1 Innleiing
Etter Grunnlova § 75 bokstav i kan Stortinget mellom anna innvilge pensjonar frå statskassa.
Ordninga med pensjonar frå statskassa er praktiserte slik at Arbeids- og inkluderingsdepartementet kontinuerleg tek stilling til søknader om pensjon som kjem inn, med atterhald om Stortingets endelege godkjenning. I proposisjonen her blir det lagt fram ei liste over pensjonar frå statskassa som departementet mellombels har innvilga i 2022, og som ein ber om Stortingets endelege godkjenning av.
Ein omtale av ordninga med pensjonar av statskassa og om dei pensjonane som denne proposisjonen gjeld, er gitte i punkt 2.
I 2022 blei det utbetalt 15 919 697 kroner i pensjon av statskassa. I statsbudsjettet for 2023 er det løyvt 16 500 000 kroner på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.