2 Forslag til endringar i statsbudsjettet 2021
Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag
Post 21 Særskilde driftsutgifter
ADMOD-prosjektet i Statistisk sentralbyrå (SSB) framskriv langsiktige behov for og tilgang på kompetanse i Noreg. Prosjektet går i første omgang vidare over fire år (2021–24) og er knytt til arbeidet i Kompetansebehovsutvalget (KBU). Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) er oppdragsgivar for ADMOD. Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet finansierer prosjektet. Som følge av dette foreslår regjeringa å rammeoverføre 300 000 kroner frå kap. 900, post 21 til kap. 201, post 21 Analyse og kunnskapsgrunnlag.
Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 4,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 3222, post 02, jf. omtale under den posten.
Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester
Post 02 Salsinntekter o.a.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 4,3 mill. kroner som følge av at dei statlege vidaregåande skulane i Karasjok og Kautokeino og Sørsamisk kunnskapspark har hatt høgare inntekter frå sal av undervisningstenester til kommunane enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2021.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa
Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 7,7 mill. kroner på grunnlag av oppdaterte anslag for utgiftsbehovet frå statsforvaltarane.
Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,9 mill. kroner som følge av at færre elevar utløyser tilskot enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 29,8 mill. kroner som følge av at rentesatsane i ordninga blei lågare enn renteføresetnaden i revidert budsjett for 2021.
Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner som følge av oppdaterte anslag for utgiftsbehovet frå statsforvaltaren i Troms og Finnmark.
Post 69 Tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring
I Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet står det at det innanfor løyvinga vil kunne bli gitt tilskot til friskular. Gjennom ei mellombels forskrift er det lagt til rette for at friskular, uavhengig av fastsett elevtal, kan ta inn ulike grupper av elevar utan rett til vidaregåande opplæring hausten 2021. Elevteljinga per 1. oktober for frittståande vidaregåande skular viser at 23 elevar har fått opplæring som følge av dette. Gjeldande tilskotssatsar for frittståande vidaregåande skular gir eit tilskot på totalt 1,7 mill. kroner for desse elevane. Departementet foreslår å løyve tilskotsmidlane over postar under kap. 228. Som følge av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande samla auke under kap. 228, post 71 og 75.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,2 mill. kroner som følge av lågare løyvingsbehov til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg, jf. kap. 225, post 64 og endringar i føresetnadene for delen av elevane som utløyser ODA-refusjon.
Kap. 228 Tilskot til frittståande skular o.a.
Post 70 Frittståande grunnskular, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 167 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2021.
Post 71 Frittståande vidaregåande skular, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 118,9 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2021.
Ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2021 blei det løyvd 1 mill. kroner på posten til eit eittårig tilskot til Maritim videregående skole Sørlandet. Tilskotet blir foreslått flytta til kap. 228, post 76.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner som følge av at skulane har teke inn elevar utan rett til opplæringa, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 225, post 69.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 119,3 mill. kroner.
Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 8,7 mill. kroner som følge av lågare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2021.
Post 73 Frittståande grunnskular i utlandet, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 15,8 mill. kroner som følge av lågare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2021.
Post 74 Frittståande vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 7 mill. kroner som følge av lågare elevtal og utgifter til spesialundervisning enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2021.
Post 75 Frittståande skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 36,1 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2021.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 251 000 kroner som følge av at skulane har teke inn elevar utan rett til opplæringa, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 225, post 69.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 36,3 mill. kroner.
Post 76 Andre frittståande skular, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2021.
Ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2021 blei det løyvd 1 mill. kroner på kap. 228, post 71 til eit eittårig tilskot til Maritim videregående skole Sørlandet. Tilskotet blir foreslått flytta til posten.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 2,9 mill. kroner.
Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2021.
Post 78 Kompletterande undervisning
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner som følge av at det i år blir utbetalt tilskot for færre elevar enn elevtaket for ordninga.
Post 81 Elevutveksling til utlandet
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,7 mill. kroner som følge av at berre to elevar blei sendt på utveksling frå skulane som inngår i ordninga.
Kap. 240 Fagskular
Post 61 Utviklingsmidlar til fagskular, kan overførast
Tilskotsmidlane som er løyvde på posten blir utbetalte i takt med framdrift og gjennomføring i ulike prosjekt. For at prosjekt som har fått tilsegn om tilskot i 2021, men der utbetalinga kjem etter årsskiftet, ikkje stoppar opp grunna manglande tilgjengelege midlar på posten, foreslår departementet at kap. 240, post 61 får stikkordsfullmakta «kan overførast» i 2021, jf. forslag til vedtak III.
Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Post 01 Driftsutgifter
Med omorganiseringa i kunnskapssektoren og etableringa av Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) og Direktoratet for høgare utdanning og forsking (HK-dir) er nokre tilsette, oppgåver og finansiering flytta frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) ved Norsk senter for forskingsdata (NSD) til HK-dir. Som følge av dette har NSD delt ut og utbetalt eit utbyte frå NSD til Kunnskapsdepartementet, som er inntektsført på kap. 5309, post 09 Ymse inntekter. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 256, post 01 med 3,4 mill. kroner slik at HK-dir kan disponere midlane.
Kap. 260 Universitet og høgskular
Post 50 Statlege universitet og høgskular
I 2021 tildelte Kunnskapsdepartementet 124 mill. kroner til statlege universitet og høgskular til ei mellombels ordning for å løne studentar for fagleg oppfølging av andre studentar, jf. Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021). Departementet foreslår at midlar som er ubrukte og som institusjonane ikkje har inngått forpliktande avtalar for ved utgangen av 2021 som er øyremerkte dette tiltaket, går tilbake til statskassa. Per no veit éin institusjon beløpet dei ikkje vil bruke. Det utgjer 0,4 mill. kroner, og Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten tilsvarande. Dei andre institusjonane vil betale tilbake når dei veit kor mykje av midlane dei ikkje vil bruke.
Post 70 Private høgskular
Kunnskapsdepartementet tildelte 16 mill. kroner til private høgskular som ei mellombels ordning for å løne studentar for fagleg oppfølging av andre studentar, jf. Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021). I tillegg tildelte departementet 20 mill. kroner til private høgskular til tiltak dei skulle setje i verk i 2021 for å sikre best mogleg studieprogresjon, jf. Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021). Kunnskapsdepartementet foreslår at midlar som er ubrukte og som institusjonane ikkje har inngått forpliktande avtalar for ved utgangen av 2021 som er øyremerkte desse tiltaka, går tilbake til statskassa.
Kap. 270 Studentvelferd
Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast
Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 90,8 mill. kroner. Mindrebehovet kjem i all hovudsak av lågare utbetalingar til nye byggeprosjekt enn det som opphaveleg var lagt til grunn. I tillegg har studentsamskipnadane trekt tilbake 1 073 tilsegner om tilskot som dei fekk i åra 2017–21 på grunn av at dei ikkje klarer å bygge med den kostnadsramma som gjaldt ved tildeling eller på grunn av kommunale reguleringsplanar. Endring i løyvinga inneber at det er behov for å redusere tilsegnsfullmakta til 959 mill. kroner, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 272 Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning
Post 50 Verksemdskostnader, kan overførast
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), betaler årleg Noregs godtgjering til dei andre nordiske landa for den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning. HK-dir har i 2021 fått tildelt 67,9 mill. kroner til formålet. På grunn av valutaendringar må beløpet justerast ned til 60,8 mill. kroner til føremålet. Då midlane for å betale kontingenten blei flytta frå post 50 til post 51 i 2021 blei nokre av midlane ved ein feil liggande på post 50. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere kap. 272, post 50 med 1,7 mill. kroner og å redusere kap. 272, post 51 med 5,4 mill. kroner. Sjå òg kap. 272, post 51.
Etableringa av HK-dir 1. juli 2021 inneber at verksemder som tidlegare har hatt unntak frå bruttoprinsippet, no er ein del av ei ny verksemd som følger normalmodellen for statlege verksemder. I 2021 har direktoratet vore i ein omstillingsprosess og noko aktivitet og nokre investeringar er utsette som følge av pandemien. Prognosar tilseier at ubrukt løyving ved utgangen 2021 vil vere noko høgare enn 5 pst., men at det vil vere rimeleg i overgangen frå 2021 til 2022 at ubrukt løyving vil vere tilgjengeleg i det samla driftsbudsjettet for det nye direktoratet frå 2022. Samla overføring skal likevel ikkje overstige 5 pst. av samla løyving for kap. 256, post 01 og kap. 272, post 50. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at kap. 272, post 50 får stikkordsfullmakta «kan overførast» i 2021.
Post 51 Tiltak for internasjonalisering, kan overførast
Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere kap. 272, post 51 med 5,4 mill. kroner. Sjå kap. 272, post 50. Vidare blir det vist til omtale under post 50 om etableringa av det nye direktoratet og endring i fullmakt om nettobudsjettering samanlikna med det som har vore tilfelle for Diku fram til no. Midlane på post 51 er tilskotsmidlar der utbetalingstakta kan vere usikker knytt til framdrift og gjennomføring i ulike prosjekt. For å sikre at prosjekt som har fått tilsegn om løyving i 2021, men der sjølve utbetalinga ser ut til å kome etter årsskiftet, ikkje stoppar opp grunna manglande tilgjengelege midlar på posten, foreslår Kunnskapsdepartementet at kap. 272, post 51 får stikkordsfullmakta «kan overførast» i 2021.
Post 52 Tiltak for høgare utdanning, kan overførast
Det blir vist til omtale under kap. 272, post 50 og post 51 om etableringa av det nye direktoratet og endring i fullmakt om nettobudsjettering samanlikna med det som har vore tilfelle for Diku fram til no. Midlane på post 52 er tilskotsmidlar der utbetalingstakta kan vere usikker knytt til framdrift og gjennomføring i ulike prosjekt. For å sikre at prosjekt som har fått tilsagn om løyving i 2021, men der sjølve utbetalinga ser ut til å kome etter årsskiftet, ikkje stoppar opp grunna manglande tilgjengelege midlar på posten, foreslår Kunnskapsdepartementet at kap. 272, post 52 får stikkordsfullmakta «kan overførast» i 2021, jf. forslag til vedtak IV.
Kap. 273 Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking
Post 50 Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking
Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit) betaler årleg Noregs kontingent til NORDUnet AS. NORDUNet AS organiserer samarbeidet mellom dei nordiske forskingsnetta. Kunnskapsdepartementet har tildelt Unit 40,2 mill. kroner til kontingenten på posten i 2021. Unit betaler kontingenten kvartalsvis, og utbetalinga for fjerde kvartal i 2021 står att. På grunn av valutaendringar må beløpet justerast. Unit har betalt om lag 30,4 mill. kroner hittil for kontingenten i 2021, og det står att å betale om lag 8,8 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere kap. 273, post 50 med 1,1 mill. kroner.
Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Kunnskapsdepartementet tildelte 10 mill. kroner i 2021 til studentsamskipnadene for å raskt iverksetje sosiale lågterskeltilbod for studentar, jf. Innst. 12 S (2020–2021) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021). Samskipnadene har anslått at det ikkje vil vere ubrukte midlar av denne tildelinga.
Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 70
Kunnskapsdepartementet tildelte til saman 118,5 mill. kroner i 2021 til studentsamskipnadene til sosiale tiltak for studentar, jf. Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021), og Innst. 600 S (2020–2021) og Prop. 195 S (2020–2021). Departementet foreslår at midlar som er ubrukte og som samskipnadane ikkje har inngått forpliktande avtalar for ved utgangen av 2021 som er øyremerkte desse tiltaka, går tilbake til statskassa.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
Post 55 Verksemdskostnader
Noregs forskingsråd har vore sekretariat for strategiprosessen Prosess 21, og midlar til denne verksemda har vore mellombels rammeoverførte frå Nærings- og fiskeridepartementet. Forskingsrådet har motteke 1,25 mill. kroner for å dekke arbeidet i første halvår av 2021. Midlane har mellom anna dekt sluttføring av arbeidet med hovudrapporten og profilering og formidling i etterkant. Arbeidet til Prosess 21 er vidareført ut 2021. I samband med dette foreslår departementet å overføre 1,75 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementets budsjett til kap. 285, post 55.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg frå endringar i valutakurs.
Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, kan overførast
Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 425 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg frå endringar i EUs utbetalingsbudsjett, Noregs utbetalingsnøkkel og valutakurs. Løyvinga er ikkje endeleg grunna større forseinkingar i EU. Departementet ber om overskridingsfullmakt for inneverande år dersom den avtaleforplikta utbetalinga overstig løyvinga, jf. forslag til vedtak V, nr. 1.
Post 74 EUs utdannings-, opplærings-. ungdoms- og idrettsprogram
Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 227 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg frå endringar i EUs utbetalingsbudsjett, Noregs utbetalingsnøkkel og valutakurs. Løyvinga er ikkje endeleg grunna større forseinkingar i EU. Departementet ber om overskridingsfullmakt for inneverande år dersom den avtaleforplikta utbetalinga overstig løyvinga, jf. forslag til vedtak V, nr. 2.
Kap. 290 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 21 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Årsakene til mindreforbruket er i hovudsak konsekvensar av covid-19-pandemien, som har ført til eit stort mindreforbruk på reise, diett, kurs- og konferansekostnader. Vidare har det vore forseinkingar i tilsetjingar, som fører med seg reduserte kostnader for første halvdel av 2021.
Kap. 291 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Departementet foreslår å auke løyvinga med 457,9 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Løyvinga blir redusert i hovudsak på grunn av at tilskot for ein større del av personane busette i 2021 blir utbetalt same år. Dette heng saman med ferdigstilling av eit digitaliseringsprosjekt som bidreg til ein meir effektiv søknadsprosess. Vidare er det ein auke i særskilt tilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonsnedsetjingar og/eller åtferdsvanskar.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 26,1 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Løyvinga blir redusert i hovudsak på grunn av ei endring i alderssamansetjinga slik at ein lågare del av dei einslege mindreårige utløyser tilskot etter høg sats. Vidare er det ein reduksjon i prognosen for talet på einslege mindreårige som skal busetjast i 2021.
Post 62 Kommunale innvandrartiltak
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 18,3 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. 15,1 mill. kroner av mindreforbruket på posten er knytt til Jobbsjansen. Bakgrunnen for mindreforbruket er mellom anna knytt til utfordringar med rekruttering av deltakarar, utvikling av tiltak eller å prioritere utviding av prosjekt på grunn av covid-19-pandemien. Resten av underforbruket er knytt til underforbruk i tilskotsordninga om utvikling av kommunale innvandrartiltak.
Post 72 Statsautorisasjonsordninga for tolkar m.a.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner. Stønad til tilskotsmottakarar vert normalt utbetalt i to terminutbetalingar, vår og haust. Utbetalinga til OsloMet på 3,2 mill. kroner for hausten 2020 blei ved ein feil betalt ut først i 2021. Det er derfor behov for tre terminutbetalingar i 2021. Den ekstra terminutbetalinga på 3,2 mill. kroner blir delvis dekt av underforbruk i årets løyving på 1,8 mill. kroner. Resterande behov på 1,4 mill. kroner vert foreslått dekt gjennom omdisponering av mindreforbruk på kap. 291, post 73.
Post 73 Tilskot
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 6 mill. kroner, der 1,4 mill. kroner skal omdisponerast til kap. 291, post 72. Reduksjonen er knytt til ordninga Tilskot til økt etnisk mangfald i arbeidslivet. Hovudårsaka til underforbruket er at det har kome færre søknader enn forventa, fordi ordninga ikkje har blitt tilstrekkeleg kjend i arbeidslivet. Tilskotsordninga var ny i 2021.
Kap. 3291 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 04 Tilskot til integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar, ODA-godkjende utgifter
Einskilde utgifter knytt til integreringstiltak i asylmottak kan førast som ODA-godkjende utgifter. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 9,1 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Årsaka til endringa er at det er færre integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Kap. 292 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 22 Prøvar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Utgiftene på posten blei lågare enn forventa. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 119,7 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Løyvinga blir redusert i hovudsak på grunn av lågare bruk av tiltaket utvida norskopplæring i integreringspakke II enn forventa.
Post 61 Kompetansekartlegging i mottak før busetjing
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,15 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Løyvinga blir redusert som følge av ein reduksjon i busetjingsbehovet frå mottak.
Kap. 3292 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,8 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Løyvinga blir redusert i hovudsak på grunn av ein reduksjon i talet på asylsøkarar som er i målgruppa for tilskot.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Våren 2021 blei det tilbode eit tilleggslån på 26 000 kroner for studentar og vaksne elevar i vidaregåande opplæring, inkludert ei mindre gruppe vaksne elevar med ungdomsrett, som hadde tapt inntekt som følge av covid-19-pandemien, der 40 pst. kunne omgjerast til stipend. Totalt har 41 780 personar nytta ordninga, og desse kan få omgjort 434 mill. kroner til stipend. Dette er mindre enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 278,8 mill. kroner.
Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving
Den observerte utviklinga gir grunnlag for å redusere anslaget for sjukestipend med 10 mill. kroner.
Barnestipend, tilleggsstipend for personar med nedsett funksjonsevne og flyktningstipend for vaksne støttemottakarar blir behovsprøvd mot inntekt, trygd og formue. Behovsprøvinga i 2021, som gjeld stipendtildeling i 2020, tilseier at omgjeringa til lån blir mindre enn tidlegare lagt til grunn. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 24,1 mill. kroner.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 14,1 mill. kroner.
Post 71 Andre stipend, overslagsløyving
Statistikk per 1. oktober 2021 for tildeling av lån og stipend til gradsstudentar i utlandet for 2021–22 tyder på at det vil bli færre studentar i denne kategorien enn det som blei lagt til grunn i revidert budsjett for 2021. Hovudsakeleg som følge av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 49 mill. kroner.
Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 93,8 mill. kroner som følge av at den flytande renta på utdanningslån for 2021 blei 0,11 prosentpoeng lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2021.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Observert utvikling hittil i 2021 gir grunnlag for å redusere anslaget for avskriving på grunn av uførheit med 83,5 mill. kroner. Andre endringar i anslag for ordningar som blir finansierte av løyvinga gir grunnlag for å redusere løyvinga med totalt 20,5 mill. kroner.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 104,1 mill. kroner.
Post 74 Tap på utlån
Den observerte utviklinga i år tyder på at omfanget av permanent overføring til Statens Innkrevingssentral (Skatteetaten) av gjeldskrav som er misleghalde blir lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2021. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.
Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving
Lågare uttak av tilleggslånet knytt til covid-19-pandemien enn lagt til grunn inneber at anslaget for utbetaling av lån blir redusert med 786 mill. kroner, jf. omtale under post 50. Andre endringar i anslag inneber ein auke av utbetalt lån på 264,3 mill. kroner.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 521,7 mill. kroner.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner som følge av høgare anslag for avskriving av utdanningsgjeld for kvotestudentar frå utviklingsland enn tidlegare anslått.
Post 89 Purregebyr
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 14,8 mill. kroner, i hovudsak som følge av at fleire har fått betalingsutsetjing som følge av covid-19-pandemien.
Post 90 Redusert lån og rentegjeld
Departementet foreslår å auke løyvinga med 367,9 mill. kroner som følge av at rekneskapstal per 30. september tilseier at innbetalte avdrag på studielån blir høgare enn tidlegare lagt til grunn.
Post 93 Omgjering av utdanningslån til stipend
Som følge av lågare uttak av tilleggslånet i samband med covid-19-pandemien, og at omgjeringa vil bli gjort våren 2022, blir anslaget for løyvingsbehovet redusert med 866 mill. kroner. På bakgrunn av rekneskapstal per 30. september 2021 er det grunnlag for å redusere løyvinga med ytterlegare 439,9 mill. kroner fordi anslaget i revidert budsjett ser ut til å overbudsjettere omgjeringa til stipend som følge av løpande progresjon (avlagde studiepoeng eller tilsvarande).
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 1 305,9 mill. kroner.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
Post 80 Renter
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 275,7 mill. kroner. Hovudårsaken til det er at den flytande renta på utdanningslån for 2021 blei 0,11 prosentpoeng lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2021.
Andre saker
Kompensasjon til vitensentera for inntektssvikt i 2021 som følge av covid-19-pandemien
I samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2020 blei tilskotet til vitensentera på kap. 226, post 71 auka med 18,6 mill. kroner for å kompensere sentera for inntektssvikt i 2020 som følge av covid-19-pandemien. Kompensasjon frå ordningar under Kulturdepartementet skulle trekkast frå kompensasjonen. Det står igjen 3,7 mill. kroner av kompensasjonen for 2020 etter at sentera er blitt kompenserte. Departementet vil utbetale den gjenståande kompensasjonen til vitensentera for å bidra til å dekke tap i 2021 som følge av inntektssvikt frå mellom anna billettsal. Det vil bli teke omsyn til kompensasjon frå andre ordningar for å unngå dobbelkompensasjon.