2 Forslag om endringar
Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker lønn og godtgjersle til tilsette i departementet og lønns- og driftsutgifter til råd og utval. Vidare skal løyvinga dekke driftsutgifter i tillegg til investeringar og utgifter til utviklingstiltak.
EØS-ordninga
Justis- og beredskapsdepartementet er programpartnar i prioriterte mottakarland for EØS-ordninga, og i desse landa blir det etablert vesentlege justis- og innanriksprogram. Kostnadene til departementet blir refunderte gjennom avtalen med Financial Mechanism Office (FMO). For 2019 kjem refusjonen til å bli lågare enn budsjettert. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 500 000 kroner, jf. kap. 3400, post 01 Diverse inntekter.
Overføring av hundelova til Landbruks- og matdepartementet – rammeoverføring
Landbruks- og matdepartementet tek over ansvaret for hundelova. Det blir derfor foreslått å overføre 550 000 kroner frå kap. 400, post 01 til kap. 1100, post 01 og 21.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 400, post 01 med 1,1 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Auka tilskot til ENISA
Departementet foreslår å auke løyvinga med 400 000 kroner mot ein reduksjon under kap. 451, post 01 og kap. 451, post 70 for å auke tilskotet til ENISA i 2019, jf. omtale under kap. 451, post 01, og kap. 451, post 70.
Kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet
Post 01 Diverse inntekter
EØS-ordninga
Justis- og beredskapsdepartementet er programpartnar i prioriterte mottakarland for EØS-ordninga, og i desse landa blir det etablert vesentlege justis- og innanriksprogram. Kostnadene til departementet blir refunderte gjennom avtalen med Financial Mechanism Office (FMO). For 2019 kjem refusjonen til å bli lågare enn budsjettert. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 500 000 kroner, jf. kap. 400, post 01 Driftsutgifter.
Kap. 3410 Domstolane
Post 01 Rettsgebyr
Rettsgebyr (R) er eit grunngebyr som blir brukt i utrekninga av betalinga for tenester i offentleg verksemd. Kva dei ulike tenestene skal koste, blir bestemt av grunngebyret R og ein multiplikator. Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med tvistesaker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m.
Gebyrinntektene på posten har auka dei siste åra. Samstundes har effekten av å justere ned overprisa tenester i domstolane vore lågare i 2019 enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Det er derfor venta at inntektene på posten blir høgare enn det ein tidlegare har rekna med.
Basert på ei konkret vurdering av dei nedjusterte gebyra og rekneskapstal foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 79,5 mill. kroner i 2019.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til godtgjersle og køyregodtgjersle til medlemmer av forliksråda. I tillegg dekker ho utgifter til nødvendige kompetansetiltak.
Utbetalingane på posten er lågare enn budsjettert hittil i år. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner i 2019.
Kap. 430 Kriminalomsorga
Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde m.m., kan overførast
Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring og varetektssurrogat. Det er domstolane som avgjer prøvelauslatingar frå forvaring for opphald i institusjon eller kommunal bustad.
Etter ein gjennomgang og ei vurdering av alle sakene som i dag ligg under ordninga, er behovet for løyving på posten blitt oppjustert. Departementet foreslår å auke løyvinga med 14,6 mill. kroner.
Andre rammejusteringar/saker (kap. 2445 Statsbygg, post 31 / kap. 430 Kriminalomsorga, post 45)
I statsbudsjettet for 2019 er det løyvd totalt 18,3 mill. kroner til ei nasjonalt forsterka fellesskapsavdeling i Ila fengsel og forvaringsanstalt. Av desse midlane er 15,8 mill. kroner løyvde på kap. 2445 Statsbygg, post 31, mens 2,5 mill. kroner er løyvde på kap. 430 Kriminalomsorga, post 45. Prosjektet skulle etter planen gjennomførast ved avdeling H og ferdigstillast innan utgangen av 2019, men den prosjekterte løysinga viste seg å ikkje vere eigna. No planlegg ein derfor eit nybygg i tilknyting til avdeling J. Ei mellombels forsterka fellesskapsavdeling vil bli teken i bruk tidleg i 2020. Den permanente løysinga vil vere ferdig i 2021. Den permanente løysinga vil ifølgje anslaga innebere ein meirkostnad på 9 mill. kroner. Meirkostnaden vil bli finansiert som eit brukarfinansiert byggjeprosjekt innanfor dei gjeldande budsjettrammene til Kriminalomsorgsdirektoratet.
Kap. 432 Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønns- og personalutgifter til tilsette og aspirantar ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS), drifts- og leigeutgifter til lokale og utgifter til reiser (inkl. reiser for kursdeltakarar og aspirantar), fagmateriell, inventar og utstyr, lisensar, uniformseffektar m.m. Posten omfattar dessutan utgifter til forsking og utvikling, etter- og vidareutdanning, verksbetjentutdanning og støttefunksjonar.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner under kap. 432, post 01, mot ein tilsvarande auke under kap. 3432, post 03. Auken må sjåast i samanheng med ei fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3432 post 03.
Kap. 3432 Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar bl.a. inntekter frå eigendelen som aspirantane betaler for skulebøker og andre inntekter.
Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS) har gitt bistand til Helsedirektoratet sitt overdoseprosjekt EVU. For denne bistanden er KRUS kompensert med inntekter på kap. 3432, post 03. Departementet forslår derfor å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner under kap. 3432, post 03, mot ein tilsvarande auke under kap. 432, post 01.
Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i Politidirektoratet (POD), politidistrikta, politireserven, dei lokale PST-einingane i politidistrikta og særorgana i politiet, med unntak av Politihøgskolen (PHS) og Politiets tryggingsteneste (PST). Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3440, post 02.
Store og krevjande etterforskingssaker i politiet
Løyvinga til politiet har auka dei siste åra. Reformarbeid legg likevel beslag på ein betydeleg del av ressursane i politiet, også i 2019. I tillegg gjer digitalisering at politiet må handtere store og krevjande etterforskingssaker, bl.a. saker om nettovergrep, menneskehandel og bedrageri. Departementet foreslår å auke løyvinga med 30 mill. kroner.
Færre pass
Med bakgrunn i førebelse rekneskapstal og erfaringar frå tidligere år er det venta at det blir lågare etterspurnad etter pass. Departementet forslår å redusere utgiftene til politiet med 2 mill. kroner i 2019, jf. omtale under kap. 3440, post 01.
Redusert internfakturering i politiet – parallelljustering
Som følge av redusert bruk av fakturering mellom verksemder innanfor politi- og lensmannsetaten, er det venta at det vil bli mindre internfakturering mellom politidistrikt og særorgan. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 30 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 02.
Anskaffing – omdisponering
Som følgje av at det er behov for ein ny bil hos Grensekommissæren i arbeidet med grensekontroll, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 600 000 kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 448. post 01.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 01, med 2,6 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter – endring i overslag
Løyvinga på posten dekker sideutgifter for politi- og lensmannsetaten i samband med asylsaker, som utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.
Ein reduksjon i talet på asylsøkarar og uttransporteringar av personar utan lovleg opphald gir mindreutgifter til desse formåla i 2019. Vi viser til omtale under kap. 440, post 25. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 21, med 10 mill. kroner.
Post 25 Retur av asylsøkarar med avslag og andre utlendingar utan lovleg opphald, overslagsløyving – endring i overslag
Løyvinga på posten dekker dei variable utgiftene til retur av asylsøkarar med avslag, bort- og utviste og såkalla dublinarar. I revidert nasjonalbudsjett 2019 er det lagt til grunn at det vil bli gjennomført om lag 5 000 returar i 2019. Førebelse prognosar viser at talet på returar blir om lag 4 000 i 2019. Dette gir lågare utgifter til uttransporteringar. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Posten omfattar utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald. I saldert budsjett 2019 vart det løyvd 865,3 mill. kroner til eit nytt beredskapssenter. På bakgrunn av rekneskapstal og den forventa utviklinga i 2019, mellom anna med framskunda byggjeaktivitet, foreslår departementet å auke løyvinga med 210 mill. kroner.
Post 70 Tilskot
Posten inneheld ulike tilskot innanfor generell førebygging av kriminalitet, tilskot til tiltak som kan hjelpe kvinner og menn ut av prostitusjon, støtte til offer for menneskehandel eller vald i nære relasjonar, tilskot til humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar og øyremerkte tilskot.
Færre søknader – anslagsendring
Tilskotsordninga for prostitusjons- og menneskehandelsfeltet tok imot søknader på til saman 29,7 mill. kroner i 2019, og det vart fordelt om lag 28,3 mill. kroner. Det er forventa eit mindreforbruk på om lag 8,4 mill. kroner.
Departementet forslår på denne bakgrunnen å redusere løyvinga på kap. 440, post 70, med totalt 8,4 mill. kroner.
Forseinka prosjekt – anslagsendring
I 2018 og 2019 vart det øyremerkt om lag 700 000 kroner til eit samarbeidsprosjekt mellom Oslo Krisesenter og Bredtveit fengsel for å hjelpe kvinner (innsette) som har vore utsette for vald og overgrep. Fordi prosjektet har blitt forseinka, blir det ikkje utbetalt noko i 2019. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 700 000 kroner.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 440, post 70, med 9,1 mill. kroner.
Post 73 Tilskot til EUs grense- og visumfond
Løyvinga dekker Noreg sitt bidrag til EUs grense- og visumfond. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 100,3 mill. kroner i 2019. Delar av reduksjonen er ei følgje av at EU har overført det som var sett av i grense- og visumordninga til å utvikle inn- og utreisesystemet EES og framreisesystemet ETIAS, frå budsjettlinja for grense- og visumordninga til budsjettlinja for IT-byrået eu-LISA.
Noreg vil såleis bli bedt om å betale sin del av midlane som er overførte til eu-LISA, på eit seinare tidspunkt, gjennom kontingenten til eu-LISA.
Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr – pass og våpen
Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyvingar. Gebyrinntektene vil venteleg gå ned fordi det er produsert færre pass i 2019, jf. omtale under kap. 440, post 01. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3440, post 01, med 7,5 mill. kroner.
Post 02 Refusjonar – parallelljustering
Som følge av redusert bruk av fakturering mellom verksemder innanfor politi- og lensmannsetaten, er det venta at det vil bli mindre internfakturering i politietaten i 2019. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 30 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.
Post 06 Gebyr – utlendingssaker – endring i overslag
Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring, arbeidsløyve, utdanningsløyve og permanent opphaldsløyve. På bakgrunn av rekneskapstal og den forventa utviklinga i 2019 foreslår departementet å redusere løyvinga med 4,8 mill. kroner.
Post 07 Gebyr – sivile gjeremål – endring i overslag
Løyvinga på posten skal dekke gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, det vil seie gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling. På bakgrunn av den forventa utviklinga foreslår departementet å redusere løyvinga med 105,7 mill. kroner.
Post 08 Refusjonar frå EUs grense- og visumfond
Posten dekker inntektene frå EUs indre tryggleiksfond. Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år og baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. På bakgrunn av at utbetalinga er forseinka, foreslår departementet å redusere løyvinga med 3,9 mill. kroner.
Kap. 444 Politiets tryggingsteneste (PST)
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for Den sentrale eininga (DSE) i PST i tillegg til enkelte utgifter knytte til drifta av dei lokale PST-einingane i politidistrikta. I revidert nasjonalbudsjett 2019 vart det løyvd 162 mill. kroner til PST for å setje tenesta betre i stand til å innhente informasjon i det digitale rommet. Innkjøpsprosessen er forseinka. Departementet foreslår at posten tilførast stikkordet kan overførast.
Kap. 445 Den høyere påtalemyndighet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til lønn og andre driftsutgifter. Det har blitt kjent at Arbeids- og velferdsetaten sidan 2012 har hatt ein feil fortolking og praktisering av retten til å ta med seg sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar til andre EØS-land. Riksadvokatembetet må så raskt som mogleg ta stilling til dei aktuelle sakene. Det er behov for en sette-Riksadvokat for å følgje opp Nav-sakene. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å auke løyvinga med 2 mill. kroner på kap. 445, post 01.
Kap. 448 Grensekommissæren
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til lønn og andre driftsutgifter. Grensekommissæren har behov for 600 000 kroner til anskaffing av ein ny bil til arbeidet med grensekontroll. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 448, post 01, med 600 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 440, post 01.
Kap. 451 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 456, post 01
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Sivilforsvaret, skular og regionkontor. Drifta av avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon (NBK) blir dekt over kap. 456, post 01. Større nyinnkjøp m.m. blir rekna som driftsrelaterte kostnader og blir dekte under posten.
Intern overføring av oppgåver
I samband med at ansvaret for Program for forbetring av nødmeldetenesta (PFN) vart overført til DSB, vart det i Prop. 1 S for 2018–2019 overført 2,3 mill. kroner til kap. 451. Beløpet gjaldt to stillingar frå Redningstenesta. Oppgåvene er overførte til avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon i DSB, der løyvinga ligg under kap. 456, post 01.
Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 451, post 01, med 2,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 456, post 01.
Auka tilskot til ENISA
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 200 000 kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 400, post 71, som skal dekke auka tilskot til ENISA i 2019, jf. omtale under kap. 400, post 71 og kap. 451, post 70.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 451, post 01, med 2,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Hovudredningssentralen Sør-Noreg koordinerer bruken. Løyvinga på posten dekker bl.a. variable kostnader til flytimar og ekstraordinær beredskap med skogbrannhelikopter.
I 2019 har det vore nødvendig å setje inn ekstra beredskap og flytte helikopter mellom dei delane av landet der det størst fare for skogbrann. Tidleg på sommaren var beredskapen hovudsakeleg i Sør-Noreg, mens det på ettersommaren vart større behov og skogbrannfare langs svenskegrensa frå Østfold til Finnmark.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 13 mill. kroner.
Post 70 Overføringar til private
Norges sivilforsvarsforbund (NSFF) vart avvikla 1.1.2019 då dei lokale sivilforsvarsforeiningane gjekk over til Norsk Totalforsvarsforum. Tilskotet på 200 000 kroner frå DSB til NSFF er derfor ikkje aktuelt i 2019.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 451, post 70, med 200 000 kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 400, post 71, som skal dekke eit auka tilskot til ENISA, jf. omtale under kap. 400, post 71, og kap. 451, post 01.
Kap. 454 Redningshelikoptertenesta
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, i tillegg til ressursar til oppfølging av prosjektet. Løyvinga inkluderer vidare ein tiltaksplan for dagens Sea King-redningshelikopterflåte, som skal hjelpe til med å oppretthalde drift og god beredskap fram til dei nye redningshelikoptera er tekne i bruk.
Prosjektet for innkjøpet av nye redningshelikopter
Det er stor aktivitet i prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter, bl.a. fordi hjelpemidlane blir testa med trening, noko som er eit viktig arbeid før dei første helikoptera kan setjast i drift. Aktiviteten heng òg saman med forhandlingar med leverandøren som følgje av at framdriftsplanen har blitt justert, jf. Justis- og beredskapsdepartementet sin Prop. 1 S (2019–2020). Det er venta at aktiviteten vil halde fram ut året. På denne bakgrunnen foreslår departementet å auke løyvinga med 23,8 mill. kroner.
Tiltaksplan for dagens Sea King-redningshelikopterflåte
Den høge alderen på Sea King-maskinene fører til behov for meir vedlikehald og ein utfordrande driftssituasjon. Det er derfor sett i verk eit eige vedlikehaldsprogram for dagens redningshelikopterflåte for å sikre forsvarleg beredskap og drift fram til alle dei nye redningshelikoptera er på plass. På bakgrunn av at enkelte kostnader knytte til vedlikehald av motorar og komponentar kjem først til neste år, foreslår departementet å redusere løyvinga under kap. 454, post 01, med 40 mill. kroner.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 454, post 01, med 16,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten dekker investeringar knytte til kjøp av nye redningshelikopter.
Det tas sikte på å sette dei første helikoptera i drift første halvår 2020, jf. Justis- og beredskapsdepartementets Prop. 1 S (2019-2020). Alle dei nye redningshelikoptera er planlagt å vere i drift i løpet av første halvår 2022. I samband med Stortinget sin behandling av Prop. 101 S (2014-2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Justis- og beredskapsdepartementet (redusert kostnadsramme for anskaffelse av nye redningshelikoptre mv.), jf. Innst. 267 S (2014-2015), blei kostnadsramma for kjøp av nye redningshelikopter mv. satt til 14,045 mrd. kroner inkl. mva. Foreløpige berekningar tilseier at denne kan bli overskride, noe som er knytt til bl.a. samla framdrift og økte valutautgifter. I Prop. 101 S (2014-2015) står det at det, på lik linje med det som er vanleg i denne typen kjøp, ikkje er tatt høgde for valutakursusikkerhet i kostnadsramma og at vesentlige endringar i valutakursane kan medføre høgare eller lågare utbetalingar til leverandøren enn det som ligger til grunn for kostnadsramma. Det er fortsatt usikkerhet om kostnadsanslag. Justis- og beredskapsdepartementet vil komme tilbake til saka på egna måte.
Som følgje av at leveringa av dei nye redningshelikoptera er forseinka, må leverandøren betale dagbøter. Samstundes blir avdraga frå Justis- og beredskapsdepartementet til leverandøren lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Vidare er utbetringa av landingsplassar ved sjukehus utsett. Det blir òg høgare valutautgifter enn det ein har rekna med. I tillegg er utlegga som Justis- og beredskapsdepartementet har til investeringar i eigedom, bygg og anlegg, venta å bli lågare enn det ein hadde rekna med. På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga med 759,3 mill. kroner.
Kap. 455 Redningstenesta
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til sentrale element ved redningstenesta, medrekna Hovudredningssentralen (HRS).
Operasjonsromma ved HRS er bemanna av redningsleiarar som får utdanning og autorisasjon ved HRS. HRS er inne i eit generasjonsskifte og utdannar no nye redningsleiarar for å dekke opp for avgang. Det nye personellet må overlappe med dei som skal erstattast, og dette vil i ein overgangsperiode medføre auka kostnader.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 455, post 01, med 1,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 455, post 45.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i konkrete redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.
Det er eit auka behov på posten. Årsaka til det er først og fremst hendinga med Viking Sky, som medførte vesentlege utgifter. Utgiftene har i hovudsak gått til innleige av slepebåtar og sivile redningshelikopter under redningsaksjonen. I tillegg har det vore transportkostnader og kostnader i samband med innsatsen til dei frivillige.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 455, post 21, med 6 mill. kroner.
Kap. 456 Nød- og beredskapskommunikasjon
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 451, post 01
Løyvinga på post 01 dekker kostnader til drift av DSBs avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon (NBK), inkludert DSBs driftsorganisasjon for støtte og drift av kommunikasjonssentralane og radioterminalane til brann- og redningsvesenet og andre brukarar (BTS/BDO). Vidare dekker løyvinga utgifter til ein fellesfunksjon for å forvalte utstyret som er knytt til Nødnett. For å oppnå semje mellom partane (Politidirektoratet, Helsedirektoratet, Helsetenestas driftsorganisasjon i Nødnett og DSB) har det vore behov for ytterlegare avklaringar om oppgåver som skal løysast av fellesfunksjonen, for å sikre og vidareutvikle dei samvirke- og effektivitetsgevinstane som er oppnådde gjennom innføringa av Nødnett.
Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 456, post 01, med 15 mill. kroner knytt til fellesfunksjonen, jf. omtale under kap. 3456, post 02 Refusjonar driftsutgifter.
DSB må kunne bidra til å oppretthalde kvaliteten på og ansvaret for Nødnett-tenesta, og vidare følgje opp kontraktar og leverandørar på ein god måte, samstundes som dei justerer bemanninga og omdisponerer ressursar. For å sikre tilstrekkelege ressursar i DSB foreslår departementet å auke løyvinga med 5 mill. kroner under kap. 456, post 01, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 456, post 21, jf. omtale under kap. 456, post 21 Spesielle driftsutgifter – infrastruktur Nødnett.
Intern overføring av oppgåver
I samband med at ansvaret for Program for forbetring av nødmeldetenesta (PFN) vart overført til DSB, vart det i Prop. 1 S for 2018–2019 overført 2,3 mill. kroner til kap. 451, jf. omtale under kap. 451, post 01. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 456, post 01, med 2,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 451, post 01.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 456, post 01, med 7,7 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter – infrastruktur Nødnett
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av sentral infrastruktur i Nødnett. Dette inkluderer kostnader til leige av datalinjer og plassering av nytt utstyr i eksisterande basestasjonar, i tillegg til betaling til leverandørar for drift og vedlikehald av basestasjonar, kjernenett og andre sentrale nettverkskomponentar som brukarar i Nødnett kan ha nytte av. Abonnementsavgifta blir fakturert kundane i Nødnett, og inntektene blir førte på kap. 3456, post 01 Abonnementsinntekter.
På grunn av lågare kostnader til site-leige og transmisjon er det venta eit mindreforbruk på posten på 10 mill. kroner. Departementet forslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner under kap. 456, post 21, mot ein tilsvarande auke under kap. 456, post 01, jf. omtale under kap. 456, post 01. Vidare foreslår departementet å redusere løyvinga med 5 mill. kroner under kap. 456, post 21, mot ein tilsvarande auke under kap. 456, post 45, jf. omtale under kap. 456, post 45. Denne auken skal dekke sikringstiltak i Nødnett.
Oppsummering
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 456, post 21, med 10 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga dekker utgifter til avsluttande aktivitetar og investeringar knytte til utbygginga av trinn 2 av Nødnett. Løyvinga dekker vidare kostnader for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet som blir bestilt av Nødnett-brukarar og kjøpt inn gjennom DNK sine avtalar med leverandørar av Nødnett. Desse kostnadene blir dekte inn av refusjonar på kap. 3456, post 04.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner under kap. 456, post 45, jf. omtale under kap. 456, post 21. Auken skal dekke sikringstiltak i Nødnett.
Kap. 3456 Nød- og beredskapskommunikasjon
Post 01 Abonnementsinntekter
Løyvinga omfattar inntektene DSB har frå abonnementsordninga i Nødnett. Stortinget har i Budsjett-innst. S nr. 4 (2004–2005), Innst. S. nr. 104 (2006–2007) og Innst. 371 S (2010–2011) slutta seg til at brukarane skal dekke driftsutgiftene etter kvart som Nødnett blir bygd ut og teke i bruk, og at utgiftene skal dekkast innanfor budsjettrammene etatane har på det gjeldande tidspunktet.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3456, post 01, med 7,9 mill. kroner som følgje av auka abonnementsinntekter i Nødnett.
Post 02 Refusjonar driftsutgifter
Løyvinga dekker refusjonar til DSB for enkelte driftskostnader til direktoratet som skal finansierast av brukarbetalingsordninga. Døme på dette er tilskot gjennom deltaking i EU-program og deltakaravgift i samband med arrangement. Løyvinga dekker vidare betaling til DSBs driftsorganisasjon for støtte og drift av kommunikasjonssentralane og radioterminalane til brukarane (BTS/BDO). I tillegg inkluderer løyvinga betaling frå nødetatane for fellesfunksjonen som skal forvalte utstyr på kommunikasjonssentralane, og radioterminalar som er knytte til Nødnett. Dei frivillige organisasjonane i redningstenesta som er brukarar av Nødnett, er ikkje omfatta av dette. Deira del skal finansierast over driftsløyvinga til direktoratet.
Sidan brukarbetaling til å dekke utgiftene til fellesfunksjonen blir innført frå 2020, jf. nærmare omtale under kap. 456, post 01, foreslår departementet å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
Kap. 457 Nasjonalt tryggingsorgan
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).
Inntektene til NSM har auka betydeleg dei siste åra, med ein tilsvarande auke i utgiftene til direktoratet. Løyvinga har ikkje reflektert denne endringa. Det er derfor nødvendig å justere løyvingane på kap. 457 og kap. 3457. Vi viser også til omtale i Prop. 1 S (2019–2020), der ein foreslår å auke løyvinga på begge kapitla.
Det er venta at inntektene til NSM i 2019 vil bli 22,5 mill. kroner høgare enn løyvinga, med tilsvarande auka utgifter.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 457, post 01, med 22,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 3457, post 01.
Kap. 3457 Nasjonalt tryggingsorgan
Post 01 Driftsutgifter
Inntektene til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) består i hovudsak av medlemsavgifter frå næringslivet til varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI), kurs- og konferanseavgifter og brukarbetaling ved tryggleiksgodkjenning av informasjonssystem.
Inntektene til NSM har auka betydeleg dei siste åra, med ein tilsvarande auke i utgiftene til direktoratet. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3457, post 01, med 22,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 457, post 01.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker hovudsakleg utgifter til juridisk bistand i straffesaker til personar som har rett til advokatbistand i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9 a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande av eller etterlatne etter den fornærma.
Det kom inn fleire straffesaker i første halvår 2019 enn det gjorde i den same perioden i 2018. På bakgrunn av auken i talet på straffesaker og den forventa utviklinga foreslår departementet å auke løyvinga med 55,8 mill. kroner i 2019.
Kap. 469 Verjemålsordninga
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle til og utgiftsdekking for verjer, jf. verjemålslova § 30. Posten dekker òg godtgjersle til og utgiftsdekking for representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.
Fylkesmennene har dei siste åra i stor grad fasa ut bruken av advokatverje med timebetaling etter offentleg salærsats i saker som ikkje krev juridisk kompetanse. Samstundes har talet på einslege mindreårige asylsøkarar gått ned. Dette har ført til lågare forbruk på posten.
På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 35 mill. kroner i 2019.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
Posten blir belasta når staten blir dømd til, eller har inngått forlik om, å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Han blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje rundt erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare nytta til å dekke sakskostnadene til ein motpart og til å dekke tilkomne forseinkingsrenter fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig.
Med bakgrunn i utbetalingane hittil i år og varsel om moglege utbetalingar resten av året foreslår departementet å redusere løyvinga med 36 mill. kroner i 2019.
Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning
Post 70 Erstatning til valdsoffer, overslagsløyving
Løyvinga på posten dekker erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt.
Kontoret for valdsoffererstatning har behandla færre saker i 2018 enn venta. Samstundes har talet på innvilga valdsoffererstatningssøknader gått ned.
På denne bakgrunnen foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 80 mill. kroner i 2019.
Kap. 474 Konfliktråd
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker driftsutgifter til 22 konfliktråd og til Sekretariatet for konfliktråda (Sfk).
Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner under kap. 474, post 01, mot ein tilsvarande auke under kap. 3474, post 02. Auken må sjåast i samanheng med fullmakt i 2019 til å overskride løyvinga på kap. 474, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3474, post 02.
Kap. 3474 Konfliktråd
Post 02 Refusjonar
Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar.
Tilsette ved konfliktråda leier rusprosjektet til Trondheim kommune. For bistanden er dei kompenserte med inntekter på kap. 3474, post 02. Departementet forslår å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner under kap. 3474, post 02, mot ein tilsvarande auke under kap. 474, post 01.
Kap. 480 Svalbardbudsjettet
Post 50 Tilskot
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 480, post 50, med 59,45 mill. kroner. Når det gjeld sjølve svalbardbudsjettet, har departementet desse forslaga:
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 0006 Sysselmannens transportteneste, post 01, med 1,0 mill. kroner. Utgiftene til å utvide seglingssesongen for tenestefartøyet M/S «Polarsyssel» med éin månad i 2019 vart etter forhandlingar 1,0 mill. kroner lågare enn det som vart løyvd i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019.
Departementet foreslår å redusere kap. 0007 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og bustadtiltak, med 35,0 mill. kroner. Skredsikringstiltaka i Longyearbyen er forseinka med eitt år, og utgiftene vil bli forskyvde tilsvarande. Sjå Prop. 1 S (2019–2020) Svalbardbudsjettet for fleire opplysningar.
Departementet foreslår å redusere kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen, post 01, med 600 000 kroner. Husleiga i 2019 blir 600 000 kroner lågare enn budsjettert. Den forventa husleiga for 2019 er allereie fakturert og avslutta.
Departementet foreslår å redusere kap. 0022 Skattekontoret, post 01, med 650 000 kroner. Skattekontoret på Svalbard ligg an til eit mindreforbruk på grunn av ledige stillingar.
Departementet foreslår å auke svalbardbudsjettet kap. 3030 Skattar og avgifter, post 01, med 22,2 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere svalbardbudsjettet kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet med 22,2 mill. kroner som ei parallelljustering. Skattekontoret har oppjustert anslaga for skatteinntektene på Svalbard med 22,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak
Løyvinga på posten dekker utgifter staten har til drift av statlege mottak for asylsøkarar. Prognosen for kor mange asylsøkarar som vil komme til Noreg i 2019, er justert ned frå 3 000 til 2 200 personar. Som følgje av færre asylsøkarar og bebuarar i mottak har UDI redusert kapasiteten. Samstundes har fleire avtalar blitt reforhandla, og ein har gått frå forskotsbetaling til etterskotsbetaling. Dette bidrar til lågare utgifter på posten i 2019.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 51,6 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og omsetjing
Løyvinga på posten dekker utgiftene UDI har i samband med tolking og omsetjing under behandlinga av asylsaker. Som følgje av færre asylsøkarar har UDI gjennomført færre asylintervju enn det som har vore lagt til grunn.
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 4,3 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til vertskommunar for asylmottak
Løyvinga på posten dekker utgifter kommunane har til helsetenester, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av asylmottak og omsorgssenter. Som omtalt under post 21 er det venta færre asylsøkarar og dermed færre bebuarar i mottak. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 20,5 mill. kroner.
Post 70 Stønader til bebuarar i asylmottak
Løyvinga på posten dekker økonomiske ytingar til livsopphald og andre nødvendige ytingar for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv. Satsane for økonomiske ytingar blir differensierte bl.a. på bakgrunn av søknadsstatus og familiestatus. I tillegg kan bebuarar søke om nødvendige tilleggsytingar ved behov.
Som omtalt under post 21 er det venta at talet på asylsøkarar vil vere lågare enn ein tidlegare rekna med. Det gjer at det er lågare utgifter på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner.
Post 72 Internasjonalt migrasjonsarbeid, og assistert retur og reintegrering i heimlandet, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal bidra til at personar som har fått endeleg avslag på søknad om vern, og andre personar utan lovleg opphald i Noreg returnerer til heimlandet. Løyvinga skal òg leggje til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet. Posten finansierer stønadsordningar og tilskotsordningar som kan nyttast til informasjons- og motiveringsarbeid som skal bidra til assisterte returar eller tilbakevending frå Noreg. UDI har fått færre søknader om tilskotsmidlar enn det som ligg til grunn for det gjeldande budsjettet.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 blei det varsla at tilskotet til assistert retur ville bli endra, og at dette ville medføre lågare satsar som grunnlag for utbetaling til assisterte returar i 2019. Etter ei ny vurdering er satsane likevel ikkje blitt reduserte, men vidareførte på det same nivået som låg til grunn i Prop. 1 S (2018–2019).
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1,9 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast
Løyvinga på posten dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og reiseutgifter for flyktningar som vender tilbake til heimlandet. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar. På grunnlag av prognosar om færre flyktningar foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 2 mill. kroner.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Assistert retur frå Noreg for asylsøkarar med avslag, ODA-godkjende utgifter
Visse utgifter på kap. 490, post 01 og 72, knytte til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og for at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Som følgje av prognosar om ein auke i talet på ODA-godkjende returar samanlikna med det som ligg til grunn i revidert nasjonalbudsjett, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 25 000 kroner.
Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter
Reiseutgifter og administrative utgifter knytte til reise i International Organization for Migration (IOM), finaniserte over kap. 490, post 75, kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand.
På bakgrunn av foreslåtte endringar på kap. 490, post 75, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1,8 mill. kroner.
Post 04 Asylmottak, ODA-godkjende utgifter
Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. På bakgrunn av foreslåtte endringar på kap. 490, post 21, 60 og 70, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 72 mill. kroner.
Post 05 Refusjonsinntekter
Posten består av refusjon for bruk av UDIs IKT-system i andre verksemder og andre mindre refusjonar. Det er forventa høgare refusjonsinntekter enn tidlegare budsjettert. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 3,1 mill. kroner.
Post 07 Tolking og omsetjing, ODA-godkjende utgifter
Utgifter knytte til tolking, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. På bakgrunn av foreslåtte endringar på kap. 490, post 22, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 4,1 mill. kroner.
Post 08 Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i heimlandet, ODA-godkjende utgifter
Utgifter knytte til reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet sitt eller til eit tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell bistand i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC. På bakgrunn av dei foreslåtte endringane på kap. 490, post 72, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21
Løyvinga på posten dekker utgifter til drift av Utlendingsnemda (UNE). Sidan 2018 har UNE vore oppteken av å nedbemanne organisasjonen på grunn av reduksjonen i talet på asylsøkarar. Nedbemanninga så langt i 2019 har gått raskare enn ein rekna med. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttast under post 01
Løyvinga på posten dekker utgifter i samband med nemndmøte. Utgiftene så langt i 2019 er lågare enn ein tidlegare rekna med. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner.