3 Forslag til endringar i lovverket
Det er vist til «Sivilombudsmannen», «Sivilombodsmannen», «ombodsmannen» og andre varianter av dette i til saman 13 lover. Etter framleget her blir desse tilvisingane endra til dei kjønnsnøytrale nemningane «Sivilombudet», «Sivilombodet», «ombudet» osv.
Sivilombodet er både namnet på verksemda og tittelen på personen som er personleg oppnemnt av Stortinget som sivilombod. Det skal brukast høvesvis stor og liten førebokstav for å få fram skiljet mellom verksemda og stillinga. I gjeldande lovverk er det ikkje heilt konsekvent språkbruk her, og dette bør no bli gjennomført på rett måte. Dei stadene det i dag står «sivilombodsmannen» eller tilsvarande med liten s, og det blir sikta til verksemda, blir dette difor føreslege endra til «Sivilombodet» eller tilsvarande med stor s, og det motsette gjeld dersom det er tale om personen.
Departementet føreslår elles å bruke den offisielle kortforma på ombodet gjennomgåande i lovverket, slik at både variantane «Stortingets ombodsmann for forvaltninga» og «Sivilombodsmannen» (og dei tilsvarande namna på bokmål) blir endra til «Sivilombodet» eller «Sivilombudet» der meininga er å vise til verksemda, og til «sivilombodet» eller «sivilombudet» der det er meint personen som er oppnemnt som sivilombod.
I yrkesskadesforsikringslova § 2 bokstav b er formuleringa «ombudsmann i offentlig virksomhet» brukt i samband med kven som skal reknast som «arbeidstaker» etter loven. Denne formuleringa viser, i tillegg til Sivilombodsmannen, til stillingar som Ombodsmannen for Forsvaret, men òg denne tittelen er no endra til «ombud», jf. lov 18. juni 2021 nr. 115 om Stortingets ombudsnemnd for Forsvaret § 7 fyrste ledd. Departementet føreslår at «ombudsmann» her blir endra til «ombud».
Statstilsettelova § 1 fjerde ledd seier at ein del føresegner i lova ikkje gjeld for mellom anna «Stortingets ombudsmenn». Ordet «ombudsmenn» blir her føreslege endra til «ombud».
I beredskapslova § 6 fyrste ledd fjerde punktum heiter det at sivile tenestemenn og «ombudsmenn i stat og kommune» skal gje dei militære styresmaktene den hjelpa som blir kravd. Departementet føreslår at «ombudsmenn» òg her blir endra til «ombud».
Lov 6. mai 1966 om pensjonsordning for Stortingets ombudsmann for forvaltningen blir ikkje føreslege endra. Denne lova gjeld etter § 1 berre for dei som har vorte utnemnt til stillinga som Stortingets ombodsmann for forvaltninga (sivilombodsmannen) før 1. januar 2011, og ho får difor ikkje verknad for nokon som har hatt tittelen «sivilombod». Det er i dag berre éin attlevande person som har vore utnemnt som sivilombodsmann før 1. januar 2011, og vedkomande hadde tittelen «ombodsmann» i heile verketida si. Det blir difor ikkje rett å endre nemninga «ombodsmann» osv. til «ombod» i denne lova.
Departementet tilrår at lova tek til å gjelde straks. Lovendringane har ingen materielle konsekvensar, og det er difor ingen grunn til å vente med iverksetjinga.