Prop. 22 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Justis- og beredskapsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i Justis- og beredskapsdepartementet.

Dei økte asylinnkomstane til Noreg medfører meir oppgåver for Justis- og beredskapsdepartementet. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 5,0 mill. kroner.

Post 71Tilskot til internasjonale organisasjonar

Løyvinga dekker Noreg sine tilskot til internasjonale organisasjonar og internasjonalt samarbeid under Justis- og beredskapsdepartementet. Tilskot under posten utbetalast i hovudsak i utanlandsk valuta. Grunna valutaendringar blir det foreslått å auke løyvinga med 1,0 mill. kroner.

Kap. 413 Jordskiftedomstolane

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Jordskifteretten har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene blir ført i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal vere i balanse når saka er fullstendig. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 413, post 21 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3413, post 02. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir løyvinga foreslått redusert med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3413, post 02.

Kap. 3413 Jordskiftedomstolane

Post 02 Sideutgifter

Løyvinga er knytt til tilsvarande utgifter på kap. 413, post 21. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir løyvinga foreslått redusert med 2,0 mill. kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemmer, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne og reiseutgifter til desse. Løyvinga på posten dekker også utgifter til vitne som møter eller på anna måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen. På bakgrunn av mellom anna auke i talet på saker etter barnelova, blir det foreslått å auke løyvinga med 34,0 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorga

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.

Auka utgifter mot auka inntekter

Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3430, post 03.

Inntektene på kap. 3430, post 03 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2015. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 03.

Leige av fengselsplassar i Nederland – valutaendring

Leige av fengselsplassar i Nederland betalast i euro. Valutaendringar gjer at utgifter til leige aukar i 2015. Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,3 mill. kroner i forbindelse med dette.

Oppsummering

Samla blir det foreslått å auke løyvinga på kap. 430, post 01 med 10,3 mill. kroner.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv., kan overførast

Løyvinga dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslatne frå forvaring og varetektssurrogat. Domstolane avgjer om personar skal prøvelauslatast frå forvaring for opphald i institusjon eller kommunal bustad. Det er vanskeleg for kriminalomsorga å anslå utviklinga i utgifter. Med bakgrunn i rekneskapstall og venta utvikling, blir det foreslått å redusere løyvinga med 24,4 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorga

Post 03 Andre inntekter

Løyvinga dekker mellom anna leigeinntekter for teneste- og leigebustadar, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.

Inntektene på posten er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2015. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på kap. 3430, post 03 med 4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta, politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen).

Fleire asylsøkjarar

I Prop. 152 S (2014–2015) blei løyvinga på posten foreslått auka med 25 mill. kroner for å kunne handtere auka i talet på asylsøkjarar på ei god måte, og samstundes ha eit effektivt returarbeid. Den nye prognosen på 33 000 asylsøkjarar i 2015 medfører auke i utgiftene på posten, mellom anna knytt til investering i utstyr, auke i bemanning for registrering av asylsøkjarar og oppretting av nytt innkomstsenter i Østfold, og særskild auke av politiets kapasitet i Aust-Finnmark for å handtere situasjonen som følge av asylsøkjarane som kjem frå Russland over grensa på Storskog. Det blir på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga på posten med 54,6 mill. kroner, sjå også omtale under post 21. For nærmare omtale av prognosen for innkomst av asylsøkjarar, sjå omtale under kap. 490, post 21.

Fullmakt til å overskride

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2015 bir gitt fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten, post 21 Særskilde driftsutgifter med inntil 15 mill. kroner, dersom det er nødvendig for raskt å kunne setje i verk tiltak for å handtere eit høgare tal asylsøkjarar enn det som er lagt til grunn i løyvingsforslaget, jf. forslag til romertallsvedtak.

IKT i politiet

Det er dokumentert eit omfattande behov for fornying, modernisering og sikring av IKT-infrastrukturen i politiet. Svakheita kan ha alvorlege konsekvensar for operativ evne, tillit og omdømme til politiet. I tillegg kan det ha verknad for rettstryggleiken. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 14 mill. kroner til formålet i 2015.

Rammeoverføring – Nasjonalt beredskapssenter til politiet

Justis- og beredskapsdepartementet har avgjort at prosjekteringa av beredskapssenter på Alnabru skal avsluttast. Dette fører til lågare utgifter enn løyvd i 2015 på kap. 2445 Statsbygg, post 30, jf. omtale i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin nysalderingsproposisjon. Departementet skal sjølv ha ansvaret for den vidare prosjekteringa på Grønmo og Taraldrud. Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner knytt til etablering av ny prosjektorganisasjon i 2015.

Oppsummering

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 69,9 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga dekker sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i forbindelse med asylsaker, under dette utgifter til uttransporteringar i asylsaker og andre utlendingssaker.

Auke i talet på asylsøkjarar gir meirutgifter til tolk, språkanalyse og andre variable utgifter knytt til registrering av asylsøkjarar. Det blir foreslått å auke løyvinga med 13,9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjeremål

Løyvinga dekker sideutgifter i forbindelse med sivile gjeremål. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga med 3,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 07.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten

Post 07 Gebyr – sivile gjeremål

Løyvinga på posten dekker gebyrinntekter i forbindelse med den sivile rettspleia på grunnplanet dvs., gebyr for tvangsforretning og forliksrådsbehandling. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling blir det foreslått å auke løyvinga med 55 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 23.

Kap. 444 Politiets sikkerheitsteneste

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker driftsutgifter for Den sentrale enhet (DSE) i Politiets sikkerheitsteneste (PST), samt enkelte utgifter knytt til drifta av dei lokale PST-einingane i politidistrikta.

Livvakttenesta

PST har i 2015 hatt meirutgifter for livvakttenesta knytt til vern av NATO sin generalsekretær når han oppheld seg i Noreg. Det blir på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga med 3,7 mill. kroner.

Tilleggslokale

I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2015 blei løyvinga til PST auka med 63,5 mill. kroner til tilleggslokale. Arbeidet er forsinka. Det blir på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga med 62 mill. kroner.

Oppsummering

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 444 post 01 med 58,3 mill. kroner.

Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap

Post 70 Overføringar til private

Løyvinga på posten skal dekke tilskot til standardiseringsarbeidet på el-området i Noreg som blir behandla av Norsk Elektronisk komité. Vidare dekker posten tilskot til Norsk brannvernforening sitt arbeid retta mot brann i bustad. Posten dekker også tilskot til Norsk senter for informasjonssikkerheit (NorSIS). Stortinget har i tillegg brukt posten til å løyve tilskot til Rygge beredskapssenter.

I forbindelse med Stortinget si behandling av revidert nasjonalbudsjett 2015 blei det bevilga 2 mill. kroner til Rygge beredskapssenter på kap. 451, post 70. Rygge Beredskapssenter er ikkje ei juridisk eining, og kan derfor ikkje tildelast tilskot. Regjeringa foreslår å tildele tilskotet til Østfold fylkeskommune som eigar av prosjektet.

Kap. 454 Redningshelikoptertenesta

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter, samt ressursar knytt til oppfølging av prosjektet. Løyvinga inkluderer vidare ein handlingsplan for dagens Sea King- redningshelikopterflåte, som skal hjelpe til å oppretthalde drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er innført.

I forbindelse med nettoordninga for meirverdiavgift blir det foreslått å redusere løyvinga med 5,4 mill. kroner. 5,1 mill. kroner er meirverdiavgift av ubrukt løyving som er overført frå 2014 til 2015, medan 0,3 mill. kroner skuldast ein avrundingsfeil ved reduksjon av løyvinga i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2015.

Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga dekker investeringar til den offentlege redningshelikoptertenesta og investeringar knytt til innkjøp av nye redningshelikopter. Løyvinga skal vidare dekke investeringane ved vedlikehalds-, oppgraderings- og modifiseringsprogrammet for Sea King-redningshelikopter.

Nettoordninga for meirverdiavgift.

I forbindelse med nettoordninga for meirverdiavgift blir det foreslått å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, som utgjer meirverdiavgift av ubrukt løyving overført frå 2014 til 2015.

Innkjøp av nye redningshelikopter

Løyvinga knytt til innkjøp av nye redningshelikopter blir konsekvensjustert i tråd med det som er realistisk løyving i fastsett styringsramme (P50). Løyving avsett til uvisse vil ikkje bli brukt i 2015. I tillegg er betaling for utdanning av helikopterflygarar og utbetring av landingsplassar ved sjukehus utsett til 2016, samt at det blir lågare utgifter til investering i eigedom, bygg og anlegg enn tidlegare antatt. På denne bakgrunn blir det foreslått å redusere løyvinga med 170 mill. kroner.

Oppsummering

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 173 mill. kroner.

Kap. 455 Redningstenesta

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfellet, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell mv. Utgiftene varierer med mengde og omfang av redningsaksjonar.

Det har m.a. vore auka bruk av sivile helikopter og utgifter til Røde Kors og Norske redningshundar i 2015. På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker staten sine utgifter knytt til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og staten sine plikter som følge av utbygging og drift av Nødnett. Løyvinga omfattar m.a. utgifter til prosjektering i direktoratet knytt til trinn 2, driftsutgifter for innføringsprosjekt brann, tilleggselement innan brann og helse og drift av nettet i trinn 2 i utbyggingsperioden. Utgifter til drift av Nødnett inkluderer utgifter til leige av datalinjer og plassering av nytt utstyr i eksisterande basestasjonar.

Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 456, post 01 mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3456, post 02.

Ein del av avsetninga til uvisse for 2015 skal flyttast til 2016. I tillegg har flytting av milestolpar medført seinare start av betaling for driftsutgifter til leverandør av Nødnett. Ettersom delar av dette gjeld driftsutgifter som blir refunderte av etatar og andre brukarar, medfører dette også nedjustering av løyvinga på kap. 3456, post 03 Faste refusjonar. På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 60 mill. kroner.

Som ein del av Regjeringa sitt samla budsjettforslag, blir det foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 61 mill. kroner.

Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga dekker staten sine utgifter knytt til investering i radionett, utstyr til nødetatane sine kommunikasjonssentralar og radioterminalar knytt til utbygginga av trinn 2 av Nødnett. Det er vidare sett av midlar for å støtte etatane sine innføringsprosjekt. I løyvinga inngår vidare utvikling av funksjonen til Hovedredningssentralanes kommunikasjonsmiddel.

Grunna endring av betalingsmilestolpar er det behov for å auke løyvinga, for å kunne betale leverandørar i 2015. Auken skuldast vidare behov for tilleggskjøp frå etatar og andre Nødnettbrukarar gjennom DNK sine kontraktar med leverandør. Dette medfører også auke av løyvinga på kap. 3456, post 02 Variable refusjonar.

På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 160 mill. kroner.

Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon

Post 01 Brukarbetaling

Løyvinga dekker brukarbetaling knytt til utgifter til drift av Nødnett.

Det er venta lågare inntekter frå abonnementsordninga enn tidlegare vurdert. Dette skuldast at brukarar i trinn 2-området tek i bruk Nødnett noko seinare enn tidlegare tenkt. I tillegg er betalinga frå 110-sentralane noko redusert som følge av at start av betaling frå 110-sentralane er forskyvd.

På denne bakgrunn blir det foreslått å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Post 02 Variable refusjonar

Løyvinga dekker refusjonar frå brukarane av Nødnett i forbindelse med at DNK har variable drifts- og utbyggingsutgifter som blir initiert av brukarane.

Det blir vist til omtale under kap. 456, post 01 og post 45 om oppjustering som følge av auka anleggsbidrag og tilleggskjøp frå etatar og andre brukarar. Vidare skuldast justeringa at refusjon av anleggsbidrag utgiftsført på kap. 456, post 01 i 2014 blei refundert i 2015.

På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 95 mill. kroner.

Post 03 Faste refusjonar

Det blir forventa reduksjon i refusjonar frå Nødnett sine brukarar i trinn 2-området knytt til løpande driftsutgifter for Nødnett-utstyr, jf. også omtalen knytt til nedjusteringar på kap. 456, post 01.

På den bakgrunn blir det foreslått å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.

Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde sak eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekker òg tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekker vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekker dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justis- og beredskapsdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, blir det foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner.

Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker godtgjersle til kommisjonens medlemmer og anna godtgjersle, lønn til medarbeidarane i sekretariatet samt andre driftsutgifter knytt til sekretariatet til kommisjonen. På bakgrunn av m.a. at kommisjonen ikkje har vore fullt bemanna i 2015, blir det foreslått å redusere løyvinga med 800 000 kroner. Løyvinga på kap. 469, post 01 blir foreslått auka tilsvarande, jf. omtale under kap. 469, post 01.

Kap. 469 Verjemålsordninga

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker driftsutgifter til fylkesmanns-embeta og sentral verjemålsmyndighet.

Driftsutgiftene til fylkesmannsembeta er høgare enn forutsett, som følge av auken i mengda einslege mindreårige asylsøkjarar. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner. Løyvinga på kap. 468, post 01 blir som delvis dekning for dette forslått redusert med 800 000 kroner, jf. omtale under kap. 468, post 01.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til vederlag og utgiftsrefusjon for verjer, jf. verjemålslova § 30, og godtgjering og utgiftsrefusjon for representantar til einslege mindreårige asylsøkjarar og utgifter til tolkar, jf. utlendingslova § 98 f.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, blant anna som følge av ein auke i mengda godtgjeringar til representantar til einslege mindreårige asylsøkjarar, blir det foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner.

Kap. 3469 Verjemålsordninga

Post 01 Verjemåls-/representantordning, ODA-godkjende utgifter

Visse innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan i medhald av OECD/DAC sine statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Som følge av auken i utgifter til verjer, knytt til auke av einslege mindreårige asylsøkjarar, blir det foreslått å auke løyvinga med 11 mill. kroner.

Kap. 476 Eit historisk og moralsk oppgjer med behandlinga i Noreg av den økonomiske likvidasjonen av den jødiske minoriteten under 2. verdskrig

Post 71 Støtte utanfor Noreg sine grenser til å minnast og å utvikle den tradisjonen og kulturen som nazistane ønskte å utrydde

Stiftelsen til stønad av jødiske institusjonar eller prosjekt utanfor Noreg har bakgrunn i Stortinget sitt vedtak 11. mars 1999 om eit historisk og moralsk oppgjer med behandlinga i Noreg av den økonomiske likvidasjonen av den jødiske minoriteten under den 2. verdskrig, jf. St.prp. nr. 82 (1997–98), Innst. S. nr. 108 (1998–99). Stortinget løyvde 60 mill. kroner i 1999 for å støtte jødiske institusjonar eller prosjekt utanfor Noreg sine grenser. Løyvinga blei gitt på kap. 476. Stiftelsen skal nå avviklast og beløpet som er igjen vil bli disponert i samsvar med stiftelsen sitt formål.

Kap. 480 Tilskot til svalbardbudsjettet

Post 50 Driftsutgifter

Det blir foreslått å auke løyvinga til svalbardbudsjettet med 27 mill. kroner.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) har gjennom mange år gitt stabile heilårlege arbeidsplassar på Svalbard. Ein vesentleg reduksjon i kolprisen dei siste åra har ført selskapet inn i ein svært krevjande situasjon. Selskapet har derfor måtte seie opp tilsette. Regjeringa vurderer no situasjonen og dei vidare rammene for Store Norske. Eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk er oppretthalding av norske samfunn på øygruppa. For å støtte opp om dette målet foreslår regjeringa at det totalt løyvast 50 mill. kroner som på kort sikt skal bidra til arbeidsplassar og omstilling i Longyearbyen. Samtidig vil forslag til løyving byggje grunnlaget for ny næringsaktivitet også på lengre sikt mellom anna ved å gje Innovasjon Norge ei rolle i omstillinga av Longyearbyen. Sjå også nærmare omtale i Nærings- og fiskeridepartementet sin nysalderingsproposisjon. Regjeringa vil kome tilbake til ei vurdering av behovet for ytterlegare tiltak i ny melding til Stortinget som skal leggjast fram i 2016.

Løyvinga på svalbardbudsjettet skal dekke tilskot til Longyearbyen lokalstyre på 22 mill. kroner for raskt å setje i gang arbeidet med vedlikehald og utbetring av infrastruktur i Longyearbyen som til dømes veier, vassforsyning, bygningsmasse mv. Tiltaket vil gje etterspørsel etter arbeidskraft i anleggs- og byggjebransjen og redusere etterslep i vedlikehald.

For å sikre ei lokal forankring av arbeidet med omstilling og næringsutvikling i Longyearbyen, blir det også foreslått å løyve 4,5 mill. kroner til Longyearbyen lokalstyre og 0,5 mill. kroner til Svalbard Næringsforening.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

På bakgrunn av auka refusjonar frå politiet, Utlendingsnemnda og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet for bruk av Datasystemet for utlendings- og flyktningsaker (DUF), lønnsrefusjonar for utlån av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter som følger av formannskap i GDISC i eit år frå oktober 2014, blir det foreslått å oppjustere løyvinga på kap. 3490, post 05 med 4,2 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 490, post 01.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner til å auke UDI sin kapasitet på logistikkområdet knytt til mottak av asylsøkjarar.

For å dekke inngåtte forpliktingar foreslås posten redusert med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 490 post 23, særskilde driftsutgifter, kunnskapsutvikling.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 6,4 mill. kroner.

Fullmakt til å overskride

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2015 blir gitt fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 490 Utlendingsdirektoratet, post 01 Driftsutgifter med inntil 5 mill. kroner dersom det er nødvendig for raskt å kunne setje i verk tiltak for å handtere eit høgare tal asylsøkjarar enn det som er lagt til grunn i løyvingsforslaget, jf. forslag til romertallsvedtak.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak

Løyvinga på posten skal dekke staten sine utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar.

Anslaget for venta mengd asylsøkjarar i 2015 blei i Prop. 152 S (2014–2015), auka frå 11 000 til 16 000, og har i etterkant auka ytterlegare. Innkomsten kan bli både fleire og færre enn dette. Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga understrekar uvisse og anslår innkomstane i 2015 til å ligge i intervallet 30 000 – 40 000, med eit punktanslag på 33 000. Som følge av dei høge innkomstane har mottakskapasiteten blitt bygd opp raskt og det er oppretta mellombels akutt innkvartering. I tillegg har behovet for transittplassar auka og det har blitt behov for mellombels innkvartering av personar som ventar på å bli registrert av politiet. Auka utgifter knytt til behov for kapasitet i mottak er anslått til 1 439,5 mill. kroner. Som følge av løyvingsforslag i Innst. 20 S (2015–2016) blir meirbehovet redusert med 48 mill. kroner. Som følge av den auka innkomsten av asylsøkjarar blir det oppretta innkomstsenter i Østfold og i Sør-Varanger. Kostnadane knytt til opprettinga av desse innkomstsentera er estimert til høvesvis 100,6 mill. kroner og 54,3 mill. kroner i 2015. Det blir anslått eit behov på 14 mill. kroner knytt til transport av asylsøkjarar frå Kirkenes. Vidare blir auka utgifter knytt til å auke tryggleiken på mottak anslått til 37,2 mill. kroner. Det er uvisse knytt til anslaga.

På denne bakgrunn blir det samla foreslått å auke løyvinga på kap. 490, post 21 med 1 597,6 mill. kroner.

Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting

Løyvinga på posten skal dekke utgiftene UDI har til tolking og omsetting i forbindelse med behandlinga av asylsaker.

Som følge av kortare og meir effektiv avvikling av intervju blir det foreslått å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.

Post 23 særskilde driftsutgifter, kunnskapsutvikling

Det blir foreslått auke løyvinga på posten med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 490, post 01, jf. omtale under kap. 490, post 01.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar

Løyvinga på posten skal dekke kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i forbindelse med drift av mottak.

Som følge av auka asylinnkomstar blir det foreslått å auke løyvinga med 93 mill. kroner.

Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til økonomiske ytingar til asylsøkjarar og flyktningar i tida dei oppheld seg i mottak. Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.

Som følge av auka asylinnkomstar blir det foreslått å auke løyvinga med 34,4 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekke reiseutgifter for overføringsflyktningar, familiemedlemmer til personar med vern og flyktningar som drar tilbake til heimlandet.

Som følge av lågare reisekostnader blir det foreslått å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar på kap. 490, post 72 kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av lågare del returar til ODA-land blir det foreslått å redusere løyvinga med 12,6 mill. kroner.

Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til reiseutgifter for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om reduksjon på kap. 490, post 75 blir det foreslått å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner.

Post 04 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om auka løyvingar under kap. 490, post 21, post 60 og post 70, blir det foreslått å auka løyvinga med 1 495,2 mill. kroner.

Post 05 Refusjonsinntekter

Posten består av refusjon for fellestenester frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)og refusjon for andre verksemder si bruk av IKT-systemet DUF, samt andre mindre refusjonar.

På bakgrunn av auka refusjonar frå politiet, UNE og IMDi for bruk av DUF, lønnsrefusjonar for utlån av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter som følger av formannskap i GDISC i år, blir det foreslått å auke løyvinga med 4,2 mill. kroner.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 21 Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttes under kap. 491, post 01

Løyvinga på posten skal dekke utgifter knytt til behandling av saker i nemndmøte.

På grunn av lågare utgifter til nemndbehandling enn tidlegare lagt til grunn, blir det foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Til forsida