1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
1.1 Innleiing
Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå den datoen det er mogeleg å fastsette endringar. Endringane for legehjelp og psykologhjelp blir gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi blir gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane vart brote grunna brot i meklinga mellom staten og Akademikerne og UNIO og påfølgjande streik. Det er inga kontakt mellom dei streikande partane og staten så lenge streiken varer.
Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.
1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar blir fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.
Forhandlingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2024–30. juni 2025 tok til 13. mai 2024. Forhandlingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 14. mai. Forhandlingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 21. mai. Alle desse forhandlingane er forseinka som følgje av den nemnde streiken, og det er derfor usikkert kva tid endringar som følgje av forhandlingane kan settast i verk. Endringane vil settast i verk 1. juli eller så snart det er mogleg etter denne datoen.
Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda frå 1. juli eller seinare på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane eller ev. anna prosess for fastsetting av tilskot og takstar, kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer derfor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av resultatet av forhandlingane, samt endra forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.