1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i denne proposisjonen endringar i lov som er nødvendige for å gjennomføre avgjerder om organisatoriske endringar i den sentrale helseforvaltninga. Lovendringane gjeld direkte Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk.
Departementet foreslår vidare å overføre kompetansen til å behandle klager på vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-4 a andre ledd bokstav a frå Klagenemnda for behandling i utlandet til Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage). Forslaget gjeld vedtak om dekning av utgifter til behandling i utlandet når det ikkje finst eit tilbod i Noreg eller det er dokumentert at helsehjelp i utlandet verkar betre.