Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2021 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2021 m.m.)
I
I statsbudsjettet for 2021 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
2315 | 01 | Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med | 2 045 000 000 |
502 | 71 | Opplæring og utvikling av tillitsvalde auka med | 4 800 000 |
frå kr 203 900 000 til kr 208 700 000 |
II
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2021 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 27. mai 2021.
III
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2021 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 27. mai 2021.
IV
For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og derfor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
V
Stortinget samtykker i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.