1 Innleiing
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, og enkelte av inntektene for 2023.
Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2023 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmer forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 1 431 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 4 793 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 1 505 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med 4 866 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvingane for inntekter under inntektskapitla med 50 mill. kroner.
Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 69 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har fått hovudansvaret for Kvinnearbeidshelseutvalget, som skal utgreie kvinner sine vilkår for å delta i arbeidslivet, deira arbeidshelse og sjukefråvær. Helse- og omsorgsdepartementet vil overføre 3 mill. kroner frå kap. 732, post 21 til Arbeids- og inkluderingsdepartementet til dette formålet.
I samband med forsøket med arbeidsorientert uføretrygd blei det i 2023 øyremerka 5 mill. kroner til evaluering av dette forsøket. Det har i liten grad vore behov for desse midla i år, og ettersom det også er foreslått å løyve 5 mill. kroner til dette formålet i 2024, foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at løyvinga på posten blir redusert med 4,9 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår samla sett å redusere løyvinga med 1,9 mill. kroner.
Post 23 Tiltak for redusert deltid og auka heiltidsandel, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 14,5 mill. kroner.
Løyvinga på posten dekker utgifter til ein heiltidspott, som inneber ei treårig satsing i perioden 2023–2025. Heiltidspotten omfattar ei ordning med søkbare midlar som skal bli brukt til å gjennomføre forsøksprosjekt for redusert bruk av deltid og auka bruk av heiltid. Det er Arbeids- og velferdsdirektoratet som er ansvarleg for å dele ut desse. Det er videre satt av midlar til følgeforsking som Arbeids- og inkluderingsdepartementet disponerer. For å ivareta at heile potten med søkbare midlar blir brukt til dette formålet er det behov for å kunne overføre dei midlane som ikkje skulle bli brukt opp til 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår derfor at posten i 2023 får stikkordet «kan overførast».
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2023 er 45,4 mill. kroner.
Store deler av løyvinga blir nytta til å følge opp departementet sine internasjonale forpliktingar. Departementet sine utgifter til EU-kontingenter er 11 mill. kroner lågare i 2023 enn det som låg til grunn i gjeldande budsjett.
Det blir også foreslått å dekke halvparten av Noreg sin landkontingent til Nordens Velferdssenter (NVC) for 2023 over posten som eit nytt tilskot. Den andre halvparten blir dekt av Helse- og omsorgsdepartementet. Samla kontingent for 2023 er om lag 1 mill. kroner. Dette har ikkje betydning for den totale løyvinga på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 11 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til bransjeprogram under IA-avtalen m.m., kan overførast
Løyvinga for 2023 er 71,5 mill. kroner.
Utgifter til bransjeprogramma er lågare enn forventa i 2023. Hovudårsaka til dette er at bransjeprogramma har ubrukte midlar frå tidlegare år. Samstundes er 2024 det siste året i inneverande avtaleperiode for IA-bransjeprogramma, og bransjeprogramma må derfor ivareta at midla dei allereie har fått tildelt blir nytta før utgangen av 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10,1 mill. kroner.
Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45
Løyvinga for 2023 er 170,4 mill. kroner.
For 2023 gjeld løyvinga på kap. 604 IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten. I Prop. 1 S (2023–2024) blir kapittelet foreslått auka med 109,8 mill. kroner som følge av forskyving av aktivitet i Prosjekt 4 frå 2023 til 2024. Det er derfor behov for å justere ned løyvinga på kapittel 604 i 2023 med tilsvarande beløp.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 33,6 mill. kroner.
Post 45 Større ustyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga for 2023 er 174,9 mill. kroner.
Løyvinga på kap. 604 for 2023 gjeld IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten. Sjå omtale under post 21.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 76,2 mill. kroner.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 22 Forskings- og utgreiingsverksemd, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 62,9 mill. kroner.
Det er forventa eit lite mindreforbruk i 2023. Det heng i all hovudsak saman med at enkelte oppdrag og leveranser er forsinka. Overføring av dette mindreforbruket til 2024 vil gjere det mogleg å overhalde forpliktingar i inngåtte kontraktar og tildelingsbrev, og unngå at andre prosjekt og leveransar blir forsinka eller må bli utset.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår derfor at posten i 2023 får stikkordet «kan overførast».
Kap. 606 Trygderetten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2023 er 112,9 mill. kroner.
Trygderetten har behov for auka løyving for 2023. Årsakene til det er utgifter i samband med den pågåande omstillingsprosessen i verksemda og høgare aktivitetsnivå enn venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner.
Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 på post 01 er 9 824 mill. kroner.
Løyvinga for 2023 på post 70 er 91 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 612 med totalt 1 013 mill. kroner. Post 01 er foreslått redusert med 1 008 mill. kroner og post 70 er foreslått redusert med 5 mill. kroner.
Reduksjonen kjem i hovudsak av at anslaget over premieinntekter (arbeidsgivarpremie og medlemsinnskot) er auka. Hovudårsaka til auken i premieinntektene er at den faktiske pensjonsreguleringa blei høgare enn overslaget som blei nytta i premieprognosane til Revidert nasjonalbudsjett 2023, og dessutan at anslaget for lønnsvekst for 2023 er noko høgare. Vidare viser oppdaterte anslag mellom anna at utbetalte AFP-pensjonar er reduserte, som følge av at andelen som har teke ut AFP har gått ned.
Justering i premiemodell for pensjonskostnader
Med verknad frå 1. januar 2023 blei det innført ein ny verksemdsspesifikk hendingsbasert premiemodell for mellom anna folkehøgskolar, private grunn- og vidaregåande skolar, humanitære- og velgjerdsverksemder, forskingsinstitutt og stiftelsar som til dømes museum, jf. omtale i Prop. 1 S (2022–2023). Desse verksemdene betaler no for dei faktiske kostnadene av AFP for tilsette fødd før 1963 ved at pensjonspremien aukar ved tidleguttak (positiv endringspremie). Til dømes vil uttak av AFP frå 62 år gi høgare premie enn uttak frå 63 år. Tilsvarande får verksemdene ein reduksjon i pensjonspremien (negativ endringspremie) viss tilsette står lenge i arbeid. Verksemdene blir også meir ansvarleggjorde for andre forhold som påverkar dei faktiske pensjonskostnadene, mellom anna den reelle lønnsveksten i kvar enkelt verksemd. Formålet har vore i større grad å ansvarleggjere verksemdene for dei faktiske pensjonskostnadene, og dessutan å gi økonomiske insentiv for kvar enkelt verksemd til å halde pensjonskostnadene nede. Etter innføringa har departementet fått tilbakemelding om at særleg endringspremiar som følge av tidleguttak av AFP vil vere krevjande for enkelte verksemder å handtere.
Det blir lagt opp til ei justering i premiemodellen for desse verksemdene slik at dei med verknad frå 1. januar 2023 blir ansvarleggjorde for halvparten av dei reelle kostnadene som oppstår som følge av at faktisk uttak av AFP er høgare enn det som er førehandsfinansiert. Vidare blir det lagt opp til at verksemdene med verknad frå 2024 blir ansvarleggjord for halvparten av både positive og negative endringspremiar for uttak av AFP for tilsette fødd før 1963. Det blir vist til at det ved innføring av ny premiemodell for statlege verksemder, med verknad frå 2022, også blei gjennomførte tilpassingar for å redusere endringspremiane som følge av uttak av AFP for tilsette fødd før 1963.
Som følge av at endringane først blir handterte i premiefaktura for sjette termin for 2023, som blir fakturerte i 2024, har ikkje tiltaket budsjettkonsekvensar for 2023. Det blir anslått at tiltaket over dei neste åra samla sett vil redusera løyvingsbehovet noko på kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse, men isolert sett for 2024 vil tiltaket gi meirutgifter på kap. 612 på om lag 25 mill. kroner. Løyvingsbehovet vil bli vurdert i framlegg i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2024.
Kap. 621 Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering
Post 70 Frivillig arbeid, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 134,9 mill. kroner.
Det er rekna med eit mindreforbruk på posten på 21 mill. kroner. Overordna er mindreforbruket eit resultat av at det ikkje er tilstrekkeleg med kvalifiserte søknader til tre av fire tilskotsordningar på posten. Delar av mindreforbruket er innanfor ordninga med tilskot til brukarstyrte organisasjonar som arbeider mot fattigdom, og heng mellom anna saman med at det frå 2021 ikkje gis tilskot til prosjekt. Delar av mindreforbruket er knytt til ordninga med tilskot til sosialt entreprenørskap, der søknadsvolumet og tildelingar har gått ned i dei seinare åra. Det er òg tildelt noko mindre i tilskot til humanitære tiltak.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 21 mill. kroner.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 21 Forsøk med tilrettelagd vidaregåande opplæring, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 25,8 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli lågare enn berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner.
Post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 7 555,6 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å omdisponere 18,1 mill. kroner til kap. 634, post 78. Sjå omtale under denne posten.
Utgiftene til arbeidsmarknadstiltak har hittil i år vore noko lågare enn det som ligg til grunn for løyvinga for 2023. Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 171,5 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår samla sett å redusere løyvinga med 189,6 mill. kroner.
Post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser
Løyvinga for 2023 er 81,3 mill. kroner.
Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår eit meirbehov på 18,1 mill. kroner på denne posten i år. Det er i hovudsak som følge av auka tal på brukarar i ordninga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 18,1 mill. kroner. Post 76 reduserast med tilsvarande beløp. Sjå omtale under den posten.
Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 111,7 mill. kroner.
Det er ei forskyving av utgiftene og det er behov for å justere tilsegnsfullmakta med eit meirbehov for aktivitet i 2023 som kjem til utbetaling i 2024 på 5,6 mill. kroner, sjå forslag til vedtak. Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår derfor at posten i 2023 får stikkordet «kan overførast».
Kap. 635 Ventelønn
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 2 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 1,9 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Kap. 3635 Ventelønn m.m.
Post 01 Refusjon statleg verksemd m.m.
Løyvinga for 2023 er 2 mill. kroner.
Inntektene blir berekna til 1,9 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Kap. 640 Arbeidstilsynet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, regionale verneombod
Løyvinga for 2023 er 17,7 mill. kroner.
Prognosen under kap. 3640, post 08 tilseier ein meirinntekt på 0,4 mill. kroner. Dette kjem av at refusjonar av utgifta til drift av regionale verneombod er venta å bli høgare.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein parallelljustering slik at kap. 640, post 21 og kap. 3640, post 08 begge aukar med 0,4 mill. kroner.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
Post 04 Kjemikaliekontroll, gebyr
Løyvinga for 2023 er 5,2 mill. kroner.
På denne posten blei det ført 2 mill. kroner for lite i inntekter i 2022. Det er venta at dette blir inntektsført i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 08 Refusjon utgifter regionale verneombod
Løyvinga for 2023 er 17,9 mill. kroner.
Sjå omtale under kap. 640, post 21. Prognosen for inntekter knytt til kap. 3640, post 08 tilseier ein auke i refusjonar på om lag 0,4 mill. kroner. Sjå tilsvarande auke under kap. 640, post 21.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,4 mill. kroner.
Post 10 Gebyr, godkjenningsordning innkvartering m.m.
Løyvinga for 2023 er 0,3 mill. kroner.
Arbeidstilsynet fekk fullmakt til å føre inntekter under denne posten, som følge av at dei ved årskiftet 2022/2023 hadde uteståande fordringar og innbetalingar knytt til ordninga, jf. Prop. 118 S (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023). Det er no betalt inn 0,004 mill. kroner, og det er ikkje venta ytterlegare innbetalingar på denne posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Post 85 Tvangsmulkt
Løyvinga for 2023 er 7,2 mill. kroner.
Posten omfattar innkravd tvangsmulkt som verksemder har blitt ilagt som følge av manglande oppfølging av pålegg frå Arbeidstilsynet. Det er venta ein meirinntekt på posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5,8 mill. kroner.
Post 86 Gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket
Løyvinga for 2023 er 29,5 mill. kroner.
Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke verkemiddelet gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket. Det er ei utfordring å gjere overslag for venta inntekter på posten, og det er no venta ein meirinntekt på 25,6 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 25,6 mill. kroner.
Kap. 648 Arbeidsretten, Riksmeklaren m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2023 er 24 mill. kroner.
Posten omfattar utgifter til lønn og drift for Arbeidsretten og Riksmeklaren. Arbeidsretten og Riksmeklaren har hatt ein auke i sine driftskostnader i forbindelse med flytting til nye lokalar, som har medført eit meirbehov på 1,9 mill. kroner. Deler av dette beløpet blir foreslått dekt inn gjennom delvis reduksjon i løyvinga under kap. 648, post 21, da denne har stikkordet «kan nyttast under post 01».
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01
Løyvinga for 2023 er 0,6 mill. kroner.
Sjå omtale under post 01 om eit meirbehov under den posten som delvis vil bli dekt inn gjennom å overføre deler av løyvinga under post 21.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 32 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 2 mill. kroner som følge av nedjusterte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 85 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 2 mill. kroner som følge av oppjusterte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2023 er 22,9 mill. kroner.
Overslaget for statstilskotet er justert opp som følge av justerte anslag for gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner.
Kap. 665 Pensjonstrygda for fiskarar
Post 70 Tilskot
Det er ikkje løyving på posten.
Løyvinga omfattar tilskotet frå staten til dekning av underskot i trygda i samsvar med statsgarantien.
I revidert nasjonalbudsjett blei det anslått at trygda ville gå med eit marginalt overskot i 2023, og at det dermed ikkje ville bli behov for statstilskot. Det blei derfor ikkje fremja forslag om løyving. Dei siste overslaga tilseier at trygda vil gå med 7 mill. kroner i underskot i 2023, i all hovudsak som følge av nedjusterte anslag for inntekter frå medlemspremie.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å løyve 7 mill. kroner på posten.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 3 670 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 20 mill. kroner, hovudsakleg som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner.
Kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2023 er 372,2 mill. kroner.
Krigen i Gaza har internasjonale verkingar, også for Noreg. Regjeringa er opptatt av at det ikkje skal utvikle seg eit auka konfliktnivå og polarisering, særleg i ungdomsmiljø. Derfor set regjeringa av midlar i nysalderinga på samla 10 mill. kroner til tiltak som fremmar dialog og dempar konfliktnivået. Sjå også forslag i proposisjonane til Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet.
Løyvinga på posten blir foreslått auka med 1,6 mill. kroner til ein kampanje i sosiale medium for å auke kunnskap om ytringar og særskilt hatefulle ytringar på nett.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,6 mill. kroner.
Kap. 671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 18 405,9 mill. kroner.
Det har vore ein auke i personar det blir utbetalt tilskot for, både som følge av at prognosen for talet på busette i 2023 har auka, og på grunn av kortare tid frå busetting til utbetaling av tilskot. Dette bidrar til å auke løyvinga på posten. På same tid er det ein reduksjon i talet på busette eldre og i utbetaling av ekstratilskot ved busetting av personar med funksjonsnedsettingar. Dette bidrar til at løyvinga på posten totalt sett blir redusert.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 95 mill. kroner.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 1 195 mill. kroner.
Det er ein auke i talet på personar som er busett før 2023 og som utløyser tilskot.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 44 mill. kroner.
Post 73 Tilskot
Løyvinga for 2023 er 18,9 mill. kroner.
Sjå innleiande omtale under kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, post 01 Driftsutgifter.
Frivillige organisasjonar spelar ei viktig rolle på integreringsfeltet, som blant anna formidlarar og aktivitetsskaparar. Løyvinga på posten blir foreslått auka med 2 mill. kroner til organisasjonar for å bidra til dialog, konfliktdemping og å førebygge polarisering i samband med krigen i Gaza. Det blir foreslått at midlane blir fordelt likt mellom Norsk folkehjelp, Røde kors og Redd Barna.
Organisasjonane det blir foreslått å øyremerke midlar til, er etablerte tilskotsmottakarar med tillit i samfunnet, kapasitet og nettverk, og departementet legg til grunn at dei på kort varsel vil kunne sette i gang eller oppskalere eksisterande tiltak i tråd med formålet. Midlane vil gjere det mogleg for organisasjonane å for eksempel arrangere dialog/ungdomsmøter rundt i landet.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 3671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 04 Tilskot til integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar, ODA-godkjente utgifter
Løyvinga for 2023 er 12,2 mill. kroner.
Einskilde utgifter knytt til integreringstiltak i asylmottak kan førast som ODA-godkjende utgifter. Det er fleire integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar enn det som er lagt til grunn i det gjeldande budsjettet.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5,1 mill. kroner.
Kap. 672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Løyvinga for 2023 er 2 363,1 mill. kroner.
Grunnlaget for å berekne persontilskot for norskopplæring til fordrivne frå Ukraina er endra frå å bli basert på prognosen for innkomstar, til å bli basert på prognosen for busetting av målgruppa.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 55,6 mill. kroner.
Post 61 Kompetansekartlegging i mottak før busetting
Løyvinga for 2023 er 0,9 mill. kroner.
Den berekna busettinga frå mottak er redusert.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Kap. 3672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga for 2023 er 40 mill. kroner.
I 2023 blir tilskot for 4. kvartal betalt ut i inneverande år, medan det tidlegare blei utbetalt det følgande året. I tillegg er tilskotssatsen auka.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 12,2 mill. kroner.
Kap. 2470 Statens pensjonskasse
Post 24 Driftsresultat
Løyvinga for 2023 er -15 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår følgande endringar som i sum ikkje endrar løyvinga på post 24 Driftsresultat:
Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i driftsinntektene med 10 mill. kroner til 715 mill. kroner mot ein auke av underpostane 24.2 Driftsutgifter med 5 mill. kroner og 24.6 Til reguleringsfond med 5 mill. kroner. Auken i driftsinntekter skriv seg frå høgare volum knytt til administrasjon av bustadlånsordninga i SPK og pensjonar.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i driftsutgiftene med 5 mill. kroner til 580 mill. kroner, jf. omtale ovanfor.
Underpost 24.6 Til reguleringsfond
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i avsetting til reguleringsfondet med 5 mill. kroner, jf. omtale ovanfor.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 170,8 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusera løyvinga på grunn av at ein større del av utbetalingane for prosjektet nytt system for bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse vil gjennomførast i 2024. Det er tilsvarande foreslått å auka løyvinga med same beløp for 2024, jf. Prop. 1 S (2023–2024) Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 18 mill. kroner.
Kap. 2541 Dagpengar
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 9 330 mill. kroner.
På bakgrunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli høgare enn berekna. I hovudsak er det fordi gjennomsnittleg utbetaling per mottakar har auka.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 410 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs
Løyvinga for 2023 er 18 mill. kroner.
På bakgrunn av utviklinga så langt i år blir inntektene berekna til 23 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 71 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar m.m. busett i Noreg
Løyvinga for 2023 er 0,3 mill. kroner
På bakgrunn av utviklinga så langt i år blir inntektene berekna til 0,6 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Post 72 Innkrevjing av forskotering av dagpengar
Løyvinga for 2023 er 500 mill. kroner.
På bakgrunn av utviklinga så langt i år bereknast inntektene til 470 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m.
Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 735 mill. kroner.
Talet på konkursar var lågare i 2022 enn det som har vore vanleg dei siste åra.
I 2023 har talet auka. Auken er førebels ikkje høgare enn opp mot normalnivået før koronapandemien. Det har også vore ein auke i gjennomsnittleg storleik på konkursane, slik at fleire tilsette har krav på tilskot. Det er stor uvisse om utviklinga framover.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 95 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
Post 70 Dividende
Løyvinga for 2023 er på 195 mill. kroner.
Inntektene for 2023 ligg an til å bli 220 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 25 mill. kroner.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 90,2 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka som følge av justering i gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 7 mill. kroner.
Post 73 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 19,2 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 18,2 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 50 420 mill. kroner.
Utviklinga i det trygdefinansierte sjukefråværet og rekneskapen til og med september 2023 tilseier ein oppgang i det trygdefinansierte sjukefråværet frå 2022 til 2023 på 7 pst. Dette er høgare enn berekna i Prop. 118 S (2022–2023). Vidare er overslaga for vekst i sysselsettinga og vekst i sjukepengegrunnlaget (lønnsvekst) auka til høvesvis 1,3 pst. og 5,5 pst.
Samla sett inneber dette høgare sjukepengeutbetalingar i 2023 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 900 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 1 550 mill. kroner.
Utviklinga i det trygdefinansierte sjukefråværet for sjølvstendige og rekneskapen til og med september 2023 tilseier ein auke i det trygdefinansierte sjukefråværet for sjølvstendige frå 2022 til 2023 på 7 pst. Det er høgare enn berekna i Prop. 118 S (2022–2023). Samstundes er overslaga for vekst i sysselsettinga auka til 1,3 pst., mens vekst i sjukepengegrunnlaget (lønnsvekst) er redusert til 4,4 pst.
Samla sett inneber dette høgare sjukepengeutbetalingar til sjølvstendige i 2023 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 80 mill. kroner.
Post 72 Pleie-, opplæring og omsorgspengar m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 2 230 mill. kroner.
Det er venta høgare volumvekst i 2023, i hovudsak som følge av fleire mottakarar, enn det som er lagt til grunn for løyvinga i Prop. 118 S (2022–2023). Overslaget for volumveksten er justert opp til 25 pst. Overslaget for lønnsveksten er også auka til 5,5 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 390 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 2 860 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2023 blir høgare enn tidlegare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 50 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til ekspertbistand og kompetansetiltak for sjukmelde, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 97,5 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli lågare enn berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 37,5 mill. kroner.
Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar
Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 39 230 mill. kroner.
Gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2023 er berekna til å bli høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Auken er i hovudsak som følge av at avgangen frå arbeidsavklaringspengar er redusert, men det har også vore ein auke i tilgangen til ordninga. Samtidig er utbetalinga per mottakar noko høgare enn det som tidlegare blei lagt til grunn.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 240 mill. kroner.
Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 146,7 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2023 blir noko lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 18,7 mill. kroner.
Post 72 Legeerklæringar
Løyvinga for 2023 er 455 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2023 blir noko lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 118 775 mill. kroner.
Gjennomsnittleg tal for mottakarar av uføretrygd i 2023 er berekna til å bli lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Nedgangen er i hovudsak som følge av at avgangen frå arbeidsavklaringspengar er redusert. Lågare gjennomsnittleg utbetaling per mottakar reduserer utgiftsanslaget ytterlegare. Samstundes er det lågare avgang frå uføretrygd enn det som tidlegare er lagt til grunn, som trekker i motsett retning.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 045 mill. kroner.
Post 75 Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 84 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 1 mill. kroner høgare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 33 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 1 mill. kroner høgare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m.
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 1 640 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2023 i form av fleire mottakarar, enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 1 903 mill. kroner.
Det er no venta høgare volumvekst i 2023 enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette er som følge av fleire mottakarar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 47 mill. kroner.
Post 72 Stønad til servicehund, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 9,5 mill. kroner.
Det har vore utfordringar hos hundeskolene med å levere nok hundar, og fleire brukarar har ikkje begynt opplæringa si grunna helseutfordringar. Dette bidrar til at forpliktingar inngått i 2023 ikkje vil komme til utbetaling før i 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår derfor at posten i 2023 får stikkordet «kan overførast».
Post 73 Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning
Løyvinga for 2023 er 120,3 mill. kroner.
Det er no venta noko lågare volumvekst i 2023 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til bilar
Løyvinga for 2023 er 790,1 mill. kroner.
Det er no venta høgare volumvekst i 2023 enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Grunna forsinka leveransar og leveranseproblem i 2021 og 2022 som no er løyst, er det venta ekstra høge utgifter i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 134,9 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2023 er 4 030,9 mill. kroner.
Det er no venta høgare volumvekst og noko høgare prisvekst i 2023 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 149,1 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester
Løyvinga for 2023 er 370,7 mill. kroner.
Det er no venta høgare volumvekst i 2023 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 9,3 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2023 er 2 143,2 mill. kroner.
Det er no venta høgare volumvekst i 2023 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 96,8 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2023 er 890,3 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare prisvekst i 2023 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner.
Post 79 Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år, kan overførast
Løyvinga for 2023 er 58 mill. kroner.
Når ramma for aktivitetshjelpemiddel nærmar seg oppbrukt, blir det sett av tilstrekkelege midlar til å dekke reparasjonar og delar ut året. Dersom utgifter til reparasjon m.m. blir meldt inn seint på året, vil det først bli regnskapsførte året etter. For at dette ikkje skal gå utover ramma for 2024, er det behov for å overføre desse midla til neste år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår derfor at posten i 2023 får stikkordet «kan overførast».
Kap. 2670 Alderdom
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 90 330 mill. kroner.
Overslaget for gjennomsnittleg tal på mottakarar er auka og overslag for gjennomsnittleg yting er redusert. Samla sett er overslaget på posten auka med 40 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 40 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 182 070 mill. kroner.
Overslaget for gjennomsnittleg tal på mottakarar er auka og overslag for gjennomsnittleg yting er redusert. Samla sett er overslaget på posten auka med 100 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 100 mill. kroner.
Post 72 Inntektspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 15 880 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 630 mill. kroner som følge av høgare overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 630 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 1 170 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 10 mill. kroner som følge av auka overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 855 mill. kroner.
Overslaget på posten auka med 5 mill. kroner som følge av auka overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2023 er 91 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 3 mill. kroner som følge av redusert overslag for gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
Post 74 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving
Løyvinga på posten er 0,3 mill. kroner.
Utgiftene på posten ser ut til å bli 0,1 mill. kroner lågare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Post 75 Stønad til barnetilsyn til gjenlevande i arbeid, overslagsløyving
Løyvinga på posten er 2,9 mill. kroner.
Utgiftene på posten ser ut til å bli 0,5 mill. kroner lågare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner
Kap. 5701 Diverse inntekter
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga for 2023 er 748 mill. kroner.
Overslag for innbetalingar av refusjon i 2023 av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2022 er på 744,4 mill. kroner, noko som betyr redusert inntekt på posten med 3,6 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 3,6 mill. kroner.
Post 80 Renter
Løyvinga for 2023 er 1 mill. kroner.
Overslaget er auka til 1,25 mill. kroner på grunn av inntektene så langt i år. Det er vanskeleg å talfeste inntektene på posten, ettersom innbetalte beløp kan variere frå sak til sak.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Post 86 Innkrevjing feilutbetalingar
Løyvinga for 2023 er 1 547 mill. kroner.
Overslaget er redusert til 1 453 mill. kroner som følge av inntektene så langt i år. Mindreinntekta kjem hovudsakleg av at deler av inntekta frå dei koronarelaterte feilutbetalingane er venta å forskyve seg frå 2023 til 2024 og seinare år. Det er vanskeleg å talfeste inntekta på førehand. Arbeids- og velferdsetaten veit ikkje om det er ei feilutbetalingssak, der etaten kan krevje tilbake frå brukar, før etaten har gjennomgått kvar enkelt sak og gjort vedtak. I tillegg vil individuelle forhold, som nedbetalingsplanar for brukar, gi usikkerheit med omsyn til når kravet blir regnskapsført.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 94 mill. kroner.
Post 88 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Løyvinga for 2023 er 82 mill. kroner.
Overslaget er redusert med 4 mill. kroner som følge av at det er venta lågare inntekter.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.