brukte om igjen.

Særskilt om delmål om omstillinga til reinare industri og berekraftig infrastruktur i mål 9 om industri, innovasjon og infrastruktur

Miljøskadeleige utslepp frå næringslivet er, i tråd med nasjonale mål, vesentlig reduserte dei siste tiåra. Reinare og meir miljøvennlege teknologiformer og industriprosessar er introduserte som følgje av stadig strengare regelverk og i medhald av forureiningslova og produktkontrollova. Ressurseffektiviteten er betra, bl.a. gjennom ein markant auke i materialgjenvinning av avfall i tråd med det nasjonale målet. Ytterlegare tiltak for ein sirkulær økonomi og ei framhalden innstramning i regelverk og utsleppsløyve i tråd med utviklinga til nå vil medverke til å nå målsetjinga.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 9 622,252 mill. kroner på utgiftssida og 354,989 mill. kroner på inntektssida.

5.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1400

Klima- og miljødepartementet

442 030

458 407

491 789

7,3

1406

Miljøvennleg skipsfart

5 064

1408

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

14 453

1409

MAREANO

28 825

1410

Miljøforsking og miljøovervaking

669 521

708 709

786 957

11,0

Sum kategori 12.10

1 159 893

1 167 116

1 278 746

9,6

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1420

Miljødirektoratet

3 048 852

3 613 597

4 033 813

11,6

1422

Miljøvennleg skipsfart

5 219

5 338

2,3

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

14 278

15 629

9,5

1424

MAREANO

32 932

33 684

2,3

1425

Vilt- og fisketiltak

83 018

80 498

87 909

9,2

Sum kategori 12.20

3 131 870

3 746 524

4 176 373

11,5

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1429

Riksantikvaren

575 201

621 288

605 612

-2,5

1432

Norsk kulturminnefond

75 444

87 094

86 659

-0,5

Sum kategori 12.30

650 645

708 382

692 271

-2,3

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1471

Norsk Polarinstitutt

278 510

268 547

295 084

9,9

1472

Svalbard miljøvernfond

15 230

14 638

14 638

0,0

1473

Kings Bay AS

41 635

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

52 287

52 105

51 985

-0,2

Sum kategori 12.60

346 027

335 290

403 342

20,3

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

1481

Klimakvotar

127 817

204 200

264 597

29,6

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

2 906 934

2 767 287

2 806 923

1,4

Sum kategori 12.70

3 034 751

2 971 487

3 071 520

3,4

5.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

4400

Klima- og miljødepartementet

2 082

2 080

2 138

2,8

Sum kategori 12.10

2 082

2 080

2 138

2,8

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

4420

Miljødirektoratet

143 920

144 816

147 646

2,0

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

88 982

93 560

101 100

8,1

Sum kategori 12.20

232 902

238 376

248 746

4,4

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

4429

Riksantikvaren

7 949

5 477

5 631

2,8

Sum kategori 12.30

7 949

5 477

5 631

2,8

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

4471

Norsk Polarinstitutt

86 401

81 951

83 824

2,3

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

15 230

14 650

14 650

0,0

Sum kategori 12.60

101 631

96 601

98 474

1,9

Inntekter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

4481

Sal av klimakvotar

1 854 050

-100,0

Sum kategori 12.70

1 854 050

-100,0

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01–01

Driftsutgifter

1 289 236

1 267 490

1 420 906

12,1

11–25

Varer og tenester

1 039 354

1 251 169

1 352 544

8,1

30–49

Nybygg, anlegg m.v.

494 452

566 576

596 108

5,2

50–59

Overføringar til andre statsrekneskaper

525 755

548 307

617 886

12,7

60–69

Overføringar til kommunar

97 999

290 355

384 007

32,3

70–89

Overføringar til private

4 876 390

5 004 902

5 250 801

4,9

Sum under departementet

8 323 186

8 928 799

9 622 252

7,8

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01–29

Sal av varer og tenester m.v.

240 352

2 088 374

239 239

-88,5

50–91

Skattar, avgifter og andre overføringar

104 212

108 210

115 750

7,0

Sum under departementet

344 564

2 196 584

354 989

-83,8

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2016

Forslag 2017

1400

74

Tilskot til AMAP

4 231

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

59 098

1420

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

149 369

1420

69

Oppryddingstiltak

271 562

1420

70

Tilskott til vassmiljøtiltak

24 755

1420

71

Marin forsøpling

15 290

1420

73

Tilskot til rovvilttiltak

70 051

1420

78

Friluftsformål

159 821

1420

79

Oppryddingstiltak

450

1420

81

Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv

26 261

1420

82

Tilskot til truga arter og naturtypar

64 989

1420

85

Naturinformasjonssenter

52 714

1424

21

Spesielle driftsutgifter

33 684

1425

70

Tilskot til fiskeformål

12 894

1425

71

Tilskot til viltformål

34 600

1429

22

Bevaringsoppgåver

24 378

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

28 164

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

122 015

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

51 545

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

45 952

1429

74

Tilskot til fartøyvern

61 883

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

10 757

1429

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde

5 000

1429

79

Tilskot til verdsarven

52 036

1471

21

Spesielle driftsutgifter

70 910

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

23 985

1474

70

Tilskot til private mottakarar

28 000

1481

01

Driftsutgifter

4 387

1481

22

Kvotekjøp, generell ordning

259 900

1481

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser

310

1482

73

Klima- og skogsatsinga

2 709 213

6 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Omtalt del/kap.

2015–2016

57

Tiltak for auka bruk av låg- og nullutsleppsteknologi i nærskipsfarten

I/6

2015–2016

74

Auke omsetjingskravet for biodrivstoff frå 5,5 pst. til 7,0 pst. frå 1. januar 2017

I/6

2015–2016

75

Plan for omsetjingskravet for biodrivstoff fram mot 2020

III/9.6

2015–2016

76

Biodrivstoff som blir omsett i Noreg skal tilfredsstille EUs berekraftskriterium

I/6

2015–2016

84

Premieringsordning for klimatiltak i kommunane

II/1420.61

2015–2016

100

Verneverdig skog i Statskogs eige

I/6

2015–2016

101

Lokal luftforureining som følgje av biltrafikk

III/9.6

2015–2016

103

Våtmarksskogar, torvmyrskogar og mangroveskogar

I/6

2015–2016

405

Sikre berekraftig bestand av anadrome laksefiskar

I/6

2015–2016

406

Stortingsmelding om avfallspolitikk

I/6

2015–2016

537

Mål for reduksjon av matavfall og matsvinn

I/6

2015–2016

667

Mål om vern av både offentleg eigd skog og frivillig vern av privateigd skog

I/6

2015–2016

668

Plan for marine verneområde

I/6

2015–2016

669

Trappe opp arbeidet med å betre tilstanden i økosystema

I/6

2015–2016

670

Kvalitetsnormer for økosystem

I/6

2015–2016

671

Nasjonalparkane Jomfruland, Raet, vurdere vernevedtaket knytte til Lofotodden

I/6

2015–2016

672

Revidere dei heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanane for havområda

I/6

2015–2016

673

Oppdatert forvaltningsplan for Norskehavet

I/6

2015–2016

674

Handlingsplan for å betre situasjonen for sjøfuglar

I/6

2015–2016

675

Kvalitetsnorm for myr

I/6

2015–2016

676

Utvikle vidare dagens ordning med utvalte kulturlandskap

I/6

2015–2016

677

Kvalitetsnorm for villrein, og vurdere kvalitetsnorm for fleire utvalte arter.

I/6

2015–2016

678

Økologisk grunnkart for Noreg

I/6

2015–2016

679

Fortløpande oppdatering av raudlister og svartelister

I/6

2015–2016

681

Forbod mot mikroplast i kroppspleieprodukt

I/6

2015–2016

682

Handlingsplan mot mikroplast

I/6

2015–2016

770

Tap av eventuelle rettar eller belastningar innanfor ulvesona

I/6

2015–2016

771

Midlar til kommunar med ynglingar innanfor ulvesona

I/6

2015–2016

772

Lik jakttid i og utanfor ulvesona

I/6

2015–2016

773

Ny uavhengig utgreiing av det genetiske opphavet til ulvestamma i Noreg

I/6

2015–2016

868

Gjere synleg utsleppsbanene innanfor ikkje kvotepliktig sektor

III/9.6

2015–2016

875

Forsyningssituasjonen for biodrivstoff mv.

III/9.6

2015–2016

876

Vurdere høva til å innføre E10 (etanol 10 pst.) som ny bensinstandard.

III/9.6

2015–2016

878

Auka bruk av fornybart drivstoff (biodrivstoff) i transportsektoren

I/6

2015–2016

888

Årlege utsleppsbaner for ikkje kvotepliktig sektor i ny klimalov

I/6

2015–2016

894

Noregs forslag til forsterka klimamål

I/6

2015–2016

895

Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030

I/6

2015–2016

896

Oppfølging av oppmodingane i Paris-avtala og Paris-vedtaket

III/9.6

2015–2016

897

Klimanøytralitet i 2030

I/6

2014–2015

43

Utfasing av fossil grunnlast i statlege bygg

III/9.6

2014–2015

380

Bruk av blyhagl på jakt

III/9.6

2014–2015

382

Handlingsplan miljøgifter

I/6

2014–2015

383

Giftstoff og skadelege kjemikaliar

III/9.6

2014–2015

507

GMO

III/9.6

2014–2015

537

Motorkøyretøy på vinterføre for utmarksnæring

I/6

2014–2015

574

Nye grenseverdiar for svevestøv

III/9.6

2014–2015

576

Konsekvensutgreiing av deponi

III/9.6

2014–2015

577

Utgreie reduksjon av deponeringsbehovet

III/9.6

2014–2015

579

Utsleppsløyve ved utvinning av mineralressursar

III/9.6

Vedtak nr. 57, 1. desember 2015

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 78 S (2015–2016), jf. Dok. 8:126 S (2014–2015) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillinga si tilråding romartal VI:

«Stortinget ber regjeringen legge fram forslag til tiltak for økt bruk av lav- og nullutslippsteknologi i nærskipsfarten, og komme tilbake til Stortinget med dette.»

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke å løyve 40 mill. kroner i statsbudsjettet for 2016 til ordningar for grøn fornying av nærskipsfartflåten. Midlane er fordelte på ei nyoppretta kondemneringsordning for utskifting av eldre skip og på ei låneordning for bygging av nye grøne skip. Det er foreslått å føre ordninga vidare i 2017.

Vidare har Stortinget, etter forslag frå regjeringa, vedteke å løyve 65 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2016 til utvikling og introduksjon av låg- og nullutsleppsløysingar i innanriks skipsfart, under dette skip som går i nærskipsfart til og frå norske hamner inkludert havbruks- og fiskeriflåta. Midlane er fordelte på ei tilskotsordning som delvis er retta mot private aktørar, slike som reiarlag, verft og utstyrsleverandørar, og delvis mot fylkeskommunar og kommunar. Ordninga skal medverke til at låg- og nullutsleppsløysingar blir utvikla i maritim næring, og til å styrkje fylkeskommunane sin miljøkompetanse knytt til innkjøp av ferjetenester. Formålet er å medverke til reduserte klimagassutslepp, grøn teknologiutvikling og arbeidsplassar langs kysten. Resultata av ordninga vil bli evaluerte.

Begge satsingane inngår i regjeringas heilskaplege arbeid med grøn skipsfart. Dei følgjer opp klimameldinga, der miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken.

Regjeringa vil arbeide vidare med oppfølging av oppmodingsvedtaket særskilt i samband med klimaforpliktelsene våre. Det vises i denne samanheng til tidligare varsla sak til Stortinget om oppfølging av klimamålet for 2030.

Vedtak nr. 74, 3. desember 2015

Då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2015–2016), Prop. 1 S (2015–2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016), vart behandla, gjorde Stortinget dette vedtaket, jf. tilråding i innstillinga romartal IX:

«Stortinget ber regjeringen øke omsetningskravet for biodrivstoff fra 5,5 pst. til 7,0 pst. fra 1. januar 2017.»

Regjeringa har følgt opp oppmodingsvedtaket ved å endre omsetjingskravet i produktforskrifta gjennom endringsforskrift fastsett i september 2016.

Vedtak nr. 75, 3. desember 2015

Då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2015–2016), Prop. 1 S (2015–2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016), vart behandla, gjorde Stortinget dette vedtaket, jf. tilråding i innstillinga romartal X:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for ytterligere opptrapping av omsetningskravet for biodrivstoff frem mot 2020. Planen skal legge opp til en overgang fra biodrivstoff basert på matvekster til mer avansert biodrivstoff med bedre bærekraft. Omsetningskravet for drivstoff til veitransport planlegges i denne forbindelse utvidet til å omfatte avgiftsfri diesel. Stortinget ber regjeringen komme tilbake med planen i forbindelse med statsbudsjettet for 2017.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølgning av oppmodningsvedtak.

Vedtak nr. 76, 3. desember 2015

Då innstillinga Innst. 2 S (2015–2016) frå finanskomiteen, jf. Meld. St. 1 (2015–2016), Prop. 1 S (2015–2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016), vart behandla, gjorde Stortinget dette vedtaket, jf. tilråding i innstillinga romartal XI:

«Stortinget ber regjeringen stille krav om at alt biodrivstoff som omsettes i Norge skal tilfredsstille EUs bærekraftskriterier.»

Eit generelt krav om at alt biodrivstoff som omsettes i Noreg skal oppfylle berekraftskriteria kan være i strid med totalharmoniseringsklausulen i drivstoffkvalitetsdirektivet (98/70/EF) artikkel 5, sidan drivstoffkvalitetsdirektivet ikkje stiller noko slikt krav. Regjeringa meiner at vedtaket er utkvittert.

Vedtak nr. 84, 3. desember 2015

Ved behandling av innstilling frå finanskomiteen Innst. 2 S (2015–2016), jf. Meld. St. 1 (2015–2016), Prop. 1 S (2015–2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillinga si tilråding romartal XIX:

«Stortinget ber regjeringen sette av 100 mill. kroner til en belønningsordning til klimatiltak i kommunene som skal forvaltes av Miljødirektoratet. Ordningen kan innrettes slik at kommuner som fremmer gode klimatiltak får midler til gjennomføring etter gitte kriterier. Det legges opp til at ordningen skal ha en varighet på minst fem år og at midlene er overførbare.»

Vedtaket er følgt opp ved at støtteordninga Klimasats er oppretta under Miljødirektoratet. Sjå omtale av kap. 1420, post 61.

Vedtak nr. 100, 3. desember 2015

Landbruks- og matdepartementet viser i brev til at Stortinget, ved behandlinga av innstilling frå finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2016 og forslaget til statsbudsjett for 2016 gjorde vedtak i samsvar med vedlagte innstilling (Innst. 2 S (2015–2016) Innstillinga si tilråding romartal XXXV:

«Stortinget ber regjeringen sørge for en gjennomgang av Statskog SFs ordinære skogeiendommer for verneverdig skog, og legge til rette for at verneverdig skog i deres eie kan vernes etter naturmangfoldloven.»

Klima- og miljødepartementet har i brev av 9.5.2016 bedt Miljødirektoratet følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak, med utgangspunkt i det pågåande samarbeidet med Statskog SF om vern av skog på statsgrunn og med sikte på at Statskogs areal kan medverke på ein fagleg god måte også i det vidare skogvernarbeidet.

Ein gjennomgang av Statskogs ordinære skogeigedommar som Stortinget no har bedt om, vil naturleg omfatte nye vurderingar av område som tidlegare er kartlagde og som kan vere aktuelle for vern, og nye kartleggingar for å identifisere aktuelle skogvernområde. Arbeidet vil følgjeleg vere langsiktig. Stortinget vil bli orientert om arbeidet på eigna måte.

Vedtak nr. 101, 3. desember 2015

Ved behandling av innstilling frå finanskomiteen Innst. 2 S (2015–2016), jf. Meld. St. 1 (2015–2016), Prop. 1 S (2015–2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal XXXVI:A

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan kommunene kan få flere verktøy for å håndtere lokal luftforurensning som følge av biltrafikk m.m. i perioder der luftforurensningsverdiene overskrider eller står i fare for å overskride grenseverdiene angitt i forurensningsforskriftens kapittel 7 om lokal luftkvalitet.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 103, 3. desember 2015

Ved behandling av innstilling frå finanskomiteen Innst. 2 S (2015–2016), jf. Meld. St. 1 (2015–2016), Prop. 1 S (2015–2016), Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal XXXVIII:

«Stortinget ber regjeringen spesielt rette innsats mot karbonrike skogtyper, eksempelvis innenlands våtmarksskoger, torvmyrskoger og mangroveskoger innenfor en ramme på minst 30 mill. kroner.»

Vedtaket blir følgt opp ved at det er sett av ressursar til å støtte reformarbeidet for torvmyrbevaring gjennom det bilaterale skogsamarbeidet med Indonesia i 2016, samt ein breare strategisk innsats for styrka forvaltning av mangrove skogar.

Regjeringa vil rapportere på vedtaket i Prop. 1 S (2017–2018) frå Klima- og miljødepartementet, når det skal rapporterast på bruk av 2016-midlar.

Vedtak nr. 405, 18. desember 2015

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen om løyvingar på statsbudsjettet Prop. 1 S (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding C romartal II:

«Stortinget ber regjeringen legge fram en sak for Stortinget som belyser status for bestanden av anadrome laksefisker, og hvordan forvaltningen og formidling av kunnskap kan styrkes for å sikre en bærekraftig utvikling.»

Oppmodingsvedtaket er under behandling i Klima- og miljødepartementet. Resultatet vil bli presentert for Stortinget på eigna måte i 2017.

Vedtak nr. 406, 18. desember 2015

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen om løyvingar på statsbudsjettet Prop. 1 S (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding C romartal III:

«Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om avfallspolitikk og den sirkulære økonomien.»

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding for Stortinget om avfallspolitikk og den sirkulære økonomien før sommaren 2017.

Vedtak nr. 537, 17. mars 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 181 S (2015–2016), jf. Dok. 8:119 S (2014–2015) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal IV:

«Stortinget ber regjeringen drøfte et mål for reduksjon av matavfall og matsvinn i omsetnings- og forbrukerleddet, og legge dette frem i den bebudede meldingen om avfall og sirkulær økonomi. Målet må sees i forbindelse med arbeidet med bransjeavtalen med reduksjonsmål, regelverksutvikling i EU og helheten i norsk avfallspolitikk.»

Regjeringa inngjekk i 2015 ei intensjonsavtale med representantar for heile matbransjen om reduksjon i matsvinn. Intensjonsavtala blir avløyst av ei meir konkret avtale med reduksjonsmål og moglege tiltak. Bransjeavtala og fastsetjing av mål vil bli sett i samanheng med andre prosessar rundt matsvinn. Arbeid for å redusere matsvinn vil bli nærare omtalt i stortingsmelding om avfallspolitikken og sirkulær økonomi.

Vedtak nr. 667, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal I:

«Stortinget ber regjeringen sette et mål om vern av både offentlig eid skog og frivillig vern av privateid skog til 10 pst. av skogarealet.»

Klima- og miljødepartementet vil innrette det vidare skogvernarbeidet ut frå det nye målet om vern av 10 pst av skogarealet. Departementet har bedt Miljødirektoratet om at ein i evalueringa som skal gjennomførast av skogvernarbeidet, jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet, legg til grunn målet om 10 pst skogvern. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte for å informere om status i høve til målet.

Vedtak nr. 668, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal II:

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for marine verneområder og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.»

Klima- og miljødepartementet vil setje i gang arbeid med ein plan for marine verneområde, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 669, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal III:

«Stortinget ber regjeringen klargjøre hva som er god tilstand og hvilke arealer som er å regne som forringede økosystemer, og trappe opp arbeidet med å bedre tilstanden i økosystemene, med sikte på at 15 pst. av de forringede økosystemene skal være restaurert innen 2025.»

Klima- og miljødepartementet har oppretta eit Ekspertråd for økologisk tilstand som skal foreslå naturvitskapelege indikatorar og kriterium for økologisk tilstand i norske økosystem som minimum klargjer kva som er «god økologisk tilstand». Ekspertrådets tilrådingar vil etter planen liggje føre 1. juni 2017.

Per i dag finst det inga systematisk oversikt over forringa økosystem i Noreg, med unntak av vassførekomstar som ei oppfølging av forskrift om rammer for vassforvaltninga. I tråd med Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald vil ei vurdering av om mål om restaurering er nådd, basere seg på ei avklaring av kva som er rekna som forringa økosystem, og kven som er eigna for eventuell restaurering. Spørsmålet om kva som er sett på som forringa økosystem, og omfanget av dette, vil bli sett i samanheng med arbeidet med å klargjere kva som er god tilstand i økosystema. Klima- og miljødepartementet vil på dette grunnlaget prioritere aktuelle restaureringstiltak med sikte at 15 pst av dei forringa økosystema er restaurerte innan 2025. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 670, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal IV:

«Stortinget ber regjeringen vurdere kvalitetsnormer for økosystemer som en del av utviklingen av nye forvaltningsmål.»

Med utgangspunkt i Ekspertrådet for økologisk tilstand sitt forslag til klargjering av kva som er «god økologisk tilstand», vil Klima- og miljødepartementet fastsetje forvaltningsmål for økosystema innan utgangen av 2017. Forvaltningsmåla vil vere baserte på det faglege ekspertgrunnlaget nemnt over, på forvaltningsmessige vurderingar og avvegingar og samfunnsøkonomiske vurderingar. Som del av dette arbeidet vil Klima- og miljødepartementet vurdere om og eventuelt på kva måte forvaltningsmåla bør fastsetjast som kvalitetsnormer etter naturmangfaldlova §13. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 671, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal V:

«Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig fatte vedtak i sakene om nasjonalparkene Jomfruland, Raet, vurdere vernevedtaket knyttet til Lofotodden og varsle Stortinget om dette på egnet måte.»

Verneforslag for Jomfruland og Raet vil etter planen bli vedteken i løpet av hausten 2016. Verneforslag for Lofotodden vil etter planen bli sendt over til departementet frå Miljødirektoratet i 2017 med sikte på vedtak i løpet av 2017. Stortinget vil bli orientert om vedtaka på eigna måte.

Vedtak nr. 672, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal VII:

«Stortinget ber regjeringen revidere de helhetlige og økosystembaserte forvaltningsplanene for våre havområder minimum hvert tolvte år, og oppdatere dem hvert fjerde år.»

Regjeringa vil komme tilbake til konkretisering av systemet for revidering og oppdatering av forvaltningsplanane i samband med melding til Stortinget om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet.

Vedtak nr. 673, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal VIII:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en oppdatert forvaltningsplan for Norskehavet, slik at den kan behandles i inneværende stortingsperiode.»

Regjeringa har sett i gang arbeid med melding til Stortinget om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet, med sikte på framlegging våren 2017.

Vedtak nr. 674, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal IX:

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.»

Klima- og miljødepartementet vil gi Miljødirektoratet i oppdrag å utarbeide ein handlingsplan for sjøfugl, der ulike verkemiddel og tiltak skal vurderast, inkludert bruken av status som prioritert art. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Vedtak nr. 675, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal X:

«Stortinget ber regjeringen legge fram kvalitetsnorm for myr.»

Klima- og miljødepartementet vil sjå utarbeiding av ei kvalitetsnorm for myr i samanheng med oppfølging av vedtak 669 og 670 av 23. mai 2016, og ei pågåande utgreiing av økosystemtenester i våtmark. Arbeidet med økosystemutgreiinga skal etter planen sluttførast i 2017. Departementet vil leggje dette og anna kunnskapsgrunnlag til grunn for eit forslag til kvalitetsnorm for myr og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 676, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillinga romartal XII:

«Stortinget ber regjeringen videreutvikle dagens ordning med utvalgte kulturlandskap med sikte på å øke antall områder frem mot 2020.»

Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet vil i 2017 gi Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Landbruksdirektoratet i oppdrag å vurdere korleis viktige utvalte kulturlandskap i jordbruket best kan takast vare på, under dette utviding av ordninga med nasjonalt utvalte kulturlandskap. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 677, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal XIII.

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en kvalitetsnorm for villrein, og vurdere kvalitetsnorm for flere utvalgte arter.»

Klima- og miljødepartementet har i 2016 bedt Miljødirektoratet om å starte arbeidet med eit faggrunnlag for ei kvalitetsnorm for villrein. Vidare er direktoratet bedt om å vurdere om det er føremålstenleg med kvalitetsnormer for lirype, fjellrype, hare, bever og skogshøns. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 678, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal XIV:

«Stortinget ber regjeringen styrke arbeidet med et økologisk grunnkart for Norge med naturtyper, arter og landskapstyper.»

Klima- og miljødepartementet vil i 2017 føre vidare og styrkje arbeidet med det økologiske grunnkartet, og vil særleg prioritere å etablere eit overordna system for naturtypekartlegging etter inndelings- og beskrivingssystemet Natur i Noreg (NiN) og metode og kriterium for verdsetjing av naturtypane. Naturtypar som anten er truga, viktige for mange arter, eller er spesielt dårleg kartlagte vil bli prioriterte i kartlegginga. Vidare vil område der kartlegging gir stor samfunnsnytte, blant anna område med stor aktivitet og stort utbyggingspress, og område der ein reknar med at klimaendringane fører til raske endringar, bli prioriterte. Data for inndeling av heile landet i landskapstypar er under utarbeiding. Det vil òg bli bygt opp digital infrastruktur for innsamling og formidling av stadfesta økologisk relevant informasjon frå ulike sektorar. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 679, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 294 S (2015–2016), jf. Meld. St. 14 (2015–2016) om Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. innstillingas romartal XVI.

«Stortinget ber regjeringen sørge for at svartelisten over fremmede skadelige organismer og rødlistene over truede arter og naturtyper oppdateres fortløpende slik at alle artsgrupper og naturtyper gjennomgås hvert femte år.»

Artsdatabanken har gjennom sitt mandat frå Kunnskapsdepartementet fått ansvar for å fastsetje raudlistestatus for norske arter og naturtypar, publisere Nasjonale raudlister for arter og naturtypar og oppdatere desse, og å vurdere økologisk risiko knytt til arter som ikkje høyrer naturleg heime i Noreg (framande arter) og å føre oversikt over slike arter som er påvist i Noreg. Regjeringa vil syte for at slik oppdatering skjer jamleg og slik at alle artsgrupper og naturtypar blir gjennomgått kvart femte år. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 681, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 282 S (2015–2016), jf. Dok. 8:44 S (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal I:

«Stortinget ber regjeringen om fremme forslag med sikte på å forby mikroplast i kroppspleieprodukter.»

Regjeringa vil gjere greie for oppfølginga av vedtaket i Prop. 1 S (2017–2018) frå Klima- og miljødepartementet.

Vedtak nr. 682, 23. mai 2016

Ved behandling av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 282 S (2015–2016), jf. Dok. 8:44 S (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal II:

«Stortinget ber regjeringen fremme en handlingsplan mot mikroplast etter at tiltaksanalysen er gjennomført.»

Regjeringa vil gjere greie for oppfølginga av vedtaket i Prop. 1 S (2017–2018) frå Klima- og miljødepartementet.

Vedtak nr. 770, 6. juni 2016

Ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2016–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal III:

«Stortinget ber regjeringen utrede mulige økonomiske ordninger for tap av eventuelle rettigheter eller belastninger innenfor ulvesonen og viser til ulvesoneutvalgets forslag knyttet til dette spørsmålet.»

Klima- og miljødepartementet vil få utgreidd dei juridiske og økonomiske spørsmåla ved å etablere ei ordning for å kompensere for tap av rettar for grunneigarar/rettshavarar eller for eventuelle andre belastningar som måtte oppstå ved etablering av ulv. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 771, 6. juni 2016

Ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2016–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal IV:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en sak hvor man vurderer mulige ordninger for midler til kommuner med ynglinger innenfor ulvesonen.»

Klima- og miljødepartementet vil få vurdert dei juridiske og økonomiske spørsmåla ved å etablere ei ordning for midlar til kommunar med ynglingar innanfor ulvesona. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om dette på eigna måte.

Vedtak nr. 772, 6. juni 2016

Ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2016–2016), jf. Meld. St. 21 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal V:

«Stortinget ber regjeringen vurdere å tillate lik jakttid i og utenfor ulvesonen.»

Klima- og miljødepartementet vil få vurdert om det skal vere ei felles jakttidsramme for lisensfelling av ulv innanfor og utanfor ulvesona. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 773, 6. juni 2016

Ved behandlinga av innstilling frå energi- og miljøkomiteen Innst. 330 S (2016–2016), jf. Meld. St 21 (2015–2016) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal VI:

«Stortinget ber regjeringen bestille en ny uavhengig utredning av den genetiske opprinnelsen til ulvestammen i Norge.»

Klima- og miljødepartementet vil vurdere korleis ei ny, uavhengig utgreiing av det genetiske grunnlaget til ulvestamma i Noreg kan gjennomførast. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 868, 13. juni 2016

Stortinget har ved behandling av Innst. 401 S (2015–2016), Meld. St. 25 (2015–2016) Energimeldingen, gjort følgjande vedtak:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med fremleggelsen av statsbudsjettet for 2017 – etter at EU-kommisjonens forslag til innsatsfordeling for ikke-kvotepliktig sektor er lagt frem – synliggjøre utslippsbanene for de enkelte sektorer innenfor ikke-kvotepliktig sektor. Fremleggelsen må omtale målsettinger for hver enkelt sektor basert på en vurdering av hva dette forslaget vil innebære for Norge.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 875, 13. juni 2016

Då innstillinga Innst. 401 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Meld. St. 25 (2015–2016), vart behandla, gjorde Stortinget dette vedtaket, jf. tilråding i innstillinga romartal VIII:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med fremleggelsen av statsbudsjettet for 2017 legge frem en gjennomgang av forsyningssituasjonen for biodrivstoff i dagens marked, herunder en faglig vurdering av bærekraften til ulike former for biodrivstoff som er på markedet i dag, samt en plan for en videre opptrapping av omsetningspåbudet for biodrivstoff til opp mot 11 pst. innen 2020.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 876, 13. juni 2016

Då innstillinga Innst. 401 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Meld. St. 25 (2015–2016), vart behandla, gjorde Stortinget dette vedtaket, jf. tilråding i innstillinga romartal IX:

«Stortinget ber regjeringen vurdere mulighetene for å innføre E10 (etanol 10 pst.) som ny bensinstandard. I denne forbindelse er det viktig at kravet om sikringskvalitet for bensin ivaretas.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 878, 13. juni 2016

Då innstillinga Innst. 401 S (2015–2016) frå energi- og miljøkomiteen, jf. Meld. St. 25 (2015–2016), vart behandla, gjorde Stortinget dette vedtaket, jf. tilråding i innstillinga romartal XI:

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for økt bruk av fornybart drivstoff (biodrivstoff) med økt innblanding opp mot 40 pst. i transportsektoren. Dette må også vurderes for mobile kilder som traktorer og anleggsmaskiner innen 2030.»

Regjeringa vil komme tilbake til vedtaket i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018–2029 frå Samferdselsdepartementet våren 2017.

Vedtak 888, 13. juni 2016

Då innstillinga Inns. 397 S (2015–2016, jf. Dok. 3:51 S (2015–2016) vart behandla, gjorde Stortinget dette vedtaket, jf. tilråding i innstillinga romertall I:

«Stortinget ber regjeringa i utarbeidinga av ny klimalov om årleg å synleg utsleppsbaner for dei ulike områda innanfor ikkje kvotepliktig sektor, og kva type tiltak som vil vere nødvendig for å nå desse måla.»

Vedtaket blir følgt opp i samband med klimalova. Det blir òg varsla at den årlege omtala av kor vi skal vere i 2030, og korleis vi skal komme oss dit, vil vere meir omfattande frå og med neste års budsjett. Stortinget vil bli orientert om dette i Prop. 1 S (2017–2018).

Vedtak nr. 894, 14. juni 2016

Ved behandlinga av proposisjonen til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016), jf. Prop. 115 S (2015–2016) fatta Stortinget vedtak innstillingas romartal I:

«Stortinget ber regjeringen, før dialogen om økte ambisjoner i 2018, komme til Stortinget med en sak om Norges forslag til forsterkede mål –som utgangspunkt for prosessen for å oppnå Paris-avtalen.»

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om moglege forsterka mål før dialogen om partane sin kollektive innsats for å redusere utslepp under klimakonferansen i 2018.

Vedtak nr. 895, 14. juni 2016

Ved behandlinga av proposisjonen til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016), jf. Prop. 115 S (2015–2016) fatta Stortinget vedtak innstillingas romartal II:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en sak til Stortinget om Norges endelige fastsatte bidrag for perioden 2021–2030, så raskt som mulig etter at forhandlingene med EU om felles oppfyllelse er avsluttet, og i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.»

Regjeringa vil vurdere Noregs endelege nasjonalt fastsette bidrag for perioden 2021–2030, og komme tilbake til Stortinget om dette så raskt som mogeleg og i god tid før fristen for innmelding av slike bidrag i 2020.

Vedtak nr. 896, 14. juni 2016

Ved behandlinga av proposisjonen til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016), jf. Prop. 115 S (2015–2016) fatta Stortinget vedtak innstillingas romartal III:

«Stortinget ber regjeringen – på egnet måte innen våren 2017 – lege fram for Stortinget en oppsummering av de oppfordringene Paris-avtalen og Paris-beslutningen inneholder, og en oversikt over hvordan oppfordringene skal følges opp videre.»

Sjå nærare omtale i del III, kap 9.6.

Vedtak nr. 897, 14. juni 2016

Ved behandlinga av proposisjonen til Stortinget om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala (Innst. 407 S (2015–2016), jf. Prop. 115 S (2015–2016) fatta Stortinget vedtak innstillingas romartal IV:

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at Norge skal sørge for klimareduksjoner tilsvarende norske utslipp fra og med 1. januar 2030, og at klimanøytralitet kan oppnås gjennom EUs kvotemarked, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjoner, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid.»

På grunnlag av innstillinga til proposisjonen om samtykke til ratifikasjon av Parisavtala, Innst. 407 S (2015-2016), har Stortinget vedteke at Regjeringa skal leggje til grunn at Noreg frå og med 2030 skal vere klimanøytralt. Frå 1. januar 2030 skal norske utslepp av klimagassar motsvarast av reduksjonar i andre land gjennom EUs kvotemarknad, internasjonalt samarbeid om utslippsreduksjonar, kvotehandel og prosjektbasert samarbeid. Regjeringa følgjer opp dette vedtaket og vil komme tilbake til Stortinget på eit eigna tidspunkt med planane for gjennomføringa.

Oppmodingsvedtak frå stortingssesjonen 2014–2015

Vedtak nr. 43, 1. desember 2014

Ved behandling av tilleggsinnstilling frå finanskomiteen Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015), jf. Meld. St. 1 (2014–2015), Prop. 1 S (2014–2015) og Prop. 1 S Tillegg 1 – 3 (2014–2015) fatta Stortinget følgjande vedtak, innstillingas tilråding romartal VI:

«Stortinget ber regjeringa lage ein heilskapleg plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlege bygg.»

Sjå nærare omtale i del III, under kap. 9. 6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 380, 3. februar 2015

Dok. 8:55 S (2014–2015) Innst. 145 S (2014–2015), innstillingas tilråding romartal II

«Stortinget ber regjeringa følgje utviklinga i bruk av blyhagl, og innhente meir kunnskap om dei helsemessige konsekvensane ved bruk av blyhagl på jakt.»

Sjå nærare omtale i del III, under kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 382, 3. februar 2015

Dok. 8:87 S (2013–2014) og Dok. 8:104 S (2013–2014), tilråding romartal I i Innst. 146 S (2014–2015) av 29.1.2015, og vedtak i Stortinget av 3.2.2015.

«Stortinget ber regjeringa utarbeide ein handlingsplan for ein giftfri kvardag. Handlingsplanen må inkludere tiltak mot miljøgifter både nasjonalt og internasjonalt, tiltak for auka tilsyn og kontroll, forbrukarinformasjon og bransjedialog.»

Regjeringa har gjort greie for oppfølginga av vedtaket i Revidert nasjonalbudsjett for 2016, sjå omtale side 100 i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016, av 11. mai 2016, som vart behandla i Stortinget 17. juni 2016 jf. Innst. 400 S (2015–2016) av 10. juni 2016. Regjeringa meiner at vedtaket er utkvittert.

Vedtak nr. 383, 3. februar 2015

Dok. 8:104 S (2013–2014), tilråding romartal II i Innst. 146 S (2014–2015) av 29.1.2015, og vedtak i Stortinget av 3.2.2015.

«Stortinget ber regjeringa arbeide for snarast mogleg internasjonal regulering og forbod mot dei farlegaste ikkje-regulerte giftstoffa i produkt tilgjengelege i Noreg, basert på oppdaterte faglege anbefalingar frå Miljødirektoratet. I tillegg ber ein regjeringa om å arbeide internasjonalt for at alle produkt som inneheld skadelege kjemikaliar, skal ha ein innhaldsdeklarasjon som viser kva slag stoff og mengda av desse som produkta inneheld.»

Regjeringa viser til foreløpig tilbakemelding i Revidert nasjonalbudsjett for 2016, sjå omtale side 100–101 i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 av 11. mai 2016, som vart behandla i Stortinget 17. juni 2016 jf. Innst. 400 S (2015–2016) av 10. juni 2016.

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 507, 28. april 2015

Dok. 8:30 S (2014–2015) Innst. 231 S (2014–2015), innstillingas tilråding romartal III

«Stortinget ber regjeringa sikre ein saksbehandling av GMO-saker som i praksis inneber at kvar GMO blir vurdert opp mot genteknologilova, og som avklarer om det skal leggjast ned forbod før GMO-en eventuelt blir lovleg å omsetje i Noreg.»

Sjå omtale i del III, kapittel 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 537 7. mai 2015

Prop. 35 L (2014–2015) Innst. 253 L (2014–2015), innstillingas tilråding romartal B II

«Stortinget ber regjeringa om å gjennom forskrift gi kommunane høve til å gi løyve til bruk av motorkøyretøy på vinterføre til transport av personar, materiell og utstyr i samband med utmarksnæring, etter søknad.»

Forslag om endringar i forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagte vassdrag § 5a om transport på vinterføre har vore på høyring. Klima- og miljødepartementet har motteke tilråding frå Miljødirektoratet, og vil vurdere saka i lys av høyringsuttalene og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 574, 2. juni 2015

Dok. 8: (2014–2015) Innst. 146 S (2014–2015) Innst. 301 S (2014–2015), innstillingas tilråding romartal III

«Stortinget ber regjeringa om å leggje fram ei sak for Stortinget med tiltak for å redusere svevestøv og anna luftforureining til nye grenseverdiar og vidare til eit trygt nivå – i tråd med Miljødirektoratets tilrådingar til nasjonale mål i brev av 28. februar 2014. Tiltaka må utarbeidast i tett samarbeid med aktuelle kommunar.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak. Departementet viser òg til del I, der det er fastsett nytt nasjonalt mål for lokal luftkvalitet frå 1. januar 2017 i tråd med den nemnde tilrådinga.

Vedtak nr. 576, 2. juni 2015

Dok. 8:80 S (2014–2015), Innst. 300 S (2014–2015), innstillingas tilråding romartal I

«Stortinget ber regjeringa om å stille krav om at dei ulike alternativa for deponiløysing blir konsekvensutgreidde, slik at alle relevante faglege vurderingar kjem fram før det blir fatta avgjerd ved nye søknader om løyve til mineralsk aktivitet.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 577, 2. juni 2015

Dok. 8:80 S (2014–2015), Innst. 300 S (2014–2015), innstillingas tilråding romartal II

«Stortinget ber regjeringa om å setje i gang eit arbeid for å utgreie høva til å redusere deponeringsbehovet ved framtidig utvinning av mineralressursar.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Vedtak nr. 579, 2. juni 2015

Dok. 8:80 S (2014–2015), Innst 300. S (2014–2015). Stortinget vedtok dessutan følgjande oppmoding:

«Stortinget ber regjeringa sjå til at miljøfaglege råd er grunnlaget for ei heilskapleg avgjerd når endeleg utsleppsløyve blir gitt i samband med utvinning av mineralressursar, og at denne sikrar berekraftig utvikling og ikkje utarmar miljø og/eller ressursgrunnlaget over tid.»

Sjå nærare omtale i del III, kap. 9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Til forsida