Prop. 104 S (2022–2023)
Pensjonar frå statskassa
Tilråding frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet 21. april 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
I proposisjonen legg departementet frem forslag til vedtak om pensjonar frå statskassa. Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikke på rettskrav, og blir gjerne omtala som gåvepensjon (billighetspensjon)