2 Endringsforslag
Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep
Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01
Løyvinga dekkjer mellom anna utgifter til etablering av eit nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod. Den samla løyvinga til senteret er 10 mill. kroner i 2021 fordelt på ulike postar, sjå omtale under kap. 842, post 01 og kap. 854, post 61. Etableringa er forsinka, mellom anna fordi det tek tid å rekruttere kvalifisert personale. BFD føreslår å redusere løyvinga på kap. 840, post 70 med 0,5 mill. kroner.
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk av meklarar utanom familievernet er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 841, post 21 med 1,1 mill. kroner.
Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.
Løyvinga dekkjer tiltak knytt til samliv og konfliktløysing. Det er venta lågare utgifter enn løyvinga på posten. Årsaka er i hovudsak at koronapandemien har ført til lågare utgifter til Domstoladministrasjonens arbeid med å heve kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841, post 22 med 1 mill. kroner.
Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving
Prognosen for talet på DNA-analysar til fastsetjing av farskap er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841, post 23 med 0,4 mill. kroner.
Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01 og kap. 858, post 01
Løyvinga dekkjer mellom anna utgifter til tilskotsordninga til samlivskurs for fyrstegongsforeldre. Ordninga blei etablert i 2020. Grunna virusutbrotet har det vore krevjande å gjennomføre fysiske kurs. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 841, post 70 med 4 mill. kroner.
Kap. 842 Familievern
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Løyvinga dekkjer mellom anna utgifter til etablering av eit nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod. Etableringa av senteret er forsinka, sjå nærare omtale under kap. 840, post 70. BFD føreslår å redusere løyvinga på kap. 842, post 01 med 2,3 mill. kroner.
Kap. 843 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Prognosen for talet på utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843, post 70 med 1,7 mill. kroner.
Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Talet på mottakarar av kontantstøtte har til no i år vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2021 blir no rekna til 1 440 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 844, post 70 med 50 mill. kroner.
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Talet på mottakarar av barnetrygd har til no i år vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2021 blir no rekna til 17 360 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845, post 70 med 100 mill. kroner.
Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 61, post 62 og post 71
Løyvinga dekkjer mellom anna utgifter til arbeid med fritidskortet, til dømes arbeid med tekniske løysingar, oppfølging av kommunane og følgjeevaluering. Arbeidet med utvikling av den tekniske løysinga er forsinka og Bufdir reknar derfor eit mindreforbruk i 2021 på 30 mill. kroner. Regjeringa sitt forslag i Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) inneber at arbeidet med utvikling av teknisk løysning blir avslutta i 2021.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 846, post 21 med 30 mill. kroner.
Post 61 Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71
Løyvinga blir mellom anna nytta til prøveprosjekt med nasjonal fritidskortordning der barn og unge skal få dekt utgifter knytt til fritidsaktivitetar. Det blir eit mindreforbruk i inneverande år på 50 mill. kroner fordi ikkje alle barn og unge i utprøvingskommunane har nytta seg av ordninga. Det har tatt tid å etablere ei fritidskortordning i desse kommunane og å byggje opp og formidle informasjon om ei ny ordning. Det har særleg vore utfordrande å få på plass gode løysingar for utbetaling. Ulike smitteverntiltak har skapt ytterlegare utfordringar for gjennomføring av fritidsaktivitetar, og for kommunane sitt arbeid.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 846, post 61 med 50 mill. kroner.
Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar
Løyvinga dekkjer mellom anna tilskotet til Mangfald og inkludering til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). På grunn av pandemien fekk ikkje LNU brukt opp alle midlane i 2020. Restmidlane blei overført frå 2020 til 2021 og tilskotet til LNU i 2021 er derfor avkorta med tilsvarande sum.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 846, post 70 med 1,2 mill. kroner.
Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m., kan overførast
Løyvinga dekkjer mellom anna tilskotet til Barentssekretariatet i Kirkenes for å fremme ungdomssamarbeid i Barentsregionen. På grunn av pandemien fekk ikkje Barentssekretariatet brukt opp alle midlane i 2020. Restmidlane blei overført frå 2020 til 2021 og tilskotet til Barentssekretariatet i 2021 er derfor avkorta med tilsvarande sum.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 846, post 79 med 1,1 mill. kroner.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Utgifter til nytt opplæringsprogram om minoritetar i kommunalt barnevern og vidareutdanningar retta mot tilsette i kommunalt barnevern er løyvd over kap. 854, post 72. Opplæringsprogrammet og fire av vidareutdanningane, er gjennomførte som offentlege innkjøp. For å sikre korrekt postbruk, føreslår BFD å auke kap. 854, post 21 med 16,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 854, post 72.
Post 61 Utvikling i kommunane
I saldert budsjett 2021 vart det løyvd 0,5 mill. kroner til etablering av eit nasjonalt samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod. På grunn av forsenkingar med etableringa av senteret vil det ikkje bli utbetalt tilskot til kommunane i 2021. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner. Sjå òg omtala under kap. 840, post 70 og kap. 842, post 01.
Løyvinga på posten dekkjer òg drifta av ei chatteteneste som høyrer til Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune har ansvar for å drive. I nysalderinga for 2020 blei det løyvd 150 000 kroner i tilskot til Alarmtelefonen for å dekkje utgifter til auka bemanning i juleferien til skulane. Ved en feil blei ikkje tilskotet utbetalt til Alarmtelefonen før i 2021. For å dekkje meirutgiftene dette fører til på posten i 2021, føreslår BFD å auke løyvinga med 150 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01. Sjå omtale under kap. 858, post 01.
BFD føreslår samla å redusere posten med 350 000 kroner.
Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21
Utgifter til nytt opplæringsprogram om minoritetar i kommunalt barnevern og vidareutdanningar retta mot tilsette i kommunalt barnevern er gjennomførte som offentlege innkjøp. For å sikre korrekt postbruk, føreslår BFD å redusere posten med 16,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 21.
Kap. 855 Statlig forvaltning av barnevernet
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60
I statsbudsjettet for 2021 er det løyvd 25 mill. kroner til tverrfagleg utgreiing av barn som skal plasserast utanfor heimen, i eit samarbeid mellom barnevern og helse. Av dette er 15,2 mill. kroner løyvd over kap. 855, post 01. Arbeidet med å etablere tverrfaglege helsekartleggingsteam er i gang. Bufetats regionar har tilsett eller er i ferd med å tilsetje medarbeidarar som skal planleggje og gjennomføre kartlegginga.
Nokre av teama er forsinka med etableringa, særleg grunna utfordringar i tilgongen på helsepersonell. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga til tverrfagleg helsekartlegging på kap. 855, post 01 med 2,5 mill. kroner i 2021.
Kap. 3855 Statlig forvaltning av barnevernet
Post 01 Diverse inntekter
Løyvinga på posten er 3,1 mill. kroner. Inntektene på posten er i hovudsak tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmiddel og kursinntekter. Sal av bilar har gitt meirinntekter på 3 mill. kroner i 2021. BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner.
Post 02 Barnetrygd
Løyvinga på posten er om lag 4 mill. kroner. Inntektene på posten er barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet. Talet på barn under omsorg er lågare enn lagt til grunn for inntektene. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3855, post 02 med 0,7 mill. kroner.
Post 60 Kommunale eigendelar
Løyvinga på posten kjem frå kommunale eigendelar for tiltak i det statlege barnevernet. Aktiviteten i det statlege barnevernet har i 2021 vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Eit lågare tal på opphaldsdagar gir reduserte inntekter. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3855, post 60 med 20 mill. kroner.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855, post 01
Løyvinga dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, forvaltingsoppgåver knytt til omsorgssentera, og busetjingsarbeid. Løyvinga legg til rette for drift av 50 plassar. Talet på barn i sentera var lågt i fyrste halvdel av 2021. Dette har gitt lågare utgifter enn lagt til grunn for løyvinga. BFD føreslår derfor å redusere kap. 856, post 01 med 15 mill. kroner.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan godkjennast. Det er i gjeldande budsjett lagt til grunn at 100 prosent av barna i omsorgssentera har butid under eitt år i 2021. Oppdatert informasjon viser at nokre av barna vil ha butid over eitt år. Dei totale utgiftene har òg vore lågare enn lagt til grunn for berekning av løyvinga. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3856, post 04 med 21,1 mill. kroner.
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer mellom anna lønn og andre driftsutgifter i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 150 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 61. Sjå omtale under kap. 854, post 61.
Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak
Post 71 Tilskot til Reisegarantifondet
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til reisegaranti etter konkurs dersom det viser seg at garantiane som pakkereisearrangørane har stilte, er utilstrekkelege til å dekkje krava frå dei reisande. Ordninga vart oppretta som følgje av pandemien. Løyvinga på posten skal òg dekkje ei mellombels og avgrensa kompensasjonsordning. Kompensasjonsordninga skal dekkje krav frå reisande som ikkje blir omfatta av reisegarantiordninga fordi arrangørane gjekk konkurs etter at reisene vart avlyste eller avbestilte, men før dei reisande hadde fått attende sine innbetalte forskot.
På bakgrunn av oppdaterte overslag frå Reisegarantifondet, føreslår BFD å redusere løyvinga på posten med 130 mill. kroner i 2021.
Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.
Post 75 Tilskot til private kyrkjebygg
Tilskotet til private kyrkjebygg blir tildelt etter søknad og går til kjøp eller bygging av kyrkjebygg eller forsamlingslokale for trussamfunn utanom Den norske kyrkja, og til private stiftingar og frivillige organisasjonar innan Den norske kyrkja. Berre sju søknader fall inn under ordninga i 2021. Det blei tildelt om lag 2,2 mill. kroner i tilskot.
BFD føreslår på denne bakgrunn å redusere posten med 3,1 mill. kroner.
Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar
Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegn om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Oppdatert overslag for rentenivået i ordninga viser at utbetalinga av rentekompensasjon for 2021 vil bli på om lag 10 mill. kroner.
BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2021 blir no rekna til 21 330 mill. kroner. Dette er 440 mill. kroner høgare enn gjeldande budsjett. Auken skuldast i hovudsak at fleire foreldre enn tidlegare er venta å få foreldrepengar i 2021, mellom anna på grunn av høgare fødselstal. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530, post 70 med 440 mill. kroner.
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Utbetalingane til feriepengar av foreldrepengar har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2021 blir no rekna til 535 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 71 med 20 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Talet på mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2021 blir no rekna til 30 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 73 med 7 mill. kroner.