Prop. 116 L (2014-2015)
Endringar i lov om lønnsplikt under permittering (arbeidsgivarperioden)
Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 12. mai 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld forslag om å redusere arbeidsgivarperioden etter lov om lønnsplikt under permittering (permitteringslønnsloven) § 3 (1) første leddet tredje punktum, frå 20 til 10 dagar. Formålet er å gjere det enklare for verksemdene å halde på naudsynt kompetanse ved mellombels marknadssvikt, og dermed også å planleggje arbeidskraftbehovet betre, i ein situasjon med noko aukande arbeidsløyse.