Prop. 11 L (2023–2024)
Endringar i helselovgivinga (organisatoriske endringar i sentral helseforvaltning)
Tilråding frå Helse- og omsorgsdepartementet 3. november 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
I proposisjonen foreslår Helse- og omsorgsdepartementet endringar i lov som er nødvendige for å gjennomføre avgjerder om organisatoriske endringar i den sentrale helseforvaltninga. Departementet foreslår vidare å overføre kompetanse frå Klagenemnda for behandling i utlandet til Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage).