1 Innleiing
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp fem nye investeringsprosjekt, og å orientere Stortinget om nokre andre saker.
Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.
Proposisjonen har følgjande innhald:
Godkjenning av kostnadsramme for fire nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Værnes – lager og forsyning av flydrivstoff, Ørland – støytiltak på Forsvaret sine bygningar på flystasjonen, Ørland – tiltak for å redusere støykonsekvensane for omgjevnadene og Ørland – nye hangarar for F-35 kampfly.
Godkjenning av kostnadsramme for eit nytt materiellprosjekt: Anskaffing av nye ubåtar.
Andre saker: Multirolle tank- og transportfly – inngåing av eit fleirnasjonalt samarbeid og Endring i grunnregel § 1-4 for Det frivillige Skyttervesen.