2 Endringsforslag
Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet
Post 21 Spesielle driftsutgifter
BLD føreslår å redusere kap. 800, post 21 med 0,2 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 873, post 50. Midlane skal nyttast til arbeidet med endringane i handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Sjå omtale under kap. 873, post 50.
Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Sakshandsaming og utbetaling av tilskot for incest- og valdtektssenter er no gjennomført. Det er behov for 0,5 mill. kroner meir enn lagt til grunn i gjeldande budsjett for 2017. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 840, post 61 med 0,5 mill. kroner.
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk av eksterne meklarar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841, post 21 med 3,5 mill. kroner.
Kap. 843 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Utgiftene til adopsjonsstønad blir no anslått til 11,4 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843, post 70 med 2,4 mill. kroner.
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utbetalingane til barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidligare lagt til grunn. Utgiftene i 2017 blir no anslått til 15 050 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845, post 70 med 80 mill. kroner.
Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak
Post 71 Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21
Rekrutteringa av deltakare til utprøving av programmet Familie for første gang har gått noko seinare enn venta. Det inneber at utgiftene til programmet i 2017 blir lågare enn det som tidlegare blei lagt til grunn. BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 846, post 71 med 2,5 mill. kroner.
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Refusjonsordninga blei lagd om til ei ordning med fast tilskot frå 1. januar 2017. Løyvinga på posten i 2017 skal dekkje refusjon av utgifter som oppstod til og med 31. desember 2016. Endeleg frist for å sende søknad om refusjon til Bufetat var 1. august 2017. Kommunane kunne sende inn krav som var inntil tre år gamle for utgifter som oppstod før 1. april 2015. For utgifter som oppstod f.o.m. 1. april 2015 var tilsvarande frist 18 månader.
Gjeldande løyving på posten har vore usikker, mellom anna som følgje av at kommunane kunne sende inn søknadar om refusjon for utgifter som oppstod inntil tre år tilbake i tid.
Alle søknadane frå kommunar er no ferdig handsama. BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 854, post 65 med 305,6 mill. kroner for å dekkje refusjonsutbetalingane.
Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60
Auken i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet i 2017 er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Dette inneber eit mindreforbruk rekna til 72 mill. kroner.
Det er kommunane som styrer inngangen av barn til det statlege barnevernet, og einskilde saker kan gi store utslag på utgiftene. Berekningane er derfor usikre.
BLD føreslår å redusere kap. 855, post 01 med 72 mill. kroner.
Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 01 Diverse inntekter
Sal av bilar i samband med fornying av bilparken har gitt meirinntekter på 10 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke kap. 3855, post 01 med 10 mill. kroner.
Post 60 Kommunale eigendelar
Nye prognosar på talet på oppholdsdagar i det statlege barnevernet viser ei mindreinntekt knytta til kommunale eigendelar i 2017 på 65 mill. kroner. Mindreinntektene skuldast aktivitetsutviklinga og ei dreiing frå bruk av institusjon til bruk av fosterheim. Sistnemnde har ein lågare eigendel.
BLD føreslår å redusere kap. 3855, post 60 med 65 mill. kroner.
Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, kjøp av plassar i private omsorgssenter og forvaltningsoppgåver knytta til omsorgssentera.
Gjeldande løyving er basert på at det ville bu i gjennomsnitt om lag 240 barn i omsorgssentera i 2017. Det er no venta at det vil bu i gjennomsnitt 176 barn i omsorgssentera i 2017.
BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 856, post 01 med 75,8 mill. kroner.
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter knytta til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje OECDs utviklingskomité, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Summen som kan bli rapportert inn som utviklingshjelp blir redusert som følgje av reduksjonen i løyvinga på kap. 856, post 01 og reduksjon i delen av barna i omsorgssenter som er venta å ha butid under eitt år i 2017.
BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 3856, post 04 med 100,3 mill. kroner.
Kap. 872 Nedsett funksjonsevne
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
BLD føreslår å redusere kap. 872, post 21 med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 873, post 50. Midlane skal nyttast i arbeidet med endringane i handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Sjå omtale under kap. 873, post 50.
Kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet
Post 50 Basisløyving
BLD har i samband med overføring av oppgåver frå Likestillings- og diskrimineringsombodet til ny diskrimineringsnemnd, jf. Prop. 80 L (2016–2017), vurdert behovet for ressursar til nemnda og ombodet. BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 873, post 50 med 1,2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til arbeidet med omstillinga hos ombodet og tiltak som kan medverke til å vidareføre ombodet som et sterkt fagmiljø. Løyvinga må sjåast i samband med oppmodingsvedtak nr. 873 av 12. juni 2017:
«Stortinget ber regjeringen utrede hva opprettingen og eventuell flytting av ny nemnd vil kreve av ressurser, forutsatt at både nemnd og ombud skal ivaretas som sterke faglige miljø, og dernest styrke ombudets budsjett for 2018 i henhold til beregningene.»
Departementet vil framleis følgje med på situasjonen og utviklinga til ombodet og nemnda etter omstillinga.
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utbetalingane til foreldrepengar er hittil i år noko lågere enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2017 blir no anslått til 18 880 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530, post 70 med 770 mill. kroner.
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
På grunnlag av utbetalingane av foreldrepengar ved adopsjon hittil i år er utgiftene i 2017 no anslått til 58 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530, post 73 med 1 mill. kroner.