2 Endringar i statsbudsjettet 2015
Kap. 1800 Olje- og energidepartementet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 70 og 72
Tingretten avsa dom i tariffsaka/Gassledsaka 25. september 2015. Staten vart frifunnen, men tingretten kom til at partane sjølve ber sine eigne sakskostnader. Statens sakskostnader er så langt berekna til om lag 23 mill. kroner. Motpartane har anka dommen.
Meirutgiftene i 2015 er anslått til 5 mill. kroner, under dette førebuingar til ankebehandlinga. Utgiftene ved ei ankebehandling for lagmannsretten i 2016 er vanskeleg å anslå på noverande tidspunkt.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til 30 mill. kroner.
Kap. 1810 Oljedirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Utgiftene i samband med behandling av søknader om tildeling i førehandsdefinerte område (TFO) har blitt høgare enn føresett, blant anna som følgje av fleire søknader enn venta.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, til 262,7 mill. kroner. Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 01 Gebyrinntekter.
Kap. 1815 Petoro AS
Post 72 Administrasjon, Petoro Iceland AS
Behovet og utgiftene til Petoro Icelands oppfølging av statens interesser i dei to utvinningsløyva med norsk statleg deltaking har blitt lågare enn først anteke. Reduksjonen skuldast lågare aktivitetsnivå enn venta.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, til 2,5 mill. kroner.
Post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel, kan overførast
Statens del av utgifter i interessentskapa på islandsk sokkel har blitt lågare enn først anteke. Reduksjonen skuldast lågare utgifter knytte til innsamling av ny seismikk i utvinningsløyver med norsk statleg deltaking.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, til 18 mill. kroner.
Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Utgifter knytte til Noregs vassdrags- og energidirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor vass- og energisektoren blir anslått til 68 mill. kroner i 2015, ein reduksjon på 17 mill. kroner frå gjeldande budsjett. Reduksjonen har samanheng med mindre aktivitet i Myanmar, Liberia og Angola.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 17 mill. kroner, til 102,8 mill. kroner.
Kap. 1830 Forsking
Post 70 Internasjonale samarbeids- og utviklingstiltak, kan overførast
Noreg har delteke i Intelligent Energy Europe som er ein del av EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (CIP). CIP-programmet vart avslutta i 2013, men det gjenstår anslagsvis 8,3 mill. euro i uteståande forpliktingar i følgje oversikt frå EFTA. Av dette er det berekna at i underkant av 2,6 mill. euro vil komme til utbetaling i 2015.
Utbetalingsanslaget er høgare enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2014–2015). Hovudårsaken er at den norske krona har svekt seg betydeleg mot euroen det siste året, frå om lag 8 som er lagt til grunn i gjeldande budsjett til om lag 9,5 (per november).
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner, til 34,4 mill. kroner, av dette er 24 mill. kroner knytt til CIP.
Kap. 1840 CO2-handtering
Post 70 Gassnova SF, kan overførast, kan nyttast under post 74
Behovet og utgiftene til Gassnovas oppfølging av statens interesser i teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad er anslått til 12 mill. kroner i 2015, ein reduksjon på 5 mill. kroner frå gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast mindre bruk av konsulenttenester.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, til 107,8 mill. kroner.
Post 71 Forskingstenester, TCM DA, kan overførast
Løyvinga til kjøp av forskingstenester dekkjer driftsutgifter ved teknologisenteret på Mongstad og nedbetaling av selskapets lån og kapitalkostnader.
Statens del av driftsutgiftene er venta å bli om lag 15 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett 2015. Reduksjonen har samanheng med reduserte kostnader knytte til damp, leige av areal frå Mongstad-raffineriet og eigedomsskatt. Lindås kommune har tilbakebetalt/rekna av for mykje betalt skatt for åra 2013 og 2014 basert på redusert skattetakst. I tillegg har TCM DA tilbakebetalt/rekna av om lag 12 mill. kroner i 2015 som gjeld for mykje fakturerte utgifter for 2014.
Avdrag og renter på lånet blir samla reduserte med 64 mill. kroner (inkludert meirverdiavgift) som følgje av forskyving av låneopptak og nedjustering av rentesats i 2015, jf. kap. 4840, post 80 og 86.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 91 mill. kroner, til 1 656 mill. kroner.
Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
Tabell 2.1 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2015 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)
Kap./post Underpost | Nemning | Gjeldande løyving1 | Forslag til ny løyving | Endring | |
---|---|---|---|---|---|
2440 | 30 | Investeringar | 29 000 | 29 000 | |
Sum kap. 2440 | 29 000 | 29 000 | |||
5440 | 24.1 | Driftsinntekter | 152 300 | 162 800 | 10 500 |
24.2 | Driftsutgifter | -32 300 | -33 400 | -1 100 | |
24.3 | Leite- og feltutviklingsutgifter | -1 600 | -2 000 | -400 | |
24.4 | Avskrivingar | -22 400 | -22 400 | ||
24.5 | Renter av statens kapital | -4 100 | -4 100 | ||
24 | Driftsresultat | 91 900 | 100 900 | 9 000 | |
30 | Avskrivingar | 22 400 | 22 400 | ||
80 | Renter av statens kapital | 4 100 | 4 100 | ||
Sum kap. 5440 | 118 400 | 127 400 | 9 000 | ||
Kontantstraum frå SDØE: | |||||
Innbetalingar2 | 152 300 | 162 800 | 10 500 | ||
Utbetalingar3 | 62 900 | 64 400 | 1 500 | ||
Nettokontantstraum frå SDØE | 89 400 | 98 400 | 9 000 |
1 Gjeldande løyving for 2015 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 5. desember 2014 og seinare endringar i 2015 (revidert budsjett), jf. Prop. 119 S og Innst. 360 S (2014–2015).
2 Innbetalingar = driftsinntekter
3 Utbetalingar = investeringar + driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader
Overslaget under kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 10 500 mill. kroner, til 162 800 mill. kroner. Auken skuldast først og fremst høgare prisføresetnader for gass, og høgare venta salsvolum for olje og gass. Lågare oljeprisføresetnad samanlikna med gjeldande budsjett for 2015 motverkar auken i driftsinntektene. Overslaget baserer seg på ein oljepris for 2015 på 440 kroner per fat samanlikna med 480 kroner per fat i gjeldande budsjett.
Overslaget under kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 1 100 mill. kroner, til 33 400 mill. kroner. Auken skuldast hovudsakleg budsjettekniske justeringar av transportkostnader. I tillegg aukar kostnader for kjøp av gass for sal vidare som følgje av høgare gassprisar enn føresett.
Overslaget under kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 400 mill. kroner, til 2 000 mill. kroner, som følgje av endringar i leiteplaner.
Ovannemnde endringar i underpostar medfører at SDØEs berekna driftsresultat er auka med 9 000 mill. kroner, til 100 900 mill. kroner.
Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka frå 89 400 mill. kroner til 98 400 mill. kroner, ein auke på 9 000 mill. kroner frå gjeldande budsjett for 2015.
Kap. 2490 NVE Anlegg
Post 24 Driftsresultat
Tabell 2.2 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2015 under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)
Kap./post/ underpost | Nemning | Gjeldande overslag | Nytt overslag | Endring | |
---|---|---|---|---|---|
2490 | 24.1 | Driftsinntekter | -68 000 | -80 000 | -12 000 |
24.2 | Driftsutgifter | 63 200 | 75 200 | 12 000 | |
24.3 | Avskrivingar | 4 500 | 4 500 | ||
24.4 | Renter av statens kapital | 300 | 300 | ||
24 | Driftsresultat | 0 | 0 | 0 |
Overslaget under kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 12 mill. kroner, til 80 mill. kroner. Auken skuldast høgare omsetjing etter flaumen på Vestlandet i 2014.
Overslaget under kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 12 mill. kroner, til 75,2 mill. kroner. Auken har samanheng med høgare aktivitet etter flaumen på Vestlandet i 2014.
Ovannemnde endringar i underpostar fører ikkje til endring i NVE Anlegg sitt berekna driftsresultat.
Kap. 4800 Olje- og energidepartementet
Post 70 Garantiprovisjon, Gassco
Staten som eigar av Gassco AS garanterer for skadar og tap på mottaksterminalane på kontinentet som oppstår som følgje av forsettlege handlingar hos leiande personell i Gassco innanfor ei samla ramme på inntil 1 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 69 (2006–2007) og Innst. S. nr. 230 (2006–2007).
Garantipremien er sett til 70 prosent av forsikringspremien på Gasscos ordinære ansvarsforsikring. Med dagens premie på om lag 2 mill. kroner svarer dette til om lag 1,4 mill. kroner i 2015.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner, til 1,4 mill. kroner.
Kap. 4810 Oljedirektoratet
Post 01 Gebyrinntekter
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, til 31 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810, post 01 Driftsutgifter.
Post 04 Sal av undersøkingsmateriale
Seismiske data frå Barentshavet søraust og dei norske havområda ved Jan Mayen blei lagt ut for sal som datapakker i 2013. Det er så langt selt ein datapakke for 12 mill. kroner i 2015.
På denne bakgrunnen blir det foreslått løyvd 12 mill. kroner i 2015. Meirverdiavgift blir inntektsført under kap. 5521.
Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 17 mill. kroner, til 98,9 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1820, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Post 40 Flaum- og skredførebygging
Det blir foreslått å auke løyvinga med 4 mill. kroner, til 23 mill. kroner. Auken knyter seg til distriktsbidrag frå tiltaka etter flaumen på Vestlandet i 2014 som er venta å bli innbetalte i 2015. Resterande distriktsbidrag er budsjetterte i 2016, jf. Prop. 1 S (2015–2016) for Olje- og energidepartementet.
Kap. 4840 CO2-handtering
Post 80 Renter, TCM DA
Renteinntekter frå TCM DA er lågare enn venta. Reduksjonen skuldast nedjustering av rentesatsen frå 2,9 prosent til 2,4 prosent og forskyving av lånebehov. Ein viser til omtale og motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 71.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til 49 mill. kroner.
Post 86 Avdrag, TCM DA
Avdragsinntekter frå TCM DA er lågare enn venta. Reduksjonen skuldast forskyving av låneopptak. Ein viser til omtale og motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 71.
På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 41 mill. kroner, til 1 115 mill. kroner.