1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Noreg opplever no noko auka arbeidsløyse. Det er dels ei følgje av lågare oljepris. Samtidig er det monaleg usikkerheit om den økonomiske utviklinga. I denne situasjonen ønskjer Regjeringa å gjere det enklare for verksemdene å tilpasse arbeidstokken til behovet ved å lempe noko på dei kostnadene dei har ved permitteringar, slik at dei kan halde på naudsynt kompetanse ved mellombels marknadssvikt, og dermed planleggje arbeidskraftbehovet betre. På bakgrunn av dette foreslår regjeringa å redusere arbeidsgivarperioden etter lov om lønnsplikt under permittering (permitteringslønnsloven) § 3 (1) første leddet tredje punktum, frå 20 til 10 dagar.