2 Forslag til endringar
Programkategori 00.10 Det kongelege hus
Kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga
Post 51 Særskilde prosjekt ved Det kongelege hoff
Sikringsprosjektet ved dei statlege og private kongelege eigedomar blir gjennomført i regi av Det kongelege hoffet. Prosjektet blei første gang omtalt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2014. Kostnadsramma for sikringsprosjektet blei vedtatt ved behandlinga av statsbudsjettet for 2018, og blei da satt til 623,8 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2022).
I Prop. 115 S (2021–2022) blei det rapportert om behov for å auke kostnadsramma for prosjektet til 725 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2022), som blei vedtatt som ny kostnadsramme. Årsakene var mellom anna ulike forhold under bakkenivå i parkane rundt Slottet, som har komplisert og auka omfanget av arbeida. I tillegg har koronapandemien gitt utfordringar for både vareleveransar og innreise av arbeidskraft, noko som ytterlegare har auka kostnadane. Det er totalt løyvd 698 mill. kroner til prosjektet.
På grunn av uvissa om kostnadane i prosjektet blei det i Prop. 115 S (2021–2022) opna for å komma tilbake til saka i nysalderinga for 2022. Det er no gjennomført ein ny uvisseanalyse, som viser behov for ei kostnadsramme på 800 mill. kroner. Basert på dette blir det foreslått å auke kostnadsramma til 800 mill. kroner. Det blir samstundes foreslått å auke løyvinga med 102 mill. kroner.
Som følgje av dette, blir det foreslått å endre romartalsvedtaket om sikringsprosjektet på dei kongelege eigedomane, jf. forslag til romartalsvedtak. Blir sluttkostnaden lågare enn 800 mill. kroner, fører Det kongelege hoffet tilbake differansen til staten.
Programkategori 13.00 Administrasjon
Kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
Løyvinga gjeld behovet til departementet for kjøp av statistikk, data, utgreiingar, evalueringar og formidling av kunnskap og gjennomføring av mellombelse tiltak og prosjekt.
Ved behandlinga av Prop. 115 S (2021–2022) blei det løyvd 8 mill. kroner til opning av den nasjonale minnestaden etter 22. juli på Utøyakaia 18. juni 2022, jf. Innst. 450 S (2021–2022). Arrangementet kosta totalt 6,6 mill. kroner. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner.
Kap. 505 Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker kostnadane til Statens pensjonskasse (SPK) for å administrere bustadlåneordninga, jf. post 90. Løyvinga for 2022 er 40 mill. kroner. Nytt anslag er basert på føresetnadar om at volumet i bustadlåneordninga i SPK er auka, jf. kap. 505, post 90 og kap. 3505, post 90. Det blir foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 90 Utlån, overslagsløyving
Løyvinga dekker forventa brutto utlån til bustadlån og berekna opptente, men ikkje betalte, renter på låna i SPK. Løyvinga for 2022 er 14 100 mill. kroner. Overslag for utbetalte lån i 2022 er auka med 600 mill. kroner. Nytt overslag kjem av ein stor auke i søknadsinngangen som følgje av rentehevingar i juni, august, september og november. Erfaringar tilseier at i periodar med renteoppgang aukar talet på lånesøknadar til SPK, som følgje av at renta i SPK i ein periode da normalt vil vere gunstig samanlikna med marknaden elles. Det blir foreslått å auke løyvinga med 600 mill. kroner.
Kap. 507 Gruppelivsforsikring
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga dekker utbetaling av gruppelivserstatningar og kostnadane til SPK for å administrera gruppelivsordninga. Løyvinga for 2022 er 200 mill. kroner. Grunnen til nytt anslag er auka satser for gruppelivserstatningar frå og med 1. mai 2022 i samband med nye hovudtariffavtalar i staten. Anslaget er vidare basert på utbetalte erstatningar så langt i 2022 og prognose for utbetalingar ut året. Utbetalte gruppelivserstatningar varierer frå år til år og er mellom anna avhengig av kor mange prioriterte etterlatne avdøde har. Det blir foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner.
Kap. 3505 Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
Post 01 Gebyrinntekter, lån
Posten omfattar innbetaling av gebyrer frå låntakarane i bustadlåneordninga i SPK i form av termingebyr, etableringsgebyr, purregebyr o.l. Løyvinga for 2022 er 36 mill. kroner. Nytt anslag kjem av auka volum i bustadlånsordninga i SPK, jf. kap. 505, post 90 og kap. 3505, post 90. Det blir foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Post 90 Tilbakebetaling av lån
Posten omfattar ordinære og ekstraordinære avdrag, tilbakeføring av berekna opptente, men ikkje betalte renteinntekter og tilbakeføring av tap i SPK. Løyvinga for 2022 er 8 500 mill. kroner. Overslaget på posten er redusert med 1 100 mill. kroner. Grunnen til nytt overslag er i hovudsak at talet på innløysingar er redusert. Erfaringar tilseier at i periodar med renteoppgang reduserast talet på innløysingar, som følgje av at renta i SPK i ein periode da normalt vil vere gunstig samanlikna med marknaden elles. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 1 100 mill. kroner.
Kap. 3506 Yrkesskadeforsikring
Post 01 Premieinntekter
Løyvinga dekker innebetaling av yrkesskadeforsikringspremie frå alle arbeidsgivarar som er omfatta av ordninga. Løyvinga for 2022 er 79 mill. kroner. Premien for 2022 blei fakturert i juni med 80 mill. kroner. Det blir foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner.
Kap. 3507 Gruppelivsforsikring
Post 01 Premieinntekter
Posten omfattar innbetaling av premie for dei verksemdene som betaler gruppelivspremie direkte til SPK. Løyvinga for 2022 er 100 mill. kroner. Overslaget for premieinntekter er auka med 8 mill. kroner som følgje av ein oppgang i talet på årsverk som er omfatta av ordninga, og etterfakturering for 2021. Det blir foreslått å auke løyvinga med 8 mill. kroner.
Kap. 5607 Renter av bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse
Post 80 Renter
Løyvinga gjeld renteinntekter, og opptente, ikkje betalte renter knytt til bustadlånsordninga i SPK. Løyvinga for 2022 er 813 mill. kroner. Overslaget for renteinntekter er redusert med 103 mill. kroner som følgje av lågare rentenivå enn det som blei lagt til grunn i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022. Reduksjonen blir delvis vege opp av at volumet i bustadlånsordninga i SPK er auka jf. kap. 505, post 90 og kap. 3505, post 90. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 103 mill. kroner.
Programkategori 13.25 Statsforvaltarane
Kap. 525 Statsforvaltarane
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og drift for statsforvaltarane og for Statsforvaltarens fellestenester (STAF).
På grunn av høgare utgifter enn forventa til reintelling i Finnmark, blir det foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på Landbruks- og matdepartementets kap. 1142, post 01.
Programkategori 13.30 Statlege byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning
Kap. 530 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga gjeld der Statsbygg får i oppdrag å prosjektere og skaffe brukarutstyr til byggjeprosjekt.
Brukarutstyrprosjekta for Vikingtidsmuseet og fagskulen for brann og redning har lågare behov i 2022 enn budsjettert.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.
Kap. 533 Eigedomar utanfor husleigeordninga
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til restaureringsarbeid ved eigedomane.
I 2022 er det løyvd 178,5 mill. kroner til den nasjonale minnestaden etter 22. juli ved Utøyakaia i Hole kommune. Prosjektet er ferdigstilt, og sluttkostnaden er venta å bli minst 50 mill. kroner lågare enn budsjettert.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.
Kap. 2445 Statsbygg
Post 33 Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker midlar til vidareføring av byggjeprosjekt som Stortinget tidlegare har vedtatt å starte opp. Midlane skal sikre optimal framdrift i pågåande prosjekt.
Byggjeprosjekta byggjetrinn 1 og energiløysinga i nytt regjeringskvartal har lågare behov i 2022 enn budsjettert.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 350 mill. kroner
Post 34 Vidareføring av brukarfinanisierte byggjeprosjekt, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til vidareføring av brukarfinansierte byggjeprosjekt.
Behovet er lågare enn venta.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 200 mill. kroner.
Post 39 Renter på byggjelån, kan overførast
I tråd med ny økonomimodell for Statsbygg blir byggjelånsrenter på investeringspostane 30–34 aktiverte i balansen til Statsbygg.
Behovet er 20 mill. kroner lågare enn venta.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.
Kap. 5446 Sal av eigedom, Fornebu
Post 40 Salsinntekter
På posten førast inntekter frå sal av gjenståande statlege areal på Fornebu.
Ei tomt som var planlagd seld i 2022, blir først seld i 2023.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 13,1 mill. kroner.
Kap. 5447 Sal av eigedom utanfor statens forvaltningsbedrifter
Post 40 Salsinntekter
På posten førast mellom anna inntekter frå sal av eigedomar på Adamstuen i Oslo som blir frigjorde etter at byggjeprosjektet på Campus Ås blei ferdigstilt.
Salsgevinsten blei høgare enn venta. Det blir foreslått å auke løyvinga med 353 mill. kroner.
Programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk
Kap. 540 Digitaliseringsdirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til Digitaliseringsdirektoratet sine utviklingsoppgåver og it-prosjekt, også nyutvikling knytt til nasjonale fellesløysingar.
I 2022 er det løyvd 26 mill. kroner på kap. 540, post 23 for å etablere eit opplegg for å utferde elektronisk ID til flyktningar frå Ukraina, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022). Ettersom midlar til nyutvikling knytt til nasjonale fellesløysingar bør løyvast på denne posten, blir det foreslått å auke løyvinga med 26 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 540, post 23, jf. omtale under post 23.
Post 22 Bruk av nasjonale fellesløysingar
Løyvinga dekker utgifter for bruk av elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå som er utferda av private leverandørar, og elektronisk ID med lågare sikkerheitsnivå ved sending av SMS. Posten dekker også utgifter for bruk av Digital postkasse til innbyggjarar der det er inngått avtale med fleire kommersielle aktørar, og kostnadar for å logge inn til postkassene via ID-porten og signaturkostnadar knytt til signeringstenesten. Desse kostnadane vil den enkelte verksemda bli fakturert for, jf. kap. 3540, post 05.
Løyvinga er basert på forventa volum for den enkelte verksemda. Veksten i 2022 ser ikkje ut til å bli så høg som estimert. I tillegg blei prisane til eID-leverandørane redusert som følgje av forhandlingar i slutten av 2021. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 48,8 mill. kroner.
Post 23 Utvikling og forvaltning av nasjonale fellesløysingar, kan overførast
Løyvinga dekker mellom anna utvikling, forvaltning og drift av dei nasjonale fellesløysingane ID-porten, Digital postkasse til innbyggjarar, Kontakt- og reservasjonsregisteret, eSignering, eFormidling/ELMA, eInnsyn, Altinn og data.norge.no. Fellesløysingane blir nytta i nesten 11 000 offentlege digitale tenester. Alle fellesløysingane har opplevd ein stor auke i bruk, og auken held fram i 2022.
Det er behov for å oppgradere og oppdatere dei teknologiske løysingane, slik at ein kan handtere vidare vekst og sikre stabilitet i fellesløysingane. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 8,3 mill. kroner.
Vidare blir det foreslått ein reduksjon på posten på 26 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på post 21, jf. omtale under post 21.
Samla blir det foreslått ein reduksjon på 17,7 mill. kroner.
Post 25 Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt, kan overførast
Føremålet med løyvinga er å bidra til auka gjennomføring av samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringsprosjekt og realisering av gevinstar. Løyvinga skal delfinansiere små og mellomstore digitaliseringsprosjekt som er samfunnsøkonomiske lønsame, og finansiere tverrgåande prosjekt som støttar opp om digitaliseringsstrategien.
For prosjekt som har mottatt medfinansiering blir det gjort ei avrekning etter at prosjektet er avslutta. Med bakgrunn i avrekninga av prosjekt som fekk tilsegn om medfinansiering i 2019, og der total tilsegn ikkje er nytta, blir det foreslått å redusere løyvinga med 12,1 mill. kroner.
Midlar i ordninga som ikkje er fordelte, er overførte frå tidlegare år. Dette kan mellom anna skuldast at det beløpet det er søkt om i dei ulike prosjekta ikkje fullt ut har samsvart med tilsegnsramma. Det blir foreslått å tilbakeføre midlar frå tilsegnsramma for 2019. Som følgje at dette, blir det foreslått å redusere løyvinga med 2,8 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 14,9 mill. kroner.
Post 29 Tenesteeigarfinansiert drift av Altinn, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til drift og driftsrelatert applikasjonsforvaltning knytt til Altinn. Utgiftene blir vidarefakturerte til tenesteeigarane i samsvar med gjeldande fordelingsnøkkel i samarbeidsavtalen mellom tenesteeigarane og Digitaliseringsdirektoratet. Inntektene frå tenesteeigarane blir budsjettert på kap. 3540, post 07.
Løyvinga er basert på tenesteeigarane sine estimat for dekking av driftskostnadar. Dei nyaste estimata viser eit meirbehov på om lag 8,6 mill. kroner i 2022. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 8,6 mill. kroner.
Kap. 541 IT- og ekompolitikk
Post 22 Utvikling, gjennomføring og samordning av IT- og ekompolitikken, kan overførast, kan nyttast under post 61 og 70
Medlemskontingent – DigitalNorway – Toppindustrisenteret AS
Kommunal- og distriktsdepartementet er strategisk medlem i DigitalNorway – Toppindustrisenteret AS. Føremålet er å støtte senteret sitt arbeid som ein effektiv og uavhengig virkemiddelaktør for digital kompetanseutvikling og auka bruk av data innanfor næringslivet, primært retta mot små og mellomstore bedrifter. I Prop. 115 S (2021–2022) foreslo departementet at kontingenten til Digital Norway skulle settes til 2 mill. kroner. Ved ein feil blei beløpet ikkje satt til 3 mill. kroner, som er det totale beløpet som skulle ha blitt sett av til DigitalNorway. Departementet foreslår derfor å auke beløpet til 3 mill. kroner innanfor gjeldande løyving.
Kontingent til Det europeiske nettverks- og informasjonssikkerhetsbyrået (ENISA)
For å dekke inn auka kontingent til ENISA, blir løyvinga foreslått redusert med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 541, post 70, jf omtale under post 70.
Post 61 Førebygging og handtering av digitale hendingar, kan overførast, kan nyttast under post 22
I 2022 er det løyvd 10 mill. kroner på posten til å styrkje kommunane sin kompetanse og kapasitet til å førebyggje og handtere digitale hendingar, jf. Prop. 78 S og Innst. 270 S (2021–2022). Kommunal- og distriktsdepartementet har hatt dialog med kommunesektoren sin interesseorganisasjon (KS) om utforminga av ordninga, og arbeider med å fastsette kva tiltak som skal gjennomførast.
For det tilfellet at løyvinga ikkje blir brukt i 2022, blir det foreslått å føye til stikkordet «kan overførast» på posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 70 Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk, kan nyttast under post 22
På posten blir det løyvd diverse tilskot og kontingentar innanfor forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk.
Løyvinga dekker mellom anna utgifter til Noregs kontingent til Open Government Partnership (OGP) og kontingentar knytt til Noregs deltaking i Den internasjonale teleunion (ITU), Den europeiske post- og teleorganisasjon (CEPT) og Det europeiske nettverks- og informasjonssikkerhetsbyrået (ENISA). Endra valutakurs gjer at kontingenten for 2022 aukar i forhold til saldert budsjett for 2022. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 0,8 mill. kroner.
Kontingenten til ENISA har auka ut over endra valutakurs. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 0,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 541, post 22, jf. omtale under post 22.
Samla blir løyvinga foreslått auka med 1,6 mill. kroner.
Kap. 542 Internasjonalt samarbeid
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker utgifter til løn og drift for nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen som del av deltaking i EU-programma. Løyvinga på posten har tatt utgangspunkt i at Noreg har tre nasjonale ekspertar. Frå september 2022 har stillingane vore ledige. Som følgje av dette ligg det an til eit antatt mindreforbruk på posten.
Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 3,1 mill. kroner.
Post 70 Internasjonale program, kan overførast
Løyvinga gjeld EU-program som Noreg tar del i etter EØS-avtala og som er knytt til utviklinga av informasjonssamfunnet og elektronisk forvaltning. Løyvinga dekker programkontingentar og andre utgifter til EU-program og etterslep frå avslutta EU-program. Årleg medlemskontingent for norsk deltaking i EU-program blir fastsett i euro av EU-kommisjonen på grunnlag av forventa framdrift under det enkelte programmet. Kontingenten blir betalt samla av Utanriksdepartementet mot seinare refusjon frå dei departementa som er ansvarlege for dei enkelte programma.
Det norske bidraget til programmet DIGITAL og etterslep etter dei avslutta programma CEF Digital og ISA2 blei i Prop. 1 S (2021–2022) anslått til 238,2 mill. kroner. Basert på innbetalingskrav frå Utanriksdepartementet blir kontingenten for desse programma om lag 217,6 mill. kroner i 2022. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 20,6 mill. kroner.
Kap. 543 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
På posten blir det løyvd midlar som skal bidra til at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit skal ha tilgang til moderne og oppgradert utstyr som gjer etaten godt rusta til å løyse samfunnsoppdraget sitt.
Den sikkerheitspolitiske situasjonen er endra, og det er viktig å auke sikkerheita og beredskapen knytt til ekominfrastruktur på norsk sokkel som stør norsk olje- og gassproduksjon. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 8 mill. kroner til innkjøp av utstyr for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit til dette føremålet.
Post 70 Telesikkerheit og -beredskap, kan overførast
På posten blir det løyvd midlar til auka telesikkerheit og -beredskap ut over det som vil gjennomførast på kommersielt grunnlag og ut over det som kan påleggast etter ekomlova § 2-10 første ledd. Tiltaka på posten blir gjennomført etter avtale med eller pålegg på teletilbydarane etter ekomlova § 2-10 andre ledd, mot kostnadsdekning frå staten.
Mobilbasert befolkningsvarsling
I 2022 er det løyvd 50 mill. kroner på posten til innføring av eit system for mobilbasert befolkningsvarsling, der meldingar blir kringkasta til mobiltelefonane gjennom mobilnettet, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022). Kommunal- og distriktsdepartementet har gitt Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i oppdrag å implementere eit system for mobilbasert befolkningsvarsling, i tett samarbeid med Direktorat for samfunnstryggleik og beredskap. Systemet vil gi moglegheit for rask varsling nasjonalt, regionalt og lokalt. Kostnadane for systemet, som er basert på Cell Broadcast-teknologi, inkluderer mellom anna nødvendige oppgraderingar, investeringar, testing og implementering for dei tre mobilnett-tilbydarane (Telenor, Telia og Ice).
Det blei også løyvd midlar til mobilbasert befolkningsvarsling på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 451, post 45 i 2022, og deler av desse blir no foreslått flytta til Kommunal- og distriktsdepartementet. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 451, post 45.
I tillegg blir det foreslått å omdisponere 5,2 mill. kroner innanfor posten. Dette er midlar som står igjen frå løyvinga på 100 mill. kroner til fleire fiberkablar til utlandet i statsbudsjetta frå 2018 til og med 2020, som mellom anna har resultert i eit nytt fibersamband mellom Noreg og Danmark. Kommunal- og distriktsdepartementet viser til at det no skjer etableringar av nye utanlandssamband på kommersiell basis, og meiner derfor at midlane kan omdisponerast.
Auka sikkerheit og beredskap knytt til ekominfrastruktur på norsk sokkel
Den sikkerheitspolitiske situasjonen er endra, og det er viktig å auke sikkerheita og beredskapen knytt til ekominfrastruktur på norsk sokkel som stør norsk olje- og gassproduksjon. Sjøfiberkablar utgjer ein viktig del av denne typen infrastruktur på sokkelen. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 35 mill. kroner til å gjennomføre fleire tiltak for auka sikkerheit og beredskap knytt til ekominfrastruktur på sokkelen.
Prioritetsabonnement
Verksemder som er avhengige av mobiltelefon for å utføre særleg samfunnsviktige oppgåver kan få prioritetsabonnement. Føremålet med prioritetsabonnement er å sikre at personar med ansvar for slike oppgåver får betre framkomelegheit i mobilnetta ved høg belastning eller problem i mobilnetta. Dette bidrar til å sikre samfunnet si evne til å handtere krise- eller beredskapssituasjonar. Dagens løysing for prioritetsabonnement omfattar kun prioritert tale over 2G-netta. Det er behov for å oppgradere prioritetsabonnementsordninga slik at ho kan gi prioritet i 4G- og 5G-netta og slik at ho gir prioritet både ved tale og databruk. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 7 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 52 mill. kroner.
Post 71 Funksjonell internettilgang til alle, kan overførast
Føremålet med ordninga har vore å etablere eit tilbod om funksjonell internettilgang eller telefonteneste til husstandar og små og mellomstore verksemder som ikkje får eit slikt tilbod gjennom marknadsbasert utbygging eller gjennom andre offentlege verkemiddel, jf. Prop. 1 S (2021–2022).
Utkast til tilskotsregelverk var på høyring i 2021. I 2022 har departementet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit arbeidd vidare med å fastsetje forskrifta med tilskotsreglar. Det har oppstått ein del praktiske utfordringar knytt til ordninga, mellom anna knytt til statsstøtteregelverk. Det har derfor tatt lenger tid enn forventa å etablere ordninga.
I Prop. 1 S (2021–2022) er det opna for at dei som berre ønskjer telefonteneste, skal få etablert dette mot ein eigendel på 3 000 kroner. Det har vist seg praktisk vanskeleg å etablere eit skilje mellom telefonteneste og internettilgang, og konsekvensen vil vere at dei som berre bestiller telefonteneste i mange tilfelle også vil få tilgang til internett. Dette var ikkje hensikta, og det vil derfor i det vidare arbeidet bli lagt opp til at det berre er funksjonell internettilgang som skal anskaffast, mot ein eigendel på 5 000 kroner. Departementet understrekar at dei som får etablert funksjonell internettilgang også vil kunne bruke denne tilgangen til telefonteneste.
Vidare var det i Prop. 1 S (2021–2022) lagt opp til at funksjonell internettilgang skulle bety minimum 20 Mbit/s nedlastingshastigheit. Departementet viser til at utviklinga i hastigheiter går raskt, og vil leggje til grunn ei minimumhastigheit på 30 Mbit/s i ordninga i det vidare arbeidet. Dette er ei hastigheit som sikrar at grunnleggande behov for internettilgang blir varetatt.
Departementet vil kome tilbake med endringar i ordninga for 2023 i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023.
Kap. 546 Personvernnemnda
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker i hovudsak løns- og driftsutgifter til Personvernnemnda sitt sekretariat, reiseutgifter og godtgjersle til medlemmene i nemnda, og i tillegg eventuell dekking av sakskostnadar der dette blir tilkjent.
Som følgje av pandemien har fleire av møta i nemnda blitt gjennomført digitalt, og det har av same grunn vore lågare deltaking på kurs og seminar enn forventa. Det har derfor blitt færre utgifter til reiser og godtgjersler enn budsjettert. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 0,6 mill. kroner.
Kap. 3540 Digitaliseringsdirektoratet
Post 05 Bruk av nasjonale fellesløysingar
På posten blir det budsjettert med inntekter knytt til betaling frå offentlege verksemder for bruk av elektronisk ID på høgt sikkerheitsnivå som er utferda av private leverandørar, og elektronisk ID med lågare sikkerheitsnivå ved sending av SMS. I tillegg til dette blir det budsjettert med inntekter frå verksemder for bruk av Digital postkasse til innbyggjarar, innlogging til postkassane via ID-porten og signeringskostnadar knytt til signeringstenesten. Posten dekker også inntekter frå verksemder som tar i bruk signeringstenesten.
Løyvinga blir foreslått redusert med 48,8 mill. kroner, jf. forslag om reduksjon på kap. 540, post 22.
Post 07 Tenesteeigarfinansisert drift av Altinn
På posten blir det budsjettert med inntekter knytt til drift og driftsrelatert applikasjonsforvaltning av Altinn som Digitaliseringsdirektoratet vidarefakturerer til tenesteeigarane etter gjeldande fordelingsnøkkel i samarbeidsavtalen for Altinn.
Løyvinga blir foreslått auka med 8,6 mill. kroner, jf. forslag om auke på kap. 540, post 29.
Programkategori 13.70 Kommunesektoren mv.
Kap. 571 Rammetilskot til kommunar
Post 60 Innbyggjartilskot
Koronapandemien – kompensasjon til kommunesektoren
Arbeidsgruppa som har vurdert dei økonomiske konsekvensane av pandemien for kommunesektoren, la i september fram ein rapport som omhandla 1. halvår 2022. Anslaget for meirutgifter og inntektsbortfall for kommunesektoren i 1. halvår 2022 var 8,8 mrd. kroner.
Til no i 2022 har det blitt løyvd om lag 1,5 mrd. kroner til kommunesektoren som kompensasjon for utgifter i 1. halvår 2022.
Av det samla anslaget på meirutgifter og mindreinntekter var om lag 2,2 mrd. kroner knytt til avtaler mellom KS og Oslo kommune og arbeidstakarorganisasjonane i desember 2021 om høgare timegodtgjering for overtid og meirarbeid frå avtaletidspunktet og ut april 2022. Føremålet med avtalene var å sikre tilstrekkeleg personell og nødvendige og forsvarlege tenester under koronapandemien.
Etter ei samla vurdering foreslår regjeringa ei tilleggsløyving til kommunesektoren på 7,3 mrd. kroner, fordelt med 6,9 mrd. kroner til kommunane og 0,4 mrd. kroner til fylkeskommunane. Både kommunane og fylkeskommunane vil da bli kompensert fullt ut for meirutgifter og mindreinntekter i 1. halvår 2022, inkludert meirutgiftene knytt til KS/Oslo-avtalene. I 2020 og 2021 var koronakompensasjonen til kommunesektoren samla sett om lag 1,9 mrd. 2022-kroner høgare enn anslåtte meirutgifter og inntektsbortfall.
For å kunne målrette delar av kompensasjonen mot kommunar med dei største utfordringane og utgiftene under pandemien, bør ein del av løyvinga til kommunane bli fordelt av statsforvaltarane som skjønsmidlar. Det blir derfor foreslått at 2 mrd. kroner av tilleggsløyvinga blir gitt som skjønsmidlar. Resten av løyvinga på 5,3 mrd. kroner blir gitt som innbyggjartilskot, fordelt med 4,9 mrd. kroner til kommunane og 0,4 mrd. kroner til fylkeskommunane. Midlane blir fordelt etter innbyggjartal.
Vaksinasjon mot covid-19
Det blir foreslått å løyve 264 mill. kroner til å dekke kommunane sine kostnadar knytt til vaksinasjon mot covid-19. Midlane blir foreslått omdisponert frå kap. 710, post 23 på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett. Midlane blir fordelt etter innbyggjartal.
Samla sett blir det foreslått å auke løyvinga med 5 164 mill. kroner.
Post 64 Skjønstilskot, kan nyttast under kap. 572, post 64
Koronapandemien – kompensasjon til kommunane
Det blir foreslått ein auke i løyvinga på 2 mrd. kroner. Sjå nærare omtale under post 60.
Lavangen kommune – ekstraordinære utgifter til barnevern
Lavangen kommune har ekstraordinære utgifter til barnevernstiltak og opplæring i samband med at fleire barn er plassert i fosterheim eller institusjon i andre kommunar over heile landet. Utgiftene følgjer av regelverk forvalta av Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet, samstundes som rammetilskotet følgjer folkeregistrert adresse og ikkje kommunen barna var i på tidspunktet for iverksetting av tiltak. Kommunen har derfor store og langsiktige utgifter som rammetilskotet ikkje dekker. Kommunen har sjølv anslått utgiftene til over 70 mill. kroner over tid. Lavangen er ein liten kommune med om lag tusen innbyggjarar. Departementet legg opp til ein eingongsutbetaling over skjønstilskotet i 2022 for å dekke ein del av desse utgiftene. Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet foreslår inndekking for ei auke på 5 mill. kroner kvar på kap. 571, post 64. Kommunal- og distriktsdepartementet legg i tillegg opp til å nytte noko av reservepotten innanfor skjønsramma. Endeleg beløp til utbetaling blir vurdert på bakgrunn av søknad frå kommunen, og departementet legg opp til ein eingangsutbetaling innan årets slutt.
På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 2 010 mill. kroner.
Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar
Post 60 Innbyggjartilskot
Det blir foreslått ein auke i løyvinga på 400 mill. kroner, fordelt etter innbyggjartal. Sjå nærare omtale av kompensasjon til fylkeskommunane for koronapandemien under kap. 571, post 60.
Kap. 575 Ressurskrevjande tenester
Post 60 Toppfinansieringsordning, overslagsløyving
Føremålet med ordninga er å leggje til rette for at kommunane kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester. Tilskotsordninga omfattar delvis dekning av kommunane sine utgifter til nærare 8 000 av dei mest ressurskrevjande tenestemottakarane i helse- og omsorgstenestene.
Saldert budsjett 2022 er 12 102,3 mill. kroner. Samla utbetaling i 2022 blei 10 695,7 mill. kroner. Mindreutgiftene kan delvis bli forklart med at kommunane i større grad har inntektsført premiefond, som kjem til fråtrekk frå refusjonskravet.
Det blir foreslått ein reduksjon i løyvinga med 1 406,6 mill. kroner.
Kap. 578 Valdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker Valdirektoratet sine utgifter til løn, husleige og andre driftsutgifter. Det er forventa eit mindreforbruk på 5 mill. kroner i 2022. Hovudårsaka er vakanse i stillingar medan ein ventar på tilsettingar, refusjon av sjukepengar og foreldrepengar. Vidare er det avsett høgare pensjonspremie enn reell pensjonspremie i samband med omlegging av ordninga.
Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg
Kap. 587 Direktorat for byggkvalitet
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker løn, husleige og andre faste utgifter for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Posten dekker også drift av den sentrale godkjenningsordninga for føretak med ansvarsrett. Den sentrale godkjenningsordninga skal vere sjølvfinansierande.
Gebyrinntektene frå den sentrale godkjenningsordninga for føretak med ansvarsrett ser ut til å bli 2,1 mill. kroner lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett for 2022 (sjå omtale under kap. 3587, post 04). Fordi det er så få godkjende føretak i ordninga, må DiBK bruke meir ressursar på kvart føretak enn tidlegare. Det vil vere krevjande å redusere driftsutgiftene tilsvarande reduksjonen i gebyrinntekter så seint på året.
Regjeringa foreslår å delvis kompensere DiBK for reduksjonen i gebyrinntekter, ved at løyvinga på posten blir redusert med 1,7 mill. kroner.
Kap. 2412 Husbanken
Post 72 Rentestøtte
Posten omfattar eldre lån med særvilkår som har ein rentesats på eitt prosentpoeng under gjeldande rente i Husbanken. Løyvinga i saldert budsjett for 2022 er 1,4 mill. kroner. Flytande rente har i periodar vore lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett for 2022. På bakgrunn av dette blir det foreslått å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Kap. 3587 Direktorat for byggkvalitet
Post 04 Gebyr
Posten omfattar gebyrinntekter frå den sentrale godkjenningsordninga for føretak med ansvarsrett. Gebyret er på 3 100 kroner per føretak. Ordninga skal vere sjølvfinansierande. Løyvinga i saldert budsjett for 2022 er 38,8 mill. kroner.
I 2022 har det vore færre godkjende føretak i den sentrale godkjenningsordninga enn venta. Gebyrinntektene ser ut til å bli 2,1 mill. kroner lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett for 2022.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner. Sjå også omtale under kap. 587, post 01.
Kap. 5312 Husbanken
Post 01 Gebyr m.m.
På posten fører Husbanken inntekter frå etableringsgebyr, termingebyr, varslingsgebyr og tilkjende sakskostnader i misleghaldsaker med fleire. Løyvinga i saldert budsjett for 2022 er 9,5 mill. kroner.
Talet på gebyrer i tredje tertial har vore lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett for 2022.
På bakgrunn av dette blir det foreslått å redusere løyvinga med 1,6 mill. kroner.
Post 90 Avdrag
Posten omfattar ordinære og ekstraordinære avdrag og andre innbetalingar, tilbakebetaling av opptente ikkje betalte renter og tap. Løyvinga i 2022 er på 12,8 mrd. kroner.
Dei innbetalte ordinære avdraga i 2021 blei høgare enn lagt til grunn i saldert budsjett for 2022. Vidare har ekstraordinære avdrag i 2022 vore høgare enn venta, mellom anna på grunn av ekstraordinære innfriingar av barnehagelån på om lag 1 mrd. kroner i februar 2022.
På bakgrunn av dette blir det foreslått å redusere løyvinga med 1,4 mrd. kroner.
Kap. 5615 Husbanken
Post 80 Renter
Posten omfattar betalte renter på lån, opptente ikkje betalte renter og rentestøtte. Husbanken tilbyr lån med flytande og faste renter. Løyvinga er 2 874 mill. kroner i saldert budsjett for 2022.
Gjennomsnittleg rente i låneporteføljen til Husbanken har vore lågare enn renta som blei lagt til grunn i saldert budsjett for 2022.
Husbanken sitt fastrentetilbod har auka gjennom 2022. Låntakarar med lågare fastrente enn renta i gjeldande tilbod kan avslutte låneavtalen før den løper ut. Da oppstår underkurs. Underkursen blir omgjort til frådrag på lånebeløpet, slik at restlånet blir redusert. Husbanken anslår at netto samla underkurs i 2022 blir 200 mill. kroner. Det var ikkje tatt omsyn til dette i budsjetteringa av saldert budsjett for 2022.
Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 629 mill. kroner.
Programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata
Kap. 595 Statens kartverk
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 og 45
Løyvinga dekker løn og driftsutgifter for Kartverket. Delar av utgiftene på posten blir finansiert av inntekter frå kap. 3595, post 02 sal og abonnement og post 03 samfinansiering.
Grunna auka aktivitet og inntekter frå sal, abonnement og samfinansierte prosjekt, blir det foreslått å auke løyvinga med 12,6 mill. kroner. Samla auke under post 01 og 21 er lik samla auke under inntektspost 02 og 03.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 og 45
Løyvinga skal i hovudsak dekke tidsavgrensa prosjekt og tenester frå private leverandørar. Delar av utgiftene på posten blir finansiert av inntekter frå kap. 3595, post 02 sal og abonnement og post 03 samfinansiering.
Grunna auka aktivitet og inntekter frå sal, abonnement og samfinansierte prosjekt, blir det foreslått å auke løyvinga med 15,5 mill. kroner.
Kap. 3595 Statens kartverk
Post 01 Gebyrinntekter tinglysing
På posten føres inntekter knytt til gebyr for rettsregistering av burettar og tinglysing i fast eigedom.
Grunna redusert omsetting i eigedomsmarknaden fell inntektene frå gebyr for tinglysing. Forslaget inneber å redusere løyvinga med 44,4 mill. kroner.
Post 02 Sal og abonnement m.m.
Kartverket har fått auka inntekter frå sal, mellom anna ei sak om utsett inntektsføring av sjøkart på 7 mill. kroner. Forslaget inneber å auke løyvinga med 16,9 mill. kroner.
Post 03 Samfinansiering
Auka aktivitet i samfinansierte prosjekt som Kartverket leiar, gir meirinntekter og tilhøyrande utgifter for Kartverket. Forslaget inneber å auke løyvinga med 11,3 mill. kroner
Kap. 5635 Electronic Chart Centre AS
Post 85 (Ny) Utbytte
Kommunal- og distriktsdepartementet tok over eigerstyringa av Electonic Chart Centre (ECC) frå 1. januar 2022. Selskapet låg tidlegare under Nærings- og fiskeridepartementet. Hovudaktiviteten til selskapet er distribusjon av elektroniske sjøkartceller (ENCar) for det internasjonale PRIMAR-samarbeidet som Kartverket er operatør for. Frå 2022 har ECC eit sektorpolitisk mål om sjøsikkerheit.
Selskapet betaler utbytte og departementet har mottatt 5,1 mill. kroner i 2022 for rekneskapsåret 2021. Utbytte frå selskapet blei tidlegare ført på ein samlepost under Nærings- og fiskeridepartementet (kap. 5656 post 85).
Forslaget inneber å løyve 5,1 mill. kroner.
Andre saker
Gråbrødreveien 10F i Ekely burettslag
Staten kjøpte i 1959 atelierbustaden i Gråbrødreveien 10F med føremål å nytta den som kunstnarbustad til internasjonale kunstnarar. Bustaden er del av kunstnarkolonien Ekely burettslag, oppført i 1951. Området har 44 kunstnarbustader. Munchs Atelier og eplehagen er freda av Riksantikvaren. Ordninga varte fram til 2005. Det blei da inngått ein utleigeavtale med stiftelsen Office for Contemporary Art Norway (OCA), som har disponert bustaden til internasjonale kunstnarar som har arbeidd på atelieret til Munch. OCA har ikkje lenger behov for bustaden, og føremålet til staten med bustaden er no bortfalt.
Stiftelsen Edvard Munchs Atelier ønskjer å overta leilegheita med føremål å forvalte arven etter Edvard Munch og å vidareføre ordninga frå staten med bustaden til gjesteatelieropphold for internasjonale og nasjonale kunstnarar. På den bakgrunnen blir det foreslått å avhenda leilegheita vederlagsfritt, men med klausul om at eventuell forteneste ved vidaresal skal falle til staten. Det vil òg styrkje bevaringa av Edvard Munchs atelier på Ekely som eit internasjonalt kulturminne. Sjå eige forslag til romartalsvedtak.
Sal av Sinsenveien 76, tidlegare Refstad transittmottak
Ved etablering av nytt Aker sjukehus vil Statsbygg gjennomføre eit direktesal av Sinsenveien 76, gnr. 85 bnr. 263 i Oslo, til Oslo Universitetssjukehus HF. Sinsenveien 76, tidlegare Refstad transittmottak, har ikkje vore i bruk sidan august 2019. Eigedomen inngår i planområdet for nye Aker sjukehus. Det har over lengre tid vore dialog med Oslo universitetssjukehus HF om å overta eigedomen. Kjøpesummen er sett til 123 mill. kroner, som baserer seg på gjennomsnittet av tre innhenta takstar.
Det blir foreslått at Statsbygg blir gitt fullmakt til å gjennomføre eit direktesal av Sinsenveien 76 til Oslo Universitetssjukehus HF, for minimum 123 mill. kroner, jf. forslag til romartalvedtak. Dersom eigedomen ikkje blir nytta til sjukehusføremål, skal han førast tilbake til staten. Sjå eige forslag til romartalsvedtak.