4 Vurderingar
Forsvarsdepartementet legg til grunn reguleringa i lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Dette er i samsvar med tidlegare års praksis. Årets lønsoppgjer medfører at resultatet er lågare enn dei siste åra. Innanfor ei ramme med lite friske midlar er det likevel teke omsyn til låglønte. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at utskrivne vernepliktige bør få ei regulering på 0,2 prosent med verknad frå 1. juli 2015.