2 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2015
Kap. 1115 Mattilsynet
Post 01 Driftsutgifter
For å sikre realistisk budsjettering på kap. 4115, post 02, der det er ei meirinntektsfullmakt knytt til posten, blir det gjort framlegg om å auke kap. 4115, post 02 med 4 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 1115, post 01.
Kap. 4115 Mattilsynet
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar mv.
For å sikre realistisk budsjettering blir det gjort framlegg om å auke posten med 4 mill. kroner, med tilsvarande auke av kap. 1115, post 01. Auken på posten skuldast blant anna auka oppdragsinntekter og inntekter frå arbeid Mattilsynet gjer for andre.
Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi
Norsk institutt for bioøkonomi har fått i oppdrag å greie ut og gi ny kunnskap om korleis rovviltbestandane har påverka utviklinga i landbruket. For å dekkje kostnadene ved arbeidet blir det gjort framlegg om å styrkje posten med 1 mill. kroner som blir overført frå kap. 1137, post 50.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Grunna oppdraget Norsk institutt for bioøkonomi skal gjennomføre, jfr. omtale under kap. 1136, post 50, blir det gjort framlegg om å redusere posten med 1 mill. kroner, som blir overført til kap. 1136, post 50.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast
Behovet for midlar på posten har i 2015 vore noko mindre enn anteke. Det blir difor gjort framlegg om å omdisponere 1,1 mill. kroner til ei styrking av skogplanteforedling under kap. 1149, post 73.
Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket
Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap
Oppgåver knytte til kompetansesenter for skogbruksplanlegging blei tidleg i 2015 flytta frå Norsk institutt for skog og landskap til Landbruksdirektoratet. For å følgje opp flyttinga av oppgåvene blir det gjort framlegg om å redusere kap. 1141, post 52 med 1,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1142, post 01 (jf. omtale under kap. 1142, post 01).
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Korreksjon av meirverdiavgift
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1142, post 01 med 4,6 mill. kroner for å korrigere for feil mva-uttrekk.
Skogbruksplanlegging
Landbruksdirektoratet overtok tidleg i 2015 oppgåver knytte til kompetansesenter for skogbruksplanlegging som tidlegare låg ved Norsk institutt for skog og landskap. Det blir gjort framlegg om at flyttinga av oppgåvene blir følgde opp ved å redusere kap. 1141, post 52 med 1,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1142, post 01 (jf. omtale under kap. 1141, post 52).
Omstilling og utvikling av fylkesmannen som regional reindriftsmyndigheit
For å dekkje inn auka utgifter knytte til omstilling og utvikling av fylkesmannen som regional reindriftsmyndigheit gjer departementet framlegg om å omdisponere 1,9 mill. kroner frå kap. 1142, post 80 til kap. 1142, post 01.
Totalt blir det gjort framlegg om ein auke på post 01 tilsvarande 8 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Grunna justering av meirverdiavgift er det behov for å korrigere løyvinga på posten. Det blir gjort framlegg om at løyvinga over kap. 1142, post 45 blir redusert med 0,6 mill. kroner.
Departementet legg opp til at posten også kan nyttast til kjøp av utstyr i samanheng med flytting av lokale for Landbruksdirektoratet si avdeling i Alta.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving
Det blir gjort framlegg om at posten blir auka med 10 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak større utbetalingar til lovbestemde erstatningar, spesielt knytta til påvisingar av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinebuskapar. Utbetalingar til den nye kompensasjonsordninga, som skal dekkje delar av produksjonstapet ved nedslakting grunna MRSA, er venta å bli totalt 4,5 mill. kroner i 2015.
Post 80 Radioaktivitetstiltak, kan overførast
I tråd med omtalen under kap. 1142, post 01 blir det gjort framlegg om at kap. 1142, post 80 blir redusert med 1,9 mill. kroner.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
Post 71 Naturskade, erstatningar, overslagsløyving
Løyvinga for 2015 er på 171,8 mill. kroner. Tilsegn om erstatning for naturskadar blir gitt med ein gjenopprettingsfrist på 3 år. Utbetaling av erstatning skjer først når skaden er gjenoppretta.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2015 og tilsegn som ikkje er innfridde per 31.12.2015, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner, og å auke tilsegnsfullmakta med 19,5 mill. kroner til 101 mill. kroner.
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å styrkje posten ved flytting av 1,1 mill. kroner frå kap. 1138, post 71, jf. omtale under denne. Midlane skal nyttast til auka innsats innanfor skogplanteforedling.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 71 Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving
Posten dekkjer erstatning for avlingsskade. Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit forbruk på 35,1 mill. kroner i 2015, som er 14 mill. kroner mindre enn løyvinga på posten. 2014 var eit bra år for jordbruket med mindre klimarelaterte avlingsskadar enn i eit normalår.
Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 14 mill. kroner til 35,1 mill. kroner.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit overforbruk på posten tilsvarande 72,6 mill. kroner. Prognosane viser eit overforbruk både på pristilskott mjølk, kjøt og frakttilskott kraftfôr.
Departementet gjer framlegg om ei auka løyving på posten med 72,6 mill. kroner til 2 623,3 mill. kroner.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
Post 30 (Ny) Husleige
Departementet har inngått husleigeavtale med Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (Veso). Samla vil dette gi ei inntekt på 1,3 mill. kroner i 2015, som det blir gjort framlegg om at blir budsjettert på kap. 4100, ny post 30.
Kap. 4115 Mattilsynet
Post 01 Gebyr m.m.
Revidert anslag for prognosen på posten er 150,9 mill. kroner. Dette er 11 mill. kroner lågare enn saldert budsjett. Forventa mindreinntekt skuldast seinare innføring enn venta ved framlegg i statsbudsjettet for 2015 av nytt/endra regelverk for gebyr innan områda forsøksdyr og plantevernmiddel.
Det blir difor gjort framlegg om å redusere kap. 4115, post 01 med 11 mill. kroner.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 85 Marknadsordninga for korn
Marknadsprisane i verda på protein og feitt er venta å halde seg så høge at det blir heilt ubetydelege prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer i 2015.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 29,965 mill. kroner til 35 000 kroner.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
Post 90 Avdrag på lån
I samband med kjøpet av skog frå Borregaard i 2010 fekk Statskog SF eit ansvarleg lån frå staten. Foretaket står fritt til å betale avdrag ut over eit årleg minimumsavdrag på 10 mill. kroner. Departementet forventar at Statskog SF betalar eit avdrag på 34 mill. kroner i 2015, og gjer framlegg om å auke kap. 4162, post 90 med 24 mill. kroner.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
Post 85 Utbytte
Grunna høgare utbytte enn budsjettert, blir det gjort framlegg om ein auke på posten tilsvarande 28,2 mill. kroner.
Dette skuldast vedtak i Veso si generalforsamling om auke i det ordinære utbyttet og eit ekstraordinært utbytte. Vedtaket om ordinært utbytte gir staten 2,7 mill. kroner meir enn dei budsjetterte 5 mill. kroner, medan vedtaket om ekstraordinært utbytte gir staten ytterlegare 25,5 mill. kroner i 2015.
Bakgrunnen for det ekstraordinære utbyttet er, som orientert om i Prop. 1 S (2015–2016) for Landbruks- og matdepartementet, at selskapa Akvaforsk Genetics Center AS og Akvaforsk Genetics Center INC er seld i 2015.
Totalt blir løyvinga på posten 33,2 mill. kroner i 2015.