Prop. 108 L (2019–2020)
Lov om språk (språklova)
Tilråding frå Kulturdepartementet 12. mai 2020, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
I proposisjonen legg departementet fram eit forslag til språklov. Føremålet med lova er å gje norsk språk lovfesta status og sterkare vern. Lova definerer også status for samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Lova erstattar lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) og har i tillegg framlegg til ny rett. I tillegg til sjølve lovforslaget inneheld proposisjonen forslag til fleire språkpolitiske tiltak.