2 Forslag om endringar
Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
Post 23 Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres
Løyvinga på posten dekker forsking, oppfølging av stortingsmeldingar eller offentlege utgreiingar, og evalueringar og anna innhenting av kunnskap på justis-, innvandrings- og beredskapsfeltet.
I 2022 er det sett av midlar til prosjekt som er forventa å komme til utbetaling først i 2023. Departementet foreslår derfor av omsyn til realistisk budsjettering å redusere løyvinga på kap. 400, post 23, med 4 mill. kroner. Departementet vil foreslå å auke løyvinga tilsvarande i samband med revidert nasjonalbudsjett 2023.
Kap. 410 Domstolene
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter i domstolane (ikkje forliksråda), medrekna faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar i tingrettane, jordskifterettane og lagmannsrettane. Løyvinga dekker vidare alle ordinære driftsutgifter og investeringar knytte til dei enkelte domstolane, utgifter til Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark.
Regjeringa fremma forslag til ny valdserstatningslov i september 2021, jf. Prop. 238 L (2020–2021) Lov om erstatning fra staten til voldsutsatte (voldserstatningsloven). Lova skulle opphaveleg tre i kraft medio 2022, og endringane vart innarbeidde i statsbudsjettet for 2022. Lova vart i staden vedteken med nokre justeringar i mai 2022, sjå Lovvedtak 70 (2021–2022) og Innst. 310 L (2021–2022). Den nye lova trer først i kraft 1. januar 2023. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 1,6 mill. kroner.
Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres
Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene blir førte i eigne saksrekneskapar. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 foreslår departementet å auke løyvinga med 223 000 kroner.
Kap. 3410 Domstolene
Post 01 Rettsgebyr
Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m. I tillegg blir det ført gebyr frå Registereininga i Brønnøysund på posten.
Gebyrinntektene har auka. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 21,7 mill. kroner.
Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene
Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.
Prognosar frå jordskiftedomstolane viser at anslaga for saks- og gebyrinntekter er usikre. Det er bl.a. usikkert om innbetalingar vil komme inn i rekneskapane i desember 2022 eller januar 2023.
Departementet foreslår på denne bakgrunnen å redusere løyvinga med 4,4 mill. kroner.
Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolene
Det er ei meirinntektsfullmakt knytt til posten, jf. kap. 410, post 22. Eventuelle restbeløp blir balanseførte, overførte til påfølgjande år og inntektsførte på eit seinare tidspunkt. Sakene går over fleire rekneskapsår og blir gjorde opp med oppdragsgivaren når dei er avslutta.
Departementet foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvinga på kap. 3410, post 04, med 574 000 kroner.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter hos eller på annan måte gir forklaring til Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og utgifter til nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.
Ifølgje Domstoladministrasjonen har talet på avgjorde saker auka. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 foreslår departementet å auke løyvinga med 50,1 mill. kroner.
Kap. 430 Kriminalomsorgen
Post 01 Driftsutgifter
Departementet har i 2022 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 03 og post 04.
I 2022 har kriminalomsorga hatt særskilde og upårekna høge driftskostnader relatert til m.a. ein aldrande bygningsmasse. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 100 mill. kroner.
Utgifter til internasjonalt arbeid
Departementet foreslår òg å auke løyvinga med 10 mill. kroner under kap. 430, post 01, mot ein tilsvarande auke under kap. 3430, post 04. Sjå også omtale under kap. 3430, post 04.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 430, post 01, med 110 mill. kroner.
Post 60 Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres
Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring og varetektssurrogat. Det er domstolane som avgjer prøvelauslatingar frå forvaring for opphald i institusjon eller kommunal bustad.
Oppdaterte prognosar tilseier eit meirforbruk på posten i 2022 på 13,6 mill. kroner. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 430, post 60, med 13,6 mill. kroner.
Kap. 3430 Kriminalomsorgen
Post 04 Tilskudd
Inntektene på posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar òg inntekter frå prosjekt der kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre prosjekt i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land.
Refusjon for påkomne utgifter til det internasjonale arbeidet kriminalomsorga gjer, vil gi ei meirinntekt i 2022 på 10 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 430, post 01.
Kap. 440 Politiet
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i Politidirektoratet, politidistrikta, dei lokale einingane til Politiets tryggingsteneste (PST) i politidistrikta og politiet sine eigne særorgan, med unntak av Politihøgskolen og PST, som får løyvingane sine over høvesvis kap. 442 og kap. 444. Justis- og beredskapsdepartementet har i 2022 fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440, post 02, post 03 og post 04.
Politiet sitt bidrag til Den europeiske grense- og kystvakta
Politiet støttar med personell til etableringa av ein felleseuropeisk styrke med grensevakter. Opptrappinga av styrken har blitt forseinka som følgje av pandemien, og politiet har derfor hatt lågare utgifter til formålet i 2022 enn det som var lagt til grunn for budsjettet. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 28 mill. kroner.
Bistand frå Forsvaret
Forsvaret har meirutgifter som følgje av at dei støttar politiet med vakthald ved enkelte lokasjonar i samband med den tryggingspolitiske situasjonen. Departementet foreslår å auke løyvinga med 36 mill. kroner for å dekke desse meirutgiftene. Utgiftene blir fakturerte av Forsvaret.
Auka kapasitet til å handtere ulovleg bruk av dronar
Som følgje av den tryggingspolitiske situasjonen er det sett i verk tiltak for 57 mill. kroner til å auke politiet sin kapasitet til å handtere ulovleg bruk av dronar. Departementet foreslår å auke løyvinga med 57 mill. kroner for å dekke desse utgiftene i inneverande år.
Færre produserte pass
Som følgje av problem med leveransen av pass og ID-kort er det i år produsert færre ID-dokument enn planlagt. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 93 mill. kroner som følgje av reduserte utgifter til politiet, jf. omtale under kap. 3440, post 01.
Endra periodisering av midlar til utviklingsprosjekt
I 2022 er det sett av midlar til fleire planlagde prosjekt som er forventa å komme til utbetaling først i 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 120,1 mill. kroner. Departementet vil foreslå å auke løyvinga tilsvarande når utgiftene er forventa å komme.
Endra periodisering av midlar til innkjøp
I 2022 er det sett av midlar til fleire store innkjøp som er forventa å komme til utbetaling først i 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 51 mill. kroner. Departementet vil foreslå å auke løyvinga tilsvarande når utgiftene er forventa å komme.
Registreringskapasitet i politiet
Det er i 2022 løyvd totalt 513,4 mill. kroner til å auke registreringskapasiteten i politiet og til å omfordele flyktningar frå Moldova og evakuere pasientar gjennom EU-ordninga for medisinsk evakuering (Medevac). Det har vore færre asylinnkomstar enn beredskapen tok høgd for, og færre overføringar frå Moldova/Medevac enn det ein tidlegare har gått ut frå (sjå og omtale under kap. 490 post 21). Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 87,7 mill. kroner.
Politiet sitt nasjonale beredskapssenter
Politiet sitt nasjonale beredskapssenter har vore i drift sidan desember 2020. I 2022 har det vore utgifter til feilretting og komplettering av senteret, og departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4 mill. kroner.
Lågare aktivitet i politiinnsats utført for organisasjonar, lag og offentlege etatar m.m.
Som følgje av redusert aktivitet i politiinnsats som er utført for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar, er det venta reduserte refusjonar i 2022. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 60 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 3440, post 02.
Færre oppdrag i samband med vakthald m.m.
Som følgje av færre oppdrag i samband med vakthald på festivalar, konsertar og fotballkampar osv. er det venta reduserte refusjonar. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 20 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 3440, post 03.
Lågare utgifter som følgje av lågare inntekter frå vaktselskap og etterkontroll av skytevåpen
Som følgje av færre oppdrag frå vaktselskap og færre etterkontrollar av skytevåpen er det venta reduserte inntekter. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 400 000 kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av 3440, post 04.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 363,2 mill. kroner.
Post 22 Søk etter antatt omkomne, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til søk etter personar ein reknar med er omkomme. Posten dekker òg nokre personellutgifter og ev. utgifter til å betre søkemetodane.
På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 2,3 mill. kroner.
Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål
Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker. Sideutgifter er utgifter som ikkje er knytte til rettsgebyret.
På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 3,6 mill. kroner.
Post 25 Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning
Løyvinga på posten dekker dei variable utgiftene til retur av tidlegare asylsøkarar med avslag og personar som er bort- og utviste etter utlendingslova.
Som følgje av lågare kostnader til mottak og registrering av asylsøkarar frå Ukraina og noko lågare aktivitet når det gjeld ordinær innkomst, mottak og retur, er det forventa eit mindreforbruk på posten. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 80 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten dekker utgifter til større utstyrskjøp, vedlikehald og investeringsprosjekt i politiet.
I 2022 er det sett av midlar til finansiering av prosjekt i politiet sin utviklingsportefølje som er venta å komme til utbetaling først i 2023. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 52,3 mill. kroner. Departementet vil foreslå å auke løyvinga tilsvarande når utgiftene er venta å komme.
Post 73 Internasjonale forpliktelser, mv., kan overføres
Løyvinga på posten dekker utgifter i samband med internasjonale forpliktingar, medrekna bl.a. utbetalingar til EUs grense- og visumordning, Det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system på området for fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA) og Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex).
Norske bidrag til EU si nye grenseforvaltnings- og visumordning (BMVI-fondet)
På grunn av forseinkingar i forhandlingane mellom Noreg og EU om ein tilknytingsavtale til fondet vil ikkje første innbetaling til fondet skje i 2022, som opphavleg planlagt. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 247,5 mill. kroner. Fondsperioden varer frå 2021 til 2027, og utsetjinga av den første innbetalinga medfører ikkje ei lågare samla innbetaling.
Kontingentar til Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex) og EU sitt IT-byrå (eu-LISA)
Fordi kontingentane til Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex) og EU sitt IT-byrå (eu-LISA) vart lågare enn venta, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 73, med 190,5 mill. kroner.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 73, med 438 mill. kroner.
Post 74 Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler
Løyvinga på posten dekker utgifter i samband med våpen som blir leverte inn som følgje av ei ordning for mellombels destruksjonspant i perioden 2022–2024.
Utbetalingane på posten vil skje når det er avklart kva typar halvautomatiske rifler som fell inn under regelverket. På bakgrunn av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 2 mill. kroner.
Kap. 3440 Politiet
Post 01 Gebyr – pass og våpen
Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for utferding av pass og våpenløyve.
Posten dekker inntekter frå gebyr på ID-dokument og våpenløyve. Som følgje av problem med leveransen av pass og ID-kort er det i år produsert færre ID-dokument enn planlagt. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 93 mill. kroner som følgje av reduserte inntekter til politiet, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Post 02 Refusjoner mv.
På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 reknar ein med lågare refusjonar i politietaten i 2022. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 60 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.
Post 03 Salgsinntekter
På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 reknar ein med lågare salsinntekter i politietaten i 2022. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 20 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.
Post 04 Gebyr – vaktselskap og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen
På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 reknar ein med lågare salsinntekter og færre etterkontrollar av deaktiverte skytevåpen i politietaten i 2022. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 400 000 kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.
Post 06 Gebyr – utlendingssaker
Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring, arbeidsløyve, utdanningsløyve og permanent opphaldsløyve.
På grunn av ein auke i talet på søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og permanent opphald og ein forventa auke i talet på søknader om reisedokument og arbeidsløyve foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 22,9 mill. kroner.
Post 07 Gebyr – sivile gjøremål
Løyvinga på posten dekker gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, det vil seie gebyr frå tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.
Som følgje av ein reduksjon i delen gjennomførte saker, og dermed òg i produksjonen av utleggsforretningar, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 90 mill. kroner.
Post 08 Refusjoner fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger
Posten dekker refusjonar frå EU sine grense- og visumfinansieringsordningar. Refusjonane på posten er baserte på rekneskapsført forbruk i prosjekta som har fått løyving over kap. 440, post 48. I 2022 får Noreg refusjonar frå EU for prosjekt knytte til Det indre tryggleiksfondet (ISF-fondet).
Refusjonane per august 2022 utgjer om lag 56 mill. kroner. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440, post 08, med 1 mill. kroner.
Kap. 442 Politihøgskolen
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker lønsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3442, post 02 og post 03.
Med bakgrunn i førebelse rekneskapstal og at det er venta lågare aktivitet som følgje av virusutbrotet og redusert opptak, foreslår departementet å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3442, post 02.
Kap. 3442 Politihøgskolen
Post 02 Diverse inntekter
Løyvinga dekker diverse inntekter. På bakgrunn av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 foreslår departementet å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner. Inntektsbortfallet skriv seg i hovudsak frå lågare salsinntekter enn venta for kantinene i Oslo og Kongsvinger.
Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for Den sentrale eininga (DSE) i PST i tillegg til enkelte utgifter knytte til drifta av dei lokale PST-einingane i politidistrikta.
Auka aktivitetsnivå i PST som følgje av auka trusselnivå og større reiseaktivitet
Aktivitetsnivået i PST har vore ekstraordinært høgt. Det heng saman med det auka trusselnivået i Noreg på grunn av masseskytinga i Oslo 25. juni, og med større reiseaktivitet for PST i samband med reiser for myndigheitspersonar. Aktiviteten har vore nødvendig for å sikre at PST handterer ansvarsområdet sitt i samsvar med politilova. Dei samla meirutgiftene i PST utgjer 43 mill. kroner.
Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 43 mill. kroner.
Omdisponering av kostnader til etablering av ein felles lokasjon for verksemd til trygging av myndigheitspersonar
Den kongelege politieskorten og biltenesta til regjeringa har i løpet av dei seinare åra blitt overførte til PST og inngår no i den samla porteføljen PST har for trygging av myndigheitspersonar. For tida arbeider ein med å samlokalisere tenestene. For å sikre korrekt postbruk for utgiftene knytte til dette arbeidet foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 43 mill. kroner. Sjå omtale under kap. 444, post 45.
Oppsummering
Samla foreslår departementet ei uendra løyvinga på kap. 444, post 01.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Endra periodisering for prosjekt i utviklingsporteføljen
Innkjøpsprosessar for utviklingsprosjekt er forseinka bl.a. som følgje av etterverknader av pandemien og leveranseproblem på verdsmarknaden, noko som fører til at enkelte utbetalingar kjem først i 2023. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 74 mill. kroner. Departementet vil foreslå å auke løyvinga tilsvarande når utgiftene er venta å komme.
Omdisponering av kostnader til etablering av ein felles lokasjon for verksemd til trygging av myndigheitspersonar (BMP)
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 444, post 45, med 43 mill. kroner, jf. omtale under kap. 444, post 01.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 444, post 45, med 31 mill. kroner.
Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Nødnett, Sivilforsvaret, skular og regionkontor.
EUs ordning for sivil beredskap (UCPM) – programperiode 2014–2020 og 2021–2027
Regjeringa viser til at Stortinget i statsbudsjettet for 2022 auka løyvinga med 40,4 mill. kroner til kontingent i 2022 for deltaking i EU-ordninga for sivil beredskap (UCPM) for programperioden 2021–2027, jf. Prop. 1 S (2020–2021) og Innst. 6 S (2020–2021). Beløpet var basert på usikre anslag frå EU, og kontingenten for den norske deltakinga var venta å bli høgare enn budsjettert både for programperioden 2014–2020 og for perioden 2021–2027.
Utanriksdepartementet betaler dei årlege kontingentane for den norske deltakinga i EU-programma og har no fått grunnlaget for innbetalingar av EU-kontingentar for 2022. Kontingenten i 2022 for deltakinga i ordninga for sivil beredskap blir om lag 131,4 mill. kroner.
Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 14,2 mill. kroner til å dekke auken i kontingenten i 2022.
Øvinga Barents Rescue
I Prop. 1 S (2021–2022) vart løyvinga på kap. 451, post 01, auka med 7 mill. kroner for gjennomføring av øvinga Barents Rescue 2022, mot ein tilsvarande samla reduksjon av løyvingane under tre andre departement. Øvinga vil ikkje bli gjennomført i 2022 som følgje av den tryggingspolitiske situasjonen. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 451, post 01, med 7 mill. kroner, mot ein samla tilsvarande auke av løyvingane til Forsvarsdepartementet, kap. 1760, post 45, Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 702, post 21, og Utanriksdepartementet, kap. 118, post 21.
Sivilforsvaret – fleire innsatsar
Sivilforsvaret har hatt ei betydeleg mengd innsatsar hittil i år, bl.a. i samband med flyktningsituasjonen som følgje av krigen i Ukraina, søk etter sakna person samt innsatsar knytt til uvær og gras- og lyngbrannar. Meirutgiftene til innsatsar er hittil i år på 7,5 mill. kroner.
Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 7,5 mill. kroner.
Gebyr
Det er venta at inntektene frå gebyr og avgifter i 2022 blir lågare enn inntektskravet. Mindreinntekta gjeld el-tilsyn med elektromedisinsk utsyr og anna landbasert el-tilsyn, og kjem av lågare tilsynsaktivitet.
Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 6,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3451, post 01.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 451, post 01, med 8,3 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga dekker utgifter til større investeringar i Nødnett og til tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet på vegner av brukarane. Utgifter på vegner av brukarane blir dekte inn av refusjonar på kap. 3451, post 04. Vidare dekker løyvinga utgifter til større innkjøp av utstyr til Sivilforsvaret.
Mobil befolkningsvarsling
I tråd med Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022) har Justis- og beredskapsdepartementet gitt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i oppdrag å etablere eit system for mobil befolkningsvarsling. I dette oppdraget samarbeider DSB tett med Kommunal- og distriktsdepartementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), som sørger for at systemet blir implementert hos dei tre mobilnett-tilbydarane (ICE, Telenor og Telia).
Det blir etablert eit system for direkte befolkningsvarsling gjennom mobilnetta basert på såkalla Cell Broadcast-teknologi. Det fungerer slik at når utsendingssystemet til staten er kopla saman med mottaks- og distribusjonssystemet til mobilselskapa, vil eit varsel som blir sendt ut, bli teke imot av alle mobiltelefonar innanfor eit definert område. Varselet vil innehalde ein tekst og ha ein eigen, høg varslingstone uavhengig av lydinnstillingane på kvar enkelt telefon. Føresetnaden for at det skal fungere, er at telefonane er slått på og har mobildekning. Systemet kan nyttast lokalt, regionalt og nasjonalt, og ein kan nå heile landet på mindre enn 30 sekund. Systemet vil bidra til å styrke eigenberedskapen og vil heve samfunnstryggleiken monaleg.
Det vil bli etablert løysingar både på statleg side og hos dei tre mobiloperatørane i løpet av 2022, slik at staten kan sende varsel frå januar 2023. Tidsplanen er stram og det er risiko for forseinking. Justis- og beredskapsdepartementet legg opp til at systemet skal takast i bruk så snart det er etablert, sjølv om berre ein del av befolkninga kan ta imot varsel frå starten av 2023.
Operativsystemet i mobiltelefonane må òg oppdaterast for at dei skal kunne ta imot varsla. Telefonar med eit nyare Android-system kan ta imot varsel så snart varslingssystemet kjem i drift. Det inneber at om lag 40 pst. av befolkninga kan ta imot varsel frå januar 2023. Apple og Google vil saman med ICE, Telenor og Telia, sørge for aktivering av funksjonaliteten i telefonar frå 2017 og nyare så raskt som mogleg og i løpet av første kvartal 2023 aktivere dei norske innstillingane for desse telefonane. Det er dermed venta at ein vesentleg del av befolkninga er dekt i løpet av første kvartal 2023.
Den tryggingspolitiske situasjonen gjer at framdrift er førande for arbeidet. For å redusere risiko blir det i første omgang lagt opp til å etablere ei minimumsløysing der varsel som gjeld nasjonal tryggleik, kan sendast frå politiets situasjonssenter i Politidirektoratet.
På kap. 451, post 45, er det løyvd 49 mill. kroner til tiltaket i 2022. 10 mill. kroner av denne løyvinga skal nyttast av Kommunal- og distriktsdepartementet i 2022. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 543, post 70.
Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Post 01 Gebyr
DSB krev inn avgift til å dekke utgifter til forvaltningsoppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og el-tilsynslova. Avgiftene skal bl.a. dekke utgifter til arbeid med regelverk, informasjon og rettleiing og til tilsyn med at krava som er gitt i eller i medhald av lovene, er oppfylte.
Det er venta at inntektene frå gebyr og avgifter i 2022 blir lågare enn inntektskravet. Mindreinntekta gjeld el-tilsyn med elektromedisinsk utsyr og anna landbasert el-tilsyn, og kjem av lågare tilsynsaktivitet.
Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 6,4 mill. kroner.
Kap. 453 Sivil klareringsmyndighet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av Sivil klareringsmyndigheit (SKM), medrekna bl.a. lønnskostnader og andre personalkostnader i tillegg til kostnader til leige av lokale i Moss og til drift av IKT-løysingar. I posten inngår bl.a. utgifter til gjennomføring av tryggingssamtalar.
Frå 15. september 2022 skal SKM overta oppgåva med å være klareringsmyndigheit for grupper av personar i eller knytte til Statsministerens kontor. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 15 000 kroner.
Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar til oppfølging av prosjektet. Løyvinga omfattar vidare ein tiltaksplan for Sea King-redningshelikopterflåten som skal bidra til å halde ved lag drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er tekne i bruk. Løyvinga på posten dekker òg kostnader i samband med at ein ny redningshelikopterbase vart sett i drift i Tromsø 1. juli 2022.
Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø
Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner som følgje av auka valutautgifter knytte til driftskostnadene for redningshelikopterbasen i Tromsø.
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner og å auke løyvinga på post 45 med eit tilsvarande beløp i samband med meirutgifter til oppgraderinga av ein hangar i Tromsø, jf. omtale under post 45.
Auka utgifter i samband med Sea King-redningshelikopterflåten og reduserte ordinære driftsutgifter til redningshelikoptertenesta m.m.
Sea King-helikoptera skal levere fleire flytimar på grunn av at innfasinga av dei nye redningshelikoptera er forseinka. Dette aukar kostnadene til vedlikehald av motorar og komponentar. I tillegg skal det gjennomførast fleire timar simulatortrening for Sea King-mannskap. Det er anslått eit meirbehov på 14,5 mill. kroner, som blir foreslått finansiert innanfor løyvinga på posten som følgje av lågare forventa utbetaling til leverandør, jf. omtale under.
Ein reknar med å spare inn 50 mill. kroner på grunn av ei lågare forventa utbetaling til leverandøren i samband med dei redningshelikopterbasane som er sette i drift med SAR Queen. Det blir lagt opp til at delar av desse midlane dekker auka driftsutgifter i samband med Sea King-redningshelikopterflåten og delar av meirbehovet knytt til oppgraderinga av hangaren i Tromsø, jf. omtale ovanfor og omtale under post 45. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 35,5 mill. kroner.
Prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,4 mill. kroner pga. lågare utgifter enn budsjettert til konsulentbistand og administrasjon i prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter.
Oppsummering
Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 39,4 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten dekker investeringar i samband med kjøp av nye redningshelikopter og etableringa av ein ny redningshelikopterbase i Tromsø.
Etablering av redningshelikopterbase i Tromsø
Departementet foreslår å auke løyvinga med 9 mill. kroner som følgje av meirutgifter til oppgraderinga av hangaren i Tromsø, jf. omtale under post 01.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner som følgje av auka valutautgifter i 2022 knytt til å få etablert den nye redningshelikopterbasen i Tromsø.
Prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter
Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av 2023. Det er uvisse om framdrifta mellom anna pga. meir treningsbehov og utfordringar i leveransane av helikoptera, jf. Justis- og beredskapsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023). Tidspunkt for å sette dei to siste redningshelikopterbasane Rygge og Florø i drift, er til vurdering. Justis- og beredskapsdepartementet vil komme tilbake til saka på eigna måte.
Fleire tidspunkt for milestolpebetalingane i prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter er endra. Ein treng derfor ikkje setje av like mykje midlar som ein først rekna med, til forventa tillegg og uspesifiserte kostnader. Saman med endringar i utgiftene til m.a. helikopterleverandøren, innfasingsprosjektet i Forsvaret, utbetring av landingsplassar ved sjukehus, eigedom, bygg og anlegg og innleige av sivil kapasitet i Florø fører dette til at kostnadene til prosjektet blir lågare enn forventa i 2022. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 137 mill. kroner.
Oppsummering
Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 126,5 mill. kroner.
Kap. 455 Redningstjenesten
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterselskap og frivillige redningsorganisasjonar, i konkrete redningstilfelle. Vidare omfattar ho utgifter til refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.
Det er eit auka behov på posten som følgje av hendingar som krev større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn tidlegare. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 6 mill. kroner.
Post 72 Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester
Løyvinga på posten skal bl.a. dekke tilskot til Telenor for tenesta dei utfører i samband med nød- og tryggingstenesta til Kystradioen, og til å halde ved lag 24-timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn, i tillegg til ev. andre tilskot innanfor rednings- og beredskapsfeltet.
Prognosen på posten viser eit mindreforbruk på om lag 3 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner.
Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker hovudsakleg utgifter til juridisk bistand i straffesaker til personar som har rett til advokatbistand i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande av eller etterlatne etter den fornærma. Posten er regelstyrt.
Regjeringa fremma forslag til ei ny valdserstatningslov i september 2021, jf. Prop. 238 L (2020–2021) Lov om erstatning fra staten til voldsutsatte (voldserstatningsloven). Lova skulle opphaveleg tre i kraft medio 2022, og endringane vart innarbeidde i statsbudsjettet for 2022. Lova vart i staden vedteken med nokre justeringar i mai 2022, sjå Lovvedtak 70 (2021–2022) og Innst. 310 L (2021–2022). Den nye lova trer først i kraft 1. januar 2023. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga med 8 mill. kroner.
Kap. 469 Vergemålsordningen
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgifter til verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjersle og utgifter til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.
Mindre bruk av advokatverjer og færre utbetalingar til representantar for mindreårige asylsøkarar har vore dei viktigaste årsakene til lågare utgifter på posten. Det var venta at krigen i Ukraina kunne føre til auka utbetalingar til representantar. Det har ikkje vore tilfellet, og utgiftene på posten er lågare enn forventa. På bakgrunn av analysar av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 foreslår departementet å redusere løyvinga med 37,4 mill. kroner.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelpslova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltningsorgan som fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda mfl. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelpslova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ.
I saldert budsjett er det lagt til grunn ein 30 pst. auke i inntektsgrensene for fri rettshjelp. Bistand i barnesakene utgjer ein stor del av kostnadene til fri rettshjelp. Foreldretvistane som går for domstolane, er langvarige, og utgiftene til advokat vil ofte gå over fleire år. I 2022 er det venta lågare utbetalingar i barnesaker enn det som er lagt til grunn for løyvinga på posten.
Regjeringa fremma forslag til ny valdserstatningslov i september 2021, jf. Prop. 238 L (2020–2021) Lov om erstatning fra staten til voldsutsatte (voldserstatningsloven). Lova skulle opphaveleg tre i kraft medio 2022, og endringane vart innarbeidde i statsbudsjettet for 2022. Lova vart i staden vedteken med nokre justeringar i mai 2022, sjå Lovvedtak 70 (2021–2022) og Innst. 310 L (2021–2022). Den nye lova trer først i kraft 1. januar 2023. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 2,8 mill. kroner.
Departementet foreslår samla å redusere løyvinga med 103,9 mill. kroner.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning
Posten blir belasta når staten blir dømd til, eller har inngått forlik om, å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Posten blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje om erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare nytta til å dekke sakskostnadene til ein motpart og forseinkingsrenter som har komme til inntil éin månad etter at ein dom har blitt rettskraftig. Posten er regelstyrt.
Departementet er varsla om at det er inngått forlik i ei større erstatningssak. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga med 23,8 mill. kroner.
Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning
Post 70 Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten skal dekke erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt.
Produksjonen ved Kontoret for valdsoffererstatning vart lågare enn forventa i 2022.
På bakgrunn av analysar av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 foreslår departementet å redusere løyvinga med 55,9 mill. kroner.
Kap. 475 Bobehandling
Post 01 Driftsutgifter, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten dekker staten sitt ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs (rekvirenten), ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73.
Utgiftene er avhengige av konjunkturar og kan svinge ein del. På bakgrunn av analysar av rekneskapstal og forventa utvikling i 2022 foreslår departementet å redusere løyvinga med 28,9 mill. kroner.
Kap. 480 Svalbardbudsjettet
Post 50 Tilskudd
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 480, post 50, med 36,9 mill. kroner. Når det gjeld sjølve svalbardbudsjettet, har departementet desse forslaga:
Kap. 0005 Sysselmeisteren, post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner for å heve beredskapsevna hjå Sysselmeisteren, bl.a. til fullføring av byggeprosjektet for mellombelse lokale til personkontroll ved Svalbard lufthamn, og utstyr for deteksjon av dronar.
Sysselmeisteren har hatt auka kostnader til drift samanlikna med det som låg til grunn for saldert budsjett for 2022. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Departementet foreslår samla å auke løyvinga på kap. 0005, post 01 med 4 mill. kroner.
Kap. 0007, post 01 Skred- og bustadtiltak
Kostnadsanslaget for avslutning av sikringstiltak under fjellet Sukkertoppen er auka med 5 mill. kroner. Dei auka kostnadene utgjer pliktige justeringar av allereie inngåtte kontraktar. Departementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner som følgje av dette, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 491, post 01.
Kostnadsanslaget for sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen er auka med 15 mill. kroner, til totalt 90 mill. kroner. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vurdert det som nødvendig å lyse ut anbodet på nytt hausten 2022, og tiltaket er dermed forseinka samanlikna med den opphavlege framdriftsplanen. Forseinkinga inneber at NVE anslår at 10 mill. kroner vil komme til utbetaling i 2022, mot tidlegare berekna 40 mill. kroner. Av omsyn til realistisk budsjettering foreslår departementet å redusere løyvinga med 30 mill. kroner som følgje av forseinkinga.
Bestillingsfullmakta knytt til sikringstiltaket i Vannledningsdalen på posten i 2022 foreslår departementet å auke med 45 mill. kroner, til totalt 80 mill. kroner, jf. forslag til romertalsvedtak. 30 mill. kroner av beløpet følgjer av forseinkingar i prosjektet, og 15 mill. kroner kjem av ein auke i kostnadsanslaget. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om saken i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023.
Departementet foreslår samla å redusere løyvinga på kap. 0007, post 01, med 25 mill. kroner.
Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar, post 01 Drift og vedlikehald
Utgiftene til vedlikehald av navigasjonsinnretningar på og ved Svalbard har vore lågare enn det som ligg til grunn for saldert budsjett. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 900 000 kroner.
Kap. 3030 Skattar og avgifter, post 30 Skattar m.m.
Prognosen frå Skatteetaten syner ein forventa auke i skatteinntektene på 15 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett. Departementet foreslår derfor å auke inntektsløyvinga med 15 mill. kroner. Tilskotet til svalbardbudsjettet foreslår ein å redusere tilsvarande, som ei parallelljustering.
Kap. 481 Samfunnet Jan Mayen
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner. Som følgje av pandemien og dei påfølgjande smitteverntiltaka har det vore lågare utgifter bl.a. til vedlikehald på Jan Mayen enn det som vart lagt til grunn ved saldert budsjett for 2022.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UDI. Det inkluderer lønn til tilsette, IT-system, utstyr, anskaffingar med unntak av større investeringar og mottak for asylsøkarar.
Mindreforbruk Ukraina
Det er eit mindreforbruk som kjem av at utgiftene knytte til krigen i Ukraina, har blitt lågare enn ein tidlegare rekna med. Blant anna har rekrutteringa av nytilsette gått saktare enn planlagt, fordi det har vore utfordrande å få tak i riktig kompetanse til mellombelse stillingar. I tillegg har det vore mindre behov for å leige inn ressursar, bl.a. i samband med innkjøp, enn ein først rekna med. Dei reduserte behova gjer det mogleg å redusere løyvinga med 20,8 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av mottak for asylsøkarar, inkludert integreringsmottak.
Redusert behov for mottaksplassar
Det er ei mindreutgift på posten som i hovudsak kjem av eit redusert behov for mottaksplassar. I sum har prognosen for innkomstar i 2022 auka, men det har vore ei høgare busetjingstakt enn det som tidlegare vart lagt til grunn.
Mindrebehovet for mottaksplassar er òg knytt til at det har blitt overført færre flyktningar til Noreg frå Moldova, og at det har komme færre personar gjennom EU-ordninga for medisinsk evakuering av ukrainarar (Medevac, i regi av EU-ordninga for sivil beredskap – UCPM) enn det ein tidlegare har gått ut frå. Ambisjonsnivået som ligg til grunn frå revidert nasjonalbudsjett 2022, er å overføre 500 personar frå Moldova og evakuere 550 pasientar (pårørande i tillegg), og det vart lagt til grunn at desse ville bli innkvarterte i mottakssystemet. Dei siste prognosane tilseier at Noreg vil ta imot om lag 140 frå Moldova og om lag 150 pasientar gjennom Medevac i 2022. Arbeidet med å overføre personar vil halde fram i 2023.
Lågare utgifter til barnefagleg kompetanse
Det har òg vore lågare utgifter til tilsette med barnefagleg kompetanse i dei mellombelse asylmottaka fordi fleire av desse har blitt avvikla relativt raskt. Vidare har bebuarar med kollektivt vern i mindre grad enn ordinære asylsøkarar generert utgifter til vakthald og reiser.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 490, post 21, med 1 310,3 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse
Løyvinga på posten dekker utgiftene UDI har i samband med tolking og omsetjing under behandlinga av asylsaker. Løyvinga skal òg dekke kvalitetssikringsarbeid i samband med intervju og omsetjingar.
Det har blitt gjennomført færre asylintervju og vedtakssamtalar enn først forventa på grunn av forenkla behandling av søknader om vern frå ukrainske statsborgarar. Dermed blir utgiftene lågare enn det ein har rekna med, og departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 10,1 mill. kroner.
Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak
Vertskommunetilskotet skal dekke utgifter til helsetenester, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak og omsorgssenter i vertskommunane.
Det er berekna at utgiftene på posten blir 622,1 mill. kroner, noko som gir ein reduksjon på 358,4 mill. kroner samanlikna med gjeldande løyving. Det reduserte behovet kjem primært av færre forventa alternative mottaksplassar (AMOT) og eit lågare behov for mottakskapasitet, sjå forklaring under kap. 490, post 21. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 358,4 mill. kroner.
Post 70 Stønader til beboere i asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til stønadsordninga som omfattar økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv, og andre nødvendige ytingar.
Prognosen for 2022 er på 185,2 mill. kroner, noko som gir ein utgiftsreduksjon på 172 mill. kroner samanlikna med gjeldande løyving. Det reduserte behovet heng primært saman med at ein forventar eit redusert gjennomsnittsbelegg i mottak, og at ein større del søkarar bur i mottak med fri kost (kantinedrift), der kontantytingane er lågare enn i mottak med sjølvhushald. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 172 mill. kroner.
Post 72 Assistert retur og reintegrering i hjemlandet
Løyvinga på posten skal bidra til at personar som har fått endeleg avslag på søknaden om vern, og andre personar utan lovleg opphald i Noreg, returnerer til heimlandet. Løyvinga skal òg leggje til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet. Posten finansierer stønadsordningar og tilskotsordningar som kan nyttast til informasjons- og motivasjonsarbeid som skal bidra til assisterte returar eller tilbakevending frå Noreg.
Til grunn for saldert budsjett på posten ligg gjennomføring av 220 assisterte returar i år, og 15 flyktningar som vender tilbake til heimlandet. Oppdaterte prognosar tilseier 80 returar og 350 flyktningar som vender tilbake til heimlandet i 2022. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 490, post 72, med 600 000 kroner.
Post 73 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak, kan nyttes under kap. 671, post 60
Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet som FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR), International Organization for Migration (IOM) og ev. andre organisasjonar gjer med overføring av flyktningar.
Det har vore lågare utgifter til uttakskommisjonar enn forventa trass i at alle uttakskommisjonane vil bli gjennomførte som planlagt. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 490, post 73, med 4,9 mill. kroner.
Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres
Løyvinga skal dekke kontingentar og andre innbetalingar til internasjonale samarbeidsorgan på migrasjonsområdet. Kontingentane som løyvinga dekker, blir utbetalte i utanlandsk valuta. Storleiken på Noreg sine kontingentar og innbetalingar blir berekna på bakgrunn av prognosar for aktivitet i det aktuelle året.
Det er lågare utgifter til EUs asylsamarbeid i 2022 enn forventa. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 490, post 74, med 3,3 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, kan overføres
Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar.
Løyvinga på post 75 er 52,4 mill. kroner, og det er forventa at det vil bli mindreutgifter på 6,1 mill. kroner. Mindreutgiftene kjem i hovudsak av lågare forventa innkomst av fordrivne frå Ukraina via ordningane for Moldova og Medevac.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 490, post 75, med 6,1 mill. kroner.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter
Visse utgifter på kap. 490, post 01 og 72, knytte til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og for at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Det er ein reduksjon i delen av utgiftene på kap. 490, post 01, og kap. 490, post 72, som er ODA-godkjend.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 3490, post 01, med 800 000 kroner.
Post 03 Reiseutgifter for flyktninger til og fra utlandet, ODA-godkjente utgifter
Reiseutgifter til og frå utlandet for flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.
På bakgrunn av endringar på kap. 490, post 01 og post 75, og fordi posten ikkje vart justert i tråd med endringane på post 01 og post 75 i samband med revidert nasjonalbudsjett, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3490, post 03, med 19 mill. kroner.
Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter
Visse innanlandske utgifter knytte til innkvartering av asylsøkarar og flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.
Inntektsanslaget knyter seg til utgifter over kap. 490, post 21, 60, 70 og 71. På bakgrunn av ei foreslått redusert løyving på postane 21, 60 og 70 foreslår departementet å redusere løyvinga med 1 749,2 mill. kroner.
Post 06 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter
Utgifter knytte til overføring av flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.
På bakgrunn av forslag om endringar på kap. 490, post 73 foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3490, post 06, med 4,9 mill. kroner.
Post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til tolk, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.
Siste prognoser tilseier lågare utgifter til tolk og omsetjing på kap. 490, post 22, i 2022.
Inntektsanslaget på posten er berekna til 8,5 mill. kroner i 2022. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 3490, post 07, med 9,5 mill. kroner.
Post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter
Utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til eit tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og/eller transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC.
Inntektsanslaget knyter seg til utgifter på kap. 490, post 72 og post 76. Det er ein auke i delen personar som kjem frå ODA-land. Dette fører til eit meirbehov på 900 000 kroner.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 3490, post 08, med 900 000 kroner.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under post 21
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UNE.
Det er venta eit mindreforbruk på 5 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 480, post 50.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under post 1
Løyvinga på posten skal dekke utgifter i samband med avvikling av nemndmøte.
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 6,5 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av at Utlendingsnemnda har hatt færre saker om tilbakekalling av statsborgarskap enn forventa.