1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
1.1 Innleiing
Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2021. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemde organisasjonane er enno ikkje avslutta.
Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.
1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.
Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2021–30. juni 2022, tok til 12. mai 2021. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 12. mai. Tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 19. mai. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.
Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda frå 1. juli på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra forskriftar. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.