1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I denne proposisjonen legg Kulturdepartementet fram forslag til lov om språk. Framlegget skal erstatte den gjeldande mållova (lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste) og inneheld også framlegg til nye føresegner om språk i Noreg.
Med denne proposisjonen vil regjeringa leggje grunnlaget for ein offensiv språkpolitikk som omfattar dei språka den norske staten har ansvar for. Eit hovudmål med språkpolitikken er å sikre norsk som hovudspråket i Noreg, som samfunnsberande språk for heile landet, og som forvaltningsspråk i alle sektorar. Regjeringa skal bidra til å verne og fremje samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.
Analysen som ligg til grunn for proposisjonen, er at engelsk utgjer eit press mot det norske språket på fleire sentrale samfunnsområde. Derfor er det nødvendig med ei lovfesting av norsk språk og å klargjere statusen for dei andre språka den norske staten har ansvar for.
Proposisjonen er bygd opp i to hovuddelar, ein meldingsdel (punkt 2–10) og ein lovdel (punkt 11–19).
I meldingsdelen gjer regjeringa greie for nasjonale mål for språkpolitikken og grunngjev kvifor språkpolitikken er sektorovergripande. Det blir gjort greie for korleis det å tilføre ein språkdimensjon til ulik sektorpolitikk i mange tilfelle vil bidra til at politikkutforminga blir meir treffsikker og får ei breiare legitimering.
Denne delen av proposisjonen tek for seg felt som er strategisk viktige for at norsk også i framtida skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk. Meldingsdelen gjev ikkje eit komplett oversyn over den språkpolitiske statusen og aktuelle problemstillingar på alle samfunnsområde, men områda som blir behandla, er tverrgåande og relevante for samfunnet som heilskap. Dette omfattar det offentlege sitt ansvar for språk, språkdimensjonen i IKT-politikken, å sikre eit norskspråkleg kultur- og medietilbod, verdien av god norskopplæring og utvikling av norsk fagspråk. Behovet for ein sektorovergripande språkpolitikk for norsk teiknspråk blir understreka.
Med proposisjonen ønskjer regjeringa å stadfeste og styrkje det sektorovergripande prinsippet i språkpolitikken. Tyngda ligg på å få til strukturelle tiltak for å verne og fremje språka. Det viktigaste tiltaket er eit framlegg til ei ny, heilskapleg språklov.
I lovdelen er føremålet å lovfeste statusen til norsk språk og å definere statusen til samiske språk, norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani, romanes), dvs. dei språka som staten etter internasjonale avtalar har eit ansvar for. Føremålet er også å slå fast det ansvaret det offentlege har for dei nemnde språka. Kulturdepartementet føreslår å vidareføre dei fleste av reglane i mållova. Nokre reglar blir etter forslaget til ny lov justerte, andre blir presiserte.
Lovforslaget femner om viktige element i ein heilskapleg språkpolitikk, der både ulike språklege fleirtal og mindretal blir tekne omsyn til. Framlegget til språklov er eit uttrykk for at språk treng konkret og symbolsk institusjonell støtte for å ha gode levevilkår. Det gjeld majoritetsskriftspråket bokmål, det gjeld nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket, og det gjeld samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Fellesspråket norsk treng vern, og det norske mindretalsskriftspråket nynorsk og dei andre språka Noreg har ansvar for, treng mindretalsvern. Framlegget til språklov er eit formelt uttrykk for at den norske staten er fleirspråkleg i dag og bør vere det i framtida.
Framlegget til språklov er meint som eit kulturpolitisk instrument. Lova skal bidra til å sikre god og systematisk forvaltning og bruk av det fremste kulturuttrykket vårt – språket – i alle sektorar. Framlegget til språklov er av offentlegrettsleg karakter, og legg ansvar for språkbruk på det offentlege, som del av tenestytinga mellom det offentlege og borgarane. Dei delane av lova som sikrar bruk av nynorsk og bokmål, utgjer ei særlovgjeving, som samtidig sikrar konkrete individuelle språkrettar.
Lovforslaget som heilskap er meint å sikre oppfølging av språkpolitikken som sektorovergripande. Tiltaka i meldingsdelen (punkt 2–10) og framlegg til reglar i språklova som gjeld samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk, er ein del av dette sektorovergripande ansvaret for språk, som med framlegget til språklov blir lovfesta.
Departementet meiner at lovforslaget samla sett balanserer omsynet til forenkling, effektivitet og smidigheit i arbeidet hos statsorgana og fylkeskommunane med omsynet til å fremje jamstilling av dei to skriftspråka bokmål og nynorsk, og å styrkje nynorsk som det minst bruka skriftspråket.
Proposisjonen inneheld òg eit lovforslag for å rette opp ein inkurie i lov av 16. juni 2017 nr. 50 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda § 10 fjerde ledd.