1 Innleiing
Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2021.
Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2021 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet fremmer forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 760 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 1 295 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 1 117 mill. kroner. Samla føreslår Arbeids- og sosialdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir redusert med 3 172 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med 9 mill. kroner.
Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2021 er på 52,5 mill. kroner.
Utgifter til EU-kontingenter i 2021 er lågare enn det som er lagt til grunn i saldert budsjett.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til bransjeprogrammer under IA-avtalen m.m., kan overførast
Løyvinga for 2021 er på 72,2 mill. kroner.
Arbeidstilsynet er for 2021 gitt ei fullmakt til å belaste kap. 601, post 71 på inntil 70 mill. kroner. Pga. mindreforbruk i bransjeprogrammene over lengre tid er det bestemt at en fjerdedel av årets tildeling ikkje skal bli utbetalt.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner.
Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45
Løyvinga for 2021 er 254,7 mill. kroner og gjeld Prosjekt 3 og Prosjekt 4 i IKT-moderniseringsprogrammet for Arbeids- og velferdsetaten.
I Prop. 1 S (2021–2022) blir det føreslått å løyve 94,2 mill. kroner til Prosjekt 3 i IKT-moderniseringsprogrammet i Arbeids- og velferdsetaten, som følgje av at prosjektet blir avslutta i 2022 i staden for i 2021. Det er derfor behov for å justere ned løyvinga på kap. 604 i omgrupperinga for 2021, i tråd med det forventa mindreforbruket på 94,2 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 41,2 mill. kroner.
Post 45 Større ustyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga for 2021 er 178,9 mill. kroner.
Løyvinga på kap. 604 for 2021 gjeld Prosjekt 3 i IKT-moderniseringsprogrammet i Arbeids- og velferdsetaten. Sjå omtale under post 21.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 53 mill. kroner.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2021 er 13 220,5 mill. kroner.
På grunn av eit lågare aktivitetsnivå på tolkeoppdrag Arbeids- og velferdsetaten utfører for eksterne i år, blir det føreslått å redusere kap. 605, post 01 med 2,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3605, post 04. Sjå tilsvarande omtale under kap. 3605, post 04.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med til saman 2,1 mill. kroner.
Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 04 Tolketenester
Løyvinga for 2021 er 4,1 mill. kroner.
Koronapandemien har påverka aktivitetsnivået slik at tolkeoppdraga Arbeids- og velferdsetaten utfører for eksterne har vore færre enn tidlegare år. Inntektene blir derfor lågare enn løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner. Det vises til tilsvarande parallelljustering under kap. 605, post 01.
Post 06 Gebyrinntekter ved fastsetjing av bidrag
Løyvinga for 2021 er 26,4 mill. kroner.
På grunn av inntektene så langt i år er overslaget i 2021 redusert til 24,4 mill. kroner. Mindreinntekten skuldast mellom anna ein reduksjon i talet ilagte fastsetjingsgebyr dei siste åra.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving
Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 på post 01 er 9 978 mill. kroner.
Løyvinga for 2021 på post 22 er -20 mill. kroner.
Løyvinga for 2021 på post 70 er 180 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga på kap. 612 med totalt 505 mill. kroner. Post 01 er føreslått redusert med 505 mill. kroner, post 22 er føreslått redusert med 6 mill. kroner og post 70 er føreslått auka med 6 mill. kroner.
Reduksjonen i løyvinga kjem i hovudsak av ei rekneskapsteknisk eingongsjustering av premieinntektene til Statens pensjonskasse, slik at pensjonspremien for sjette termin 2021 frå alle statlege verksemder blir inntektsført i 2021 uavhengig av betalingstidspunktet, jf. forslag til romartalsvedtak. Formålet er å oppnå samsvar mellom inntektsføringa hos SPK og utgiftsføringa hos dei statlege verksemdene frå og med 2021.
I dag er det ulik praksis for fakturering og betalingstidspunkt av pensjonspremie for siste terminfaktura frå Statens pensjonskasse for statlege verksemder. Dei fleste verksemdene betaler siste terminfaktura for 2021 i desember 2021, medan om lag ein fjerdedel av verksemdene fyrst har forfall i januar 2022. Statens pensjonskasse inntektsfører premieinntekta på innbetalingstidspunktet i samsvar med kontantprinsippet. Til samanlikning utgiftsførar dei statlege verksemdene pensjonspremien for sjette termin i budsjettåret, uavhengig av forfallstidspunkt. Slik utgiftsføring er i tråd med det statlege økonomiregelverket som har gjeve unnatak frå kontantprinsippet for pensjonspremie til Statens pensjonskasse. Frå 2022 er det føreslått ein ny, felles premiemodell for dei statlege verksemdene, og dette er bakgrunnen for samordning av rekneskapsføringa i Statens pensjonskasse allereie frå 2021. Sjå òg omtale av ny pensjonspremiemodell i Prop 1. S (2021–2022) Arbeids- og sosialdepartementet, punkt 2.2.14.
Kap. 613 Arbeidsgivaravgift til folketrygda
Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 21 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 11 mill. kroner.
Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 90 Utlån, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 8 100 mill. kroner.
Overslag for utbetalte lån i 2021 er redusert med 400 mill. kroner. Nytt overslag skuldast at gjennomsnittleg utbetalt lån er redusert.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 400 mill. kroner.
Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 90 Tilbakebetaling av lån
Løyvinga for 2021 er 10 200 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 100 mill. kroner. Nytt overslag skuldast at innbetalte avdrag er redusert.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 100 mill. kroner.
Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse
Post 80 Renter
Løyvinga for 2021 er 574 mill. kroner.
Overslaget for renteinntekter er redusert med 28 mill. kroner. Nytt overslag er basert på føresetnader om at volumet i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse er redusert, jf. kap. 3614, post 90 og kap. 614, post 90. Vidare skuldast reduksjonen lågare rentenivå enn det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 28 mill. kroner.
Kap. 615 Yrkesskadeforsikring
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 84 mill. kroner.
Nytt overslag er basert på utbetalte erstatningar så langt i 2021 og prognose for utbetalingar ut året.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 9 mill. kroner.
Kap. 621 Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering
Post 70 Frivillig arbeid, kan overførast
Løyvinga for 2021 er 131 mill. kroner.
Det er forventa eit mindreforbruk på posten på om lag 26,3 mill. kroner, mellom anna som følgje av noko lågare aktivitet i enkelte prosjekt og organisasjonar under koronapandemien.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 26,3 mill. kroner.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2021 er 479 mill. kroner.
Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår eit mindrebehov på om lag 40 mill. kroner på denne posten i år.
Arbeids- og sosialdepartementet å redusere løyvinga med 40 mill. kroner.
Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast
Løyvinga for 2021 er 8 236,5 mill. kroner.
Endringa i løyvinga som er føreslått, er knytt til omdisponering til kap. 634, post 79. Sjå omtale under den posten.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 7,6 mill. kroner.
Post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser
Løyvinga for 2021 er 72,6 mill. kroner.
Arbeids- og utdanningsreiser skal bidra til at personar som har forflyttingsvanskar grunna varig nedsett funksjonsevne, kan vere i ordinært arbeid eller gjennomføre arbeidsretta utdanning.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli lågare enn berekna. Mindreforbruk på posten heng saman med at det i 2021 har blitt færre mottakarar av tilskot til arbeids- og utdanningsreiser grunna effektar av koronapandemien.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 12,6 mill. kroner.
Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet
Løyvinga for 2021 er 76,3 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 83,9 mill. kroner i 2021. Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår eit meirbehov på 7,4 mill. kroner på denne posten i år. Nytt overslag skuldast auka tal på brukarar i ordninga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 7,6 mill. kroner. Post 76 reduserast med tilsvarande beløp. Sjå omtale under den posten.
Kap. 635 Ventelønn
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 3,8 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 3,5 mill. kroner i 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Kap. 640 Arbeidstilsynet
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga for 2021 er på 795,1 mill. kroner.
Fleire av Arbeidstilsynets aktivitetar er forsinka og vil bli utført i 2022. Årsaka til dette er i hovudsak knytt til koronapandemien. Dette gjeld arbeidsmiljøsatsinga – aktivitetar som er forskyve er m.a. brukartesting for portalen og marknadsføring samt IKT-utvikling.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår at posten får stikkordet «kan overførast» knytt til desse for 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
Post 09 Gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket
Løyvinga for 2021 er på 27,9 mill. kroner.
Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke dette verkemiddelet. Det er ei utfordring å gjere overslag for løyving på posten. Prognosen for 2021 tilseier ei inntekt på om lag 30 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 2,1 mill. kroner.
Post 10 Gebyr, godkjenningsordning innkvartering m.m.
Løyvinga for 2021 er på 20 mill. kroner.
Posten blei oppretta i 2021 etter kgl. res. av 19. februar 2021 om «Forskrift om endring i forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet» (covid-19 forskrifta). I samband med dette krev Arbeidstilsynet eit gebyr for saksbehandlinga av søknader om godkjenning av innkvartering. Det er ei utfordring å gjere overslag for løyving på posten.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 9 mill. kroner.
Kap. 642 Petroleumstilsynet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga for 2021 er på 31 mill. kroner.
Prosjekt og aktivitetar under oppdrags- og samarbeidsverksemd er i hovudsak initierte av andre aktørar enn Petroleumstilsynet, og etaten har slik avgrensa innverknad på når aktivitetane vil bli gjennomførte. Det har også i 2021, grunna koronapandemien, vore lågare aktivitet enn i eit normalår.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 3,8 mill.
Kap. 3642 Petroleumstilsynet
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd
Løyvinga for 2021 er på 8,0 mill. kroner.
Koronapandemien har i stor grad påverka aktivitetane på denne posten. Petroleumstilsynet har avgrensa innverknad på når inntektene på posten vil inntreffe på grunn av at desse er avhengige av andre aktørar (mottakarlanda). Det har derfor i 2021 vore lågare aktivitet enn i eit normalår.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner.
Post 03 Gebyr tilsyn
Løyvinga for 2021 er på 77,8 mill. kroner.
Prognosen for inntekter på posten tilseier ei auke på om lag 8,2 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at innbetalingar med forfall i 2020 er innbetalte i 2021. Vidare skuldas auken i inntekter at Petroleumstilsynet har auka si aktivitet retta mot enkeltaktørar mot ein tilsvarande reduksjon innafor sektorfinansierte aktivitetar.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 8,2 mill. kroner.
Kap. 649 Treparts bransjeprogram
Post 21 Spesielle driftsutgifter – Treparts bransjeprogram
Løyvinga for 2021 er 2,5 mill. kroner.
Utgiftene på posten blir dekka av overført beløp.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2021 er 30 mill. kroner.
Overslaget for statstilskotet er redusert som følgje av justerte overslag for gjennomsnittleg yting gjennomsnittleg tal på mottakarar som samla sett gir en nedjustering med 0,5 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner.
Kap. 665 Pensjonstrygda for fiskarar
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2021 er 32,7 mill. kroner.
Løyvinga omfattar tilskotet frå staten til dekning av underskot i trygda i samsvar med statsgarantien. Overslag for underskot i trygda er justert opp med 3,3 mill. kroner i all hovudsak som følgje av at overslag for pensjonsutgifter er justert opp.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 3,3 mill. kroner.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 3 030 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 10 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av justerte overslag for gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 2470 Statens pensjonskasse
Post 24 Driftsresultat
Løyvinga for 2021 er -17 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår følgande endringar som i sum ikkje endrar løyvinga på post 24 Driftsresultat:
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår ein reduksjon i driftsutgiftene med 15 mill. kroner til 497 mill. kroner mot tilsvarande auke av underpost 24.6 Til Reguleringsfond.
Underpost 24.6 Til reguleringsfond
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår ein auke i avsetting til reguleringsfondet med 15 mill. kroner, jf. omtale ovanfor.
Kap. 2541 Dagpengar
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 27 180 mill. kroner.
Fleire særskilte reglar i samband med koronapandemien er utvida ut året. I Prop. 7 LS (2021–2022) blei dagpengeperioden og permitteringsperioden utvida, kompensasjonsgraden på 80 pst. for inntekt opp til 3G blei forlenga, samstundes som dagpengemottakarar framleis kan jobbe inntil 60 pst. før ein mister dagpengane, i heile 2021. Utgiftene til koronatiltak i 2021 er berekna å bli noko lågare enn før. Samstundes ser det ut til å bli noko færre dagpengemottakarar i 2021 enn det som blei lagt til grunn tidlegare. Ut i frå dette er det behov for å setje ned løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 1 010 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs
Løyvinga for 2021 er 27 mill. kroner.
Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs bereknast til 29 mill. kroner i 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 71 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar m.m. busett i Norge
Løyvinga for 2021 er 0,1 mill. kroner.
Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs bereknast til 0,3 mill. kroner i 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m.
Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er på 1 060 mill. kroner.
Utgiftene i 2021 bereknast til 705 mill. kroner. Talet på konkursar har gått ned ein god del i 2020 og så langt i 2021. Talet på tilsette råka av konkurs auka i 2020, men har gått ned i 2021. Det er venta ein del konkursar framover, men det er stor uvisse om utviklinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 355 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
Post 70 Dividende
Løyvinga for 2021 er på 230 mill. kroner.
Inntektene for 2021 ligg an til å bli 175 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 55 mill. kroner.
Kap. 2543 Mellombelse stønadsordningar for sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og lærlingar
Post 70 Stønad til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er på 1 190 mill. kroner.
Regjeringa føreslo i Prop. 7 LS (2021–2022) å forlengje kompensasjonsytinga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar ut 2021, jf. Prop. 7 LS (2021–2022) og Innst. 30 L (2021–2022). Løyvinga for 2021 blei då berekna til 1 190 mill. kroner.
Basert på observert utvikling blir det no berekna at 1 411 mill. kroner vil kome til utbetaling i 2021. I og med at stønaden blir utbetalt på etterskot, vil kompensasjonen for desember bli utbetalt i januar 2021, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022).
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 221 mill. kroner.
Post 71 Stønad til lærlingar, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er på 31 mill. kroner.
Ordninga blei avvikla for nye tilfelle frå og med 1. oktober 2021. Ut frå utviklinga i utgifter så langt i år er det venta noko høgare utbetaling samla for året.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 27 mill. kroner.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 1 700 mill. kroner.
Tala frå 2021 viser ein klar nedgang i gjennomsnittleg yting. Dette heng truleg saman med at fleire kombinerer overgangsstønad med arbeid som følgje av ein betre arbeidsmarknad. Samstundes ventast talet på mottakarar å auke mindre i siste del av 2021 enn det som tidlegare er lagt til grunn.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 101 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 104 mill. kroner i 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Post 73 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 24 mill. kroner.
Utgiftene bereknast til 23 mill. kroner i 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 76 Bidragsforskott
Løyvinga for 2021 er 685 mill. kroner
Overslaget på posten er auka med 5 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av justerte overslag for auke i saksvolum.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 42 560 mill. kroner.
Overslagsendringar
Utviklinga i det trygdefinansierte sjukefråværet og rekneskapen til og med september 2021 tilseier ein auke i det trygdefinansierte sjukefråværet frå 2020 til 2021 på 0,5 pst. Det er høgare enn overslaget i Prop. 195 S (2020–2021). Vidare er overslaga for vekst i sysselsettinga og vekst i sjukepengegrunnlaget (lønsvekst) auka til høvesvis 0,8 pst. og 2,8 pst.
Kompensasjonsordning for arbeidstakarar som er ramma av innreiserestriksjonar
I samband med koronapandemien blei det oppretta ei kompensasjonsordning for arbeidstakarar som blei ramma av innreiserestriksjonar. Innreiserestriksjonane for denne gruppa blei oppheva 25. september, og kompensasjonsordninga blei derfor avvikla 1. oktober. Oppdaterte overslag for samla utgifter til ordninga i 2021 er på 426 mill. kroner. Det er 704 mill. kroner lågare enn det som blei lagt til grunn i Prop. 195 S (2020–2021).
Oppsummering
Samla sett inneber dette høgare sjukepengeutbetalingar i 2021 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 690 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 1 580 mill. kroner.
Utviklinga i det trygdefinansierte sjukefråværet for sjølvstendige og rekneskapen til og med september 2021 tilseier ein nedgang i det trygdefinansierte sjukefråværet for sjølvstendige frå 2020 til 2021 på 11 pst. Dette er ein større nedgang enn berekna i Prop. 195 S (2020–2021). Samtidig er overslaga for vekst i sysselsettinga og vekst i sjukepengegrunnlaget (lønsvekst) auka til høvesvis 0,8 pst. og 2,8 pst. Samla sett inneber dette lågare sjukepengeutbetalingar til sjølvstendige i 2021 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 130 mill. kroner.
Post 72 Pleie-, opplæring og omsorgspengar m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 1 889 mill. kroner.
Mellombelse særreglar for omsorgspengar som følgje av koronapandemien har blitt forlengja fleire gonger i 2021. Særreglane gjeld no ut året 2021, jf. Prop. 7 LS (2021–2022) og vedtak 12 frå Stortinget av 28. september 2021. På bakgrunn av rekneskapsutviklinga er effekten av koronatiltaka no berekna til om lag 178 mill. kroner, dvs. 100 mill. kroner mindre enn lagt til grunn i Prop. 7 LS (2021–2022). Overslaget for volumveksten er justert ned til 5 pst. for 2021, mens overslaget for lønsveksten er auka til 2,8 pst.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 179 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 2 820 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2021 blir lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 120 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til ekspertbistand og kompetansetiltak for sjukmelde, kan overførast
Løyvinga for 2021 er 80,3 mill. kroner.
Ordningane under denne posten blei innført i samband med ny IA-avtale i 2018. Begge ordningane er sterkt påverka av koronapandemien. Utgiftene i 2021 bereknast til 20 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 60,3 mill. kroner.
Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar
Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 33 840 mill. kroner.
Overslaget er redusert i hovudsak som følgje av at utbetalinga per mottakar er lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 480 mill. kroner.
Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 140 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2021 blir noko lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 17 mill. kroner.
Post 72 Legeerklæringar
Løyvinga for 2021 er 395 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2021 blir noko høgare enn tidlegare venta.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Kap. 2655 Uføre
Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 104 540 mill. kroner.
I Prop. 195 S (2020–2021) blei det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal for mottakarar av uføretrygd i 2021 på om lag 360 700. Dette overslaget er no redusert til om lag 360 200 mottakarar. Reduksjonen i gjennomsnittleg tal for mottakarar bidrar til ein reduksjon i utgiftsoverslaget på om lag 130 mill. kroner. Endra føresetnad for grunnbeløpet bidrar til å redusere utgiftsoverslaget med om lag 100 mill. kroner. Gjennomsnittleg yting er høgare enn det som blei lagt til grunn, og dette bidrar til ei auke i utgiftsoverslaget på 60 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 170 mill. kroner.
Post 75 Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 76 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 6 mill. kroner lågare enn berekna.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 35 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 2 mill. kroner høgare enn berekna.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m.
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 1 550 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2021 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 1 667 mill. kroner.
Det er no venta noko lågare volumvekst i 2021 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning
Løyvinga for 2021 er 115 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2021 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til bilar
Løyvinga for 2021 er 755 mill. kroner.
Det er no venta noko lågare volumvekst i 2021 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 40 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2021 er 3 480 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2021 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 50 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester
Løyvinga for 2021 er 285 mill. kroner.
Overslagsendringar
Det meste av utgiftene under løyvinga gjeld kurs og opplæring, reiser og utprøving av ulike hjelpemiddel, tolkehjelp for høyrselshemma, døve og døvblinde og førarhundar. Som følgje av koronapandemien blei utgiftene til desse tenestene reduserte i 2020. Utgiftene i 2021 er på om lag same nivå som i 2020, som inneber eit noko lågare utgiftsnivå i 2021 enn lagt til grunn for løyvinga.
Økonomisk kompensasjon til Ål folkehøgskole og kurssenter for døve som følgje av avlyste tilpassingskurs forårsaka av koronapandemien
Tilpassingskurs er opplæringsprogram for personar med sansetap spesielt utvikla for å styrkje deira evne til å fungere i dagleglivet, og er ein rettighet etter folketrygdlova. Målgruppa er døve, tunghøyrde, svaksynte, blinde og døvblinde og deira pårørande. Verksemdene som tilbyr tilpassingskurs har spesialisert tilbodet mot einskilde målgrupper. Ål folkehøgskole og kurssenter for døve er ei stifting oppretta av Noregs Døveforbund, og er den einaste verksemda som tilbyr tilpassingskurs for døve og sterkt tunghøyrde og deira pårørande.
Som følgje av avlyste tilpassingskurs forårsaka av koronapandemien har verksemdene som tilbyr tilpassingskurs hatt ein stor inntektsnedgang i perioden 1. mai 2020 – 30. april 2021 samanlikna med perioden 1. mai 2019 – 30. april 2020. Ål folkehøgskole og kurssenter for døve hadde i denne perioden den største prosentvise nedgangen i inntektene. Verksemda stod derfor i fare for å måtte innstille. Dette ville ha ført til at døve og sterkt tunghøyrde ikkje lenger ville ha hatt høve til å gjennomføre tilpassingskurs. For å sikre at tilbodet ved folkehøgskolen blei vidareført, blei verksemda kompensert for den prosentvise inntektsreduksjonen som var høgare enn dei andre verksemdene hadde hatt. Dette innebar at Ål folkehøgskole og kurssenter for døve fekk eit tilskot på 6,1 mill. kroner i 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2021 er 1 620 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2021 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Med verknad frå 1. september 2021 er det gjort endring av forskrift om stønad til ortopediske hjelpemiddel, brystprotese, ansiktsdefektprotese, augeprotese og parykk. Endringa inneber at det for personar med kjønnsinkongruens ikkje lengre er krav om tilsegn frå sjukehus om kjønnsskifteoperasjon og at hormonbehandling er sett i gang, men at det er tilstrekkeleg med erklæring frå lege eller anna helsepersonell for å få dekt brystprotese og parykk. Det er venta at desse endringane vil føra til at nokre fleire personar med kjønnsinkongruens vil få stønad til parykk og brystprotese frå folketrygda. Den årlege meirutgifta er berekna til 0,5 mill. kroner. Meirutgiftene i 2021 er berekna til om lag 0,2 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 60 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2021 er 790 mill. kroner.
Det er no venta noko høgare volumvekst i 2021 enn det som er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 25 mill. kroner.
Post 79 Aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år, kan overførast
Løyvinga for 2021 er 103,7 mill. kroner
Kostnadene for dei fleste aktivitetshjelpemidla blir fyrst rekneskapsført frå tre til fire månader etter at vedtak er fatta. At det ofte tar relativt lang tid frå vedtak er fatta til utgiftene er bokførte, skuldast mellom anna at det ofte tar noko tid før brukarane har innbetalt eigendelen (10 prosent av kostnaden for aktivitetshjelpemiddelet med ei øvre grense på 4 000 kroner) slik at det innvilga aktivitetshjelpemiddelet kan bestillast. Som følgje av dette, vil einskilde vedtak som er gjort i 2021 fyrst bli utgiftsførte i 2022. Dette vil føre til ei mindreutgift på løyvinga for 2021, samstundes som at desse sakene vil gje bindingar på løyvinga for 2022 og dermed redusert ramme for å innvilge nye søknader om aktivitetshjelpemiddel.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår derfor at posten i 2021 får stikkordet «kan overførast».
Kap. 2670 Alderdom
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 81 560 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 120 mill. kroner hovudsakleg som følgje av nedjusterte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 120 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 162 380 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 610 mill. kroner som følgje av nedjusterte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 610 mill. kroner.
Post 72 Inntektspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 6 760 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 80 mill. kroner som følgje av nedjusterte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg stønad
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 80 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2021 er 7 100 mill. kroner.
Posten dekker fleire ulike tillegg. Det er gjort justeringar av overslaga for komponentane som inngår i denne posten og samla sett blir overslaget nedjustert. Overslag for særtillegg og pensjonstillegg utgjer i overkant av 60 pst. av posten.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 80 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga på posten er 805 mill. kroner.
Det er gjort mindre justeringar i prognosen for 2021 og samla sett aukes overslaget med 5 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 74 Tilleggsstønader og stønad til skulepengar, overslagsløyving
Løyvinga på posten er 0,2 mill. kroner.
Utgiftene på posten ser ut til å bli lågare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Post 75 Stønad til barnetilsyn til gjenlevande i arbeid, overslagsløyving
Løyvinga på posten er 3,6 mill. kroner.
Utgiftene på posten ser ut til å bli lågare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner.
Kap. 3616 Gruppelivsforsikring
Post 01 Premieinntekter
Løyvinga for 2021 er 100 mill. kroner.
Overslaget for premieinntekter er auka med 4 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av etterfakturering for 2020.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner.
Kap. 5571 Sektoravgifter under Arbeids- og sosialdepartementet
Post 70 Petroleumstilsynet – sektoravgift
Løyvinga for 2021 er på 122,1 mill. kroner.
Prognosen for inntekter på posten tilseier ein reduksjon på om lag 14,3 mill. kroner
Reduksjon i inntekter på denne posten skuldast m.a. at Petroleumstilsynet har auka si aktivitet retta mot enkeltaktørar mot ein tilsvarande reduksjon innafor sektorfinansierte aktivitetar.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 14,3 mill. kroner.
Kap. 5701 Diverse inntekter
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga for 2021 er 770,8 mill. kroner.
Overslag for innbetalingar av refusjon i 2021 av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2020 er på 716,4 mill. kroner, noko som betyr redusert inntekt på posten med 54,3 mill. kroner i 2021.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 54,3 mill. kroner.
Post 86 Innkrevjing feilutbetalingar
Løyvinga for 2021 er 1 327 mill. kroner.
På grunn av inntektene så langt i år er overslaget i 2021 auka til 1 480 mill. kroner. Meirinntekten skuldast mellom anna ekstra innbetalingar knytte til «skatt etteroppgjer» og AFP for 2020 som NAVI krev inn i 2021. I tillegg har NAVI fått nye stønadstypar til innkrevjing som følgje av koronapandemien, mellom anna feilutbetalingar i samanheng med ordninga om lønnskompensasjon.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 153 mill. kroner.
Post 87 Diverse inntekter
Løyvinga for 2021 er 18,2 mill. kroner.
På grunn av inntektene så langt i år er overslaget i 2021 auka til 22,5 mill. kroner. Meirinntekten skuldast mellom anna auka inntekter frå rentetillegg ved tilbakekrevjing av saker om feilutbetaling, sjå omtale under post 86.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 4,3 mill. kroner.
Post 88 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Løyvinga for 2021 er 65 mill. kroner.
Arbeids- og sosialdepartementet føreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.