Prop. 19 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Justis- og beredskapsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet

Post 23 Spesielle driftsutgifter, forsking, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres

Noregs nasjonale koordineringssenter for digital tryggleik

Noregs forskingsråd er tildelt 1,2 mill. kroner for perioden 2023–2027 til arbeid med Noregs nasjonale koordineringssenter for digital tryggleik. For 2023 er midlane stilte til disposisjon for Noregs forskingsråd i tildelingsbrev frå Justis- og beredskapsdepartementet. Midlane er flytta til Kunnskapsdepartementet i samband med revidert nasjonalbudsjett ved ein feil, og dei blir derfor foreslått førte tilbake til kap. 400 post 23. Sjå òg omtale under kap. 285 post 55.

Kap. 410 Domstolene

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter i domstolane (ikkje forliksråda), medrekna faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar i tingrettane, jordskifterettane og lagmannsrettane. Løyvinga dekker vidare alle ordinære driftsutgifter og investeringar knytte til dei enkelte domstolane, utgifter til Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark.

Ein stor del av videosystema i domstolane er gamle og fungerer ikkje lenger optimalt. Det er behov for å erstatte dette eldre utstyret i domstolane.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 25 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar, vitne og rettsvitne m.m. dekte. Løyvinga dekker òg arbeidsgivaravgift av godtgjersle til meddommarar og tolkar i sivile saker der partane sjølv dekker godtgjersla.

I samband med revidert nasjonalbudsjett auka meddommarsatsen frå 250 kroner til 750 kroner. Ved ein feil blei løyvinga på kap. 410, post 21 auka med 1,7 mill. kroner, jf. Innst. 490 S (2022–2023). Godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar blir belasta kap. 414, post 01.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 410, post 21 med 1,7 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 414, post 01.

Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler

Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene blir førte i eigne saksrekneskap. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2023 foreslår departementet å redusere løyvinga med 78 000 kroner.

Kap. 3410 Domstolene

Post 01 Rettsgebyr

Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m.

Gebyrinntektene er reduserte. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 35,9 mill. kroner.

Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene

Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.

Prognosar frå jordskiftedomstolane viser at anslaga for saks- og gebyrinntekter er usikre.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 1,7 mill. kroner.

Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolene

Det er ei meirinntektsfullmakt knytt til posten, jf. kap. 410, post 22. Ev. restbeløp blir balanseførte, overførte til påfølgjande år og inntektsførte på eit seinare tidspunkt. Sakene går over fleire rekneskapsår og blir gjorde opp med oppdragsgivaren når dei er avslutta.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 407 000 kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter hos eller på annan måte gir forklaring til kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og utgifter til nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.

Det er forventa ein svak auke i utgiftene på posten mot slutten av året som følgje av fleire saker. I tillegg har kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker ein auke i talet på innkomne saker, noko som òg kan medføre auka utgifter.

I samband med revidert nasjonalbudsjett auka meddommarsatsen frå 250 kroner til 750 kroner. Ved ein feil blei løyvinga på kap. 410, post 21 auka med 1,7 mill. kroner, jf. Innst. 490 S (2022–2023). Godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar blir belasta kap. 414, post 01. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 414, post 01 med 1,7 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 410, post 21.

Derfor foreslår departementet å auke løyvinga med 13,9 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorgen

Post 01 Driftsutgifter

Departementet har i 2023 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 03 og post 04. Departementet foreslår å auke løyvinga med 18 mill. kroner under kap. 430, post 01, mot ein tilsvarande auke under kap. 3430, post 04. Sjå omtale under kap. 3430, post 04.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

For å auke tryggleiken i fengsel og gjere kriminalomsorga i betre stand til å vareta rettane til dei innsette er det behov for fleire kroppsskannarar og gjennomlysingsutstyr. Departementet forslår derfor å auke løyvinga med 10 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorgen

Post 04 Tilskudd

Inntektene på posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar òg inntekter frå prosjekt som kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land.

Refusjon for påkomne utgifter til det internasjonale arbeidet kriminalomsorga gjer, vil gi ei meirinntekt i 2023 på 18 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga med 18 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 430, post 01.

Kap. 432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

Post 01 Driftsutgifter

Departementet har i 2023 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432, post 03. Departementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner under kap. 432, post 01, mot ein tilsvarande auke under kap. 3432, post 03. Sjå òg omtale under kap. 3432, post 03.

Kap. 3432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

Post 03 Andre inntekter

Posten omfattar bl.a. inntekter frå eigendelen som aspirantane betaler for skulebøker. Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS har i 2023 hatt høgare inntekter enn det som var lagt til grunn i budsjettet, noko som vil gi ei meirinntekt i 2023 på 3 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 432, post 01.

Kap. 440 Politiet

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i politidistrikta, dei lokale einingane til Politiets tryggingsteneste (PST) i politidistrikta og politiet sine eigne særorgan, med unntak av Politihøgskolen og PST, som får løyvingane sine over høvesvis kap. 442 og kap. 444. Utgifter til påtalemakta i politiet blir budsjetterte på kap. 443, post 01, og utgifter til Politidirektoratet blir budsjetterte på kap. 441, post 01. Justis- og beredskapsdepartementet har i 2023 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440, post 02, post 03 og post 04.

Auka løyving til politiet

Regjeringa vil leggje til rette for at politiet har dei rammevilkåra som er nødvendige for å løyse samfunnsoppdraget, og for at politiet er til stades i lokalsamfunn i heile landet. Den tryggingspolitiske situasjonen har ført til auka utgifter for politiet, mellom anna til dei nasjonale bistandsressursane. Vidare har utgiftene knytte til arbeidet med pass og ID-kort vore høgare enn venta. IT-relaterte utgifter, til dømes på lisensar for programvare, har og vore høgare enn venta. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 440, post 01, med 734 mill. kroner.

Finansiering av avtale- og volumaukingar på IT-området i politiet

Politiets IT-eining har ansvaret for å følgje opp IT i politiet og er finansiert over kap. 440, post 01. Som følgje av volum- og avtaleendringar på IT-området er det behov å justere opp kap. 440, post 01, i 2023. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 440, post 01, med 3,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 441 med 800 000 kroner og på kap. 443 med 2,7 mill. kroner.

Bistand frå Forsvaret

Forsvaret har meirutgifter som følgje av at dei støttar politiet med vakthald ved enkelte lokasjonar i samband med den tryggingspolitiske situasjonen. Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner for å dekke desse meirutgiftene. Utgiftene er fakturerte av Forsvaret.

NATO sitt uformelle utanriksministermøte

NATO sitt uformelle utanriksministermøte vart gjennomført i Oslo våren 2023. Dei totale utgiftene til politiet sitt oppdrag i samband med møtegjennomføringa vart vurderte til 90,1 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023). Dei samla utgiftene til politiet er 40,6 mill. kroner. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 49,5 mill. kroner. Sjå óg omtale under kap. 444, post 01.

Politiet sitt bidrag til Den europeiske grense- og kystvakta

Politiet støttar med personell til etableringa av ein felleseuropeisk styrke med grensevakter. Det er venta at færre norske tenestepersonar vil kallast ut i 2023, samanlikna med det som ligg til grunn for løyvinga. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.

Færre produserte pass

Som følgje av redusert etterspurnad etter pass og ID-kort er det i år produsert færre ID-dokument enn planlagt. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 17 mill. kroner som følgje av reduserte utgifter til politiet, jf. omtale under kap. 3440, post 01.

Lågare aktivitet i politiinnsats utført for organisasjonar, lag og offentlege etatar m.m.

Som følgje av redusert aktivitet i politiinnsats som er utført for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar, er det venta reduserte refusjonar i 2023. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 70 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3440, post 02.

Færre oppdrag i samband med vakthald m.m.

Som følgje av færre oppdrag i samband med vakthald på festivalar, konsertar og fotballkampar osv. er det venta reduserte refusjonar. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 10 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 3440, post 03.

Lågare utgifter som følgje av lågare inntekter frå vaktselskap og etterkontroll av skytevåpen

Som følgje av færre oppdrag frå vaktselskap og færre etterkontrollar av skytevåpen er det venta reduserte inntekter. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av 3440, post 04.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 440, post 01, med 579,2 mill. kroner.

Post 22 Søk etter antatt omkomne, kan overføres

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til søk etter personar ein reknar med er omkomme. Posten dekker òg nokre personellutgifter og ev. utgifter til å betre søkemetodane.

På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2023 foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 3,0 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål

Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker. Sideutgifter er utgifter som ikkje er knytte til rettsgebyret.

På bakgrunn av den forventa utviklinga i 2023 foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 12 mill. kroner.

Post 25 Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning

Løyvinga på posten dekker dei variable utgiftene til retur av tidlegare asylsøkarar med avslag og personar som er bort- og utviste etter utlendingslova.

På bakgrunn av oppdaterte rekneskapstal og prognosar for retur er det forventa eit mindreforbruk på posten. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten dekker utgifter til større utstyrskjøp, vedlikehald og investeringsprosjekt i politiet.

I 2023 er det sett av 35,5 mill. kroner til finansiering av prosjektet Fremtidens innkreving. Det er vedteke ein ny framdriftsplan, og prosjektet er forseinka. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 27,2 mill. kroner. Departementet vil foreslå å auke løyvinga tilsvarande når utgiftene er venta å komme.

Post 73 Internasjonale forpliktelser, mv., kan overføres

Løyvinga på posten dekker utgifter i samband med internasjonale forpliktingar, medrekna bl.a. utbetalingar til EUs grense- og visumordning, Det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system på området for fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA) og Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex).

Pga. forseinkingar i arbeidet med Noreg sin tilknytingsavtale til fondet vil ikkje den første innbetalinga til fondet skje i 2023, som opphavleg planlagt. Derfor foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 334,8 mill. kroner. Fondsperioden varer frå 2021 til 2027, og utsetjinga av den første innbetalinga medfører ikkje ei lågare samla innbetaling.

Post 74 Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler

Løyvinga på posten dekker utgifter i samband med våpen som blir leverte inn som følgje av ei ordning for mellombels destruksjonspant i perioden 2022–2024.

Utbetalingane på posten er forseinka. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner.

Kap. 3440 Politiet

Post 01 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for utferding av pass og våpenløyve.

Pass og ID-kort

Som følgje av redusert etterspurnad etter pass og ID-kort er det i år produsert færre ID-dokument enn planlagt. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 100 mill. kroner som følgje av reduserte inntekter til politiet, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Våpengebyr

Som følgje av ein auke i behandlinga av saker som ikkje er gebyrbelagt, er det forventa ein reduksjon i inntektene knytte til behandling av våpensøknader. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 10 mill. kroner som følgje av reduserte inntekter til politiet, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 01, med 110 mill. kroner.

Post 02 Refusjoner mv.

På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 reknar ein med lågare refusjonar i politietaten i 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 70 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.

Post 03 Salgsinntekter

På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2023 reknar ein med lågare salsinntekter i politietaten i 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 10 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.

Post 04 Gebyr – vaktselskap og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen

På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2023 reknar ein med lågare salsinntekter og færre etterkontrollar av deaktiverte skytevåpen i politietaten i 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring, arbeidsløyve, utdanningsløyve og permanent opphaldsløyve.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar på fordeling av sakstypar i tillegg til ein reduksjon i talet på visse søknader foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 106,3 mill. kroner.

Post 07 Gebyr – sivile gjøremål

Løyvinga på posten dekker gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, det vil seie gebyr frå tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.

Politiet har store restansar, både i utleggsforretningar og i gjeldsordningssaker, og vil ikkje nå inntektsløyvinga på posten. Derfor foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 30 mill. kroner.

Post 08 Refusjoner fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger

Posten dekker refusjonar frå EU sine grense- og visumfinansieringsordningar. Refusjonane på posten er baserte på det rekneskapsførte forbruket i prosjekta som har fått løyving over kap. 440, post 48. I 2023 får Noreg refusjonar frå EU for prosjekt knytte til Det indre tryggleiksfondet (ISF-fondet).

Dei totale refusjonane i frå EU utgjer om lag 80 mill. kroner i 2023. Derfor foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 08, med 22,9 mill. kroner.

Kap. 441 Politidirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til Politidirektoratet. Som følgje av volum- og avtaleendringar på IT-området foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 440, post 01, med 3,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 441, post 01, med 800 000 kroner og på kap. 443, post 01, med 2,7 mill. kroner. Derfor foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 441, post 01, med 800 000 kroner.

Kap. 443 Påtalemyndigheten i politiet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til påtalemakta i politiet. Som følgje av volum- og avtaleendringar på IT-området foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 440, post 01, med 3,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 441, post 01, med 800 000 kroner og på kap. 443, post 01, med 2,7 mill. kroner. Derfor foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 443, post 01, med 2,7 mill. kroner.

Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for den sentrale eininga (DSE) i PST i tillegg til enkelte utgifter knytte til drifta av dei lokale PST-einingane i politidistrikta

Auka aktivitetsnivå i PST som følgje av trusselnivået

Aktivitetsnivået i PST har vore ekstraordinært høgt i 2023. Det heng saman med den tryggingspolitiske situasjonen og trusselnivået. Aktiviteten har vore nødvendig for å sikre at PST handterer ansvarsområdet sitt i samsvar med politilova.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 106 mill. kroner.

NATO sitt uformelle utanriksministermøte

NATO sitt uformelle utanriksministermøte vart gjennomført i Oslo våren 2023. Dei totale utgiftene til PST sitt oppdrag i samband med møtegjennomføringa vart vurderte til 7 mill. kroner, jf. Prop. 118 S (2022–2023). Dei samla utgiftene til PST er 5,9 mill. kroner. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner.

Sjå óg omtale under kap. 440, post 01.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 444, post 01, med 104,9 mill. kroner.

Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Nødnett, Sivilforsvaret, skular og regionkontor.

Sivilforsvaret – fleire innsatsar

Sivilforsvaret har hatt ei betydeleg mengd innsatsar hittil i år, bl.a. i samband med skogbrannar, leiteaksjonar og uvêr, slik som ekstremvêret «Hans». Meirutgiftene til innsatsar er hittil i år på 14,5 mill. kroner.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 14,5 mill. kroner.

Refusjonar

I 2023 har det vore mange aktivitetar som har utløyst meirutgifter på posten, og som etter avtale skal bli refundert. Eit døme på slik aktivitet er planlegginga og gjennomføringa av atomberedskapsøvinga Arctic REIHN 2023 som er delvis finansiert av EU.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 12 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 3451, post 06.

Gebyr

Det er venta at inntektene frå gebyr og avgifter i 2023 blir lågare enn inntektskravet. Mindreinntekta gjeld el-tilsyn med elektromedisinsk utstyr og anna landbasert el-tilsyn og kjem av lågare tilsynsaktivitet.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3451, post 01.

Oppsummering

Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 451, post 01, med 25,5 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

DSB administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Løyvinga på posten dekker utgiftene til flytimar og ekstra beredskap.

I samband med ekstremvêret «Hans» vart helikopter stilte til disposisjon for politiet, som prioriterte bruken av helikoptera for å redde liv og helse. Kostnadar knytt til denne innsatsen er rekna til 5,7 mill. kroner.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter – Nødnett

Løyvinga på posten dekker utgifter til drift og vedlikehald og mindre utgifter til utvikling og investering i Nødnett og tilhøyrande tenester.

Kjøp av utstyr i Nødnett på vegner av brukarane er venta å bli 30 mill. kroner høgare enn budsjettert.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 30 mill. kroner med ein tilsvarande auke under kap. 3451, post 05.

Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Post 01 Gebyr

DSB krev inn avgift som går til å dekke utgifter til forvaltningsoppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og el-tilsynslova. Avgiftene skal bl.a. dekke utgifter til arbeid med regelverk, informasjon og rettleiing og til tilsyn med at krava som er gitt i eller i medhald av lovene, er oppfylte.

Ansvaret for elektromedisinsk utsyr er overført til Helse- og omsorgsdepartementet. DSB har derfor ikkje ført tilsyn med dette utstyret i 2023. Det blir derfor foreslått at posten blir redusert med dei budsjetterte inntektene i 2023 for desse tilsyna.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 8,6 mill. kroner.

Post 05 Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett

Løyvinga omfattar inntektene DSB får frå abonnementsordninga i Nødnett. Vidare dekker løyvinga refusjonar for tenester og produkt som kundar av Nødnett har skaffa seg utover abonnementsordninga i Nødnett.

Kjøp av utstyr i Nødnett på vegner av brukarane er venta å bli 30 mill. kroner høgare enn budsjettert.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 30 mill. kroner med ein tilsvarande auke under kap. 451, post 22.

Post 06 Refusjoner

Inntektene på posten har auka bl.a. grunna refusjon frå EU for planlegginga og gjennomføringa av atomberedskapsøvinga Arctic REIHN 2023.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 12 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 451, post 01.

Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar til oppfølging av prosjektet. Løyvinga omfattar vidare ein tiltaksplan for Sea King-redningshelikopterflåten som skal bidra til å halde ved lag drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er tekne i bruk. Løyvinga på posten dekker òg kostnader i samband med at redningshelikopterbasen i Tromsø vart sett i drift 1. juli 2022.

Reduserte ordinære driftsutgifter til redningshelikoptertenesta

Det er eit forventa mindreforbruk på 30 mill. kroner i ordinære driftsutgifter fordi ein forventar lågare utbetaling til leverandøren i samband med dei redningshelikopterbasane som er sette i drift med SAR Queen.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Redningshelikopterbasen i Tromsø

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner som følgje av høgare valutautgifter i samband med Tromsøbasen.

Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift

Departementet foreslår å auke løyvinga med 9,7 mill. kroner som følgje av ei rammeoverføring frå Forsvaret for redningshelikoptertenesta si andel av kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift, jf. omtale i budsjettproposisjonen til Forsvarsdepartementet.

Auka pensjonsutgifter

Det er større utgifter enn tidlegare rekna ut til pensjonsutbetalingar i 2023 knytt til Forsvarsdepartementet sitt kap. 1791 Redningshelikoptertjenesten. Det vil vere mest føremålstenleg å handtere dei auka pensjonsutgiftene på kap. 1791 Redningshelikoptertjenesten over kap. 454, slik at utgifter og inntekter blir justerte parallelt på kap. 1791/4791 Redningshelikoptertjenesten, jf. omtale under kap. 1791.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 12,0 mill. kroner.

Oppsummering

Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 6,1 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres

Løyvinga på posten dekker investeringar i samband med kjøp av nye redningshelikopter og bygging av ein ny redningshelikopterbase i Bodø som følgje av at Bodø Lufthamn skal flyttast.

Prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter

Pga. forseinkingar i prosjektet blir milepælar, og dermed kostnader, forskyvde frå 2023 til 2024 og 2025. Saman med endringar i utgiftene til bl.a. helikopterleverandøren, eigedom, bygg og anlegg, utbetring av landingsplassar ved sjukehus og dessutan kjøp av redningsutstyr og medisinsk utstyr til helikopteret, fører dette til at kostnadene til prosjektet blir lågare enn venta. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 342,1 mill. kroner.

Bygging av ny redningshelikopterbase i Bodø

Det blir foreslått å redusere løyvinga som er sett av til bygging av ny redningshelikopterbase i samband med at Bodø Lufthamn skal flyttast. Dette kjem av at utbetalingane blir forskyvde til seinare år.

Oppsummering

Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 354,8 mill. kroner.

Kap. 455 Redningstjenesten

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterselskap og frivillige redningsorganisasjonar, i konkrete redningstilfelle. Vidare omfattar ho utgifter til refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.

Det er eit auka behov på posten som følgje av hendingar som krev større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn tidlegare.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 12 mill. kroner.

Kap. 457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for NSM.

Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI)

Som følgje av ein ny avtale mellom forsvaret og NSM om varslingssystem for digital infrastruktur (VDI), vil utgiftene for NSM auke med 11 mill. kroner med tilsvarande auka inntekter på kap. 3457, post 01.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 11 mill. kroner med ein tilsvarande auke under kap. 3457, post 01.

Auka utgifter i NSM

NSM har hatt eit svært høgt aktivitetsnivå i 2023, bl.a. som følgje av krigen i Ukraina og gjennomføring av tiltak i Prop. 78 S (2021–2022) («Ukraina-proposisjonen»). Den tryggingspolitiske situasjonen har òg ført til auka etterspurnad etter kapasiteten og tenestene til NSM. Dette har ført til at NSM har hatt eit høgare aktivitetsnivå enn det budsjettet gjer rom for, utan at ein har klart å redusere utgiftene i verksemda.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner for å unngå eit uhjemla meirforbruk.

Oppsummering

Departementet foreslår å auke løyvinga med til saman 31 mill. kroner.

Kap. 3457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Post 01 Inntekter

Inntektene til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er i hovudsak samansette av medlemsavgifter frå næringslivet til varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI), kurs- og konferanseavgifter og brukarbetaling ved tryggleiksgodkjenning av informasjonssystem.

Som følgje av ein ny avtale mellom forsvaret og NSM om VDI, vil inntektene for NSM auke med 11 mill. kroner med tilsvarande auka utgifter på kap. 457, post 01.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 11 mill. kroner med ein tilsvarande auke under kap. 457, post 01.

Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker hovudsakleg utgifter til juridisk bistand i straffesaker til personar som har rett til advokatbistand i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande av eller etterlatne etter den fornærma. Posten er regelstyrt.

Det har vore ein auke i talet på saker, og dei fleste sakene er større og meir kostnadskrevjande enn i same periode i fjor. Derfor foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 466, post 01, med 15 mill. kroner.

Kap. 467 Norsk Lovtidend

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til tilarbeiding av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.

Det har vore ein reduksjon i produksjonen, og derfor foreslår departementet å redusere løyvinga med 2,2 mill. kroner på kap. 467, post 01.

Kap. 469 Vergemålsordningen

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgifter til verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjersle og utgifter til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.

Mindre bruk av advokatverjer og færre utbetalingar til representantar for mindreårige asylsøkarar har vore dei viktigaste årsakene til lågare utgifter på posten. Derfor foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 469, post 21, med 8 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelplova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltningsorgan som barneverns- og helsenemnd, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda mfl. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelplova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ.

Bistand i barnesakene (foreldretvistar og barnevern) utgjer ein stor del av kostnadene til rettshjelp. Foreldretvistane som går for domstolane, er langvarige og går over fleire år. Advokatar som yter juridisk bistand i slike saker, fakturerer ofte ikkje det offentlege før saka har fått ei endeleg løysing. Det tek tid før dette gir utslag på utgiftene på posten.

Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 470, post 01, med 175,3 mill. kroner.

Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning

Post 70 Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning

Løyvinga på posten skal dekke erstatning i saker etter valdserstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt.

Ny valdserstatningslov tredde i kraft 1. januar 2023. Det er meir komplisert å anslå utgiftene på posten sidan det no blir utbetalt erstatning etter gammal lov og etter ny lov. Det er òg store restansar etter den gamle lova som vil ha effekt på utbetalingane på posten i fleire år framover.

Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 473, post 70, med 60,2 mill. kroner.

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

Post 50 Tilskudd

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 480, post 50, med 35,8 mill. kroner.

For sjølve svalbardbudsjettet foreslår departementet følgjande:

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0003, post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre, med 50,0 mill. kroner, til støtte til reduserte strømprisar i Longyearbyen.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0018, post 01 Navigasjonsinnretninger, med 795 000 kroner som følgje av at mindreutgifta frå 2022 er løyvd på nytt.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 3030, post 70 Skatter m.m., med 15,0 mill. kroner som følgje av høgare rekna skatteinntekter for 2023. Tilskotet til svalbardbudsjettet blir redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UDI. Det inkluderer lønn til tilsette, IT-system, utstyr, anskaffingar med unntak av større investeringar og mottak for asylsøkarar.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner for å dekke utgiftene til å handtere den raske auken av ukrainske flyktningar som kjem til Noreg.

Vidare blir det foreslått å auka løyvinga på posten med 593 000 kroner pga. auka refusjonar frå EUAA og tryggingsarbeid, jf. omtale under kap. 3490, post 05.

Departementet foreslår å auke løyvinga med til saman 20,6 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av mottak for asylsøkarar, inkludert integreringsmottak.

Det er eit mindrebehov til innkvartering av asylsøkarar som i all hovudsak kjem av at asylsøkarane blir busette i rask takt, noko som gir eit lågare behov for mottaksplassar.

Den forventa mindreutgifta er i hovudsak knytt til færre mottaksplassar.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 20,9 mill. kroner.

Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse

Løyvinga på posten dekker utgiftene UDI har i samband med tolking og omsetjing under behandlinga av asylsaker. Løyvinga skal òg dekke kvalitetssikring av intervju og omsetjingar.

Hovudårsaka til mindreforbruket er at det er vedteke å føre vidare det mellombelse tiltaket om å ikkje gjennomføre vedtakssamtalar til og med september. Tiltaket blir ført vidare pga. avgrensingar i kapasitet som følgje av krigen i Ukraina.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 6,4 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, medrekna utgifter til utvikling av IT-system for utlendingsforvaltninga.

I 2023 vart posten for utgifter til investeringar i Schengen IT-system skild frå andre utstyrsinnkjøp ut på ein eigen post. Ved ein feil vart det overført 2,5 mill. kroner for mykje frå post 45 til post 46.

Departementet foreslår å auka løyvinga med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 46.

Post 46 Investeringer i Schengen-IT-systemer

Posten omfattar prosjektutgiftene UDI har til utvikling og implementering av nye felles-europeiske IT-system for styrkt grensekontroll, betre informasjonsdeling og tryggleik.

I 2023 vart posten for utgifter til investeringar i Schengen-IT-system skild frå andre utstyrsinnkjøp ut på ein eigen post. Ved ein feil vart det overført 2,5 mill. kroner for mykje frå post 45 til post 46.

Departementet foreslår å redusera løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på post 46.

Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak

Vertskommunetilskotet skal dekke gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak og omsorgssenter i kommunen.

Løyvingsbehovet i 2023 blir anslått til 451,9 mill. kroner, noko som er 232,5 mill. kroner lågare enn det salderte budsjettet for 2023.

Mindrebehovet kjem i hovudsak av at det er ei høg busetjingstakt, som gir eit lågare behov for mottaksplassar.

Departementet foreslår å redusera løyvinga med 232,5 mill. kroner.

Post 70 Stønader til beboere i asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til stønadsordninga som omfattar økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv, og andre nødvendige ytingar.

Det er eit lågare løyvingsbehov som kjem av at det er færre bebuarar i mottak, samstundes som det er færre av dei som bur i mottak som får ytingar til kost, enn det som vart lagt til grunn i budsjettet.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 69,9 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i mottak, og veiledning for au pairer

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til ei tilskotsordning til aktivitetstilbod for barn i mottak og utgifter til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak for au pairar.

Det er eit mindreforbruk på posten pga. at avtalen for rettleiing for au pairar er 174 000 kroner lågare enn det var lagt til grunn i budsjettet.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 174 000 kroner.

Post 72 Assistert retur og reintegrering i hjemlandet

Løyvinga på posten skal bidra til at personar som har fått endeleg avslag på søknaden om vern, og andre personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg, returnerer til heimlandet. Løyvinga skal òg leggje til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet. Posten finansierer stønadsordningar og tilskotsordningar som kan nyttast til informasjons- og motivasjonsarbeid som skal bidra til assisterte returar eller tilbakevending frå Noreg.

På posten er det behov for 1,5 mill. kroner meir til tilbakevending, medan det er behov for 2,7 mill. kroner mindre til returar. I sum gir dette eit lågare behov på 1,2 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,2 mill. kroner.

Post 73 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak, kan nyttes under kap. 671, post 60

Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet som FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR), International Organization for Migration (IOM) og ev. andre organisasjonar gjer med overføring av flyktningar.

Det har vore lågare utgifter til uttakskommisjonar enn forventa, trass i at alle uttakskommisjonane vil bli gjennomførte som planlagt.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner.

Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres

Løyvinga skal dekke kontingentar og andre innbetalingar til internasjonale samarbeidsorgan på migrasjonsområdet.

Det er forventa eit auka behov på 3,9 mill. kroner til EUAA-kontingenten og eit auka behov på 9,3 mill. kroner til internasjonale IKT-forpliktingar. Behovet er knytt til valutakursar og korleis Noreg sin del av kontingentane blir berekna.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 13,2 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres

Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar.

Det er lågare utgifter til å overføre ukrainske flyktningar frå Moldova fordi utgiftene blir dekt av EU, og det er lågare utgifter til IOM enn tidlegare forventa.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,8 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter

Utgifter til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og utgifter til at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell internasjonal bistand.

Inntektsanslaget på posten blir redusert med 100 000 kroner. Reduksjonen kjem av at det er endringar i berekningsgrunnlaget.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 100 000 kroner.

Post 03 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter

Reiseutgifter til og frå utlandet for flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Inntektsanslaget knyter seg til utgifter over kap. 490, post 01 og 75.

Inntektsanslaget på posten er auka pga. høgare utgifter på kap. 490, post 01.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 33 000 kroner.

Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter til innkvartering av asylsøkarar og flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.

Inntektsanslaget knyter seg til utgifter over kap. 490, post 21, 60, 70 og 71. Inntektsanslaget er redusert pga. eit lågare behov for mottaksplassar. Reduksjonen kjem av underliggjande endringar i berekningsgrunnlaget som er beskrive i kap. 490, post 21, 60, 70 og 71, og dessutan av endringar i ODA-reglar.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 325,7 mill. kroner.

Post 05 Refusjonsinntekter

Inntektsanslaget aukar med 593 000 kroner pga. høgare refusjonar frå EUAA og tryggingsarbeid. Meirinntekta knyter seg til ressursbruk i UDI, og det blir derfor foreslått ein tilsvarande auke på kap. 490, post 01.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 593 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 490, post 01.

Post 06 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til overføring av flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.

Inntektsanslaget knyter seg til utgifter over kap. 490, post 73. Lågare utgifter til uttakskommisjonar fører til reduserte utgifter.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 865 000 kroner.

Post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter

Utgifter til tolk, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.

Dei siste prognosane tilseier lågare utgifter til tolk og omsetjing på kap. 490, post 22, i 2022.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på med 2,2 mill. kroner.

Post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter

Utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til eit tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og/eller transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC.

Inntektsanslaget knyter seg til utgifter på kap. 490, post 72 og post 76. Det er færre returar, som fører til lågare ODA-godkjende utgifter.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på med 168 000 kroner.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under post 21

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UNE.

Det ligg an til eit meirforbruk opp til 600 000 kroner til nemndbehandling på kap. 491, post 21. Auken kjem av at det er fleire saker enn tidlegare anslått. Kap. 491, post 01 og 21, har stikkorda «kan nyttes under».

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 600 000 kroner mot ein tilsvarande auke på post 21, jf. omtale under post 21.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under post 1

Løyvinga på posten skal dekke utgifter i samband med avvikling av nemndmøte.

Det ligg an til eit meirforbruk på opptil 600 000 kroner i samband med nemndbehandling. Auken kjem av at det er fleire saker enn tidlegare anslått. Kap. 491, post 01 og 21, har stikkordet «kan nyttes under».

I samsvar med prinsippet om realistisk budsjettering foreslår departementet å auke løyvinga på post 21 med 600 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 01.

Andre saker

Etablering av studenthyblar ved Brann- og redningsskulen i Tjeldsund

I 2024 startar det opp ei fagskuleutdanning for brann- og redningspersonell ved Brann og redningsskulen i Tjeldsund. Byggjeprosjektet med øvingsanlegg skal vere ferdig våren 2024. Når fagskulen er i full drift, vil det vere 240 fagskulestudentar ved skulen. Det er viktig at studentane har eit butilbod under studiet. Det er ikkje ein utleigemarknad i Tjeldsund kommune eller i nærområdet som kan dekkje behovet. Det har vore stor uvisse om private ville byggje ut studenthyblar, og i så fall kor mange og til kva for utleigepris. Regeringa vil difor byggje studenthyblar for å bidra til tilbod om innkvartering for studentane. Staten har kjøpt tomt som er regulert til formålet. Det er lagt opp til at Statsbygg skal etablere hyblane, og inngå husleigeavtale med DSB. DSB vil så leige ut til studentane.

Det er i haust gjennomført konkurranse om etablering av inntil 240 studenthyblar. Konkurransen reflekterer at dette er eit område med særskilt høge byggjekostnader. Mottatte tilbod viser at det ikkje lar seg gjere å få dei første 80 hyblane ferdige til august 2024, men først fra januar 2025, og at alle dei 240 hyblane kan vere ferdige i løpet av 2025. Det er difor naudsynt med ei midlertidig løysing for innkvartering av drøyt 80 studentar i om lag eit år fra august 2024, forutsett at bygginga av studenthyblar kan starte umiddelbart.

Statsbygg har berekna ei kostnadsramme på 447 mill. kroner (15.9.2023-kroner, inkl. mva., tomt og kunst) for etablering av 240 studenthyblar ved fagskulen. I tillegg har DSB berekna 30 mill. kroner til brukarutstyr.

Regjeringa foreslår derfor at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til i 2023 å starte opp investeringsprosjektet og brukarutstyrsprosjektet for Nye studenthyblar ved brann- og redningsskolen i Tjeldsund, sjå forslag til vedtak.

Det er berekna at etablering av 240 studenthyblar samla vil medføre meirutgifter på om lag 50 mill. kroner til brukarutstyr og løysing for midlertidig innkvartering i løpet av 2024/2025, og 26,8 mill. kroner i auka årlege utgifter til husleige. Det blir lagt til grunn at DSB vil få kompensert for 75 pst. av husleieutgiftene, og fullt ut for utgiftene til brukarutstyr og løysing for midlertidig innkvartering. Ein slik husleigekompensasjon vil leggje til rette for at utleigeprisen til fagskulestudentane kan vere på linje med kva andre studentar betaler i regionen. Regjeringa vil komme tilbake til dette i revidert nasjonalbudsjett 2024.

Skredsikring på Svalbard

Sikringstiltaket i Vannledningsdalen på Svalbard omfattar bygging av skrednett og leievoll ved elva for å sikre Longyearbyen mot sørpeskred. Sikringstiltaket utgjer det avsluttande leddet i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen. Samla kostnad for dette sikringstiltaket er rekna til 105 mill. kroner, ei auke på 15 mill. kroner. Auken skuldast indeksregulering av kontraktane, behov for meirarbeid som er avdekka så langt, og anslag på sluttoppgjer for ferdigstilling av sikringstiltaket. Hovudkontrakta for anleggsarbeid knytt til sikringstiltaket og kontrakt for byggeleiing for sikringstiltaket er inngått. Kontrakt for komplettering og sluttføring av sikringstiltaket må bli underteikna innan utgangen av 2023.

For at Norges vassdrags- og energidirektorat skal kunne inngå den siste kontrakta i 2023, foreslår departementet å auke bestillingsfullmakta på posten med 15 mill. kroner, til totalt 50 mill. kroner, sjå forslag til vedtak. Regjeringa vil komme tilbake til budsjettmessige konsekvensar i samband med revidert budsjett for 2024.

Til forsida