Prop. 20 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Kunnskapsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til endringar i statsbudsjettet 2023

Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av inntektsløyvinga på kap. 3222, post 02.

Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

Post 02 Salsinntekter o.a.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner som følge av høgare inntekter frå sal av fjernundervisningstenester frå Sørsamisk kunnskapspark og dei statlege samiske vidaregåande skulane i Kautokeino og Karasjok enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2023.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,8 mill. kroner på grunnlag av oppdaterte anslag for utgiftsbehov på posten. Reduksjonen kjem særleg av eit mindreforbruk til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i høve til Saldert budsjett 2023.

Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 59,4 mill. kroner som følge av at færre elevar utløyser tilskot enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.

Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 39,3 mill. kroner som følge av at rentesatsane i ordninga blei lågare enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2023.

Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,6 mill. kroner som følge av lågare omfang av opplæring i kvensk eller finsk som utløyser tilskot enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2023.

Post 74 Prosjekttilskot

I 2023 er ordninga for prosjekttilskot retta mot tiltak som skal betre læringsmiljøet gjennom tiltak mot mobbing. Etter at Utdanningsdirektoratet har avslutta søknadsbehandlinga for 2023 er det eit mindrebehov på 2,6 mill. kroner, og departementet foreslår derfor å redusere løyvinga tilsvarande.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

Post 04 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp og refusjon frå Utanriksdepartementet blir ført på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 28,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast særleg lågare utgifter til opplæring av flyktningar frå Ukraina på kap. 225, post 64 enn lagt til grunn i samband med revidert budsjett for 2023.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner til eit eingongstilskot til Lesesenteret for å utvikle fleire kompetansetiltak og støtteressursar til leseopplæringa i skulen. Dette vil styrke skulane i arbeidet med å utvikle leseferdigheitene til elevane i alle fag. Lesing er svært viktig for å kunne tileigne seg kunnskap, uttrykke seg, delta i samfunnet og utvikle kritisk sans. Lesing er også avgjerande for å kvalifisere seg til vidare utdanning og ikkje minst til eit arbeidsliv som stadig etterspør meir kompetente arbeidstakarar.

Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 3,4 mill. kroner til eit eingongstilskot til TENK, som er skuleressursen til faktisk.no. Tilskotet vil styrke arbeidet med gode undervisningsressursar knytta til situasjonen i Midtøsten og støtte skulane i arbeidet med kjeldekritikk, kritisk tenking og demokrati og medborgarskap.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 13,4 mill. kroner.

Kap. 228 Tilskot til private skular o.a.

Post 70 Private grunnskular, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 177,9 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2023.

Post 71 Private vidaregåande skular, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 12,5 mill. kroner. Dette kjem av endringar i talet på elevar og korleis dei fordeler seg mellom utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, i høve til det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2023.

Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett 2023.

Post 73 Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 22,9 mill. kroner, i hovudsak som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett 2023.

Post 74 Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 4,1 mill. kroner, i hovudsak som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett 2023.

Post 75 Private skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 58 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett for 2023.

Post 76 Andre private skular, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,7 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett for 2023.

Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner som følge av lågare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett for 2023.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner som følge av at det berre var to skular som til saman hadde 33 elevar på utveksling gjennom ordninga i skuleåret 2022–23.

Kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av inntektsløyvinga på kap. 3242, post 45.

Kap. 3242 Noregs grøne fagskule – Vea

Post 02 Salsinntekter o.a.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner som følge av høgare inntekter enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2023.

Kap. 253 Folkehøgskular

Post 70 Tilskot til folkehøgskular

Ringsaker Folkehøgskole er lagd ned frå 1. juli 2023, og det skal derfor ikkje utbetalast tilskot til skulen for hausten 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 4,4 mill. kroner.

Fire folkehøgskular får redusert tilskot hausten 2023 som følge av at dei har ein dekningsgrad på mindre enn 50 pst. av godkjent internatkapasitet. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4 mill. kroner som følge av dette.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 8,4 mill. kroner.

Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Post 01 Driftsutgifter

I 2023 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse større inntekter mellom anna frå EU til administrasjon av programmet Erasmus+ enn det som er lagt til grunn i budsjettet. På denne bakgrunn foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på posten med 14,6 mill. kroner og ein tilsvarande auke i inntekter over kap. 3256, post 02.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse forventar større oppdragsinntekter i 2023 enn i 2022 fordi dei har delteke i fleire EU-prosjekt. På denne bakgrunn foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på posten med 10,1 mill. kroner og ein tilsvarande auke i inntekter over kap. 3256, post 01.

Kap. 3256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Post 01 Inntekter frå oppdrag

I 2023 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse større oppdragsinntekter frå EU-prosjekt enn det som er lagt til grunn i budsjettet. På denne bakgrunn foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på posten med 10,1 mill. kroner og ein tilsvarande auke i utgifter over kap. 256, post 21.

Post 02 Inntekter frå refusjonar o.a.

I 2023 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse større inntekter mellom anna frå EU til administrasjon av programmet Erasmus+ enn det som er lagt til grunn i budsjettet. På denne bakgrunn foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på posten med 14,6 mill. kroner og ein tilsvarande auke i utgifter over kap. 256, post 01.

Kap. 257 Kompetanseprogrammet

Post 70 Tilskot, kan overførast

Gjeldande løyving på posten er 180,6 mill. kroner, medan det er overført 227,1 mill. kroner frå 2022 til 2023. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner. Mindrebehovet skuldast i hovudsak mindreforbruk til prosjekt som har fått tilsegn om tilskot innanfor ordninga Kompetansepluss, men der tilskot ikkje blir utbetalt i år fordi mottakarane førebels ikkje har registrert deltakarar på tilboda.

Kap. 270 Studentvelferd

Post 74 Tilskot til velferdsarbeid o.a.

I 2023 er det sett av eit øyremerka tilskot på 1,9 mill. kroner til International Students’ Union of Norway (ISU), jf. Innst. 12 S (2022–2023) og Prop. 1 S (2022–2023). Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar midlane til dei landsomfattande interesseorganisasjonane for studentar. På bakgrunn av manglande rapportering og dokumentasjon frå ISU, vurderer HK-dir at det er betydeleg risiko for brot på vilkår og føresetnader for statstilskotet. HK-dir har opna tilsyn med ISU og tilrår mellom anna at dei ikkje får tilskot frå og med 2023. Kunnskapsdepartementet foreslår at løyvinga på posten blir redusert med 1,9 mill. kroner.

Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

Utbetaling av tilskot til studentsamskipnadene som har fått tilsegner til byggeprosjekt blir gjort i tråd med framdrifta i prosjekta. Gjeldande løyving på posten er 890 mill. kroner. Prognosane frå Husbanken viser at utbetalingane av tilskot vil vere 806,6 mill. kroner i 2023. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 83,4 mill. kroner. Det er vidare behov for å redusere tilsegnsfullmakta frå 1 693 mill. kroner til 829,1 mill. kroner, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Tilsegnsfullmakta i 2023 skal dekke utbetalingar i framtida, dvs. frå og med 2024, av gamle og nye tilsegner medan løyvinga på kap. 270, post 75 skal dekke utbetaling i 2023. I Prop. 1 S (2022–2023) la departementet ved ein feil løyvinga på 871,4 mill. kroner på kap. 270, post 75 for 2023 til i berekning av tilsegnsfullmakta, og samla ramme blei derfor 871,4 mill. kroner høgare enn den skulle ha vore.

Kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt

Post 50 Verksemdskostnader

Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør betaler årleg Noregs kontingent til NORDUnet AS. NORDUnet AS organiserer samarbeidet mellom dei nordiske forskingsnetta. Kunnskapsdepartementet har tildelt Sikt 43,4 mill. kroner på posten i 2023. Sikt betaler kontingenten kvartalsvis, og utbetalinga for fjerde kvartal i 2023 står att. På grunn av valutaendringar må beløpet justerast. Sikt har betalt om lag 26,5 mill. kroner hittil for kontingenten i 2023, og det står att å betale om lag 8,9 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere kap. 273, post 50 med 7,9 mill. kroner.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

Post 55 Verksemdskostnader

I revidert budsjett for 2023 overførte Justis- og beredskapsdepartementet 1,2 mill. kroner frå kap. 400, post 23 til Kunnskapsdepartementets kap. 285, post 55 til arbeidet i Noregs forskingsråd som nasjonalt koordineringssenter for cybertryggleik. Justis- og beredskapsdepartementet har ved ein feil betalt ut midlane til Forskingsrådet over sitt budsjett. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor i 2023 å føre tilbake 1,2 mill. kroner til Justis- og beredskapsdepartementets kap. 400, post 23.

Kap. 288 Internasjonalt samarbeid

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Kunnskapsdepartementet foreslår å auka løyvinga med 234 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på Utanriksdepartementets kap. 118, post 73. Auken skriv seg frå at det norske bidraget til Havpanelet er lågare enn tidlegare føresett.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 33,4 mill. kroner. Krigen i Ukraina, høg inflasjon, stor auke i energikostnadane og mangel på kritiske komponentar påverkar drifta av fleire store forskingsinfrastrukturar. Om lag 18,6 mill. kroner av løyvingsauken er Noregs del av eit ekstraordinært, eingongs kontingentbidrag til CERN for å oppretthalde forskingsaktiviteten mest mogeleg i denne situasjonen. Om lag 258 000 kroner er Noregs del av eit spleiselag for å dekke Ukrainas CERN-kontingent. Resten av auken på posten skriv seg frå endringar i valutakurs og gjeld kontingentutbetalingane til alle dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane.

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 231,5 mill. kroner. Auken skriv seg frå endringar i valutakurs.

Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 58,8 mill. kroner. Auken skriv seg frå endringar i valutakurs.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Barnestipend, tilleggsstipend for personar med nedsett funksjonsevne og flyktningstipend for vaksne støttemottakarar, blir behovsprøvd mot inntekt, trygd og formue. Anslag frå Lånekassen tilseier at meir stipend vil bli omgjort til lån enn tidlegare lagt til grunn. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 28,9 mill. kroner.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 214,7 mill. kroner som følge av at den flytande renta på utdanningslån for 2023 blei 0,28 prosenteiningar lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2023.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 100 mill. kroner. Endringa skuldast ein auke i omfanget av utdanningsgjeld som blir avskriven grunna uførleik i høve til føresetnadene som blei lagde til grunn i gjeldande budsjett for 2023.

Post 74 Tap på utlån

Den observerte utviklinga så langt i år tyder på at omfanget av permanent overføring til Statens innkrevingssentral (Skatteetaten) av misleghalde gjeldskrav blir lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 63 mill. kroner.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 90,8 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at det har påløpt mindre renter enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2023.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

Post 89 Purregebyr

Det ligg an til å bli fleire purringar enn det som blei lagt til grunn i revidert budsjett for 2023. Departementet foreslår å auke løyvinga med 13,4 mill. kroner.

Post 90 Redusert lån og rentegjeld

Regnskapstal per 30. september tilseier at innbetalte avdrag på studielån blir lågare enn tidlegare lagt til grunn. Samstundes aukar innbetalinga av rentar frå tidlegare år. Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 287,9 mill. kroner.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

Post 80 Renter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 821,2 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at den vekta flytande renta på utdanningslån for 2023 blei om lag 0,2 prosenteiningar lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2023.

Til forsida