4 Gjennomføring av planar
4.1 Innleiing
Ei utbygging vedkjem ofte fleire eigarar og utbyggjarar som ikkje er tilstrekkeleg koordinerte verken i tid eller rom. Tredje del i plan- og bygningsloven har verkemiddel for å sikre gjennomføring av planlagd arealbruk. Gjennomføringsdelen har reglar om innløysing og erstatning når eigedom blir øydelagd som byggjetomt, ekspropriasjon, utbyggingsavtalar, opparbeiding og refusjon, og dispensasjon.
Reglane om ekspropriasjon, utbyggingsavtalar og opparbeidingsplikt er relevante for opparbeiding av overvassanlegg. Ekspropriasjonsreglane skal sikre tilgang til nødvendige grunnareal og kompensasjon til eigarar dette gjeld. Utbyggingsavtalar blir i første rekkje inngåtte for å sikre privat finansiering av offentleg infrastruktur som er fastsett i rekkjefølgjekrav.
Reglane om opparbeidingsplikt og refusjon skal sikre opparbeiding av nødvendig infrastruktur før eit byggjeprosjekt blir sett i verk. Opparbeidingsplikt kan gjelde offentleg infrastruktur, jf. § 18-1 og private fellesareal og -anlegg, jf. § 18-2. Anlegg for overvasshandtering blir i nokon grad omfatta av føresegnene. I punkt 4.3 og 4.4 gjer vi nærmare greie for føresegnene.
Kommunen har rett og plikt til å overta offentlege hovudanlegg når dei er ferdige opparbeidde, jf. § 18-1 femte ledd. Private fellesanlegg etter § 18-2 er ått av eigarane av dei tilstøytande eigedommane, som etter planen skal la seg betene av anlegget.
Kostnadene for opparbeidinga blir fordelte på dei eigedommane som sjølve ville hatt opparbeidingsplikt etter reglane i lova. Reglane i plan- og bygningsloven om opparbeidingsplikt og refusjon heng tett saman. Ein utbyggjar som blir pålagd å opparbeide infrastruktur på vegner av fleire grunneigarar, vil ha ein rett til å få refundert delar av kostnadene frå dei grunneigarane som får ein fordel av opparbeidinga. Anlegg som ikkje kan krevjast opparbeidde, kan ikkje vere grunnlag for refusjon.
4.2 Endringar i § 16-5 om retten grunneigar har til ekspropriasjon til tilkomst, avløpsanlegg m.v.
4.2.1 Gjeldande rett
Plan- og bygningsloven § 16-5 opnar for at grunneigar eller festar kan få samtykke frå kommunestyret til å ekspropriere når dette er nødvendig. Ekspropriasjonshøvet i første ledd knyter seg til føresegna om opparbeidingsplikt i § 18-1, medan ekspropriasjonshøvet i andre ledd knyter seg til gjennomføring av visse fellestiltak fastsette i plan.
Ekspropriasjonsretten etter § 16-5 gjeld ikkje ved oppfylling av dei generelle krava om vassforsyning og avløp i §§ 27-1 og 27-2. Det vil seie at gjeldande plan- og bygningslov ikkje gjev den som skal gjennomføre tilknytingsplikta til offentleg vass- eller avløpsleidning, rett til å ekspropriere for å leggje stikkleidningar over nabogrunn. Statsforvaltaren kan gje slikt ekspropriasjonsløyve, med heimel i oreigningslova § 2 nr. 47.
4.2.2 Høyringsforslaget
Som nemnt kan det gjevast ekspropriasjonsløyve til tiltak som kan krevjast opparbeidde etter § 18-1. Sidan departementet foreslo at det kan stillast krav om opparbeiding av offentlege overvassanlegg i § 18-1 ny bokstav d, blei dette også foreslege spegla av i § 16-5. Forslaget betyr at ekspropriasjonshøvet i § 16-5 første ledd samsvarer med dei tiltaka som kan påleggjast opparbeidde etter § 18-1.
Departementet foreslo også i nytt fjerde ledd at kommunen kan gje samtykke til ekspropriasjon der det er nødvendig for å oppfylle pålegg om tilknyting til offentleg vass- eller avløpsleidning. Heimelen til å gje løyve blir flytta frå statsforvaltaren til kommunen.
Vidare foreslo departementet i nytt femte og sjette ledd at kommunen kan gje samtykke til ekspropriasjon i den grad det er nødvendig for å kunne oppfylle pålegg om etablering og drift av overvassanlegg, jf. høyringsforslaget til nye føresegner i § 28-9 og § 31-9 andre ledd.
Det ble også foreslege nokre språklege justeringar som ikkje har noko å seie for innhaldet i føresegna.
Departementet vurderte også forslaget frå Overvassutvalet om at føresegna bør innehalde ein heimel som gjev kommunen høve til å gje samtykke til ekspropriasjon når det er gjeve pålegg etter forurensningsloven § 23. Departementet meinte likevel at det ikkje er formålstenleg at plan- og bygningsmyndigheitene skal gje ekspropriasjonsløyve i tilfelle der forureiningsmyndigheitene gjev eit pålegg, og foreslo derfor ikkje ein slik heimel.
4.2.3 Dette meiner høyringsinstansane
24 høyringsinstansar har uttalt seg til forslaget. Nokre få høyringsinstansar støttar heile forslaget, medan mange høyringsinstansar berre har kommentert eitt av endringsforslaga og støttar dette. Fleire har også merknader til rekkjevidda av dei enkelte endringsforslaga og korleis dei ulike delane av føresegna skal forståast.
Trondheim kommune, Trøndelag fylkeskommune, KS og Klima- og miljødepartementet støttar forslaga, medan Advokatforeningen, Oslo kommune, Fylkesmannen i Oslo og Viken og Statsbygg ikkje har innvendingar mot dei foreslegne endringane.
Norsk Kommunalteknisk Forening og Kristiansand kommune støttar forslaget om at ekspropriasjonshøvet i § 16-5 første ledd samsvarer med dei tiltaka som kan påleggjast opparbeidde etter § 18-1.
Norsk Vann og Rådgivende Ingeniørers Forening støttar forslaget om at kommunestyret får myndigheit til å samtykkje til ekspropriasjon, så langt det er nødvendig for å oppfylle pålegg gjevne etter plan- og bygningsloven. Finans Norge er også positive til dette, men er usikre på om alle kommunar har tilstrekkeleg kompetanse til å gjere slike vedtak.
Byggenæringens Landsforening,Boligprodusentenes Forening,Miljødirektoratet og Norske Boligbyggelags Landsforbund støttar forslaget frå departementet om at heimel for å gje ekspropriasjonsløyve blir flytta frå fylkesmannen til kommunen. Også NITO meiner at myndigheita til å ekspropriere kan liggje hos kommunen, men understrekar at det er viktig at fylkesmannen er klageinstans for å avgrense omfanget av unødvendige ekspropriasjonsvedtak. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap støttar også forslaget, men ber departementet sjå nærmare på om forslaga kan medføre juridiske implikasjonar, særleg om det kan medføre ei uheldig dobbeltrolle der kommunen har vedtaksmyndigheit og er grunneigar.
Norges Bondelag uttaler mellom anna at overføring av ekspropriasjonshøvet frå fylkesmannen til kommunane gjev ein noko forhøgd risiko for at det ikkje blir stilt krav til at reelle forhandlingar er gjennomførte før det blir samtykt til ekspropriasjon. Slik Norges Bondelag vurderer dette, føreset gjennomføring av forslaget at det blir utarbeidd gode rettleiingar for bruk av ekspropriasjonshøvet.
Huseierne støttar ikkje forslaget om å leggje vedtakskompetansen for ekspropriasjon til kommunestyret i § 16-5 nytt fjerde ledd. Huseierne fryktar at ved å flytte samtykkjekompetansen frå statleg til kommunalt nivå vil terskelen for å ekspropriere lægjast. Også Asker kommune er negative til å fjerne vedtaksmyndigheita til fylkesmannen i ekspropriasjonsspørsmål, og viser til at ein unngår at det oppstår spørsmål om rolle- og interessekonfliktar dersom myndigheita blir verande hos fylkesmannen.
Justis- og beredskapsdepartementet påpeiker at ordlyden i § 16-5 nytt femte ledd bør samsvare med § 28-9, og at det bør gå tydeleg fram av § 28-9 kva slags pålegg som skal kunne gjevast.
Oslo kommune deler synet som departementet har om at det ikkje er tenleg å opne for ekspropriasjon etter plan- og bygningsloven når det er gjeve pålegg etter forurensningsloven § 23. Norsk Vann, Rådgivende Ingeniørers Forening og Bergen kommune føreset likevel at ekspropriasjonshøvet også vil dekkje vedtak som er gjort av forureiningsmyndigheita etter plan- og bygningsloven, slik forslaget i § 16-5 fjerde ledd er utforma. KS meiner at ei samla vurdering av forslaget frå Overvassutvalet om å gje kommunen høve til å gje ekspropriasjonsløyve, der pålegg blir gjeve etter forurensningsloven § 23, ville ha synleggjort behovet for eit slikt høve på ein betre måte.
4.2.4 Vurderinga frå departementet
4.2.4.1 Ekspropriasjon for å gjennomføre tiltak som skal opparbeidast etter § 18-1
Ingen høyringsinstansar har uttalt seg negativt til forslaget om at ekspropriasjonshøvet i § 16-5 første ledd samsvarer med dei tiltaka som skal opparbeidast etter § 18-1. Departementet held fast ved forslaget og viser til at det er viktig at det kan gjevast ekspropriasjonsløyve til dei tiltaka som skal opparbeidast etter § 18-1.
4.2.4.2 Ekspropriasjon for å oppfylle tilknytingsplikta i §§ 27-1 eller 27-2
Departementet held også fast ved forslaget i § 16-5 nytt fjerde ledd. Det betyr at høvet til å gje samtykke til ekspropriasjon, der det er nødvendig for å oppfylle tilknytingsplikta til offentleg vass- eller avløpsleidning, blir flytta frå statsforvaltaren til kommunen. Departementet ser forslaget som eit ledd i arbeidet med å forenkle regelverket og desentralisere vedtaksprosessar. Dersom ein søknad om unntak frå tilknytingsplikta blir avslegen, vil ei klage bli behandla av statsforvaltaren i staden for departementet. Statsforvaltaren vil ha lettare høve til å undersøkje tilhøva på staden og få direkte kontakt med partane.
Huseierne innvender at flytting av samtykkjekompetansen frå statleg til kommunalt nivå kan senke terskelen for å nytte ekspropriasjon. Departementet viser til at vilkåra for å gje ekspropriasjonsløyve vil vere dei same som før, og at statsforvaltaren i ei eventuell klagesaksbehandling vil vurdere om desse vilkåra er oppfylte. Vidare viser departementet til at kommunane etter dagens regelverk kan godkjenne reguleringsplanar og gjere vedtak om ekspropriasjon til gjennomføring av reguleringsplan. Kommunestyret kan også gjere vedtak om ekspropriasjon til tilkomst, avløpsanlegg og fellesareal, og til parkbelte i industriområde. Vidare kan kommunestyret ekspropriere ikkje-utbygde grunnstykke som etter reguleringsplan ikkje kan byggjast ut sjølvstendig. Dette viser at kommunane allereie har heimlar og kompetanse til å gjere vedtak om ekspropriasjon etter plan- og bygningsloven.
4.2.4.3 Ekspropriasjon for å oppfylle pålegg om etablering og drift av overvassanlegg
Forslaga i § 16-5 nytt femte og sjette ledd om at kommunestyret får myndigheit til å samtykkje til ekspropriasjon, i den grad det er nødvendig for å kunne oppfylle pålegg om etablering og drift av overvassanlegg, blir ikkje vidareførte. Grunnen til dette er at dei korresponderande forslaga til nye føresegner om pålegg i §§ 28-9 og 31-9 andre og tredje ledd ikkje blir vidareførte, sjå punkt 5.4.4.8 og 5.5.4.9 i proposisjonen.
4.2.4.4 Ekspropriasjon for å oppfylle pålegg etter forurensningsloven § 23
Departementet held fast på vurderinga om at det i plan- og bygningsloven ikkje blir innført ein heimel som gjev kommunen høve til å ekspropriere når det er gjeve pålegg etter forurensningsloven § 23. Samtidig er vi einige med høyringsinstansane i at ekspropriasjonshøvet også vil dekkje vedtak som er gjorde av forureiningsmyndigheita etter plan- og bygningsloven. Det avgjerande er altså at heimelen for å gje pålegg følgjer av plan- og bygningsloven.
4.3 Endringar i § 18-1 om opparbeidingsplikt for overvassanlegg
4.3.1 Gjeldande rett
Plan- og bygningsloven § 18-1 fastset ei plikt for tiltakshavar til å opparbeide offentleg veg og leggje offentlege vass- og avløpsleidningar i regulerte strøk. Plikta sikrar at offentleg veg, vatn og avløp blir bygde ut og oppgraderte etter kvart som nye byggjetiltak krev auka kapasitet. Formålet med føresegna er å unngå forureining og helseproblem og å sikre at den offentlege vassforsyninga og avløpssystemet blir bygde ut og drivne teknisk og driftsøkonomisk rasjonelt. Føresegna sikrar også kontinuerleg utbygging av det kommunale vegnettet og at eigedommar har køyrbar tilkomst.
Det er klare rammer for storleiken på og utforming av anlegga. Krava til vegbreidd og røyrdimensjonar er baserte på å dekkje lokale behov, ikkje større anlegg. Gjennom reglane om opparbeidingsplikt skal den enkelte grunneigaren stå for utbygginga av den infrastrukturen som krevst for å byggje ut eigen eigedom, dersom ikkje kommunen gjer det sjølv.
For overvassanlegg fastset § 18-1 første ledd bokstav b opparbeidingsplikt for avløps- og overvassleidning eller eventuelt særskild overvassleidning. Leidningane kan kvar for seg ikkje vere større enn 305 mm i diameter. Det er ikkje krav om at leidningsanlegg eller trasear er førte opp i arealplan. Gjeldande lov fastset ikkje ei plikt til å opparbeide andre typar eller delar av eit overvassanlegg som opne bekkar, basseng eller reinseanlegg.
4.3.2 Høyringsforslaget
I høyringa foreslo departementet å utvide dimensjonsavgrensinga for leidningar som kan krevjast opparbeidde i første ledd bokstav b. Grensa på 305 mm blei foreslege auka til 600 mm for å ta høgd for nedbørsmengdene i framtida.
Vidare blei det i første ledd ny bokstav d foreslege at kommunen kan krevje at tiltakshavar opparbeider offentlege blågrøne overvassløysingar, når kommunen finn at dette er mest formålstenleg og lønnsamt. Blågrøne overvassløysingar er opne anlegg for oppsamling, transportering og behandling av lokalt overvatn. Overvassanlegget må vere vist i reguleringsplan, og det må gå fram av planen kva for eigedommar det skal betene. Den som opparbeider anlegget, kan krevje kostnadene refunderte frå andre grunneigarar dette gjeld.
I femte ledd blei det foreslege å presisere at plikta og retten for kommunen til å overta, drifte og halde ved like opparbeidde anlegg også gjeld opne overvassanlegg.
I høyringa vurderte også departementet å auke dimensjonsavgrensinga for opparbeidingspliktige vassleidningar, men foreslo ikkje endringar. Vi bad likevel høyringsinstansane om konkrete og grunngjevne tilbakemeldingar om eventuelle behov for å auke dimensjonen for opparbeidingspliktige vassleidningar som skal dekkje eit alminneleg behov for drikke- og sløkkjevatn.
4.3.3 Dette meiner høyringsinstansane
29 høyringsinstansar har uttalt seg til forslaga. Dei fleste høyringsinstansane er positive til heile eller delar av forslaga. Trondheim kommune, Trøndelag fylkeskommune og Klima- og miljødepartementet støttar forslaga utan merknader.
4.3.3.1 Dimensjon hovudavløpsanlegg – bokstav b
Miljødirektoratet, Oslo kommune, Norsk Vann, Rådgivende Ingeniørers Forening, Moss kommune, Statsbygg, KS og Huseierne støttar forslaget om å auke dimensjonsavgrensinga for opparbeiding av hovudavløpsleidning frå 305 mm til 600 mm. Også Byggenæringens Landsforening, Boligprodusentenes Forening og Norske Boligbyggelags Landsforbund støttar forslaget, føresett at behovet er dokumentert. Norges Bondelag er einig med departementet i at det er viktig å behalde ei dimensjonsavgrensing for å vareta prinsipp om føreseielegheit og rettstryggleik ved opparbeidingsplikta. Også Advokatforeningen meiner forslaget varetek føreseielegheit og rettstryggleik på ein akseptabel måte, og har ingen innvendingar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har ikkje motførestillingar til forslaget.
Statens vegvesen og Nye Vegar AS støttar også forslaget om å oppgradere krav til storleiken på røyr, men spør om den foreslegne dimensjonen er godt nok grunngjeven. I normalane til Statens vegvesen for gjennomløp under vegar og gater (stikkrenner) er 600 mm sett som minimumsdimensjon om ikkje berekningar viser behov for større dimensjonar. Høyringsinstansane spør derfor om det ikkje bør vere mogleg for kommunen å stille krav om større dimensjonering der dei kan dokumentere behov for det. I så fall bør det innførast ei tvisteløysingsordning med ein uhilda tredjepart.
Norsk Kommunalteknisk Forening og Kristiansand kommune er noko kritiske til forslaget og viser til at ein fleire stader er oppe i 1400 mm overvassrøyr. NITO meiner at det ikkje bør vere avgrensingar til røyrdimensjonen og viser til at dei stadlege tilhøva og behovet for handtering av vassmengda er det som bør avgjere dimensjonane.
Bergen kommune er einig i at den foreslegne dimensjonsavgrensinga varetek dei nødvendige avvegingane. Kommunen meiner likevel at krava til overvasshandtering bør samlast, slik at den same bokstaven regulerer både hovudanlegg for oppsamling, avleiing og eventuelt behandling av lokalt overvatn og dimensjonskrav til overvassleidningar. Samtidig anbefaler kommunen å ta inn ei formulering om at overvatn fortrinnsvis skal handterast i opne anlegg.
4.3.3.2 Dimensjon vassleidningar – bokstav c
Norsk vann, Moss kommune og Rådgivende Ingeniørers Forening foreslår at dimensjonsavgrensinga for vassleidningar i første ledd bokstav c blir heva til minst 200 mm. Dei viser til at fortetting, bygg med fleire etasjar og krav om sprinkelanlegg har ført til behov for større dimensjoner på vassleidningane. Også Tromsø kommune foreslår at opparbeidingsplikt for vassleidningar skal gjelde opp til 200 mm (innvendig diameter). Kommunen viser til at dette vil gje eit større handlingsrom, da kapasitetsauken frå 150 mm til 200 mm er betydeleg, medan leggjekostnadene ikkje er det. Norsk Kommunalteknisk Forening og Kristiansand kommune viser til at brannkrav kan medføre krav om større vassleidning.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner at dimensjonering på 150 mm normalt vil gje tilfredsstillande yting. Brann- og redningstenestene må i alle tilfelle planleggje innsatsen sin til dei rådande rammevilkåra. Vidare spør direktoratet om det bør etablerast funksjonar/tiltak som gjer at spillvatn/drensvatn frå brannsløkking i minst mogleg grad blandar seg i overvatnet.
4.3.3.3 Overvassanlegg – ny bokstav d
Miljødirektoratet, Asker kommune, Statens vegvesen, Nye Veier AS, Kristiansand kommune, Norsk Kommunalteknisk Forening, Norges Bondelag, Statsbygg, Björn Sederholm og KS er positive til at krav om å opparbeide overvassanlegg blir teke inn i føresegna om opparbeidingsplikt. Miljødirektoratet meiner naturbaserte løysingar i mange tilfelle er betre eigna til å beskytte mot skadar frå overvatn enn tradisjonelle leidningar.
Stavanger kommune støttar at blågrøne løysingar kan krevjast opparbeidde. Også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er positiv til forslaget og at denne typen tiltak blir kopla til planarbeidet. Direktoratet er einig i at ein ikkje treng å stille konkrete krav til beskriving av anlegga, men at kapasiteten må beskrivast, da dette er viktig for å kunne etterprøve om tiltaka er tilstrekkeleg dimensjonerte. Björn Sederholm er også positiv til at overvasstiltak skal inn i prosjekt på reguleringsplannivå. Han foreslår vidare at moglegheitene kommunen har til å tillate utsetjing av tiltak etter § 18-1 første ledd ny bokstav d, blir avgrensa.
Norsk Vann og KS meiner at overskrifta til paragrafen bør endrast, slik at det går fram at føresegna også omhandlar krav til å opparbeide overvassanlegg.
Moss kommune støttar i utgangspunktet forslaget, men meiner det er behov for å presisere og konkretisere føresegna. Kommunen reknar med at det vil vere umogleg å stille konkrete krav til beskriving av anlegga, og at det vil vere problematisk for kommunen å stille krav til løysingar i plan i tråd med § 18-1 andre ledd. Manglande konkrete krav kan også skape uføreseielege rammer for både kommunen og utbyggjar med omsyn til den plikta og retten kommunen har til å overta anlegga etterpå.
Norske Boligbyggelags Landsforbund er positiv til at offentleg anlegg for avleiing og behandling av lokalt overvatn på sikt kjem inn i føresegna på lik linje med veg, vatn og avløp. Dei meiner likevel at noverande kunnskap om dimensjonerande nedbør og løysingar på blågrøne overvassløysingar er for svak, og at forslaget derfor ikkje bør innførast no. Det vil lett medføre overdimensjonering og bandlegging av unødvendige store areal, og at kostnadene som blir velta frå det offentlege til dei private, blir større enn nødvendig.
Byggenæringens Landsforening og Boligprodusentenes Forening støttar opne løysingar. Dei meiner det må gå fram av planen kva for eigedommar overvassanlegget skal betene, og at ein ikkje overdimensjonerer anlegg og bandlegg unødvendig store areal. Også Norges Bondelag og Norsk Vann understrekar at overvasshandtering må bli avklart i reguleringsplan for å sikre medverknad og føreseielegheit.
Statsbygg meiner det bør vurderast om føresegna eller forarbeida bør framheve at overvatnet i størst mogleg grad skal handterast med opne løysingar, framfor lukka fordrygingsmagasin og leidningar. Norsk Vann og Rådgivende Ingeniørers Foreining støttar dette og meiner at føresegna bør ha eit tillegg om dette.
Fylkesmannen i Rogaland saknar ei klargjering av kva detaljeringsgrad som blir kravd for at planen gjev tilstrekkeleg grunnlag for opparbeidingsplikt, og i kva grad eldre planar kan danne eit slikt grunnlag. Ordlyden «offentlig hovedanlegg for oppsamling, avledning og eventuelt behandling av lokalt overvann» kan vere vanskeleg å tolke. Plan- og bygningsloven § 18-1 gjev ei plikt for private grunneigarar, og det må derfor vere klart kva for anlegg som blir omfatta, slik at kommunane ikkje går utanfor rammene av føresegna. Dette kan bli ei utfordring når føresegna er meir skjønnsmessig.
Huseierne er imot forslaget og meiner kommunane framleis bør ha ansvaret for å handtere overvatn som ikkje blir utløyst av eit konkret tiltak. Dersom forslaget blir vidareført, er det viktig at reglane i stor grad kan vurderast på førehand. Det vil skape ein usikker situasjon for tiltakshavar dersom det ikkje blir stilt konkrete dimensjoneringskrav til anlegga. Det må gjevast klare kriterium og innførast eit tak for kor store kostnader den enkelte tiltakshavaren risikerer å måtte dekkje i samband med eit pålegg. Ei utvida plikt etter § 18-1 første ledd ny bokstav d aukar risikoen for at ein tiltakshavar vil ende opp i fleire parallelle refusjonsprosessar (til dømes veg og overvassanlegg), med tilsvarande svekking av økonomisk og faktisk føreseielegheit.
OBOS spør om det er mogleg å basere opparbeidingsplikta og refusjonsplikta for overvassanlegg på kart. OBOS viser til at konsekvensane av overvatn vil variere, mellom anna etter nedbørintensitet og kvar denne kjem konkret. Overvatnet vil, avhengig av intensiteten, mengda og varigheita på nedbøren og temperaturtilhøva, påverke funksjonsgraden til ulike overvassanlegg.
4.3.4 Vurderinga frå departementet
4.3.4.1 Dimensjon hovudleidning for avløp – bokstav b
Departementet held fast på forslaget om å auke dimensjonsavgrensinga for leidningar som kan krevjast opparbeidde i første ledd bokstav b. Forslaget har fått brei støtte i høyringa. Kravet om opparbeiding av overvassleidningar blir foreslege flytta til bokstav d og blir drøfta nedanfor.
Slik departementet vurderer det, må det framleis vere dimensjonsavgrensingar på leidningar slik som i dag. Departementet viser til at formålet med opparbeidingsplikta er at område ikkje skal byggjast ut utan at dei er byggjeklare. Formålet er ikkje å overføre ei alminneleg plikt til private om å opparbeide all infrastruktur. Opparbeidingsplikta skal dekkje lokale behov, ikkje det totale behovet til kommunen. Dei fleste høyringsinstansane er einige i dette og støttar forslaget om å auke dagens dimensjonsavgrensing frå 305 mm til 600 mm. Dei er også einige i at forslaget varetek prinsipp om føreseielegheit og rettstryggleik ved opparbeidingsplikta.
4.3.4.2 Dimensjon hovudleidning for vatn – bokstav c
Sjølv om høyringa ikkje foreslo endringar i dimensjonsavgrensinga for vassleidningar, blei høyringsinstansane bedne om å gje konkrete og grunngjevne tilbakemeldingar dersom det er behov for å auke dimensjonen for opparbeidingspliktige vassleidningar. Fleire høyringsinstansar meiner fortetting og auka brannkrav gjev grunn til å heve dimensjonen frå 150 mm opp til 200 mm, og at dette ikkje vil auke leggjekostnadene for røyra.
På noverande tidspunkt finn ikkje departementet grunn til å auke dimensjonsavgrensinga på vassleidningar i § 18-1 første ledd bokstav c. Hovudleidningar for vatn er ein del av opparbeidingsplikta som er obligatorisk for utbyggjarar. Plikta gjeld både profesjonelle og privatpersonar som er byggherrar for eigen bustad, og plikta kan vere ei betydeleg byrde. Behovet for utvidinga, og kor formålstenleg ho er, må derfor vere klart.
Det er delte meiningar blant høyringsinstansane om kor presserande behovet er for auka dimensjonsavgrensing på hovudleidning for vatn. Departementet viser til at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, som faginstans, har uttrykt at 150 mm på vassleidning normalt vil gje tilfredsstillande yting, og at det er brann- og redningstenestene som har ansvar for å planleggje innsatsen innanfor rådande rammevilkår. Heilskapsinntrykket til departementet er at behovet, og konsekvensane av å endre på dimensjonsavgrensingane på vassleidningar, bør greiast ut nærmare før endringar blir gjennomførte.
4.3.4.3 Forslag om opparbeidingsplikt for hovudanlegg for overvatn
Det blir foreslege at opparbeidingsplikt for hovudleidning for overvatn blir flytta frå § 18-1 første ledd bokstav b til ny bokstav d, slik at dette blir ei felles føresegn om opparbeiding av offentlege overvassløysingar. Slik departementet vurderer det, vil forslaget bidra til at overvann går frå å vere eit problem til ein ressurs, som kan utnyttast til å førebyggje skade og skape gode bymiljø med blågrøne løysingar.
I høyringa bad Oslo kommune og Stavanger kommune om at forskjellen på «offentlige hovedanlegg» i § 18-1 og «fellesanlegg» i § 18-2 blei avklart. Departementet viser til at kommunen, gjennom føresegner til arealplan, kan bestemme om eit anlegg skal vere eit offentleg hovudanlegg eller eit privat fellesanlegg, jf. §§ 11-10 nr. 3 og 12-7 nr. 14. Hovudforskjellen på anlegga knyter seg både til eigarskapen og eigenskapane ved anlegga. Private fellesanlegg, som blir opparbeidde etter § 18-2, vil tene ein nærmare fastsett krins av eigedommar som blir bestemt i arealplanen. Dimensjoneringa av private fellesanlegg skal svare til behovet for desse eigedommane. Offentlege hovudanlegg som blir opparbeidde etter § 18-1 første ledd, skal vere dimensjonerte slik at dei dekkjer eit minimumsbehov for det regulerte strøket, noko som kjem konkret til uttrykk gjennom avgrensingane for veg i § 18-1 første ledd bokstav a. Anlegget må også vere innanfor det som er konkret oppgjeve i planføresegna. Innregulerte anlegg, primært meinte for reinsing av overvatn, vil falle utanfor kva det kan stillast vilkår om etter § 18-2. Enkelte innretningar for reinsing kan likevel falle inn under opparbeidingsplikta etter § 18-1 første ledd ny bokstav d, sjå merknader til føresegna.
Behov for opparbeidingsplikt for blågrøne hovudanlegg utanom røyr
Departementet held fast ved forslaget om å innføre opparbeidingsplikt for blågrøne hovudanlegg for overvatn. Det er brei støtte i høyringa om at overvatn i større grad bør handterast med opne, blågrøne løysingar. Eit fleirtal av høyringsinstansane er positive til opparbeidingsplikt for slike tiltak.
Departementet viser til at røyrleidningar aleine ikkje kan handtere overvatn i dag. Med forventa framtidig auke i nedbørintensitet er det slik departementet ser det, eit klart behov for å leggje til rette for opne overvassløysingar. Opne overvassløysingar gjev større fleksibilitet i mengda overvatn som kan infiltrerast, fordrygast og leiast vekk. Vidare kan slike anlegg gje tilleggsverdiar fordi dei kan kombinerast med andre formål, til dømes ein leikeplass eller eit grøntområde, og på den måten bidra til ytterlegare nytte for samfunnet.
Statsbygg og Rådgivende Ingeniørers forening meiner det bør gå fram av forarbeida eller lovteksten at opne løysingar skal vere førstevalet. Departementet er einig i at opne blågrøne løysingar i svært mange tilfelle vil vere det beste alternativet. Departementet meiner samtidig at det må baserast på eit lokalt skjønn kva for løysing som blir vald, og ønskjer derfor ikkje å lovfeste at opne løysingar skal vere førstevalet.
Departementet meiner det bør vere opparbeidingsplikt for blågrøne overvassanlegg, på lik linje med annan teknisk infrastruktur som løyser behov knytte til lokal utbygging. Huseierne meiner kommunane framleis bør ha ansvaret for å handtere overvatn som ikkje blir utløyst av eit konkret tiltak. Departementet er einig i dette og viser til at formålet med opparbeidingsplikta etter § 18-1 er å løyse infrastrukturbehov knytte til utbygging. Dette gjeld også separate røyr til handtering av overvatn. Gjeldande lovføresegn inneheld derfor dimensjonsavgrensingar som skal sørgje for at opparbeidingsplikta berre tener lokale behov. Opparbeidingsplikt for blågrøne overvassanlegg skal på tilsvarande måte avgrensast til eit omfang som tener lokale behov.
Huseierne peiker også på at ein ny type infrastruktur, som kan krevjast opparbeidd, aukar moglegheita for at ein grunneigar risikerer fleire parallelle refusjonssaker. Dette kan gjere det mindre føreseieleg for grunneigarar. Departementet er einig i at refusjonskrav vil kunne komme i fleire omgangar fordi infrastrukturen ikkje blir opparbeidd samla. Infrastrukturen, også blågrøne overvasstiltak, vil likevel komme fram av plangrunnlaget for området, noko som vil gjere det meir føreseieleg for grunneigarar i området.
Norske Boligbyggelags Landsforbund meiner kunnskapsgrunnlaget ikkje er godt nok i dag og at ein derfor bør vente med å innføre opparbeidingsplikta. Departementet er einig i at kunnskapsgrunnlaget kan bli betre, særleg når det gjeld lokale tilhøve. Samtidig er det behov for verkemiddel no. Mange kommunar opplever problem med overvatn, og det er behov for verkemiddel som kan bidra til at meir overvatn blir handtert på ein formålstenleg måte. Tilsvarande er utbyggjarar og dei prosjekterande som høyrer til dei, nøydde til å tileigne seg kunnskap om overvatn. Kunnskapsgrunnlaget blir derfor betra kontinuerleg. Parallelt blir det utvikla erfaringar og rettleiing nasjonalt og internasjonalt. Departementet meiner derfor at grunnlaget for kommunale planar om opne overvassløysingar stadig blir betre, og at opparbeidingsplikt for blågrøne overvasstiltak kan innførast på ein forsvarleg måte.
Nærmare om opparbeidingsplikt for blågrøne hovudanlegg for overvatn
Departementet foreslår at det blir innført opparbeidingsplikt for hovudanlegg for overvatn i § 18-1 første ledd ny bokstav d. Føresegna vil omfatte både opne blågrøne løysingar og overvassleidning.
Opparbeidingsplikta er inngripande for den enkelte tiltakshavar. Krava til tiltak som kan krevjast opparbeidde, må derfor vere så klart gjevne opp som mogleg, både for å avgrense opparbeidingsplikta til det som er nødvendig, og for å gje meir føreseielegheit. Dette er det også ei rekkje høyringsinstansar som understrekar. Fleire påpeiker at eigedommane som dette gjeld, må visast i planen, og at ein må unngå å overdimensjonere anlegga og bandleggje areal unødvendig. Andre instansar meiner at det ikkje er nødvendig med ei konkret beskriving av anlegget, men at kapasiteten på anlegget må gjevast opp.
Sidan utforminga av slike anlegg kan variere, er det ikkje mogleg å lovfeste konkrete dimensjonsavgrensingar, slik bokstav a til c i lovføresegna har for veg, vatn og avløp. Plasseringa av og utforminga på overvassanlegget må derfor fastsetjast i reguleringsplan, innanfor rammene i bokstav d. Fleire høyringsinstansar støttar eksplisitt fastsetjing i plan. Å ha føresegner for overvasshandtering på reguleringsplannivå sikrar at det er føreseieleg for grunneigarane og kommunen, og at dei tidleg kan setje av areal til overvasshandtering.
Opparbeidingsplikta for blågrøne løysingar skal berre gjelde der overvassanlegget og eigedomar/arealar dette gjeld, står oppførte i reguleringsplanen. Planen må vise løysingar for det behovet utbyggingsområdet har, og kva for eigedommar som vil gje frå seg overvatn til det spesifikke overvassanlegget. Slik departementet ser det, er det ikkje mogleg å leggje inn avgrensingar i føresegna som beskriv kva for anlegg som kan krevjast opparbeidde, til dømes ei fysisk avgrensing av utstrekninga eller kapasiteten på overvasstiltaket. Det vil vere store variasjonar i nedbørsintensitet og snøsmelting i ulike område, talet på eigedommar som gjev frå seg overvatn, topografiske tilhøve med vidare, slik at utstrekning eller kapasitet ikkje kan fastsetjast nasjonalt.
Opparbeidingsplikta gjeld overvasshandtering som følgje av nye tiltak
Utgangspunktet er at dei opparbeidingspliktige tiltaka i § 18-1 skal sørgje for at område blir byggjeklare for ny busetnad, utan at kommunen blir belasta for tilrettelegginga av dette. Formålet er ikkje at ny utbygging generelt skal finansiere kommunal infrastruktur eller handtere problem skapte av tidlegare utbygging.
Den sentrale avgrensinga er at opparbeidingsplikta gjeld for anlegget så langt det er dimensjonert for å handtere overvatn for nye tiltak. Overvatn frå eksisterande busetnad blir ikkje omfatta. Etter ordlyden i føresegna gjeld ikkje opparbeidingsplikta for «håndtering av overvann fra allerede bebygde eiendommer som ikke omfattes av § 18-6 første, andre og tredje ledd». Det kan altså berre krevjast opparbeiding av anlegg som skal handtere overvatn frå eigedommar som har ei opparbeidings- og refusjonsplikt. Det kan førekomme at område har betydelege problem som følgje av eksisterande busetnad, men det vil ikkje vere rimeleg, eller i tråd med utgangspunktet for opparbeidingsplikt, om nye byggjetiltak må finansiere handteringa av dette. Eit slikt krav vil kunne gje svært forskjellige og uføreseielege utslag. Overvatn frå utbygde eigedommar må handterast ved pålegg etter ny § 31-14 og kommunale tiltak. Opparbeidingsplikta etter § 18-1 første ledd ny bokstav d står likevel ikkje i vegen for handtering av lokalt overvatn som anlegget må handtere frå andre delar av området, til dømes avrenning frå tilgrensande ikkje-utbygde areal. Føresegna hindrar heller ikkje ei utviding eller forbetring av eksisterande anlegg for å fange opp nytt overvatn.
Det er ein forskjell mellom opparbeidingsplikta etter bokstav d og etter bokstav a til c. Tiltak opparbeidde etter bokstav a til c kan tene andre eigedommar enn dei opparbeidingspliktige, når infrastrukturen blir opparbeidde etter dei dimensjonane som er oppgjevne i føresegna. Dette betyr at opparbeidingsplikta i ny bokstav d kan gjelde anlegg med kapasitet for færre eigedommar enn heimlane elles i føresegna. Anlegga kan også bli mindre enn det kommunen reknar som nødvendig for området. Departementet vel likevel å leggje avgjerande vekt på at utgangspunktet for opparbeidingsplikta ikkje er å handtere problem skapte av tidlegare utbygging, og at det kan få svært urimelege konsekvensar om nye utbyggingar blir pålagde å finansiere overvasstiltak for store eksisterande overvassmengder.
Det kan vere behov for større anlegg enn det føresegna opnar for, til dømes fordi anlegget skal handtere overvatn frå eigedommar som allereie er ferdig utbygde, og som derfor ikkje kan få opparbeidings- eller refusjonsplikt. Kommunen står fritt til å regulere inn slike anlegg. Heile anlegget vil da ikkje kunne krevjast opparbeidd. Dersom det likevel blir opparbeidd større anlegg enn det som kan krevjast etter § 18-1, skal refusjon for anlegg avgrensast i tråd med reglane om kva for utgifter som kan krevjast refunderte etter § 18-5 andre ledd.
Kommunen må altså identifisere og beskrive overvassanlegget gjennom berekna nedbørsmengder og forventa overvatn frå eigedommane, og forventa vegar for vasstraumane, for å vise kva for kapasitet og utforming overvasstiltaket treng. Etter forslaget til ny § 28-10 skal forsvarleg avleiing frå dei enkelte eigedommane sikrast og opparbeidast for nedbør opp til klimajustert 100-års gjentaksintervall, med mindre kommunen har vedteke eit anna dimensjoneringsgrunnlag i plan. Dette vil da også vere utgangspunktet for dimensjonering av opparbeidingspliktige offentlege overvassanlegg.
For å vise kva for eigedommar som er forventa å gje frå seg vatn til anlegget, kan kommunen nytte topografiske kart eller liknande verktøy som viser flaumvegar. OBOS spør om det er mogleg å basere opparbeidingsplikta på kart, mellom anna sidan konsekvensane av overvatn vil variere. Departementet er einig i at eit kart over kva veg vatn renn, aleine ikkje vil vere tilstrekkeleg for å vise nøyaktig kvar problem oppstår, eller for å beskrive kor stort overvassanlegg det er behov for. Det er likevel ikkje meininga at kart aleine skal vere grunnlaget for kva for opparbeidingsplikt som skal gjelde. Bruk av nasjonal detaljert høgdemodell er eit eigna verktøy til å gjennomføre slike analysar. Høgdemodellen er gratis tilgjengeleg frå hoydedata.no. Lokale vurderingar av overvassmengder med vidare vil likevel framleis vere ein del av grunnlaget for avgjerda.
Moss kommune meiner det ikkje vil vere mogleg å stille konkrete krav til beskriving av anlegga. Det vil vere problematisk for kommunen å stille krav til løysingar i plan i tråd med § 18-1 andre ledd, som gjeld høvet kommunen har til å stille tekniske krav til tiltak som blir opparbeidde etter føresegna. Dette kan også skape uføreseielege rammer for både kommunen og utbyggjar med omsyn til den plikta og retten kommunen har til å overta anlegga. Departementet viser til at overvassanlegget skal beskrivast i plan. Sjølv om § 18-1 første ledd ny bokstav d ikkje inneheld konkrete krav til beskrivinga av anlegget, føreset departementet at planen er tydeleg på plassering, omfang og kapasitet. Når det gjeld krav til den tekniske kvaliteten på anlegget, viser departementet til at det finst ei rekkje rettleiingar for opparbeiding av flaumvegar, avløp og liknande. Etter departementet si meining kan kommunen også fastsetje tekniske krav i kommuneplan eller konkrete saklege krav direkte etter § 18-1 andre ledd.
Mellombels dispensasjon frå opparbeidingsplikta
Kommunen har ei viss moglegheit til å gje mellombels dispensasjon frå opparbeidingsplikta etter reglane i §§ 19-2 og 19-3. Ein føresetnad er i dei fleste tilfella ei tinglyst erklæring for seinare oppfylling av plikta. Plikta vil som oftast vere eit krav om betaling av refusjon til den som står for opparbeidinga. Departementet understrekar at ei tinglyst erklæring for utsett opparbeiding berre omfattar anlegg som var opparbeidingspliktige da erklæringa blei tinglyst. Björn Sederholm foreslår at moglegheita kommunen har for å akseptere utsett opparbeiding av blågrøne overvasstiltak, blir avgrensa. Departementet meiner likevel at det kan vere gode grunnar for å tillate utsett opparbeiding, til dømes av omsyn til ei heilskapleg utbygging av anlegga til kommunen. Departementet ser at utsett opparbeiding kan medføre fare for skadar frå overvatn dersom dette ikkje blir handtert forsvarleg. Kommunane bør derfor vere svært tilbakehaldne med dispensasjon frå opparbeidingsplikta, med mindre dei vurderer det slik at problem frå overvatn først vil oppstå på eit seinare tidspunkt.
Opparbeidingsplikt for overvassleidning
Opparbeidingsplikta for leidning til overvasshandtering i dagens føresegn bokstav b, blir foreslege flytta til ny bokstav d. Departementet er einig med Bergen kommune i at det gjev betre samanheng i føresegna dersom krav til overvasshandtering blir samla. På denne måten blir det også framheva at leidning kan brukast i kombinasjon med andre overvasstiltak som fell inn under opparbeidingsplikta i § 18-1 første ledd ny bokstav d. Føresegna i § 18-1 styrer som nemnt ikkje kva for overvassløysingar som fortrinnsvis skal brukast, men departementet er einig med dei høyringsinstansane som meiner at opne løysingar bør prioriterast. Spørsmålet blir likevel avgjort i arealplanane til kommunane.
Når det gjeld den foreslegne dimensjonsavgrensinga, spør nokre av høyringsinstansane om den foreslegne dimensjonen tek nok høgd for dei framtidige nedbørsmengdene. Det blir mellom anna vist til at Statens vegvesens normalar for gjennomløp under vegar og gater (stikkrenner) krev 600 mm som minimumsdimensjon, om ikkje berekningar viser behov for større dimensjonar.
Departementet meiner at forslaget om å auke dimensjonsavgrensinga til 600 mm gjev tilstrekkeleg fleksibilitet til å sikre nødvendig kapasitet i leidningsnettet for å møte både behovet i dag og i framtida. Anslag som er gjorde av Rambøll Water AS, på oppdrag frå departementet, indikerer at 600 mm gjev tilstrekkeleg kapasitet til å dekkje lokale behov i ei rekkje tilfelle. Det same blir anslege for auka nedbørsmengder som følgje av klimaendringane. Ved større nedbørsmengder vil leidningar aleine i liten grad vere eigna til å ta unna overvatn, men det vil kunne vere eit tiltak i kombinasjon med blågrøne overvasstiltak. Kommunen kan også planleggje med større røyr for overvatn der det er behov. Gjennomføringa av dette må i så fall skje gjennom bruk av rekkjefølgjekrav og utbyggingsavtalar.
Departementet viser til at handtering av overvatn med røyranlegg må sjåast i samanheng med andre verkemiddel kommunen kan bruke til å handtere overvatnet. Rekkjefølgjekrav og utbyggingsavtalar kan også brukast for å gjennomføre opparbeiding av andre overvasstiltak. For utbyggingsområde kan kommunen planleggje med opne overvassløysingar, som vil høyre inn under opparbeidingsplikta. Kommunen vil også kunne krevje opparbeiding av innregulert privat fellesanlegg for disponering og avleiing av overvatn etter § 18-2. Ved nye tiltak vil det dessutan også gjelde krav om handtering av overvatn på eigen grunn etter § 28-10. Verkemidla kan fungere i kombinasjon.
4.4 Endring i § 18-2 om opparbeiding av private fellesanlegg for overvasshandtering
4.4.1 Gjeldande rett
Etter § 18-2 kan kommunen setje som vilkår for løyve til tiltak at tiltakshavar må erverve, sikre og opparbeide regulert fellesareal i samsvar med arealplanen. Som «fellesareal» nemner føresegna felles avkøyrsel, felles gardsrom eller anna fellesareal for fleire eigedommar. «Annet fellesareal» kan til dømes vere felles parkeringsplass og areal for leik eller sport. Tiltakshavar kan altså påleggjast å opparbeide fellesareal for fleire eigedommar enn sin eigen. Det same gjeld parkbelte i industriområde når det er regulert inn i arealplanen.
4.4.2 Høyringsforslaget
Departementet foreslo å presisere i ordlyden at føresegna også omfattar regulert fellesareal for overvassanlegg. Departementet meiner at dette allereie kan tolkast inn under «annet fellesareal» i føresegna. Forslaget skal derfor ikkje medføre endring av gjeldande rett.
4.4.3 Dette meiner høyringsinstansane
Asker kommune, Bergen kommune, Boligprodusentenes Forening, Byggenæringens Landsforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Maskinentreprenørenes forbund, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Norsk Boligbyggelags Landsforbund, Norsk Vann, Nye vegar AS, Kristiansand kommune, Rådgivende Ingeniørers Forening, Trondheim kommune, Trøndelag fylkeskommune og Fylkesmannen i Oslo og Viken støttar forslaget utan merknader.
Finans Norge støttar forslaget, føresett at det ikkje medfører realitetsendringar.
Huseierne viser til at sjølv om endringa er ei presisering av gjeldande rett, så må det setjast eit tak for kostnadene der kommunen set vilkår om opparbeiding av overvassanlegg etter føresegna. Norsk Kommunalteknisk Forening har også merknader knytte til kostnadstak. Dei meiner at kommunen må ta mellomlegget dersom det skal leggjast større røyr, men at kommunen må kunne krevje tilgjengeleg areal.
Statens vegvesen støttar forslaget. Dei peiker likevel på at overvassanlegg ikkje bør plasserast innanfor byggjegrensa mot veg eller så nær veg at dei vanskeleggjer drift og ei eventuell utbygging av vegstrekning. Dei meiner vidare at det bør presiserast at alle planar som gjeld innanfor byggjegrenser med avstandskrav til veg, blir lagde fram for vegeigar. Statens vegvesen ber også departementet vurdere om nye krav til overvasshandtering frå veg som utløyser eit bestemt arealkrav, bør bli tekne inn i plandelen av lova.
Også Oslo kommune støttar forslaget, men meiner at det anten i forarbeida eller lovteksten bør klargjerast at opne blågrøne overvassløysingar skal prioriterast. Vidare oppfordrar Oslo kommune til at forskjellen mellom «offentlig hovedanlegg» og «fellesanlegg» blir presisert i forarbeida.
Advokatforeningen, Statsbygg og OBOS har ingen merknader til forslaget.
4.4.4 Vurderinga frå departementet
På bakgrunn av høyringsinnspela held departementet på forslaget om å presisere ordlyden i § 18-2. I tråd med endringar elles i lova er det formålstenleg at det går direkte fram av ordlyden at føresegna også omfattar moglegheit for kommunen til å stille vilkår om opparbeiding av felles anlegg for disponering og avleiing av overvatn, når det er regulert inn i arealplanen. Endringa skal ikkje medføre realitetsendringar.
Føresegna i § 18-2 inneber ikkje ei automatisk opparbeidingsplikt. Det er opp til skjønnet til kommunen om det skal stillast vilkår om opparbeiding, jf. ordlyden «kan». Vilkåret blir stilt i løyve. Er det ikkje stilt vilkår, kan ikkje tiltakshavar påleggjast opparbeiding. I utgangspunktet kan det krevjast refusjon frå dei areala fellesanlegget etter reguleringsplan skal tene, jf. § 18-6 siste ledd, men dersom ein eigedom blir bygd ut, utan at det blir stilt vilkår om opparbeiding, vil dette kunne føre til at refusjonsplikta fell bort. Kommunen bør derfor vere bevisst på at opparbeiding blir pålagd den første utbyggjaren, slik at kostnadene blir fordelte på alle grunneigarar dette gjeld. Blir vilkår stilt i løyve til ein seinare utbyggjar, kan vilkåret vere ugyldig. Grunnen til dette er at regelverket skal sikre fordeling av kostnadene på alle som tener på tiltaket. Eit vilkår som i realiteten endar med at ein eller nokre få betaler for heile fellesanlegget, kan etter omstenda derfor reknast for å ikkje vere sakleg eller forsvarleg.
4.4.4.1 Omfang og beskriving av overvassanlegget
Formålet med felles anlegg for disponering og avleiing av overvatn er at det skal handtere lokalt overvatn for oppgjevne tomter. Kostnadene og storleiken på anlegget skal høve med overvassproblemet det skal handtere. Dette gjer det vanskeleg og lite formålstenleg å fastsetje ei konkret øvre grense for anlegga. Det er i planarbeidet det blir teke stilling til kva for løysingar som eventuelt skal opparbeidast. Ei nærmare beskriving av anlegget og rammene for opparbeidingspliktige fellestiltak må fastsetjast konkret i arealplan for at kommunen skal kunne stille vilkår om opparbeiding etter § 18-2.
Anlegget må vere vist i planen med oppført arealformål i plankartet, med nærmare krav i planføresegner. Kapasiteten på anlegget må fastsetjast i føresegnene. Det må også gå klart fram av føresegnene kva for eigedommar eit felles anlegg for disponering og avleiing av overvatn skal betene. Vassmengder som blir pårekna å renne frå dei enkelte eigedommane som høyrer til fellesanlegget, er eit viktig utgangspunkt for å vurdere kapasiteten til anlegget som blir regulert inn. Det kan også vere aktuelt å ta omsyn til kapasiteten på resipienten eller det offentlege overvassystemet som overvatnet frå det private fellesanlegget blir leidd til. Opparbeidingsplikta for fellesanlegg er ikkje avgrensa til bestemte typar overvasstiltak og omfattar også blågrøne løysingar.
Overvatn er som utgangspunkt reint vatn, men i visse tilfelle kan det vere forureina, sjå NOU 2015: 16 kap. 10. Dersom det er regulert eit overvassanlegg som primært skal reinse overvatnet, kan dette ikkje krevjast opparbeidd etter denne føresegna.
I høyringa påpeiker Norsk Kommunalteknisk Forening at kommunen må kunne krevje tilgjengeleg areal. Nødvendig areal, både for private fellesanlegg og overvassanlegga til kommunen, blir som nemnt fastsette i reguleringsplan. For å oppfylle vilkår om opparbeiding av overvassanlegg kan det vere nødvendig for anten kommunen eller tiltakshavar å få privatrettsleg tilgang til arealet. Dette skjer gjennom avtale eller ekspropriasjon etter reglane i kapittel 16 i lova. Statens vegvesen viser til at overvassanlegg ikkje må opparbeidast for nær veg. Departementet peiker på at arealbruken, også plasseringa av overvassanlegg, blir fastsette i arealplan. Vegmyndigheitene har moglegheit til å uttale seg i samband med høyring av arealplanar.
4.5 Endringar i § 18-3 om tiltak som gjev rett til refusjon, og § 18-5 om utgifter som kan krevjast refunderte
4.5.1 Gjeldande rett
Plan- og bygningsloven § 18-3 gjev opp kva tiltak som gjev rett til refusjon. Føresegna gjev heimel til å krevje refusjon for utgifter til etablering av mellom anna veg, vatn og avløp. Reglane om opparbeidingsplikt etter §§ 18-1 og 18-2 og reglane om refusjon må sjåast i nær samanheng. Dersom det blir etablert eit anlegg som fell utanom opparbeidingsplikta i § 18-1, eller det kommunen kan krevje etter § 18-2, kan det ikkje krevjast refusjon for utgifter til anlegget. Det kan heller ikkje krevjast refusjon for anlegg med større dimensjonar enn det som går fram av opparbeidingsplikta.
Etter første ledd har den som vil leggje, leggje om, fornye eller utvide ein offentleg veg eller hovudleidning for vatn og avløpsvatn, irekna overvatn, rett til å krevje utgiftene sine refunderte. Oppramsinga svarer til tiltak som kan krevjast opparbeidde etter § 18-1 første ledd bokstav a til c. Tiltaket det blir kravd refusjon for, må derfor kunne krevjast opparbeidd etter denne føresegna.
Vidare følgjer det av andre ledd at den som gjev frå seg grunn eller opparbeider fellesareal for fleire eigedommar eller parkbelte langs industristrøk, har rett til å krevje refusjon. Oppramsinga svarer til dei tiltaka som kan krevjast opparbeidde etter § 18-2. Eit vilkår for å krevje refusjon i desse tilfella er at sjølve tiltaket er fastsett i reguleringsplanen.
Føresegna i andre ledd presiserer også at den som har lagt felles privat anlegg for transport av vatn eller avløpsvatn (stikkleidningar), har rett til å krevje refusjon. Også her er vilkåret for å krevje refusjon at leidningen er lagd i eit område som inngår i arealplanen.
Plan- og bygningsloven § 18-5 gjev opp kva for utgifter som kan krevjast refunderte. Den som har krav på refusjon, kan krevje refundert alle utgifter som har vore nødvendige for å oppfylle opparbeidingsplikta eller vilkår i løyvet etter §§ 18-1 og 18-2. Det same gjeld den som har lagt felles privat anlegg for transport av vatn eller avløpsanlegg etter § 18-3 andre ledd tredje punktum.
Ved oppfyllinga av opparbeidingsplikta i § 18-1 kan det ikkje krevjast refundert utgifter for leidningar og vegar som er større enn dimensjonane som er gjevne opp i føresegna. Heller ikkje kostnader for fjerning av bygning eller anlegg som følgje av større breidd, eller rive- og ryddeutgifter gjev rett på refusjon, jf. § 18-5 andre ledd.
4.5.2 Høyringsforslaget
Departementet foreslo å endre ordlyden i § 18-3 første og andre ledd slik at overvassleidning, hovudanlegg for handtering og avleiing av overvatn og felles anlegg for disponering og avleiing av overvatn etter §§ 18-1 og 18-2 også blir tiltak som gjev rett på refusjon.
I høyringa foreslo også departementet å endre ordlyden i § 18-5 andre ledd første punktum. Endringa inneber at det ikkje kan krevjast refusjon for overvassanlegg som er større enn opparbeidingsplikta.
4.5.3 Dette meiner høyringsinstansane
4.5.3.1 Endringsforslaget til § 18-3
Asker kommune, Boligprodusentenes Landsforening, Byggenæringens Landsforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Klima- og miljødepartementet, KS, Miljødirektoratet, Moss kommune, Norsk Boligbyggelags Landsforbund, Norsk Vann, Oslo kommune, Rådgivende Ingeniørers Forening, Trondheim kommune og Trøndelag fylkeskommune støttar endringane i § 18-3.
Huseierne er einige i at det er nødvendig å endre § 18-3 i tråd med kva tiltak som kan påleggjast opparbeidde etter §§ 18-1 og 18-2.
Gunnar Mosevoll meiner det bør vurderast om ei ordning med delvis solidarisk utbygging av overvassanlegg skal greiast ut.
Advokatforeningen, Kristiansand kommune, Norsk Kommunalteknisk Forening og Statsbygg har ingen merknader til endringane i § 18-3.
4.5.3.2 Endringsforslaget til § 18-5
Asker kommune, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Klima- og miljødepartementet, Moss kommune, Norsk Vann, Rådgivende Ingeniørers Forening, Trondheim kommune og Trøndelag fylkeskommune støttar forslaget.
Også KS støttar forslaget, men peiker generelt på at refusjonsreglane er tungvinne, og at det er behov for å forenkle desse. Byggenæringens Landsforening, Boligprodusentenes Landsforening og Norske Boligbyggelags Landsforbund er einige og meiner det er god grunn til å vurdere meir effektive modellar for finansiering og fordelingar av kostnader til offentleg og privat infrastruktur.
Advokatforeningen, Huseierne, Kristiansand kommune, Norsk Kommunalteknisk Forening og Statsbygg har ingen merknader til endringa i § 18-5 andre ledd første punktum.
4.5.4 Vurderinga frå departementet
På bakgrunn av høyringsinnspela held departementet fast på forslaga til endringar i §§ 18-3 og 18-5.
Formålet med endringa i § 18-3 er å presisere at overvasstiltak som utbyggjar får plikt til å opparbeide, også skal vere tiltak som gjev rett på refusjon. Endringane speglar forslaga til endringar om opparbeidingsplikt etter §§ 18-1 og 18-2. For å klargjere dette ytterlegare foreslår departementet å justere ordlyden noko i § 18-3 første og andre ledd samanlikna med det som var på høyring.
Vidare foreslår departementet språklege endringar i ordlyden i § 18-5 om utgifter som kan krevjast refunderte. Omformuleringa skal tydeleggjere at det ikkje kan krevjast refundert utgifter for større offentlege overvassanlegg enn det som kan krevjast opparbeidd i den § 18-1 første ledd ny bokstav d. Kva for offentlege overvassanlegg som kan krevjast opparbeidde, er nærmare omtalt i vurderinga og merknadene til § 18-1 første ledd ny bokstav d, jf. punkt 4.3.4.
Fleire høyringsinstansar peiker på behovet for å forenkle refusjonsreglane. Enkelte trekkjer også fram at ein bør vurdere andre modellar for refusjonskrav. Departementet merkar seg innspela, men kan ikkje gå vidare med dette på noverande tidspunkt, da det fell utanfor forslaget som har vore på høyring.