1 Innleiing
Ekstremvêret «Hans» førte til store avbrot i transporten mellom fleire landsdelar. Særleg togtrafikken er hardt ramma som følgje av kollapsen av Randklev bru på Dovrebana. Dette vil ha langvarige konsekvensar for gods- og persontrafikken på bane. Trafikken på Dovrebana skal rettast opp så raskt som mogleg. Det er Jernbanedirektoratet og Bane NOR sin høgaste prioritet. Det er usikkert kor lang tid det vil ta å få på plass ei permanent bru, og om det er mellombelse løysingar som kan bli satt i verk. Nødvendige endringar og støtte til persontogselskapa blir handtert gjennom dei eksisterande avtalane mellom togselskapa og Jernbanedirektoratet om drift av persontogtilbodet. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med vurdering av tiltak for persontogselskapa i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2023. Situasjonen er kritisk for fleire selskap som fraktar gods på Dovrebana. Regjeringa ynskjer å frakte meir gods på bane, og foreslår mellombels støtte til dei råka godsselskapa for å minimere fare for langvarig reduksjon i godstransport på bane og for å bevare nødvendig transport så lenge det ikkje er mogleg å frakte gods på Dovrebana.