2 Endringsforslag
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle
Prognosen for bruk av meklarar utanom familievernet er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 841, post 21 med 1,1 mill. kroner.
Post 71 Bidragsforskot
Det er venta større nedgang i talet på mottakarar av bidragsforskot og gjennomsnittleg satsauke er lågare enn tidlegare anslått. Utgiftene i 2023 blir no rekna til 655 mill. kroner. BFD føreslår å redusere løyvinga på kap. 841, post 71 med 28,4 mill. kroner.
Kap. 3841 Samliv og konfliktløysing
Post 70 Refusjon frå bidragspliktige
Det er venta lågare vekst i bidragsforskott grunna nedgang i talet på mottakarar på kap. 841, post 71. I motsett retning trekkjer auka refusjonsdel anslaget opp. Utgiftene i 2023 blir no rekna til 187 mill. kroner. BFD foreslår å redusere løyvinga på kap. 3841, post 70 med 1 mill. kroner.
Kap. 843 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Prognosen for talet på utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843, post 70 med 3,5 mill. kroner.
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Talet på mottakarar av barnetrygd er lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2023 blir no rekna til 21 340 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845, post 70 med 311,9 mill. kroner.
Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak
Post 61 Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71
Auka prisar og renter påverkar kvardagen til dei som allereie har minst. Barnefamiliar er blant gruppene som er ramma. Det finst fleire frivillige organisasjonar med tiltak som sosiale aktivitetar, alternative julefeiringar og julehjelp i form av matkasser, mat og gåver til sårbare grupper. BFD føreslår ei auka løyving på 9 mill. kroner som blir delt likt mellom Frelsesarmeen, Blå Kors, Røde Kors og Kirkens bymisjon. Med auka støtte kan desse organisasjonane nå ut til fleire og auke kvaliteten på den hjelpa som kvar einskild får. Målgruppa for den ekstra støtta er vanskelegstilte grupper, men det er ei forventning om at hovuddelen av midlane går til tiltak retta mot barnefamiliar eller barn og unge.
Det er òg føreslått auka løyvingar til liknande formål under kap. 881, post 78. Sjå omtale der.
BFD føreslår ein auke i løyvinga under kap. 846, post 61 på 9 mill. kroner.
Post 62 Utvikling i kommunane
Løyvinga blir mellom anna nytta til utprøving og evaluering av programmet Saman på veg – Nurse Family Partnership. Utbetalingane til programmet går hovudsakleg til kommunar. Det er eit mindreforbruk på om lag 2,3 mill. kroner, i hovudsak grunna vakansar og sjukmeldingar.
BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 846, post 62 med 2,3 mill. kroner.
Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m
Løyvinga dekkjer mellom anna tilskotet til Barentssekretariatet i Kirkenes for å fremme ungdomssamarbeid i Barentsregionen. Grunna krigen i Ukraina fekk ikkje Barentssekretariatet brukt midlar i 2022. Restmidlane blei overført til 2023 og tilskotet til Barentssekretariatet i 2023 er derfor avkorta med tilsvarande sum. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 846, post 79 med 1,5 mill. kroner.
Kap. 853 Barneverns- og helsenemndene
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer driftsutgifter i nemndene og i Sentraleininga for barneverns- og helsenemnda og sakskostnader ved handsaming av saker. Grunna auka tal på saker og meirforbruk til drift, føreslår departementet å auke løvinga på kap. 853, post 01 med 9 mill. kroner.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer mellom anna refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard. Som følgje av høgare refusjonar enn tidlegare lagt til grunn, er det eit meirbehov på posten. Departementet føreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga på kap. 854, post 21 med 0,5 mill. kroner.
På posten er det òg sett av 0,5 mill. kroner for å følgje opp arbeidet til kommunane med å handtere konsekvensane av feilen i nasjonal løysing for bekymringsmeldingar. Departementet føreslår å tildele midlane til Kommunesektorens organisasjon (KS) sitt arbeid på området. For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet å flytte midlane til kap. 854, post 72. Sjå omtale under den posten.
Post 22 Barnesakkunnig kommisjon
Løyvinga på posten dekkjer drift av Barnesakkunnig kommisjon. Det er venta eit mindreforbruk på posten fordi det har vore færre innkomne rapportar frå sakkunnige i barnevernssaker enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Departementet føreslår å redusere løyvinga under kap. 854, post 22 med 2,7 mill. kroner.
Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til kompetansehevingstiltak for kommunalt barnevern. Det er i gjeldande budsjett løyvd 12 mill. kroner for å styrkje styring og leiing i kommunalt barnevern. Midlane skal nyttast til eit lågterskel opplæringsprogram for nye barnevernsleiarar, vidareutdanning for barnevernsleiarar og til å styrkje oppfølginga til statsforvaltaren av styringa og leiinga av barnevernet i kommunane. Fleire av tiltaka kjem ikkje i gang for fullt før i 2024. Det er derfor venta eit mindreforbruk i 2023.
BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 854, post 23 med 5,5 mill. kroner.
Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttas under post 23
For å følgje opp arbeidet med å handtere konsekvensane av feil i nasjonal løysing for bekymringsmeldingar, føreslår departementet å gi eit tilskot til KS på posten. Midlane skal mellom anna nyttast til å tilpasse bekymringsmeldingsportalen slik at han gir betre støtte til kommunane sin kontroll med, og oppfølging av, dei digitale meldingane. KS vil óg utvikle og tilgjengeleggjere rettleiingsmateriell for kommunane, som skal bidra til å auke kompetansen på risiko- og sårbarheitsvurderingar på området.
BFD føreslår å auke løyvinga under kap. 854, post 72 med 0,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 21.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. I gjeldande budsjett er det lagt til grunn at 98 prosent av barna i omsorgssentera har under eitt år opphaldstid. På grunn av stor auke i talet på barn i omsorgssentera har det teke noko lengre tid å busetje. Det blir no venta at om lag 81 prosent av barna vil ha opphaldstid på under eitt år i 2023.
BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3856, post 04 med 56,5 mill. kroner.
Post 60 Kommunale eigendelar
Det vart, i samband med revidert nasjonalbudsjett, oppretta ein ny inntektspost for barn som blir plasserte i omsorgssentera som barnevernstiltak. Det er venta mindreinntekter frå kommunale eigendelar på posten i 2023.
BFD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3856, post 60 med 0,9 mill. kroner.
Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten skal mellom anna dekkje utgifter til forskings- og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og innanfor feltet gravplassar, kremasjon og gravferd. BFD føreslår å redusere kap. 881, post 21 med 0,85 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 881, post 78 for å sikre korrekt postbruk. Sjå omtale på den posten.
Post 70 Tilskot til tros- og livssynssamfunn, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekkjer tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Tilskotet frå staten svarer om lag til det staten og kommunane samla gir i tilskot til Den norske kyrkja per medlem. Det er behov for ei auke i løyvinga, då den kommunale delen av grunnlaget blei høgare enn lagt til grunn i vedteke budsjett. I tillegg kjem auka behov grunna høgare tal på tilskotsteljande medlemmer i andre tros- og livssynssamfunn og lågare tal på medlemmer i Den norske kyrkja enn tidlegare lagt til grunn.
BFD føreslår å auke løyvinga på kap. 881, post 70 med 19,3 mill. kroner.
Post 78 Ymse faste tiltak
BFD føreslår ei auke i løyvinga over kap. 881, post 78 på 0,85 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga over kap. 881, post 21. Midlane nyttast til utvikling av kunnskapsgrunnlaget på trus- og livssynsområdet. BFD føreslår å tildele 0,35 mill. kroner i tilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) til prosjekt om haldningar til skeive i trus- og livssynssamfunn. Vidare føreslår BFD 0,5 mill. kroner til Noregs Kristne Råd (NKR) til prosjekt om immigrantmenigheter og ikkje-registrerte kristne trussamfunn i Noreg og prosjekt om «Kristen tru i tusen år» og Nasjonaljubileet.
Auka prisar og renter påverkar kvardagen til dei som allereie har minst, sjå omtale under kap. 846, post 61. BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 4,125 mill. kroner til Den norske kyrkja, 1,875 mill. kroner til Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, 1 mill. kroner til Muslimsk Dialognettverk og 1 mill. kroner til Norges Kristne Råd. Paraplyorganisasjonane kan fordele vidare til sine medlemsorganisasjonar. Midla skal nyttast til arrangement i juletida og på nyåret, utdeling av matposar til familiar og til julegåver til barn.
Konflikten i Israel og dei palestinske områda set trus- og livssynsdialogen i Noreg under press. BFD føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner for å styrkje arbeidet til Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn med den breie trus- og livssynsdialogen, inkludert arbeidet retta mot ungdom.
BFD føreslår å auke løyvinga på kap. 881, post 78 med 10,85 mill. kroner.
Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar
Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det har ikkje vore gitt ny investeringsramme sidan 2019. I 2023 har berekningsrenta og investeringsramma vore lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett.
BFD foreslår å redusere løyvinga på kap. 882, post 60 med 34,7 mill. kroner.
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2023 blir no rekna til 22 820 mill. kroner. Dette er 780 mill. kroner lågare enn gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak at færre foreldre enn tidlegare er venta å få foreldrepengar. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 70 med 780 mill. kroner.
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon i 2023 blir no rekna til 735 mill. kroner. Dette er 27,2 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett. Endringa kjem av at det er venta eit høgare tal eingongsstønadsmottakarar i 2023 enn tidlegare lagt til grunn. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530, post 71 med 27,2 mill. kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Anslaget for foreldrepengar året før og kor stor del av dette som blir utbetalt som feriepengar er lågare enn tidlegare lagt til grunn. Dette kjem av redusert feriepengedel frå 2,7 pst. til 2,6 pst. Utgiftene i 2023 blir no rekna til 595 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 72 med 20 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Talet på mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon har vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2023 blir no rekna til 30 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 73 med 10 mill. kroner.