1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
1.1 Innleiing
Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2015. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemde organisasjonane er enno ikkje avslutta.
Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.
1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år. Ved handsaminga av statsbudsjettet 2015 vedtok Stortinget inga auke i eigendelane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi slik at refusjonsutgiftene kan i år fastsettast utan å verta tilpassa auking av eigendelar.
Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2015 – 30. juni 2016, tok til 20. mai 2015. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 21. mai. Tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 1. juni. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.
Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda frå 1. juli på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra forskriftar. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.
Dei privatpraktiserande legespesialistane, som har avtale om driftstilskot med dei regionale helseføretaka, kan krevje eit gebyr svarande til eigendelen dersom pasienten ikkje møter til avtalt time. Det er mogleg dette gebyret frå 1. juli vil endras til det dobbelte av ordinær eigendel, i tråd med den endring som var gjort på helseføretaka frå 1. januar. Det vil i så tilfelle være ein premiss at det skal utvises eit skjønn i dei tilfelle gebyret eventuelt skal krevjas av pasientar i psykisk helsevern og TSB. Ein eventuell endring av ordninga skal ikkje påverke inntektane til dei privatpraktiserande legespesialistane. Det er ikkje regulert noko slikt gebyr for dei privatpraktiserande psykologspesialistane som har avtale om driftstilskot med dei regionale helseføretaka. Dette inneber at pasientane i nokon tilfelle må betale meir hos desse enn dei gebyr som er regelfesta ved helseføretaka og legespesialistane. Det vil difor vurderast ein regelfesting av gebyrordning også hos psykologspesialistane.