1 Innleiing
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2022.
Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2022 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmer forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 3 223 mill. kroner, å aukeløyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 80 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 845 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med 2 458 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvingane for inntekter under inntektskapitla med 74 mill. kroner.
Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.
Post 22 Kunnskapsutvikling i IA-avtalen m.m., kan overførast
Løyvinga for 2022 er på 25,2 mill. kroner.
Det er lågare aktivitet enn planlagt som fører til eit mindreforbruk.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2022 er på 50,4 mill. kroner.
Utgifter til EU-kontingenter er lågare i 2022 enn det som låg til grunn i saldert budsjett.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.
Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45
Løyvinga for 2022 er 148,1 mill. kroner, og gjeld IKT- modernisering i Arbeids- og velferdsetaten. I Prop. 1 S (2022–2023) blir kapittel 604 foreslått auka med 50 mill. kroner som følge av forskyving av aktivitet i Prosjekt 4 frå 2022 til 2023. Det er derfor behov for å justere ned løyvinga på kapittel 604 i 2022, i tråd med det samla forventa mindreforbruket på 50 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 28 mill. kroner.
Post 45 Større ustyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga for 2022 er 167,9 mill. kroner.
Løyvinga på kap. 604 for 2022 gjeld IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten. Sjå omtale under post 21.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 22 mill. kroner.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2022 er 12 589,9 mill. kroner.
I etterkant av koronapandemien har det vore ein normalisering i aktivitetsnivået på tolkeoppdraga Arbeids- og velferdsetaten utfører for eksterne. Inntektene blir derfor høgare under kap. 3605, post 04 enn pårekna løyving. Det blir derfor foreslått å auke kap. 605, post 01 med 0,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auking under 3605, post 04.
Ei ny brillestønadsordning til born blei innført 1. august 2022. Administrative kostnadar knytt til innføringa er berekna til 8,8 mill. kroner. Løyvinga på posten foreslås auka med 8,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 2661, post 75. Sjå omtale under kap. 2661, post 75.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 9,5 mill. kroner.
Oppfølging av feilutbetalingar i samband med koronaordningane
I Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet blei det gjort greie for koronapandemien si tyding for kontrollverksemd og arbeid med feilutbetalingar og trygdesvindel i Arbeids- og velferdsetaten. Forventningane til rask iverksetting av dei mellombelse koronatiltaka, saman med ein tilnærma eksplosiv vekst i talet på saker for nye og eksisterande ordningar, førte til at det ikkje var mogleg for Arbeids- og velferdsetaten å bygge inn omfattande kontrolltiltak i dei tekniske løysingane eller iverksette særskilte etterkontrollar. Sjå omtale i proposisjonen nemnd over, Programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken, Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, Rapportering, strategier og tiltak for 2023, Ytelsesforvaltningen.
Av Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjekk det og fram at prioriteringa av utbetaling av livsopphaldsytingar under pandemien, manglande innebygde kontrollar saman med den ekstraordinære inngangen av saker inneber eit stort omfang av moglege feilutbetalingar. I tråd med denne omtalen er omfanget av attståande etterkontrollar vurdert med tanke på når moglege feilutbetalingar blir forelda og prioritering av arbeidet med etterkontrollar opp mot behandling av ytingar og klagesaker.
Det var føresett av Stortinget at utbetalingane frå dei mellombelse koronaordningane skulle skje raskt, og Stortinget blei gjort kjent med at omfattande kontrolltiltak derfor ikkje kunne leggast inn i dei tekniske løysingane. Arbeids- og velferdsetaten tok frå 1. januar 2020 til 1. september 2020 i mot om lag 561 000 søknader om dagpengar og utbetalte 75 mrd. kroner i koronaytingar (per utgangen av 2021). Moglege feilutbetalingar kan gjelde mange mottakarar av koronaytingar. Det er viktig for tilliten til velferdsstaten å sikre korrekte utbetalingar, og justere ev. feil om nødvendig. Arbeids- og velferdsetaten har fram til nå gjennomført etterkontroll inn mot dei høgaste feilutbetalingane, kor sannsynet for å avdekke bevisst svindel og er høgast. Nå vil departementet be etaten om å omprioritere ressursar tilsvarande om lag 30 årsverk til å gjennomføre fleire etterkontrollar med føremål om å avdekke fleire feilutbetalingar. Dette vil likevel ikkje bety at alle feilutbetalingar vil bli kontrollert. Dei antatt lågaste feilutbetalingsbeløpa vil ikkje bli prioritert.
Post 22 Forsknings- og utgreiingsverksemd
Løyvinga for 2022 er 61,4 mill. kroner.
Det er venta eit mindreforbruk på posten på 7 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.
Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 04 Tolketenester
Løyvinga for 2022 er 4,4 mill. kroner.
Det vises til tilsvarande parallelljustering under kap. 605, post 01. Det er venta høgare inntekter under kap. 3605, post 04 grunna ein normalisering i aktivitetsnivået på tolkeoppdraga Arbeids- og velferdsetaten utfører for eksterne.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,7 mill. kroner.
Post 06 Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag
Løyvinga for 2022 er 27 mill. kroner.
Som følge av inntektene så langt i år er overslaget i 2022 redusert til 25 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 611 Pensjonar frå statskassa
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 16,1 mill. kroner.
Nytt overslag er basert på utbetalte pensjonar så langt i 2022 og prognose ut året.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner.
Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 9 994 mill. kroner.
Det er behov for å auke løyvinga med 303 mill. kroner. Dette skriv seg i hovudsak frå at overslaget over premieinntekter er redusert. Hovudårsaka til nedgangen i premieinntektene er at grunnbeløpet (G) blei høgare enn overslaget for G som blei nytta i premieprognosane til Revidert nasjonalbudsjett 2022.
For å oppnå samsvar mellom inntektsføringa av pensjonspremie hos SPK og utgiftsføringa hos dei statlege verksemdene i 2022 er det foreslått eit romartalsvedtak slik at pensjonspremien for sjette termin 2022 frå alle statlege verksemder blir inntektsført i 2022 uavhengig av betalingstidspunktet.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 303 mill. kroner.
Kap. 621 Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering
Post 70 Frivillig arbeid, kan overførast
Løyvinga for 2022 er 133,6 mill. kroner.
Det er rekna med eit mindreforbruk på posten på 30,4 mill. kroner. Mindreforbruket knytt seg til fleire tilskotsordningar på posten. Delar av mindreforbruket er innanfor ordninga med tilskot til brukarstyrte organisasjonar som arbeider mot fattigdom, og heng mellom anna saman med at det frå 2021 ikkje gis tilskot til prosjekt. Delar av mindreforbruket er knytt til ordninga med tilskot til sosialt entreprenørskap. Av ulike årsaker avslutta fleire verksemder perioden med tilskot i 2021 samanlikna med i eit normalår. I tillegg har det ikkje kome inn nok kvalifiserte søknadar i 2022. Det er òg eit mindreforbruk innanfor ordninga med tilskot til humanitære tiltak.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 30,4 mill. kroner.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast
Løyvinga for 2022 er 7 301,4 mill. kroner.
Hittil i 2022 har det vore eit høgare forbruk enn det som ligg til grunn for løyvinga, og det er derfor nødvendig å auke løyvinga for å dekke bindingane på slutten av året.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 23,7 mill. kroner.
I tillegg foreslås det å auke tilsegnsfullmakten med 116,2 mill. kroner, jf. forslag til romertalsvedtak. Auka tilsegnsfullmakt i 2022 vil legge ein binding for bruk av løyvinga for 2023. Løyvinga til arbeidsmarknadstiltak blir vurdert på nytt i lys av utviklinga i arbeidsmarknaden i forbindelse med RNB 2023.
Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet
Løyvinga for 2022 er 74,8 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 78 mill. kroner i 2022. Arbeids- og velferdsdirektoratet reknar med eit meirbehov på 3,3 mill. kroner på denne posten i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner.
Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 85 Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarkedstiltak
Løyvinga for 2022 er 5 mill. kroner.
Inntektene for 2022 ligg an til å bli 3 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 640 Arbeidstilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2022 er på 783,9 mill. kroner
Prognosen på kap. 3640, post 06 tilseier ein reduksjon i venta inntekt på om lag 1 mill. kroner. Dette er hovudsakleg på grunn av at planlagde aktivitetar knytt til IA og evaluering av organisasjonsmodellen til Arbeidstilsynet har forskuva oppstart til 2023. Dette påverkar også utgifter på kap. 640, post 01 i 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein parallelljustering slik at kap. 640, post 01 og kap. 3640, post 06 begge reduserast med 1 mill. kroner.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
Post 06 Refusjonar
Løyvinga for 2022 er på 3,5 mill. kroner.
Det vises til omtale under kap. 640, post 01. Prognosen for inntekter knytt til kap. 3640, post 01, tilseier ein reduksjon på om lag 1 mill. kroner. Det vises til tilsvarande reduksjon på kap. 640, post 01.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 09 Gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket
Løyvinga for 2022 er på 28,6 mill. kroner
Inntektene på posten vil vera avhengig av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke dette verkemiddelet. Det er ei utfordring å gjere overslag for løyving på posten. Prognosen for 2022 tilseier ei inntekt på 33,4 mill. kroner, som vil innebera ein auke på 4,8 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4,8 mill. kroner.
Kap. 642 Petroleumstilsynet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga for 2022 er på 31,6 mill. kroner.
Det er pårekna noko lågare utgifter på posten i 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner.
Kap. 3642 Petroleumstilsynet
Post 03 Gebyr tilsyn
Løyvinga for 2022 er på 86,7 mill. kroner.
Prognosen for inntekter på posten tilseier ein reduksjon på om lag 11,1 mill. kroner. Dette kjem mellom anna av lågare inntekter knytt til refusjon for reiser. Utfordring med å rekruttere nye medarbeidarar har også påverka inntektene.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 11,1 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 32 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 1 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2022 er 26,4 mill. kroner.
Overslaget for statstilskottet er justert opp som følge av endra overslag for gjennomsnittleg yting og gjennomsnittleg tal på mottakarar som samla sett gir ein oppjustering med 0,3 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Kap. 665 Pensjonstrygda for fiskarar
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2022 er 25,1 mill. kroner.
Løyvinga omfattar tilskotet frå staten til dekning av underskot i trygda i samsvar med statsgarantien. Overslag for underskot i trygda er justert som følge av endra overslag for inntekter frå medlemspremie og utgifter til pensjonar, som samla sett gir ein reduksjon på 1 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 3 340 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 10 mill. kroner, hovudsakleg som følge av endra overslag for gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er på 360 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 15 mill. kroner som følge av oppjusterte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Kap. 671 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Løyvinga for 2022 er på 8 279,7 mill. kroner.
Det har vore ein auke i talet på personar i målgruppa for integreringstilskot år 1 i 2022, med bakgrunn i at krigen i Ukraina har ført til at det er fleire flyktningar som blir busett i kommunane i 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 712,3 mill. kroner.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er på 763,5 mill. kroner.
Det har vore ein auke i talet på einslege mindreårige som blir busett i kommunane i 2022 som følge av krigen i Ukraina. Vidare er det ein auke i prognosen for talet på tilskot for einslege mindreårige busett før 2022. Dette gjer behov for å auke løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 164,3 mill. kroner.
Post 62 Kommunale innvandrartiltak
Løyvinga for 2022 er på 255,5 mill. kroner.
Det har vore eit mindreforbruk på tilskotsordninga kvalifiseringstiltak i integreringsmottak som kjem av færre personar i målgruppa for tilskotet enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett. Det har òg vore eit mindreforbruk knytt til utvikling av kommunale integreringstiltak med bakgrunn i at det etter to år med pandemi finst ubrukte midlar i fleire av prosjekta som får midlar over ordninga. Det har ført til at kommunar har søkt om lågare tilskotsbeløp enn tidlegare år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 8,3 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til integreringsarbeid i regi av sivilsamfunn og frivillige organisasjonar
Løyvinga for 2022 er på 310,2 mill. kroner.
Det ligg an til eit mindreforbruk på 1,5 mill. kroner, som har sin grunn i at fleire organisasjonar har avstått frå å ta imot tildelte tilskot. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.
Post 72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.m.
Løyvinga for 2022 er på 19,7 mill. kroner.
Innkomstane av flyktningar frå Ukraina til Noreg har ført til eit auka behov for kvalifiserte tolkar på ukrainsk, som gjer behov for å auke løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 3671 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 04 Tilskot til integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga for 2022 er på 11,9 mill. kroner.
Einskilde utgifter knytt til integreringstiltak i asylmottak kan førast som ODA-godkjende utgifter.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Årsaka til endringa er at det er fleire integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Kap. 672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Løyvinga for 2022 er på 1299,9 mill. kroner.
Overslaget aukar i hovudsak på grunn av ein auke i talet på personar i målgruppa for tilskot til norskopplæring som følge av krigen i Ukraina.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 176 mill. kroner.
Post 61 Kompetansekartlegging i mottak før busetjing
Løyvinga for 2022 er på 0,3 mill. kroner.
Det er behov for å auke løyvinga, i hovudsak på grunn av ein auke i talet på personar i målgruppa for tilskot til norskopplæring som følge av krigen i Ukraina.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Kap. 3672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga for 2022 er 24,8 mill. kroner.
Det har vore ein reduksjon i talet på personar som er i målgruppa for tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar, som har føra til eit redusert overslag.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner.
Kap. 2470 Statens pensjonskasse
Post 24 Driftsresultat
Løyvinga for 2022 er -17 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår følgande endringar som i sum ikkje endrar løyvinga på post 24 Driftsresultat:
Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i driftsinntektene med 5 mill. kroner til 666 mill. kroner. Auken skriv seg frå høgare volum knytt til administrasjon av pensjonar og bustadlånsordninga i SPK.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i driftsutgiftene med 16 mill. kroner til 543 mill. kroner mot ein reduksjon av underpost 24.5 Til investeringsføremål med 12 mill. kroner og auke av 24.1 Driftsinntekter med 4 mill. kroner.
Underpost 24.3 Avskrivingar
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i avskrivingar med 1 mill. kroner til 81 mill. kroner mot ein auke av 24.1 Driftsinntekter.
Underpost 24.5 Til investeringsføremål
Underposten omfattar avsetning til eigenfinansierte investeringar, jf. kap. 5470, post 30. Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 37 mill. kroner til 0 mill. kroner mot å auke underpost 24.2 Driftsutgifter med 12 mill. kroner og underpost 24.5 Til reguleringsfond med 25 mill. kroner. Årsaka er lågare framdrift i utviklingsprosjekt og at ein større del av utviklingsarbeidet skal utgiftsførast på post 24.2 Driftsutgifter.
Underpost 24.6 Til reguleringsfond
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i avsetting til reguleringsfondet med 25 mill. kroner, jf. omtale ovanfor.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga for 2022 er 164,5 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga, hovudsakleg på grunn av at det ligg an til lågare framdrift i utviklingsprosjekt. Det blir vist til at dei eigenfinansierte investeringane er redusert med 37 mill. kroner, jf. underpost 24.5. og kap. 5470, post 30.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 77 mill. kroner.
Kap. 5470 Statens pensjonskasse
Post 30 Avsetning til investeringsformål
Løyvinga for 2022 er 37 mill. kroner.
Det vises til omtale under kap. 2470, underpost 24.5.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 37 mill. kroner.
Kap. 2541 Dagpengar
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 13 330 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli lågare enn berekna. Det ser ut til å bli noko færre dagpengemottakarar i 2022 enn det som blei lagt til grunn tidlegare. Ut ifrå dette er det behov for å sette ned løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 700 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs
Løyvinga for 2022 er 29 mill. kroner.
På bakgrunn av utviklinga så langt i år bereknast inntektene til 21 mill. kroner i 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.
Post 71 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar m.m. busett i Noreg
Løyvinga for 2022 er 0,1 mill. kroner.
På bakgrunn av utviklinga så langt i år bereknast inntektene til 0,2 mill. kroner i 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auka løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Post 72 Innkrevjing av forskotering av dagpengar
Den samla løyvinga for 2022 er 900 mill. kroner.
På bakgrunn av utviklinga så langt i år bereknast inntektene til 940 mill. kroner i 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auka løyvinga med 40 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m.
Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 785 mill. kroner.
Utgiftene i 2022 bereknast til 700 mill. kroner. Talet på konkursar var lågare i 2021 enn det som har vore vanleg dei siste åra. Som etterverknad av koronapandemien, og generell kostnadsauke er talet på konkursar i 2022 aukande. Førebels har talet kome opp mot eit normalt nivå. Talet på tilsette råka av konkurs gjekk ned i 2021, men har også vore aukande i 2022. Det er venta ein del konkursar framover, men det er stor uvisse om utviklinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 85 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
Post 70 Dividende
Løyvinga for 2022 er 190 mill. kroner.
Inntektene for 2022 ligg an til å bli 180 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner
Kap. 2543 Mellombelse stønadsordningar for sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og lærlingar
Post 70 Stønad til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 435 mill. kroner.
Den mellombelse stønadsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar blei avvikla 1. april 2022. Rekneskapstal viser at det har blitt utbetalt 375 mill. kroner til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar i 2022. Ut i frå dette er det behov for å sette ned løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 60 mill. kroner.
Post 71 Stønad til lærlingar, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 6 mill. kroner.
Den mellombelse stønadsordninga for lærlingar blei avvikla 1. april 2022. Rekneskapstal viser at det har blitt utbetalt 6,5 mill. kroner i stønad til lærlingar i 2022. Ut i frå dette er det behov for å auke løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 1 540 mill. kroner.
Tala frå 2022 viser nokre fleire mottakarar og noko høgare gjennomsnittleg yting enn det som tidlegare er lagt til grunn. På bakgrunn av denne utviklinga foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet å auke løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 103 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 104 mill. kroner i 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 73 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 20 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 22 mill. kroner i 2022.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 76 Bidragsforskot
Løyvinga for 2022 er 695 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 30 mill. kroner, hovudsakleg som følge av lågare overslag for saksvolum.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 45 440 mill. kroner.
Utviklinga i det trygdefinansierte sjukefråværet og rekneskapen til og med september 2022 tilseier ein nedgang i det trygdefinansierte sjukefråværet frå 2021 til 2022 på 1 pst. Dette er ein lågare nedgang enn overslaget i gjeldande budsjett. Vidare er overslaga for vekst i sysselsettinga og vekst i sjukepengegrunnlaget (lønsvekst) auka til høvesvis 3,3 pst. og 3,9 pst.
Samla sett inneber dette høgare sjukepengeutbetalingar i 2022 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 040 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 1 470 mill. kroner.
Utviklinga i det trygdefinansierte sjukefråværet for sjølvstendige og rekneskapen til og med september 2022 tilseier ein auke i det trygdefinansierte sjukefråværet for sjølvstendige frå 2021 til 2022 på 1 pst. Det er høgare enn berekna i Prop. 115 S (2021–2022). Samtidig er overslaga for vekst i sysselsettinga og vekst i sjukepengegrunnlaget (lønsvekst) auka til høvesvis 3,3 pst. og 3,9 pst. Samla sett inneber dette høgare sjukepengeutbetalingar til sjølvstendige i 2022 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 72 Pleie-, opplærings- og omsorgspengar m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 1 678 mill. kroner.
Det er venta høgare volumvekst i 2022 enn det som er lagt til grunn i løyvinga, jf. Prop. 115 S (2021–2022). Overslaget for volumveksten er justert opp til 13 pst. Overslaget for lønsveksten er også auka til 3,9 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 272 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 2 670 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2022 blir lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til ekspertbistand og kompetansetiltak for sjukmelde, kan overførast
Løyvinga for 2022 er 105,3 mill. kroner.
Ordningane under denne posten blei innført i samband med ny IA-avtale i 2018. På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli lågare enn berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 70,3 mill. kroner.
Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar
Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 35 035 mill. kroner.
Gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2022 bereknast til å bli høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Auken skuldast at avgangen frå arbeidsavklaringspengar er redusert. Samstundes er utbetalinga per mottakar noko lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Samla sett vil dette gi ein auke i utgiftene til arbeidsavklaringspengar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 805 mill. kroner.
Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 136 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2022 blir noko lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 110 370 mill. kroner.
I Prop. 115 S (2021–2022) blei det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal for mottakarar av uføretrygd i 2022 på om lag 365 200. Dette overslaget er no redusert til om lag 363 000 mottakarar. Reduksjon i overgang frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd og i anna tilgang til uføretrygd, bidrar til ein reduksjon i utgiftsoverslaget på om lag 700 mill. kroner. Redusert avgang frå uføretrygd trekk samtidig i motsett retning, og aukar utgiftsoverslaget med om lag 50 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 650 mill. kroner.
Post 75 Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 72 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 2 mill. kroner lågare enn berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgivning, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 36 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 1 mill. kroner lågare enn berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m.
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 1 560 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2022 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 1 720 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare gjennomsnittleg yting i 2022 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning
Løyvinga for 2022 er 117 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2022 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til bilar
Løyvinga for 2022 er 730 mill. kroner.
Det er no venta noko lågare volumvekst i 2022 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 55 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2022 er 3 990 mill. kroner.
Det er no venta noko lågare volumvekst i 2022 enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Vidare er overslaget for innføringa av ei ny ordning med briller til born frå 1. august 2022 nedjustert for 2022. Dei administrative kostnadane knytt til innføringa av ordninga er berekna til 8,8 mill. kroner i 2022. Det foreslås derfor å omdisponere 8,8 mill. kroner frå kap. 2661, post 75 til kap. 605, post 01. Sjå omtale under kap. 605, post 01.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 378,8 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester
Løyvinga for 2022 er 320 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2022 enn det som er lagt til grunn for løyvinga, samt ein høgare prisvekst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2022 er 1 850 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2022 enn det som er lagt til grunn for løyvinga, samt ein høgare prisvekst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 120 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2022 er 885 mill. kroner.
Det er no venta noko lågare volumvekst i 2022 enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Høgare venta prisvekst trekk i motsett retning.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner.
Post 79 Aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år, kan overførast
Løyvinga for 2022 er 55,1 mill. kroner.
Kostnadene for dei fleste aktivitetshjelpemidla og reparasjonar blir fyrst rekneskapsført frå tre til fire månader etter at vedtak er fatta. At det ofte tar relativt lang tid frå vedtak er fatta til utgiftene er bokførte, skriv seg mellom anna frå at det ofte tar noko tid før brukarane har innbetalt eigendelen slik at det innvilga aktivitetshjelpemiddelet kan bestillast. I 2022 er det inngått økonomiske forpliktingar som overstig den totale ramma, knytt til service og reparasjon av hjelpemiddel, samt ein klagesak. Som følgje av dette er det eit meirbehov i 2022 på 1 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 2670 Alderdom
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 85 220 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 380 mill. kroner som følge av lågare overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 380 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 170 330 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 480 mill. kroner som følge av lågare overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 480 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 7 240 mill. kroner.
Posten dekker fleire ulike tillegg. Det er gjort justeringar av overslaga for komponentane som inngår i denne posten og samla sett blir overslaget redusert. Overslag for særtillegg og pensjonstillegg utgjer i overkant av 60 pst. av posten.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 120 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 1 130 mill. kroner.
Det er gjort mindre justeringar i prognosen for 2022 og samla sett aukes overslaget med 10 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 72 Særtillegg, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 93 mill. kroner.
Det er gjort mindre justeringar i prognosen for 2022 og samla sett reduserast overslaget med 2 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 2686 Stønad ved gravferd
Post 70 Stønad ved gravferd, overslagsløyving
Løyvinga for 2022 er 270 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 15 mill. kroner som følge av justerte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Kap. 5571 Sektoravgifter under Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Post 70 Petroleumstilsynet – sektoravgift
Løyvinga for 2022 er på 121,8 mill. kroner
Prognosen for inntekter på posten tilseier ein reduksjon på om lag 18,4 mill. kroner. Dette kjem av at pårekna inntekter frå refunderbåre reiseutgifter er redusert. Utfordring med å rekruttere nye medarbeidarar har også påverka aktivitetane.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 18,4 mill. kroner.
Kap. 5701 Diverse inntekter
Post 80 Renter
Løyvinga for 2022 er på 1 mill. kroner.
Overslaget er auka til 1,5 mill. kroner på grunn av inntektene så langt i år. Det er vanskeleg å talfeste posten då det innbetalte beløpet kan variere frå sak til sak.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner.
Post 86 Innkrevjing av feilutbetalingar
Løyvinga for 2022 er 1 393 mill. kroner.
Som følge av inntektene så langt i år er overslaget auka til 1 507 mill. kroner. Meirinntekta skriv seg hovudsakleg frå tilbakebetalingar til Helfo etter at kommunar fekk for mykje utbetalt i samband med koronavaksinering, og at Arbeids- og velferdsetaten gir feilutbetalingar auka prioritet etter koronapandemien.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 114 mill. kroner.
Post 88 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Løyvinga for 2022 er 73 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.