2 Endringsforslag
Kap. 800 Barne- og familiedepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir føreslått auka med om lag 3,5 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62
Løyvinga på posten går mellom anna til å etablere ei undersøkingsordning for saker som gjeld vald, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn. I samband med Prop. 1 S for 2024 vart det løyvd 10 mill. kroner til dette. Grunna forseinkingar i arbeidet blei løyvinga redusert med 5 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2024. Statens helsetilsyn har no fått oppdraget om å etablere undersøkingsordninga. Venta utgifter i 2024 er redusert til 2,3 mill. kroner.
BFD føreslår å på denne bakgrunn å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner.
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Løyvinga dekkjer tilskot til 21 incestsenter og eitt valdtektssenter. Gjeldande løyving er 123 mill. kroner. Det er eit krav at tilskot til ordinær senterdrift frå kommunar, fylkeskommunar og helseføretak til saman skal dekkje minst 20 prosent av driftsutgiftene for å tildele eit statleg tilskot på inntil 80 prosent. Det er i år venta eit mindreforbruk på 1,3 mill. kroner, sidan tildelt tilskot ikkje nøyaktig svarer til løyvinga på posten.
BFD føreslår å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner.
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk av meklarar utanom familievernet er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner.
Kap. 842 Familievern
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir føreslått auka med om lag 7,7 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet. Posten kan òg nyttast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta og samarbeid med andre tenester m.m. Det ligg an til eit mindreforbruk på 2,9 mill. kroner inneverande år.
BFD føreslår å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner.
Kap. 843 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Prognosen for talet på utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Det blir føreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner som fylgje av omstende knytt til endringar i kontantstøttelova frå 1. august 2024. Lovendringane innebar at kontantstøtteperioden er redusert frå elleve til sju månadar, og brukarane har no rett til kontantstøtte frå den månaden barnet er 13 månadar til og med den månaden barnet blir 19 månadar, jf. Innst. 237 L (2023–2024) og Prop. 43 L (2023–2024). Lovendringa gjaldt alle, det vil seie både gamle og nye saker, og det var ikkje lagt opp til overgangsreglar for dei som var inne i kontantstøtteordninga då lovendringane tok til å gjelde.
I samband med gjennomføringa av lovendringane blei det klart at nokre søkjarar ikkje fekk like mykje informasjon som andre frå Arbeids- og velferdsetaten om regjeringa sitt forslag til redusert kontantstøtteperiode. Regjeringa har difor førebudd og set i verk ei overgangsordning for personar som søkte om kontantstøtte før 1. februar 2024, og som fekk vedtak om kontantstøtte 1. mars eller seinare. Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst at dette gjeld om lag 400 personar. 1. februar er datoen Arbeids- og velferdsetaten byrja å gi informasjon om regjeringa sitt lovforslag i dialogen med søkjarar om kontantstøtte. 1. mars er fristen for hovudopptaket til barnehage i dei fleste kommunar. I vedtaksbrevet fekk den einskilde informasjon om betydinga av dei komande lovendringane.
Overgangsordninga skal gjennomførast som ei eingongsutbetaling tilsvarande beløpet desse 400 søkjarane skulle hatt etter reglane før 1. august 2024. Overgangsordninga aukar utgiftene til kontantstøtte med 6 mill. kroner i 2024. Det er ikkje utgifter knytt til overgangsordninga i 2025.
I samanheng med endringane i kontantstøttelova frå 1. august 2024 vart det òg vedteke endringar i ordlyden for når kontantstøtte kjem til utbetaling og opphøyrer. Dette innebar ei utilsikta reversering av ei lovendring av 2022 om opphøyrstidspunktet i støtteperioden, som blei innført for at støttemottakarane ikkje skulle få kontantstøtte for same månad som barnet byrjar i barnehage, jf. Prop. 15 L (2021–2022). Stønadsperioden er med det utilsikta utvida med éin månad. Endringa av tidspunktet for når støtta kjem til utbetaling, har òg gitt ein utilsikta utvida rett til kontantstøtte med éin månad i einskilde tilfelle. Til dømes vil begge foreldre som ikkje lenger bur saman, få ytinga for den same månaden som barnet flyttar mellom dei. Stortinget vart informert om saka i brev frå barne- og familieministeren av 26. august 2024.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst at om lag 4 400 personar denne hausten vil få kontantstøtte for ein månad ekstra grunna dei utilsikta konsekvensane av lovendringane. Dette aukar meirutgiftene til kontantstøtte med om lag 34 mill. kroner i 2024. Størsteparten av utgiftene er knytt til utbetalingar av kontantstøtte for barn som byrja i barnehage i august, sidan dei aller fleste barn byrjar i barnehage den månaden.
Barne- og familiedepartementet legg fram ein lovproposisjon som rettar opp dei utilsikta konsekvensane.
Utover sakane knytt til endringane i kontantstøttelova, er talet på mottakarar av kontantstøtte òg høgare enn tidlegare lagt til grunn. Det aukar utgiftene til kontantstøtte i 2024 med ytterlegare 30 mill. kroner.
Dei samla utgiftene i 2024 er dermed rekna til 990 mill. kroner. BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 70 mill. kroner.
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Talet på mottakarar av barnetrygd er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett og trekk løyvinga ned. Barne- og familiedepartementet viser samstundes til endring i barnetrygdlova ved lov 25. juni 2024 nr. 73 som tok til å gjelde frå 1. juli 2024. Endringa innebar å erstatte tidlegare regel om etterbetaling av barnetrygd i opptil tre år med ein ny hovudregel om etterbetaling i opptil tre månader. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 blei løyvinga til barnetrygd i inneverande år redusert med 122 mill. kroner grunna endringa. Arbeids- og velferdsdirektoratet reknar no innsparinga av endringa 97 mill. kroner lågare enn tidlegare lagt til grunn. Årsaka til endringa er at direktoratet ikkje tok tilstrekkeleg høgde for dei budsjettmessige konsekvensane av overgangsreglane som blei innført i samband med lovendringane.
Utgiftene til barnetrygd blir på denne bakgrunn rekna til 25 600 mill. kroner i 2024. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 68 mill. kroner.
Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til tiltak på familie- og oppvekstområdet. Grunna færre adopsjonar, mellom anna fordi at formidlingsløyva for fleire land no er trekt tilbake, rapporterer adopsjonsorganisasjonane at dei står i ein økonomisk pressa situasjon. For å sikre ein minstedrift av organisasjonane i 2024, medan klagene over formidlingsløyva blir handsama i departementet, er det tildelt 1,8 mill. kroner i ekstra driftsstøtte i år. Midla er budsjettert på denne posten. For å sikre korrekt postbruk, føreslår BFD å redusere løyvinga med 1,8 mill. kroner mot tilsvarande auke på post 71.
For å sikre korrekt postbruk av midlar til evaluering av programmet Sammen på vei, føreslår BFD vidare å auke løyvinga med 2 mill. kroner, sjå omtale under post 71.
Samla føreslår BFD å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og post 62
Løyvinga dekkjer mellom anna utgifter til utprøving og evaluering av programmet Sammen på vei. For å sikre korrekt postbruk, føreslår BFD å redusere løyvinga med 2 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 846, post 21.
BFD føreslår vidare å auke løyvinga med 1,8 mill. kroner for å sikre korrekt postbruk av midlar til adopsjonsorganisasjonane inneverande år, sjå omtale under post 21.
Samla føreslår BFD å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast
Løyvinga dekkjer mellom anna tilskotet til Barentssekretariatet i Kirkenes for å fremme ungdomssamarbeid i Barentsregionen. Grunna krigen i Ukraina hadde Barentssekretariatet ubrukte midlar på 0,675 mill. kroner frå tildelinga for 2023. Restmidlane blei overført til 2024 og tilskotet til Barentssekretariatet i 2024 er derfor avkorta med tilsvarande sum.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner.
Kap. 847 EUs ungdomsprogram
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir føreslått auka med om lag 0,3 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Kap. 848 Barneombudet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir føreslått auka med om lag 0,5 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Kap. 853 Barneverns- og helsenemndene
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer driftsutgifter i nemndene og i Sentraleininga for barneverns- og helsenemnda og sakskostnader ved handsaming av saker. For å digitalisere nemndene slik at dei mellom anna kan gjennomføre digitale møte, føreslår departementet å auke løyvinga med 5 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjonar på kap. 854, post 21 og post 22.
Løyvinga blir vidare føreslått auka med 3,7 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Samla føreslår BFD å auke løyvinga med 8,7 mill. kroner.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer mellom anna utgifter til utviklingstiltak, i hovudsak tidsavgrensa prosjekt, på barnevernsområdet. Posten dekkjer også refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard. Som følgje av høgare refusjonar enn tidlegare lagt til grunn, er det eit meirbehov på posten. Departementet føreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 854, post 21 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854 post 23.
Det er venta mindreforbruk på posten grunna forseinkingar knytt til IKT-utviklingsprosjekt i Bufdir. Departementet føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 853, post 01.
Samla føreslår BFD å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 22 Barnesakkunnig kommisjon
Løyvinga på posten dekkjer drift av Barnesakkunnig kommisjon. Det er venta eit mindreforbruk på posten fordi det har vore færre innkomne rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Departementet føreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 853, post 01.
Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for kommunalt barnevern. Det er forseinkingar i innkjøp av to nye opplæringstiltak for betre styring og leiing i 2024. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 854, post 21.
I tillegg blir det føreslått å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1520, post 01 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt budsjett. Statsforvaltaren i Vestland har i 2024 hatt meirutgifter knytt til den sokalla Spydeberg-saka. Situasjonen gjer at statsforvaltaren i Vestland ikkje har tilstrekkeleg kapasitet til å utføre lovpålagde oppgåver på helse- og barnevernsområdet. Samla føreslår BFD å auke løyvinga til statsforvaltaren med 2,5 mill. kroner, sjå òg omtale under kap. 854, postane 71 og 72. I tillegg blir det føreslått ei tilsvarande auke grunna meirutgifter på helseområdet, slik at den samla auken på kap. 1520, post 01 blir 5 mill. kroner.
Samla føreslår BFD å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner.
Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid mv.
Løyvinga blir i hovudsak nytta til tilskotsordningar og tilskot. Det er eit mindreforbruk i utbetaling av støtte til barneeininga i Østersjøområdet (Children at Risk) i 2024 grunna endringar i valutakurs. BFD føreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1520, post 01 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt budsjett. Sjå omtale under kap. 854, post 23.
Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttas under post 23
Løyvinga går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. Det er venta mindreforbruk i 2024 på grunn av forseinking i vidareutdanning for institusjonsleiarar. Vidareutdanninga vil gå som planlagt, men er noko forseinka. BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 854, post 72 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1520, post 01 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sitt budsjett. Sjå omtale under kap. 854, post 23.
Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22
Løyvinga blir føreslått auka med 93,8 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkarar
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekkje utgifter til drift av statlege omsorgsplassar og arbeid med godkjenning av senter, opplæring, oppfølging, anskaffingar, administrasjon og busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssenterane. Løyvinga blir føreslått auka med 3,5 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Delar av lønskompensasjonen frå kap. 856, post 01 blir føreslått flytta til kap. 856, post 22. Post 22 vart oppretta i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett 2024 og har ikkje blitt kompensert for lønnsvekst, medan kompensasjonen på denne posten er for høg. BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 856, post 01 med 2,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 856, post 22.
Samla føreslår BFD å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner.
Post 22 Kjøp av plassar i private omsorgssenter
Løyvinga på posten skal gå til kjøp av private omsorgsplassar til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. For å få korrekt lønskompensasjon på kap. 856 blir det føreslått ei flytting frå post 01 til post 22. BFD føreslår å auke løyvinga på post 22 med 2,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 856 post 01. Sjå omtale under kap. 856 post 01.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. I gjeldande budsjett er det lagt til grunn at 81 prosent av barna i omsorgssentera har under eitt år opphaldstid. På grunn av stor auke i talet på barn i omsorgssentera har busettinga teke noko lengre tid. Det blir no venta at om lag 56 prosent av barna vil ha opphaldstid på under eitt år i 2024.
BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3856, post 04 med 120,1 mill. kroner.
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir føreslått auka med om lag 9,9 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Kap. 868 Forbrukartilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir føreslått auka med 2,8 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Kap. 3868 Forbrukartilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
Løyvinga svarer til inntektene frå innbetalt handsamingsgebyr for saker til mekling i Forbrukartilsynet og saker til handsaming i Forbrukarklageutvalet. Oppdaterte anslag frå Forbrukartilsynet indikerer ei lågare saksinngang enn tidlegare lagt til grunn.
BFD føreslår på bakgrunn av dette å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner.
Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til forsking og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og innanfor feltet gravplassar, kremasjon og gravferd. BFD føreslår å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 881, post 78. Sjå omtale under.
Post 78 Ymse faste tiltak
Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet, og andre dialogtiltak. BFD føreslår å gje Hjelpekilden eit tilskot på 0,7 mill. kroner til arbeidet med kompetanseheving i hjelpeapparatet om negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn. Hjelpekilden vil samarbeide med Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald om dette arbeidet.
BFD føreslår å auke løyvinga med 0,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 881, post 21.
Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar
Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje tilskot tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det har ikkje vore gitt ny investeringsramme sidan 2019. I 2024 har den faktiske kompensasjonsrenta Husbanken bruker vore høgare enn berekningsrenta som var lagt til grunn i saldert budsjett.
BFD føreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner.
Kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal i hovudsak nyttast til drift av programsekretariatet, programstyret og fagrådet som forvaltar bevaringsstrategien for kulturhistorisk vedifulle kyrkjebygg og tilhøyrande tilskotsordning. Vedteke budsjett på posten er 15,6 mill. kroner. Det er venta eit mindreforbruk som følgje av at sekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet fyrst blei etablert i juni og ikkje var fullt operativ før i starten av oktober. BFD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner.
Løyvinga blir vidare føreslått auka med 0,2 mill. kroner knytt til verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i proposisjonen til Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Samla føreslår BFD å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til tilskotsordninga forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg knytt til Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg.
Tilskotsordninga blei lagd fram for Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2024 med ei løyving på 100 mill. kroner. Utbetalinga skjer etter kvart som mottakarane treng å få dekt dei aktuelle utgiftene. Utbetalingstakten er derfor usikker. Løyvinga er overførbar, men blir justert i tråd med kravet til realistisk budsjettering i løpet av det einskilde budsjettår. Riksantikvaren sin oppdaterte prognose for utbetaling av tilskot i 2024 er om lag 90 mill. kroner.
BFD føreslår å redusere løyvinga på med 10 mill. kroner. Sjå også omtale under kap. 3883, post 50.
Kap. 3883 Kyrkjebevaringsfondet
Post 50 Overført frå Kyrkjebevaringsfondet
Det blei overført 200 mill. kroner frå Opplysningsvesenets fond til fondskontoen Kyrkjebevaringsfondet i august 2024. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2024 blei det lagt opp til eit uttak i 2024 på 100 mill. kroner, «tilsvarende anslåtte utgifter på kap. 883, post 60». Oppdatert prognose frå Riksantikvaren på utbetaling av tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg i løpet av 2024 på kap. 883, post 60 er justert ned frå 100 til 90 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3883, post 50 tilsvarande ned med 10 mill. kroner.
Gjenståande på fondskonten er etter dette 110 mill. kroner. I tillegg kjem renteinntekter på fondsmidlane for 2024.
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2024 blir no rekna til 25 950 mill. kroner. Dette er 1 190 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett, og skuldast i hovudsak fleire fødde i 2023 og 2024 enn tidlegare lagt til grunn.
BFD viser òg til revidert nasjonalbudsjett for 2024 og omtale av utgifter knytt til dom frå Høgsterett i sak om fedrekvota i foreldrepengeordninga (HR-2023-2432-A). I dommen blei det slått fast at Arbeids- og velferdsetaten tidlegare har hatt feil praksis når det gjaldt å setje frist for søknad om foreldrepengar. Løyvinga til foreldrepengar ved fødsel blei difor auka med 44,5 mill. kroner for å ta høgde for etterbetalingar av foreldrepengar. Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser no at arbeidet med å vurdere saker om etterbetaling har tatt lenger tid enn tidlegare venta. Dei reknar no med at det blir eit ubetydeleg tal utbetalingssakar i løpet av 2024. Dette reduserer forslaget til løyving med 44,5 mill. kroner inneverande år. Regjeringa vil vurdere endringar i løyvinga til foreldrepengar i 2025 som er knytt til denne saka i samband med revidert nasjonalbudsjett.
BFD føreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga med 1 190 mill. kroner.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon i 2024 blir no rekna til 690 mill. kroner. Dette er 15 mill. kroner lågare enn gjeldande budsjett. Endringa kjem av at det er venta færre mottakarar av eingongsstønad enn tidlegare lagt til grunn.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar blir no rekna til 655 mill. kroner. Dette er 40 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett. Utgiftene på posten blir rekna på grunnlag av delen av foreldrepengane føregåande år som blir utbetalt som feriepengar. Feriepengedelen for 2023 er no 2,8 prosent og dermed høgare enn tidlegare lagt til grunn.
BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 40 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon blir no rekna til 24 mill. kroner. Dette er 2 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett. Endringa kjem av at det er venta fleire mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon enn tidlegare lagt til grunn.
BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 5706 Bidragsforskott
Post 70 Refusjon frå bidragspliktige
Arbeids- og velferdsetaten krev refusjon for utbetalt bidragsforskott i barnebidraget frå dei bidragspliktige. Innbetalingane blir ført på denne posten. Det er venta fleire refusjonar enn lagt til grunn gjeldande budsjett. Løyvinga på posten for 2024 blir no rekna til 178 mill. kroner. BFD føreslår derfor å auke løyvinga med 7 mill. kroner.