Prop. 22 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Kommunal- og distriktsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til endringar

Programkategori 13.00 Administrasjon

Kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Løyvinga dekker mellom anna departementet sin del av utgifter til sekretariatstenester til eit interdepartementalt spleiselag for Havpanelet. Seks departement bidrar i 2023 med 567 000 kroner kvar. Grunna fleire internasjonale bidragsytarar er det samla norske bidraget redusert. Bidraget frå kvart departement blir derfor redusert til 330 000 kroner. Endringa gjeld for fase 2 av finansieringa av panelet som avsluttast i 2025.

Som ei følgje av dette blir det foreslått å auke løyvinga med 234 000 kroner.

Post 45 (ny) Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekke utgifter til større utstyrskjøp og vedlikehald i departementet.

Det blir foreslått å løyve 11,8 mill. kroner for å dekke utgifter til nødvendig IKT-utstyr som følgje av at dei tolv departementa på felles IKT-plattform i større grad skal arbeide på Nasjonalt BEGRENSET nett (NBN). Løyvinga skal dekke auka utgifter for alle dei tolv departementa. Løyvinga skal dekke kjøp av materiell med usikker utbetalingstakt. Det blir derfor foreslått at posten får stikkordet «kan overførast».

Post 70 Diverse føremål, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga dekker kontingenter og enkeltståande tilskot med namngitt mottakar, som ikkje høyrer naturleg inn under andre budsjettpostar. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 200 000 kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 567, post 72 til Det Mosaiske Trossamfund i Oslo.

Kap. 502 Tariffavtalte avsetningar mv.

Forhandlingar mellom Kommunal- og distriktsdepartementet og hovudsamanslutningane i staten, som partar i hovudtariffoppgjeret i det statlege tariffområdet, ligg til grunn for forslag til avsetningar på post 21 og 70. For at løyvinga på desse postane skal samsvare meir med tariffperioden og utbetalingane det enkelte år, vart det i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet foreslått at midlar på postane løyvast over tre år i staden for over to år.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Løyvinga dekker kjøp i samband med dei sentrale partane sine satsingar på forskings-, utviklings- og utgreiingsoppdrag. Dette er prosjekt der begge partar har interesser, mellom anna knytt til det felles regel- og avtaleverket til staten.

I samsvar med ny budsjetteringspraksis blir det foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner i 2023 mot ei tilsvarande auke i 2024.

Post 70 Kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga gjeld tilskot til kompetanse- og omstillingsarbeid. Løyvinga for 2023 er på 16,5 mill. kroner. I samsvar med ny budsjetteringspraksis blir det foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner i 2023 mot ei tilsvarande auke i 2024.

Post 72 Pensjonskostnader tenestemannsorganisasjonane

Løyvinga dekker arbeidsgivardel for tilsette som har ulønt permisjon frå statleg verksemd for å ha verv eller vere tilsett i ein tenestemannsorganisasjon. For å synleggjere det årlege bidraget staten har til tenestemannsorganisasjonane på pensjonsområdet, blir desse premiekostnadene budsjetterte på ein eigen post.

Det er no avklart at løyvinga òg skal inkludere arbeidsgivaravgift. Det ligg ikkje inne i budsjettet for 2023. Som følgje av dette blir det foreslått å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner.

Kap. 505 Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker kostnadene til Statens pensjonskasse for å administrere bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, jf. post 90. Løyvinga for 2023 er 55 mill. kroner. Nytt anslag er basert på føresetnadar om at volumet i bustadlånsordninga er auka, jf. kap. 505, post 90 og kap. 3505, post 90. Det blir foreslått å auke løyvinga med 7 mill. kroner.

Post 90 Utlån, overslagsløyving

Løyvinga dekker forventa brutto utlån til bustadlån og berekna opptente, men ikkje betalte, renter på låna i SPK. Løyvinga for 2023 er 26,5 mrd. kroner. Anslaget for utbetalte lån i 2023 er auka med 5,7 mrd. kroner. Anslaget inkluderer ca. 124 mill. kroner i berekna opptente renteinntekter ved utgangen av 2023. Erfaringar tilseier at i periodar med renteoppgang aukar talet på lånesøknadar til SPK, som følgje av at renta i Statens pensjonskasse i ein periode då normalt vil vere gunstig samanlikna med marknaden elles. Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,7 mrd. kroner.

Kap. 3505 Bustadslånordninga i Statens pensjonskasse

Post 01 Gebyrinntekter, lån

Posten omfattar innbetaling av gebyr frå låntakarane i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse i form av termingebyr, etableringsgebyr, purregebyr o.l. Løyvinga for 2023 er 51 mill. kroner. Nytt anslag kjem av auka volum i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, jf. kap. 505, post 90 og kap. 3505, post 90. Det blir foreslått å auke løyvinga med 6 mill. kroner.

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Posten omfattar forventa innbetalingar av løpande og ekstraordinære avdrag, innfriingar av bustadlån, innbetalingar på tidlegare avskrivne lån og tilbakeføring av opptente renter ved inngangen til året. Løyvinga for 2023 er 7,8 mrd. kroner. Anslaget på posten er auka med 900 mill. kroner. Grunnen til nytt anslag er i hovudsak at innfriingar i samband med sal av bustad har auka. Det blir foreslått å auke løyvinga med 900 mill. kroner.

Kap. 5607 Renter av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse

Post 80 Renter

Løyvinga gjeld renteinntekter, og opptente, ikkje betalte renter knytt til bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse. Løyvinga for 2023 er 2,2 mrd. kroner. Anslaget for renteinntekter er redusert med 59 mill. kroner som følgje av lågare rentenivå enn det som vart lagt til grunn i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 59 mill. kroner.

Kap. 3506 Yrkesskadeforsikring

Post 01 Premieinntekter

Løyvinga dekker innbetaling av yrkesskadeforsikringspremie frå alle arbeidsgivarar som er omfatta av ordninga. Løyvinga for 2023 er 80 mill. kroner. Premien for 2023 vart fakturert i juni med 81 mill. kroner. Det blir foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Kap. 3507 Gruppelivsforsikring

Post 01 Premieinntekter

Posten omfattar innbetaling av premie for dei verksemdene som betaler gruppelivspremie direkte til Statens pensjonskasse. Løyvinga for 2023 er 103 mill. kroner. I juni vart 140 mill. kroner fakturert i premie for 2023 på gruppeliv. Det blir foreslått å auke løyvinga med 37 mill. kroner.

Kap. 510 Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til løn og andre driftsutgifter for Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS). I tillegg dekker løyvinga utgifter til fellestenester for departementa og Statsministerens kontor.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 31 mill. kroner som følgje av tiltak i samband med dataangrepet mot DSS si IKT-plattform sommaren 2023. Dette omhandlar mellom anna auka driftsutgifter til mellombels e-postløysing og utvida tryggingsovervaking av IKT-plattforma til DSS.

For å dekke auka driftsutgifter for DSS, blir det foreslått å auke løyvinga med 8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 45.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 39 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekke utgifter til investeringar, vedlikehald, utskifting av utstyr og utviklingskostnader til tenesteleveransar innanfor hovudområda; HR-tenester, digitale tenester, fasilitetstenester (inkludert innkjøp) og vakt- og resepsjonstenester.

DSS har som følgje av generell prisstigning og auka utgifter til energi, fått redusert sitt økonomiske handlingsrom for 2023. Sidan løyvinga til DSS inkluderer husleige og energiutgifter for fellesareal i departementsfellesskapet, blir DSS ramma uforholdsmessig hardt av prisaukane. I denne situasjonen må inndekking av driftsutgiftene prioriterast framfor ein del utviklingsoppgåver. For å sikre at DSS har tilstrekkeleg med midlar på post 01 for å dekke nødvendige driftsaktivitetar, blir det derfor foreslått at løyvinga blir redusert med 8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på post 01.

Programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

Kap. 530 Byggeprosjekt utanfor husleigeordninga

Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast

Løyvinga dekker midlar til prosjektering av ordinære byggeprosjekt fram til fullført forprosjekt.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner til prosjektering av nye lokale for det samiske museet RiddoDuottarMuseat i Karasjok.

Post 36 Kunstnarisk utsmykking, kan overførast

Posten inneheld midlar til kunstnarisk utsmykking i statlege bygg under oppføring, òg for byggeprosjekt på kap. 2445 Statsbygg. Behovet er lågare i 2023 enn budsjettert.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga gjeld der Statsbygg får i oppdrag å prosjektere og skaffe brukarutstyr til byggeprosjekta. Det inkluderer òg brukarutstyr til byggeprosjekt på kap. 2445 Statsbygg, og nødvendige sikringstiltak på Nationaltheatret for å sikre drift. Eit brukarutstyrsprosjekt er eit separat prosjekt med eigne økonomiske rammer, og er ikkje del av byggeprosjektet, sjølv om delar av prosjekta normalt er tett integrerte. Oppdragsdepartementet er ansvarleg for gjennomføring av brukarutstyrsprosjektet, òg i dei tilfella Statsbygg hjelper til i innkjøpa.

Likviditetsbehovet for brukarutstyrsprosjekta til nytt livsvitskapsbygg og Norsk havteknologisenter er 90 mill. kroner lågare enn budsjettert.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner til prosjektering av brukarutstyr til byggetrinn 2 i nytt regjeringskvartal mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 2445, post 30.

Det blir òg foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner til prosjektering av brukarutstyr til det samiske museet RiddoDuottarMuseat i Karasjok.

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 85 mill. kroner.

Kap. 2445 Statsbygg

Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast

Løyvinga dekker utgifter til prosjektering av prioriterte ordinære byggeprosjekt fram til fullført forprosjekt.

Det er løyvd 65 mill. kroner til prosjektering av byggetrinn 2 i nytt regjeringskvartal i 2023. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 530, post 45.

Post 32 Prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast

Løyvinga dekker midlar til prosjektering og igangsetjing av brukarfinansierte byggeprosjekt på oppdrag frå departementa.

Likviditetsbehovet er lågare enn forventa.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 100 mill. kroner.

Post 34 Vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt, kan overførast

Løyvinga dekker utgifter til vidareføring av brukarfinansierte byggeprosjekt.

Likviditetsbehovet er lågare enn forventa.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 150 mill. kroner.

Post 39 Renter på byggelån, kan overførast

I tråd med ny økonomimodell for Statsbygg blir byggelånsrenter på investeringspostane 30–34 aktiverte i balansen til Statsbygg.

Forventa forbruk er lågare enn løyvinga.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Post 49 Kjøp av eigedomar, kan overførast

Løyvinga dekker kjøp av eigedomar og tomter til bruk i aktuelle byggeprosjekt.

Staten og Oslo kommune vart i 2023 einige om at staten kjøper Oslo hovudbrannstasjon for 1 mrd. kroner. Regjeringa skulle kome tilbake til Stortinget om behovet for ytterlegare løyving i nysalderinga, jf. Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 265 mill. kroner.

Programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk

Kap. 540 Digitaliseringsdirektoratet

Post 22 Bruk av nasjonale fellesløysingar

Løyvinga dekker utgifter for bruk av elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå skrive ut av private leverandørar, og elektronisk ID med lågare sikkerheitsnivå ved sending av SMS. Løyvinga dekker òg utgifter for bruk av Digital postkasse til innbyggarar der det er inngått avtale med fleire kommersielle aktørar, og kostnader for innlogging til postkassene via ID-porten og knytte til oppstart og signatur til tenesta for signering. Desse kostnadene blir dei enkelte verksemdene fakturert for, jf. kap. 3540, post 05.

Løyvinga er basert på forventa volum for den enkelte verksemda. Veksten i 2023 ser ikkje ut til å bli så høg som estimert, og overgangen til ny transportinfrastruktur har ført med seg nokre lågare kostnader.

Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 12,6 mill. kroner.

Post 23 Utvikling og forvaltning av nasjonale fellesløysingar, kan overførast

Løyvinga dekker utvikling, forvaltning og drift av nasjonale fellesløysingar som ID-porten, Digital postkasse til innbyggarar, Kontakt- og reservasjonsregisteret og Altinn.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart løyvinga auka med 15 mill. kroner til nødvendig moderniseringsarbeid slik at Digitaliseringsdirektoratet kan halde fram med å levere sikre og robuste digitale fellesløysingar, jf. Prop. 118 S og Innst. 490 S (2022–2023). Moderniseringsarbeidet er krevjande, og det er behov for å bruke noko meir tid, noko som medfører auka kostnader. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med ytterlegare 6,4 mill. kroner.

Digitaliseringsdirektoratet har i 2023 vidareført arbeidet med modernisering av Altinnplattforma. Det er etablert eit tverretatleg program under leiing av Digitaliseringsdirektoratet og med dei største tenesteeigarane på Altinnplattforma; Brønnøysundregistera, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Programmet har ein stram tidsplan, ettersom alle tenester på den eksisterande Altinnplattforma må vere reetablert på ny plattform, Altinn 3, innan juni 2026. Denne tidsplanen gjer arbeidet krevjande og fører til at programmet må auke ressursinnsatsen i arbeidet. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 21 mill. kroner.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 27,4 mill. kroner.

Post 71 IT-standardisering

Standard Noreg har ansvar for standardiseringsoppgåver på alle område unntatt elektro-, post og telestandardisering. Standard Noreg har einerett på å fastsette og gi ut Norsk Standard. Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår eit tilskot på 400 000 kroner til Standard Noreg til standardiseringsarbeid på kunstig intelligens for 2023. Tilskotet skal bidra til å ivareta norske interesser i utviklinga av internasjonale standardar for kunstig intelligens.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med 400 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 541, post 22.

Kap. 3540 Digitaliseringsdirektoratet

Post 05 Bruk av nasjonale fellesløysingar

På posten blir det budsjettert med inntekter knytt til betaling frå offentlege verksemder for bruk av elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå som er utferda av private leverandørar og elektronisk ID med lågare sikkerheitsnivå og SMS-kostnader. I tillegg til dette blir det budsjettert med inntekter frå verksemder for bruk av Digital postkasse til innbyggarar, innlogging til postkassane via ID-porten og kostnader knytte til oppstart og signatur til tenesta for signering.

Løyvinga blir foreslått redusert med 12,6 mill. kroner, jf. forslag om reduksjon på kap. 540, post 22.

Kap. 541 IT- og ekompolitikk

Post 22 Utvikling, gjennomføring og samordning av IT- og ekompolitikken, kan overførast, kan nyttast under post 70

Løyvinga på posten brukast til tiltak for å gjennomføre og utvikle IT- og ekompolitikken.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 400 000 kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 540, post 71.

Post 70 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk, kan nyttast under post 22

Løyvinga dekker mellom anna utgifter til Noregs kontingent til Open Government Partnership (OGP) og kontingentar knytt til Noregs deltaking i Den internasjonale teleunion (ITU), Den europeiske post- og teleorganisasjon (CEPT) og Det europeiske nettverks- og informasjonssikkerheitsbyrået (ENISA). Kontingentane for 2023 aukar i forhold til saldert budsjett for 2023 mellom anna som følgje av endra valutakurs. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 4,3 mill. kroner.

Kap. 542 Internasjonalt samarbeid

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til løn og drift for nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen som del av deltaking i EU-programma. Løyvinga på posten har tatt utgangspunkt i at Noreg har tre nasjonale ekspertar. Kommunal- og distriktsdepartementet legg opp til å rekruttere to til tre nasjonale ekspertar i løpet av hausten 2023, men desse vil sannsynlegvis ikkje tiltre stillingane før vinteren 2024. Som følgje av dette ligg det an til eit mindreforbruk på posten.

Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 4,8 mill. kroner.

Post 70 Internasjonale program, kan overførast

Løyvinga gjeld EU-program som Noreg tar del i etter EØS-avtala og som er knytt til utviklinga av informasjonssamfunnet og elektronisk forvaltning. Løyvinga dekker programkontingentar og andre utgifter til EU-program og etterslep frå avslutta EU-program. Årleg medlemskontingent for norsk deltaking i EU-program blir fastsett i euro av EU-kommisjonen på grunnlag av forventa framdrift under det enkelte programmet. Kontingenten blir betalt samla av Utanriksdepartementet mot seinare refusjon frå dei departementa som er ansvarlege for dei enkelte programma.

Det norske bidraget til programmet DIGITAL og etterslep etter dei avslutta programma CEF Digital og ISA2 vart i Prop. 1 S (2022–2023) anslått til 356,9 mill. kroner. Posten vart dessutan ekstraordinært prisjustert med 7,6 mill. kroner, jf. Prop. 118 S og Innst. 490 S (2022–2023). Basert på innbetalingskrav frå Utanriksdepartementet blir kontingenten for desse programma om lag 390,8 mill. kroner i 2023. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 26,3 mill. kroner.

European Digital Innovation Hubs (EDIH) – digitale innovasjonsnav – er eit sentralt tiltak i DIGITAL. Noreg har to godkjente innovasjonsnav som får 50 pst. av finansieringa si frå DIGITAL. Dei to konsortia kan få årleg støtte frå programmet dersom Noreg stiller med nasjonal medfinansiering. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 20 mill. kroner til medfinansiering av EDIHar og oppfølging av EDIHane.

Samla blir løyvinga foreslått auka med 46,3 mill. kroner.

Programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk

Kap. 553 Regional- og distriktsutvikling

Post 64 Pilot nærtenestesenter, kan overførast

Målet med pilot nærtenestesenter er å teste ulike modellar for å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i område med lange avstandar. Det vart løyvd 10 mill. kroner til pilot nærtenestesenter i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, jf. Prop. 118 S og Innst. 490 S (2022–2023).

Oppstart og framdrift for etablering vil vere ulik for dei lokale nærtenestesentra, mellom anna fordi samarbeid mellom deltakarkommunane og dei aktuelle statlege etatane må bli avklart for kvar einskilde pilot. Dette vil ha innverknad på utbetalingstakta til deltakarkommunane. For å sikre at den avsette løyvinga på posten kan nyttast fullt ut, blir det foreslått å føye til stikkordet «kan overførast» på posten, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 65 Omstilling

Tilskot til omstilling i kommunar eller regionar med vesentleg fall i sysselsetting over relativt kort tid er eit kriseverkemiddel retta mot område med brå og stor nedgang i sysselsettinga. Ordninga skal styrkje næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar i desse kommunane.

På grunn av omstruktureringar i verksemda, vedtok Dovista Norge 26. september i år å legge ned Natre Vinduer i Hemnes kommune i Nordland. Dei viser til konjunkturfall i bygge- og anleggsnæringa i Noreg som årsak. Nordland fylkeskommune oppgir at verksemda i dag har 108 tilsette. I tillegg gjekk Nordic Comfort Products (NCP) konkurs i juni 2023. Dette var ei lokalt eigd verksemd med 18 tilsette. NCP blir no reetablert med om lag 50 pst. av tidlegare arbeidsstokk.

Dersom fylkeskommunen og kommunen inkluderer dei indirekte effektane av nedlegginga, reknar dei ein nedgang på 18–20 pst. av total sysselsetting i kommunen. Tap av arbeidsplassar i denne storleiken i ein liten kommune med 4 459 innbyggarar (SSB 2023) er alvorleg, og det er viktig å raskt kunne oppskalere omstillingsarbeidet i kommunen for å ta høgde for den forverra situasjonen. Hemnes har eit pågåande, lite omstillingsprogram for perioden 2021–2023, knytt til ei rekke negative utviklingstrekk i sysselsetting, folketal og delen eldre innbyggarar.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner slik at kommunen kan kome raskt i gang med å oppskalere omstillingsarbeidet for å ta høgde for den forverra situasjonen.

Programkategori 13.67 Nasjonale minoritetar

Kap. 567 Nasjonale minoritetar

Post 72 Det Mosaiske Trossamfund

Løyvinga dekker tilskot til Det Mosaiske Trossamfund (DMT) i Oslo. Som følgje av den siste tids hendingar i Midtausten, har det vært ein sterk auke i tilfelle av antisemittisme i Noreg denne hausten. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 200 000 kroner, mot ein tilsvarande innsparing på kap. 500, post 70.

Programkategori 13.70 Kommunesektoren mv.

Kap. 571 Rammetilskot til kommunar

Post 60 Innbyggartilskot

Konsesjonskraft

Kommunesektoren vart i saldert budsjett for 2023 trekt i rammetilskotet for forventa høge inntekter frå konsesjonskraft. Opphaveleg var trekket på 3 mrd. kroner, fordelt med 2,2 mrd. kroner og 0,8 mrd. kroner på høvesvis kommunane og fylkeskommunane. I lys av lågare straumprisar vart trekket redusert til 865 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, fordelt med 535 mill. kroner og 330 mill. kroner på høvesvis kommunane og fylkeskommunane. Samstundes vart det varsla at regjeringa kunne kome attende med ei ny justering av trekket i nysalderinga, om straumprisane skulle verte enda lågare.

Gjennom sommaren og hausten har straumprisane gått ytterlegare ned i alle dei tre høgprisområda Austlandet, Sørlandet og Vestlandet (NO1, NO2 og NO5). Trekket har først slått inn frå 70 øre/kWh. For to av dei tre prisområda er prisprognosen for 2023 på eller under denne terskelen. Tidlegare har det vorte lagt til grunn éin felles pris for alle områda. På bakgrunn av dette foreslår departementet at trekket vert sett til null. Det inneber at òg kommunane og fylkeskommunane som sel kraft i NO2, ikkje vert trekte i rammetilskot, sjølv om den forventa straumprisen i 2023 ligg noko over 70 øre/kWh i dette området. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 535 mill. kroner.

Vaksinasjon mot covid-19

Det blir foreslått å løyve 222,2 mill. kroner til vaksinasjon mot covid-19 i kommunane. Løyvinga skal dekke kommunane sine kostnader til oppfriskingsdose til befolkninga 65 år og eldre og risikogrupper. Midlane blir flytta frå kap. 710, post 23 på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett. Midlane blir fordelte etter innbyggartal.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 757,2 mill. kroner.

Post 64 Skjønstilskot, kan overførast, kan nyttast under kap. 572, post 64

Ekstremvêret «Hans» og etterfølgjande flaum- og skredhendingar førte til omfattande skadar i mange kommunar og fylkeskommunar. Dei råka kommunane og fylkeskommunane har hatt, eller vil få, ekstraordinære utgifter til mellom anna krisehandtering, opprydding og reparasjon av kommunal og fylkeskommunal infrastruktur.

Kommunar og fylkeskommunar som blir råka av naturskadar kan få skjønstilskot til ein delvis kompensasjon for utgiftene, gjennom kompensasjonsordninga etter naturskadar innanfor kap. 571, post 64 Skjønstilskot og kap. 572, post 64 Skjønstilskot. I samband med ekstremvêret «Hans» vil regjeringa mellombels utvide retningslinjene, slik at òg kommunane og fylkeskommunane sine kostnader til opprydding på anna enn eigen infrastruktur kan inkluderast i søknad om skjønstilskot, der kostnadene ikkje blir dekt av andre ordningar. I 2023 er det sett av 170 mill. kroner innanfor Kommunal- og distriktsdepartementet sine tilbakehaldne skjønsmidlar, for å mellom anna kunne kompensere kommunane og fylkeskommunane for ekstraordinære meirkostnader. Ein stor del av dette er allereie utbetalt. Det er derfor nødvendig å auke skjønstilskotet for kommunane og fylkeskommunane i 2023, for å kunne kompensere dei råka kommunane og fylkeskommunane etter ekstremvêret og etterfølgjande flaum- og skredhendingar.

Regjeringa foreslår derfor at skjønstilskotet i 2023 blir auka med 1,7 mrd. kroner.

Det er framleis noko uvisse rundt kor store meirkostnadene i kommunane og fylkeskommunane vil bli, og når midlane vil kunne utbetalast. Regjeringa foreslår derfor at eventuelle ubrukte midlar i 2023 vil kunne overførast og utbetalast i 2024. Det blir derfor foreslått at posten får stikkordet «kan overførast». Det vil på vanleg måte bli stilt krav om at kommunane og fylkeskommunane må rapportere på bruken av midlane i ettertid, og at eventuelle ubrukte midlar eller midlar som ikkje er brukte til formålet må betalast tilbake.

Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar

Post 60 Innbyggartilskot

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vart fylkeskommunar med høge inntekter frå sal av konsesjonskraft trekte med i alt 330 mill. kroner. Trekket gjaldt fylkeskommunane Agder, Rogaland og Vestland, som alle sel kraft i eitt eller fleire av prisområda NO1, NO2 og NO5.

I lys av dei lågare straumprisane, kor den forventa prisen for 2023 i to av dei tre prisområda ligg på eller under innslagspunktet for trekket på 70 øre/kWh, blir det foreslått å setje trekket til null. Sjå òg omtale under kap. 571, post 60.

Løyvinga blir foreslått auka med 330 mill. kroner.

Kap. 573 Kommunestruktur

Post 62 Delingskostnader

Stortinget har vedtatt å dele Ålesund kommune og fylkeskommunane Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark og Viken med verknad frå 1. januar 2024, jf. Prop. 113 LS (2021–2022), Prop. 127 S (2021–2022) og Innst. 452 S (2021–2022). Direkte og nødvendige delingskostnader blir kompenserte gjennom ei søknadsordning basert på ei nøktern tilnærming. I saldert budsjett for 2023 er det løyvd 200 mill. kroner, og det er løyvd ytterlegare 204,7 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023. I statsbudsjettet for 2024 er det foreslått å løyve 213,7 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2023–2024).

Departementet har informert Viken, Troms og Finnmark og Vestfold og Telemark om at dei vil få tilsegn om høvesvis 377 mill. kroner, 68,2 mill. kroner og 150 mill. kroner i kompensasjon. Vidare har Ålesund kommune i 2023 fått utbetalt 200 mill. kroner som kompensasjon for direkte og nødvendige delingskostnader. Dette gir eit totalt behov for løyving på 795,2 mill. kroner.

Løyvinga i 2023 blir derfor foreslått auka med 176,9 mill. kroner.

Kap. 575 Ressurskrevjande tenester

Post 60 Toppfinansieringsordning, overslagsløyving

Ordninga skal legge til rette for at kommunane kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester. Toppfinansieringsordninga er ei overslagsløying kor ein del av kommunane sine utgifter i 2022 vert refundert av staten i 2023. Kommunane har fått refundert 11 621,8 mill. kroner, som er 197,1 mill. kroner lågare enn vedtatt budsjett. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 197,1 mill. kroner.

Post 61 Tilleggskompensasjon

Ordninga skal legge til rette for at mindre kommunar som har spesielt høge utgifter til ressurskrevjande tenester kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester. Ein del av kommunane sine utgifter i 2022 vert refundert av staten i 2023. Kommunane har fått refundert 82,8 mill. kroner, som er 1,4 mill. kroner lågare enn vedtatt budsjett. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 1,4 mill. kroner.

Kap. 578 Valdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgiftene Valdirektoratet har til løn, husleige og andre driftsutgifter. Det er forventa eit mindreforbruk i 2023. Hovudårsaka er lågare aktivitet i tilknyting til valgjennomføringa i 2023 og prosjektkostnader som ikkje vart realisert. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 8 mill. kroner.

Post 70 Informasjonstiltak

Løyvinga skal bidra til å auke kunnskapen dei stemmeføre har om valet og auke valdeltakinga. 121 000 kroner av løyvinga er ikkje disponert. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 121 000 kroner.

Programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg

Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak

Post 60 Energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheim, kan overførast

Tilskotet skal bidra til energioppgradering av kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer energibehovet i bustadene.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, vart løyvinga på posten auka med 100 mill. kroner, jf. Prop. 118 S og Innst. 490 S (2022–2023). Det er mogleg at prosjekt som blir starta seint på året ikkje blir ferdig før 2024. For det tilfellet at løyvinga ikkje blir brukt i 2023, blir det foreslått å føye til stikkordet «kan overførast» på posten, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 70 Bustøtte, overslagsløyving

Bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Det er ein behovsprøvd rett for alle personar over 18 år, med unntak av dei fleste studentar og militære tenestepliktige. Løyvinga i 2023 er 4 696 mill. kroner.

For gjeldande løyving er det lagt til grunn at i gjennomsnitt 101 500 husstandar vil få bustøtte kvar månad, at dei i snitt vil ta imot 35 600 kroner i bustøtte i året, at 25 mill. kroner skal bli utbetalt som følgje av klagar og etterbehandling, og at 1 062 mill. kroner ekstra skal bli utbetalt som hjelp til å dekke høge energiutgifter.

Utviklinga så langt i 2023 tyder på at talet på bustøttemottakarar vil bli høgare enn venta, men dei vil i snitt ha høgare inntekt enn venta. Gjennomsnittleg utbetaling blir derfor lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Årsaka er dels sterk vekst i grunnbeløpet G i folketrygda, og dels at nye søkjarar med høgare inntekt kjem til med mellombels regelverk og høgare inntektsgrense.

Det blir no anslått at 105 600 husstandar vil få bustøtte kvar månad i 2023, med ein gjennomsnittleg utbetalt bustøtte per husstand på om lag 33 700 kroner i året. Ekstra utbetalingar som hjelp til å dekke høge energiutgifter, er venta å auke til 1 157 mill. kroner, medan venta utbetalingar etter klager og etterbehandlingar, er uendra.

Då Husbanken utbetalte bustøtta for juni, vart etterbetalingar for mai skjerma i tråd med stortingsvedtaket. Ved ein feil vart òg nokre utbetalingar for juni skjerma. Om lag 1 500 mottakarar fekk til saman om lag 700 000 kroner for mykje utbetalt på denne måten. Mottakarane kan ikkje lastast for feilen, og pengane vil ikkje bli kravd tilbake.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 48,8 mill. kroner til 4 745 mill. kroner.

Kap. 5615 Husbanken

Post 80 Renter

Posten omfattar betalte renter på lån, opptente ikkje betalte renter og rentestøtte. Husbanken tilbyr lån med flytande og faste renter. I saldert budsjett for 2023 er løyvinga 5 244 mill.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 489 mill. kroner, hovudsakeleg fordi gjennomsnittleg rente i låneporteføljen til Husbanken har vore lågare enn renta som vart lagt til grunn i saldert budsjett for 2023.

For det nye anslaget er det òg tatt omsyn til eit anslag for netto samla underkurs i 2023 på 50 mill. kroner. Låntakarar med lågare fastrente enn renta i gjeldande tilbod kan avslutte låneavtalen før den løper ut, då oppstår underkurs. Underkursen blir gjort om til frådrag på lånebeløpet, slik at restlånet blir redusert. Det var ikkje tatt omsyn til anslaget for netto samla underkurs i budsjetteringa av saldert budsjett for 2023.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 489 mill. kroner til 4 755 mill. kroner.

Programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata

Kap. 595 Statens kartverk

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 og 45

Løyvinga dekker løn og driftsutgifter for Kartverket. Deler av utgiftene på posten blir finansiert av inntekter frå kap. 3595, post 02 sal og abonnement og post 03 samfinansering.

Grunna auka aktivitet og inntekter frå sal, abonnement og samfinansierte prosjekt, blir det foreslått å auke løyvinga med 30,3 mill. kroner. Auken er finansiert av auka inntekter under kap. 3595, postane 02 og 03.

Kartverket har behov for å reinvestere i teknisk utstyr knytt til posisjonering. Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner som dekkast av tilsvarande forslag om inntekt under kap. 3595, post 04.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 31,8 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 og 45

Løyvinga skal i hovudsak dekke tidsavgrensa prosjekt og tenester kjøpt frå private leverandørar. Deler av utgiftene på posten blir finansiert av inntekter frå kap. 3595, post 02 sal og abonnement og post 03 samfinansering.

Grunna auka aktivitet og inntekter frå sal, abonnement og samfinansierte prosjekt, blir det foreslått å auke løyvinga med 63,7 mill. kroner. Auken er finansiert av auka inntekter under kap. 3595, postane 02 og 03.

Kap. 3595 Statens kartverk

Post 01 Gebyrinntekter tinglysing

På posten førast inntekter knytt til gebyr for rettsregistering av burettar og tinglysing i fast eigedom. Grunna redusert omsetting i eigedomsmarknaden fell inntektene frå gebyr for tinglysing. Forslaget inneber å redusere løyvinga med 10 mill. kroner.

Post 02 Sal og abonnement m.m.

Kartverket har fått auka inntekter frå sal og abonnement. Forslaget inneber å auke løyvinga med 32,4 mill. kroner.

Post 03 Samfinansiering

Auka aktivitet i samfinansierte prosjekt som Kartverket leiar, gir meirinntekter og tilhøyrande utgifter for Kartverket. Forslaget inneber å auke løyvinga med 61,6 mill. kroner

Post 04 Sal av anleggsmiddel

På posten førast inntekter frå sal av anleggsmidlar. Kartverket har selt eit lite bygg på Værnes som har vore brukt til posisjoneringsinstrument. Det blir foreslått å løyve 1,5 mill. kroner i salsinntekter. Sjå òg forslag om reinvestering for tilsvarande beløp på kap. 595, post 01.

Andre saker

Riving av Oslo hovudbrannstasjon – justering mellom kostnadsrammer

Oslo hovudbrannstasjon må bli riven for å kunne bygge nytt regjeringskvartal. Av praktiske og anleggstekniske årsaker legg regjeringa til grunn at ansvaret for å gjennomføre sjølve rivearbeida skal bli overført frå Statsbygg til Statens vegvesen som ledd i ombygginga av Ring 1. Midlar til rivearbeida inngår per i dag i kostnadsramma for byggetrinn 1 av nytt regjeringskvartal. Det er derfor behov for å justere kostnadsrammene og løyvingane mellom Statsbygg som gjennomfører byggetrinn 1 i nytt regjeringskvartal, og Statens vegvesen som gjennomfører ombygginga av Ring 1. Regjeringa tar sikte på å kome tilbake til nødvendige overføringar i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024. Det blir lagt til grunn at Statens vegvesen blir fullt ut kompensert for alle kostnader som er knytt til riving av hovudbrannstasjonen. Auka kostnadsramme for ombygging av Ring 1 vil bli fullt ut motsvara av redusert kostnadsramme for byggetrinn 1 i nytt regjeringskvartal.

Til forsida