2 Bakgrunn for lovframlegget
2.1 Unnatak frå krav om løyve for samkøyring
Bakgrunnen for framlegget om å endre yrkestransportlova § 20 første ledd er å leggje til rette for auka samkøyring. Høve til å samkøyre utan løyve er etter dagens regelverk avgrensa.
Samkøyring er deling av eit transportmiddel mellom to eller fleire personar, der sjåføren og passasjerane har eit samanfallande transportbehov. Ofte delar sjåføren og passasjerane på kostnadene knytt til transporten.
Samkøyring vert normalt delt inn i to ulike former. Den eine forma skjer på meir eller mindre faste tidspunkt mellom personar som allereie har ein relasjon, til dømes grannar og kollegaer til og frå jobb (kameratkøyring). Den andre forma inneber deling av transport i samband med ei eingongsreise, gjerne avtalt på kort varsel og ofte mellom personar som ikkje kjennar kvarandre på førehand (spontan samkøyring).
Spontan samkøyring har dei siste åra vorte enklare og meir tilgjengeleg enn tidlegare som følgje av den teknologiske utviklinga. Internettbaserte plattformer der folk opprettar profilar og vert kopla saman med andre brukarar for å dele transport har ført til at stadig fleire vel samkøyring som eit transportalternativ. Dette skjer samstundes med at folk i større grad enn før vel å vere deltakarar i den såkalla delingsøkonomien gjennom å dele på ulike underutnytta ressursar, som til dømes bil, båt og husrom. For å imøtekomme den nemnte samfunnsutviklinga er det føremålstenleg å i større grad tillate samkøyring.
Departementet meiner auka samkøyring vil kunne gje samfunnsgevinstar i form av færre bilar på vegane og dermed mindre kødanning og mindre belastning på vegnettet. Dette vil samstundes kunne redusere utsleppet frå vegtrafikken, noko som vil vere fordelaktig for luftkvaliteten og miljøet.
Samkøyring er i dag til dels regulert i yrkestransportlova § 20 første ledd. Moglegheita for samkøyring etter denne føresegna er likevel avgrensa både når det gjeld kven som kan samkøyre og kor dei kan samkøyre. Etter departementet si vurdering vil desse avgrensingane innebere at færre vel samkøyring, og at dei samfunnsgevinstane som samkøyring kan føre til ikkje kan takast ut i tilstrekkeleg grad. Samkøyring i dag skjer i fleire tilfelle utanfor yrkestransportlova § 20 første ledd, og departementet ser det som tenleg at denne aktiviteten kan skje innanfor yrkestransportlova sine rammer.
Departementet meiner at det er eit monaleg potensial for samkøyring i Noreg. Ifølgje tall frå SSB var det ved inngangen til 2016 til saman over 2,6 millionar registrerte personbilar i Noreg.1 Resultat frå dei nasjonale reisevaneundersøkingane viser likevel at talet på personar inklusiv førar på kvar transport med alle biltypar er lågt og har vorte gradvis redusert sida 1985. I 1985 var det gjennomsnittlege talet på personar pr. tur 1,66, medan det i 2005 var redusert til 1,54. I 2009 var talet 1,53, mens talet for 2013/2014 var 1,54.2
2.2 Heving av øvre aldersgrense for drosjeløyve
Bakgrunnen for framlegget om å endre § 9 andre ledd er å leggje til rette for at løyvehavarar kan ha drosjeløyvet sitt lenger. Departementet ønskjer å tilpasse regelverket til utviklinga i samfunnet der det vert lagt til rette for at eldre som ønskjer det, kan stå lenger i arbeid.
2.3 Høyring
Samferdselsdepartementet sitt framlegg til lovendringar vart sendt på høyring den 9. desember 2016. Frist for merknader vart sett til 2. mars 2017. I tillegg til at høyringsnotatet vart lagt ut på Samferdselsdepartementet sine heimesider på internett, vart det sendt til følgjande instansar:
Statsministerens kontor
Arbeids- og sosialdepartementet
Barne- og likestillingdepartementet
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Utenriksdepartementet
Datatilsynet
Direktoratet for forvaltning og IKT
Forbrukerrådet
Konkurransetilsynet
Miljødirektoratet
Politidirektoratet
Regjeringsadvokaten
Regelrådet
Vegdirektoratet
Akershus fylkeskommune
Aust-Agder fylkeskommune
Buskerud fylkeskommune
Finnmark fylkeskommune
Hedmark fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune – Byrådet
Rogaland fylkeskommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Østfold fylkeskommune
Abelia
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Fagforbundet
GoMore
Haxi
Hovedorganisasjonen Virke
IKT Norge
ITS Norge
Kollektivtrafikkforeningen
KS
KS Bedrift
Landsorganisasjonen i Norge – LO
NHO Transport
Norges Ingeniør- og Teknologiorganisasjon – NITO
Norges Taxi
Norges Taxiforbund
Norges Turbileierforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon – NHO
Pensjonistforbundet
Uber
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Yrkestrafikkforbundet
Av dei høyringsnotatet vart sendt til, har 37 høyringsinstansar gjeve fråsegn i saka. 30 av desse hadde substansielle merknader til eitt eller fleire av framlegga. Dette er Justis- og beredskapsdepartementet, Forbrukerrådet, Konkurransetilsynet, Politidirektoratet, Akershus fylkeskommune, Aust-Agder fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Hedmark fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Oslo kommune, Rogaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Troms fylkeskommune, Vest-Agder fylkeskommune, Vestfold fylkeskommune, Østfold fylkeskommune, Abelia, GoMore, LO, Norges Taxi, Norges Taxiforbund, NHO, NHO Transport, Uber og Yrkestrafikkforbundet. I tillegg har 13 som ikkje fikk høyringa direkte, gjeve fråsegn med substansielle merknader. Dette er Justervesenet, Helse Stavanger HF, Oslo Politidistrikt, Skatteetaten, ByTaxi, Norges Automobil-Forbund, Norges Blindeforbund, Norges Taxiforbund avd. Møre og Romsdal, Oslo Taxi, Reality og tre privatpersonar.
Merknadene frå høyringsinstansane vert omtalt under punkt 3 og 4.
Syv av dei høyringsinstansane som har gjeve fråsegn hadde ikkje merknader til framlegget. Dette er Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Utenriksdepartementet og Vegdirektoratet.
Fleire høyringsinstansar uttalar seg om spørsmål som fell utanfor det departementet gjorde framlegg om i høyringsnotatet, mellom anna spørsmålet om behovsprøvinga av drosjeløyve burde vidareførast eller ikkje. Helse Stavanger HF har gjeve fråsegn med generelle betraktningar om pasienttransport. Fråsegn som fell utanfor lovframlegget vil ikkje verte omtalt i det følgjande.