1 Innleiing
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2024.
Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2024 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmer forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 2 590 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 3 990 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 765 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med 2 165 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvingane for inntekter under inntektskapitla med 152 mill. kroner.
Kap. 600 Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2024 er 286,8 mill. kroner.
Som følge av anslått verknad av lønnsoppgjeret for 2024 blir det foreslått å auke løyvinga med 5,8 mill. kroner. Det blir vist til Finansdepartementet sin proposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2024 for nærmare omtale av dette.
Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.
Post 70 Tilskot
Løyvinga for 2024 er 57,5 mill. kroner.
Store deler av løyvinga blir nytta til å følge opp på departementet sine internasjonale forpliktingar, der ein andel av løyvinga skal gå til å dekke kontingent for norsk deltaking i European Labour Authority (ELA) i EU. Avtalen om norsk deltaking er forsinka, og løyvinga kan som følge av dette bli redusert.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6,5 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til bransjeprogram under IA-avtalen m.m., kan overførast
Løyving for 2024 er 71,5 mill. kroner.
På bakgrunn av rapport frå bransjeprogramma er det venta eit mindreforbruk knytt til at leverandørindustrien i olje- og gassnæringa ikkje har søkt om midlar for 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 9,1 mill. kroner.
Post 73 Tilskot til trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling
Løyvinga for 2024 er 5,6 mill. kroner.
Posten omfattar tilskot til dei juridiske fakulteta ved Universitet i Oslo (UiO), Universitet i Bergen (UiB) og Universitet i Tromsø (UiT). Formålet med tilskotet er å bidra til satsingane fakulteta gjer på trygderettsleg og EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling. Basert på rapportering frå eitt av universiteta vil det ikkje vere behov for å utbetale tilskot i 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1,6 mill. kroner.
Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga
Løyvinga gjeld IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.
I Prop. 1 S (2024–2025) blir kapittelet foreslått auka med 175 mill. kroner som følge av forskyving av aktivitet i Prosjekt 4 frå 2024 til 2025. Det er derfor behov for å justere ned løyvinga på kap. 604 i 2024 med tilsvarande beløp.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45
Løyvinga for 2024 er 166,9 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 45 Større ustyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21
Løyvinga for 2024 er 262,1 mill. kroner.
Sjå omtale under post 21.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 145 mill. kroner.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2024 er 13 898,5 mill. kroner
I statsbudsjettet for 2025 har regjeringa i samanheng med ei rekke endringar i regelverket for alderspensjon som følge av pensjonsavtalen foreslått å auke løyvinga på posten med 49 mill. kroner. Det er i tillegg eit auka behov i 2024 med 15 mill. kroner.
I samanheng med prosjektet for framtidas innkrevjing i Skatteetaten er det behov for å rammeoverføre 4,4 mill. kroner frå posten til Skatteetaten sitt kap. 1618, post 01. Sjå nærmare omtale under kap. 605, post 45.
Som følge av anslått verknad av lønnsoppgjeret for 2024 blir det foreslått å auke løyvinga med 260,3 mill. kroner. Det blir vist til Finansdepartementet sin proposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2024 for nærmare omtale av dette.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 270,9 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan oveførast
Løyvinga for 2024 er 362,3 mill. kroner.
Prosjektet for framtidas innkrevjing i Skatteetaten er eit samarbeid mellom fleire ulike verksemder, og framdrifta hos dei ulike verksemdene må sjåast i samanheng. Løyvinga er foreslått redusert med 19,1 mill. kroner. Løyvinga under Finansdepartementet sitt kap. 1618 Skatteetaten, post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast, er foreslått auka tilsvarande.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 19,1 mill. kroner.
Kap. 606 Trygderetten
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2024 er 119,5 mill. kroner.
Som følge av anslått verknad av lønnsoppgjeret for 2024 blir det foreslått å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner. Det blir vist til Finansdepartementet sin proposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2024 for nærmare omtale av dette.
Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Post 70 For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 på post 01 er 9 609 mill. kroner. Løyvinga for 2024 på post 70 er 84 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 612 med totalt 1 484 mill. kroner. Post 01 er foreslått redusert med 1 491 mill. kroner og post 70 er foreslått auka med 7 mill. kroner.
Reduksjonen kjem i hovudsak av at overslaget over premieinntekter (arbeidsgivarpremie og medlemsinnskot) er auka. Hovudårsaka til auken i premieinntektene er at ein del av pensjonspremien som kjem av lønnsoppgjeret for 2023 først blir fakturerte og innbetalte i 2024. Overslaget for utbetalte alderspensjonar er redusert mellom anna som følge av at veksten i talet på alderspensjonistar er noko lågare enn tidlegare anslått. Vidare viser oppdaterte overslag mellom anna at utbetalte AFP-pensjonar er reduserte, som følge av at andelen som har teke ut AFP har gått ned.
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2024 er 587 mill. kroner.
Som følge av anslått verknad av lønnsoppgjeret for 2024 blir det foreslått å auke løyvinga med 12,5 mill. kroner. Det blir vist til Finansdepartementet sin proposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2024 for nærmare omtale av dette.
Post 21 Forsøk med tilrettelagd vidaregåande opplæring, kan overførast
Løyvinga for 2024 er 50 mill. kroner.
Utgiftene ser ut til å bli lågare enn berekna som følge av utviklinga så langt i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6,1 mill. kroner.
Post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, kan overførast
Løyvinga for 2024 er 7 742,8 mill. kroner.
Det er forventa at ein større del av tiltaksaktiviteten vil komme til utbetaling i 2024 og ein mindre del i 2025 enn opphaveleg lagt til grunn. Som følge av dette blir det foreslått å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltaka med 100 mill. kroner i 2024. Tilsvarande blir det foreslått å redusere tilsegnsfullmakta til reknskapsmessig etterslep med utbetaling i 2025 med 100 mill. kroner, jf. forslag romartalsvedtak. Endringane påverkar ikkje tiltaksgjennomføringa i 2024.
Vidare foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet at inntektsførte trekk av tiltakspengar under kap. 3634, post 85 blir inntektsført under kap. 634 post 76. Inntektene reduserar utgiftene under post 76 med 5 mill. kroner i 2024. Sjå omtale under kap. 3634, post 85.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 95 mill. kroner.
Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet, kan overførast
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår at posten får stikkordet «kan overførast», sjå forslag til romertalsvedtak.
Kap. 3634. Arbeidsmarknadstiltak
Post 85 Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarknadstiltak
Løyvinga for 2024 er 5 mill. kroner
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner. Bakgrunnen er at inntektsførte trekk av tiltakspengar nå går til reduksjon av utgiftene under kap. 634, post 76.
Kap. 635 Ventelønn
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 0,4 mill. kroner.
Utgiftene blir berekna til 0,7 mill. kroner i 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Kap. 3635 Ventelønn m.m.
Post 01 Refusjon statleg verksemd m.m.
Løyvinga for 2024 er 0,4 mill. kroner.
Inntektene blir berekna til 0,7 mill. kroner i 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner.
Kap. 640 Arbeidstilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2024 er 859,9 mill. kroner.
Det ligg føre meirinntektsfullmakt under både kap. 3640, post 06 og 07 mot kap. 640, post 01, jf. romartalsvedtak II i Prop. 1 S (2023–2024).
Kap. 3640, post 06 omfattar bl.a. refusjonar for midlertidige utlegg og innbetaling av kursavgift der Arbeidstilsynet tar deltakaravgift. Det er venta ein meirinntekt på 0,6 mill. kroner under kap. 3640, post 06.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3640, post 06 med 0,6 mill. kroner mot ein parallelljustering under kap. 640, post 01.
Kap. 3640, post 07 omfattar gebyrinntekter for tenester Arbeidstilsynet utfører for verksemdene ved byggesaksbehandling etter arbeidsmiljølova § 18-9. Det er venta ei mindreinntekt på 3,7 mill. kroner under kap. 3640, post 07, som følge av at gebyrinntektene knytt til byggesaksbehandling vil bli lågare enn det som blei estimert. Dette er som følge av at byggeaktiviteten har vore lågare enn forventa.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. kap. 3640, post 07 med 3,7 mill. kroner mot ein parallelljustering under 640, post 01.
Som følge av anslått verknad av lønnsoppgjeret for 2024 blir det foreslått å auke løyvinga med 16 mill. kroner. Det blir vist til Finansdepartementet sin proposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2024 for nærmare omtale av dette.
Samla foreslår Arbeids- og inkluderingsdepartementet å auke løyvinga under kap. 640, post 01 med 12,9 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, regionale verneombod
Løyvinga for 2024 er 18,4 mill. kroner.
Det ligg føre meirinntektsfullmakt under kap. 3640, post 08 mot kap. 640, post 21, jf. romartalsvedtak II i Prop. 1 S (2023–2024).
Kap. 3640, post 08 omhandlar inntekter knytt til refusjon for utgifter til drift av regionale verneombod som blir administrerte av Arbeidstilsynet. Det er venta ei mindreinntekt under kap. 3640, post 08 på 1,1 mill. kroner. Hovudårsaka er at lønnsoppgjeret for 2024 truleg ikkje blir utbetalt før 2025.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 3640, post 08 med 1,1 mill. kroner mot ein parallelljustering under kap. 640, post 21.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
Post 06 Refusjonar
Løyvinga for 2024 er 3,8 mill. kroner.
Det blir vist til omtale under kap. 640, post 01.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3640, post 06 med 0,6 mill. kroner.
Post 07 Byggesaksbehandling, gebyr
Løyvinga for 2024 er 24,7 mill. kroner.
Det blir vist til omtale under kap. 640, post 01.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 3640, post 07 med 3,7 mill. kroner.
Post 08 Refusjon utgifter regionale verneombod
Løyvinga for 2024 er 18,7 mill. kroner.
Det blir vist til omtale under kap. 640, post 21.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 3640, post 08 med 1,1 mill. kroner.
Post 85 Tvangsmulkt
Løyvinga for 2024 er 7,2 mill. kroner.
Posten omfattar inntekter frå innkravd tvangsmulkt som verksemder har fått som følge av manglande oppfølging av pålegg frå Arbeidstilsynet. Det er ei utfordring å estimere beløp for løyvinga på posten, og for 2024 er det venta ei inntekt på 16 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 8,8 mill. kroner.
Post 86 Gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket
Løyvinga for 2024 er 29,5 mill. kroner.
Inntektene på posten vil avhenge av i kor stor grad Arbeidstilsynet må bruke verkemiddelet gebyr for brot på arbeidsmiljøregelverket. Det er utfordrande å gjere overslag for venta inntekter på posten, og for 2024 er venta inntekt om lag 65 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 35,5 mill. kroner.
Kap. 648 Arbeidsretten, Riksmeklaren m.m.,
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2024 er 28,7 mill. kroner.
Posten omfattar utgifter til lønn og drift for Arbeidsretten og Riksmeklaren. Det har i samanheng med Arbeidsretten og Riksmeklaren sin flytting til nytt lokale hausten 2023 oppstått auka utgifter i form av nye eingongskostnader. Det er som følge av dette behov for å auke løyvinga med 6,7 mill. kroner. Deler av beløpet blir foreslått dekt inn gjennom å redusere løyvinga under kap. 648, post 21.
Som følge av anslått verknad av lønnsoppgjeret for 2024 blir det foreslått å auke løyvinga med 0,4 mill. kroner. Det blir vist til Finansdepartementet sin proposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2024 for nærmare omtale av dette.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 7,1 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01
Løyvinga for 2024 er 0,6 mill. kroner.
Det blir vist til omtale under kap. 648, post 01.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner.
Kap. 660 Krigspensjon
Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 75 mill. kroner.
Overslaget på posten er redusert med 1 mill. kroner som følge av nedjusterte overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 4 020 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 10 mill. kroner som følge av høgare overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 667 Supplerande stønad
Post 70 Tilskot til personar over 67 år med kort butid, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 385 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 5 mill. kroner som følge av høgare overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til uføre flyktningar med kort butid, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 188 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 8 mill. kroner som følge av høgare overslag for gjennomsnittleg tal på mottakarar og gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner.
Kap 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga for 2024 er 377,1 mill. kroner.
Som følge av anslått verknad av lønnsoppgjeret for 2024 blir det foreslått å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner. Det blir vist til Finansdepartementet sin proposisjon om ny saldering av statsbudsjettet for 2024 for nærmare omtale av dette.
Kap. 671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Løyvinga for 2024 er 23 126,5 mill. kroner.
Det har vore ein reduksjon i prognosen for talet på fordrivne frå Ukraina som kjem til Noreg i 2024 og dermed ein reduksjon i talet som skal busettast og utløyser tilskot i 2024. Vidare er det ein reduksjon i utbetaling av ekstratilskot ved busetting av personar med funksjonsnedsettingar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 130,5 mill. kroner.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 1 815 mill. kroner.
Det er ein auke i talet på personar som er busett før 2024 som utløyser tilskot. Dette bidrar til å auke løyvingsbehovet på posten. Samtidig er det ein reduksjon i prognosen for talet på einslege mindreårige som skal busettast i 2024, grunna kapasitetsutfordringar i fleire kommunar til å busette einslege mindreårige utan følgeperson. Dette bidrar til at løyvingsbehovet på posten totalt sett blir redusert.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 12,5 mill. kroner.
Post 62 Kommunale integreringstiltak
Løyvinga for 2024 er 280,4 mill. kroner.
Det har vore eit mindreforbruk på tilskotsordninga kvalifiseringstiltak i integreringsmottak som kjem av færre personar i målgruppa for tilskotet enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett.
AID foreslår å redusere løyvinga med 1,7 mill. kroner.
Kap. 672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Løyvinga for 2024 er 2 283,4 mill. kroner.
Prognosen for talet på personar som får innvilga midlertidig kollektivt vern og kjem inn i målgruppa for eittårig norskopplæring i 2024 er redusert. Vidare er talet på personar som kom inn i same målgruppe i fjor og som utløyser tilskot i år også redusert. Dette bidrar til å redusere løyvingsbehovet på posten. Samtidig er det ein auke i prognosen for talet på fordrivne frå Ukraina som har behov for utvida norskopplæring. Samla sett blir løyvingsbehovet på posten redusert.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 177,6 mill. kroner.
Post 61 Kompetansekartlegging i mottak før busetting
Løyvinga for 2024 er 1 160 mill. kroner.
Det har vore ein reduksjon i prognosen for talet på personar i målgruppa for tilskot til kompetansekartlegging.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Kap. 3672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Løyvinga for 2024 er 65,1 mill. kroner.
Det har vore ein reduksjon talet på personar som er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 17,4 mill. kroner.
Kap. 2470 Statens pensjonskasse
Post 24 Driftsresultat
Løyvinga for 2024 er -15 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår følgande endringar som i sum ikkje endrar løyvinga på post 24 Driftsresultat:
Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i driftsinntektene med 15 mill. kroner til 745 mill. kroner mot ein auke av underpostane 24.2 Driftsutgifter med 14 mill. kroner og 24.4 Renter av statens kapital med 1 mill. kroner. Auken i driftsinntekter skriv seg frå høgare volum knytt til administrasjon av bustadlånsordninga i SPK og kursverksemda i SPK.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i driftsutgiftene med 14 mill. kroner til 608 mill. kroner, jf. omtale ovanfor.
Underpost 24.4 Renter av statens kapital
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår ein auke i løyvinga på underposten med 1 mill. kroner, jf. omtale ovanfor.
Kap. 2541 Dagpengar
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 12 210,4 mill. kroner.
På bakgrunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli høgare enn berekna. Hovudårsaka er at gjennomsnittleg yting per dagpengemottakar har auka.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 680 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
Post 72 Innkrevjing av forskotterte dagpengar
Løyvinga for 2024 er 140 mill. kroner.
På bakgrunn av utviklinga så langt i år blir inntektene berekna til 155 mill. kroner i 2023.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m.
Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 900 mill. kroner.
I 2024 har det vore ein auke i antal saker til behandling samanlikna med 2023. Det har også vore ein auke i gjennomsnittleg størrelse på konkursane, slik at fleire tilsette har krav på tilskot. Det bidrar til høgare utbetaling per sak. Det er stor uvisse om utviklinga framover.
Utgiftene i 2024 blir berekna til 985 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 85 mill. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
Post 70 Dividende
Løyvinga for 2024 er på 215 mill. kroner.
Posten gjeld refusjonar av utgifter gjennom lønnsgarantiordninga. Det varierer sterkt kor lang tid det tar før innbetalingane kjem og i tillegg kor mykje det er å hente i konkursbua. I 2024 har det vore ekstra høge innbetalingar, noko som kan relatere seg til eldre konkurssaker. Auken kan også vere ein indikasjon på at konkurssakene blir større og at det er meir å hente i buet.
Inntektene for 2024 ligg an til å bli 290 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 75 mill. kroner.
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 83 mill. kroner.
Utgiftene blir berekna til 80 mill. kroner i 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 2650 Sjukepengar
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 57 390 mill. kroner.
Utviklinga til og med september 2024 tilseier ein auke i det trygdefinansierte sjukefråværet frå 2023 til 2024 på 4,5 pst. Dette er høgare enn berekna i Prop. 104 S (2023–2024), der det blei lagt til grunn ein nedgang på 1 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 3 180 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 1 800 mill. kroner.
Utviklinga til og med september 2024 tilseier ein auke i det trygdefinansierte sjukefråværet frå 2023 til 2024 på 4,5 pst. Dette er høgare enn berekna i Prop. 104 S (2023–2024), der det blei lagt til grunn ein nedgang på 1 pst. Vidare har sjukepengegrunnlaget (lønnsvekst) auka frå 5,2 til 6,0 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 110 mill. kroner.
Post 72 Pleie-, opplærings- og omsorgspengar m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 2 910 mill. kroner.
Det er venta høgare volumvekst i 2024 enn det som blei lagt til grunn i Prop. 104 S (2023–2024). Det er i hovudsak som følge av at fleire nyttar seg av ordninga med pleiepengar, men det er også fleire som tek imot pleiepengar over lengre periodar. Overslaget for volumveksten er justert opp frå 8 til 18 pst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 270 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 3 390 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2024 blir lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 180 mill. kroner.
Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar
Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 45 750 mill. kroner.
Utbetalinga per mottakar er venta å bli noko høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Vidare er gjennomsnittleg tal på mottakarar av arbeidsavklaringspengar i 2024 berekna til å bli høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Grunnen til dette er at avgangen frå arbeidsavklaringspengar til anna enn uføretrygd er redusert og at det har vore ein auke i tilgangen til ordninga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 740 mill. kroner.
Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 132 mill. kroner.
Tilgjengeleg informasjon tilseier at utgiftene i 2024 blir noko lågare enn tidlegare venta.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 2655 Uførleik
Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 124 800 mill. kroner.
Gjennomsnittleg tal for mottakarar av uføretrygd i 2024 er berekna å bli høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Det er i hovudsak auka overgang frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd og lågare avgang frå uføretrygd som bidrar til auken. Lågare gjennomsnittleg utbetaling per mottakar reduserer på den anna side utgiftsanslaget noko. Samla sett inneber dette auka utgifter til uføretrygd i 2024 enn det ein rekna med tidlegare i år.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 140 mill. kroner.
Post 75 Meinerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 78 mill. kroner.
På grunn av utviklinga så langt i år ser utgiftene ut til å bli 5 mill. kroner lågare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m.
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 1 790 mill. kroner.
Det er venta høgare utgifter i 2024 enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga, i hovudsak som følge av ein auke i gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 2 210 mill. kroner.
Det er venta høgare utgifter i 2024 enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga. Dette er som følge av ein auke i antal mottakarar og høgare gjennomsnittleg yting.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 80 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning
Løyvinga for 2024 er 135 mill. kroner.
Det er venta noko lågare volumvekst i 2024 enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 14 mill. kroner
Post 74 Tilskot til bilar
Løyvinga for 2024 er 810 mill. kroner.
Det er venta høgare utgifter til stønad til bil enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga, hovudsakeleg som følge av høgare volumvekst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 65 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Løyvinga for 2024 er 4 810 mill. kroner.
Det er venta høgare utgifter enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga, hovudsakeleg som følge av høgare volumvekst.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 140 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Løyvinga for 2024 er 2 530 mill. kroner.
Det er venta høgare volumvekst i 2024 enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 70 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Løyvinga for 2024 er 1 010 mill. kroner.
Det er venta noko høgare volumvekst i 2024 enn det som tidlegare er lagt til grunn for løyvinga.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner.
Kap. 2670 Alderdom
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 93 610 mill. kroner.
Overslaget for gjennomsnittleg tal på mottakarar er redusert og overslag for gjennomsnittleg yting er auka. Samla sett er overslaget på posten redusert med 70 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 70 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 189 710 mill. kroner.
Overslaget for gjennomsnittleg tal på mottakarar og overslag for gjennomsnittleg yting er redusert. Samla sett er overslaget på posten redusert med 370 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 370 mill. kroner.
Post 72 Inntektspensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 24 400 mill. kroner.
Overslaget for gjennomsnittleg tal på mottakarar og overslag for gjennomsnittleg yting er redusert. Samla sett er overslaget på posten redusert med 220 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 220 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg m.m., overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 9 200 mill. kroner.
Posten dekker fleire tillegg til alderspensjon: særtillegg, pensjonstillegg, minstenivåtillegg, garantipensjon, skjermingstillegg og forsørgingstillegg.
Samla sett er overslaget på posten redusert med 60 mill. kroner. Reduksjonen er hovudsakleg som følge av redusert overslag for garantipensjon, der overslaget for gjennomsnittleg tal på mottakarar og overslag for gjennomsnittleg yting er redusert. Det er også gjort justeringar av andre tillegg.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 60 mill. kroner.
Kap. 2680 Etterlatne
Post 71 Barnepensjon, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 1 630 mill. kroner.
Overslaget for gjennomsnittleg tal på mottakarar er redusert og overslag for gjennomsnittleg yting er auka. Samla sett er overslaget på posten auka med 10 mill. kroner.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Post 74 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving
Løyvinga på posten er 0,2 mill. kroner.
Utgiftene på posten ser ut til å bli 0,1 mill. kroner lågare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Post 75 Stønad til barnetilsyn til attlevande i arbeid, overslagsløyving
Løyvinga på posten er 2,4 mill. kroner.
Utgiftene på posten ser ut til å bli 0,8 mill. kroner lågare enn tidlegare berekna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet føreslår å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner
Kap. 2686 Stønad ved gravferd
Post 70 Stønad ved gravferd, overslagsløyving
Løyvinga for 2024 er 305 mill. kroner.
Overslaget på posten er auka med 80 mill. kroner som følge av at det er forventa betydeleg fleire mottakarar av både behovsprøvd gravferdsstønad og båretransport enn lagt til grunn i vedtatt budsjett. Dette har i stor grad samanheng med at det er sett i gang eit arbeid med å få ned restansar på området, som inneber at NAV vil behandla fleire saker enn normalt i 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 80 mill. kroner.
Kap. 5701 Diverse inntekter
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Løyvinga for 2024 er 846 mill. kroner.
Overslag for innbetalingar av refusjon i 2024 av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2023 er på 865,9 mill. kroner, noko som betyr auka inntekt på posten med 19,9 mill. kroner i 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet føreslår å auke løyvinga med 19,9 mill. kroner.
Post 80 Renter
Løyvinga for 2024 er 1 mill. kroner.
Overslaget er auka til 2 mill. kroner på grunn av inntektene så langt i år. Det er vanskeleg å talfeste inntektene på posten, ettersom innbetalte beløp kan variere frå sak til sak.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet føreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 86 Innkrevjing feilutbetalingar
Løyvinga for 2024 er 1 507 mill. kroner.
Ulike inntektstypar trekker i ulik retning i ein oppdatert prognose for 2024. Helfo sitt arbeid med innkrevjing av feilutbetalingar er venta å gi auka inntekter i 2024. I det ordinære innkrevjingsarbeidet er det på den anna sida overført færre saker til innkrevjing enn normalt dei siste åra, som medfører lågare innbetaling enn venta i 2024. Samla gir dette eit auka overslag med 13 mill. kroner for inntektene i 2024.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 13 mill. kroner.
Post 88 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Løyvinga for 2024 er 95 mill. kroner.
Overslaget er auka med 10 mill. kroner som følge av at det er venta høgare inntekter, i hovudsak frå sal av bilar og innbetaling av dagbøter.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner.